Det som opphissa kongen og regjeringa, var at ein del skribentar omtalte politiske forhold i ein uvørden og frekk tone som hadde vore uhørt tidlegare. Det var ikkje dei alminnelege avisene som var problemet – adresseavisene i stiftsbyane Trondheim, Bergen og Kristiansand eller Christiania-avisene Christiania Intelligentssedler, Den Norske Rigstidende og Morgenbladet, som hadde starta opp i 1819. Også der, og spesielt i Christiania Intelligentssedler, kom det på trykk innlegg som hamna i rettssalen, men da helst som private ærekrenkingssaker. Det store problemet var opposisjonspressa.

Utgivarskifte i Nationalbladet

Opposisjonspressa såg annleis ut i 1821 enn fem år tidlegare (sjå side 169). Blada Bjørgvin i Bergen og Mimer i Kristiansand gjekk inn alt i 1816; begge hadde vist seg som blodfattige vesen utan livets rett. Det meir vitale Den lille Trondhjemske Tilskuer stansa for ei stund ikkje lenge etter at Stortinget i 1816 utnemnte den drivande krafta Matthias Conrad Peterson som ein av dei fem direksjonsmedlemmene i Norges Bank da banken vart lagt til Trondheim, eit arbeid Peterson tok fatt på med glødande interesse. Også i debatten om pengeforholda i landet hadde han vore ein ivrig og betydeleg deltakar, «hans argumenter ble […] flittig gjentatt både i landets aviser og på stortinget».1 Utgivar Andreas Steen prøvde å få bladet i gang att, men det vart med to nokså bleike nummer i 1817 og eitt i 1819. Same år, i 1819, vart så eit nytt blad, Den Norske Tilskuer, starta i Bergen av Christian Magnus Falsen, Jonas Rein og Herman Foss, det var eit moderat opposisjonsblad fritt for provokasjonar.

Ein steil og dristig opposisjon vart derimot ført av to organ, avisa Drammens Tidende, med basis i kretsen rundt stortingsmann og krigsråd Peter Flor, den eine av anførarane for «det Flor-Hoelske parti», og aller dristigast i Det Norske Nationalblad, forum for den mest uforsonlege politiske opposisjonen i hovudstaden, i 1821 meir uforsonleg enn nokon gong. Det var desse to blada kongen aller helst ville komme til livs, det sa han klart ifrå om i eit brev til statthaldar Sandels i dei hissige maidagane.2

Utgivar av Det Norske Nationalblad var ikkje lenger høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm. Bokhandlar Hans Abel Hielm hadde tatt over etter at broren 13. oktober 1820 vart utnemnt som ny regjeringsadvokat etter Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne, som ønskte seg eit rolegare liv og 15. juni 1820 vart innsett i stillinga som sorenskrivar i Bamble. At den opposisjonelle og kontroversielle Jonas Anton Hielm kunne ta over som regjeringsadvokat, fortel kor sterk posisjonen hans var som den fremste advokaten i landet. Regjeringa kunne ikkje godt fråvike ansienniteten i hans tilfelle.3

Men å vere utgivar av det opposisjonelle Nationalbladet lét seg ikkje foreine med stillinga som regjeringsadvokat. Når som helst kunne nokon gå ut og krevje at det var han og ikkje bokhandlar Hans Abel Hielm som måtte stillast rettsleg ansvarleg for ein anonym straffverdig artikkel mot regjeringa. Vel var utgivaren sjølv erklært anonym og ukjent, men «alle» kjente identiteten hans – «Nationalbladets bekjendte eller halvskjulte Udgiver»,4 som tremenningen Peter Pavels Hielm ordla seg i ein artikkel i bladet etter at ein innsendar nokre nummer før hadde brukt uttrykket «dets skjulte Udgiver».5 Grunnen til at ingen, heller ikkje dei hardaste motstandarane hans, gjekk offentleg ut med namnet, var nok at å bryte anonymiteten ville bli sett på som ei skammeleg og uverdig handling.

Hielm fann ein effektiv måte å signalisere til publikum at han ikkje lenger stod bak det regjeringskritiske bladet. Han braut ikkje den heilage anonymiteten ved ganske enkelt å erklære for all verda at han ikkje lenger var utgivar. I nummeret datert 4. januar 1821 blanda han seg i staden inn i ein oppheta feide rundt ein borgarfest i Drammen til ære for Peter Flor med noko så uvanleg som eit «Brev fra Regjerings-Advocat Hielm til Nationalbladets Udgiver».6 Utgivaren kvitterte 11. januar med ein lang artikkel om same sak som han avslutta slik: «Jeg sætter mit fulde Navn under; og saa ubetydeligt det end er, saa viser det dog, at jeg siger hvad jeg kan som Sandhed vedstaae. Hans A. Hielm.»7 Slik iscenesette brørne Hielm utgivarskiftet som om den skjulte utgivaren etter seks års anonymitet endeleg stod fram og røpte at han var ingen andre enn redaktøren sjølv, eit nokså gjennomsiktig illusjonsnummer.

Den kongelege proposisjonen av 2. juni 1821 la ikkje skjul på at det først og fremst var skriveria i Det Norske Nationalblad den ønskte å sette ein stoppar for:

Overgangen fra en Statsforfatning, som var bygget paa Enevoldsmagten, til en fuldkommen fri og constitutionel Regjeringsform, var altfor pludselig til at man med Føie kunde forundre sig over de Vildfarelser, som fulgte med samme. Personer, som kaldte sig selv Nationens Organer, misbrugte Skrivefriheden.8

Det var tre vegar kongen og regjeringa kunne gå for å komme denne oppsetsige «Skrivefrækhed» til livs, og ingen av dei vart ståande uprøvde dette turbulente året. For det første kunne dei prøve å skjerpe lovgivinga; dette forsøket vart resolutt stansa av Stortinget. For det andre kunne dei reise nye rettsprosessar mot skribentar og utgivarar; det skjedde no i eit omfang utan sidestykke verken før eller sidan. For det tredje hadde kongen makt til å ta ifrå eit blad den portomoderasjonen som gjorde det muleg å halde bladet gåande, eit middel som var vel så effektivt som den inndragingsmakta kongen hadde i Sverige.

Fire fornærmande artiklar før 1821

Det som oppirra den gamle soldaten og hærføraren Karl Johan aller mest, var at artiklar kom på trykk i Det Norske Nationalblad som håna og rakka ned på den norske hæren: «Armeen, dette Uafhængighedens Værn, […] er paa en saarende Maade bleven fornærmet af Mennesker, som den forsvarer, og hvis Frihed den beskytter.»9 Det gjaldt særleg to anonyme artiklar som begge hadde stått i bladet i oktober 1819.

I den første, «Udtog af et Brev fra Danmark», var den anonyme (og oppdikta) skribenten ein nordmann som betrakta den nye norske hæren frå si utlendigheit. Respekten hans for soldatane var liten: «Ikke længer siden end i 1808 var deres Hæder at slaae fienden. I 1814 bestod deres Ære for det Meste i at løbe for ham eller gaae over til ham», fnyste han og erklærte at i 1819 «synes det som endog Befalingsmænd ikke skamme sig ved sligt Niddingsverk, som det at trodse Orden og Sikkerhed, med Vaaben at overfalde den Vaabenløse paa hans fredelige Vej.»10 Skribenten hadde nettopp sjølv fått ta ei gruppe norske offiserar i augesyn, og «intet godt anede mig», for dei var pynta som teaterdokker. «Den fule Forfængeligheds Aand, som opsluger alt Godt, syntes levende at gloe ud gennem Stadsen, og contrasterede komi-tragisk med det kjære Norges Finantsnød.»11

Den andre artikkelen, «Constitutions-Forslag», «Skrevet den 8de October 1819 af en misfornøjet Tilskuer ved megen Uorden og mange Nederdrægtigheder», påstod at mange norske offiserar mangla «al Opdragelse eller Begreb om Anstændighedens Fordringer» og den ekte og sanne ambisjonen som overtyder om at uniforma «slet ikke hædrer en uværdig Person, men, at det er Personen selv, der skal hædre Uniformen».12 Han la ikkje fingrane imellom: Dei hadde «den samme Esprit de Corps som findes hos alle Røvere, Banditer, Lazaroni, Væbs og Sviin zc.», og det var ikkje grenser for kva ein offiser kunne tillate seg «paa de Steder, han garnisonerede», som å «drikke sig drukken, Nattetider løbe Gaderne omkring, skrige, buldre og ved Steenkastninger knuse sovende Borgeres Vinduer i deres Soveværelser» og vise ein oppførsel som «mange Gange lignede virkelige Bedragerier og Tyvestreger». Han kunne dessutan vere kjent for «at have i Krigens Tid modtaget Spionpenge baade af den Norske og den fiendtlige Chef», og kunne i fylla både her i og i utlandet komme med «uanstændige Udladelser, imod sin Konge, dennes Familie, hans Regjering eller politiske Forhold».13 Artikkelforfattaren hadde sjølv vore vitne til den slags episodar.

Leiinga for den norske hæren fekk våpena hastig i posisjon og ønskte i eit brev til Karl Johan tiltak sette i verk mot avisa. Tiltaka må ha vore temmeleg drastiske, for 31. oktober skreiv kongen til statthaldar Sandels at han ikkje ønskte eit splitta Norge, og bestemte at hærleiinga som andre nordmenn måtte finne seg i å gå rettens veg.14 Snart varsla hæren ærekrenkingssaker mot artikkelforfattarane, og kongen gav villig «Den norske Armé» to beneficium processus gratuiti. At hærleiinga måtte vere ein «moralsk person» og dermed rettsleg kompetent til å reise sak, gjekk fram av trykkefridomsforkjempar Jonas Anton Hielms forklaring av uttrykket i artikkelserien om Grønnerup-saka i 1816 (sjå side 202). No måtte Hielm som forsvarar prosedere eit motsett standpunkt, men domstolane vurderte at hæren var ein «moralsk person», og at den så visst bestod av medlemmer som kunne hevde å vere krenkte av påstandane i artiklane.

Også eit innlegg som stod på trykk 29. juni 1820, var eigna til å hisse opp dei militære. Innsendaren lurte på om det ryktet verkeleg var sant at «en vis Commandant i en af Norges – læg Mærke til: Norges – Byer, altsaa ej i Tyrkiet, har ladet anstille – Tortur! – over Slaverne Sammesteds», at fleire av dei «bleve slagne med Tampe, for paa denne Maade at bringes til at bekjende et dem tilsigtet Tyverie», og at «en af de saaledes behandlede Slaver skal Dagen efter være død – af Slagene».15 Kven kommandanten var, vart ikkje sagt.

Oberstløytnant og overadjutant Carl Frederik Ferdinand Wilhelm Albrecht Kaltenborn rykte straks ut i bladet og kravde å få oppgitt i kva for ein by og av kva for ein kommandant ei slik handling skulle ha vore utført, «paa det at den Angjeldende kan blive dragen til Ansvar paa den Maade Lovene byder, og Sagens Udfald derefter komme til offentlig Kundskab».16 I eit nytt anonymt innlegg vart det slått fast at vedkommande måtte vere baron og kommandant på Akershus festning Ferdinand Carl Maria Wedel Jarlsberg,17 bror til regjeringas sterke mann baron og finansminister Herman Wedel Jarlsberg. Enda fleire formastelege innlegg kom på trykk, og kongen skreiv villig ut eit nytt beneficium processus gratuiti.

Ein artikkel til som stod på trykk før det kritiske året 1821, førte til ei ærekrenkingssak mot bladet som har interessante sider for oss. Den 18. mai 1820 kommenterte ein anonym innsendar eit rykte om at sekretær ved Aggershuus Stiftsoverret Rasmus Hansson håpa å få det ledige byfutembetet i Fredrikshald. Men korleis, spurde innsendaren, kunne denne mannen «betroes hiint saa betydelige, og, baade i Henseende til Øvrigheds- og Dommer-Myndighed, saa vigtige Embede», med ei fortid som hans?18 Så rekna han opp syndene til Hansson: å ha vorte suspendert frå embetet som sakførar på grunn av eit misleg forhold som han seinare vart dømt til mulkt for; å ha vorte mulktert for «uordentligt Regnskabs Aflæg»; å ha pådratt seg klagar i stillinga si som rettssekretær for å vere seindrektig med å gi frå seg dommar og akter i saker der han sjølv var dømt til å betale gjeld, «hvilket forhold kunde paadrage Embedsfortabelse»; og enda eit par forsømmingar innsendaren meinte var grove. Ein hissig Hansson erklærte seg ærekrenkt og gjekk til sak.

1799-forordninga: ei rein straffeliste

I tre av desse fire sakene fall dommar både før og etter at regjeringa i juni 1821 sendte 1799-forordninga ut til domstolane, og i den fjerde fall einaste og endeleg dom i bytingsretten få veker etterpå. Dei kan derfor gi ein første indikasjon på om domstolane lét seg påverke av den autoriteten Karl Johan hadde gitt forordninga. Så la oss ta ein kikk på dei og sjå etter teikn på om dommarane var villige til å følgje kongens ønske og søke heimel i forboda i 1799-forordninga i skyldspørsmålet. Vi må òg ha eit særleg blikk på dei to forholda som Henrik Steenbuch ikkje fann ei tydeleg løysing på i grunnlovskommentaren sin frå 1815, og som konstitusjonskomiteen på Stortinget i juni 1816 peika på mangla i trykkefridomslovgivinga: korleis den rettsleg ansvarlege for straffverdige anonyme artiklar skulle dragast til ansvar, og kva for nokre straffer som skulle gjelde for misbruk av trykkefridommen. Begge temaa stod sentralt i dommane.

Rasmus Hansson-saka

Korleis det prinsipielle forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga var før 1821, slo byfut Frederik Riis uttrykkeleg fast i bytingsdommen av 14. desember 1820 i Rasmus Hansson-saka.

Spørsmålet var kven Hansson skulle kunne stemne for retten når den eigentlege forfattaren ikkje var kjent. Kravet frå Hansson hadde vore at bokhandlar Hans Abel Hielm umiddelbart skulle oppgi namnet til forfattaren til byfut Riis, i eigenskap av Christianias notarius publicus, eller bli kasta i arresten. Da Hielm fekk nokre dagars frist for å kunne brevveksle med vedkommande forfattar, nekta Hansson å vente og tok straks ut rettsstemning mot han. Så, idet fristen gjekk ut, fekk byfut Riis ei skriftleg erklæring frå ein student Simon Jørgensen om at han «indtil videre indtræder i Forfatterens Sted».19

Det var ikkje som forfattar denne Jørgensen erklærte seg; han gjekk inn som Hielms «heimelsmann» etter Norske lov 1-11, som gav heimel for å tre inn i ein annans stad og «drage andre fra deris Ret», vere ein intervenient. Hielm oppgav på si side student Jørgensen som den som hadde sendt inn artikkelen, og meinte at han med det sjølv var fri for alt rettsleg ansvar. Hansson var ueinig og kravde Hielm dømt som medansvarleg etter § 19 i 1799-forordninga, som sa at redaktøren av eit periodisk skrift skulle stå til ansvar saman med forfattaren.

Byfut Frederik Riis hadde i to dommar av 9. november 1815 og 22. februar 1816 sjølv sett på denne regelen i § 19 som ugyldig og fått støtte av Høgsterett (sjå side 194 og 238). No, i desember 1820, gjentok han dette og skreiv at

da Grundloven har indført Trykke-Frihed, saa maa alle de Baand og Indskrænkninger som ved Forordningen af 27de Septbr. 1799, var lagte paa Trykke-Friheden, og som ere stridende derimod, i Følge Grundlovens § 94, nu være ophævede, og altsaa ogsaa den ved denne Anordning givne Bestemmelse, at Udgiveren og Bogtrykkeren tilligemed Forfatteren skulde staae til Ansvar.20

Det var ikkje ei bokstaveleg samanlikning mellom ordlyden i § 100 og § 19 i forordninga som førte til at denne regelen måtte vere oppheva; paragraf 100 inneheldt ikkje eitt ord om redaktøransvaret. Til grunn låg Grunnlovas ånd og grunnsetningar, nærare bestemt grunnsetninga «Trykkefrihed bør finde Sted» (sjå òg side 238).21

Riis utdjupa dette i dommen: At utgivaren av trykte skrifter

skulde kunne dømmes og drages til Ansvar tilligemed Forfatteren naar denne er eller bliver opgivet, kan ingenlunde antages, og vilde være aabenbar stridende imod den ved Grundlovens § 100 indførte Trykke Frihed, som ikke egentlig kunde siges at finde Sted, hvis Bogtrykkeren eller Udgiveren skulde være ansvarlig for Indholden, uagtet han beviste Skriftets Forfatter, thi deraf maatte flyde, at ingen vilde trykke eller udgive noget Skrift, uden han fandt Indholden af den Beskaffenhed, at han troede sig frie for Tiltale, og en saadan Bogtrykker Censur vilde gandske undertrykke al Presse Frihed, og i sine Følger være verre, end om Trykke Frihed ikke existerede.22

Det var omgrepet «trykkefridom» byfut Frederik Riis definerte og tolka, nettopp som Jonas Anton Hielm heile tida hadde gjort, og som Jørgen Herman Vogt hadde tatt avstand frå i 1817 (sjå side 301–302). Riis argumenterte slik overauditør Christopher Anker Bergh hadde gjort i lovkomiteen i 1817–18 (sjå side 229).

Og han gjekk vidare med Grunnlovas ånd og grunnsetningar som domsgrunnlag, ikkje lovas bokstav, da Hansson la ned påstand om at Simon Jørgensen ikkje var kompetent intervenient fordi han ikkje hadde dokumentert ei ulasteleg økonomisk stilling, som Norske lov 1-11-2 stilte krav om, og at han var umyndig. Det gjekk ikkje an å avvise han på det grunnlaget, meinte Riis: At ein student måtte kunne sende inn eller sjølv gi ut skrifter i trykken, kunne det neppe vere tvil om «naar Trykke Frihed skal finde Sted», for denne fridommen inneheldt ikkje berre rett til å gi ut og trykke eit kva som helst skrift, uansett innhald, om enn under det ansvaret som § 100 bestemte, men òg «Tilladelse for ethvert medlem av Borgersamfundet, i hvad Stilling, han end er, til at benytte sig af hiin Ret, uden at Forfatterens eller Indsenderens personlige Egenskaber i denne Henseende kan gjøre nogen Indskrænkning».23

«… naar Trykke-Frihed skal finde Sted», det var tolkingsnøkkelen Riis brukte her som elles, med dekning i alle dei sentrale trykkefridomssakene som hadde vore pådømte til da.

På liknande måte bedømte han den spesielle stillinga student Simon Jørgensen stod i. Lovene snakka om boktrykkaren, utgivaren, redaktøren og forfattaren – men ikkje om innsendaren, som Jørgensen var. Dette ordet var tvitydig: Ofte kalla ein anonym artikkelforfattar seg sjølv «Indsenderen», men i ein heil del rettssaker var innsendaren berre eit mellomledd mellom forfattaren og utgivaren. Like fullt vart han, som Jørgensen, og utan dekning i lovas bokstav, dratt inn som rettsleg ansvarleg, ifølgje Riis for enten sjølv å ha forfatta det aktuelle skriftet eller å ha sendt det inn til trykking «eller paa anden Maade indtraadt i Forfatterens Sted» – og uansett korleis det skjedde, «ophører dermed Boktrykkerens eller Udgiverens Ansvarlighed».24 Ikkje etter ei bestemt lov, men etter eit fornuftig rettsprinsipp. Når han i neste omgang frikjente også Jørgensen, var det fordi dei påtalte ytringane ikkje inneheldt anna enn «hvad der stemmer overeens med virkelige passerede og uimodsagte facta».25

«Constitutions-Forslag»-saka

At regelen i § 19 om redaktøransvaret var oppheva, var ein føresetnad også for den dommen byfut Riis avsa 16. mars 1820 i den første av sakene frå hærleiinga som kom opp til doms, den om artikkelen «Constitutions-Forslag».

Hielm hadde som vanleg sett seg imot å opplyse kven forfattaren var. Men da saka så vart reist mot han i forfattarens stad, meldte han at postmeisteren i Kongsvinger Hans Olsen hadde sendt inn stykket. I ei skriftleg erklæring bekrefta Olsen det, men oppgav at forfattaren var ein svensk statsborgar som budde i Kongsvinger, tidlegare svensk overdirektør Carl August Grevesmöhlen, ein kjent og fargerik figur i nabolandet. Grevesmöhlen hadde vore høgt oppe i maktas sirklar og Karl Johans betrudde mann, ein gong til og med sjef for det svenske hemmelege politiet, og så falle djupt. I den kanskje mest spektakulære trykkefridomssaka i svensk historie, kjent som Grevesmöhlenfeiden, der Carl August Grevesmöhlen hadde strødd om seg med ærekrenkande pamflettar, vart han i 1816 frådømt æra og landsforvist til Norge.26 I 1818 hadde mange halde han for å vere forfattaren av innlegget i Det Norske Nationalblad med tittelen «Nogle Anmærkninger, angaaende den Norske Constitutions Fortrin fremfor den Svenske» (sjå side 378).27

Riis dømte derfor Hielm fri for søksmålet, men med atterhald om at saka likevel kunne bli reist mot han dersom ingen andre lovmessig kunne dragast til ansvar etter dei opplysningane han hadde gitt. Han var med andre ord ikkje medansvarleg, slik § 19 sa, men kunne berre dragast til ansvar om han stod utan heimel hos ein annan person, og i så fall som om han var forfattaren.

Sakskostnadene måtte Hielm likevel betale, fordi han ved først å nekte å oppgi forfattaren sjølv hadde forårsaka søksmålet. Han anka, men Aggershuus Stiftsoverret sa seg i sin dom av 27. november 1820 einig med bytingsretten.

Men det var ein viktig forskjell i heimelen dei to rettane oppgav for at Hielm måtte gå fri for straff. Mens bytingsretten dømte etter eit allment rettsprinsipp, oppgav overretten § 17 i 1799-forordninga som grunn for sin dom. Paragraf 17 sa at dersom forfattaren ikkje var å oppdrive, skulle forleggaren og trykkaren «staae i Forfatterens Sted, og dømmes til at lide den Straf, som vilde have rammet ham, ifald han havde været tilstede», og det gav ifølgje overretten Hielm heimel til å fri seg for alt rettsleg ansvar, også sakskostnadene, om han straks hadde oppgitt forfattaren.28

Byfut Frederik Riis hadde i dei to tidlegare dommane av 9. november 1815 og 22. februar 1816 kunna ha brukt § 17 som heimel, men hadde rekna også den regelen som oppheva og i staden, som i Hansson-dommen, vist til «almindelige Retsgrundsætninger». Men ettersom det praktiske resultatet var det same som overretten no var kommen til, kunne ikkje regelen i § 17 seiast å vere i strid med Grunnlova. Det braut derfor ikkje med den nye rettsforståinga at den i overrettsdommen av 27. november 1820 for første gong uttrykkeleg vart brukt som heimel. Vi står her, i 1820, likevel overfor to ulike syn på kva som måtte vere oppheva i 1799-forordninga, enno før kongens framstøyt.

«Udtog»-saka

I den andre saka hærleiinga reiste mot Hielm, den om «Udtog af et Brev fra Danmark», var det inga bønn for Hielm. Da han denne gongen bestemt nekta å oppgi forfattaren, var byfut Riis i dommen av 22. juni 1820 heilt klar: Hielm stod utan heimel og måtte som trykkar og utgivar av Det Norske Nationalblad reknast som den skyldige, ettersom forfattaren ikkje var oppgitt, som den «der har overskredet de Grændser for Trykkefriheden, som i Grundlovens § 100 er foreskreven», og som «for disse ærefornærmelige Beskyldninger og Udladelser blive at straffe».29

Heller ikkje denne gongen oppgav Riis nokon positiv lovheimel for at Hielm var den som kunne dømmast.

At det ikkje vart tremarksstraff og ærestap etter Norske lov 6-21-7 som i påstanden frå hærleiinga, kom av at Riis gjorde den sedvanlege formildande vendinga: Vel måtte skuldingane i artikkelen sjåast på som «i høieste Grad injurierende», dvs. at dei etter lovas bokstav berre kunne gi æresstraff, men Riis la som vanleg til at «saa ere de dog af den Beskaffenhed, at Indstævnte overeensstemmende med Lovens 6-21-4 og Forordningen af 27 September 1799 § 12, maae dømmes i en tilstrækkelig Mulct samt til at udrede Processens Omkostninger».30 Mulkta var på heile 200 spesidalar, eit uttrykk for kor alvorleg retten såg på fornærmingane.

Også i denne dommen var Riis nøye med å understreke at domsgrunnlaget i skyldspørsmålet utelukkande var «de Grændser for Trykkefriheden, som i Grundlovens § 100 er foreskreven», og at 1799-forordninga først kom inn i bildet under straffeutmålinga; vår domsmodell C.

Wedel Jarlsberg-saka

Enda meir utførleg uttrykte Riis dette i dommen i Wedel Jarlsberg-saka, som fall først 26. juli 1821, vel ein månad etter at departementet hadde sendt 1799-forordninga til domstolane.

Under den omfattande vitneføringa i denne saka vart det ført bevis for at baron og festningskommandant Ferdinand Carl Maria Wedel Jarlsberg, som ikkje gjekk for å vere det same lyse hovudet som broren Herman, men likevel vart tildelt gjæve riddarordenar, faktisk hadde utført tortur på festningsslavane for å få dei til å tilstå eit tjuveri, enda siste punktum i § 96 i Grunnlova bestemte at «Piinligt Forhør maa ikke finde Sted». Ryktet Det Norske Nationalblad hadde offentleggjort, var sant – bortsett frå den delen av det som sa at ein av fangane var død av slaga. For denne eine usanne påstanden måtte både innsendaren av den første artikkelen om saka, Niels Tønnesen, og Hans Abel Hielm straffast, Tønnesen som innsendar og i forfattarens stad, Hielm fordi han nekta å oppgi kven som hadde sendt inn dei andre artiklane som var komne på trykk.

Begge måtte, skreiv byfut Riis i dommen, «ansees for at have forbrudt sig mod de Grændser for Trykke Friheden, som Grund Lovens § 100 har foreskrevet, efterdi Injurien er forsætlig og aabenbar», og da måtte dei få straff etter § 12 i forordninga av 27. september,

hvilken Anordning, i Følge Grund Lovens § 94, maa være gjeldende, forsaavidt der opstaaer Spørgsmaal om Strafs Anvendelse i de Tilfælde, hvor Misbrug af Trykke Friheden efter Grund Lovens § 100 finder Sted.31

Ifølgje byfut Frederik Riis var altså ingen av forboda i §§ 1 til 14 i 1799-forordninga gyldig rettsgrunnlag for straff, nettopp slik Christian Magnus Falsen og Jonas Anton Hielm hadde hevda i desember 1815 og konstitusjonskomiteen på Stortinget i juni 1816 (sjå side 180 og 103). Slik Riis formulerte dommen, måtte også alle påbod og reglar i §§ 15 til 28 vere oppheva. Forordninga var redusert til ei liste med straffer for brot på grensene i § 100, tvert imot kong Karl Johans vilje. Riis stod fast på prinsippa i vår domsmodell C også no, imot kongens krav om ein domsmodell B i innsnevra form.

Riis må ha meint at desse straffene og også straffenivået i 1799-forordninga stod urokka, iallfall uttrykte han ingenting som skulle tyde på noko anna. Men nivået på mulktene i 1799-forordninga følgde han ikkje etter bokstaven. Han idømte Hielm ei mulkt på 60 spesidalar, men Tønnesen ei på berre 40, 10 spesidalar under minstekravet i § 12, som straffa var utmålt etter.

Dommen, som ikkje vart anka, fall altså etter at nyutsendinga av forordninga hadde nådd domstolane, og det kan sjå ut som om Riis bevisst opponerte mot tanken om at forbod og andre reglar i forordninga skulle gjeninnførast slik kongen ville.

Det hører med til historia at ein overkrigskommisjon like etter skriveria i bladet hadde undersøkt hendinga på Akershus Festning og alt i september 1820 komme fram til same resultat som Christiania Bytingsrett.32 Kommisjonen konkluderte med at krigsrettssak burde reisast først etter at bytingsretten hadde sagt sitt, og det vart stadfesta ved ein kongeleg resolusjon av 13. oktober 1820. Men noka sak mot baron og festningskommandant Ferdinand Carl Maria Wedel Jarlsberg for denne beviste grunnlovsstridige torturen vart ikkje reist, slik oberstløytnant Kaltenborn hadde varsla. Ansvaret for å følgje opp den kongelege resolusjonen vart gitt høgstkommanderande for den norske hæren, statthaldar Johan August Sandels, og han tok ingen initiativ. Først ti år seinare, i 1831, vart Wedel Jarlsberg dratt til ansvar, da han på ny greip til brutalitet i tenesta, denne gongen til masse oppstyr i pressa,33 og ein overkrigskommisjon dømte han i 1832 til ei bot på 300 spesidalar og sakskostnader på 200 både for tilfellet frå 1821 og for det nye i 1831.34

Ein «ny» overrettsdom oppheva av Høgsterett

Ånda var ei litt anna i overrettsdommen som hadde falle i Rasmus Hansson-saka 2. juli 1821, tre veker før Wedel Jarlsberg-dommen; det var to veker etter at domstolen hadde fått tilsendt 1799-forordninga.

Rasmus Hansson-saka i overretten

Overretten var ueinig med bytingsretten og byfut Riis i at Hans Abel Hielm og student Simon Jørgensen måtte frifinnast for Rasmus Hanssons tiltale. Begge måtte dømmast.

Éin grunn var naturlegvis at overretten vurderte påstandane om Hansson i artikkelen i Det Norske Nationalblad annleis, at somme av dei var usanne og fornærmande, slik at «Stykket maa ansees for en Overtrædelse af Grundlovens 100 §».35 På den måten presiserte også den at rettsgrunnlaget i skyldspørsmålet var § 100, i samsvar med vår domsmodell C, mens kongen i proposisjonen av 2. juni kravde at grunnlaget skulle vere «Hoved-Grundsætningerne i Constitutionens 100 §, jevnførte i Henseende til deres Anvendelse med Forordningen af 27de Septbr. 1799».36 Overretten drog i det heile tatt ikkje forordninga inn i skyldvurderinga.

Men det gjorde den i vurderinga av det rettslege ansvaret til Hielm og Jørgensen, og det på ein ny måte. Aggershuus Stiftsoverret, som med Chrystie-saka i 1816 var den domstolen som hadde gått lengst i å avskrive 1799-forordninga ved å erklære at ikkje berre forboda, men også straffene der var oppheva (sjå side 286), gjekk no lenger enn nokon annan i å lese så vel forordninga som § 100 bokstaveleg.

For det første nemnte ikkje forordninga nokon innsendar, så Hielm hadde ikkje ved å oppgi student Jørgensen oppfylt plikta si til å peike ut forfattaren, meinte overretten. Derfor var det Hielm som måtte straffast i forfattarens stad, ikkje Jørgensen. Dette følgde

ikke alene af Analogien af 17de og 19de § i For. af 27 Septb. 1799, men endog af Grundlovens 100 §, som dermed er overeensstemmende, i det dette giør den som har ladet trykke eller udgive noget fornærmende Skrift, Strafskyld[ig] og dette Udtryk er saa omfattende at det ikke allene gjelder allene [sic] den egentlige Forfatter men i dennes Sted ogsaa Forlæggeren eller Udgiveren, som ved at skjule ham giør hans Yttringer til sine, da i modsadt Tilfælde Grundlovens Bestemmelse vilde eluderes.37

«Analogien af 17de og 19de §» betydde at overretten såg på også § 19 som gjeldande, ettersom det ikkje gjekk an å dra ein analogi etter ein oppheva paragraf (sjå side 262). I tillegg las overretten uttrykket «ladet trykke eller udgive» i § 100 slik at det sikta også til trykkaren og utgivaren, slik aktor Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne hadde prøvd seg på i si jakt på ein slik heimel i Hielm-saka i januar 1816, utan å komme nokon veg den gongen (sjå side 215).

At denne tolkinga dukka opp att akkurat no, like etter at domstolen hadde fått tilsendt 1799-forordninga frå kongen, kan ikkje ha vore tilfeldig. Dommarane må pliktskyldigast ha vendt blikket mot paragraftekstane for å finne den bokstavelege betydninga av orda og korleis dei da kom i harmoni eller motstrid; og dermed snakka § 100 likevel uttrykkeleg om redaktøransvaret på linje med § 19 i forordninga, tvert imot den prosessuelle høgsterettsdommen i Grønnerup-saka av 10. februar 1816.

Formuleringa om at «Grundlovens Bestemmelse vilde eluderes», er vel å merke ikkje å forstå som ei tolking etter Grunnlovas ånd og grunnsetningar, men var eit allment og velbrukt juridisk argument i form av ei sjølvinnlysande sanning, ein syllogisme: Ei lov er laga for å skulle kunne oppfyllast.

For det andre var student Simon Jørgensen, som innsendar og ikkje forfattar, ikkje straffskyldig etter trykkefridomslovgivinga, men etter det vanlege juridiske prinsippet om at den som har medverka til ei kriminell handling, er medskyldig. Jørgensens medverknad var å ha «indsendt eller indleveret Stykket til Udgiveren», og da måtte han bere ansvaret «in solidum den, som det efter Lovene directe paaligger saalænge Forfatteren ikke er opgivet».38 Dette prinsippet om medverkaransvar hadde aldri før vorte gjort gjeldande i trykkefridomssaker, berre i delinkventsaker. I diskusjonen i lovkomiteen av 1814 vart det motsette slått fast som einaste farbare veg på grunn av faren for boktrykkar- eller utgivarsensur (sjå side 230).

Det kan vere liten tvil om at når Aggershuus Stiftsoverret no la fram ei ny lovtolking og ei ny rettsforståing, var grunnen framstøyten frå kong Karl Johan. Men heller ikkje overretten idømte mulkt etter bokstaven i 1799-forordninga: Mulkta Hielm og Jørgensen måtte betale in solidum etter § 12 og Norske lov 6-21-4, var på berre 40 spesidalar.

«Udtog»-saka i overretten

I den andre saka hærleiinga hadde reist, om artikkelen «Udtog af et Brev fra Danmark», følgde stiftsoverretten bytingsretten, som i dommen av 22. juni 1820 hadde idømt Hielm ei mulkt på 200 spesidalar etter 6-21-4, mens påstanden frå hærleiinga var æresstraff etter 6-21-7. At kongens vilje var at også æresstraff måtte idømmast etter bokstaven i lova, er nokså openbart. Men trass i at overretten meinte at saka faktisk gjaldt skuldingar «enhver Mand af Ære maatte finde yderst krænkende», gjorde også den i sin dom av 25. februar 1822 den sedvanlege formildande vendinga for å styre unna æresstraffa:

Hvad Straffen angaaer, da synes unægtelig meget at tale for den over Appellanten ogsaa her ved Retten nedlagte Paastand; men der synes paa den anden Side ogsaa at være nogen Føie til ikkun at henføre de paatalte Fornærmelser til det Slags som ifølge Lovens 6-21-4 og fornævnte Forordnings 12te § kunne afsones med Mulct, og den idømte synes da efter Omstændighederne passende.39

Og også i denne saka behandla overretten §§ 17 og 19 i 1799-forordninga som gjeldande.

Rasmus Hansson-saka i Høgsterett

Den nye rettsforståinga i overretten – tolkinga av «ladet trykke eller udgive» frå overrettsdommen i Rasmus Hansson-saka – overlevde ikkje ankebehandlinga i Høgsterett, som i sin dom av 4. desember 1822 einstemmig underkjente dommen i overretten av 25. februar og frikjente både Hielm og Jørgensen. Dommarane meinte at påstandane om Rasmus Hansson beviseleg var sanne, og derfor voterte dei ikkje over kven det rettslege ansvaret måtte kvile på, eller kva heimelen for dette kunne vere. Men i sitt votum gjentok Jørgen Mandix det synet Høgsterett før hadde lagt til grunn (sjå side 232), at Hans Abel Hielm når han «har opgivet Hiemmel, maae ansees sagesløs», med andre ord at å oppgi Jørgensen som innsendar var heimel god nok for Hielm;

thi naar G.L. [Grunnlova] § 100 bestemmer at Trykkefrihed finder Sted, saa følger deraf, at en Bogtrykker maae [dvs. kan] trykke og en Udgiver optage i sit Blad, hvad der tilbydes ham, naar han allene opgiver sin Hiemmel. Den i Sagen paaberaabte 19 § i Frd. 27 Septb. 1799 kan ei anvendes i Norge, da denne Frd. kun anvendes i de Puncter, hvori den ei strider mod G.L.40

Ansvarsregelen i § 19 var etter dette synet grunnlovsstridig. Som Riis, og i motsetning til overrettsdommen, tok Mandix utgangspunkt i ånda og grunnsetningane i Grunnlova, ikkje i ei umiddelbar og bokstaveleg lesing av ordlyden i dei omdiskuterte paragrafane, som kongen gjekk inn for i proposisjonen av 2. juni. Men Høgsterett hadde enno ikkje eksplisitt tatt stilling til spørsmålet om den omstridde § 19.

«Udtog»-saka i Høgsterett

Det skjedde heller ikkje i høgsterettsdommen av 18. april 1823 i hærens sak om «Udtog af et Brev fra Danmark». Vekta der vart lagt på vurderinga av påstandane om den norske hæren. Førstvoterande Christopher Frimann Omsen – og med han eit fleirtal av dommarane – såg atskilleg mildare på dei enn både bytingsretten og overretten. Skuldinga om «Stimands og Niddings Værk» sikta til nokre få militære i Christiania som ikkje sjølve hadde beklaga seg; skuldinga om at æra deira i 1814 bestod i å flykte for fienden eller gå over til den, gjaldt berre dei som den gongen hadde lege i felten, og ytringar både i bladet Tiden og på det overordentlege stortinget i 1814 viste at dei faktisk hadde svikta dei forventningane som var stilte til dei, fleire høgare offiserar var til og med dømte for det forholdet; og det var heller ikkje «saa urigtigt, at Forfængeligheden har groet alt for vidt om sig».41 Fleirtalet blant høgsterettsdommarane såg ikkje på påstandane som i høgaste grad krenkande, slik bytingsretten og overretten hadde gjort.

Men dessverre for Hans Abel Hielm hadde ikkje han brydd seg om å anke. Han var på dette tidspunktet kraftig lei av rettsprosessar og av å vere opposisjonell; dette var den 22. runden i ein domstol på fire år for hans del. Derfor kunne ikkje Høgsterett endre dommen til hans fordel, men berre ta stilling til hærleiingas krav om skjerpa straff, eit krav dommarane einstemmig avviste. Så hadde dei ikkje anna å gjere enn å stadfeste overrettsdommen og ei mulkt på 200 spesidalar etter 6-21-4. Korleis det hadde gått om Hielm hadde anka, er uvisst.

At skuldingane mot hæren i artikkelen i Det Norske Nationalblad vart vurderte ulikt, kastar ikkje lys over vår problemstilling; bytingsdommen som fall i 1820, samsvarte med overrettsdommen i 1822 og kan umuleg ha vore påverka av hendingane i 1821. Men høgsterettsbehandlinga tyder på at høgsterettsdommarane hadde ei atskilleg meir liberal haldning til kva det måtte vere lov å ytre offentleg, enn både bytingsdommar Riis og overrettsdommarane.

«Constitutions-Forslag»-saka i Vinger og Odalen

I den siste saka som står att i dette firspannet av rettsprosessar som starta før 1821, saka hæren hadde reist mot artikkelen «Constitutions-Forslag», trudde nok postmeister i Kongsvinger Hans Olsen at han hadde fridd seg for alt rettsleg ansvar ved å opplyse at forfattaren var den tidlegare svenske overdirektøren Carl August Grevesmöhlen. Men så nekta den gamle banditten blankt: Ikkje var han forfattar, og ikkje hadde han gitt Olsen noko manuskript! I staden la han fram ei skriftleg erklæring frå ein tollkasserar Anders Strandberg i Helgeboda i Värmland om at han var forfattaren, ein svensk statsborgar og «udenrigs Mand»42 som ikkje kunne nåast av retten. Dette er eit godt eksempel på kor vanskeleg, ja nærast umuleg det var å tvinge gjennom det som låg Henrik Steenbuch spesielt på hjertet da han skreiv om straffverdige anonyme ytringar i grunnlovskommentaren sin, at både staten og den ærekrenkte parten måtte vere sikra den anonyme «Forfatterens Person».43

Men postmeister Olsen vart ikkje fridd ut av saka av ei erklæring frå ein tollkasserar i Helgeboda. Åleine var den ikkje noko juridisk bevis. Problemet for Olsen var at han var den einaste som beviseleg hadde hatt noko med artikkelen å gjere, og Grevesmöhlens påstand om at han ikkje hadde gitt postmeisteren noko manuskript, «har den Sidste [Olsen] ligesaalidet afbeviist som i tide sikkret sig med Forfatterens eller hans Hjemmelsmands Tilstaaelse».44 Han stod utan heimel, og utan juridiske bevis hjelpte det lite at alle piler peika mot Grevesmöhlen. At redaktør Hans Abel Hielm i eit slikt tilfelle skulle kunne dragast inn i saka med heimel i både § 19 i 1799-forordninga og § 100 i Grunnlova, slik overretten hadde forfekta i dommen i Rasmus Hansson-saka året før, vart ikkje nemnt med eit ord – og tanken vart aldri tatt opp att av nokon domstol.

Men heller ikkje Carl August Grevesmöhlen vart løyst ut av saka berre ved å blånekte for å ha hatt noka befatning med artikkelen. Da hærleiinga reiste prosess for Vinger og Odalen tingrett mot innsendar Olsen, hadde Grevesmöhlen visst påfallande mykje om forholda som låg bak innlegget i Det Norske Nationalblad. Det var særleg oppførselen til to bestemte offiserar, kaptein Andreas Engelhart og sekondløytnant på vartpengar Lauritz Bang, som hadde hissa opp artikkelforfattaren, og Grevesmöhlen var i stand til å overlevere retten ei liste med konkrete ankepunkt mot dei to.

Dommaren, konstituert sorenskrivar i Solør og Odalen sorenskriveri Richard Nicolai Schjelderup Grøntvedt, meinte at når Grevesmöhlen på denne måten hadde påtatt seg å «fremlægge i Retten de nærmere Oplysninger og speciel Opgave af tilsigtede Personer og Facta, samt i øvrigt meget Vidtløftig indladt sig paa Sagen»,45 var han sjølv så djupt innblanda at han og postmeister Olsen in solidum måtte stå til ansvar i den ærekrenkingssaka kaptein Andreas Engelhart for sin del reiste. Det var Engelharts tilfelle Grevesmöhlen særleg hadde engasjert seg i. I sekondløytnant Lauritz Bangs ærekrenkingssak var derimot postmeister Olsen einaste motpart.

Saka mot artikkelen «Constitutions-Forslag» vart altså avgjort ved to dommar; dei to offiserane hadde fått kvar sitt kongelege beneficium processus gratuiti stukke i handa og måtte fri seg for skuldingane ved dom enten dei likte det eller ikkje. Kan hende ville dei helst ha sloppe; mykje tyder på at dei ikkje var aldeles uskyldige.

For eksempel nøgde kaptein Andreas Engelhart seg med å saksøke Olsen og Grevesmöhlen for berre eitt av ankepunkta, at han ei natt hadde kasta ut vindaugsruter hos ein god Kongsvinger-borgar og vorte fornedra ved å bli tatt på fersken og banka opp. Som dommaren passa på å anmerke i dommen, påtalte han ikkje den mykje meir alvorlege skuldinga om sjølv å «have givet Anledning til paa fremmed Sted at blive behandlet paa skammelig og vanærende Viis», ei «ærenærgaaende Beskyldning» for ein embetsmann.46 Fordi verken Olsen eller Grevesmöhlen greidde å bevise historia om vindaugsknusinga, vart dei dømte in solidum til ei mulkt på 40 spesidalar; heller ikkje Vinger og Odalen tingrett respekterte minstestraffa i § 12 i 1799-forordninga.

Den skuldinga sekondløytnant Lauritz Bang påtalte, at han hadde «benyttet sig af urigtige Beviiser og derefter hævet Varer og Penge»,47 var derimot alvorleg nok til å gå på æra laus. Den viste seg òg umuleg å bevise, og at den var både «fornærmende og ærenærgaaende for Citanten finder Retten efter det Foranførte at være indlysende». Men som sedvanleg vart Olsen likevel berre idømt ei straff for utilbørlege ord «efter Lovens 6-21-4 sammenholdt med Forordningen af 27de Septbr. 1799 § 12», denne gongen med minstemulkta på 50 spesidalar.

Det var nok ikkje straffer av så minimalt format den opphissa hærleiinga hadde sett for seg da den gjekk til aksjon mot Det Norske Nationalblad.

Oppsummering av sakene frå før 1821

Berre ein av dei fire rettsprosessane som starta før året 1821, kan sjå ut til å ha vore påverka av framstøyten frå kong Karl Johan: Overrettsdommen av 2. juli 1821 i Rasmus Hansson-saka kom med ei ny tolking av uttrykket «den som har ladet trykke eller udgive» i § 100 som fekk grunnlovsparagrafen til å samsvare med § 19 i 1799-forordninga. Den fall midt oppi bruduljane mellom kongen og Stortinget, men vart aldri rettskraftig og vart oppheva ved ein høgsterettsdom av 4. desember 1822.

Rettsprosessane viser elles at den regelen for rettsleg ansvar for straffverdige trykte ytringar som høgsterettsdommar Jens Peter Debes og generalauditør Christopher Anker Bergh la inn i utkasta sine til ny trykkefridomslov i 1815 og 1817, no var ein gjeldande rettsregel utan nokon bestemt lovheimel: Ein utgivar måtte sikre seg namnet til den som gav han eit manuskript, og var pliktig til å oppgi det om det vart reist sak mot ytringa, elles vart han sjølv rettsleg ansvarleg for innhaldet. Regelen, som Høgsterett tidlegare hadde stadfesta ved ein dom av 10. februar 1816 (sjå side 232), var ulovbestemt, men gjeldande fram til den vart tatt opp i straffelova av 1842.

Dette førte til fellande dommar for straffverdige anonyme ytringar, men i desse fire sakene aldri mot «Forfatterens Person». I saka om «Udtog af et Brev fra Danmark» nekta Hielm heilt enkelt å oppgi namnet, og både Niels Tønnesen i Wedel Jarlsberg-saka og student Simon Jørgensen i Rasmus Hansson-saka var innsendarar av artiklane, ikkje forfattarar. Vi veit ikkje om dei var innsendarar eingong, eller om dei berre stilte opp mot betaling, med forsvarar og bror Jonas Anton Hielm som bakmann og organisator.

At student Jørgensen hadde hatt noko med artikkelen om Hansson å gjere, er iallfall tvilsamt. Som overretten ikkje unnlét å peike på, bad Hans Abel Hielm om nokre dagars frist for å kunne brevveksle med forfattaren i Frederikshald, mens Jørgensen heldt til i Christiania.48 I eit temmeleg infamt avisinnlegg under rettsprosessen peika Rasmus Hansson mot «vor værdige Ven og Staldbroder Kammerassessor og Toldcasserer samt forhen værende Lieutenant og desuden fra flere fordeelagtige Sider som Militair bekjendt Auditeur paa Vardøehuus, Hans Henrik Gunnerus».49 Han omtalte Gunnerus som «medarbeider i Nationalbladet» og knytte han ved ei halvkveden vise til den påanka artikkelen frå 18. mai 1820. At Gunnerus skulle vere forfattar av stykket, vart bestemt avvist først av Hielm og Jørgensen,50 så av Gunnerus sjølv.51 Utan bevis kunne verken Hansson eller domstolen gjere noko, og Hielm og Jørgensen vart ståande som dei saksøkte – frikjente i bytingsretten, dømte i overretten og endeleg frikjente i Høgsterett.

§ 13 om allegori og ironi

Da året 1821 så kom og Stortinget samla seg for å behandle dei store konfliktsakene om den norske adelen og gjeldskravet frå Danmark, følgde Det Norske Nationalblad nøye og kritisk med. Ikkje gjennom journalistisk arbeid i dagens forstand; journalistikk slik vi kjenner den, var enno ikkje utvikla. Dei politiske kommentarane kom ved innsendte og som regel anonyme innlegg, og i samsvar med tidsånda hadde bladet forplikta seg til å sette alt innsendt stoff på trykk og ikkje bedrive sensur (sjå side 225).

Gapskratt og raseri

Som sjanger for politisk kritikk var fabelen eller allegorien populær, uangripeleg for rettsprosessar som den skulle vere etter § 100. Eit godt eksempel er den som stod i bladet 22. mars 1821,52 der «Harald Nor, boende i Fjeldstua paa Dovres Tind» bekjentgjorde at ein geitebukk, «der hørte til hans Fæekreature», no i februar hadde sett sitt snitt til å rømme frå garden; den skulle ha vore observert nede i bygda, så i hovudstaden, der den var sett påhengt ein blå og gul spraglete harlekinsdrakt mens den slepte på ein kårde eller sabel av svensk merke og breka noko hakkande svensk-norsk.

Thi anmodes herved venskabeligt enhver Forekommende, at vise Ejeren den Tjeneste: at drive den over Grændsen, da han ej ønsker at gjøre sin Ejendomsret gjældende, og paa ingen Maade betaler Opbringerpenge for den.

Her ser vi korleis allegorien kunne brukast til å uttrykke ting det kunne vanke straff for om ein sa dei rett ut, som i dette tilfellet å kalle kongens uniformer narredrakter, enten forfattaren no sikta til hærens uniformer eller stasen som vart alle nyslåtte riddarar til del; berre i anledning kroninga i Nidarosdomen 7. september 1818 hadde Karl Johan utnemnt 63 norske riddarar av Nordstjerneordenen, Sverdordenen og Vasaordenen.53 Etter tidas skikk skulle dei tiltalast med «Deres Højvelbaarne». Lesarane av Det Norske Nationalblad skrattlo nok av fabelen, men neppe Karl Johan, som måtte bli berre enda meir forbitra og bestemt på å blåse nytt liv i § 13 om allegori og ironi i forordninga av 27. september 1799.

Det var med ein ny fabel at Det Norske Nationalblad fekk også Stortinget imot seg. Den stod på trykk 9. april 182154 og er kanskje det næraste bladet kom kritisk journalistikk. Fabelen må ha vore skriven av ein som stod bladet nær, høgsterettsadvokat og regjeringsadvokat Jonas Anton Hielm burde ikkje vere noka dårleg gjetting:

Det fortælles at i Aaret 2118, blev paa en vis Rigsdag et Nationens Anliggende inden Laas og lukte Dørre forhandlet. Forsamlingen angik hverken meer eller mindre, end om Staten skulde bestaae eller gaae under – Folket var nemlig angaaende en vis Pengesum uenig med Fyrsten, der fordrede et Offer af Staten, der langt oversteg dens Kræfter – det gik i Millioner.

Det var forhandlingane på Stortinget om gjeldskravet frå Danmark på 3,6 millionar riksdalar Hamburger banco det handla om. Forhandlingane var hemmelege, og det var ei streng plikt for stortingsrepresentantane å ikkje gå utanfor nasjonalforsamlinga med innstillinga frå gjeldsoppgjerskomiteen.

I fabelen gjekk ein av riksdagsmedlemmene likevel til «Gouverneuren» og gav han ein gjenpart av innstillinga i saka

og saaledes, i skjændig Troløshed mod den Commune der sendte ham, aabenbarede hvad Fædrelandet fordrede af ham at holde skjult. Om denne Niddingsdaad fik 2 af de øvrige Lemmer fuldkommen Vished. Den Ene spurgte den Anden: «Hvad Navn fortjener en saadan Karl?» Svaret var: «En Skurk, en Skjelm, en Fædrelands Forræder!»

Ein påstand, ikledd fabelens drakt, om at ein stortingsrepresentant hadde gått til statthaldar Johan August Sandels med komitéinnstillinga og gjort seg til landsforrædar. Sjellsorda «En Skurk, en Skjelm» gjaldt for å vere svært ærekrenkande (sjå side 252). Påstanden kunne gjelde kven som helst på Stortinget, og både gjeldsoppgjerskomiteen og mange stortingsrepresentantar vendte seg i raseri mot Det Norske Nationalblad. Reaksjonen deira var akkurat som den frå hærleiinga på dei to artiklane i bladet i 1819.

Da eit forslag om å sette i verk tiltak mot bladet og bokhandlar Hielm kom opp til votering 14. april, skreiv sokneprest i Hadsel i Nordland Jens Aars i det skriftlege votumet sitt at like lite som eit enkelt menneske kan stille seg likegyldig til eit angrep på æra, like lite kunne «en Corporation som denne, eller dens Medlemmer» vere det. Sjølv ville han søke å velte av seg skuldinga for ei synd som «synes at være imputeret Een for Alle og Alle for Een af Thingets Medlemmer, og hvoraf jeg ikke finder mig beføjet til at bære end den mindste Deel».55 Å rette skuldinga mot ein ikkje namngitt representant var å klistre skyld til dei alle.

Voteringa om tiltak mot bladet vart halden på påskelaurdagen, da delar av forsamlinga alt var reiste heim på påskeferie, og med 34 mot 31 stemmer vart forslaget vedtatt: at Stortinget skulle «opfordre Nationalbladets Udgiver til at opgive Forfatteren af eet i dette Blads 20de Hefte No. 117–120 Pag. 465–466 indført Stykke, der formeentligen indeholder Fornærmelser imod de constitutionelle Magter».56 Det var stadskaptein i Skien Jens Blom som på oppdrag frå gjeldsoppgjerskomiteen la fram forslaget, og det mora arméminister Peter Motzfeldt, som heldt seg godt informert om det meste som skjedde på Stortinget, å kunne notere i dagboka at komiteen først hadde trekt lodd om kven som skulle vere forslagsstillar, og at loddet visstnok hadde falle på Christen Grønnerup, i 1815 sjølv tiltalt – og seinare frikjent – for misbruk av trykkefridommen og no stortingsmann og medlem av gjeldsoppgjerskomiteen.57

Spørsmålet var om fabelen i Det Norske Nationalblad verkeleg inneheldt «Fornærmelser imod de constitutionelle Magter». Ulike synspunkt på dette er bevart i dei sju skriftlege votuma som vart lagt ved protokollen, den mest fyldige kjelda vi har frå ein diskusjon om ytringar «indklædet i Allegorie eller Ironie», som det heitte i § 13 i 1799-forordninga. Kunne ein fabel som dette i det heile tatt vere straffbar etter § 100 i Grunnlova?

Sokneprest Aars var ikkje i tvil: For han var det innlysande at forfattaren av stykket hadde gjort seg skyldig i «Overtrædelse af denne Grundlovens Bestemmelse, og de endnu gjældende Love om Trykkefriheden», idet han «paa den nederdrægtigste Maade har angrepet vor Konge, Rigets Statholder og denne hæderlige Forsamling».58 Han var ikkje jurist, innrømte han, men dersom det å bruke «et Slags Omsætning af de enkelte Ziffre i Aarstallet» var nok til at ein domstol ville frifinne forfattaren, «saa gives der hos os intet Middel til at forsvare sig imod den lumske Æreskjænder».

Andre blant fleirtalet, som amtmann Valentin Sibbern, valde ei litt anna linje. Også han meinte at ein allegori ikkje vart skapt berre ved å snu om på to siffer i eit årstal. Artikkelen sette tvert imot fram eit bestemt faktum som i året 1821 var skjedd i Norges Storting. Da var det Stortingets plikt å lytte til «en sand Fødelandsven» som hadde gjort nasjonalforsamlinga «opmærksom paa, at den inden sin Midte skjuler en Fødelands-Forræder», og spørje han kven forrædaren var.59 Ville han ikkje svare på det, «da hører han til den skjændige Race af Pasqvillanter, som saa tidt til Skam for vor Trykkefrihed gjennem Nationalbladet lader sin Stemme høre, og vor allerdybeste Foragt være for denne Niddings Daad hans Deel».60

Enda hardare tok sorenskrivar Nils Landmark i, enda han var blant dei som stemte imot forslaget til stadskaptein Blom, fordi han meinte det ikkje var Stortinget verdig å «stille sig i aaben Kamp med deslige Krybskyttere»:

Er dette Blad bestemt til at være Avløbs-Kanalen for Landets Uteerligheder, nu saa lade man dets Fabrikantere kun rygte deres Hverv, saa længe de holde sig indenfor de Skranker, det ere dem betegnede, og vogte sig for at træde ud af deres Smuthuller.61

Desse karakteristikkane uttrykte godt den motviljen som mange, særleg embetsmenn og andre privilegerte, følte for Det Norske Nationalblad, og som har vore med på å farge ettermælet til bladet som umodent, ureflektert og moralsk klanderverdig.62

Blant mindretalet i avstemminga 14. april 1821 var dei mest lovkunnige juristane i forsamlinga, som formann i lovkomiteen av 1814 Christian Krohg og høgsterettsadvokat og frå 1824 høgsterettsdommar Andreas Arntzen. Dei skjønte nok det Motzfeldt òg straks hadde forstått da han fekk høre om saka: «Nogle tale om, at Storthinget vil anlægge Sag imod Forfatteren for at faa opgivet den tilsigtede Person, men jeg tror, Stykket er saaledes indklædt, at Forfatteren neppe kan tvinges til denne Opgivelse.»63 Dei visste at ordet «aabenbare» i § 100 i Grunnlova stod i vegen for at eit forbod som det mot vondsinna allegori og ironi i § 13 i 1799-forordninga kunne gjelde. Dette gjorde opposisjonens talsmenn, forretningsmennene Jørgen Young, Peder Valentin Rosenkilde, Peter Flor og Elling Mathias Holst, forsamlinga behørig oppmerksam på.

Dei to siste formulerte òg i eit felles votum presist kva som låg i den linja bokhandlar og utgivar Hielm følgde i alle desse sakene: Han kom ikkje til å oppgi forfattaren til stykket utanfor retten. Det var noko han skyldte stillinga si og neppe kunne gjere annleis «uden at skade sin borgerlige Tilværelse langt mere end en Proces».64 Det var slik den tidas kamp for ei fri presse arta seg. Anonymiteten var ein nyvunnen og heilag rett som Det Norske Nationalblad hadde lova skribentane sine å respektere inntil sak vart anlagt ved ein domstol.

At påstanden i fabelen frå året 2118 ikkje var løgn og forbanna dikt, men ei reell politisk avsløring, fekk Peter Motzfeldt bevis for få dagar etter avstemminga. Statthaldar Sandels hadde ikkje berre fått innstillinga, han hadde sendt den til kongen i Stockholm, der den var behandla i statsråd. Det Motzfeldt ikkje kunne begripe, var korleis det var muleg å halde eit ordentleg statsråd og så fatte ein resolusjon om ei komitéinnstilling som ein ikkje hadde fått «paa en officiel, men rent ud sagt paa en furtiv [løynleg, hemmeleg] Maade». Resolusjonen skulle vere på veg frå regjeringa i Stockholm til Stortinget, og var «Skrivelsen affattet saaledes, at man bestemt seer, at Komitee-Indstillingen har været i Stockholm, saa vil den gjøre et Pokkers Mudder i Thinget».65

Saka fekk ein ende 4. mai. Da Hans Abel Hielm nekta å oppgi forfattaren før han fekk avskrift av eit saksanlegg mot han frå stabskaptein Blom, valde Stortinget ganske enkelt å legge bort saka, ifølgje Motzfeldt fordi «Blom ei ønsker, at Nationalbladet skal faa hans Motion til at recensere og ralliere».66 Bladet hadde sett seg i respekt, med sin store lesarkrets.

Blant dei 23 som stemte imot å legge bort saka, var Christian Magnus Falsen, fordi, som han skreiv i eit votum vedlagt protokollen, det var like viktig, om ikkje viktigare, i ein velinnretta stat å verne om borgaranes ære som om eigedommen og livet deira, og det måtte vere maktpåliggande for Stortinget som lovgivande makt å få avgjort ved dom spørsmålet «om vore nærværende Love give den fornødne Sikkerhed i denne Henseende eller ikke».67 Dette var nok eit stikk Hielm-karane ikkje tilgav Falsen.

Det vart aldri reist søksmål mot nokon av dei satiriske fablane eller allegoriane i Det Norske Nationalblad. Men spørsmålet om ein påstand «indklædet i Allegorie eller Ironie» kunne vere straffbar, noko som låg kongen spesielt på hjertet, kom likevel opp i to saker frå 1821; først i ei privat ærekrenkingssak reist av Christian Magnus Falsen, så i ein straffeprosess reist av regjeringa.

Christian Magnus Falsen betrakta som vêrhane

Bakgrunnen for den private ærekrenkingssaka var at Det Norske Nationalblad fekk Falsens nye politiske posisjon i vrangstrupen.

Falsen, som tidlegare hadde vore den fremste forkjemparen for å avvikle den norske adelen og i ein berømt tale for riksforsamlinga hadde sagt frå seg både adelstittelen og adelsteiknet «de» i namnet sitt, var no ikkje berre blant dei nyslåtte «højvelbaarne» riddarane av Nordstjerneordenen, han gjekk òg inn for å utsette det tredje og avgjerande vedtaket om å avvikle adelen for ikkje å provosere kong Karl Johan unødig. Og enda verre: Han hadde snudd i synet på det danske gjeldskravet og stilt seg på Karl Johans side; Norge var pliktig å betale Danmark dei 3,6 millionane riksbankdalar Hamburger banco. Det var den truande situasjonen som hadde påverka Falsen. Han ville ikkje, som han sa i ein to timar lang tale under den store gjeldsdebatten i Stortinget 29. mai, sjå fedrelandet bli utsett «for en Krigs Rædsler, eller for, hvad værre er, at see sin Constitution, sin Selvstændighed traadt under Fødder».68

For det opposisjonelle Nationalbladet fortona kursendringa seg som eit svik. Den 30. april, fire dagar etter stortingsdebatten der Falsen gjekk inn for å utsette adelsvedtaket, sette bladet eit beiskt satirisk angrep på han på trykk, underskrive av dei tre herrane Jørgen Filefjeld, Jens Svartmyr og Thomas Vantroe. Dei hadde fått nyss i at den populære boka hans med spørsmål og svar om Grunnlova var utseld; og hermed, skreiv dei, «anmodes Højvelbaarne Hr. Ridderen Amtmand og Repræsentanten fra Bergens Bye i Norge, Christian Magnus de Falsen» så snart som muleg å glede publikum med ei ny grunnlovskatekisme som var i samsvar med den politiske trua som han «nu i disse Dage» bekjente seg til, «og anmodes Hr. Ridderen, Amtmanden og Repræsentanten fra Bergens Bye, de Falsen» kvar fjortande dag å levere eit supplement, etter som trua vaklar eller forandrar seg, alt etter «de Anskuelser og Foranderligheder, som disse foranderlige Tider gjøre nødvendige hos Mænd af fast Charakteer!».69

Tonen var slått an; målet for Det Norske Nationalblad vart frå no av å diskreditere Falsen i folks auge ved å framstille han som ein upåliteleg vêrhane og nyslått venn av Sverige. Middelet vart ei anna bok av Falsen, pamfletten frå hausten 1814 Hvad har Norge at haabe, hvad har det at frygte af en Forbindelse med Sverrig, og under hvilken Betingelse kan denne Forening ene være ønskelig? Et par Ord til mine Landsmænd, der han hadde brukt harde og uforsonlege ord om Sverige og kronprins Karl Johan. I eit innlegg i bladet 10. mai vart «Hans Højvelbaarenhed Amtmanden, Nordstjerneridderen, Adelsmanden, Storthingspræsidenten og Landshøfdingen Hr. Christian Magnus de Falsen» oppmoda om å «vise Norge den Opmærksomhed, at lade trykke 20 a 30 000 Exemplarer af den lille Pjece», slik at allmugen skulle kunne sjå «i hvilke paalidelige Hænder deres Skjebne er lagt, naar den betroes til Mænd af saa klippefast og urokkelig Charakter».70

Falsen hadde nemleg avslutta pamfletten frå 1814 med denne salven:

Hvad her skrevet staaer, det er, det har altid været, vil altid blive min Overbeviisning. Jeg frygter Intet, jeg ønsker Intet. Fædrenelandets Hæder og Lykke har stedse været Maalet for mine Bestræbelser, og skal blive det til mit Livs Ende.71

«Indsenderen», som forfattaren av stykket som vanleg kalla seg, tvilte på om Falsen hadde tid til sjølv å ta seg av ei slik nyutgiving, fullt sysselsett som han var «med at faae sit dyrebare Fødeland til at betale de 3 Mill. […] og med Adelens Vedligeholdelse». Innsendaren ville derfor gi han ei hjelpande hand og sjølv gjennom Det Norske Nationalblad gjere kjent «de meest udmærkede Steder af Skriftet».72 I det påfølgjande nummeret, også det datert 10. mai, kom så artikkelen «Prophetier af C.M. Falsen (uddragne af et trykt Skrift fra Aaret 1814)», utstyrt med kommenterande notar.

Med desse notane vart det skredet utløyst som skulle feie med seg både innsendaren og bladet han skreiv i. Sjølv den forholdsvis liberale Peter Motzfeldt reagerte sterkt: «Nei, nu bliver Nationalbladet altfor galt. Det Stykke, hvori der citeres af og kommenteres over Falsens Piece i 1814, synes mig dog overskrider Trykkefrihedens Grændser.» Også han ville gå inn for å reise tiltale mot bladet på neste statsrådsmøte, «hvor lidet jeg end forresten er for disse Slags Aktioner». Det var ikkje «Uartighederne mod Falsen» regjeringa reagerte på, dei fekk han sjølv påtale om han fann det for godt, «men der er i Anmærkningerne endeel imod Kongen, som vi dog nok ikke tør lade være upaatalt».73

Merknadene kan ved første blikk sjå uskyldige ut. I 1814 hadde Falsen spådd dette, i tilfelle Kieltraktaten skulle bli gjennomført: «Kongen af Sverrig vilde, for at skaffe sig et Partie i Landet, overøse Enkelte med Naadesbeviisninger.»74 I ein note skreiv innsendaren: «Som sagt saa skeet.» Dermed var det etter regjeringas oppfatning ikkje lenger snakk om ein freidig spådom frå ei patriotisk sjel tilbake i 1814 før Norge kom under den svenske kongen, men om ein påstand om ei handling som kongen faktisk hadde begått pr. 1821, og begått med vonde hensikter.

Slik gjekk det slag i slag nedover i artikkelen. «Nationen vilde han, paa alle mulige Maader, smigre, og love den Guld og grønne Skove»,75 var Falsens ord, og innsendaren kvitterte med «item» («det same», dvs. «Som sagt saa skeet»). Når kongen så skulle tilsette embetsmenn, hadde Falsen spådd, ville han nok følgje Grunnlova og velje norske menn, men da helst dei han «bedst troede at kunne bruge til sine Planers Udførelse», folk Falsen omtalte som «de til ham solgte Embedsmænd, som han selv havde udnævnt»,76 og som kunne forråde folket; kongen ville for eksempel vite å besette festningane med menn «som paa Opfordring ikke lode det komme til Blodsudgydelse».77 Alt i hop stadfesta som gode profetiar av innsendaren.

Innsendaren skreiv òg ting for eiga rekning: at «Sverrig alene underhandler for begge Riger med udenlandske Magter, det betinger sig Fordelene, og Norge er forpligtet uden Vægring at bære alle Byrderne deraf»,78 og at kongens forsøk på å «vedligeholde en Norsk Adels Levninger» var «imod Constitutionens Aand».79 Regjeringa såg på begge påstandane som majestetsfornærmingar;80 å laste kongen var forbode etter Grunnlova – uansett kor sann ein påstand måtte vere.

Kanskje opphissa det òg statsrådane at Det Norske Nationalblad våga å antyde at det fanst ein svensk trussel om statskupp:

Veed Nationen om den er erkjendt som selvstændig, altsaa om den kan gjøre Regning paa folkeretlig Beskyttelse i det uformodede Tilfælde, at Sverrig, for at sætte en eller anden Paastand igjennem, vilde bruge Magt mod Norge, og følgelig bryde Foreningen og dens Vilkaar?81

Da hjelpte det lite at innsendaren la i vektskåla at han på ingen måte skreiv «for at vække Mistroe eller vedligeholde Mistillid til et Folk, med hvem Norge nu er uadskillelig forenet; tvertimod ønsker han, at al Grund til Mistillid maatte ophøre eller endog være ophørt»;82 eller at han la til at innlegget var å betrakte som ein «Advarsel, som kan tjene til at qvæle Mistillidens Sæd».83 Statsrådet lét seg ikkje blidgjere og vedtok 15. mai at tiltale skulle reisast mot Hans Abel Hielm eller den han oppgav som forfattaren.

Det var likevel ikkje dette innlegget i Nationalbladet Falsen gjekk til privat ærekrenkingssak imot, men framhaldet, som kom på trykk tre veker etterpå, 31. mai, to dagar etter den store gjeldsdebatten i Stortinget, med tittelen «Complimenter ved Christian Magnus Falsen». Den same metoden var brukt; innsendaren siterte Falsens pamflett frå 1814 og kommenterte og raljerte over den i notane. «Hvad anden Ret havde Napoleon til Spanien, end den samme, som Sverrigs Konge har til os? Og have vi ikke hørt Verdens eenstemmige Dom over hans Adfærd imod dette Land?» skreiv Falsen, og innsendaren kjørte på: «Med hvad Ret Carl den Trettende fordrede os, som han ærligen havde kjøbt af Sjette Frederik – ja, derom dømme De, bedste Hr. Amtmand! mellem Sverrig og Norge», og la til dette:

I 1814 havde Sverrig ingen Rettigheder mod det solgte Norge; men i 1821 har Sverrig Ret til at fordre at Norge skal betale 3 Mill., fordi det behandledes som andet Slagteqvæg, om saa Normanden skulde, for at præstere Betalingen, sælge sit Blod i Pottetal til udenrigske Pølsegilder.84

Falsen hadde i 1814 stridslystent skrive at han var overtydd om at ingen rettskaffen nordmann nærte det minste ønske om fred «naar denne skulde kjøbes ved Opofrelse af hans National-Charakteer og Selvstændighed», og innsendaren kunne ikkje dy seg: «Siig, dine Landsmænd, ædle Falsen! hvor ‘National-Characteren’ og ‘Selvstændigheden’ nu opholde sig. Ere de maaskee Skriverkarle paa dit Contoir, eller ere de Lejlændinge paa Wollebek [heimen til Falsen]?»85 Regjeringa meinte at desse notane fornærma den avdøde Karl 13., Frederik 6. av Danmark og også den norske nasjonen, «Slagteqvæget»,86 og reiste ny straffesak.

Det Christian Magnus Falsen for sin del meinte var ærekrenkande mot han, var to andre ytringar i artikkelen. I innleiinga skreiv innsendaren dette: «Om stakkels Magnus skulde komme til at sande, at en Prophet er ingensteds saa foragtet som i sit eget Fødeland, saa smiler jo Canaan paa hiin Side Svinesund.»87 Og til Falsens ord frå 1814 om at Norges menn, etter den «uforudseete, aldeles uventede Begivenhed» at Frederik 6. måtte seie frå seg landet og Norge fekk tilbake fridommen sin, hadde samla seg i «Herrens Templer, og svore at hævde dette kostbare Klenodie», kommenterte innsendaren: «Var ogsaa Hr. Amtmanden dengang i Herrens Tempel – eller sad han hjemme og phantaserede over sin Grundlovs Catechismus? Eller brugte han ved Eden de saakaldte reservationes mentales [hemmelege, stillteiande atterhald]?»88

For desse ytringane gjekk Christian Magnus Falsen til privat ærekrenkingssak mot Det Norske Nationalblad.

Krenkande «i forskiellige allegoriske Former»

Før denne saka kom i gang, aksjonerte også militærmakta mot allegoriske og ironiske skriveri i Det Norske Nationalblad. Det skjedde som eit siste ledd i ei rekke reaksjonar på artiklar i bladet der regjeringa på kort tid vedtok tre nye justisaksjonar.

Det første aksjonsvedtaket frå regjeringa gjaldt ein artikkel i Det Norske Nationalblad 26. mai med tittelen «Non omnia possums omnes» («Alle kan ikkje gjere alt»), som kommenterte amalgamasjonen, den mulege samansmeltinga av Norge og Sverige. «Vor allernaadigste Konge», skreiv artikkelforfattaren, hadde ytra ønske om eit enda fastare band enn no mellom «de to isolerte Kongeriger, som blomstre under Højstsammes Scepter». Så kom det:

Denne endnu inderligere, ja mere end broderlige Forening lader til at staae i en causal Forbindelse med det indeværende Storthings Vægring for at betale den saa billige og retmæssige Sum af 3 Millioner til Danmark. Forholder dette sig saaledes, da er denne fastere Forening at ansee for en Straf, som den haardnakkede, gjenstridige Skyldner trues med. Men enhver Straf er ifølge dens Natur og Væsen et Onde, og det er slet ingen Normand, allermindst Nationens Repræsentanter at fortænke, hvis de bestræbe sig for at afvende det Onde og vedligeholde det Gode.89

I regjeringas auge fornærma forfattaren ikkje berre kong Karl Johan med dette, men også den konstitusjonelle unionen med Sverige og dessutan Stortinget – Stortinget på grunn av påstanden om at det vegra seg for å betale gjelda til Danmark. Og ifølgje Henrik Steenbuchs grunnlovskommentar var jo ein slik påstand mot den konstitusjonelle makta Stortinget straffbar dersom den innebar ringeakt, same kor sant det måtte vere at Stortinget vegra seg.

Men det kom meir:

At kuldkaste en Constitution, fordi den har nogle Mangler, og maaskee med Sværdet i Næven at skræmme en Nationalforsamling, er den letteste Sag af Verden og slet ingen Heltedaad; men kuns den Frække, som ej erkjender en Eeds Forbindtlighed, kun den Letsindige, der ej overvejer Følgerne af sine Handlinger, kuns den Hovmodige, der ej bryder sig om Medverdenens og foragter Efterverdenens Dom, ja kuns den, der ej finder sin Belønning i Folkets Kjærlighed, mægter at handle saaledes.90

Ein åtvarande peikefinger mot kongen, altså. Da monna det ikkje i vektskåla at forfattaren forsikra at ein kvar nordmann «har saa fordeelagtige Begreber om vor ophøjede Konges Tænkemaade og den Svenske Nations faste Broderkjærlighed, at han anseer vor Constitution og Frihed ej udsatte for nogen Fare fra denne Side».91 I statsråd 12. juni vart justisaksjon bestemt, som vanleg mot bokhandlar Hans Abel Hielm eller den han oppgav som forfattar.

At Hielm denne gongen var medgjerleg og ved ei notarialforretning 15. juni oppgav kompanikirurg Ole Christopher Holm som innsendar av artikkelen, kan ha si forklaring: Kompanikirurg Holm er enda ein vi bør mistenke for å ha vorte kjøpt og betalt for å ta på seg det rettslege ansvaret for ein kar med atskilleg større fallhøgd. Kompanikirurgen var langt frå nokon medisinar, berre ein ulært, konstituert kompanikirurg som nettopp hadde vorte oppsagt frå artilleribrigaden92 fordi han ikkje viste «vigilance i sin post» og samtidig forsømte medisinstudiet, utan utsikt til embetseksamen. Dermed landa han på bar bakke og levde sidan «et vagabonderende liv».93 Det var dårleg stelt med mannen, og han trong pengar.

At også ein annan artikkel som stod i Det Norske Nationalblad same dag, 26. mai 1821, førte til tiltale, fortonar seg for oss i dag som berre komisk. Dette er heile artikkelen:

Skulde Kongen og det Norske Folk ikke kunne blive enige om den rigtige Forstaaelse af Kieler-Tractatens 6te Artikel, og hvorvidt den efter det Passerede kan være forpligtende for det Norske Folk, er det da ikke bedst at følge Bayerns og Würtenbergs Exempel, at voldgive Sagen til den humane russiske Kejser Alexander?94

Det seier mykje om kor betent situasjonen var, når regjeringa oppfatta ein slik satirisk appell til keisar Alexander som eit alvorleg skumleri. Artikkelen slo såpass godt an at den uforsiktige opposisjonsmannen Peder Valentin Rosenkilde gjentok forslaget i eit skriftleg votum under den store stortingsdebatten om gjeldssaka 29. mai. Men som Peter Motzfeldt skreiv i dagboka: «Slige Karle ere altid færdige til at komme frem med Fadæser og Impertinencer, men de ere ogsaa ligesaa hurtige til at æde dem i sig igjen.»95 Alt dagen etter måtte Rosenkilde pent trekke tilbake votumet sitt «med den Erklæring, at han er fremkommen dermed i Overilelse».96

Grunnen til at regjeringa i statsrådet 1. juni vedtok justisaksjon mot utgivar Hans Abel Hielm for den vesle artikkelen, uttrykte Peter Motzfeldt slik: «Det forekommer mig, at Forfatteren af dette Stykke maa kunne straffes, da det dog virkelig ei blot fornærmer baade Kongens og Folkets Værdighed, men er stridende imod Grundlovens § 1»,97 dvs. mot at «Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uavhændeligt Rige».

Og snart vart ein tredje aksjon bestemt bestemt på grunn av ein ny appell til keisar Alexander. Bakgrunnen for denne saka var at statsrådet 15. mai hadde innstilt til kongen at Det Norske Nationalblad skulle miste portomoderasjonen på grunn av den første Falsen-artikkelen, imot arméminister Motzfeldts stemme; «der ligger et Slags daarlig Hævn deri, en Frygtagtighed og en Mistillid til Lovens Magt til at sikre for Fornærmelser, som ei er Regjeringen værdig».98 Dette var første gong dette sanksjonsmiddelet vart brukt mot eit norsk blad; det var statthaldar Sandels’ idé å ta det i bruk og han som pressa på for å gjennomføre det.99 Ved ein kongeleg resolusjon frå den norske regjeringa i Stockholm av 21. mai 1821 mista så Det Norske Nationalblad moderasjonen sin.

Til no hadde bladet betalt ein tredjedel av abonnementsprisen i porto. Når moderasjonen fall bort, måtte Hielm over natta betale atskilleg meir enn abonnementsprisen til postverket,100 utan å kunne auke prisen før neste abonnementsperiode kom. Det var eit øydeleggande slag for bladet, som straks begynte å gå med tap, og i juli opplyste Hielm at nye abonnentar måtte betale portoen sjølv, ein uvanleg høg kostnad som neppe var særleg lokkande.101

Peter Motzfeldt antyda i dagboka 29. mai at Hans Abel Hielm i eit desperat forsøk på å berge moderasjonen hadde troppa opp hos statthaldar Johan August Sandels og «lovet Bod og Bedring ja maaskee lovet at sætte ham i hvert Blad herefter med Palmer i begge Hænder».102 Sandels hadde nemleg i statsrådet same dag antyda at regjeringa ikkje burde sette i verk den kongelege resolusjonen av 21. mai som var kommen med kurer frå Stockholm dagen før, om å ta frå Nationalbladet portomoderasjonen, men «først see, om det forbedrer sig». Til alt hell, skreiv Motzfeldt, «var Resolutionen allerede kommuniceret fra Statssekretariatet til Departementet og fra dette til de Vedkommende», så det var for seint, resolusjonen var sett ut i livet. Slike kompromiss dugde ikkje, «de samme Grunde, som bevægede os til at raade Kongen at give den omhandlede Resolution, ere endnu til».

Resultatet var at Sandels så visst kom i bladet, men ikkje med «Palmer i begge Hænder». Ein harmdirrande Hans Abel Hielm skreiv 31. mai om «Mænd midt ibland os, og især En, blandt hvis mægtige Yndlingssysler det har været, at kunne forfølge og forhaane mig, og ved forefaldende Lejlighed at kunne skade min lovlige Virksomhed».103 I nummeret etter, også det datert 31. mai, vart Sandels så i eit anonymt innlegg overaust med ironisk ros. Innsendaren gledde seg, skreiv han, over det han no hørte, at grev Johan August Sandels skulle vere trykkefridommens og Det Norske Nationalblads ivrigaste venn. «Det hedder endog at han skal i disse Dage have udvirket gavnlige Indretninger til Lettelse for Bladets Befordring og videre Udbredelse i Landet end tilforn – saadanne Efterretninger bør vi haabe er sikkre, og at Trykkefriheden aldrig maa savne et saa gavnligt Venskab.»104

Dropen som fekk begeret til å flyte over, fall i bladet 2. juni. Eller rettare sagt fall to dropar. Den første var at ein anonym innsendar refererte § 85 i Grunnlova – «Den der adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Storthingets Frihed, gjør sig derved skyldig i Forræderie mod Fædrelandet» – med denne fyndige kommentaren: «Denne § bringer Inds. i Erindring i Anledning af seneste Tildragelser.»105 Det var statthaldar Sandels og regjeringas embetsmessige oppfølging av kong Karl Johans stadige inngrep mot Stortinget han sikta til.

Den andre dropen var det innlegget i bladet som førte til at statsrådet 12. juni vedtok å reise enda ein tiltale. Under overskrifta «Til Deres portofrie Excellence Hr von Nationalblad» raljerte signaturen «Johan A.S.» først med alskens fine titlar og unnte også Nationalbladet ein fin ein på linje med andre høge eksellensar; så kommenterte han dei «møjsommelige Omstændigheder» som bladet var komme opp i, og at utgivaren hadde tenkt å begi seg ut i den store verda «for at aabne en Porto-Subscription».106 Dermed drog han trollet opp av eska att:

Isaafald kunde De med største Tillid henvende Dem til Kejser Alexander, Russernes ædelmodige Kejser, og anbefale Dem til hans portofrie Beskyttelse, da han er en meget veltænkende Mand, som udbreder Oplysning i sit Land, og foregaaer de øvrige europæiske Monarker med et følgeværdigt Exempel.

«Johan A.S.» var naturlegvis eit frekt satirisk spel på namnet til statthaldar Johan August Sandels. Det tredje aksjonsvedtaket vart straks eit faktum; og det var no dei militære gjekk til aksjon.

Tjueein av landets høgaste offiserar, anført av viseadmiral Jens Schow Fabricius, samla seg 5. juni «efter fælleds og moden Overveielse, alle besiælede af lige Agtelse og Kiærlighed for den Konstitution, hvis Forsvar udgiør en af Soldatens helligste Forpligtelser».107 Dei forfatta ei underdanig og respektfull adresse til statthaldaren, deira øvste overordna i Norge, og eit strengt og åtvarande brev til bokhandlar Hans Abel Hielm for «at giøre ham opmærksom paa den Synspunkt, hvorfra vi finde os beføiede, at betragte dette Blads forskiellige Producter».

Dagen etter kunne folk sjå denne forsamlinga høgtståande militære skride gjennom Christianias gater til residensen til statthaldar Sandels, der dei overleverte adressa. I den heitte det at offiserane såg det som ei

Pligt imod os selv, her at fremtræde som Talsmænd for de Norske Krigere, for at bevidne Deres Excellence den uskrømtede Ærefrygt, den uindskrænkede Høiagtelse, ligesom den ærbødigste og oprigtigste Hengivenhed, hvormed vi føle os heldige og hædrede ved at staae under een over vor Roes ophøiet hæderværdig Krigers, og med sin ædle Konges høieste Tillid beæret Embedsmands Befaling.108

Dei kjente seg fullkomment sikre på «at Deres Excellences saa grundede ædle Selvbevisthed, aldeles maae ophøie Dem over enhver saarende Følelse, som Ondskabens Angreb hos mindre begavede let kunde bevirke».109

To av offiserane begav seg så til den mannen som stod bak dette «Ondskabens Angreb», Hans Abel Hielm, og overleverte også han eit brev, truande i forma. Det som låg offiserane på hjertet, var at «Skrivefriheden, som et af de største Klenodier for enhver cultiveret Nation, […] overensstemmende med Aanden i den 100 §. af Kongeriget Norges Grundlov, kuns saaledes bør benyttes at den uforskyldt fornærmede, levnes Adgang til, for Domstolene at rædde sin krænkede Ære».110 Men Det Norske Nationalblad hadde tydelegvis «til Hensigt, paa en høist krænkende og fornærmende Maade i forskiellige allegoriske Former, at kaste Skygge paa alle constitutionelle Authoriteter, ligesom paa Rigets første og værdigste Embedsmænd».

Det dei ville til livs, var dei satiriske versa, fablane og allegoriane som gjorde det umuleg å få has på injuriantane; dei ville tvinge skribentane ut i opent lende med blanke våpen, på ærlege krigarars vis. At stikka mot Sandels var rettsleg uangripelege, det var det som sette hæren i krigshumør.

Derfor opfordrer vi herved Hr Boghandler Hielm som Udgiver af National-Bladet til, for Eftertiden aldrig at modtage eller indrykke verken i bemeldte, eller i noget andet Blad at befordre til Trykken, nogen som helst Artikkel, der i fremste Maade, eller i hvilkensomhelst Indklædning har til Hensigt at laste den Norske eller Svenske Arme, eller nogen af disses Individer, naar det ei saaledes er fremsat, at Vedkommende med utvivlsom Vished om Lovenes Bistand kan drage Forfatteren til Ansvar for det Paatalte, til fortient Undgieldelse for den Skyldige.111

Eit sverd bak spegelen, altså. Arméminister Motzfeldt var forskrekka. Enten kom ikkje Hielm til å bry seg om åtvaringa, eller så retta han seg etter den, «og saa er det da Militæret, som igrunden dirigerer Pressen, og dette er baade i Princip og i Gjerningen ilde».112 Men det ville likevel vere verre om Hielm slett ikkje brydde seg om åtvaringa og militæret fekk det innfallet å bruke makta si og ta seg sjølv til rette, noko som med den stemninga som rådde hos mange av dei, ikkje var så usannsynleg, især fordi dei vel torde rekne med at ei slik framferd ikkje ville «aldeles misbilliges paa høiere Steder». Kom det eit slikt skritt av dei militære, var det i grunnen ein rein revolusjon, «og vi faa da ogsaa her see, hvorledes det seer ud, naar Militæret hersker over Lovene. Til saadant Noget kunne de uværdige Skriblerier give Anledning!!».113

Motzfeldt frykta eit snarleg statskupp, og skribentane hadde skylda. Sjølv stod arméministeren makteslaus; kommandoen over dei militære låg hos kongen. Ein spent situasjon hadde eskalert frå vedtaket om å ta frå Det Norske Nationalblad portomoderasjonen.

Inga «Fortolkning til Skribentens Skade»

Da dei to sakene som berørte § 13 om allegori og ironi, kom opp for domstolane, hadde kong Karl Johan sett fram kravet sitt om at paragrafen på ny skulle gjelde som norsk lov, både i proposisjonen av 2. juni 1821 og i den kongelege resolusjonen av 5. juni 1821. Proposisjonen vart einstemmig avvist av Stortinget 17. august. Spørsmålet er kva som skjedde med kravet i resolusjonen etter at 1799-forordninga vart sendt ut til domstolane.

Det vart først berørt gjennom vurderinga av den eine av dei to ytringane Christian Magnus Falsen reiste ærekrenkingssak mot Det Norske Nationalblad for. Utstyrt med eit beneficium processus gratuiti frå kongen stemna han 4. juli 1821 Hans Abel Hielm, som denne gongen plent nekta å oppgi verken innsendar eller forfattar, inn for Christiania Bytingsret. Som motstandar av æresstraffa nekta Falsen sakføraren sin, høgsterettsadvokat Hans Christian Petersen, å krevje Hielm straffa etter Norske lov 6-21-7, så i det første rettsmøtet 12. juli måtte Petersen nøye seg med å «fordre 6-21-4 conform med Forordningen 27de September 1799 § 12 anvendt».114 Christian Magnus Falsen sette seg altså uttrykkeleg imot at straffenivået i § 12 i 1799-forordninga skulle hevdast.

Om den første påklaga ytringa, som Falsen meinte fornærma han fordi den påstod at han var ein forakta mann i fedrelandet, sa byfut og dommar Frederik Riis i dommen av 18. august 1821 at dei var «saa tvetydige og ubestemte, at Indstævnte ikke herfor kan straffes».115 Men den andre, om eidsavlegginga i «Herrens Tempel», vurderte han annleis. Den inneheldt «en saadan forsætlig og aabenbar ærekrænkende Beskyldning mod Citanten, at Indstævnte herfor maa drages til ansvar». Vel var skuldinga sett fram berre som eit spørsmål, men det var openbart kva forfattaren meinte. Dessutan «ophører en Beskyldning ikke at være Strafværdig, fordi den er indklædt i Spørgsmaale, Allegorie eller Ironie, naar Domstolen ikke desto mindre finder Fornærmelsen at være aabenbar».

Riis revitaliserte ikkje forbodet mot vondsinna allegori og ironi i § 13 i 1799-forordninga på denne måten. Til grunn for vurderinga si la han uttrykket «forsætligen og aabenbare […] ærekrænkende Beskyldninger» i § 100: Fornærminga var openbar i Grunnlovas forstand. Det fornærmande gjekk eintydig fram av orda som var brukte, enda dei var forma som eit spørsmål, noka anna tolking var ikkje muleg. Ifølgje Riis var dette så innlysande at det ville bryte med alle rettsprinsipp å ikkje sjå på ytringa som straffverdig, prinsipp som også § 100 var eit uttrykk for.

Riis oppgav såleis ikkje § 13 som rettsgrunnlag. Etter ei vanleg oppfatning gav ordlyden der, at «Meningen og den onde Hensigt er umiskiendelig», dommaren eit atskilleg større tolkingsrom for kva ein skribent kunne ha meint, enn Grunnlovas ord «aabenbare». Vel hadde dei to orda, «umiskiendelig» og «aabenbare», ei nokså lik ordboksbetydning. Men historia deira som lovtermar var ulik.

Paragraf 13 i 1799-forordninga med forbod mot frekk allegori og ironi vart innført for å få ein slutt på frikjenningar som dei av Conrad Malthe Bruun i 1795 og 1798 (sjå side 83). Ut frå hans allegoriske tekstar meinte dommarane den gongen at dei ikkje kunne bevise eit utvilsamt forsett. Med ordlyden i § 13 ville dei derimot kunne bevise eit straffverdig forsett ved å legge til grunn éi av fleire mulege tolkingar av tekstane. Det var nettopp den slags skjønnsmessige dommar «aabenbare» i § 100 skulle sperre for, slik den offentlege debatten etter Karl Johans lovframstøyt i 1818 med lovtermen «indirekte» viser, og som Konstitusjonskomiteen på Stortinget da slo fast i si innsilling i saka (sjå side 86). Termen «aabenbare» skulle avgrense straff til tilfelle der berre ei fortolking var muleg, og slik var det etter Frederik Riis’ meining i Falsen-saka.

I dommen i Aggershuus Stiftsoverret av 25. februar 1822 vart dette behandla på ein annan måte enn i bytingsretten: Dommen slo fast at både meininga i ytringa om Falsens eidsavlegging, «omendskjøndt paa en Maade indklædt i Allegori og Ironie», og forfattarens vonde hensikt «er umiskjendelig eller aabenbare efter 13 § i Fr af 27de September 1799 og Grundlovens 100de §».116 Ved å føre opp § 13 som straffeheimel bles verkeleg overretten nytt liv i paragrafen om allegori og ironi, og retten meinte at dei to lovtermane betydde eitt og det same. Dette var første gong ein norsk domstol fann heimel i forbodsleddet i § 13 i 1799-forordninga. Overretten kan her sjå ut til å ha brukt vår domsmodell B i den modifiserte utgåva som kongen ønskte.

Spørsmålet er likevel om retten da gjorde det aktor Morgenstierne prøvde seg på i Hielm-saka i 1816 (sjå side 210), å fylle Grunnlovas ord med betydning frå 1799-forordninga, eller om den gjorde det omvendte og løfta «umiskiendelig» opp til Grunnlovas nivå, til den strenge betydninga av «aabenbare». Det går ikkje tydeleg fram av dommen og er uvisst. Dette er likevel enda eit teikn, som i dommen av 2. juli 1821 i Rasmus Hansson-saka, på at dommarane i Aggershuus Stiftsoverret i 1821–22 tok kongens forsøk på å revitalisere forordninga meir innover seg enn dommar Frederik Riis i Christiania Bytingsret. Dei las paragrafane bokstaveleg for så å peike ut dei orda som ikkje direkte kolliderte med § 100. Og når overrettsdommen av 25. februar 1822 så ikkje vart anka, måtte § 13 i 1799-forordninga frå no av vere å sjå på som gjeldande heimel, inntil ein annan domstol sa noko anna.

Nettopp det skjedde i den andre saka der allegori og ironi vart eit moment. Den kom opp etter at Matthias Conrad Peterson hadde tatt eit generaloppgjer med Karl Johans forslag om eit tillegg i Riksakta i ein artikkel som gjekk over tre nummer av Det Norske Nationalblad frå 28. juni til 2. juli. Artikkelen, som uvanleg nok var underskriven med fullt namn, forarga regjeringa, og ein justisaksjon mot Peterson vart bestemt ved høgaste resolusjon alt 3. juli 1821, dagen etter at siste del av artikkelen hadde stått på trykk (hovudbehandlinga av denne saka kjem i neste kapittel, i underkapittelet «I clinch med 1799-forordninga»).

I bytingsretten i Trondheim, Petersons verneting, la aktoratet på det første rettsmøtet 14. juli fram ei lang rekke ankepunkt mot han for å ha «lasta» og vist ringeakt mot majesteten i strid med §§ 5 og 100 i Grunnlova og dermed gjort seg fortent til landsforvising etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 og tap av embetet som direktør i Norges Bank. Blant ankepunkta var Petersons påstand om at kongens forsøk på å gjeninnføre § 13 var grunnlovsstridig.

Dommaren, konstituert byfut og byskrivar i Trondheim Henning Brinchmann, måtte derfor ta stilling til påstanden i bytingsdommen av 8. november 1821:

Ved hiint mærkelige [bemerkelsesverdige] Tillæg, i Constitutionens 100de §., af Ordene: forsætlig og aabenbar, har Constitutionen forebygget de Misgreb, som kunne gjøres, naar hensees til de forskjellige Begreber, som kunne hos forskjellige Personer være tilstede, betræffende om, og hvorvidt, en skriftlig Yttring var frimodig, eller fremsat i en fornærmende Hensigt. Hine Udtrykke forbyde altsaa Dommeren, ved Undersøgelsen, om et Skrift er lovstridigt, at tage Hensyn til Udtrykke, som enten ere utydelige eller tvetydige, […] og heraf flyder, at Metaphorer, hvad enten de ere ædle eller uædle, passende eller upassende, Allegorier og Fabler, ei kunne taale nogen Fortolkning til Skribentens Skade, saasom, i modsat Fald, Dommen vilde være grundet paa noget Uvist, og saaledes lettelig kunde blive uretfærdig.117

Her blir det slått fast at straff kunne bli idømt berre der ei og berre ei tolking av den påanka teksten er muleg, og at § 13 i 1799-forordninga derfor ikkje kunne vere gjeldande rett i Norge.

Dommen vart stadfesta av Trondhjems Stiftsoverret 11. februar 1822 og av ein einstemmig Høgsterett 3. juli 1823, begge in terminis, med formularet at dommen «bør ved Magt at stande» (sjå side 17). Høgsterettsdommarane stilte seg altså uttrykkeleg bak også domspremissane til bytingsdommar Henning Brinchmann. Dette var ingen liten detalj i bytingsdommen, men eitt av hovudprinsippa og må derfor gjelde som også Høgsteretts meining og som eit prejudikat. Denne gongen vart ikkje det skjult av dei hemmeleghaldne voteringsprotokollane, ettersom byrettsdommen var offentleg og straks etter høgsterettsdommen også kom ut i bokform. Paragraf 13 i forordninga av 27. september 1799 var ikkje ein del av gjeldande norsk rett etter 1814, og kongens forsøk på å gjenopplive den var grunnlovsstridig.

Majestetsfornærming i Christiania Bytingsret

I alle sakene regjeringa reiste denne våren og sommaren, omfatta tiltalen majestetsfornærming, med landsforvising som straffepåstand.

Dei fleste vart førte av høgsterettsadvokat Nils Aars som konstituert regjeringsadvokat, fordi regjeringsadvokat Jonas Anton Hielm ifølgje ein kongeleg resolusjon av 15. juni 1821 «formedelst Slægtskab med Boghandleren ikke passende kunde beordres til at udføre Actionen».118 Det stemmer såleis ikkje at Hans Abel Hielm «ble anklaget av sin egen bror, Jonas Anton Hielm, som i 1820 var blitt utnevnt til regjeringsadvokat», slik historikarane Henrik G. Bastiansen og Hans Fredrik Dahl skriv i Norsk mediehistorie.119 I alle desse sakene møtte regjeringsadvokat Hielm som forsvarar for broren.

Fem av sakene – alle så nær som den mot Matthias Conrad Peterson i bytingsretten i Trondheim – vart førte for Christiania Bytingsret. I alle fem fall det dom alt i august 1821: tre 2. august og to 18. august. La oss sjå på dei i den rekkefølgja dei kom opp til doms, og finne ut kva slags bilde dei teiknar av domspraksisen til byfut Frederik Riis på denne tida da konflikten mellom kongen og Stortinget enno stod på.

Keisar Alexander-saka om portoen

Den første saka høgsterettsadvokat Nils Aars førte for Christiania Bytingsret som konstituert regjeringsadvokat, og der dom fall 2. august 1821, var den som gjaldt artikkelen «Til Deres portofrie Excellence Hr von Nationalblad», mot bokhandlar og utgivar Hans Abel Hielm i forfattarens stad, fordi han nekta å oppgi forfattar eller innsendar.

Aktoratets tiltale gjekk ut på at stykket inneheldt «Fornærmelser saavel imod en af Rigets constitutionelle Magter, som imod fremmede i Fred med os værende Fyrster», dvs. kongen/regjeringa og andre europeiske fyrstar som vart hevda å vere kleinare enn keisar Alexander. Straffepåstanden var «Landsforviisning eller Tugthuusarbejde efter Forordningen af 27 Septbr. 1799 § 2 eller 8»,120 § 2 med landsforvising for kongens del i fornærminga, § 8 for dei andres.

Dommar Frederik Riis gav aktor Aars medhald i skyldspørsmålet: Å råde eller tilskynde nokon til å søke vern hos ei framand makt var verkeleg ei «lovstridig og for Kongen og Staten lige fornærmelig Handling».121 Måten forfattaren framstilte keisar Alexander på, var dessutan fornærmeleg ikkje berre for kongen, men òg for dei andre europeiske fyrstane «og kunde desuden have skadelig Indflydelse paa Statens indvortes Roe og Undersaatternes Tilfredshed», samtidig som den var fornærmeleg mot keisaren sjølv. Det gjekk ikkje an å seie at ein med største tillit kunne vende seg til han som ein edel og veltenkande mann som spreidde opplysning i landet sitt og gjekk framfor andre monarkar med eit prisverdig eksempel,

uden at der heraf tillige kan uddrages den Slutning, at disse øvrige Monarker, altsaa ogsaa Norges Konge, mangler hiine gode Egenskaber, og de brugte Udladelser ere følgelig fornærmelige ikke allene mod Landets Konge, der ved Grundlovens § 5 er omgjærdet med en særdeles Beskyttelse, og hvem Forfatteren er særdeles uindskrænket Høyagtelse skyldig, da han verken kan lastes eller anklages, eller som een af de constituerede Magter af Nogen maa ringeagtes, men ogsaa imod de øvrige i Fred med Rigets værende Fyrster.

Derfor måtte tiltalte Hans Abel Hielm ved å ha «forsætligen og aabenbar gjort sig skyldig i Fornærmelser herfor blive at drage til Ansvar».122 Han hadde gjort seg skyldig i brot på både § 5 og § 100 i Grunnlova; det var snakk om ei majestetsfornærming, det var første gong sidan 1814 at nokon fekk ein slik dom. Ingen formildande forhold vart anført. Kva gjorde så Frederik Riis når han i straffeutmålinga søkte analogi i 1799-forordninga?

Han gjorde ei formildande vending og sa at fordi Hielm ikkje kunne

ansees skyldig i saadanne directe Beskyldninger og Udladelser, hvorfor der i Forordningen af 27 Novbr 1799 § 2 og 8 er fastsat Straf, hvorimod de Fornærmelser, som Tiltalte har gjort sig skyldig i, nærmest qvalificerer sig til at ansees for Skumlinger og utilbørlige Udtryk, saa vil han blive at dømme efter Analogien af den nævnte Anordnings 7de §.123

Paragraf 7 handla om ytringar om «Landets Love, Anordninger og offentlige Indretninger» og «Bitterhed over Regieringen» og «dens Foranstaltninger». Fornærmingar mot kongen var ikkje nemnt i paragrafteksten. Dommen lydde på fengsel på vatn og brød i åtte dagar, med ein pause mellom fjerde og femte dag. Ei slik straff for ei majestetsfornærming låg naturlegvis milevidt unna intensjonen kongen hadde hatt med å revitalisere 1799-forordninga.

Å dømme arbitrært etter analogi

Det dommar Riis sa med uttrykksmåten «efter Analogien af», eit vanleg formular ved arbitrære dommar, var at han hadde henta straffeutmålinga i ein annan paragraf enn den han hadde lagt til grunn for skyldspørsmålet, i samsvar med vår domsmodell C. Slik måtte det vere i trykkefridomssaker, så lenge § 100, ein grunnlovsparagraf utan straffereglar, åleine uttrykte dei gjeldande grensene for trykkefridommen. Ein fellande trykkefridomsdom vart etter domsmodell C av natur arbitrær.

Heimelen for å bruke slike analogiar var nok omstridd. Grunnen var framfor alt at formularet «efter Analogien af» hørte med også ved ein annan arbitrær domspraksis frå tida før 1814, nemleg ulovbestemte dommar, å idømme straff for ei forbrytersk handling som ikkje var nemnt i noka straffelov. Som Henrik Steenbuch hadde slått fast i grunnlovskommentaren sin, samsvarte ikkje slike dommar med § 96 i Grunnlova. Likevel peika den seinare høgsterettsdommaren Peder Carl Lasson på at det rådde ei utbreidd semje i Norge om at

vor Straffelovgivnings Tilstand paa den Tid, da Grundloven udkom, ikke var saadan, at Analogie kunde undværes, og i Praxis saae man derfor fremdeles, fra 1814 indtil den nye Straffelov traadte i Kraft, daglig Exempler paa Straffedomme, begrundede alene ved Analogie, tildeels endog i Tilfælde, hvor det syntes tvivlsomt, om Loven vilde have Handlingen straffet.124

Paragraf 100 var ei av dei mange lovene som dreiv dommarane til å hente straff etter analogi. Det var dette kongen hadde slått ned på i proposisjonen av 2. juni, der det heitte at «det er Lovene [straffelovene], som bestemme hvad der er Overtrædelse» (sjå side 393), ikkje ein grunnlovsparagraf. Kongens vilje var at ordlyden i 1799-forordninga frå no av skulle vere avgjerande og tene som rettsgrunnlaget for straff, så sant den ikkje var i openbar, dvs. ordrett, strid med § 100.

Forskjellen ville i dette tilfellet ha vore at Riis hadde skrive at «Hielm må dømmast etter § 7 i 1799-forordninga, som er ein gjeldande paragraf etter §§ 94 og 100 i Grunnlova». Men som Riis hadde slått fast både i dommen i Rasmus Hansson-saka av 14. desember 1820 og i dommen i Wedel Jarlsberg-saka av 26. juli 1821, var ikkje ordlyden i sjølve forbodet i § 7 gjeldande, berre straffene paragrafen oppgav. Når han så refererte ordlyden, var det for å leite seg fram til det lovbodet i 1799-forordninga som låg nærast det i § 100 han hadde funne Hielm skyldig i å ha brote, slik at han kunne idømme ei passande straff.

Nettopp det gav denne dommen – og andre trykkefridomsdommar – enda ein arbitrær dimensjon. Når Frederik Riis hadde funne Hielm skyldig etter § 100, peika ikkje det eintydig mot éin og berre ein paragraf i 1799-forordninga der straffa var å finne. Dommaren måtte ut frå eige skjønn avgjere kva for ein som passa best, og det gav han eit stort arbitrært rom. Det var blant anna dette Henrik Steenbuch kalla ein lovbestemt arbitrær dom; lovforbodet fanst, men lovgivaren hadde overlate til dommarane å finne ei passande straff, slik dei no måtte gjere i trykkefridomssaker så lenge ei ny straffelov ikkje var på plass.

Det kan ikkje seiast å ha vore feil av Riis å utmåle straff etter § 7. Men han kunne like gjerne ha brukt ein annan paragraf, som § 2, særleg når Hielm faktisk hadde lasta kongen i strid med § 5 i Grunnlova. Det tyder på at Riis også vurderte kva slags straff han etter eige skjønn fann passande i dette spesielle tilfellet, og at landsforvising måtte vere for strengt. Men når han først hadde valt § 7, idømte han straff etter det paragrafen bokstaveleg anviste, «Fængsel paa Vand og Brød, fra 4 til 14 Dage». Han respekterte med andre ord straffenivået i den paragrafen han dømte arbitrært etter.

Elles ser vi her eit eksempel på ein dom for fornærmingar mot utanlandske monarkar, utan at dommaren da måtte vise til uttrykket «Ulydighed mod Lovene» i § 100, slik Frederik Stang i si bok om forfatningsretten frå 1833 påstod måtte vere nødvendig ved den slags dommar og seinare forfatningsjuristar kort og greitt har trudd han på (sjå drøftinga av dette på side 92–132). Men den tanken var ukjent i 1821. For Frederik Riis og hans samtidige heldt det lenge at Grunnlova «forbyder at fremføre falske og ærekrænkende Beskyldninger imod Nogen», der «Nogen» måtte omfatte også den slags personasjar.125

Keisar Alexander-saka om gjeldsmekling

Den andre saka høgsterettsadvokat Nils Aars førte som aktor og konstituert regjeringsadvokat, og der dom fall 2. august 1821, gjaldt artikkelen om at keisar Alexander burde mekle mellom kongen og Stortinget i fall dei ikkje vart einige i gjeldssaka. Den tiltalte var atter utgivar Hans Abel Hielm i forfattarens stad. Aktoratets tiltale var at

dette Skrift formeenes at indeholde en for de constitutionelle Magter fornærmelig og i Følge Grund-Lovens § 100 strafværdig Beskyldning om, at der existerer Strid imellem Kongen og Folket, og det tillige ansees at indeholde en indirecte Opfordring til at tilkalde en fremmed Magt til at blande sig i Statens indvortes Anliggender.126

Aktors påstand var at eit slikt «formeentligt Misbrug af Trykke Friheden, vorder straffet med Landsforviisning overeensstemmende med Forordningen af 27de Septbr 1799, § 2».127 Vi ser her at aktor Aars med uttrykket «i Følge Grund-Lovens § 100 strafværdig» heldt seg til prinsippa i vår domsmodell C, no som da han var aktor i Klungseth-saka i 1816 (sjå side 246).

Denne tiltalen avviste byfut Frederik Riis. Artikkelen var etter hans meining utan tvil ei lovleg frimodig ytring etter § 100, og Hielm vart frifunnen. Men ikkje klokkereint, for Frederik Riis såg strengt på politisk skumleri:

[I]midlertid kan et Spørgsmaal af den Beskaffenhed, som det der indeholdes i det paaankede Stykke i politisk Henseende have skadelige Følger for Staten, og Forfatterens gode eller onde Meening dermed er under alle Omstændigheder saa tvivlsomme, at han mod at frifindes for videre Tiltale, maa blive pligtig at betale Actionens Omkostninger.128

Som heimel for dette oppgav Riis både § 13 i 1799-forordninga og § 100 i Grunnlova. Heller ikkje dette var å blåse nytt liv i forbodet i § 13 mot vondsinna allegori og ironi. Det var bodet der om at dommaren ved ei frifinning kunne «foreholde ham hans Uforsigtighed, i Doms Slutningen, og advare ham, at bruge herefter bedre Overlæg i hvad han maatte skrive», han viste til. Det bodet i paragrafen kunne brukast som heimel sjølv om forbodsleddet var oppheva; og det måtte samsvare med § 100, som bestemte at

vel ingen kan straffes for noget trykt Skrift, end med mindre det er af saadan fornærmelig Beskaffenhed, som deri omhandles, men det er derhos ikke foreskrevet, at ingen kan tiltales, med mindre Skriftet virkelig er strafværdigt, og da det tilkommer Domstolene at afgjøre saadant, saa maa det staae Vedkommende frit for paa denne Maade, at faae Stykkets Strafværdighed lovligen undersøgt og paakjendt, og naar der er nogen Grund til Sagens Anlæg bør den Skyldige udrede dens Omkostninger.129

Dette var ein vanleg praksis ved domstolane og vart brukt i mange av dei sakene denne boka har behandla, for eksempel i tingrettsdommen i Chrystie-saka av 8. januar 1816 (sjå side 223). Praksisen med at så vel den dømte som den frikjente kunne idømmast sakskostnadene i justissaker, fortsette heilt til ei ny lov om kostnadene i offentlege rettssaker kom i 1869.130

«Complimenter»-saka

Den tredje og siste saka som kom opp til doms 2. august 1821, gjaldt den av dei to artiklane om Christian Magnus Falsen som stod sist på trykk, «Complimenter» frå 31. mai. Det kan verke pussig for oss i dag at justissakene mot dei to artiklane om Christian Magnus Falsen vart førte som to saker, når både forfattaren og utgivaren måtte vere dei same i begge sakene. Men slik vart det gjort; éi sak pr. handling, dvs. pr. artikkel mot utgivar Hans Abel Hielm; han var potte tett da han vart bedt om å oppgi namnet til forfattaren.

I bytingsdommen gjentok ikkje Frederik Riis prinsippa i vår domsmodell C i klartekst, men dømte likevel, slik førstvoterande Malte Sehested Langberg i Høgsterett oppsummerte det da saka kom dit, Hans Abel Hielm «skyldig efter den 100 § i G.L».131 På dette lovgrunnlaget gav Riis aktoratet fullt medhald i skyldspørsmålet. Tiltalepunkta mot Hielm var mange og alvorlege: majestetsfornærming, ringeakt mot regjeringa og fornærming så vel av nasjonen Norge som av nabolandet Sverige og av både avdøde monark Karl 13. og regjerande dansk monark Frederik 6. Påstanden frå aktor og konstituert regjeringsadvokat Nils Aars var straff etter §§ 2, 7, 8 og 12 i forordninga av 27. september 1799. Og ifølgje dommen til Riis var ytringane i artikkelen verkeleg

ligesaa upassende og utilbørlige, som fornærmelige og strafværdige, thi Retten finder udi de anførte Yttringer aabenbare Fornærmelser og falske Beskyldninger deels imod den Norske Nation, som Forfatteren sammenligner med Slagteqvæg, og hvis National Caracteer og Selvstændighed baade omtvivles og nedsættes paa en fornærmelig Maade, deels imod Norges afdøde Konge Carl den 13de, og imod dets forrige Konge Frederich den 6te, som beskyldes for at have kjøbt og solgt Riget, noget, som er aldeles stridende imod de offentlige Tractater og Foreeningsvilkaarene mellem Norge og Sverrig, deels imod Naboriget og dets med os fælleds Konge, saasom nemlig Forfatteren modsiger Sverriges Rettigheder mod Norge i Aaret 1814, uagtet samme var grundet i de stedfundne Conventioner, og han nu beskylder det for at fordre en Udgift af Riget, som ogsaa til dels grunder sig paa anerkjendte Forpligtelser til den danske Stat.132

Også ein avdød monark i ein framand stat kunne etter rettens meining fornærmast etter ærekrenkingsklausulen i § 100. Også han var «Nogen». Og i motsetning til Anders Sandøe Ørsted (sjå side 204) meinte Riis at ein heil nasjon kunne fornærmast.

Men i straffeutmålinga for desse lovbrota, blant dei fornærming av den «fælleds Konge», følgde ikkje Riis aktors påstand om landsforvising. Atter gjorde han ei formildande vending – og ei enda vagare ei enn tidlegare: «at Tiltalte i Analogien med Strafbestemmelserne [mi utheving] i Forordningen af 27d Septbr 1799 maa blive at ansee med nogen Tids Arbeyde i Forbedringshuuset», dvs. «hensættes i Christiania Tugt eller Forbedrings Huus i 2 Maaneder».133 Ingen paragraf nemnt, ingen glømt. Var det for å kamuflere den formildande vendinga bort frå § 2? Iallfall var alt overlate til «hans Arbitrium», som Henrik Steenbuch formulerte det i grunnlovskommentaren sin i 1815 (sjå side 66). Straffa han utmålte, var elles heimla i § 6 i forordninga, ein paragraf tiltalen ikkje nemnte.

Eit iltert intermesso

I eit innlegg i Det Norske Nationalblad 13. august 1821 etter domfellingane i Christiania Bytingsret gjekk utgivar Hans Abel Hielm hardt ut mot dommar Frederik Riis. I broren Jonas Anton Hielms ånd hevda han at han var straffa etter ei forordning som frå alle sider var erkjent oppheva, og som gjekk ut på det motsette av det § 100 heimla, trykkefridom. Dermed hadde han vorte straffa med tilbakeverkande kraft i strid med § 97 i Grunnlova fordi «H. Majestæt, efter Rigstidendens Beretning, en Maaned senere end bemeldte Blade udkom», hadde befalt lova sett i kraft.134

Denne lovoppfatninga, at heile forordninga var oppheva, også straffene, var i strid med rettspraksisen i trykkefridomssaker etter 1814. Frederik Riis hadde for sin del alt i dommen i Rasmus Hansson-saka 14. desember 1820, eit halvt år før kongen sendte forordninga til domstolane, slått fast kva han meinte om den, og ingenting i dommane i august 1821 tyder på at han såg annleis på det no. Synet hans låg langt frå kongens og nær det domstolane og Stortinget hadde halde seg til sidan 1814.

I det rasande innlegget i Nationalbladet fyrte Hans Abel Hielm likevel av ei breiside mot han som den første dommaren som avsa ein fellande dom for trykkefridomsbrot i ei offentleg straffesak:

Det blev Undertegnedes Lod at blive det første – i det mindste øjebliklige – Offer for sit Fødelands ved hellige Pagter besvorne Frihed og Selvstændighed, og det faldt i Underdommerens, Byefoged Riis’s, sørgeligere Lod at være den Normand, der skulde gjøre første Forsøg paa, fra Dommersædet formeentlig uretfærdigen at bryde Staven over en Norsk Medborger. […] Disse Domme, hvor krænkende de end ere, kunne ikke ængste mig; thi endnu har jeg ikke opgivet den faste Tro, at Statens Love skulle beskjerme mig i et civiliseret Land, hvor Borgerens Rettigheder ikke paa Tyrkisk vakle paa Bajonetspidsen; men hvor Lovgiveren lagde Landets Børns Liv og Velfærd i Dommerens Haand, som et betroet Gods, og klogeligen anordnede den højere, visere Retfærd til at rette paa Underdomstolens Ufuldkommenheder.135

Som ein hale på innlegget trykte han eit brev til Aggershuus Stift der han stemna Riis for overretten «til Tugtelse og hans Dommes Forbedring». Brevet opna slik: «Mig har Byef. Riis dømt – ham dømme Overretterne, Nutiden og Fremtiden, hans egen Samvittighed og engang den Højeste Dommer!!!»136

I eit temperamentsfylt innlegg i Den Norske Rigstidende 17. august tok Frederik Riis kraftig til motmæle og erklærte at han hadde søkt kongen om beneficium processus gratuiti for å «fralægge mig de mig tillagte falske og fornærmelige Beskyldninger, for hvilke jeg vil vente, at Vedkommende skal faae velfortjent Straf og Undgjældelse».137 Vi har ingen kjelder som tyder på at han gjorde alvor av trusselen.

I dag ville vi ha sagt at Frederik Riis med dette innlegget hadde gjort seg til Hielms motpart i ein tvist og dermed var inhabil. Likevel sat han i dommarstolen og avsa neste dom mot Hans Abel Hielm 18. august 1821.

«Prophetier»-saka

Dommen gjaldt den første Falsen-artikkelen som hadde stått på trykk, «Prophetier» frå 10. mai, og no var Riis hardare i klypa.

Tiltalen som aktor, overrettsprokurator David Vogt, hadde lagt fram i det første rettsmøtet 2. juni 1821, var ikkje like lang som i den førre saka, men like alvorleg: Kong Karl Johan og avdøde Karl 13. var lasta og håna i strid med §§ 5 og 100 i Grunnlova. I aksjonsinnlegget sitt i retten formulerte Vogt seg om dette i ei retning som kan sjå ut til å passe godt med kongens syn: «Hans Majestæt Kongen er saaledes lastet og haanet, hvilket som stridende mod Grundlovens 5 §, Forordn. af 27de Sept. 1799, § 2, samt 6.4.9 maae være strafværdigt.»138

Det kan her sjå ut som om han rekna 1799-forordninga – og også Norske lov 6-4-9 – med som lovgrunnlag i skyldspørsmålet og sette fram ein påstand etter prinsippa i domsmodell B. Men det var utydeleg i tiltalen nøyaktig kva orda til aktor Vogt skulle uttrykke. I neste rettsinnlegg uttrykte han seg tydelegare og presiserte at ytringane i artikkelen «efter Grundlovens 5 og 100 § ere strafværdige»,139 og at dei andre lovene var stader der straff for desse lovbrota kunne vere å finne. Straffepåstanden hans var enten landsforvising etter § 2 i 1799-forordninga eller straff etter Norske lov 6-4-9, og påstanden vart sett fram etter prinsippa i domsmodell C.

Med dette siste om Norske lov 6-4-9 reiste han eit synspunkt som ikkje tidlegare hadde vorte hevda i ein trykkefridomsprosess: at dersom forordninga – imot Vogts formodning – skulle vere oppheva av § 100 også som straffekjelde, slik forsvarar Jonas Anton Hielm meinte, så måtte det følgje av § 94 at «de ved Lov ældre end 27de Sept. 1799 bestemte Straffe for en Forbrydelse af nærværende Slags burde idømmes, saa at Christian den 5tes Lov in casu skulde være anvendelig».140 Det var denne lova Peter Andreas Heiberg vart dømt etter i 1799, til ei formildande straff etter § 2 i 1799-forordninga, som uttrykkeleg oppheva og erstatta den strengare straffa i 6-4-9. Det aktor Vogt påstod, var at dersom landsforvisingsstraffa i § 2 verkeleg var oppheva av § 100, måtte ein eldre og strengare paragraf gjelde som sjølv under eineveldet vart rekna som upassande.

Da Jonas Anton Hielm i sitt forsvarsinnlegg 19. juli 1821 peika på dette og meinte at også Norske lov 6-4-9 måtte vere oppheva, svarte Vogt i ein replikk 26. juli at dersom både § 2 i 1799-forordninga og Norske lov 6-4-9 var oppheva, så ville det ikkje vere muleg å idømme noka straff for brot på trykkefridomslovene.141 Ifølgje Vogt gjaldt enten 1799-forordninga, Norske lov eller full straffridom.

At dette var ei feilslutning, er openbart. Som høgsterettsdommar Peder Carl Lasson seinare skreiv:

Der gives flere Tilfælde, hvorom Loven kun har tilkjendegivet, at Vedkommende skulle straffes, men ladet Straffen ubestemt […], og ved den Tvivl, som derved i Anvendelsen kan opstaae om Straffens Størrelse, have Domstolene aldrig ladet sig afholde fra at idømme Straf.142

Eit eksempel på det var den lova Theodor Christian Anton Broch vart dømt etter i 1817, § 3 i den militære lydnadsforordninga av 27. april 1792 (sjå side 120). Det fall ikkje høgsterettsdommarane inn da dei 16. desember 1817 dømte han for respektbrot, at lovbrotet måtte vere straffritt fordi inga straff for det stod oppført nokon stad. Etter eige skjønn dømte dei han til seks månaders festningsarrest av tredje og strengaste grad, ei lovbestemt arbitrær straff.

Spørsmålet om straffridom vart heller ikkje aktuelt i denne saka. Bytingsdommar Riis hadde alt i to dommar hevda at om ordlyden i sjølve forbodsleddet i § 2 var oppheva, så gjaldt framleis den straffa paragrafen anviste for denne typen brot på Grunnlova. Da han i denne dommen som fleire gonger før uttrykte domsmodell C i klartekst, formulerte han det slik: at forordninga av 27. september 1799 «i Henseende til Strafbestemmelserne der hvor Grundlovens § 100 er overtraadt, i Følge Grundlovens § 94, maa ansees at være den eeneste Lov, som kan anvendes eller hvorfor grundet Analogie kan hæntes».143 For ordens skyld la han til at det var

efter Rettens Formeening aldeles ingen Tvivl om, at forsaavidt bemeldte Anordning indeholder nogen Strafbestemmelse for saadan Forbrydelse, som den Tiltalte under nærværende Sag er befunden skyldig i, maa Tiltalte derefter blive at ansee.

Straffene måtte altså brukast etter bokstaven i den paragrafen Riis måtte velje å utmåle straff etter. Når han så gav aktor medhald i tre av dei seks alvorlege tiltalepunkta og meinte at Hielm hadde «aabenbar deels lastet og forhaanet eller viist Ringeagt imod Hans Mayestæt Kongen og enkelte af Kongens eller Regjeringens Handlinger, deels udbredt fornærmende Rygter baade om Høystsamme og Høysalige Kong Carl den 13de», var han «skyldig i den udi de anførte Lovbestemmelser foreskrevne Straf af Landsforviisning, som maa blive paa Livstid».144

Korleis kunne dommar Frederik Riis vurdere ytringane og lovene slik i dette tilfellet og ikkje i den førre Falsen-saka? Grunnen kan ha vore at han i den førre valde å kalle kong Karl Johan vår «fælleds Konge», fordi det ikkje var i eigenskap av Norges konge han var fornærma i det tilfellet, men som Sveriges, ettersom Hielm i den artikkelen hadde fornærma «Naboriget». Derfor la han ikkje § 5 i Grunnlova til grunn for den dommen, berre § 100. I denne andre Falsen-saka må han ha meint at ytringane var så grove at grensa i § 5 var broten, og at landsforvising for livstid var ei passande straff også under det nye rettsregimet.

Riis utøvde eit skjønn, og dette er ein god illustrasjon på det arbitrære rommet som stod til disposisjon for dommaren i trykkefridomssaker. Under det gamle rettsregimet ville begge dommane ha sortert under § 2; ytringane som Peter Andreas Heiberg vart dømt til landsforvising for i 1799, som satiren om brannassuranseforordninga for København by (sjå side 50), var ein bagatell i samanlikning, også målt opp mot dei ytringane kompanikirurg Ole Cristopher Holm stod tiltalt for i den siste av desse fem sakene for Christiania Bytingsret. Skribentane i 1821 våga å gå mykje lenger i direkte kritikk av konge og regjering enn skribentane under eineveldet, sjølv i dei «frie» 1790-åra.

Holm-saka

I saka mot Holm la aktor, høgsterettsadvokat og konstituert regjeringsadvokat Nils Aars, ned påstand om «Misbrug af Trykke Friheden, hvorfor Tiltalte paastaaes straffet efter Forordningen af 27. Septbr. 1799 §. 2, 7 eller 8»,145 § 2 for majestetsfornærming, med landsforvising som straff, og §§ 7 og 8 fordi tiltalen omfatta fleire ytringar som skulle vere fornærmande mot både den norske regjeringa (§ 7) og ei utanlandsk makt (§ 8), dvs. Sverige.

I bytingsdommen av 18. august 1821 gav dommar Frederik Riis aktoratet medhald i dei alvorlegaste punkta i tiltalen. Forfattaren av artikkelen hadde «paa en ligesaa forsætlig som aabenbar Maade udbredt falske Beretninger, om de constitutionelle Magters Foranstaltninger og Beslutninger, samt fornærmet Hans Majestæt», som forfattaren påstod hadde komme med truslar mot Stortinget, altså ei vondsinna handling. For å gjere det heilt klart at lovgrunnlaget var § 100, la dommar Frederik Riis til dette:

Naar frimodige Yttringer om Statsstyrelsen eller andre Gjenstande skal være harmonerende med Grund Loven, maa de tillige være sande og frie for Fornærmelser, men dette er efter Rettens Formening ingenlunde Tilfældet med de her paaankede Udtryk, for hvilke Tiltalte altsaa maa kunne straffes.146

Etter rettens meining var både Stortinget og kong Karl Johan fornærma av kompanikirurg Holm, og Holm var dømt skyldig i majestetsfornærming etter så vel § 5 som § 100 i Grunnlova.

Men det skulle ikkje bli landsforvising for hans del:

[D]a Fornærmelserne angaaer de constitutionelle Magter, saa synes en corporlig Straf af nogle Maaneder i Tugt- eller Forbedringsanstalt, i Følge Analogien af Forordningen af 27de Septb. 1799 § 6, som in casu indeholder den nærmeste Strafbestemmelse hvorunder Tiltaltes Brøde kan henregnes, at burde anvendes paa Tiltalte.147

Riis dømte på den vanlege arbitrære måten, «i Følge Analogien» av § 6 i 1799-forordninga, som ikkje nemnte fornærmingar mot kongen, men handla om å spreie «løgnagtige Beretninger om nogen vigtig Deel af Statens Tilstand, eller om Regieringens Beslutninger og Foranstaltninger», og dommen forkynte at Holm skulle «indsættes i Christiania Tugt- eller Forbedringshuus i 2 Maaneder», den mildaste straffa § 6 anviste.

Regjeringa anka både denne og dei fire andre dommane til Aggershuus Stiftsoverret og heldt oppe påstanden om landsforvising etter § 2 i dei alle; landsforvisingsdommen i saka om «Prophetier» vart anka til «Stadfæstelse og yderligere Paadømmelse».148

Oppsummering etter behandlinga i bytingsretten

Noko spor av at lovforståinga til byfut Frederik Riis var påverka av kongen, kan vi ikkje finne i dommane hans. Han heldt fast på at einaste gyldige heimel i skyldspørsmålet var § 100. Skulle noko der vere påverka av den politiske situasjonen og det presset kongen denne sommaren hadde lagt på domstolane, måtte det vere kor strengt Riis vurderte den politiske sida ved ytringane i artiklane.

I fleire tilfelle er det påfallande kor nær han la seg opp til regjeringas tolking, som når han meinte at påstanden om at Stortinget vegra seg for å betale gjelda til Danmark, var fornærmande mot Stortinget, eller at oppmodinga til Nationalbladets utgivar om å gå til «Russernes ædelmodige Kejser, og anbefale Dem til hans portofrie Beskyttelse» var ei majestetsfornærming. Frederik Riis’ syn på på lovgrunnlaget i trykkefridomssaker, der han stod fjernt frå kongen, betydde ikkje at han var nokon liberalar; han var heller nokså konservativ og aristokratisk anlagt i politiske spørsmål.149

Men framfor noko anna illustrerer dommane den særeigne arbitrære karakteren som fellande trykkefridomsdommar måtte få. Fordi ingen av forboda i 1799-forordninga gjaldt etter ordlyden i forordningsparagrafane, berre etter ordlyden i § 100, som bestod av allmenne uttrykk, fekk dommarane eit stort arbitrært rom til å velje kva for ein forordningsparagraf dei skulle idømme straff etter analogi av. Det er rimeleg å tru at Frederik Riis i fleire av dommane brukte dette arbitrære rommet til å dømme formildande og meir i pakt med tidas rettsoppfatning og styre unna straffer han fann for strenge. Sjølv om han respekterte straffenivået i den paragrafen han på den måten valde å dømme etter, låg ikkje domspraksisen hans fjernt frå kjernen i overrettsdommen i Chrystie-saka i 1816 om at straffene i forordninga måtte vere å sjå på som oppheva: Dommarane måtte utøve eit utstrekt skjønn.

Problemet med eit slikt arbitrært rom var at ein mistanke fort kunne kastast på dommaren om at han var styrt av eit personleg agg når han så avsa ein streng dom. Det var blant anna dette § 96 om å dømme «efter Lov» skulle gjere slutt på. Nettopp ein slik mistanke kunne oppstå ved landsforvisingsdommen av 18. august: Hadde den rasande og ærekrenkte byfuten latt seg påverke av agget sitt mot Hans Abel Hielm da han dømte han til landsforvising 18. august 1821, mens han 2. august berre hadde dømt han til to månaders fengsel for omtrent same synd?

Ein mistanke om det vart uttrykt fleire stader i tida straks etter dommen. Med tydeleg adresse til Riis skreiv ein innsendar i Drammens Tidende at «Ondskab og Partiskhed kan findes hos en Dommer, som hos ethvert annet Menneske», og at ein slik mann også av andre grunnar kunne vere fiendtlegsinna mot ein forfattar eller utgivar; og da kunne det «lade sig tænke, at dette Forhold kunde have nogen Indflydelse på Domsafsigelsen». For å hindre ein slik mistanke burde forfattaren eller utgivaren kunne forlange at ein annan dommar vart utnemnt.150

Også biskop Claus Pavels i Bergen, som ikkje var nokon stor tilhengar av Det Norske Nationalblad, men las det ivrig, var forskrekka. I dagboka si for 30. august 1821 skreiv han dette: «Haardere, mere inhumane Domme ere vel aldrig faldne i Forhold til Brødens Storhed i noget cultiveret Land, end Byfoged Riis’s over Hjelm.»151

Frå Nationalbladet til Nationalvennen

Da rettsmøta i dei fem ankesakene kom i gang i Aggershuus Stiftsoverret hausten 1821, fanst ikkje Det Norske Nationalblad lenger. Tapet av portomoderasjonen etter den første Falsen-artikkelen hadde knekt bladet; det aller siste nummeret, som kom ut 12. september, var forseinka fordi «det først senere blev muligt at afgiøre, om alle Midler til Nationalbladets Vedligeholdelse vare det berøvede»,152 som ein bitter utgivar Hans Abel Hielm skreiv i sitt farvel med lesarane på siste side. I seks år hadde bladet komme ut med til saman 6480 sider, eit gjennomsnitt på 1080 sider i året. Størst var omfanget det siste året med eit sidetal på 1480 frå januar til nedlegginga i september, ei rik historisk kjelde til tidas samfunnsliv, om enn med klar slagside.

I avskjedsorda skreiv Hielm at i desse seks åra hadde bladet vore ynda og akta av «mange ædle Nordmænd», men samtidig «Gjenstanden for Manges bittre Had, thi Sandheden fandt man der – de Sandheder, som man skjælvede for at høre». Forfølginga, som Hielm kalla det, vart hardare dess meir urokkeleg han hadde forsvart pliktene sine og overhalde «den strænge Plan, der engang var lagt for Bladet, og som gjorde Adgangen dertil lige for Alle».153 Heller ikkje «saakaldte Venner» heldt seg for gode til å krenke han «naar den mægtige Interesse bød».

Så fyrte han av ein salve som måtte etse dei den trefte, som syre:

Jeg regner deriblandt især, hvad jeg her finder mig beføjet til at anmærke, at flere af de Mænd, der oftere indskjød sig under mine Forpligtelser som Nationalbladets Udgiver, Mænd, der, selv kunde nedlade sig til at skrive det meest Sordide [nedrige], som Ondskab eller Kaadhed kan frembringe, Mænd, der ej engang undsaae sig ved på Nationalbladets Sider at henslænge de uædleste Producter, maatte høres at være mine Banemænd, og andre igjen iblandt disse selv fra offentlige Bænke at tordne Spot og Forbandelse over Bladet og Haan over mig. Det stod i min Magt at kunne revet Sløret bort, der dækkede disse Mandslinge, og intet i Nationalbladets Plan kunde hindret mig deri, skjøndt de troede sig sikker bag mine Forbindtligheder. De fandt Gavn i at fornærme mig; jeg søgte Tilfredsstillelse i ej at skade dem.154

Vakre avskjedsord å minnast for lesarane: Dei same mennene som med sine nedrige anonyme skriveri under trykkefridommens heilage vern hadde vore med på å gi Det Norske Nationalblad rykte som ein kloakk, stilte seg i farens stund på maktas side idet bladet fekk tildelt dei siste hogg – og Hans Abel Hielm, han ville framleis halde si vernande hand over dei, i Grunnlovas og fridommens namn.

Ein ganske annan tone førte han i det nye bladet han starta, Den Norske Nationalven, som han gav ut åleine, utan bror, høgsteretts- og regjeringsadvokat og evig opposisjonsmann Jonas Anton. Det første nummeret kom ut alt to dagar etter at Det Norske Nationalblad gjekk inn, 14. september 1821. Presentasjonen på første side av det nye bladet kunne likne på presentasjonsartikkelen i første nummer av Det Norske Nationalblad 17. juli 1815, bortsett frå at utgivar Hielm ikkje erklærte det som eit opposisjonsblad og ikkje med eit ord nemnte det heilage vernet om anonymiteten. Han la seg på ei anna linje: «Ethvert Stykke, som skal optages, maa være forfattet i et beskedent og velanstændigt Sprog og ej indeholde Personligheder [personangrep] imod Nogen [mi utheving].»155 Her skulle det ikkje bli meir bråk ved domstolane. Den Norske Nationalven vart det dei i samtida kalla eit sensurblad, og Hielm vart ikkje akkurat neddynga av innlegg frå skribentane i landet.

Etter det første nummeret skreiv statthaldar Sandels fornøgd til Karl Johan at det nye bladet var av ei heilt anna støyping enn Det Norske Nationalblad og nok ikkje ville gi Hielm dei same inntektene, og at kongen derfor burde gi han ei økonomisk erstatning «så lenge han fortsatte den gode oppførselen».156 Hans Abel Hielm takka ja til tilbodet om ein årleg pensjon på 600 spesidalar frå Karl Johans private lomme – også han tok imot «naar den mægtige Interesse bød». Kanskje ikkje så rart: Landsforvisingsdommen i Christiania Bytingsret må ha vore eit sjokk, mulkter og sakskostnader var komne opp i store summar, og enda større bører kunne vente han. Da kunne kongens nåde vere god å ha. Hans Abel Hielms tid som profilert opposisjonsmann var over.

Alt etter nokre få nummer spådde biskop Pavels at bladet ikkje ville vare lenge, og karakteriserte det slik: «I Sammenligning med hvad Nationalbladet var i Sommer forekommer Udgiveren mig at ligne Gert i Harlekin Patriot [ein komedie av Johannes Ewald frå 1772], da Puff havde forbudt ham at tale Tydsk.»157

Nationalvennen stansa med det siste nummeret av andre hefte 3. desember 1823, etter 718 tamme sider utan ei einaste sanning «som man skjælvede for at høre».

Majestetsfornærming i Aggershuus Stiftsoverret

Mens byfut Frederik Riis ikkje hadde latt seg påverke av kong Karl Johans lovframstøyt, har vi sett teikn til at dommarane i Aggershuus Stiftsoverret la seg på ei ny linje og las lovparagrafane på den bokstavelege måten kongen ønskte. La oss så sjå korleis dei brukte lovene i desse fem majestetsfornærmingssakene; først i dei tre sakene som vart endeleg avgjort i stiftsoverretten, utan å bli anka til Høgsterett. Det gjaldt saka mot kompanikirurg Holm og dei to sakene mot utgivar Hielm for artiklane om keisar Alexander.

Holm-saka

Dommen mot Holm fall først, 5. november 1821, og også overretten fann det openbart at «det paaklagede Stykke indeholder Skumlerier imod Hans Majestæt Kongen»,158 og at forfattaren hadde «tillagt Kongen en Slags ond eller constitutionsstridig Intention til at bevirke nærmere Forening end den hidtil bestaaende, som en Straf eller et Onde».159

Korleis vurderte så overretten straffa for dette?

Den sa at bytingsdommaren med rette ikkje hadde «fundet den 2den § i Forordningen af 27de Septb. 1799 anvendelig paa nærværende Tilfælde lige som det og har noget for sig, at han har taget Analogie af den 6te §». Men artikkelforfattaren hadde etter overrettsdommaranes oppfatning ikkje spreidd «en løgnagtig Beretning» om den kongelege reskriptet av 12. april 1821 som bemerkningane hans gjaldt, men

skumlet med Bitterhed derover, og indklædet dem utilbørligen, og desaarsag anseer denne Ret den paafølgende 7 § der bestemmer Vand og Brøds Straf og den deri bestemte høieste Grad med passende Mellemrum at være nærmest anvendelig i nærværende Sag.160

Det var ikkje som ein del av skyldvurderinga overrettsdommarane her brukte ordlyden i § 7, men i straffeutmålinga; også dei gjekk gjennom paragrafane i forordninga for å finne fram til den som likna mest på den handlinga dei alt hadde funne Holm straffskyldig for, slik dommarane alltid måtte gjere ved ei straffeutmåling etter analogi.161 Når overrettsdommarane så landa på § 7, brukte dei det same arbitrære rommet som byfut Frederik Riis og erkjente at også hans val, § 6, kunne vere legitimt i dette opne rommet. Ingen formildande forhold var anført, og dei gav Holm den strengaste straffa i § 7, 14 dagars fengsel på vatn og brød. Dette vart rekna som ei like streng straff som to månader i Christiania Tugt- eller Forbedringshuus; éin dag på vatn og brød tilsvarte fire dagars vanleg fengselsstraff.162 Fengsel på vatn og brød var ei hard helsepåkjenning, og etter vanleg skikk bevilga dommarane Holm ein pause på fem dagar mellom første og siste veke av straffa.

Holm anka nok til Høgsterett, og ankesaka var sett opp på dagsordenen i haustsesjonen 1822, men så valde han å trekke anken,163 uvisst av kva grunn. Kanskje skjønte rådgivaren hans – eller oppdragsgivaren? – at mildare dom kunne han knapt håpe på for å ha skulda kongen for å ha handla med vond vilje mot Norges Storting.

Keisar Alexander-saka om portoen

Den andre saka, om det portofrie eksilet hos keisar Alexander, vurderte derimot Aggershuus Stiftsoverret i dommen av 21. januar 1822 annleis enn bytingsretten. Dei påanka uttrykka var ikkje

af den Beskaffenhed, at det som Grundloven fordrer aabenbare eller umiskjendelig, som For. af 27 Sept. 1799 kalder det, indeholder noget Angreb enten paa Keiser Alexander eller mod andre europæiske Regenter og in specie vores egen regjerende Konge […]. Tvertimod synes det heele at være blot Plaisanterie i Anledning af de Omstændigheder hvori Bladets Udgiver var sat ved deslige Forføininger, uden at dette Plaisanterie kan siges at gaae saavidt at det bliver til Raillerie over dem, mindre til egentlig Daddel.164

Hielm vart frifunnen. Men uttrykka vart funne tvitydige, og fordi «der saaledes har været megen Anledning til Actionen», vart Hielm idømt sakskostnadene; og både regjeringa og Hielm lét det bli med det. I denne dommen, som i dommen i ærekrenkingssaka reist av Christian Magnus Falsen, knytte overretten uttrykkeleg ordet «umiskjendelig» til 1799-forordninga, dvs. til § 13, den einaste staden i forordninga der ordet stod (sjå side 440).

På eitt punkt såg dommen dessutan bort frå eit høgsterettsprejudikat, med eller utan vitende. Det skjedde idet overretten ved idømminga av sakskostnader måtte ta stilling til spørsmålet om ei trykkefridomssak reist av Justitien, dvs. ei straffesak, måtte behandlast annleis enn ei ordinær delinkventsak. Det hadde byfut Frederik Riis gått ut frå da han idømte Hielm sakskostnader også til rettsbetjentane «fordi denne Sag ikke kan henregnes til de egentlige saakaldte Delinqventsager, der ved Extraret skulle behandles».165 Det samsvarte med ein sentral premiss i den andre høgsterettsdommen i Grønnerup-saka av 22. mai 1816 (sjå side 234–237), at «Trykkefrieheds sager bør behandles ved det ordinære Thing»166 og ikkje som delinkventsaker ved ein ekstrarett.

Overretten gjekk imot bytingsdommen – og dermed denne høgsterettsdommen – og erklærte at saka gjaldt «en formeentlig Overtrædelse af Straffelovene, er altsaa en Justits-Sag, criminel eller delinqventsag».167 Høgsterettsjustitiarius Johan Randulf Bull hadde uttrykt det motsette i sitt votum i den første prosessuelle Grønnerup-dommen av 11. februar 1816 (sjå side 224–233): «Justitien lader til at behandle alle offentlige Sager som Delinqventsager, hvortil den aldeles ingen Grund har.»168 I eit rettsinnlegg i same sak da den i 1817 var oppe for overretten, understreka også aktor Morgenstierne at den ikkje kunne «betragtes som nogen Delinqvent Sag eller egentlig Justitssag».169

Men dette prejudikatet vart ikkje konsekvent følgt ved domstolane. For eksempel vart saka mot Ola Hanssen i 1829 (sjå side 109) uttrykkeleg reist og gjennomført etter den famøse referentlova av 24. juli 1827,170 som tok frå den tiltalte retten til å få oppnemnt ein forsvarar, ei lov som berre skulle gjelde delinkventsaker. Ola Hanssen brukte likevel den retten § 7 i referentlova gav han til å føre sitt eige forsvar.171 Andre trykkefridomssaker vart derimot ikkje førte etter referentlova, for eksempel saka mot faktor Rasmus Hviid i Morgenbladet i 1834 for å ha injuriert det danske kongehuset. Dommen i Christiania Bytingsret av 26. februar 1835 slo fast at referentlova berre skulle brukast «i egentlige Delinqventsager, som ved Extraret skulle behandles, hvortil nærværende Sag ikke kan henføres».172

Keisar Alexander-saka om gjeldsmekling

Den 22. april 1822 vart den tredje saka, om keisar Alexander som meklar mellom kongen og Stortinget, endeleg avgjort ved dom i stiftsoverretten.

At forfattaren av dette innlegget var stortingsmann Wincents Lassen Sebbelow, hadde Hans Abel Hielm opplyst i eit brev til bror og forsvarar Jonas Anton Hielm idet saka skulle opp til doms i bytingsretten, akkurat for seint til at retten kunne få det i hende. Jonas Anton Hielm la brevet fram for stiftsoverretten, men den avviste å «reflectere Brevet af 19 Juli 1821 eller antage samme som Bevis for at Sebbelow var Forfatter».173 Hans Abel Hielm vart ståande som tiltalt, og stiftsoverretten stadfesta frifinningsdommen i bytingsretten.174 Og etter to fullstendige tap i denne saka lét regjeringa også den fare. Arméminister Peter Motzfeldt hadde tatt feil, verken «Kongens og Folkets Værdighed» eller § 1 i Grunnlova var krenkt av det vesle satiriske påfunnet.

I tre saker hadde påstanden om landsforvising for majestetsfornærming tapt: Hielm var dobbelt frikjent, marionetten Holm dømt til to veker på vatn og brød. Men to ankesaker står att, sakene om dei to Falsen-artiklane, som begge kom til å bli endeleg avgjort i Høgsterett.

«Prophetier»-saka

Overrettsdommen i den første av dei, den om «Prophetier», som byfut Frederik Riis hadde dømt Hans Abel Hielm til landsforvising for, fall 14. januar 1822. Stiftsoverretten var ikkje i tvil da den stadfesta landsforvisinga etter § 2 i forordninga av 27. september 1799: Det var

aabenbare, at der tillægges Regieringen at have fulgt et for det norske Folk fordærveligt og umoralsk ikke mindre end anticonstitutionelt System og dette er fremført saa almindeligt, at det gjelder ikke blot den afdøde Konge (hvis Hellighed Defensor formener Injurie Lovene ikke nævne) men endog vor nu regjerende Konge selv, og det i en saadan der blot tjener til om ikke sigter til at skumle og forbitre samt opvække og udbrede Had og Misnøie, og ikke til at veilede og rette og saaledes gaaer videre end til blotte frimodige Yttringer om Statsstyrelsen. Da saadant ligefrem er stridende imod de Grændser som Grundlovens 5 og 100 §§ have sat for Pressens Brug, saa er det ogsaa indlysende at Strafskyld finder Sted.175

Vi merkar oss at retten her under skyldvurderinga vekte opp uttrykket frå § 2 i 1799-forordninga om å utbreie «Had og Misnøie» og påstod at orda uttrykte det same som «Grundlovens 5 og 100 §§», slik aktor Morgenstierne hadde gjort i Hielm-saka i 1815–16, utan å komme nokon veg (sjå side 210). Forskjellen var at mens Morgenstierne med det ville plassere rettsgrunnlaget i forordningsparagrafen etter vår domsmodell B, plasserte overretten det no i § 100 og avsa dom etter prinsippa i domsmodell C.

«Complimenter»-saka

Om ikkje dette var ille nok for Hielm, så kom overretten til same eintydige resultat i dommen av 25. februar 1822 om den andre Falsen-artikkelen, «Complimenter», som Hielm hadde fått berre to månaders fengsel for i bytingsretten. Overretten gav aktor, i dette tilfellet overrettsprokurator Hans Tøger Winther, medhald på alle punkt. Det var

umiskjendelig eller aabenbare at der i disse Anmærkninger sigtes til at vise, at det Onde som Textens Forfatter i Aaret 1814 befrygtede af en Foreening mellem de 2de scandinaviske Riger er indtruffet, og at der ikke alene skumles med Bitterhed over den Handlemaade som i Aaret 1814 fandt Sted fra den svenske Konges eller Regjeringens Side i sammes Forhold til Norge og over den ved Tractaten af Norges og Danmarks daværende Konge gjorte Renunciation af hans Rettigheder paa Kongeriget Norge til Hans Majestæt Kongen af Sverrige, men endog vores nuregjerende Konge (: den i 1814 værende Kronprinds:) selv eller hans Regjering lastes.176

Det er påfallande at overretten sa seg einig med regjeringa i det meste utan i det heile tatt å gå vegen om ei drøfting av kva som utgjorde det forsettlege og det openbare i kvar enkelt av dei påanka ytringane.

Ei meiningsutveksling i overretten mellom forsvarar Jonas Anton Hielm og aktor Winther kan illustrere korleis norske juristar såg på forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga. Hielm hevda på ny det standpunktet han hadde hatt sidan 1816, at forordninga var oppheva i eitt og alt, også som straffekjelde, ein naturleg påstand for forsvararen i ei sak som dette, ettersom det da ikkje ville finnast nokon heimel for ein landsforvisingsdom. Til dette svarte Winther:

Naar Defensor paastaaer, at Forordningen af 27 Septb 1799 skal være hævet ved Grundlovens § 100; saa feiler han vistnok [dvs. så visst] heri. Foruden at saadant aldeles ikke er fastsat i hiin § saaledes saa er det naturligvis klart at Overtrædelse i saa Henseende kan finde Sted. – Da nu Grundloven ikke fastsætter nogen Straffebestemmelser for Overtrædelser, og Forord. af 27 Sept 1799 ikke er ophævet; saa er det uden for al Tvivl, at denne Anordnings Dispositioner maa blive anvendelige i de Tilfælde hvor Grundloven erklærer handlingen strafværdig og Overtrædelse som tilværende.177

Aktoratet delte domstolanes syn på at straffskyld måtte avgjerast etter lovboda i § 100, i samsvar med domsmodell C, slik også aktor David Vogt i «Prophetier»-saka i bytingsretten hadde uttrykt (sjå side 450–451).

Det arbitrære rommet dommar Frederik Riis hadde til å velje straff etter § 7, vart anerkjent av dommarane i overretten. Sitt eige arbitrære rom til å velje annleis markerte dei med desse orda: «[D]a nu ifølge det Ovenanførte Hans Majestæt Kongens Regjering tillige maae eragtes at være lastet synes den derved begangne Overtrædelse eller Misbrug af Trykkefriheden nærmest at maatte henføres under den 2 §.»178 Forskjellen frå bytingsretten var at denne andre Falsen-artikkelen etter overrettens meining begjekk same synd som den første og openbart lasta kong Karl Johan i strid med § 5 i Grunnlova. Dommen fall da slik, på ny etter prinsippa i domsmodell C:

Tiltalte Boghandler H.A. Hjelm bør for Overtrædelse af de ved Grundlovens 5te og 100de §§ fastsatte Grændser for Trykkefriheden, ved de i det Norske Nationalblads 22 Hæfte 1821 No 1–4 indførte Anmærkninger straffes efter 2den § i Fr af 27de Septbr 1799 med Landsforvisning for Livstid.179

Begge sakene vart anka inn for Høgsterett.

Oppsummering etter behandlinga i stiftsoverretten

Byfut Frederik Riis og overrettsdommarane hadde i desse sakene éi grunnleggande lovforståing felles: at skyldspørsmålet i ei trykkefridomssak skulle avgjerast utelukkande ut frå ordlyden i Grunnlova, og at dommaren først i straffeutmålinga måtte gå til forordninga av 27. september 1799. Prinsippa i vår domsmodell C var ikkje omstridd ved domstolane, enda det var tvert imot kongens vilje. Det arbitrære rommet som denne domsmåten skapte, og som kongen hadde gått til felts mot i proposisjonen av 2. juni, var òg uomstridd.

Men i overrettsdommane frå 1821–1822 finn vi fleire trekk som tyder på at dommarane i Aggershuus Stiftsoverret hadde latt seg påverke meir enn byfut Riis av kongens framstøyt med proposisjonen og utsendinga av 1799-forordninga. Eitt moment som kan ha dratt i den retninga, er at justitiarius Jens Christian Berg stod kongen og regjeringa nær.180 Men hans rolle fortel kjeldene ingenting om, så det må stå som ein rein spekulasjon.

Stiftsoverretten gjekk eit langt steg i kongens retning i spørsmålet om kva for nokre paragrafar i 1799-forordninga som kunne samsvare med § 100. Mens byfut Frederik Riis erklærte at straffene var det einaste i 1799-forordninga som hadde overlevd 1814, meinte overrettsdommarane at forordninga «uagtet Bestemmelserne i Grundlovens 100de § endnu er gjeldende forsaavidt den dermed kan forenes»,181 eit mykje vidare uttrykk, som også Stortinget hadde brukt. Men det stiftsoverretten så gjorde, var å samanlikne ordlyden i enkelte formelle reglar i forordninga med § 100 ikkje ut frå Grunnlovas ånd og grunnsetningar, som Frederik Riis, men bokstaveleg, for å finne det som ikkje openbart kolliderte, slik kongen forlangte i 2.-juni-proposisjonen. I to saker, ærekrenkingssaka Falsen reiste mot Hielm, og keisar Alexander-saka om portoen, gjaldt det òg ein materiell regel: Overretten meinte at ordet «umiskjendelig» i § 13 om allegori og ironi innebar det same i rettsleg forstand som «aabenbare» i § 100.

Eit eksempel på korleis stiftsoverretten brukte ei bokstaveleg lesing av 1799-forordninga og § 100 til å fortolke lovene, finn vi i den siste dommen i spørsmålet om trykkefridomssaker var ordinære delinkventsaker. Fordi §§ 18 og 26 i forordninga viste at trykkefridomssaker var justissaker, dvs. straffesaker, var det ingen forskjell, meinte overretten; det fanst ingen heimel i lovene til å kunne «destingvere imellem offentlige Trykkefriheds Actioner og andre criminelle Actioner».182 Derfor kunne ei trykkefridomssak godt reisast for ein ekstratrett, slik delinkventsaker gjerne vart, og den skulle førast for retten på den staden der ytringa var trykt, ikkje ved den tiltaltes verneting. Også dette var i strid med tidlegare høgsterettsdommar, som bygde på Grunnlovas ånd og grunnsetningar (sjå side 224–237), særleg den om at trykkefridom skulle kunne «finde Sted» utan noko som helst hinder. I tråd med dette var den pågåande saka mot Matthias Conrad Peterson av Justisdepartementet beordra reist ved bytingsretten i Trondheim, Petersons verneting, ikkje den i Christiania, der Det Norske Nationalblad kom ut; og vi finn ikkje eit einaste unntak frå denne praksisen i åra etter 1814.183

Praktisk sett handla spørsmålet om ein straffeparagraf i forordninga gjaldt eller ikkje, om kva kjerneuttrykka i § 100 måtte bety. Det var uansett dei som uttrykte grensene for trykkefridommen. Ein påstand om at forbodet mot allegori og ironi i § 13 i forordninga òg framleis gjaldt, førte ikkje til at dommaren avgjorde skyldspørsmålet i ei sak ut frå ordlyden i denne paragrafen. Han gjekk uansett til ordlyden i § 100 som rettsgrunnlag, men forstod da uttrykket forsætligen og aabenbare på ein annan måte enn han elles ville ha gjort, slik Aggershuus Stiftsoverret (kanskje) gjorde når den hevda at «umiskiendelig» i § 13 og «aabenbare» i § 100 betydde det same. Som alt nemnt kom Høgsterett i Peterson-saka i 1823 til å stadfeste at forbodet i § 13 strei mot uttrykket «aabenbare» i § 100; Aggershuus Stiftsoverret gjekk for langt på dette punktet i 1821–1822.

Med dei prosessuelle paragrafane i forordninga var det annleis, ettersom § 100 ikkje var meint å handle om slike spørsmål. Ein prosessuell paragraf som ikkje var i strid med Grunnlova, kunne dommaren derfor hente ein direkte heimel frå, som når stiftsoverretten påberopte seg § 19 om redaktøransvaret i periodiske skrifter. Om denne paragrafen faktisk var gjeldande slik overretten meinte, hadde Høgsterett enno ikkje eksplisitt gitt sitt syn på, men det låg implisitt i Grønnerup-dommen av 10. februar 1816 at den var oppheva ved grunnlovsvedtaket i 1814.

Stiftsoverretten erklærte seg elles einig med aktoratet i at dersom heile 1799-forordninga var oppheva, «maatte man enten gaae tilbage til de strængere Straffe-Bestemmelser som Lovbogens 6 Bogs 4 Cap. indeholder eller være lovløs»,184 noko som underbygde kongens strev for å gjere ordlyden i forordninga gjeldande. Også dette spørsmålet måtte det no vere opp til Høgsterett å avklare.

Eit anna uavklart felt var straffenivået i forordninga. På den eine sida gav det arbitrære rommet dommarane sjansen til å styre unna straffer frå eit forgangent rettsregime, ein sjanse dei ser ut til å ha brukt flittig. På den andre sida hadde respekten for straffenivået i den paragrafen dei så gjorde straffeutmålinga etter, drive både bytingsretten og stiftsoverretten til å statuere at landsforvising var ei gangbar straff for ei majestetsfornærming også under det nye rettsregimet.

Spørsmålet er om det skjedde fordi dei i for stor grad identifiserte seg med kongens og regjeringas strenge syn på meiningsinnhaldet i dei ytringane som var oppe til doms, i ei tid da skrekken for statskupp hadde vore reell og raseriet mot frekke skribentar var sterkt blant dei førande i samfunnet. Kan det arbitrære rommet ha leidd dei til å dømme utgivar Hans Abel Hielm, som raseriet var retta mest imot, strengare enn marionetten kompanikirurg Holm, som vitterleg òg hadde gjort seg skyldig i å «fornærme Kongen» (bytingsretten) og å ha tillagt kongen ein «ond eller constitutionsstridig Intention» (stiftsoverretten)? Kanskje oversåg dommarane i denne situasjonen det betimelege i Aggershuus Stiftsoverrets dom frå 1816: at «de Straffe, som vare foreskrevne for Forseelse i mod den Lov, der tilstædede mindre Frihed, kunde ej være passende, naar der er Spørgsmaal om Forseelse mod en tilstaaet større Frihed».185

Den usanne forfattar

Av dei fem sakene som starta i Christiania Bytingsret og vart anka til Aggershuus Stiftsoverret, nådde altså berre dei to sakene om Falsen-artiklane Høgsterett, og der enda dei ikkje med to, men med tre dommar. Grunnen var at landsforvisingsdommane i stiftsoverretten rysta Hans Abel Hielm og reiv frå han trua på at prosessane kunne ende godt, og han ville no gjere det som stod i hans makt for å fri seg ut av dei. Einaste utveg var å bryte anonymiteten og skaffe seg heimel enten til ein innsendar eller til den sanne forfattaren av artiklane.186

Hielm sat på eit bevis, manuskriptet til den første artikkelen, «Prophetier», med påskrifta «Indleveret for H. ved Müller». Müller var teologistudent frå Bergen Johan Conrad Müller, og i juni 1822 skreiv Hielm til han. Müller konfererte da straks med høgsteretts- og regjeringsadvokat Jonas Anton Hielm, som hadde vore forsvarar for broren i stiftsoverretten og no, like etter at landsforvisingsdommen i «Prophetier»-saka var kunngjort, på eige initiativ hadde sørgt for å bli innstemna som forsvarar også for Høgsterett. Advokat Hielm rådde broren sterkt ifrå å skaffe seg heimel til Müller; utan å få noko att for det ville han berre påføre andre stor skade. I staden lova han sjølv å redde bror sin ut av knipa. Han visste om ein utveg – men det hadde ingen hast, han skulle handle først når saka kom opp for Høgsterett, og garanterte eit heldig utfall.

Kreidahl-affæren

Men Hans Abel Hielm hadde mista all tillit til advokatbroren, som hadde ført eit uryddig og heftig mulktert forsvar og vore ein dårleg rådgivar så langt i prosessen. Han sa han opp som forsvarar og hyra nyslått høgsterettsadvokat Søren Anton Wilhelm Sørenssen. Så oppsøkte han Müller og spurde han i vitnes nærvær om han erkjente å vere den som hadde skrive beskjeden på manuskriptet. Müller svarte ja, og i eit dokument av 6. juli erklærte han at både underskrifta og handskrifta på manuskriptet til «Prophetier» var hans, og at det var han som hadde levert det til trykking i Nationalbladet.

Jonas Anton Hielm hadde på si side lagt ein plan; han hadde lova ikkje berre Hans Abel, men òg den engstelege mor deira å frelse han. Som han hadde sagt til broren, venta han til like før saka om Falsen-artikkelen «Complimenter» som den første skulle førast for Høgsterett. I november 1822 gjekk han til aksjon. Han kalla til seg ein festningsslave, Peder Hansen Kreidahl, som han kjente frå ungdommen og hadde vore forsvarar for i Høgsterett, der Kreidahl hadde vorte dømt for underslag i embetet som tollkasserar i Farsund. I ein dom av 9. februar 1820 vart han frådømt embetet og til å betale tilbake til statskassen 3127 spesidalar og 9 skilling, det doble av det han hadde underslått, eller «hensættes til Arbeide i nærmeste Fæstning, indtil han sin Gjeld har betalt eller ved Døden afgaaer»;187 det siste var det meste sannsynlege.

Hielm overtalte ungdomsvennen til å gi seg ut for å vere forfattaren av Falsen-artiklane frå mai 1821. Det verste som kunne skje, sa Hielm, var at han vart dømt til landsforvising, og Hielm kunne trygt anbefale England, han kunne sende med Kreidahl gode anbefalingsbrev og lova han pengestøtte. Kreidahl forfatta etter Hielms diktat to tilbakedaterte brev, det eine ein forespørsel til student Johan Conrad Müller om å levere manuskriptet til Det Norske Nationalblad, det andre stila til Jonas Anton Hielm og datert 5. juni 1821, etter at regjeringa hadde vedtatt justisaksjon mot forfattaren. Der erklærte han at han, Peder Hansen Kreidahl, var forfattaren av både «Prophetier» og «Complimenter».

Med desse to breva begav Hielm seg 6. november til Høgsterett, der aktor Aars og forsvarar Sørenssen var klare til å prosedere «Complimenter»-saka. Han kunngjorde for dei to at han endeleg hadde fått opplyst kven forfattaren var. Dei to breva gav han til aktor Aars og bad han gå inn for at Høgsterett utsette saka mot Hans Abel Hielm inntil ei notarialforretning hadde slått fast at breva verkeleg var skrivne av Kreidahl. Under fire auge betrudde han Sørenssen at Kreidahl ikkje var den sanne forfattaren, men at han var villig til å gi seg ut for å vere det fordi han ikkje hadde noko å tape. Hielm bad den andre teie med dette. Han hadde lenge lova å frelse bror sin, sa han, men hadde utsett det til siste augeblikk fordi han frykta at festningskommandant Wedel Jarlsberg kunne få snusen i Kreidahls del i historia.

Hielm møtte tre kalde skuldrer. Aktor Aars ville ikkje bruke breva, ikkje forsvarar Sørenssen heller, og slett ikkje Hans Abel Hielm, som ikkje orka fleire av påfunna til den geniale storebroren – det hadde komme til fullt brot mellom dei to brørne. «Complimenter»-saka gjekk sin gang for Høgsterett med ein dom av 7. november 1822 som oppheva landsforvisinga og dømte utgivar Hielm til 14 dagars fengsel på vatn og brød (domspremissane blir behandla i neste kapittel).

Breva frå Kreidahl vart konfiskerte og saka meldt til Justisdepartementet og regjeringa. Ein kongeleg resolusjon av 14. november 1822 kunngjorde at Jonas Anton Hielm hadde tapt Hans Kongelege Majestets tillit for falskspelet med slaven Kreidahl og var suspendert frå dei kongelege embeta som regjerings- og høgsterettsadvokat, og at tiltale skulle reisast mot han. Landets fremste advokat og trykkefridomsforkjempar låg nede for teljing ramma av eit svingslag frå eiga hand.

Grunnlaget for straffskyld

I denne situasjonen kasta Hans Abel Hielm heimelen sin til teologistudent Johan Conrad Müller inn i ringen, Müllers erklæring om at han var innsendaren av «Prophetier». «Prophetier»-saka skulle opp for Høgsterett i januar 1823, og forsvarar Sørenssen fekk i stand eit tingsvitne, ei rettsleg vitnehøring, 26. november 1822. Der vart Müller spurd kven denne «H» var som han hadde levert manuskriptet på vegner av.

Kven mistanken retta seg mot, var det ingen tvil om; Müller både losjerte og var huslærar hos Jonas Anton Hielm. Men så sa han at «H» var Peter Pavels Hielm, ein 41 år gammal jusstudent og poet og ubemidla tremenning av Hielm-brørne, som hadde fått eit dårleg rykte i patriotiske kretsar fordi han hadde takka ja til ein årleg pensjon frå Karl Johan på 300 spesidalar og hadde begynt å skrive hyllingsdikt til kongen.188 Hans Abel Hielm hevda derimot at bror Jonas Anton var forfattaren. Jonas Anton Hielm blånekta, som også Peter Pavels Hielm gjorde. Noko juridisk bevis var ikkje å skaffe; ifølgje Norske lov 1-13-1 var eit juridisk bevis «ej mindre end to Personer, over eens stemmende, og udi een Ting», og Hans Abel Hielm var ikkje habil som vitne, ettersom vitnemålet hans var eit forsøk på å komme fri frå enda ein fellande dom.

At breva frå slaven Peder Hansen Kreidahl var falske og dikterte av han, innrømte derimot Jonas Anton Hielm da saka mot han om dette alt 29. november kom opp for Christiania Bytingsret med byfut Frederik Riis som dommar. Enda falskspelet var utvilsamt og tilstått, reiste saka interessante problemstillingar.

For det første fanst det inga lov som sette forbod mot det han hadde gjort. Ein dom i saka måtte derfor vere ulovbestemt, noko som kunne hevdast å stri mot § 96 i Grunnlova om å dømme «efter Lov». For det andre hadde domstolane i sak etter sak vist at dei gjerne dømte ein tiltalt enda dei erkjente at han ikkje var den sanne forfattaren; da kunne det hevdast at staten etter sedvane var fornøgd med å få dom over den som sjølv tok på seg ansvaret. For det tredje hadde Hielm ved å oppgi Kreidahl som forfattar ikkje prøvd å skade nokon ved å skyve skylda over på ein uvitande tredjemann. Kreidahl tok den på seg aldeles frivillig. Slik retta saka søkelyset mot heile det innarbeidde prinsippet om å dømme ein annan i forfattarens stad når anonymiteten no atter var lovleg, «en af den gjenerhvervede Trykkefriheds fornemste Rettigheder», som byfut Frederik Riis sjølv hadde uttrykt det i 1816 (sjå side 238).

Riis skar i dommen av 18. januar 1823 igjennom og slo fast den rettsordenen som måtte gjelde med eit så miserabelt lovverk som det Norge enno måtte slite med. Spørsmålet han stilte, var om det var «Staten ligegyldigt, hvem der straffes, den Skyldige eller Uskyldige, naar kuns den for Lovens Overtrædelse bestemte Straf bliver exequeret, og om man kan fremstille hvilkensomhelst til at indtræde i den Skyldiges Sted».189

I mangel av ei bestemt lov greip han enda ein gong til eit allment rettsprinsipp, at formålet med straff dels var at staten, som fornærma, kunne få lovbrotet og lovbrytaren avstraffa, dels at straffa kunne tene så vel til soning for lovbrotet som til forbetring og åtvaring slik at den dømte heldt seg frå lovbrot i framtida. Ingenting av dette vart oppnådd «naar den rette Skyldige ei rammes med Lovens Straf, eller det skulde være tilladt at fremstille en aldeles uvedkommende Person, paa hvem Straffen kunde exeqveres, for at den Skyldige skulde gaae frie».190 Dette ville stri ikkje berre mot all rettferd, men «ogsaa lede til at eludere Lovene og kuldkaste al offentlig Orden og Sikkerhed». Ein slik framgangsmåte kunne ikkje «bestaae i en velordnet Stat». Av den grunn var

enhver Handling, hvorved Staten hindres i at straffe den rette Skyldige, ulovlig, og det kan altsaa ligesaa lidet være tilladt at fremstille en Uskyldig i den Skyldiges Sted, som det er tilladt at unddrage den Skyldige aldeles fra Lovens Arm.191

Så gjorde Frederik Riis det han aldri før hadde gjort: Han viste direkte til § 17 i 1799-forordninga. Den sa at forleggaren og trykkaren skulle innestå for at det var den sanne forfattaren som vart dratt til ansvar. I tillegg drog han fram ei formulering frå sensurdelen av § 18, som alle så nær som kongen såg på som oppheva: Når det der stod at boktrykkaren «i visse Tilfælde skal forsyne sig med Borgen, førend han trykker noget, eller i Mangel deraf selv staae til Ansvar», så hadde det som einaste hensikt å hindre misbruk av trykkefridommen, ikkje å opne for at kven som helst skulle kunne dragast til ansvar.

At han viste til §§ 17 og 18 på denne måten, kunne bety at han no meinte dei var gjeldande og dermed bøygde av for kongens framstøyt med 1799-forordninga, i strid med ei oppfatning han tidlegare hadde gitt uttrykk for. Men ikkje nødvendigvis. Han søkte ikkje heimel i den, men var ute etter å vise eit konsekvent rettsprinsipp hos lovgivaren. Ifølgje Riis var det ganske enkelt uakseptabelt om skribentane under dekke av anonymiteten kunne «vedblive at fornærme Staten eller enkelte af dens Individuer, medens Justitien fægter imod Slaver eller andre saadanne Personer, paa hvem enhver Straf forfeiles». At dette var farleg og skadeleg, var innlysande; og den som dreiv med slikt, var «efter denne Rets Formening i høi Grad straffskyldig».192

Resonnementet bygde på allmenne rettsprinsipp og stod seg gjennom alle tre rettsinstansar. Det gjorde derimot ikkje straffeutmålinga. Riis dømte Hielm frå embeta som høgsteretts- og regjeringsadvokat etter analogi av forordninga av 23. oktober 1700, som «forbyder Alle og Enhver at tilbyde, give eller modtage nogetslags Skjænk og Gave til Rettens Forkrænkelse, til Kongens Skade og Præjudce m.v.»,193 og Norske lov 1-9-10, som handla om kva slags eigenskapar ein sakførar måtte ha. Aggershuus Stiftsoverret stadfesta dette i sin dom av 14. april 1824. Men fleirtalet i Høgsterett såg annleis på det, og i dommen av 13. september 1825 vart Hielm berre idømt ei mulkt på 100 spesidalar for dei falske breva.

Ulovbestemt dom med straff etter analogi

Denne dommen i Høgsterett var ulovbestemt og arbitrær. Det betyr ikkje at den var styrt av eit tilfeldig ønske hos fleirtalet om å «berge» Hielm. Eit solid juridisk resonnement låg bak. I ei bok jusprofessor Henrik Steenbuch gav ut etter bytingsdommen, ville han vise kor gale det hadde gått da dommar Riis følte at han kunne bevege seg fritt i eit stort arbitrært rom fordi handlinga til Hielm ikkje var forboden i lovverket, men likevel måtte vere straffbar, som også Steenbuch var einig i at den var:

Dommeren kan kun dømme efter udtrykkelig Lov eller bestemt Lovanalogie; dette flyder af Begrebet om en Dommers Myndighed, og er en af de Grundsætninger, hvorpaa vort Borgersamfund hviler: «Ingen kan dømmes uden efter Lov,» Norges Grundlov § 96.194

Vi ser her at Steenbuch no gjekk god for ei tolking av § 96 som gjorde ulovbestemte dommar tillatne så lenge straffeutmålinga skjedde etter god analogi av ein eksisterande lovparagraf og ikkje aldeles arbitrært; kanskje støtta han seg på Anders Sandøe Ørsteds utlegging av dette i andre bind av boka Eunomia.195

Byfut Frederik Riis hadde vore harm og indignert over Hielms falskpel og fast bestemt på å dømme han strengt. Alt før han fann fram til eit lovbod å utmåle straff etter analogi av, hadde han bestemt seg for at embetstap var den rette straffa, den omvendte framgangsmåten av den ein dommar skulle følgje, og eit eksempel på nettopp slikt § 96 var laga for å hindre. Han fann deretter fram til to lovbod som det var muleg å idømme Hielm embetstap etter; dei handla om korrupsjon hos embetsmenn og nødvendige eigenskapar hos ein prokurator. Men for å kunne vri akkurat den straffa ut av dei som han ville, måtte han tolke dei på ein måte Steenbuch hevda var misforstått og feil.

Steenbuch meinte for sin del at brotsverket til Hielm hadde «meest lighed med et Forsøg paa at bevirke eller bidrage til en Forbryders Undvigelse», Norske lov 1-17-5 og 9 og 1-21-6, og at «Straffen herfor, efter Loven, ordentligviis er Pengemulct».196 Det måtte i dette tilfellet vere å bli dømt «efter Lov».197

Også fleirtalet blant høgsterettsdommarane stod for dette synet: Under voteringa i Høgsterett drog førstvoterande Jørgen Mandix analogien til Frederik Riis og påstod embetstap for Hielm, med tilslutning frå Kiønig og Collett, mens fjerdevoterande Fredrik Motzfeldt drog Steenbuchs analogi med ei arbitrær mulkt, som fleirtalet gjekk inn for. Berre Jens Peter Debes hevda det kontrære, at ein fellande dom uansett strei mot § 96, og at Hielm derfor måtte frifinnast.

Jonas Anton Hielm avslørt

Mens denne saka enno pågjekk i Christiania Bytingsret frå desember 1822 til januar 1823, sat ikkje Jonas Anton Hielm i ro og betrakta utviklinga i «Prophetier»-prosessen, som snart skulle opp til doms og vart meir og meir skummel for hans del: Bror Hans Abel Hielm hadde lagt ned frifinningspåstand for Høgsterett og forlangt at tiltale måtte reisast mot den beviselege innsendaren av manuskriptet, student Johan Conrad Müller.

I saksdokumenta fanst det noko som var kompromitterande for Jonas Anton Hielm: Sjølve manuskriptet til notane i artikkelen var nok skrive i ei anna handskrift enn hans, men i det eksemplaret av Falsens pamflett frå 1814 som Falsens originaltekst vart opptrykt etter i Nationalbladet, var dei same notane å finne skrivne med blyant i margen. Ei rekke personar hadde kjent att handskrifta som Jonas Anton Hielms.

Som part i saka fekk Müller låne saksdokumenta med seg heim til losjiet sitt hos Hielm, og da han leverte dei tilbake, var blyantnotata i margen dels viska ut, dels uleselege; Hielm nekta bestemt for å ha gjort det. Men dette kunne ikkje hindre at ein ny og hard rettsrunde venta han: Høgsterettsdommen i «Prophetier»-saka av 21. januar 1823 frikjente Hans Abel Hielm for vidare tiltale frå Justitien, og den fortsette slik: «Derimod forbeholdes Justitiens Tiltale mod Indsenderen af de paaklagede Noter med Tillæg, Student Johan Conrad Müller, saavelsom mod den af Boghandler Hielm angivne Forfatter, suspenderet Regjerings- og Høiesterets-Advocat Hielm.»198

I ein høgaste resolusjon av 4. februar 1823 vart justisaksjonen mot Johan Conrad Müller og Jonas Anton Hielm kunngjort. Som andre rettsprosessar måtte den starte i første instans, Christiania Bytingsret, men først vart eit rettsleg forhør gjennomført under leiing av byfut Frederik Riis. Det varte i heile fire dagar, frå 17. til 20. februar. Grunnen var at Müller, som alt før den siste høgsterettsdommen hadde trekt tilbake påstanden om at Peter Pavels Hielm var forfattaren, nekta å oppgi nokon annan.

Frederik Riis svarte med harde tiltak. Under dei tidlegare prosessane i bytingsretten hadde forholdet mellom han og Jonas Anton Hielm vorte mildt sagt anstrengt, og no sette Riis så mykje inn på å få avslørt Hielm at han tok ulovlege middel i bruk, noko han fekk hard kritikk for under den seinare behandlinga i Høgsterett, eit par av dommarane mumla til og med om pro meliori informatione (om dette uttrykket, sjå side 272–273). Først trua han Müller med reskriptet av 23. oktober 1795, som fastsette fengsel på vatn og brød for å nekte å svare på spørsmål frå ein dommar, det same reskriptet Hans Chrystie hadde vorte trua med av byfut i Moss Gregers Winther Wulfsberg i oktober 1814 (sjå side 147). Da Johan Conrad Müller framleis nekta å svare, gjorde Riis alvor av trusselen og arresterte han.

Det fekk Müllers tunge på gli. Han bekrefta no alt Peter Pavels Hielm hadde sagt i sitt vitnemål under tingsvitnet: Pavels Hielm hadde òg losjert hos Jonas Anton Hielm i 1821, og han fortalde at da han ein dag steig inn i eit av romma for å få seg frukost, såg han Hielm spasere opp og ned der mens han dikterte frå ei bok for Müller, som sat ved eit bord og skreiv. Dei sju–åtte første notane til «Prophetier» var da alt nedskrivne. Da Pavels Hielm kort tid etter var innom bokhandlar Hans Abel Hielm, såg han Müller overlevere Hielm eit samanrulla papir, som bokhandlaren etterpå fortalde inneheldt notane pluss den teksten som dei var skrivne til.

Eit anna vitne, stortingsmann og konsul Peder Valentin Rosenkilde, hadde vore til stades da Jonas Anton Hielm skreiv notane i margen på pamfletten med blyant; det var denne teksten han hadde diktert frå da Pavels Hielm kom inn og såg dei. Når så Hans Abel Hielm som eidfesta vitne under forhøret fortalde at broren ikkje berre ein, men fleire gonger overfor han hadde erkjent seg som forfattar og også sagt at han nødig sjølv ville stå fram, meinte påtalemakta å ha fått sitt juridiske bevis: to personar som var samstemte om ein og same ting. Etter Justitiens meining var verken Hans Abel Hielm eller Peter Pavels Hielm lenger inhabile som vitne, ettersom dei var førte ut av saka og den vidare prosessen ikkje ville kunne endre deira stilling. I Høgsterett vart habiliteten deira likevel dratt sterkt i tvil. Men ettersom bevisa elles var overveldande, fekk slike detaljar skure.

Ein høgaste resolusjon av 19. desember 1823 bestemte at dei to sakene, Kreidahl-saka og «Prophetier»-saka, skulle førast som éi for Høgsterett, og etter at bytingsretten og stiftsoverretten i dommar av 1. april og 16. august 1824 summarisk gav Jonas Anton Hielm den same livsvarige landsforvisinga for «Prophetier»-artikkelen som dei i førre runde hadde tildelt broren, vart det hans tur til å skjelve framfor ei høgsterettsbehandling som kunne sende han ut av landet.

Men Hielm slapp å pakke koffertane og dra til sitt elska England. S.H. Finne-Grønn oppsummerer i sitt advokatbiografiske verk høgsterettsdommen av 13. september 1825 slik: «[V]ed advokat Sørenssens ypperlige defensorat endte det med at han ved dom av 13. septbr. 1825 blev ilagt en bot paa 500 spd. for misbruk av trykkefriheten og for sit forhold til Kreidal»;199 og dette er godt og rett, bortsett frå at det ypparlege defensoratet ikkje vart ført av Sørenssen, men av Hielms nære venn diktaren Henrik Anker Bjerregaard, som òg var høgsterettsadvokat.

Djupt fall for Hielm-brørne

Det har vorte sagt at Jonas Anton Hielm utover landet vart sett på som ein trykkefridommens martyr og ein helt.200 Men om resultatet av rettsprosessen kan kallast ein halv siger med ein dom utan landsforvising og embetstap, var den eit djupt fall både sosialt og økonomisk for landets fremste høgsterettsadvokat; advokatpraksisen var øydelagt for mange år framover. Ein trist sorti i denne omgangen for mannen som hadde stått fram som ein gallionsfigur i kampen for trykkefridommen. I kampens hete heiv han seg ut i allslags krumspring for å berge sitt eige kostbare skinn for handlingar han med sin juridiske ekspertise må ha skjønt kolliderte med tidas lovgiving og rettsoppfatning. I bytingsretten kravde den profilerte adelsmotstandaren til og med at han som ein av dei høgaste embetsmennene i landet måtte bli omfatta av adelsprivilegia av 28. juni 1661 og ha Høgsterett som verneting i første instans, eit krav som vart avvist i alle tre rettsinstansar.

Tre dagar etter den siste dommen i Høgsterett, 16. september 1825, kunngjorde ein kongeleg resolusjon at Hielm var løyst frå embetet som regjeringsadvokat, i strid med § 22 i Grunnlova, som sa at embetsmenn «maae ei, uden efter Dom, afsættes, ei heller, mod deres Villie, forflyttes». Hielm klaga dette inn for det femte ordentlege Stortinget i 1827, men Stortinget ville ikkje gå inn i nokon konfrontasjon med kongen om kven han måtte ha tillit til som regjeringsadvokat, og vedtok 24. juli 1827 at «[f]orrige Regjeringsadvocat, Overauditeur og Høiesteretsadvocat Hjelm forbliver udslettet af Gagelisten som Regjeringsadvocat»,201 mot at han fekk ein årleg pensjon «i Egenskab af forhenværende Regjeringsadvocat» på 504 spesidalar. Vedtaket vart 1. august «naadigst» approbert, godkjent, av kongen,202 som ikkje utsette motstandaren sin for vidare forfølging.

Også Hans Abel Hielm vart vist ein siste godvillig gest av den lunefulle kong Karl 14. Johan, som først hadde vorte rasande da han fekk høre om den milde dommen på 14 dagars fengsel på vatn og brød.203 Kongen forlangte da at den nyutnemnte generalprokurøren Christian Magnus Falsen skulle gå gjennom aktene i saka, som hadde utgangspunktet sitt i eit angrep på nettopp Falsen. Men etter at kongen hadde konferert med både høgsterettsjustitiarius Johan Randulf Bull, generalprokurør Falsen og formann i lovkomiteen av 1814 Christian Krohg, slo han det frå seg og formilda i staden ved ein kongeleg resolusjon av 15. februar 1823 dommen til 14 dagar i offisersarresten på Akershus,204 ein nåde som nok vart oppfatta som betimeleg; vel var fengsel på vatn og brød rekna som passande for lovbrytarar frå allmugen, men det ville vere uverdig for ein mann av borgarstanden som Hans Abel Hielm.

Brotet mellom brørne Hielm i 1822 var definitivt. Straks høgsterettsdommen av 18. april 1823 hadde stadfesta mulkta på 200 spesidalar pluss sakskostnader i hærens sak om «Udtog af et Brev fra Danmark», stemna Hans Abel Hielm broren for forlikskommisjonen for å få utlegget erstatta; han meinte å kunne bevise at det var Jonas Anton Hielm som hadde skrive artikkelen. Men broren lét ganske enkelt vere å møte opp til forliksmøta han vart innkalla til.

Hans Abel Hielm reiste derfor sak for Christiania Bytingsret med fleire krav i tillegg til mulkta og sakskostnadene i «Udtog»-saka: Han kravde sin del av ein felles dansk-norsk bankaksje og ein sum prisepengar og å få utbetalt eit pengelån og anna mellomvære, til saman 1179 spd 6 sk, pluss nokre småsummar i svensk og dansk mynt. Dessutan ville han ha erstatta tap, tort og kredittspille som han var påført i dei trykkefridomssakene der broren hadde latt han ta støyten.205

Jonas Anton Hielm svarte med eit motsøksmål: Han kravde 2182 spd 30 sk som sin halvdel av overskotet i Det Norske Nationalblad fram til bladet vart lagt ned, 871 Spd 23 sk i betaling for sakførsel og utlegg som forsvarar for Hans Abel i diverse saker og dessutan nokre mindre summar frå anna mellomvære med broren.206 Buet etter hopehavet mellom dei to brørne og faneberarane for trykkefridommen skulle no gjerast opp som ved ei bitter skilsmisse. Rettsprosessen om dette kom gjennom tre rettsinstansar til å strekke seg over fem år.

At Hans Abel Hielm skulle ha noka erstatning for tap, tort og kredittspille i trykkefridomssakene sine, ville ikkje rettane vite noko av, slik han hadde stelt seg i dei sakene. Litt overraskande fekk han heller ikkje medhald i at broren skulle erstatte mulkt og sakskostnader for «Udtog af et Brev fra Danmark», enda han som bevis kunne legge fram manuset, som Jonas Anton Hielm erkjente kom frå han. Men Jonas Anton Hielm påstod at manuset berre var utdrag han hadde skrive av frå eit brev bladet hadde fått frå Danmark. Dommarane trudde han ikkje, men dei nødvendige juridiske bevisa mangla. Under voteringa i Høgsterett erklærte seks av sju dommarar at Jonas Anton Hielm utan tvil var forfattaren av stykket; men han slapp unna erstatningsdom med minste margin, fire dommarar mot tre, fordi Hans Abel Hielm før artikkelen kom på trykk, ikkje hadde sikra seg ei erklæring frå han om at han var forfattaren. Her ser vi enda ein gong Høgsterett praktisere denne uskrivne regelen.

Like eins gjekk det med Jonas Anton Hielms krav på sin halvdel av overskotet i Det Norske Nationalblad. Hans Abel Hielm blånekta for at det hadde vore noko økonomisk fellesskap mellom dei om bladet etter at dei beviseleg hadde delt overskotet for dei to første hefta i april 1816. Heller ikkje dette trudde dommarane på. Byfut Frederik Riis – frå 1825 riddar av Vasaordenen og ein «Højvelbaarenhed» – fann i bytingsdommen av 25. mars 1824 likevel ikkje noko avgjerande juridisk bevis for fellesskapet. Same resultat kom Aggershuus Stiftsoverret til i sin dom av 15. november 1824. I Høgsterett meinte derimot fem av sju dommarar at fellesskapet var godt nok bevist. Problemet der var at det var Hans Abel Hielm som hadde anka overrettsdommen – med beneficium processus gratuiti frå kongen – og at Jonas Anton Hielm ikkje hadde passa på å anke sitt motsøksmål for Høgsterett. Dermed var retten forhindra i å endre tidlegare dommar som gjaldt motsøksmålet, til gunst for høgsterettsadvokaten, som altså hadde seg sjølv å takke for at han ikkje vart tilkjent halvdelen av overskotet i bladet.

I staden stadfesta Høgsterett eit pålegg stiftsoverrettsdommen hadde gitt Hans Abel Hielm om å avlegge «sin corporlige Eed» på at brørne ikkje hadde hatt noko økonomisk fellesskap om bladet.207 Dette var ein eid etter Norske lov 1-13-8:

Dommeren skal fremkalde dennem, som Vidne skulde bære, og de skulle svære med oprakte fingre, at de ville sige Sandhed, og intet deraf dølge; Og skal Dommeren formane dennem, hvad Straf der skal efterfølge, dersom de vidne Løgn.

«Oprakte fingre» var dei tre fingrane tommel, peikefinger og langfinger; tommelen stod for Gud Fader, peikefingeren for Guds son Jesus Kristus og langfingeren for Den heilage ande. Å sverje ein slik eid var ei svært alvorleg sak og ein eldgammal måte å avgjere eit vanskeleg skyldspørsmål på. Etter Norske lov 1-13-10 var straffa for falsk eid streng:

Befindis nogen at vidne aabenbare Løgn med sin fri Villie og fulde Forsæt, saa mand kan kiende, at hand vant Løgn, da straffis hand paa sine to Fingre, og hans Boeslod være forfalden til hans Husbond.

Straffa på to fingrar hadde i § 1 i lova mot lemlestingsstraffer av 25. oktober 1815 vorte formilda til «Frihedens Tab paa Livstid». Det var med andre ord eit strengt pålegg retten gav Hans Abel Hielm, og dersom han så valde å ikkje avlegge eiden innan den pålagte fristen på tre månader, måtte han ut med sine 2000 spesidalar til bror Jonas Anton. Kva som skjedde med eiden, er uvisst; den lar seg ikkje spore opp i tingboka for Christiania byting.

Utbyttet av denne fem år lange rettsprosessen vart magert for dei begge: Høgsterettsdommen av 15. februar 1828 påla Jonas Anton Hielm å betale Hans Abel Hielm 56 rd 6 sk i svensk mynt og 117 rbd 20 sk i dansk med ein motpost på 25 spd 76 sk. Ingen av dei vart tilkjent sakskostnader. Krangelen mellom brørne fisla ut i småpengar.

Om Jonas Anton Hielms fall etter denne historia var djupt, så var han ikkje knekt. I 1830-åra gjenopptok han praksisen som høgsterettsadvokat og vendte òg tilbake til den politiske arenaen som sentral opposisjonsmann og no òg stortingsmann fram til 1842. Ei av sakene han stod i spissen for å kjempe fram, var eit eige handelsflagg for norske skip; «Han var for Norge Hjelm og Spjud. / Tilsidst han frie’de Flaget ud», heiter det om han i beundraren Henrik Wergelands dikt «Gangspilvise om briggen ‘Jonas Anton Hjelm’» frå 1839.