Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Reformasjonen og norsk språkhistorie


F. 1982. Ph.d. Førsteamanuensis, Institutt for språk og litteratur, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Reformasjonen spela ei viktig rolle for å styrkje folkemåla som skriftspråk andsynes den lærde latinen. Men i Noreg var det dansk som vart kyrkjespråket, og reformasjonen har ofte vorte framstilt som avgjerande for skiftet til dansk skriftspråk. Dette har vorte kopla til eit generelt nedgangsmotiv i norsk seinmellomalderhistorie, som kulminerer med sjølvstendetapet, reformasjonen og språkskiftet. Denne framstillinga kan ikkje oppretthaldast, og i denne artikkelen blir språkskiftet i staden forklart som ein konsekvens av meir ålmenne politiske og kulturelle tilhøve, og det blir peika på at dansk var det dominerande skriftspråket i Noreg allereie før reformasjonen vart gjennomført.

Nykelord: reformasjonen, språkhistorie, norsk, dansk

The Reformation played a crucial role in establishing the vernaculars as written languages in place of Latin. However, in Norway Danish became the language of the church, and the Reformation has often been blamed for the loss of Norwegian as a written language. This has been part of a motif of decline during the late Middle Ages, culminating with the loss of independence, the Reformation and the shift to Danish. Nonetheless, this historical account cannot be maintained, and the present paper rather explains the language shift as a consequence of more general political and cultural circumstances, and shows how Danish had become the main written language in Norway already before the Reformation was enforced.

Keywords: reformation, language history, norwegian, danish

Innleiing

Ei viktig side ved reformasjonen var omsetjing av religiøse tekstar til folkemåla. Luthers bibelomsetjing er det mest kjende dømet, ein tekst som vart sentral for utviklinga av det høgtyske standardspråket. I Norden kom det omsetjingar av Bibelen til dansk, svensk, finsk og islandsk i løpet av 1500-talet, men noka norsk omsetjing kom ikkje før fleire hundre år seinare. Både Bibelen og andre religiøse skrifter kom til oss i dansk språkdrakt, og dansk var det einaste skriftspråket i Noreg.

I mellomalderen hadde norsk vorte etablert som skriftspråk. Men i staden for å bli styrkt og vidareutvikla, svann det bort og vart erstatta av dansk. I mange framstillingar er dette skiftet til dansk skriftspråk tett knytt til reformasjonen. Ei ny lærebok i språkhistorie uttrykkjer det til dømes slik: «Med reformasjonen kom dansk til å bli det rådande språket her til lands. […] Det danske språket vart rettesnor for mykje av målbruken i Noreg.»1 Ei liknande vektlegging av reformasjonen som ei viktig drivkraft i språkskiftet finn ein òg i forskingsartiklar: «Of vital importance for the victory of the Danish language was its use by the secular institutions and the introduction of the Reformation in 1537.»2

I slike framstillingar – og det er lett å finne fleire – blir reformasjonen ein del av eit generelt motiv i norsk historieskriving, historia om Noregs nedgang i seinmellomalderen.3 Noreg gjekk inn i nordiske unionar og mista til slutt sjølvstendet; folketalet fall etter Svartedauden og seinare pestar, og det gamalnorske skriftspråket vart erstatta av dansk. Kultur- og språkhistoria blir ein integrert del av dette nedgangsmotivet, som kulminerer i sjølvstendetapet og innføringa av reformasjonen i 1536–37; da vart Noreg direkte underlagt Danmark, og den siste katolske erkebispen måtte fly landet:

Men medan reformasjonen innebar eit rikare kulturliv for andre land, til dømes Danmark, vart det tvert om i Noreg. I andre land vart nasjonalspråket styrkt, medan vi her i landet mista dei siste restane av norsk. Forfallet var ikkje berre kulturelt og språkleg, men òg moralsk og litterært. Ser ein på det politiske forfallet, hadde det sett inn lenge før. No vart kyrkjer, kloster og prestegardar rivne og kunstskattar og boksamlingar øydelagde eller brende.4

Slik blir det altså framstilt i læreboksform i 2017. Nedgangsmotivet dominerer, og i 1537 står Noreg på eit botnpunkt. Trass i at denne framstillinga framleis blir reprodusert, verkar ho håplaust forelda i dag. Det einsidige synet på seinmellomalderen som ei samanhangande krisetid for Noreg har med tida vorte nyansert i historieforskinga.5 Perioden er ikkje berre prega av krise og forfall, men òg omstilling og utvikling. Også framstillinga av skiftet til dansk skriftspråk krev ei modifisering, men før me kjem dit, må det seiast eit par ord om kjeldene til norsk språk (og historie) i seinmellomalderen.

Særleg på 1200-talet blømde norsk litteratur, både med originale norske verk og omsetjingar av utanlandsk litteratur. Det må likevel understrekast at mesteparten av det me kjenner som norrøn litteratur, vart til på Island. Frå litt ut på 1300-talet finst det ingen norske litterære verk, slik me forstår ordet «litteratur» i dag. Fram til norsk forsvinn heilt som skriftspråk, har me i hovudsak nokre jordebøker og ei mengd diplom. Jordebøker er lister over gardar og kor mykje landskyld dei skulle betale, men innimellom kan det vera sett til andre opplysningar, til dømes om korleis ein gardpart kom under ny eigar, og det finst nokre stykke med friare tekst. Diplom er i streng tyding dokument med rettsleg innhald, men termen blir i Noreg bruka nokså lausleg om alle kortare tekstar frå mellomalderen, vekslande med «brev» utan noko klårt skilje. Slike tekstar er publiserte i serien Diplomatarium Norvegicum I–XXIII (DN).6 Likevel er det stort sett tekstar med rettsleg innhald i vid tyding folk har valt å ta vare på: avtalar om gardhandel, domsbrev om drapssaker eller grense- og eigedomstvistar, testamente, andre slags heimelsbrev og dilikt. Mange diplom er såkalla vitnebrev, der ei rad menn gjev fråsegn om at dei var til stades og såg og høyrde at ein (munnleg) avtale vart inngått. Dette viser eit samfunn i ferd med å omstille seg frå munnleg til skriftleg kultur; den rettskonstituerande handlinga er avtalen og handslaget, men det må dokumenterast skriftleg.7 Frå siste del av seinmellomalderen har me også meir uformelle tekstar som notat, utkast og administrative dokument av ymse slag, mange av desse frå den såkalla Münchensamlinga. Både kong Kristian II og erkebisp Olav Engelbrektsson måtte reise i eksil til Nederlanda, og arkiva deira kom saman og forsvann ut or syne, før dei dukka opp att i Bayern tidleg på 1800-talet. Frå Bayern henta Gregers Fougner Lundh dei til Noreg.8 Desse to arkiva gjev oss eit rikt kjeldemateriale til dei siste 20 åra før reformasjonen, også med teksttypar som neppe hadde vorte berga om det ikkje var for den spesielle historia til desse arkiva.

Språkskiftet

Norsk – eller rettare: det språket folk snakka i det som etter kvart vart Noreg – har alltid eksistert i kontakt med og vorte påverka av andre språk. I seinmellomalderen spela lågtysk, som var språket til Hansa-forbundet, ei viktig rolle i heile Skandinavia, og i norske tekstar finn me ei tiltakande mengd lånord derifrå. Grannespråka svensk og dansk påverka òg norsk språk, til litt ulike tider. I skriftspråket er den svenske påverknaden tydelegast frå siste helvta av 1300-talet og godt inn på 1400-talet, og mest i siste del av denne perioden. Det er ofte knytt til Birgittinar-rørsla, som spela ei viktig rolle i heile Norden tidleg på 1400-talet.9 Dansk påverknad ser me frå ikring 1400, men særleg etter 1450, i stendig aukande grad. Den framande påverknaden på norsk skriftspråk og språkbruk kjem fram på to måtar: For det første finst det tekstar skrivne i Noreg på svensk eller dansk, og unntaksvis lågtysk. For det andre påverka desse språka tekstar me vil seie er skrivne på norsk, på alle språklege nivå: ordtilfang, ortografi, morfologi og syntaks.

Det må understrekast at det er snakk om skriftspråk her. Det er det me har direkte kjennskap til, medan kunnskap om talemålet må vinnast omveges ut frå det som kjem fram i skriftlege kjelder. Til dømes har kontakten med lågtysk påverka både norsk og dei andre skandinaviske språka på meir djuptgripande måtar enn berre med lånord, men denne sida ved språkutviklinga er det ikkje råd å gå inn på i denne samanhengen. Me får nøye oss med å sjå på utviklinga av skriftspråket.

Framstillinga her byggjer på den relevante delen av Gustav Indrebøs Norsk målsoga.10 Boka kom ut posthumt i 1951 og er skriven før Indrebø døydde i 1942. Ho representerer ei nasjonalistisk historieskriving og var samstundes eit innlegg i den norske målstriden – Indrebø var nestformann i Noregs Mållag til han døydde, og den viktigaste ideologen på landsmålssida i mellomkrigstida. Indrebø var ein solid vitskapsmann og den beste kjennaren av kjeldematerialet frå seinmellomalderen, og alle seinare framstillingar av skiftet til dansk skriftspråk byggjer på framstillinga hans. Men det kan vera sunt å ha konteksten for arbeidet i bakhovudet når ein vurderer framstillinga hans, for ho er krydra med subjektive vurderingar av utviklinga, som me skal sjå nokre døme på nedanfor. Jamvel om Indrebø blir gjord til hoggestabbe her, skal ein merke seg at han representerer eit vanleg syn i samtida si.

På 1300-talet hadde Noreg sams konge med først Sverige, sidan Danmark, og frå 1397 gjekk dei nordiske landa saman i Kalmarunionen. På slutten av 1300-talet finn ein døme på at kongane sende ut offisielle brev og kunngjeringar til Noreg på svensk og dansk, jamvel om regelen i slike tilfelle var at dei vart skrivne på norsk. Eit seint døme på denne praksisen er eit brev frå kong Kristoffer dagsett i København 14. juli 1447 (DN IV 901) som stadfester privilegia for Stavanger domkyrkje og den nye bispen der. Det kjem eit avgjerande skifte i denne praksisen med Kristian I, som vart norsk konge i 1450 etter ein strid med den svenske tronpretendenten Karl Knutsson (Bonde), som hadde vorte krona av erkebisp Aslak Bolt i november 1449. I samband med kroninga ferda Karl Knutsson ut ei handfestinga skriven på gamalvoren norsk (DN V 762). Det har ofte vore gjort eit poeng ut av det norske språket i teksten; Indrebø kallar det til dømes ein «nasjonal demonstrasjon».11 Eg har annanstad føreslått at det kan ha andre årsaker enn nasjonale og heller skuldast at eit gamalvore skriftspråk skulle gje autoritet til ei konstitusjonelt tvilsam handling, for gamalt var godt i den tids tankesett.12 Det viser tilvisingar til gamal sedvane i den politiske retorikken mot slutten av seinmellomalderen, til dømes uttrykt som «Noriiges schreffne laug, oc gode landsens gamble sedwennie» i 1536 (DN VI 726).

I alle tilfelle skil språkbruken i 1449 seg frå det som blir vanleg under Kristian I. Han ferda ut handfestinga si i to eksemplar, båe på dansk, og etter 1450 er alle brev og kunngjeringar frå kongskanselliet til Noreg og nordmenn på dansk. Dei unntaka som finst, er skrivne medan kongen var i Noreg, og ofte utferda i lag med det norske riksrådet.

I tida 1450–1500 vart stendig fleire norske tekstar skrivne på dansk eller blanda målform. Denne utviklinga byrja i dei høgste sosiale laga og breidde seg gradvis utover. Når det gjeld dokument frå riksrådet, var det nok likevel meir norsk enn Indrebø hevda.13 Når dei ein sjeldan gong møttest samla, og det var ikkje så ofte på den tida, skreiv dei i mange tilfelle dansk. Men når medlemer av riksrådet møttest kvart år til såkalla rettarting for å døme i viktige saker – ein slags høgsterett – skreiv dei norsk litt lenger. I siste helvta av 1400-talet fekk mange danskar verdslege ombod i Noreg, og dei tok med seg dansk skriftspråk. Mot slutten av hundreåret byrja også norske stormenn å ferde ut diplom i dansk språkdrakt. Dette skjedde smått om senn, men etter 1500 er dei aller fleste norske diploma prega av dansk påverknad, jamvel om norske målmerke skin gjennom. Mest norsk finn me i domsbrev frå norske lagmenn (jf. nedanfor om Landslova) og vitnebrev frå lagrettemenn ute på bygdene. Slike tekstar kunne vera på norsk langt nedover på 1500-talet og fortel om lokale skrivetradisjonar som braut med mønsteret blant stormenn.14

Ved dei norske bispeseta skjedde det avgjerande skiftet tidleg på 1500-talet. Men Indrebø peikar på at det var «ov-mykje ustøda ved alle bispesæti» allereie frå 1470-åra, før dansk vart einerådande som skriftspråk ikring 1510.15 Ved erkebispesetet i Nidaros rådde norsk fram til dansken Erik Valkendorf vart erkebisp i 1510. Frå da av er dei fleste tekstane frå erkesetet på dansk, og det har somtid vorte framstilt som om erkebisp Erik innførte dansk skriftspråk. I den historiografiske tradisjonen Indrebø stod i, vart dette framstilt som noko negativt: «[Erik Valkendorf] var ein dugande mann, men han skreiv dansk.»16 Erik hadde tidlegare vore kanslar for hertug Kristian, seinare kong Kristian II, og det var kongen som sytte for at han vart erkebisp framfor den lokale kandidaten Jens Krabbe. Det viste seg etter kvart at han likevel var meir lojal mot den katolske kyrkja enn kongen som hadde fått han innsett, og han måtte til slutt fly landet og døydde i eksil i Roma hausten 1522.

Det kan likevel vera grunn til å ta nokre atterhald ved framstillinga av eit klårt brot ved erkesetet i 1510. Dette er det skrivemiljøet me kjenner best, og språkbruken er studert i detalj.17 For det første er det ikkje nett gamalnorsk som vart skrive under føremannen Gaute Ivarsson, den lengstsitjande erkebispen i Nidaros (1475–1510). Mange av tekstane frå hans tid viser tydeleg dansk påverknad, og mest det aller siste brevet (DN VIII 471 frå 1508), som samstundes er det einaste originalbrevet som er bevart frå Gaute etter 1500. Det er eit nokså audmjukt brev til kongen, slik at tilpassinga til dansk dokumentspråk kan vera ei form for mottakartilpassing. Dansk påverknad er uansett tydeleg allereie før 1510.

Mange av dei kjende breva frå Erik Valkendorf er skrivne med same hand, ein skrivar som tydelegvis var hjå han heile tida frå han kom til Nidaros, og gjerne kan ha vore med frå Danmark. Medlemer av domkapittelet sende ut skriv på norsk etter 1510 òg; det gjeld blant anna eit diplom som Olav Engelbrektsson, den gongen dekan, er medutferdar av (DN VII 551, 1520). Det finst berre i ei seinare avskrift, men ho har mange norske målmerke som må stamme frå originalen. Det siste offisielle brevet frå domkapittelet med nokså norsk preg er eit brev til Kristian II om at kapittelet hadde valt Olav Engelbrektsson til ny erkebisp i 1523 (DN I 1061). Ein månad seinare skreiv Olav «electus» (‘vald (erke)bisp’) til kongen og svor han truskap (DN I 1062), og denne teksten er på oppsiktsvekkjande rein dansk til å vera skriven på denne tida. Dette vart regelen for tekstar frå erkesetet fram til reformasjonen. Skriftspråket må kallast dansk, men med nokre norske målmerke som til dømes diftongar (den norske artikkelen ein mot dansk en osb.). Dette gjeld i hovudsak uavhengig av sjanger. Det er ein svak tendens til fleire norske former i uoffisielle tekstar, men det kan ha å gjera med ordtilfanget, for ord ein norsk skrivar ikkje hadde sett i danske tekstar, måtte skrivast etter øyret. Men ein administrativ tekst som jordeboka etter Olav Engelbrektsson er stort sett på same dansk som andre skriftstykke frå erkesetet.

Eit interessant unntak frå heile språkskiftet er to sider på norsk i Breviarium Nidrosiense. Dette var éi av to messebøker for stiftet som Erik Valkendorf fekk trykt i 1519; den andre var Missale Nidrosiense. Som andre liturgiske bøker er dei naturlegvis på latin, men Breviarium har to sider på norsk om heilagdagar og fastetider i Nidaros erkebispedøme.18 Teksten må vera henta frå ein eldre kristenrett eller ei liknande kjelde, for jamvel om han ikkje er identisk med overleverte handskrifter, liknar han mykje på erkebisp Jon Raudes kristenrett frå 1270-åra.19

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 var gyldig rett i Noreg fram til Kristian IVs Norske lov kom i 1604 – og det var ei varsamt endra omsetjing til dansk, ikkje noko fundamentalt nytt. Men på det tidspunktet hadde uoffisielle omsetjingar funnest i nær hundre år. Totalt finst det 124 handskrifter av Landslova frå tida 1500–1604, og dei fleste er heilt eller delvis omsetjingar til dansk.20 Rettshistorikaren Knut Robberstad er førebels den som har sett grundigast på dette materialet, og han kom fram til at det først vart gjord ei omsetjing i Oslo ikring 1510, ei omsetjing han kallar eit «hastverksarbeid».21 Seinare kom ei omsetjing i 1530-åra, og desse to versjonane eksisterte jamsides i ymse avskrifter gjennom hundreåret, jamvel om kvart einskilt handskrift kunne ha eigne tilpassingar. I domsbrev frå norske lagmenn finn me lenge «orskurd» or Landslova i domane; det vil seie at dei hermar den relevante paragrafen av Landslova, og ofte i gamalnorsk versjon jamvel om det var omsetjingar i omløp.

Hovudpunkta i språkskiftet kan samanfattast slik: Gjennomslaget for dansk skjedde i løpet av siste helvta av 1400-talet, og frå litt etter 1500 er dei aller fleste tekstar skrivne i Noreg på dansk. Dansk tok først over i det verdslege maktapparatet, men i åra nærast etter 1500 kom det òg inn i kyrkja. Mange danskar fekk ombod i Noreg og tok med seg skriftspråket sitt, og etter kvart byrja nordmenn å skrive meir dansk òg. Lovverket var den siste bastionen for norsk, men jamvel om den gamalnorske Landslova var gyldig rett til 1604, finn me omsetjingar til dansk frå 1510 og framover.

Så langt har eg skrive om «norsk» og «dansk» som om det var to åtskilde og klårt definerbare storleikar. Men i ei tid utan dei faste skriftnormene som er sjølvsagde for oss i dag, er det ikkje alltid så greitt å seie om ein tekst er skriven på ‘norsk’ eller ‘dansk’. Skrivarane var påverka av både sitt eige og andres talemål, og dei var ikkje minst påverka av ulike skrivetradisjonar. Difor finst det mange mellomsteg, og språkforma i ein tekst kan ofte kallast «blanda», «norskprega», «danskprega» eller liknande. Eit vel så stort problem er kor meiningsfulle termane «norsk» og «dansk» faktisk var for folk i samtida, jamført med den klåre oppfatninga me i dag har av dei som to ulike språk – rett nok med store likskapar.

Språkleg medvit

Kva kan me eigentleg vita om korleis folk i reformasjonstida tenkte på språk? Me må kunne gå ut frå at folk alltid har oppfatta språklege skilnader, men det er ikkje det same som at desse skilnadene vart knytte til nasjonale motsetnader mellom Noreg og Danmark, motsetnader som elles kjem klårt fram i kjeldene. Ein inngang til å forstå kva haldningar folk hadde, er å sjå etter direkte merknader i kjeldene som omtalar språka.22 Det finst ikkje mange slike, men eg skal gje att eit par interessante døme frå omtrent same tid:

  1. messzer holdis vppaa norske ymott thenn hellige kirkes skiick och budh (DN X 674, 1533)

    («messer blir haldne på norsk imot den heilage kyrkjas skikk og påbod»)

  2. han haffuer latit holdiit messer paa danske […] mot then hellig kyrkes skic och bud (DN XI 621, 1535)

    («han har late halde messer på dansk […] mot den heilage kyrkjas skikk og påbod»)

Døme (1) er frå nokre notat til riksmøtet i Bud i 1533, medan det andre er blant klagemåla mot adelsmannen Nils Lykke i 1535, og blant dei tinga han til slutt vart brend for. I båe tilfella dreier det seg om messer på morsmålet – altså protestantisk messeskikk, og dette er tidlege vitnemål om dette i Noreg – i staden for den latinske liturgien i den katolske kyrkja. Det viktige er motsetjinga mellom skandinavisk og latin, ikkje motsetjinga mellom ulike former for skandinavisk, og dei to døma, som elles er nesten identisk utforma, kallar morsmålet to ulike ting. Dette kan tyde på at folk ikkje knytte spesifikke språklege uttrykk til nasjonsadjektiva «norsk» og «dansk».

Ein annan indikasjon på dette er målbruket til Olav Engelbrektsson. Som nemnt hadde han sett namnet sitt under brev skrivne på norsk medan han var dekan. I tida som erkebisp låg han konstant i strid med kongen, og både han og andre norske stormenn kritiserte kongen for å setje seg ut over Landslova og vedtekne avtalar. Rettane til norske menn og Noregs rike og riksråd vart understreka, ikkje minst det evige temaet om at utanlandske menn, inkludert danskar, ikkje skulle få offisielle ombod i Noreg. Men denne nasjonale sjølvhevdinga vart aldri markert språkleg. Tekstane som uttrykkjer slike haldningar, er på dansk. Norsk språk vart ikkje utnytta som eit middel til å markere det norske sjølvstendet. Slik måtte det ikkje vera.

På om lag same tid tok nemleg Gustav Eriksson (Vasa) i bruk alle dei argumenta han kunne tenkje seg, også kulturelle og språklege, i retorikken mot Danmark. Til dømes freista kong Gustav å vinne herredømet over Skåne (det skulle den svenske kongsmakta lukkast med drygt hundre år seinare). Dette var naturleg, meinte han, sidan folk i Skåne hadde «et twungamaal ok alla aathlefwor ok seder […] effther Swensk» («et språk og alle skikkar og seder etter dei svenske»).23 I ein annan samanheng knytte Gustav Eriksson eintydig språklege skilje til motsetnaden mellom svensk og dansk. Ein fut hadde tydelegvis skrive til kongen på danskblanda svensk, og kongen svara følgjande: «Och må tw segia thin scriffuare til att han blifwr with sitt modermåll swensken när han scriffwer […] och scriffuer oss jcke Jeg för Jag till» («Og du må seie til skrivaren din at han held på sitt morsmål svensk når han skriv […] og ikkje skriv Jeg for Jag til oss»).24 Ei slik kopling mellom språk og nasjon er tidleg, også i europeisk samanheng, og noko tilsvarande finn me ikkje i dei norske kjeldene.

Det er rett og slett ikkje sikkert at nordmenn på 1500-talet knytte språklege skilnader til nasjon, slik me heilt automatisk gjer i dag. Språkforskaren Helge Sandøy har prøvt å tolke det språklege medvitet til folk slik det kjem til uttrykk i dei overleverte kjeldene, og kjem til denne konklusjonen:

Dabei ist nicht sicher, daß die Autoren ihre Schreibsprache überhaupt als Dänisch auffaßten […] anfangs des 16. Jahrhunderts [wurde] ‘Norwegisch’ nicht auf eine eigene Sprache im Gegensatz zu ‘Dänisch’ bezogen. Sprache war immer noch kein kulturelles Objekt, trotz politischer und kultureller Eigeninteressen in Norwegen.25

Det er vel opplagt at folk den gongen som no kunne høyre skilnad på ulike dialektar, men dersom dei ikkje oppfatta skiljet mellom norsk og dansk som meiningsfullt, må tolkinga vår av skiftet av skriftspråk også ta omsyn til dette.

Tolkinga av språkskiftet

Som nemnt innleiingsvis har innføringa av dansk skriftspråk vorte tolka som ein del av den ålmenne nedgangen til det norske riket. Og ingen har uttrykt dette klårare og med større patos enn Indrebø når han kommenterer innføringa av Kristian IVs Norske lov i 1604, i røynda ei omsetjing av Landslova til dansk: «Me stend ved siste enden åt det gamle norrøne skriftmålet i Noreg. Den bygningen som ein gong hadde vore eit gjævt kulturverk, var jamna med jordi, og plog køyrd yver tufti.»26 Ei slik utsegn viser tydeleg kva slags perspektiv som ligg bak framstillinga. Men det er råd å analysere språkskiftet på ein litt mindre engasjert måte utan det nasjonalistiske perspektivet, nemleg som ei språkleg standardisering.

Ikring år 1500 vart skriftspråknormene fastare mange stader i Europa, og dei moderne standardspråka var i emning. Eit viktig bidrag til denne utviklinga var trykkjekunsten. Dei nye prenteverka gjorde det mogleg å masseprodusere identiske tekstar, medan to handskrifter aldri vil vera heilt identiske. Når to tekstar kunne vera heilt like, voks det òg fram ein tanke om at det kunne vera hensiktsmessig å skrive det same ordet på nett same måte kvar gong, noko som slett ikkje var sjølvsagt i handskrifttida. Normene for skriftspråka vart trongare og variasjonen mindre. Prentarane spela ei nykelrolle her, for dei måtte ta avgjerder om kva former dei ville nytte i bøkene dei trykte. Ragnvald Iversen jamførte handskrivne manuskript av nordmenn tidleg i dansketida med trykte utgåver av dei same tekstane og fann ut at prentarane standardiserte språket både ved å vera meir konsekvente og ved å fjerne norvagismar – skrivemåtar som kom inn frå det norske talemålet til skrivarane.27

Stort sett tok dei framveksande standardspråka ikring 1500 utgangspunkt i nasjonale eller regionale sentrum. På mikroplan utvikla framleis ikkje skriftspråka seg ved offisiell fastsetjing av språknormer, men ved at den einskilde skrivaren tilpassa skriftspråket sitt til spesifikke modellar eller førebilete. Skrivarane tok etter dei øvste i samfunnet, og i Danmark-Noreg heldt dei øvste i samfunnet til i København, som var det opplagde sentrumet. På meir lokalt nivå kan ein tenkje seg at Erik Valkendorf innførte dansk som skriftspråk ved Nidaros erkesete, ikkje som eit formelt vedtak, men ved at folk smått om senn tilpassa skriftspråket sitt til det som vart praktisert av den fremste blant dei, erkebispen sjølv. Noko tilsvarande kan ha skjedd i andre skrivemiljø, til dømes dei andre bispeseta. Slik kan skiftet til dansk skriftspråk tolkast som ei rekkje individuelle avgjerder blant skrivarar, noko som i ettertida, med våre tolkingsrammer og vår forståingshorisont, framstår som eit språkskifte, utan at samtida oppfatta det slik. Indrebø, når han frigjorde seg frå ideologiske skygglappar, kunne også sjå dette: «Orsakene [til at norsk tapa mot dansk] låg i at makti sessa seg der ho gjorde, og i at dei sosiale og kulturelle prestigehøvi retta seg etter makti.»28 Sett frå denne synsvinkelen liknar endringane i skriftspråket meir på ei vanleg språkleg standardisering enn eit språkskifte. Dei formene som vann fram, var dei som samsvara med målbruket i kongskanselliet i København og blant andre framståande – danske – menn.

Utgang

Språkforskaren Sigurd Kolsrud stilte seg spørsmålet om utviklinga i retning dansk skriftspråk kunne ha vorte snudd på 1500-talet.29 Han meinte at situasjonen midt i hundreåret framleis var uavklåra, og at det kunne ha vore mogleg å atterreise eit norsk riksmål på det som var att av den gamalnorske tradisjonen. I samband med dette peikar han på diplom utferda av lagrettemenn på bygdene og dei to norske sidene i Breviarium Nidrosiense som moglege førebilete. Problemet med denne tanken er at desse tekstane framstår som reine unntak. Frå 1500, og enda tydelegare frå 1520-åra, retta det meste av skriven tekst i Noreg seg etter danske modellar.

Språkskiftet var gjennomført før reformasjonen. Ved erkesetet i Nidaros, som er det skrivemiljøet me kjenner best på grunn av arkivsituasjonen, utvikla det seg ei skriftnorm som var tufta på danske førebilete, men tillét nokre norske trekk. Likevel låg dette skriftspråket tett opp til det som vart skrive i Danmark. Dette var situasjonen da reformasjonen kom. Da reformatorane skulle setje om religiøse tekstar til folkemålet, var dette skriftspråket det einaste alternativet, for det var det språket som var i bruk i Noreg – og i Danmark. Dersom ein nordmann hadde sett seg til for å setje om Luthers katekisme eller heile Bibelen i 1520-åra, ville dette skriftspråket vore det naturlege. Da var det heller ingen særleg grunn til å laga ei eiga norsk omsetjing, sidan språkforma i alle høve ville bli om lag den same som i dei eksisterande danske omsetjingane.

På lang sikt fekk naturlegvis reformasjonen store språklege følgjer. Religiøse tekstar på dansk kom til Noreg, og dansk var det språket nordmenn møtte i kyrkja, i preike og ikkje minst salmesong, der kyrkjelyden deltok aktivt. Etter kvart som bøker fekk større utbreiing i samfunnet, skaffa mange seg salmebøker, huspostillar, bønebøker og katekismer, det aller meste innført frå Danmark og skrive på dansk.30 Utover i tidleg nytid vart skrift viktigare for større delar av samfunnet enn før, og fleire lærte å lesa og skrive. Den obligatoriske konfirmasjonen vart følgd av skuleordninga i 1739. Folket skulle kjenne katekisma, og da måtte dei lære å lesa. All denne leseopplæringa skjedde på dansk, som med unntak av nokre tekstar på dialekt var skriftspråket i Noreg heilt til siste del av 1800-talet.

Denne langsiktige påverknaden frå dansk skal ikkje undervurderast, og han fekk nok etter kvart følgjer for talemålet. Men at Bibelen og andre religiøse bøker kom på dansk i staden for at reformasjonen førte til ei styrking av eit eige norsk skriftspråk, kjem av hendingar som ligg lenger tilbake i tid. For sjølve innføringa av dansk som skriftspråk i Noreg var ikkje reformasjonen avgjerande. Språkskiftet hadde allereie skjedd før 1537.

1Hildegunn Otnes og Bente Aamotsbakken, Tekst i tid og rom: Norsk språkhistorie (5. utg.; Oslo: Samlaget, 2017), 100f.
2Oddvar Nes, «The Development of Norwegian Local Dialects and Dano-Norwegian from the mid-16th Century to 1800», i The Nordic Languages: An International Handbook of the History of the North Germanic Languages, bd. 2 (red. O. Bandle et al.; Berlin/New York: Walter de Gruyter, 2005), 1291–1301 (1291).
3Jf. Steinar Imsen, Noregs nedgang (Oslo: Samlaget, 2002), som nyanserer dette synet.
4Otnes og Aamotsbakken, Tekst i tid og rom, 101. Teksten er direkte omsett til nynorsk frå Vemund Skard, Norsk språkhistorie, bd. 2, 1523–1814 (Oslo: Universitetsforlaget, 1972), 12.
5Ole Georg Moseng, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo, Norsk historie 750–1537 (2. utg.; Oslo: Universitetsforlaget, 2007), 279f.
6Tilgjengeleg på nett: http://www.dokpro.uio.no/dipl_norv/diplom_felt.html. Tilvisingar er på forma «DN X 000» med bandnummer med romartal og tekstnummer med arabiske tal.
7Jf. Jan Ragnar Hagland, Literacy i norsk seinmellomalder (Oslo: Novus, 2005).
8Lajos Juhasz, «München-diplomenes ervervelse og fordeling», Historisk tidsskrift 58 (1971): 367–96.
9Marius Sandvei, «Birgittinernorsk», Maal og Minne 1938: 40–54.
10Gustav Indrebø, Norsk målsoga (Bergen: John Griegs boktrykkeri, 1951), 168–212 (= s. 161–200 i 2. utg.; Bergen: Norsk bokreidingslag, 2001). Eg viser vidare til 1951-utgåva.
11Ibid., 193.
12Ivar Berg, «The Making of the Scandinavian Languages», i Metalinguistic Perspectives on Germanic Languages: European Case Studies from Past to Present (red. G. Rutten og K. Horner; Oxford: Peter Lang, 2016), 35–55 (49f.). Jf. Harald Gustafsson, Gamla riken, nya stater: Statsbildning, politisk kultur och identiteter under Kalmarunionens upplösningsskede 1512–1541 (Stockholm: Atlantis, 2000), 277–79.
13Ivar Berg, Eit seinmellomalderleg skrivemiljø: Nidaros erkesete 1458–1537 (ph.d.-avhandling, NTNU, Det humanistiske fakultetet, 2013), 223–28.
14Indrebø, Norsk målsoga, 290–98, og Ivar Berg, «Rural Literacy in Sixteenth Century Norway», i Vernacular Literacies – Past, Present and Future (red. A.-C. Edlund, L.-E. Edlund og S. Haugen; Umeå: Umeå Universitet og Kungliga Skytteanska Samfundet, 2014), 125–35.
15Indrebø, Norsk målsoga, 201.
16Ibid., 199.
17Berg, Eit seinmellomalderleg skrivemiljø.
18Sist prenta i Berg, Eit seinmellomalderleg skrivemiljø, 282f. Der er «Skyndulsmesso» trykkfeil for «Kyndulsmesso».
19Ibid., 98f.
20Opprekning av Magnus Rindal basert på Gustav Storm, Norges gamle Love, bd. 4 (Christiania, 1885).
21Knut Robberstad, Rettssoga, bd. 1 (3. utg.; Oslo: Universitetsforlaget, 1976), 215–33 (217). Helen F. Leslie-Jacobsen (Bergen) er no i gang med ei større undersøking av traderinga av Landslova som vil gje oss ny kunnskap om dei seine avskriftene og omsetjingane.
22Helge Sandøy, «Idéhistoria om norsk språk», i Norsk språkhistorie, bd. 3, Ideologi (red. T. Bull; Oslo: Novus, 2018), 149–243 og Berg, «The Making of the Scandinavian Languages» [sjå n. 12].
23Sitert etter Gustafsson, Gamla riken, nya stater [sjå n. 12], 85.
24Ibid., 295.
25Helge Sandøy, «Nation und Sprache: Das Norwegische», i Nation und Sprache: Die Diskussion ihres Verhältnisses in Geschichte und Gegenwart (red. A. Gardt; Berlin: Walter de Gruyter, 2000), 865–905 (874, 877) («Det er ikkje sikkert at skrivarane oppfatta skriftspråket sitt som dansk i det heile […] i byrjinga av 1500-talet viste ikkje ‘norsk’ til eit eige språk i motsetnad til dansk. Språk var enno ikkje noko kulturelt objekt, trass i politiske og kulturelle eigeninteresser i Noreg»).
26Indrebø, Norsk målsoga [sjå n. 10], 304.
27Ragnvald Iversen, Bokmål og talemål i Norge 1560–1630, bd. 1, Utsyn over lydverket (Oslo: Dybwad, 1921), 275.
28Indrebø, Norsk målsoga, 212.
29Sigurd Kolsrud, «Kringum maalskiftet», i Historisk språkvitenskap / Historical Linguistics (red. E.H. Jahr og O. Lorentz; Oslo: Novus, 1993 [1921]), 110–31, og Sigurd Kolsrud, «Eldre rettskriving», i Festskrift til Peter Skautrup. 21. januar, 1956 (red. S. Aakjær et al.; Århus: Universitetsforlaget, 1956), 143–48.
30Jf. Jostein Fet, Den gløymde litteraturen: Gamle bøker og skrifter i privat eige på Sunnmøre (Oslo: Samlaget, 2015).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon