Knut Dørum og Helje Kringlebotn Sødal, begge ved Universitetet i Agder, har redigert denne antologien om Hans Nielsen Hauge. Forutan redaktørane sjølve er det fem andre bidragsytarar i boka. Til saman omfattar boka ni kapittel inkludert innleiingskapittelet. Det finst ein svært omfattande forskingslitteratur om Hans Nielsen Hauge og haugerørsla. På denne bakgrunnen reflekterer redaktørane innleiingsvis over kvifor ein skal publisere eit nytt verk. Grunngjevinga er at det «mangler […] en nyere, samlet oversikt som er flerfaglig forankret». Redaktørane strekar under behovet for oppdatert forsking knytt til dei ulike rollene som Hauge og haugerørsla spelte på ulike område i det norske samfunnet på 1800-talet: politisk, økonomisk, kulturelt og sosialt.

Dei ulike bidraga i boka «belyser fra ulike synsvinkler hvordan Hauge og haugianerne opererte i spenningene mellom modernitet og tradisjonalitet» (s. 10). Tradisjonalitet refererer her til det førmoderne og trua på tradisjon som noko stabilt og varig utan store brot, medan det moderne føreset rask utvikling og byggjer på fornuft, rasjonalitet og vitskapeleggjering. Hovudspørsmålet som boka stiller, er dermed: På kva måte var Hauge og haugianarane tradisjonsberarar, og på kva måte fungerte dei som moderniseringsagentar?

Boka tematiserer sentrale aspekt ved Hauge og haugianismens rolle og verksemd: Hauges forfattarskap, Hauge som kyrkjehistorisk aktør, haugianarane si politiske rolle, haugerørsla sin organisasjon, kvinnene sin plass i rørsla, haugianismen i Midtvesten, Hauge som nasjonalt og religiøst ikon og Hauge som inspirator for økonomi, politikk og leiing. Denne meldaren saknar ei grundigare historisk drøfting av den økonomiske aktiviteten til Hauge. Ingen av bidraga har dette som hovudfokus. Eg saknar òg eit oppsummerande sluttkapittel.

Helje Kringlebotn Sødal skriv om Hans Nielsen Hauge som forfattar. Ho legg vekt på at skriftene hans skapte gjenkjenning hos allmugen, i første rekkje på grunn av dei religiøse undertekstane som han i stor grad bygde på, men òg fordi forfattarskapen hans i stor grad var kontekstavhengig. Kritikken av eliten i samfunnet vann gjenklang hos allmugen, medan eliten sjølv såg han som eit trugsmål. Konklusjonen er at Hauge som forfattar medverka til å halde ved like tradisjonen, samstundes som han i nokon grad var nyskapande.

Arne Bugge Amundsen tek føre seg Hauge som kyrkjehistorisk aktør. Amundsen peikar på som karakteristisk for kyrkjehistorikarane som har granska Hauge, at dei har vore vel så mykje opptekne av kva han førte til, som kva som var bakgrunnen og føresetnadane hans. Amundsen poengterer at Hauge byrja som ein lokal og regional aktør. Gjennom heile si verksemd var Hauge styrt av pietismen si leiting etter «sann kristendom». Den «pontoppidanske kristendom» var Hauges viktigaste tolkingsramme, ifølgje Amundsen. Det er ettertida som har sett at Hauge og haugerørsla skapte noko nytt. Men når Hauge sjølv skulle grunngje verksemda si, støtta han seg på gamle autoritetar.

Haugerørsla si politiske rolle er tema for Knut Dørum, som syner korleis haugianarar gjekk inn bondeopposisjonen på Stortinget i 1830-åra og styrkte han. Dermed stilte dei seg i opposisjon i høve til embetsmennene. På lokalplanet (etter 1837) kom det derimot til ein interaksjon mellom haugianarar og embetsmenn. Ifølgje Dørum passa den haugianske kapitalismen godt til embetsmennene sin freistnad på å modernisere samfunnet – og dette la grunnlag for ein politisk allianse. Slik verka haugianarane med i det moderne gjennombrotet på 1800-talet.

Bjørg Seland tek føre seg haugerørsla sin organisasjon. Rørsla sitt fellesskap var tufta på det gamle samfunnet sin orden, men stod samstundes for oppbrot og nyskaping. Dette potensialet vart seinare utnytta av nyare generasjonar gjennom framveksten av organisasjonssamfunnet på midten av 1800-talet. Seland poengterer at Hauge gjennom satsinga på næringsverksemd og religiøs vekking skapte rom for folkeleg initiativ og aktivitet. Dette peika fram mot ei folkeleg allmente i moderniteten.

Det er brei semje om det nyskapande i Hauges satsing på kvinnene innanfor det nettverket han skapte. Inger Furseth undersøkjer kvinnene si betyding for haugerørsla, og strekar under at dei medverka til rørsla si utbreiing gjennom ei utvida rekruttering (familienettverk, barnefødslar og sosialisering av barn). Kvinnene medverka dermed til kontinuitet og stabilitet. Ifølgje Furseth etablerte dei haugianske kvinnene ein moderne modell for kvinner si deltaking i religiøse rørsler. Dette peika fram mot at kvinner seinare fekk liknande roller innanfor dei politiske rørslene.

Haugerørsla vart òg eksportert utanfor landets grenser, til Amerika. Øyvind T. Gulliksen analyserer haugerørsla i Midtvesten, og syner korleis haugiansk tru og praksis var vesentleg for ein god del norske bønder som utvandra på 1800-talet. Haugianismen var vesentleg som kulturberar i det nye landet, knytt til språk, kristendomsform (pietisme) og sansen for det praktiske. Ein interessant observasjon er at dei haugianske omvendingsforteljingane glei saman med angloamerikansk teksthistorie.

Helje Kringlebotn Sødal analyserer minne om Hauge innanfor ulike kulturformer i Noreg. Hauge har vorte eit nasjonalt og religiøst ikon og symbol, men minna om han har berre i liten grad vore utforska. Sødal syner korleis det i stor grad er den sterke, kreative og sigrande Hauge som representasjonane og minna om han opprettheld. I mange samanhengar står han fram som ein helgen og for mange som symbol på det moderne. Derimot er det moderne og radikale kvinnesynet til Hauge overraskande nok bortimot fråverande. Det same gjeld i stor grad Hauges testamente (1821), som fekk ein kyrkjeintegrerande verknad. Ei plausibel forklaring er at dette gjerne er forbunde med ein tradisjonsorientert Hauge, medan minnekulturen har lagt vekt på dei moderne og autoritetskritiske sidene ved han.

Pål Repstad analyserer Hauge-resepsjonen i vår tid med omsyn til forretningsdrift, etikk og samfunnsengasjement. Fokuset er på det populærvitskaplege biletet av Hauge. Inspirasjonen frå Hauge går i ulike retningar, og Repstad har kome fram til seks Hauge-bilete: entreprenøren, den etiske kapitalisten og leiaren, økologen, liberalisten, den demokratiske opprøraren og feministen. Repstad poengterer at den allmennretta formidlinga av Hauges verdiar i stor grad skjer gjennom å fortelje om Hauge. Desse forteljingane er i liten grad problematisert faghistorisk. Når det gjeld den moralske aktualiseringa av Hauge, er ho helst individretta og vag – trass i den auka vekta i samfunnsdebatten på det kollektive ansvaret. Det er òg få som nemner sosial og økonomisk likskap i freistnaden på å aktualisere Hauge.

Samla sett er dette ei vidfemnande bok som inneheld mange tema og problemstillingar. Ho gjev eit oppdatert bilete av Hauge og haugerørsla, og innfrir dermed redaktørane sin lovnad til lesaren i innleiingskapittelet. Hauge verka i spenningsfeltet mellom det tradisjonsbundne og det moderne samfunnet. Denne boka synest å leggje vekt på Hauge som tradisjonsberar. Heilt klart representerte han òg nyorientering og eit nybrot på fleire område, men mykje av dette var til stades først og fremst som eit potensial som først seinare vart realisert.

Allment interesserte lesarar vil ha stort utbytte av denne boka. Ho er òg godt eigna som pensumbok på universitets- og høgskolenivå.