For bonde Ole Wernsen Klungseth i Nes og sorenskrivar Erik Gløersen i Nordre Hedemarken sorenskriveri var rettsprosessane langt frå over. Hausten 1816 hadde fabelen i Christiania Intelligentssedler om geitebukken som var dommar i sorenskriveriet (sjå side 271–279), ført betennelse inn i Klungseth-prosessen. Eitt år etter slo betennelsen over i akutt feber: Klungseth drog Gløersen for retten, Gløersen Klungseth, Klungseth Gløersen, til den eine låg død på valplassen.

Så la oss avslutte del 2 med å ta ein kikk på desse prosessane. Dei kastar på sitt sære vis ytterlegare lys over så vel rettsforholda som opphavet til og gangen i slike ærekrenkingsprosessar i dei aller første åra etter 1814, gjerne utløyste av anonyme avisinnlegg, ja, til og med lidenskapen partane kasta seg inn i striden med, kan vi ane.

«Dommer Glorian»

Spetakkelet starta idet sorenskrivar Erik Gløersen støytte i hop med sokneprest i Ringsaker Gerhard Gunnerus Bergh, segnomsust lokalt og udødeleggjort – om enn litt forteikna – i den kranglevorne «pastor Lind» i Tryggve Andersens berømte romanverk I Cancelliraadens Dage.1 Bergh var ein venn av proprietær, premierløytnant og opposisjonsleiar Jacob Hoel på Hovinsholm gard på Helgøya; dei to hadde møtst mens dei oppheldt seg i København i 1890-åra. Saman med Ole Wernsen Klungseth utgjorde dei eit trekløver i prosessane som følgde, Bergh og Klungseth inne på rettsarenaen, Hoel som ein skygge i kulissane, og det kan godt hende at alle tre hadde hatt ein finger med i forfattarskapet av fabelen i Christiania Intelligentssedler året før om geitebukken som «lod sig bestikke ved en Portion Havre, eller, da han blev mere kræsen, med Rug».

Krangelen mellom Gløersen og Bergh oppstod etter at eit anonymt innlegg i Christiania Intelligentssedler 11. august 1817 vekte til liv ein affære som hadde lege død i meir enn to år.2 Den hadde begynt i 1813, da sorenskrivar Gløersen dømte ein Ole Poulsen til to års tukthusstraff for andre gongs tjuveri etter at han hadde stole korn på låven til sokneprest Bergh. I mai året etter rømte Poulsen frå tukthuset og dukka utpå nyåret 1815 nokså forkommen opp på sorenskrivargarden Skarpsno, der mor hans og ei søster var i teneste. Sorenskrivar Gløersen forbarma seg over han og festa han til å spinne ull, som Poulsen oppgav å ha lært i tukthuset, deretter som gardsdreng da den faste drengen vart innkalla til militærteneste.

Da sokneprest Bergh etter ei tid fekk nyss i dette, troppa han opp på sorenskrivargarden, som var bygselgrunn under prestegarden, og konfronterte Gløersen med at Poulsen var ein tukthusrømling. Tonen mellom presten og sorenskrivaren var anstrengt etter tidlegare tvistar dei imellom, og da Bergh forlangte at øvrigheita måtte varslast om rømlingen, svarte Gløersen at det kunne da Bergh sjølv gjere. Soknepresten drog heim og rapporterte saka til den øvste geistlege administrasjonen, stiftsdireksjonen i Christiania, mens sorenskrivaren ingenting gjorde. Ein månad etter vart Ole Poulsen pågripen og sendt tilbake til tukthuset i Christiania.

Den anonyme skribenten i Christiania Intelligentssedler gjengav eit rykte som gjekk om sorenskrivar Gløersens rolle i denne affæren, og bad «Hr. Pastoren om, at underrette Publicum, om Tingen hænger saadan sammen» som ryktet sa. Slik kunne sorenskrivaren bli fri ryktet, heitte det i innlegget, eller dersom det var sant, bli dratt til ansvar for sin «som Dommer, Øvrighedsperson og Borger, mod Pligt og Lov stridende Fremgangsmaade». Skribenten minte lesarane om at Gløersen «flere Gange for urigtige Retshandlinger er bleven revset», og avslutta innlegget med å spørje «om ikke en Embedsmand af saadan Natur qvalifiserer sig til Embedsforbrydelse». Innlegget var eitt av mange anonyme stikk mot Gløersen i Christiania Intelligentssedler; den ferske trykkefridommen trong ikkje vere vakker når den vendte vrangsida ut.

Soknepresten rykte raskt ut i same avis. Han kjente så visst historia om Gløersen og den rømte tukthusfangen og hadde sjølv måtta melde frå om den til øvrigheita, «eftersom Hr. Sorenskriver Gløersen ei vilde reflectere paa min venskabelige Advarsel mod at beholde ham i sin Tjeneste».3 I eit harmdirrande innlegg svarte sorenskrivar Erik Gløersen at da Ole Poulsen hadde komme «halv nøgen» til gards, hadde han ikkje ant at mannen var rømt frå tukthuset, ikkje før «den benævnte ærværdige Præstemand» kom og anklaga han «i en passioneret, ham egen, skjælvende Tone» for å ha ein rømling i si teneste. Gløersen hadde bedt Bergh «gjøre Anmeldelse herom til Øvrigheden» slik at personen kunne bli henta, «hvilket skeede».4 Når prestemannen no var djerv nok til å gjere kjent «det omrørte, af mig berigtigede Faktum, hvilket, fra Moralitetens Side især betragtet, dog aldrig kan blive vanærende for mig», så var det for å hemne seg på han, torna Gløersen.

Sorenskrivaren hadde nemleg hatt den ære å vere medlem av ein prosterett, første rettsinstans i det geistlege rettssystemet den gongen, der sokneprest Bergh hadde vore sett under tiltale av Justitien for embetsførselen sin: å forsømme konfirmantundervisninga, preike så lågt i kyrkja at kyrkjelyden ikkje fekk med seg kva han sa, slurve med vinen og brødet til nattverden og å vise «slet Orden» ved soknebod og gravferder.5 Også andre skuldingar var komne opp under prosterettssaka: at Bergh skulle ha rana til seg rekved som ein vårflaum i Mjøsa hadde ført vekk frå Gjøvigs Glasværk og forbi hans grunn, at han hadde latt prestegarden forfalle og øydelagt prestegardsskogen, og at han i det private førte eit uverdig liv for ein prest, som at han på garden Berg hadde spelt kort ei heil laurdagsnatt og så neste formiddag gått rett i preikestolen. I mars 1817 hadde Gløersen avgitt fellande votum i prosteretten og meint at Bergh måtte dømmast frå presteembetet. «Retfærdigheden og min Ære og Samvittighed forbød mig at være enig med Dhrr. Geistlige Medlemmer om Dommen, hvorved den Tiltalte blev aldeles frikjendt», bekjentgjorde han arg for lesarane av avisa. Det var som hemn for dette soknepresten no gjekk ut mot han, hevda Gløersen.

Ein illsint sokneprest Bergh tilbakeviste i eit nytt innlegg med «fortjent Haan og Foragt» Gløersens «ligesaa flaue som ondsigtende Avertissement».6 Han gav ein annan versjon av møtet på sorenskrivargarden, «da Sorenskriveren, paa min venskabelige Advarsel forinden, svarede med den ham egne Brutalitet: ‘Saa kan Du jo melde det an!’». Bergh hadde ikkje gått sjølvbedt til avisa med denne saka, men hadde for ikkje å bli mistenkt for «Deelagtighed» følgt oppfordringa i «[h]iint anonyme Avertissement, der havde et træffende Motto», som han giftig la til.

Det «træffende Motto» var dette infame verset som knytte ein raud tråd tilbake til geitebukkfabelen frå året før:

Hvad dog Dommer Glorian

Er en høist retfærdig Mand,

Knapt man her hans Lige haver:

Han seer ei Personer an,

Men, kun – deres Gaver!7

  

Ein ny påstand om at dommar Glorian – Erik Gløersen – var korrupt, men også denne gongen såpass fiksjonalisert at lovas uttrykk aabenbare ville hindre ein fellande dom for ærekrenking.

Bergh gjorde hintet sitt til fabelen om geitebukken som var sorenskrivar og spesielt glad i rug, enda tydelegare: Den anonyme skribenten hadde skrive at Poulsen spann bomull for sorenskrivaren, noko Gløersen i sitt innlegg hadde korrigert til «Faareuld»; men, skreiv den rasande sokneprest Bergh, «om han end havde spundet Gede- eller Bukkehaar, blev jo Sagen ligefuldt den samme». Stor underhaldning for lesarane på Hedemarken, som nok hadde oppstyret rundt fabelen om geitebukken friskt i minne.

At Gløersen ikkje hadde skjønt at Ole Poulsen var ein rømling, bles Bergh av. Gløersen kjente Poulsen godt, han hadde dømt han to gonger for tjuveri og hadde mor hans og ei søster i si teneste. Han kjente denne familien. Og soknepresten fyrte av ein grueleg salve med solid ærekrenkande kraft: «Hr. Sorenskriver Gløersen har med fri Villie og Vidende taget, og, uagtet Advarsel, tilforladelig beholdt i sin Tjeneste, en fra Tugthuset udbrudt Tyv, længe førend Straffetiden var udløben!» Når Gløersen meinte at saka ikkje var vanærande for han, minte det Bergh om «Mænd, der besidder Moral og Æresfølelse saalidt, at De i Selskab synge liderlige Viser paa Psalmemelodier, putte Slyngler i Lommen, dandse i Perialen, som Narre paa Knæerne o.s.v.».

Og det var ikkje Bergh, men Gløersen som var ridd av hemnlyst. Hans «med Fripostighed paaberaabte Votum» i prosteretten hadde ikkje vore noko anna enn ein hemn både for at Bergh hadde varsla øvrigheita om rømlingen den gongen i 1815, og for at han hadde «søgt at indskrænke Hr. Sorenskriverens Havelyst, naar den gik over de bestemte Grændser, der ogsaa har aarsaget mig til, 2de Gange at stevne ham ind for Forligelsescommissionen». Med dette sikta han til to konfliktar dei imellom om bygselavgifta for sorenskrivargarden Skarpsno. Den første oppstod fordi dei to tilbake i 1813 var komne opp i det Bergh kalla «en vidløftig Tvist» om kor stor avgifta skulle vere, den andre, berre kort tid før desse avisskriveria, fordi Bergh nekta å ta imot bygselavgifta i form av ein diskontosetel og kravde betaling i «Statens ordentlege Pengesort».8

Dette siste var ein typisk krangel på denne tida. Diskontosetlane var sette i omløp av regjeringa fordi det var stor mangel på myntar og setlar i landet, og var skrivne ut av såkalla låne- og diskontoinnretningar, ei i kvart av dei fire stifta i landet, oppretta ved lov av 14. juni 1816. For å vise folk at dei var solide betalingsmiddel, garanterte regjeringa at dei skulle gjelde som betaling også til offentlege kassar. Men verdien på setlane berre fall og fall, til skade for både folk flest og staten, og i juli 1817 såg regjeringa seg tvinga til å oppheve garantien frå året før.9

Den som no måtte ta imot ein diskontosetel som betaling, kom i ein vanskeleg situasjon. Den pålydande summen var forholdsvis høg, i Berghs tilfelle 20 spesidalar, og fordi det var stor mangel på vekslepengar, vart setelen vrang å bruke til småhandel, samtidig som det gjaldt å bli kvitt den før verdien sokk enda meir. Pengevekslarane tok på sin kant høge avgifter for å ta imot den som byte mot ordentlege pengar, og dei handlande skrudde opp vareprisane tilsvarande. Når Gløersen så pukka på å få betale med ein slik setel, var det fordi embetsmennene var blant dei som vart hardast ramma av pengemangelen ved at dei på grunn av regjeringas garanti hadde fått inntektene sine i diskontosetlar som stadig skrumpa i verdi. Men etter innkallinga til forlikskommisjonen bøygde han av og betalte Bergh 200 riksbankdalar, etter vanleg vekslingskurs det same som 20 spesidalar, pengesorten som no heldt på å avløyse den svake riksbankdalaren.

Sokneprest Bergh avslutta avisinnlegget sitt med å frådømme Gløersen hans påberopte eigenskapar rettferdssans, ære og samvit, som dersom han hadde hatt dei, ikkje ville ha «fremvirket saa hyppige Besværinger» som no «kunde styrte ham selv endnu dybere i den Grav, han saa gjerne grov for Andre».

Ein nytt anonymt inserat i Christiania Intelligentssedler forklarte for lesarane kva denne grava kunne vere. For det første hadde Gløersen komme med «ærerørige Fornærmelser mod Provsterettens geistlige Membra» ved å hevde at dei mangla rettferdssans, ære og samvit, ei skulding som ikkje kunne «bestaae med Disses høie Kald»,10 dvs. at desse geistlege ikkje var skikka for stillingane sine om skuldinga vart ståande urokka. Derfor måtte dei fornærma få beneficium processus gratuiti for å reise sak mot Gløersen. For det andre viste affæren med den rømte tukthusfangen at Gløersen sjølv var uskikka til å kle den stillinga han hadde: «Det er af yderste Vigtighed for et Land, at Embederne besættes med Mænd, der forene Duelighed med Redelighed og Nidkjærhed.» Innlegget vart avslutta med denne urovekkande salven:

Det maae derfor ansees for enhver god Regjerings Pligt, at paasee hvorvidt de rette Forhold existerer eller ei, og derhos drage den Vedkommende til Ansvar efter Landsloven, hvad enten han handlede som uretfærdig eller uduelig Embedsmand. Hvorvidt derfor Sorenskriveren Hr. Erich Gløersen, ifølge sit Forhold, qvalifiserer sig til Justitiens Omsorg eller ei, vil saaledes Tiden snart oplyse.

Og innsendaren var godt informert; denne salige krangelen frå nord på Hedemarken i hovudstadsavisa Christiania Intelligentssedler hadde vorte lesen med omhug av dei ansvarlege i 2. departement, Justisdepartementet. Alt etter det første innlegget frå sokneprest Bergh hadde departementet skrive til Hedemarken Amt og kravd å få tilsendt ei forklaring frå sorenskrivar Gløersen om affæren med tukthusfangen Ole Poulsen.

I staden for ei eiga skriftleg forklaring frå sorenskrivaren sendte amtmann Lauritz Weidemann Gløersens avisinnlegg frå 4. september til departementet. Det som stod der, heldt ikkje for myndigheitene, og snart gjekk det ut ordre til Hedemarken Amt om å gjennomføre eit rettsleg forhør av Gløersen og Bergh. Amtmann Weidemann gav ordren vidare til overrettsprokurator Johan von Aphelen Jarmann, som gjekk inn som settedommar under forhøret i staden for sorenskrivar Gløersen i Nordre Hedemarken sorenskriveri.

Enno før datoen for forhøret var bestemt, sette Gløersen den rettslege forklaringa si på trykk i Christiania Intelligentssedler. I dei ti åra han hadde vore sorenskrivar over Nordre Hedemarken, skreiv han, hadde han dømt over 100 personar til tukthus- og festningsstraff for tjuveri og heleri og så straks glømt både personane og straffetidene. Når han seinare hadde møtt enkelte av dei, hadde han ikkje kjent dei att. Slik hadde det vore med Ole Poulsen òg, som han før hadde sett berre ved forhøret og under rettssaka. Derfor ville han «frimodigen erklære, at Pastor Berghs offentlig fremførte Beskyldning: at jeg vidende skulle have taget et bortrømt Tugshuslem under Beskyttelse og i Tieneste, er ligesaa falsk, som fornærmende».11 Tvert imot var det av medynk han hadde tatt Poulsen i si teneste:

Almindelig kastes et Slags af Foragt paa Personer, som have væred straffede med Tugtshusarbeide, saaat det er vanskeligt for dem at faae Tieneste, eller Noget at fortiene, men herved kand de dog blive nødde til paanyt at stjæle til deres Ophold, og gjøre sig end meere ulykkelige.

Gløersen var tydelegvis fortruleg med straffepleietenkinga som hadde vunne fram frå siste halvdel av 1700-talet, og som la stor vekt på å leie forbrytaren tilbake til samfunnet.12

Men med det var det slutt på den tilkjempa beherska tonen, no skulle Bergh til pers: «Jeg har aldrig mangled gode Tienestefolk, fordi jeg altid har, efter Pligt, behandled Disse paa en retskaffen Maade; men Tilfældet turde være just det Modsadte med min Anklager.» Og Gløersen gav luft til sinnet over den stadige forfølginga han var utsett for i Christiania Intelligentssedler: «At Præsten Bergh har, i Forening med andre Ligesindede, igjennem offentlige Blade, ligesaa frækt som ondskabsfuldt, lasted, og søgd at forhaane, min Embedsførelse, anseer jeg med den yderste Foragt.» Om skuldinga om at han mangla rettferdssans, ære og samvit, skreiv Gløersen dette: Det var «Beviis paa Præsten Berghs forhærdede og ondskabsfulde Karakter» at han no mens han var suspendert og under «Justitiens Tiltale til Embedsforbrydelse», offentleg våga å angripe «paa Ære og almindelig Agtelse, en gammel redelig og ærekiær Embedsmand, som jeg frimodigen tør giøre Fordring paa at være».

Under forhøret på lensmannsgarden Stolpestad 23. oktober 1817 trekte ikkje Gløersen og Bergh tilbake noko av det dei hadde skrive i avisinnlegga sine, og forhørsprotokollen vart sendt til 2. departement, som i sin tur måtte vurdere om tiltale skulle reisast mot sorenskrivaren. I så fall risikerte han embetet sitt, etter i alle sine 36 år som sorenskrivar å ha «glæded mig over, at mit Forhold og min Embedsførelse, har fundet baade den høie Øvrigheds, og vedkommende Almuers Bifald».13

«En Skurk og nedrig Person»

Inn i dette opprørte farvatnet kom Ole Wernsen Klungseth seglande med ei ny stemning av sorenskrivar Gløersen for forlikskommisjonen.14

Det var blant anna Gløersens dommar mot Klungseth i kontroversane med generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer den anonyme skribenten i Christiania Intelligentssedler sikta til når han i innlegget sitt skreiv at Gløersens «Retshandlinger ofte bliver kjendt uefterrettelige og hjemviste til ny og lovligere Behandling, samt derhos ledsaget med en passende Mulct». I svaret sitt kalla Gløersen dette ein «aabenbar Usandhed»: Vel gjorde hans «i en høi Grad svækkede Hukommelse» at han kunne glømme ein og annan formalitet, som å attestere i domsprotokollen at sakførselen til partane hadde vore lovmessig og forsvarleg, men dommane hans var ikkje dermed urettferdige og lovstridige.

Og visst var det for ei slik forglømming Gløersen hadde vorte idømt ei mulkt på 16 spesidalar i overrettsdommen i Klungseth-saka av 21. oktober 1816. Men det som hadde fått stiftsoverretten til å sende saka tilbake til ny og lovlegare behandling på sorenskrivarens eigen kostnad, var vitterleg at han hadde glømt å ta med meddomsmenn slik lova kravde når saka til Klungseth kunne ende med æresstraff etter Norske lov 6-21-7.

Det hadde Gløersen hugsa da den heimsendte ærekrenkingssaka var oppe på månadstinget for Ringsaker og Nes 2. oktober, midt under feiden med Bergh; der vart den endelege dommen utsett til neste månadsting 3. november for at meddomsmennene skulle få tid til å sette seg inn i domsakta frå 1816. Eit heilt år var gått sidan overretten sendte saka tilbake; det må ha kjenst forsmedeleg for Gløersen etter runden med geitebukkfabelen å skulle sette seg ned med fire bygdefolk som meddommarar i ei sak han hadde fått heimvist frå stiftsoverretten som ulovmessig og vorte mulktert for.

Det var likevel ei anna sak frå månadstinget 2. oktober Ole Wernsen Klungseth i desse dagane gjekk og kjente seg krenkt av, ei sak Klungseth hadde reist mot sambygdingen Peder Krogsrud. Der hadde Gløersen idet begge partar hadde erklært at dei innlét saka til doms, gripe inn og spurt Krogsrud om han ikkje hadde vitne å føre som kunne kaste meir lys over saka frå hans kant. Da Krogsrud bekrefta det, utsette Gløersen vidare forhandlingar til desse vitna kunne førast. Klungseth meinte at Gløersen dermed hadde opptredd partisk og til skade for han, og 27. oktober, same dag som han skreiv stemninga for forlikskommisjonen, hadde han sendt av garde eit innlegg til Christiania Intelligentssedler der han beklaga seg over denne urettmessige handlinga til Gløersen.

Men det var ikkje denne saka heller han drog Gløersen inn for forlikskommisjonen for. Den anklagen han reiste der, gjaldt enda ein affære som hadde lege død i to år. Ein gong i 1815 hadde Klungseth levert ei tønne rug til Gløersen. Når på året det var, forklarte begge seg seinare uklart om. Tidleg på året 1815, heitte det frå Klungseth. For fire år sidan, forklarte Gløersen i 1818. Faktum var at Klungseth kom dragande med rugtønna våren 1815, etter at det hadde vorte klart at innlegget hans i Christiania Intelligentssedler om generalmajor Meyer i februar 1815 ville ende som straffesak i tingretten i Nordre Hedemarken med Gløersen som dommar. Vi står her ved opphavet til den infame påstanden frå fabelen om geitebukken, at han «lod sig bestikke ved en Portion Havre, eller, da han blev mere kræsen, med Rug».

No påstod Klungseth at han aldri hadde fått betaling for rugtønna. Var det det nye diktet – «Han seer ei Personer an, / Men, kun – deres Gaver!» – som hadde sett han på tanken? Var dette ein passande hemn for krenkingane han meinte seg utsett for? Eller var grunnen at saka hans mot Meyer endeleg skulle opp til ny dom på månadstinget for Ringsaker og Nes 3. november? Iallfall skulle han sette ein ordentleg støkk i Gløersen.

For Gløersen kom saka susande som ein stein frå blanke himmelen. Han meinte at affæren med rugtønna var ordna opp i alt i 1815. Klungseth hadde den gongen komme ubedt til han med rugtønna og sagt at den var ei foræring. Da Gløersen prinsippfast nekta å ta imot, hadde Klungseth insistert på at sorenskrivaren skulle ha den. Etter litt fram og tilbake hadde Gløersen gitt seg, for ikkje å skape seg vrang, han kunne jo gjere opp for tønna ved å la vere å ta betaling for diverse rettsgebyr i tingrettssaka som låg framfor dei. Det hadde han gjort, slik at tønna vart betalt gjennom ettergitte rettsgebyr. Dette skjedde dessverre før han «havde lært at kjende Mandens moralske Værd».15 Klungseth hevda på si side at tønna aldri var meint som ei gåve til Gløersen. Han hadde etterlyst betalinga fleire gonger i 1815, også i annafolks påhør, og alle rettsgebyr var betalte med kontante pengar. Problemet for Gløersen var at han hadde kvittert på alle avskrifter av rettsakter osv. for at rettsgebyr og skrivarlønn var mottatt. Dermed stod det påstand mot påstand.

Upraktisk for Gløersen la forlikskommisjonen møtet til klokka 9 om morgonen 3. november, da sorenskrivaren skulle leie månadstinget på tingstaden Stolpestad. Men da han kom til forliksmøtet på garden Mariendahl hos kommisjonsformannen oberst Poul Weybye ein time for seint, var heller ikkje Klungseth kommen enno. Gløersen hadde ikkje tid til å vente, så han gav kommisjonen klar beskjed om at tønna for lengst var betalt, og hasta tilbake til månadstinget. Like etter at han var gått, dukka Klungseth opp. Kommisjonen konstaterte at det ikkje låg an til forlik, og gav han ein attest med denne konklusjonen: «Da Foreening ej kunde opnaaes, bliver denne Sag efter forlangende henviist til Retten.»16 Med den i lomma gjekk også Klungseth til månadstinget, der hans eiga sak mot Meyer skulle opp til doms.

Da Gløersen fekk sjå Klungseth komme slengande så kort tid etter han sjølv, vart han rasande. Han var sikker på at Klungseth hadde lege på lur og venta på at motparten skulle komme og gå igjen med uforretta sak, for så å utnytte situasjonen til sin fordel ved å sleppe å forhandle med han framfor kommisjonen. Tinget var på dette tidspunktet sett, og det var ikkje privatmannen Gløersen som sat der og kokte, men sorenskrivaren og dommaren. Det som ifølgje Klungseth no skjedde, var at da han kom inn i tingstua, «beherskede Lidenskaberne Sorenskriveren over nordre Hedemarken Hr. Erik Gløersen i den Grad, at han ubesindig nok, tillod sig for Retten i Vidners Paahør, at kalde mig en Skurk og nedrig Person».17 Ifølgje Gløersen sjølv hadde han «i den hele Almues Paahør» forklart dette med at «ikke nogen anden end en Skurk kunde begaae en saadan Stræg» som å innkalle han til forlikskommisjonen for ei tønne rug som for lengst var betalt.18

Og dagen enda ikkje med dette. Enda større brudulje skulle det bli rundt dommen i den heimsendte saka mellom generalmajor Meyer og Klungseth.19 Gløersen hadde med seg dei fire meddomsmennene Even Frislie, Ole Winjue, Michel Dæhlie og Peder Frislie, og ifølgje domsprotokollen var dei einige med dommaren om den dommen han hadde avsagt 8. mars 1816. Med alle formalitetar trygt på plass gjentok Gløersen no denne dommen, med nokre få nødvendige endringar. Ei av endringane var at han denne gongen måtte utmåle ei straff. I den første dommen hadde jo Gløersen meint at straffa han hadde dømt Klungseth til i justissaka, ei mulkt på 100 riksbankdalar sølvverdi, måtte gjelde som straff også for ærekrenkinga av Meyer, ettersom det var snakk om ei og same handling. Men så hadde Høgsterett 10. mai 1817 gått hen og frikjent Klungseth for Justitiens tiltale om å ha vist ringeakt mot regjeringa. Derfor dømte Gløersen han no til ei mulkt på 80 spesidalar til fattigkassen i Nes prestegjeld for å ha ærekrenkt generalmajor Meyer.20

Problema meldte seg da meddomsmennene etterpå erklærte at dei ikkje hadde vore einige i denne «aldeles upassende Dom», men einstemmig hadde protestert mot å underskrive den, ettersom Klungseth «havde beviist alt det omhandlede i denne Sag», utan at Gløersen hadde tatt notis av dei.21 Dette hadde komme for ein dag alt da dei steig ut frå forhandlingane med sorenskrivaren i tingstua, og ryktet spreidde seg fort blant tingfolket. Dersom dette var rett, var ikkje dommen gyldig.

Da sorenskrivar Gløersen same dag las den opp på tinget, hadde dei fire meddomsmennene enno ikkje skrive under protokollen, men forlangte heller ikkje å få ført nokon protest til protokolls. Ei forordning av 4. oktober 1799 bestemte uttrykkeleg at meddomsmennene skulle underskrive protokollen same dag, men Gløersen gjorde ingenting for at det skulle skje. Det hadde heller ikkje skjedd da Klungseth fekk forkynt dommen på tinget neste dag, 4. november, som var siste tingdag. Først ved avslutninga av tinget skreiv dei fire mennene under tingprotokollen. Sjølve meinte dei at dei ikkje gjorde det som meddomsmenn i saka mellom Meyer og Klungseth, men som ordinære lagrettemenn ved dei andre sakene på tinget.

«… ej sidde meere i Dommers Stæd»

Frå denne heksegryta vart det på kort tid trolla opp fleire rettsprosessar enn éi hand har fingrar til å telje, alle knytte til Nes-bonde Ole Wernsen Klungseth og sorenskrivar Erik Gløersen – og til den forbanna trykkefridommen som hadde heimsøkt vårt land.

Det første som skjedde, var at avisinnlegget Klungseth hadde sendt inn om Gløersens handlemåte i saka hans mot Peder Krogsrud, kom på trykk i Christiania Intelligentssedler. Var det «lovmedholdig», spurde han der, «af Dommeren Hr. Sorenskriver Erich Gløersen ved Retten at overtale Sagsøgeren til at forlange Udsættelse, hvilket skeede den 2den October i Laugrettets Paahør»?22

Ei partisk handling av ein dommar var eit brot på Norske lov 1-5-3; «da skal hand derfor afsættis, og ej sidde meere i Dommers Stæd». Sorenskrivar Gløersen hadde ikkje noko val: Etter § 10 i forordninga av 27. september 1799 skulle «enhver Embedsmand være pligtig til, naar han beskyldes for Uretskaffenhed i hans Embedsførelse, at fralægge sig samme ved Dom», og han søkte derfor kongen om beneficium processus gratuiti. Å skrive søknaden må ha vore ein svir for han; endeleg hadde Klungseth vore tåpeleg nok til å gi han den sjansen han trong for å kunne slå tilbake mot dei lumske motstandarane sine.

At sorenskrivar Gløersen pønska på noko slikt, må ha komme Klungseth for øre. Han slo raskt tilbake og stemna sorenskrivaren til å møte han i forlikskommisjonen hos oberst Weybye på garden Mariendahl 1. desember 1817. Det var Gløersens ord i tingfolkets påhør på månadstinget 3. november om at han var ein skurk og nedrig person, innkallinga gjaldt. Klungseth påstod seg ærekrenkt av dei.

Da møtedagen i forlikskommisjonen kom, gjekk det som sist dei to skulle forlikast. Gløersen stilte opp utpå formiddagen; da hadde Klungseth alt vore innom, men var gått sin veg og var søkk borte. Snart måtte Gløersen tilbake til embetshandlingar som venta, han sa kva han meinte om saka, og gjekk sin veg også han, og «ingen Foreening om Sagen kunde blive at foretage ved Commissionen».23 Ein ny rettsprosess var undervegs.

Det neste som skjedde, var at dei fire meddomsmennene Even Frislie, Ole Winjue, Michel Dæhlie og Peder Frislie gjekk til lensmannen. Det var Klungseth som stod bak dette òg. Da han hadde sett at namna deira stod oppførte under avskrifta av dommen i den domsakta han vart forkynt, og fått forklart korleis det hang i hop, formante han dei om å ta affære. Det gjorde dei, og 3. desember 1817 sette dei underskriftene sine under ei erklæring om at «da vi ansaa Hr Sorenskriverens Dom ikke passende paa Sagen, bleve vi ikke enige med ham i Dommens Afsigelse».24 Også denne påstanden var ei skulding mot Gløersen som kunne føre til embetstap om den var sann; det dei skulda han for, var å ha forfalska domsprotokollen.

Ole Wernsen Klungseth handla også no raskt. Dagen etter sendte han dei lokale stemnevitna heim til dei fire og fekk tilbake ein bevitna attest om at dei stod ved underskriftene sine. Attesten la han ved anken av dommen frå 3. november til stiftsoverretten, der påstanden hans var at Gløersens dom enda ein gong måtte kjennast uetterretteleg og bli heimsendt på sorenskrivarens kostnad, og at Gløersen måtte bli straffa etter lova.

I mellomtida hadde 2. departement konkludert i saka om den rømte tukthusfangen. Ved kongeleg resolusjon av 12. desember 1817 vart sorenskrivar Erik Gløersen sett under Justitiens tiltale for «at tage den til Tugthusstraf af ham dømte og derfra undvegne Ole Poulsen i sin Tjeneste» og for «efterat være bleven vidende om Ole Poulsens Stilling, ikke tilbørlig at have taget Omsorg for hans Hæftelse».25

Ikkje nok med det, han vart òg pålagt ved dom å frålegge seg dei mulegvis ærekrenkande skuldingane sokneprest Bergh hadde komme med i Christiania Intelligentssedler, vel å merke ikkje påstandane Bergh hadde komme med om Gløersens forhold til Ole Poulsen, som ville bli tatt opp til doms i straffesaka Justitien reiste, men dei andre ærekrenkande uttrykka Bergh hadde brukt. Til søksmålet mot Bergh vart Gløersen gitt beneficium processus gratuiti. I dette tilfellet hadde han ikkje noko val, han måtte følgje pålegget frå landets høgaste myndigheit. Da han så ved kongeleg resolusjon av 30. desember 1817 fekk innvilga søknaden sin om beneficium for å reise sak mot Ole Wernsen Klungseth, gjekk sorenskrivar Erik Gløersen inn i året 1818 som innehavar av to beneficium.

Og det enda ikkje med det. Den 8. desember hadde ein alarmert krigsråd og fut i Hedemarkens Fogderi Johan Christian Wetlesen møtt opp på hausttinget i Ringsaker. Der vart det gjort klart også for tinget at dei fire meddomsmennene stod ved erklæringa si om at dei hadde votert imot dommen av 3. november. Dermed gjekk det slag i slag: Futen sendte utskrift av protokollen frå dette hausttinget til Hedemarkens Amt, amtmann Weidemann kravde ei skriftleg forklaring frå Gløersen om det som var skjedd, utpå nyåret sendte han saksdokumenta over til 2. departement, og ved høgaste resolusjon av 28. januar 1818 vart Gløersen på ny pålagt ved dom å frålegge seg ærekrenkande skuldingar, denne gongen frå dei fire meddomsmennene «om at have ført falsk Protokoll».26 Han fekk sitt tredje beneficium processus gratuiti stukke i handa. Lét han vere å reise denne saka, eller like ille: tapte han den, tapte han iallfall sitt kjære sorenskrivarembete.

Sju rettsprosessar begynte no å gå sin langsame, men ustoppelege gang, her rekna opp i den rekkefølgja dommane kom til å falle:

  • Erik Gløersens sak mot Klungseth for den ærekrenkande skuldinga i Christiania Intelligentssedler om å ha handla partisk i retten 2. oktober 1817

  • Justitiens sak mot Erik Gløersen for forholdet hans til tukthusfangen Ole Poulsen

  • Ole Wernsen Klungseths sak mot Erik Gløersen for å få betalt for ei tønne rug

  • Erik Gløersens sak mot sokneprest Gerhard Gunnerus Bergh for ærekrenkande uttrykk i Christiania Intelligentssedler

  • Ole Wernsen Klungseths ankesak til stiftsoverretten over dommen av 3. november 1817 i det private søksmålet frå generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer

  • Ole Wernsen Klungseths sak mot Erik Gløersen for ærekrenkande uttrykk på tinget 3. november 1817

  • Erik Gløersens sak mot Even Frislie, Ole Winjue, Michel Dæhlie og Peder Frislie for skuldinga om å ha ført falsk protokoll på tinget 3. november 1817

«2 forstandige og bekiendte redelige Mænd»

Når kongen gav Erik Gløersen tre beneficium processus gratuiti, betydde ikkje det at staten tok på seg kostnadene i sakene hans. Det var gjort heilt klart i ordren amtmann Lauritz Weidemann i desember 1817 fekk frå 2. departement om å oppnemne fri sakførar for den benefiserte sorenskrivaren. Etter departementets ordre var den oppnemnte sakføraren pliktig til å føre saka forsvarleg etter lova, men «uden nogen Betaling»,27 dvs. verken frå det offentlege eller frå klienten.

Eit håp fanst likevel: «Dog forbeholdes Sagføreren det ham i følge Forordningen af 3die Juni 1796 § 42 tilkommende Beneficium.»28 Denne forordningsparagrafen sa at ein sakførar som var beordra til å føre ei benefisert sak, skulle «tildømmes et billigt [passande] Salarium, naar Sagen vindes paa disses Side; hvilket Salarium bestemmes af Dommeren, og bør udredes af den tabende Modpart».29 Delikat nok var den oppnemnte sakføraren for Gløersen prokurator Jacob Timmermann, Klungseths forsvarar og sakførar i dei to Meyer-sakene for tingretten i 1815–16. Den tidlegare klienten Ole Wernsen Klungseth var med andre ord ein av dei Timmermann måtte sørge for å få dømt for sjølv å kunne få lønn for innsatsen sin, og da så mykje eller lite som dommaren fann det for godt å tilkjenne han. Tapte han, fekk han ingenting.

Ein liknande logikk gjaldt for stemnevitna, dei som gjekk rundt og forkynte rettsstemningar for folk under ein rettsprosess. Vitna fylte viktige ombod; deira skriftlege vitnemål om at ei stemning var lovleg forkynt, måtte leggast fram for retten for at stemninga skulle kunne kjennast rettsgyldig og ei rettssak starte. Ordninga var ein fast del av lokalt styre og stell, og vitna vart utnemnte etter § 18 i den sentrale forordninga om «Rettens vedbørlige og hurtige Pleie» av 3. juni 1796: «Der skal, i ethvert Sogn, af Dommeren udnævnes 2 forstandige og bekiendte redelige Mænd, til at være Stevne-Vidner i Sognet. Den ene af disse bør altid være Lensmanden.»30 Dei fungerte som vitne i alle samanhengar i lokalsamfunnet der ei handling måtte bevitnast.

Dette var betalte ombod, men ikkje på det offentleges kostnad. Betalinga skulle stemnevitna etter § 22 i same forordning ha av den dei hadde ærend til – bortsett frå i saker «som ere beneficerede eller anlagte paa Justitiens Vegne».31 Da måtte dei gå ærenda sine gratis. Det var dei pent nøydde til; stemnevitna var innsette i ombodet på tinget og måtte der «med Eed bekræfte, at de med Troskab og Redelighed vil forrette og udføre det», som det heitte i § 19 i 1796-forordninga.

Denne forskjellen på offentlege og private saker fekk dei to stemnevitna i Ringsaker prestegjeld, Hans Nielsen og lensmann Ole Ouren, kjenne på pungen alt da oppstyret starta sommaren og hausten 1817. Da dei 25. juli hadde ærend til sorenskrivargarden Skarpsno med stemninga til forlikskommisjonen frå sokneprest Bergh, kunne dei innkassere 48 skilling i betaling frå Gløersen. Men da dei 22. oktober kom til Skarpsno med stemninga til forhøret på lensmannsgarden Stolpestad, fekk dei ingenting; den saka var reist av Justitien. Da dei så 28. oktober 1817 atter troppa opp heime hos sorenskrivar Erik Gløersen med ei stemning til forlikskommisjonen frå Klungseth, kunne dei krevje inn nye 44 skilling frå sorenskrivarens lomme. Dei var alltid to som gjekk, og følgjeleg to som måtte ha betaling, det var viktig for å sikre at ingenting muffens skjedde, og var i Norske lov slått fast som eit prinsipp for alle vitnemål.

Frå første sekund kosta det altså å bli saksøkt – ikkje rart at folk var redde for å bli dratt inn i rettsprosessar. Også dei fire meddomsmennene måtte punge ut da stemnevitna på vegner av Ole Wernsen Klungseth gjekk frå hus til hus for å skaffe han ein rettsgyldig attest på at dei fire stod ved underskriftene sine på erklæringa om voteringa 3. november. Klungseth, derimot, fekk attesten gratis.

I året som følgde, da stemnevitna i kyrkjesokna Ringsaker og Nes stadig måtte renne rundt med stemningar til folk som slapp å betale fordi saksøkaren hadde fått beneficium av kongen, skreiv dei alltid ei from bønn til dommaren på den attesterte stemninga: «Forventes tilkjendt.» Om dommaren ville, fekk dei betalinga si også i slike saker, kosta av taparen i saka – eller av det offentlege, om dommaren ein sjeldan gong skulle bestemme seg for det i ei sak reist av det offentlege. Men uansett var det ei lukrativ tid for vitna; beneficium processus gratuiti var ein kongeleg nåde bonden Ole Wernsen Klungseth ikkje fekk nyte godt av. Dei mange stemningane frå han og andre involverte måtte dei innstemna pent betale for og kvittere på.

I tida fram til rettsforhandlingane starta, hadde stemnevitna ei jamn og god pengeinntekt. Klungseths ankesak mot generalmajor Meyer for stiftsoverretten kom først i gang, alt 12. januar 1818, med dei same sakførarane som ved førre overrettsbehandling, høgsterettsadvokat Nils Aars for generalmajor Meyer og overrettsprokurator Ole Arndtsen for Klungseth. På Nes vårting 10. mars følgde Gløersens søksmål mot Klungseth for påstanden hans i avisa om at Gløersen hadde handla partisk i Krogsrud-saka. Justitiens straffesak mot Gløersen om den rømte tukthusfangen var derimot ikkje ei tingsak, men ei kriminalsak som starta ved ein ekstrarett på lensmannsgarden Stolpestad 11. mars. Dei fire siste sakene kom så i gang på månadstinget for Nordre Hedemarken på Stolpestad 4. og 5. mai. Sorenskrivar i Østerdalen Johan Randulf var settedommar i alle sju, oppnemnt av amtmann Weidemann fordi sorenskrivar Gløersen i Nordre Hedemarken var part i dei alle og dei saksøkte hadde Nordre Hedemarken som sitt verneting. Også her var det sjølvsagt at gjerningsstaden for Berghs og Klungseths påståtte misbruk av trykkefridommen var heimstaden og ikkje staden der Christiania Intelligentssedler vart trykt og spreidd.

I nokre spesielt hektiske dagar frå 4. til 21. april måtte stemnevitna forkynne heile fjorten ulike stemningar for alle involverte partar pluss alle vitna, til saman ikkje så reint få personar i Ringsaker og Nes. Når så dei saksøkte, den eine etter den andre, gjekk til motsøksmål med krav om æresoppreising, erstatning og straff, ein vesentleg grunn til at dei fleste sakene drog ut i tid, florerte oppdraga for herrane Nielsen og Ouren utover sommaren og hausten 1818. Trykkefridommen lova gode tider for stemnevitna.

Men ikkje for sorenskrivar Erik Gløersen. Stadig nye anonyme stikk mot han kom på trykk i Christiania Intelligentssedler, som dette innfule: «Hver Gang jeg seer Hr. Sorenskriver Gløersen erindrer jeg mig følgende vakkre Sprog: graae Haar er Ærens Krone, naar de sidder paa Retfærdighedens Hoved.»32

«… om saa en saadan Kjøter skar Næsen af En»

Som ein skygge i kulissane aner vi heile tida proprietær Jacob Hoel på Hovinsholm gard. At Klungseth stod i nær kontakt med han før ankesaka si mot generalmajor Meyer, ser vi blant anna av at Hoel i januar 1818 sendte fleire saksdokument til amtmann Weidemann på hans vegner. Og da Hoel i februar drog inn til Christiania som representant og bondeførar ved det andre ordinære stortinget, heldt han seg nøye orientert om rettsprosessane heime og prøvde å gjere sin innflytelse gjeldande derfrå.

I eit innlegg i Stortinget om lagrettet foreslo han at under alle rettshandlingar måtte lagrettet ha ein protokoll for å kontrollere «de mulige Uretfærdigheder som Dommeren kunde finde forgodt at udøve». Korleis skulle elles ein vanleg mann få vite om «Sorenskriveren sendte falske Documenter til de høyere Retter, naar han selv har alt i sin Værge»?33

Hoel ergra seg òg over buketten med beneficium Gløersen hadde fått på handa, i tillegg til det eine generalmajor Meyer sat med, og la 8. april 181834 fram eit forslag om å forby heile ordninga ved lov. At éin borgar skulle få beneficium processus gratuiti eller fri prosess mens ein annan måtte halde ut dei myriadane med utgifter som følgde av langvarige rettshandlingar, var bevis på «en utidig Faveur mod de priviligerede Stender, hvilke desuden ogsaa let kunde bidrage sit til det Had som Tid efter anden mulig kan indsnige sig mellem Embeds-Classen og de erhvervende Stender». Når ein vanleg mann, borgar eller bonde, påtalte i ei avis ting som ein trudde embetsmannen hadde gjort feil – straks var eit beneficium klart for embetsmannen for å angripe den som nok i dei aller fleste tilfelle berre snakka sant, «men som maaske ved en eller anden juridisk Formalitet fejlede».35

Forslaget fekk to stemmer ved avstemminga i Stortinget 13. mai.36

Var det nokon som var godt orientert om slike myriadar med utgifter, så var det Jacob Hoel. Det var han som betalte moroa for Klungseth. I eit brev heim til kona Anne Marie i juni 1818 beklaga han seg: Det siste Klungseth hadde sendt, hadde kosta Hoel 100 riksbankdalar, og med Krogsrud-saka og dei andre sakene hadde han lagt ut bortimot 300 sidan han kom til Christiania. «Jeg vedbliver: at han maae forlige sig i fald det er mulig; thi at campere med Embedsmænd gaaer jo slet ikke an paa denne Maade – man maae ikke tage meere igien, om saa en saadan Kjøter skar Næsen af En.»37

For også sorenskrivaren hadde vist at han var i stand til å fekte anonymt og med kvasse våpen mot motstandarane sine i Christiania Intelligentssedler – eller kanskje var det ein lojal våpendragar som heldt om skjeftet. Iallfall kom ei avslørande «Sandferdig Fortælling» på trykk 13. april, mens heile krigsflåten av rettssaker heldt på å bli sjøsett.

Den sannferdige forteljinga handla om «den navnkundige og berømmelige Ridder Don Qvirots Tilbagekomst paa denne Klode med sin Familie og liden Hofstat» frå «de sydlige Lande».38 Ved tilbakekomsten tok Don Qvirot militær teneste ved rytteriet (i det følgjande omsett til dagens norsk): «Enda han var plump og ubehøvla i seder og levemåte og var så godt som blotta for både militære og andre kunnskapar, bortsett frå at han hadde lært godt å ri sin Rosinante, og enda det var motbydeleg for han å sjå blod renne, avanserte han steg for steg i rang.» Ja, dette var Jacob Hoel.

Og Gløersen – eller våpendragaren hans – kom no Hoel så nær med sverdstålet at det er lett å forstå kjensla hans av at nokon ønskte å skjere «Næsen af En»: Ei stor reform skjedde i armeen i den staten der Don Qvirot levde, og da «fekk han sin avskjed i nåde, sjølv om han hadde utført handlingar som ville ha gitt ein mann av lågare stand og byrd store og ubehagelege problem». Atter vart Jacob Hoel peika ut som forfattaren av innlegget i Christiania Intelligentssedler i februar 1815 om generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer, opphavet til mykje av elendigheita som sidan hadde ramma Gløersen. Jacob Hoel hadde, som så mange andre offiserar på vartpengar, fått avskjed som offiser ved den store hærreforma som tok til å gjelde 1. januar 1818, og når ikkje han var blant dei heldige hæren beheldt, spelte det kanskje inn at den sjølvsame generalmajor Meyer sat godt plassert i Armee-Reorganisations-Commissionen og hadde ein finger med i spelet.

Her vart Ole Wernsen Klungseth med i forteljinga, for Don Qvirot hadde jo sin «Sanko Pansa», «i den siste av Don Qvirots kommandotid hyra som hans offentlege og private sekretær, og han lét seg òg bruke som hemmeleg sekretær for atskillege i herrens familie». Men

ved slik å bli innlemma i denne opphøgde familien vart karakteren hans, som hadde vore god og ulasteleg, heilt omsnudd. Han viste seg ved fleire anledningar å vere det som til vanleg blir kalla nasevis, og han innbilte seg at han var utrusta med den slags eigenskapar og talent som trengst for å reformere heile verda; men det som framfor alt vart lagt han til last, var at han som hemmeleg sekretær lét seg villeie til å forfatte skamskrifter over ærlege og rettskafne menn som den Qvirotske familien eller tilhengarane deira trudde at dei hadde noko på.

Så var det sokneprest Gerhard Gunnerus Bergh sin tur, også han nært knytt til Jacob Hoel:

Qvirots fordoms konfesjonarius, av ein høg og smal og ganske motbydeleg figur, var etter tur tilsett som religions- og sedelærar i forskjellige område i landet, inntil regjeringa omsider gav han, etter hans eige ønske, ein svært talrik hjord i nærleiken av Qvirots strålande residens. Same kvar han var, gjorde han seg, både i sitt offentlege og sitt private liv, hata og forakta og vart til forargelse.

Lenge hadde det gode og sedelege folket han var hyrde for, vore tålmodig med han, mest av omsyn til den store familien hans;

men da forsømmingane hans i å røkte det viktigaste av kallet, som er undervising og danning av den oppveksande ungdommen til dyd og sedelegheit, tiltok i ein utruleg grad, noko som hadde sørgjelege følgjer for etterslekta, måtte tålmodet breste, ikkje minst fordi ein visste at årsaka til denne forsømminga og annan uorden ved embetsførselen for ein stor del kom av at han jamleg må bruke netter og dagar for å tilfredsstille hovudlidenskapen sin ved spelebordet. Denne prelaten var òg svært glad i kiv og krangel, slik at han syntest å ikkje kunne vere tilfreds eller i godt humør utan at han var innvikla i prosessar, som han sjølv var opphavet til, dels ved å gjere straffverdige private handlingar, dels ved offentleg å injuriere alminneleg akta menn.

Forteljinga spådde at prelaten, som etter befaling frå den høgaste autoritet, det norske statsrådet, endeleg var sett under tiltale for embetsforsømming, kom til å bli kjent uverdig til å ha ansvaret for det viktige og heiderlege embetet han var betrudd.

Som sistemann steig så helten i historia, sjølvaste sorenskrivar Erik Gløersen, inn på arenaen:

Dommaren over det området der den største delen av medlemmene i den Donqvirotske familien og tilhengarane deira, deriblant den berørte prelaten, oppheldt seg, ein særeigen fyr, men ein grunnærleg mann og sitt embete vaksen, hadde nokre av desse familiemedlemmene og tilhengarane fått eit usløkkeleg hat til, fordi han for si ære og sitt embete måtte dømme dei til straffebøter og sakskostnader for atskillege lastverdige handlingar dei hadde gjort. Dei prøvde derfor offentleg å forhåne og skjende han og kom med ærekrenkande skuldingar mot han. Alt dette heldt han seg likegyldig til, inntil den rettferdige øvrigheita gav han våpen i hendene til å få tilbørleg straffa løgnarane og æreskjendarane – «hvilket skeede».

Ein ny spådom der til slutt, altså. Ingen tvil om kven den store skurken var som gjorde livet surt for Gløersen: Jacob Hoel, og så resten av Hoel-dynastiet på Hedemarken, med Ole Wernsen Klungseth som lojal sekretær og nikkedokke og sokneprest Bergh som «Konfessionarius». Eit avisinnlegg som dette, proppfullt av lett forståelege fornærmingar, førte i motsetning til andre fornærmelege innlegg ikkje til rettsprosess eller påtale; det heile var ein fiksjon, «Skrevet i det 17de Aarhundrede», som forteljinga avslutta med, og ikkje ærekrenkande i Grunnlovas forstand, forsætlig og aabenbar.

Men folk skjønte naturlegvis kven som stod bak, og kven han ville ramme. I avisa kom denne vesle snutten: «Mon Gammel Erik Hr. Sorenskriver Gløersen i sin Tid bliver bemyndiget til at uddele Ordener, eftersom han allerede har begynt at uddele Caracterer?»39 Dette minner unekteleg om eit uttrykk Ole Wernsen Klungseth hadde brukt om Gløersens ord «Skurk og nedrig Person» i eit rettsinnlegg 4. mai: å «give Mennesker en saadan Karakter».40 I same innlegg beviste Klungseth òg at han ikkje mangla frekkheitas nådegåve: «Man har ofte seet i de Offentlige Tidender grove Beskyldninger mod min Modpart Hr Sorenskriveren; men det vare urigtig af mig om jeg i Hidsighed tillod mig at kalde Sorenskriveren noget ham ærefornær[mende].»

Første dom: «fornærmelig Skygge»

Første sjanse til å få «tilbørligen straffed Løgnerne og Æreskiænderne» slik «Sandferdig Fortælling» spådde ville skje, kom i Erik Gløersens søksmål mot Ole Wernsen Klungseth for avisinnlegget hans om sorenskrivarens partiske handlemåte i Krogsrud-saka.

Dommen vart avsagt av settedommar Johan Randulf med fire meddomsmenn ved Åmot hovudsokns ekstraordinære ting 8. juni 1818. Den slo fast at Gløersens handlemåte så visst var «harmonerende med de Pligter Lovgivningen i Almindelighed og Forordningen af 3 Juni 1796 i Særdeleshed har paalagt en Dommer».41 Paragraf 13 i denne forordninga sa at «Dommeren, naar den mødende Part er en eenfoldig Almuesmand, bør hielpe ham til Rette og redeligen bidrage til Sagens Oplysning».42 Rettferd i rettsutøvinga ved domstolane var viktig for eineveldets lovgivar.

Da var det ei ærekrenking når Ole Wernsen Klungseth offentleg hevda at sorenskrivaren hadde handla partisk og til fordel for Krogsrud. Avisinnlegget til Klungseth var nok forma som eit spørsmål og ikkje som ein påstand, men spørsmålet sikta utan tvil mot å framstille den lovpålagte handlemåten som «pligtstridende Adfærd af Dommeren».43

Om lovgrunnlaget for dommen skreiv settedommaren denne interessante passusen:

Saa afgjort som det er ved vor Statsforfatning efter Grundlovens 100 §. at Enhver maa kunde offentliggjøre deres Tanker med Frimodighed og Anstændighed; ligesaa overeensstemmende med hint Bud og den ældre Trykkefriheds Forordning af 27 September 1799 er det og: at Beskyldninger eller Yttringer hvor ved Nogens Agtelse i høiere og mindre Grad krænkes, naar de blive ubeviste, maa fremvirke Ansvars følger.44

Uttrykket «Frimodighed og Anstændighed» stod ikkje i Grunnlova. Det stod i § 7 i 1799-forordninga. Det Randulf påstod her, var at Grunnlovas ord uttrykte same meining som den. Han gjorde det same som Morgenstierne hadde prøvd seg på i Hielm-saka (sjå side 210), å fylle Grunnlovas ord med innhald frå den gamle forordninga.

Likevel var det meir enn berre mangel på «Anstændighed» som ifølgje dommen hans karakteriserte avisinnlegget til Klungseth. Klungseth hadde ikkje komme med ei krenking av «mindre Grad», han hadde «forsætligen kastet fornærmelig Skygge paa Citantens [saksøkarens] Characteer og Embeds Handlinger» og «paa en forhaanende Maade tilsidesadt den Respect han skylder en saa […] retskaffen Embedsmand og sin foresadte Øvrighed». Dette passa som hand i hanske til ordlyden i Norske lov 6-21-7, «at ville sætte deris Øvrighed, Geistlig, eller verdslig, […] nogen Skandflik [skamplett, vanære] paa». Handlinga tilfredsstilte til og med kravet om at den måtte vere ei løgn; påstanden til Klungseth var forsettleg, han visste at den ikkje var sann.

Men motviljen mot æresstraffa sat djupt i ryggmergen på juristane, og det må ha vore ønsket om å unngå den utdaterte straffemåten som førte også denne dommaren bort frå 6-21-7 og over til ein meir opplyst, formildande arbitrær dom etter 6‑21-4: Han valde å ikkje finne «denne omhandlede retsløse Adfærd og Brud mod Trykkefriheden at være i saadan Grad Ærefornærmende, at Strafbarheden, saaledes som paastaaet [av Gløersen] maatte bedømmes efter 6-21-7», enda ordlyden i 6-21-4, at den gjaldt uttrykk som ikkje kom «nogens Ære og Lempe for nær», ikkje passa på det han uttrykkeleg dømte Klungseth for. Resultatet vart ei mulkt til Nes fattigkasse på 40 spesidalar og sakskostnader på 25. Mulkta var lågare enn minstekravet i § 12 i 1799-forordninga, sjølv om straffeheimelen settedommar Randulf oppgav, var «Landslovens 6 Bogs 21 Cap 4 Art. og Forordningen af 27 September 1799 dens 12 § sidste Membrum».45

Gløersen måtte berre innsjå at Klungseth langt frå vart så «tilbørligen straffed» som han hadde håpa. Men eit nytt bidrag til dei «Myriader af Udgifter» ein frustrert Jacob Hoel sat på Stortinget og kvitterte ut, var det jo. Ole Wernsen Klungseth var elles ikkje like skvetten som Hoel med å risikere fleire basketak med embetsmenn og anka sporenstreks dommen til stiftsoverretten.

Første dom i overretten: «ej egentlig Løgn»

La oss derfor sette dei neste dommane på vent og straks sjå korleis det med tid og stunder gjekk med denne første saka i stiftsoverretten. Anken leverte Klungseth 29. juni 1818, første rettsmøte vart halde 24. august, 2. november la Gløersen inn motanke, og i rettsmøtet 16. november la høgsterettsadvokat Nils Aars på hans vegner ned påstand om å få «den ergangne Underretsdom forandret ihenseende til Ole Klungseths Afstraffelse for hans Løgn derhen, at han efter 6-21-7 dømmes paa sine 3 Mark og til at bøde trende 40 Lod Sølv, samt at han tilpligtes at udrede Processens Omkostninger for denne Ret med 60 Spd».46 Gløersen ville ikkje finne seg i at ei løgn med alle kvalifikasjonar etter 6-21-7 vart fisla bort i ei lita mulkt for krenking av «mindre Grad».

I dommen av 11. januar 1819 slutta overretten seg til settedommar Randulfs vurdering av Gløersens handlemåte overfor Peder Krogsrud på månadstinget 2. oktober 1817. Det var dommarens lovpålagte plikt etter § 13 i forordninga av 3. juni 1796 å rettleie Krogsrud for å få saka opplyst frå hans kant. Overretten var dessutan einig med Randulf i at 6-21-7 ikkje kunne brukast i denne saka. Men i grunngivinga for dette skilde dei to rettane lag, og på ein viktig og prinsipiell måte.

Grunnen overretten oppgav, var at Klungseth slett ikkje hadde «forsætligen kastet fornærmelig Skygge paa Citantens Characteer og Embeds Handlinger». Klungseth hadde skrive om ei handling som han trudde at Gløersen «havde foretaget urigtig, eller mod Lovens Forskrivt».47 Da kunne ein ikkje seie at innlegget inneheldt noka skammeleg løgn «hvorved Appellanten har søgt at sætte nogen Skandflik på Contracitanten [dvs. Gløersen]». Handlinga til sorenskrivaren var berre framstilt «på en urigtig Maade», noko som gjorde at den «ej egentlig kan kaldes Løgn ɔ: aabenbar Usandhed».

Her ser vi korleis ein norsk domstol gjekk imot eitt av dei viktige prinsippa Schlegel hevda i diskusjonen med Birckner i 1797–98, at ein forfattar var forplikta til «paa det nøieste at være underrettet om den Sag, han vil oplyse Publikum om», og at ein dommar måtte gå ut frå at «Forf. ligesaavel har kundet, som villet sige Sandhed».48

Om ytringa til Klungseth etter overrettens oppfatning ikkje var ærekrenkande, så var den likevel «i høi Grad fornærmelig», fordi den klandra sorenskrivar Gløersen «som den der tog Parti i den Sag der behandledes for hans Domstol». Derfor var straffa Randulf hadde utmålt etter 6-21-4, korrekt. Retten stadfesta så straffeutmålinga frå tingretten og påla Klungseth sakskostnader til Erik Gløersen på 30 spesidalar – og ei mulkt til justiskassen på 3 spesidalar og 24 skilling for «unødig Trette»,49 ei kraftig irettesetting av den prosesslystne Klungseth.

Om Jacob Hoel gjorde som han hadde lova da han skreiv heim til Anne Marie i juni 1818, måtte Klungseth grave i eiga lomme etter desse pengane. Til alt hell låg bota langt under ankegrensa for Høgsterett.

Andre dom: berre «høiere Grad Uagtsomhed»

Sommaren 1818 gjekk neste dom i rekka på sju mot ein slutt; det var Gløersens affære med den rømte tukthusfangen Ole Poulsen som skulle avgjerast, den eine av tre saker der sorenskrivarembetet hans stod på spel. At settedommar Randulf alt i den første dommen hadde karakterisert Gløersen som ein «retskaffen Embedsmand», tydde på at faren for embetstap var liten.

Aktor Jens Friis la da heller ikkje ned nokon påstand om det, enda han heldt fast på at sorenskrivaren med vitende og vilje hadde tatt den rømte fangen i si teneste. I staden søkte han heimel i lover utan embetsstraff, som Norske lov 1-22-16 om å huse ein fredlaus og 3-22-3 om å huse taterar. Den første kunne vere streng nok og gi ei drakonisk mulkt frå «en raae Tidsalder» om dommaren dømte «efter Lov»; den føreskreiv 16 lodd sølv – 8 spesidalar – for første natt, det doble for den neste og så vidare, og Ole Paulsen hadde kampert hos sorenskrivaren i månadsvis.

Det avgjerande for utfallet var om Gløersen snakka sant når han hevda at han ikkje hadde skjønt at Poulsen var ein tukthusrømling. I dommen, som fall ved ein ekstrarett på lensmannsgarden Stolpestad 2. juli 1818, valde Randulf å tru embetskollegaen. Men at Gløersen ikkje hadde anstrengt seg for å få fangen tilbake til tukthuset etter at sokneprest Bergh hadde vore innom, måtte vere «pligtstridig og bevirke Strafbarhed».50

Randulf fann den beste analogien i mildare lover frå 1700-talet enn dei aktor peika på, forordningar om å huse lausgjengarar og folk utan pass. Handlinga var meir å sjå på som «høiere Grad Uagtsomhed, end forsætlig at overtrede Loven», og Gløersen vart idømt ei arbitrær mulkt på 24 spesidalar til Ringsaker fattigkasse og nær det dobbelte i sakskostnader. Ein mild dom samanlikna med det Gløersen kunne ha frykta – men likevel eit bittert utfall av ei sak som «fra Moralitetens Side især betragtet, dog aldrig kan blive vanærende for mig», som han hadde skrive i avisinnlegget 4. september 1817.

Tredje dom: å erstatte «en Tønde Ruug med Penge»

Dei fem resterande sakene gjekk tregt, men ubønnhørleg vidare. Da dei alle heldt sitt tredje rettsmøte på månadstinget 3. oktober 1818, hadde dramatiske hendingar rysta både Hedemarken og hovudstaden. Protestane mot sølvskatten som skulle få landet på fote att økonomisk, hadde gripe om seg, og dei berømmelege bondetoga, som enda med tiltale og dom for opprør mot statsmakta for leiarane, var gått mot Christiania.

Den fremste aktøren var sagt å vere storbonde Halvor Hoel, bror til Jacob Hoel; ein av dei flittigaste medhjelparane Ole Wernsen Klungseth. Dei var ikkje sjølve med i bondetoga, men skal ha stått sentralt i organiseringa på Hedemarken. Blant anna var Klungseth ein av dei som stod bak truslar om at dei som ikkje gjekk med mot Christiania, kunne vente, som eit vitne forklarte etterpå, «at blive hjemsøgte af en 2 à 300 Mænd der vilde efterse hvad der fandtes paa deres Stabur for at bruge samme til sin Underholdning».51 Ut frå vitneutsegnene var han ein svært aktiv agitator lokalt, og han vart derfor blant dei opprørstiltalte.

At «Den Donqvirotske Familie og dens Tilhængere» på denne måten hadde fått seg ein støyt for nasen, vendte Erik Gløersen med harme og skadefryd mot Klungseth da han på månadstinget forsvarte seg mot søksmålet for å ha kalla Klungseth ein skurk og nedrig person. All si tid hadde Gløersen hørt at handlingar som i større eller mindre grad var umoralske, vart kalla skurkestrekar, og at den som utførte slike strekar, vart kalla skurk. Ole Wernsen Klungseth hadde utført så mange til og med i høg grad umoralske handlingar at det ikkje burde vere vågalt å påstå at han hadde tapt sin alminnelege borgarlege aktelse, dvs. var ærelaus, om han da nokon gong hadde eigd noko slikt; «og jeg formoder det ikke kand vare længe inden han bliver forestilled til offentlig Skue for sine Handlinger».52

Same kor sannspådd han var i at Klungseth kom til å bli arrestert og tiltalt for rolla si i bondetoga, hjelpte ikkje det Gløersen i den av dei gjenståande sakene som vart endeleg avgjort på dette tinget, den om rugtønna til Klungseth.

Det var ei delikat sak for sorenskrivaren. Som settedommar Randulf peika på i dommen: Om tønna «skulle være bekommet som kjøbt – tillaans – eller til Foræring, er ikke aldeles evident».53 Gløersens sakførar Timmermann, som altså i begge Meyer-sakene hadde vore Klungseths sakførar, opptredde i retten òg som vitne for Gløersen. Ikkje overraskande stadfesta han Gløersens påstandar: Tønna hadde vorte tilbydd Gløersen som ei gåve, og Timmermann hadde ikkje betalt noko kontant rettsgebyr til Gløersen på vegner av Klungseth i Meyer-sakene i 1815, slik at tønna var betalt på denne måten. Men Timmermanns vitnemål hadde ingen verknad. Eitt vitne utgjorde ikkje eit juridisk bevis etter Norske lov 1-13-1: «Vidne er ej mindre end to Personer, over eens stemmende, og udi een Ting.»

Det avgjerande var at både Klungseth og «Sagens beviste Data» var samstemte om at «Sorenskriver Gløersen ikke har villet beholde Rugen uden Erstatning». Nokon mistanke om korrupsjon hefta derfor ikkje ved han. Men om betalinga stod det påstand mot påstand, og fordi Gløersen mangla rettsgyldig bevis for å ha betalt, vart han dømt til å erstatte «en Tønde Ruug med Penge efter uvillige Mænds bestemmende Taxation».54 Sakskostnadene vart oppheva på begge sider, som det heitte, slik at partane sjølve måtte betale det som fall på deira kant. For Klungseths del gjaldt det honorar til prokurator Niels Ytter og utgiftene ved å tilkalle ein settedommar.

Heile utbyttet av aksjonen forsvann i kostnadssluket for den utkropne Nes-bonden: Ei tønne rug stod i 6 spesidalar. Men det spørst om ikkje gleda ved å sjå Gløersen dømt var utbytte godt nok for Ole Wernsen Klungseth.

Fjerde dom: «alt for haard efter Sagens Beskaffenhed»

Så langt hadde ikkje spådommen i «Sandferdig Fortælling» slått til etter forventning – og kom heller ikkje til å gjere det i den benefiserte ærekrenkingssaka mot sokneprest Gerhard Gunnerus Bergh som vart avgjort på månadstinget 11. desember 1818.

Bergh, som kjente seg som den eigentleg ærekrenkte, hadde sjølv søkt regjeringa om beneficium processus gratuiti til motsøksmålet han reiste både for Gløersens innlegg i Christiania Intelligentssedler og for grove uttrykk Gløersen hadde brukt i retten. Sokneprest Bergh hadde fått beneficium av kongen ein gong før – eller rettare sagt vorte pådytta eitt – og hadde da fått erfare baksida av medaljen. Det hadde skjedd i tvisten Bergh hadde hatt med Gjøvigs Glasværk om rekveden han berga i land frå flaumen i Mjøsa. Under eit tingsvitne, dvs. ei rettsleg vitneføring, i 1815 hadde forvaltar ved glasverket Kield Colbjørnsen Roshauw sett fram harde skuldingar mot han. Tvisten enda nok med forlik, men da protokollen frå tingsvitnet nådde regjeringa, påla den Bergh å frålegge seg skuldingane frå Roshauw ved mortifiserande dom og trykte han eit beneficium i neven.

Ved ein tingrettsdom av 4. oktober 1816 vart Roshauw frikjent, og skuldingane hans mot Bergh vart ikkje mortifiserte. Det var dette som var årsaka til at soknepresten no var suspendert frå presteembetet i påvente av at den geistlege rettsprosessen kunne reinvaske han. Det hjelpte lite at prosteretten i dommen av 26. mars 1817 hadde frifunne han for tiltalen for å ha rana til seg rekved og også mortifisert skuldingane frå Roshauw;55 Justitien hadde anka dommen inn for Aggershuus Stifts Consistorialret, andre instans i det geistlege rettssystemet, og mortifikasjonen var derfor ikkje rettskraftig. Slik gjekk det embetsmannen om han tapte eit pålagt benefisert søksmål.

Søknaden frå Bergh om eit nytt beneficium vart avslått utan grunngiving. Men grunnane var openbare: I avslagsbrevet frå 2. departement vart han titulert som «suspenderet Sogneprest til Ringsager»,56 dvs. suspendert fordi han enno ikkje hadde greidd å frålegge seg tidlegare ærekrenkande skuldingar ved dom; og det ville ha vore merkeleg om regjeringa gav beneficium til eit motsøksmål mot ei benefisert sak den sjølv hadde pålagt Gløersen å reise.

Dei grove orda i retten som Bergh saksøkte Gløersen for, var at Bergh hadde lagt for dagen «Dumdristighed og Ondskab i høieste Grad»,57 og at «Gerhard Gunnerus Bergh, for de paastaaede, mod mig fremsadte, ærefornærmende Beskyldninger, bliver som en Løgner og Æreskiænder, dømd efter Loven»,58 dvs. frådømt æra etter Norske lov 6-21-7. For desse sterke orda i retten la Bergh ned påstand om æresdom etter 6-21-2 i tillegg til same slags dom etter 6-21-7 for innlegga i Christiania Intelligentssedler.

Atter dempa dommar Randulf det heile ned til å gjelde Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord, denne gongen ved ein dom som ikkje var arbitrær og formildande. Ukvemsorda Bergh hadde brukt, kunne ifølgje Randulf ikkje «ansees Ærefornærmende», berre som «i høi Grad utilbørlige»,59 dvs. blant dei grovaste som kunne reknast inn under 6-21-4, og Gløersens ord var berre utilbørlege.

Vel var det drygt av Bergh å fråskrive Gløersen rettferdssans, ære og samvit og å hevde at mottoet for det anonyme avisinnlegget, dvs. verset om dommar Glorian, var treffande, og vel var orda til Gløersen «ilde valgt og aldeles upassende offentlig at fremsætte mod Embedsmænd»60 og uttrykka i domspåstanden hans for retten «alt for haard efter Sagens Beskaffenhed»,61 men begge hadde vore provoserte til å ytre seg som dei gjorde; Bergh av avisinnlegget til Gløersen, som ikkje var skrive «i den beskedne Tone som allene har Sandheds Oplysning til Formaal», Gløersen av «en billig [berettiga] Harme over uskyldig at være angrebet».62

Det viktige i dommen var at alle dei påanka uttrykka, både Berghs og Gløersens, vart mortifiserte «saa at de ei kommer nogen af Parterne til Fornærmelse paa Ære, Embede, eller gode Navn og Rygte i nogen Maade».63 Dermed stod ingen av dei i fare for vidare sanksjonar frå regjeringa. I så måte var det embetsmannens ære som talde; så lenge den var intakt, spelte det inga rolle at utsegner han sjølv hadde komme med, også vart mortifiserte, eller at han måtte ut med mulkter til fattigkassen – Bergh 20 spesidalar, Gløersen berre 5. Bergh måtte i tillegg betale 10 spesidalar til den oppnemnte sakføraren prokurator Timmermann pluss honorar til sin eigen sakførar. Timmermann fekk altså si benefiserte lønn av dommaren.

Randulfs grunngiving for dei låge mulktene, som låg langt under kravet i § 12 i 1799-forordninga på minst 50 spesidalar, var at Bergh og Gløersen hadde vorte provoserte til å ytre seg som dei gjorde. Straffa i 1799-forordninga var også denne gongen for streng for Randulf. I staden følgde han ordlyden i 6-21-4 om at dommaren skulle straffe utilbørlege ord etter eige skjønn «eftersom de ere grove til». Så må det leggast til at den vanlege oppfatninga ved domstolane var at affekt i gjerningsaugeblikket vel kunne unnskylde opphissa ordbruk når folk stod mot kvarandre ansikt til ansikt, men ikkje reknast som formildande ved ei så overlagt handling som det å skrive eit avisinnlegg.

Av dei to kamphanane var det Bergh, med sin «forhærdede og ondskabsfulde Karakter», som var mest misfornøgd med dommen, og han anka den inn for Aggershuus Stiftsoverret.

Hoel på Stortinget: ikkje den rette forbigåtte

Proprietær og premierløytnant Jacob Hoel gjorde for sin del det andre ordentlege stortinget til sin arena for å få oppreising for dei krenkingane han meinte seg utsett for frå regimentssjef i Søndenfjeldske Dragonregiment generalmajor Meyer og frå regjeringa.

11. april 1818 klaga han saka si inn for komiteen som skulle granske regjeringsprotokollane: «at han som Militair formeentligen er bleven fornærmet i Henseende det skeede Avancement og den ham meddeelte Afskeed, med Ansøgning om, at hans Sag maa vorde undersøgt, paa det han kan nyde Fyldestgjørelse».64

Det er forunderleg å sjå kor enkelt komitéformann Niels Stockfleth Schultz og dei to andre komitémedlemmene, som hadde gått gjennom saka på grunnlag av alle tilgjengelege dokument, i innstillinga si til Stortinget 6. august 1818 greidde å skjere igjennom på ein måte ingen av rettsinstansane hadde makta. Det kunne nok, sa dei, sjå ut som om Jacob Hoel var forbigått ved avansementet i Søndenfjeldske Dragonregiment, ettersom regimentssjefen både før og samtidig med innstillinga av Næser hadde innstilt offiserar utan eksamen frå kavaleriets ekserser- og rideskule til avansement og regjeringa utan vidare hadde stadfesta avansementa. I så fall ville likevel ikkje Hoel ha vore rett mann til å påstå seg fornærma, ettersom premierløytnant Carl Bielefeldt stod før han i ansiennitet og måtte gjelde som den forbigåtte.65

Men kjernen i saka var noko ganske anna: at generalmajor Meyer var å klandre, ikkje for å ha innstilt Næser i staden for Bielefeldt eller Hoel, men fordi han i andre tilfelle hadde sett til sides den gjeldande kongelege ordren av 10. september 1810 om at berre offiserar med eksamen frå ekserser- og rideskulen skulle innstillast til avansement. «En saadan Fremgangsmaade af General Meyer er vistnok saa arbitrair og ubunden, at man med Føie kunde have ventet, at den Norske Regjering, saafremt den havde været vidende derom, vilde have misbilliget Samme.»66 Det var denne sida av saka forsvararen til Meyer hadde nekta Ole Wernsen Klungseth innsyn i under rettsforhandlingane fordi han var ein simpel bonde.

Klagen frå Hoel kunne ut frå dette ikkje få medhald av Stortinget. Derimot meinte komiteen at Hoel hadde vorte krenkt da han ikkje fekk reservert formell ansiennitet som rittmeister på linje med Bielefeldt, ein reservasjon han altså hadde søkt om etter at avisinnlegget til Klungseth hadde skapt furore og Hoel sjølv var kommen i eit mistankens lys. Grunngivinga frå regjeringa, at han mangla eksamen frå ekserser- og rideskulen, heldt ikkje; ein slik eksamen trongst ikkje for å få formell ansiennitet, berre for å få eit reelt avansement i regimentet. Det var dette avslaget frå regjeringa både tingretten og overretten hadde lagt avgjerande vekt på da dei dømte Klungseth i 1815 og 1816. Stortingskomiteen meinte no at avslaget var ei krenking av Hoel. Men dessverre for Hoel var komiteens mandat å undersøke kva regjeringa hadde gjort sidan førre ordentlege storting i 1815–16. Krenkinga hadde skjedd tidlegare og kunne derfor ikkje reisast for dette stortinget.

Femte dom: hardt slag for død mann

Da hadde Ole Wernsen Klungseth større hell i ankesaka si mot generalmajor Meyer, som kom opp til doms i Aggershuus Stiftsoverret 3. april 1819 som dom nummer fem i rekka på sju. Overretten følgde påstanden hans og heimsendte atter saka «paa Sorenskriver Erich Gløersens bekostning til ny og endelig Paakjendelse af Sorenskriveren og Meddomsmænd».

Visst var det godtgjort at dei fire meddomsmennene 3. november 1817 hadde vore einige med dommaren i den opphavlege tingrettsdommen av 8. mars 1816, men det betydde ikkje at dei måtte vere einige i dei endringane Gløersen gjorde 3. november 1817, som å utmåle ei straff på 80 spesidalar. Når Gløersen ikkje hadde forsikra seg om at det var tilfellet, hadde han de facto også denne gongen avsagt dom utan meddommarar. Overretten såg alvorleg på at ein rettsprosess som denne hadde pågått i heile fire år, og idømte i tillegg Gløersen ei mulkt på 3 spesidalar til Nes fattigkasse «for hver Dag denne Dom sidder overhørig».67

Eit hardt slag for Erik Gløersen – om han hadde fått oppleve det. Men han slapp; i Den Norske Rigstidende stod snart dette å lese:

Det blev min tunge Lod at bekjendtgjøre for fraværende Slægt og Venner, at min inderligelskede eg uforglemmelige Mand, Sorenskriver Erik Gløersen, endte sin jordiske Bane 2 April i sin Alders 69de og vort Ægteskabs 37te Aar. De, der kjendte hans Redelighed og Arbeidsomhed, som Embedsmand, og hvad han var for mig, som Ægtefælle, ville med mig yde hans Minde en oprigtig Taare. […] Marthe Elisabeth Gløersen, født Gløersen.68

Dei to var jamgamle søskenbarn og må ha kjent kvarandre heile livet. Det minner oss på at det fanst ein heimebane der det levde menneske som òg kjempa – og lei. Om dødsfallet til den alderssvekte mannen hadde nokon samanheng med påkjenningane frå dei sju rettsprosessane, veit vi ingenting om.

Sjette dom: i «en Pationeret Sindsforfatning»

Om éin part var død, måtte striden sluttførast, og tre månader etter dødsfallet, på månadstinget for Østerdalen 10. juni 1819, vart det avsagt dom i dei to sakene som stod att.

I den saka Klungseth hadde reist mot Gløersen for orda «Skurk og nedrig Person», ord Gløersen gladeleg hadde vedgått å ha ytra på tinget 3. november 1817, var det to avgjerande spørsmål: Var dette uttrykket faktisk ærekrenkande? Og kunne det uansett brukast fritt om ein mann som Ole Wernsen Klungseth, slik Gløersen og prokurator Timmermann hadde hevda i retten?

Klungseth var ikkje i tvil, han var ærekrenkt og kravde æresstraff. Prokurator Ytter underbygde dette i sitt rettsinnlegg og erklærte at slike ærekrenkande ord «aldeles ikke ere af de Slags som Lovens 6-21-4 art omtaler».69 Han heldt seg til lovas bokstav: Ærekrenking medførte etter Norske lov nødvendigvis æresstraff. Paragrafane 6-21-2 og 6-21-3 var dei mest nærliggande. Dette var ikkje ei trykkefridomssak, men ei sak om ei ærekrenkande munnleg ytring på tinget, så § 100 og 1799-forordninga var ikkje inne i bildet.

Men settedommar Randulf fann formildande forhold å legge vekt på. Det var bevist at Gløersen hadde vore i «en Pationeret Sindsforfatning» 3. november 1817, og ettersom Norske lov 6-21 gjorde «megen Forskjeld imellem den Overilende og Overlæggende Fornærmer i Henseende Ansvars følgerne», måtte det påklaga uttrykket vere å sjå på som utilbørlege ord etter 6-21-4.70 Her brukte Randulf den vanlege rettsforståinga, at affekt kunne unnskylde altfor harde ord som fall der og da. At det til og med kunne unnskylde ein dommar på tinget, kan derimot ikkje ha vore like innlysande.

Det andre spørsmålet, om ordet «skurk» uansett måtte vere ein passande karakteristikk av mennesket Ole Wernsen Klungseth, avgjorde Randulf ved å peike på historia om rugtønna. Dersom det verkeleg hadde vore slik Gløersen hadde hevda, «vilde den Handling først at giøre en Embedsmand Præsang, og derefter igjen fordre samme som Krav med Søgsmaal» røpe ein så uverdig karakter at orda ville ha vore på sin plass. Men dette hadde vore oppe til doms 3. oktober 1818, og da vart Gløersen kjent pliktig til å betale for tønna. Da fanst det ikkje noko juridisk haldbart forsvar for å bruke desse utilbørlege orda om Klungseth, som trass i fleire dommar med bøter til fattigkassen slett ikkje hadde tapt «den simple borgerlige Agtelse», dvs. æra. Men det spørst om det ikkje låg fletta inn mellom desse orda at Randulf trudde som Gløersen, at Klungseth hadde handla uverdig, men at det dessverre ikkje lét seg bevise juridisk.

Etter kapittel 1-12 i Norske lov talde det i skjerpande retning at Gløersen hadde krenkt «den Orden og Respect som skyldedes Kongens af ham administrerende Ret». Han – eller i praksis hans kjære Marthe Elisabeth – vart derfor dømt til «at revses med en arbitrair Straf af Mulct til Fattigcassen der fastsættes til 15 Speciedaler» og 12 spesidalar i sakskostnader til Ole Wernsen Klungseth.71 Endeleg ei sak Klungseth slapp aldeles skadeslaus frå; uheldigvis låg taparen død.

Sjuande dom: «lovstridige Beskyldninger»

Til sjuande og sist fall dommen i Gløersens søksmål mot dei fire meddomsmennene Even Frislie, Ole Winjue, Michel Dæhlie og Peder Frislie. Den vart avsagt 10. juni 1818, to månader etter overrettsdommen som sendte Meyer-saka tilbake til tingretten fordi Gløersen de facto hadde avsagt dommen utan samtykke frå desse fire meddomsmennene. Også settedommar Randulf i tingretten i Nordre Hedemarken måtte no ta stilling til dette. Kuriøst nok samsvarte ingenting i hans tingrettsdom med den avsagte overrettsdommen.

Grunnen kan ha vore at siste tingrettsmøte vart halde på månadstinget for Nordre Hedemarken 15. mars, tre veker før dommen i Aggershuus Stiftsoverret fall. Randulf kan så ha skrive sin dom før dommen i overretten vart kjent. Iallfall forklarte han i tingboka som innleiing til denne dommen «at der verken April eller Mai Maaneder holdtes almindelig eller extraordinaire Sagething her i Jurisdictionen», og at han hadde hatt mange «Embedsreyser og Forretninger siden Sagens Optagelse til denne Tid i eget Embedes Districter»,72 ei uvanleg innføring i tingboka. Og 10. juni må han ha visst at dommen han skulle til å avseie, var i strid med overrettsdommen.

Randulf fann det nemleg bevist at meddomsmennene hadde vorte einige med sorenskrivar Gløersen om dommen 3. november 1817, og at erklæringa deira om det motsette var ei forsettleg løgn. Bevisføringa hans for dette er underleg lesing. Han erkjente at fleire ting gav «stærke Formodninger der stemmer med contra Citanternes [dvs. meddomsmennenes] senere Erklæring»:73 at dei hadde uttalt at dei hadde vore ueinige med sorenskrivaren idet dei steig ut av tingstua; at dei hadde underskrive protokollen først ved avslutninga av tinget dagen etter, og da som lagrette, ikkje som meddomsmenn; at dei aldri hadde skrive under denne eine dommen, slik dei som meddomsmenn skulle ha gjort. Men dette var ikkje juridiske bevis. Mykje større vekt la han på at dei ikkje hadde protestert da dommen vart opplesen ved tinget, og særleg på at det var «en aabenbar Modsigelse hos dem» at dei hadde vore einige med sorenskrivaren i den opphavlege dommen av 8. mars 1816, men ueinige i den nesten likelydande dommen av 3. november 1817.

Dette siste er det springande punktet der overretten og settedommar Randulf skilde lag. Forskjellen på dei to dommane Gløersen avsa, særleg forskjellen på inga mulkt og ei mulkt på 80 spesidalar, var etter overrettens syn avgjerande: Den nye dommen var «væsentlig forskjellig fra den ældre».74

Denne eldre dommen av 8. mars 1816 hadde ikkje vore lagt fram for settedommar Randulf, som derfor meinte at han ikkje kunne samanlikne «om og hvorvidt de sammestæds af Dommeren bemærkede Tilsætninger eller Forandringer […] har givet Laugrettet nogen beføiende Grund for deres Erklæring»,75 enda han sjølv i den første dommen mot Klungseth hadde lagt stor vekt på at forordninga om «Rettens vedbørlige og hurtige pleie» av 3. juni 1796 gjorde det til ei sjølvstendig plikt for ein dommar å hjelpe ein part frå allmugen med å få opplyst saka si. Skuldinga mot Gløersen for å ha ført falsk protokoll var ifølgje Randulf derfor «ligesaa fornærmelige som lovstridige Beskyldninger» som hadde kasta «en høist foragtelig Skygge paa denne Embedsmands Caracter».76 Det spørst om ikkje sorenskrivar Randulf i Østerdalen her heldt ei vernande hand over embetsbroren i Nordre Hedemarken sorenskriveri.

Når Randulf heller ikkje denne gongen ville bruke Norske lov 6-21-7, enda han utvitydig oppfatta erklæringa deira som ei bevisst løgn, grunngav han det med at handlinga «mer har havt sin Grund i Enfoldighed og Andres Forledelse end i Forsæt at skade». To vitne i saka meinte å ha hørt Ole Wernsen Klungseth true meddomsmennene med søksmål om dei ikkje skreiv under på erklæringa, og to personar som vitna «over eens stemmende, og udi een Ting», var eit juridisk bevis. Den vesle mulkta til Ringsaker fattigkasse på 8 spesidalar på kvar av dei fire var ei «arbitrair Straf». 8 spesidalar var også summen dei måtte betale prokurator Timmermann for den benefiserte innsatsen hans for Gløersen. Gløersen var på si side å klandre for ikkje å ha fått protokollen underskriven før ved avslutninga av siste tingdag, i strid med forordninga av 4. oktober 1799. Derfor kunne heller ikkje han – eller no hans Marthe Elisabeth – gå fri for straff: 10 spesidalar til fattigkassen for denne forsømminga med protokollen.

«… nogle ildesindede Personer her i Fogderiet»

Korleis det gjekk vidare med Randulfs tingrettsdom mot dei fire meddomsmennene av 10. juni 1819, som kuriøst nok stod i motstrid til overrettsdommen i Meyer-saka av 3. april, har det ikkje lykkast å finne ut av. Trumfa overrettsdommen tingrettsdommen? Eller vart tingrettsdommen rettskraftig? Heller ikkje har det vore muleg å finne ut kva som vart neste stoppestad for den heimsendte Meyer-dommen, no som sorenskrivar Gløersen var død. Det ser nesten ut til at også saka vart lagt i grav. I tingboka for Nordre Hedemarken finn vi ikkje spor etter den og heller ikkje i registeret over saker i Aggershuus Stiftsoverret. Kanskje Jacob Hoel nådde fram med ønsket sitt om forlik, men heller ikkje protokollen for Nes forlikskommisjon har meir å fortelje.

Den aller siste biten av desse prosessane som har latt seg spore opp, er ein etterve i ankesaka Bergh reiste mot Gløersen. Den hadde starta i Aggershuus Stiftsoverret 22. mars 1819, og da den skulle opp til doms 10. april 1820, eit år etter at Gløersen var død, vart den avvist av retten: Både Berghs rettsstemning av 20. januar 1919 og den sedvanlege kontrastemninga frå motparten av 26. april same år vart kjente rettsugyldige på grunn av formelle feil.77 Så søkk også denne prosessen ned i den store glømselen; men for dei tre som overlevde denne striden på Nordre Hedemarken i åra 1815–19, måtte livet gå vidare.

Sokneprest Gerhard Gunnerus Bergh fekk sju magre år som suspendert før embetssaka hans vart avgjort i Høgsterett. Da hadde Aggershuus Stifts Consistorialret 20. oktober 1820 først dømt han etter Erik Gløersens smak til å ha «sit Kald og Embede, som Sognepræst til Ringsagers Præstegjeld i Aggershuus Stift, forbrudt».78 Men 25. oktober 1823 oppheva Høgsterett dommen og gav i staden Bergh ei sviande mulkt, 300 spesidalar, for slurv i konfirmantundervisninga og ved nattverden, og påla han i tillegg svære sakskostnader. Så kunne han endeleg ta opp att prestegjerninga i Ringsaker.

Bonde Ole Wernsen Klungseth heldt fram sitt samrøre med storbøndene Halvor og Jacob Hoel. Blant anna deltok han i åra etter 1818 saman med dei i eit «Selskab for Næs Prestegjælds Vel», som i 1818–19 talde 39 medlemmer og møttest hos ein nabo av Jacob Hoel, kommerceråd Peder Holter. Politiet mistenkte selskapet for å vere ein politisk klubb og heldt det under nøye oppsikt. Lensmann Gjestvang sendte så rapportar om kva som skjedde der, gjennom futen til Justisdepartementet og vidare derfrå til statthaldaren.79

Korleis Klungseth og vennene hans vart sett på av øvrigheita, forstår vi av dommen konstituert sorenskrivar etter Erik Gløersen Jacob Timmermann avsa i 1819 mot bonde Ole Nashoug frå Vang på Hedemarken (om denne saka, sjå òg side 262). Nashoug var ifølgje Timmermann ein einfaldig og vondskapsfull person med tankar som var «uden Sammenhæng», og som hadde umiskjenneleg preg av den spottelysta som no hadde tatt overhand på fleire steder, men i særleg grad hadde

været fremmet med Diærvhed af nogle ildesindede Personer her i Fogderiet der ej har undseet sig ved at antaste endog agtpaagivende Embedsmænd og de mest hensigtsmæssige Indretninger, hvorved de sandsynligviis har troet at giøre sig fortjent af Borgersamfundet eller dem deraf der lytte efter Magtskrigerens Raaben, uden at veje og bedømme om det forebragte indeholder ondskabsfuld Bagvaskelse, Løgn og Usandfærdighed eller om det bær Sandhedens Præg.80

Dette kan ha vore noko av bakgrunnen for at Klungseth og to andre bønder frå Nes som stod under tiltale for medverknad til bondetoga i 1818, i 1820 sat arresterte i Vang arresthus under strengt vakthald mens domskommisjonen førebudde dommen mot dei,81 som fall i 1821. Den historia enda med ruin for Ole Wernsen Klungseth; Høgsterett dømte han 14. mars 1826 til sakskostnader på svimlande 697 spesidalar og 99 skilling82 for rolla som agitator under Halvor Hoel i 1818 og til to års straffearbeid, ei streng straff «efter Lov» som av den nådige kongen rutinemessig vart formilda til to månader «i Sognets Arresthuus, eller hvis dette ikke haves, i nærmeste Kjøbstads Arbeidsanstalt eller Fængsel».83 Og i 1827 gjekk garden hans på tvangsauksjon – for 700 spesidalar.

Den velståande Jacob Hoel opplevde derimot ingen nedtur. Han fortsette som stortingsmann også i 1821 og 1822, som ein av leiarane for «det Flor-Hoelske parti», og møtte òg på det såkalla bondestortinget i 1833; han levde så til sine dagars ende som proprietær og pater familias på det donqvirotske gods Hovinsholm.

Oppsummering

Denne veven av ærekrenkingssaker kastar med sitt bisarre skjær lys over fleire av dei temaa som denne framstillinga tar opp.

I den første dommen mot Ole Wernsen Klungseth får vi illustrert mekanikken i den prosessen som førte førte fram til den rettsoppfatninga at ordet ærekrenking i § 100 måtte omfatte både ærerørige og utilbørlege ord (sjå behandlinga av dette i kapittel 12, «Norske lov 6-21-4 – den problematiske paragrafen»). Det hadde med æresstraffa å gjere, denne gamle straffa som brennemerkte den dømte som ein ærelaus og utstøytt og stengte han ute frå vesentlege funksjonar i samfunnet (sjå side 153–154).

Som dommarar flest veik Randulf tilbake for å bruke den utrangerte æresstraffa, og med den miserable tilstanden lovverket var i, trong han forbodet i 6-21-4 mot utilbørlege ord for å kunne vri seg unna ei slik straff. Han uttrykte så det som på dette tidspunktet var eit rådande syn, at slike utilbørlege ytringar faktisk strei mot § 100. Grunnen var ifølgje Randulf at dei mangla den «Anstændighed» paragrafen kravde. Slik kunne han bruke § 100 som rettsgrunnlag for ei formildande straff for utilbørlege ord. Argumentasjonen i overretten i same sak stadfestar denne analysen, og at Randulfs dom må ha vore arbitrært formildande: Dersom Klungseths påstand verkeleg hadde vore ei forsettleg løgn, slik Randulf altså meinte, måtte æresstraffa i Norske lov 6-21-7 ha vorte brukt.

Dommen i Aggershuus Stiftsoverret demonstrerte så korleis kjerneuttrykket forsætligen og aabenbare i § 100 greip inn i ei ærekrenkingssak som dette. Overretten meinte at det hadde funnest ein grunn hos Klungseth, om enn ein urett ein, som «foranlediget Indrykkelsen, hvorved ej findes Anledning til at ansee ham efter 6-21-7».84 Påstanden var ei villfaring frå ein allmugemann og ikkje ei forsettleg løgn og inga «aabenbar Usandhed», og derfor var Klungseth i tingretten «rettelig anseet med Bøder efter 6-21-4». I denne saka skilde ikkje Aggershuus Stiftsoverret lenger mellom 6-21-4 som allmenn borgarleg lov og som ein del av trykkefridomslovgivinga, slik den hadde gjort i Chrystie-dommen i 1816. No meinte den at utilbørlege ord var straffbare etter § 100, og den dømte med § 100 som rettsgrunnlag.

Desse sakene gir òg eit innblikk i korleis trykkefridommen etter 1814 gav allmugen ein arena til å «ta att» mot embetsstanden. Det gav seg ikkje minst uttrykk i slikt som § 13 i 1799-forordninga hadde strengt forbod mot, at «det fornærmende i et Skrift er inklædet i Allegorie eller Ironi». At dette forbodet i kraft av ordet aabenbare i § 100 ikkje gjaldt lenger, var alminneleg erkjent og hadde stått sin prøve under det første ordentlege stortinget i 1815–16, da Christiania Intelligentssedler ifølgje amtmann Weidemann hadde «frembaaret en Deel Exempler – saadanne Angivelser eller Fortællinger om andre Mennesker» som var sette fram «i et saadant Sprog, at Paatale bliver unyttig».85

Det vi så ser her, er at embetsstanden som svar på infame allegoriske angrep i pressa gladeleg tok att med like grovkorna insinuasjonar «indklædet i Allegorie eller Ironi», med umiskjenneleg adresse.

For oss i vår tid er det fort gjort å tru at dommarane den gongen var harde i klypa og dømte strengt. Men desse dommane var påfallande milde sjølv for sjofle og krenkande offentlege ytringar som opplagt var i strid med tidas lovgiving. At sorenskrivar Randulf behendig unngjekk harde dommar mot ein sorenskrivarkollega, kan vi lett nok forstå. Men den frekke bonden Ole Wernsen Klungset og dei «løgnaktige» fire meddomsmennene frå allmugen vart òg behandla mildt.

Ikkje berre unngjekk Randulf målbevisst den utrangerte æresstraffa. Han var òg mild med mulktene og prøvde dessutan konsekvent å la vere å tolke bevisa i unødig skjerpande retning, bortsett frå i saka mot dei fire meddomsmennene – men også da var straffa påtakeleg mild. Dommarane i eineveldets tid var disiplinerte ved strenge lovbod til å sørgje for at ein rettargang gjekk korrekt for seg; vi ser i desse sakene korleis overretten ubønnhørleg greip inn mot ein underrettsdommar som gjorde formelle feil.

Med desse sakene frå Hedemarken forlèt vi denne første runden med strid om trykkefridommen og gir oss den andre runden i vald, der kong Karl 14. Johan kastar seg inn i striden med ny kraft.