Steenbuch skreiv i det heile tatt ikkje om forordninga av 27. september 1799 før han vart nøydd til det i spørsmålet om retten til å skrive anonymt. Forordninga hadde for første gong gjort det strengt forbode, fordi «det har viist sig, at lumsk og nedrig Ondskab i Almindelighed søger Skiul under Anonymitet»,1 eit syn Schlegel delte.2

For Birckner og andre trykkefridomsforkjemparar i 1790-åra hadde anonymitetsretten vore sentral. Dei såg på den som eit vern mot vilkårleg rettsforfølging: Dersom makthavarane visste kven som kritiserte dei, ville dei forfølgje og trakassere han lenge før det var fastslått om han hadde brote noka lov, og da ville fridommen til å ytre tankane sine bli tatt frå han.3 Denne retten vart derfor oppfatta som eit nødvendig vilkår for at trykkefridom skulle kunne «finde Sted», og det måtte da følgje logisk av første setning i § 100 at forbodet mot å skrive anonymt var oppheva, enda det ikkje var uttrykkeleg sagt der. Dette synspunktet stod for eksempel Christian Magnus Falsen for.4

Steenbuch hevda ei anna linje: «Da Anonymitet ei nødvendig indeholdes i Trykkefrihed, saa maa den private Lovgivning uden Tvivl være berettiget til under Straf at forbyde samme, hvis den anseer Statens Vel Saadant at udkræve5 Grunnen var at både staten og ein ærekrenkt part burde vere sikra «Forfatterens Person» dersom eit lovbrot var skjedd. Ein trussel i straffelova måtte «kunne anvendes og ei opløse sig i en tom Lyd», som Frederik Stang skreiv.6 Og her var det 1799-forordninga kom inn: Sanningsgehalten i dette synspunktet ville avgjere «hvorvidt den hidtil gjeldende Lovgivning om Trykkefrihedens Grændser bør ansees forandret ved Grundloven, eller ikke (§ 94)».7

Med det sikta Steenbuch til at forbodet mot anonymitet i §§ 16, 17 og 19 i 1799-forordninga ikkje nødvendigvis var sett ut av kraft av § 100 i Grunnlova, som ikkje sa noko uttrykkeleg om dette. Paragraf 16 forbaud anonymitet i sjølvstendige skrifter, § 17 kravde at forleggaren og trykkaren skulle innestå for at forfattaren «dersom Skriftet paatales, er og forbliver tilstede», og § 19 forbaud anonymitet i «Journaler og periodiske Blade», dvs. tidsskrift, men vel å merke ikkje i aviser, fordi avisene under eineveldet berre skulle formidle ukommenterte nyheiter og ikkje innehalde sjølvstendige avhandlingar.8 Det er påfallande at dette er den einaste staden i grunnlovskommentaren der Steenbuch fann grunn til å peike ut noko i forordninga som framleis kunne gjelde.

Spørsmålet Steenbuch eigentleg stilte, var dette: Kva kunne vere lovheimelen om ein domstol kravde å få oppgitt namnet til ein anonym skribent? Han lét spørsmålet stå opent. Inntil ei ny og avklarande straffelov kom, var det domstolane som måtte ta stilling til spørsmålet, og det kom til å bli reist atskillege gonger i rettsprosessane som følgde.

Ein «blomsterdækt Kurv med levende Slanger»?

Andre setning i § 100, der dei materielle lovboda i paragrafen stod, har av ettertida ofte vorte lesen i lys av Henrik Wergelands kjente kraftsalve frå 1843: «Den Mængde Presseforfølgelser, som fandt Sted i de første Frihedens Aar viste, at det var saa, at der i denne §. med den lovende Begyndelse og Ende og det troløse Indhold, var sat en blomsterdækt Kurv med levende Slanger i paa dens Alter.»9 Dei pene orda om trykkefridom skjulte ifølgje Wergeland berre ei trulaus lov.

Ein heil del nyare framstillingar følgjer dette sporet, som her:

Paragraf 100 åpnet med «Trykkefrihet bør finde sted», men deretter fulgte det viktige forbeholdet, nesten ordrett fra 1799-forordningen, at en kunne straffes for trykte skrifter som oppfordret til ulydighet mot lovene, krenket religionen, sedeligheten eller de konstitusjonelle makter, oppfordret til motstand mot de konstitusjonelle makters befalinger eller framførte falske og ærekrenkende beskyldninger.10

Dette er ei opprekning av slangane til Wergeland, forbod «som på mange måter var et ekko av lovbestemmelsene fra 1799», som historikar Odd Arvid Storsveen legg til.11 I Frihetens gränser refererer Lars Björne til fleire syn på kva som kunne ha inspirert til § 100, som den franske revolusjonsgrunnlova av 3. september 1791, og konkluderer med at han er tilbøyeleg til å slutte seg til Storsveens fortolking, fordi § 100 «vid en jämförelse framträder som ett kort sammandrag av 1799 års förordning».12

Forsettleg og openbart

Felles for dei som omtaler § 100 slik, er at dei har fokusert på kva for nokre område det ifølgje paragrafen kunne førekomme trykkefridomsbrot på: ringeakt mot religion, sedelegheit og konstitusjonelle makter og ulydnad mot desse maktene, og dessutan ærekrenking. Derimot har faglitteraturen nesten ikkje behandla det som i kjeldene frå samtida blir løfta fram som kjerneuttrykket i trykkefridomsparagrafen, og som la avstand til rettstilstanden før 1814 ved å innsnevre kva slags ytringar som kunne vere lovbrot: Ytringane måtte vere sette fram forsætligen og aabenbare.

Det var dette den liberale juristen Henrik Steenbuch la mest vekt på i kommentaren sin frå 1815: Orda forsætligen og aabenbare var «særdeles mærkelige», dvs. bemerkelsesverdige, og viste tydeleg at høgare omsyn hadde leidd stiftarane av Grunnlova i å bestemme grensene for trykkefridommen.13 Også den konservative Frederik Stang hadde same perspektiv 18 år seinare.14 Det dei begge implisitt uttrykte, var at sjølv om § 100 i Grunnlova sette grenser for trykkefridommen på ein del av dei same områda som forordninga av 27. september 1799 gjorde, så var ikkje grensene i Grunnlova dei same.

At Grunnlova gjorde uforsettlege fornærmingar lovlege, var ifølgje Steenbuch ikkje nytt. Felles for alle brotsverk var at dei måtte vere forsettlege for å gi straff, og «det naturlige Begreb om Injurie i Særdeleshed» føresette hensikt til å formærme.15 Ordet forsettleg var komme inn i § 100 via første ledd av trykkefridomsparagrafen i den franske grunnlova av 3. september 1791,16 som konstitusjonskomiteen i slutten av april 1814 omsette og brukte som eit første utkast til trykkefridomsparagraf.17 Som Birckner uttrykte det, fortente ikkje den som skreiv etter si beste, men villfarande overtyding «til det Heles Vel», noka straff.18

Jusprofessor Schlegel meinte derimot at ein skribent aldri kunne unnskylde seg med at han ikkje hadde skjønt rekkevidda av orda sine. Han var forplikta til å vere nøye informert om den saka han ville opplyse publikum om. Ein domstol måtte derfor gå ut frå at «ingen logisk (eller rettere subjektiv) Vildfarelse er indløben og at Forf. ligesaavel har kundet, som villet sige Sandhed».19 Birckner og Schlegel var altså ueinige, enda Steenbuch ikkje såg på spørsmålet som særleg kontroversielt.

Eit forhold som likevel hadde gjort spørsmålet om forsett kontroversielt i 1790-åra, var allegorien som ynda skriftsjanger for opposisjonelle synspunkt, ein skrivemåte som nær sagt var skapt av sensur og strenge lovforbod.20 Ein av dei som vart rettsforfølgd for dette, var den unge danske skribenten Malthe Conrad Bruun, og ved to tilfelle, i 1795 og 1798, fann ikkje dommarane i Københavns Hof- og Stadsret gode nok haldepunkt for noko straffverdig forsett i allegoriane hans.21 Blant anna dette var bakgrunnen for at kronprins Frederik fekk innført eit mykje strengare forbod mot frekk allegori og ironi i § 13 i forordninga av 27. september 1799.

Mens forsettleg altså var ein velkjent lovterm som òg var med i den franske trykkefridomsparagrafen, var ikkje ordet openbar det; at til og med ein trykt forsettleg injurie når den berre ikkje låg openbart i orda, no var heimla i Grunnlova, «tjener fremfor alt til at vise Lovens Aand i denne Materie».22 Det som gjaldt for injuriar, at dei måtte vere både forsettlege og openbare for å kunne vere lovstridige, gjaldt òg opprørske ytringar og kritikk av majesteten, av dei konstitusjonelle maktene og av religionen, og enten dei var skrivne i ei vanleg form eller som ein allegori.

Der det tidlegare kunne vere nok til ei domfelling at majesteten eller påtalemakta sjølv oppfatta ei skriftleg ytring som fornærmande eller opprørsk, som i tilfellet Peter Andreas Heiberg i 1799, måtte meininga no vere openbar for alle, framfor alt for dommarane, som under det nye konstitusjonelle styresettet var komne i ei ny stilling og var uavhengige av den utøvande statsmakta. Ordet gav styrke til den nye, frie rolla deira. Dommarane skulle ikkje lenger berre kunne føye påtalemakta og lese ei statsfiendtleg meining inn i orda til ein skribent.

Der ord utgjorde eit brotsverk, skreiv Steenbuch, der var det òg naturleg at meininga i orda måtte vere openbar, at den låg likefram i uttrykka, uten at den skulle kunne utleiast ved «konstigt Resonnement»:

Denne bestemmelse fordrer Borgersikkerheden. Ved spidsfindig Kløgt lader enhver Tale sig mistyde. Skal Trykkefrihed være et Værn mod offentlig Undertrykkelse, da maa den være saa uindskrænket som mulig. De Fleste frygte for Magten mere end de elske Fædreneland, Frihed og Love. Tyraniet hader Enhver, men de vogte sig vel for at sige det, hvor derved er Fare.23

Desse kvasse orda om «aabenbare» som eit vern mot undertrykking frå statsmakta er henta frå den maktkritiske Birckner; i synet på trykkefridommen var det han Steenbuch slutta seg til, ikkje den juridiske og naturrettslege læremeisteren professor Schlegel. Det måtte utan tvil vere lovstridig å oppfordre til motstand mot lovene, meinte Birckner, men berre når oppfordringa låg klart og uttrykkeleg i orda sjølve, ikkje når den vart utleidd av dei ved «Raisonnements og Følgeslutninger». Følgjeslutningar gjorde at ingen forfattar lenger kunne vere sikker på å ikkje bli tiltalt for å oppfordre til oppstand; «saa vil leiede Juristers Conseqvenzmageri vide at uddrage Gift af de uskyldige Blomster, og saaledes gandske at eludere Trykkefrihedens hellige Rettighed».24

Trykkefridommen stod og fall med at ei slik oppfordring måtte gå openbart fram av orda som var brukte. I prinsippformuleringa si samla Birckner desse tankane i uttrykket «saalænge man afholder sig fra, direkte [mi utheving] at opfordre» til motstand (sjå side 56), tydeleg inspirert av ordlyden i ein opprørsparagraf i den franske straffelova av 1791.25

Noko slikt perspektiv fanst ikkje hos Schlegel. Schlegel var uløyseleg knytt til det styrande sjiktet i Danmark-Norge og til eineveldets horisont, den horisonten rasjonalisten Birckner kunne evne å sjå forbi. Som den danske historikaren Brian Kjær Olesen uttrykker det, hadde Birckner fridommen til borgarane for auge, mens Schlegels fokus var «at beskytte statsmagten imod hemmelige sammensværgelser, urimelige personangreb og indirekte opfordringer til oprør».26

Skulle det vere slik, skreiv Schlegel i artikkelen i tidsskriftet Astræa, at den skribenten som forkynte for folk at dei vart behandla som slavar, ja som slaktoffer, men var forsiktig nok til ikkje uttrykkeleg å snakke om oppstand, «uagtet han insinuerede denne Idee», han skulle ikkje straffast; derimot skulle den som var einfaldig nok til beint fram å oppfordre dei til slikt, straffast som majestetsforbrytar? Slike indirekte oppfordringar var til og med farlegare enn ei direkte oppfordring, meinte han, for mennesket tapte ikkje på ein gong all respekt for morallova; det var først når folk stadig hadde tillate seg å bryte den, at «omsider al Sædeligheds Følelse uddøer og de kunne forledes til saadanne Ugierninger som Oprør og Kongemord».27

I svaret sitt i Videre Undersøgelse om Trykkefriheden og dens Love frå 1798 gjekk Birckner prinsipielt og maktkritisk til verks mot Schlegel: Så lenge trykkefridommen skulle vere «et Værn mot Magthavernes Despotisme og Undertrykkelse», så lenge måtte det vere tillate å framstille verkeleg urettferdige, despotiske, ja foraktelege handlingar i deira sanne lys.28 Og dersom ein tillét dommaren å erklære indirekte oppfordringar til opprør og motstand som straffverdige, så ville den snedige og eigennyttige dommaren i staden for å sjå «lige ned for sig i Akterne og Lovbogen» gløtte mot trona eller ministeren etter eit vink å dømme etter og så vere i stand til å utleie ei oppfordring til opprør og motstand av alle, sjølv den best grunngitte og mest beskjedne kritikk av lover, offentlege innretningar eller andre regjeringshandlingar.29 Kravet om at meininga måtte ligge openbart i orda, var nødvendig for å sikre at dommarane dømte upartisk.

Denne diskusjonen om direkte og indirekte oppfordring til opprør vart òg ført i Sverige i tida etter at den eineveldige og upopulære kong Gustav 4. Adolf hadde vorte avsett ved eit statskupp i 1809. Den nye trykkefridomsforordninga av 9. mars 1810, med status som grunnlov, vart boren fram av ein liberal vind og inneheldt fleire uttrykk som låg Birckner nær: «så wida skrifsättet icke är tydligen [mi utheving] smädligt eller skändligt»,30 «[t]ydlig upmaning til myteri eller upror»,31 og også uttrykk som «klart uttryckt» og «uppenbart»; det var her openbart for første gong vart tatt inn i ei trykkefridomslov. I ei trykkefridomssak i 1811 var det ordet tydlig som stod i vegen for at den svenske anklagaren kunne reise tiltale etter opprørsparagrafen, § 3-7, som straffa den skyldige på liv og eigedom.32

Da kronprins Karl Johan, i praksis Sveriges regent, i 1812 på ein grunnlovsstridig måte fekk forordninga stramma kraftig inn, var eitt av dei sentrale tiltaka å fjerne alle slike uttrykk i forordningsteksten.33 Paragrafane vart endra i Schlegels retning til «så wida skrifsättet icke såsom smädligt eller skändligt sig utmärker [mi utheving]»34 og berre «[u]pmaning til myteri eller upror»35. Borte var alle krav om ei openbar meining.

Dette var ein diskusjon og ei innskrenking lovgivarane på Eidsvoll kjente godt til; Christian Magnus Falsen omtalte i 1814 i sitt skrift Et Par Ord til mine Landsmænd den svenske trykkefridommen som «rokket og indskrænket»36 og den svenske grunnlova som «den Svenske, af ham [Karl Johan] allerede tilsidesatte, Constitution».37 Riksforsamlinga gjekk i motsett retning og vedtok å bruke ikkje berre ordet «forsætligen», som hadde stått åleine i det første utkastet etter mønster av den franske revolusjonsgrunnlova, men uttrykket «forsætligen og aabenbare».

At dei visste kva dei gjorde, får vi bekrefta av dei norske reaksjonane da kong Karl Johan i 1818 ville innføre forbod mot direkte eller indirekte fornærmingar eller angrep i eit nytt trykkefridomstillegg i Riksakta av 6. august 1815, den konstitusjonelle unionsavtalen mellom dei to landa. I eit usignert innlegg i bladet Den Norske Tilskuer, utgitt i Bergen av eidsvollsmennene Christian Magnus Falsen og Jonas Rein saman med vennen Herman Foss, tok forfattaren, etter alt å dømme Falsen, sterk avstand frå både lovforslaget til Karl Johan og ordet «indirekte»: Gunnlova hadde «viseligen forordnet» at brotsverk mot trykkefridommen skulle vere forsettlege og openbare, og ordet indirekte hadde ei så omfattande betydning at det ville bli lett å gi sjølv heilt uskyldige uttrykk ei fornærmeleg meining.38

Resultatet vart i så fall at all borgarfridom ville forsvinne, og forfattaren gjorde Birckners ord om dette til sine, at der det ikkje var tillate offentleg å tale og skrive om regjeringa og den offentlege forvaltninga, ikkje tillate å prøve den og komme med forslag til det betre, «der kan ingen frie og myndig Statsborger mere existere».39 Konstitusjonskomiteen på Stortinget i 1821 uttrykte seg i liknande vendingar i innstillinga der den bestemt avviste lovforslaget frå kongen, og slo fast at uttrykket indirekte «vilde give Anledning til den meest vage og vilkaarlige Fortolkning».40 Ordet kom heller aldri inn i norsk lovgiving.

Forsætligen og aabenbare betydde, slik sjølv regjeringsadvokat Hans Christian Petersen forklarte orda i den berømte og sterkt allmugeforaktande forsvarsprosedyren i riksrettssaka mot statsminister Severin Løvenskiold i 1836, at statsforfatninga ville at straff berre kunne brukast der «Bedømmelsen af det, som gjør Handlingen til en Forbrydelse, falder indenfor den simple Menneskeforstands Sphære og fornuftigviis ikke tillader mere end een Fortolkning».41 Dette vart i samtida oppfatta som det kanskje mest sentrale av dei prinsippa som skulle sikre borgarane retten til fritt å sette meiningane sine på trykk.

At faglitteraturen ein stad på vegen mista dette av syne, kjem nok av at rettsutviklinga frå og med den nye straffelova av 1842, og særleg frå straffelova av 1902, gjekk i ei anna og meir restriktiv retning, uavhengig av Grunnlovas bokstav, slik at uttrykket fram mot vår tid, da det vart tatt bort, med Johs. Andenæs’ ord ikkje lenger hadde «stor realitet».42

«Den almindelige Glæde»

I synet på ærekrenking følgde riksforsamlinga ikkje Birckner. Det var her han var ytterleggåande og braut med tidas rettsoppfatning: All offentleg hån og ærekrenking skulle vere straffri så lenge den ikkje greip inn i «nogen privat Mands private Handlinger, eller huuslige Liv», og den som følte seg krenkt, måtte sjølv ta pennen fatt og stille seg for «Publicitetens Tribunal»,43 altså skrive i pressa og drive tilbake skuldingane der.

Schlegel peika på at Birckners syn braut med «alle Retfærdigheds Grundsætninger».44 Bevisbyrda måtte ligge på den som hadde komme med ei ærekrenkande skulding, ikkje på den som var injuriert, og det kunne ein få til berre ved å stille injurianten for ein alminneleg domstol.

Grunnlovsfedrane følgde Schlegels modererande linje og gav forbod mot ærekrenking plass i trykkefridomsparagrafen, slik dei franske lovgivarane òg hadde gjort i 1791 og dei svenske i 1810 og 1812. Dei følgde heller ikkje Birckner i at det måtte vere lovleg å håne så vel religion som konstitusjon, og ville, som Schlegel og dei to svenske forordningane, verne religionen og konstitusjonen mot ringeakt. (Ringeakt mot konstitusjonen blir behandla i neste underkapittel, «Ulydighed mod Lovene».) Men rekkevidda av alle desse forboda innsnevra riksforsamlinga etter Birckners idé: Berre forsettleg og openbar ringeakt skulle kunne straffast.

Kva omgrepet «ringeakt» måtte bety, belyste Steenbuch ved å reise spørsmålet om kor langt ein skribent hadde lov til å gå i å anta kva for ei hensikt ei konstitusjonell makt kunne ha hatt «i visse Tilfælde» med å innføre ei offentleg innretning som etterpå viste seg å kunne vere kritikkverdig.45 Grensa gjekk, skreiv Steenbuch, ved å anta at den konstitusjonelle makta visste at den handla urettferdig, dvs. handla med vond vilje, noko som var grensesteinen også for tillatne frimodige ytringar:46 Skribenten kunne godt skrive frimodig og opent om slike offentlege forhold, men ikkje straffritt sette på trykk at ei konstitusjonell makt med vitende og vilje hadde tråkka på samfunnsinteressene, eller at den konstitusjonelle makta mangla dei kvalitetane som trongst for å vere i stand til å vareta desse interessene. Dette var eit av dei få punkta Birckner og Schlegel òg var samstemte om i diskusjonen i 1797–98.47

I Norge etter 1814 kom domstolane til å bruke dette som definisjon på å «vise Ringeagt», det den gamle lovgivinga og § 5 i Grunnlova kalla å «laste».48 1799-forordninga hadde gitt ein definisjon av å «laste» som var heller vrien å forstå: Det var å «tillægge den Person eller Ting, om hvilken der handles, en saadan Ufuldkommenhed, som ei kan bestaae med dens Hensigt».49 Forklaringa om at det dreidde seg om skuldingar om vond vilje, uttrykte mykje meir presist rettsforståinga etter 1814 og var òg enklare og lettare å bruke i praksis.

Forunderleg nok ramma ikkje linja til presten Birckner i boka frå 1797 usedeleg litteratur heller. I artikkelen sin i Astræa konfronterte Schlegel Birckner med dette og klandra han for at han ikkje sette grenser for skribentar som ved forargelege skrifter, «Fostre af en smudsig Phantasie», prøvde å vekke ureine lidenskapar hos lesaren, ja til og med i den unge og uerfarne, «hos hvilken Lidenskaberne lue stærkest, og Fornuften endnu ikke har naaet den fornødne Styrke og Fasthed til at bestride dem, naar de ved alle en frugtbar Phantasies ureene Billeder opflammes».50

I den nye boka året etter der Birckner imøtegjekk dei mange ankemåla frå Schlegel eitt for eitt, var dette det einaste punktet der han måtte gi professoren rett. «Halv uvillig» måtte han innrømme at slike skrifter burde vere underkasta ei passande straff som kunne hindre liknande forfattarar i å gå i forgjengaranes fotspor. Men med innrømminga følgde eit stort atterhald:

Halv uvillig, siger jeg; thi jeg indseer, hvilken Magt der med det samme blev indrømmet Dommeren over Geniets Værker [dvs. åndsverk] overhovedet, og hvor lettelig denne Magt kunde misbruges paa en barbarisk Maade.51

Dette viser enda ein gong med kva slags maktkritisk blikk Birckner såg på trykkefridommens vilkår i rettsapparatet. Men både han og Schlegel gjekk inn for eit forbod mot usedelege skrifter, slik også riksforsamlinga på Eidsvoll gjorde. Sverige hadde det same forbodet.

Kort sagt lar uttrykka i den andre setninga i § 100 seg godt forstå ut frå diskusjonen mellom Birckner og Schlegel og ut frå den franske revolusjonsgrunnlova av 1791 – men ikkje ut frå forordninga av 27. september 1799, som i 1814 ikkje stod høgt i kurs på Eidsvoll heller. Dei som stod bak ordlyden i paragrafen, hadde ønskt å innføre ein annan rettstilstand enn den som hadde rådd ved 1799-forordninga, og dei meinte å ha gjort det. Det var det Falsen uttrykte halvtanna år seinare: «Den almindelige Glæde, som den Eidsvoldske Rigsforsamlings eenstemmige Beslutning angaaende Trykkefriheden, udbredte over det hele Land synes retsom at vise, hvormeget den stemmede med hver god Borgers Ønske.»52

At uttrykka i § 100 er henta «nesten ordrett fra 1799-forordningen»53 eller er «ekko av lovbestemmelsene fra 1799»54, står seg heller ikkje for ein tekstleg kontroll opp mot forboda i 14 paragrafar i 1799-forordninga:

– § 100 i Grunnlova:

forsætligen og aabenbare har enten selv viist, eller tilskyndet Andre til, Ulydighed mod Lovene, Ringeagt mod Religionen, Sædelighed eller de constitutionelle Magter, Modstand mod disses Befalinger, eller fremført falske og ærekrænkende Beskyldninger mod Nogen

– Forordninga av 27. september 1799:

tilskynde eller raade enten til Forandring i den, ved Fædrenelandets Grundlov bestemte, Regieringsform, eller til Opstand imod Kongen, eller til at imodsætte sig Kongens Befalinger (§ 1)

laster, forhaaner eller søger at udbrede Had og Misnøie imod disse Rigers Constitution, eller imod Kongens Regiering, enten i Almindelighed, eller i enkelte Handlinger (§ 2)

laster eller forhaaner monarkisk Regieringsform i Almindelighed (§ 3)

søger at udbrede beskiæmmende eller fornærmende Rygter imod Kongens, eller Dronningens, eller de Kongelige Prindsers og Prindsessers Personer (§ 4)

sigter til at nedbryde Læren om Guds Tilværelse og den menneskelige Siæls Udødelighed […] laste eller forhaane den christelige Religions Lære, som, i Følge Kongens Rigers Constitution og Landets Love, skal fortrinligen beskyttes og haandthæves (§ 5)

udbreder løgnagtige Beretninger om nogen vigtig Deel af Statens Tilstand, eller om Regieringens Beslutninger og Foranstaltninger (§ 6)

Bitterhed over Regieringen, eller ved at indklæde sine Anmærkninger over dens Foranstaltninger i utilbørlige og usømmelige Udtrykke (§ 7)

fornærmer fremmede, i Venskab med Ham værende, Magter, enten ved at laste og forhaane de regierende Personer, eller, uden at nævne sin Hiemmel, at tillægge saadanne Regieringer uretfærdige og skammelige Handlinger (§ 8)

hvorved Sædelighed og Blufærdighed krænkes (§ 9)

Beskyldninger imod de Kgl. Collegier, Retter eller andre Embedsmænd, deres Embedsforvaltning angaaende (§ 10)

Fornærmelser, som tilføies private Personer, ved Trykkefrihedens Misbrug, overlades til de Vedkommende selv at paatale ved Lovmaal (§ 11)

som i et trykt Skrift tillægger nogen uskyldig Mand saadanne ærerørige Beskyldninger, som 6-21-2, 3 og 7 omhandle, […] naar Beskyldningen er i høieste Grad ærekrænkende, og dertil ei er givet mindste Anledning fra den Fornærmedes Side […] dersom Forseelsen er af det Slags, der findes anført i bemeldte Capitels 4 Artikkel (§ 12)

Dersom det strafværdige eller fornærmende i et Skrift er indklædet i Allegorie eller Ironie, hvoraf dog Meningen og den onde Hensigt er umiskiendelig (§ 13)

De Bestemmelser, der indeholdes i 9 og 13 §, gielde ogsaa om usædelige og allegoriske Kobber- og Træsnit-Stykker, eller andre Billeder, som falholdes [blir selde] eller udgives (§ 14)

Det er vanskeleg å sjå kva det er i dette dokumentet frå eineveldets tid som er «nesten ordrett» overført til Grunnlova. Det kunne kanskje vere uttrykket «Modstand mod disses Befalinger», men dei orda er faktisk omsette heilt ordrett frå den franske revolusjonsgrunnlova, som ein stor del av andre setning i § 100.

Dei wergelandske slangane i korga var ein feiande flott metafor frå ein diktarpenn tretti år seinare, men treffande som verkelegheitslitteratur var den neppe. Wergeland hadde kanskje latt seg inspirere av den unge juristen Ole Munch Ræder, fødd 1815. I si bok om den norske statsforfatninga i 1841, to år før Wergelands ord fall, skreiv han at sjølv med dei avgrensingane som låg i uttrykket «forsætligen og aabenbare», måtte forboda i § 100 «dog være usmagelige for et saa nyligen emanciperet Folk; man maatte altsaa igjen trøste det med Slutningstiraden».55 Ein slik karakteristikk av Eidsvoll-teksten finn vi ikkje andre stader.

Vi må òg ha klart for oss at Henrik Wergeland ikkje var nokon objektiv kritikar av § 100, sjølv ramma av den som han var etter den kaskaden av infame skuldingar han hadde latt hagle over prokurator Jens Obel Praëm i den herostratisk berykta ærekrenkingssaka frå 1830-åra som knekte Wergeland økonomisk. Dette er bakgrunnen for at Wergeland peika ut 1799-forordninga som eit av dei berande elementa i § 100:

[…] en av Tagbjelkerne er (ligesom dannet af en gammel rødmalet Kag) Anordningen af 27de Septbr. 1799, og man maa vogte sig for at træde anderledes til end med Kattefjed, at ikke Gulvet skal synke under Foden og Taget briste over Hovedet.56

Nettopp slik må Wergeland ha følt det under dei mange rettssakene han måtte gå gjennom for dei grove ærekrenkingane han så raust delte ut. Og for ærekrenkingssaker sin del kunne orda hans vere treffande nok. Paragraf 100 forbaud ganske enkelt ærekrenkingar, utan å skilje mellom ulike gradar og sortar, mens Norske lov 6-21 sorterte dei i alt frå dei aller grovaste ærekrenkingar til fornærmingar vi i dag reknar som nokså uskyldige, med tilhørande straffer. 1799-forordninga bestemte for sin del korleis ein dommar skulle bruke desse straffene i trykkefridomssaker, og la òg til enkelte nye. Om dommaren så slo fast at ei ytring var ærekrenkande i Grunnlovas forstand, dvs. forsettleg og openbart, måtte han for i det heile tatt å kunne idømme straff måle og vege ytringa etter grovheit og infamitet ut frå ordlyden i § 12 i forordninga og i Norske lov 6-21. I dommane mot Wergeland, som i andre ærekrenkingssaker, hadde slike overleggingar ein sentral plass. At diktaren på denne måten gong på gong fekk ei straff utmålt etter § 12 i 1799-forordninga smelt i hovudet, er det ingen tvil om.

«Ulydighed mod Lovene»

Diskusjonen mellom Birckner og Schlegel kan vere med på å kaste lys over også eit siste omdiskutert uttrykk i den andre setninga i § 100 i 1814-grunnlova: «selv viist, eller tilskyndet Andre til, Ulydighed mod Lovene». Nettopp denne formuleringa har ofte vore framheva av dei som meiner at trykkefridomsparagrafen ikkje endra rettstilstanden frå eineveldets tid grunnleggande.

Problemstillinga er formulert slik i ei lærebok i statsforfatningsrett frå 1900 av juristen Bredo Morgenstierne (barnebarn av tidlegare nemnte Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne): Dersom § 100 uttømmande ville rekne opp dei tilfella der ytringar i trykt skrift skulle kunne straffast, måtte «Ulydighed mod Lovene» vere å forstå som «noget i Retning af revolutionær Trods eller Opsætsighed mod Lovene». Men Morgenstierne kunne ikkje få seg til å tru at grunnlovsforfattarane hadde meint dette, ettersom ein ifølgje han aldri hadde forstått § 100 på denne måten, men oppfatta uttrykket som «omfattende enhver i trykt Skrift fremkommende Ytring, som kommer i Strid med noget Lovforbud».57

Kva betydde uttrykket? Kva for nokre lover sikta det til? Og kva betydde sjølv vist ulydnad mot desse lovene? Unekteleg ein pussig uttrykksmåte, sett med vår tids blikk.

Frederik Stangs tolking

Henrik Steenbuch stansa likevel ikkje opp ved dette i grunnlovskommentaren frå 1815. Samtidas juristar såg ikkje at det låg noko problem der som trong oppklaring.

Belegg for den tolkinga Bredo Morgenstierne meinte å måtte halde seg til, finst ikkje før Frederik Stang la den fram i ei forelesingsrekke om Grunnlova ved universitetet i 1831–3258 og deretter i læreboka si i forfatningsrett frå 1833. Uttrykket betydde, hevda Stang der, at ikkje berre den slags ytringar som var lista opp i § 100, men òg alt anna som «findes at maatte betragtes som en farlig eller strafbar Misbrug af Trykkefriheden», var å sjå på som lovstridig.59 Ein logisk konsekvens av denne tolkinga var at Stortinget kunne finne heimel i Grunnlova til å gjere fleire slags ytringar straffbare i ei ny alminneleg straffelov enn berre dei som var rekna opp i trykkefridomsparagrafen.

Ifølgje Stang var opprekninga der av kva som kunne gi straff, så ufullstendig at mange «for Samfundet fordærvelige Forbrydelser» måtte bli straffri når den ikkje begynte med det generelle uttrykket om å vise eller tilskynde til ulydnad mot lovene, som «Forhaanelser mod den Kgl. Familie i Almindelighed eller de arveberettigede Prindser i Særdeleshed, Forhaanelse af fremmede i Venskab med Riget værende Staters Regenter eller Gesandter, forsætlig Udbredelse af løgnagtige Beretninger om nogen vigtig Deel af Rigets Tilstand».60 Til grunn for resonnementet la han at eidsvollsmennene sjølve hadde meint opprekninga i § 100 berre som ei ufullstendig liste over kva det var forbode å ytre på trykk.

Spørsmålet er om Stang hadde rett i dette. Eit ganske anna prinsipielt syn møter oss i kjeldene frå åra etter 1814. Christian Magnus Falsen, formann i konstitusjonskomiteen på Eidsvoll, var ein av dei mange som gav utvitydig uttrykk for at «de Overtrædelser, som den bemeldte §. i Grundloven opregner», nettopp var ei fullstendig liste over kva det var forbode å ytre på trykk.61 Ifølgje han måtte «enhver Forandring i denne Trykkefrihed, som udgjøre et af Grundlovens Principer, i Følge § 112, ansees som constitutionsstridig» og kunne slett ikkje innførast ved ei alminneleg straffelov.62 Kor sterkt vern dette var, går fram av merknaden frå lovkommisjonen av 1828 om at § 112 føresette at grunnlovsendringar var mulege berre dersom «erfaring viser [mi utheving], at nogen Deel af Grundloven bør forandres».63

Det same grunnlovsvernet peika juristen, professoren og politikaren Torkel Halvorsen Aschehoug på i bind 1 av Norges nuværende Statsforfatning frå 1875; «en Lov, som indskrænkede Trykkefriheden, vilde være grundlovstridig», fordi Grunnlova hadde forbode statsmaktene å sette ei «hvilkensomhelst Grændse, de selv finde forgodt», i motsetning til organisasjonsfridommen, som hadde eit like naturleg krav på vern, men ikkje hadde fått grensene sine fastlagt i Grunnlova.64 Når Emil Stang i den kjente artikkelen sin om § 100 i Norsk Retstidende i 1913 meinte at lovtolkinga til farfaren Frederik Stang måtte vere aldeles feil, var grunnen like eins at riksforsamlinga «med vidende og velberaad hu og stemmende med hele nationens ønske» hadde grunnlovfesta trykkefridommen slik at eit tilfeldig stortingsfleirtal ikkje skulle kunne krenke den ved alminneleg lov.65 Mens grensene for trykkefridommen etter for eksempel Spanias 1812-grunnlov uttrykkeleg kunne endrast gjennom stadig nye straffelover, stod dei norske (og dei svenske) over anna lovgiving i rang og skulle dermed ikkje kunne rokkast av privatrettslege lovvedtak.

Det var på denne måten riksforsamlinga la avstand til § 26 i det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet, som var bygd på same prinsipp som den spanske trykkefridomsparagrafen (om Spanias grunnlov, sjå side 75): Etter § 26 i utkastet skulle ingen kunne straffast for eit skrift med mindre innhaldet «strider imod en bestemt og tydelig Lov, given for at værne om den almindelige Sikkerhed, og hver Stats-Borgers Ære»,66 altså ei alminneleg straffelov. I faglitteraturen er det stor semje om at § 100 innførte strengare lovreglar enn den Adler-Falsenske § 26 slik la opp til.67 Men etter regelen der kunne det motsette fort ha vorte tilfellet. Utkastet sette ingen bestemte grenser for kva som kunne vere straffbart, berre dei nokså tøyelege uttrykka «den almindelige Sikkerhed» og «hver Stats-Borgers Ære».

Kva «Sikkerhed» kunne bety den gongen, får vi eit inntrykk av i innstillinga om ny trykkefridomslov som lovkommisjonen av 1797 la fram i januar 1798. «Statens indvortes Sikkerhed, Orden og Fred», heitte det der, var trua dersom nokon gjekk inn for å endre regjeringsforma ved makt eller motsette seg «Kongens Myndighed, eller sammes Udøvelse», eller sjølv «tilkjendegive, eller søge at opvække Foragt […] imod Statens Grundlove» eller regenten og «dennes eventuelle Stedfortrædere».68

Uttrykket «den almindelige Sikkerhed» kunne vere enda vidare enn dette69 og betydde gjerne at borgarane ikkje skulle bli utsette for urettmessige handlingar. Det kunne dermed godt omfatte både alle forboda i andre setning i § 100 og meir til. Hadde § 26 i det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet vorte grunnlov, kunne eit stortingsfleirtal med grunnlag i dette uttrykket når som helst ha vedtatt straffelovsparagrafar med langt strengare grenser for trykkefridommen enn dei i § 100. Det var ikkje utan grunn at Falsen, hovudforfattaren av det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet, sjølv var såre tilfreds med den trykkefridomsparagrafen landet fekk, og forsvarte den iherdig.

Stangs nytolking av «Ulydighed mod Lovene» var ei tilbakevending til prinsippet i det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet og i den spanske 1812-grunnlova: Ved alminnelege lovvedtak kunne grensene endrast. Denne vidtrekkande og til da ukjente tolkinga festna seg fort i det fagjuridiske miljøet70 og kom til å skape tradisjon blant forfatningsjuristar. Rett nok spriker synspunkta; ikkje berre Emil Stang, men også Jon Skeie og Frede Castberg meinte at det måtte vere feil å tolke orda slik.71

Johs. Andenæs kunne likevel oppsummere resultatet ved å seie at det var rimeleg å sjå andre punktum om «Ulydighed mod Lovene» som eit generelt løyve for lovgivinga til å sette straff for ytringar i trykt skrift, berre avgrensa av regelen i tredje punktum om frimodige ytringar: «Etter denne tolking er det alternativet om ulydighet mot lovene som blir hovedbestemmelsen [mi utheving] i 2. punktum av grl. § 100.»72 Dei andre ledda i opprekninga vart da eksempel på forhold som det kunne settast straff for, men ikkje ei uttømmande opprekning av dei interessene lovgivaren kunne tillate seg å beskytte mot angrep i trykt skrift. Dette var gjeldande jus fram til paragrafen fekk ny ordlyd i 2004.

I teksten i dagens § 100 er Andenæs’ linje gjennomført fullt ut:

Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Det rettslege ansvaret skal vere fastsett i lov.

Eit allment prinsipp for ytringsfridommen med grenser som kan endrast gjennom vanlege lovvedtak, som i det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet og den spanske grunnlova av 1812.

«Revolutionær Trods eller Opsætsighed»

Det som først må avklarast her, er kva dei i 1814 og dei første par tiåra etterpå kan ha lagt i uttrykket «Ulydighed mod Lovene», dersom Emil Stang hadde rett når han skreiv at tolkinga til farfaren vart lagt fram i 1833 på eit reint teoretisk grunnlag, utan basis i rettspraksis.73 Bakgrunnen for at spørsmålet får ein så stor plass i denne framstillinga, er at det til no ikkje har vore gjort eit einaste kjent forsøk på å finne ut kva kjeldene frå før den store autoriteten Frederik Stangs tid kan ha å fortelje. Det er litt rart, for kjeldene er mange og ligg så å seie klare til gjennomsyn for oss.

Det er såleis utan grunnlag i historisk forsking Ytringsfridomskommisjonen i innstillinga si frå 1999 skriv at uttrykket frå første stund vart kritisert for å vere uklart.74 Kva uttrykket betydde, var i det heile tatt ikkje omstridd eller diskutert i dei første ti–tjue åra etter 1814, ikkje eingong av Matthias Conrad Peterson, som elles var årvakent på vakt mot alt som kunne svekke trykkefridommen, og hadde solid evne til å seie frå. Dette er påfallande med tanke på kor stor vekt ettertida har lagt på desse orda.

For Emil Stang i 1913 var opphavet til formuleringa ei gåte, kvar lovgivarane på Eidsvoll hadde henta dette med sjølv å ha vist ulydnad, motstand eller ringeakt frå. Ein slik regel fanst verken i den franske konstitusjonen eller i forarbeida til Grunnlova; den var fullstendig ny.75 Orda «selv viist» var da heller ikkje med da paragrafen vart einstemmig vedtatt utan særleg diskusjon av riksforsamlinga 11. mai 1814; da følgde teksten den franske revolusjonsgrunnlova av 1791, som konstitusjonskomiteen på Eidsvoll omsette som sitt grunnutkast: «[…] forsætligen har tilskyndet til [mi utheving] Ulydighed mod Lovene, til Ringeagt mod de constitutionelle Magter, til Modstand mod disses Befalinger […]».76

Når konstitusjonskomiteen i denne «franske» formuleringa hekta på forbod mot religionsforakt og usedelege skrifter, som kunne høre heime i ein norsk trykkefridomsparagraf, men ikkje i den smalare innretta franske, gjekk det gale: Ordlyden gjorde det ikkje straffbart for ein skribent å sjølv uttrykke ringeakt mot dei konstitusjonelle maktene, sjølv håne religionen, sjølv forfatte usedelege skrifter. Han kunne berre bli straffa for å ha oppfordra andre til å gjere det. Konstitusjonskomiteen hadde latt seg fange i ein grammatisk konstruksjon i den franske revolusjonsgrunnlova, og fadesen vart først oppdaga av den redaksjonskomiteen på tre mann som riksforsamlinga 11. mai sette ned for å finpusse språket og stilen i den vedtatte grunnlovsteksten. Når komiteen så endra ordlyden til «har enten selv viist, eller tilskyndet Andre til», må vi tru at det førte paragrafen i samsvar med intensjonen dei alle hadde hatt, og at det er grunnen til at ingen av medlemmene av konstitusjonskomiteen reagerte mot den nye ordlyden, verken da eller nokon gong seinare.

Det trudde òg Emil Stang, men han slutta seg samtidig til den alminnelege oppfatninga blant forfatningsjuristar at redaksjonskomiteen med det hadde prestert ein ny grammatisk lapsus, fordi den hadde innført endringa si utan i det heile tatt å tenke på at ein dermed kom i vanskar med «Ulydighet mod Lovene». Dei andre uttrykka i den andre setninga i § 100 lét seg lett forstå etter tilføyinga «selv viist», men ikkje dette; «selv viist Ulydighed mod Lovene» gav ikkje noka ordentleg meining, meinte Emil Stang, og han såg ikkje noko middel til å kunne finne ut kva dei var meinte å bety der.77

At dei to orda «selv viist» endra innhaldet i paragrafen enda riksforsamlinga ikkje hadde gitt komiteen mandat til å gjere realitetsendringar i Grunnlova, er det ingen tvil om, og behovet for å finne fram til nøyaktig kva dette nye og pussige uttrykket i § 100 så måtte bety, har skapt mykje hovudbry hos generasjonar av lovkunnige. Dei fleste forfatningsjuristar har landa på at redaksjonskomiteens endring viser at Frederik Stangs forklaring måtte vere rett, fordi sjølv vist ulydnad berre lar seg forstå som det å bryte ei lov.

Enda eit argument for dette førte Torkel Halvorsen Aschehoug fram i tredje bind av Norges nuværende Statsforfatning frå 1885: Når redaksjonskomiteen på Eidsvoll strauk eitt av ledda som hadde komme inn i andre setning i § 100 frå den franske revolusjonsgrunnlova, «[…] eller til Handlinger som strider mod Lovene», var det ifølgje Aschehoug «udentvivl fordi den ansaa det indbefattet under Ordene ‘Lydighed mod Lovene’».78 Men vi finn ingen kjelder og ingen stemmer i samtida som antyda noko slikt, og straffelova av 1842 tok med forbod berre mot ytringar som tilskynda til opprørske handlingar.

I artikkelen der Emil Stang hevda at farfarens tolking av «Ulydighed mod Lovene» var aldeles feil, refererte han Bredo Morgenstiernes resonnement om at uttrykket kunne bety «revolutionær Trods eller Opsætsighed mod Lovene», men fekk det for sin del ikkje til å stemme at orda reint språkleg kunne bety dette. Han baud i staden på ei praktisk tolking som òg var foreinleg med det pussige sjølv vist ulydnad og sikkert kunne ligge samtidas rettsoppfatning nær, og som Frede Castberg seinare slutta seg til.79

Meininga kunne ha vore å vise kva lovgivingsmakta kunne bestemme for tilfelle som ikkje angjekk ytringsfridommen, og som derfor ikkje var behandla i dei andre reglane i paragrafen. «Man kan nemlig i trykt skrift begaa forbrydelser, ikke ved at fremsætte sine meninger, – for det skal være enhver tillatt – men ved at gi faktiske meddelelser, som det er forbudt at gi.»80 Eksempel på slike forbodne «faktiske meddelelser» var å gi referat av hemmelege forhandlingar i statsråd, storting, forlikskommisjon o.l. eller gi oplysningar til fienden om eigne troppar, og å bryte teieplikta for advokatar og prestar eller å krenke privatlivets fred.

Når Emil Stang og andre har søkt etter svar på slike problem i grunnlovsteksten, har dei gjerne leita i den franske konstitusjonen, i forarbeida til Grunnlova og i andre samtidige grunnlover – men ikkje i diskusjonen mellom Birckner og Schlegel i dei skilsettande skriftene frå 1797 og 1798. Denne diskusjonen må medlemmene av redaksjonskomiteen, Christian Adolph Diriks, Georg Sverdrup og Lauritz Weidemann, ha vore fortrulege med. Dei to første oppheldt seg i København mens den oppsiktsvekkande diskusjonen pågjekk, Diriks som nyutdanna jurist under Schlegels kateter, Sverdrup som filologisk student, og også Weidemann var ein elev av Schlegel.

Dette er ein parallell til eit forhold jusprofessor Ola Mestad har peika på, at den rettshistoriske tradisjonen har mista Johan Frederik Wilhelm Schlegel av syne til fordel for Anders Sandøe Ørsted, som stod fram som den ruvande og fagleg interessante juristen i Danmark i første halvdel av 1800-talet, og at ein dermed har gått glipp av ein vesentleg nøkkel til å forstå bakgrunnen for forfatninga av 1814.81

Det var nettopp den feilen Emil Stang gjorde da han i artikkelen sin omtalte boka Forsøg til en rigtig Fortolkning og Bedømmelse over Forordningen om Trykkefrihedens Grændser, dateret den 27de September 1799 frå 1801 som «Ørsteds lærde modskrift» mot Birckners Trykkefriheden og dens Love.82 Det stemmer jo ikkje, Ørsteds bok hadde eit ganske anna siktemål. Motskriftet mot Birckner var Schlegels store artikkel «Erindringer imod Hr. Birckners Skrivt: om Trykkefriheden og dens Love» frå 1797. Den vart gjenutgitt i Norge i det oppheta året 1821 i ei forkorta utgåve av overrettsjustitiarius Jens Christian Berg, fordi «den udvikler saa at sige de Grundsætninger, hvorpaa vores Grundlovs 100de §. er bygget».83

I Frihetens gränser drar Lars Björne denne grunngivinga til Berg i tvil: «Hänvisningen till Schlegels principer som grund för paragrafen kan också ses som ett försok att sockra det beska pillret, då Karl Johan med lock och pock och en skapande tolkning fick Stortinget att acceptera 1799 års förordning som fortfarande gällande rätt.»84 Resonnementet til Björne kan verke rimeleg ut frå at Berg stod kongen og regjeringa nær.85 Haken er at Stortinget slett ikkje aksepterte framstøyten frå kongen i 1821.86 Boka kom ut i august 1821, før Stortinget enno hadde avvist kongens forslag til endringar i trykkefridomslovgivinga, og det er større grunn til å tru at det Berg ønskte med utgivinga, var å støtte Karl Johan ved å hevde at det var Schlegels syn, i motsetning til Birckners, som låg til grunn for den norske trykkefridomsparagrafen.87 At den erkekonservative trykkefridomsskeptikaren statsråd Niels Treschow òg medverka ved utgivinga,88 styrker dette resonnementet. Schlegels syn ville samsvare godt med kongens haldning og kunne underbygge lovframstøyten hans. (Desse hendingane blir behandla nærare i del 3.) Dette gjer det særleg interessant å undersøke kva Schlegels skrift kan ha å fortelje oss om «Ulydighed mod Lovene».

Det er lett å glømme at det var med den franske revolusjonen i 1789 som bakteppe trykkefridommen hadde vore diskutert i perioden fram mot 1814; i diskusjonen mellom Birckner og Schlegel avgrensa begge seg mot nettopp opprør og omvelting av statsmakta. Dette var eit av dei få punkta dei var einige om. Stilte overfor slikt stod dei skulder ved skulder som tilhengarar av det filosofiske systemet til Immanuel Kant, der absolutt lydnad mot lovene og makthavarane var ei viktig læresetning.89 Med motstand eller ulydnad mot lovene meinte dei ikkje noko så trivielt som at ein prest braut teieplikta si i eit ufint inserat i ei avis, slik Emil Stang blant anna kunne tenke seg uttrykket konkretisert. For dei betydde uttrykket det Schlegel kalla «Uorden, Opstand, Anarkie».90 Å tilskynde til ulydnad mot lovene var det same som å oppfordre til «Voldsomheder imod Regieringen»91 og opprør mot statsmakta.

Birckner skreiv at å «modsætte sig Lovene og Regieringens Befalinger»92 og «direkte Opfordringer til Oprør og Ulydighed»93 ikkje kunne tolererast, det han i den seinare prinsippformuleringa si om trykkefridommen i boka frå 1797 (sjå side 56) kalla «direkte at opfordre sine Medborgere til med physisk Magt at kuldkaste, eller forandre Constitutionen»94 og i boka året etter «direkte Opfordring til Ulydighed og physisk Modsættelse mod de offentlige Authoriteter».95 Dette var perspektivet også i trykkefridomsparagrafen i den franske grunnlova av 1791, der opprørsskrifter stod i fokus; frykta for ein kontrarevolusjon var stor i den grunnlovgivande forsamlinga i Frankrike.

Sett i dette lyset, at det dreidde seg om opprør mot statsmakta, å sette seg opp mot lovene, samfunnsordenen, verkar ikkje uttrykket «sjølv vist ulydnad mot lovene» pussig lenger. Da betyr det «sjølv vist opprørsånd» og kunne ramme den som i trykt skrift ikkje nødvendigvis oppfordra andre til å sette seg opp mot statsmakta, men sjølv uttrykte forakt for statens lover eller vilje til å nekte å rette seg etter dei.

For naturrettstenkarar som Schlegel og Birckner hang dette saman med skyldnaden som vart innført ved overgangen frå naturtilstanden til samfunnskontrakten: Når samfunnet, eller «Selskabet», som dei sa, vart danna, forplikta borgarane seg, slik Schlegel-eleven Henrik Steenbuch forklarte det, til «Lydighed under Selskabets almindelige Villie»,96 dvs. slik den kom til uttrykk i lovene, og til absolutt lydnad mot øvrigheita. Generalprokurør Christian Colbjørnsen understreka like eins at borgarens fremste plikt var å underkaste seg regjering og lov: «Unddragelse fra denne Lydighed er et Brud af den selskabelige Pagt; Thi Regieringen og Lovene ere den almindelige Villies Foreenings Punkt, ved hvis majestetiske Kraft al Orden i Staten vedligeholdes, og den borgerlige Sikkerhed haandthæves.»97

I forslaget til ny trykkefridomslov frå lovkommisjonen av 1797 var det såleis med eit forbod mot å tilskynde til å «nægte Kongens Love eller Befalinger Lydighed»,98 og ei forordning frå 1800 innskjerpa at borgarane var forplikta til «Troskab og Lydighed imod Kongen og Lovene».99 Å tvert imot vise «Ulydighed mod [Kongen og] Lovene» var ingen grammatisk lapsus, men ein formel for motstand, opprør og forakt for samfunnsmakta; å nekte å føye seg etter dei lovene samfunnet var tufta på.

I ei mengd kjelder frå 1700-talet og dei første tiåra av 1800-talet blir uttrykket «Lydighed/Ulydighed mod Lovene» brukt i denne betydninga.

Uttrykket var henta inn i § 100 direkte frå den franske revolusjonsgrunnlova og frå ein opprørsparagraf i den franske straffelova av 1791100 og florerte i 1790-åra i artiklar om den franske revolusjonen i blad som var mykje lesne: «[…] der, hvor Anarkie, Uorden, og Ulydighed mod Lovene herske, der kan der ingen Fred og Sikkerhed være»;101 «[…] en Lovbog, hvor alle Trykkeforbrydelser classificeres, hvor Straffe bestemmes mod Bagvaskelser, mod Opfordringer til Plyndring, til Mord, til Oprør, til Ulydighed mod Lovene»;102 «Nu da! hver Journalist er en vandrende Club, der præker Oprør og Ulydighed imod Lovene»103. Eller som ei bok med kvass brodd mot den franske revolusjonen formante: «Vee det Folk, der søger sin Frihed i Ulydighed mod Lovene!»104 Boka sjølv, derimot, preika «Orden og Lydighed mod Lovene».105

Det var i denne betydninga slottsprest i Christiania og seinare biskop i Bergen Claus Pavels i 1815 brukte uttrykket i gravferdstalen sin over stortingsmann og sokneprest Peter Hount. Pavels fortalde kyrkjelyden om fridomsropet som hadde lydd Europa rundt i Hounts ungdom – dvs. den franske revolusjonen – og hos den 20-årige nordmannen hadde vekt og styrkt tanken om at «Norge, Kjæmpers Fødeland» ein gong ville vakne av «sin Drøm om Frihed og bryde Lænker, Baand og Tvang»; men det var langt ifrå Hounts tanke å framskynde dette tidspunktet «ved Pøbeltumulter, ved Opstand mod Landets Regjering og Ulydighed mod dets Love»: «Borgerlig Orden og Rolighed var ham stedse hellig.»106

Formelkarakteren uttrykket ofte hadde, går fram av eit promemoria frå Danske kanselli av 24. mars 1801: «Øvrigheden maae aldrig fordre Lydighed uden i Kongens og Lovenes Navn.»107 Eit anna promemoria frå Danske kanselli av 16. september 1797 om «offentlig Roligheds Forstyrrelse» konkretiserte dette ved å forklare at «[d]en høieste Grad heraf er, naar Lydighed imod Lovene med Frekhed Negtes, og den udøvende Magt finder Modstand i at haandhæve denne».108 I slike tilfelle vart opprørslovene opplesne for forsamlinga, i 1814-grunnlova nedfelt i § 99: Dei artiklane i Norske lov som gjaldt opprør, vart «trende Gange lydelig forelæste af den civile Øvrighed», og lydde ikkje forsamlinga da, viste den ulydnad mot lovene, opprørsvilje. Det var blant anna dette som låg også i uttrykket «Modstand mod disses Befalinger» i § 100, som ikkje betydde at ein i eitt og alt blindt skulle gjere som øvrigheita sa, men forbaud oppviglersk oppførsel.

Som ein lydnadsformel vart orda òg brukte i mange adresser til Christian Frederik ved opninga av riksforsamlinga på Eidsvoll 10. april 1814. I den underdanige adressa som skulle fortelje han kven som var valde som utsendingar til riksforsamlinga frå Gjerstad, stod det at «vi love ved Lydighed imod Lovene, ved gavnlig Virksomhed, ved ædelt Borgersind og ved Troskab og Enighed i Farens Time at vise Dem vor hele Hengivenhed».109

Kronprins Karl Johan brukte den same formelen i forsoningstalen sin ved oppløysinga av det første overordentlege stortinget 26. november 1814 idet han minte nordmennene om «at Enighed og Orden udgjøre en Stats Styrke, og at dens Lyksalighed og Varighed kræve Alles Lydighed for Lovens hellige Bud».110 Eit halvt år tidlegare, i ein proklamasjon av 10. juli 1814, som eit varsel om at svenskane ville ta Norge med makt, hadde Karl Johan i ein ganske annan tone kalla nordmennenes opprør mot Kieltraktaten ulydnad mot lovene:

Indbyggere af Norge! Eders politiske Tilværelse er urokkeligen bestemt igjennem Krigsbegivenhedernes endelige Udvikling, og er stadfæstet igjennem det høitideligste Forbund. Den avhænger ikke meer af nogle urolige Partistiftere, der søge at forlede Eder til Ulydighed mod Lovene, til Uredelighed, og til at lægge Hindringer i Veien for en ny Tingenes Orden i Norden. Den er eenstemmigen forsikkret af Europas mægtigste Regjeringer.111

Korleis uttrykket vart brukt i norske aviser i tiåra etter 1814, ser vi av Morgenbladet da avisa våren 1821 meldte frå det urolege Napoli, der den nyoppretta konstitusjonelle samfunnsordenen var under militært angrep frå den austerrikske hæren med politisk støtte frå Preussen og Russland, at «den permanente Parlaments-Deputation» i ein proklamasjon til folket «betragter Constitutionens Opretholdelse som sin første Pligt, og formaner Rigets Indvaanere til Eendrægtighed, Orden og Lydighed imod Lovene».112 Slik var det vanleg at avisene formulerte seg når dei rapporterte om samfunnsuro i andre land.113

Kongen brukte òg liknande ord da han i 1830 åtvarande refsa den urolege norske 17. mai-feiringa året før;114 og det var den gamle skyldnaden undersåttane hadde til å vise truskap og lydnad mot kongen og lovene, Stortinget levde opp til da representantane 3. september 1830 i ei adresse til kongen om dei same 17. mai-tumultane forsikra han om heile det norske folks varme kjærleik for «Deres Kongelige Majestæt» og om «dets Lydighed mod Lovene».115

Eksempla viser at uttrykket var godt kjent i samtida i ei betydning som låg langt unna Frederik Stangs tolking av det.

Dødsstraff for «Ulydighed mod Lovene»

At avstanden var stor også til Stangs påstand om at opprekninga av forbod i § 100 ikkje omfatta alt som var meint å vere straffbart, går fram av desse orda frå juni 1816 frå konstitusjonskomiteen på det første ordentlege stortinget:

Committeen anseer denne Gundlovens §. for fuldstændigt Fundament til en Lovgivning om Trykkefriheden, men finder ingenlunde, at den selv kan ansees som en fuldstændig Trykkefriheds-Lovgivning; thi den bestemmer hverken Straffe for de Brud imod Religion, Sædelighed og almeent Vel, som den selv antager at kunne ved Trykkefrihedens Misbrug finde Sted, og heller ikke, hvorledes man lovligen skal udfinde de anonyme Forfattere, der have gjort sig skyldige i saadanne Lovbrud.116

To ting mangla i § 100 som måtte utfyllast av den nye straffelova om trykkefridommen som komiteen trudde låg like om hjørnet: bestemte straffer for brot på grensene i § 100 og reglar for når og korleis anonymiteten skulle kunne krevjast oppheva – nettopp dei to problema Henrik Steenbuch hadde peika på i grunnlovskommentaren sin. At straffelovsparagrafar om andre forhold enn dei som var rekna opp i § 100, skulle kunne komme inn i bildet, låg utanfor komiteens horisont.

I komiteen sat fem tonegivande menn i samtida, med ulik politisk ståstad, tre av dei juristar: opposisjonsmannen biskop Peter Olivarius Bugge, tidlegare statsråd Niels Aall (som var i Paris under stormen på Bastillen 14. juli 1789), generalauditør Christopher Anker Bergh, den moderate stortingspresidenten stiftamtmann Wilhelm Frimann Koren Christie og amtmann Christian Magnus Falsen. Det skulle vere underleg om vi ikkje må sjå på synet dei gav uttrykk for, som den rådande oppfatninga i samtida. Som Falsen skreiv to år etterpå: «Imod den Erklæring eller Fortolkning, som Komiteen her har afgivet over Forstaaelsen af Grundlovens 100de §., synes Intet med Grund at kunne indvendes.»117

Denne oppfatninga låg òg til grunn for det arbeidet lovkomiteen av 1814 gjorde for å få på plass ei ny og moderne straffelov som spegla grensene for trykkefridommen i § 100. I eit utkast i 46 paragrafar som komitémedlem generalauditør Christopher Anker Bergh la fram i september 1817, vart det uttrykkeleg erklært at grensene for trykkefridommen i § 100 var meinte å vere dei einaste gyldige: «For Indholden af hvad som ved Trykken udgives, […] hviler Ansvar inden de Grændser, Grundloven foreskriver.»118 Nokon tanke om at uttrykket «Ulydighed mod Lovene» skulle bety at også andre grenser kunne gjerast gjeldande via andre lover, fanst ikkje i lovutkastet. Heller ikkje lovkomitémedlem Lauritz Weidemann, som hadde vore med i tremannskomiteen på Eidsvoll som innførte den omdiskuterte formuleringa «selv viist», nemnte uttrykket i den sterkt kritiske kommentaren sin til Berghs utkast i den interne diskusjonen i komiteen.

Det gjorde derimot to andre komitémedlemmer i dei skriftlege innlegga som ligg att etter dei i arkivet frå komiteen. Dei tok ikkje opp uttrykket om ulydnad som eige tema, men rørte ved det der dei diskuterte ulike straffeprinsipp ved trykkefridomsbrot. Det hadde òg ein tidlegare komitémedlem, professor i filosofi ved universitetet og no kyrkjestatsråd Niels Treschow, gjort i eit forslag til prinsipp for ei ny trykkefridomslovgiving som han hadde lagt fram i 1814: Dersom ærekrenkande skuldingar sikta «gandske tydelig til Opirr mod Øvrigheden og Lovene eller endog ligefrem opmuntre dertil, straffes Forfatteren ligesom andre Oprørsstiftere», skreiv Treschow der.119

Det komitémedlem Wilhelm Frimann Koren Christie no reagerte på, var forslaget frå Bergh om at trykkefridomsbrot burde straffast som om «de samme Yttringer vare sagte til Things, og med fuldt Overlæg».120 Imot dette meinte Christie at det i fleire paragrafar burde utdjupast «hvad der forstaaes ved, at udvise Ulydighed mod Lovene, Ringeagt mod Religionen, Sædeligheden eller de constitutionelle Magter, og Modstand mod disses Befalinger, samt at særskilte Straffe derfor udtrykkeligen bør fastsættes».121 Ei trykkefridomslov måtte innehalde spesifikke straffer også for «Ulydighed mod Lovene»; uttrykket kunne da umuleg sikte til forbod som alt stod i straffelovene og fekk anvist straffene sine der.

Om desse synspunkta ikkje er oppklarande, så blir all tvil om at det er opprørsånd det er snakk om, rydda av vegen av det den norskfødde dommaren ved dansk høgsterett Niels Engelhart skreiv idet også han argumenterte imot straffeprinsippet i § 38 i Berghs utkast: Den som i eit skrift tilskynda andre til «Ulydighed mod Lovene, eller Modstand imod de constitutionelle Magters Befalinger» burde neppe under alle omstende straffast som den som «paa Thinge tilskynder den forsamlede Almue dertil»,122 dvs. med dødsstraff etter Norske lov 6-4-13 og 14. Det var ulike gradar av trykte opprørske ytringar han sikta til.

I eit skrift frå 1821 knytte biskop i Nordlandene og Finmarken Mathias Bonsach Krogh like eins saman desse uttrykka frå § 100: Ringeakt mot dei konstitusjonelle maktene og motstand mot befalingane deira «synes at kunne indbefattes under Ulydighed imod Lovene»;123 og han demonstrerte kva dei den gongen la i dei to orda selv viist, ved å uttrykke seg slik: «[…] naar en Skribent aabenbar røber forsætlig [mi utheving] Ulydighed imod Lovene, eller tilskynder Andre dertil […]».124 Christian Magnus Falsen viste i 1818 det same, men med litt andre ord: «[…] forsætlige og aabenbare Angreb paa [mi utheving], eller Opfordringer til Ulydighed imod Lovene […]».125 At «selv viist» var ei formulering utan meining, slik Emil Stang hevda, står seg ikkje mot desse kjeldene.

La oss så gå til ein lovkomitémedlem som nærast etterlét seg ein definisjon av uttrykket om ulydnad: høgsterettsdommar Jens Peter Debes. Han hadde to år før Bergh, i 1815, ført i pennen eit første «Udkast til Forordning om Trykkefriheden» i 33 paragrafar. Der konkretiserte han uttrykka «Ulydighed mod Lovene» og «Modstand mod disses [de constitutionelle Magters] Befalinger» i andre setning i § 100 i Grunnlova på denne måten:

Men hvo som befindes i noget ved Trykken udgivet Skrivt at tilskynde eller opmuntre til voldsom Omstyrtning af den ved Fædrelandets Grundlov bestemte Constitution, eller til Opstand mod Kongen saavelsom imod dem, som medens Kongen er mindreaarig eller Thronen ledig, bestyrer Regjeringen, eller til at Modsætte sig Kongens Befalinger eller Storthingets Befalinger, have sit Liv forbrudt og Skrivtet confisceres.126

Uttrykka dreidde seg for høgsterettsdommar Debes eintydig om opprør og opprørske skrifter.

Om muleg enda tydelegare var dette hos overrettsprokurator Hans Møller, i samtida anerkjent som ein av dei fremste advokatane i Christiania. I 1820 drista han seg til å gi ut eit komplett forslag til den straffelovboka landet enno mangla. Første paragraf i «5te Afsnit, 1ste Capitel» om «crimen læsæ majestatis», majestetsbrotsverk, gjekk slik:

Hvo, som befindes at have tilskyndet eller raadet til Opstand mod Kongen, eller til at modsætte sig hans Befalinger, eller til Ulydighed mod Lovene, eller de constitutionelle Magter, skal have sit Liv forbrudt.127

Dødsstraff for «Ulydighed mod Lovene» hos dei begge, altså, som i Norske lov 6-4-13 og 14. Tydelegare kunne det knapt seiast. Noko anna som kunne referere til det omdiskuterte uttykket, finst verken hos Møller eller i dei to lovutkasta frå 1815 og 1817.

Praksis ved domstolane

I fire trykkefridomssaker mellom 1815 og 1829 var uttrykket frå § 100 inne i bildet, direkte eller indirekte.

I den første vart det brukt eksplisitt og ordrett ved domstolen. Det skjedde da høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm tok det opp som forsvarar i ei sak i 1816 (denne saka blir gjennomgått i del 2). Bror hans, Hans Abel Hielm, stod anklaga for som redaktør av Det Norske Nationalblad å ha sett på trykk ein anonym artikkel der det stod at ei ny lov, ei mellombels kongeleg anordning for innretninga av Høgsterett, la urettferdige byrder på høgsterettsadvokatane.

Aktor, Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne, som no var norsk høgsterettsadvokat, påstod at artikkelen dermed uttrykte seg fornærmeleg om ei lov og lasta kongen for å ha «begaaet en i høi Grad uretfærdig handling» da han innførte den. Tiltalen var majestetsfornærming, straffepåstanden landsforvising.128 Slik var gjeldande rett før 1814, da kritikk av ei lov eller andre offentlege innretningar var kritikk av kongen, som alle forhold i staten sprang ut frå, og strengt forboden. Dette gjaldt vel å merke ikkje ytringar som retta seg etter einevaldsmaktas vilje, som ønske om betre lover innanfor landbruket, men kritikk som vart oppfatta som eigenrådig og på tvers av makta. For eksempel dømte Bergen Stiftsoverret i ein dom av 11. november 1811 sunnmørsbonden Lars Nielsen Overdal til landsforvising for å ha uttrykt seg nedsettande om ei vaksinasjonsforordning av 3. april 1810.129

Men etter 1814 stod ikkje kongen lenger bak alle forhold i staten. Både lovvedtak og grunnlovsendringar var ei sak for Stortinget, og da måtte det vere lov å argumentere både for og imot ei lov og peike på veikskapar ved den.130 Ein stad gjekk det likevel ei grense, og i retten hevda Hielm imot Morgenstierne at «Lovene ere i intet Tilfælde gjorte til Gjenstand for Fornærmelse ved Pressen, uden naar Skribenten enten selv viser eller tilskynder Andre til Ulydighed mod dem».131 Det hadde ikkje skribenten gjort ved å seie at lova hadde urettferdige verknader.

Det Hielm drog opp ei grense imot, var å vise forakt for lova, å uttrykke vilje til opprør mot den, ikkje å bryte den, som i dette tilfellet ville ha vore ikkje berre praktisk umuleg, men ein absurditet. Morgenstierne tilbakeviste ikkje denne lovforståinga i sitt svar i retten, men meinte at den som kalla ei lov urettferdig, nettopp uttrykte seg fornærmeleg og straffverdig om den og i dette tilfellet derfor også om kongen.132

Christiania Bytingsret var i dommen av 7. november 1816 einig med Hielm, at den tiltalte ved å ytre seg slik ikkje «forsætligen eller aabenbar har viist eller tilskyndet til Ulydighed mod den omhandlede Anordning, eller Ringeagt eller Modstand mod dens Bud».133 Aggershuus Stiftsoverret slutta seg til dette i sin dom av 23. juni 1817 og slo fast at «Forfatteren hverken selv har viist, eller tilskyndet andre til Ulydighet eller Foragt» mot denne lova ved å ytre seg som han hadde gjort.134 Ein skribent kryssa altså ikkje grensa mot ringeakt eller opprør ved å påstå at ei lov hadde urettferdige verknader, og påstanden var derfor beskytta av retten til frimodige ytringar. Som vi ser, fall det ikkje den tidas dommarar det minste vanskeleg å bruke formuleringa «selv viist Ulydighed». Påtalemakta anka ikkje overrettsdommen.

Det kan vere fort gjort i dag å tru at dei to domstolane gjekk utover ordlyden i § 100 med orda «Ringeagt eller Modstand mod dens Bud» (bytingsretten) og «Foragt» (overretten); slikt stod ikkje uttrykkeleg anført som straffverdig der. Men det dommarane presiserte med dette, var at ringeakt, motstand og forakt hørte med blant dei uttrykksmåtane som måtte sortere under det generelle omgrepet «Ulydighed».

Same lovforståing låg til grunn i dei to neste sakene, som regjeringa reiste i 1821 mot to artiklar i Drammens Tidende: at det strei mot § 100 å fornærme ei lov, å vise forakt for den. (Begge sakene blir òg behandla i del 3.) Dette skjedde i ei opphissa tid da kong Karl Johan nettopp hadde prøvd å gjeninnføre mange av forboda i 1799-forordninga, om enn utan å lykkast; kongen hadde med det sjølv gått god for den gamle forordninga frå eineveldets tid, og mange trudde at den faktisk var gjeninnført.

Den første av dei to sakene vart reist mot redaktør i Drammens Tidende Carl Ferdinand Rode. Han hadde sett på trykk desse opningsorda i ein anonym artikkel: «Hr. Udgiver! Da vor Trykkefrihed nu er gaaet fløiten, og De, ligesaa lidet som Deres Colleger, herefterdags vil kunne være sikker for Landsforviisning, Fængsel på Vand og Brød, Tugthusstraf eller svære Pengebøder […].»135 For dette vart han tiltalt for å ha brote grensene i § 100 i Grunnlova ved å ha «forhaanet vort Riges Constitution eller Grundlov, der i dens §. 100 paabyder og hjemler Trykkefrihed; og end mere har han søgt at opvække Haan og Foragt mod denne vor Grundlovs Bestemmelse»,136 og straffepåstanden var landsforvising etter § 2 i 1799-forordninga.

Noka anna formulering i § 100 enn forbodet mot «Ulydighed mod Lovene» fanst ikkje som kunne ramme hånsytringar mot Grunnlova. Det var dette forbodet det handla om når aktoratet tiltalte Rode for å ha påstått at § 100 ikkje gjaldt lenger når regjeringa no hadde gjeninnført den oppheva 1799-forordninga: Ytringa var ikkje berre ei erklæring om «at han ikke længer anseer samme Lovbud som forbindende for sig, men tillige en Opfordring til, eller i det mindste en offentlig yttret Underretning til Andre om, at kunne og skulle ansee det som saadant».137 Da ytra han «ikke alene selv sin Ringeagt og Haan for samme [dvs. § 100], men søger tillige at udbrede saadan blandt sine Medborgere»,138 dvs. at han hadde både vist og tilskynda til ulydnad mot Grunnlova.

Både Rode og forsvararen hans delte lovoppfatninga til aktor,

at Ringeagt mod hvilkensomhelst Lov kun kan finde Sted hos den, som enten selv søger at hæve sig over, eluderer eller og i haanende Udtrykke nedsætter Lovens Værd og paa saadan Maade tillægger den skadelige Virkninger, eller søger at bringe Andre til saaledes at ringeagte Loven.139

Å vise ringeakt mot Grunnlova meinte Rode at han ikkje hadde gjort; han hadde berre misforstått situasjonen og trudd at regjeringa hadde gjeninnført forbod i 1799-forordninga som strei mot § 100, ein paragraf han tvert imot aktors påstand akta og elska. Men no skjønte han at noko slikt ikkje var skjedd. På dette grunnlaget vart han frikjent av Drammens Bytingsret ved ein dom av 25. april 1822; han hadde ikkje «viist aabenbar Ringeagt mod Constitutionen eller de constitutionelle Magter».140

Denne dommen vart omgjort av Aggershuus Stiftsoverret ved ein fellande dom av 19. august 1822. Overretten dreidde saka bort frå ringeakt mot Grunnlova og meinte at det Rode hadde gjort, var å trykke ei usann skulding om at «Hans Majestæt Kongen eller den lovgivende Magt» hadde oppheva trykkefridommen, og med det «forsætligen og aabenbare viist Ringeagt imod en af de constitutionelle Magter tvertimot Grundlovens 100de §».141 Straffa var fengsel i fire dagar på vatn og brød. Rode anka ikkje saka si av redsel for at avisa og dermed levebrødet hans skulle bli uoppretteleg ramma.

Men anke gjorde den tiltalte i neste sak, klokkar Hans Allum i Skoger i Vestfold, da han fekk ein liknande dom imot seg, med full frifinning i Høgsterett som resultat. Han hadde i eit innlegg i Drammens Tidende 24. september 1821 kalla 1799-forordninga «berygtet».142 For dette vart også han frikjent i første instans, Skoger Tingret, ved ein dom av 12. november 1822, men vart så dømt til fengsel på vatn og brød av neste rettsinstans 2. juni 1823, i hans tilfelle Jarlsbergs Grevskabs Overbirkeret. Heimelen for å dømme slik var forbodet mot å vise ulydnad mot lovene: Ved å bruke eit slikt nedsettande ord om forordninga hadde Allum ifølgje overbirkeretten «forsætligen og aabenbar tilsidesat den Lydighed og Agtelse han er Loven og de constitutionelle Magter skyldig».143 Når Høgsterett frifann han, var det fordi dommarane der meinte at han med ordet «berygtet» ikkje hadde vist forakt for lova.144

Den fjerde og siste saka kom opp i ein ny opphissa situasjon, i 1829; kongen hadde da lagt ned forbod mot nordmennenes 17. mai-feiring, fordi den grunnlova han regjerte på basis av og hadde svore truskap til, slett ikkje var vedtatt på denne datoen, men av det første overordentlege stortinget 4. november 1814. Dessutan var 17. mai 1814 datoen da Christian Frederik hadde vorte vald til norsk konge, og lite opphissa Karl Johan meir enn å bli mint om konkurrerande monarkar. Hans syn var at riksforsamlinga på Eidsvoll hadde vore illegitim.

Da ein kongevennleg innsendar i adresseavisa i Trondheim spurde utgivarane av det opposisjonelle og embetsmannskritiske bladet Folkevennen om dei verkeleg ville oppmuntre trønderane til å vere «ulydige mod deres Konges Bud»,145 svarte utgivar Ola Hanssen at «naar Norges constitutionelle Konge ikkun byder, hvad han ifølge Grundloven af 17de Mai er berettiget til, saa er det Pligt, saavel for Thrønderne som for hvilkensomhelst Normand at adlyde sin Konges Bud!».146 Ei trykkefridomssak vart straks reist mot Ola Hanssen, fordi «de ved Grundloven fastsatte Grændser for Trykkefrihedens Brug ved foranførte Tirade ere overtraadte».147

Spørsmålet som slik vart ført fram for retten, var kva Ola Hanssen hadde sagt i det frekke svaret sitt. Meinte han at trønderane og nordmennene ikkje var pliktige til å respektere dei forandringane Stortinget hadde gjort i Grunnlova i november 1814 for å få den i harmoni med unionen med Sverige? Eller hadde han berre meint, slik ein innsendar i Morgenbladet hevda like etter at justisaksjonen vart kjent, at «man beregner Grundlovens Alder rettelig fra 17de Mai 1814, ligesom man ene rigtig beregner et Klædningsstykkes Alder fra den Tid, da det blev leveret nyt, ikke fra den Dag, da det blev lappet»?148

Kven denne anonyme innsendaren var, veit vi ikkje, men det er påtakeleg at han brukte ein del vendingar, ikkje minst latinske, som høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm elles ynda å bruke. Retorisk spurde han om regjeringa verkeleg kunne vere så hårkløyversk at den tenkte å bygge aksjonen på at Hanssen hadde nekta å anerkjenne 4. november-grunnlova og med det vist eller tilskynda til ulydnad mot lovene.

Kva ein slik ulydnad konkret kunne bestå i, vart utdjupa i eit motinnlegg, som var eit sterkt forsvar for justisaksjonen. Ifølgje denne innsendaren, også anonym, hadde Hanssen bestemt uttrykt at nordmenn ikkje trong lyde kongen når han baud noko som vel kunne vere fullkomment i samsvar med gunnlova av 4. november 1814, men ikkje fanst heimla i den påberopte grunnlova av 17. mai.149 Som eksempel nemnte han § 25 i novembergrunnlova, som gav kongen rett til å befale norske troppar å rykke inn i Sverige til våpenøvingar, og §§ 12, 13 og 14, som heimla at kongen utnemnte ein statthaldar i Norge. Når Ola Hanssen no openbart meinte at nordmennene kunne nekte å respektere slike avgjerder av kongen, hadde han utan tvil «baade ‘selv viist’ og ligeledes ‘tilskyndet Andre til Ulydighed imod Lovene’, og det imod Grundloven selv».

Ein tredje anonym innsendar gjekk hardt imot at det Hanssen hadde skrive i Folkevennen, kunne tolkast slik, fordi desse to utgåvene av Grunnlova uansett dei modifikasjonane den første av dei hadde fått, i røynda var ei og same lov. Dermed kunne ikkje Hanssen ha komme med ei oppfordring til ikkje å etterleve den; «og det er blot saadanne Beskaffenheder ved et Skrivt, der efter Grundlovens § 100 qualificerer det som strafbart».150 Nærast ein definisjon av «Ulydighed mod Lovene» der, altså, slik uttrykket vart forstått på denne tida.

Da saka kom opp for Trondhjems Bytingsret 26. mars 1829, vart Hanssen tiltalt for å ha sett fram «en falsk, og for Statens Sikkerhed og Ro farlig Lære, samt en indirecte Opfordring til Ulydighed mod Hans Kongelige Majestæt».151 Vi ser her kor tett knytte til kvarandre uttrykka «Ulydighed mod Lovene» og «Modstand mod disses [dei konstitusjonelle maktenes] Befalinger» var, ved at dei begge handla om eit opprørsk sinnelag, noko medlemmene i lovkomiteen av 1814 også hadde understreka, og som låg i det gamle uttrykket om å ha plikt til «Lydighed mod Kongen og Lovene».

Men påstanden om «indirecte Opfordring til Ulydighed» vart avvist både av Trondhjems Bytingsret 12. mai 1829 og av Trondhjems Stiftsoverret 6. juli 1829 med Grunnlovas krav om at ei ytring måtte vere forsettleg og openbar for å kunne vere straffbar. Det regjeringa og aktor la i orda til Ola Hanssen, kunne umuleg «siges, at være aabenbare yttret».152 Regjeringa anka ikkje saka til Høgsterett, men det låg i korta at dersom Hanssen forsettleg og openbart hadde erklært at delar av 4.-november-grunnlova var ugyldige og ikkje verdt å respektere, da ville han ha vist forakt for Grunnlova og vore skyldig i ulydnad etter tiltalen.

Desse fire sakene var den samla rettspraksisen om «Ulydighed» i trykkefridomssaker da Frederik Stang la fram nytolkinga si i 1833; kjernen i alle fire var spørsmålet om ei respektlaus eller opprørsk foraktytring var retta mot ei lov, og især mot Grunnlova. Ulydnad handla ikkje om å bryte lover, men om å nekte for legitimiteten deira, å trasse lovgivingsmakta.

Det kan vere liten tvil om at når Henrik Steenbuch ikkje drøfta uttrykket i sin gjennomgang av Grunnlova i 1815, var det fordi det var opplagt og ukontroversielt for han at det betydde nettopp det Bredo Morgenstierne hevda at ingen nokon gong hadde meint, «noget i Retning af revolutionær Trods eller Opsætsighed mod Lovene»,153 det juristen Frederik Georg Lerche, fødd 1808, kalla å angripe lovene «af ond Villie»154. Slik måtte òg utanlandske lesarar oppfatte den offisielle omsettinga til engelsk frå 1814 av 17. mai-grunnlova: «[…] unless he has either willingly and evidently shown himself disobedient to the law or animated others to disobedience against the same.»155 Det norske omgrepet for «disobedience to the law» er i vår tid sivil ulydnad, ei handling som i 1814 ville ha vore einsbetydande med oppstand eller opprør.

«Oprørske Tidsskrifter og offentlige Blade»

Steenbuch nemnte uttrykket éin gong, da han ville korrigere den som måtte tru at § 100 ikkje forbaud ein skribent å vise eller oppfordre andre til motstand mot befalingar også frå underordna embetsmenn. Det var ei feilslutning: «Forbudet herimod maa ansees at være indbefattet under det Foregaaende: Ulydighed mod Lovene.»156 Slik knytte også han formuleringa til oppstand og opprørsånd. Og da han i ein (som vanleg) anonym avisartikkel157 i 1825 drog fram at det no skulle ha dukka opp ei førestilling om at formuleringa kunne sanksjonere «enhver ældre speciel Lovbestemmelse»,158 avviste han det som eit synspunkt heilt utan vekt.

Først da Frederik Stang gjorde dette synspunktet til sitt og bygde den vidtgåande nytolkinga si på det, vart den rådande oppfatninga utfordra. Så strekte det seg òg ei generasjonskløft mellom Steenbuch og Stang, både i alder og i ideologisk orientering. Mens Steenbuch, som så mange juristar frå tida rundt 1814, var ein liberal opplysningsmann prega av fridomstankane frå andre halvdel av 1700-talet, hørte Stang med blant den kretsen av unge frå 1820-åra som vart prega av den politiske reaksjonen som utviklinga i tiåra etter den franske revolusjonen av 1789 utløyste i Europa, særleg etter 1815 og den såkalla monarkiske restaurasjonen i Frankrike. Eit ideal for han i studietida var ein av dei fremste og mest lærde norske representantane for reaksjonen, nyss nemnte filosofiprofessor Niels Treschow.159

Frederik Stang vart fort og i ung alder sjølv ruvande og tonegivande på sitt fagfelt. Boka der han i 1833 la fram tolkinga si, Systematisk Fremstilling af Kongeriget Norges constitutionelle eller grundlovbestemte Ret, var den aller første ordentleg rettsvitskaplege avhandlinga i Norge. Med den grunnla 25-åringen den norske rettsvitskapen som seriøs disiplin. Det er ikkje særleg merkeleg at tolkinga hans av § 100 i ettertid har stått fram som autoritativ. Men sonesonen Emil Stang hadde nok rett i det han skreiv i artikkelen sin i 1913: Tolkinga var ny og Frederik Stangs eiga teoretiske nyskaping. Han oppsummerte ikkje deskriptivt ein faktisk rettspraksis, men uttalte seg normativt, korleis lova etter hans meining burde vere å forstå.

Tolkinga vart òg verande teori ei stund, iallfall heldt Justisdepartementet seg i mars 1836 til den gamle oppfatninga i eit utkast til ei ny lov om portotakstar for brev, aviser og tidsskrift. Der vart portomoderasjonen som kongen til da hadde kunna gi aviser og tidsskrift, tatt opp. Denne ordninga, basert på ein kongeleg resolusjon av 20. mai 1796, var omstridd, fordi kongen hadde makt til å ta bort moderasjonen dersom han ikkje likte ei avis eller eit tidsskrift, som med den tidas høge portotakstar vanskeleg kunne drive vidare utan portomoderasjon. Denne makta hadde han så visst brukt, og med vel så stor effekt som den inndragingsmakta han hadde i Sverige, dvs. lovheimel i den svenske trykkefridomsforordninga av 1812 til etter eige skjønn å stanse eit blad for alltid. Portomoderasjonen var med andre ord ein sterk sensurreiskap som kongen framleis rådde over, trass i sensurforbodet i § 100.160 Men etter den nye lova skulle alle aviser og tidsskrift no få lovbestemt rett til nedsett porto.

For å forhindre at eit blad «misbrukte» denne retten, hadde det første lovutkastet med ein klausul om at ein utgivar som spreidde straffbare ytringar, skulle kunne miste portomoderasjonen for alltid ved dom. Han kunne òg miste den før dom var fallen, men berre dersom «Tidenden eller Tidsskriftet, ved aabenbar at opfordre til Ulydighed mod Lovene eller til Modstand mod de constitutionelle Magter eller disses Befalinger, søger at sætte Statens Sikkerhed og Fred i Fare».161 Dette sikta uttrykkeleg til «oprørske [mi utheving] eller andre Tidsskrifter og offentlige Blade, der kunde have til Hensigt, at forstyrre Samfundets Fred».162 Klausulen var eigna til å skape strid i Stortinget og var stroken i det endelege lovforslaget som vart lagt fram.

Etter § 5 i den nye portolova av 19. januar 1837 fekk nok kongen makt til å gi ekstra moderasjon til utvalde blad og til å trekke denne ekstra moderasjonen tilbake.163 Men Stortinget vedtok ein lovbestemt porto for aviser og tidsskrift som som var så låg at eit tap av ekstra kongeleg moderasjon frå no av fekk lite å seie for bladøkonomien. Kongens kraftigaste sensurmiddel var endeleg historie.

Roosen-saka

Det som gjorde at tolkinga til Stang snart festna seg i det samtidige juridiske miljøet, var ikkje minst straffesaka mot ingeniørløytnant Carl Bonaparte Roosen som vekte slik oppsikt i 1836, og som det derfor blir nødvendig å gå grundig igjennom her.

Carl Roosen hadde i eit innlegg som fylte nesten eit heilt nummer av Morgenbladet 11. januar dette året, komme med harde utfall mot sin militært overordna, generalmajor Johan Henrich Spørck. Roosen hevda at Spørck hadde snakka usant om han til kong Karl Johan under ein inspeksjon på Kongsvinger festning, der Roosen hadde hatt ansvaret for eit restaurasjonsarbeid, til atskilleg skade for Roosen, og at Spørck ikkje var ein dyktig nok offiser til å fylle stillinga si. Roosen vart prompte stilt for militærets særdomstol, krigsretten, i dette tilfellet ein garnisonsstabskrigsrett ved Akershus festning, og 19. april 1836 dømt til fire månaders festningsarrest av første, dvs. mildaste, grad164 – med «Frihed at gaae om Dagen allevegne omkring i Fæstningen»165.

Saka var ikkje reist som ei trykkefridomssak. Roosen vart tiltalt og dømt for å ha brote militært personells plikt til å vise respekt for overordna så vel i som utanfor teneste, fastsett i den militære forordninga om «Subordinationen», lydnadsplikta, av 27. april 1792. Men Roosen forsvarte seg med § 100 i Grunnlova, der det stod at ingen «maa straffes for noget Skrift, af hvad Indhold det end maatte være», altså uansett, påstod han, om ytringa måtte vere lovstridig om den vart brukt «i anden Form end igjennem Pressen»,166 dvs. munnleg eller i eit handskrive brev til generalmajor Spørck. Han hevda dessutan at trykkefridomsparagrafen gav også militært personell rett til, på linje med andre borgarar, å sette på trykk frimodige ytringar om «Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand», også om sine eigne overordna offiserar. Dette forsvaret sette han inn i Morgenbladet etter å ha framført det så vel munnleg som skriftleg i eit stabskrigsforhør 1. februar.167

I debatten som straks gjekk høgt i avisene, vart Frederik Stangs nytolking av uttrykket «selv viist […] Ulydighed mod Lovene» brukt mot Roosen: Han hadde vist ulydnad mot forordninga av 27. april 1792, i betydninga brote den, og kunne derfor ikkje gå fri ved å påberope seg § 100 i Grunnlova.168

Samtidig levde den gamle førestillinga om at uttrykket ikkje handla om å bryte ei eller anna lov, men om å vise opprørsånd, og den vart i avisdebatten brukt til støtte for Roosen imot denne innvendinga. For eksempel heitte det i ein (som vanleg) anonym artikkel i Den Constitutionelle at det måtte vere heilt klart at orda «enten selv viist, eller tilskyndet Andre til, Ulydighed imod Lovene» ikkje var å forstå beint fram, men fornuftigvis måtte bety nokolunde det same som orda som følgde i paragrafen, «Modstand mod de constitutionelle Magters Befalinger»: «Ordene sigte vel temmelig klart til oprørske Ytringer169

Frederik Stang gjekk i rette med dette synspunktet i prosedyren sin da anken i Roosen-saka kom opp for Høgsterett i november 1836, der han var oppnemnt som aktor: Å forstå orda «selv viist» i lova slik at dei handla om «ligefrem oprørske Skrifter», var umuleg, meinte han, ettersom dei da nødvendigvis måtte bety nøyaktig det same som å «tilskynde Andre til Ulydighed mod Lovene» og dermed sjølve vart aldeles overflødige;170 kort sagt ein lite overbevisande argumentasjon av Stang.

Det sentrale poenget hans var likevel eit anna og vektigare: at dersom hans tolking av uttrykket ikkje skulle gjelde, så ville mange, ja sjølv svært farlege brotsverk bli ustaffa når ein brukte pressa til å utføre dei,171 nettopp slik Roosen hadde påstått. Eitt eksempel på eit slikt brotsverk var å røpe statsløyndommar.

Men det var for lengst etablert at § 100 ikkje skulle kunne gjere den slags straffbare handlingar straffrie; det meinte også dei som med «Ulydighed mod Lovene» forstod opprørsånd. Trykkefridomsforkjemparen høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm skreiv i 1815 at om ei tankeytring var lovleg eller ulovleg, ikkje kom an på om den var lagt fram gjennom pressa eller ikkje; det var direkte feil når mange syntest å «lægge i Begrebet Trykkefrihed» at det skulle føre med seg ein rett til ustraffa å ytre gjennom pressa noko det var lovstridig å føre fram på andre måtar.172

Denne problemstillinga hadde vore aktuell også under forordninga av 27. september 1799. Forordninga var ei fullstendig trykkefridomslov som trekte opp absolutte grenser for trykkefridommen,173 og også den mangla eit forbod mot å røpe så vel statsløyndommar som andre forhold det var maktpåliggande å halde hemmeleg. Men som Anders Sandøe Ørsted peika på da han tok opp dette i boka si om 1799-forordninga, kunne det å røpe slike løyndommar ikkje dermed bli ustraffa fordi pressa var det instrumentet som vart brukt; straffene som særlovene om den slags forhold fastsette, kunne brukast for handlinga likevel.174

Vesensinnhaldssynspunktet

Mens Stang knytte fortolkinga si til eit bestemt uttrykk i lova, «Ulydighed mod Lovene», var det lovas virkeområde Hielm og Ørsted på denne måten avgrensa; kva slags forhold som eigentleg angjekk ytringsfridommen, som Emil Stang uttrykte det i artikkelen sin i 1913. Eller med Hielms ord: kva ein måtte «lægge i Begrebet Trykkefrihed». Handlingar som ikkje vart omfatta av dette omgrepet, vart ganske enkelt regulerte av andre lover enn trykkefridomslovene.

Dei dyktige juristane Hielm og Ørsted heldt seg her godt innanfor samtidas jus; forfattaren av 1799-forordninga generalprokurør Christian Colbjørnsen hevda i 1798 den same linja i den kritiske kommentaren han skreiv til lovforslaget frå lovkommisjonen av 1797 (sjå side 48). Eit spørsmål der var nettopp kva slags brotsverk ei trykkefridomslov skulle gjelde for. Dette var første gong ei særlov for trykkefridomsbrot skulle lagast, og fordi slike brot ikkje var definerte som ein eigen klasse lovbrot, men kunne vere av ulike sortar, sa det ikkje seg sjølv kor vidfemnande lova skulle vere. Kommisjonen ønskte å halde seg strengt til dei brotsverka som var omfatta av omgrepet «verbale krenkingar», injuriæ verbales, men Colbjørnsen peika på at den likevel hadde tatt med brotsverk som ikkje hørte til i denne klassen, «såsom: at åbenbare statshemmeligheder – at tilskynde til forbrydelser etc.».175

Her har vi bakgrunnen for at den slags brotsverk ikkje var nemnte i 1799-forordninga, som Colbjørnsen sjølv førte i pennen; den første – og einaste – samla trykkefridomslova Norge fekk. Det var inga forsømming, dei sorterte berre ikkje under omgrepet trykkefridomsbrot forstått som brotsverk av den juridiske klassen verbale krenkingar.176 Også den svenske trykkefridomsforordninga bygde på dette prinsippet, og det var den same linja Hielm følgde for § 100 sin del.

I moderne forfatningsteori blir dette kalla vesensinnhaldssynspunktet, at Grunnlova beskyttar dei ytringane som går inn under ytringsfridommens «vesen».177 Det fanst så visst landsforræderske og forbryterske ytringar som etter den dansk-norske jusen ikkje gjorde det, og det var blant anna denne sorten ytringar Stang no ville definere inn i «Ulydighed mod Lovene». Det vi er vitne til, er med andre ord ein kollisjon mellom to syn på kor breitt spekter av brotsverk ei trykkefridomslovgiving måtte dekke. Etter vesensinnhaldssynspunktet hadde formuleringa i § 100 om at ingen «kan straffes for noget Skrift, af hvad Indhold det end maatte være», ingen rettsverknad utanfor trykkefridommens område, for eksempel i ei militærforlegning; den var ikkje universell, slik Carl Roosen gjekk ut frå. Men innanfor dette virkeområdet sette ordlyden i § 100, slik Hielm forklarte det i 1815, forbod mot alle slags «Pressetvangslove»: «Ingen handling, som ved Hjelp av Pressen er forøvet, kan straffes, uden de, som der ere udtrykkelig bestemte.»178

Ingen av trykkefridomslovene i dei tre nordiske landa – 1799-forordninga i Danmark, 1812-forordninga i Sverige og § 100 frå 1814 i Norge – omfatta lovbrot som «at åbenbare statshemmeligheder – at tilskynde til forbrydelser etc.». Slikt låg utanfor virkeområdet deira og vart regulert av andre lover. Dette var ei kjent problemstilling for den norske lovkomiteen av 1814, som hadde fått laga avskrifter av både kommisjonsinnstillinga frå 1798 og Colbjørnsens kritikk av kommisjonen.179 I sitt utkast til ny trykkefridomslov i 1815 tok høgsterettsdommar Jens Peter Debes likevel inn plikta til hemmeleghald, men på denne enkle og prinsipielle måten: Alle skulle ha lov til å sette på trykk «sine Tanker om alt hvad der kan være Gjenstand for menneskelig Viden. Herfra skulde alene undtages de Ting som i offentlige eller ikke offentlige Forhold betroes Nogen under Betingelse af Taushed».180 Men nokon regel mot å «tilskynde til forbrydelser» tok han ikkje med.

Derimot tok Debes med lovbrot som ifølgje Stang etter 1814 berre kunne bli gjort straffverdige med heimel i «Ulydighed mod Lovene» slik han tolka uttrykket: «Forhaanelser mod den Kgl. Familie i Almindelighed eller de arveberettigede Prindser i Særdeleshed, Forhaanelse af fremmede i Venskab med Riget værende Staters Regenter eller Gesandter, forsætlig Udbredelse af løgnagtige Beretninger om nogen vigtig Deel af Rigets Tilstand».181 Slike ytringar hørte, i motsetning til brot på plikta til hemmeleghald og oppmodingar til lovbrot, heime i klassen verbale krenkingar. Men i staden for som Stang å knyte dei til ulydnad mot lovene tok Debes dei med i dei delane av lovutkastet som utdjupa kva ringeakt mot konstitusjonelle makter og ærekrenkande ytringar kunne vere.182

Også lovkomitémedlem Wilhelm Frimann Koren Christie tok gjerne med desse forboda «til nærmere Bestemmelse af Grundlovens § 100» i ei ny «fuldstændig Lov om Trykkefrieheden i vor Stat, hvori Ingen maae dømme uden efter Lov». Det ville sikre «at Trykkefrieheden holdes indenfor de i Grundloven foreskrevne Grænser».183 Christie var kjent for grunnlovskonservatismen sin: Lovgivinga skulle vere eit byggverk der lover var utleidde av dei overordna rammene.184 Etter hans syn kunne desse forboda utleiast direkte av uttrykka i § 100, som hos Debes. Det problemet Stang framheva så sterkt, fanst ikkje for Debes og Christie.

Dei var ikkje åleine om å sjå det slik. Underretts- og overrettsdommane i ei sak mot Matthias Conrad Peterson i 1821–22, stadfesta av Høgsterett i 1823, rekna òg «Forhaanelse av fremmede i Venskab med riget værende Staters Regenter eller Gesandter» inn under forbodet mot ærekrenkande ytringar i § 100.185 Det same gjorde så vel aktor som dommarane i Høgsterett i ei sak i 1822 mot ein omtale i Det Norske Nationalblad av både Frederik 6. og den da døde kong Karl 13. av Sverige (begge desse sakene blir behandla i del 3).186 Som det heitte i ein overrettsdom frå same år: Grunnlova «forbyder at fremføre falske og ærekrænkende Beskyldninger imod Nogen», og også slike personar var «Nogen».187 Og da det i 1834 vart reist sak mot utgivar av Morgenbladet Rasmus Hviid for ein påstått fornærmande artikkel om det danske kongehuset, såg Christiania Bytingsret framleis like eins på det: at det «ikke er at antage, at Injurier mod fremmede venskabelige Magter kunne være undtagne fra den almindelige Regel for Trykkefrihedens Grændser, som indeholdes i Grundlovens § 100».188

Frederik Stangs tolking var også på dette sentrale punktet hans eiga teoretiske nyskaping og utan grunnlag i rettspraksis. Dette var ikkje den einaste plassen i boka frå 1833 Stang hevda eigne, normative synspunkt som braut med rettspraksis. For eksempel meinte han at § 89 i Grunnlova ikkje kunne heimle at generalauditøren møtte som militær dommar i Høgsterett i ankesaker frå krigsretten,189 enda det hadde vore fast praksis sidan første krigsankesak i august 1815 og så vorte nedfelt i § 23 i lova om Høgsterett av 12. september 1818 at han var førstvoterande. Unge Stang la i det heile tatt for dagen ei grunnfesta tru på si eiga evne til å tolke Grunnlova fritt og uavhengig av domstolar og lover Stortinget måtte ha funne det for godt å vedta.

Carl Roosens forsvar i 1836, at ei trykt ytring ikkje var straffbar sjølv om det var lovstridig å framføre den munnleg, var det motsette av rettsoppfatninga i åra etter 1814. Det dei gledde seg over da, var at trykkefridomsparagrafen endeleg gjorde slutt på at ein skribent kunne bli straffa for å sette på trykk ytringar det var fullt lovleg å framføre på andre måtar. Både forordninga av 27. september 1799 og det eldre lovverket hadde nemleg lagt strengare band på det trykte ordet enn på det talte, fordi trykte skrifter var det kraftigaste middelet som kunne brukast til å påverke publikums meiningar.190 Slik skulle det ikkje lenger vere i Norge.

Denne rettsoppfatninga vart uttrykt i klartekst i ein dom i ei trykkefridomssak i Aggershuus Stiftsoverret i 1816:

Naar Grundloven saaledes har villet give en ligesaa absolut Frihed i den Meddelelse af Tanker og Meeninger, der ved Trykken befordres, som den der finder Sted i Brugen af andre Meddelelses Midler, saa maae og alle de vilkaarlige Baand, som hidtil paalaae Trykkefriheden, ansees at være løsnede.191

At det trykte ordet i 1814 på denne måten vart stilt på lik linje med det talte, og at det den gongen vart opplevd som ein viktig siger, er glømt i dag. Kanskje ikkje så merkeleg; skiljet kom inn att i lovverket med straffelova av 1842, i samsvar med fleire høgsterettsdommar og med same grunngiving som før: at det trykte ordet hadde ein sterkare verknad og dermed var farlegare enn det talte.

Da Hielm i 1836 var oppnemnt forsvarar for Carl Roosen i ankesaka for Høgsterett, fann han ikkje noko anna forsvar for Roosen i § 100 enn den allmenne retten til frimodige ytringar. Han prosederte ikkje i retten imot Stangs oppfatning om at ytringar som det var lovstridig å framføre munnleg, etter § 100 også måtte vere straffbare på trykk. Hielm gjorde det motsette og støtta dette synet.192 Stangs polemikk i retten på dette punktet var retta mot dei argumenta Carl Roosen sjølv hadde brukt for krigsretten, og som Hielm ikkje kunne stille seg bak.

Men retten til frimodige ytringar var eit altfor spinkelt forsvar for Roosen. Saka ville også da, etter Hielms eige resonnement, stå og falle med om Roosen dersom orda hans hadde falle munnleg, ville ha brote lydnadsforordninga av 27. april 1792, slik aktor Stang ikkje unnlét å peike på i ein svarreplikk til Hielm i Høgsterett.193 Høgsterett stadfesta så 8. november 1836 krigsrettsdommen etter § 3 i lydnadsforordninga, men med éin månad kortare festningsstraff. Dette var elles eit eksempel på ei lovbestemt arbitrær straff slik Henrik Steenbuch forklarte uttrykket; lydnadsforordninga av 27. april 1792 forbaud respektbrot, men oppgav inga bestemt straff, så den måtte utmålast etter dommaranes frie skjønn.

At denne dommen sidan fekk plass i den juridiske litteraturen, sørgde den kjente juristen og politikaren – og Frederik Stangs gode venn – Anton Martin Schweigaard for. I sin kommentar til den nye straffelova ti år seinare oppsummerte han at høgsterettsdommen av 8. november 1836 hadde stadfesta at § 100 ikkje hadde gjort respektlovgivinga uanvendeleg på trykte ytringar.194 Schweigaard meinte med det at dommen var ny og rettsskapande, og det har vorte akseptert som ei autoritativ utsegn og naturleg nok gjentatt av seinare forfattarar. Men det Schweigaard tydelegvis ikkje visste, er at dommen ikkje var den første i sitt slag. I tida etter 1814 hadde Høgsterett dømt i to tilsvarande saker, den første alt i 1817.

Det er forståeleg at Schweigaard ikkje kjente til desse dommane. Før Norsk Retstidende begynte å komme ut i 1836, var informasjonen og dermed kunnskapen om tidlegare høgsterettsdommar nokså tilfeldig, fordi doms- og voteringsprotokollane var strengt hemmelege (sjå side 16). La oss derfor sjå kva rettskjeldene i desse tre rettsprosessane, Roosen-saka og dei to tidlegare sakene, sjølve kan fortelje om kvifor dei alle vart pådømte etter den militære lovgivinga og ikkje som trykkefridomssaker. Kjeldegrunnlaget er godt; i Roosen-saka og saka frå 1817 er komplette domsakter frå krigsretten bevarte i tillegg til dom og voteringsprotokollar frå Høgsterett, og i den tredje fall to prosessuelle dommar i Høgsterett før den endelege dommen om realiteten i saka.

Lydnadsplikt og respektplikt i krigsretten

Utgangspunktet for den saka Høgsterett avgjorde i 1817, var ein artikkel av premierløytnant Theodor Christian Anton Broch i Det Norske Nationalblad i januar 1816 der han anklaga ein ikkje namngitt offiser for å ha gitt ekstra utbytte ved ei byttedeling under den norsk-svenske krigen i 1814 til visse offiserar under urett påskot av at dei hadde vorte såra i trefninga.195

Dessverre for Broch var det lett å kjenne att vedkommande offiser som riddar av den kongelege Sverdordenen og den kongelege danske Dannebrogordenen oberst Andreas Samuel Krebs frå slaget ved Matrand, der Broch sjølv vart såra, og i ein krigsrettsdom av 4. august 1817 vart han dømt til avskjed frå krigstenesta,196 den strengaste straffa etter Christian 5.s krigsartikkel 26 frå 1683.197 Den øvste militære påtalemakta anka dommen inn for Høgsterett, og i ein høgsterettsdom av 16. desember 1817 vart den etter innstilling frå generalauditør Christopher Anker Bergh formilda til seks månaders festningsarrest av tredje og strengaste grad, dvs. at fangen «aldeles ingen Tilladelse have at gaae ud».198

Den andre saka vart pådømt av Høgsterett 23. juni 1827, enno seks år før Stang gav ut boka si med nytolkinga av § 100. Denne gongen dreidde det seg om premierløytnant Johan Støren Brun som i eit innlegg i Trondheims adresseavis i desember 1823 hadde brukt kraftig og ærekrenkande skyts mot ingeniørmajor, riddar av Sverdordenen og tidlegare stortingsmann Johan Christopher Ræder.199 Enda Brun hadde vore ute av aktiv teneste i fem år og sat på vartpengar, vart han som dei andre stilt for krigsretten, og som Roosen i 1836 vart han dømt til fire månaders festningsarrest av første grad «for begaaet Respectforseelse».200 Høgsterett sette ned straffa til to månaders festningsarrest, utan i det heile å diskutere § 100.201

Høgsterett dømte like eins i desse sakene, berre med ulik alvorsgrad på festningsstraffa. Vurderinga av trykte respektstridige ytringar mot militært overordna kunne med andre ord ikkje ha vore avhengig av Stangs tolking av trykkefridomsparagrafen, slik han forklarte den i prosedyren i Roosen-saka i 1836. Den tolkinga var ukjent i 1817 og 1827, da Broch og Brun vart dømte. I staden må desse to dommane forståast ut frå det prinsippet som var velkjent da og gjekk tilbake ikkje berre til Grunnlovas tid, men til tida før, og som Jonas Anton Hielm gav uttrykk for i 1815: Militære respektbrot låg utanfor trykkefridomsparagrafens virkeområde.

Det var òg slik generalauditør Bergh som førstvoterande argumenterte i Broch-saka i 1817: Paragraf 100 bestemte nok at ein ikkje måtte komme med ærekrenkande skuldingar; det var likevel ikkje den, men den militære lydnadsforordninga av 27. april 1792 som måtte brukast i Brochs tilfelle, fordi «Respectforholdet er tilsidesat».202 At uttrykket «Ulydighed mod Lovene» skulle kunne ha noko med dette å gjere, vart ikkje nemnt, og § 100 vart ikkje påberopt av forsvararen, som òg i dette tilfellet var trykkefridomsforkjempar Jonas Anton Hielm. Hielm hadde tittelen overauditør etter ti år som militærjurist ved det norske livregimentet i København før 1814 og var kunnig også i militærjusen.

Dette vart uttrykt enda tydelegare da prosessmåten i Brun-saka undervegs i prosessen var anka inn for Høgsterett i 1826, året før den endelege dommen. Tvistespørsmålet i anken var ikkje om saka var ei trykkefridomssak, men om ein offiser på vartpengar hørte inn under den militære jurisdiksjonen. Men ettersom eit eventuelt søksmål ved ein sivil rett nødvendigvis måtte gjelde ærekrenking etter grensene i § 100, vart også dette eit tema. Førstvoterande generalauditør Abraham Borch Stenersen uttalte om denne sida av saka at avisinnlegget ikkje kunne sjåast på berre som eit trykkefridomsbrot, men at det «med Hensyn til Anklagedes Stilling har antaget en anden Natur [mi utheving]»,203 eit syn ingen av høgsterettsdommarane hadde innvendingar imot.

Det var nemleg ein vesensforskjell på ærekrenkingar blant sivile og respektbrot blant militære. Grensa for kva som var militært respektbrot, gjekk ikkje ved injurierande ord, som i § 100, men ved ikkje å behandle ein overordna med «Agtelse, Kjærlighed og Ærbødighed», som § 3 i lydnadsforordninga av 27. april 1792 slo fast.204 Injuriar var berre ein alvorleg grad av respektbrot. Det straffverdige var dessutan ikkje avhengig av om ein uærbødig påstand var sann eller usann. Grunnen var at respektplikta ikkje skulle beskytte den overordna som moralsk person, men autoriteten hans som militært overordna. Som generalauditør Bergh peika på i Broch-saka i 1817, kunne ingen av ytringane til Theodor Broch «antages krænkende for Oberstens borgerlige Agtelse».205

Respekten var ei plikt som sprang ut av «Subordinationen», den militære lydnadsplikta, berebjelken i det kommandosystemet som skulle få ein flokk soldatar til å opptre som ei krigsmaskin, eller som den danske militærjuristen Peder Rosenstand-Goiske formulerte det: «[U]den den kan en Armee ikke være til, og med den kan Armeen blive til alt, hvad Omstændighederne fordre, og Anførerne vil.»206 Lydnadsplikta var av den grunn det mest heilage som fanst i militærsamfunnet, «den er Sjælen i det militaire Væsen», som det heitte i § 1 i lydnadsforordninga.207

Derfor var lydnadsplikta ein grunnpilar i den militære lovgivinga. Denne lovgivinga var eit eige omfattande lovverk som kvilte på Christian 5.s krigsartiklar for sjø- og landmakta frå 1683, med mange seinare tillegg i form av forordningar, reglement, instruksar, resolusjonar, kollegialbrev, ordrar osv.,208 alt i hop forvalta av militærets eigen særdomstol, krigsretten. Den opererte under eineveldet uavhengig av det sivile rettsapparatet og låg direkte under kongemakta. For Norges del vart dette for ein stor del endra i 1814, da Høgsterett etter § 89 i Grunnlova vart ankeinstans i alle krigsrettssaker som angjekk enten liv eller ære eller fridomstap for lengre tid enn tre månader.

Frå først av skilde ikkje denne lovgivinga mellom lydnads- og respektplikt. Dette skiljet kom inn med lydnadsforordninga av 27. april 1792, og da som ein konsekvens av at forordninga utvida respektplikta til også å gjelde utanfor teneste. Mens plikta til å lyde overordna var vilkåret for at hæren skulle kunne bestå som hær, var grunngivinga for respektplikta at «Undermænd» i viktige augeblikk ikkje ville lyde så prompte og ubetinga som subordinasjonen kravde, dersom dei ikkje var vande til overalt, til og med utanfor tenesta, å «ansee deres Overmænd med en vis Ærefrygt».209 Høgsterettsjustitiarius Johan Randulf Bull, kjent som ein svært liberal mann, oppsummerte dette slik i Broch-saka i 1817: Ei «saadan Handling, som Brochs, leder ofte gjentaget til at demoralisere Armeen, og oprette Ringeagt hos Soldaten for sin Overordnede».210 Handhevinga av lydnads- og respektplikta kan godt kallast livsnerven og eksistensgrunnlaget til særdomstolen krigsretten.211

Under eineveldet, og i Norge fram til 1824, var krigsretten òg rette forum for offiserar og verva soldatar så vel ved alle brot på militære og sivile straffelover som i dei fleste saker som i sivilsamfunnet kravde privat søksmål.212 Med det grepet hadde fyrstane frå gammalt av søkt å rykke krigarstanden laus frå alle band til det borgarlege samfunnet og forvandle krigarane «fra Statens til deres egne personlige Tjenere», som Committeen for Justits- og Politievæsenet på Stortinget formulerte det i 1824. Under eit einevelde, «hvor den hele Statsmagt saa at sige concentreres i Fyrstens Person», kunne den slags enda gå an. Men i Norge meinte både regjeringa og Stortinget at eit slikt prinsipp neppe kunne reknast som tilrådeleg under det konstitusjonelle kongedømmet, og at den militære jurisdiksjonen ikkje burde strekkast vidare enn heilt nødvendig.213 Stortinget innsnevra derfor jurisdiksjonen ved lova om krigsretten av 3. august 1824.214 Paragraf 3 slo fast at personlege saker mellom militære frå no av skulle høre inn under sivile rettar – bortsett frå når dei angjekk respektforholdet.215

I sakene mot Brun og Roosen, dei to som var reiste med heimel i denne lova, vart det avgjerande spørsmålet da om ytringane deira faktisk angjekk respektforholdet. I Brun-saka vart dette avgjort da prosessmåten var oppe i Høgsterett i 1826. Høgsterett bestemte ved dom av 15. februar 1826 at saka skulle førast for krigsretten og pådømmast etter den militære lovgivinga, ikkje den sivile,216 fordi også ein offiser på vartpengar hørte inn under den militære jurisdiksjonen og var underlagt respektplikta. Spørsmålet om respektforholdet kom opp ein andre gong i denne saka da prosessmåten same år på nytt vart anka inn for Høgsterett. Heller ikkje denne gongen gjaldt anken § 100 i Grunnlova, men om det skulle kunne verke inn på vurderinga av ordbruken til premierløytnant Brun at major Ræder hadde ærekrenkt han først i same avis.217

Generalauditør Stenersen slo fast at det absolutt ikkje kunne unnskylde Brun «som Inferieur» når han i sitt svar sette til side den respekten han var majoren skyldig, fordi det var strengt forbode for ein underordna å ytre noko fornærmeleg eller respektstridig. Ein slik mangel på respekt kunne berre unnskyldast når den vart lagt for dagen i same stund som eit krenkande faktum frå den overordna skjedde, og under den umiddelbare opphissa tilstanden som under slike omstende raskt lét seg undertrykke, men derimot ikkje under omstende som desse, der respekten hadde vorte fornærma i eit trykt skrift.218

Det gjaldt som skjerpande for ein militær at uttrykka hadde vorte sette på trykk i ei avis. Høgsterettsdommarane slutta seg einstemmig til generalauditøren og avsa dom i samsvar med dette 8. desember 1826.

Som generalauditør Stenersen kunne peike på i sitt votum som førstvoterande også i Roosen-saka i 1836, fanst det ein «erkjent og antaget» rettspraksis i Høgsterett i slike saker;219 det var sakene til Broch og Brun han da viste til som «Hretspræjudicater».220 Denne rettspraksisen var godt kjent av dommarane i 1836; tre av dei, Andreas Aagaard Kiønig, Christopher Frimann Omsen og Fredrik Motzfeldt, alle tre eidsvollsmenn, hadde dømt også da. Praksisen gjaldt naturlegvis berre når den tiltalte var underlagt respektplikta i forholdet sitt til den fornærma, så da ei anna sak kom opp for Høgsterett i 1836 der to høgare offiserar av same rang skulda kvarandre gjensidig for ærekrenkande avisinnlegg, var det utan vidare som ei sivil sak.221

Så må vi hugse på at Roosen-saka alt var ein militær rettsprosess for Høgsterett, som både no og i sakene til Broch og Brun var ankeinstans for krigsretten etter § 89 i Grunnlova. Det var «den militære Høgsterett»222 som var i sving med to militære dommarar i tillegg til dei faste sivile, og ankeinstansen kunne ikkje pådømme noko anna forhold enn det som var pådømt i første instans, dvs. brot på den militære lydnadsforordninga. Høgsterett hadde da tre val: å avvise saka for militær rett, å frikjenne Roosen eller å dømme han etter lydnadsforordninga.

Roosen-saka i krigsretten og i Høgsterett

Men før saka hans kom som så langt, hadde den utvikla seg annleis enn sakene til Broch i 1817 og Brun i 1826–27. Den politisk bevisste Carl Bonaparte Roosen hadde alt frå det første garnisonsstabskrigsforhøret 1. februar 1836 kravd saka avvist for militær rett fordi den var ei trykkefridomssak som måtte pådømmast ut frå ordlyden i § 100 og hørte inn under dei sivile domstolane. Undervegs i prosessen for krigsretten gav derfor garnisonsauditør Jacob Aall – son av eidsvollsmannen av same namn, høgsterettsdommar frå 1848 og i 1873 statsråd under Frederik Stangs ministerium – ei grundig fortolking av forholdet mellom den militære lovgivinga og Grunnlova, først i ei innstilling etter forhøret 1. februar, så i innstillinga si til endeleg dom 19. april 1836. Som auditør fylte Aall rolla som både aktor og forsvarar, han var ein såkalla referent og skulle belyse saka også frå tiltaltes kant. Slik hadde det alltid vore i krigsretten. Oppgåva hans var å legge fram eit balansert domsforslag for dommarane, som ikkje var juristar, men militære offiserar av ulik rang; prinsippet i krigsretten var at den tiltalte skulle dømmast av likemenn.223

I dei to innstillingane sine understreka garnisonsauditør Aall eigenarten til den militære respektplikta: at lovgivaren såg på den som nødvendig for den militære disiplinens skyld, ikkje av omsyn til den borgarlege æra til offiserane; at ytringar kunne bryte respektplikta utan å vere ærekrenkande og også om dei beviseleg var sanne; og at ei respektstridig ytring som vart framført offentleg i trykken, «saa langt fra kunde tabe sin Egenskab som saadan, at dens Offentlighed tvertimod syntes at maatte gjøre Lovgiverens Grund i end høiere Grad anvendelig».224 Av dette følgde av seg sjølv at eit respektbrot utført gjennom pressa måtte behandlast ved militær rett og som eit brot på lydnadsforordninga.

Men dette gjaldt respektplikta slik den var å forstå etter lydnadsforordninga av 1792 og den eldre lovgivinga. Spørsmålet Roosen hadde reist med kravet sitt om å få saka avvist for krigsretten, var om Grunnlova og nye lover vedtatt etter 1814 hadde endra respektplikta, og i så fall korleis og i kor stor grad.

At respektplikta var endra, var det ingen tvil om. Paragraf 85 i Grunnlova bestemte at den som «adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Storthingets Frihed og Sikkerhed, gjør sig derved skyldig i Forræderi mod Fædrenelandet», eit nytt lovbod i 1814. Henrik Steenbuch skreiv i grunnlovskommentaren sin om denne paragrafen at det like eins kunne bli rekna som landsforræderi å lyde andre ordrar som «aabenbar stred imod Constitutionen»;225 og juristen Ulrik Anton Motzfeldt la i ei prøveforelesing i 1828 til at ein dermed til og med kunne risikere å «blive Statsforbryder ved at adlyde Kongens Befaling»,226 ein umuleg og sjølvmotseiande tanke under eineveldet.

Men det store spørsmålet for garnisonsauditør Aall var om § 100 hadde endra kva som var brot på respektplikta ved trykte ytringar, eller endra prosessmåten ved slike brot, slik Carl Roosen påstod. Under drøftinga hans av dette låg det som ein premiss at trykkefridomsparagrafen måtte gjelde også militært personell og dermed militære respektbrot.

Konsekvensen var at dersom nokon av reglane for respektplikta i den gamle lovgivinga var i strid med § 100, måtte desse reglane vere å sjå på som oppheva. Dette kunne ikkje ha skjedd i kraft av første setning i § 100, som berre oppheva all sensur. Det var først og fremst forboda rekna opp i andre setning Aall måtte studere. Forbodet mot ærekrenkande ytringar gjorde det iallfall innlysande at eit respektbrot som òg var ei ærekrenking, var eit lovbrot også etter denne paragrafen – dersom ytringa var forsettleg, openbar og usann. Brotet ville likevel ikkje miste eigenskapen sin som respektbrot og måtte etter § 3 i lova om krigsretten frå 1824 uansett behandlast ved militær rett.

Den kritiske prøven for Aall var om § 100 hadde oppheva det straffverdige i respektbrot som ikkje var ærekrenkande, eller som hadde eit innhald som beviseleg var sant. Det var her Frederik Stangs tolking av «Ulydighed mod Lovene» kom han til hjelp. Dette var første – og sannsynlegvis siste – gong denne tolkinga vart ført inn i ein rettsprosess, og å gripe til den må ha falle lett for Aall, fødd i 1809 og jusstudent samtidig med den eitt år eldre Stang, som var den eine av to lysande stjerner i denne juristgenerasjonen. Den andre var Anton Martin Schweigaard, begge sentrale aktørar i den konservative Intelligentskretsen, som Aall sjølv tilhørte.227

Orda «Ulydighed mod Lovene», skreiv Aall, kunne ikkje bety noko anna enn at dei lovene som fastsette straff for visse ytringar, «ogsaa skulle være gjældende (vises Lydighed)» for det som vart framført i trykken, eller med andre ord at ei ytring som var erklært straffbar av ei lov, også skulle kunne straffast når den vart framført i trykken. Han tilbakeviste alle andre mulege betydningar: at «de blot skulde antyde Strafbarheden af den Handling, gjennom Trykken at nægte at vise Lovene Lydighed», eller at uttrykket «Lovene» var brukt om den samla lovgivinga og ikkje om kvar enkelt lov.228

Å vise ulydnad mot lovene kunne berre bety å bryte ei lov; for garnisonsauditør Aall var denne tolkinga av uttrykket innlysande, og ei av dei lovene § 100 da peika på, var lydnadsforordninga av 27. april 1792. Den var med andre ord fullt ut gjeldande også etter § 100. Da kunne heller ikkje tredje setning i paragrafen om frimodige ytringar ha oppheva noko av respektplikta, ettersom den i så fall ville komme i konflikt med uttrykket om ulydnad mot lovene i andre setning.

Som Stang la Aall til grunn at lovgivarane, eidsvollsmennene, hadde skjønt at opprekninga av forbod i andre setning i § 100 var mangelfull, og meint at dei burde utfylle mangelen ved å vise til lovgivinga elles. At dette ikkje stemmer reint historisk, har denne framstillinga no vist; juristane i 1814 trudde slett ikkje dette. Likevel er det lett å forstå at dei unge juristane valde å tolke Grunnlovas etter kvart dunkle ord slik, og at tolkinga fort vart akseptert som god jus. Den er både lettare å forstå og enklare å handtere i praksis enn det eldre prinsippet Jonas Anton Hielm gav uttrykk for i 1815, som også var at ei lovstridig handling ikkje slutta å vere straffbar om den vart framført i eit trykt skrift. Prinsippet Hielm forfekta, handla om paragrafens virkeområde, ikkje om uttrykket «Ulydighed mod Lovene». Men som det går fram av sakene til Broch og Brun, vart resultatet det same: Lydnadsforordninga av 27. april 1792 låg etter det eldre prinsippet utanfor paragrafens virkeområde og var derfor fullt ut gyldig. Desse to høgsterettsdommane frå 1817 og 1827 nemnte ikkje Aall; tydelegvis kjente heller ikkje han til dei.

Det påfallande er at da Frederik Stang sjølv som aktor førte Roosen-saka for Høgsterett 3.–8. november 1836, la han dette eldre prinsippet til grunn for den prinsipale argumentasjonen i prosedyren sin. Uttrykka i § 100 var rett og slett irrelevante i saker som gjaldt respektbrot: «Begrebet om den militaire Respect» måtte no eine og åleine «bestemmes efter Fr. 27de April 1792».229

At respektbrot var av ein annan natur enn dei brota § 100 behandla, illustrerte Stang med forskjellen på anonyme og underskrivne skuldingar mot militære offiserar. Respektlovgivingas formål vart langt frå så vesentleg krenkt av anonyme fornærmelege skrifter av underordna mot føresette som av fornærmelege produkt mot ein overordna som den underordna førte i trykken under sitt eige namn. Det var ikkje aktelsen til den overordna som individ respektlovgivinga tok sikte på å oppretthalde.230 Dei to lovstadene hadde kvar sitt virkeområde: § 100 den borgarlege æra, lydnadsforordninga den militære disiplinen, to vesensforskjellige ting.

Ei sak mot ei trykt anonym og ærekrenkande skulding mot ein offiser måtte derfor reisast som ei trykkefridomssak etter § 100, men når ein underordna angreip ein overordna under eige namn, så gav han sjølv til kjenne forholdet mellom seg og den angripne og krenkte den aktelsen som den overordna stillinga i dette forholdet etter lovgivarens hensikt skulle omgjerdast med. Og også Stang meinte at å offentleggjere slikt i trykt form var eit skjerpande forhold: «Ved ingen Art af Forhaanelser kan Agtelsen for Superieuren saa virksomt nedbrydes som ved dem, der promulgeres gjennem Pressen.»231

For å avgjere om denne respektlovgivinga framleis stod urokka, trongst ikkje hans tolking av «Ulydighed mod Lovene». Det var tilstrekkeleg å slå fast at ingenting i Grunnlova antyda at «det legale Begreb om den militaire Respect» skulle vere oppheva, og å peike på at ei seinare lov, lova om krigsretten av 3. august 1824, i § 3 bestemte at private saker mellom militære skulle behandlast for militær rett når dei angjekk respektforholdet. I Roosen-saka var det derfor nok å avgjere «om en Respectovertrædelse var forhaanden eller ikke»; når dette spørsmålet fekk eit bekreftande svar, måtte straks den militære respektlovgivinga og ei militær rettsbehandling bli anvendeleg.232

Det var derfor slaget mellom forsvarar Jonas Anton Hielm og aktor Frederik Stang ikkje stod om tolkinga av § 100, slik Nils Rune Langeland skriv i Siste ord,233 men om kor langt ein ut frå lydnadsforordninga kunne (Hielm) eller måtte (Stang) strekke plikta til å vise respekt for militært overordna. Når Hielm likevel la ned påstand om at saka skulle avvisast og bli reist som trykkefridomssak, sikta han ikkje til ordlyden i § 100, men til at dei militære lovene elles ville frårøve militært personell sin del i trykkefridommen,234 ein argumentasjon han som kunnig i mulitærjusen ikkje kunne ha hatt stort håp om å vinne fram med. Og når Stang så i ei subsidiær drøfting gjekk inn på ordlyden i § 100 langs dei same linjene som garnisonsauditør Jacob Aall, var det ikkje fordi det trongst for å avgjere saka, men for subsidiært å tilbakevise Carl Roosen slik han hadde påberopt seg paragrafen, vel å merke på ein måte heller ikkje forsvarar Hielm i Høgsterett stilte seg bak.

Slik vart saka òg behandla av høgsterettsdommarane da dei voterte etter at rettsforhandlingane var avslutta 8. november 1836. Tolkinga av § 100 vart ifølgje dei to voteringsprotokollane ikkje eingong nemnt av generalauditør Stenersen da han argumenterte for at saka måtte behandlast for militær rett og etter den militære lovgivinga. Det avgjerande for han, som for Stang, var omtalen av respektlovgivinga i lova om krigsretten av 3. august 1824, og dommarane slutta seg einstemmig og utan diskusjon til votumet hans. Verken § 100 eller Stangs tolking av «Ulydighed mod Lovene» var med blant premissane for denne prosessuelle avgjerda, slik Anton Martin Schweigaard openbart trudde. Men desse premissane fekk verken han eller Stang eller nokon andre vite noko om; berre domsslutninga med tre månaders festningsarrest vart gjort kjent.

Under voteringa over realiteten i saka, om Roosen skulle frikjennast eller straffast for avisinnlegget sitt, tok så Stenersen med § 100, som eit siste punkt på lista si, som ei tilbakevising av Roosens eige forsvar. På den måten vart Stangs tolking med blant premissane for skyldvurderinga, ikkje som eit avgjerande moment, men nemnt subsidiært av førstvoterande og ifølgje protokollane ikkje kommentert eller motsagt under voteringa i Høgsterett.

Etter denne rettsprosessen vart Stangs lovtolking snart anerkjent av mange juristar. Da den nye straffelova kom i 1842, vart problemstillinga uaktuell i sivile rettsprosessar i Norge: Den ekstraordinære tilstanden på trykkefridomsfeltet var endeleg over, ein dommar trong ikkje lenger sjå på ordlyden i § 100 når han behandla skyldspørsmålet. Frå no av skulle alle dommar falle etter dei nye straffelovsparagrafane, som per definisjon var uttrykk for Grunnlovas ord, inntil domstolane eventuelt ved bruk av prøvingsretten dømte eit lovbod grunnlovsstridig i ei sak. Den retten vart aldri brukt i noka trykkefridomssak.

Ingenting tyder på at Stangs fortolking av «Ulydighed mod Lovene» påverka utforminga av straffelova av 1842. I forarbeida finst det ikkje spor av den. Det meste av lovarbeidet var gjort før tolkinga vart kjent, mellom 1828, da den nye lovkommisjonen vart oppnemnt, og 1832, da det første fullstendige lovforslaget vart lagt fram. I 1835 publiserte dei gjenverande kommisjonsmedlemmene Jørgen Herman Vogt og Jens Chr. Berg premissane for forslaget, også for dei paragrafane som gjaldt trykkefridommen; dei nemnte ikkje uttrykket.235 Det gjorde heller ikkje den kommisjonen som vart nedsett i 1837 for å gå grundig gjennom både lovforslaget og alle merknader som var komne, med Frederik Stang som ein viktig medlem, og som medverka til å mildne fleire altfor strenge trykkefridomsparagrafar.236 Heller ikkje under lovbehandlinga i Stortinget i 1839 og 1842 kom temaet opp.

Den staden i forarbeida til 1842-lova der vi finn noko som kan vere spor etter uttrykket, er i argumentasjonen bak forbodet mot opprørske ytringar i § 12 i opprørsdelen av kapittel 10 «Om Forbrydelser imod den offentlige Myndighed».237 Den meininga juristane i 1814 la i «Ulydighed mod Lovene», vart ført vidare der og dessutan i opprørsparagrafane 1 og 30 i kapittel 9, ei kopling også Mona Ringvej har peika på.238 Det var opprørsparagrafen 9-30 Høgsterett dømte Marcus Thrane etter i 1855, vel å merke ikkje for noko bestemt han hadde sagt eller skrive som skulle vere misbruk av trykkefridommen, men for hans opprørske «Virksomhed i det hele».239

Paragraf 9-30 gjekk slik: «Har Nogen mundtligen til Thinge eller i anden Forsamling, eller og ved trykt eller utrykt Skrift, som han udbreder eller lader udbrede, opfordret til nogen i §§ne 1, 4 eller 24 omhandlet Forbrydelse […].» Paragrafane 1, 4 og 24 dreidde seg om ulike opprørske eller landsforræderske handlingar, som forsøk på å bringe landet under framandt herredømme eller «kuldkaste eller ved lovstridige Midler at forandre Norges Statsforfatning» (§ 1), å røpe krigsløyndommar eller forråde landet under krig (§ 4) og å øve vald mot nokon av dei konstitusjonelle maktene (§ 24). Blant anna slikt var det som til da hadde sortert under uttrykket «Ulydighed mod Lovene».

Men ikkje minst gjennom Schweigaard kom den nye meininga i uttrykket snart til å rå som gjeldande jus.240 I avisene vart det likevel framleis brukt i den gamle betydninga gjennom heile hundreåret og eit godt stykke inn i det neste.241

Frå utenkeleg i 1814 til gjeldande jus

Det nye med Stangs tolking av § 100 var ikkje at «enhver i sig selv lovstridig Yttring ikke ophørte at være lovstridig, fordi den var fremført i et trykt Skrift»,242 men den vidtrekkande konsekvensen av den: at § 100 ved uttrykket «Ulydighed mod Lovene» gav heimel for å vedta nye alminnelege straffelover som fastsette nye grenser for trykkefridommen. Problemet som da reiste seg, sette juristen Ole Munch Ræder presist ord på: Forbodet mot å vise eller tilskynde til ulydnad mot lovene kunne «efter en eensidig Fortolkning» komme til å omfatte «alle de i 1814 tilværende eller i Fremtiden muligviis emanerende Pressetvangslove»,243 dvs. også forordninga av 27. september 1799 og framtidige lover av same sort.

Det var dette som kom i framgrunnen i seinare forfatningsrett, og som gjorde at ein sentral jurist som Johs. Andenæs ein del generasjonar seinare kunne oppsummere at uttrykket om ulydnad mot lovene no var «hovedbestemmelsen i 2. punktum av grl. § 100».244 Ein slik konsekvens av ordlyden i § 100 var utenkeleg for Henrik Steenbuch og samtida hans, ja sjølv for dei i samtida som hevda at paragrafen ikkje snudde så opp ned på rettstilstanden som Hielm og andre trykkefridomsforkjemparar ville ha det til. Jurist og seinare statsminister Jørgen Herman Vogt rekna frå si sentrale plassering i regjeringsapparatet i 1817 opp alle moment som kunne tenkast å tale i motsett retning. Uttrykket «Ulydighed mod Lovene» var ikkje eitt av dei. Og uavhengig av dette uttrykket kunne òg Vogt slå fast at det ikkje kunne «være Grundlovens mening, at strafværdige mundtlige Ytringer skulde straffrit kunne fremsættes paa Prent».245

I avisdebatten om Roosen-saka i 1836 vart synet frå tidlegare på hundreåret sett opp mot nytolkinga frå unge juristar fødde i åra rundt 1814; og ved avstemminga om ny straffelov i Stortinget i 1842 protesterte Jonas Anton Hielm mot den innskrenkinga av trykkefridommen han meinte lova innebar: Grunnlova var klar, ingen alminnelege lover som innskrenka denne fridommen, kunne bli lovleg gitt, men likevel hadde ein «fundet Udveie til, under Navn af Fortolkning, at vedligeholde de odiøseste Undtagelseslove mod Pressen; – og det nu under Behandling værende Criminallovs Udkast forøger disse, endog med nye».246

Dei unge skulle vise seg å vinne historia for sitt syn. Dette fall saman med at juristane og lovgivaren utover i hundreåret meir og meir kom til å sjå trykkefridomslovgivinga i Schlegels perspektiv, som eit vern om den rådande samfunnsordenen og statens autoritet, heller enn i Birckners, «et Værn imod Magthavernes Despotisme og Undertrykkelse»,247 kanskje ikkje så merkeleg når så vel lovgivaren som juristane var «Magthaverne». Som Lars Björne skriv i Frihetens gränser:

Den bildade elit, som i början av 1800-talet kämpade för yttrandefriheten och mot kungligt (en)välde, använde under senare delen av århundradet sin nyvunna makt til att inskränka yttrandefriheten för de samhällsklasser som den genom bl.a. rösträttsreglerna utestängt från den politiska makten.248

Til det kunne Frederik Stangs tolking av «Ulydighed mod Lovene» vere ein effektiv reiskap. I artikkelen i Norsk Retstidende frå 1913 hevda nok Emil Stang at farfarens tolking til da ikkje hadde påverka lovgivinga i Norge nemneverdig. Tolkinga vart i 1833 lagt fram på eit reint teoretisk grunnlag, utan basis i rettspraksis, og slik heldt det fram, hevda Emil Stang; «det er ogsaa kun i den teoretisk-videnskabelige diskussion, læren har været anvendt».249

Frede Castberg meinte i 1935 å vite noko anna. Han peika på at ærekrenkande skuldingar sette fram i god tru, dvs. utan forsett, frå og med straffelova av 1842 kunne straffast. Dermed hadde ikkje den skranken som følgde av dei utvitydige orda i Grunnlova om at berre forsettlege skuldingar kunne vere straffbare, vorte respektert gjennom eit tidsrom som strekte seg over fleire menneskealdrar. Til dels skulle ein ifølgje Castberg ha gått ut frå den urette forståinga av § 100, andre punktum, at lovgivaren kunne nytte høvet til å sette straff for «Ulydighed mot Lovene» til å strafflegge også ærekrenkingar i trykt skrift, utan omsyn til ordlyden vidare i grunnlovsbodet.250

Erik Tønne Huitfeldt gjekk i 1983 denne påstanden etter i saumane, men fann ingenting i lovforarbeida som viste at lovgivaren hadde resonnert slik.251 Det var andre former for rettstenking som hadde ført til at landet etter kvart fekk enkelte lover som heilt klart var i strid med Grunnlovas bokstav; historia har vist «at i alle fall domstolene og rettsvitenskapen i Norge ikke har ansett at en så omfattende trykkefrihet som Grunnloven foreskriver er praktisk gjennomførbar».252

Derimot går det fram av forarbeida til straffelova av 1902 at det var Stangs tolking av «Ulydighed mod Lovene» som låg bak den skjerpande § 140 med eit allment forbod mot å oppfordre til straffbare handlingar. Inntil da hadde det vore forbod berre mot å oppfordre til visse opprørske handlingar253 – altså med Bredo Morgenstiernes ord: for «noget i Retning af revolutionær Trods eller Opsætsighed mod Lovene». Den nye paragrafen skulle ikkje minst ramme den veksande sosialistiske arbeidarrørsla. Paragraf 140 gjekk slik:

Den, som offentlig opfordrer eller tilskynder til iverksættelsen af en strafbar handling eller forherliger en saadan eller tilbyder at udføre eller bistaa ved udførelsen af en saadan, eller som medvirker til opfordringen, tilskyndelsen, forherligelsen eller tilbudet, straffes med bøder eller med hefte eller fængsel indtil 8 aar, dog i intet tilfælde med høiere frihedsstraf end to tredjedele af den høieste for handlingen selv anvendelige.

Gjennom eit alminneleg lovvedtak innførte Stortinget her ei betydeleg innsnevring av kva det var lov å ytre offentleg, og i åra som følgde, vart paragrafen brukt aktivt mot sosialistisk og antimilitaristisk agitasjon.254

«Frimodige Yttringer»

Den siste setninga i § 100, «Frimodige Yttringer, om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand, ere Enhver tilladte», stod utan noko forbilde i den franske grunnlova av 1791. Dag Michalsen har antyda at den kan ha vore henta frå den store artikkelen til Schlegel,255 der det heitte at «Trykkefriheden bør være uindskrænket i Staten i Henseende til Gienstanden»256. Spørsmålet er så om dei to formuleringane, Grunnlovas og Schlegels, verkeleg uttrykte det same.

For oss er ordet «frimodig» litt alderdommeleg og uklart. Det er komplisert å bestemme, meiner historikar Odd Arvid Storsveen, men må kunne tolkast som ei avgrensing mot spontane og uvørdne og vulgære uttrykk for misnøye og kritikk blant allmugen; det «frimodige» aspektet var truleg meint å beskytte rasjonell politisk argumentasjon, skriv han, «altså nettopp noe av det som hadde utfoldet seg i 1790-årenes enevoldsstat, men som ble slått ned på i 1799».257

Det som kan gjere ordet komplisert og vanskeleg å handtere, er at det var tvitydig, slik Holberg-ordbog, ei god kjelde til språkbruken på denne tida, tydeleg viser: På den eine sida kunne ein frimodig person vere ein «som er uden frygt, tillidsfuld (i bevidstheden om sin sags retfærdighed o.l.)», på den andre sida kunne han vere «dristig; kæk; uforfærdet».258

Den første betydninga er utdjupa slik i ei definisjonsordbok frå 1784:

Frimodig kalde vi den, som i Tale og Adferd viser Fortrøstning paa Sandheden, og Tillid til en god Sag. […] Frimodighed er derfor en naturlig Følge af en rolig Sindsforfatning. […] Et ont Menneske kan ikke kaldes Frimodig; thi han kan aldrig være det.259

Den andre betydninga uttrykte Matthias Conrad Peterson da han i 1798 meldte til lesarane kva programmet hans for Qvartbladet var: «I Henseende til Sproget skal man aldrig finde Spor til taabelig Menneskefrygt og nedrig Logren for Mænd der føre mægtige Navne. Frimodig og sandt skal jeg fortælle Dagens bevislige Hendelser.»260 Rett frå hjertet, eller frå levra, om du vil. Reine ord for pengane.

Dette tvitydige gjorde at lovtekstane gjerne hengte eit ekstra attributt på ordet for å avgrense betydninga av det. I trykkefridomsreskriptet av 3. desember 1790 heitte det at «enhver god og oplyst Mand […] med Frimodighed og Redelighed [mi utheving]» kunne sette fram meininga si offentleg. Men det var ikkje nok å vere god og opplyst og frimodig og redeleg heller, ytringa måtte «fremme det almindelige Beste»,261 dvs. tene grunnformålet til staten,262 ein størrelse einevaldsstyret sjølv naturlegvis tok seg retten til å bestemme kva var.

Det var dette, at ikkje alle frimodige ytringar var like velkomne, Schlegel sikta til med si formulering: Det var ikkje emnet som avgjorde om ei trykt ytring var straffverdig, men måten skribenten uttrykte seg på. Ytringa måtte vere respektfull, ikkje forma «som en Appel til Folket»,263 men «stemme den offentlige Mening til det Gode og Sande»,264 alt trygt plassert innanfor eineveldets horisont. Forordninga av 27. september 1799 førte dette vidare i § 7: «Frimodighed og Anstændighed»; forordningsfortolkaren og stjernejuristen Anders Sandøe Ørsted anbefalte skribentane å uttrykke seg med «sindig og beskeden Frimodighed»265.

Storsveens utlegging av ordet «frimodig» treffer Schlegels bruk av det nokså godt, dvs. i den første betydninga: å vere tillitsfull. Men Birckner brukte det gjerne på ein annan måte enn Schlegel: Han uttrykte, forkynte han, «frimodig og uden Sky mit Hjertes fulde Mening»,266 omtrent som Peterson, altså. Og Peter Andreas Heiberg var den som hadde brukt Grunnlovas uttrykk frimodige Yttringer, og da om sine eigne og andre likesinna skribentars skrifter.267 Vi kan altså ikkje berre gå ut frå at Grunnlova og Schlegel talte med same tunge når dei brukte ordet.

Steenbuch gjekk ikkje inn på kva det kunne bety; han såg nok ikkje på ordet som spesielt vanskeleg å forstå. Éin stad i grunnlovskommentaren sin brukte han det, idet han skreiv at ein skribent «allene berettiges i visse Tilfælde at gjøre frimodige, men beskedne, Forestillinger».268 Lars Björne meiner at Steenbuch her nytta seg av «en reminiscens av § 7 i 1799 års förordning» til å definere «frimodige Yttringer» i tredje setning i § 100 i retning av beskjedne ytringar.269 Men på dette punktet behandla Steenbuch andre setning og forbodet der mot ringeakt mot konstitusjonelle makter. Ærendet hans var ikkje å definere «frimodig», men det sentrale omgrepet «Ringeagt». Spørsmålet var kor langt ein skribent hadde lov til å gå i å anta kva for ei hensikt ei konstitusjonell makt kunne ha hatt «i visse Tilfælde» med å innføre ei offentleg innretning som etterpå viste seg å kunne vere kritikkverdig (sjå side 87). Skribenten kunne så visst skrive frimodig og opent om slike offentlege forhold, men ikkje straffritt sette på trykk den ubeskjedne førestillinga at ei konstitusjonell makt med vitende og vilje hadde tråkka på samfunnsinteressene.

Mykje tyder på at konstitusjonskomiteen på Eidsvoll var fullt klar over den doble betydninga av ordet «frimodig». I det første utkastet sitt hadde den brukt eit uttrykk som låg Ørsted nær, «beskedne og friemodige Yttringer»,270 men strauk ordet «beskedne» og enda opp med berre «frimodige Yttringer», utan noko avgrensande attributt. Hausten 1814 avviste så det første overordentlege stortinget å ta inn eit tillegg i § 100 som svenskane ønskte å få med i novembergrunnlova: «Kun at Velanstændighed iagttages»,271 omtrent som i 1799-forordninga.

Det er derfor vanskeleg å følgje Lars Björne når han skriv at setninga i § 100 om frimodige ytringar var «kopierad från 1799 års förordning»,272 eller historikar Hilde Sandvik når ho på basis av Michalsen og Björne273 skriv at setninga i § 100 «får en beskere klang når vi vet at formuleringen var hentet nokså direkte fra et av professor Johan F.W. Schlegels kampskrift mot trykkefrekkhet fra 1797, samt 1799-trykkefrihetsforordningens paragraf 7, og forordningens avsluttende ord om tillateligheten av ‘frimodige Tanke-Yttring[er]’».274 Dette veit vi nemleg slett ikkje; noko anna belegg for det er ikkje lagt fram enn at dei aktuelle setningane hadde visse sentrale ord felles. Derimot er det ikkje sannsynleggjort at orda vart brukte like eins og i same betydning. Som Anders Johansen har påvist i Komme til orde frå 2019, vart mykje av eineveldets vokabular ført vidare i Norge etter 1814 i ei endra betydning.275

Paragraf 7 i forordninga gjekk slik:

Da Kongen aldeles ikke vil, at redelige og oplyste Mænd skulle hindres fra, med Frimodighed og Anstændighed offentligen at tilkiendegive deres Tanker, om hvad der, efter deres Indsigt, kunde bidrage til at fremme det almindelige Beste; saa skal det eiheller være nogen forbudet, at yttre sin Mening, angaaende hvad han troer, der kunde være at forbedre eller rette i Landets Love, Anordninger og offentlige Indretninger; dog følger det af sig selv, at Forfatteren bør udtrykke sig med Beskedenhed, og ei tilsidesætte den Ærbødighed, han, som Borger og Undersaat, er Regieringen og Lovgiveren skyldig.

Å seie at dette ikkje uttrykte det same som siste setning i § 100, er neppe å ta for sterkt i. Ei endring i visse ords betydning hadde komme med 1814-grunnlova: I eineveldets lover var ordet «Frimodighed» eit kodeord for underdanig forma ytringar som ikkje braut med kongens vilje, mens omgrepet i Norge frå 1814 gjaldt ytringar som uttrykte den oppriktige viljen til den talande. Såleis kunne det omfatte også «openhjertig tale», om den så var kritisk, uvørden og frekk.

Det peika generalauditør Christopher Anker Bergh på da han i diskusjonen i lovkomiteen om lovutkastet hans frå 1817 uttrykte at «frimodige Yttringer om de end skulde falde i det plumpe eller satyriske [dvs. spottande] for det meste ligger inden for Grændserne».276 Og som underrettsdommen i ei sak reist mot Matthias Conrad Peterson i 1821 slo fast (den blir gjennomgått i del 3), stadfesta av Høgsterett, var det ikkje straffverdig å ha brukt «mindre æsthetiske Udtrykke», ettersom «en Synd mod Æsthetikens Regler vel ingen borgerlig Forbrydelse er».277

Eit anna eksempel er høgsterettsdommen av 10. mai 1833 i ei sak mot bondepolitikaren Hans Barlien. Barlien var i underretten dømt for å ha skrive 50 spørsmål til Stortinget i eit høgst usømmeleg språk og med skumleri og injuriar mot statsmaktene og embetsklassen.278 Men trass i at Barlien var barsk og sleivkjefta også skriftleg, frifann både overretten og Høgsterett han. Som førstvoterande i Høgsterett Nils Aars sa: Sjølv om ein del av spørsmåla frå Barlien «synes at indeholde endeel Skumlerier mod de constitutionelle Magter, saa ere dog disse ei saa forsætlige og aabenbare som Gr § 100 fastsætter naar Straf skal anvendes».279 Høgsterettsdommarane la større vekt på kjerneuttrykket forsætligen og aabenbare i paragrafen enn på den uvørdne forma til Barlien. I Danmark, der 1799-forordninga gjaldt uavkorta, førte den slags språkbruk konsekvent til fellande dommar.280

Ein prøve på Barliens friske formuleringsevne finn vi i forsvarsinnlegget hans i Høgsterett. Der omtalte han lensmann i Namdalseid Elling Michael Waleur slik: «En ondskapsfuld Anklager» og en «løgnaktig Denunciant [angivar] […] som kun af Rygter har frembragt slikt Utøy der sandsynligvis er udklækket i hans egen indskrænkede Hjerne.»281

Eit siste spørsmål står att: om Schlegels «Trykkefriheden» og Grunnlovas «frimodige Yttringer» viste til dei same ytringsformene. Odd Arvid Storsveen målber nok ei vanleg oppfatning blant dagens historikarar når han skriv: «Muntlige ytringer av mer uformell og kanskje upassende karakter ble heller ikke eksplisitt beskyttet av Grunnloven, enten de nå var private eller offentlige på et møte eller i en forsamling.»282

Henrik Steenbuch såg annleis på det: «Ogsaa synes ved frimodige Yttringer at forstaaes saavel mundtlige og skriftlige, som de ved Trykken bekjendtgjordte.» Grensene for munnlege og skriftlege, dvs. handskrivne, ytringar var dei same som andre setning i § 100 drog opp for trykte ytringar. Tillegget i tredje setning var nødvendig for å førebygge «at den private Lovgivning skulde undtage nogen Gjenstand for at behandles enten i trykte Skrifter, eller i Samtaler, hvortil den ellers efter Omstændighederne maatte kunde troe sig beføiet».283

I ei adresse til kong Karl Johan i 1824 brukte Stortinget uttrykket «den ved Grundloven hjemlede Tale- og Skrivefrihed»,284 ført i pennen av formannen i lovkomiteen av 1814 Christian Krohg; og den unge juristen Frederik Georg Lerche skreiv dette i ei bok i 1830: «Angribes Loven formedelst Uforstand og ei af ond Villie, da behøves kun Tale- og Skrivefrihed for at tilbagedrive Angrebet. Denne er det norske Folk ifølge § 100 i Grdl. i Besiddelse af.»285 Så Emil Stang var på villspor da han hundre år seinare berre gjekk ut frå at ein på Grunnlovas tid sikkert ikkje tenkte særleg på å beskytte det munnlege ordet.286

Den rådande førestillinga var at munnlege ytringar alt var frie. Derfor kunne høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm i eit rettsinnlegg proklamere at «Trykkefrihed er kun til der, hvor Tankens Yttring igjennem Pressen er ligesaa fri, som dens mundtlige Yttring».287 Ludvig Kr. Daa la an eit meir problematiserande blikk da han frå sin ståstad i 1839 betrakta åra før 1814: «Trykkefriheden var borte, men en faktisk Talens Yttringsfrihed, som fulgte af Regjeringens Fjernhed og af Landets Beskaffenhed, der gjør Politispioneri vanskeligt, var en Art Erstatning.»288

Grunnlovsfedrane kunne derfor ha hatt god grunn til å ønske å hindre framtidige stengsel for retten til å ytre seg munnleg. Når dei brukte det generelle ordet «Yttringer» i denne setninga og ikkje, som Schlegel, det snevrare «Trykkefriheden», kom tredje setning i § 100, iallfall ifølgje Steenbuch, til å handle om alle ytringsformer, slik Frede Castberg og Eivind Smith òg har hevda.289 Det må ha vore ein naturleg måte å tenke på, ettersom konstitusjonane i Frankrike og USA, to viktige inspirasjonskjelder for riksforsamlinga, likestilte munnlege og trykte ytringar. I den franske menneskerettserklæringa av 1789, som innleidde revolusjonsgrunnlova av 3. september 1791, heitte det at alle borgarar fritt skulle kunne «snakke, skrive og trykke»,290 dei same tre ytringstypane som hos Steenbuch: munnlege, skriftlege og «de ved Trykken bekjendtgjordte».

Kan hende hadde Steenbuch òg brevsensuren under eineveldet i tankane da han brukte uttrykket «skriftlige» ytringar; brev sorterte heller ikkje under trykkefridommen, men jamvel den sensuren måtte etter denne forståinga av § 100 vere grunnlovsstridig.

Med Matthias Conrad Petersons ord frå april 1814: «Tænke- og Tale- og Trykkefrihed bliver saaledes et fast og stærkt Skjold, som igjennem alle kommende Tider sætter det norske Folk i fuldkommen Sikkerhed mod mulige Indgreb i dets Rettigheder».291

Oppsummering

Framstillinga så langt har teikna opp eit bilde av § 100 som på fleire punkt skil seg frå den som er vanleg i faglitteraturen i dag. Det gjeld særleg rekkevidda av kjerneuttrykket «forsætligen og aabenbare» og betydninga av «Ulydighed mod Lovene» før Frederik Stangs nytolking av uttrykket i 1833.

Dette gjer at vi må sjå på trykkefridomsparagrafen i Grunnlova som eit mykje sterkare rettsvern for offentlege ytringar enn det Ytringsfridomskommisjonen hevda i innstillinga si frå 1999. Denne innstillinga vart straks eit referanseverk, og ein stor del av faglitteraturen har følgt opp og ført vidare synspunkta der. Det denne framstillinga har gjort, fordi verken Ytringsfridomskommisjonen eller andre i faglitteraturen har gjort det tidlegare, er å gå kjeldene til dei to uttrykka grundig etter i saumane. Og kjeldene etterlèt eit eintydig inntrykk.

Bildet framstillinga teiknar opp av § 100, er dette:

  • Første setning forbaud alle former for sensur, både førehandssensur og andre sensurliknande tiltak.

  • Andre setning var ei fullstendig opprekning av dei grensene som skulle gjelde for offentlege ytringar. Grensene gjekk på område der det gjekk grenser også i lovgivinga frå eineveldets tid, men følgde langt frå dei same linjene. Uttrykket «forsætligen og aabenbare» førte åleine rettsvernet over i eit anna spor enn det forordninga av 27. september 1799 følgde, ved at ein skribent ikkje lenger skulle kunne dømmast etter ei av fleire mulege tolkingar av ei ytring.

  • Tredje setning tillét ytringar om alle forhold i samfunnet. Ytringane trong ikkje lenger vere «beskjedne» og danna; også uvørdne ytringar, spott og satire var lov, så lenge dei ikkje innebar ringeakt mot konstitusjonelle makter. «Ringeakt» betydde etter 1814 påstandar om vond vilje, at ei konstitusjonell makt med vitende og vilje handla imot samfunnsinteressene.

Spørsmålet er i kor stor grad dette braut med lovboda i forordninga av 27. september 1799, og kor stor del av forordninga som dermed måtte vere oppheva ved grunnlovsvedtaket i 1814. Det skal vi sjå nærare på no, når framstillinga i del 2 og 3 ved hjelp av analysereiskapen med dei tre domsmodellane A, B og C skal gå grundig gjennom dei rettsprosessane regjeringa reiste.