Dei fleste Luther-biografiane på norsk er til dels gamle og omsett frå anten tysk eller engelsk. Eit unntak med omsyn til det første er Heinz Schillings monumentale Martin Luther: Rebell i en brytningstid, som kom ut på norsk i 2016. Lars Inge Magerøys bok om munken som endra Europa, vil bøte på begge delar. Boka er skriven ut frå ein norsk ståstad, og det meiner forfattaren vil gjere ho meir interessant for norske lesarar (s. 10). Ambisjonen er i samband med reformasjonsjubileet i 2017 å medverke til fornya interesse for Luther her heime. Forfattaren opplyser i føreordet at han tidlegare, ikkje minst som teologisk student, var mest oppteken av Luther som teolog, men at han seinare har interessert seg meir for Luther som person og for den tida han levde i (s. 10–11). Slik boka ligg føre, må ho karakteriserast som ein populærvitskapleg biografi. Historiske så vel som teologiske tilhøve blir handsama på ein instruktiv og lettfatteleg måte. Det er grunn til å framheve den pedagogiske kvaliteten ved boka. Ho synest å vere retta inn mot dei allment interesserte lesarane. Til det vil ho vere godt eigna.

Til saman omfattar boka 15 kapittel fordelte på 232 sider. Ho opnar med eit føreord, som òg fungerer som innleiing. Det hadde vore tenleg med ei sjølvstendig og noko meir omfattande innleiing som sette «scena» for den påfølgjande framstillinga. Relativt kort kjem forfattaren inn på korleis biletet og framstillinga av Luther har endra seg gjennom tida. Dette er interessant stoff som kunne vore vigd noko større plass. Det ville òg vore spennande om forfattaren hadde freista å sjå si eiga framstilling av Luther mot denne bakgrunnen.

Boka har eit klårt fokus på Luther som kyrkjeleg og religiøs reformator. Det er det gode grunnar til. Den lutherske reformasjonen voks fram i ein akademisk kontekst. Utgangspunktet for Luther var å reformere den teologiske undervisninga ved universitetet i Wittenberg. Det som er rekna som startpunktet for reformasjonen, dei 95 tesane som Luther offentleggjorde dagen før helgemesse i 1517, var ein invitasjon til ein offentleg akademisk disputas. Takk vere boktrykkarkunsten nådde tesane raskt stor utbreiing og interesse. Snøballen byrja å rulle.

Reformasjonen fekk store konsekvensar ikkje berre for religion, teologi og kyrkje, men i høgste grad òg politisk og kulturelt. Dette peikar Magerøy fortenestefullt på i boka si. Han opnar med å slå fast at det ikkje kan vere tvil om at Luther «har hatt enorm betydning, ikke bare for kirken, men også for politikk og samfunnsliv i vår del av verden». Med nokre raske strekar blir den historiske konteksten og det tidsskiljet Luther var ein del av, renessansen, rissa opp. Med utviklinga innanfor kunsten, vitskapen, dei store oppdagingane og boktrykkarkunsten, som gjorde massespreiing av det skrivne ordet mogleg, stod ein i Luthers samtid på overgangen til ei ny tid. Luther sjølv medverka sterkt til denne overgangen. Men her er utgangspunktet betre enn gjennomføringa. Boka går ikkje tilstrekkeleg inn på følgjene av reformasjonen på område som politikk, samfunnsliv og kultur. Også når ein kjem til det siste kapitlet, «Har han fortsatt noe å si oss?», er slike perspektiv overraskande fråverande. Det er dei religiøse (teologiske) og kyrkjelege verknadene som blir fokuserte. Korleis reformasjonen medverka til å endre Europa, gjev boka berre eit overflatisk svar på.

Munken som endret Europa er strukturert etter Luthers biografi. Rett nok bryt det første kapitlet – etter føreordet – med den kronologiske strukturen. Under overskrifta «Vendepunktet» tek forfattaren lesaren med til riksdagen i Worms i april 1521 – det som i litteraturen om Luther har vorte framheva som sjølve høgdepunktet i forteljinga om den modige munken og professoren frå Wittenberg, helten som lydig mot sitt eige samvit nekta å kalle noko attende av det han hadde sagt og skrive. Worms representerte vendepunktet, der det ikkje var nokon veg attende: «Her står eg og kan ikkje anna, så hjelpe meg Gud.» Opptakten til boka er altså det som har vore rekna som reformasjonens «heroiske augneblink», og som innevarsla ei ny tid.

Etter denne ouverturen til boka følgjer kapittel som tek føre seg Luthers liv og gjerning: «Begynnelsen», «Munk og prest», «Via Rom til Wittenberg», «Kampen begynner», «Kjetter», «En ny kurs», «Mitt Patmos», «Krig og politikk», «Den kjære Katharina», «Gudstjeneste og undervisning», «Lære og liv», «De gode hjelperne» og «Siste reis». Til slutt følgjer som nemnt eit kapittel som går inn på om Luther framleis har noko å seie oss. Forfattaren karakteriserer Luthers kamp som «modig og banebrytende» med vekt på Bibelens autoritet, men slik at han alltid må tolkast ut frå hovudbodskapen: evangeliet om Jesus Kristus. Luther medverka til større fridom, og framferda hans i Worms hadde politisk sprengstoff i seg. Han utfordra ikkje berre den kyrkjelege, men òg den verdslege makta. «En ensom munk som nekter å bøye av, rett foran tronen til Europas mektigste hersker, det er et ikonisk øyeblikk», konstaterer Magerøy. Denne vektlegginga av individet som står opp mot makta, burde i større grad vore balansert mot dei kollektive strukturane som Luther var ein del av. Magerøys Luther-bilete blir i stor grad det tradisjonelle som er skildra i mange tidlegare Luther-biografiar.

Luther har framleis noko å seie oss, hevdar forfattaren. Det går på grunnleggjande teologiske spørsmål som Bibelens autoritet, lov og evangelium, kristent kvardagsliv (luthersk spiritualitet), arbeid og samfunn. Men det er òg rom for kritiske perspektiv. Magerøy er klår på at det slett ikkje er alt Luther stod for, som er verd å ta vare på, men utan å vere særleg konkret på kva det er.

Framstillinga er godt gjennomarbeidd. Nokre presiseringar kunne vore på sin plass her og der. Det er få reine faktafeil. Eg vil peike på eit par. På s. 194 blir den eigne norske kyrkjeordinansen datert til 1604. Det rette årstalet er 1607. Rett nok vart det av dei norske biskopane arbeidd ut eit utkast til ein norsk kyrkjeordinans i 1604, men han vart aldri realisert. Det høyrer elles med at dette utkastet vart publisert i det offisielle minneskriftet ved 400-årsjubileet for reformasjonen i 1917. På s. 208 heiter det at den norske grunnlova av 1814 knesette religionsfridom, men nekta to grupper tilgjenge til riket: jødar og jesuittar. Faktum er at Eidsvoll-grunnlova på ingen måte stetta religionsfridom, men slo fast at «[d]en evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion», og at det var plikt å oppsede borna i denne religionen. I tillegg til jødar og jesuittar måtte heller ikkje munkeordenar «taales».

Boka som her ligg føre, inneheld ikkje referansar, men har bibliografi. Forfattaren syner dei som ønskjer «å gå grundigere til verks», til litteraturlista bak i boka (s. 11). Her finst ein god del eldre og generell litteratur. Med fordel kunne litteraturlista ha vore oppdatert med nyare litteratur.