Vi kan stille opp tre ulike måtar ein domstol kunne dømme på i trykkefridomssaker den gongen, heretter kalla domsmodell A, B og C. Desse domsmodellane vil bli liggande til grunn for drøftinga i del 2 og 3 av rettsprosessane i perioden 1814–1842. Dei speglar tre ulike syn på i kor stor grad Grunnlova braut med rettsprinsippa og lovboda i 1799-forordninga, og kor stor del av forordninga som dermed måtte vere oppheva etter § 94.

Ein heil del lovbod frå den gamle lovgivinga strei utan tvil mot Grunnlova, så la oss først sjå på korleis dei da vart sette ut av kraft.

Det er fort gjort å tru at eit eldre lovbod frå før 1814 ikkje vart rekna som oppheva før det enten var gjort lovvedtak om det i Stortinget eller var bestemt av ein domstol. Men slik var det ikkje. Som vi nettopp såg, rekna både Justisdepartementet, partane i Dahl-saka i 1837, politiretten og Høgsterett det som heilt sikkert at sensurregelen i § 26 hadde vore oppheva sidan 1814, enda verken Stortinget eller nokon domstol hadde bestemt det.1 Like eins erklærte generalprokurøren i 1822 i ein uttale til Justis- og politidepartementet at sensurregelen i § 20 utan tvil var oppheva,2 og heller ikkje den hadde vore behandla i Stortinget eller ved ein domstol. Desse lovboda hadde alt i 1814 med Frederik Stangs ord måtta «umiddelbart tabe Gyldighed»3 utan formalitetar, etter ein slags automatikk: Dei var rett og slett ute av kraft fordi dei ikkje lét seg foreine med Grunnlova.

Prinsippet om at gamle lovbod utan vidare måtte vike ved motstrid med Grunnlova utan at domstols- eller lovvedtak trongst, vart påpeika av lovkommisjonen for straffelova av 18424 og understreka av lovkomiteen på Stortinget i innstillinga om denne lova i 1839: «Forsaavidt de ikke udtrykkelig hævede §§ maatte befindes at stride mod Grundlovens § 100, da vil uden nogen Bestemmelse paa dette Sted disse ved Hjælp af almindelige Fortolkningsregler findes allerede at være hævede.»5

Ei rekke andre reglar i forordninga enn dei nemnte sensurreglane vart frå 1814 òg ganske enkelt sett på som ugyldige av styresmaktene og ikkje handheva. Dette kunne vere lovbod som tilhørte det dei kalla den formelle delen av forordninga, som handla om ytre forhold ved trykte skrifter som ikkje gjaldt innhaldet i ei ytring, i all hovudsak samla i §§ 15 til 28. Det kritiske spørsmålet for oss er kva som skjedde med den materielle delen, forboda i §§ 1 til 14 som hadde bestemt rettane og pliktene til borgarane og dermed grensene for trykkefridommen; slike lovbod kunne òg vere sette ut av kraft på same automatiske vis ved kollisjon med § 100. Dei var lovbod som «fra det Øieblik Grundloven var publiceret […] af sig selv maae ophøre og bortfalde», som Christian Magnus Falsen uttrykte det.6

Da kunne eit rettsleg problem oppstå som gjerne ikkje dukka opp når eit formelt forbod måtte vike for Grunnlova: Mens sensurregelen i § 26 ikkje etterlét seg nokon mangel i lovgivinga, kunne det skje dersom eit materielt lovbod fall heilt eller delvis bort, for eksempel dersom § 2 om å «udbrede Had og Misnøie imod disse Rigers Constitution, eller imod Kongens Regiering» var ugyldig, slik Frederik Stang meinte, fordi paragrafen gjekk lenger enn forbodet mot ringeakt mot ei konstitusjonell makt i § 100.7 Eit eller anna positivt lovbod om ringeakt mot konstitusjonelle makter måtte nødvendigvis framleis gjelde som rettsgrunnlag for straff, men sett frå vår tid seier det slett ikkje seg sjølv kva for eitt det skulle vere. Eit materielt lovbod som § 3 om den som «laster eller forhaaner monarkisk Regieringsform i Almindelighed», som Stang meinte openbart òg var oppheva i 1814, etterlét seg derimot ingen mangel i lovgivinga, ettersom slikt ikkje lenger skulle vere straffbart.8

Dei tre måtane den nye lovsituasjonen kunne møtast på av domstolane, skil seg frå kvarandre i kva dette rettsgrunnlaget kunne vere:

  • Domsmodell A: 1799-forordninga hadde framleis sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag.

  • Domsmodell B: § 100 var ei overordna norm som avgrensa kor langt 1799-forordninga no kunne gjelde som rettsgrunnlag.

  • Domsmodell C: § 100 utgjorde frå 1814 av åleine rettsgrunnlaget.

Ved første blikk kan det kanskje synast som om hovudskiljet her må gå mellom domsmodell A med 1799-forordninga som sjølvstendig autoritet på den eine sida og domsmodellane B og C med § 100 som aktiv lov på den andre. Men det store prinsipielle skiljet går mellom A og B på den eine sida og C på den andre, fordi 1799-forordninga, dvs. den eksisterande straffelova, etter domsmodell C i det heile tatt ikkje kunne dragast inn i vurderinga av skyld og uskyld. At ein grunnlovsparagraf som § 100 på den måten skulle kunne avgjere dette åleine som om den var ei alminneleg straffelov, er i strid med dagens forfatningsjus, og mange juristar ville oppfatte det som direkte oppsiktsvekkande om det vart fastslått at det var dette som var tilfellet etter 1814.

La oss så sjå grundigare på kvar av dei tre domsmodellane.

Domsmodell A

Etter domsmodell A kom ingenting eller berre ein liten del av dei materielle lovboda i 1799-forordninga i ein så stor kollisjon med § 100 at dei måtte vere oppheva, og dei kunne derfor godt fortsette å gjelde fram til 1842 og ha sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag for både skyld og straff. Lars Björne står i Frihetens gränser for dette synspunktet. Der skriv han at nordmennene hadde ein kortfatta grunnlovsparagraf som uttrykte prinsippet for trykkefridommen, men mangla nærare praktiske reglar for korleis prinsippet skulle realiserast, og at dei som ein nødutveg måtte ty til den gamle forordninga «i tillämpliga delar».9 Björne kan underbygge dette blant anna med referansar til høgsterettshistorikar Guthorm Hallagers 100-årshistorie frå 1915, som oppgir fleire rettsprosessar der rettsgrunnlaget for tiltale og dom skal ha vore 1799-forordninga åleine. Dette synspunktet har stått sterkt i faglitteraturen sidan Ytringsfridomskommisjonen la fram innstillinga si i 1999.

Det vi da må søke å finne ut i drøftinga i del 2 og 3, er om påtalemakta og domstolane faktisk uttrykkeleg oppgav forordninga som heimel både i skyldspørsmålet og i straffeutmålinga. Slik kunne det før 1814 i ein dom heite at den tiltalte hadde «overtraadt Trykkefriheds Anordningen af 27 Septbr. 1799. Tiltalte er saaledes strafskyldig».10

Domsmodell B

Domsmodell B går ut frå ein større grad av kollisjon mellom 1799-forordninga og § 100. Domstolane måtte da dra inn § 100 som ei overordna absolutt norm som avgrensa kor langt lovboda i 1799-forordninga kunne gjelde. Da var det forordninga og ikkje § 100 som utgjorde rettsgrunnlaget for straff, dvs. heimelen i skyldspørsmålet, mens grensene i § 100 likevel kunne gjelde uavkorta.

I tråd med dette slår Johs. Andenæs i si bok om den norske statsforfatninga fast at § 100 ikkje sjølv gir heimel for å straffe misbruk av trykkefridommen: «Hjemmelen for straffbarhet må alltid søkes i den alminnelige straffelovgivning (jfr. grl. § 96 om at ingen kan straffes uten etter lov).»11 Også juristen Anine Kierulf, som har arbeidd mykje med ytringsfridomsspørsmål, understrekar at § 100 i 1814-grunnlova slett ikkje inneheldt forbod som i ei straffelov.12 Ei grunnlov reknar berre opp dei prinsipielle rettane individa har, som trykkefridom i § 100, mens dei konkrete lovforboda som regulerer bruken av rettane, blir formulerte i den positive retten, i betydninga den alminnelege lovgivinga ein domstol kan bruke som rettsgrunnlag for straff.

For at Grunnlova skulle kunne brukast som ei slik overordna norm ved ei rettsavgjerd, måtte likevel også den vere del av den positive retten. Som jusprofessor Eirik Holmøyvik har peika på, var Grunnlova òg det, fordi § 94 føresette at Grunnlova måtte kunne dragast inn og målast opp mot eldre lover.13 Ifølgje jusprofessor Eivind Smith er ei naturleg følgje av prinsippet om Grunnlova som positiv rett at den om nødvendig nettopp måtte kunne settast framfor lova.14 Og som Holmøyvik formulerer det: Dersom Grunnlova var ein del av den positive retten, så var det òg naturleg at domstolane handheva dei rettane den gav individet.15

Denne framgangsmåten i domsmodell B liknar den som blir brukt når domstolane utøver prøvingsretten sin, retten dei har til å avgjere om eit lovbod er i pakt med Grunnlova. Det er likevel ikkje den det er snakk om her. Prøvingsretten gjeld lover vedtatt av Stortinget etter 1814. Den kom i bruk seinare og var inntil 2015 ein konstitusjonell sedvanerett utan uttrykkeleg heimel i Grunnlova. Berre to gonger kan den seiast å ha vore utøvd i perioden 1814–1842, i 1822 og 1841.16 Gyldigheitsregelen var derimot direkte heimla i § 94 og vart vist til av domstolane eit utal gonger i åra etter 1814.

Dei to mekanismane var ulike, men i nær slekt: Gyldigheitsregelen skapte det juridiske rommet som prøvingsretten seinare kunne tre inn i. Men mens prøvingsretten bygger på lex superior-prinsippet åleine, at Grunnlova står over alle alminnelege lover, gjaldt regelen i § 94 også etter lex posterior-prinsippet, at eldre lovbod ved kollisjon må vike for nyare lovbod:17 Dersom ei ny norsk lov dekte det forholdet ei gammal lov frå før 1814 gjaldt for, vart den gamle utan vidare sett på som oppheva og ugyldig som lovheimel utan nødvendigvis å vere uttrykkeleg oppheva.

Prinsippet om grunnlov som positiv rett var ikkje mykje utbreidd. Norge var det andre landet der det kom inn i bildet, etter USA i 1803, og det gjekk generasjonar før andre land følgde etter, når vi ser bort frå det særtilfellet at den svenske trykkefridomsforordninga alt frå 1810 hadde status som både grunnlov og positiv rett. Årsaka til at Norge og USA skilde seg ut på denne måten, var at begge grunnlovene vart vedtatt i ein unntakssituasjon utan eit alminneleg lovverk som harmonerte med dei.

I drøftinga i del 2 og 3 må vi da sjå etter om påtalemakta la fram sakene med rettsgrunnlag i 1799-forordninga, og om dommarane uttrykkeleg vurderte ordlyden i forordninga opp mot § 100 som overordna norm og så brukte forordninga som rettsgrunnlag både i skyldspørsmålet og i straffeutmålinga.

Domsmodell C

Føresetnaden for domsmodell C er at kollisjonen mellom 1799-forordninga og § 100 var så kraftig og prinsipiell at nær sagt alle forbod i den materielle delen av forordninga utan vidare vart oppheva frå 1814 av og var ugyldige som heimel ved domstolane. Eit moment som kunne peike i den retninga, er kor djupt avskydd forordninga var i Norge – «den saakaldte Trykketvangsforordning af 27de September 1799», som kriminallovkomiteen på Stortinget tillét seg å kalle den i 1839.18 Også domstolane kunne bruke slike nedsettande uttrykk, som politiretten i Christiania i 1837: «den, Trykkefriheden for største Delen ophævende, Forordning af 27de September 1799».19 Det var få lover det var eit så intenst ønske om å vere kvitt som den.

Denne modellen fører prinsippet om Grunnlova som positiv rett eitt skritt vidare: Grunnlova kunne settast ikkje berre framfor eldre lover som ei overordna norm, men òg i staden for ei eldre lov og erstatte den som positiv rett. Kva skulle elles erstatte ei eldre oppheva lov dersom forholdet den gjaldt for, ikkje var dekt av noka anna norsk lov enn Grunnlova?

Eit eksempel på at det så visst kunne skje, er siste punktum i § 96: «Piinligt Forhør maa ikke finde Sted.» Bruken av tvangsmiddel under forhør hadde tidlegare vore regulert i Norske lov 1-18, modifisert i eit reskript av 23. oktober 1795, og denne lovgivinga var «umiddelbart bortfalden ved nærværende Grl.sparagraf».20 Den nye regelen i Grunnlova forbaud både som lex superior og som lex posterior strengt det som hadde vore tillate der. Den kunne da naturleg nok ikkje fungere etter domsmodell B, som ei overordna norm som avgrensa rekkevidda av gjeldande eldre lover, men vart frå 1814 ståande som einaste gyldige lovbod.

I fall lovboda også i 1799-forordninga vart sett på som uforeinlege med Grunnlova, låg dei an til å måtte vike for § 100 på same måte. Også paragraf 100 var lex superior, og som lex posterior dekte den det forholdet 1799-forordninga gjaldt for. Da måtte den etter domsmodell C kunne tre inn som rettsgrunnlag for straff, vel å merke som ein slags nødutveg i ein ekstraordinær situasjon der den tidlegare straffelova var sett til sides og nokon annan straffeheimel enn § 100 ikkje var å finne.

To innvendingar kan reisast imot denne domsmodellen.

For det første kan ikkje ein grunnlovsparagraf etter vanleg forfatningsjus i dag brukast på denne måten, som om den var ei straffelov. Ifølgje doktorgradsstipendiat i rettshistorie Bård Sverre Tuseth er det utenkeleg «at Grl. § 100 fikk anvendelse som et straffebud», og han meiner at når historikar Nils Rune Langeland i si bok om Høgsteretts historie, Siste ord, hevdar at Høgsterett faktisk brukte § 100 direkte som ei straffelov, «må det bero på en misforståelse».21

Spørsmålet er likevel om ein slik praksis lar seg tenke ut frå rettsoppfatninga den gongen. Ifølgje Frederik Stang i statsforfatningsboka hans frå 1833 var skiljet mellom grunnlov og alminneleg lov glidande og ikkje prinsipielt på dette feltet, som han definerte som «materielle Regler» som sikra folket «Nydelsen af visse Rettigheder, saasom: Bevarelsen af en vis Religion, som Statsreligion, eller omvendt uindskrænket Religionsfrihed, Trykkefrihed, en vis Liighed i Rettigheder, Sikkerhed for Nydelsen af personlig Frihed o.s.v.». Individuelle og til dels tilfeldige forhold, skreiv han, førte til at éin stat gjekk lenger enn ein annan på dette området, slik at «visse Materier fastsættes ved een Stats offentlige Retsbestemmelser [statsforfatninga], som i en anden overlades til Statsstyrelsen at anordne efter Godtbefindende [dvs. i dei alminnelege lovene]».22

Desse rettane var i 1814-grunnlova mykje meir utvikla og handfaste enn det som var vanleg i andre grunnlover. I den norske var dei utforma som konkrete grenser for statsmaktenes maktbruk overfor individa, slik at den til og med gav eit sterkare individvern enn den franske menneskerettserklæringa av 1789.23 Der for eksempel artikkel 371 i den spanske grunnlova av 1812, som juristane i konstitusjonskomiteen på Eidsvoll kjente godt til, nøgde seg med å forby all førehandssensur og eksplisitt overlét til dei alminnelege straffelovene å regulere kva som så måtte vere ulovlege ytringar, valde riksforsamlinga å gi grensene for straffeansvaret i trykkefridomssaker grunnlovsstatus, som i Sverige.

Der, i nabolandet som Norge kom i personalunion med frå 1814, fanst nemleg ei grunnlov som vart brukt som ei fullskala straffelov i kvar einaste av dei mange trykkefridomssakene som gjekk for domstolane, ettersom den svenske trykkefridomsforordninga var ei av dei tre grunnlovene i landet. Det var i same form kong Karl Johan i 1818 la fram det omstridde forslaget sitt til eit trykkefridomstillegg til Riksakta av 6. august 1815, den konstitusjonelle unionsavtalen mellom Norge og Sverige, som hadde status som Norges andre grunnlov (dette lovforslaget blir behandla i del 3). Grunnlovsforslaget hans var detaljert og likna til forveksling ei alminneleg straffelov, med klar adresse til domstolane.

I Grunnlova fanst dessutan minst to andre paragrafar enn § 100 som gav rettsleg grunnlag for straff. Den eine var nettopp forbodet mot tortur, ei handling som ifølgje Frederik Stang i 1833 «maatte betragtes som et Brud paa Grls. § 96».24 Da var den einaste saka vi kjenner der denne straffeheimelen har vore omsett i praksis, enno fersk. Det var ei sak som vekte stor oppsikt i 1832: Kommandanten på Akershus festning, generalmajor og baron Ferdinand Carl Maria Wedel Jarlsberg, vart tiltalt for eit tilfelle av tortur under forhør tilbake i 1820 og så eit nytt tilfelle av brutalitet i tenesta i 1831. I ein overkrigskommisjonsdom av 28. august 1832 han vart idømt ei mulkt på 200 spesidalar for torturtilfellet i 1820.25

Den andre grunnlovsparagrafen var § 85: «Den der adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Storthingets Frihed og Sikkerhed, gjør sig derved skyldig i Forræderi mod Fædrenelandet.» Denne lovregelen, som blant anna kunne gjere det til landsforræderi å lyde kongen,26 hadde vore utenkeleg under eineveldet. Den var aldeles ny, fanst ingen annan stad i lovverket og var einaste mulege heimel for straff for ei slik handling, også etter 1842.27

Det spørst òg om ikkje § 30 om ein statsråds plikt til å protestere mot ei grunnlovsstridig regjeringsavgjerd var ein slik paragraf, ettersom ein statsråd som forsømte denne grunnlovpålagte plikta, med Frederik Stangs ord «kunne sættes under tiltale og dømmes til Straf».28 Det same kunne seiast om § 5 og forbodet der mot å laste kongen.

Det må såleis ha vore ein naturleg tanke på denne tida da forfatningsjusen enno var lite utvikla, at ein grunnlovsparagraf i og for seg òg kunne tene som straffelov.

For det andre kan det innvendast at § 100 ikkje var formulert som ei føresegn om straff, slik den mykje meir omfattande svenske trykkefridomsforordninga var.

Spørsmålet er om dette vart sett på som ein avgjerande forskjell i samtida. Christian Magnus Falsen meinte at § 100 rekna opp alle straffbare «Overtrædelser» og var komplett i opprekninga av trykkefridomsbrot,29 og da regjeringa i 1818 førebudde ei ny trykkefridomssak, spurde den kongen «hvilke af de i Grundlovens § 100 forbudte Handlinger» tiltalen skulle reisast etter.30 Slik kunne andre setning i § 100 likevel seiast å vere ei liste med forbod. Kravet om gjerningsbeskriving var oppfylt: «[…] medmindre han forsætligen og aabenbare har enten selv viist, eller tilskyndet Andre til, Ulydighed mod Lovene, Ringeagt mod Religionen, Sædelighed eller de constitutionelle Magter, Modstand mod disses Befalinger, eller fremført falske og ærekrænkende Beskyldninger mod Nogen.» Sjølv om planen var ei eiga trykkefridomslov som gjekk atskilleg meir detaljert til verks, var ordlyden i § 100 i og for seg eigna til å avgjere skyld og uskyld og vere rettsgrunnlag i skyldspørsmålet.

I Frihetens gränser reiser Lars Björne tvil om dette og skriv at uttrykka i § 100 var altfor vage og upresise. Han mener å finne støtte hos Anders Sandøe Ørsted, som i memoarane sine frå 1851 omtaler den norske trykkefridomsparagrafen som ei lov som inneheldt upresise uttrykk utan «nogen ved skarpe Begreber afpælet Grændse, enten mellem det Tilladelige og Utilladelige, eller mellem de forskjellige Grader af dette sidste».31

Men det Ørsted siktar til med desse orda, er noko anna enn det Björne legg i dei. Dei er ein del av eit resonnement for at lovverket trong arbitrære eller såkalla relativt bestemte straffer som lovgivaren overlét til dommaren å fastsette etter skjønn. I ein del tilfelle var det nemleg umuleg for lovgivaren, skriv Ørsted, å uttrykke alle dei formene ei straffverdig handling kunne få, og i lovteksten vart det derfor nødvendig å bruke den slags upresise uttrykk. Slik måtte det vere i alle land, det låg i «Forholdets Natur». Som typiske eksempel nemnte han ikkje berre den norske trykkefridomsparagrafen, men òg ansvarslova av 7. juli 1828 og straffelova av 1842.32

Det som framfor alt skilde § 100 frå den svenske forordninga, var at § 100 ikkje inneheldt eksplisitte straffetruslar og såleis ikkje kunne brukast i straffeutmålinga. Den funksjonen til 1799-forordninga kunne den altså ikkje erstatte. Men heller ikkje dette kunne vere eit avgjerande hinder for domsmodell C. Det låg ein implisitt straffetrussel der: «Ingen kan straffes […] medmindre han […].» Dette uttrykket har nok av seinare forfatningsjuristar, som Johs. Andenæs, vorte tolka som at straffetrusselen berre kunne realiserast med uttrykkeleg heimel i ei straffelov. Det treng likevel ikkje å bety at domstolane i den heilt spesielle perioden 1814–1842 meinte det same.

Ei straffeutmåling lét seg lett gjennomføre: Mens § 85 i Grunnlova for å vere tydeleg måtte presisere at den som braut forbodet i paragrafen, gjorde seg «skyldig i Forræderi mod Fædrenelandet» og altså måtte bli straffa som ein landsforrædar, låg det i sakas natur at den som braut ei grense i § 100, gjorde seg skyldig i eit trykkefridomsbrot og måtte få straff etter den alminnelege trykkefridomslovgivinga. Etter denne modellen kunne straff for brot på § 100 hentast, slik Steenbuch formulerte det, «enten ganske, eller tildeels» etter dommarens skjønn frå eit anna lovbod – eller òg vere overlaten fullt og heilt til «hans Arbitrium». Med Anders Sandøe Ørsteds ord: «Den, der foretager sig en strafbar Handling, hvis Straf ei er lovbestemt, maa altsaa vente sig en saadan Straf, som Lovens Analogie tilsiger.»33

Arbitrær straff etter analogi på denne måten vart idømt ofte den gongen, det var ein nødvendig del av det juridiske systemet for å få det mangelfulle lovverket til å fungere.34 Eit parallelt tilfelle finn vi i ansvarslova av 7. juli 1828,35 der § 17 bestemte at den som med ulovlege middel prøvde å velte den konstitusjonelle statsforma, skulle straffast som ein landsforrædar.36 Paragrafen spesifiserte ikkje straffa for landsforræderi, som først skulle komme i den nye og lenge venta norske straffelova. Som juristen Ulrik Anton Motzfeldt peika på, måtte domstolen i mellomtida «i Henseende til Straffen» gå til Norske lov 6-4-1, som «frembyde den nærmeste Analogie».37 Skyldspørsmålet vart da avgjort etter ansvarslova, mens straffa for brot på både denne lova og den beslekta § 85 i Grunnlova måtte hentast analogisk frå Norske lov 6-4-1, med den formildinga forordninga av 27. september 1799 hadde bestemt. På same måte var det venta at nye tydelege og bestemte straffer også for trykkefridomsbrot ville komme i den nye straffelova, som altså først var på plass i 1842.

Om straffekjelda for trykkefridomsbrot ved denne domsmåten måtte vere forordninga av 27. september 1799, går ikkje fram av grunnlovskommentaren til Steenbuch, som ikkje kunne ane at 28 år skulle gå før landet fekk ei ny straffelov. Den generelle regelen var ifølgje Anders Sandøe Ørsted at straffa i slike tilfelle burde hentast etter analogi av lova som gjaldt det lovbrotet som var mest i slekt med handlinga den tiltalte var kjent skyldig for.38

I drøftinga av trykkefridomsprosessane i del 2 og 3 må vi da undersøke om påtalemakta og dommarane i skyldspørsmålet uttrykkeleg plasserte heimelen i § 100 og i straffeutmålinga i 1799-forordninga eller eventuelt andre lover – eller brukte sitt frie skjønn.

Når denne analysemodellen no er etablert og gjer oss godt rusta til gjennomgangen av trykkefridomsprosessane i del 2 og 3, kan vi vende tilbake til Henrik Steenbuch og utlegginga hans av § 100.