Denne boka er eit praktverk, rikt illustrert og velskriven. Ho tek lesaren med gjennom 400 år med reformasjonsfeiringar i Danmark, frå den første reformasjonsjubelfesten i 1617 til førebuingane til den komande markeringa i 2017. Det er ikkje berre feiringane i samband med det som er rekna som byrjinga på den lutherske reformasjonen, offentleggjeringa av dei 95 tesane 31. oktober 1517, som blir framstilt. Feiringa av innføringa av den danske reformasjonen, kristninga av Danmark, Den augsburgske vedkjenninga (1530), Luthers fødsel og Luthers død er blant dei jubilea som blir gjennomgått i denne boka. Viktige publikasjonar i samband med dei forskjellige jubilea blir òg trekte fram.

Biskop og professor Hans Poulsen Resen stilte seg i brodden for reformasjonsjubelfesten i 1617. Denne første reformasjonsfeiringa gav mønsteret for fleire av dei seinare markeringane. Resen slo an tonen med jubelskriftet Lutherus triumphans. Det var snakk om takke- og jubelfestar der ein takka Gud for reformasjonen, for frelse, hjelp og trøyst og bad om stabilitet og tryggleik i samfunnet. Bach-Nielsen tolkar fortida sine store reformasjonsfeiringar ut frå eit frelseshistorisk perspektiv. Feiringane mellom 1617 og 1836 (200-årsjubileet for innføringa av reformasjonen i Danmark) har alle dette perspektivet: Gud som frir folket sitt ut frå Egypt og Babylon. På tilsvarande måte verkar Gud gjennom reformasjonen utfriinga av folket sitt. I første rekkje hadde folket vorte fridd frå ei falsk tru. Luther er Guds reiskap for gjenoppretting, for frelse. Såleis blir reformasjonen tolka som ei frelseshistorisk hending.

Tre samfunnsmakter eller institusjonar har spela ei hovudrolle ved reformasjonsfeiringane: kongen, kyrkja og universitetet. Feiringane på 1600-, 1700- og 1800-talet avdekte dei tetta banda mellom kyrkja og (den kristne) konge- og statsmakta. I denne perioden vart reformasjonen feira med store kyrkjelege festar med oppslutnad og deltaking frå kongehuset. Men reformasjonsjubilea var ikkje berre kyrkjefestar, dei var òg universitetsfestar med eigne markeringar og program. Slik har det vore heilt frå den første feiringa i 1617.

Med festen for Luther i 1883 (400 år sidan Luthers fødsel) vart biletet meir differen­siert med eit auka allment kulturelt fokus. Feiringa var forankra i ein borgarleg danningskultur. Dette vart forsterka med markeringa av den danske reformasjonen i 1936. Ho syner at religion og kyrkje ikkje lenger var statslegitimerande. Kyrkja hadde vorte ein partikulær storleik i høve til staten. I mellomtida hadde reformasjonsfeiringa i 1917 funne stad i skuggen av første verdskrigen. Men reformasjonsfest vart det også dette året med stor feiringsgudsteneste i Vor Frue Kirke med kongehuset til stades.

Ei ny reformasjonsmarkering står for døra. Bach-Nielsen skildrar opptakt og planlegging i Danmark av 500-året for byrjinga av reformasjonen i 2017. Den kulturelle situasjonen i Danmark – og også Noreg – er slik at det ikkje er ei stor kollektiv historie som ligg og ventar på å binde oss saman. «Den må gribes, formes, skabes», hevdar Bach-Nielsen. Men i dette ligg òg moglegheiter til at den historia som er fortald i denne boka, kan tene til å inspirere til feiring i tida som kjem.

Den boka som her ligg føre, gjev eit godt oversyn over historia til reformasjonsfeiringane i Danmark. Berre i liten grad er det gjort utblikk til andre nordiske land. Situasjonen i Noreg til dømes er så godt som fråverande – også for tida då landet var i union med Danmark. Den tyske konteksten er derimot med som ein viktig bakgrunn.