Biografien er ein populær sjanger. Det kjem stadig nye biografiar – og sjølvbiografiar – på bokmarknaden. Biografiane har eit trufast publikum. Det er tydeleg at mange interesserer seg for å lese om andre menneske sine liv. Ein kan spørje seg kva denne interessa kjem av. Er det trongen til å tolke sitt eige liv som kjem til uttrykk? Kanskje har dette vorte meir påtrengjande i ei tid då livskjensla synest meir prega av fragmentering og identitetsløyse? Sjølvsagt kan det òg ha å gjere med at det blir skrive gode biografiar på eit høgt nivå.

Dette siste gjeld definitivt biografien om teologen, presten, biskopen og målreisaren Peter Hognestad (1866–1931), ført i pennen av Per Halse. Etter Elias Blix var Hognestad den fremste pioneren i arbeidet for eit nynorsk kyrkjespråk. Han omsette tekstboka og alterboka til Den norske kyrkja til nynorsk (1908), var hovudredaktør for den første nynorskbibelen (1921), og saman med venene Anders Hovden og Bernt Støylen arbeidde han ut Nynorsk salmebok (1925). Han gjorde fleire salmeomsetjingar som har vorte ståande for ettertida. Dei mest kjende er kanskje «Fager kveldssol smiler» og «Det hev ei rose sprunge». Hognestad var den første som heldt ei høgmessepreike på nynorsk – i Johanneskyrkja i Kristiania på palmesundag i 1901. To år seinare vart han tilsett som prest i hovudstaden med ansvar for bygdeungdommen og å halde gudstenester på nynorsk. Venen og sambygdingen Arne Garborg – dei var begge frå Time på Jæren – kommenterte i 1904 Hognestads innsats i målreisingsarbeidet slik: «Du gjer her meir Gagn enn alle me andre» (s. 11).

Hognestad gjorde mykje gagn for målsaka i kyrkja. Mykje av dette arbeidet vart gjort attåt det ordinære arbeidet hans. Frå 1896 til han vart tilsett som «målprest» i Kristiania, var han lærar ved lærarskulen på Notodden. Han vart den første læraren i Det gamle testamentet ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1908 – og med det den første som heldt teologiske førelesingar på nynorsk. Dei siste femten åra var han biskop i Bjørgvin, den første «målbiskopen» i Den norske kyrkja. Han insisterte på å bruke nynorsk i embetsførsla og gjorde det konsekvent. Det skjedde ikkje utan kritikk.

Det er naturleg at biografien nyttar mykje plass på Hognestad som målreisar i kyrkja. Det er denne innsatsen som først og fremst har vorte ståande for ettertida, og som fortener å bli løfta fram. Biografien er strukturert etter dei ulike avsnitta i Hognestads livshistorie. Etter ei innleiing med overskrifta «Soga om Peter Hognestad» følgjer ei framstilling av barndoms- og ungdomsåra på Jæren: «Med himmelen som tak og vegg (Jæren 1866–1886)», deretter «Teologi i Tigerstaden (Kristiania 1886–1895)», «Kristeleg og menneskeleg (Stavanger 1895–1896)», «Såmann i furuskog (Notodden 1896–1903)», «Oskeladd i byen (Kristiania 1903–1908)», «På eitt vilkår (Prestelærar 1908–1916)», «Orkar det utrulege (Bjørgvin 1916–1931)». Til slutt følgjer ei oppsummering av «Mannen og verket». Boka har eit omfattande noteapparat. Med litteraturliste og register tel boka 473 sider.

Per Halse går til Hognestad og livshistoria hans med nokre spørsmål som tener til å setje livsverket hans i perspektiv. For det første: Kunne Hognestad reknast som «radikal eller konservativ»? Teologisk er det ikkje tvil om kvar han stod. Han var grunnleggjande konservativ, og stod for ein tradisjonell kristendom. Han tok klar avstand frå liberalteologien, slik det går fram av bispevitaet hans frå 1916: «[M]e lyt hava ein theologi som er tru imot Guds ord og med full og glad tru gjev seg yver til ordet. Rasjonalisme har alt tidleg vore meg inderleg imot.» Men Hognestad var ikkje konservativ på den måten til dømes dei høgkyrkjelege var det, presiserer Halse. Hognestad ville at lekfolket, kyrkjelydane, skulle ha større innverknad og ansvar i kyrkja. På den tida var dette rekna som eit radikalt standpunkt. Politisk hadde bondesonen Hognestad fått med seg venstresympati frå heimemiljøet på Jæren. Han ville ha eit styrkt demokrati både i samfunnet og i kyrkja. Han sette kvinner på linje med menn, og gjekk imot når ein ville nekte jenter røysterett i ungdomslaga. I tillegg kunne engasjementet frå målsaka og fråhaldssaka karakteriserast som radikalt i samtida.

For eigen del er eg freista til òg å ta med Hognestads økumeniske engasjement på den «radikale» sida. Det var inga brei interesse for økumenisk arbeid i Den norske kyrkja på den tida. Men Hognestad sette derimot fellesskapet med truande i andre kyrkjer og konfesjonar høgt. Han var med på det økumeniske møtet i Edinburgh i 1910, og som biskop tok han del i det første Life and Work-møtet i Stockholm i 1925 og i det første stormøtet i Faith and Order i Lausanne i 1927. Det seier mykje om den økumeniske haldninga hans at han vart svært skuffa då det ikkje var mogleg å feire felles nattverd i samband med møtet i Lausanne.

Hognestad er ikkje utan vidare lett å setje i bås. Halse problematiserer den motsetnaden som tradisjonelt har vore sett opp mellom grundtvigianisme og folkeleg frilynne på den eine sida og pietistisk konservativ kristendom på den andre sida. Hognestad er eit døme på at det var mogleg å sameine desse motsetnadene. Han var influert av grundtvigianaren Christopher Bruun og hans Folkelige Grundtanker (1878) og samstundes knytt til den pietistiske vekkingspresten Lars Oftedal og bedehusrørsla. Hognestad var oppteken av å sameine det humane og det kristelege. «Skal kristendomen duga til noko, so maa han gjenomsyra menneskjelivet. Og skal menneskjelivet duga til noko, so maa dette la seg gjenomsyra av kristendomen», uttala han ved eit høve, og peika på Hans Nielsen Hauge og Grundtvig som dei to mennene som «i so maate hadde synt oss rette leidi» (s. 376). Han engasjerte seg både i den frilynte og den kristelege ungdomsrørsla, og meinte at dei måtte gå saman. Karakteristisk for Hognestad var både–og heller enn anten–eller (s. 377).

Var Hognestad «strateg eller brikke», spør Halse. Var han som målreisar sjølv strategen attom innsatsen sin, eller var han «ei viktig brikke som andre fekk på rett plass til rett tid» (s. 15)? Også her var det nok både–og. På fleire avgjerande punkt i livet følgde Hognestad kall frå menneske – som han òg tolka som kall frå Gud. Men han var sjølv ikkje utan tydelege mål, som til dømes å verke for sambandet mellom kristendom og norskdom. Han var oppteken av at det folkelege måtte syne seg i det kristelege og det kristelege i det folkelege. I arbeidet for nynorsk som kyrkjemål hadde han sjølv strategien klar. I innspurten på den nynorske bibelomsetjinga var han tydeleg på kva neste steg måtte vere: «No er det den norske salmeboka som ligg fyre» (s. 378). Til bispevigsla i 1916 hadde Hognestad òg ei målsetjing «i konsentrert form», skriv Halse, og siterer frå bispevitaet hans: «Mitt høgste ynskje er aa faa vera ei liti røyst som ropar mitt norske folk heim til seg sjølv, heim til kyrkja, heim til Gud» (s. 366). Her vil eg peike på at i bispevitaet er denne formuleringa sett inn i ein kontekst som må tolkast som ei innramming for heile livsferda hans så langt. Nøkkelordet er «heimhug». Som innleiing til dei ovanfor siterte orda formulerer Hognestad: «Det kjennest for meg som heimhug hev vore ei drivkraft gjenom alt mitt liv. Heim til Gud, heim til meg sjølv, heim til folket mitt.»

Eg finn grunn til å kome med nokre kommentarar til einskilde punkt i biografien. Den første gjeld studieåra ved Universitetet i Kristiania. Det kunne vore interessant om biografen hadde gått inn på Hognestads eksamenssvar til teologisk embetseksamen med tanke på å seie noko om teologisk profil på dette tidspunktet. Halse nøyer seg med å referere ordlyden til eksamensoppgåvene som vart gjevne, i ein note (s. 397).

Vidare synest eg Hognestads overgang til det nyskipa MF kunne vore handsama grundigare. Hognestad ser ut til å ha funne seg vel til rette ved Universitetet gjennom teologistudiet. Han vart nært knytt til den leiande professoren i teologi på det tidspunktet, Fredrik Petersen. Etter å ha gjennomført praktikum i 1892 arbeidde han som notarius, dvs. sekretær, ved TF i fire år. I 1895 fekk han Kronprinsens gullmedalje for ei oppgåve han skreiv om kjeldene til Mosebøkene og Josvaboka. Dette er vitnar om at han hadde eit godt feste ved TF. Likevel valde han altså å stø skipinga av MF og lét seg kalle til lærarposten i GT i 1908. Det viktigaste motivet som Halse refererer til, er det Hognestad sjølv gav: bresten som var komen mellom kristenfolket og den teologiske vitskapen. Den teologiske utdanninga måtte vere både kyrkjeleg og vitskapleg, og dermed gav Hognestad tilslutnad til målsetjinga for MF. Men det kunne vore interessant å grave litt meir. Venen Bernt Støylen var òg mellom dei som støtta opprettinga av MF, og dei hadde begge vore lærarar ved lærarskulen på Notodden, som var ein friskule. Skulen vart nemnt som eit førebilete for MF. Eg synest i det heile at den meir samla teologiske konteksten kring skipinga kunne kome grundigare fram. Ei sak som det kunne vore verd å reflektere over, er at det gjekk så glatt med å få oppretta ei alternativ presteutdanning i Noreg. I framstillinga til Halse verkar Hognestads overgang til MF å ha vore ganske så problemfri. Kvifor var det i tilfelle slik?

Hognestad sette eitt vilkår for å bli lærar ved MF: at han fekk undervise på nynorsk. Halse syner at leiinga av MF vegra seg. Ein frykta at det ville skade omdømmet til den nyskipa institusjonen. Det finst såleis ikkje grunnlag ut frå kjeldene for å hevde at det var eit strategisk grep for MF å tilsetje «målpresten» i ei av lærarstillingane for å oppnå auka godvilje og oppslutnad. Men det hindra ikkje at Hognestads folkelege og meir opne kulturelle profil vart til gagn i ein avgjerande fase for fakultetet.

Etterlysing av grundigare utgreiingar somme stader ville sjølvsagt, dersom dei skulle vorte realiserte, gjort biografien endå meir omfattande. Avgrensingar er naudsynte. I framstillinga av Hognestads bispegjerning i Bjørgvin gjev Halse – med rette – stor plass til «målbiskopen». Eg saknar like fullt, sjølv om det ville ført til nokre sider ekstra, eit større fokus på Hognestad som visitator. Her står ein del om det, men visitasmeldingane er eit materiale som kunne vore betre utnytta for å få meir fram biskopens tilhøve til bispedømmet, folket og kyrkjelivet der. Dette er ikkje uvesentleg for å kunne teikne ein bispeprofil.

Bondeidentiteten følgde Hognestad heile livet. Halse siterer frå ein tale Hognestad heldt i samband med eit jubileum for Rogaland landbruksselskap ein gong på tjuetalet: «Den dag i dag veit eg ingen herlegare parfyme enn angen frå høyløda i slåtten. Og skal eg tenkja meg noko reint sers hyggeleg, so er det å stå i løda når det siste høylasset er vel innkome og sjå at det silregner ute. No kann det regna!» (s. 369). Biografien sluttar her: «Med tekst- og altarbok, bibel, salmebok og Luthers vesle katekisme», skriv Halse, «var i alle fall fyrsteslåtten berga. Noko av det beste Hognestad kunne tenkje seg var ‘å stå i løda når det siste høylasset er vel innkome’» (s. 382).

Per Halse har levert ein framifrå biografi om Peter Hognestad. Boka er velskriven og velkomponert. Han har gjort eit mykje grundig arbeid bygd på eit omfattande kjeldetilfang. Biografien fortener mange lesarar.