1. Innleiing

Utdanning ved dei naturvitskaplege fakulteta vert gitt i form av ei rad emne, og kvart emne omfattar typisk 2-5 vekttal. Til dømes skildrar studiekatalogen for det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB ca 400 kurs. I tillegg til desse kjem ulike spesialpensa som studentar på hovudfags- og dr.-gradsnivå nivå kan leggja opp i samråd med rettleiar. Av dei regulære kursa inngår ca. 15% i ei emnegruppe (tilsvarande grunnfag i humanistiske fag). Emnegruppekurs står for den store delen av eksamenar som vert avlagt ved fakultetet, og eksamensforma er i det alt vesentlege skriftleg, evt. i kombinasjon med semesteroppgåve(r). Dei resterande 85% av kursa omfattar studieretningskurs og vidaregåande kurs. Eor desse kursa er det eit varierande studenttal som speglar kor populær den tilsvarande studieretninga er til ei kvar tid.

Ein viktig premiss for avvikling av eksamen ved ein norsk høgskule eller universitet er gitt i Lov for universiteter og vitenskapelige høgskoler (Universitetslova). I §51 kap. 11 står det at “så vidt mulig skal det oppnevnes en sensor som ikke hører til ved institusjonen.” For hovudfags- og dr.-gradskurs vil dette ofte ha som konsekvens at sensor har tilhaldsstad i ein annan norsk by enn der eksamen føregår. Prinsippet om ekstern sensor er norsk-dansk, t.d. vert dette ikkje nytta i USA, Storbritannia eller andre av dei nordiske landa.

Ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet ved Universitetet i Bergen omfatta heile 37% av alle arrangerte emneeksamenar i 1994 berre 3 eller færre studentar. For emne med skriftleg eksamen er kostnaden pr. avlagt eksamen lite avhengig av talet på studentar i emnet. Konstant arbeidsmengd for tillaging av eksamenssett og fast leige av lokale tilseier at stykkprisen blir noko høgare for eksamenar med få studentar. På den andre sida kan kostnaden for sensur verta noko lågare, sidan sensurmøtet i mange tilfelle kan takast pr. telefon for kurs med få studentar.

Omlag halvparten av kursa i den aktuelle studiekatalogen for UiB står opp ført med eksamensform Muntleg. For denne eksamensforma gjeld det at sensur utgjer nær heile konstnaden ved å arrangera eksamen. Vidare kan kostnaden bli høg dersom sensor har tilhaklsstad utanfor eksamenssbyen, grunna utgifter til reise og diett.

Kostnadene for avvikling av eksamen er ein vesentleg utgiftspost på universitetsbudsjetta. Dette har motivert artikkelforfattarane til å prøva ut eit opplegg for muntleg eksamen som ikkje føreset at sensor er fysisk tilstades ved eksamensinstitusjonen. I denne artikkelen vil eksaminator (KJB), kandidat (MAS) og sensor (IR) gjera greie for røynsler frå avvikling av to muntlege eksamenar innan teoretisk kjemi.

2. Teknisk opplegg

Teoretisk kjemi er eit fagfelt som gjor mykje bruk av nettverksbaserte dataressursar, og det var derfor nærliggjande å undersøkja i kva grad Televerket sine høgkapasitetsliner kunne utnyttast i samband med eksamensavviklinga. Ulike alternativ foreligg, og val av teknologi vart tilslutt diktert av minste sams multiplum for utstyr tilgjengeleg i dei to aktuelle universitetsbyane. Under avviklinga av eksamen var eksaminator og kandidat tilstades i eit av UniVisjon A/S sine studio i Bergen, medan sensor sat i studio hos Televerket i Tromsø. Eksamen føregjekk med direkte overføring av bilete og lyd mellom dei to studioa ved hjelp av bilete-telefon. UniVisjon er tilknytta Universitetet i Bergen sitt mediasenter (UMS), og arbeider med film og video produksjon.

Bilete-telefonen vert i dag til dels mykje nytta ved møte-avvikling, og fleire verksemder i privat og offentleg sektor har investert i eigne studio. I universitetssamanheng utgjer fjernundervisning for særskilte studentgrupper eit anna bruksområde. Bilete-telefon er eit medium kor det går éit fjernsynssignal i kvar retning mellom dei to deltakarane. Signalet vert overført på 2 64-kbits ISDN linjer. Den avgrensa, konstante bandbreidda medfører at dersom signalet inneheld mykje informasjon, som t.d. ved omfattande rørsle i biletet, så vert det overført færre bilete pr. sekund enn ved still-bilete. Dette opplever ein som noko hakkete rørsle. Vidare vil ein merka at overføringa tek litt tid, slik at tale vert forseinka nokre tidels sekundar. Det er mogeleg å kopla såman fleire enn to studio med bilete-telefon, men dette er truleg lite aktuelt for muntleg eksamen. Med fleire enn to deltakarar er det utlagte biletet talestyrt. Det vil seie at alle deltakarane inottek bilete frå dét studioet kor det til ei kvar tid vert snakka, noko som krev disiplin blandt deltakarane.

Det er vanleg å nytta berre éit kamera i kvart studio, og kameraet er gjerne fastmontert. Eit slikt opplegg vert nytta for sending frå sensor, men vil vera altfor hemmande for kandidaten. I våre eksamenar vert det nytta fire kamera frå studio der kandidat og eksaminator er, og studioteknikar Brian Holmedal ved UniVisjon A/S syter for å leggja det beste bilete ut til ei kvar tid. Det vert nytta tre personkamera: Kamera 1 (Kl) viser eksaminator og kandidat såman, medan K2 er fokusert på eit skrivestativ (Al “flip-over”) som står like bak og mellom kandidat og eksaminator. For å få god nok oppløysing dekkjer bilete frå K2 berre A2 format, dvs. at éit ark på skrivestativet må visast i to porsjonar. K3 viser kandidaten sitjande, og kandidaten ståande ved skrivestativet. K4 er eit dedisert dokumentkamera fokusert på ei A4 tusjtavle (“whiteboard”) som ligg fastmontert i landskaps-orientering på bordet mellom kandidaten og eksaminator. Vising av tusjtavle og skrivestativ i fjernsynsformat stiller krav til fontstorleik. På tusjtavla er det råd å skriva/lesa ca. 7 liner med tekst i lengderetninga, medan bokstavane må vera minst 5 cm høge ved bruk av skrivestativ.

Ein typisk sekvens kan med dette kameraoppsettet vera:

1: Kl: eksaminator gir innleiing til eit delspørsmål.

2: K4: eksaminator gir detaljar (likning, figur, spesifisering) ved tusjtavla.

3: K3: kandiaten gir ei innleiing til svaret.

4: K2: kandidaten utleier/skriv ved skrivestativet.

5: K2: kandidaten utdjuper svaret ved å peika på resultat gitt på skrivestativet.

6: K1&4: eksaminator stiller og kandidaten avklarar oppfølgjarspørsmål ved tusjtavla.

7: Sensor, K1&4: sensor stiller og kandidaten avklarar spørsmål.

Det er plassert mikrofonar både mellom kandidat og eksaminator og ved skrivestativet. Framfor seg har kandidat og eksaminator to fjernsynsapparat; éit med utgåande bilete frå eige studio, og eit med innkomande bilete og lyd frå sensor i Tromsø.

3. Røynsler frå gjennomføringa av eksamen

3.1. Teknisk gjennomføring

Eksaminator og kandidat gjorde seg kjend i studio to dagar før eksamen, og oppkopling mot Tromsø vart testa og funnen i orden. Det vart straks slått fast at varme kom til å bli eit problem. I eit studio utan luftavkjøling medfører dei mange sterke lampane at det blir svært varmt. Under sjølve eksamensalvviklinga vart dctte problemet minimalisert ved å ha glaset ope, og å ha så få lys på som mogeleg. Likevel vart det nytta lyskastarar på tilsaman ca.6 kW og det meste av denne effekten vert avgitt som varme.

Lyd frå Tromsø viste seg å vera eit problem under avviklinga av eksamen, sjølv om dette hadde fungert bra under testen. Sensor opplevde eit forseinka ekko av sin eigen tale, og i studio i Bergen var det tildels vanskeleg å oppfatta kva sensor sa. Årsaka til problemet vart ikkje avdekka. Det er likevel klart at dette ikkje er eit trekk ved bilete-telefon, men snarare ei feilkjelde i eit av studioa. Både lyd og bilete frå Bergen vart motteke med god kvalitet i Tromsø, og dermed var det aldri problem å gjennomføre eksamen.

Kameraføringa i Bergen fungerer tilfredsstillande. Mikrofonplasseringa er så god at kandidaten kan gløyma lydaspektet.

Eksamen med bilete-telefon. Ser dei andre meg også, tru?

3-2. Eksaminator si rolle

Val av eit indirekte medium stiller ekstra krav til organiseringa av eksamen. Dette gjeld naturlegvis det praktiske opplegget med tinging av studio, studiotest og tilrettelegging av hjelpemiddel (t.d. tavle, pc, prosjektør for lysark), men også tillaging av sjølve eksamensspørsmåla. Eit kvart medium har sine særetrekk som set krav til utforminga av meldinga som skal sendast. I vårt tilfelle medførte dette til ein relativt stram regissering av eksamen, og det påverka val av spørsmål. Lange utleiingar eller rekningar er aktuelle oppgåver i ein vanleg muntleg eksamen, men mediet gjer at det ikkje vil fungera via ein fjernsynsskjerm. Dette er ikkje dramatisk; skilnaden er mykje mindre enn mellom ordinær muntleg eksamen og skriftleg eksamen, og reduserer ikkje evna til å prøva kandidaten sitt kunnskapsnivå.

Den strengare regien er til dels sjølvpålagt, ein tykkjer gjerne at “ei sending” skal vera vel førebudd. Men for å vera sikker på at både sensor og kandidat oppfatta spørsmål og tilhøyrande informasjon, vart det funnen nyttig å førebu A4 plansjar som vart lagt over tusjtavla i samband med kvart nytt spørsmål.

I vårt forsøk fekk eksaminator ei ny rolle. Han kontrollerer at det utgåande biletet er optimalt med omsyn til kameraval og fokusering, og gir beskjed til teknikar dersom så ikkje er tilfelle. Vidare ser han til at kandidaten ikkje står slik at skrivestativet blir dekt til, men dette er noko som også inngår i ein ordinær muntleg eksamen. Med ein dyktig teknikar vart dette ei mindre oppgåve som ikkje vart opplevd som eit problem med tanke på konsentrasjon om kandidaten sin presentasjon.

3.3. Kandidaten sin situasjon

Eksamenssituasjonen er i utgangspunktet stressfyllt, og kandidaten følte før eksamen at vaiet av medium adderte til dette. Det vart nevnt faktorar som det å sjå seg sjølv på fjernsyn, det å ha fjernsynskamera retta mot seg, og det å bli avskoren frå å knytta eit visst kjennskap til sensor. Desse momenta vart mykje meir konkrete ved vitjinga i studio to dagar før eksamen, og i tillegg gav den sterke varmeutviklinga frå standard lysoppsett grunn til å frykta for negativ påverkand på yteevna. Likevel medførte utprøvinga av utstyret at kandidaten vart meir avslappa med tanke på tilfredsstillande tilgang til hjelpmiddel under presentasjonen, og at han slepp å ha tanke for lyd og kamerabruk.

Ved sjølve eksamen var varmen eit mykje mindre problem enn frykta. Kandidaten gjennomførte to eksamenar på to timar, med 15 minutt pause i mellom. Likevel var temperaturen akseptabel. Skrivestativet var av stor nytte, medan tusjtavla vart lite brukt. Årsaka til dette er dels at kandidaten foretrakk å stå, og dels at det er plass til meir skrift på skrivestativet. Med dei aktuelle spørsmåla gjekk det bra med Al som største skriveflate, sjølv om det vart behov for å veksla fram og tilbake mellom to ark ved éit tilfelle.

Redusert kontakt med sensor vart ikkje opplevd som eit problem. Det er mest naturleg å venda seg mot eksamintor ved svargjeving, sidan det er han som i hovudsak stiller spørsmåla. Ved dei tilfella kor sensor hadde tilleggsspørsmål, låg vansken snarare i dårleg lydkvalitet frå Tromsø enn manglande augekontakt. Så lenge bileteoverføringa er så rask, så kjennes det nesten som at ein har augekontakt når ein ser inn i fjernsynet.

Kandidaten er i hovudsak nøgd med gjennomføringa av muntleg eksamen, men med stort minus for det nevnte problemet med lyd. Han meiner at han har fått demonstrert sitt kunnskapsnivå på lik line med kva tilfellet ville vore med ordinær muntleg eksamen.

3.4. Sensor sin situasjon

Sensor vart relativt mykje plaga med ekko i eige studio. Dette var ikkje av eit slikt omfang at det var fare for gjennomføringa av eksamen, men det var klart irriterande. Det er mogeleg at sensor hadde teke del i utspørjinga i noko større grad dersom lydkvaliteten hadde vore god. Slik som sitasjonen var, følte sensor likevel at han i tilfredsstillande grad fekk fulgt opp med spørsmål ved uklare punkt i framstillinga til kandidaten. Ved eit par høve ba sensor om betre fokusering på skrivestativet, men stort sett gav lyd og bilete frå Bergen eit godt grunnlag for sensur. Karakterdiskusjon mellom eksaminator og sensor føregjekk utan problem.

Ein slik måte å avvikla muntleg eksamen på medfører vesentleg redusert tidsbruk for sensor. Ved ordinær eksamen ville heile arbeidsdagen gått med til reise og sensur, medan tidsbruk utover sjølve sensuren var minimalt med bruk av biletetelefon.

4. Diskusjon

Det skisserte opplegget for muntleg eksamen har klare økonomiske føremøner dersom det er få kandidatar. Til dømes utgjer dei direkte utgiftene i vårt forsøk omlag 20% av kva det ville kosta å arrangera vanleg muntleg eksamen. I tillegg kjem innspart arbeidstid for sensor. På den andre sida er dét å treffast i samband med eksamen ein god måte å oppnå fagleg kontakt i eit land med lange avstandar. Ved å velja sensor i samsvar med forskningsinteresser kan nytteverdien av reisekronene vera mykje større enn det sensurbudsjetta kan gjera greie for.

I den vidare gjennomgangen er det nyttig å gjera oppdeling i moment som følgjer av at mediet er nytt, og faktorar som karakteriserer sjølve mediet.

Eit nytt medium medfører både psykologiske og tekniske vanskar. Dei tekniske problema viste seg klart i form av dårleg lyd i og frå Tromsø. Sjølv om problema var knytt til studio snarare enn bilete-telefon som medium, så understrekar det kor sårbart eit indirekte medium er for tekniske detaljar i alle ledd. Dersom Bergen hadde hatt tilsvarande lyd, ville truleg eksamen blitt utsett. På den andre sida er det også tekniske problem ved avvikling av ordinær muntleg eksamen. Dersom vi hadde lagt opp til vanleg eksamen denne dagen, så ville eksamen blitt avlyst på grunn av flystreik! Den viktige parameteren er derfor forventningsverdien av stabilitet for ulike måtar å avvikla muntleg eksamen, og innan kort tid vil truleg indirekte medium kunna konkurrent på lik line med direkte eksamen.

For kandidaten betyr møtet med eit nytt medium ekstra stress framfor eksamen. Dette vert understreka av assosiasjonen til fjernsynssending, som nærmiljøet forsterkar ved fantasifull skjemt. I denne situasjonen er det nyttig at studentane får gjera seg kjend med studio og korleis det reint praktiske skal førega. For mange studentar vil møtet med det nye mediet virka både inspirerande, spennande, og - skremmande. Slike aspekt fell vekk dersom mediet vert teke i vanleg bruk ved eksamen, og om nokre år ved at bilete-telefon kjem i tillegg til vanleg telefon i privat eige.

Dei viktigaste spørsmåla er knytt til mediet sine innebygde karaktertrekk. Vil mediet i seg sjølv medføra favorisering av einskilde studentar? Svaret er naturlegvis “Ja”, for dette gjeld eitkvart medium - også vanleg eksamen. Studentar som er trente i verbal kommunikasjon og presentasjon, vil ha lettare for å gjera ein god muntleg eksamen, antan han skjer direkte eller via biletetelefon. Vidare er det klart at studentar med røynsle frå nær-fjernsyn eller videoproduksjon vil vera meir avslappa i møtet med bilete-telefon. Men etter som mediet kjem vanleg i bruk, er truleg favoriseringa redusert til det som gjeld vanleg muntleg eksamen.

Ved ei indirekte eksamensform vert kontakten mellom kandidat og sensor redusert. Dette skjer til ekstrem grad ved skriftleg eksamen, medan bruk av bilete-telefon framleis opnar for relativt god kontakt. Kor viktig er handtrykk og direkte augekontakt mellom kandidat og sensor? Eg vil ikkje freista å greia ut dette, men viser til at kandidaten i vårt forsøk ikkje opplevde dette som noko vesentleg problem.

Teknisk sett er bilete-telefonen avgrensa av relativt låg bandbreidde, og dette gir litt hakkete rørsle. Ei betre teknisk løysing er i dag video-konferanse, som nyttår 6 ISDN liner for overføringa. Både lyd og bilete vert vesentleg betre og har ein kvalitet som er tilfredsstillande for bruk ved muntleg eksamen. Utstyret er tilgjengeleg i Bergen, og vil truleg bli klart også i Tromsø seinare i år.

Hjelpemidla som vi nytta (tusjtavle og skrivestativ), er i utvikla med tanke på direkte møte, og ein kan ta i bruk andre hjelpemiddel som er betre tilpassa bilete-telefon som medium. Alt i dag har vi tilgang på pc med høve til å leggja skjermbilete ut på bilete-telefonen, og ein kan tenkja seg både fag og einskilde studentar som vil ha nytte avdette. Vidare kan skrivestativ basert på digitaliseringsbord redusera føringane på fontbruken og samstundes gjera det lett å sja fleire ferdige “ark” i sannanheng. Dette vil vera ein føresetnad for bruk innan fag som nyttar mykje formelskriving og utleiing, t.d. matematikk, fysikk og geofysikk. På den andre sida vil fag som hovudsakleg brukar samtaleforma under ein vanleg muntleg eksamen, vera godt tente med berre ei tusjtavle.

Den raske utviklinga innan prosessering og overføring av videosignal vil truleg halda fram i dei næraste åra. Dette vil gje eit grunnlag for bruk av meir ressurskrevjande hjelpemiddel over nettet. Fleire miljø er i ferd med å utvikla språk og grensesnitt som, via nett-tilknytning, let fleire personår delta i den same molekylære “verda”, representert ved 3-dimensjonal grafikk. Ein av dei som er komne lengst med dette innan kjemi, er dr. Henry S. Rzepa, (Imperial College, London). Han og medarbeidarar utviklar det dei kallar eit Virtual Reality Modelling Language (sjå M.a. World Wide Web http://www.ch.ic.ac.uk/VRML/), som har eit stort potensiale for bruk ved elektroniske konferansar innan kjemi. På sikt kan ein også tenkje seg slike hjelpemiddel nytta i nettbasert eksamen.

5. Konklusjon

Røynslene frå eit avgrensa forsøk med bilete-telefon som medium ved muntleg eksamen er hovudsakleg positive. Eksamensprosessen føregjekk svært likt det forventa for ein ordinær eksamen, og kostnadene vart redusert med 80%. Det vert likevel reist motforestillingas både ut frå nytten ved direkte fagkontakt mellom sensor og eksaminator, og vurderingar knytt til kandidaten sin situasjon. Ei totalvurdering tilseier at dette er eit nyttig alternativ til ordinær muntleg eksamen ved få kandidatar. Skilnaden i tekniske kvalitet tilseier at ein nyttår video-konferanse istandenfor bilete-telefon. Dersom den omtala varianten av muntleg eksamen får eit vesentleg omfang, bør ein ta i bruk hjelpemiddel som er tilpassa mediet og dei einskilde faga.