Det er no tid for å sjå på premissane i dei tre høgsterettsdommane om Falsen-artiklane av 7. november 1822, 21. januar 1823 og 13. september 1825. Høgsterett tok der stilling til fleire sentrale spørsmål:

  • domsmåten i trykkefridomssaker: domsmodell B eller C?

  • det arbitrære rommet i straffeutmålinga

  • straffenivået i forordninga

  • kva forsett var

  • om utanlandske monarkar – til og med døde – kunne bli ærekrenkte etter grensene i § 100

  • om § 19 om redaktøransvaret i 1799-forordninga var gjeldande

  • om § 17 hindra tiltale mot ein innsendar som ikkje var forfattaren

Desse dommane fall i dei einaste trykkefridomssakene reiste av regjeringa i åra mellom 1814 og 1842 der Høgsterett fann den tiltalte skyldig i misbruk av trykkefridommen. Det var derfor i desse sakene at prinsippa i § 100 vart sette på ein kritisk prøve opp mot forordninga av 27. september 1799.

Som alltid må vi hugse på at berre dei knappe domsslutningane i Høgsterett vart gjort offentleg kjent, men ingenting om diskusjonar, dissensar eller domspremissar. Berre når dommar i lågare rettsinstansar vart stadfesta in terminis, kunne det juridiske miljøet gjere seg kjent med domspremissane (sjå side 17). I desse Hielm-sakene vart ingen tidlegare dommar stadfesta. I mange tilfelle kunne det likevel vere muleg ut frå tidlegare dommar og tiltalen å resonnere seg fram til kva slags premissar som måtte ha lege til grunn for ein høgsterettsdom, slik juristane ofte gjorde.

Rettsgrunnlaget i trykkefridomssaker

Høgsterettsdommarane delte oppfatninga til dei lågare rettsinstansane om at forboda i § 100 hadde erstatta dei utrangerte forboda i 1799-forordninga som rettsgrunnlag i skyldspørsmålet. Dette vart eintydig og uttrykkeleg gjentatt av både fleirtal og mindretal i dei sakene som no var oppe for Høgsterett.

Svært tydeleg var dette under voteringa i «Complimenter»-saka 7. november 1822. Som førstvoterande Malte Sehested Langberg oppsummerte det, hadde både underretten og stiftsoverretten dømt den tiltalte «skyldig efter den 100 § i G.L. og St.O.R. [stiftsoverretten] in specie ogsaa efter dens 5 §».1 Høgsterett følgde opp med å dømme Hans Abel Hielm skyldig i forsettleg og openbar ringeakt mot konstitusjonelle makter etter § 100. Slik avviste eit samla rettsvesen framstøyten frå kong Karl Johan om at dei skulle følgje prinsippa etter ein modifisert domsmodell B.

For å komme fram til konklusjonen om at Hielms ytring var straffverdig, gjorde Langberg det Aggershuus Stiftsoverret hadde forsømt i sin dom: Han gjekk gjennom dei påklaga ytringane ei for ei for å avgjere om dei uttrykte så vel forsettleg som openbar ringeakt eller ærekrenking, ein mønstergyldig demonstrasjon av kva dette kjerneuttrykket i § 100 måtte bety når det skulle avgjerast om ytringar om dei konstitusjonelle maktene inneheldt «Overtrædelse af Trykkefrihedens lovlige Grændser».2 Berre ein av notane, den niande, gjorde etter Langbergs oppfatning det, forsettleg og openbart. Dei andre ytringane kunne dermed ikkje vere straffbare etter § 100.

Langberg innrømte at det kunne vere «saare vanskeligt» å bestemme desse grensene nøyaktig, fordi «Udtrykkene i G.L. 100 § kuns ere almindelige»,3 altså generelle. Slik uttrykte han indirekte det same som Wilhelm Frimann Koren Christie hadde hevda i diskusjonen i lovkomiteen av 1814: Den nye straffelova måtte utdjupe kva dei generelle uttrykka i § 100 betydde (sjå side 374); det var ingen ønskeleg situasjon at ordlyden i § 100 vart verande einaste rettsgrunnlag for straff, slik overauditør Christopher Anker Bergh hadde gått inn for i sitt lovutkast frå 1817.

I dommen mot Jonas Anton Hielm i 1825 viste også Jørgen Mandix som førstvoterande korleis skyldspørsmålet skulle avgjerast ved Grunnlova åleine og med straff henta frå 1799-forordninga, som i domsmodell C. Dette hadde vorte slått fast i bytingsdommen av 1. april 1824; der heitte det at fordi artikkelen i Det Norske Nationalblad inneheldt «forsætlig og aabenbar Ringeagt imod Kongen og Regjeringen samt falske og fornærmelige Beskyldninger» som strei «saavel mod den Agtelse der efter Grundlovens § 5 skyldes Hans Kongelige Majestæt, som imod de Grændser for Trykkefriheden, der indeholdes i Grundlovens § 100», så måtte Hielm få utmålt straff etter § 2 i 1799-forordninga.4 Denne dommen, og domsmåten og lovgrunnlaget eksplisitt, var stadfesta ved ein overrettsdom av 16. august 1824,5 og Mandix gjekk inn for at Høgsterett skulle gjere det same, med denne grunngivinga:

Da dette er ligefrem stridende mod de Grændser, som G.L. § 5 og 100 have sat for Trykkefriheden saa følger heraf, at Straf maa finde Sted og hvad denne angaaer, da er jeg enig med de foregaaende Retter paa de af dem anførte Grunde, Frd. 27 Sept. 1799, at den bestemmes til Landsforviisning.6

Under voteringa peika dommarane ut premissar i dei tidlegare dommane dei ønskte å distansere seg frå; blant dei var ikkje denne domsmåten etter vår domsmodell C. Når dommarane så refererte delar av ordlyden i §§ 2 og 7 i forordninga, var det for å avgjere kva for ein av dei to paragrafane som gav den næraste analogien å utmåle straff etter. Fleirtalet meinte at det var § 7, og idømte Hielm ei saftig arbitrær mulkt på 400 spesidalar.

At forboda i 1799-forordninga kunne brukast berre under straffeutmålinga, og at dei gamle grensene for trykkefridommen hadde måtta vike for dei nye, var no uomstridd blant tidas juristar.

Skiljelinja blant juristane gjaldt noko anna: Den gjekk mellom dei som hevda at 1799-forordninga var oppheva i eitt og alt, og dei som såg på den som ei straffekjelde ved brot på lovboda i § 100 og som gyldig heimel i ein del prosessuelle og formelle spørsmål.

Christopher Frimann Omsen stod for det første synet og var den i Høgsterett som såg mest liberalt på trykkefridommen, som i votumet sitt i dommen mot Jonas Anton Hielm 13. september 1825, «[a]t jeg ingenlunde anseer Frd. 27 Septbr 1799 for giældende».7 Etter hans syn var heile forordninga oppheva, med forbod, straffer, prosessreglar og alle formalitetar. Det ville seie at heile paragrafane var falne bort, ikkje berre forboda i dei. Da kunne ein heller ikkje hente analogi frå dei i straffeutmålinga. Analogi kunne berre hentast frå gjeldande paragrafar; og ein paragraf var gjeldande også dersom berre ein del av den, som straffene, gjaldt. Med andre ord meinte Omsen at alle straffereaksjonar i trykkefridomssaker inntil vidare måtte vere heilt ut arbitrære.

Det var dette standpunktet til Omsen, at heile 1799-forordninga var ute av kraft, og at straffer derfor ikkje kunne hentast analogisk frå den, andre blant dommarane argumenterte mot når dei insisterte på at forordninga slett ikkje var oppheva. Den mest kongevennlege og konservative av dei, Peter Collett, som stadig dissenterte og voterte for straffskyld og strenge straffer, uttrykte seg for eksempel slik i «Complimenter»-saka i 1822: «Angaaende om Frd. 27 september 1799 er giældende, da troer jeg, at Storthinget har antaget dette»,8 og i «Prophetier»-saka mot Jonas Anton Hielm i 1825 at «jeg ei ved rettere, end at H.R. [Høgsteretts] Pluralitet har antaget at Frd. 27 Septb. 1799 endnu maae ansees giældende».9 Det var berre ikkje forboda, dvs. grensene for trykkefridommen, han sikta til med dette, men straffene. Også han la kjerneuttrykka i § 100 til grunn når han ved 1822-voteringa meinte at Hans Abel Hielm var straffskyldig for «hans forsætlig og aabenbare fremførte falske og ærekrænkende Beskyldninger saavel imod høieste Regjering, Fredrik VI og afdød Carl XIII».10

Colletts forslag til dom etterlét ingen tvil om lovforståinga hans:

Tiltalte Bogh. H.A. Hielm bør for Overtrædelse af de ved G.L. § 100 fastsatte Grændser for Trykkefriheden ved de i det Norske Nationalblads 22 Hefte No. 1–4 for 1821 indførte Anmærkninger at straffes efter § 2 i Frd. 27 Septb 1799 med Landsforviisning.11

Så klart og tydeleg formulerte den konservative høgsterettsdommaren Peter Collett vår domsmodell C.

Justitiarius Johan Randulf Bull var den som låg nærast Omsens syn på 1799-forordninga i sitt votum i saka mot Jonas Anton Hielm i 1825, at «fra det Øieblik G.L. udkom, troede [dvs. meinte] jeg, at man kun lidet behøvede at tage Hensyn til Frd. 27 Septb. 1799»,12 som det står i B-protokollen. A-protokollen uttrykker det slik: «[…] at jeg stedse [alltid] har troed, at man ikke behøvede at tage til Ford af 1799.»13 Bull gjorde deretter ei såkalla subsidiær drøfting, dvs. av eit tilfelle han sjølv meinte ikkje gjaldt; «antager jeg end, at Frd. 1799 er anvendelig, troer jeg dog ei, at dens § 2 kan anvendes; men i Analogie af § 7 troer jeg at en arbitrair Straf bør anvendes, som af Motzfeldt foreslaaet».14 Ettersom det prinsipale standpunktet hans, å sjå heilt bort frå 1799-forordninga, kunne få oppslutning berre frå Omsen, slutta han seg til det som med hans stemme fekk fleirtal, å likevel utmåle ei arbitrær straff etter § 7 i forordninga, fordi den etter hans oppfatning «synes den nærmeste Analogie».15

Det kan vere fort gjort i dag å feiltolke Bulls votum, og dermed domsslutninga, som at også skyldspørsmålet vart avgjort etter analogi av § 7 i 1799-forordninga. Feilen ein da gjer, er å forveksle denne avgjerda med ein ulovbestemt dom: at handlinga i ein tiltale ikkje var forboden i noka lov, men av dommarane vart funnen straffverdig etter analogi av eit lovbod som forbaud ei beslekta handling. Men dette var ingen ulovbestemt dom. Lovene sette uttrykkeleg forbod mot ytringa til Hielm same kva for ein av dei tre domsmodellane våre som måtte vere i sving. Etter domsmodellane A og B var § 7 i 1799-forordninga ein fullgod heimel i skyldspørsmålet, og etter domsmodell C var § 100 heimelen. Å ty til analogi for å avgjere skyld ville da vere sjølvmotseiande og absurd i alle tre. Derimot ville det etter domsmodell C, og berre den, vere nødvendig å utføre straffeutmålinga analogisk, fordi § 100 sjølv ikkje oppgav noka straff. Slik var domsmåten alltid ved ei lov som tagde om straffeutmålinga,16 og slik var det òg Høgsterett dømte i saka mot Jonas Anton Hielm i 1825.

Som også Nils Rune Langeland kjem fram til i si høgsterettshistorie Siste ord, var det § 100 i Grunnlova som var «norsk lov om prentefridom», mens 1799-forordninga berre gjaldt «selektivt i form av straffevedtekter for brot på den grunnlovsbestemte prentefridomen».17

Det arbitrære rommet i straffeutmålinga

Den arbitrære karakteren ein fellande dom for misbruk av trykkefridommen nødvendigvis måtte få, vart utdjupa på ein vidtrekkande og prinsipiell måte under straffeutmålinga i «Complimenter»-saka 7. november 1822.

Ifølgje Langberg var altså berre ei av dei fem ytringane tiltalen omfatta, note 9, openbart straffverdig:

Jeg for min Deel anseer det temmelig klart, at Forfatteren her har villet tilkiendegive sit Misnøie med Statens Styrelse i det de ved Rigernes Forening givne Løfter [ei] opfyldes, eller med andre Ord at Constitutionen ikke hævdes, hvilket maae være graverende og fornærmende for vor Konge, og at den saaledes ei kan gaae Straffrie.18

Forfattaren hadde ikkje vist «den Agtelse man skylder regjerende Personer i Almindelighed og vor Regjering i Særdeleshed», og ytringa inneheldt «en directe Fornærmelse mod Carl 13 og vor nærv. Konge, det synes mig, at han saaledes indirecte laster Kongen».19 Med det hadde Hielm ifølgje Langberg forbrote seg mot både § 5 og § 100 i Grunnlova. Kva for ein paragraf skulle han så straffast etter?

Langberg viste til at stiftsoverretten hadde brukt § 2 i 1799-forordninga:

Denne § bestemmer Straf, for den, som i et trykt Skrift laster eller forhaaner Kongen og Regjeringen m.m., men denne finder jeg ei anvendelig, da Forfatteren ei har lastet Constitutionen, og forsaavidt Forfatterens Yttringer ville henpege paa noget urigtigt i Kongens Handlinger, fordi denne § har Hensyn til den souveraine Konge, som ansaaes mere hellig og Angreb paa som meget mere strafværdige, end paa en constitutionel Konge.20

Den konstitusjonelle kongen var ikkje like heilag som den eineveldige; i eigenskap av leiar for regjeringa si var han no berre ei av dei tre konstitusjonelle maktene.21 Dette går rett til kjernen i overrettsdommen i Chrystie-saka i 1816 som sa at straffene i forordninga var oppheva: Dei kunne ikkje følgjast fordi dei var laga under eit strengare rettsregime med ein eineveldig konge.

Langberg erklærte at det ikkje var nok å laste maktutøvinga til kongen/regjeringa eller å fornærme kongen for å bli straffa etter denne paragrafen frå eineveldets tid. Ringeakt mot sjølve konstitusjonen måtte til. Det var den, ikkje kongen som stod høgast i verdi etter 1814.

Berre Collett dissenterte. Synet Langberg la fram, burde frå no av vere ein gjeldande rettsregel – men vart etter skikken låst inn i løyndom bak doble låsar. Ingen andre fekk vite kva han hadde sagt og fått medhald i.

Heller ikkje § 6, som bytingsretten hadde idømt straff etter, fann Langberg brukbar, fordi den dreidde seg om «løgnaktige Beretninger om Statsstyrelsen; thi dette har Forfatteren ikke gjort, men blot yttret sin Utilfredshed med samme, idet givne Løfter ei vare holdte».22 Han festa seg i staden ved § 7, «da den taler om at tilsidesætte den Agtelse, man er Lovgiveren og Regjeringen skyldig, og med Bitterhed at skumle derom».23 Straffa måtte da bli fengsel på vatn og brød. Dette vart òg den endelege dommen, mot to dissensar: Omsen for full frifinning av Hans Abel Hielm, Collett for landsforvising etter § 2.

På den måten gjekk dei tre rettsinstansansane kvar for seg gjennom ordlyden i forordningsparagrafane for å finne fram til den som likna mest på den handlinga dei alt hadde funne Hielm straffskyldig for, og som dei dermed kunne bruke som næraste analogi i straffeutmålinga,24 og i dette arbitrære rommet festa dei seg ved kvar sin paragraf, §§ 2, 6 og 7.

Høgsterett gav enda eit bidrag til å forstå det arbitrære rommet dommarane hadde til disposisjon. Under voteringa 7. november 1822 følgde ikkje førstvoterande Langberg byfut Frederik Riis, som la til grunn at 1799-forordninga var einaste straffelov som kunne brukast i trykkefridomssaker, og heller ikkje dommarane i overretten, som meinte at ein måtte idømme straff enten etter 1799-forordninga eller, i tilfelle den aktuelle straffa der ikkje gjaldt, etter Norske lov, og at den reine lovløysa rådde dersom alt dette var oppheva.

Utgangspunktet til Langberg var eit anna:

Grundloven bestemmer ei nogen Straf; man maae altsaa, hvor Overtrædelse af Trykkefriheden finder Sted, vælge mellem de Straffe, som ere bestemte i den ældre Lovgivning, hvilket og har Medhold i G.L. § 94.25

Etter § 94 i Grunnlova måtte alle eldre lover, både 1799-forordninga og Norske lov, stå til disposisjon i den grad dei ikkje strei mot Grunnlova, det eine utelukka ikkje det andre. Langberg nemnte spesielt Norske lov 6-4-9, som bestemte straff for den som talte ille om kongens regjering. Når han så valde å gå til forordninga, «uagtet dennes Hensigt er at indskrænke Trykkefriheden», var grunnen at den uttrykkeleg hadde formilda dei strenge straffene i 6-4-9 og 2-20: «Den Tiltalte kan ei beklage sig over, at man vælger den mildere Straf i de ældre Love og saaledes anvender Frd. 1799.»26

Den konservative Collett følgde i sitt votum same tankegang og kom til same konklusjon: Forordninga var ei gjeldande straffelov, og som Langberg meinte han at «den Tiltalte er bedre forundt med at dømmes [dvs. få straff] efter denne, end efter Lands Loven».27 Forordninga var ikkje lenger straffelova under § 100, berre ei av dei lovene straff kunne hentast frå. Høgsterett svekte med det statusen til 1799-forordninga enda meir.

Den som under dei tre voteringane i Høgsterett aktivt dissenterte mot denne argumentasjonen til både Langberg og Collett, var Christopher Frimann Omsen i saka mot Jonas Anton Hielm i 1825. Hans primære standpunkt var at heile forordninga var oppheva og ubrukeleg ved domstolane, og at «Misbrug af Trykkefriheden i vor constitutionelle Forfatning ei kan straffes efter Christian 5tes Lov».28 Svaret hans på påstanden til dommarane i overretten om at lovløysa i få fall måtte rå, var da at eit brot på grensene i § 100 måtte få ei heilt ut arbitrær straff. I votumet sitt gjorde også han, som justitiarius Bull, ei subsidiær drøfting etter å ha flagga det primære standpunktet: at «i Fald man antager det Modsatte», altså at straffene i forordninga framleis gjaldt, var han einig med Motzfeldt i at straffa måtte bli ei skjønnsmessig fastsett mulkt etter analogi av § 7.

Straffenivået i 1799-forordninga

Når Høgsterett i dommen av 7. november 1822 la avstand til landsforvising som straff for majestetsfornærming, betydde ikkje det at retten såg på landsforvising som ei ubrukeleg straff under det konstitusjonelle kongedømmet: Paragraf 2 kunne brukast for ringeakt mot konstitusjonen. Straffenivået i paragrafen stod urokka.29 Det gjorde òg straffenivået i § 7, som dommen mot Hans Abel Hielm fall etter. Andreas Aagaard Kiønig fann lovbrotet så grovt at maksimumsstraffa i paragrafen måtte brukast, fengsel på vatn og brød i 14 dagar, som den endelege dommen òg lydde på. Om valet av paragraf var arbitrært, så var straffeutmålinga låst til det paragrafen dikterte.

I dommen mot Jonas Anton Hielm måtte dommarane finne seg i å vike av frå dette prinsippet. Med knappast muleg fleirtal, fire mot fire, med justitiarius Johan Randulf Bull blant dei fire mest liberale, vart Hielm som broren dømt til straff etter § 7 for «Prophetier»-artikkelen i staden for landsforvising. Men han vart ikkje dømt til fengsel på vatn og brød som broren; ei slik straff var ikkje «passende for en Embedsmand»,30 som Fredrik Motzfeldt sa i sitt votum, og han vart i staden idømt ei arbitrær mulkt.

Justitiarius Bull var òg den som redda embetet for høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm. Først hadde Bull som femtemann slutta seg til førstvoterande Mandix og sikra fleirtal for at Hielm måtte lide embetstap for Kreidahl-affæren. Men etter at Andreas Arntzen tok ordet og på nytt argumenterte sterkt imot dette, endra Bull votumet sitt. Grunngivinga hans var at «[d]a jeg aldrig anvender strængere Straf, hvor mildere kan anvendes, skulde jeg efter nærmere Overlæg overtræde til den lemfældigere Mening angaaende Hielms Forhold med Slaven».31 Også denne straffa vart derfor ei arbitrær mulkt. Dette seier sitt om korleis dommarane kunne manøvrere i det arbitrære rommet lovgivinga gav dei.

Kva «forsætligen» var

Som Henrik Steenbuch hadde gjort heilt klart i grunnlovskommentaren sin, var det mest grensesettande uttrykket i § 100 ikkje «forsætligen», men «aabenbare». Slik såg også Høgsterett på det. Når Langberg gjekk gjennom ytringane i «Complimenter» for å avgjere om dei var openbart lovstridige, var det for å finne ut kva som innlysande og utan vidare fortolking faktisk stod i teksten. Det var dette som var det særeigne og nye med trykkefridommen etter 1814, og det var det som gjorde at Hans Abel Hielm vart dømt for berre ei av dei fem ytringane han var tiltalt for.

Derimot var det eit gammalt prinsipp at eit lovbrot måtte vere gjort med forsett for å vere straffverdig. Da kunne ikkje ein forfattar gå fri berre ved å påstå at ytringar som var openbart lovstridige, ikkje var skrivne med forsett. Langberg var ikkje i tvil om at forsvarar Sørenssen hadde orda sine i behald når han hevda at det «aldrig har været tænkt paa forsætligen eller aabenbar at fornærme de omtalte Authoriteter eller udvise Ringeagt mod Rigets constitutionelle Magter».32 Men det hjelpte ikkje når det var så openbart som her, i note 9, at forfattaren faktisk hadde fornærma og vist ringeakt; da måtte ein domstol gå ut frå at det var gjort med forsett. Dersom domstolen måtte bevise forsettet ved å legge fram juridiske bevis for det, noko som var umuleg,

da vilde ingen Overtrædelse af Trykkefriheden kunne straffes. Da nu G.L. imidlertid antager, at man kan drages til Ansvar maa Udtrykket «forsætligen» forklares saaledes at man maae antage enhver Yttring for forsætlig, indtil Forfatteren efterviser saadant; dog maae ei det strængeste Beviis af ham fordres i saa Henseende, men i det mindste Sandsynligheds Grunde. Dette har Noternes Forfatter ikke gjort.33

Annleis kunne det ikkje vere om lova skulle la seg gjennomføre. Ingen jurist kunne gå med på at ein skribent skulle kunne unngå straff berre ved å nekte for at han hadde meint det som openbart stod på trykk. Dette vart ståande som ein avgjerande domspremiss, men det var slett inga ny vurdering, berre ei stadfesting av ein praksis domstolane tidlegare hadde følgt også i trykkefridomssaker. Samtidig vart det lagt vekt på manglande forsett ved andre punkt i tiltalen da Høgsterett endra straffa til Hans Abel Hielm i «Complimenter»-saka frå landsforvising til fjorten dagars vatn og brød.

Uttrykket «forsætligen» vart langt frå tømt for innhald av denne høgsterettsdommen. Den rokka ikkje ved at forfattarens forklaring burde leggast til grunn dersom teksten kunne tolkast i fleire retningar, slik domspraksisen etter 1814 òg var, for eksempel i overrettsdommen i Klungseth-saka av 6. mai 1816 (sjå side 247). At dette ikkje hadde vore vanleg praksis under eineveldets rettsregime, er Heiberg-saka i 1799 eit talande eksempel på (sjå side 48–53).

Om utanlandske monarkar

Høgsterett meinte at utanlandske monarkar så visst kunne bli ærekrenkte etter § 100. Den straffbare ytringa i «Complimenter» var ifølgje Langberg «en directe Fornærmelse mod Carl 13» for handlingar han hadde utført mens han enno var konge berre over Sverige,34 og Collett gav i sin dissens aktor Aars medhald i at Hielm burde dømmast for å ha fornærma Frederik 6. av Danmark òg, noko Langberg ikkje nekta for ville ha vore tilfellet dersom note 5 hadde vore openbart lovstridig.

Karl 13. var altså fornærma enda han døydde i 1818. Det er tvilsamt om nokon av dommarane ville ha forlangt dom for ei fornærming mot så forgangne kongar som Christian 1. eller Frederik 3. Da prinsippet vart diskutert før vedtaket av den nye straffelova av 1842, enda det med denne regelen i § 17-10: «Fornærmelige Udladelser, som fremføres imod Nogen ti Aar efter hans Død, kunne ei paatales.» Ein strengare regel ville ha knebla all historieforsking.

Slik stadfesta Høgsterett i dommen av 7. november 1822 at utanlandske monarkar vart omfatta av ordet «Nogen» i uttrykket «falske og ærekrænkende Beskyldninger imod Nogen». Som lovkommisjonen av 1837 med Frederik Stang som sentral medlem òg slo fast, hadde § 8 i 1799-forordninga, som omhandla utanlandske monarkar, vore gjeldande berre «under det absolute Monarkie».35 Men fornærmingar mot nasjonen Norge avviste Langberg at nokon kunne dømmast for, slik aktoratet ville, «da den er saa stor Corporation at den vel ei personlig kan fornærmes».36 I det spørsmålet var han, i motsetning til dommarane i bytingsretten og overretten, på linje med Anders Sandøe Ørsted (sjå side 204).

Om § 19 om redaktøransvaret

Ved voteringa i «Prophetier»-saka 21. januar 1823, der Hans Abel Hielm påstod seg frifunnen fordi han hadde heimel til den erkjente innsendaren, teologistudent Johan Conrad Müller, måtte Høgsterett endeleg ta eksplisitt stilling til § 19 i 1799-forordninga. Grunnen var at aktoratet ikkje ville gi slepp på Hielm og tiltalte han etter regelen i denne paragrafen om at i «periodiske Blade skal ikke alene Forlæggeren og Bogtrykkeren, men tillige Forfatteren af hver Artikel, saavelsom Redacteuren, nævnes; hvilken sidste skal staae til Ansvar, ligemed Forfatteren, for hvad der indføres». Både Hielm og Müller måtte dømmast, hevda aktor Nils Aars.

Førstvoterande Langberg gjekk imot dette, fordi

de forhen giældende Love for Pressens Brug maae ansees at have undergaaet nogen Forandring ved Grundlovens 100 § forsaavidt det deri hedder: at ingen kan straffes for noget Skrift, som han har ladet trykke eller udgive, hvorved synes at tilkiendegives, at den som har ladet trykke eller udgive og ikke Bogtrykkeren, saalænge hiin kan udfindes, bør drages til Ansvar.37

Her gjekk han òg imot den tolkinga av «ladet trykke eller udgive» som overrettsdommen i Rasmus Hansson-saka av 2. juli 1821 lanserte, at uttrykket omfatta trykkaren og utgivaren. Det var forfattaren som var meint.

Langberg innrømte at det kunne vere vanskeleg å argumentere for forfattarens åleineansvar «ved strængt logisk Raisonnement». Men ikkje berre hadde det vorte sedvane, slik at det kunne betraktast som «en usualsk Fortolkning», det gjekk òg fram av aksjonsordren at det var det offentleges vilje: Tiltale skulle reisast mot Hielm «eller hvem han beviislig opgiver som Forfatter». Dette var dessutan mest i samsvar med kravet om rettferd, «da det dog ikke kan nægtes, at den, som har begiert et Stykke indrykket, i ethvert Tilfælde er langt strafværdigere, end Bogtrykkeren, der blot er at betragte som hans Redskab».38 Argumentasjonen bygde ikkje på ei samanlikning mellom ordlyden i § 19 i forordninga og § 100 i Grunnlova, men på rettsprinsipp om trykkefridom og rettferd.

Ingen av dei andre dommarane sa noko imot dette, og det vart ein av dei to sentrale premissane for høgsterettsdommen. Slik følgde dei den såkalla substitusjonsregelen som Høgsterett hadde stadfesta ved ein dom av 10. februar 1816 (sjå side 232), og § 19 i forordninga av 27. september 1799 måtte da nødvendigvis vere å sjå på som oppheva ved grunnlovsvedtaket i 1814, slik Christian Magnus Falsen hadde hevda alt i artikkelen sin i Det Norske Nationalblad i desember 1815 (sjå side 195).

Om § 17 hindra tiltale mot ein «innsendar»

Da stod det atskilleg meir strid i Høgsterett om den neste premissen. Aktor Aars kravde dom mot Hielm i det minste med heimel i § 17 i 1799-forordninga, som sa at «Forlæggeren og Trykkeren af et Skrift skal ogsaa begge indestaae for, at den derpaa navngivne Forfatter er den sande, samt at han, dersom Skriftet paatales, er og forbliver tilstede». Hielm hadde ikkje oppgitt forfattaren, berre innsendaren, enda han visste at Müller ikkje hadde skrive stykket, og lova nemnte ingen innsendar. Fire av dommarane, Debes, Mandix, Collett og Kiønig, slutta seg til denne bokstavelege forståinga av § 17, fordi det etter lova var «Boghandl. Hielms Pligt at forvisse sig om, at han kunde beviisligen opgive den sande Forfatter», som Debes sa.39

Langberg meinte derimot at § 17 ikkje kunne tolkast «saa bogstavelig, som Actor har villet», men måtte forståast slik at «Bogtrykkeren er frie naar han kan opgive sin sande Hiemmel», eit uttrykk som måtte omfatte også «den, som indleverer Skriftet».40 På ny ein argumentasjon som såg bort frå ei bokstaveleg fortolking av ein regel frå eit forgangent rettsregime; og når synet hans fekk tilslutning frå Omsen og Motzfeldt og i tillegg justitiarius Bull, var fleirtalet for den andre sentrale premissen i dommen på plass. Det var på hengande håret; men Høgsterett gjekk imot den nye, bokstavelege fortolkinga av § 17 som hadde vorte lansert av overretten i dommen i Rasmus Hansson-saka av 2. juli 1821, og stadfesta den praksisen domstolane elles hadde følgt sidan 1816.

Konklusjon etter høgsterettsbehandlinga

Allereie etter dei to høgsterettsdommane av 7. november 1822 og 21. januar 1823 låg kongens framstøyt for å revitalisere forordninga av 27. september 1799 i grus; og også dommen av 13. september 1825 var knusande for kongens sak. Ikkje minst måtte det svi at Høgsterett ikkje delte regjeringas vurdering av den slags uvørden og frekk kritikk av dei konstitusjonelle maktene som særleg «Prophetier»-artikkelen inneheldt rikeleg av, men i motsetning til både Christiania Bytingsret og Aggershuus Stiftsoverret kalla dei fleste uttrykka lovlege frimodige ytringar etter § 100.

Om striden om dei juridiske prinsippa enda med tap for kongen og statsrådet hans og straffeutbyttet vart magrare enn dei hadde rekna med, så var det andre formålet med prosessane fullt ut nådd: Det Norske Nationalblad gav ingen mislyd lenger og knapt nok dei oppsetsige mennene bak. Hielm-brørne hadde lykkast så lenge at dei trudde dei var immune og usårlege for angrep, men fall for eige grep da dei i overmot kryssa ei farleg grense i den gjeldande lovgivinga.

Høgsterett: den patriotiske domstolen?

Kva så med at tre av dei sentrale avgjerdene vart tatt av eit splitta dommarkollegium? Ved voteringa i 1823 var retten delt på midten i synet på korleis § 17 i forordninga om den sanne forfattaren måtte vere å forstå: Alle dommarane såg på paragrafen som gjeldande, men mens fire valde å lese den heilt bokstaveleg, slik kongen òg ville, valde dei andre fire – eit fleirtal fordi justitiarius var blant dei – å tolke den etter Grunnlovas ånd og grunnsetningar, dvs. den at «Trykkefrihed bør finde sted». Og ved voteringa i 1825 var retten delt i begge dei store spørsmåla: om Jonas Anton Hielm måtte dømmast frå embeta sine for falskspelet med slaven Kreidahl, og om han måtte dømmast til landsforvising etter § 2 i 1799-forordninga for ringeakt mot ei konstitusjonell makt.

Eit forhold som kunne vere med på å forklare slike usemjer i Høgsterett, har jusprofessor Ola Mestad tatt opp i ein artikkel i tidsskriftet Lov og Rett frå 2015. Tanken der er at dei høgsterettsdommarane som vart utnemnte av den reine norske regjeringa 27. september 1814 – etter at kong Christian Frederik hadde gitt frå seg styringsmakta, men før unionen med Sverige var inngått – opptredde meir lojalt mot det norske konstitusjonelle 1814-prosjektet og mindre kongelojalt enn dei som seinare vart oppnemnte av Karl Johan og hans regjering. Mestad nemner at nettopp det skjedde i to stridssaker mellom kongemakta og retten: I det eine tilfellet skilde Christopher Frimann Omsen, utnemnt av Karl Johan i 1815,41 seg ut i dommarkollegiet, i det andre Lorentz Lange, utnemnt i 1825.42 Tanken kan òg finne støtte i at dei fleste høgsterettsdommarane på denne tida gjekk for å vere ivrige opposisjonsmenn.43

Eit slikt mønster er det vanskeleg å få auge på i dei to Hielm-dommane av 21. januar 1823 og 13. september 1825. Tendensen er heller den motsette. I dommen frå 1823 var det Debes, Mandix, Collett og Kiønig, alle utnemnte i 1814, som meinte at Hans Abel Hielm måtte tiltalast fordi han ikkje hadde oppfylt kravet i § 17 om å peike ut den sanne forfattaren. Dei som ville tolke paragrafen annleis, var i tillegg til Motzfeldt og justitiarius Bull, begge oppnemnte i 1814, førstvoterande Langberg, oppnemnt i 1817, og Omsen, oppnemnt i 1815. Men så trong ikkje denne usemja ha noko direkte med kongelojalitet å gjere, den kunne likså godt springe ut av ulike syn på kor strengt § 96 i Grunnlova om å dømme «efter Lov» skulle handhevast. Dei fire som ville ha Hielm tiltalt, kan med det ha votert slik av lojalitet til konstitusjonen av 1814 og meint at § 96 og ein eintydig ordlyd i ein gjeldande paragraf vog tyngre enn ein dommars tolking av omgrepet trykkefridom.

I dommen mot Jonas Anton Hielm i 1825, derimot, gjaldt dei to voteringstemaa i høgaste grad forholdet til kongen: straff for majestetsfornærming og kongens tillit til sin eigen regjeringsadvokat. Dommarane delte seg likevel omtrent som i 1823-dommen: 1814-dommarane Debes, Mandix, Collett og Kiønig ville ha Hielm landsforvist, mens Motzfeldt, justitiarius Bull, Omsen og Andreas Arntzen, oppnemnt i 1824, utgjorde fleirtalet som i staden dømte Hielm til ei arbitrær mulkt. Skiljelinja var den same i spørsmålet om Hielm skulle bli dømt frå embeta sine for falskspelet med Kreidahl, bortsett frå at Debes ville frikjenne han heilt for dette, fordi «vore Love ei bestemmer Straf for en Tiltalt, som vil formaae en anden til at paatage sig en Brøde»,44 i lojalitet til § 96. Omsen og Arntzen, begge oppnemnte etter 1814, var dei to som markerte seg med dei mest liberale synspunkta på trykkefridomslovgivinga. Omsen var eidsvollsmann og hadde under riksforsamlinga òg vore aktiv for å innskrenke kongemakta. Den mest konservative og straffelystne i Høgsterett var 1814-dommaren Collett.

Dersom vi løftar blikket frå desse to sakene og ser på voteringane i alle trykkefridomssaker som nådde Høgsterett i åra mellom 1814 og 1842, forsvinn alle slike mønster. Der er det vanskeleg å påvise nokon som helst samanheng mellom utnemningstidspunktet og voteringsmåten til høgsterettsdommarane. I det materialet er òg dei seinare dommarane Johan Koren (tilforordna i 1815), Lorentz Lange (1825), Olaus Michael Schmidt (1829), Nils Aars (1830), Poul Holst (1831), Johan Henrik Rye (1833), Niels Arntzen Sem (tilforordna i 1833 og 1836), Peter Martin Ottesen (1836), Georg Jacob Bull (1836), Peder Carl Lasson (1837) og Henrik Anker Bjerregaard (1838) med.

Det bør ikkje overraske oss at høgsterettsdommarar oppnemnte etter 1814 kunne vere like «patriotiske» som 1814-dommarane. Grunnen er den same som gjorde at kongen kunne utnemne kraftpatrioten og opposisjonsmannen Jonas Anton Hielm til regjeringsadvokat i 1820: Han var den fremste høgsterettsadvokaten og stod fremst også i ansiennitet. Under det konstitusjonelle kongedømmet var det slike formalitetar som burde gjelde, ikkje kven kongen likte eller mislikte. Ein ny høgsterettsdommar burde vere den beste juristen blant dei som stod for tur. Som dommar måtte han så leve opp til ideen om den høgaste domstolen som ein uavhengig rettsinstans. Den som ikkje gjorde det og ikkje utviste eit uavhengig juridisk skjønn, skjemte seg ut.

Om det no fanst dei som gjorde det òg, så er ikkje det målbart i trykkefridomssakene – det måtte einast vere 1814-dommar Peter Collett, som òg har vorte kalla ei uheldig utnemning.45 Usemjene dommarane imellom må heller forklarast med at dei kunne sjå ulikt så vel på jus som på etikk, moral og politikk. Som den norskfødde høgsterettsdommaren i det enno eineveldige Danmark skreiv i diskusjonen i lovkomiteen i 1817, var det liten grunn til å frykte at norske dommarar skulle vere partiske: Dei var dommarar «i et Land, hvor Dommerne er i deres Embede, uafhængig af Regjeringen, og ikke kunne afsættes uden ved Dom».46

Nils Rune Langeland karakteriserer nok i Siste ord Høgsterett i dei første tiåra da dommarane frå 1814 utgjorde eit fleirtal, dvs. fram til 1832, som «den patriotiske domstolen», blant anna på grunnlag av standpunkta retten tok «i spørsmål om ytringsfridommen, særleg når det gjaldt kritiske ytringar mot regjeringa».47 Men analysen der om at Høgsterett i trykkefridomsavgjerdene sine ofte gjekk framfor med eit patriotisk eksempel, er det vanskeleg å finne dekning for i domstolskjeldene.

Den høgaste domstolen viste seg nok meir liberal enn Christiania Bytingsret og Aggershuus Stiftsoverret i vurderinga av dei politiske uttrykka i artiklane til Hielm-brørne i dommane i 1822, 1823 og 1825, om enn med dissens. Men i så måte stod ikkje Trondhjems Bytingsret og Trondhjems Stiftsoverret noko tilbake for Høgsterett i sine dommar i Peterson-saka på same tid, i 1821 og 1822.

Vender vi oss mot rettsforståinga ved domstolane, var det éin ting Høgsterett var ute med før andre domstolar: å eksplisitt slå fast at straff etter § 2 i 1799-forordninga måtte reserverast ringeakt mot konstitusjonen. Men det var òg ein naturleg konsekvens av eit prinsipp Aggershuus Stiftsoverret hevda alt i 1816. Elles uttrykte Høgsterett juridiske standpunkt som alt låg nedfelte i domsaktene frå dei lågare rettsinstansane, ofte gjennom fleire år. Dette mistar ein av syne dersom ein held seg berre til kjeldene frå Høgsterett, først og fremst voteringsprotokollane.

Eit eksempel på det er den såkalla substitusjonsregelen, at utgivaren kunne gjere seg fri for straffeansvar for ein straffverdig anonym artikkel ved å oppgi namnet til den som hadde innlevert manuskriptet. Langeland meiner at Høgsterett i 1823 var framfor si tid da dommarane såg på regelen i § 19 i 1799-forordninga som sa det motsette, som oppheva, ettersom substitusjonsregelen vart lovfesta først med straffelova av 1842.48 Men Høgsterett godkjente denne regelen alt i den prosessuelle dommen i Grønnerup-saka av 10. februar 1816, og da ved å stadfeste in terminis ein dom i Christiania Bytingsret av 9. november 1815. Som førstvoterande Langberg presiserte i 1823, bygde avgjerda da blant anna på sedvane.

Eit anna eksempel er det store arbitrære rommet i straffeutmålinga, at 1799-forordninga og Norske lov i prinsippet var likeverdige kjelder for straff for trykkefridomsbrot når straffskyld var konstatert etter § 100. Da førstvoterande Langberg hevda dette i 1822, utan innvendingar frå dei andre dommarane, hadde dommar i lågare rettsinstansar alt slått det fast.49 Grunnen til at straff etter 1799-forordninga vart vald, var også der at «man ikke vil gaae tillige til de strængere Straffe, som Lovbogens 6te Bogs 4de Capitel indeholder, hvilke denne Forordning har villet formilde, og det er ingen Grund til at antage at denne Formildelse er forandret til det Haardere ved Grundloven».50 Desse eksempla viser kor risikabelt det er å skrive rettshistorie frå denne tida med voteringsprotokollane som kjelde, utan å kjenne til forløpet til sakene gjennom rettssystemet.

I Siste ord er Langelands resonnement vidare at «den patriotiske domstolen» etter kvart gjekk over til å bli «den autoritære domstolen», og han peikar på to rettssaker der ei slik utvikling vart synleg: Roosen-saka i 1836 og Krohn-saka i 1839. Men det er vanskeleg å finne dekning for dette i desse to sakene. Roosen-dommen av 8. november 1836 var ikkje strengare enn to tilsvarande dommar frå 1817 og 1827, som da òg var anførte som prejudikat i voteringsprotokollen (sjå side 124), 1817-dommen var til og med atskilleg strengare; og Krohn-dommen av 18. november 1839, der ingen 1814-dommarar var med, bestemte at § 10 i 1799-forordninga ikkje hindra vitneføringa i ei ærekrenkingssak, mens Langelands resonnement bygger på det motsette (sjå side 151, note 26).

Om Roosen-saka skriv han òg at det «er råd å spore eit tydeleg klimaskifte frå dei heroiske prentefridomssakene tidlegare».51 Langeland bygger da på at saka skal ha handla om «forholdet mellom offentlege autoritetspersonar»: Faren for at «ytringar i avisene kunne bryte ned den generelle samfunnsautoriteten», hadde fått Frederik Stang til å «resonnere seg fram til ein overordna aksept for nødvendig autoritetsvern» i sivilsamfunnet. Noko slikt leitar vi forgjeves etter haldepunkt for i Roosen-saka, som var ei krigsrettssak om den militære respektplikta.

Det kan godt hende at Høgsterett faktisk var «den patriotiske domstolen» som etter nokre tiår gjekk over til å bli «den autoritære domstolen» – at den vart ei autoritær makt i andre halvdel av 1800-talet, kan det iallfall ikkje vere tvil om.52 Men i trykkefridomssakene mellom 1814 og 1842 er det vanskeleg å finne belegg for det. Grunnen kan vere at desse sakene var oppe før det politiske og kulturelle klimaet tok ei avgjerande ny vending rundt 1840 og framfor alt etter februarrevolusjonen i 1848, som fylte embetsklassen med det Aasmund Olavsson Vinje seinare så treffande kalla «folkefælske».53

I clinch med 1799-forordninga

Problemet med høgsterettsdommane i Hielm-sakene er at dei eksplisitte domspremissane var strengt hemmelege og låg oppbevarte bak doble låsar og ikkje kunne verke som rettesnor og prejudikat i samtida. Derfor må vi til slutt, før vi kan konkludere om den endelege rettsforståinga og rettspraksisen på trykkefridomsområdet, innom to oppklarande rettsprosessar, pådømte i alle tre rettsinstansar; særleg i den første vart dei store spørsmåla om forordninga av 27. september 1799 sette i spel på ein enda meir direkte og prinsipiell måte enn i Hielm-sakene. I dei to sakene uttrykte dommane i dei lågaste instansane to ulike rettsoppfatningar: i den eine saka den praksisen som hadde rådd før 1821, i den andre ei oppfatning som var tydeleg påverka av den kongen no hevda. Høgsterett behandla dei med kort tids mellomrom, i juli og september 1823, og utfallet vart endeleg eit fullt offentleg opplyst prejudikat.

Den første saka som kom opp, var den mot Matthias Conrad Peterson, avismannen, kjøpmannen, direktøren i Norges Bank i Trondheim, patrioten og innstiftaren av 17-mai-feiringa i Norge, akta så vel som omstridd i heimbyen, ein «gammel Synder alt fra den franske Revolutions Dage», som biskop Claus Pavels skreiv da nyheita om justisaksjonen nådde han i Bergen 3. august 1821.54 Da hadde nesten tre veker gått sidan aktor, prokurator Even Solberg, la fram dei mange tiltalepunkta og påstanden om landsforvising etter § 2 i 1799-forordninga og tap av embetet som bankdirektør for bytingsretten i Trondheim, Petersons verneting. (Om den delen av saka som gjaldt § 13 i 1799-forordninga om allegori og ironi, sjå side 441.)

Etter §§ 5, 94 og 100 «uden Indskrænkning»

Ironisk nok stod Peterson tiltalt for noko han sjølv ikkje hadde ønskt på trykk. I januar 1821 hadde han sendt utgivar Hans Abel Hielm ein artikkel der han i harde ordelag tilbakeviste Karl Johans lovforslag om eit tillegg til Riksakta, men hadde lagt ved ein ordre om at den i ein situasjon der den ikkje lenger tente si hensikt, ikkje måtte «komme for Publikums Øine, men at Manuskriptet maatte vorde tilintetgjort».55 Tre månader etter at Stortinget einstemmig hadde forkasta lovforslaget, kom artikkelen likevel med eitt på trykk i Det Norske Nationalblad; gjennom 35 sider over tre nummer frå 28. juni til 2. juli rasa Peterson mot det for lengst avviste lovforslaget frå kongen.

Han hadde ingenting å skamme seg over; både artikkelen og forsvarsinnlegget hans i retten er blant det beste som vart skrive om trykkefridom den gongen, kanskje det aller beste. Med Birckner som stilideal hadde han lagt av seg mykje av den rabiate skrivemåten han var så kjent for. Han kunne nok framleis ta kraftig i og bruke slåande metaforar, som når han skreiv at lovforslaget ville gjere den norske trykkefridommen «til en Sæbeboble, til et Skyggebillede i en Laterna-Magika»,56 eit uttrykk som naturlegvis kom med blant tiltalepunkta mot han. Ein pen dose nasjonal patos heldt han òg fast på, som når han tilbakeviste § 5 i lovforslaget, som forbaud «Opfordring til at opløse eller krænke den imellem begge Riger sluttede Forening eller National-Representationen eller den i begge Riger antagne Successions-Orden for Thronfølgen», med denne tiraden: «Normanden har endnu ikke foretaget Noget, og vil i Følge sin retskafne Nationalcharakteer aldrig være i Stand til at foretage Noget, der kunde give Anledning endog kun til en formodning, saa vanærende for den hele trofaste Norske Nation.»57 Men argumentasjonen hans var sakleg, poengtert, fengande og på eit høgt intellektuelt nivå og raga over mange av Jonas Anton Hielms utleggingar, var utan dei spotske og Heiberg-ironiske utfalla og vidløftige sidespora og juridiske spelfekteria som Hielm var så glad i, men som skjemte tekstane hans.

Der Hielm lykkeleg ville ha sett fram påstand om at saka måtte avvisast fordi den urettmessig var reist for ein ekstrarett, gjorde ikkje Peterson, som førte saka si sjølv, det. Gjennom vennen og meddirektøren i Norges Bank overrettsprokurator Ole Iversen, som han fornuftig nok lét møte for seg i retten med dei skriftlege innlegga og ta seg av juridiske formalia, kunngjorde han ved starten av sakførselen sin at han hadde god grunn til å kunne krevje saka avvist på grunn av feil prosessmåte, «hvilket han dog efterlader, da det er hans Ønske, at faae Sagen snarest muligt afgjort».58

Grunnsetninga i artikkelen hans var dette Birckner-inspirerte postulatet:

Enhver Indskrænkning i en Nations Trykkefrihed er et høist fornærmeligt Indgreb i Menneskets lovlige Frihed. Den sande Frihed findes kun der, hvor Borgeren, tryg under Lovenes Ægide, ligegyldig ved Smaadespoternes Mishag, tør meddele Borgeren sine Tanker, Følelser, Meninger om Personer og Ting.59

Når Peterson så hevda at kong Karl Johan med lovforslaget sitt ville forandre § 100 i Grunnlova, og at dette var «en krænkelse af selve Grundloven»,60 var det etter aktor Solbergs påstand for retten ei openbar majestetsfornærming: «Naar Kongen her beskyldes for at have gjort Forslag til en Lov, der vilde berøve os endog Skyggen af constitutionel Frihed, saa er dette dog vel i høi Grad at laste ham.»61 Like eins var det å laste og vise ringeakt mot kongen når Peterson ifølgje Solberg skreiv at lovforslaget hadde vekt «Normændenes Harme – at den har forarget – at den er skikket til, hvis den blev antagen, at ødelægge Friheden, som kaldes nys fanget og himmelfalden – at Propositionen har forbittret ret Mange, o.s.v.»,62 og når han tillét seg spørsmål som desse: «Vi skulde selv svække det herlige Værn, som vi have opført omkring os? Vi skulde ryste det i selve Grundvolden til det nedstyrter, og aabne saaledes en viid Mark for kommende Despoter?»63

Grunnen til at artikkelen var ei einaste lang rekke majestetsfornærmingar, forklarte aktor Solberg slik:

Den af Herr Bank-Directeur Peterson, i hans Skrift omhandlede, Proposition, til et Tillæg til Rigsacten, er jo Hans Majestæt Kongens Proposition; den maa derfor, som Saadan, være et Produkt af Kongens Villie; Kongen maa have vildet Følgerne af Propositionen. Naar nu Herr Peterson, i bemeldte Skrift, antager, at alle de sammesteds anførte Onder ville følge af Propositionens Antagelse, saa kan jeg ikke see andet, end at Skriftets Forfatter har lastet Kongen.64

I bytingsdommen av 8. november 1821 avviste dommaren, konstituert byfut og byskrivar i Trondheim Henning Brinchmann, dette blankt med ei såre kort utlegging av § 5 i Grunnlova: «Alle Bebreidelser mod en Kongelig Proposition til en Lov, ramme Statsraadet, ei Kongen, med mindre Høistsamme udtrykkelig er beskyldt for, at have vildet de onde Følger af Forslaget.»65 Han oppsummerte måten domstolane no forstod uttrykket å «laste» eller å «vise Ringeagt» på; «kun naar Forfatteren med udtrykkelige Ord (aabenbare) har tillagt Hans Majestæt ond Villie, i det han deducerer Forslagets Uovereensstemmelse, efter sin Mening, med Grundloven, er han strafskyldig».66 Noka slik uttrykkeleg skulding fanst ikkje i Petersons artikkel, «thi alle disse Udtrykke ere ei andet, end frimodige Yttringer af Forfatterens Formening, om Følgerne af Forslaget, naar det antages som Lov».67 Konklusjonen hans på dette tiltalepunktet var klokkerein:

Da Forfatteren, efter Forestaaende, maa antages berettiget til, at yttre sin Formening om Beskaffenheden og Følgerne af Propositionen qvæstionis, saa maa han ansees berettiget til, at yttre, at den, efter saadan Formening, vilde ryste Constitutionen, styrte Norges Indvaanere i Lænker, aabne en viid Mark for kommende Despoter, paadrage Nationen Forbandelser, Vanære og Nedværdigelse, samt at fremsette sine Følelser over disse Virkninger, hvilke Følelser han har udtrykt med Ordene: Harme, Forbittrelse og Forargelse.68

1799-forordningas bod om at kritikk måtte framførast med «Beskedenhed», gjaldt ikkje etter 1814. Historikar Odd Arvid Storsveen har såleis neppe dekning for at «mer spontane, uvørne og vulgære uttrykk for misnøye og kritikk» ikkje kunne reknast inn under frimodige ytringar i Grunnlovas forstand.69

Peterson var òg tiltalt for å ha vist ringeakt mot dei andre konstitusjonelle maktene: Med påstanden om at landsforvising var «‘den værste af alle hævngjærrige Gjengjeldelser’, saa lastes formeentlig baade Lovgiveren, der har bestemt Straffen, og Domstolene, der undergive individuelle Facta og Personer under Lovens Bud».70

Dommar Brinchmann trong ikkje all verdas plass for å avvise dette heller: «At Straf af Landsforvisning for lovhjemlet frimodig Tale – thi saaledes har Tiltalte udtrykt sig – vilde være en Uretferdighed eller hævngjerrig Gjengjeldelse, er klart.»71

Kva så med at artikkelen var fornærmande «baade mod den svenske Regjering og Kongen af Danmark, i det Hiin beskyldes for, i Aaret 1814 at have anvendt Sultekuur, for at omvende de haardnakkede Norske, og Denne, at han vilde bortgive og overdrage de Norske, liig Fæe eller Løsøre, til Sverige»,72 ein påstand som likna svært på den om «Slagteqvæg» og fleire andre i «Complimenter»-artikkelen? Konstituert byfut Brinchmann vendte tommelen ned også på dette tiltalepunktet, fordi det var

en afgjort Sandhed, at ved Kieler-Tractaten, af 14de Januar 1814, Norges Indbyggere, som Ting, hvortil Fæ og Løsøre henhøre, overlodes Hans Majestæt, Kongen af Sverrig, som Eiendom, ligesom det og maa antages, at den svenske Regjering, ved i Aaret 1814 at lade blokere Havnene, og saaledes hindre Tilførsel af Korn til Norge – et Land, som ei kan producere det fornødne Korn til Livsophold for sine Indbyggere – søgte at tvinge disse, til at erkjende Kieler-Tractaten: saa kan Tiltalte ei drages til Ansvar for disse Sandheders Fremsættelse.73

Grunnen til at dommaren kunne legge vekt på sanningskravet her, var at kongen av Sverige ved desse hendingane i året 1814 enno ikkje hadde vorte norsk konge, og at verken han eller kongen av Danmark da kunne bli viste ringeakt som konstitusjonelle makter for dette, berre bli fornærma som «Nogen» etter ærekrenkingsregelen i § 100. Dette punktet i dommen handla altså ikkje om eit brot på § 8 i 1799-forordninga, slik Lars Björne har gått ut frå.74

Var det avstanden til krigsstemninga i hovudstaden som gjorde at Brinchmann vurderte påstandar som den om «Fæe» eller «Slagteqvæg» så annleis enn dommarane i Christiania Bytingsret og Aggershuus Stiftsoverret? Byfut Frederik Riis hadde kalla dei «aabenbare Fornærmelser og falske Beskyldninger deels imod den Norske Nation, som Forfatteren sammenligner med Slagteqvæg, […] deels imod Norges afdøde Konge Carl den 13de, og imod dets forrige Konge Frederich den 6te, som beskyldes for at have kjøbt og solgt Riget»;75 overretten meinte at det «skumles med Bitterhed over den Handlemaade som i Aaret 1814 fandt Sted fra den svenske Konges eller Regjeringens Side i sammes Forhold til Norge og over den ved Tractaten af Norges og Danmarks daværende Konge gjorte Renunciation af hans Rettigheder paa Kongeriget Norge til Hans Majestæt Kongen af Sverrige».76 Var det den farlege stemninga kongen hadde piska opp i 1821, som dreiv dei til å tenke slik? Dommar Henning Brinchmann i Trondheim, derimot, gjentok og stilte seg bak orda til Peterson.

Lite så langt i denne dommen er likevel nytt, dette er tema vi kjenner frå trykkefridomssaker som har vorte behandla tidlegare i denne boka. Det som så utmerker denne dommen og gjer den spesielt viktig, er at spørsmålet om forordninga av 27. september 1799 som gjeldande norsk lov no vart stilt skarpt av partane, og at kongens framstøyt med forordninga uttrykkeleg vart ført fram i aktors prosedyre, slik at bytingsretten i Trondheim måtte ta stilling til den.

Matthias Conrad Peterson hevda som alltid at «til al Lykke er 27de Septembers frie Mennesker fornedrende, Bud, ved Constitutionens §§ 94 og 100 bleven ophævet, uagtet Somme synes, at det ei er saa».77 Aktoratet var så visst blant desse som syntest at det ei var så, og tok uttrykket «frie Mennesker fornedrende Bud» inn i tiltalen, fordi det var å «laste og ringeagte den for Norge og Danmark, paa den Tid Forordningen emanerede, fælles Regjering».78 Og så drog han katta opp av sekken. Ikkje berre var det anerkjent av «de juridiske Professores ved Universitetet» at forordninga gjaldt som straffelov for misbruk av trykkefridommen, altså som kjelde til straff, men no hadde

Hans Majestæt Kongen, ved naadigst Resolution, foranlediget af sidste Storthings-Addresse, sat Forordningen, i det Hele [mi utheving], i Kraft. I Henhold hertil, modsiges Herr Bank-Directeurens Anførte i denne Anledning.79

I den lange og velformulerte dommen frå Trondhjems Bytingsret av 8. november 1821, den klaraste og mest prinsipielt utforma av alle dommane i trykkefridomssakene etter 1814, svarte dommar Henning Brinchmann bestemt på dette:

[D]a enhver sildigere Lov hæver den ældre, som er stridende mod hiin, saa maa Constitutionens §.§. 5, 94 og 100 blive de Regler, hvorefter Skriftet qvæstionis bliver at bedømme, uden Indskrænkning, baade fordi tydelige Bestemmelser i Almindelighed ei taale restrictiv Fortolkning, og in specie, fordi en Lov, der bestemmer en oprindelig uafhændelig Menneskerettighed, som Trykkefriheden er, allermindst vil kunde taale Indskrænkninger.80

Som høgsterettsdommarane stod dommar Brinchmann urokkeleg på prinsippa i domsmodell C. Dommen etterlét ingen tvil om kva som var overordna og underordna lov, lex superior og lex inferior. Samtidig ser vi at han også brukte lex posterior-prinsippet for å forklare kvifor dei materielle lovboda i 1799-forordninga var sette ut av kraft: Grunnlovsparagrafane 5 og 100 dekte dei forholda 1799-forordninga gjaldt for, og måtte da som seinare lov tre inn som det einaste rettslege grunnlaget for straff.

Så oppsummerte han tidas tenkemåte om korleis framgangsmåten ved vurderinga av skriftet måtte vere, slik praksis var i alle rettsinstansar:

Hvis nu det in qvæstione værende Skrift, bedømt efter førnævnte Paragrapher, befindes strafverdigt eller ulovligt, opstaaer der Spørgsmaal, om Straffen bør hentes fra Forordningen 27de September 1799, dens Ord og Aand, eller fra nogen anden Lov. Befindes det derimod lovligt, overensstemmende med Paragrapherne, falder Undersøgelsen om Forordningen af 27de September 1799, dens Anvendelse, og om Straf, selvfølgelig bort.81

Ei fastare og meir prinsipiell tilbakevising av kongens forsøk på å revitalisere forordninga kan vanskeleg tenkast. Ein ung bytingsdommar frå Trondheim måtte altså til i året 1821 for at dette skulle bli sagt i klartekst. Om uttrykket «fornedrende Bud» uttrykte han seg like bestemt:

Da Forordningen 27de September 1799 vistnok [dvs. heilt sikkert] aabenbar krænker Trykkefrihedens Brug, saa maa den kunde tillægges det Prædicat, som Skribenten anseer denne, en uforkrænkelig Rettighed krænkende, Lovgivning, at fortjene. For Bedømmelse af en Lovs Beskaffenhed kan Ingen straffes; thi frimodige Yttringer om enhver Gjenstand ere tilladte. […] At vi endnu maae have mange slette criminelle Love, bevises af de Foranstaltninger, der ere trufne til en ny Criminal-Lov, og de Benaadninger, Hans Majestæt ofte anseer det gavnligt, at udøve.82

Før vi vender blikket mot neste – og siste – dom, må vi hefte oss ved ei prinsipperklæring frå dommar Brinchmann som viser kor stor forskjellen var mellom rettsregimet under 1799-forordninga og fridommen vunnen etter § 100:

At Forfatteren opfordrer sine Medborgere til, at vaage over deres Rettigheder, er lovligt, og da Hans Majestæt, ved Constitutionens Antagelse, har indrømmet Undersaatterne Rettigheder, saa kan han følgelig ei andet, end med Fornøielse være vidende om, at de opmuntre hverandre til, at benytte dem, og vaage over, at de ei berøves dem, da en saadan Berøvelse maa antages, at stride mod Hans Majestæts, høitideligen flere Gange yttrede, og i sin Tid besvorne, Villie, at conservere Folket i Nydelsen af disse Rettigheder.83

Dette er noko ganske anna enn det Danmarks store jurist på 1800-talet Anders Sandøe Ørsted innprenta lesarane av boka om 1799-forordninga frå 1801, at kritikk av regjeringa måtte kunne «forklares af den Hensigt, at oplyse Regjeringen om Manglerne og Feilene i de offentlige Indretninger; den Dadel, som ikke lader sig forklare af denne Hensigt, men allene af Hensigt til at opvække Folkets Misfornøielse og tilveiebringe Gjæring, er utilladelig og strafværdig»84 – med landsforvising til følgje. Under § 100 var det derimot fullt lovleg å appellere til folket dersom eit regjeringsforslag sette dei grunnlovbestemte rettane deira i fare, slik Matthias Conrad Peterson hadde gjort. Å befatte seg med politikk var ikkje lenger eit privilegium for kongen og dei næraste rådgivarane hans, men ein rett Grunnlova hadde gitt alle norske borgarar.

Retten frifann Peterson blankt på alle tiltalepunkt og idømte det offentlege sakskostnadene.

Ei «berygtet» forordning

To månader seinare, 16. januar 1822, starta så den andre saka der 1799-forordninga stod i sentrum, ved det alminnelege vinter-, skatte- og saketinget for Skoger sokn, den gongen i Vestfold, vernetinget til klokkar i Skoger prestegjeld Hans Allum. Dette er den einaste trykkefridomssaka der vi kan finne spor etter alle dei tre domsmodellane våre, A, B og C.

Hans Allum var ein 44 år gammal husmannsson og lærar og forfattar av fleire bøker, i ettertida mest kjent for ei kokebok på vers frå 1833. Han hadde ofte innlegg og dikt på trykk i Det Norske Nationalblad og særleg Drammens Tidende, der han i 1817 hadde vore innom som vikarierande redaktør.85 Ifølgje Yngvar Nielsen hadde han òg under stortingsforhandlingane i 1821 stått i kontakt med Peter Flor og Jacob Hoel og andre medlemmer av opposisjonen.86

No stod han under tiltale av Justitien for dette vesle stykket i Drammens Tidende nr. 77 for 24. september 1821 med overskrifta «Tro ikke alltid Rygtet»:

Rygtet har sagt, at Storthinget har indskrænket vor Trykkefrihet. Mange staae i den Formening, at Thinget directe har gjort det, men det forholder sig ikke aldeles saaledes. Storthinget har kun declareret eller bestemt, at de Anordninger om Trykkefrihet, der ikke stride imod Grundlovens §. 100, skulle gjelde indtil videre. Strax derpaa lod vor Regjering den berygtede Forordning om Trykkefrihedens Grændser af 27de Sept. 1799 sætte i Kraft. Om denne strider imod Grundlovens Aand eller §. 100, kan jeg nu ikke sige. Erindrer jeg ret, saa var det jo efter denne Forordning, at Heiberg og Malthe Bruun bleve forviste. Om Thingets Mænd indirecte har med eller mod sin Villie givet Anledning til hiin Forordnings Igjenfødelse, tør jeg ikke paastaae. Skal Forordningen af 1799 strengt gjelde, saa maa vel §. 100 i Grundloven ophæves? Dersom vor Trykkefrihed bliver ophævet, saa vil Regjeringen om nogen Tid erfare, at Norge høiligen trænger til den. Vilde det ikke være daarligt at forbyde Ildens Brug, fordi den fortærer enkelte Huse og Byer? Vil man da forbyde Trykkefrihed fordi den blotter enkelte Stormænd?87

Dette nokså uskyldige innlegget opphissa regjeringa såpass at den i statsråd 5. oktober 1821 vedtok å gå til justisaksjon mot Allum.

Tre anklagar retta aktor, overrettsprokurator Morten Müller, mot han i det første rettsmøtet: Han hadde spreidd hat og misnøye mot regjeringa ved å hevde at den hadde brote konstitusjonen ved utan samtykke frå Stortinget å ha sett forordninga av 27. september 1799 i kraft ved den kongelege kunngjeringa av 19. juni 1821 – altså det same som Stortingets protokollkomité i 1824 òg kom til å skulde regjeringa for; han hadde kalla forordninga «berygtet», eit uttrykk aktor påstod var «ubesindigt, upassende og uanstændigt»; og han hadde fornærma Stortinget, «der formeentligen beskyldes for, at det handlede mod sin Villie og bedre Overbeviisning og tillige mod Regjeringen, som formeentligen tillige beskyldes for, at virke paa Storthinget til dette Maal».88 Straffepåstanden var to år i tukthus etter § 6 i 1799-forordninga.

«Had og Misnøie» – enda ein gong var dette uttrykket frå forordninga vekt til live i ei trykkefridomssak (sjå side 209 og 461). Og aktor Müller gjekk lenger enn nokon annan ved å reise tiltale med rettsgrunnlag i forordninga åleine, dvs. ut frå vår domsmodell A, for «Forfatterens løgnagtige Beretninger om Regjeringens Beslutninger og Foranstaltninger i Hensyn til Trykkefriheden» og «Forfatterens onde Lyst til at udbrede Had og Misnøie mod Regjeringen», uttrykk henta utelukkande frå ordlyden i forordninga.89 Grunnlovas ord var fråverande i innlegga hans.

Også gjennom dommen av 12. november 1822, avsagt av sorenbirkeskrivar og eidsvollsmann Gustav Peter Blom, blir vi vitne til den forvirringa som enno kunne rå også i juridiske kretsar etter kongens framstøyt med 1799-forordninga sommaren 1821. Blom var kjent som svært svenskvennleg og hadde engasjert seg i fleire offentlege debattar, blant anna med eit heftig (og anonymt) innlegg i Den Norske Rigstidende imot revefabelen i Det Norske Nationalblad i 1818 (sjå side 376–378) saman med Jørgen Herman Vogt og sin gode venn overrettsjustitiarius Jens Christian Berg.90

Vel kunne ikkje birkedommar Blom finne den meininga aktor la i dei uttrykka Allum hadde brukt om den kongelege kunngjeringa av 19. juni, og frifann han derfor på dette punktet. Men i ei nedlatande belæring av husmannssonen, som var sin eigen sakførar i retten, ei belæring som osa av klasseforakt, førte han til protokolls at Allum

ei har nogen klar Idee om vores lovgivende Magts Organisation. Havde han havt denne, vilde det neppe falde ham ind, at forudsætte Tvivl om Rigtigheden af den Maade, hvorpaa Forordningen af 27de September 1799 atter blev, efter hans Formening, sat i Kraft (skjøndt den aldrig havde været ud af Kraft) nemlig ved at Storthinget declarerede dets Villie og Kongen sanctionerede denne. Dette er Formen for Loves Udfærdigelse, og kan saa meget mindre underkastes Tvivl om Rigtighed, naar det blot er Spørgsmaal, som her, om en authentisk Fortolkning af en gjeldende Lov.91

Det var nettopp den framgangsmåten dommar Blom her heldt fram som den einaste rette, Stortingets protokollkomité i 1824 erklærte grunnlovsstridig og fleirtalet i komiteen ønskte riksrettssak mot tre statsrådar for. Blom var med andre ord aldeles på villspor.

Også tiltalen om ei fornærming mot Stortinget avviste dommar Blom, fordi orda til Allum ikkje openbart inneheldt den meininga aktor la i dei. Det var tiltalepunktet om at Allum hadde kalla 1799-forordninga «berygtet», Blom festa seg ved, og det kom til å stå i sentrum for denne saka heilt opp til Høgsterett. I retten hadde partane krangla fælt om ordet «berygtet» var avleidd av «Rygte» og var nøytralt og på linje med «berømt» (Allum), eller om det kom av passivinfinitiven «rygtes» og var eintydig nedsettande (aktor Müller); ein pussig disputt med tanke på at dommar Brinchmann i Trondheim i sin dom bestemt hadde slått fast at forordninga var eit «fornedrende Bud» og Anders Sandøe Ørsted i 1801 hadde snakka om «dens meest forhadte Bestemmelser».92

I tingretten i Skoger i Vestfold slo sorenbirkeskrivar Blom fast at å kalle forordninga «berygtet», som kom av å «rygtes», så visst måtte «ansees utilbørlig og usømmelig anvendt paa en i Staten gjeldende Lov».93 Dette var likevel ikkje straffverdig, fordi Allum ikkje hadde brukt uttrykket om regjeringa eller handlingane til regjeringa, men nettopp om ei lov, og det måtte etter § 100 reknast som ei lovleg frimodig ytring. Men fordi Allum med dette utilbørlege og usømmelege uttrykket sjølv hadde gitt grunn til tiltalen, måtte han òg sjølv betale sakskostnadene, «det vil være ham en tilstrækkelig Correction».94

Av formuleringa som frikjente Allum, kan det sjå ut som om hendingane sommaren 1821 hadde sett lovgrunnlaget i spel iallfall blant enkelte av landets sorenskrivarar: «Dommeren finder saaledes ei, at Tiltalte har forvirket sig hverken mod §. 100 i Grundloven eller Forordningen af 27de September 1799.»95 Som den einaste dommaren i alle 1821-sakene ser dommar Blom her ut til å ha tatt 1799-forordninga med i vurderinga av skyldspørsmålet på ein måte som må ligge nokså nær domsmodell B i den modifiserte forma som kongen ønskte. Sikker er denne lesemåten likevel ikkje; formuleringa kan òg lesast som ei tilbakevising av at Allum kunne dømmast etter forordninga og domsmodell A, slik aktor Müller påstod, og da kan den passe inn i begge domsmodellane B og C.

Regjeringa anka saka til Jarlsberg Grevskabs Overbirkeret, som i ein dom av 2. juni 1823 gjorde som dommar Gustav Peter Blom i Skoger Tingret og frifann Allum blankt for dei to tiltalepunkta om kritikk mot regjeringa og Stortinget. Men overbirkeretten såg enda alvorlegare enn Blom på at Allum hadde kalla 1799-forordninga «berygtet». I lovspråket, minte retten om, var «berygtet» eit «saavel i Sprogbrugen i Almindelighed, som i Lovsproget i Særdeleshed, almindelig anerkjendt vanærende Udtryk» og vart for eksempel brukt om «et Fruentimmer, som ei har sin Kjønsære uplettet». Det var derfor ingen tvil om at «den Forfatter, som tillader sig at sige, t.Ex. den berygtede Lov, det berygtede Alterens Sacramente o.s.v., derved tilkjendegiver en strafværdig Ringeagt for Gjenstande, som i Menneskesamfundet maa være Borgeren og Mennesket lige agtværdig og helligt».96 Uttrykket var altså ikkje berre utilbørleg og usømmeleg, slik birkedommar Blom meinte, men ærekrenkande i streng forstand og var derfor å vise ringeakt.

Den svære avstanden mellom dommen i Peterson-saka i Trondhjems Bytingsret og dommen i Jarlsberg Grevskabs Overbirkeret vart òg tydeleg når retten sa at

Tiltalte, ved at kalde Forordningen om Trykkefrihedens Grændser af 27de Sept. 1799 berygtet, har tilsidesat den Lydighed og Agtelse han er Loven og de constitutionelle Magter skyldig. At dette er skeet forsætligen og aabenbar, bevises derved, at Udtrykket i Tiltaltes Beretning er umotiveret, og følgelig ikke kan undskyldes med, at en Forfatter, hvis Hensigt gik ud paa, at vise formeentlige Mangler og Feil i Forordningen, som burde rettes, i sine frimodige Yttringer desangaaende kunne have ladet indflyde et eller andet ubetænksomt eller upassende Udtryk.97

I motsetning til konstituert byfut og byskrivar i Trondheim Henning Brinchmann heldt dommarane i overbirkeretten seg til Ørsteds syn frå 1801 på kva slags kritikk som var lov: den som skulle «vise formeentlige Mangler og Feil i Forordningen, som burde rettes». Når ein dom som dette i det heile tatt kunne fellast, må grunnen ha vore at kong Karl Johan hadde gitt 1799-forordninga ny autoritet ved sjølv å ha gått god for den.

Enda eit kuriøst eksempel på at overbirkeretten heldt rettsforståinga frå eineveldet i hevd, finn vi i denne dommen. Etter – med rette – å ha fillerista aktor Morten Müller for kor lite han hadde skjønt av måten Stortinget og regjeringa hadde behandla 1799-forordninga på, presenterte dommarane si eiga framstilling av saka: «Foranstaltningen om Forordningens Indskjærpelse hørte imidlertid udelukkende under den executive Magts eller Regjeringens Functioner»; det var ingenting usedvanleg ved slik å innskjerpe lover «hvis Overholdelse synes at være kommen i Forglemmelse», det viste «vores Lovhistorie hyppige Exempler paa».98

Eksempla frå lovhistoria som dommen så rekna opp, var fire reskript og forordningar i perioden 1700–1812, deriblant trykkefridomsreskriptet av 3. desember 1790, alt i hop lovvedtak frå einevaldstida da kongen så visst hadde all makt over lovene. Men som protokollkomiteen på Stortinget slo fast i 1824, ville same praksis under det nye norske konstitusjonelle kongedømmet, der folket etter § 49 i Grunnlova «udøver den lovgivende Magt ved Storthinget», vere grunnlovsstridig. Dommarane i Jarlsberg Grevskabs Overbirkeret var med andre ord like villfarne i forfatningsjusen som birkedommar Gustav Peter Blom i Skoger Tingret.

Sjølv om denne dommen avgjorde skyldspørsmålet etter § 100 og vår domsmodell C, utan å blande inn 1799-forordninga, vart dommen såleis avsagt i forordningas ånd, og klokkar Hans Allum vart dømt til fengsel på vatn og brød i fire dagar etter § 7, rett nok den mildaste straffa paragrafen kunne gi, og til å betale sakskostnadene.

Omtrent same forløp hadde ei liknande sak mot redaktøren i Drammens Tidende, Carl Ferdinand Rode, Peter Andreas Heibergs norske forleggar (sjå òg side 107). Han var tiltalt i forfattarens stad for ein anonym artikkel med overskrifta «Indsendt», som begynte slik: «Hr. Udgiver! Da vor Trykkefrihed nu er gaaet fløiten, og De, ligesaa lidet som Deres Colleger, herefterdags vil kunne være sikker for Landsforviisning, Fængsel på Vand og Brød, Tugthusstraf eller svære Pengebøder […].»99 Artikkelen sikta dels til at fleire øvrigheitspersonar hadde reist ærekrenkingssaker mot Drammens Tidende, dels til faren for at forordninga av 27. september 1799 etter kongens framstøyt på ny skulle rå over og innskrenke ytringsfridommen.

I Drammens Bytingsret påstod aktor, overrettsprokurator Andreas Bang, at Rode hadde «forhaanet vort Riges Constitution eller Grundlov, der i dens §. 100 paabyder og hjemler Trykkefrihed; og end mere har han søgt at opvække Haan og Foragt mod denne vor Grundlovs Bestemmelse».100 For å ha «lastet og forhaanet Rigets Constitution» på denne måten, måtte han dømmast etter § 100 i Grunnlova og straffast etter § 2 i 1799-forordninga med landsforvising.

Om kongens regjering no hadde retta skytset også mot det andre opposisjonsorganet i landet, så var ikkje Drammens Bytingsret med på notane. I dommen av 25. april 1822 meinte byfut og dommar Johan Nicolai Lyche at hån og forakt for konstitusjonen slett ikkje låg openbart i uttrykka tiltalen gjaldt; likevel var dei av ein slik art at Rode måtte betale sakskostnadene. Men Aggershuus Stiftsoverret såg annleis på det da ankesaka kom dit: I ein dom av 19. august 1822 vart Carl Ferdinand Rode, som Hans Allum, dømt til fengsel i fire dagar på vatn og brød.101

Mens Hans Allum ikkje nølte med å anke si sak til Høgsterett da dommen i Jarlsberg Grevskabs Overbirkeret vart forkynt for han 17. juni 1823,102 anka ikkje Rode. Det svei på pungen at han alt var dømt til mulkter og sakskostnader i ærekrenkingssakene mot avisa, og han var nok òg skremt av tanken på å lide same skjebne som Det Norske Nationalblad og miste portomoderasjonen; frå no av la han seg på ei mindre kontroversiell politisk linje i Drammens Tidende.103 Slik fekk Kongen gjennomslag for ønsket sitt om at Rode «for Fremtiden vil holde sig inden de ved Lovene og Anstændighed foreskrevne Grændser» (sjå side 401). Om Karl Johan tapte kampen med Stortinget og domstolane om grensene for trykkefridommen, så vann han fram i forsøket sitt på å knekke opposisjonsavisene Det Norske Nationalblad og Drammens Tidende.

I mellomtida hadde saka til Matthias Conrad Peterson passert Trondhjems Stiftsoverret, der den etter ønske frå partane vart pådømt utan nye rettsmøte, på grunnlag av domsakta frå bytingsretten. I ein dom av 11. februar 1822 slutta stiftsoverretten seg utan atterhald til argumentasjonen til konstituert byfut og byskrivar Henning Brinchmann og stadfesta dommen hans in terminis: «Underretsdommen bør ved Magt at stande.» Justitien anka dommen, og 3. juli 1823 kom ankesaka opp til votering i Høgsterett, også der utan nye rettsmøte og utan munnleg prosedyre; den var blant dei sakene det året som vart førte skriftleg etter § 8 i lov om Høgsterett,104 fordi Peterson valde å ikkje møte, men ønskte å la seg representere ved forsvarsdokumenta frå bytingsretten.

For høgsterettsdommarane var utfallet like opplagt som det hadde vore for dommarane i stiftsoverretten, og dommen fall einstemmig og utan diskusjon: «Stiftsoverrettens Dom bør ved Magt at stande.»105 Det var ingenting å utsette på artikkelen til Peterson, forsettet hans hadde utelukkande vore, som førstvoterande Langberg sa,

ved denne Meddelelse til Publikum, at forebygge en mueligvis overilet og efter hans Mening farlig Beslutning af det da forsamlede Storthing. Forfatteren har i dette Øiemed talt med Frimodighed og Varme, men ingenlunde i et usømmeligt Sprog, og allermindst er der Spor til forsætlig Fornærmelse.106

Ved å kalle artikkelen «denne Meddelelse til Publikum» la Langberg avstand til overbirkerettens og Ørsteds grense for lovleg kritikk, at den ikkje skulle vere retta som ein appell til folket, men berre «oplyse Regjeringen om Manglerne og Feilene i de offentlige Indretninger», og la seg i staden tett opp mot orda til dommar Brinchmann i Trondheim, at ein skribent kunne oppfordre «sine Medborgere til, at vaage over deres Rettigheder» når dei var trua av tiltak frå kongens regjering. Og Fredrik Motzfeldt la til at tiltalen var «ubeføiet».107

Ikkje overraskande vart også Allum einstemmig frikjent av Høgsterett da ankesaka hans kom opp 13. september 1823, og det offentlege idømt alle sakskostnader. Dommane i tingretten og overbirkeretten som halla i retning kongens vilje med 1799-forordninga, vart sette til side: Ingen av ytringane i den vesle artikkelen var i nærleiken av å vere straffverdige, og slett ikkje uttrykket «berygtet» om forordninga av 27. september 1799. Førstvoterande Andreas Aagaard Kiønig meinte at ordet ikkje angav «hverken gode eller slette Egenskaber» så lenge slike eigenskapar ikkje «ere udtrykkelig vedføiede eller angivne»,108 mens Christopher Frimann Omsen som vanleg var den av dommarane som gjekk lengst i å forsvare ytringsrommet:

Jeg antager, at Frd. 27 Septbr 1799 er hævet ved G.L. § 100. Udtrykket berygtet kan gjerne forsvares; thi den opvakte almindelig Misnøie, da den kom ud. Fordi man fandt Straffene i bmt [bemeldte] Frd. upassende, blev 100 § i G.L. lovfæstet. At G.L. § 100 maae ansees ophævet, naar Frd. 27 Septb. 1799 skulde giælde in extenso, er den rene Sandhed, hvorfor Tiltalte derfor ei kan straffes.109

Omsen hadde vore medlem av konstitusjonskomiteen under riksforsamlinga på Eidsvoll og meinte som Aggershuus Stiftsoverret i 1816, i motsetning til komitéformann Christian Magnus Falsen, at også straffene i 1799-forordninga var oppheva. Synspunkta hans kan vel å merke ikkje reknast blant domspremissane, ettersom dei var eit særstandpunkt han flagga. Nils Rune Langeland skriv i Siste ord at dei andre dommarane slutta seg til «Kiønigs og Omsens votum».110 Men det stemmer ikkje, både Omsen og dei andre dommarane slutta seg utelukkande til Kiønigs meir beherska votum.

Kiønig gav nemleg ikkje Allum medhald i at «hvis denne Fr [Forordning] i sin hele Udstrækning skulde tages til Følge, vilde § 100 i G.L. gaae ud af Kraft»,111 slik Langeland skriv. Han bruker dette som grunnlag for konklusjonen sin, at Høgsterett her hadde «gjeve eit endå klarare svar enn i straffesaka mot Peterson».112 Men det Kiønig sa, var at dette var ei oppfatning Allum hadde full rett til å gi uttrykk for, altså at den var ei frimodig ytring etter § 100. Éin dommar dissenterte og pukka på at fordi Allum ikkje hadde «udtrykt sig med behørig Beskedenhed»,113 måtte han i det minste betale sakskostnadene; Peter Collett, naturlegvis.

Resultatet av prosessane: lex Peterson

Sverre Steens konklusjon frå 1954 var korrekt: Domstolane delte ikkje kongens meining.114 Den utførlege og velskrivne Peterson-dommen i bytingsretten i Trondheim var stadfesta av både Trondhjems Stiftsoverret og Høgsterett in terminis, altså med at dommen «bør ved Magt at stande» (sjå side 17). Slik stilte dommarane seg eksplisitt bak også domspremissane til bytingsdommar Henning Brinchmann.

Det same skjedde ikkje i Allum-saka. Der slo Peter Collett i rolla som justitiarius fast at «Underrettens Dom kan ei in terminis stadfæstes, da Udtrykkene [orda Allum hadde brukt] der kaldes ubesindige og uanstændige».115 Høgsterett kunne ikkje stille seg bak domspremissane og brukte det alternative formularet at den tiltalte «bør for Aktors Tiltale i denne Sag fri at være». Med det var alle premissar i både under- og overretten oppheva.

I berre to offentlege straffesaker for trykkefridomsbrot hadde både overretten og Høgsterett avsagt dom in terminis. Den første var Grønnerup-saka. Der fall høgsterettsdommen mot to stemmer. I Peterson-saka var dommen einstemmig. Vi må derfor sjå på dommen i Trondhjems Bytingsret som eit eintydig uttrykk for viljen også til ein samla Høgsterett. Dette var dessutan den einaste dommen som gav ei samanhengande framstilling av prinsippa for trykkefridommen i Norge. Slik vart framstøyten frå kongen eksplisitt og prinsipielt tilbakevist og forordninga av 27. september 1799 retteleg ansett som ei underordna lov, i den grad den gjaldt; og prinsippa i vår domsmodell C var slått fast som gjeldande domsmåte i trykkefridomssaker.

Og denne gongen hindra ikkje hemmeleghaldet i Høgsterett at dommen greip aktivt inn i rettsforståinga i samtida og vart eit fullt opplyst prejudikat. Alle domspremissar og dokument i saka var alt offentlege og vart så gjort tilgjengelege for kven som helst i boka Peterson gav ut etter høgsterettsdommen i 1823, Justitsaction mod Matthias Conrad Peterson i Trondhjem. Rekkevidda av dommen må straks ha vorte kjent i det juridiske miljøet; alle juristar visste kva in terminis-formularet betydde.

Dommen frå Trondheim – «den på den tid ikke ubekjendte trykkefrihetssak»116 – vart lagt merke til:

Brinchmanns Deduction i denne mærkelige [bemerkelsesverdige] Sag avgiver ubestridelig et Bevis pa [sic] en mere end almindelig Dygtighed, hvor det kom an paa at optræde med Kraft i et saa vanskeligt juridisk Spørsmaal som dette, skrevet i et Sprog som neppe efterlader noget at ønske med Hensyn til Klarhed og Zirlighed.117

Grunnen til at dommar Henning Brinchmann måtte skrive den slik, var kvaliteten og breidda på dei synspunkta Matthias Conrad Peterson la fram i artikkelen i Det Norske Nationalblad i juni–juli 1821. Det var ikkje ein serie vågale og spotske utspel à la Hielms Falsen-artiklar han vart tiltalt for, men eit grundig og stringent intellektuelt resonnement. Det var derfor justisaksjonen mot han vart kalla «ubeføiet» i Høgsterett og ikkje den mot Hielm. Ei slik urettmessig trykkefridomssak var det som måtte til for at den rådande rettsoppfatninga skulle bli slått fast i klartekst, slik den vart både i underretten og i dommen i overretten.

«Angreb paa Constitutionen»

Korleis Peterson-dommen kunne bli brukt som prejudikat i retten, ser vi i saka regjeringa i 1826 reiste mot redaktøren av Trondhjems borgerlige Realskoles alene privilegerede Adressecontoirs-Efterretninger, faktor Tønnes A. Høeg. Dette var òg den siste trykkefridomssaka med rot i dei politiske hendingane i 1821.

Saka gjaldt eit anonymt innlegg i avisa 30. mai 1826 som fortalde om den festlege 17. mai-feiringa i Kristiansund dette året og formidla eit patriotisk ønske derfrå: «Held for Norge! Gid dets Constitution stedse forblive ukrænket og ethvert Angreb paa Samme ligesaa kjækt afværges, som det skede paa sidste Storthing! Gid Normændene maae findes rede til at ofre Liv og Blod til sammes Forsvar!»118

Éin ting var at 17. mai-feiringane var ei betent sak som kong Karl Johan var rasande på og ville stanse. Men her kom innsendaren frå Kristiansund i tillegg med ein tirade som berre kunne oppfattast som ei beskyldning mot kongen for å ha angripe Grunnlova med dei forslaga til grunnlovsendring som han hadde lagt fram i 1821, og som Stortinget avviste einstemmig under realitetsbehandlinga i 1824; ein sort ytringar som var aldeles uhørt under eineveldet, og framleis i Danmark.

Også den norske regjeringa tok raskt affære. No hadde ikkje skribenten uttrykkeleg sagt at det var kongen som stod bak det påståtte angrepet på Grunnlova. Derfor kravde Justis- og politidepartementet at han oppgav kva slags angrep som hadde skjedd og vorte avverja på siste storting, og dessutan kven som hadde stått bak. Den framleis anonyme skribenten meldte tilbake at det kunne han ikkje gjere, ettersom han ikkje hadde påstått at noko angrep hadde skjedd det siste stortinget. Men dersom departementet var uvitande om dei angrepa som var komne før dette stortinget, var han, viss han vart bedt om det, villig til å gi beskjed. Noka plikt i den retninga nekta han likevel for at han hadde.119 Ein uvant yppal tone i ei ny tid.

Redaktør Tønnes A. Høeg, som ikkje ville oppgi namnet til innsendaren og derfor sjølv vart tiltalt i forfattarens stad, følgde opp den yppale tonen og lét etter at rettsprosessen var kommen i gang, innsendaren frå Kristiansund få på trykk eit innlegg der det patriotiske ønsket vart gjentatt to gonger og dessutan forsterka med doble utropsteikn,120 trygg på at det var beskytta av § 100 i Grunnlova. Denne frekke markeringa vart naturlegvis tatt inn i tiltalen mot Høeg som eit straffeskjerpande forhold.

Det som så skulle avgjerast i retten, var, som det heitte i dommen, om skribenten hadde forbrote seg ved å snakke om «Angreb» som han påstod hadde vorte avverja på det siste stortinget, dvs. om han med det hadde «overskredet den Trykkefrihed, som Grundlovens § 100 tilstæder, saa at han for samme bør undgjælde».121

Aktor var den same som i Peterson-saka i 1821, overrettsprokurator Even Solberg. I og med at også andre enn kongen hadde fremma grunnlovsforslag som vart avviste i 1824 og skribenten ikkje hadde forklart kven han sikta til, hadde ikkje aktoratet grunnlag for å tiltale Høeg for majestetsfornærming; «den skede Overtrædelse af Trykkefrihedslovgivningen» kunne ikkje plasserast under éin bestemt «af denne Lovgivnings forskjellige Cathegorier». Solberg slo likevel fast at dei påtalte uttrykka «endog efter Sagens nærværende Stilling ere strafværdige», og la ned straffepåstand etter «Annalogie [sic] af Slutningen af 12te og Begyndelsen af 13de §. i Forordningen af 27de September 1799» med ei mulkt på heile 800 spesidalar til dei fattige i Trondheim, ikkje langt unna maksimumsgrensa på 1000 spesidalar for mulkter etter denne heimelen.122

Rettsgrunnlaget var med andre ord nokså utydeleg uttrykt i tiltalen. Dette greip den offentleg oppnemnte forsvararen fatt i; det var tilfeldigvis same mann som hadde vore dommar i Peterson-saka i 1821, overrettsprokurator Henning Brinchmann. Dei to paragrafane aktor påstod analogisk straff etter, var ubrukelege til det i denne saka, hevda han, fordi skribenten verken hadde brukt utilbørlege ord (§ 12) eller kledd uttrykka sine inn i allegori eller ironi (§ 13). Så utfordra han aktor Solberg til å klargjere rettsgrunnlaget sitt ved å peike på at ein i det heile tatt ikkje kunne gå ut frå at desse paragrafane stod ved makt,

eftersom enhver sildigere Lov hæver den ældre som er stridende mod hiin, og da nu Constitutionens § 100 hjemler frimodige Yttringer om Statsstyrelsen og andre Gjenstande, samt Trykning af, alt med mindre man forsætligen og aabenbare [Brinchmanns utheving] har enten selv viist, eller tilskyndet andre til [osv. som i § 100], saa bliver dette den Lov, hvorefter det frembragte Ønske, eller den fremførte Annonce, ligesom ethvert andet Skrifts strafbarhed, bør bedømmes.123

Svaret frå Solberg var oppklarande. Vel hadde § 100 oppheva delar av forordninga, men misbruk av trykkefridommen kunne framleis «efter bemeldte § i Grundloven» skje, «og naar den [Overtrædelsen] finder Sted, saa maa jeg spørge efter hvilken Lov Overtræderen skal straffes, dersom det ikke er efter Forordningen af 27de September 1799». Det var altså i straffeutmålinga forordninga skulle brukast, og når skribenten hadde sett fram «en Beskyldning om at en Forbrydelse er begaaet uden at sige af hvem, saa maa en arbitrair Straf være anvendelig paa ham, eller den, der indtræder i hans Sted».124

Dommaren, overrettsprokurator og konstituert byfut Henrik Lysholm, som i motsetning til Solberg og Brinchmann hadde øvste juridiske embetseksamen og var såkalla latinjurist,125 følte òg behov for å klargjere rettsgrunnlaget i saka: «Det bemærkes, at ved nysnævnte Lovsted [§ 100] antages Frd 27 Septbr. 1799 at være ophævet forsaavidt denne ikke med hiin harmonerer, og at Frd af 1799 først kan blive anvendelig naar Overtrædelse efter Grundlovens 100 § befindes at have stedfundet.»126 Dette var heilt i tråd med hovudprinsippa i Peterson-dommen frå 1821 som Høgsterett hadde stadfesta i 1823.

Det var likevel ikkje her, men i diskusjonen om realiteten i saka at forsvarar Brinchmann førte denne dommen inn som prejudikat. Både redaktør Høeg og den anonyme skribenten frå Kristiansund meinte at det var rett å bruke uttrykket «Angreb paa Constitutionen» om alle grunnlovsforslag som strei mot Grunnlovas ånd og prinsipp. Dette hadde også Matthias Conrad Peterson hevda om eit lovforslag frå kongen i det skriftet han vart tiltalt for, og Peterson «blev ved alle Rettens Domme frifunden», peika Brinchmann på og la fram for retten Petersons bok frå 1823 der rettsakta var trykt.127

Solbergs tilbakevising av dette ser ikkje overbevisande ut. Når ein sakførar påberopte seg eit høgsterettsprejudikat på vegner av ein klient, kunne motpartens advokat ifølgje Ørsted nøye seg med å nekte for «Tilfældenes Lighed».128 Men Solberg nekta for at prejudikat i det heile tatt kunne brukast ved ein domstol: Peterson-saka belyste ingenting, «thi Omstændighederne, under hvilke enhver Begivenhed skeer og Nuancerne i enhver Begivenhed ere saa mangfoldige og forskjellige, at Udfaldet og Bedømmelsen af den ene vanskelig kan have nogen Indflydelse paa den anden».129

Saka enda med fullstendig tap for regjeringa. Dommen slo fast at eit ønske om at angrep på konstitusjonen måtte bli avverja, ikkje kunne vere straffverdig, ettersom «Grundloven ifølge dens 112 § skal være ubrødelig eller ingen Forandring imod dens Prinsipper og Aand maae tilstædes». Og at forslag til endringar i Grunnlova som strei mot dette, verkeleg vart lagt fram i 1821 og vart avviste i 1824, beviste både innstillinga frå konstitusjonskomiteen «om at de vilde stride imod Constitutionens Aand og Principper», og det vedtaket Stortinget til slutt gjorde. Å kalle slike forslag «Angrebe paa Constitutionen» var forfattaren derfor fullt ut berettiga til.130

Under det nye konstitusjonelle styresettet i Norge kunne det altså vere lovleg offentleg å kalle eit grunnlovsforslag frå landets konge eit angrep på Grunnlova. Det krenkte ikkje nødvendigvis § 5 i Grunnlova, som bestemte om kongen at «Han kan ikke lastes, eller anklages». Grunnen var den definisjonen av ordet «laste» – og av uttrykket «vise ringeakt» – som vart brukt ved dei norske domstolane: å påstå vond vilje. I dette tilfellet forklarte dommaren det med at det ikkje «ved disse Udtrykke kan antages meent, at den, der har fremsat saadanne Forslage, har indseet eller villet de Grundloven krænkende Følger, som Forfatteren antager med samme at ville være forbunden».

Det var slik uttrykket forsettleg og openbart slo inn i denne saka. Det talde ikkje lenger kva slags idear ein skribent indirekte «insinuerede», som jusprofessor Schlegel var så opptatt av i den store trykkefridomsdiskusjonen i 1790-åra. Meininga i ei ytring skulle med motdebattanten Birckners ord ikkje lenger kunne bli utleidd ved «Raisonnements og Følgeslutninger», det Henrik Steenbuch i grunnlovskommentaren frå 1815 kalla «konstigt Resonnement» og «spidsfindig Kløgt» (sjå side 81–92). Det var derfor dommar Henrik Lysholm kunne slå fast at ingenting straffbart var skjedd i Høeg-saka: Vond vilje var ikkje forsettleg og openbart tillagt verken kongen eller andre forslagsstillarar.

Sakskostnadene måtte det offentlege dekke, fordi redaktør Tønnes A. Høeg «uden tilstrækkelig Aarsag er bleven tiltalt»; og noka lyst til å anke viste ikkje regjeringa.