Den danskfødde Peterson hadde fått livet forkludra av denne forordninga før, da han var redaktør i byens adresseavis, som den gongen heitte Trondhjemske Tidender, der han var ein banebrytar for «en uforbeholden, modig og muntlig ytringsform» og hadde innleidd ein ny epoke for norsk presse.1 Men på grunn av den såkalla trykkefridomsforordninga sa han i den siste utgåva av avisa i 1799 farvel til redaktørjobben og la ned pennen: «Mangen en gavnlig, almeennyttig Sandhed har jeg endnu villet gjøre mere almindelig bekjendt; …… men – nu vil jeg tie.»2

Dei dansk-norske trykkefridomslovene

Da hadde det lege i lufta i fleire år at trykkefridommen stod i fare for å bli enda meir innsnevra enn den alt var. Rett nok hadde det ikkje sidan 1770 vore førehandssensur i Danmark-Norge, ein sensur som tidlegare hadde omfatta alle trykte skrifter og vore heimla i Danske lov 2-21-1 og 2 og dei tilsvarande Norske lov 2-20-1 og 2. Den hadde, som konferensråd og historikar Peter Frederik Suhm skreiv i 1772, stansa alt som «i mindste Maade» strei imot noko regjeringa hadde bestemt, og sensorane, «hvor gode de end vare, kunde og turde ei gjøre det, de vilde».3

Førehandssensuren hadde vore sentral i det historikaren Øystein Rian kallar den viktigaste sida ved maktforholda i Danmark-Norge: «en mer vidtrekkende konsentrasjon når det gjaldt offentlig makt enn i de fleste andre land».4 Grepet om offentlegheita skulle vere totalt, uønskte ytringar var kriminaliserte og sensursystemet nærast altomfattande. Den danske historikaren Jesper Jakobsen meiner likevel at vi får eit einsidig bilde av sensuren om vi legg så stor vekt som Rian på det formelle lovverket med velkjente enkeltsaker som eksempel, og ikkje bygger på arkivstudiar av sensuren slik den faktisk føregjekk.5 Sensuren var ikkje så altomfattande som lovverket får det ut å sjå ut som, skriv Jakobsen,6 og sensorane stansa nok trykt kritikk mot regjering, kyrkje og konge, men det var ikkje dette som tok opp tida deira.

I ein empirisk gjennomgang av førehandssensuren ved universitetet i København finn Jakobsen at sensorane vel så mykje fungerte som eit mellomledd mellom forfattar og trykkeri ved å sortere bort forargelege, tåpelege, dårlege og unyttige skrifter og dessutan forbetre manuskripta, omtrent som vår tids forlagsredaktørar, i ei tid da forlag enno ikkje fanst.7 Dessutan ønskte myndigheitene å fremme ein ekspanderande marknad for trykte skrifter. Det måtte sensuren ta omsyn til, og etter midten av 1700-talet vart ein effektiv førehandssensur nedprioritert for å støtte aktørane i bokmarknaden.8

Denne sensuren vart så oppheva ved ein kabinettsordre av 4. september 1770, den aller første lovhandlinga opplysningsmannen Johann Friedrich Struensee utførte under det kortvarige og famøse ministerregimet sitt, og sett ut i livet gjennom eit reskript av 14. september 1770, «Rescr. […] ang. at Bøger maae trykkes uden Censur og Approbation».9 Reskriptet var ein instruks retta til Københavns Universitet, biskopane i Danmark og Norge og overhoffmeisteren ved Sorø akademi, instansane som handterte førehandssensuren av bøker og skrifter, deriblant tidsskrift.10

Med det følgde Danmark-Norge etter Sverige, som hadde oppheva sin sensur ved ei trykkefridomsforordning i 1766, mot slutten av den svenske «frihetstiden». Men svenskane hadde ikkje som Struensee avvikla sensuren også av religiøse skrifter. Struensees reskript, det første i verda som oppheva all førehandssensur av bøker og skrifter, vekte oppsikt i Europa.

Det betydde ikkje at det samtidig oppheva dei gamle lovene som sette grenser for kva innbyggarane hadde lov til å ytre seg om.11 Det skal skribentane bak mange av dei nye anonyme pamflettane og nidskriftene ha trudd, og det har vore hevda i ein del seinare historieverk, også nyskrivne læreverk som er i bruk i skulen i dag. Men reskriptet av 14. september 1770 hadde eitt siktemål: å oppheve førehandssensuren ved å innføre

en uindskrænket Frihed for Bogtrykkerierne saaledes: at ingen efterdags skal være pligtig og forbunden til at lade sine Bøger og Skrivter, som han vil overgive til Trykken, underkaste den hidtil anordnede Censur og Approbation, eller til den Ende at indlevere samme til at igjennemsees af dem, som slig Forretning har været overdraget.12

Lovene om kva det var straffbart å ytre offentleg, vart ikkje berørte av reskriptet; det var elles dei same lovene som etter 1814, saman med forordningane og reskripta som etter kvart endra dei, kom til å utgjere det lovverket nordmennene måtte vege opp mot § 100 i Grunnlova etter gyldigheitsregelen i § 94. Dei utgjorde ikkje ei samla, eiga lovgiving, men var paragrafar spreidde utover i lovboka. Der var det fastsett forbod mot opprørske skrifter (Danske lov 2-21-4 / Norske lov 2-20-4), blasfemi (6-1-8), å laste kongen eller dronninga (1-1-1 og 6-4-1), å ytre ønske om å endre styresettet (1-1-1 og 6-4-2), å «tale ilde» om regjeringa (6-4-9) og ærekrenking (6-21). Berre paragrafane under 2-21/2-20 handla spesifikt om trykte skrifter, dei andre var allmenne straffelover med til dels harde straffer som fordi dei hadde generell rettskraft, nødvendigvis også gjaldt for ytringar som stod på trykk.

Alt tyder på at Struensees hensikt var å ikkje handheve lovene etter bokstaven.13 Dette uttrykte Suhm presist: Endeleg, skreiv han, var den tida kommen «jeg saa meget haver længtes efter, at enhver kan skrive hvad han tænker», og han håpa at kongen ville legge så stor vekt på dei gode skriftene og dei gode tankane som trykkefridommen ville føre fram i lyset, at han ville sjå «igjennem Fingre med de onde».14 I ein slik forstand var det ein uinnskrenka trykkefridom Struensee innførte.

Det Suhm særleg gledde seg over, var at ein skribent heretter ikkje «haver nødig at undertrykke sine Tanker, oftest de beste»;15 problemet under sensurregimet var ikkje nødvendigvis kva sensuren stansa, men kva skribentane ved sjølvsensur klokeleg lét vere å legge fram for sensorane; «den mest omfattende form for sensur», som Øystein Rian skriv.16 Ein stad gjekk det likevel ei grense også for Suhm: Om nokon var så avsindig å nekte for at Gud fanst og styrte verda, at dyd trongst, og at «den nu regierende Konge og Konge-Slægt» hadde arverett til landet, da måtte ein kunne «forbyde en saadan en at skrive».17

I samtida var det kjent nok at lovene om forbodne ytringar framleis gjaldt. København-tidsskriftet Kritisk Journal skreiv i november 1770 at trykkefridommen ikkje kunne autorisere lovstridige fornærmingar, «som altid blive under Lovens Tiltale»,18 og i tidsskriftet Magazin for Patriotiske Skribentere heitte det i januar 1771 at det fanst gode og rettferdige lover i landet mot «de Forvovne og Strafskyldige» som misbrukte denne sterkt ønskte fridommen.19 Geheimeråd Bolle Willum Luxdorph, ein sentralt plassert mann i Danske kanselli både før, under og etter Struensee, meinte like eins at ingenting var oppheva anna enn sensuren, og den som vart fornærma av «Pasqviller og uforskammede Skriverie», kunne naturlegvis gå til sak mot forfattaren for å få han dømt «efter Loven».20

Det vart òg gjort, om enn berre i eitt tilfelle i dette halvtanna året med Struensee ved makta, da direksjonen i bryggarlauget i København 4. februar 1771 reiste sak mot pamflettskribenten Christian Bagge og forlangte at han skulle «bevise sine Beskyldninger, eller i Mangel deraf at lide efter Loven».21 I eit rettsmøte 18. februar forsvarte Bagge seg med at 1770-reskriptet tillét alle å skrive fritt, «uden Persons Anseelse efter Samvittighed»,22 altså utan å kunne straffast, noko retten avviste. Derimot tillét den han å føre vitne i saka, fordi Danske lov 6-21 gav ein ærekrenkar rett til å bevise påstandane sine for å kunne fri seg for straff.23 Lovene gjaldt så visst, og 23. august 1773 idømte Københavns Hof- og Stadsret han ei mulkt på 40 riksdalar etter Danske lov 6-21-4 for hans «utilladelige og lovstridige Forhold».24 Dommen slo fast at 1770-reskripet langt frå hadde gitt ein skribent «Tilladelse at udsprede injurieuse Skrifter og ubeviiselige Beskyldninger»,25 og både dommen og premissane i den vart stadfesta ved ein høgsterettsdom av 11. mars 1775.

Når mange, som Bagge, misforstod og oppfatta den nye fridommen som «aldeles ubunden», som den danske historikaren Edvard Holm har formulert det, var det fordi Struensee hadde glømt å nemne i reskriptet at dei som utgav noko, naturlegvis måtte stå til ansvar for det dei skreiv, dersom det strei mot ei gjeldande lov.26 Først da Struensee sjølv året etter vart råka av giftpiler frå trykkpressene, utan at verken boktrykkar eller forfattar var kjent, retta han opp feilen og innskjerpa i eit reskript av 7. oktober 1771 at lovene stod ved makt: «Omendskjøndt al Censur er ophævet, saa skal dog enhver Autor, som skriver noget, være ansvarlig for, at saadant ikke strider mod de nu værende Love og Forordn.»27

Spørsmålet om reskriptet dermed gjeninnførte lovene etter at dei hadde vore ute av kraft sidan 14. september 1770, vart reist i den kjente saka mot teologen Christian Thura i 1772–73. Der hevda forsvararen at Thura i det heile tatt ikkje kunne dømmast for skrifter som var komne ut før reskriptet av 7. oktober 1771. Aktor meinte noko anna: «Den som tillod Skrive Frieheden havde den Allernaadigst og berømmelig hensigt. Man maatte skrive hvad man ville uden at det først forud det skulle trykkes blev foreviist til Approbation. Men man maatte ikke skrive hvad Man ville uden derfor at blive andseet», dvs. tiltalt og straffa. Domskommisjonen dømte så Thura etter Danske lov 2-21-4 og 6-4-9.28

På to vis var reskriptet av 7. oktober 1771 likevel ei innskrenking av den nye trykkefridommen. For det første varsla det at staten hadde til hensikt atter å handheve lovene, noko som skremte skribentane. For det andre innførte det eit nytt – og historisk viktig – påbod om at namnet til enten boktrykkaren eller forfattaren måtte stå oppført i eit trykt skrift,29 og at boktrykkaren skulle stå til ansvar «naar han ikke kan angive Autor».30 Den gjorde straks stillinga for dristige skribentar meir risikabel, og mengda forargelege skrifter skrumpa inn. Denne rettsregelen vart ståande ved lag i Norge også etter 1814.

Etter Struensees fall ved eit kupp i 1772 gjeninnførte ikkje den nye sterke mannen, den konservative teologen stats- og geheimekabinettssekretær Ove Høegh-Guldberg, førehandssensur, men fastsette i eit reskript av 20. oktober 1773 strengare grenser for trykkefridommen.31 Guldberg vart i 1784 så sjølv avsett ved eit kupp, denne gongen i regi av kronprins Frederik, den seinare kong Frederik 6, som gjekk inn i rolla som regent i staden for den schizofrene og styringsudyktige faren kong Christian 7. Både Christian 7. og forgjengaren, kong Frederik 5., ein forfylla mann som enda som fysisk og moralsk vrak, hadde måtta overlate til andre å stå for statsstyringa. Slik hadde dei to svekt respekten for kongen som person og dermed for den personlege kongemakta som låg til grunn for eineveldets ideologi. Kronprins Frederik var derimot av ein sort som var i stand til å gjenreise denne respekten.32

Han oppheva ikkje straks reskriptet til Guldberg, men det var snart å sjå på som ute av kraft;33 oppheva vart det først ved eit nytt trykkefridomsreskript av 3. desember 1790.34 Dette reskriptet erklærte at kongen på det alvorlegaste ville ha gjentatt og innskjerpa 1771-reskriptet «som forbyder at misbruge denne Frihed til de borgerlige Loves Overtrædelse».35 Struensees linje frå 7. oktober 1771 skulle gjelde.

Om desse lovene skriv professor i rettshistorie Dag Michalsen likevel at den rettslege aktualiteten deira slett ikkje var klar i det såkalla frie tiåret etter 1790 da Matthias Conrad Peterson var avisredaktør, verken for domstolen eller i teorien.36 Han viser da til boka Forsøg til en rigtig Fortolkning og Bedømmelse over Forordningen om Trykkefrihedens Grændser, dateret den 27de September 1799 frå 1801 av den unge stjernejuristen Anders Sandøe Ørsted, «som [på s. 25 ff.] fremholder at etter 1790 spilte Danske og Norske Lovs bestemmelser knapt noen rolle i disse sakene».37

Men der skreiv Ørsted berre at dei to lovparagrafane som hadde heimla sensuren, Danske lov 2-21-1 og 2 (og dermed Norske lov 2-20-1 og 2), naturleg nok var avskaffa i 1770 i og med at sensuren var avskaffa, og at alle særlover om trykte skrifter dermed òg var avskaffa, dvs. også resten av 2-21/2-20. I vår samanheng gjeld det 2-21-4/2-20-4 om opprørske skrifter.38 Dette siste hadde vorte ført i marka av forsvararane i fleire rettssaker i 1790-åra, men dommarane hadde bestemt slått fast at paragrafen framleis stod ved makt.39 Det skreiv òg den kjente lovkommentatoren høgsterettsadvokat Christian Bagger Brorson i det store lovkommentarverket sitt,40 og også forordninga av 27. september 1799 omtalte paragrafen om opprørske skrifter som gjeldande inntil da. Kort sagt ein god illustrasjon på Jørgen Mandix’ poeng, at det ikkje var enkelt å orientere seg i mylderet av gjeldande lover, forordningar og reskript.

Ørsted slo så fast at «de almindelige kriminelle Love […] 6-1-8, 6-4 og 6-21 bleve staaende ved Magt»,41 dvs. alle dei sentrale lovboda i Norske lov, som 6-4-9 om kritikk av regjeringa. At desse lovene heilt naturleg vart brukte ved domstolane, går fram av aktstykka frå rettsprosessane i tida.42 Ut frå lovverket åleine er det lite grunnlag for å seie at perioden mellom 1790 og 1799 var ein friare periode.

Derimot var det politiske klimaet særleg i dei første av desse åra friare enn før, slik at lovene berre unntaksvis vart brukte mot skribentar. Mykje av æra for dette friare klimaet har vore tilskrive den tonegivande og mektige utanriksministeren Andreas Peter Bernstorff. Alt frå 1784, da kronprins Frederik gjorde slutt på Guldberg-regimet, gjekk Bernstorff inn for at det skulle vere eit visst spelerom for offentleg debatt. Han meinte at å forfølgje skribentar for misbruk av trykkefridommen «vilde kun endnu mere ophidse Sindene».43 Det styrkte legitimiteten til eineveldet og vekte glede og optimisme i borgarskapet.

Eit sjeldan, men talande eksempel på denne nye praksisen er saka som i 1785 vart reist mot magister Rasmus Nyerup og fullmektig ved rentekammerkanselliet Thomas Aabye fordi dei hadde offentleggjort ei brevveksling der dei «paa en høist fornærmelig og dristig Maade har foretaget sig at bedømme Canselliets Handlinger».44 Stilt i utsikt å bli frådømt «deres timelige Velfærd» etter den strenge paragrafen 6-4-9 angra dei seg overfor kongen og lova å vere forsiktigare i framtida. Imot innstillinga frå den offentlege anklagaren befalte så kongen domstolen å nøye seg med å kunngjere for dei to syndarane kva lovas straff var for «deres i en ond og lastværdig Hensigt i Trykken udgivne og udspredte Brevvexling», og at «den fortiente Straf [mi utheving] dem for denne gang eftergives».45

I dette mildare klimaet våga skribentane, eller skrålhalsane i København, som enkelte kalla dei,46 å ytre seg friare og meir samfunnskritisk enn nokon gong før, etter 1789 ikkje minst inspirerte av revolusjonen i Frankrike. Uroa auka i eineveldets maktsjikt, også hos kronprinsen; «Trykkefrækhed» eller «Skrivefrækhed» kalla dei det som gjekk for seg. Situasjonen var fleire gonger nær ved å sprekke. Trykkefridommen var driven langt ut over det kronprinsen og rådgivarane hans hadde tenkt seg,47 som var ein lydig opinion som kunne støtte reformer regjeringa ønskte, og som adelen stritta imot, særleg innanfor landbruket.48 Frå 1793 vart praksisen stramma inn, med nye rettsprosessar som resultat. Det markerte slutten på dei åra Øystein Rian har kalla «en dansk perestrojka».49

Ein ny nervøsitet breidde seg blant skribentane. Den franske revolusjonen hadde vore eit intellektuelt jordskjelv; det var ikkje lenger berre avsindige menneske som kunne ventast å gå ut over dei absolutte grensene Peter Frederik Suhm hadde streka opp i 1771: Gud, dyden og kongens arverett. Desse yttergrensene i lovgivinga om offentlege ytringar hadde knapt vore kryssa av nokon norsk-dansk skribent. Men etter kongedrapet i Frankrike 21. januar 1793 var einevaldsmakta på vakt mot nettopp slike tendensar, og kva dei ville finne straffverdig, var uvisst.

Grunnen til det var ikkje at det var uvisst kva for nokre lover som gjaldt, men at dei gjeldande lovene var upresise med «vaklende, ubestemte Begreb»50 som kunne dragast i alle retningar. Korleis skulle ein skribent da uttrykke seg for å vere sikker på ikkje å «gjøre sig selv, sin Kone og sine Børn ulykkelige»? som Rasmus Nyerup skreiv i sjølvbiografien sin. Var eit angrep på «Dogmatik og symboliske Bøger», dvs. religionskritikk i opplysningstidas ånd, òg eit angrep på Bibelen? Var kritikk av «nogle af Regjeringsmændenes Foranstaltninger» det same som å «tale ilde om» sjølve regjeringa, dvs. kongen? «Angaaende deslige Puncter svævede man i den pinligste Forlegenhed. Aldrig har der i Danmark hersket større Uvished om, hvad man torde eller ikke torde skrive, end i dette Tidsrum.»51

Om førehandssensuren var historie, så var sjølvsensuren atter i høgaste grad verksam.

Da så Bernstorff døydde i juni 1797, forsvann «Danmarks Skytsengel»,52 skreiv Matthias Conrad Peterson seinare. Ikkje lenge etter oppnemnte kronprins Frederik ein kommisjon som skulle førebu ei ny og eiga trykkefridomslov, nettopp fordi religionen, moralen og regjeringa hadde vorte tråkka for nær.53 Det sette ein støkk i skribentane i tvillingrika, stygge rykte gjekk om kva slags lov som var i vente.

Peterson hørte til dei som ikkje ville la seg skremme, og starta i 1798 sitt eige tidsskrift, Qvartbladet, eit organ for fri kritikk av regentar og makthavarar, og gav det ut som vedlegg til Trondhjemske Tidender. Det var ikkje småtteri republikanaren Peterson drista seg til å skrive i programerklæringa i det første nummeret i mars 1798:

De Regjeringer som frygte for Bekjendtgjørelsen af deres onde Handlinger og Forbrydelser ere netop de, som lægge Lænker og Baand paa Tanken, men med Guds Hjelp lakker det ad Slutningen med Despoterne og med deres Væsen; Nationerne berede Dommedagen for dem: langsom men uudeblivelig og forskrækkelig skal den komme.54

Dette og mykje anna i programerklæringa var ført i eit vågalt språk og låg farleg nær yttergrensa for kva som hadde fått stå upåtalt i Bernstorffs tid. At det fekk passere også no, kan komme av det pusterommet lovkommisjonen skapte da den i januar 1798 i staden for å foreslå å innskrenke trykkefridommen gjekk inn for å styrke den og å innføre mildare straffer gjennom eit forslag til ei fullstendig og samla trykkefridomslov på heile 93 paragrafar. Blant anna meinte kommisjonen at § 6-4-9 om å «tale ilde om Kongens Regering» var altfor streng.

Som vanleg sørgde den lukka saksgangen ved kanselliet for at det gjekk lang tid før det lak ut offentleg kva som var skjedd. Forslaget møtte velvilje i kanselliet, men ikkje hos den mektige norskfødde generalprokurøren Christian Colbjørnsen, som skreiv ein svært kritisk kommentar. Saka vart så liggande i geheimestatsrådet i eitt år til forslaget våren 1799 vart lagt på is.55 Eit halvt hundreår seinare skreiv Anders Sandøe Ørsted at Danmark ville ha komme lenger i utvikling og fridom dersom trykkefridomslovgivinga hadde vorte bygd på arbeidet til denne kommisjonen.56

Prosessen mot Peter Andreas Heiberg

Faren var ikkje med det over for skribentane. I København hadde makthavarane enda striare kanaljar enn Peterson å bale med. Det gjaldt særleg den populære og kvasse – og norskætta – Peter Andreas Heiberg, forfattar, uredd polemikar og satirikar med tre dommar bak seg for misbruk av trykkefridommen. I februar 1799 ville kronprinsen ha ein slutt på ståket hans og starta ein stor rettsprosess mot fleire titals tekstar han hadde sett på trykk sidan 1794, da den siste dommen mot han fall.

Midt under prosessen, 14. september 1799, kravde kronprins Frederik fortgang i det nye lovarbeidet,57 og 27. september vart den nye trykkefridomsforordninga innført, hastig og etter sterkt påtrykk, kanskje velkomment,58 frå den russiske tsar Paul, som rasa mot alle tendensar i tida til franske revolusjonære tilstandar.59 Forordninga var ført i pennen av generalprokurør Colbjørnsen etter ordre frå kronprinsen.

Forordninga «som nærmere forklarer og bestemmer Trykkefrihedens Grændser», som den heitte, var den første generelle og fullstendige straffelova for trykkefridomssaker i Danmark-Norge.60 Forhold som før hadde vore regulerte gjennom spreidde lover, vart no samla og lagt inn i éi forordning, og med sine 28 paragrafar gjekk den enda grundigare og meir presist til verks enn den tidlegare lovgivinga. Den rekna nøye opp alt som kunne vere ulovleg, og utmålte straffer for alle slags «Misbrug af Trykkefriheden», til og med «Allegorie eller Ironie» og «allegoriske Kobber- og Træsnit-Stykker, eller andre Billeder» som vart selde eller utgitt. Ingen smotthol for obsternasigheit, altså.

Den første paragrafen slo an den eineveldige tonen:

Hvo, som befindes, i noget ved Trykken udgivet Skrift, at tilskynde eller raade enten til Forandring i den, ved Fædrenelandets Grundlov bestemte, Regieringsform, eller til Opstand imod Kongen, eller til at imodsætte sig Kongens Befalinger, bør have sit Liv forbrudt.

Som kronprins Frederik skreiv til kansellipresident Christian Brandt i august 1799: «Frygt maa jages i disse Mennesker. […] Kun ingen Skaansel.»61 I innleiinga til den nye trykkefridomsforordninga gav han, eller «Kongen», som det heitte, eit utvitydig signal om kva skribentane kunne ha i vente:

Kongen erfarer med yderste Mishag, at Hans Lovgivninger desangaaende endnu uden Ophør overtrædes, og at nogle ildesindede Personer med strafværdig Frækhed dagligen antaste og forhaane alt hvad der, i ethvert Borgersamfund, er helligt og agtbart, samt jevnligen udbrede falske Forestillinger, og søge at forplante vrange Meninger om de, for Mennesker og Borgeren vigtigste, Gienstande; hvorved den mindre oplyste Deel af Almuen, især den uerfarne Ungdom, letteligen kan misledes og fordærves.

Dommen var alt fallen: Ytringar som «dagligen» stod å lese i aviser og blad, var lovstridige og straffverdige. Oppgjerets time var kommen, og skribentane lét seg skremme, dei spakna og gjekk i hi, denne gongen også Matthias Conrad Peterson: «Jeg ophører hermed, at udgive mit Qvartblad, som jeg først nyligen har begyndt. Anledningen dertil vil Enhver kjende.»62

Forordninga av 27. september 1799 hadde med eitt slag gjort det farleg å skrive offentleg; erfaringa tilsa at einevaldsstyret rekna det som sin suverene rett sjølv å avgjere når ei utsegn var regjeringsfiendtleg. Og som Peterson så provokativt hadde uttrykt det: Det var nokså spesielt at makthavarar når dei hadde fått nag til ein kjekk, sanningssøkande skribent, skulle kunne seie til handlangaren sin: Du skal stille han for ein offentleg domstol! Det var regjeringa som innsette dommaren, som dermed var underlagt regjeringa; altså var den som reiste saka, samtidig både anklagar og dommar. «En smuk Procedure!»63

Sjølv om dommarane i 1790-åra hadde komme i ei friare stilling enn det Peterson hevda her,64 bomma ikkje den bitande kritikken hans av rettsvesenet i det dansk-norske eineveldet heilt. Det viser òg det nyss nemnte eksempelet frå 1785; kronprinsen gav ikkje berre dommarane ordre om å ettergi straffa, men avgjorde alt før rettsbehandlinga var over, at dei tiltalte var skyldige.

Når prosessen mot Peter Andreas Heiberg enda som den gjorde, må det nok forklarast med at dommarane kjente seg forplikta til å dømme slik kronprinsens einevaldsstyre ønskte. Den førstvoterande av dommarane i Heiberg-saka i Københavns Hof- og Stadsret i 1799, den seinare norske kanselliråden, høgsterettsadvokaten og regjeringsadvokaten Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne (han som i 1829 dømte Peder Larsen og Anne Andersdatter til døden for blodskam, sjå side 34) sørgde i 1826 for at Heiberg-dommen frå 1799 for første gong vart publisert. Han trykte den i fagtidsskriftet Juridiske Samlinger, som han var ein av utgivarane av, og skreiv sjølv ein grundig kommentar. Han hadde nok ei uoppgjort sak: Til det avsluttande rettsmøtet i 1799 hadde unge Morgenstierne førebudd eit votum for frifinning av Heiberg, men oppgitt det etter å ha skjønt kva dei eldre dommarkollegaene meinte.65

Det var ein nådelaus gjennomgang Morgenstierne gjorde av dommen mot Heiberg. I berre eitt av dei rundt førti anklagepunkta fann han grunnlag for i det heile tatt å kunne vurdere eventuell straffskyld ut frå dei lovene som gjaldt da tekstane stod på trykk. Dette eine punktet dreidde seg om ein tekst frå tidsskriftet For Sandhed frå 1798, utgitt av ei selskapeleg foreining Heiberg var medstiftar av, Selskabet for Sandhed. Teksten, «Sprog-Grandskning», var eit satirisk minileksikon av ein type som var populær i tidsskrifta rundt omkring i Europa; spesielt ille var forklaringa hans av oppslagsordet Admirabel (beundringsverdig):

Admirabelt er ethvert skrift af en fornem Mand, hvori der er kun smaae Feil imod sund Menneskeforstand. Handlinger og offentlige Indretninger kunne paa samme Maade være admirable. De nye Brand-Indretninger ere admirable. Det er admirabelt, at tvinge Folk til at assurere deres Huuse; thi det er en Vei til at forøge Ildebrande. Jo fleere Ildebrande der opkomme, jo større Leilighed er der for Brandanstalterne at vise, hvor admirabelt de ere indrettede.66

Brotsverket til Heiberg låg i at alle lover under eineveldet gjekk direkte ut frå kongen og kongens regjering, også brannassuranseforordninga for København by av 17. juli 1795. Dermed var det kongen og regjeringa Heiberg etter eineveldets tankegang latterleggjorde og lasta. Teksten «Admirabel» var «Skrivefrækhed» av dristigaste sort. Sjølv om også retten til slutt måtte sjå bort frå dei fleste anklagane, meinte den at denne og fire andre små tekstar av same kaliber var såpass graverande at ein hard dom kunne fellast.67

Dommen fall 24. desember 1799,68 på sjølve julekvelden, og same dag forkynte Københavns Hof- og Stadsret for Heiberg at den hadde dømt han til landsforvising etter forordninga av 27. september 1799, med tilbakeverkande kraft.

Vel å merke var det straffeutmålinga som vart gjort med tilbakeverkande kraft. Heiberg vart nemleg ikkje dømt for å ha forbrote seg mot den nye og strenge septemberforordninga, slik det ofte blir framstilt.69 Noko slikt ville ha vore eit brot på eit grunnleggande rettsprinsipp: Ei handling kan ikkje stri mot ei lov som ikkje fanst da handlinga vart gjort. Aktoratet hadde dessutan avslutta sakførselen sin før 27. september. Heiberg la fram det siste forsvarsinnlegget 28. oktober, og i det avsluttande svarinnlegget i retten 4. november kunne naturlegvis ikkje aktor endre tiltalegrunnlaget i saka.70

Dommen fall med grunnlag i det lovverket som gjaldt gjennom heile den perioden da trykkefridommen i Danmark-Norge var på sitt friaste, i 1790-åra, da Heiberg publiserte dei tekstane tiltalen omfatta, og da tiltalen mot han vart reist, i februar 1799. Han vart dømt for å ha sikta «Regjeringen for Uretferdighed», for å ha søkt å «gjøre dens Anordninger latterlige» og for å «laste og haane Regjeringen»,71 alt i hop brot på Danske lov 6-4-9, første punktum.

Men den gongen kunne retten i Danmark-Norge idømme straff etter ei ny lov med tilbakeverkande kraft, «efter Criminal-Rettens Grundsætninger»,72 som det heitte i dommen, når det var til fordel for den tiltalte, dvs. at det var ein formildande dom. I dommen mot Heiberg erklærte Hof- og Stadsretten derfor høgtideleg at landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 var ei mildare straff enn «Æres og Godses Fortabelse», den straffa den lutfattige skribenten elles ville ha fått etter Danske lov 6-4-9. Retten kunne hevde dette fordi innleiinga til den nye forordninga, lagt i munnen på kong Christian 7., uttrykkeleg forkynte at dei nye straffene den innførte, var formildande. Det var eit illusjonsnummer; praksisen i domstolane hadde alt lenge vore å idømme arbitrære mulkter i staden for dei meir handfaste straffene i Norske lov.73 Den nye forordninga innførte i realiteten ei straffeskjerping; og dommarane kunne ikkje tillate seg å korrigere kongen.74

Prejudikat til å kunne opptre slik hadde påtalemakta skaffa domstolen gjennom ein høgsterettsdom seks dagar før. Da hadde den dansk-norske høgsteretten etter denne metoden landsforvist kanselliråd Hans Holm, som var innvikla i den brutale og langvarige prosessen mot te- og porselenshandlar Michael Brabrand, som for sin del var skyssa ut av kongens rike og land etter den gamle lovgivinga i november 1798.75 Metoden fekk enda to offer: 3. mars 1800 landsforviste Københavns Hof- og Stadsret Jacob Holm, son av Hans Holm og også han innvikla i Brabrand-saka, og endeleg sendte høgsteretten 19. desember 1800 plageånda Malthe Conrad Bruun i eksil på same formildande vis.76

Som Morgenstierne syrleg peika på, var det ikkje sikkert at den domfelte Heiberg ville ha vore einig med retten i at straffa var formildande. I eit slikt tilfelle, der den nye straffa var av ein annan karakter enn den straffa ein hadde risikert da brotsverket skjedde, måtte den dømte ha valet mellom dei ulike straffene.77 Men Heiberg vart ikkje spurd. Med orda til Edvard Holm «ligger det unægtelig nær at tro, at man med Glæde greb til en saakaldet Formildelse, hvorved man fik ham ud af Landet».78

Forordninga av 27. september 1799 gjorde at den livlege offentlege debatten straks vart lamma,79 og den nye lova vart avskydd av publikum. Ei stor folkemengd samla seg utanfor heimen til Peter Andreas Heiberg da han 7. februar 1800 skulle reise frå landet for aldri å vende tilbake. Folk ropte, skråla og vifta med hatter og huver,80 følgde Heiberg ut gjennom Vesterport og stelte etterpå til gateuro utanfor huset til generalprokurør Christian Colbjørnsen,81 som dei meinte hadde regissert prosessen.

Anders Sandøe Ørsted, som forarga mange ved å støtte forordninga offentleg, beklaga seg året etter i boka han skreiv om den, over den lidenskapelege iveren mot forordninga «som den Tid besjælede den største Deel af det læsende Publikum, saavelsom og den Ugunst, jeg hos adskillige tildeels agtværdige Mænd havde opvakt mod mig, ved at fremstaae som Apolog for nogle af dens meest forhadte Bestemmelser».82

Matthias Conrad Peterson var altså ikkje åleine om å bruke ordet «forhadt» om forordninga av 27. september 1799. Den danske historikaren Rasmus Glenthøj oppsummerer resultatet med at undertrykkinga av ytringsfridommen, ein hjørnestein i den gryande liberale ideologien, svekte legitimiteten til eineveldet i auga til borgarskapet.83

Det må leggast til at noko av grunnen til at lovgivaren på denne måten så å seie tok lova i eigne hender, var at den dansk-norske statsmakta ville demonstrere for koalisjonspartnarane mot Frankrike at den ikkje lenger ville tillate noko som likna jakobinsk agitasjon på eigen grunn. Heiberg og Bruun gjekk da òg i fransk teneste. Kronprins Frederik – frå 1808 kong Frederik 6. – kunne ikkje glømme korleis skribentane i 1790-åra hadde svikta han; han følgde mistenksamt med på alt som stod i aviser og blad i København, og tok personleg initiativ til ei rekke rettsprosessar utover på 1800-talet.84