Første dom fall i saka til bonde Ole Wernsen Klungseth, som var tiltalt for å ha vist ringeakt mot regjeringa ved å ha ytra fornærmande skuldingar i Christiania Intelligentssedler mot regimentssjef i Søndenfjeldske Dragonregiment generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer.

Dommar var den 64 år gamle sorenskrivaren Erik Gløersen. Gløersen hadde i 1815 vore ein eineveldets tru tenar gjennom snart fire tiår; først, frå 1778, i Søndre Hedemarken, deretter i Nedre Romerike og i Valdres og no, frå 1807, i Nordre Hedemarken sorenskriveri;1 «en gammel redelig og ærekiær Embedsmand, som jeg frimodigen tør giøre Fordring paa at være»,2 som han uttrykte seg i ein attest han gav seg sjølv da han eit par år seinare måtte forsvare seg offentleg fordi han hadde hyra ein rømt tukthusfange som dreng i sorenskrivargarden, ein mann han sjølv hadde dømt til tukthusstraff (historia blir fortald kapittel 17, «Basketak på Hedemarken»).

Da ein anonym avisskribent samtidig nytta høvet til å rette også andre skuldingar mot Gløersen, at rettshandlingane hans ofte vart kjente uetterrettelege og heimviste til ny og lovlegare behandling, «samt derhos ledsaget med en passende Mulckt»,3 tilbakeviste ein harm Gløersen skuldingane ved å innrømme at vel hadde han nokre gonger vorte mulktert på grunn av sin i «høi Grad svækkede Hukommelse», ei familiesvakheit i hans høge alder, «men deraf kand ikke uddrages, som Følge, at mine Domme og Retsforhandlinger have væred, i det Reelle, lovstridige».4 Denne sorenskrivaren nord på Hedemarken, med sin i «høi Grad svækkede Hukommelse», var det som 2. november 1815 sette ting på garden Stolpestad i Ringsaker prestegjeld og fekk æra av å avseie den historiske første dommen om realiteten i ei offentleg reist trykkefridomssak i det konstitusjonelle kongedømmet Norge.

Dommen gav ingen signal om nokon ny rettstilstand i landet. Slik dommar Gløersen såg det, hadde Justitien ganske enkelt rett: at når Ole Wernsen Klungseth hadde kvesst pennen og skulda ein regimentssjef for urettmessig å ha forfremma sin eigen steson, så var det konge og regjering pennesplitten sikta mot:

Tiltalte, som saaledes i det omhandlede Avertissement, urettelig har beskyldt vedkommende Autoriteter for Uretfærdighed, og derhos tilladt sig forhaanende Udtrykke mod Generalmajor Meyer, vil altsaa blive at straffe efter Gundlovens §. 100 og Forordningen af 27de September 1799.5

Dommen fall etter den praksisen Gløersen kjente frå eineveldets tid, og slo fast prinsippet om indirekte skyld som jusprofessor Schlegel forsvarte, i motsetning til Birckner: Trør du embetsmannen for nær, er det regjeringa du risikerer å tråkke på.

At den fornærmande skuldinga mot generalmajor Meyer var «urettelig», var etter Gløersens meining bevist ved at Jacob Hoel fekk søknaden sin om rittmeisters ansiennitet avslått 14. april 1815, da justisaksjonen mot Klungseth var i gang og Hoel sjølv var kommen i eit negativt lys. Gløersen drøfta ikkje moment som kunne rokke ved denne konklusjonen, og heller ikkje korleis situasjonen ville ha vore dersom skuldinga hadde vore «rettelig»; Henrik Steenbuchs poeng i grunnlovskommentaren var at ei sann skulding som viste ringeakt mot regjeringa, ville vere like lovstridig som ei usann ei.

Arbitrær mulkt pluss sakskostnader

Aktor Niels Peter Trosdahls straffepåstand var at Klungseth måtte bli dømt til landsforvising etter § 2 i 1799-forordninga, den einaste straffa denne paragrafen peika ut for det Gløersen hadde dømt Klungseth for.

Men sorenskrivaren i Nordre Hedemarken veik tilbake for å landsforvise bonden frå Nes. Atter greip han til rettsforståinga frå eineveldets tid: Han fann grunnlag for ein formildande arbitrær dom. Fordi «man med Vished kan antage, som ogsaa af Sagen er fremlysende, at Tiltalte af Enfoldighed, har ladet sig forlede, i Uvidenhed om Følgerne» til å sette innlegget på trykk i eit offentleg blad, meinte Gløersen at ei arbitrær pengemulkt, «efter 12te §. i høistbemeldte Forordning konferered med Lovens 6-21-4»,6 kunne vere ei tilstrekkeleg straff, og «denne Strafs Grad kand efter saadanne Omstændigheder bestemmes til 100 Rbd. rede Sølv». Dette var den mildaste straffa han da kunne gi Klungseth; 100 riksbankdalar i 1815 i sølvverdi tilsvarte 50 gamle riksdalar frå 1799, som § 12 i 1799-forordninga sette som nedre grense for ei bot etter 6-21-4.

Det måtte ligge i ryggmergen hos ein sorenskrivar å ty til denne paragrafen i vanskelege tilfelle, så hyppig som den hadde vore brukt til formildande arbitrære dommar for å vike unna ei streng æresstraff frå «en raae Tidsalder». Men Gløersen brukte den på ein annan måte enn det som kunne bli aktuelt i Chrystie-saka. Der påstod aktor dom for ærekrenking og straff etter ærekrenkingsparagrafen i 1799-forordninga, § 12, og dermed òg etter 6-21-4. Gløersen hadde derimot dømt Klungseth skyldig i ringeakt mot kongen/regjeringa og ønskte å dømme han formildande etter ein paragraf som handla om noko ganske anna, og som ikkje kunne brukast for eit brotsverk mot ei statsmakt. Dette viser kor sterkt 6-21-4 hadde stått som ein sekkeparagraf ein dommar kunne ty arbitrært til.

Henrik Steenbuch ville kanskje ha meint at dette ikkje var ein arbitrær, men ein ekstraordinær dom. Dette var to straffeprinsipp som ofte vart blanda saman, hevda Steenbuch i grunnlovskommentaren sin. Om ekstraordinære straffer skreiv han at skulle «den tilstand af fri Virksomhed, som Loven i Almindelighed forudsætter, og ved Strafbestemmelsen er lagt til Grund», ikkje vere til stades, da kunne straffelova berre brukast etter forholdet mellom forbrytarens tilstand og den tilstanden lova føresette.7

Det Gløersen gjorde, var å prøve å måle i kor stor grad Klungseths handling var straffverdig, tatt i betraktning forholdet med hans «Enfoldighed» og «Uvidenhed», og så finne ei straff som stod til denne alvorsgraden. Han landa da på den mildaste straffa i § 12 i 1799-forordninga og Norske lov 6-21. 6-21-4 omtalte uttrykk som ikkje eingong var ærekrenkande, berre utilbørlege. Gløersen meinte altså at alt tatt i betraktning var alvorsgraden i det Klungseth hadde gjort, ikkje større enn om han berre hadde brukt utilbørlege uttrykk mot regimentssjefen, generalmajor Meyer. Klungseth hadde dermed fått den straffa han etter lova fortente, nedgradert i forhold til lovas bokstav etter gjerningsevna hans. Den slags straffer var ikkje ulovbestemte, peika Steenbuch på, men utmålte etter dei vilkåra lova bestemte, og § 96 i Grunnlova var derfor ikkje til hinder for at dei kunne brukast.

På eitt vis kan vi seie at Gløersen da hadde vurdert Klungseths forsett. Men han hadde ikkje gjort det i Grunnlovas forstand, som ein del av skyldspørsmålet, men først i straffeutmålinga; etter hans meining skorta det på evna hos den tiltalte til å vurdere rekkevidda av den handlinga han no var dømt for, og da måtte han forskånast for den tunge straffa han ikkje evna å ane at handlinga gav.

Gløersen gjekk ikkje inn på kva vurderinga hans av evnene til Klungseth botna i. I dommen heiter det berre at det «af Sagen er fremlysende». Det som vart meir enn antyda under saka, var at Klungseth ikkje hadde soge tanken om å skrive i avisa av eige bryst, men var oppelda til det av den krenkte premierløytnanten Jacob Hoel, som sjølv ikkje kunne våge å sette noko slikt på trykk; som offiser ville han da fluksens ha vorte stilt for militærets særdomstol, krigsretten. Hoel forstod kva det innebar å fornærme ein overordna offiser i eit inserat i Christiania Intelligentssedler, noko Gløersens meinte Ole Wernsen Klungseth ikkje gjorde med sin «Enfoldighed» og «Uvidenhed».

Saka kosta likevel Klungseth dyrt. I tillegg til mulkta til Nes fattigkasse på 100 riksbankdalar sølvverdi måtte han betale alle sakskostnader: reisegebyr og skrivarlønn til dommaren på 20 riksbankdalar sølvverdi, godtgjersle, skyss og lønn til aktor på 50 riksbankdalar og like mykje til forsvararen. Desse kostnadene vart større enn mulkta: 120 riksbankdalar.

Å pålegge den dømte det offentleges sakskostnader i straffesaker på denne måten var ein gammal praksis som bygde på ein grunnleggande tanke om at justisforvaltinga helst skulle vere sjølvfinansiert og ikkje belaste det offentlege,8 ei ordning som først vart endra ved ei lov om kostnadene i offentlege saker i 1869.9 Ein tiltalt kunne til og med bli idømt sakskostnadene etter å ha vorte frikjent. Dette ramma folk frå allmugen hardt, som ei byrdefull ekstrastraff, og den gjorde det skremmande å bli dratt for retten om ein så var aldeles uskyldig.

Etter Norges Banks priskalkulator tilsvarer den idømte kostnaden på 220 riksbankdalar i dag 33 500 kroner, ei vanleg månadslønn.10 Ingen liten sum – men børa var enda mykje større om vi ser på kva folk tente den gongen. Ein vanleg fabrikkarbeidar med ei daglønn på 20 skilling11 måtte arbeide i fleire år for den summen Klungseth var dømt til å betale. Og i statsrådsprotokollen for 1814 finn vi desse årslønnene for offentlege stillingar: «Fyhrbødere eller Bud» ved Høgsterett 200 riksbankdalar, brigadeadjutant 240, lærar i fattigvesenet 300, «Copiist» i 1. departement 360–400, fullmektig ved justiskontoret ved Aggershuus Stiftsoverret 400, forstjunker 400, stiftsrevisor 600, fullmektig i 1. departement 800, bergkasserar 1200 og fabrikkbestyrar 1400 riksbankdalar.12 Sjølv for ein høgt lønt fabrikkbestyrar utgjorde 220 riksbankdalar nær to månadslønner. For folk frå allmugen var det ruinerande å bli ramma av mulkter og sakskostnader av slike dimensjonar.

220 riksbankdalar var det altså ikkje ein bonde som Ole Wernsen Klungseth gitt å kunne betale i ei handvending – om han da ikkje var så heldig å ha nære band til ein bemidla proprietær og premierløytnant som Jacob Hoel. Greidde ikkje Klungseth å gjere opp for seg, sa dommen at han måtte sone som ekstraarbeidar på den festningen som militæretaten bestemte, inntil summen var å sjå på som innfridd.13

Regjeringa må uansett ha meint at Gløersen hadde latt han sleppe altfor billig unna, og anka dommen i Nordre Hedemarken Tingret av 2. november 1815 til Aggershuus Stiftsoverret.

Dom etter domsmodell A, B eller C?

Kva for ein av dei tre domsmodellane våre ligg så denne dommen innanfor med formuleringa «blive at straffe efter Gundlovens §. 100 og Forordningen af 27de September 1799»?

Domsmodell A må vere utelukka; 1799-forordninga hadde ikkje ein sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag i Gløersens dom. Det ser heller ikkje ut til at formuleringa hans er muleg innanfor domsmodell B, der berre 1799-forordninga og ikkje § 100 kan gi rettsgrunnlag for straff. Uttrykket «blive at straffe efter Grundlovens §. 100» må vere ein straffeheimel ut frå eitt av forboda i andre setning i paragrafen, det mot ringeakt mot ei konstitusjonell makt, som Gløersen meinte Klungseth hadde brote; det harmonerer godt med det som vart påstått under rettsforhandlingane.

Samtidig var 1799-forordninga oppgitt som heimel, utan at det står uttrykkeleg i dommen kva det betydde. Gløersen likestilte neppe forboda i dei to lovene ved å meine at eit forbod også i forordninga var brote, som i domsmodell B, ettersom nokon slik påstand aldri hadde vore drøfta under rettsforhandlingane. Alt tyder på at det var straffeutmålinga han oppgav den gamle forordninga som heimel for.

Konklusjonen er at i denne første fellande dommen i ei offentleg reist trykkefridomssak var § 100 i Grunnlova rettsgrunnlag for straffa, og at dommen vart avsagt innanfor vår domsmodell C.

Var det den erfarne dommaren som dømte etter ei ny og no rådande lovforståing? Eller var det den aldersstigne og minneveike dommaren som atter gjorde ein formell feil, eller som hadde uttrykt seg forkjært? I så fall burde det når den tid kom, dukke opp som tema i ankesaka i overretten.