Ei oversikt over dei 17 sakene regjeringa reiste i perioden 1814–1842, kronologisk ordna etter datoen da justisaksjon vart vedtatt. Saker som er nemnte i teksten, men som var reiste av andre instansar enn regjeringa, er ikkje med i denne lista. At ei sak var reist av «høgaste resolusjon», vil seie at vedtaket vart gjort av statsrådet i Christiania utan kongens nærvær (før 1818 kronprinsen), men som regel med aktivt samtykke eller på initiativ frå han. «Kongeleg resolusjon» var eit vedtak av Kongen i statsråd.

Tretten av sakene enda med frifinning, fire med fellande dom. Sju av frifinningsdommane og to av dei fellande dommane vart ikkje anka til Høgsterett. Ein av desse to fellande dommane, den i sak 11 mot Carl Ferdinand Rode, ville sannsynlegvis ha vorte omgjort av Høgsterett om overrettsdommen hadde vorte anka, som i den parallelle sak 12 mot Hans Allum. Dei tre andre fellande dommane – sak 7 mot Ole Christopher Holm, sak 9 mot Hans Abel Hielm og sak 13 mot Jonas Anton Hielm – gjaldt ytringar i 1821 som etter tidas allmenne rettsoppfatning var klare brot på grensene i § 100.

Sak 17 mot Rasmus Hviid i 1834–35 var den siste trykkefridomssaka regjeringa reiste i perioden fram til den nye straffelova av 1842.

Sak 1. Hans Chrystie, Moss – frikjent

(Sjå side 143–155, 220–224, 259–261, 280–289, 309–313.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 27. september 1814.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein anonym artikkel i Christiania Intelligentssedler 16. september 1814.

  • Tiltale: Å ha fornærma Commissariats-Commissionen med denne ytringa: «Skal vi tænke paa at forsvare vor Selvstændighed, da maae der foretages en hastig Forandring i adskillige af vore Indretninger: den nærværende Commissariats-Commission maatte forbedres ved at besættes med Mænd, som have Kundskab nok til at beklæde denne vigtige Post.»

  • Straffepåstand: Mulkt til Moss fattigkasse etter § 12 i forordninga av 27. september 1799 og Norske lov 6-21-4.

  • Dom i Mosse Bytingsret 8. januar 1816: Frikjent «ifølge § 100 i Grundloven», men idømt sakskostnadene fordi han «ved sin uforsigtige Skrivemaade har foranlediget Actionen».

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 26. august 1816: Frikjent for trykkefridomsbrot etter § 100 i Grunnlova, men idømt sakskostnadene og ei mulkt på 50 spesidalar for å ha brukt utilbørlege ord i strid med Norske lov 6-21-4.

  • Dom i Høgsterett 14. mai 1817: Frikjent etter § 100 i Grunnlova, det offentlege idømt sakskostnadene.

Sak 2. Ole Wernsen Klungseth, Nes – frikjent

(Sjå side 156–167, 186–190, 244–249, 261, 268–279, 307–309, 328–362.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 7. mars 1815.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein anonym artikkel i Christiania Intelligentssedler 28. februar 1815.

  • Tiltale: Å ha «beskyldt Regjeringen for at have handlet uretferdig», dvs. vist ringeakt mot ei konstitusjonell makt, ved å hevde at regimentssjefen i Søndenfjeldske Dragonregiment hadde fått forfremma sin eigen steson til rittmeister, ein «himmelraabende Uretfærdighed» mot ein premierløytnant med betre ansiennitet.

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Nordre Hedemarken Tingret 2. november 1815: Skyldig i å ha vist ringeakt mot regjeringa «efter Gundlovens §. 100» og idømt ei arbitrær mulkt på 100 riksbankdalar etter § 12 i forordninga av 27. september og Norske lov 6-21-4, pluss sakskonadene.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 6. mai 1816: Frikjent for trykkefridomsbrot etter § 100 i Grunnlova, men idømt sakskostnadene og ei mulkt på 50 riksbankdalar etter Norske lov 6-21-4.

  • Dom i Høgsterett 10. mai 1817: Frikjent etter § 100 i Grunnlova, det offentlege idømt sakskostnadene.

Sak 3. Christen Grønnerup, Holmestrand – frikjent

(Sjå side 173–181, 192–208, 224–237, 291–292, 315–320.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 31. oktober 1815.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 11. september 1815.

  • Tiltale: Å ha sett fram «en aabenbar fornærmelig Beskyldning imod Justitiens og Politiets Embedsmænd i Almindelighed og in specie imod Regjeringen» og dermed gjort seg «strafskyldig i Følge Grundlovens 100 §», ved å ha skrive at det «er vel neppe nogen ubekjendt, i hvilken Dvale Politie- og Justits-Væsenet i den senere Tid har – og endnu slumrer».

  • Straffepåstand: «Corporlig Straf», dvs. fengsel, etter § 6 eller «anseelige Bøder» etter § 12 i forordninga av 27. september 1799 og Norske lov 6-21-4.

  • Dom i Tønsberg Bytingsret 17. mars 1817: Frikjent etter § 100 i Grunnlova, «den Lov hvorefter Tiltalte maa blive at dømme», det offentlege idømt sakskostnadene.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 20. oktober 1817: «Underrettens Dom bør ved Magt at stande.»

  • Dom i Høgsterett 14. mai 1818: «For Kjøbmand Christen Grønnerups Vedkommende og i Henseende til de idømte Sallarier og Omkostninger bør Stiftsoverrettens Dom ved Magt at stande.»

Sak 4. Hans Abel Hielm, Christiania – frikjent

(Sjå side 106–107, 181–185, 208–219, 237–243, 313–315.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 31. oktober 1815.

  • Tiltalt som: I forfattarens stad som redaktør for ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 28. september 1815, «Revision af Sorenskriver Weidemanns Forslag til Anordning og Reglement for Høiesteret».

  • Tiltale: Å ha lasta kongen i strid med § 5 i Grunnlova og vist ringeakt for ei konstitusjonell makt i strid med § 100 ved å ha omtalt stillinga til høgsterettsadvokatane som «deres desuden høist uretfærdig bebyrdede Embede».

  • Straffepåstand: Straff enten etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 med landsforvising eller etter § 7 med «Fængsel paa Vand og Brød, fra 4 til 14 Dage».

  • Dom i Christiania Bytingsret 7. november 1816: Frikjent etter § 100, det offentlege idømt sakskostnadene.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 23. juni 1817: Frikjent etter § 100, det offentlege idømt sakskostnadene.

  • Ikkje anka til Høgsterett.

Sak 5. Hans Abel Hielm, Christiania – frikjent

(Sjå side 429–432, 450–453, 461, 466–489.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 15. mai 1821, kongeleg resolusjon 25. mai 1821.

  • Tiltalt som: Utgivar, i forfattarens stad, for ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 10. mai. 1821, «Prophetier af C.M. Falsen (uddragne af et trykt Skrift fra Aaret 1814)».

  • Tiltale: Å ha lasta og håna kong Karl Johan og avdøde Karl 13. i strid med §§ 5 og 100 i Grunnlova.

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 eller straff etter Norske lov 6-4-9.

  • Dom i Christiania Bytingsret 18. august 1821: Skyldig etter §§ 5 og 100 i Grunnlova, dømt til landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 14. januar 1822: «Bythingsdommen bør ved Magt at stande.»

  • Dom i Høgsterett 21. januar 1823: Frikjent fordi sak i staden skulle reisast mot innsendaren og den antatte forfattaren, men idømt sakskostnadene.

Sak 6. Hans Abel Hielm, Christiania – frikjent

(Sjå side 434–435, 446–447, 460–461.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 1. juni 1821, kongeleg resolusjon 5. juni 1821.

  • Tiltalt som: Utgivar, i forfattarens stad, for ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 26. mai 1821 om keisar Alexander av Russland som meklar i saka om statsgjelda til Danmark.

  • Tiltale: Å ha sett på trykk ein artikkel som inneheldt «en for de constitutionelle Magter fornærmelig og i Følge Grund-Lovens § 100 strafværdig Beskyldning om, at der existerer Strid imellem Kongen og Folket, og det tillige ansees at indeholde en indirecte Opfordring til at tilkalde en fremmed Magt til at blande sig i Statens indvortes Anliggender».

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Christiania Bytingsret 2. august 1821: Frikjent etter § 100, men idømt sakskostnadene.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 22. april 1822: «Byethingsdommen bør ved Magt at stande.»

  • Ikkje anka til Høgsterett.

Sak 7. Hans Abel Hielm, Christiania – dømt

(Sjå side 432–433, 447–450, 462–463, 477–489.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 5. juni 1821.

  • Tiltalt som: Utgivar, i forfattarens stad, for ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 31. mai 1821, «Complimenter ved Christian Magnus Falsen».

  • Tiltale: Majestetsfornærming, ringeakt mot regjeringa og fornærming så vel av nasjonen Norge som av nabolandet Sverige og av både avdøde monark Karl 13. og regjerande dansk monark Frederik 6., for ei rekke skuldingar i artikkelen.

  • Straffepåstand: Straff etter §§ 2, 7, 8 og 12 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Christiania Bytingsret 2. august 1821: Skyldig etter tiltalen for brot på § 100, dømt «i Analogien med Strafbestemmelserne i Forordningen af 27d Septbr 1799» til å «hensættes i Christiania Tugt eller Forbedrings Huus i 2 Maaneder», ei straff som var heimla i § 6.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 25. februar 1821: «Tiltalte Boghandler H.A. Hjelm bør for Overtrædelse af de ved Grundlovens 5te og 100de §§ fastsatte Grændser for Trykkefriheden, ved de i det Norske Nationalblads 22 Hæfte 1821 No 1–4 indførte Anmærkninger straffes efter 2den § i Fr af 27de Septbr 1799 med Landsforvisning for Livstid.»

  • Dom i Høgsterett 7. november 1822: Frikjent så nær som for éi ytring, og for den ytringa dømt «for Overtrædelse af de i G.L. i 100 § fastsatte Grændser for Trykkefriheden» til å «hensættes i Fængsel paa Vand og Brød i 14 Dage», etter § 7 i forordninga av 27. september 1799. Formilda av kong Karl Johan til 14 dagar i offisersarresten på Akershus.

Sak 8. Hans Abel Hielm, Christiania – frikjent

(Sjå side 435, 443–446, 459–460.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 12. juni 1821, kongeleg resolusjon 26. juni 1821.

  • Tiltalt som: Utgivar, i forfattarens stad, for ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 2. juni 1821, «Til Deres portofrie Excellence Hr von Nationalblad».

  • Tiltale: «Fornærmelser saavel imod en af Rigets constitutionelle Magter, som imod fremmede i Fred med os værende Fyrster.»

  • Straffepåstand: «Landsforviisning eller Tugthuusarbejde efter Forordningen af 27 Septbr. 1799 § 2 eller 8.»

  • Dom i Christiania Bytingsret 2. august 1821: Dømt skyldig etter §§ 5 og 100 i Grunnlova, straffa etter analogien av § 7 i forordninga av 27. september 1799 med fengsel på vatn og brød i åtte dagar, med ein pause mellom fjerde og femte dag.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 21. januar 1822: Frikjent etter § 100, men idømt sakskostnadene.

  • Ikkje anka til Høgsterett.

Sak 9. Ole Cristopher Holm, Christiania – dømt

(Sjå side 433–434, 453–454, 458–459.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 12. juni 1821, kongeleg resolusjon 26. juni 1821.

  • Tiltalt som: Innsendar av ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 26. mai med tittelen «Non omnia possums omnes» («Alle kan ikkje gjere alt»).

  • Tiltale: Å ha fornærma både kongen og regjeringa og ei utanlandsk makt, dvs. Sverige, særleg ved å påstå at kongen ønskte ei tettare foreining mellom dei to landa, og at dette var «at ansee for en Straf, som den haardnakkede, gjenstridige Skyldner trues med. Men enhver Straf er ifølge dens Natur og Væsen et Onde, og det er slet ingen Normand, allermindst Nationens Repræsentanter at fortænke, hvis de bestræbe sig for at afvende det Onde og vedligeholde det Gode».

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2, dessutan straff etter §§ 7 og 8 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Christiania Bytingsret 18. august 1821: Skyldig etter §§ 5 og 100 i Grunnlova, dømt til å «indsættes i Christiania Tugt- eller Forbedringshuus i 2 Maaneder» etter analogi av § 6 i 1799-forordninga.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 5. november 1821: Som underretten i skyldspørsmålet, men straff etter analogi av § 7 i 1799-forordninga med 14 dagars fengsel på vatn og brød.

  • Anka til Høgsterett av Holm, men anken trekt før saka kom opp.

Sak 10. Matthias Conrad Peterson, Trondheim – frikjent

(Sjå side 118, 441–442, 493–500, 506–513.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 3. juli 1821.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein artikkel over tre nummer av Det Norske Nationalblad frå 28. juni til 2. juli 1821 om kong Karl Johans forslag om eit tillegg til Riksakta.

  • Tiltale: Å ha «overtraadt Trykkefriheden, ved at laste samt vise Ringeagt mod Hs. Majestæt Kongen», dvs. etter §§ 5 og 100 i Grunnlova, «og at bruge fornærmende Udladelser mod fremmede, i Venskab med Hans Majestæt værende Magter».

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 og tap av embetet som direktør i Norges Bank.

  • Dom i Trondhjems Bytingsret 8. november 1821: Frikjent etter § 100, det offentlege idømt sakskostnadene.

  • Dom i Trondhjems Stiftsoverret 11. februar 1822: «Underretsdommen bør ved Magt at stande.»

  • Dom i Høgsterett 3. juli 1823: «Stiftsoverrettens Dom bør ved Magt at stande.»

Sak 11. Carl Ferdinand Rode, Drammen – dømt

(Sjå side 107–109, 400, 505–506.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 11. september 1821.

  • Tiltalt som: Utgivar, i forfattarens stad, for ein anonym artikkel i Drammens Tidende 27. august 1821 med overskrifta «Indsendt».

  • Tiltale: Å ha brote grensene i § 100 i Grunnlova ved å ha «forhaanet vort Riges Constitution eller Grundlov, der i dens §. 100 paabyder og hjemler Trykkefrihed; og end mere har han søgt at opvække Haan og Foragt mod denne vor Grundlovs Bestemmelse», ved dei orda som opna artikkelen: «Hr. Udgiver! Da vor Trykkefrihed nu er gaaet fløiten, og De, ligesaa lidet som Deres Colleger, herefterdags vil kunne være sikker for Landsforviisning, Fængsel på Vand og Brød, Tugthusstraf eller svære Pengebøder […].»

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Drammen Bytingsret 25. april 1822: Frikjent etter § 100, fordi han ikkje hadde «viist aabenbar Ringeagt mod Constitutionen eller de constitutionelle Magter», men idømt sakskostnadene.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 19. august 1822: Skyldig i å ha «forsætligen og aabenbare viist Ringeagt imod en af de constitutionelle Magter tvertimot Grundlovens 100de §» og dømt til fengsel i fire dagar på vatn og brød etter § 7 i 1799-forordninga.

  • Ikkje anka til Høgsterett.

Sak 12. Hans Allum, Skoger – frikjent

(Sjå side 109, 500–505, 508.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 2. oktober 1821.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein anonym artikkel i Drammens Tidende 24. september 1821 om kongens forsøk på å gjenopplive forordninga av 27. september 1799.

  • Tiltale: Å ha spreidd hat og misnøye mot regjeringa ved å hevde at den hadde brote konstitusjonen ved utan samtykke frå Stortinget å ha sett forordninga av 27. september 1799 i kraft ved den kongelege kunngjeringa av 19. juni 1821; for å ha kalla forordninga «berygtet», eit «ubesindigt, upassende og uanstændigt» uttrykk; og for å ha fornærma Stortinget, «der formeentligen beskyldes for, at det handlede mod sin Villie og bedre Overbeviisning og tillige mod Regjeringen, som formeentligen tillige beskyldes for, at virke paa Storthinget til dette Maal».

  • Straffepåstand: To år i tukthus etter § 6 i 1799-forordninga.

  • Dom i Skoger Tingret 12. november 1822: Frikjent etter § 100 i Grunnlova og forordninga av 27. september 1799, men idømt sakskostnadene.

  • Dom i Jarlsberg Grevskabs Overbirkeret 2. juni 1823: Skyldig etter § 100 fordi han «ved at kalde Forordningen om Trykkefrihedens Grændser af 27de Sept. 1799 berygtet, har tilsidesat den Lydighed og Agtelse han er Loven og de constitutionelle Magter skyldig […] forsætligen og aabenbar», og idømt fengsel på vatn og brød i fire dagar etter § 7 i 1799-forordninga.

  • Dom i Høgsterett 13. september 1823: Frikjent etter § 100, det offentlege idømt sakskostnadene.

Sak 13a. Jonas Anton Hielm, Christiania – dømt

(Sjå sak 7 og side 429–433, 466–492.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 4. februar 1823.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 31. mai 1821, «Complimenter ved Christian Magnus Falsen».

  • Tiltale: Å ha lasta og håna kong Karl Johan og avdøde Karl 13. i strid med §§ 5 og 100 i Grunnlova.

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 eller straff etter Norske lov 6-4-9.

  • Dom i Christiania Bytingsret 1. april 1824: Skyldig etter §§ 5 og 100 i Grunnlova, dømt til landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 16. august 1824: «Byethingsdommen bør ved Magt at stande.»

  • Dom i Høgsterett 13. september 1825: Skyldig etter § 100 i Grunnlova, dømt til straff etter analogi av § 7 i forordninga av 27. september 1799, idømt ei arbitrær mulkt på 400 spesidalar, fordi fengsel på vatn og brød, som § 7 kravde, var ei upassande straff for ein embetsmann.

Sak 13b. Johan Conrad Müller, Christiania – frikjent

(Sjå sak 7 og side 466–473, 487.)

  • Justisaksjon reist: Høgaste resolusjon 4. februar 1823.

  • Tiltalt som: Innsendar av ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad 31. mai 1821, «Complimenter ved Christian Magnus Falsen».

  • Tiltale: Å ha lasta og håna kong Karl Johan og avdøde Karl 13. i strid med §§ 5 og 100 i Grunnlova.

  • Straffepåstand: Landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 eller straff etter Norske lov 6-4-9.

  • Dom i Christiania Bytingsret 1. april 1824: Frikjent etter § 100 fordi det «naar Trykkefrihed skal finde Sted, ikke kan stemme overens dermed, at Bogtrykkeren, Indsenderen eller nogen anden, end den virkelige Forfatter, saasnart denne haves, skal lide Straf», men idømt sakskostnadene in solidum med Jonas Anton Hielm.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 16. august 1824: «Byethingsdommen bør ved Magt at stande.»

  • Dom i Høgsterett 13. september 1825: Frikjent etter § 100, men idømt sakskostnadene in solidum med Jonas Anton Hielm.

Sak 14. Tønnes A. Høeg, Trondheim – frikjent

(Sjå side 510–513.)

  • Justisaksjon reist: Ordre frå Justis- og politidepartementet 11. august 1826.

  • Tiltalt som: Utgivar, i forfattarens stad, for ein anonym artikkel i Adresseavisen i Trondheim 30. mai 1826.

  • Tiltale: Å ha misbrukt trykkefridommen ved å sette på trykk eit ønske ytra under 17. mai-feiringa i Kristiansund: «Held for Norge! Gid dets Constitution stedse blive ukrænket og ethvert Angreb paa Samme ligesaa kjækt afværges, som det skede paa sidste Storthing.»

  • Straffepåstand: Straff etter «Analogie af Slutningen av 12te og Begyndelsen af 13de §. i Forordningen af 27. September 1799» med ei arbitrær mulkt på 800 spesidalar.

  • Dom i Trondhjems Bytingsret 14. februar 1827: Frikjent etter § 100, det offentlege idømt sakskostnadene.

  • Ikkje anka til stiftsoverretten.

Sak 15. Ola Hanssen, Trondheim – frikjent

(Sjå side 109–111, 266.)

  • Justisaksjon reist: Ordre frå Justis- og politidepartementet 7. mars 1829.

  • Tiltalt som: Forfattar av ein anonym artikkel i Trondheims-bladet Folkevennen nr. 11 og 12 1829.

  • Tiltale: Å ha brote «de constitutionelle Grændser for Trykkefrihedens Brug» ved å ha sett fram «en falsk, og for Statens Sikkerhed og Ro farlig Lære, samt en indirecte Opfordring til Ulydighed mod Hans Kongelige Majestæt» gjennom å skrive at berre «naar Norges constitutionelle Konge ikkun byder, hvad han ifølge Grundloven af 17de Mai er berettiget til, saa er det Pligt, saavel for Thrønderne som for hvilkensomhelst Normand at adlyde sin Konges Bud!».

  • Straffepåstand: Ei arbitrær straff på «nogle Aars Fæstningsarbeide».

  • Dom i Trondhjems Bytingsret 12. mai 1829: Frikjent etter § 100, men idømt sakskostnadene.

  • Dom i Trondhjems Stiftsoverret 6. juli 1829: «Byethingsdommen bør ved Magt at stande.»

  • Ikkje anka til Høgsterett.

Sak 16a. Peder P. Soelvold, Christiania – frikjent

(Sjå side 537.)

  • Justisaksjon reist: Kongeleg resolusjon 5. mars 1834, «henholdende sig til Grundlovens § 100 samt den gjældende Lovgivning, og navnligen Frd. af 27 Septbr. 1799» med prosessuell heimel i § 10.

  • Tiltalt som: Forfattar av to anonyme smededikt om finansminister Jonas Collett i Statsborgeren, 11. hefte, nr. 12–13, 12. januar 1834.

  • Tiltale: Å ha framført «skammelige, nederdrægtige og løgnagtige Beskyldninger» mot statsråd Collett.

  • Straffepåstand: Mortifikasjon av skuldingane og at den tiltalte skulle dømmast «som en Løgner til at bøde sine 3 Mark» etter Norske lov 6-21-2, dvs. til ærestap, «og til at arbeide i Agershuus Stifts Tukthuus i to Aar», den strengaste tilleggsstraffa i § 12 i Forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Christiania Bytingsret 9. april 1835: Tiltalen heva fordi Jens Johan Vangensten erklærte seg som forfattar av smededikta.

Sak 16b. Jens Johan Vangensten, Christiania – dømt, posthumt frikjent

(Sjå side 267, 538.)

  • Justisaksjon reist: Kongeleg resolusjon 5. mars 1834, «henholdende sig til Grundlovens § 100 samt den gjældende Lovgivning, og navnligen Frd. af 27 Septbr. 1799» med prosessuell heimel i § 10.

  • Tiltalt som: Forfattar av to anonyme smededikt om finansminister Jonas Collett i Statsborgeren, 11. hefte, nr. 12–13, 12. januar 1834.

  • Tiltale: Å ha framført «skammelige, nederdrægtige og løgnagtige Beskyldninger» mot statsråd Collett.

  • Straffepåstand: Mortifikasjon av skuldingane og at den tiltalte skulle dømmast «som en Løgner til at bøde sine 3 Mark» etter Norske lov 6-21-2, dvs. til ærestap, «og til at arbeide i Agershuus Stifts Tukthuus i to Aar», den strengaste tilleggsstraffa i § 12 i Forordninga av 27. september 1799.

  • Dom i Christiania Bytingsret 9. april 1835: Skyldig etter § 100, dømt frå æra etter Norske lov 6-21-2 og til ei tilleggsstraff på seks månader i tukthus etter § 12 i 1799-forordninga, og skuldingane vart mortifiserte.

  • Dom i Aggershuus Stiftsoverret 3. april 1837: Tiltalen mot Vangensteen, som no var død, vart heva, fordi premierløytnant Jens Henrik Hadeln på eit tingsvitne under ankesaka var fastslått å vere forfattar av smededikta. Mortifikasjon kunne av formelle grunnar ikkje skje, og Hadeln vart sett på som så sinnsforvirra at sak mot han ikkje kunne reisast.

Sak 17. Rasmus Hviid, Christiania – frikjent

(Sjå side 118, 460, 521.)

  • Justisaksjon reist: Kongeleg resolusjon 2. juli 1834.

  • Tiltalt som: Redaktør og forfattar av ein artikkel i Morgenbladet nr. 160, 9. juni 1834, «Danmarks Provindsialstænder».

  • Tiltale: Å ha trykt «ligesaa fornærmelige som upassende Yttringer mod Medlemmer af det danske Kongehuus, samt Hentydninger, der let kunde forstyrre den gode Harmonie mellem hans Majestæt Kongens og Kongen af Danmarks Hoffer eller rokke de venskabelige og Naboe-Forhold, der finde Sted mellem Norges og Sveriges samt Danmarks Indbyggere».

  • Straffepåstand: Høgaste straff etter § 8 i forordninga av 27. september 1799 med tre års arbeid i forbetringshuset.

  • Dom i Christiania Bytingsret 26. februar 1835: Frikjent etter § 100, sakskostnadene oppheva.