Vi sit framfor ein førelesar med nyspissa blyant, klare til å ta imot læsrdom. Etter ein kort introduksjon byrjar sjølve førelesinga og vi skjerpar sansane. Men, kva er dette? Noko er ikkje som det plar vera. I byrjinga er det noko framandt som vi ikkje heilt får taket på. Men så må den gryande uroa vika plassen for gode minne frå tidlegare tider: Jippi, hurra! lian nyttar tavla! Og då talar vi ikkje om ei glinsande, hudfarga flate med ein flortynn tusjfilm over det heile. Nei, ei retteleg tavle, med kritt og svamp som einaste hjelpemiddel.

For mykje tekonoli sender bodskapen over hovuda våre. Foto: Torgrim Rath Olsen, Nordlys.

La oss sjå på årsaka til at denne læraren utgjer unnataket. Det mest nærliggjande er kan henda teknologien. Inntogsmarsjen til overheadane i dei tusen auditorium gjekk feiande fort: Frå den spede start på byrjinga av 70-talet til i dag å vera ein sjølvsagt del av inventaret. No står dei der, og førelesarane kan visst ikkje anna enn å gjera dei til midtpunkt for leksjonane sine. Kvifor det då?

Truleg ligg det eit genuint ynskje til grunn om å gjera stoffet oversiktleg. Men like tenkjeleg er det at det er ein makeleg måte å førelesa på. Ein har jo så å seia manuskriptet med seg i stort format og treng ikkje inderleggjera (i bokstavleg tyding) det som skal formidlast. Her er det sjølvsagt store individuelle skilnader mellom “transparentistane”. Nokre er trygge på seg sjølve og har såpass formuleringsevne at dei kan stå med ryggen til lerretet og tala levande for tilhøyrarane. Andre treng orda på lysflata å stø seg til og vender seg konsekvent mot denne, jamvel om trasparenten er passé i høve til ekskursane dei foretar. Har ein fyrst laga ein transparentserie for ei førelesing, vert han gjerne nytta med små endringar år etter år. Dette kan verta til ei sovepute, slik lærebøkene ofte er det for den uentusiastiske læraren i statsskulen.

Vi kan gå ut ifrå at vitskapsfolk er stolte på vegne av faget sitt og ynskjer at tilhøyrarane skal få respekt for arbeidet dei driv med. Dermed freistar dei å setja det heile i ei mest mogleg “akademisk” ramme. I ei slik ramme har ikkje sure svampar og krittflekkar rundt bukse-lommene noko å gjera. Nei då tar det seg betre ut med ei lang rekkje transparentar, sirleg ordna i ein perm. Og peikestokken som geleidar blikket vårt gjennom siste nytt i skrifttypar og fancy oppsett. Men korleis lar det seg eigentleg ut for tilhøyraren; eller skulle vi seia til-skodaren?. For det kan verka som om trua på hørselen vår er sterkt svekka. Dette har gått så langt at når ein Iærar dristar seg til berre å stå der -rett opp og ned- og ganske enkelt tala til oss, så noterer vi ikkje. “Kan det vera så viktig når han ikkje visualiserer det for oss på eit eller anna vis?”

Javisst, overhead er eit nyttig og klårgjerande hjelpemiddel i undervisninga. Oppsummeringar, kart, tabellar og grafiske framstillingar kan i form av transparentar setja prikken over i-en på ei førelesing. Men overdriven bruk av overhead har openberre negative fylgjer. Det velsigna pusterommet som oppstår når læraren viskar av tavla fell bort; tilhøyrarane får ofte tidsnaud og vanskar med å skilja det vesentlege fiå det uvesentlege under talastraumen til førelesaren. Auge og hovud mistrivst i lengda med fokuseringa på det lysande lerretet der framme. Men langt viktigare enn desse ringverknadene er dei mellom-menmskelege og dermed pedagogiske konsekvensane:

Ved at blikket til førelesar såvel som tilhøyrar rettast mot transparentane, vert det som skulle gå føre seg mellom sal og kateter flytta over på eit lerret. I staden for at den talande og den lyttande går inn i eit sams mellommenneskeleg rom møtest dei i fokuseringa på ein tredje instans. Dette har ein sløvande effekt på begge partar: Førelesaren kan tura fram utan å ensa korvidt tilhøyrarane “er med” eller ikkje. Sistitemnde kan på si side melda seg ut av førelesinga utan den minste ansvarskjensle andsynes oppdrifta i timen. Dermed er vi framme ved det andre punktet: passivisering.

Ein føresetnad for all saim læring er nysgjerrighet. I vår travle kvardag kjem sjeldan studentane til undervisninga med det utgangspunktet. Der her kvar einskild student noko å arbeida med. Men førelesaren burde, om ikkje anna så for faget sitt si skuld, ta det som ei utfordring: “Korleis kan eg lokka fram spørsmålet, undringa i studentane mine?” Den tryggaste måten å unngå det på, er å dra opp ein bunke transparentar. Det finst vel neppe noko meir sømndyssande enn ein presentasjon av ferdigformulerte tankar og konklusjonar på løpande band; like daud som musikk framført med rutine og ikkje noko meir. Det kan vera vanskeleg nok å gje liv til eit tema som ein føreles om for n-te gong, men legg ein det fram i form av ferdige oppsett på eit lerret, kan ein vera sikker på å mislukkast.

Dei som derimot inviterer til eit “Mitdenken” -som former førelesinga ut ifrå gjenklangen i salen- er komne eit godt stykke på veg. Elles går det som innretninga sjølv ber bod om; over hovudet til dei ein ynskjer å nå.