Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Pre-teksten sin rolle i rettleiing av nyutdanna profesjonsutøvarar

– ei kronotopisk analyse
Institutt for sosialfag
Institutt for sosialfag

Målet med artikkelen er å vise korleis nyutdanna profesjonsutøvarar sine eigne innspel kan bidra til kvalitet og profesjonstilhøyrigheit i rettleiingsarbeidet. Kronotopar er uttrykk for meiningsinnhaldet i dei sakene nyutdanna profesjonsutøvarar sjølve meiner dei treng rettleiing på, og dei sikrar inkludering av dei nyutdanna sine eigne perspektiv i rettleiingsprosessane. Tilnærminga er basert på kartlegging av kronotopar i barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar sine skriftlege tekstar. Kronotopane er kartlagde gjennom ein studie av 12 tekstar. Sentrifugalkronotopen, sentripetalkronotopen og ein kronotop med konkurrerande stemmer framstår som dei sentrale kronotopane i pre-tekstane.

Nøkkelord: kronotopar, pre-tekst, Bakhtin, rettleiing av nyutdanna profesjonsutøvarar

The main aim behind this article is to show how newly graduated professionals’ own understandings can contribute to the quality in professional supervision. These chronotopes are considered to be meaningful utterences related to cases that the professionals experienced themselves at work and that they mean they need help with. The chronotopic analysis used in the research is a part of the scientific approach used in this article. Altogether twelve pre-texts by Norwegian Child Protection officers, social workers and social educators were analysed to identify chronotopes. Centrepretal chronotope, centrefugal chronotope and a chronotope with conflicting voices were identified as the main types of chronotopes in the pre-texts.

Keywords: chronotope, pre-text, Bakhtin, supervision of newly qualified professionals

The chronotope is the place where the knots of narrative are tied and untied. It can be said that without qualification, that to them belongs the meaning that shapes narrative.

Bakhtin (1981, 250)

Introduksjon

Omsett til rettleiingsfeltet kan kronotopen forståast som fortellinga som synleggjer korleis nyutdanna tenker ikring eigne utfordringar og korleis ei potensiell handtering av slike utfordringar kan komme til uttrykk under rettleiingsprosessar. Kronotopen kan også formulerast som ein måte å forstå erfaring på og som bidreg med kunnskap til forming av eit ideologisk sjølvbilde (White, 2013). I denne artikkelen fokuserer vi på vegsøkarar sine kronotopar, slik desse ser ut i pre-tekstane, også omtalt som refleksjonsnotat og rettleiingsgrunnlag (Handal & Lauvås, 2014). Dette er stadiet kor vegsøkarar førebur seg til den framtidige rettleiingsøkta, og før kronotopane vert involverte (og ofte endra) i dei vidare dialogane som går føre seg under sjølve rettleiingssamtalen. Vi hevdar at betydninga av pre-tekst som eit første skritt i rettleiingsprosessen er underkommunisert. Ved hjelp av kronotopisk analyse av pre-tekstar kan innhaldet i rettleiingssamtalane strukturerast slik at autentiske læringsprosessar og behovet for utvikling av profesjonstilhøyrigheit vert styrka.

Behovet for didaktisk rettleiingskunnskap kor dei nyutdanna sine erfaringar og tankar vert tekne på alvor synes stort, både i internasjonal og nasjonal samanheng. Ein studie av rettleiingsprosessar hjå ei gruppe barnevernsarbeidarar (child care social workers) i England viser at behova hjå dei som søker rettleiing vart lite fokuserte, medan rettleiarane sine eigne interesser og målsetnader for utdanninga stod i sentrum under rettleiingsforløpet (Turner-Daly & Jack, 2014). Studien understrekar behovet for endring av profesjonsutøvarane sitt syn på seg sjølve. Profesjonsutøvarar må ifølge studien kunne sjå seg sjølve som aktive deltakarar i kunnskapsproduksjonen, og som medansvarlege for utviklinga av kvalitet i rettleiingsarbeidet. Slik argumentasjon er heller ikkje ukjend i norsk rettleiingsforsking med utgangspunkt i profesjonskontekst (Søndenå, 2004; Bjerkholt, 2013). Her går det fram at rettleiingsprosessane er dominerte av tankar som vert vende mot eksisterande verdigrunnlag og «det som er», medan det er lite rom for nytenking og kritisk refleksjon.

I denne studien nærmar vi oss rettleiingsfeltet med utgangspunkt i dialogisme, slik vi tolkar den russiske filosofen Mikhail M. Bakhtin (1895–1975) si forståing av dialogismen. Her framstår dialogisme som noko anna og meir omfattande enn dialog som verbal utveksling av bestemte meiningar eller idear. Ide- og meiningsskaping er i vår bakhtinske forståing snarare ein evig pågåande prosess enn noko fast som vert overlevert frå ein sendar til ein mottakar (White, 2016). I denne prosessen eller meiningsflyten viser Bakhtin til potensialet for noko meir, for ei overskriding av det vi alt veit frå før. Ifølge Bakhtin (Bakhtin, 1981) kan meiningsskaping berre oppstå i møtet med den Andre og i konkrete situasjonar. Forståinga av møtet må difor tolkast i vid forstand og ikkje forvekslast med ei tilfeldig hending. Bakhtin siktar til møtet som «joint experience» mellom to eller fleire subjekt, i meininga «co-being» (Steinby & Klapuri, 2013). Når rettleiingskonteksten er møteplassen vert det ikkje tale om subjekt og objekt, men om vegsøkar og rettleiar som to ulike subjekt med endringspotensiale. Desse verkar inn på kvarandre og skapar ny meining. Meiningsskaping skjer mellom («inter») dei involverte partane. Ei slik bakhtinsk tilnærming tilfører ei alternativ forståing av relasjonen i rettleiingskonteksten, og vi finner det nødvendig å gå nærmare inn på dette innleiingsvis. I denne studien har vi vektlagt følgande spørsmål:

  • Kva for kronotopar kan utviklast og artikulerast på bakgrunn av stemmene som får legitimitet i pre-tekstane?

  • Korleis kan desse kronotopane bidra i høve til styrking av profesjonstilhøyring?

I første del av artikkelen vert ein ny relasjonsontologi presentert. I denne delen vert også artikkelen sitt hovudomgrep, kronotopen, utdjupa. Avklaringane er nødvendige fordi kronotopar opnar for ei grunnleggande forståing av dialogismen sitt bidrag i rettleiingssamanheng. I andre del av artikkelen følger ein presentasjon av den kronotopiske studien og den metodiske tilnærminga, samt ein diskusjon av dei framskrivne kronotopane.

Ulike relasjonsontologiar

Det relasjonelle aspektet vert sett som sentralt i rettleiingskontekstar, uavhengig av den einskilde rettleiingstilnærminga (Skagen, 2004). Det er først når vi etterspør relasjonens betydning at konsensus opphøyrer. Dei ulike svara på spørsmålet om kvifor relasjonen er viktig i rettleiingskontekst bringer fram i lyset det vi forstår som ulike relasjonsontologiar. Ved å stille dette spørsmålet kan vi får djupare innsikt i noko av det som skiller ulike rettleiingstradisjonar frå kvarandre og i kompleksiteten i dette fagfeltet.

Det er ikkje lenger sjølvsagt at rettleiingstilnærmingar skal forankrast kun i teoretiske psykologiske tilnærmingar i profesjonssamanheng. Det går samstundes føre seg ei utviding frå forståing av læring og rettleiing som individuelle fenomen og over mot læring og rettleiing som kollektive fenomen, med vekt på kunnskapsdeling og felles ansvar for læringsutbyte.

På rettleiingsfeltet kan dette observerast som vending frå kierkegaardsk inspirerte tradisjonar og vektlegging av individuelle ibuande eigenskapar hjå vegsøkar (Handal & Lauvås, 2014; Søndenå, 2002), mot forsking prega av sosiokulturelt inspirerte teoriar (Fossøy, 2007; Junge, 2013; Bjerkholt, 2013; Sivertsen Worum, 2014). Innanfor rettleiingsforsking kan denne dreiinga oppsummerast som ei vending frå individuell ansvarstaking for læringsutbyte av rettleiinga til kollektiv ansvarsdeling.

Like fullt står utviklingspsykologiske rettleiingstradisjonar sterkt, kor relasjonen si betydning primært vert sett i samanheng med vegsøkar si individuelle utvikling og behovet for å verte sett og forstått som eit sjølvstendig individ. Dette kan gjenkjennast i grunnlaget for ein av dei mest utbreidde rettleiingstradisjonane i Norge, «Handlings- og refleksjonsmodellen» (Handal & Lauvås, 2014). Her vert det referert til filosofen Søren Kierkegaard (1859) si forståing av det grunnleggande i all hjelpekunst: «Kan Du gjøre det, kan Du ganske nøiaktig finde det Sted, hvor den Anden er, og begynde der, saa kan Du maaske have Held til at føre ham hen til det Sted, hvor Du er» (Handal & Lauvås, 2014, s. 357). Relasjonen si betydning peikar her mot kartlegging av ei kjerne av verdiar og former for kunnskap ibuande i sjølvet hjå vegsøkar, i noko som finnes «innerst inne» i det einskilde menneske. Denne søkinga etter «innerst inne» er det som skapar grunnlaget for læring, og som framstår som svar på kvifor relasjonsarbeid er viktig i tradisjonelle rettleiingstilnærmingar. Hjå Handal og Lauvås er fokus på vegsøkar sin praktiske yrkesteori (2014, s. 28). Denne framstår som eit illustrerande døme på ein relasjonsontologi forankra i søken etter individuelle ibuande verdigrunnlag som første steg i ein optimalt fungerande rettleiingsprosess. Rettleiar sitt mandat vert tolka som å finne dette «innerst inne» og formulere sitt bodskap på grunnlag av dette.

Med utgangspunkt i relasjonsontologi argumenterer vi for ei alternativ forståing av subjektet i rettleiingssamanheng, og at dette også får konsekvensar for korleis vi kan forstå (sjølv)refleksjon og handlingspotensial. Det bakhtinske subjektet er uferdig, opent og prega av fleirstemmigheit og valfridom. Det vil alltid vere i endring. Slik dette opne og uferdige subjektet (vegsøkaren) syner seg i kronotopane gjev det uttrykk for det beste han/ho kan få til med hjelp av rettleiar i det føreståande møtet. Vi vil understreke at også rettleiaren er sett som open og uferdig. Under den påfølgande rettleiingssamtalen vil båe subjekta verte tilført nytt tankegods gjennom nye dialogar, forstått som dialogar mellom pre-tekst og rettleiar på den eine sida og dialogar mellom vegsøkar og rettleiar på den andre sida. Slik sett vil subjekta og kronotopane stadig vere i rørsle.

Refleksjon er samansett av «re» og «flektere», som kan tolkast som «tilbake» og «vende» (Søndenå, 2002). I ei bakhtinsk fortolking vil det bevegelege subjektet vende tanken framover i tid, mot det som kan komme til å bli til av nytt og ikkje mot ei fast kjerne i subjektets indre, som hjå Kierkegaard. I eit kierkegaardsk rettleiingsperspektiv er tanken vendt mot spørsmålet «Korleis kan rettleiar hjelpe meg med å finne ut kven eg er og ut frå dette nytte mitt ibuande potensiale?» Det bakhtinske subjektet vil alternativt stille spørsmålet «Kven kan eg bli gjennom ny meiningsdanning i møtet med den Andre?» Subjektet vender seg mot det tvetydige, det uferdige og mot korleis andre – til no ukjende stemmer kan danne grunnlag for ny erkjenning. Det bakhtinske subjektet er tenkt som ein aktiv handlande posisjon som også medfører ansvar overfor seg sjølv og for sine eigne handlingar. I denne artikkelen er det dei nyutdanna profesjonsutøvarane sine pre-tekstar som er i fokus. Pre-tekstens kronotopar vert her tolka som viktige innspel i rettleiinga, og i fortsettinga i denne teksten vert konotopomgrepet ytterlegare fokusert.

Kronotopen som epistemologisk fenomen

Den bakhtinske kronotopen kan skildrast ved hjelp av dimensjonane tid, rom og aksiologi (Bakhtin, 1981). Dei to første dimensjonane rammar inn vår epistemologiske og ontologiske (danningsmessige) utvikling. Den tredje dimensjon, aksiologien, er også det tredje feltet innanfor filosofien som femner om etikken og estetikken, om våre verdiar. Ifølge White (2013) si forståing av Bakhtin (Bakhtin, 1984, 7), Morson og Emerson (1990) og Holquist (2009, 17), er det mest sentrale for kronotopen at kulturen kan og vil endre seg, takka være kunnskapen frå den Andre. Dette var vi også inne på innleiingsvis, under utgreiinga av subjektet som co-being. Ifølge Bakhtin sjølv (1981), vert vår forståing av verda til takka være vår aksiologiske relasjon med den Andre. Dette går ikkje føre seg gjennom ei direkte «overføring» av kulturen som heilskap frå ein med meir kunnskap til ein med mindre kunnskap. Kronotopar representerer både innsikt i begrensningar og muligheit for endring i vår epistemologiske utvikling (White, 2013). Dette kjem vi tilbake til i presentasjonen av dei ulike stemmene som dominerer i kronotopane. White (2016) understrekar at pedagogiske erfaringar som går føre seg innanfor rammene for ei kronotopforståing som kan karakteriserast som «threasholds» (dørstokkar) eller «zones of engagement» (Rule, 2011, 938).

Slike «engasjementssoner» eller dørstokkar vert også karakteriserte som kommunikative dørstokkar. Om vi følger denne metaforiske tankegangen vidare, kan vi stille spørsmålet: Kva er sentralt innhald i slike overskridingar hjå nyutdanna profesjonsutøvarar? Det er slike overskridingar som skapar muligheit for danning av ny forståing og tolkningar av virkelegheit for alle dei som er involvert i kommunikasjonen i rettleiingsprosessen. Den norske Bakhtin-forskaren Olga Dysthe karakteriserer slike dørstokkar for «opportunity spaces» (Dysthe, 2011, 70), som konkrete situasjonar som appellerer til læring av noko nytt. Gjennom pre-tekstane og dei førebels formulerte kronotopane kan vi få innsikt i «opportunity spaces» hjå nyutdanna profesjonsutøvarar; i kva dei nyutdanna opplever at dei sjølve kan «settast i stand til» ved hjelp av rettleiing. Vi får innsikt i den kunnskapen, den trua, det håpet og den angsten som er sett i spel i profesjonelt arbeid som nyutdanna. Vi får djupare forståing for korleis nyutdanna forstår det beste i seg sjølv, det optimale som dei nyutdanna sjølve ser at dei kan få til ved hjelp av rettleiar under den føreståande rettleiingssamtalen.

Vi er interesserte i korleis kronotopar kan vere kjelde til kvalitetsauke innanfor barnevernfagleg rettleiing av nyutdanna. I vår samanheng dreier det seg om nedskrivne tankar i form av pre-tekst knytt til føreståande rettleiingssamtale, der vegsøkar er nyutdanna barnevernspedagog, vernepleiar eller sosionom. Kronotopen er ein måte å forstå erfaring på og bidreg med kunnskap til forming av eit ideologisk sjølvbilde (White, 2013). Utfrå den bakhtinske relasjonsontologien vil omgrep som relasjon og intersubjektivitet sett i forhold til pre-tekst danne ramma. Tyngdepunktet vil ligge i vektlegginga av det som hender mellom («inter») dei involverte subjekta, på fellesskap og delinga av ulike erfaringar og kunnskap. Her vil legitimeringa av relasjonen ikkje vere avhengig av individets utvikling som hjå Kierkegaard (og uttrykt i den praktiske yrkesteorien hjå Handal og Lauvås (2014)). Legitimeringa er relatert til den nye meiningsdanninga som oppstår mellom erfaringsutvekslande og likeverdige subjekt, som «co-beings» (Steinby & Klapuri, 2013). Det som skjer «mellom» i rettleiingsprosessen er avgjerande, og ikkje subjekta «inderst inne». Subjektet er lada med meining i form av kulturell og personleg erfaring som har manifestert seg i personlige verdiar, og at denne strekker seg mot og blandar seg med nye individuelle og kollektive erfaringar. Vi vil understreke at pre-teksten får ein heilt spesiell funksjon i ein slik samanheng. Den må sjåast som ein viktig, men høgst midlertidig tekst og som eit innspel til vidare arbeid under sjølve rettleiingssamtalen. Ifølge Bakhtin vert lesaren (rettleiaren) av teksten til medskapar av ein ny tekst. Dette skjer på grunn av dei mange stemmene som ver involvert i meiningsskapinga og i møtet med nye tolkingar som stadig pågår. Bakhtin sjølv har uttrykt seg slik om tekstars tvetydig- og midlertidigheit:

… Therefore we may call this world that creates the text, for all its aspects – the reality reflected in the text, the authors creating the text, the performers of the text (if they exist) and finally the listeners or readers who re-create and in so doing renew the text – participate equally in the creation of the represented world in the text. Out of the actual chronotopes of our world (which serve as the source of representation), emerge the reflected and created chronotopes of the world represented in the work (in the text).

Bakhtin (1981, 253; vår understreking)

Pre-teksten kan i lys av Bakhtins formulering oppfattast som eit førebels og første innspel til noko meir og noko anna, som først kan komme til uttrykk i fellesskapet som utviklar seg under sjølve rettleiingssamtalen. I lys av dette kan pre-teksten oppfattast som ein tekst kor kronotopar som uttrykk for erfaringar vert løfta fram og manifestert. Dei dannar eit viktig utgangspunkt for rettleiingssamtalen, fordi dei fungerer som eit slags felt for å skape noko nytt.

Studien av kronotopar – metodisk tilnærming

Vi er opptekne av kronotopar som fangar deltakarane sine eigne erfaringar, også karakterisert som «in-use-chronotopes» (Matusov, 2015). Forfattarane av pre-tekstane er nyutdanna profesjonsarbeidarar, og dei er vegsøkarar i relasjon til seniorrettleiarar innanfor barnevernfagleg arbeid.1 Vegsøkarar og rettleiarar er tilsette på same arbeidsplass. Rettleiarane inngår i ei departementalt initiert rettleiarutdanning, kor deltakarane er pålagde praktisering av rettleiing av nyutdanna som ein del av utdanninga. Utarbeidinga av pre-tekstane er såleis eit ledd i arbeidet med praktisk rettleiing under utdanningsforløpet.2

Gradovski og Løkken (2015) gjer framlegg om ein modell som ligg til grunn for rettleiingskronotopen. Denne er samansett av fem koordinatar: tid, rom, interpersonleg aksiologi, rettleiingsmessige relasjonar og motivasjonen. Desse kjenneteikna dannar også grunnlaget for utforminga av oppdraget (skriving av pre-tekst) til dei nyutdanna, og dei vart styrande for strukturen i oppdraget til vegsøkaren. Pre-teksten skulle vere kort, og den skulle handle om ei føreståande sak som dei ønska rettleiing på i nær framtid. Forfattarane vart spesielt oppfordra til å gje uttrykk for emosjonelle aspekt som håp og redsle i samband med det beste/verste som kunne komme til å hende, og dei vart spesielt oppfordra til å spissformulere eit tenkt fokus med utgangspunkt i formuleringa «eg ynskjer rettleiing på …». Vi viser til dei 12 pre-tekstane som «zones of engagement» og «oppurtunity spaces»; som tekstar i rørsle, med potensial for kraftfulle refleksjonar og tankar om overskriding av tidlegare forståing.

Pre-tekstane er samla inn under ei rettleiarutdanning, initiert av Det kongelige barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2013). Forfattarane av pre-tekstane vart informert om at tekstane skulle analyserast, og at identiteten deira skulle anonymiserast. Dette vart ivareteke gjennom koding av tekstane. Det var ingen av forfattarane av pre-tekstane som ønska å reservere seg eller trekke seg frå studien undervegs.

Analysa

I vår kronotopiske tenking er vi opptekne av å studere dei ulike stemmene som kjem til uttrykk i pre-tekstane, og ikkje minst den kampen som kjem til uttrykk mellom ulike stemmer i teksten (heteroglossia). Bakhtin (1981) viser til ulike karaktertrekk ved slike stemmer, og desse særtrekka kan vere både autoritative og aksiologiske. Dei autoritative er stemmer som kjem utanfrå, og vi tolkar desse som representantar for den påstandskunnskapen (Johannessen, 1988) som er til stades innanfor dei aktuelle profesjonsfeltene (barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar), men også i profesjonsutdanningane og i oppfatningar av den norske velferdsstatsmodellen. Desse stemmene utgjer ein kollektiv kunnskapsbase hjå forfattarane, og dei er prega av sentripetale krefter. Slike krefter er karakterisert ved det som bind dei saman, ifølge Bakhtin; eller det som utgjer dei kollektive stemmene i ein profesjon i denne studien. Døme på slike stemmer finner vi hjå Astrid og Maya nedanfor.

Sentripetalkronotopen

Astrid skal ha ansvar for eit møte kor lege, skule, avlastingstenesta, helsesøster og foreldre er involvert:

Jeg ønsker veiledning på hvordan jeg kan gå fram med tanke på taushetsplikt. Hvordan skille mors problematikk fra barnets problematikk? Hvordan forholde meg til at alle kjenner alle, og at alle er kjent med problematikken, selv om den ikke er uttalt? Det beste som kan hende er at det utvikles en felles forståelse, at mor ansvarliggjøres og at det blir satt opp et godt nettverk rundt barnet.

Astrid peikar her på sentrale utfordringar som vedrører alle profesjonsutøvarar i barnevernsfagleg arbeid. Her dreier det seg om handsaming av teieplikt, anonymitet og prioritering av fokus i dei einskilde sakene.

Eit anna døme på sentripetalkronotopen finner vi i Maya sin pre-tekst. Ho skal ha ansvar for eit møte mellom ei mor, hennar advokat og barnevernet sine representantar. Ho er oppteken av korleis ho skal få til eit nyttig og oppklarande møte for alle partar:

Jeg ønsker veiledning på hvordan jeg som sakbehandler kan bli tryggere som møteleder i møter med klienter, samarbeidspartnere og klienters advokater, samtidig som møtet oppleves som nyttig og oppklarende. Det beste som kan komme ut av et slikt møte er at alle parter opplever å bli hørt, tatt på alvor, at en ser en utvikling og jobber mot et felles mål.

Maya sin tekst peikar mot eit behov for kunnskap om møteleiing. Også dette er eit sentralt aspekt for tilsette i barnevernfagleg arbeid.

Sentrifugalkronotopen

Dei aksiologiske særtrekka representerer personlege og etisk lada stemmer. Slike stemmer er prega av sentrifugale krefter. Dette er krefter som dreg frå kvarandre, og vi viser til krefter kor det særeigne og personlege kjem sterkast til uttrykk. Siri har over tid hatt kjensla av å ha mykje å gjere. Ho har to dagar i veka avsett til rapportskriving, men ho får ikkje produsert det som vert kravd av henne. Tida for rapportskriving vert eten opp av hastesaker, telefonar og andre ting som må prioriterast. I Siri sin tekst kjem dette til uttrykk på følgande måte:

Går hele tiden med en følelse av å ikke være tilstrekkelig og opplever at dette bare blir verre. Jeg kjenner at dette må gjøres noe med, da jeg er redd for å ikke greie å være i jobben så mye lenger. Om ikke noe endrer seg, kommer jeg snart til å begynne å se meg om etter andre jobber.

Tankene kommer om at jeg ikke passer i jobben. Kanskje jeg burde finne meg en annen jobb? Jeg er oppriktig bekymret for meg selv, da jeg ser hvordan dette har utviklet seg over tid. Jeg er redd for at jeg skal bli utbrent, da jeg opplever meg selv som veldig stresset og trøtt. Jeg kommer på jobb og opplever meg selv som ineffektiv. Arbeidet mitt vokser seg stort som et fjell, som jeg ikke opplever å greie å ta fatt på. Hvordan kan jeg håndtere denne situasjonen og få hjelp til å reflektere over ulike svar?

Siri sin tekst er tolka som uttrykk for eit individuelt behov, og som ei artikulering av ei personleg vurdering. Kathinka sin tekst uttrykker også sentrifugalkronotopen. Kathinka er sakshandsamar og skal gjennomføre eit møte med representantar for ein familieheim, Bufetat, Barneverntenesta og mor til ein gut på 17 år. Saka gjeld ei bekymring for guten si utvikling:

Jeg er usikker på agenda for møtet og er redd for at Bufetat vil si opp avtalen. Det mest utfordrende er å stå mellom partene, fordi de er uenige om grad av alvor i bekymringen. På samme tid står mor på sidelinjen og har mange krav. Jeg er bekymret og usikker på om min bekymring er overdrevet. Jeg er generelt usikker på hva som er lurt å gjøre i denne saken og på hvem jeg skal «holde med». Jeg ønsker veiledning på å stake ut en retning i denne saken.

Kathinka sin tekst er også eit uttrykk for ei personleg utfordring. Denne utfordringa er knytt til korleis ein som nyutdanna kan klare å tolke det å stå mellom ulike involverte partar.

Kronotopen med konkurrerande stemmer

Innanfor denne kronotopen er innhaldet i pre-tekstane er tolka som fleirstemmige. I vår samanheng er dette sterke uttrykk for både sentripetale og sentrifugale krefter, og som uttrykk for fleire behov for rettleiing som trekk i ulike retningar. Sitat frå Signe og Mari sine tekstar er døme på denne kronotopen. Signe er møteansvarleg på eit nært føreståande ansvargruppemøte på ein skule. Saka gjeld ein gut som nett har fått ein diagnose, og foreldre, bestemor, skulen sine representantar og BUP skal vere til stades. På møtet skal det informerast om diagnosen, samt at dei skal byrje med konkret planlegging av guten si framtid:

Jeg er mest redd for språkbarrieren i denne situasjonen og foreldrenes begrensninger – og at foreldrene ikke vil forstå alvoret i situasjonen. Jeg ønsker veiledning på hvordan jeg best kan ivareta foreldrene og hvordan jeg kan skaffe meg mest mulig informasjon – slik at alle partene blir fornøyde. Jeg trenger også veiledning på hvordan jeg kan bli trygg i egen lederrolle og bli en god møteleder.

I denne teksten finner vi spor av sentripetale stemmer i form av behov for rettleiing vedrørande møteleiing. Samstundes kjem eit uttrykk for stemmer med sentrifugale krefter til syne gjennom behovet for rettleiing vedrørande oppfølging av mange partar under det same møtet.

Mari skal ha møte med ei mor med dotter på 14 år. Saka gjeld ei bekymringsmelding frå barnevernstenesta og skulen:

Det mest utfordrende for meg i denne situasjonen er å balansere en tydelighet og respekt, fordi mor kan være lett krenkbar i denne situasjonen. Jeg ønsker å formidle bekymringene for datteren på en god og klar måte som ikke oppleves truende for mor.

Mor er redd for hjelpeapparatet generelt og kan raskt gå i forsvar. Jeg ønsker veiledning på å sortere og klargjøre hvordan jeg skal håndtere denne situasjonen både faglig og personlig.

Mari rettar rettleiingsbehovet sitt mot korleis ho kan unngå krenking av nokon, samstundes som ho også etterlyser rettleiing på møteleiing. Det første er tolka som eit spor av sentrifugale og kollektive stemmer i kronotopen. Det andre som vedrører møteleiing, vert tolka som uttrykk for sentripetale krefter.

Innleiingsvis vart det understreka at artikkelen handlar om framskriving av kronotopar i rettleiingas første fase og uttrykt i pre-teksten. Kronotopen er uttrykk for ein måte å forstå på, og den bidreg til kunnskapar og verdiar i forminga av eit ideologisk sjølvbilde (White, 2013; Gradovski og Løkken, 2015). I pre-tekstane byrjar vegsøkarane prosessen med å formulere eit nytt bilde av seg sjølve og av det beste dei trur dei kan få til – ved hjelp av rettleiar i føreståande rettleiingssamtale. Vi har vore opptekne av mulege svar i form av kronotopar. Desse skal gje kunnskap om stemmer eller krefter i vegsøkarane sin skapande prosessar – når dei skal uttrykke det beste dei trur dei kan få til i ein utfordrande føreståande situasjon. Kronotopane inneberer ei artikulering av «dei nye sjølva» eller ideologiske sjølvbilda som kan skrivast fram frå pre-tekstane. Vi spør vidare med utgangspunkt i Bakhtin kva for krefter i desse stemmene som får legitimitet.

Kraftfulle kronotopar og ulike former for kvalitet i rettleiinga

Bakhtin si forståing av korleis meining vert til har sitt utspring i «joint experience» og i møtet mellom ulike subjekt, slik vi også var inne på innleiingsvis. Slike møter i vid forstand vil implisere ein aksept av dei komplekse stemmene hjå vegsøkar og rettleiar. Ein velfungerande kommunikasjon i rettleiinga fordrar ein velutvikla didaktisk sensitivitet. Didaktisk sensitivitet er her tolka som «grad av lydhørhet» overfor kompleksiteten av stemmer som er til stades i rettleiingsrommet. Slik vil også den didaktiske sensitiviteten vere grunnleggande for den konstruksjonen av læring eller den meiningsskapinga som kan komme til uttrykk i rettleiinga.

I denne studien peikar kronotopane i fleire retningar, og vi nærmar oss det andre spørsmålet som vi presenterte innleiingsvis; det som vedkjem kronotopar og profesjonstilhøyrigheit. Lokaliseringa av dei ulike kronotopane peikar mot ulike kriterier som kan ligge til grunn i kvalitetssamanheng. Nyanseringa av ulike kvalitetskriterier er nødvendig for å ta i vare både velferdssamfunnets behov for ein kollektivt legitimert kriteriekvalitet og den einskilde nyutdanna sine behov som vegsøkarar. Vi treng å vite kva som er bra og akseptabel tenking og handling innanfor ein profesjon, og dette fordrar kriteriekvalitet, retta mot alle dei som er kvalifiserte for profesjonen.

Det andre kriteriet er knytt til fenomenologisk kvalitet. Dette handlar om individuelle behov og oppfatningar og er retta mot det som skapar meining for den einskilde profesjonsutøvar. Nokre av kronotopane i denne studien støttar meir enn andre opp under den fenomenologiske kvaliteten og om eit aksiologisk aspekt. Dette er tydelegast i sentrifugalkronotopen, kor dei sterke individuelle stemmene er tydelege. «Jeg er bekymret og usikker på om min bekymring er overdrevet», seier Kathinka. Siri viser til tankar om at ho kanskje ikkje passar inn i den profesjonen ho har utdanna seg til, og til arbeidet som veks seg «stort som et fjell».

Vår kontekst er rettleiing av nyutdanna profesjonsutøvarar, og den forskinga som vart presentert innleiingsvis syner utfordringar med å la dei nyutdanna få komme aktivt med i rettleiingsprosessen. Vi forstår dette slik at stemmene med sterke sentrifugale krefter vart utviska og svake, til fordel for autoritative stemmer med sterke sentripretale krefter. Vi vil i denne studien spesielt understreke sentrifugalkronotopen sitt bidrag i styrkinga av fenomenologisk kvalitet i rettleiinga, med denne kronotopen sitt sterke preg av sentrifugale krefter uttrykt gjennom dei nyutdanna sine personlege og verdilada stemmer i rettleiingsprosessen.

Kraftfulle kronotopar og profesjonstilhøyrigheit

Vi tolkar dei framskrivne kronotopane som uttrykk for ein møteplass og videre diskusjon av ulike sider i skaping av profesjonstilhøyrigheit. Heggen (2008) viser til utvikling av profesjonstilhøyrigheit som eit dobbelt fenomen, og som inneber kollektive så vel som individuelle krav. Dei kollektive krava har med profesjonsmedlemmar si identifisering med profesjonskollektivet som gruppe å gjere. Heggen syner til felles trekk som er med på sette grenser mot dei som er utanfor – «til skiljet mellom oss og dei» (Heggen, 2008, 323). Vi forstår den autoritative kronotopen med sterke sentripetalkrefter som bidragsytar til utvikling av ein kollektiv profesjonsidentitet. Kunnskap om møteleiing og handsaming av teieplikt, slik som det framgår av pre-tekstane hjå Maya og Astrid, kan tolkast som sentral profesjonell yrkeskunnskap, og markerer eit skilje mellom dei med profesjonell kunnskap og dei utanfor. Utvikling av profesjonell identitet er personleg og individuell. Denne kan forståast som «ei meir eller mindre medviten oppfatning av ‹meg› som yrkesutøvar, når det gjeld kva type eigenskapar, verdiar og haldningar, kva etiske retningslinjer eller kva for ferdigheiter eller kunnskapar som konstituerer meg som ein god yrkesutøvar» (ibid, 324). Den aksiologisk orienterte sentrifugale kronotopen, med stemmer som hjå Linda og Siri, er med på å levandegjere og aktivisere den delen av den profesjontilhøyrigheitsutviklinga som Heggen (2008) karakteriserer som individuell profesjonell yrkesidentitet.

Avslutning

Vår kartlegging av kronotopar syner at pre-tekstar kan opne muligheit for viktig innsikt i nyutdanna sine rettleiingsbehov. Ei djup forståing av sjølve spørsmålsgrunnlaget, slik det kjem til uttrykk i pre-tekstane, er her avgjerande. Kronotopisk analyse opnar opp for klargjering av eiga framtidsretta ontologisk, epistemologisk og aksiologisk posisjonering. Slik vert det lettare for både vegsøkar og rettleiar å engasjere kvarandre i rettleiingsdialogar. Det er viktig at vegsøkaren frå dag ein forstår seg sjølv som sjølvstendig handlande subjekt i relasjon til det nye som skal skapast i det vidare fellesskapet under rettleiingsprosessen. Denne forståinga kan manifesterast i pre-teksten, når vegsøkaren vert oppfordra til å tenke nøye gjennom eigne behov som aktivt handlande subjekt og deretter formulere dette i pre-teksten. Slik framstår pre-teksten sine kronotopar som eit utgangspunkt med potensial for utvikling av høg didaktisk sensibilitet i rettleiinga og ei balansert utvikling av profesjonstilhøyrigheit hjå den nyutdanna.

Litteratur

Bakhtin, M. M. (1981). The dialogic imagination: Four essays by M.M. Bakhtin. Austin, Texas: University of Texas Pres.

Bakhtin, M. (1984). Rabelais and his world. Bloomington, MN: Indiana University Press.

Bengtsson, J. (1999). Med livsvärden som grund. Studentlitteratur: Lund.

Bjerkholt, E. (2013). Åpning av lukkede rom. En kvalitativ studie av innholdet og dialogene i veiledningssamtalen mellom nyutdannede lærere og lokale veiledere. Phd-avhandling, Universitetet i Oslo.

Det kongelige barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2013). Nasjonal satsing på barnevernfaglig veilederutdanning (30 ects). Oslo.

Dysthe, O. (2011). Opportunity spaces for dialogic pedagogy in test-oriented schools. A case study of teaching and learning in high school. I M. Peters & J. White (red.), Bakhtinian Pedagogy: Opportunities and challenges for research, policy and practice in education across the globe (s. 69–90). New York: Peter Lang Publisher.

Fossøy, I. (2007). Basisgruppeaktivitetens intersubjektive rom. Ein teoretisk og empirisk studie av rettleiarane og den situerte, kommunikative praksis i ein problembasert læringskontekst. Phd-avhandling, Universitetet i Oslo.

Gradovski, M., & Løkken, I. M. (2015). Chronotopic Thresholds, Reflection, and Transformation of Supervision Experiences for Preschool Assistants in Norwegian Preschools. International Journal of Early Childhood, 47(2), 331–345. DOI: http://dx.doi.org/10.1007/s13158-015-0137-x.

Handal, G., & Lauvås, P. (2014). Veiledning og praktisk yrkesteori. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Heggen, K. (2008). Profesjon og identitet. I A. Molander, & L. I. Terum (red.), Profesjonsstudier (s. 321–332). Oslo: Universitetsforlaget.

Holquist, M. (2009). Dialogism: Bakhtin and his world. London: Routledge.

Johannessen, K. (1988). Tankar om tyst kunnskap. Dialoger. Stockholm.

Junge, J. (2013). Læreres kollegasamtaler – et rom for læring? En studie av samtaler i en studiegruppe med fire ungdomsskolelærere. Phd-avhandling. Universitetet i Stavanger.

Kvistad, K., & Søbstad, F. (2005). Kvalitetsarbeid i barnehagen. Oslo: Cappelen Akademisk.

Matusov, E. (2015). Chronotopes in education: Conventional and dialogic. Dialogic Pedagogy: An International Online Journal, 3, A65-A97. DOI: http://dx.doi.org/10.5195/dpj.2015.107.

Morson, G. S., & Emmerson, C. (1990). Mikhail Bakhtin: creation of a prosaics. Stanford, CA: Stanford University Press.

Morson, G. S (2010). The Chronotope of Humanness: Bakhtin and Dostoevsky. I Bakhtin, Theory of the Literary Chronotope: Reflections, Applications, Perspectives. Edited by Nele Bemong et al., 93–110. Gent: Academia Press.

Rule, P. (2011). Bakhtin and Freire: Dialogue, dialectic and boundary learning. Educational Philosophy and Theory, 43, 924–942. DOI: http://dx.doi.org/10.1111/j.1469-5812.2009.00606.x.

Sivertsen Worum, K. (2014). Spor av sammenhenger og brudd i kunnskapssyn i veiledning ved lærerutdanningen. Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 02(100),103–114.

Skagen, K. (2004). I veiledningens landskap. Innføring i veiledning og rådgivning. Bergen: Høyskoleforlaget.

Steinby, L., & Klapuri, T. (2013). Bakhtin and his others. (Inter) subjectivity, chronotope, dialogism. London: Anthem Press.

Søndenå, K. (2002). Tradisjon og transcendens: ein fenomenologisk studie av refleksjon i norsk førskulelærarutdanning. Doktorgradsavhandling. Acta Universitatis Gothoburgensis, Göteborg.

Søndenå, K. (2004). Kraftfull refleksjon i lærarutdanninga. Oslo: Abstrakt forlag.

Turner-Daly, B., & Jack, G. (2014). Rhetoric vs. reality in social work supervision: the experiences of a group of child care social workers in England. Child and Family Social Work. DOI: http://dx.doi.org/10.1111/cfs.12191.

White, E. J., & Peters, M. (Red.) (2011). Bakhtinian pedagogy. New York: Peter Lang.

White, E. J. (2013). Circles, borders and chronotope: Education at the boundary? Knowledge Cultures, 1(2),145–169.

White, E. J. (2016). Introducing dialogic pedagogy: provocations for the early years. New York: Routledge.

1I denne kategorien er barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar representerte.
2Nasjonal satsing på barnevernfagleg rettleiingsutdanning (30 ects) frå Det kongelige barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2013).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon