I Christiania Intelligentssedler for 28. februar 1815 pirka eit stykke «Skrivefrækhed» av verste sort atter uvørdent i militære saker:

Da man vistnok kan gjøre sig fuldkommen Haab om, at vor nye Regjering ei vil tillade nogen Uretfærdighed, saa maae det herved tillades at anmærke et sjeldent Tilfælde: at en i Søndenfjeldske Dragonregiment staaende Lieutnant er bleven foretrukket tvende af sine Formænd baade som Ritmester og Compagnie-Chef, og begge hans Formænd endnu maae staae tilbage som Lieutnanter. Dette ønskes af kyndige Mænd offentlig besvaret, om saadant stemmer overeens med Retfærdighed og med vor nye antagne Constitution; eller maaskee det kan ansees for rigtigt, da det er Regiment-Chefens kjære Stedsøn. Det var ei godt skulde Regimenterne være fyldte med mange saadanne kjære Stedbørn. Hvilken himmelraabende Uretfærdighed, om denne Tilsidesættelse havde rammet en fattig Mand med stor Familie, som havde bygget sit hele Haab paa sin Fremtids Lykke i den militairiske Løbebane!1

Her vart regimentssjefen i Søndenfjeldske Dragonregiment, generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer, skulda for å ha gitt avansement til stesonen Johan Fredrik Næser i strid med ansiennitetsreglane. Å hevde at ein høgare militær offiser hadde praktisert nepotisme, slektskap framfor kompetanse, i embetet sitt, det var slett ingen bagatell, men ei opplagt ærekrenkande skulding: Dersom den var sann, var generalmajor Meyer faktisk ein mann utan ære, og var den usann, var den anonyme artikkelforfattaren ein ærekrenkar som fortente straff etter lovene. Det måtte bli rettssak.

Justismyndigheitene slo til raskt. Alt 1. mars 1815, dagen etter at innlegget stod på trykk, fekk konstituert politimeister i Christiania Niels Arntzen Sem i ordre frå 3. departement, der politisakene hørte heime, å finne ut kven den anonyme skribenten var. Med to politimenn som vitne oppsøkte han klokka 5 om ettermiddagen same dag boktrykkar Jacob Lehmann, som fortalde at ein kopist Mørck hadde innlevert avertissementet og oppgitt at «Ole Werntzen paa Gaarden Klungset i Næs Præstegjeld paa Hedemarken» var forfattaren.2 Politimeisteren og dei to vitna drog vidare til kopist Mørck, som bekrefta opplysningane. Politimeister Sem tok beslag i manuskriptet og følgjebrevet frå Klungseth datert 22. februar 1815 og sendte alt i hop over til departementet.

På denne måten var det at den 32 år gamle bonden Ole Wernsen Klungseth frå Nes på Hedemarken for første gong kom i Justitiens søkelys. Det skulle ikkje bli den siste: Han skal ha vore ein av dei næraste hjelpesmennene til Halvor Hoel, storbonden frå Nes som vart dømt som hovudmannen og agitatoren bak bondeopptøyane i 1818 ved det endelege rettsoppgjeret i 1826,3 der også Klungseth vart idømt ei streng straff. I 1814 hadde han elles vore ein av fire underskrivarar av eit grunnlovsforslag til riksforsamlinga på Eidsvoll frå Hedemarkens fogderi som blant anna gjekk inn for å avvikle «Souverainiteten», eineveldet, og innføre trykkefridom,4 også dette visstnok initiert av Halvor Hoel.5 Ole Wernsen Klungseth var kort sagt med i det som den gongen vart kalla «den Hoelske Klik».6

Ringeakt mot konge og regjering

Ved ein høgaste resolusjon av 7. mars bestemte regjeringa at ein justisaksjon skulle settast i verk. Dagen etter sendte 2. departement, Justisdepartementet, ut ordre til Hedemarkens Amt om å «foranstalte den fornødne Aktion»,7 og 17. mars gav Hedemarkens Amt ordren vidare til konstituert fut i Hedemarkens Fogderie Niels Peter Trosdahl, som i eigenskap av aktor i saka tok ut rettsleg stemning 28. mars.

Det er grunn til å merke seg at begge desse to første trykkefridomssakene etter 1814 vart reiste etter avisinnlegg som kritiserte militære forhold. Dette var eit følsamt område som det tidlegare hadde vore strengt forbode å skrive offentleg om. To av dei svært få straffesakene som hadde vorte reiste i Norge i perioden 1799–1814, dreidde seg om nettopp militære spørsmål, ei sak mot Halvor Hoel i 1810 og ei mot sokneprest i Sem Morten Smith Petersen von Fyren i 1812, enda ytringane deira var nokså forsiktige og velmeinte.8 I denne ufredstida hadde Hoel i eit anonymt innlegg i Christiania Intelligentssedler spurt om det ikkje var lurare å utkommandere ein soldat til å reparere slitne uniformer før eller etter våronna heller enn midt under onna, slik det hadde skjedd i eitt tilfelle; von Fyren hadde i eit anonymt innlegg i same avis oppforda teatertruppar om å spele til inntekt for forsyningar til «vore til Grændsernes Værn udmarcherede Krigere» slik at dei ikkje skulle forkomme av «Mangel paa tilstrækkelig Føde og fornødne Forfriskninger».9 Begge vart frifunne, men vart ved dom pålagt «herefter at bruge bedre Overlæg» i kva dei skreiv.10 Salvane frå Chrystie og Klungseth, med harde skuldingar mot utpeika høgare offiserar, var av eit mykje grovare kaliber som tidlegare ikkje hadde vorte avfyrt gjennom avisspaltene.

Ved første blikk skulle vi tru at regimentssjefen måtte vere den einaste krenkte parten i denne saka. Men slik såg ikkje regjeringa på det. Etter Grunnlova var det kongen, altså regjeringa, som tilsette folk i så vel høge som låge kongelege embete. I militæretaten kom regimentssjefen berre med forslag, etter strengt lovbestemte reglar, til ledige offiserspostar i regimentet. Når Klungseth kalla det ei urettferd at stesonen til regimentssjefen fekk posten som rittmeister framfor to betre kandidatar, måtte denne urettferda kvile på regjeringa, «den høieste Autoritet», dvs. kongen, og ikkje på regimentssjefen.11 Regjeringa såg derfor mykje meir alvorleg på Klungseths sak enn på Chrystie si.

Dette var ein tankegang om indirekte skyld typisk for eineveldets tid, den same som hadde gjort Peter Andreas Heibergs satiriske tekst om brannassuranselova for København by til eit brotsverk. Også jusprofessor Schlegel hadde gitt heilhjerta støtte til denne tankegangen: Den som skulda ein kongeleg embetsmann for å vere udugeleg, skreiv Schlegel, retta «en usømmelig Bebreidelse mod Regieringen, at den har beskikket ham til et Embede, han ikke er voxen».12

Strengare reglar gjaldt for fornærmingar eller ringeakt mot konge og regjering enn mot folk eller institusjonar lenger nede i hierarkiet, som i Chrysties tilfelle. I kommentaren sin til § 100 i Grunnlova skreiv Henrik Steenbuch opplysande om dette. Etter først å ha forklart at ei forsettleg og openbar ærekrenking ikkje var straffbar dersom den var sann, presiserte han at dette ikkje gjaldt dei konstitusjonelle maktene, fordi ei slik skulding ikkje kunne settast fram mot dei «uden derved at vise dem Ringeagt».13

Dei konstitusjonelle maktene, det var etter samtidas oppfatning dei tre statsmaktene konstitusjonen nemnte opp: Stortinget, kongen og Høgsterett.14 Men Grunnlova forbaud ikkje å vise ringakt mot regjeringsmedlemmer som enkeltpersonar. Det presiserte Frederik Stang i si bok frå 1833; mot dei – med unntak av kongen – kunne ringeakt absolutt leggast for dagen, dersom den «tilstrækkeligen grundes paa beviislige Facta».15

Det er ei reint konstitusjonell ringeakt det er snakk om: mot Stortinget som institusjon, mot kongen og regjeringa som institusjon, mot Høgsterett som institusjon. Beviseleg sanne klagemål som medførte ringeakt, kunne berre rettast mot enkeltindivida innanfor institusjonane: stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmer, høgsterettsdommarar, elles ville dei undergrave legitimiteten til sjølve konstitusjonen. Både Schlegel og Birckner stod for ei slik linje; Birckner – som Grunnlova – med den føresetnaden at ringeakta måtte vere forsettleg og openbar.

Det einaste enkeltindividet ingen kunne rette eit slikt klagemål mot, var kongen. Særstillinga hans var slått fast i § 5 i Grunnlova: «Kongens Person er hellig; Han kan ikke lastes, eller anklages. Ansvarligheden paaligger Hans Raad.» Paragrafen snakka ikkje om kongens heilage stilling i universet, slik lova frå 1687 omtalte den eineveldige kongen av Guds nåde, men om at kongen aldri skulle lastast som moralsk person og framfor alt for rolla si i statsstyringa.16 Som Frederik Stang uttrykte det, var kongens person juridisk heilag på to måtar: først fordi han måtte aktast ubetinga og utan omsyn til «hans moralske Værd», dernest fordi han var fri for alt juridisk ansvar for handlingar han hadde utført gjennom statsrådet sitt.17 Eit slikt ansvar skulle berast av statsrådet åleine, som om statsrådet hadde funne på handlingane sjølv, enda når kongen hadde drive dei igjennom imot statsrådets vilje.

På berre ein måte kunne nokon tillate seg å konfrontere kongen med at han som person handla feil i statssaker: ved at hans eigne statsrådar gjorde han oppmerksam på at ei handling han var i ferd med i drive igjennom, var grunnlovsstridig. Det var heimla i § 30 i Grunnlova:

Finder noget Medlem af Statsraadet, at Kongens Beslutning er stridende mod Statsformen eller Rigets Love, eller øiensynligen er skadelig for Riget, er det Pligt, at gjøre kraftige Forestillinger derimod, samt at tilføie sin Mening i Protocollen. Den der ikke saaledes har protesteret, ansees at have været enig med Kongen, og er ansvarlig derfore, saaledes som siden bestemmes, og kan af Odelsthinget sættes under Tiltale for Rigsretten.

Dette var ein paragraf Stortinget overvakte nøye. Som det skulle vise seg i 1821, risikerte statsrådane også i saker som gjaldt trykkefridommen, straff for ikkje å ha oppfylt kravet om «at gjøre kraftige Forestillinger derimod» (tilfellet blir behandla i del 3).

Som ei logisk følgje av dette måtte det, så lenge ein kunne bevise at påstanden var sann, vere lov for kven som helst, i former som ikkje gav uttrykk for ringeakt, å hevde om ei regjeringshandling at den var i strid med Grunnlova, også når kongen eigenhendig hadde drive den igjennom imot statsrådets protokollførte vilje og handlinga dermed var kongens suverene vilje. I det konstitusjonelle monarkiet trumfa Grunnlova alt, også kongen.

Om dette skreiv Steenbuch at det ikkje kunne herske tvil om at ein kvar embetsmann, om han var militær, sivil eller geistleg, og ein kvar borgar med stemmerett, som dermed hadde avlagt lydnads- og truskapseiden til konstitusjonen, på grunn av denne eiden måtte ha rett og plikt til ikkje å lyde dersom nokon, same kven, befalte han å gjere noko som openbart strei mot Grunnlova.18

Retten til ulydnad kom av truskapseiden § 51 i Grunnlova kravde av ein norsk borgar: «Enhver skal, forinden han indføres i Mandtallet, offentligen til Thinge sværge Constitutionen Troskab.» Konstitusjonen altså, ikkje kongen. Og i eiden ein embetsmann måtte sverje, kom truskap mot konstitusjonen før truskap mot kongen. Dette var ei ny utgåve av den gamle tanken frå naturretten at «suverenen», i dette tilfellet kongen, ikkje trong lydast dersom han braut dei grunnleggande fornuftslovene og folkeretten.19 I Norge tente Grunnlova som ei slik absolutt grense for maktutøvinga til kongen og for plikta til å lyde han.

Dette er ein tankegang som var eineveldet – og forordninga av 27. september 1799 – framand, ja, til og med trykkefridomsforkjemparen Birckner motsette seg, som den kantianaren han var, tanken om at ein slik ulydnad kunne vere rettmessig,20 enda han òg kravde at «Regieringen, af Agt for Menneskerettighederne, skal holde sin Magt inden for Retfærdighedens Grændser».21 Berre i eitt tilfelle kunne borgarane etter Birckners meining nekte å lyde styresmaktene: når ein ikkje berre lei urett, men vart befalt å gjere urett.22 Steenbuch gjekk lenger; det han skreiv, betydde at rettstilstanden i Norge etter 1814 var at om ein borgar så «forsætligen og aabenbare har enten selv viist, eller tilskyndet Andre til […] Modstand mod disses Befalinger», var han i sin fulle rett dersom den befalinga han var ulydig mot, openbart strei mot Grunnlova.

Men når Ole Wernsen Klungseth i avisinnlegget hevda at regimentssjef i Søndenfjeldske Dragonregiment generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer hadde særbehandla sin eigen steson og foreslått han for regjeringa til ei overordna stilling i regimentet som ein annan mann burde ha hatt, var Justitiens påstand at ettersom det var ei regjeringshandling å utnemne offiserar i den norske hæren, var det konge og regjering han retta skuldinga mot, og det på ein fornærmeleg og ringeaktande måte. Han hadde «beskyldt Regjeringen for at have handlet uretferdig».23

Skulle generalmajoren sjølv ønske å reinvaske seg for ærekrenkinga frå Klungseth, måtte han gå til privat søksmål, slik Chrystie hadde påstått at Commissariats-Commissionen måtte gjere – og slik generalmajor Meyer utan å nøle gjorde. Klungseth måtte så stå til rette for avisinnlegget sitt i to uavhengige rettssaker, éi offentleg straffesak og éi privat ærekrenkingssak – ei vågal ferd for både partane og rettsvesenet, skulle det vise seg.

«… da straffes han med Landsforviisning»

Det første rettsmøtet i straffesaka vart halde 2. mai 1815 på mai månads ting på tingstaden Stolpestad i Ringsaker prestegjeld i Nordre Hedemarken sorenskriveri med sorenskrivar Erik Gløersen som dommar. Der la Justitien, ved aktor Trosdahl, ned påstand om at Klungseth ved å ha vist ringeakt mot regjeringa «have gjort sig skyldig til den Straf som Forordningen af 27de September 1799 bestemmer», landsforvising etter § 2 i forordninga.24

Også i denne saka gjekk Justitien – og regjeringa – ut frå at 1799-forordninga gjaldt som straffekjelde for brot på grensene for trykkefridommen i § 100 i Grunnlova. Ikkje nok med det; Justitien påstod òg at ei så streng straff frå eineveldets tid som landsforvising stod i samsvar med alvorsgraden i dette lovbrotet også under det konstitusjonelle monarkiet. Ei krenking av kongens statsråd måtte straffast hardt, og Justitien la opp til å føre rettspraksisen frå eineveldet vidare. Saka var i høgaste grad prinsipiell.

Men den ville stå og falle med om Ole Wernsen Klungseth kunne seiast å ha sikta til regjeringa med påstanden sin om «himmelraabende Uretfærdighed», og det nekta han iherdig for. Han hadde utelukkande meint generalmajor Meyer. Derfor hadde ikkje Justitien nokon rett til å reise justissak mot han, hevda han, og som Chrystie forlangte han saka avvist. Det gjekk ikkje betre med Klungseth enn med Chrystie. Da sorenskrivar Gløersen avsa dom for at saka så visst kunne reisast, gjorde Klungseth den same feilen som Chrystie: Han reserverte seg ikkje rett til å anke avgjerda før han innlét seg i den vidare behandlinga av saka. Dermed hadde også han etter prosessjusen de facto akseptert Justitien som motpart.

Det Klungseth innlét seg i diskusjon om, var at Hedemarkens Amt i eit skriv av 14. april hadde erklært at amtet ikkje fann grunn til å oppnemne nokon forsvarar for han, også dette som i Chrystie-saka. Klungseth protesterte, han trong nokon til å vareta si tarv no som aktor hadde nedlagt den harde påstanden mot han at han skulle visast frå landet. Aktor Trosdahl forsvarte amtet med at Klungseth som bonde og som ein som ikkje sat arrestert, sjølv burde vere i stand til å hyre ein sakførar. Men Klungseth insisterte på å søke Amtet om å få oppnemnt ein forsvarar og forlangte saka utsett til neste ting, noko aktor ikkje ville nekte han.25 Og Klungseth gjorde rett i å stå på sitt; Hedemarkens Amt snudde og oppnemnte 23. juni 1815 prokurator Jacob Timmermann som forsvarar for Klungseth.

Hovudpilaren i forsvaret for Klungseth var innlysande nok at han ikkje hadde hatt kongen eller regjeringa i tankane da han skulda regimentssjefen ved Søndenfjeldske Dragonregiment for å ha begått ei himmelropande urettferdig handling. Tvert imot hadde han i første setning i avisinnlegget sett si lit til at regjeringa ikkje ville la ei slik urettferd passere. Han hadde verken forsettleg eller openbart fornærma regjeringa, men brukt retten sin til frimodige ytringar til å gjere publikum oppmerksam på eit kritikkverdig forhold han hadde fått kjennskap til. Sjølv var Klungseth dessutan sikker på at skuldinga hans var sann.

Spørsmålet er om dette siste momentet, kva som var sant eller ikkje, i det heile tatt burde påverke skyldspørsmålet i dette tilfellet, eller om saka alt burde vere avgjort dersom retten meinte at Klungseth hadde sikta til regjeringa. Ifølgje Henrik Steeenbuchs grunnlovskommentar, som ikkje var kommen ut enno, var eit avisinnlegg som viste ringeakt mot regjeringa, dvs. skulda den for vond vilje, eit brot på grensene i § 100 om skribenten aldri så mykje kunne bevise det han hadde skrive. Det var nok at han hadde sikta til regjeringa, anna bevisføring trongst ikkje.

Men aktoratet tenkte ikkje som Steenbuch. Ifølgje tiltalen som aktor Trosdahl hadde formulert, var den handlinga Klungseth hadde vist regjeringa ringeakt med, at han i høg grad hadde fornærma regimentssjefen.26 Denne første saka der Steenbuchs prinsipp kunne ha vorte prøvd ut i praksis, vart altså reist slik at det likevel måtte førast bevis for at den påtalte påstanden var usann, og begge partar brukte stor energi på å underbygge sitt syn på kva som hadde skjedd da generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer innstilte stesonen til rittmeister og kompanisjef framfor to eldre premierløytnantar med lengre ansiennitet.

Under rettsbehandlinga kom det for ein dag at det særleg var forbigåinga av den eine av premierløytnantane som hadde drive Ole Wernsen Klungseth til å gå ut mot regimentssjefen i avisa. Denne premierløytnanten i Søndenfjeldske Dragonkompani var proprietær på Hovinsholm gard Jacob Hoel, eller von Hoel, som rettsdokumenta konsekvent kalla han. Også dei andre involverte vart kalla med «von»: premierløytnant von Bielefeldt, rittmeister von Næser, generalmajor von Meyer. Ikkje fordi nokon av dei hadde adeleg blod, men som ei markering av høgare offisers rang, som om offiserane utgjorde ein slags uoffisiell sverdadel i landet.

Proprietær Jacob Hoel på Hovinsholm gard var bror til Halvor Hoel, og bonde Ole Wernsen Klungseth hadde band til dei begge. Jacob Hoel er for ettertida mest kjent for rolla si som stortingsmann i 1818 og særleg i 1821, da han var den eine leiaren for «det Flor-Hoelske parti», ein opposisjon på Stortinget på rundt 20 bønder og borgarar og ein forløpar for den seinare så sterke bondeopposisjonen.

Men Hoel var òg ein erfaren offiser. Han hadde vorte opptatt i det militære som korporal mens han studerte til veterinær i København i 1793–1798; etterpå tenestegjorde han som fekte- og ridelærar ved Det norske militaire Institut i Christiania, før han vart kornett, dvs. fenrik, i Oplandske nationale Dragonregiment i 1799, men utanfor aktiv teneste, à la suite, som det heitte, mens han bygde opp att den tidlegare slektseigedommen Hovinsholm, som han kjøpte i 1800. I 1803 kom han i aktiv teneste att som sekondløytnant i Søndre Totenske Kompagni, der han i 1811 avanserte til premierløytnant. Frå 1813 bestyrte han eit militærdepot som vart anlagt på garden hans, Hovinsholm, på ny à la suite, eit depot som var aktivt under krigshandlingane mot svenskane i juli–august 1814. Jacob Hoel hadde lang ansiennitet og følte seg krenkt ved å bli forbigått ved eit avansement til rittmeister og kompanisjef av regimentssjefens steson Johan Fredrik Næser.

Påstand om tremarksstraff, dvs. ærestap

Den private ærekrenkingssaka kom òg raskt i gang. Generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer søkte 10. mars 1815 regjeringa om beneficium processus gratuiti, garanti for fri sakførsel, etter ein Hof- og Stadsretts-plakat av 4. januar 1800 som innskjerpa påbodet i § 10 i forordninga av 27. september 1799 om at ein embetsmann måtte frålegge seg grove skuldingar ved dom.27 Han fekk det innvilga 22. mars 1815 og stemna 4. mai Ole Wernsen Klungseth til «at paahøre Vidner og paasee Beviisligheder»,28 som formularet var, ved Nes sommarting 26. juni 1815, også det leidd av sorenskrivar Erik Gløersen.

Klungseth kjente seg foruretta av søksmålet og kravde også denne rettsprosessen avvist. Det var «ubilligt og ulovgrundet», hevda prokurator Jacob Timmermann, den oppnemnte sakføraren hans også i denne saka, at han skulle bli dratt for retten ikkje berre av Justitien, men òg av generalmajor Meyer og risikere å bli straffa to gonger for ein og same ting. Om ikkje anna burde denne saka inngå i justisprosessen mot Klungseth, ettersom realiteten i den nødvendigvis måtte behandlast også der. Gale var det òg at han ikkje hadde vore innkalla for forlikskommisjonen, slik prokurator Timmermann meinte at lova kravde. Ein forståeleg klage; forlikskommisjonen hadde vore ein liten revolusjon i rettsforholda til allmugen da den vart oppretta, i 1795 i kjøpstadene og i 1797 på bygdene. Tidlegare måtte eit tvistemål stemnast inn for retten for å bli avgjort, og det kunne bli så dyrt at folk veik tilbake for det. No skulle alle private tvistemål først leggast fram for forlikskommisjonen, frå 1798 utan noka som helst innblanding av kranglelystne og kostnadsdrivande prokuratorar.29

Dette vart imøtegått av Meyers oppnemnte sakførar Arne Arntzen – krigsråd, overrettsprokurator, auditør ved Oplandske Dragonregiment, representant frå Hedemarkens Amt ved det første overordentlege stortinget i 1814 og ved eit pussig samantreff ein tremenning av både Jacob Hoel og konstituert politimeister i Christiania Niels Arntzen Sem. Han var ved dette første rettsmøtet representert ved prøveprokurator Gabriel Fougner, som kunne opplyse at saker som gjaldt trykkefridomsbrot, etter lova var unntatt behandling i forlikskommisjonen.30 Det var Hof- og Stadsretts-plakaten av 4. januar 1800 han sikta til; den handla om ærekrenkande skuldingar mot embetsmenn, ikkje andre trykkefridomssaker, og slo fast at det etter Norske lov 1-5-2 og 3-4-4 var ei plikt for «enhver Embedsmand at fralægge sig ærerørige Beskyldninger ved Dom», og at slike skuldingar derfor ikkje skulle vere gjenstand for mekling i forlikskommisjonen.31

Grunngivinga for dette viser kor opptatt den dansk-norske staten var av vandelen til embetsmennene sine. Slik måtte det vere

efterdi det er vigtigt for Staten, at disses Rygter ere ubesmittede; og det altid er et mueligt Tilfælde, at den skyldige Embedsmand kunde ved Forligelses-Kommissionen faae en Æres-Erklæring fra Injurianten, efterat han underhaanden havde kiøbt sig frie fra at see Beskyldningen beviist.32

Når kongen gav ein embetsmann beneficium processus gratuiti, ville det ikkje berre seie at embetsmannen kunne dra injurianten for retten, han var pliktig til å gjere det. Fougner meinte at Meyers beneficium betydde at det var rettmessig å reise saka. Som aktor Tranekjær i Chrystie-saka meinte han da at ein underrett ikkje hadde noko med å overprøve eit vedtak i ei høgare statsmakt. Sorenskrivar Gløersens dom var at fordi saka etter gjeldande lovgiving ikkje hørte inn under forlikskommisjonen, kunne den ikkje avvisast.33 Prokurator Timmermann hadde forstand til å reservere Klungseth rett til å anke denne avgjerda, slik at Klungseth kunne ta den med i ei seinare ankesak, noko som òg skjedde. Det utgjorde ein forskjell å ha med ein kunnig sakførar ved første rettsmøte.

Generalmajor Meyers påstand mot Ole Wernsen Klungseth var hard. Han ville ikkje nøye seg med å få dei fornærmande skuldingane dømte døde og makteslause, Klungseth måtte bli straffa etter § 12 i forordninga av 27. september 1799 og Norske lov 6-21-7 med såkalla tremarksstraff og ærestap. Her var det ikkje snakk om å ty til den formildande 6-21-4. Meyer var fylt av berettiga harme, han var skulda for nepotisme, eit alvorleg misbruk av embetet.

Forsvaret kunne berre ha éin pilar: at avisinnlegget til Klungseth ikkje inneheldt verken meir eller mindre om generalmajor Meyer «end hvad han troer Sandhed er».34 Formuleringa dekte kravet § 100 stilte for at ei ærekrenking kunne vere straffri: enten at den var sann, eller at den ikkje var forsettleg og openbar. For retten gjentok Klungseth gladeleg og sjølvtrygg skuldinga mot Meyer, som han gav ærekrenkande kraft ved å «tillægge ham ond Villie», som Meyers sakførar Arne Arntzen peika på.35 Alt avhang derfor av at sorenskrivar Gløersen vart einig med Klungseth i at skuldinga var rett – eller uforsettleg.

Det fanst komplikasjonar som kunne rokke ved sanningsgehalten i skuldinga. Spørsmålet var om ikkje Johan Fredrik Næser hadde formelle kvalifikasjonar som Jacob Hoel mangla. I 1807 hadde det vorte oppretta ein underoffisersskule også for kavaleriet, ein såkalla ekserser- og rideskule, og tre år etter, i 1810, gjekk det ut ordre om at alle ståande kavalerioffiserar måtte avlegge eksamen ved denne skulen før dei kunne komme på tale til avansement. Da Jacob Hoel meldte seg i Christiania i 1811, fritok visestatthaldar prins Frederik av Hessen han for å avlegge underoffiserseksamen, mot at Hoel på vegner av Selskabet for Norges Vel tok på seg å arbeide med å utvikle nye metodar i landbruket, ei sak han brann for. Han fekk da innvilga ein søknad om å få tre ut av aktiv teneste og vere tilsett à la suite ved regimentet.

Da han i 1812, trass i at han var ute av teneste, på ny vart innkalla til skulen, minte han om det fritaket han hadde fått.36 Generalkommandoen – og prins Frederik av Hessen – bestemte no at fritaket berre kunne gjelde for eitt år til. Jacob Hoel var dermed pliktig til å melde seg ved skulen på nytt i 1813, men påstod at dette påbodet aldri vart gjort kjent for han, noko Justitien ikkje nekta for.37 Slik hadde det seg at da rittmeisterstillinga i eit kompani i dragonregimentet vart ledig, hadde Johan Fredrik Næser avlagt eksamen ved kavaleriets ekserser- og rideskule, men Jacob Hoel ikkje.

Da saka mot Klungseth kom opp, grunngav generalmajor Meyer forbigåinga av Hoel med at han mangla denne eksamenen, og hevda at Hoel derfor ikkje hadde vore ein aktuell kandidat. Dette kunne sjå ut til å bli bekrefta da Jacob Hoel 4. mars 1815 søkte regjeringa om formelt å bli reservert rittmeisters ansiennitet og 14. april fekk som svar frå 6. departement at før han kunne komme på tale til slikt avansement, måtte han avlegge den omtalte eksamenen. Haken ved dette er at Hoel sendte søknaden etter at avisinnlegget til Klungseth alt hadde skapt furore, og at svaret frå departementet var skrive etter at tiltalen var tatt ut – og mistanken sikkert spreidd om at den krenkte Jacob Hoel sjølv kunne ha hatt ein finger med i spelet. Han kunne ikkje ha stått høgt i kurs hos dei militære akkurat da.

Så fanst det enda ein komplikasjon, ein som peika i motsett retning. Heller ikkje den andre som Klungseth påstod var forbigått, premierløytnant Carl Bielefeldt, hadde eksamen frå ekserser- og rideskulen. Men etter at generalmajor Meyer i februar 1814 hadde innstilt stesonen til stillinga som rittmeister og kompanisjef, meldte han at også Bielefeldt stod for tur til avansement og burde reserverast formell ansiennitet som rittmeister. Ikkje nok med det; 21. februar 1815, ei veke før avisinnlegget til Klungseth stod på trykk, hadde Meyer i eit unnskyldande brev uttrykt at det var «en Forglemmelse, som gjør mig meget ondt» at ikkje også Hoel var innstilt til å bli reservert den same formelle ansienniteten.38 Og på toppen av det heile: Generalmajoren hadde tre gonger tidlegare foreslått offiserar utan eksamen til avansement, den første i 1811, dei to andre etter innstillinga av Næser, i oktober og november 1814 – og regjeringa hadde utan vidare utnemnt dei.39 Det hadde ikkje vore nokon praksis ved Søndenfjeldske Dragonregiment at regimentssjefen berre innstilte offiserar med avlagt underoffiserseksamen til avansement, eller at regjeringa kravde denne eksamenen.

Grunnen til at dette hadde skjedd, var ifølgje aktor Trosdahl «Ole Wernsen uvedkommende»40 og vart derfor aldri opplyst for retten. Paragraf 100 i Grunnlova sette nok domstolen på harde prøvar når den kravde at dommen kunne vere avhengig av om ein ærekrenkande påstand beviseleg var sann; å bestemme sanningsgehalten i eit slikt virvar av kryssande opplysningar og påstandar kunne sanneleg ikkje vere lett.

Som i Chrystie-saka hadde forsvaret både i straffesaka og i det private søksmålet gått til motsøksmål for å få eit krav om erstatning og sakskostnader pådømt; og slik stod frontane i dei to sakene mot Ole Wernsen Klungseth da to nye artiklar i september 1815 atter sette Justitien i krigsmodus.