Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Del 3

Den andre runden med strid om trykkefridommen

Åsmund Forfang (f. 1952) har tidlegare skrive dei historiske bøkene Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004), mentalitetshistorier frå to industrisamfunn på 1900-talet. Han er dessutan skjønnlitterær forfattar med debut i 1972 og siste utgiving, romanen Ikkje denne guten, i 2016.

Etter 1814 hadde domstolane raskt etablert ein praksis der § 100 åleine var rettsgrunnlag for straff. Karl Johan og regjeringa hans tapte så alle sakene dei hadde reist, og kronprinsen måtte erkjenne at den norske trykkefridommen tillét langt dristigare offentlege ytringar enn både 1799-forordninga og den svenske trykkefridomsforordninga av 1812 gjorde. Det førte til at Karl Johan fleire gonger lét vere å reise nye saker. Han vart rasande og forbitra, og som konge frå 1818 gjekk han kraftfullt til verks for å endre den norske lovgivinga. Blant anna skulle sentrale paragrafar i 1799-forordninga gjeninnførast, og i åra etterpå måtte domstolane på nytt ta stilling til kva for ein domsmåte som skulle gjelde i trykkefridomssaker. Vi skal no følgje heile denne prosessen; vegen dit går først innom den hittil ukjente diskusjonen om ny trykkefridomslov i lovkomiteen av 1814.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon