Det var ein stridslysten aktor Morgenstierne som i eit brev av 28. november 1816 informerte regjeringa om det fullstendige tapet i saka mot bokhandlar Hans Abel Hielm i Christiania Bytingsret for artikkelen i Det Norske Nationalblad om advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede».

Morgenstierne var ikkje nådig mot dommar Frederik Riis: I dommen hadde Riis erklært at bokhandlar Hielm «aldeles uden Grund» var sett under tiltale, at forsvararen gjerne kunne seie at aksjonen var opprørande for kvar god borgar, og at klagen over den provisoriske anordninga for Høgsterett av 9. juni 1816 var velgrunna. Regjeringa ville, skreiv han, gjere seg skyldig i «den mest besynderlige Inconseqvents» om den godtok dommen, erkjente seg pliktig til å betale sakskostnadene «og tilstod, at have uden Føie anlagt et for gode Borgere oprørende Søgsmaal».1 Regjeringa må ha vore einig og anka dommen inn for Aggershuus Stiftsoverret.

I forsvarsinnlegget sitt 3. mars 1817 raljerte forsvarar Jonas Anton Hielm over at aktor på denne måten hadde formant regjeringa om å vere «conseqvent og ikke tilstaae sin Feil». Dette var eit av tilfella der Hielm greip til så krasse ord om motparten at han fekk svi på pungen etter Norske lov 1-12-1: Det kunne knapt reknast som eit strev «efter Muligste Fuldkommenhed», meinte han, «at være conseqvent i det, der ei duer noget; at fortsætte begangne Feil, Grundlovens Krænkelser for Conseqventsens Skyld». Det han dermed sa, var at regjeringa med vitende og vilje gjekk inn for å krenke Grunnlova.

Da var det betre, fortsette Hielm, å tilstå feilen «efterat være advaret ved en, end ved flere Domstoles Domme».2 Den eigentlege grunnen til at saka var anka, var nok, som aktor sjølv hadde antyda, håpet om at overretten ville befri regjeringa for «de hæslige Actionsomkostninger», som dei gjerne påførte ein så ubetydeleg borgar som den saksøkte. Ingen fekk fred lenger enn naboen tillét, sukka Hielm. Den saksøkte i dette tilfellet hadde iallfall den fordelen at forsvaret ikkje fall han sjølv, men ein tredje mann til byrde; «og denne Byrde maatte da jeg af flere Aarsager være den nærmeste til at optage».3 Jonas Anton Hielm, den eigentlege artikkelforfattaren, veik ikkje tilbake for å leike med elden.

Og enda ein gong hevda han at heile 1799-forordninga var oppheva: Paragraf 100 i Grunnlova heimla trykkefridom, mens forordninga «gaaer ud paa det Modsatte. Dens Bestemmelser ere altsaa Midler til det Modsatte af hvad Grundloven vil». Derfor kunne ikkje forordninga, som i det heile tatt var «i direct Opposition med §. 100., i nogen Deel være gjeldende».4

Han la ikkje fingrane imellom: Forordninga «er aldeles stridende imod vor Statsforfatnings Natur; den er i sin hele Tendents stridende imod de Rettigheder, enhver fri Mand tilkommer, som Borger af enhver Stat», og han avviste bestemt at den kunne vere gyldig sjølv «i visse Henseender». Ikkje eingong dei prosessuelle reglane gjaldt, altså. Ingenting. Forordninga var uforeinleg med dei prinsippa som måtte gjelde i eit konstitusjonelt kongedømme. Dette var § 100 som lex superior i rein form, og det var prinsippa i vår domsmodell C han på denne måten forklarte for overretten.

Men før det kom så langt som til ein dom i Aggershuus Stiftsoverret, fekk Høgsterett i mai 1817 sagt siste ord i dei to trykkefridomssakene mot Ole Wernsen Klungseth og Hans Chrystie.

Klungseth frikjent: «Held Norge! Held Nationen!»

Den aller første trykkefridomssaka som kom opp til realitetsbehandling i Høgsterett, var den mot Nes-bonde Ole Wernsen Klungseth 10. mai 1817, med Jonas Anton Hielm som oppnemnt forsvarar. Det var justissaka mot han for å ha vist ringeakt mot regjeringa ved å ha fornærma regimentssjef i Søndenfjeldske Dragonregiment generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer som hadde nådd Høgsterett. Aggershuus Stiftsoverrett hadde frikjent han for tiltalen om å ha misbrukt trykkefridommen, men hadde så mulktert han for å ha brote Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord og idømt han nye sakskostnader (sjå side 248).

Det var på hengande håret at anken til Klungseth ikkje vart avvist. Førstvoterande Christopher Frimann Omsen meinte bestemt at når Klungseth i overretten var dømt til ei mulkt på 50 riksbankdalar, berre ein fjerdedel av ankegrensa til Høgsterett, så måtte saka avvisast. Annleis ville det ha stilt seg dersom også Justitien hadde vore misfornøgd med dommen i stiftsoverretten og anka den tapte landsforvisingspåstanden. Men Justitien hadde ikkje gjort det, og derfor skulle ikkje Høgsterett ta stilling til nokon påstand om landsforvising, same kor mykje aktor Nils Aars hadde gått ut frå det i prosedyren sin. Det var berre dommen i stiftsoverretten med ei mulkt på 50 riksbankdalar som var anka, og som Høgsterett dermed skulle vurdere.5

Malte Sehested Langberg peika på at denne mulkta var uretteleg idømt fordi den gjaldt eit forhold som ikkje var pådømt i første instans, og at det måtte vere Høgsteretts oppgåve å rydde opp i miseren. Eit fleirtal blant dommarane var einige; Klungseth hadde den formelle feilen i overrettsdommen av 6. mai 1816 å takke for at saka hans i det heile tatt kom opp for landets øvste rettsinstans.

I voteringa over realiteten i saka var ikkje førstvoterande Omsen i tvil: Klungseth måtte frifinnast. Ikkje berre fanst det ingen «Fornærmelse mod Regieringen» i avisinnlegget hans, men starten på innlegget «viiser endog det modsatte, ligesom man lettelig kan tænke sig at den ene Officier kan foretrækkes den anden efter Chefens Forestilling, uden Regieringens Skyld».6 Å klandre ein embetsmann var ikkje å klandre regjeringa, slik det kunne vere under eineveldet.

Og Omsen la til eit vesentleg moment: «Grundl. § 100 hiemlet derfor Ole Verntzen Tilladelse at giøre Regieringen opmerksom paa saadanne Misligheder.» Alle dommarane slutta seg til denne vurderinga. Fullstendig tap for regjeringa og tommelen ned for dommen i Aggershuus Stiftsoverret. Innlegget i Christiania Intelligentssedler 28. februar 1815 om generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer var å sjå på som ei frimodig ytring etter § 100.

Heller ikkje Høgsterett peika mot nokon annan lovparagraf enn trykkefridomsparagrafen som eit muleg lovgrunnlag for ein dom, og Andreas Arntzen uttrykte stemninga godt da han erklærte at «Actionen er ubeføjet».7 Den einstemmige dommen var klar: «Ole Verntzen Klungseth bør for Actors Tiltale i denne Sag frie at være.»8 Og som høgsterettsjustitiarius Bull uttrykte det i sitt avsluttande votum, sa det seg sjølv at når Klungseth no var frifunnen, ville kostnadene falle det offentlege til last.9

I ein frifinningsdom som denne har vi ikkje haldepunkt for å avgjere kva for eit prinsipp Høgsterett brukte av domsmodellane B og C, enda 1799-forordninga ikkje vart nemnt med eit ord. Formuleringa «§ 100 hiemlet derfor Ole Verntzen Tilladelse» kunne passe godt i dei begge, i domsmodell B som ei avgrensande norm for lovboda i den gamle lovgivinga, i domsmodell C som rettsgrunnlag i skyldspørsmålet. Som vanleg uttalte ikkje høgsterettsdommarane seg om spørsmål som ikkje var avgjerande for votuma deira, som i dette tilfellet forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga.

Etter ein meir enn to år lang rettsprosess var alle bører i denne justissaka endeleg løfta av Nes-bonde Ole Wernsen Klungseths skuldrer. I eit triumferande innlegg i Christiania Intelligentssedler meldte han til «mine Velyndere» at han hadde vunne saka, «hvilket vel heller ikke paa mine saa soleklare Beviser kunde blive anderledes».10 Dette var «en stor Opmuntring for den simple Mand, at Retfærdighed ikke skee paa Stand og Vilkaar, kun paa Ret og Beviser». Sigeren vart feira med eit storslått kalas heime hos hovudvelyndaren, proprietær og premierløytnant Jacob Hoel på Hovinsholm gard.11 Ekkoet av jubelen over punsjglasa der lydde slik i eit anonymt lesarinnlegg i Christiania Intelligentssedler kort tid etterpå:

Held Norge med en Høiesteret, der hævder den uindskrænkede Trykkefrihed! Held Nationen med en Høiesteret, der erkjender den Ubetydeligstes Fordringer, som Borger og Menneske, mod den i Rang og Ordener høie Embedsmand!12

Chrystie frikjent: frimodig ytring

Fire dagar etter denne dommen, 14. mai 1817, fall dom i ankesaka til kjøpmann Hans Chrystie i Moss mot Commissariats-Commissionen. Også Chrystie hadde i Aggershus Stiftsoverret vorte frikjent for tiltalen om misbruk av trykkefridommen og så fått dom for å ha brote Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord (sjå side 288); og som Klungseth var han av overretten idømt ei mulkt godt under ankegrensa på to hundre lodd sølv, for Chrysties del 50 spesidalar, dvs. hundre lodd sølv. Det som berga hans sak for Høgsterett, var at han òg anka det tapte private søksmålet mot kommisjonen med eit erstatningskrav på heile 500 spesidalar.13 Både justissaka og det private erstatningssøksmålet var såleis oppe for Høgsterett.

Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne, denne gongen i dobbeltrolle som både forsvarar og sakførar for Chrystie, påstod her som i overretten at justissaka måtte avvisast fordi Chrysties sak av natur var privat, og at saka derfor var urettmessig reist. Under voteringa kom det til ei meiningsutveksling mellom dommarane om statusen til § 10 i forordninga av 27. september 1799, som justissaka var reist med heimel i. Slik både bytingsretten i Moss og Aggershuus Stiftsoverret undervegs i saka hadde avsagt prosessuelle dommar på grunnlag av denne paragrafen, slik bygde førstvoterande Andreas Aagaard Kiønig sentrale delar av argumentasjonen sin på den: Commissariats-Commissionen var utvilsamt «en offentlig Authoritet eller Samling af Embedsmænd» som når den vart angripen med fornærmelege uttrykk, måtte, slik § 10 bestemte, «antages pligtige enten at søge Frifindelse eller og bære Følgen af den grundede Anklage, hvortil den offentlige Paatale efter Lovgivningen efter mine Tanker synes at burde finde Sted».14

To av dommarane, Christopher Frimann Omsen og Jens Peter Debes, uttrykte derimot tvil om § 10 i 1799-forordninga framleis gjaldt i Norge. Det kan sjå ut som om Omsen gjekk lenger og antyda at heile forordninga kunne vere å sjå på som oppheva. Her er kjeldene uklare: Det vart alltid ført to protokollar ved voteringa i Høgsterett, og av to ulike sekretærar, ein A-protokoll og ein B-protokoll, og dei gjengir Omsen ulikt. I B-protokollen står dette: «Om jeg end kunde antage at Frd 27 Sept. 1799 enten i det Hele eller med Hensyn til § 10 endnu gialdt, synes dog denne § ej at hiemle Justitien Ret til at anlægge nærværende Sag.»15 I A-protokollen står så dette: «Om jeg nu antage, hvilket jeg ikke kan [mi utheving], at § 10 i Fr. af 27 Sept 1799 er gjeldende endnu, saa passe dog de der værende Criterier ikke paa nærværende Sag.»16 Dersom han sa alt dette og sekretærane har gjengitt kvar sine bitar, kan det han faktisk sa, ha vore at han ikkje kunne anta at 1799-forordninga verken «i det Hele eller med Hensyn til § 10» «er gjeldende endnu». I så fall meinte han det same no som han kom til å seie uttrykkeleg i fleire voteringar i 1820-åra (dette blir behandla i del 3).

Det er òg uklart i protokollane nøyaktig kva Debes uttrykte i sitt votum. Mens han ifølgje B-protokollen sa at «der kan være Tvivl om Frd 27 Septbr 1799 § 10 ansees giældende eller ej»,17 står det i A-protokollen dette: «I henseende til de formelle Indsigelser er jeg enig med Omsen.»18 Ut frå dette kan det sjå ut som om Omsen og Debes hadde same syn. Når så Malte Sehested Langberg slutta seg til Debes, vart dei eit mindretal på tre. Men dei uklare kjeldene gjer resonnementet usikkert, og det er uvisst kva dei heilt nøyaktig meinte.

Om resonnementet skulle stemme, så plasserte dei tre seg nokså nær det synet Jonas Anton Hielm, også denne gongen Justitiens aktor i Chrystie-saka, no forfekta, at heile forordninga måtte vere oppheva av § 100. Det kunne ha vore freistande å legge særleg vekt på kva Omsen meinte, han hadde i 1814 vore medlem av riksforsamlinga. Men det hadde førstvoterande Kiønig òg. Her blir enda ein gong Jørgen Herman Vogts åtvarande poeng sanna, at to kompetente juristar som begge var med på å vedta Grunnlova, kunne sjå ulikt på i kor stor grad 1799-forordninga var oppheva, i dette tilfellet dei prosessuelle reglane. Det er likevel verdt å merke seg at Omsen var den av dei som hadde sete i konstitusjonskomiteen og kjente diskusjonane der.

Men spørsmålet om § 10 måtte vere å sjå på som oppheva, vart ikkje viktig eller noko voteringstema i Høgsterett. Omsen gjorde ikkje konklusjonen sin om justissaka avhengig av dette, tvert imot, han meinte at om paragrafen så gjaldt, så gav heller ikkje den regjeringa nokon heimel for å reise sak mot Chrystie. Han må da ha sikta til ikkje berre kriteriet «i høi Grad fornærmelig», men òg til det Debes formulerte i sitt votum, at Commissariats-Commissionen ikkje hadde vore eit permanent organ og derfor ikkje tilfredsstilte kravet i § 10 om å vere blant kongens «Collegier, Retter eller vigtigste Embedsmænd», altså nøyaktig det same som Hans Chrystie hadde hevda ved det første rettslege forhøret i oktober 1814.

Det som likevel gjorde at justissaka måtte vere gyldig, var at Chrystie ved ikkje å anke avgjerda i Mosse Bytingsret av 24. oktober 1814 om at saka skulle førast som ei justissak, «selv maa ansees at have antaget Justitien som competent Sagsøger»,19 som Kiønig peika på. Dette slutta alle dommarane seg til, og det var på dette grunnlaget Høgsterett forkasta påstanden frå forsvarar Morgenstierne om at justissaka måtte avvisast. Dette viser kor stor forskjell det gjorde for Chrystie at han hausten 1814 stod åleine i retten fordi han ikkje hadde fått oppnemnt nokon forsvarar. Høgsterett følgde altså ikkje grunngivinga frå overretten, at justissaka var rettmessig reist fordi det var kongen sjølv som hadde reist den (sjå side 285).

Det er vanskeleg å følgje Nils Rune Langeland når han i Siste ord finn det «påfallande at dommarane ikkje tok opp det overordna prinsipielle spørsmålet om forholdet mellom paragraf 100 og 1799-forordninga direkte».20 Dommarane diskuterte statusen til den paragrafen i forordninga som saka aktualiserte, § 10, i den grad saka kravde. Det kunne naturlegvis ha vore interessant å sjå kva dei meinte også om Aggershuus Stiftsoverrets påstand om at både forbod og straffer i forordninga var oppheva. Men i voteringane i Høgsterett heldt dommarane seg til dei momenta som var avgjerande for utfallet av ei sak, og desse forholda, den prosessuelle § 10 og statusen til straffene i 1799-forordninga, var ikkje avgjerande i dette tilfellet.

Om realiteten i Chrystie-saka var dommarane samstemte. Hans Chrystie måtte frifinnast, aldeles og klokkereint. Det er påfallande at saka måtte gå heilt til Høgsterett før visse sentrale spørsmål vart drøfta, som om bytingsretten og overretten hadde hatt berøringsangst. Kvifor skulle Hans Chrystie tiltalast for å ha kritisert Commissariats-Commissionen når regjeringa sjølv hadde reist sak mot kommisjonsformann Haxthausen? Korleis kunne Chrystie anklagast for å ha fornærma den kommisjonen som reiste søksmålet mot han, når alle medlemmene så nær som ein var skifta ut i tida fram til avisinnlegget kom på trykk? Høgsterettsdommarane rista oppgitt og unisont på hovudet over dette, eller som førstvoterande Kiønig uttrykte det: Utskiftinga av medlemmene i kommisjonen «synes at bevise at den af Chrystie gjorte Anke var beføiet».21

Og stod det noko i innlegget hans som var fornærmeleg etter lova? Nei, Kiønig brukte det kjente uttrykket frå § 100 og sa at «de paaklagede Udtryk ikke ere aabenbar fornærmelige»,22 og dommarane meinte, tvert imot dommarane i bytingsretten og overretten, at Chrystie hadde bevist gjennom vitneføringa si at han hadde rett i at kommisjonen kunne ha gjort eit mykje betre arbeid. To av dei sa rett ut at regjeringas aksjon mot han var «ubeføiet».23 Men heller ikkje i denne høgsterettsdommen finst det noka formulering som gjer oss i stand til å skilje klart mellom domsmodellane B og C.

Éi ripe i lakken gav dei Chrystie: Måten han hadde gått fram på, kunne ikkje «ansees som den bedste, da han ved at have andraget Sagen for vedkommende Overordnet sandsynlig vilde have naaet sit Øiemed».24 Derfor tapte han det private erstatningssøksmålet mot Commissariats-Commissionen også i Høgsterett. Men sakskostnadene slapp han å betale, imot stemma til Omsen, som meinte at Chrystie hadde «brugt tvetydige Ord og saaledes selv givet Anledning til den anlagte Sag».25 Om han med dette meinte utilbørlege ord, er uvisst, men usannsynleg, ettersom han ikkje kalla dei verken fornærmande eller krenkande og formastelege, slik aktor Hielm hadde gjort i overretten. 6-21-4 om utilbørlege ord var ikkje eit uttalt tema under voteringa, fordi Chrystie ikkje skulle straffast og dommarane dermed ikkje måtte diskutere nokon straffeheimel.

Endeleg måtte høgsterettsdommarane gå ein runde med aktor Jonas Anton Hielm, som hadde kjørt det same showet for dei som for Aggershuus Stiftsoverret: først opplyst at han utelukkande representerte Justitien og ikkje Commissariats-Commissionen,26 som dermed stod utan sakførar også i Høgsterett, så erklært at han som aktor ikkje kunne prosedere «mod sin bedste Overbeviisning»,27 at dommen i stiftsoverretten var det reinaste aksjonsinnlegget, dvs. ein aktors opningsinnlegg i retten, at Justitien var uberettiga til å anlegge denne saka, og at det strei mot hans overtyding at avisinnlegget inneheldt noko som gav grunn til påtale. Særleg Omsen reagerte på oppførselen til aktor Hielm: «Dette Forhold er aldeles ulovskikket af ham, som beskikket Sagfører for Justitien. Han har ikke engang indlagt Paastand over Chrystie.»28 Han meinte derfor at Hielm måtte dømmast til ei mulkt på 20 spesidalar til Christiania Fattigkasse.

Omsen fekk støtte frå berre ein dommar, Langberg. Andreas Arntzen snakka på vegner av dei andre når han meir forsonleg uttrykte at Hielm «dog hvad den formelle Indsigelse angaaer, har sagt hvad der taler til Fordeel for Justitien; ligesom han hvad Realiteten angaaer, ikke har opført sig anderledes end de fleste Sagførere, naar de intet finde mod den Tiltalte at være beviist». Det som med Debes’ ord ganske visst var eit «besynderlig» forhold frå Hielms side, vart godtatt av Høgsterett.29

Hielm frikjent: «efter sin Overbevisning»

Ein månad etterpå, 23. juni 1817, fall dommen i saka mot bokhandlar Hans Abel Hielm i Aggershuus Stiftsoverret for artikkelen om advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede». Her, som i bytingsretten (sjå side 289), vart det eit sviande nederlag for Justitien. Det bokhandlar Hielm var tiltalt for å ha tillate på trykk i bladet sitt, var ikkje fornærmande for nokon, uttrykka hadde berre peika på at den provisoriske anordninga for Høgsterett hadde enkelte urettferdige følgjer. Derfor kunne uttrykka heller ikkje, «om de end vare aldeles urigtige», vere straffbare.30 Og overrettsdommarane fann grunn til å utdjupe kva retten til frimodige ytringar måtte omfatte:

Ret til, efter sin Overbevisning, at erklære, om en Lov er stemmende med Retfærdighed og Lovgivnings Politik, eller ikke, thi en Lov kan gjerne med Hensyn til endog uforudseete Følger, være uretfærdig, uden at Lovgiveren kan have havt Mindste Formodning om, at den Lov, der efter bedste Indsigt blev nedskrevet, skulde blive uretfærdig, byrdefuld for enkelte, fordi det menneskelige Øie var uformuende til at overskue alt paa eengang. Man maatte virkelig opgive ethvert Forsøg paa at bedømme en Lov og gjøre Forslag til dens Ophævelse eller Forandring, naar man ei skulde være berettiget til at benævne og bestride den saaledes, som man virkelig fandt den at være.31

Dette er naturlegvis ei ganske anna rettsoppfatning enn den som rådde da Peter Andreas Heiberg vart domfelt i 1799. Det måtte til ein dom i ein overrett, imot den norske regjeringa, for å få slått fast dette minstekravet til korleis eit konstitusjonelt kongedømme, i motsetning til eineveldet, skulle fungere. Hans Abel Hielm vart «aldeles at frifinde».32

På denne måten stadfesta overretten den tolkinga av uttrykka «forsætligen og aabenbare» og «frimodige Yttringer» i bytingsdommen av 7. november 1816 som aktoratet hadde anka. Fullstendig tap for Justitien i det stykket òg, altså. Samtidig avviste overretten å behandle anken over påstanden i den prosessuelle dommen i bytingsretten av 22. februar 1816 om at alle innskrenkingar av trykkefridommen i 1799-forordninga var oppheva. Det var ikkje anledning til å anke innhaldet i ei enkeltsetning i ein dom som ein ikkje hadde nedlagt nokon bestemt påstand om.33 Nokon dom som avgjorde at prinsippa i domsmodell B måtte gjelde og ikkje dei i domsmodell C, slik Morgenstierne ønskte seg, kom altså ikkje.

Det er tvilsamt om resultatet hadde vorte eit anna om Morgenstierne hadde nedlagt ein slik bestemt påstand, ut frå det stiftsoverretten hadde uttalt i dommen i Chrystie-saka av 26. august 1816: at «Forordningen 27de Septbr. 1799 saaledes, forsaavidt den bestemmer Straf for Trykkefrihedens Misbrug, ligesaalidt, som naar den foreskriver vilkaarlige Indskrænkninger i Frihedens Brug, kan antages at være giældende» (sjå side 287). Også påstanden om sakskostnadene tapte Justitien – men denne fullstendig tapte dommen var regjeringa klok nok til ikkje å anke, og den vart dermed rettskraftig.

På eitt punkt fekk Morgenstierne likevel delvis medhald i overretten i Hielm-saka. I det siste rettsinnlegget sitt 10. mars 1817 hadde han kvesst tonen mot Jonas Anton Hielm og kalla påstanden hans om at «nærværende Action er oprørende for enhver god Borger», «den meest aabenbare Injurie man kan tænke sig», fordi «Actionsordren i denne Sag er, ifølge Grundlovens §. 13, given af een af de constitutionelle Magter». Hielm hadde vist «Ringeagt for Regjeringen»,34 hevda han, med eit uttrykk henta frå § 100.

Denne forståinga fekk han ikkje medhald i av overretten. Men den støtta han i at Hielm måtte mulkterast. Dommarane i Aggershuus Stiftsoverret var nemleg ueinige med bytingsdommar Frederik Riis i at påstanden hans var ei frimodig ytring etter § 100. Det var ikkje § 100 den måtte vurderast opp mot, men Norske lov 1-12-1 og § 2 i forordninga av 23. desember 1735, som bestemte at «enhver, der afgiver Møde, under en Sags Behandling, bruger beskedne Ord og sømmelig Skrivemaade».35 For å handheve «Domstolenes Værdighed» dømte overretten Hielm til å betale mulkt til så vel fattigkassen som justiskassen, slik 1735-forordninga hadde innskjerpa. Ei medverkande årsak til mulkteringa var hans mange andre «brugte unyttige Udfald og Stiklerier» i retten36 – som den om «Grundlovens Krænkelser».

Grønnerup i overretten: ikkje brot på vilkåra i § 100

Jonas Anton Hielm hadde ikkje vore Jonas Anton Hielm om han hadde latt det bli med dette.

Regjeringas ankesak mot Christen Grønnerup, som i bytingsretten hadde vorte frikjent for tiltalen om å ha misbrukt trykkefridommen med påstanden om at politi- og justisvesenet låg i dvale og «slumrer» (sjå side 291), starta i Aggershuus Stiftsoverret same dag som dommen fall i Hielm-saka, 23. juni 1817. Der var atter Morgenstierne aktor, og Hielm var forsvarar, ikkje offentleg oppnemnt, men engasjert av Grønnerup.

Grønnerup hadde søkt kongen om beneficium og fri sakførsel, men fått avslag. Ifølgje aktor Morgenstierne ville han glatt ha fått innvilga offentleg oppnemnt forsvarar om han hadde kravd det, men noko beneficium kunne ikkje regjeringa gi han utan å erklære enten at dei som hadde urett, skulle støttast med beneficium på det offentleges kostnad, «eller og at Kjøbmand Grønnerup havde Ret, og den mod ham anlagte Sag var ugrundet».37 Vrangskap frå begge sider, altså.

I forsvarsinnlegget sitt gjentok Hielm demonstrativt den formastelege påstanden: «Jeg skal aldrig kunne fragaae, at jeg virkelig anseer deslige Actioner […] at være oprørende for enhver god Borger.»38 Det kan nesten verke som om all medgangen i trykkefridomssakene hadde gått til hovudet på han, han bles seg opp og erklærte at

jeg troer i al Ubeskedenhed at kunne antage, at Domstolen ikke er Herre over Meninger, og at min Stilling, min Credo, min Erfaring og den Brug jeg har giort af min Ære, burde berettige mig til at vente, at mine Meninger ikke behandledes aldeles uden al Agtelse, for at det maatte skee ved sit Verd om disse vare rigtige eller urigtige, ligesom jeg gjensidig lader dette gjelde uden Undtagelse om Andres.39

Denne bombastiske erklæringa kom like etter at han hadde vist nettopp mangel på «Agtelse» for Morgenstiernes meiningar, idet han hevda at det ikkje var «C. Grønnerups, men heller Fiskalens Fortolkninger af anden Mands Ord, der er unaturlige og fornuftsstridige», og at Morgenstierne ville «tale af en anden Tone, havde han ikke ved sin Stilling anseet sig nødt til at vende Kappen efter Vejret».40

Tonen mellom Hielm og Morgenstierne var i det heile tatt kvassare i denne saka enn tidlegare. Noko av dette var naturlegvis juridisk form og spelfekteri; dei var begge kjente for å like å vere slagferdige og vittige, gjerne på kvarandres kostnad, det finst såpass mange overleverte historier om den slags spas mellom dei at dei ikkje treng å bli gjenfortalde her, og utanfor rettssalen var dei i stand til å samarbeide, for eksempel om tidsskriftet Juridisk Repertorium, der også Jørgen Herman Vogt var med. Men det kan sjå ut som ekte harme når Morgenstierne nekta for at han fortente «den Beskyldning Hr Overauditeur Hjelm, med sin sædvanlige Hæftighed, har giort imod mig, nemlig at jeg skulde ansee mig nød til at vende Kappen efter Veiret».41

Og pressa til å forklare sin eigen ståstad i trykkefridomssaker, slik Hielm hadde forklart sin, kom han med denne interessante utgreiinga:

Mine Grundsætninger i Trykkefrihedssager undseer jeg mig ikke for at lade Enhver kiende; De ere endnu det samme, som for 20 Aar siden. Den gang bleve de af Magthaverne anseete for at være altfor demokratiske. […] Enhver som kjender mig vil have fundet mine Grundsætninger under alle Livets Omvexlinger uforandrede, endskjøndt jeg rigtig nok er af den Mening at det kun i meget faa Tilfælde kan stemme enten med Klogskab eller Pligt at ville seile lige imod Strømmen, hvormed man staaer Fare for at kuldseile inden man har udrettet noget Nyttigt for Borgersamfundet.42

Ja, Morgenstierne var i 1799, med sine «altfor demokratiske» grunnsetningar, i utakt med dei andre dommarane i Københavns Hof- og Stadsret i saka mot Peter Andreas Heiberg – men han føydde seg etter deira syn og vart med på å avseie fellande dom. Heller ikkje i den nye norske samanhengen fann han det klokt å «seile lige imod Strømmen». Eller vende kappa imot vinden, kunne det vere freistande å legge til.

Det ergra Morgenstierne at Hielm stadig beæra han «med Navn Fiskal uagtet saadan Embedsmand ikke existerer i Norge».43 Dette uttrykket var nok omhyggeleg valt av Hielm. General-Fiskal var tittelen til den danske regjeringsadvokaten Poul Friderich Skibsted, Peter Andreas Heibergs motpart i den store rettssaka i 1799 som Hielm må ha følgt tett som juridisk student i København. Ved å bruke denne tittelen minte han Morgenstierne på Heiberg-saka, og sjølv gjekk han inn i helterolla som Heiberg: Både i Hielm-saka og i denne saka slo han om seg med dette ordet, «Fiskal», «Hr. Fiskalen», «Fiskalens Fortolkninger», slik Heiberg hadde gjort i rettsinnlegga han etterpå publiserte i tidsskriftet Læsning for Publikum.

Og som Heiberg formulerte Hielm seg i stikk og satirar og digresjonar, han var til og med så heldig å kunne gjere seg nytte av den store artikkelen sin om Grønnerup-saka i Det Norske Nationalblad i desember 1815–januar 1816 (sjå side 196–208), forsøket hans på verkeleg å svinge seg til Heibergske høgder i vidd og vittigheit, han la den fram for retten som ein del av den skriftlege prosedyren sin som han tilfeldigvis hadde skrive «paa en Tid da jeg intet havde med Sagen at giøre».44

Dommen i saka av 20. oktober 1817 uttrykte ikkje tvil: Grønnerups artikkel i Det Norske Nationalblad inneheldt ikkje «nogen Beskyldning, enten mod Regieringen, Justitie og Politie Departementet, eller nogen som helst Embedsmand».45 Dommen var eit nytt fullstendig tap for Justitien:

Sees end videre hen til de Betingelser, Grund-Lovens 100 § indeholder for at en Forfatter kan ansees strafværdig, da er det unægteligt, at Tiltalte maa i denne Sag frifindes for Justitiens Tiltale, ligesom ved Underretten er skeedt.46

Enda ein i den lange rekka med dommar som heldt seg til § 100 i skyldspørsmålet. Morgenstierne hadde vel å merke ikkje tatt med bytingsrettens domsmåte etter vår domsmodell C i ankegrunnlaget for overretten. Det tyder på at han hadde akseptert den delen av dommen; og no følgde også han det same prinsippet i påstanden sin: at Grønnerup måtte «ansees strafskyldig i Følge Grundlovens 100 § sammenholdt med Forordningen af 27 Septemb. 1799», som «er gjeldende forsaavidt den ikke strider imod Grundlovens 100 §».47

Morgenstierne hadde altså forlate domsmodell B: Den opnar ikkje for ei formulering som «strafskyldig efter Gundlovens 100 §», som berre kan bety at § 100 var rettsgrunnlag for straff, ikkje ei overordna norm som avgrensa rekkevidda av eit anna rettsgrunnlag. At det måtte vere slik dersom forboda i 1799-forordninga var oppheva, hadde lege i orda han hadde brukt alt i tiltalen i Hielm-saka i 1815 (sjå side 210). Uttrykket «sammenholdt med» 1799-forordninga betydde så at dei paragrafane der som likna mest på Hielms lovbrot, låg til grunn for straffepåstanden: enten «corporlig Straf», dvs. fengsel, etter § 6 eller «anseelige Bøder» etter § 12.48 Morgenstierne oppgav også Norske lov 6-21-4 som heimel under straffevurderinga,49 fordi det var den § 12 i forordninga viste dommaren vidare til i utmålinga av straff.

Formuleringa «de Betingelser, Grund-Lovens 100 § indeholder for at en Forfatter kan ansees strafværdig», viser at overretten òg dømte etter domsmodell C. Den må bety det same som formuleringa i bytingsdommen, at Grunnlova var «den Lov hvorefter Tiltalte maa blive at dømme», dvs. at § 100 var rettsgrunnlaget i skyldspørsmålet. Ein muleg tvil om at dei to formuleringane faktisk betydde det same, forsvinn når vi ser den kortfatta domsslutninga: «Underrettens Dom bør ved Magt at stande.»50 Også domspremissane i bytingsretten var stadfesta in terminis, og domsmåten etter vår domsmodell C stod urokka.

Denne gongen gav ikkje retten Morgenstierne medhald i at Hielm måtte mulkterast for å ha påstått for retten at aksjonen var «oprørende for enhver god Borger». Morgenstierne viste til overrettsdommen i Hielm-saka og hevda at fordi «lige Aarsager maa have lige Virkninger, saa kan jeg ikke, uden at være inconseqent undgaae at paastaae Tiltaltes Sagfører mulkteret».51 Men dommarane meinte at Hielm ikkje hadde gjentatt påstanden, berre ført fram ein klage over å ha vorte mulktert av ein tidlegare rett; verken dette uttrykket eller «de flere under Sagen anførte ubesindige og stikkende Udtryk» gav i dette tilfellet overretten nokon grunn til å idømme mulkt.52

Grønnerup frikjent i Høgsterett: «… ved Magt at stande»

Da Jonas Anton Hielm under behandlinga av Grønnerup-saka i Høgsterett 13. mai 1818 såg grunn til enda ein gong å gjenta at «deslige Actioner ere oprørende for enhver god Borger»,53 fall det ikkje i god jord blant landets høgaste dommarar. Slike uttrykk samsvarte ikkje med «den Agtelse» Hielm var retten skyldig, slo førstvoterande Fredrik Motzfeldt fast. Resultatet vart ei ny dobbel mulkt på 20 spesidalar etter forordninga av 23. desember 1735 om respekt for domstolen, mot stemmene til Omsen og Kiønig, som vel syntest at uttrykka var upassande, men at det var formildande at Hielm «ikke harmedes over Regjeringens Personale men over selve Actionen».54

Bortsett frå denne mulkta til Hielm stadfesta høgsterettsdommen av 14. mai 1818 dommen i Aggershuus Stiftsoverret. Men frifinninga sat lenger inne i Høgsterett enn i dei lågare rettsinstansane. I verken under- eller overretten hadde det vorte uttrykt tvil om utfallet. I Høgsterett var det dissens. Det springande punktet var det Hielm la slik vekt på i artikkelen om Grønnerup-saka i Det Norske Nationalblad, som han no hadde gjort til ein del av prosedyren sin, at kjøpmann Christen Grønnerups kritikk av tilstanden til justis- og politivesenet ikkje kunne ramme nokon person og ikkje kunne vere fornærmande mot nokon blant justis- og politivesenets personale (sjå side 202).

Førstvoterande Motzfeldt innrømte likevel at det var oppstått eit problem med dette: Grønnerup hadde i ei skriftleg forklaring i det innleiande politiforhøret – opptatt før Hielms artikkel stod på trykk – «opgivet at det var Embedsmændene i Holmestrand og dens Omegn som i al fald maatte ansee sig fornærmede, men han har senere erklært at dette ikke var hans Mening og at Aarsagen laae deri at han ikke var Sproget saa aldeles mægtig». Konklusjon: «Grønnerup vil saaledes blive at frifinde ifølge den 100 § i Grundl.»55 Dersom det mot formodning skulle finnast personar som kunne ha grunn til å oppfatte kritikken som fornærmande, var den ikkje forsettleg og openbar nok til å kvalifisere til straff, nettopp slik Hielm hadde argumentert i artikkelen. Domsgrunnlaget var også her ordlyden i § 100.

Malte Sehested Langberg meinte derimot at orda til Grønnerup var fornærmelege og ramma personar. Og fordi «Ukyndighed i Sproget [ikke] kan undskylde nogen, da man derved kunde bruges af andre som Vehikel [dvs. middel] til at fremføre Fornærmelser mod andre, ligesom og enhver bør afholde sig fra hvad han ikke forstaar»,56 burde Grønnerup straffast. Dette synet innebar ei klar svekking av uttrykket forsætligen i § 100 samanlikna med Motzfeldts argumentasjon og med det dommane i dei to lågare rettsinstansane hadde forfekta. Men Langberg fekk tilslutning frå berre ein dommar til, Peter Collett.

Domsslutninga brukte in terminis-formularet og erklærte at «Stiftsoverrettens Dom [bør] ved Magt at stande».57 Dermed vart også domsmåten etter vår domsmodell C stadfesta av Høgsterett, noko som samsvarte godt med argumentasjonen for frifinninga blant høgsterettsdommarane.

Langbergs mindretalspåstand var at Grønnerup burde straffast med ei mulkt på 30 spesidalar til Holmestrand bys fattigkasse, utan at han spesifiserte nokon heimel eller grunn. Den einaste paragrafen som kunne gi ei slik straff i dette tilfellet, var Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord. Den låge mulkta tyder på at Langberg og Collett resonnerte som Aggershuus Stiftsoverret hadde gjort i dommen mot Hans Chrystie, at § 100 og 6-21-4 kolliderte, og at utilbørlege ord derfor berre kunne straffast med heimel i 6-21-4 som ei sjølvstendig og allmenn borgarleg lov utanfor trykkefridomslovgivinga. Innanfor trykkefridomslovgivinga kravde § 12 i 1799-forordninga ei mulkt på minst 50 spesidalar. Også ordvalet til Langberg, «Fornærmelser»58 og ikkje «Ærekrænkelser», sannsynleggjer dette. Alternativet er at han, som Aggershuus Stiftsoverret, meinte at straffene i forordninga ikkje gjaldt etter bokstaven lenger.