Den 16. september 1814 stod eit innlegg, eller «Avertissement», som det heitte, skrive av ein ung mann frå ein av dei førande familiane i Moss, den snart 22 år gamle kjøpmannen og løytnanten i borgarkorpset Hans Chrystie, på trykk i Christiania Intelligentssedler. Chrystie hadde vore vitne til korleis den elendige forsyningssituasjonen til dei norske styrkane i den såkalla Kattekrigen mot svenskane frå 26. juli til 14. august hadde vore med på å øydelegge stridsevna hos soldatane. Innlegget var skrive få dagar etter at krigen var over med fullstendig tap for nordmennene, og etter at Mossekonvensjonen var underskriven, men nesten ein månad gjekk før det kom i avisa.

Det var ein solid salve unge Chrystie fyrte av:

Der er endnu Kraft i Nordmandens Arm, naar den blot bliver mandigen styret […].Vi have nu tildeels lært at kjende vore Folk, skulle ikke de af disse, som – man tør sige det høit – have forraadt Landet, og derved tabt al Agtelse saavel i Armeen som blandt Folket, skulle ikke disse strax sættes ud af de Poster, hvori de endnu mere kunne skade Landet? Jo, Erfaring har nu længe nok viist os, at ingen Overbærelse bør finde Sted med saadanne Personer, som med saa megen Grund miskjendes. Skal vi tænke paa at forsvare vor Selvstændighed, da maae der foretages en hastig Forandring i adskillige af vore Indretninger.1

Så rekna han opp ei rekke tiltak som måtte til for å rette på forholda. Det første på lista var at «den nærværende Commissariats-Commission maatte forbedres ved at besættes med Mænd, som have Kundskab nok til at beklæde denne vigtige Post».

Dette var både uvørdent og frekt skrive, i ein opphissa situasjon prega av eit forsmedeleg militært nederlag, ja av nasjonal vanære. Grunnen til at innlegget hadde vorte liggande ein heil månad før det kom på trykk, var òg at boktrykkar og redaktør Niels Jørgen Ørbech Berg hadde vore betenkt.2 Innlegget var det jusprofessor Schlegel ville ha kalla «Skrivefrækhed», og det var alt anna enn det han ville ha gått god for som «frimodige Undersøgelser». Fire månader etter grunnlovsvedtaket var tida alt moden for ei prøving av trykkefridomsparagrafen i rettssalen.

Strid om den offentlege tiltalen

Det var Commissariats-Commissionen, oppretta i 1807 for å ha ansvaret for forsyningane til og forpleiinga av norske militære styrkar i ei krigstid, som reagerte. Alle medlemmene i kommisjonen så nær som ein hadde raskt vorte skifta ut etter det militære nederlaget, så da innlegget stod på trykk i Christiania Intelligentssedler, sat nye menn der. Dei nye kommisjonsmedlemmene kjente seg likevel krenkte, enda redaktør Berg for å sikre seg hadde ført opp under innlegget at det var innsendt 19. august. Den 22. september 1814 skreiv den nye kommisjonsformannen oberstløytnant Johan Frederich Wilhelm von Haffner på kommisjonens vegner til 3. departement, som Justisdepartementet heitte i 1814, for å søke råd, i samsvar med § 10 i forordninga av 27. september 1799:

Fremføres der, i trykte Skrifter, Beskyldninger imod de Kgl. Collegier, Retter eller andre Embedsmænd, deres Embedsforvaltning angaaende, da skal Sagen, saafremt den er af Vigtighed, Kongen forestilles, til Overveielse og Beslutning, om den bør nærmere undersøges, paa det at enhver, som findes skyldig, kan blive draget til Ansvar og fortient Straf.

Oberstløytnant von Haffner burde ha god grunn til å meine at dette var eit gjeldande lovbod, ettersom ingenting der strengt tatt strei mot dei nye grensene for trykkefridommen som var gitt i § 100 i Grunnlova.

Ifølgje paragrafen vidare skulle «enhver Embedsmand være pligtig til, naar han beskyldes for Uretskaffenhed i hans Embedsførelse, at fralægge sig samme ved Dom (hvortil ham skal gives beneficium processus gratuiti)», dvs. garanti for fri sakførsel. Fri sakførsel betydde vel å merke ikkje, slik ein gjerne har trudd, at staten tok på seg sakskostnadene; det var ganske enkelt ei kongeleg befaling til alle aktørar i ein rettsprosess om ikkje å krevje betaling av den som reiste saka.3

Men Haffner søkte ikkje om beneficium processus gratuiti, verken på eigne eller andre kommisjonsmedlemmers vegner. Han bad om at forfattaren på lovleg måte måtte bli dratt til ansvar for desse ytringane, og overlét til regjeringa å avgjere kva det måtte innebere. Det som låg han på hjertet, var å få gjenoppretta «den almindelige Tillid og Agtelse» for kommisjonen, og han oversendte opplysningar innhenta frå boktrykkar Berg, sannsynlegvis av politimeisteren i Christiania, om namnet og opphaldsstaden til forfattaren.4

Paragraf 10 i 1799-forordninga fortsette med at dersom skuldinga var «i høi Grad fornærmelig, og det derhos er aabenbart eller sandsynligt, at den er falsk», og særleg om den gjaldt «Hans Collegier, Retter eller vigtigste Embedsmænd», da reiste kongen, dvs. regjeringa, straffesak mot skribenten. Regjeringa må ha meint at skuldinga til Chrystie var «i høi Grad fornærmelig», og valde å reise offentleg straffesak mot den unge kjøpmannen frå Moss.

På denne tida var regjeringa under angrep frå fleire hald etter den lite heroiske krigsinnsatsen. Særleg var statsråd og generalløytnant Frederik Gottschalk von Haxthausen, som hadde vore formann i Commissariats-Commissionen, kommen i eldlinja og fekk i folks auge skylda for det militære nederlaget. Den 24. august, fem dagar etter at Mossekonvensjonen var underskriven, hadde huset hans i Christiania vorte omringa av ei stor folkemengd, og alle vindauga vart knuste og hagen ramponert. Haxthausen rømte byen og sa frå seg alle stillingane sine. To dagar etter sette regjeringa ned ein overkrigskommisjon for å undersøke forholda rundt han og ein del andre offiserar som skulle ha svikta.

Det var i denne hurlumheien avisinnlegget til Hans Chrystie landa. Statsrådet slo raskt tilbake, og avgjerda om å reise sak mot han vart gjort kjent ved ein høgaste resolusjon av 27. september, dvs. ein resolusjon vedtatt av statsrådet i Christiania utan kongeleg nærvær. Kong Christian Frederik hadde no i praksis abdisert ved å gi regjeringsmakta over til statsrådet sitt, og på denne tida var det statsrådane Marcus Gjøe Rosenkrantz, Jonas Collett og Niels Aall som møtte som interimsregjering. Desse tre mennene var det som vedtok å sette i verk ein justisaksjon mot Hans Chrystie – same historiske dag som dei utnemnte dommarar til den nye norske høgsteretten og dessutan landets to første høgsterettsadvokatar, Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne og Christopher Frimann Omsen.

Den 29. september vart tiltalen mot Chrystie tatt ut, og dagen etter stod den på trykk i Christiania Intelligentssedler. Da også Matthias Conrad Peterson i Trondheim elleve dagar seinare kunne lese den på side tre i byens adresseavis, hadde Hans Chrystie alt vore i eit rettsleg dommaravhør på rådstua hos byfut og eidsvollsmann Gregers Winther Wulfsberg i Moss, innstemna av aktor i saka, tollprokurør Lauritz Tranekjær.5

Her gjorde ikkje Chrystie som Peterson, å uttrykkeleg erklære forordninga av 27. september 1799 og den påberopte § 10 oppheva. Men han gjorde det indirekte, idet han påstod at «om endog Forordningen av 27de Septbr. 1799 endnu kunde blive anvendelig», så hadde Justitien etter denne paragrafen ingen rett til å reise straffesak mot han.6 Dette er ei såkalla subsidiær drøfting, der ein subsidiært argumenterer ut frå eit forhold ein sjølv primært påstår ikkje er sant, i dette tilfellet at 1799-forordninga framleis gjaldt. Chrystie hevda at etter § 10 måtte kommisjonen, dersom den fann seg fornærma, sjølv reise saka som privat søksmål. Derfor nekta han å svare på spørsmåla dommaren ville stille.

Chrystie kunne ha hatt god dekning for å nekte også av ein annan grunn: Å gjennomføre eit slikt «Examinations-Forhør»7 eller «præliminarie Indqvisitions Forhør»8 var det ikkje heimel for i den sentrale rettsprosessforordninga om «Rettens vedbørlige og hurtige Pleie» av 3. juni 1796, som blant mykje anna skulle sikre rettstryggleiken til den som var sikta for eit lovbrot. Rettsleg avhør med ei omfattande utspørjing hørte heime i såkalla delinkventsaker, dvs. kriminalsaker. Men ei trykkefridomssak som denne var ikkje ei delinkventsak. I seinare trykkefridomssaker vart politiforhør haldne, gjerne med det eine formålet å klargjere kven forfattaren var, for å sikre at tiltale vart reist mot rett person.

Det rettslege avhøret i Moss i 1814 var altså ein prosessuell feil av byfut Wulfsberg. Mens ein heil del underrettsdommarar, enten dei var byfutar eller sorenskrivarar, hadde gått gjennom berre den lågare juristutdanninga og tatt såkalla dansk juridisk eksamen, med tittelen examinatus juris, hadde Wulfsberg full juridisk embetseksamen og var det dei kalla latinjurist, candidatus juris.9 Det hindra ikkje at han kom til å gjere enda tre prosessuelle feil alt før saka var ordentleg i gang.

Den andre feilen var at Chrystie møtte åleine på rådstua i Moss utan å ha fått oppnemnt ein offentleg forsvarar, slik § 28 i rettsprosessforordninga garanterte den som var sett under tiltale av Justitien.10 Dette sprang ut av ein utbreidd praksis med ikkje å oppnemne offentleg forsvarar ved mindre brotsverk der den sikta ikkje var ein delinkvent som sat arrestert, og det svekte i stor grad rettsstillinga til Hans Chrystie i denne første fasen av prosessen.

Den tredje prosessuelle feilen kom etter at aktor Tranekjær stemna Chrystie inn for Mosse Bytingsret etter det mislykka avhøret. I rettsmøtet 24. oktober 1814 understreka aktor alvoret for han: Saka var reist «efter det høie Statsraads Foranstaltning»,11 ei statsmakt bytingsretten ikkje hadde kompetanse til å overprøve. Ein kunnig forsvarar ville nok ha innvendt at dersom underordna domstolar ikkje skulle ha ein slik kompetanse overfor statsrådet, var dei forviste til å vurdere rettsgrunnlaget til partane ulikt etter kva slags status dei hadde.12 Chrystie kom ikkje med denne innvendinga, og på oppfordring frå aktor formante byfut Wulfsberg han med at eit reskript av 23. oktober 1795 fastsette straff for å nekte å svare på spørsmål frå ein dommar; ein illegitim trussel, ettersom dette reskriptet òg gjaldt delinkventsaker.

Formaninga beit uansett ikkje på Hans Chrystie. Han meinte at Justitien berre kunne anlegge sak dersom skuldinga angjekk dei kongelege kollegia og var i høg grad fornærmeleg, og at denne kommisjonen ikkje kunne reknast blant «de høieste Collegier».13 Aktor svarte at den avgjort var blant kongens «Collegier, Retter eller vigtigste Embedsmænd», som det heitte i § 10 i 1799-forordninga. Byfut og bytingsdommar Wulfsberg tok avvisingspåstanden frå Chrystie opp til doms og dømte i aktors favør, utan noka grunngiving, som lova kravde. Denne fjerde prosessuelle feilen var slett ikkje uvesentleg; at avgjerda var tvilsam, skulle behandlinga i dei høgare rettsinstansane seinare vise.

Ein oppnemnt forsvarar ville ha anka denne avgjerda på flekken, men det gjorde ikkje Chrystie.14 Han stod åleine og var lekmann, og ulykkelegvis innlét han seg i den vidare behandlinga av saka ved å framføre nye protestar og også no nekte å forklare seg, utan først å «reservere Anke paa Kjendelsen»,15 dvs. å kunngjere for retten at han hadde i sinne å anke. Dermed hadde han etter prosessjusen de facto akseptert Justitien som motpart og mista sjansen til å krevje dom i ein høgare rettsinstans for at saka måtte gå som ein privat prosess mellom han og kommisjonsmedlemmene. Saka gjekk derfor vidare som ei straffesak med Chrystie og Justitien som partar fram til den kom opp til doms 8. januar 1816, etter over eitt års prosess. Den trege rettsavviklinga kom blant anna av at partsinnlegga i under- og overretten den gongen var skriftlege; eit innlegg frå den eine parten vart lagt fram på eitt tingmøte, og på tinget veker eller månader etterpå kom motparten med sitt svar.

Byfuten påla så ved ny dom Chrystie å svare på spørsmåla han var stilt, under ny trussel om elles å bli straffa etter reskriptet av 23. oktober 1795, dvs. å bli fengsla på vatn og brød.16 Kjøpmann Chrystie hissa seg frykteleg opp og hevda at dette var «Rettens voldsomme Tvang»,17 dvs. at dommaren «udenfor den i Loven foreskrevne Form foretager sig Retshandlinger»,18 ei valdsutøving som kunne ankast direkte til Høgsterett, slik Chrystie varsla at han ville gjere. Men til neste rettsmøte 5. desember hadde han fått vite at den nye norske høgsteretten ikkje ville komme i funksjon på eit halvt år, «hvilken Udsættelse han ikke finder sig tjent med».19 Han bøygde derfor av og innrømte endeleg å måtte ha Justitien som motpart.

Denne kontroversen om innhaldet i § 10 i forordninga av 27. september 1799 var ifølgje Nils Rune Langeland den rettslege kjernen under heile prosessen.20 Men om saka måtte avvisast som straffesak og i staden reisast som privat søksmål, var eit reint prosessuelt spørsmål. Den rettslege kjernen, realiteten i saka, var om Chrystie hadde ærekrenkt kommisjonen etter den terskelen for ærekrenking som § 100 i Grunnlova hadde reist. Det var dette som ville komme opp til doms enten det var i ei straffesak anlagt av Justitien eller i eit privat søksmål frå kommisjonsmedlemmene. Paragraf 10 i 1799-forordninga var ein prosessuell paragraf og ubrukeleg som rettsgrunnlag i skyldspørsmålet.

Etter at Chrystie hadde gitt seg i den prosessuelle tvisten og bøygd av for overmakta, vart han i rettsmøtet 5. desember 1814 utsett for eit nytt rettsleg avhør av byfut Wulfsberg – framleis utan heimel i rettsprosessforordninga – og slik svarte han på spørsmål 6, om han kjente trykkefridomslovgivinga: «Ja, han tilstaaer at kjende Norges Riges Grundlov §. 100 og Forordningen av 27de Septbr. 1799, dens 7de §.»21 Her påberopte Chrystie seg enda ein paragraf i 1799-forordninga, denne gongen ikkje prosessuelt, men som eit ekstra rettsvern i tillegg til Grunnlova.

Det måtte verke nærliggande for Chrystie å påberope seg denne paragrafen og vise at han hadde medhald i 1799-forordninga òg. Paragraf 7 sa at det ikkje skal «være nogen forbudet, at yttre sin Mening, angaaende hvad han troer, der kunde være at forbedre eller rette i Landets Love, Anordninger og offentlige Indretninger». Heller ikkje desse orda var strengt tatt i strid med grensene gitt i § 100 i Grunnlova. Spørsmålet er om det same kunne seiast om ordlyden vidare i paragrafen. Dersom den skulle gjelde, ville § 7 ikkje vere Chrystie til særleg nytte: «[…] dog følger det af sig selv, at Forfatteren bør udtrykke sig med Beskedenhed, og ei tilsidesætte den Ærbødighed, han, som Borger og Undersaat, er Regieringen og Lovgiveren skyldig.»

Vilkåra i § 100

Hans Chrystie famla etter haldepunkt, han var først ute og hadde ikkje sakførselen i ei tidlegare trykkefridomssak å halde seg til, og han førte saka si sjølv, inntil han uti januar hyrte inn ein jurist til å gjere det for seg, overrettsprokurator og sorenskrivar Herman Peter Vogt Krefting, representant for Moss på det første overordentlege stortinget i oktober–november 1814 og med slektstilknyting til familien Chrystie. I denne bytingsrettssaka opptredde frå no av både ein eidsvollsmann – dommar Wulfsberg – og ein nyleg avgått stortingsmann.

Da hadde Chrystie alt prøvd å bygge opp eit forsvar; for det første ved å hevde at avisinnlegget var ei frimodig ytring i Grunnlovas forstand, for det andre ved å påpeike at han ikkje kunne ha hatt noko forsett om å krenke dagens medlemmer av kommisjonen, ettersom dei ikkje sat der da han kritiserte den; for det tredje ved å prøve å bevise gjennom ei omfattande vitneføring i kor stor grad forsyningane til dei norske styrkane hadde svikta, og at påstandane hans i avisinnlegget derfor var sanne.

Chrystie prosederte på at om påstandane hans no skulle vere ærekrenkande for kommisjonen, så kunne han ikkje straffast. Henrik Steenbuch skreiv om dette i sin kommentar til § 100: «Sande, skjønt ærerørende, Beskyldninger, maa altsaa forsætligen og aabenbar kunne fremføres mod Enhver.»22 Sjølv ei forsettleg og openbar ærekrenking var etter Grunnlova straffri dersom den var sann.

Det er uklart i kjeldene til prosessen kva for ein lovparagraf Chrystie knytte bevisretten sin til. Både § 10 i forordninga av 27. september 1799 og § 100 i Grunnlova kunne heimle ei slik bevisføring:

§ 10: Det følger ellers af sig selv, at den Tiltalte, saavel i dette Tilfælde, som i enhver anden privat Injurie-Sag, bør, naar den af ham giorte Beskyldning er bestemt, være berettiget til at bevise dens Rigtighed.

§ 100: […] eller fremført falske og ærekrænkende Beskyldninger mod Nogen.

Derimot er det sikkert at aktor i eit rettsmøte 20. februar 1815 kravde vitneføringa avvist med heimel i § 10 i 1799-forordninga, slik ordlyden i paragrafen gjekk vidare:

Dersom Injurianten derimod intet vist eller individuelt Factum har opgivet, men ikkun giort ubestemte Beskyldninger imod Embedsmanden, eller en anden Medborger, kan det ei tilstædes ham, under Paaskud af, at ville føre Beviser, at anstille Inqvisition over den, hvis Rygte han har angrebet.

Det var «ubestemte Beskyldninger» Chrystie hadde komme med, hevda aktor.23 Også dette tvistepunktet dømte dommaren i aktors favør og avviste vitneføringa til Chrystie. Dermed er det klart at dommaren på minst eitt tidspunkt under rettssaka, og truleg òg da han 24. oktober utan grunngiving avgjorde at saka skulle gå vidare som ei straffesak, tok ei prosessuell avgjerd med grunnlag i § 10 i forordninga av 27. september 1799. Forordninga måtte da framleis gjelde i Norge i desse prosessuelle spørsmåla. Det var første gong dette vart uttrykt i ei formell avgjerd i ein norsk rettssal etter at Grunnlova var vedtatt.

No hadde Chrystie ein forsvarar, og prokurator Krefting anka avgjerda om å stanse vitneavhøra inn for Aggershuus Stiftsoverret. I ein dom av 26. juni 1815 oppheva overretten så avgjerda av 20. februar om å avvise vitneavhøra og påla bytingsretten å gjennomføre dei. Også overrettens dom fall med grunnlag i § 10 i 1799-forordninga. I dommen heitte det at Chrystie med dei spørsmåla han hadde meldt skriftleg til bytingsretten at han ville stille vitna, ikkje hadde «anstillet nogen Inqvisition over Commissariats Commissionens Medlemmer», men berre ønskt å få opplyst handlingar som den endelege dommen i saka måtte avgjere om talte til hans fordel eller ikkje.24 Overretten stadfesta slik at § 10 var gjeldande prosessuell rett.

Denne rettspraksisen vart altså etablert alt i denne første offentlege trykkefridomsprosessen etter 1814 og ikkje av Høgsterett 24 år seinare, slik Nils Rune Langeland oppgir i si bok om Høgsteretts historie, Siste ord. Han skriv der at Høgsterett i ein dom av 18. november 1839 avgjorde at § 100 i Grunnlova ikkje hadde oppheva dei prosessuelle reglane for bevis i injuriesaker i § 10 i forordninga, og at Høgsterett med det innførte ein ny og strengare rettspraksis.25 Men Høgsterett innførte ingen strengare praksis i 1839; retten stadfesta ein allereie etablert praksis da den vart bestridd av den eine parten i saka som var oppe. Dommen i Chrystie-saka i 1815 og høgsterettsdommen frå 1839 var parallelle; begge oppheva eit vitneforbod pålagt av ein lågare rettsinstans til gunst for den anklaga.26

Prokurator Krefting forsynte så Chrystie med ein ny pilar i forsvaret. Han reiste spørsmålet om påstandane Chrystie hadde komme med, faktisk var ærekrenkande, dvs. om dei «forsætligen og aabenbare» krenkte kommisjonsmedlemmene. Chrystie var ikkje tiltalt for alle påstandane i avisinnlegget, berre for denne:

Skal vi tænke paa at forsvare vor Selvstændighed, da maae der foretages en hastig Forandring i adskillige af vore Indretninger: den nærværende Commissariats-Commission maatte forbedres ved at besættes med Mænd, som have Kundskab nok til at beklæde denne vigtige Post.

Chrystie hadde sjølv rørt ved dette spørsmålet alt i det første rettsmøtet 24. oktober: «De paaankede Udtrykke troer han ikke at kunde angaae nogen Uretskaffenhed i Commissariats Commissionens Embedsførelse, da han ikke deri havde tillagt dem nogen ond Villie [mine uthevingar].»27 Dette er viktige uttrykk for å forstå kva som måtte til for at ein påstand var ærekrenkande. Å seie at nokon hadde gjort ein alvorleg feil, var ikkje å ærekrenke dei. Men å hevde at dei hadde handla bevisst og mot betre vitende, vist «Uretskaffenhed», handla av «ond Villie», var ei ærekrenking.

Prokurator Krefting påstod derfor i rettsmøtet 20. februar at det aldri hadde vore Chrysties meining å komme med noka fornærmande skulding mot Commissariats-Commissionen, men at han berre hadde meint at tiltaka frå Commissariats-Commissionen under krigen kunne ha vore betre og meir hensiktsmessige, enten ein slik antatt mangel frå kommisjonens side kom av for liten lokalkunnskap eller hadde andre årsaker.28

Krefting ville vise at kravet om at ei ærekrenking skulle vere forsettleg, ikkje var oppfylt, og at det sjølv i Chrysties uvørdne og frekke formuleringar ikkje låg noka anna openbar meining enn den Krefting nettopp hadde uttrykt. I to rettsmøte 14. august og 16. oktober vart det så ført vitne som skulle bevise at påstandane om kommisjonen var sanne.

I rettsmøtet 20. februar hadde Chrystie dessutan reist eit privat motsøksmål mot kommisjonen: Han måtte «frifindes aldeles for Commissariats-Commissionens Tiltale i denne Sag», og kommisjonsmedlemmene, «som have foranlediget denne Justitsaction», skulle betale «i Reparation for denne mod ham ubilligen anlagte Justitssag, og for tilføiet Tort og Tidsspilde 1000 Rbd. rede Sølv»29 pluss 300 riksbankdalar i sakskostnader.30 Slike motsøksmål var vanlege og var eit vilkår for i det heile tatt å kunne få tilkjent erstatning. Eit slikt søksmål utvida òg ankegrunnlaget i rettsprosessen: Ein anke til ein høgare rettsinstans kunne berre gjelde forhold som var pådømte i første instans. I så måte skulle motsøksmålet vise seg å bli nyttig for Chrystie.

Frå da av omfatta prosessen i bytingsretten to saker: ei justissak der Justitien anklaga Chrystie for å ha brote trykkefridomslovgivinga ved å fornærme Commissariats-Commissionen, og eit privat søksmål der Chrystie kravde erstatning av kommisjonsmedlemmene for urettmessig å ha påført han ubehaget og kostnadene ved prosessen. Frå 1. april 1815 fanst elles ikkje kommisjonen lenger; den var organisert for å fungere i ei ufredstid og vart no oppløyst og i rettsaktene sidan omtalt som den forhenværende Commissariats-Commissionen.

Lovgrunnlaget for straff

Korleis opptredde så partane sett opp mot dei tre tenkelege domsmodellane som vart formulerte i del 1 (sjå kapittel 4, «Analysereiskap: domsmodellane A, B og C»)?

Trass i det ufullstendige kjeldematerialet i denne saka kan vi slå fast at aktoratet ikkje uttrykkeleg påberopte seg 1799-forordninga som rettsleg grunnlag for straff. Aktor prosederte heller ikkje kring forholdet mellom den gamle lovgivinga og § 100 eller for noka innskrenkande fortolking av § 100.

Forsvaret førte for sin del ikkje fram noka innskrenkande fortolking av forordninga og Norske lov eller hevda eksplisitt at § 100 hadde forrang. Det var i det heile tatt ikkje diskusjon om dette i bytingsretten. Det forsvaret faktisk gjorde, var enkelt og liketil å prosedere opp mot ordlyden i § 100, og aktoratet påstod ikkje noko anna lovgrunnlag. Først i straffepåstanden gjekk aktor Tranekjær til forordninga.

Det er såleis godt grunnlag for å seie at partane iallfall ikkje opptredde etter vår domsmodell A, der 1799-forordninga har sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag i skyldspørsmålet. Derimot går det ikkje fram gjennom eksplisitte formuleringar om dei opptredde etter domsmodell B, der forordninga er det rettslege grunnlaget, men avgrensa av § 100 som overordna norm, eller etter domsmodell C, der § 100 åleine utgjer rettsgrunnlaget for skyld og uskyld. Men under rettsforhandlinga vart reglane i forordninga aldri målte opp mot § 100 som absolutt norm eller gjort til tema. Det peikar i retning domsmodell C.

Begge domsmodellane B og C har 1799-forordninga som muleg straffekjelde for ærekrenking, og det var § 12 aktor Tranekjær peika på. Som einaste paragraf i forordninga sendte den dommaren vidare til Christian 5.s lovbok, til §§ 2, 3, 4 og 7 i Norske lov 6-21. Ærekrenkingsparagrafen i forordninga, § 12, var nemleg også før 1814 ein rein straffeutmålingsparagraf og inneheldt sjølv ingen forbod, gjerningsbeskrivingar. Paragraf 100 hadde for sin del berre det heilt generelle forbodet mot forsettlege, openbare og usanne ærekrenkingar, så det var einast ut frå dei meir detaljerte lovboda i Norske lov 6-21 at dommaren under straffeutmålinga kunne måle og vege krenkinga etter grovheit og infamitet og bli i stand til å velje ei passande straff. Paragraf 12 spesifiserte så korleis desse straffene skulle brukast i trykkefridomssaker:

Det befales derfor, at hvo, som i et trykt Skrift tillægger nogen uskyldig Mand saadanne ærerørige Beskyldninger, som 6-21-2, 3 og 7 omhandle, skal, naar Beskyldningen er i høieste Grad ærekrænkende, og dertil ei er givet mindste Anledning fra den Fornærmedes Side, foruden den Straf, der foreskrives i bemeldte Artikler, dømmes til Tugthuus-Arbeide, fra 2 Maaneder til 2 Aar, efter Sagens Beskaffenhed; og, dersom Forseelsen er af det Slags, der findes anført i bemeldte Capitels 4 Artikel, da straffes den Skyldige med tilstrækkelige Pengebøder, fra 50 Rdlr til 1000 Rdlr til Stedets Fattige, i Forhold af Fornærmelsens Grad.

Dei tre paragrafane 6-21-2, 3 og 7 gav såkalla tremarksstraff, dvs. at injurianten vart frådømt æra, ei streng straff og ei stor skam den gongen. Den som vart straffa slik og måtte bøte «sine tre Mark», som det heitte, vart kalla «tremarksmann», eller «mindre Mand», som det stod skrive i Norske lov 1-22-15. Som ærelaus vart han ikkje lenger akta som ein god samfunnsborgar: Han kunne ikkje vere formyndar, ha eit offentleg embete, ha borgarskap som næringsdrivande, vere fadder ved dåpen eller vitne i retten, og når han døydde, måtte det ikkje «kastes Jord paa eller holdes Liigprædiken over ham».31

I denne saka foreslo ikkje aktor tremarksstraffa, men la ned påstand om ei mulkt til fattigkassen, ei straff berre Norske lov 6-21-4 kunne gi. I motsetning til dei andre tre paragrafane dreidde den seg om den mildaste forma for krenking: «Ere Ordene ikke nogens Ære og Lempe for nær, og dog kiendis af Dommeren at være utilbørlige, da maa de med Penge-Straf forsonis, eftersom de ere grove til.» Eller som det står hos lovkommentatoren Christian Bagger Brorson: «en ikke ligefrem ærerørig Beskyldning, som vel er grundet, men dog af Dommeren ansees at være i Injuriantens Mund utilbørlig».32 Ikkje ordentleg ærekrenking, altså. Eit naturleg spørsmål måtte da vere om forbodet i paragrafen kunne gjelde lenger når grensa for straffverdige ytringar i § 100 gjekk ved «Ærekrænkelser».

Men så enkelt var det nok ikkje: Fordi alle ordentlege ærekrenkingar etter lovas bokstav gav æresstraff frå «en raae Tidsalder», hadde norske domstolar fram til 1814 med få unntak tydd til 6-21-4 og idømt arbitrært formildande straff for å spare ein ærekrenkar for skamma ved æresstraff etter ein av dei andre paragrafane.33 Det fanst eit sterkt behov for å fortsette å dømme slik så lenge lovverket var som det var, elles ville rettsregimet på dette punktet bli langt strengare enn før, og det var slett ikkje meininga. (Temaet blir utdjupa i kapittel 12, «Norske lov 6-21-4 – den problematiske paragrafen».)

Kor alvorleg meinte så aktoratet eigentleg at skuldinga til Chrystie var? Paragraf 10 i 1799-forordninga sette eit strengt vilkår for at regjeringa i det heile tatt skulle kunne reise straffesak mot han: at «Beskyldningen er i høi Grad fornærmelig». Betydde det at den måtte vere ordentleg ærekrenkande? Slik kunne uttrykket bli forstått for eksempel av ein dommar i Høgsterett.34 Var det i så fall av gammal vane frå einevaldstida at Justitien påstod dom etter 6-21-4, for å unngå æresstraff frå «en raae Tidsalder», noko den ikkje ønskte «med vore Tiders oplysning»? Slike spørsmål måtte ein fellande dom avklare. Dette første forsøket på å bruke straffereglane i 1799-forordninga på eit påstått strafferettsleg brot på grensene i § 100 hadde ført saka til kjernen av problematikken rundt arbitrære dommar i del 1.

Men før det kunne komme så langt som til straff, måtte aktor Tranekjær bevise at Chrysties påstandar var usanne, forsettlege og openbare ærekrenkingar, og da ikkje mot dei personane som sat i kommisjonen da Chrystie formulerte påstandane, men mot dei som var komne inn i staden for dei utskjelte da saka vart reist 29. september, ettersom det var dei som hadde erklært seg fornærma.

Og mens dette pågjekk, hissa eit nytt innlegg i Christiania Intelligentssedler opp landets utøvande konstitusjonelle makt.