Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Del 2

Den første runden med strid om trykkefridommen

Åsmund Forfang (f. 1952) har tidlegare skrive dei historiske bøkene Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004), mentalitetshistorier frå to industrisamfunn på 1900-talet. Han er dessutan skjønnlitterær forfattar med debut i 1972 og siste utgiving, romanen Ikkje denne guten, i 2016.

Da trykkefridomsparagrafen var vedtatt i 1814, stod domstolane overfor ei umiddelbar utfordring: Dommarane kunne ikkje avvente situasjonen til nokon andre hadde bestemt korleis paragrafen skulle vere å forstå, men måtte straks ei trykkefridomssak vart reist, begi seg ut i ukjent terreng som vegvisarar og demonstrere i praksis kva følgjene av den måtte vere. Dei trong ikkje vente lenge; etter kort tid kom den første stridssaka om den nye trykkefridommen, reist av den aktøren trykkefridomsforkjempar Matthias Conrad Peterson hadde venta seg det frå: den utøvande konstitusjonelle statsmakta.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon