Som dei tre andre sakene enda også Grønnerup-saka med nederlag for den utøvande statsmakta. Rettsoppfatninga til regjeringa hadde lidd havari på havari i møte med den nye trykkefridomsparagrafen. Det kan ikkje vere nokon tvil: Ei ny rettsforståing gjaldt. Som historikaren Yngvar Nielsen nøkternt oppsummerte det for snart 140 år sidan:

Saaledes blev der i Aaret 1815 anlagt en Række Processer mod forskjellige Personer for deres Udtalelser i Bladene. Men samtlige disse endte med Frifindelse, og det viste sig saaledes, at Politidepartementet [sic, skal vere Justisdepartementet] ikke havde havt gyldige Grunde for sine Sagsanlæg. Efter 1815 blev der ogsaa for en Stund en Stans med disse Trykkefrihedsprocesser.1

At folk opplevde det som ein ny rettstilstand, blir tydeleg av at dei frikjente utan frykt tillét seg å gå ut i avisene og hovere over sigeren mot regjeringa, dvs. kongen, under fullt namn og hevde at sakene var «anlagt uden Grund og Billighed»,2 som Christen Grønnerup skreiv. Noko slikt ville ha vore både utenkeleg og straffverdig under forordningsregimet før 1814.

Kjøpmann Christen Grønnerup var likevel meir beherska i uttrykka sine enn bonde Ole Wernsen Klungseth, enda det var «unægteligt, at det i flere Henseender» hadde vore høgst ubehageleg over så lang tid, i nesten tre år, å bli underkasta ein slik justisaksjon. Grønnerup ønskte berre å utføre ei plikt mot seg sjølv «og maaskee forekomme Publikums Ønsker» når han no i eit innlegg i Det Norske Nationalblad informerte om «det endelige Udfald paa en Sag, der i sin Tilværelsesperiode vakte saamegen Opmærksomhed».3 Innlegget vart avslutta med denne syrlege salven:

Jeg vil iøvrigt afholde mig fra enhver Anmærkning, der med Rette kunde giøres over samme, ligesom jeg, under visse Betingelser, vil for Eftertiden forbinde mig til at troe, at det Norske Riges Politie- og Justits-Væsen besidder den høieste Grad af Fuldkommenhed.4

Ein månad etter at desse orda stod på trykk, 3. august 1818, kom så grunnlovsforslaget frå dei to erkepatriotane frå Trondheim Matthias Conrad Peterson og Niels Schultz om eit tillegg i § 100 om at Grunnlova hadde oppheva 1799-forordninga, endeleg opp til realitetsbehandling i Stortinget. Det vart einstemmig forkasta: Det ville «være aldeles upassende, ved nogen Bestemmelse i Grundloven at afgjøre, om og hvorvidt Trykkefriheds-Forordningen af 27de Septbr. 1799 nu kan ansees som ophævet eller ikke, hvilket retteligst bør overlades til Rigets Domstole».5 Det var dette stortingsvedtaket Ytringsfridomskommisjonen burde ha referert til i innstillinga si frå 1999 (sjå side 296). Da måtte også konklusjonen deira ha vorte ein annan.

Kva hadde «Rigets Domstole» så komme fram til gjennom dei sakene som no alle var avslutta?

Rettsgrunnlaget for straff

Før 1814 hadde prinsippa i vår domsmodell A, med 1799-forordninga som sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag for straff, rådd ved domstolane. Da kunne det i ein dom heite at den tiltalte hadde «overtraadt Trykkefriheds Anordningen af 27 Septbr. 1799. Tiltalte er saaledes strafskyldig».6 Ei tilsvarande formulering vart aldri brukt i nokon dom i desse første åra etter 1814, ikkje eingong i dei to fellande dommane av sorenskrivar Erik Gløersen i Nordre Hedemarken sorenskriveri. Ingen dommar og heller ingen part i noka sak forfekta lenger domsmodell A.

Tanken om at denne domsmåten dominerte i tida etter 1814, har stått sterkt i faglitteraturen sidan Ytringsfridomskommisjonen la fram si innstilling i 1999, noko mange historikarar og rettshistorikarar har gitt uttrykk for. Men Lars Björnes oppsummering av dette i Frihetens gränser, at nordmennene mangla nærare praktiske reglar for korleis prinsippet om trykkefridom i § 100 skulle realiserast, og som ein nødutveg måtte ty til den gamle forordninga,7 samsvarer ikkje med det som faktisk skjedde. Dommarane hadde tvert imot ingen problem med å avvise 1799-forordninga som gjeldande rett og å avseie så vel fellande som frikjennande dommar med grunnlag i § 100.

Og det samsvarer slett ikkje med dei faktiske dommane når Hilde Sandvik skriv om trykkefridomsprosessane at lågare rettsinstansar dømte strengt «etter loven», dvs. 1799-forordninga, i si forvaltning av «den vanskelige grunnlovssetningen i § 94» om at det eldre lovverket framleis gjaldt så sant det ikkje strei mot konstitusjonen, og at først Høgsterett vurderte det konstitusjonelt haldbare.8 Det ho da tenker seg, er at dei lågare rettsinstansane dømte etter domsmodell A, og at Høgsterett så dømte etter domsmodell B og målte lovboda i 1799-forordninga opp mot § 100 som absolutt norm. Men dette har vi ingen eksempel på. Ingen av dei tre rettsinstansane nølte med å sjå bort frå forboda i forordninga, med direkte heimel i § 94, og rekne dei som oppheva «af sig selv»9 frå det augeblikket § 100 var vedtatt.

Den domsmåten som dominerte, var – oppsiktsvekkande nok etter dagens forfatningsjus – vår domsmodell C, at § 100 åleine var rettsgrunnlaget for straff. Eitt utvilsamt forsøk vart gjort på å hevde prinsippa i domsmodell B, med § 100 som ei overordna norm som avgrensa rekkevidda av gjeldande forbod i 1799-forordninga. Høgsteretts- og regjeringsadvokat Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne følgde denne linja i Hielm-saka, og sannsynlegvis også i Grønnerup-saka i bytingsretten. Men dommarane avviste han og dømte i staden etter domsmodell C. Så, i overrettssaka mot Christen Grønnerup, gjekk også Morgenstierne over til å hevde domsmodell C.

Ein sentral premiss i bytingsdommen i den saka var at Grunnlova var «den Lov hvorefter Tiltalte maa blive at dømme». Dommen vart stadfesta av overretten 20. oktober 1817 og av Høgsterett 14. mai 1818 in terminis, dvs. med formularet at dommen «bør ved Magt at stande» (sjå side 320). Med det hadde Høgsterett erklært seg å stå bak også domspremissane til byfut Olaus Christopher Hammer.

Det er såleis liten tvil om at vår domsmodell C må vere å sjå på som den rettsoppfatninga som desse prosessane i perioden 1814–1818 gjorde til den rådande i samtida, og at det måtte vere velkjent i det juridiske miljøet. Premissane i bytings- og overrettsdommane i Grønnerup-saka var offentlege, og dei to fremste advokatane i landet, Morgenstierne og Hielm, var fortrulege med og støtta domsmåten i dei: Paragraf 100 skulle åleine vere rettsgrunnlaget for straff i trykkefridomssaker.

Retten til å skrive fritt

Spesielt vart uttrykka «forsætligen og aabenbare» og «frimodige Yttringer» i § 100 brukte med stor verknad i rettsavgjerdene, frå underretten og opp til Høgsterett. Dommarane la da ikkje stor vekt på om den tiltalte hadde formulert seg uvørdent eller frekt når eit påanka uttrykk om politiske forhold vart vurdert opp mot § 100. Det avgjerande spørsmålet var om innhaldet i ytringa var lovstridig.

Og grensene for kva som var lovstridig, var heilt andre enn under forordningsregimet før 1814. No kunne ikkje ein skribent lenger bli dømt for å seie si hjertens meining om ei lov eller eit anna forhold i samfunnet. Slike ytringar verken kritiserte eller lasta kongen i det nye konstitusjonelle kongedømmet og viste ikkje ringeakt for nokon. Å kunne vere fritalande var tvert imot ein rett alle borgarar hadde.

Dette vart svært klart uttrykt i den endelege og uanka dommen i Hielm-saka i Aggershuus Stiftsoverret. Ein skribent hadde uinnskrenka rett til å erklære om ei lov var rettferdig og i samsvar med god lovgiving: «Man maatte virkelig opgive ethvert Forsøg paa at bedømme en Lov og gjøre Forslag til dens Ophævelse eller Forandring, naar man ei skulde være berettiget til at benævne og bestride den saaledes, som man virkelig fandt den at være.»10

Den same betraktningsmåten måtte gjelde alle andre forhold i samfunnet. Det var ei følgje ikkje berre av ordlyden i § 100, men også av endringa i styresett frå det eineveldige kongedømmet til at kongen var redusert til ei av fleire konstitusjonelle makter med den folkevalde nasjonalforsamlinga, Stortinget, som den makta samfunnsordninga kvilte på. Alle saker som kunne komme opp til behandling der, måtte kunne diskuterast av alle borgarar på fritt grunnlag. På denne måten bidrog § 100 til utviklinga av ein framtidig demokratisk kultur i Norge.

Det er såleis lite treffande når Anders Johansen i Allmenningen. Historien om norsk offentlighet frå 2017, redigert av Jostein Gripsrud, skriv at med dei vide og tøyelege unntaksreglane i § 100 var det klart at paragrafen «kunne brukes til å slå ned på alt som var noenlunde radikalt opposisjonelt».11 Rettspraksisen etter 1814 følgde ei ganske anna linje.

Utilbørlege ord

Derimot såg ikkje domstolane med blide auge på uvørdent språk ved fornærmande ytringar som ikkje nådde opp til ærekrenkande kraft. I dei aller første åra etter 1814 meinte mange juristar at den slags uttrykk, utilbørlege ord, som ikkje ærekrenkte nokon, men berre fornærma dei, ikkje vart ramma av forbodet mot «ærekrænkende Beskyldninger mod Nogen» i § 100. Likevel måtte forbodet i Norske lov 6-21-4 mot slike uttrykk fortsette å gjelde. Grunnen var at 6-21-4 var ei allmenn borgarleg lov som gjaldt i alle samanhengar, uavhengig av ytringsform. Ord som var straffbare ytra i affekt over drammeglasa på ei kro, kunne ikkje vere straffri om dei vart sette på trykk i ei avis.

Etter dette synet låg slike frekke, men ikkje ærekrenkande uttrykk utanfor virkeområdet til trykkefridomsparagrafen, og Norske lov 6-21-4 måtte derfor regulere dette feltet som før. Det var derfor Aggershuus Stiftsoverret etter § 100 frikjente Hans Chrystie og Ole Wernsen Klungseth for tiltalen om å ha misbrukt trykkefridommen, men mulkterte dei etter Norske lov 6-21-4 for å ha ytra utilbørlege ord, som ikkje var eit trykkefridomsbrot. Domspraksisen i slike saker viser framfor alt kor viktig domstolane meinte det var å verne om ryktet til borgarane og ikkje minst embetsmennene. Når Høgsterett så frikjente Chrystie og Klungseth, var det fordi retten meinte at begge to var i sin fulle rett til å skrive som dei skreiv; ytringane var verken ærekrenkande eller utilbørlege.

Terskelen for kva ein straffritt kunne skrive offentleg om andre menneske, var med andre ord lågare enn forbodet mot ærekrenkingar i § 100.

Seinare forfatningsjuristar, som Torkel Halvorsen Aschehoug, Bredo Morgenstierne og Frede Castberg, har meint at det var forbodet i § 100 mot å vise eller tilskynde til «Ulydighed mod Lovene» som var grunnen til at det måtte vere slik, fordi uttrykket ifølgje dei viste til grenser andre stader i lovverket ein skribent heller ikkje skulle kunne bryte (sjå side 260). Men nokon slik tankegang finn vi ikkje i kjeldene før Frederik Stang lanserte den i læreboka si i forfatningsrett i 1833. Den var hans eiga teoretiske nyskaping og vart ikkje brukt som heimel i nokon dom verken før eller etter 1833.

Få år etter desse dommane, rundt 1820, hadde domstolane etablert ein annan praksis der utilbørlege ord likevel hørte inn under forbodet mot «ærekrænkende Beskyldninger» i § 100 og dermed var eit trykkefridomsbrot. Denne praksisen gjorde Høgsterett til sin i dommen i Hjort-saka i 1821. Ei forskyving i den juridiske betydninga av omgrepet ærekrenking hadde skjedd.

På denne måten vart terskelen for ærekrenking sett mykje lågare enn den for ringeakt. Ringeakt låg tett opp til den gamle lovtermen ærerørig i streng forstand: ein påstand om vond vilje, om med vitende og vilje å ha handla i strid med samfunnsinteressene. Å bruke harde eller utilbørlege ord om ei ny lov var såleis ikkje å vise ringeakt mot regjeringa, ettersom lovgivaren ikkje dermed treng å ha hatt «Mindste Formodning om, at den Lov, der efter bedste Indsigt blev nedskrevet, skulde blive uretfærdig», som overretten formulerte det i frifinningsdommen i Hielm-saka.12

Dei formelle reglane

Anonymitet var atter lov, og boktrykkar, utgivar eller redaktør var rettsleg ansvarlege for innhaldet i trykte ytringar berre dersom dei ikkje hadde sikra seg namnet til forfattaren, og da som om dei var forfattaren. Dette var ikkje heimla i nokon bestemt lovparagraf, men i eit allment rettsprinsipp. Fordi forfattaren var den rettsleg ansvarlege, skulle alle trykkefridomssaker førast ved forfattarens eige verneting. Grunnen var den prinsipielle motstanden mot alle former for sensur, også den sensuren ein boktrykkar eller ein utgivar ville utøve om dei frykta å kunne bli rettsleg medansvarlege for det ein skribent fekk på trykk.

All sensur var oppheva og dermed sensurreglane i §§ 18, 20 og 26 i 1799-forordninga.

Dei prosessuelle reglane der gjaldt framleis, mens ein del andre formelle reglar i forordninga måtte vere å sjå på som sette ut av kraft, utan at rettsavgjerdene gjer det muleg å rekne dei opp nøyaktig.

Straffene

Om straffene i forordninga kunne brukast etter bokstaven for brot på grensene i § 100, var uavklart, ettersom alle saker så nær som ein del ærekrenkingssaker hadde enda med frifinning i siste instans, slik at straffereglane ikkje vart sette på prøve. Det var mange ærekrenkingssaker, og dei vart reiste som private søksmål (eit lite knippe blir gjennomgått i kapittelet «Basketak på Hedemarken» som straks avsluttar del 2).

Der sakene enda med fellande dom for ærekrenkande ytringar, fekk nok den dømte straff etter § 12 i 1799-forordninga, men alltid arbitrært formildande ved Norske lov 6-21-4, etter gammal sedvane. Dei strenge straffekrava i § 12 vart på den måten atskilleg avdempa og altså ikkje sett på som fullt ut gyldige, trass i kravet i § 96 i Grunnlova om at dommarane skulle dømme «efter Lov». Det gamle lovverket kjente ikkje noka anna straff enn æresstraff for kvalifisert ærekrenking, som var den terskelen § 100 i Grunnlova i utgangspunktet hadde reist på trykkefridommens område. Dersom alle dommar i ærekrenkingssaker hadde falle etter bokstaven i dei gamle lovene, ville det ha komme mange æresdommar i landet. Det var heilt tydeleg ikkje lovas bokstav, men kva slags straff som kjentest akseptabel, som avgjorde kva for ein paragraf det vart dømt etter.

Dette kan tyde på at straffenivået i forordninga av 27. september 1799 generelt vart sett på som altfor strengt, slik Aggershuus Stiftsoverret hevda i dommen i Chrystie-saka. Dette spørsmålet blir tatt opp i del 3, ettersom tre saker som vart reiste av regjeringa i 1821, enda med domfelling etter § 100 med straff etter analogi av andre paragrafar i 1799-forordninga enn § 12.

Det sentrale temaet i del 3 blir likevel bølgjene rundt kong Karl Johans mislykka forsøk først på å få vedtatt eit tillegg til Riksakta som regulerte kva det skulle vere lov å skrive om svenske forhold i Norge og omvendt, deretter på å gjeninnføre delar av forordninga av 27. september 1799, også sensurreglane i §§ 18 og 20, og prøvinga av dette i rettssystemet etterpå.