Begge dei to artiklane regjeringa no slo ned på, stod i eit nytt blad som var starta denne sommaren, og som gav seg ut for å representere sjølve nasjonen: Det Norske Nationalblad. I ei abonnementsinnbyding trykt i Den Norske Rigstidende 5. juli, og etterpå i det første nummeret av bladet, erklærte den anonyme innbydaren og utgivaren det som eit opposisjonsblad, og berre to veker seinare kunne første nummer sendast i posten til dei som hadde teikna seg som abonnentar. Nationalbladet, som det snart vart kalla, skulle vise seg å få ein vid lesarkrets og stor innverknad på norsk politikk i åra som kom.

Pressa som «Kampplads»

Matthias Conrad Peterson i Trondheim gledde seg. Peterson var pioneren i norsk opposisjonspresse også etter 1814, slik han hadde vore ein pressepioner i 1790-åra (sjå side 39). I september 1814, i den spente tida etter det militære nederlaget mot Sverige, hadde «Blandede Efterretninger, Fædrenelandet betræffende» begynt å komme ut i Trondheim med dei same nasjonale appellane som før nederlaget, av typen «Seier eller Død!»,1 på same tid som landets aviser vart bedt om å ligge lågt og hovudstadsavisene Tiden og Christiania Intelligentssedler føydde seg etter dei nye signala.2

I Trondheim skorta det ikkje på flammande patriotiske innlegg i byens adresseavis heller,3 men etter at det overordentlege stortinget 20. oktober kunngjorde at unionen med Sverige var eit faktum, tagna patriotane også der. Da det tiande og siste nummeret av Blandede Efterretninger kom ut 10. november, prøvde det seg som lysbringar trass i den nye unionen: «Vel os at vi slap fra Kongeloven! Den danske Regjering leve vel, saa længe den endnu lever! Vi frygte dens Svøbe ei mere, thi døve vort Hurra dens Øren: Hurra! Hurra!! Hurra!!!»4

I februar 1815 kom så første nummer av Den lille Trondhjemske Tilskuer ut, ei direkte vidareføring av Blandede Efterretninger. Boktrykkar Andreas Steen stod oppført som utgivar, som han hadde gjort i Blandede Efterretninger. Men det var Peterson som var drivaren bak, han som var den penneføre, under eigne initialar, dei etter kvart legendariske «M.C.P», under pseudonym som «x–u» og truleg anonymt. Det var han som var «den lille Tilskuer». For ein gongs skyld var han ein kledeleg beskjeden mann da han mot slutten av året, i desember, da Det Norske Nationalblad var ute i hardt vêr mot Justitien, skreiv dette:

Da den ubetydelige lille Trondhjemske Tilskuer for nogen Tid siden vovede at træde frem paa Skuepladsen, saa tilkjendegav han i No. 1, at der længere hen vilde fremkomme en større Tilskuer, som med Mod og et barsk Aasyn vilde stille sig som skildvagt ved Constitutionen, og som – aarvaagen paa sin Post, – med Tordenstemme vilde raabe Brand! Brand! naar Ulykke lod sig tilsyne. – Det var let at forudsee, at dette vilde og maatte blive Tilfældet, og Tilskuerens Forventning slog ikke heller fejl. Det Norske Nationalblad fremstod med Kraft, med Værdighed og ædel Anstand, og hædrede Tilskueren med et venligt Blik, uagtet dennes Ubetydelighed.5

Om Peterson ikkje ville vere ein nasjonens Messias, tok han gjerne på seg rolla som profet.

På dette tidspunktet hadde enda eit opposisjonsblad dukka opp: bladet Bjørgvin i Bergen, utgitt og redigert av Johan Christian Mørch,6 også det anonymt, og i mars 1816 vart opposisjonsbladet Mimer starta opp i Kristiansand og redigert anonymt av Hans Lassenius Bernhoft, med J. Johansen oppført som utgivar. Eit pent, lite firkløver i dei fire stiftsbyane i landet. I tillegg kom avisa Drammens Tidende med sitt første nummer 21. november 1816, ved oppstarten med dei to opposisjonsmennene pastor Søren Tybring og krigsråd og tidlegare bonde og offiser Peter (eig. Pierre) Flor – den andre leiaren for «det Flor-Hoelske parti» i 1821 – oppgitt som redaktørar, men frå mai 1817 med den eigentlege utgivaren, trykkaren Carl Ferdinand Rode, også han opposisjonsmann; her pranga namnet til utgivaren under avishovudet på framsida.

Den opposisjonen denne pressa gav offentleg stemme til, var ikkje berre ein mindretalets opposisjon mot fleirtalet i Stortinget, men vel så mykje ein opposisjon mot kongens statsråd. Regjeringa kvilte ikkje den gongen, som etter 1884, på eit fleirtal i Stortinget. Kongen peika sjølv ut statsrådet sitt; regjeringa var kongens statsråd. Patriotane, som mange i opposisjonen kalla seg sjølve, meinte at det dermed oppstod ei så godt som naturgitt nasjonal motsetning mellom Stortinget og regjeringa.7 Mens Stortinget etter Grunnlova var sett til å verne om Norges nasjonale interesser, forvalta regjeringa interessene til den felles kongen og heilstaten. Opposisjonen stolte ikkje på dei mennene som hadde gått i den svenske kongens teneste som statsrådar, og spesielt var den på vakt mot alle teikn på det som vart kalla amalgamasjon, at Norge og Sverige meir og meir skulle bli smelta saman til eitt rike, eit mål Karl Johan higa mot.8

I abonnementsinnbydinga for Det Norske Nationalblad vart den 23 år gamle bokhandlaren Hans Abel Hielm oppgitt som det vi i dag ville ha kalla redaksjonssekretær; den anonyme utgivaren var Hielms ti år eldre bror Jonas Anton Hielm, overauditør, høgsterettsadvokat og landets første statsrevisor, kjent og frykta for si kvasse og uvørdne tunge og ein viktig premissleverandør for opposisjonsmennene på Stortinget.

Tidspunktet for etableringa av bladet var ikkje tilfeldig. Dei første dagane i juli hadde det første ordentlege stortinget komme saman i Christiania; spørsmålet var i kor stor grad dette viktige stortinget ville våge å stå vakt om Grunnlova og kjempe for mest muleg sjølvstende i forholdet til Sverige. Berre eit fåtal av representantane hadde deltatt i dei to grunnlovgivande forsamlingane i 1814, og nesten halvparten var embetsmenn.

Hittil, skreiv høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm (anonymt) i innbydinga, hadde dei brukt Christiania Intelligentssedler som «Kampplads» for innlegg om «offentlige Anliggender, og deraf opstaaende Feider. Men at en Adresse-Avis kun lidet egner sig dertil, følger af sig selv», skreiv han med ei gift i pennen ein lesar av i dag knapt kan ane. Her sikta han ikkje berre, slik han sjølv oppgav, til at ein i ei adresseavis måtte betale for å få eit innlegg på trykk, slik at mange ikkje ville skrive der. Vel så mykje sikta han til at Karl Johan, gjennom avisutgivaren og presten Niels Wulfsberg, hadde skaffa seg kontroll over begge dei to avisene i hovudstaden, Christiania Intelligentssedler og Den Norske Rigstidende.

Avispioneren Niels Wulfsberg var verkeleg ein sann kongens tenar.9 Gjennom bladet Tiden hadde han i 1814 vore først prins og så kong Christian Frederiks mann. No var han kronprins Karl Johans. Ved årsskiftet hadde han døypt om Tiden til Den Norske Rigstidende og gjort den til eit halvoffisielt organ for den utøvande statsmakta. I Christiania Intelligentssedler fekk han så i slutten av januar 1815 fjerna opposisjonsmann og boktrykkar Niels Jørgen Ørbech Berg som redaktør. Wulfsberg sjølv fekk lønn for dette ved å bli kalla til Stockholm som arkivar ved den norske statsrådsavdelinga, mens Berg som erstatning fekk ein årleg pensjon direkte av Karl Johans pung, eit middel Karl Johan gjerne greip til når det passa interessene hans.

Korleis det kunne arte seg når ei avis var kommen under Karl Johans hand, har vi eit eksempel på frå hausten 1815, da to anonyme innlegg i same nummer av Den Norske Rigstidende gjorde kronprinsen rasande. Det eine raljerte over den pinleg smigrande tonen i ein omtale i den same avisa av Karl Johans «Vestlandsreise» til Drammen og Kongsberg; det andre kritiserte at eit nytt svensk-norsk orlogsflagg var heist på Akershus festning «hvorom Intet er bleven offentlig bekjendtgjort».10 Det viste seg at innlegga var skrivne av brørne Peter og Jørgen Herman Vogt, som begge sat i høge stillingar i regjeringsapparatet. Dei fekk streng refs av kronprinsen, og utgivarane fekk ordre om at dei frå no av ikkje skulle trykke verdiladde vurderingar av regjeringa i avisa, verken positive eller negative, og at restopplaget av nummeret skulle destruerast,11 begge delar illegitime skritt frå Karl Johans side: eit grunnlovsstridig sensurtiltak pluss ei inndraging det ikkje fanst heimel for i norsk lov.

Det var slik Karl Johan og statsapparatet hans fór fram mot pressa i Sverige. Enda den svenske trykkefridomsforordninga av 16. juli 1812 bestemte at ingen hindringar skulle bli lagt i vegen for eit trykt skrift før det kom ut, delte embetsverket gjerne ut åtvaringar og reine truslar til utgivarar av periodiske skrifter, ofte etter pålegg frå Karl Johan personleg, som følgde nøye med på det som vart skrive offentleg.12 Da stockholmsavisa Argus i 1821 oppsummerte historia om den svenske trykkefridommen etter at den nye grunnlova kom i 1809, slo den fast at dette påtrykket var grunnen til at avisutgivarane ikkje våga å skrive om slikt som «ofta just för ögonblicket mest interesserat nationen; t.ex. frågorna om Göta kanal, om diskonterna, om kursen»13 – sjølv om det etter trykkefridomsforordninga uttrykkeleg stod alle fritt å skrive om slikt.

Når åtvaringane frå den svenske statsmakta hadde så stor verknad, var det fordi 1812-forordninga bestemte at ein utgivar av eit periodisk skrift måtte ha ei offentleg bevilling som regjeringa når som helst kunne ta frå han. Skjedde det, måtte bladet eller avisa straks innstille, utan rettsleg prøving og utan at grunnen vart oppgitt, og han kunne ikkje få ny bevilling utan at kongen bestemte det. Forordninga regulerte nok nøye kva som var gyldige grunnar til å inndra ei bevilling, men dette såg embetsmennene stort på, anførte av Karl Johan. Han nærte ein sterk motvilje mot pressa og meinte at det var «av högsta vikt at journalister inte lade sig i politiken vare sig i gott eller ont syfte»14 – slik han no hadde pålagt utgivarane av Den Norske Rigstidende.

Det brørne Hielm gjorde, var å utfordre avismonopolet Karl Johans lojale menn hadde skaffa seg i den norske hovudstaden, og erklære at frå no av skulle kampen stå i Det Norske Nationalblad, beskytta av ein trykkefridomsparagraf som var av eit anna kaliber enn den svenske 1812-forordninga. Høgsterettsadvokaten forsikra at kampen skulle utkjempast i aktverdige former: For at ein skulle få noko på trykk i det nye bladet, måtte «en saadan Anstændighed i Sprog og Udtryk iagttages, som sømmer sig for at optræde offentlig i dannede Kredse».

Forsikringa hjelpte lite, ordet «Kampplads» var alarm god nok: Fram til Kieltraktaten vart underskriven 14. januar 1814 og den eineveldige Frederik 6. måtte gi frå seg Norge til svenskekongen, hadde berre tanken på å erklære konge og regjering kamp vore så kriminell at det måtte gå kaldt nedetter ryggen på folk. No må det ha risla langs ryggrada på regjeringas embetsmenn: Her kom ei opposisjonspresse som frimodig såg det som sin soleklare rett å erklære dei kamp og dermed alt i grunnhaldninga kom grensa for ringeakt farleg nær. Frimotet vart god forretning for brørne Hielm; da dei 30. april 1816 delte overskotet for dei første ni månadene, fekk kvar av dei 2437 riksbankdalar og 4 skilling,15 ei god årslønn for ein embetsmann. Dette viser at bladet alt dette første året må ha hatt svært mange abonnentar.16

I Den lille Trondhjemske Tilskuer, der det ikkje fanst noko krav om «Anstændighed i Sprog og Udtryk», hadde Matthias Conrad Peterson alt i det første nummeret 8. februar 1815 sirkla inn motstandarane slik: «Constitutionen hjemler os Trykkefrihed; men Despotismens foragtelige Kryb vover at tale om Grændser for Udøvelsen af den herligste Rettighed, som blev Udødelige til Deel.»17

Og kamp vart det.

Retten til «at fortie sit Navn»

Den 11. september 1815 stod eit anonymt innlegg på trykk i Det Norske Nationalblad. Det var kort og av ein type som florerte i avisene på denne tida. Første halvpart gjekk slik:

Ifølge Norske Grundlovs 75de §. tilkommer det Storthinget at give og ophæve Love; denne Forsamling, hvem Nationen tillidsfuld overdrog det Hverv, saameget mulig, at bevirke Landets indvortes Lykke, bør man være forvisset om, vil med forenede Kræfter stræbe til dette store Maal. Det er vel neppe nogen ubekjendt, i hvilken Dvale Politie- og Justitsvæsenet i den senere Tid har – og endnu slumrer; særdeles Opmærksomhed for sammes bedre Organisation har man altsaa billig [god] Grund til at vente.18

Samanlikna med avisinnlegga til Chrystie og Klungseth førte ikkje forfattaren nokon uvørden eller frekk penn. Vi aner heller eit verdig vesen bak orda. Men ikkje verdig nok; få dagar etter gjekk eit brev ut frå statsråd Christian Adolph Diriks i 3. departement til politimeisteren i Christiania, krigsassessor Ole Sem. I brevet opplyste Diriks politimeisteren om artikkelen i det vedlagte eksemplaret av Nationalbladet og gav han ordre om å «faae opdaget Forfatterens skjulte Navn ved et Forhør, som forventes hertil indsendt, paa det han derefter kan blive draget til Ansvar efter Lovene».19

Statsråd Christian Adolph Diriks kjente desse lovene godt. Han hadde som medlem og sekretær i konstitusjonskomiteen under riksforsamlinga på Eidsvoll året før vore med på å skrive den og var òg med i den redaksjonskomiteen som finpussa grunnlovsteksten etter at den var vedtatt 11. mai 1814. Diriks gjekk for å vere litt av ei kunnskapskjelde i komiteen og ein som hadde studert lovgivinga i mange europeiske land. Men det Henrik Wergeland påstod og mange har gjentatt, at § 100 «skrev sig heel og holden fra Diriks»,20 kan ikkje stemme og må passere som enda ein omtrentleg metafor frå diktarens penn. Også denne tvilsame opplysninga kan han ha lånt av juristen Ole Munch Ræder.21

Riksforsamlinga hadde oppnemnt Diriks som medlem av den lovkomiteen som på få år var meint å forsyne landet med ei ny lovbok, men han tredde ut av komiteen da han etter det første overordentlege stortinget vart ein av Karl Johans statsrådar, noko han skulle bli verande i over tjue år. I faglitteraturen er han løfta fram som den som stod bak trykkefridomsprosessane og dreiv dei fram, men kjeldene gir liten grunn til å tru at han gjorde anna enn som departementssjef å skrive under på brev i embets medfør, i dette tilfellet som den statsråden som kunne instruere politimeisteren til å sette i verk eit forhør.22 Vel så sannsynleg er det at den svenske statthaldaren, som leidde regjeringa i kongens fråvær, var pådrivaren.23

Alt same dag som brevet frå Diriks var datert, 16. september 1815, vart det gjennomført eit politiforhør i Christiania av boktrykkar Jacob Lehmann, som trykte Det Norske Nationalblad. Han oppgav at bokhandlar Hans Abel Hielm var redaktør for bladet. To dagar etter sat også redaktør (som påtalemakta kalla han) og bokhandlar (som han vart kalla i Det Norske Nationalblad) Hans Abel Hielm i forhør hos Ole Sem på Christiania Politiekammer.

Bokhandlar Hielm visste kven som hadde skrive artikkelen, men nekta å fortelje det, i motsetning til boktrykkarane Berg og Lehmann, som i september 1814 og mars 1815 utan motstand hadde oppgitt namna til Hans Chrystie og Ole Wernsen Klungseth. Det Norske Nationalblad såg det som ei plikt å verne om anonymiteten til skribentane sine. Det hadde utgivaren garantert i innbydinga i Den Norske Rigstidende 5. juli: Han måtte vite kven dei var, skreiv han, men lova dei «den ubrødeligste Taushed, saalænge Lovene ikke fordre den brudt».24 Kva for nokre lover det skulle vere, var uvisst, som Henrik Steenbuch antyda i grunnlovskommentaren som no var under utgiving.

Hielm hadde med seg ei ferdig formulert erklæring, ført i pennen av den anonyme bladutgivaren, og dikterte den for politimeisteren, som like sirleg og krunglete førte den inn i protokollen. Der vart det ståande at han som på vegner av forfattaren hadde fått det omspurde stykket rykt inn i Det Norske Nationalblad, sat inne med både manuskriptet og ei skriftleg erklæring frå forfattaren «til Hjemmel for sig»:

Han anseer Forfatteren berettiget til, efter Grundlovens §. 100, at fortie sit Navn saalænge indtil nogen privat eller offentlig Person bestemt erklærer sig fornærmet, og at fordre Navnet i den bestemte Hensigt at ville lovligen paatale Fornærmelsen, saaledes at han kan have sin Regres til den, der fordrer Navnet opgivet, hvis denne findes at have aftvunget ham sin Ret til at være unævnt i anden Hensigt end til Forsvar.25

Dette var ein sentral argumentasjon: Høgsterettsadvokat Hielm meinte at retten til å vere anonym var heimla i sjølve § 100. Det han da påstod, var at den låg implisitt i første setning, «Trykkefrihed bør finde Sted», nærare bestemt i definisjonen av ordet «Trykkefrihed»: Trykkefridom ville vere ein illusjon utan anonymitetsretten. Seinare på året skreiv han at det ikkje ville finnast nokon trykkefridom dersom anonymitetsretten var så skjør at den kunne hevast staks einkvan som enten av nysgjerrigheit eller av ein eller annan betre eller verre grunn fann på å erklære seg eller andre fornærma.26 Han var da ueinig med juristkollega og medpatriot Steenbuch på to punkt: Hielm meinte at anonymiteten hørte til trykkefridommens «naturlige og væsentlige Rettigheder», og han meinte at § 100 ikkje tagde om dette.

Også Christian Magnus Falsen meinte det da han i november/desember engasjerte seg i debatten: Første setning i § 100 hadde sett ut av kraft § 19 i forordninga av 27. september 1799, slik at retten til å skrive anonymt atter gjaldt. Dette måtte òg vere ei alminneleg oppfatning, ettersom det kom ut periodiske blad i både Christiania, Trondheim og Bergen der verken forleggar eller forfattar vart nemnte, og også anonyme bøker, utan at justisvesenet fann grunn til å gripe inn.27

Jonas Anton Hielm gjekk enda eit steg lenger når han meinte at artikkelforfattaren måtte «have sin Regres til den, der fordrer Navnet opgivet, hvis denne findes at have aftvunget ham sin Ret til at være unævnt i anden Hensigt end til Forsvar». Å tvinge ein forfattar til å heve anonymiteten på ein slik måte oppfatta Hielm som ei rettskrenking som måtte få eit rettsleg etterspel.

Nokon heimel for dette hadde han ikkje i gjeldande norsk lovgiving. Men han var ikkje åleine om å tenke i slike banar. Etter § 1-6 i den svenske trykkefridomsforordninga av 1812 fekk ein boktrykkar ei bot på 200 riksdalar om han røpte namnet til ein anonym forfattar utan å ha vorte pålagt det av ein dommar. Høgsterettsdommar Jens Peter Debes gjentok denne regelen i § 4 i utkastet sitt frå 1815 til ny norsk trykkefridomslov med ei straff på 500 riksbankdalar sølvverdi, mens generalauditør Christopher Anker Bergh i § 41 i sitt lovutkast frå 1817 sette straffa litt høgare, til 300 spesidalar (1 spesidalar = 2 riksbankdalar sølvverdi). Dei høge bøtene viser at dei såg på ei slik krenking av anonymiteten som eit alvorleg rettsbrot.

Argumentasjonen nedskriven i politimeister Sems protokoll opna likevel for at anonymiteten kunne oppgivast dersom nokon erklærte at dei ville «lovligen paatale Fornærmelsen», nettopp det som låg Steenbuch mest på hjertet i grunnlovskommentaren hans. Da politimeister Sem no presiserte overfor bokhandlar Hans Abel Hielm at det var nettopp det regjeringa ville, følgde Hielm straks instruksen frå broren og oppgav namnet på artikkelforfattaren.

Skribenten var 35 år gamle Christen Grønnerup, dansk av fødsel, men sidan 1809 busett i Holmestrand, der han hadde borgarskap som kjøpmann. Seinare skulle han bli både ein næringspolitisk engasjert stortingsmann og ordførar og dessutan sparebankgründer, ein akta og punktleg mann i Holmestrand som folk stilte klokka etter.28 I tillegg var han kjent for å vere fritalande, som no i Nationalbladet 11. september 1815. Den 20. oktober bekrefta han i forhør hos byfuten i Tønsberg at det var han som var forfattaren av innlegget.

Utover i november kunne så lesarane av landets aviser finne denne kunngjeringa av 4. november 1815 frå stiftamtmann Hans Falbe i Aggershuus Stift:

I Overensstemmelse med Forordningen af 27de Septbr. 1799 §. 18, bekjendtgjøres hermed, at en Kjøbmand Grønnerup i Holmestrand og Boghandler Hjelm i Christiania ere, i Følge høieste Resolution, satte under Justitiens Tiltale for formeentlig Overtrædelse af Trykkefriheden.29

Lovforboda i 1799-forordninga «ophævet»

I Trondheim sat Matthias Conrad Peterson atter og las avisa. I Den lille Trondhiemske Tilskuer skreiv han at både han og mange av medborgarane hans med uvilje hadde lese denne kunngjeringa som var så nedverdigande for frie norske borgarar, «saa meget mere, da den under det forsamlede Storthings Øjne er bleven offentligen indført i Landets Tidender».30

Tidlegare på hausten hadde Peterson lansert ein lys idé: Stortinget som no sat samla, burde gjere dette vedtaket: «at det Danske Edikt af 27de Sept. 1799 (det er ald[el]es stridende mod Grundloven,) er ophævet og sat ud af Kraft».31

Peterson hadde ein direkte kanal inn til stortingssalen, slik at stemma hans kunne hørast også der: den populære og språkmektige patrioten pastor Niels Stockfleth Schultz, residerande kapellan i Vår Frue kirke i Trondheim.32 Schultz var ein akta stortingsmann som i motsetning til mange andre patriotar frå 1814 aldri søkte å oppnå Karl Johans gunst; han har vorte omtalt som Grunnlovas mest utrøttelege forsvarar i Stortinget.33

Pastor Schultz hadde no levert Petersons idé som eitt av dei mange grunnlovsforslaga som kom inn til det første ordentlege stortinget 1815–1816. Der foreslo han ei tilføying i § 100: at «denne §. er at ansee som en fuldstændig Trykkefriheds-Lov, der ophæver Forordningen af 27de Septbr. 1799».34

Også opposisjonsbladet Bjørgvin i Bergen ytra seg til støtte for Nationalbladet etter kunngjeringa frå Aggershuus Stift. Nokså pompøst erklærte bladet at 1799-forordninga «og alle dets Sødskende ere blotte Gjenfærder, som for Synet af Grundlovens 100 §., til ethvert Klokkeslet krybe i Graven».35

I Bergen sat òg amtmann Christian Magnus Falsen og følgde med, han var heime med sjukepermisjon frå Stortinget da han las kunngjeringa; ein av stortingskomiteane han var medlem av ved dette første ordentlege stortinget, var konstitusjonskomiteen. Også under riksforsamlinga i 1814 hadde han sete i konstitusjonskomiteen, da saman med Diriks, og som komitéformann vore tonegivande i grunnlovsarbeidet, sannsynlegvis òg i arbeidet med den da ukontroversielle § 100, som den Birckner-beundraren han var.

Kunngjeringa frå stiftamtmann Falbe i Aggershuus Stift forarga Falsen, og han engasjerte seg i debatten med eit kvast innlegg i Det Norske Nationalblad. Der stilte han dette spørsmålet: «om Bestemmelsen i Grundlovens 100de §.: At Trykkefrihed bør finde Sted: blot indeholder tomme Ord uden Mening, eller om Nationen ved samme virkelig igjen er bleven sat i Besiddelse af en Rettighed, som den ved Forordningen af 27de September 1799 var saa godt som aldeles berøvet? [Falsens utheving]».36

Det har versert ei misforståing om at Falsen reagerte fordi kunngjeringa oppgav forordninga av 27. september 1799 som heimel for tiltalen.37 Men det den gjorde, var å oppgi § 18 i forordninga som heimel for at tiltalen vart offentleggjort i alle aviser i landet. Det forstod naturlegvis Falsen, og det som forarga han, var at § 18 vart brukt på denne måten også no, etter 1814.

Han minte folk om kva formålet med ei slik kunngjering hadde vore hos det eineveldet som laga forordninga: Publikum skulle skremmast; den formastelege handlinga som «Lovens formeentlige Overtræder» hadde gjort seg skyldig i, skulle komme for folks auge for at dei skulle vakte seg for å pådra seg kongens unåde ved ein liknande udåd. Slike kunngjeringar var «en Slags borgerlig Excommunication», der ein sikta mot å gjere den tiltalte skribenten til eit utskot i samfunnet.

Men saasnart Nationen igjen er sat i Besiddelse af den naturlige Ret: at offentliggjøre sine Tanker: en Ret, som den vel aldri kan antages at have villet fraskrive sig, saa er det klart, at alle de Bestemmelser i Forordningen af 27de September 1799, som ikke lade sig forene eller kunne bestaae med Trykkefrihed, af sig selv maae ophøre og bortfalde.38

Det var sterke ord frå ein amtmann for å uttrykke at 1799-forordninga var ein reiskap eineveldet hadde brukt for å undertrykke folks rett til å ytre tankane sine fritt, imot folkets vilje – og at denne fridommen gjennom § 100 var gjenerobra. For Falsen var kunngjeringa frå Aggershuus Stift opplagt grunnlovsstridig, ettersom § 18 måtte vere å sjå på som oppheva.

Han unnskylda likevel stiftamtmannen. Meininga med kunngjeringa hadde neppe vore å gjere folk redde for å skrive om offentlege innretningar; den hadde vorte sendt ut av gammal byråkratisk vane, utan tanke på at § 100 nødvendigvis førte med seg at 1799-forordninga måtte tolkast og brukast annleis enn før.39 Iallfall låg formularet klart til bruk med nøyaktig same ordlyd som det alltid hadde hatt heilt sidan ei slik kunngjering første gong stod på trykk i ei norsk avis 16 år tidlegare, i 1799.40 Ein byråkratisk tabbe, altså, i så fall den tredje av same sort etter at Grunnlova var vedtatt – og langt frå den siste, skulle det vise seg.

Kva så med resten av paragrafane i 1799-forordninga? Måtte heile forordninga vike for § 100 i Grunnlova? Nei, Falsen gav i staden ei grei løysing på Steenbuchs krav om at ein skribent ikkje skulle «kunne straffes uden efter en bestemt og tydelig Lov» (sjå side 61): Inntil ei ny lovbok, eller i det minste ei ny trykkefridomslov, utkom, måtte forordninga framleis bli i kraft for så vidt den ikkje strei mot § 100 i Grunnlova,

det vil sige, forsaavidt den bestemmer Straffen for de Overtrædelser, som den bemeldte §. i Grundloven opregner [Falsens utheving]. Forsaavidt den derimod er stridende mod den oftmeldte §., det er, forsaavidt den ikke sigter til mindre, end at undertrykke og ophæve al Skrive- og Trykkefrihed, maae den, fra det Øieblik Grundloven var publiceret, ansees ophævet.41

Dei grensene for trykkefridommen som 1799-forordninga drog opp, kunne ikkje gjelde lenger. For eksempel vart § 13 om allegori og ironi sett ut av kraft ved grunnlovsvedtaket i 1814 fordi den i kombinasjon med forordningas definisjon av ordet å laste «aldeles ophæver og tilintetgjør al Trykkefrihed».42 Nye gjeldande grenser var dei i § 100.

Spørsmålet er så kva for ein av dei tre domsmodellane våre Falsen bevega seg innanfor. Domsmodell A, at forboda i 1799-forordninga hadde sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag for straff, kunne det ikkje vere. Det er òg vanskeleg å sjå at det kunne vere modell B, der forboda i forordninga gjaldt som rettsgrunnlag, avgrensa av § 100 som overordna norm. Forordninga skulle ifølgje Falsen gjelde berre «forsaavidt den bestemmer Straffen», berre straffetruslane i lovboda skulle gjelde, ikkje forboda (norma, gjerningsbeskrivinga). Formuleringane hans hører da heime i vår modell C, der «de Overtrædelser, som den bemeldte §. i Grundloven opregner», var det rettslege grunnlaget for straff, og der straffa kunne hentast etter analogi av den paragrafen i 1799-forordninga som låg nærast det lovbrotet som var gjort.

Om det kunne herske tvil om dette, så vart den fjerna da høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm tok ordet i neste nummer av Det Norske Nationalblad. Om innlegget til Falsen erklærte han at unekteleg «skylder Nationen derfor Hr. Amtmand Falsen Tak»,43 og han supplerte og utdjupa Falsen, utan at amtmannen korrigerte han seinare i meiningsutvekslinga.

Inga handling, skreiv Hielm, som var utført ved hjelp av pressa, kunne straffast anna enn dei som var uttrykkeleg oppgitt i § 100. Derfor var dei lovboda i forordninga som angav kva for nokre handlingar som skulle reknast som straffbare, dels oppheva, dels gjentatt og nærare bestemt i Grunnlova, «saa at altsaa denne allene er Regelen, naar Spørgsmaalet er, om en Handling bør straffes eller ikke [mi utheving]». Paragraf 100 var ifølgje Hielm åleine rettsgrunnlaget. Men Grunnlova bestemte ingen straffer. For så vidt den erklærte visse handlingar som straffverdige, måtte altså etter § 94 i Grunnlova «de foregaaende Loves Straffe paa dem anvendes. Forord. af 27de Septbr. 1799 er det der anordner disse».44

Dette gjorde han om muleg enda klarare da han erklærte seg ueinig med Falsen i at landet trong ei ny alminneleg særlov som regulerte trykkefridommen. Hielms motstand mot dette var eit uttrykk for frykta hos trykkefridomstilhengarane i dei første par åra etter 1814 for at lovkomiteen var i ferd med legge fram ei trykkefridomslov som innskrenka dei rettane § 100 hadde gitt innbyggarane. Eit rykte om det gjekk, kanskje fordi den erkekonservative filosofiprofessoren Niels Treschow var medlem av komiteen og hadde fått i oppdrag å forfatte denne lova. Men alt i november 1814 hadde han vorte henta til regjeringa av Karl Johan, og høgsterettsdommar Jens Peter Debes overtok oppdraget.

Enkelte paragrafar i det lovutkastet Debes hadde lagt fram for lovkomiteen i juni 1815, var så visst eigna til å halde uroa ved like. Men utkastet vart vraka av komiteen, og etter at den mest liberale av komitémedlemmene, generalauditør Christopher Anker Bergh, i juni 1816 tok over arbeidet, forsvann frykta hos trykkefridomstilhengarane frå den offentlege diskusjonen. (Lovkomiteens arbeid med ei ny trykkefridomslov blir utførleg drøfta i kapittel 18 i del 3, «Kong Karl 14. Johans vilje».)

Noka ny lov trongst ikkje, meinte Hielm, fordi forboda i § 100, straffene i 1799-forordninga og den vanlege prosessmåten i rettssaker var trykkefridomslovgiving god nok: «Vore Presselove mangle altsaa intet i Fuldstændighed.»45 Dette er vår domsmodell C i rein form.

Dei to høgt kvalifiserte juristane Falsen og Hielm, den eine «Grunnlovas far», den andre fram til sommaren 1816 einaste juridiske lærar ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania, var einige om dette: Forboda i §§ 1 til 14 i forordninga, den materielle delen som inntil 1814 hadde bestemt grensene for trykkefridommen, var oppheva eller innskrenka ved at alt der som ikkje lenger var forbode etter § 100 i Grunnlova, var sett ut av kraft, mens straffene i dei same forordningsparagrafane måtte gjelde ved brot på grensene i § 100. Grunnlovsparagrafen var einaste rettsgrunnlag i skyldspørsmålet.

Men Hielm gjekk lenger enn Falsen i kor mykje av 1799-forordninga som var oppheva. Hans oppfatning var at også §§ 15 til 28, den formelle delen, var gjort overflødig av den fulle betydninga av første setning i § 100, «Trykkefrihed bør finde sted», og dermed var heilt oppheva av Grunnlova. Desse paragrafane hadde utsett det trykte ordet for ein strengare justis enn andre ytringsformer, og slik skulle det ikkje lenger vere:

Den Art af Frihed, som vi kalde Trykkefrihed, skal staae under samme Regler, som Frihedens øvrige Arter. Friheden selv skal ikke tilintetgjøres, men Borgeren, saavidt muligt, bestemmes til, i dens Brug, at holde sig indenfor de Grændser, som Ethik, Retslære, Velanstændighed og Statsvel i Almindelighed fordre. Dette er hvad der indeholdes i den citerede første Periode af Grundlovens §. 100. Dermed er altså Forordningen fra §. 15 til Slutningen ophævet.46

Etter Falsens formulering kunne også §§ 15 til 28 innehalde lovbod som framleis gjaldt, sjølv om ein heil del av dei etter hans oppfatning var å sjå på som oppheva; som eksempel nemnte han §§ 16, 18 til 20 og 26 til 28.47

Både Falsen og Hielm hadde formuleringar som ikkje stengte for at prosessuelle reglar i §§ 1 til 14 kunne gjelde, slik også bytingsretten og overretten hadde gått ut frå i Chrystie-saka. Hielm avgrensa seg til å hevde om desse paragrafane at «Forordningens Bud, forsaavidt som de bestemme, hvilke Handlinger der skulle ansees for strafbare», var oppheva, og Falsen skreiv at forordninga var oppheva «forsaavidt den ikke sigter til mindre, end at undertrykke og ophæve al Skrive- og Trykkefrihed». Ingen av desse formuleringane omfatta prosessuelle reglar.

Ein bladutgivar for retten «i Forfatterens Sted»

Mange som las kunngjeringa i avisene om kjøpmann Grønnerup og bokhandlar Hielm, trudde nok, slik Christian Magnus Falsen gjorde, at dei to var tiltalte i ei og same sak. Men 28. september 1815 hadde det stått ein ny artikkel i Det Norske Nationalblad som fekk regjeringa til å reagere, «Revision af Sorenskriver Weidemanns Forslag til Anordning og Reglement for Høiesteret», som gjekk over fire nummer av Nationalbladet med til saman 37 sider. Det var artikkel nummer to den utøvande konstitusjonelle makta slo ned på.

Artikkelen var eit innlegg i diskusjonen om organisering av og reglement for den nye grunnlovbestemte høgsteretten, som var kommen i funksjon ved ei provisorisk anordning frå kongen av 9. juni 1815. I denne provisoriske anordninga heitte det blant anna om høgsterettsadvokatane at dei skulle kunne beordrast til å ta saker også i under- og overretten. Da Høgsterett opna 30. juni, var det berre to høgsterettsadvokatar i landet: kanselliråd Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne og Jonas Anton Hielm. På det tidspunktet da artikkelen kom på trykk, hadde det netopp vorte utnemnt ein ny, Niels Arntzen Sem, i staden for Christopher Frimann Omsen, som var utnemnt til dommar i Høgsterett.

Problemet artikkelen tok opp i denne samanhengen, var at når ein advokat vart beordra til å føre ei sak for ein under- eller overrett, fekk han ikkje betaling av den som gav ordren, staten. Bakgrunnen for det var at både alminnelege prokuratorar og høgsterettsadvokatar frå 1810 av vart embetsmenn og stod under statens kontroll, men utan å bli lønte av staten, fordi dei dreiv og sjølve var ansvarlege for si eiga næring.48 Betalinga for ei pålagt sak stod og fall med dommen i saka. Med den provisoriske anordninga for Høgsterett vart høgsterettsadvokatane dermed pålagt økonomiske utlegg dei ikkje kunne rekne med å få dekt, og artikkelforfattaren i Nationalbladet omtalte stillinga til advokatane som «deres desuden høist uretfærdig bebyrdede Embede».49

Eit nytt brev gjekk ut frå statsråd Christian Adolph Diriks i 3. departement til Christianias politimeister Ole Sem. Problemet denne gongen var at å gi provisoriske anordningar var ein rett § 17 i Grunnlova gav kongen; derfor var det kongen artikkelforfattaren hadde skulda for å ha handla urettferdig, og det var å vise kongen ringeakt, eit alvorleg brot på §§ 5 og 100 i Grunnlova.

Den 13. oktober 1815 måtte bokhandlar Hans Abel Hielm atter stå skulerett for politimeister Sem. Men om regjeringa aldri så mykje ville rettsforfølgje artikkelforfattaren, nekta Hielm no å gi frå seg namnet til forfattaren. Grunngivinga kravde han denne gongen å få føre til protokolls eigenhendig. Politimeisteren gjekk med på det, og Hielm førte inn i forhørsprotokollen at ettersom artikkelen i Det Norske Nationalblad ikkje inneheldt anna enn ein alminneleg og anstendig merknad over ein mangel i lovgivinga, som alle etter trykkefridomslova hadde lov til å ytre, så hadde forfattaren pålagt han som ei ufråvikeleg plikt å ikkje oppgi noko namn før det ved endeleg dom var avgjort om artikkelen inneheldt noko som kunne reknast som fornærmeleg for klagaren.50

Politimeisteren spurde om Hielm så sjølv ville stå ansvarleg og vere den som påtalemakta hadde å halde seg til om det kom til eit søksmål, eller om han etter politimeisterens strenge formaning likevel var villig til å oppgi kven forfattaren var. Hielm stod på avgjerda si. Berre ved ein dom kunne forfattaren eller han sjølv bli gjort ansvarleg for noko.

Brørne Hielm hadde med andre ord bestemt seg for å handtere anonymitetsretten på ein meir prinsipiell måte i dette tilfellet enn i Grønnerup-saka. Spørsmålet Henrik Steenbuch reiste i grunnlovskommentaren som no var kommen i handelen, korleis ein fornærma part skulle kunne sikre seg «Forfatterens Person» når forfattaren skreiv anonymt, skulle reisast i rettsapparatet.

Det same spørsmålet hadde alt vore reist i ei privat ærekrenkingssak i Kristiansand mot Kristiansands Addresse Kontoirs Efterretninger i januar 1815.51 Utgivaren av avisa, Hans Thorsen Bachrud, hadde i juli 1814 kunngjort at ein anonym innsendar måtte oppgi namnet sitt til han, og at namnet «da skal forties, saalænge intet Indhold bliver sagsøgt»,52 den same praksisen som Hielm-brørne hadde følgt i Grønnerup-saka. Men utan atterhald var det ikkje. Den som hadde «beraadet sig på Constitution § 100, angaaende Trykkefriheden», hadde ikkje støtte der for å få på trykk kva han ville utan å vere kjent eller ansvarleg, men «maae skaffe sig en Cautionist her paa Stedet før han faaer indført det anonyme».

I september 1814 døydde Bachrud, og da overkrigskommissær og kjøpmann Wincents Lassen Sebbelow i januar 1815 saksøkte avisa for ærekrenking, la enka Lucine Bachrud seg på ei anna linje, den same som Hielm-brørne no ville følgje i den nye saka. I eit rettsinnlegg 31. januar erklærte ho at ho ikkje ville oppgi namnet til den anonyme forfattaren «uden Nødvendigheden byder mig samme»,53 dvs. berre dersom retten avgjorde at innlegget var lovstridig og straffverdig. Endeleg dom var enno ikkje fallen da saka mot Hielm vart reist, og sakene kom til å gå parallelt eit godt stykke inn i det nye året 1816.

Den 31. oktober 1815 vart det vedtatt ein høgaste resolusjon om at «Boghandler Hielm bør i Forfatterens Sted underkastes Tiltale for de paaankede udtrykk»;54 2. november sendte 2. departement, som Justisdepartementet no heitte, aksjonsordre til Aggershuus Stift, same dag skreiv stiftamtmann Hans Falbe til bokhandlar Hielm og bad han bestemme seg for om han ville føre saka si sjølv, eller om han ønskte å få oppnemnt ein forsvarar av det offentlege; Hielm gav seg «den Ære ærbødigst at udbede at min Broder, Høiesterettsadvocat Hielm, som dertil er villig, maatte beskikkes mig som Defensor».55 Det vart innvilga.

Tre ulike høgsterettsordningar

Høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm kunne ha to gode grunnar til å seie seg villig å bli beordra til å føre ei sak for ein underrett, slik han vart no. For det første gav det han sjansen til å gi ikkje berre bror Hans Abel, men også den uheldige forfattaren av ein artikkel i hans eige anonymt utgitte blad det beste forsvaret dei kunne få. For det andre hadde regjeringa beordra kanselliråd og høgsterettsadvokat Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne til å føre aktoratet i saka på vegner av Justitien. Hielm ville nok ikkje la eit høve til ein ordentleg dyst med den slagferdige kollegaen Morgenstierne gå frå seg, eller rettare sagt: risikere at Morgenstierne feia av banen ein eller annan prokurator, dvs. ein alminneleg sakførar, til skade for renommeet til Det Norske Nationalblad.

Med det var landets to fremste høgsterettsadvokatar beordra til å føre ei sak for Christiania Bytingsret der regjeringa ville ha dom for at det var eit brotsverk å påstå at den slags beordringar var ei urettferdig belasting for dei. Alt i utgangspunktet hadde saka fått eit skjær av komikk som stod i stil med skjebnen til stridens eple, den provisoriske anordninga for Høgsterett av 9. juni 1815.

Som andre provisoriske anordningar skulle den om Høgsterett gjelde berre fram til neste storting fekk sjansen til å erstatte den med ei retteleg lov. I juni 1816 vedtok Stortinget den nye lova som skulle avløyse anordninga, men fordi resultatet vart skriftleg prosedyre i Høgsterett og ikkje munnleg prosedyre, slik proposisjonen ønskte, sørgde kronprins Karl Johan for at lova ikkje fekk kongeleg sanksjon.56 Ein kongeleg resolusjon av 9. juli 1816 slo fast at dermed kunne heller ikkje den provisoriske anordninga lenger gjelde,57 og fram til det neste stortinget vedtok lov om Høgsterett av 12. september 1818 – med munnleg prosedyre – fungerte Høgsterett etter den gamle instruksen for den dansk-norske høgsteretten av 7. desember 1771.

Det førte blant anna til at ankegrensa til Høgsterett, summa appellabilis, vart verande uforandra på to hundre lodd sølv etter Norske lov 1-6-16, dvs. 200 riksbankdalar sølvverdi, etter myntskiftet i 1816 100 spesidalar, i staden for det halve, 50 spesidalar, som Stortinget hadde gått inn for i lovvedtaket i juni 1816.58 100 spesidalar vart også grensa i 1818-lova. Det hindra mang ei ærekrenkingssak i å bli anka til Høgsterett; bøtene låg ofte godt under 100 spesidalar. Dermed vart rettspraksisen på dette feltet i stor grad meisla ut i lågare rettsinstansar.

Hielm fekk snart ein tredje god grunn til å sette inn kreftene i Christiania Bytingsret 9. november: Ei veke før fall den aller første dommen om realiteten i ei offentleg trykkefridomssak etter 1814. Det skjedde i straffesaka mot Ole Wernsen Klungseth; Justitiens påstand der var parallell med påstanden i denne nye saka, og dommen hadde gått trykkefridomsforkjemparane imot.