I juni 1816, mens desse siste sakene enno verserte for retten, kom den latterleg enkle ideen Matthias Conrad Peterson hadde lansert i Den lille Trondhjemske Tilskuer hausten før (sjå side 177), opp til behandling gjennom grunnlovsforslaget som var sett fram av vennen stortingsrepresentant pastor Niels Schultz: «at en nærmere Bestemmelse i Grundlovens 100de §. skulle afgjøre, hvorvidt denne §. er at ansee som en fuldstændig Trykkefriheds-Lov, der ophæver Forordningen af 27de Septbr. 1799».1

Da hadde det første ordentlege stortinget sete saman i nærare eitt år – ni månader lenger enn § 80 i Grunnlova bestemte: «Storthinget forbliver samlet saalænge det finder det fornødent, dog ikke over tre Maaneder, uden Kongens Tilladelse.» Saksmengda hadde vore enorm, og kronprins Karl Johan hadde motvillig innvilga stadig nye underdanige søknader frå Stortinget om å få forlengt sesjonen, ikkje minst fordi representantane måtte prøve å stake opp ein kurs ut av det økonomiske uføret det utpinte landet var hamna i etter mange års nød og ufred. Forsamlinga var politisk uerfaren; av dei 87 representantane hadde berre 18 vore med enten i riksforsamlinga på Eidsvoll eller på det første overordentlege stortinget hausten 1814 og ikkje meir enn seks begge stader.

Éin av desse seks, stiftamtmann Wilhelm Frimann Koren Christie, sat i den fem mann sterke konstitusjonskomiteen som hadde gått gjennom dei mange – og ofte ugjennomtenkte – forslaga til grunnlovsendringar som var komne inn; han hadde vore ein stabbestein av ein mann gjennom heile det turbulente året 1814 og eit ankerfeste også på dette kaotiske første ordentlege stortinget. Dei andre komitémedlemmene hadde òg tyngd og autoritet: amtmann Christian Magnus Falsen, «Grunnlovas far» frå riksforsamlinga på Eidsvoll; Niels Aall, norsk statsråd frå mars til november 1814 og ein av forhandlarane bak Mossekonvensjonen i august 1814; generalauditør (dvs. generaladvokat) Christopher Anker Bergh, deltakar på stormannsmøtet på Eidsvoll i februar 1814, det såkalla notabelmøtet, og frå 1814 medlem av den viktige lovkomiteen; og formannen biskop Peter Olivarius Bugge, preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, den minst politisk meritterte av dei fem, men også han til stades ved riksforsamlinga på Eidsvoll etter personleg invitasjon frå Christian Frederik. Ein konstitusjonskomité det stod respekt av.

Grunnlova som lex superior

I innstillinga si til Stortinget 26. juni (sjå òg side 103) uttalte desse fem mennene om forslaget frå Schultz at § 100 så visst var eit fullstendig fundament til ei trykkefridomslovgiving, men ikkje sjølv ei fullstendig trykkefridomslov. Den mangla to ting på å vere komplett: «Straffe for de Brud imod Religion, Sædelighed og almeent Vel, som den selv antager at kunne ved Trykkefrihedens Misbrug finde Sted», og «hvorledes man lovligen skal udfinde de anonyme Forfattere, der have gjort sig skyldige i saadanne Lovbrud». To av komitémedlemmene, Christie og Bergh, var òg med i lovkomiteen av 1814 og var godt kjente med arbeidet der med å få på plass ei ny trykkefridomslov. Konstitusjonskomiteen uttalte derfor at den følte seg sikker på at neste storting ville finne det passande å gi ei fullstendig lov om denne saka.2

Så la den til:

[H]vad imidlertid Forordn. af 27de Septbr. 1799 angaaer, da mener Committeen det ei kunne omtvistes, at Grundlovens 94de §. andet Punctum er gjældende om denne saavelsom om Statens øvrige Love, nemlig: at den staaer i Kraft forsaavidt dens Bestemmelser ei stride imod Grundloven.3

Om desse orda skriv den regjeringsoppnemnte Ytringsfridomskommisjonen i innstillinga si frå 1999 at Stortinget dermed «bestemte [mi utheving] […] at den relativt strenge Trykkefrihedsforordning fra 1799 fortsatt var gjeldende ‘forsaavidt dens Bestemmelser ei stride imod Grundloven’».4

Det ligg eit lengre resonnementet frå Ytringsfridomskommisjonens side bak denne omtalen: Paragraf 100 hadde frå første stund vore kritisert for å vere uklar, spesielt formuleringa i andre setning om «Ulydighed mod Lovene», som «kan fortolkes som om det ikke er noen begrensninger på lovgivers adgang til å innføre straff for ytringer». Trykkefridomsparagrafen gav derfor eit temmeleg uklart rettsvern, og det var lite anna enn regelen i tredje setning om frimodige ytringar som gav Grunnlova den liberale karakteren og reflekterer den tolerante haldninga frå opplysningstida. «Men det var et spørsmål om hvor langt denne rakk.»5 Og det var i denne utilfredsstillande situasjonen, da rettsvernet var usikkert og ei ny straffelovgiving lét vente på seg, at Stortinget ifølgje Ytringsfridomskommisjonen bestemte at 1799-forordninga framleis måtte gjelde.

Men lite i dette resonnementet stemmer.6 På den tida da konstitusjonskomiteen uttalte seg om dette, vart ikkje § 100 kritisert for å vere uklar, og den vart av domstolane oppfatta som ei tydeleg nok lov å dømme etter i dei sakene som til da hadde vore oppe til doms. At «Ulydighed mod Lovene» kunne tolkast slik kommisjonen seier, var ukjent inntil Frederik Stang lanserte det i ei forelesing ved universitetet ein gong i 1831–32 og så i boka si om den norske forfatningsretten i 1833 (sjå drøftinga av dette på side 92–132). Heller ikkje har Ytringsfridomskommisjonen gått inn på orda forsætligen og aabenbare og sett at dei innførte eit nytt og sentralt rettsprinsipp. Dessutan var ikkje bakgrunnen for at saka vart behandla i juni 1816, nokon uklar lovsituasjon som Stortinget følte behov for å rydde opp i, men ein lys idé av Matthias Conrad Peterson, lagt fram av pastor Niels Schultz: å sette inn ei ny setning i § 100 som eksplisitt oppheva heile 1799-forordninga. Det konstitusjonskomiteen gjorde i ytringa ovanfor, var å avvise dette som ein dårleg idé, som òg var Henrik Steenbuchs dom da han året etter kommenterte den i ei bok han gav ut om alle dei nye grunnlovsendringsforslaga.7

Stortinget bestemte dessutan ingenting om trykkefridomslovgivinga ved denne anledninga. Innstillinga frå konstitusjonskomiteen om den store bunken med grunnlovsendringsforslag munna ut i dette vedtaksforslaget: «De indkomne Constitutionsforslage skulle ikke paa dette Storthing underkastes nærmere Ventilation»,8 og det var dei orda som vart vedtatt, med 68 mot 4 stemmer. Innstillinga elles var ei orientering til Stortinget om korleis komiteen for sin del vurderte dei mange forslaga som var komne inn; realitetsbehandlinga av dei vart utsett til neste storting i samsvar med prosedyren for grunnlovsendringar i § 112 i Grunnlova.

Det var da heller ikkje noko nytt i det komiteen uttrykte om 1799-forordninga «saavelsom om Statens øvrige Love». Den peika kort og godt på den rettstilstanden Grunnlova hadde innført i 1814, og som var allment kjent: at alle tidlegare lover var i kraft i den grad dei ikkje strei imot enten Grunnlova eller nye lover. Mange av aktørane i rettsprosessane så langt uttrykte dette. Spørsmålet var ikkje omstridd. Resonnementet til Ytringsfridomskommisjonen tyder på at den har trudd at § 100 var så skral og lekk at mange av forboda i 1799-forordninga måtte bli ståande ved kraft. Domstolane den gongen meinte noko anna.

Men konstitusjonskomiteen uttrykte likevel noko spesifikt: kva slags status trykkefridomsparagrafen i Grunnlova måtte ha opp mot forordninga av 27. september 1799. Det sentrale poenget var at § 100 var eit fullstendig fundament for trykkefridommen. Det måtte bety at ikkje noko anna fundament fanst. Ved å bruke ordet fundament på denne måten knytte komiteen an til den gamle oppfatninga om rettslege grunnprinsipp som utgjorde absolutte lover, enten det var i form av skrivne leges fundamentales eller naturrettslege grunntankar,9 som sette grensene for kva sjølv ein regent kunne tillate seg. Under konstitusjonalismens gjennombrot dei siste tiåra av 1700-talet hadde den ideen festa seg at ei forfatning burde tre inn som eit absolutt grunnlag for lovgivinga i eit land, som i Amerika i 1787 og i Frankrike i 1791. Ei mengd nye grunnlover var skrivne og vedtatt i åra fram mot 1814, og ei utbreidd oppfatning var at forfatninga var ei overordna lov overfor anna privatlovgiving, «den var lex superior, og annen lovgivning måtte materielt underordne seg forfatningen».10

Som jusprofessor Eirik Holmøyvik gjer oppmerksam på, var tanken om forfatninga som lex superior kjent og uttalt av dei norske grunnlovsfedrane, og overfor lovverket frå eineveldet skulle Grunnlova vere ein overordna standard som avgjorde om dei gamle lovene var gyldige eller ikkje.11 Ved å bestemme dette sa § 94 òg at den eksisterande lovgivinga frå eineveldet ikkje hadde særleg høg status i det nye sjølvstendige og demokratiske Norge etter 1814.12 Det var dette Jonas Anton Hielm berørte når han i det avsluttande innlegget sitt i bytingsrettssaka mot Hans Abel Hielm 5. september 1816 bemerka at «Grundloven ikke er kommen i det ønskeligste Selskab, da den af Hr. Fiskalen [regjeringsadvokat Morgenstierne] sattes ved Siden af hiin Forordning».13

Det konstitusjonskomiteen uttrykte, var at § 100 var den overordna trykkefridomslova, lex superior. Den stod over andre trykkefridomslover i rang, og inga lov kunne gå utover dei grensene den fastsette. Fleire forbod enn dei som kunne utleiast direkte av ordlyden i trykkefridomsparagrafen, kunne derfor ikkje gjelde. Da nytta det ikkje å argumentere motsett veg og seie at dersom eit forbod i 1799-forordninga ikkje vart bokstaveleg motsagt av Grunnlova, så måtte det framleis vere i kraft. Slik kunne ein behandle to lover av same rang, som trykkefridomsreskriptet frå 1790 og forordninga frå 1799 (sjå side 62). Men i motsetning til Grunnlova gjaldt ikkje 1799-forordninga som eit fundament, den var ei underordna lov. Forskjellen i rang trer fram av orda høgsterettsdommar Jørgen Mandix brukte i Grønnerup-saka, at inga lov kunne gjelde som strei mot Grunnlovas «Aand og Grundsætninger» (sjå side 227).

Inntil det kom ei ny straffelov som gjaldt misbruk av trykkefridommen, kunne forordninga etter konstitusjonskomiteens oppfatning gjelde på dei to felta ikkje Grunnlova, men ei underordna straffelov skulle dekke: bestemte straffer og ein måte å tvinge ein anonym lovbrytar ut av anonymiteten på. Inntil ei slik lov kom, var § 100 einaste eksisterande rettsgrunnlag i skyldspørsmålet, slik domstolane òg praktiserte det. Denne viktigaste sida ved ytringa frå konstitusjonskomiteen gjekk Ytringsfridomskommisjonen, med sitt negative syn på ordlyden i § 100, glipp av.

Korleis dette prinsippet kunne arte seg i praksis, finst det eit eksempel på i diskusjonen i lovkomiteen om det utkastet til trykkefridomslov komitémedlem Christopher Anker Bergh førte i pennen i 1817. Da han fekk kritikk frå komitémedlem Niels Engelhart for at han ikkje hadde tatt inn eit forbod mot å fornærme andre lands regjeringar, svarte han at han verkeleg skulle ha ønskt at § 100 hadde med eit slikt forbod; «men – jeg finder ikke noget i Gr. L. §. 100 som kan henføres hertil […], og jeg har som ovenfor sagt troet at Gr. Ls Bud maatte være Grændsen for Ansvarligheden».14 Han ville altså ikkje sjå på eit slikt forbod som utleidd av det allmenne forbodet mot ærekrenking, slik høgsterettsdommar Jens Peter Debes gjorde i sitt lovutkast frå 1815 og Wilhelm Frimann Koren Christie gjekk god for (sjå side 117). Om lovkomitémedlemmene slik kunne tolke uttrykka i § 100 ulikt, var dei einige om det sentrale: at alle forbod i ei ny trykkefridomslov måtte vere direkte utleidde av teksten i paragrafen, som åleine utgjorde «Grændsen for Ansvarligheden».

Det prinsippet konstitusjonskomiteen gav uttrykk for, harmonerer med dei synspunkta Christian Magnus Falsen og Jonas Anton Hielm hevda i diskusjonen i Det Norske Nationalblad i desember 1815: Straffene i 1799-forordninga gjaldt framleis, men ingen av forboda og ingenting som kunne innskrenke trykkefridommen utover dei grensene § 100 fastsette.

Jonas Anton Hielm hadde nokså fort etter artikkelen i Det Norske Nationalblad endra syn. Som forsvarar i Hielm-saka i bytingsretten 1. februar 1816 og i rettsinnlegget sitt som aktor i overretten i Chrystie-saka 20. mai 1816 hadde han påstått at ikkje berre forboda, men heile forordninga var oppheva av § 100 (sjå side 216 og 283) – og fått medhald av Aggershuus Stiftsoverret i at iallfall straffene var det. I dommen av 26. august 1816, to månader etter ytringa frå konstitusjonskomiteen, uttrykte stiftsoverretten at straffene hørte heime i eit strengare rettsregime frå ei forgangen tid; dei var i strid med Grunnlovas ånd.

To år seinare, i boka Norges Grundlov, gjennemgaaet i Spørgsmaal og Svar, heldt Falsen derimot fast på sitt syn, at når det gjaldt straffer, måtte 1799-forordninga inntil ei fullstendig trykkefridomslov kom, reknast som gjeldande, «da Grundloven ingen andre Straffe har bestemt, hvilket desuden ikke vedkommer den». Men for så vidt den gjekk ut på å innskrenke trykkefridommen, «kan det vel neppe være tvivlsomt, at den ved Grundloven allerede er ophævet».15

Om «de Materier, som i Grundloven ere uberørte»

La oss så sjå på synspunkta til den som i den offentlege debatten gjekk lengst i motsett retning, i å moderere i kor stor grad § 100 endra vilkåra for trykkefridommen: jurist, ekspedisjonssekretær i Finansdepartementet og framtidig statsminister Jørgen Herman Vogt, som i mars 1817 skreiv eit innlegg om spørsmålet i Den Norske Rigstidende.

Vogt hørte med blant dei som før 1814 hadde følt ein djup motvilje mot eineveldet og i 1814 ei stor glede over utsikta til at Norge kunne bli eit sjølvstendig rike. Saman med Jonas Anton Hielm hadde han i februar 1814 vore med på å stifte Nordmandsforeningen i København; dei hadde begge sete i leiinga for foreininga den korte tida den fekk leve. Av politisk legning var dei to ulike. Mens Hielm var ein opposisjonell natur, var Jørgen Herman Vogt liberalt-konservativt anlagt, og vel tilbake i Norge ønskte han å arbeide for landet gjennom ei stilling i regjeringsapparatet. Ein kort periode hausten 1814 var han konstituert statsråd under kong Christian Frederik, og da unionen med Sverige var eit faktum, søkte han kronprins Karl Johan om å bli opptatt i hans administrasjon i Norge og fekk prompte stillinga som ekspedisjonssekretær, dvs. nestkommanderande, i det viktige Finansdepartementet under regjeringas sterke mann statsråd Herman Wedel Jarlsberg. Han sat med andre ord i ei sentral stilling.

Det var nok ein strek i rekninga for Vogt at han kom i unåde hos Karl Johan da han hausten 1815 i ein anonym artikkel i Den Norske Rigstidende, som han den gongen var medutgivar av, kritiserte det nye svensk-norske orlogsflagget som var heist på Akershus festning (sjå side 171). Dette kasta ein skygge over han enno på den tida innlegget om trykkefridomsparagrafen stod på trykk.16 Synspunkta han no gav uttrykk for offentleg, kan ikkje ha komme i vegen for ambisjonen hans om å vinne tilbake tilliten hos kronprinsen, ettersom han 10. september 1818 var blant dei mange som vart beæra med ordensteikn på kroningsdagen til Karl 14. Johan, for Vogts del som riddar av Nordstjerneordenen.17

Avisinnlegget hans18 var skrive mens dei fire rettsprosessane som statsrådet hadde reist, såg ut til å falle pladask til jorda, den eine etter den andre. Tankane han la fram, må ha vore diskuterte og delte av fleire i regjeringsapparatet og var nok ein reaksjon på dommane så langt, på den offentlege debatten og den flittige aktøren Jonas Anton Hielm, og ikkje minst på ytringa frå konstitusjonskomiteen på Stortinget.

«Det er sagt og ofte gjentaget, endog paa Prent», begynte Vogt, at øvrigheita ikkje var forplikta til å kunngjere i avisene når forfattarar var sette under tiltale for misbruk av trykkefridommen. Her var det ikkje minst Christian Magnus Falsen han hadde i siktet. Men det må ha vore Jonas Anton Hielm han sikta til med det som var hovudsynspunktet i artikkelen: at denne og andre påstandar «støtte sig på den Mening, at Forordningen af 27de Septbr. 1799, der nærmere forklarer og bestemmer Trykkefrihedens Grændser, aldeles er ophævet ved §. 100 i Grundloven».

Det var ikkje mange andre enn Hielm som hadde hevda det. Slett ikkje konstitusjonskomiteen på Stortinget, og ikkje Falsen og ingen dommarar. Aggershuus Stiftsoverret hadde uttalt seg om straffene, men med ei spesifikk grunngiving som gjaldt akkurat dei, ikkje forordninga generelt. Kanskje Matthias Conrad Peterson og forslagsstillaren i Stortinget Niels Schultz – men dei uttrykte ingen stader eksplisitt at også prosessuelle og alle andre reglar måtte vere oppheva, slik Hielm hadde gjort. Det kan like gjerne ha vore forboda i forordninga dei primært hadde i tankane, eller som Peterson skreiv: Forordninga var oppheva fordi den strei mot § 100 «ved at den indskrænker og sætter Grændser for Trykkefriheden».19 Vogt søkte seg ut som motpart den med det mest ytterleggåande og minst representative standpunktet til forordninga og argumenterte imot tre grunnar denne ikkje namngitte motparten skulle ha oppgitt for at forordninga måtte vere fullstendig oppheva.

Den første grunnen var at dersom forordninga ikkje var oppheva, «saa har dette Lovbud intet Formaal, og Grundlovens Forfattere have ikke tilsikret Staten nogen Fordeel ved denne §.». Med dette treffer han blink på Falsen òg, som i desember 1815 skreiv i Det Norske Nationalblad at dersom § 19 i forordninga ikkje var oppheva, ville det vere å innbille nasjonen at det var trykkefridom i landet; «men denne Hensigt havde de paa Eidsvold forsamlede Repræsentanter sikkerlig ikke».20

Vogt avviste at det var rimeleg å tru at representantane i riksforsamlinga hadde hatt 1799-forordninga i tankane da dei vedtok trykkefridomsparagrafen. Han torde ikkje tru anna enn at dei i den grunnlova dei skreiv, etablerte «en Grundsætning efter egen philosophisk Anskuelse af Borgersamfundets Bestemmelse» og overlét til domstolane etter alminnelege fortolkingsreglar å bruke dei tidlegare utkomne private lovene saman med denne grunnsetninga, og til dei kommande lovgivarane «at betragte Grundlovens §. 100 som det Fundament, hvorpaa de skulle bygge».

Det er grunnprinsippet i vår domsmodell B han her formulerte; 1799-forordninga skulle inntil vidare gjelde, med § 100 som ei avgrensande overordna norm, slik Morgenstierne ønskte i Hielm-saka utan å få medhald av retten.

Og om lovgivarane likevel skulle ha hatt forordninga i tankane, så ville ikkje det gi noko haldepunkt, for det var umuleg å vite om dei skreiv ned lova fordi dei ville forfekte og bevare forskriftene i forordninga «som velgjørende for det borgerlige Selskab», eller fordi dei ville forkaste lovboda der «som stridende mod deres Begreber om Friheden».

Etter Vogts meining gjekk det ikkje klart fram av § 100 om den var uforeinleg med 1799-forordninga. Dette synspunktet hang nært saman med den tredje grunnen Vogt tilla motparten: at mennene på Eidsvoll vedtok § 100 fordi dei meinte forordninga var «alt for trykkende for et frit Folk». Men det fanst ingen kjelder som gav noko vink om kva forfattarane meinte. Ingen kunne hevde å vite kva kvar enkelt representant hadde tenkt der og da, det ville bli pur gjetting. «Vil man, efterat den lovgivende Forsamling er opløst, i Lovens Anvendelse lægge Vegt paa, hvad dens enkelte Medlemmer sige, hvilket Skridt gjøre vi da?» Ei forståeleg og naturleg juridisk innvending. Det var ingen juridisk grunn til å lytte til kva folk som Christian Magnus Falsen sa om kva han og andre hadde meint på Eidsvoll.

Men det var den andre grunnen motparten hadde for å sjå på forordninga som oppheva, som var den sentrale for Vogt: at orda «Trykkefrihed bør finde Sted» var absolutte, og at både «de Gjenstande» det var lov å ytre seg om i trykte skrifter, og «de Beskaffenheder, Ytringerne skulle have» for å vere straffri etter § 100, var heilt andre enn i 1799-forordninga. Her trefte han mange fleire enn Hielm og Falsen, også fleire dommarar, blant andre dommarane i overretten i Chrystie-saka og ikkje minst byfut Frederik Riis, som i den prosessuelle dommen i Hielm-saka 22. februar 1816 hevda at når riksforsamlinga hadde bestemt at «Trykkefrihed bør finde Sted», så måtte «alle de Indskrænkninger i Trykkefriheden som indeholdes i Forordningen av 27de Septbr. 1799, nu ansees hævede; thi ellers blev Trykkefrihed blot en tom Lyd» (sjå side 238).

Det kan ha vore denne påstanden frå Frederik Riis som fekk Jørgen Herman Vogt til å gripe til pennen på nettopp dette tidspunktet. I anken i saka mot Hans Abel Hielm som no var oppe til behandling i Aggershuus Stiftsoverret, hadde aktor Morgenstierne tatt med ikkje berre frifinningsdommen av 7. november 1816, som inneheldt «adskillige skjæve Begreber om Trykkefrihedens Natur, Forstaaelsen af Grundlovens 100 §., især med Hensyn til Betydningen af Udtrykkene: ‘aabenbare’ og ‘frimodige Yttringer’, samt Gyldigheden af Fr. af 27de Sept. 1799»,21 men òg påstanden til dommar Riis om innskrenkingane av trykkefridommen i den prosessuelle dommen av 22. februar 1816. Desse spørsmåla hadde han lagt fram for regjeringa, som etter hans meining ikkje kunne gjere anna enn å underkaste dei «en høiere Domstols Bedømmelse». Forståinga av sjølve kjernen i den nye trykkefridommen som Grunnlova hadde innført, var dermed anka inn for overretten. Morgenstierne ville ha overretten til å velje domsmodell B framfor domsmodell C, som Riis hadde følgt i dommen.

Vogts påstand var at motparten forstod omgrepet «Trykkefrihed» feil. Omgrepet hadde vorte innført i lovgivinga ved reskriptet av 7. oktober 1771 og gjentatt i reskriptet av 3. desember 1790 og forordninga av 27. september 1799. Der betydde det ganske enkelt at det ikkje skulle finnast nokon førehandssensur. Det var urimeleg å tru at uttrykket skulle innebere noko anna eller meir der det stod i Grunnlova. Derfor kunne ikkje første setning i § 100, «Trykkefrihed bør finde Sted», oppheve noko som helst i 1799-forordninga, ettersom den ikkje motsa noko der; trykkefridommen var uttrykkeleg heimla også i forordninga.

Og dersom lovreglane i andre setning i paragrafen om «de Gjenstande» det var lov å ytre seg om i trykte skrifter, og «de Beskaffenheder, Ytringerne skulle have» for å vere straffri, sa noko anna enn reglane i forordninga, så følgde av det berre at forordninga var «ved Grundloven forandret i de Dele, hvori Afvigelserne finde Sted, men ingenlunde, at Forordningens Bud om Gjenstandene eller Ytringernes Beskaffenhed i det hele ere opphevede».

Dette er ei anna oppfatning av forholdet mellom § 100 og forordninga av 27. september 1799 enn den i ytringa frå konstitusjonskomiteen på Stortinget og i orda til høgsterettsdommar Jørgen Mandix om Grunnlovas «Aand og Grundsætninger». Hos Vogt var det ikkje noko fullstendig fundament, ikkje nokon lex superior. Ei likeverdig og bokstaveleg samanlikning mellom ein paragraf i 1799-forordninga og ordlyden i § 100 var alt som skulle til for å avgjere om eit lovbod i paragrafen var i kraft, strengt etter lex posterior-prinsippet, som om dei to lovene var av same rang. Det kunne dermed godt hende at eit forbod som ikkje fanst i § 100, men berre i forordninga, måtte gjelde framleis, fordi forordninga ikkje kunne vere oppheva «i de Materier, som i Grundloven ere uberørte».

Også Vogt meinte at Grunnlova hadde oppheva viktige delar av 1799-forordninga. Han opna så for at det i prinsippet kunne finnast forbod i forordninga som ikkje fanst i § 100 og likevel framleis gjaldt. Men han nemnte ingen slike forbod, berre «Straffebestemmelserne, Procesformen og Befalingerne om den udvortes Form for de trykte Skrifter, […] at Trykkested og og Bogtrykkerens Navn skal angives paa Titelbladet». Meir konkret enn dette var han heller ikkje da han ein månad etterpå, etter å ha fått eit anonymt niddikt imot seg i Det Norske Nationalblad på grunn av det første innlegget,22 gjentok standpunktet sitt i ein ny artikkel.23

Anonymiteten: «Feighed hos mig som Mand»

Det er påfallande at Vogt ikkje kom inn på anonymiteten, så sterkt framme i debatten og i rettsprosessane som den hadde vore. I same paragraf i 1799-forordninga som regelen om trykkestad og namnet til boktrykkaren stod, § 16, stod forbodet mot å utgi anonyme skrifter, og i § 19 stod forbodet mot å skrive anonymt i «Journaler og periodiske Blade». Desse forboda vart ikkje direkte motsagt av ordlyden i § 100 og måtte dermed ut frå argumentasjonen til Vogt framleis vere i kraft. Hielms argumentasjon på dette punktet, at retten til å skrive anonymt låg innbakt i definisjonen av ordet trykkefridom og var sikra ved setninga «Trykkefrihed bør finde Sted», låg vidopen for kritikk, Vogt hadde alt tilbakevist alt slikt snakk. Men her tilbakeviste han ingenting.

Sanninga var nok at Falsen hadde hatt rett: Folk visste at forbodet mot å skrive anonymt hadde falle, nær sagt som eit rotent eple. Men dersom Vogt hadde gått opent ut og innrømt det, hadde han med det demonstrert at argumentasjonen hans om forholdet mellom Grunnlova og 1799-forordninga ikkje var gyldig. Samtidig må han ha visst at også regjeringsapparatet var innforstått med at det i Norge ikkje lenger var forbode å skrive anonymt. Såleis erkjente statthaldar Carl Mörner at § 100 hadde oppheva anonymitetsforbodet i 1799-forordninga, da han åtvara Karl Johan mot å gå til rettslege steg mot ein anonym artikkel i Det Norske Nationalblad som i januar 1817 på ny hadde opphissa kronprinsen: Statthaldaren hadde konferert med norske juristar og forstått at så lenge trykkefridommen ikkje var regulert av «meir spesifikke lover enn dei gjeldande», ville ein med ei rettssak berre «undergrave regjeringas autoritet ved å vise kor makteslaus ein er til å slå ned på anonyme forfattarar».24

Heilt taus heldt Vogt seg likevel ikkje, han måtte gi motparten eit stikk etter det anonyme niddiktet: «[J]eg skulde anseet det for Feighed hos mig som Mand, om jeg, af Frygt for uværdige Angreb, havde skjult mit Navn, naar jeg talede for det, jeg troer er Sandhed og Ret.»25 Meir utdjupa ikkje Jørgen Herman Vogt sitt syn på retten til å skrive anonymt enn indirekte å innrømme at det hadde vore feigt av han å skjule namnet sitt i Den Norske Rigstidende hausten 1815 da han pådrog seg Karl Johans vreide. Kan hende spelte det inn at det hos unionspartnaren Sverige var grunnlovfesta i § 1-6 i trykkefridomsforordninga av 1812 at «Författere ware ej skyldig, at å tryckt Skrift låta sit namn utsättas».

Det steget imot anonymiteten Vogt ikkje ville ta, tok medlem av lovkomiteen Lauritz Weidemann, tidlegare sorenskrivar, no amtmann i Hedemarkens Amt og også han riddar av Nordstjerneordenen. Han gjorde det ikkje offentleg, men i den interne diskusjonen i lovkomiteen om utkastet til ny trykkefridomslov som generalauditør Bergh forfatta i 1817. Både dette utkastet og utkastet frå høgsterettsadvokat Debes frå 1815 knesette retten til å skrive anonymt, og den konservative amtmann Weidemann protesterte iherdig. Han argumenterte akkurat som Jørgen Herman Vogt: Lovreglar i 1799-forordninga som ikkje vart direkte motsagt av Grunnlova, måtte gjelde. «For mig er det da klart: at Anonymitet er unaturlig, umoralsk, stridende mod almidelig Statsklogskab og stridende mod den norske Stats borgerlige Lov.»26

Han klaga over at publikum hadde «anmasset sig noget, hvortil de ingen naturlig Adgang have», og at «Retterne synes at give det skrivende Publicum Medhold i dets Formeening».27 Han kunne saktens ha ein grunn til å klage: Den anonyme artikkelserien i Det Norske Nationalblad som var utgangspunktet for saka mot Hans Abel Hielm, var ein kritisk gjennomgang av «Sorenskriver Weidemanns Forslag til Anordning og Reglement for Høiesteret». Weidemann kan slik stå som eit eksempel på at Vogt ikkje tok feil når han hevda at ulike oppfatningar kunne rå blant dei som hadde vore med på å vedta Grunnlova. Men i synet på anonymiteten stod han åleine i komiteen, som han ikkje lenge etterpå tredde ut av.

Oppsummering

Det hadde no utkrystallisert seg tre standpunkt til forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga, representert ved Chritian Magnus Falsen / konstitusjonskomiteen på Stortinget, Jonas Anton Hielm og Jørgen Herman Vogt.

Falsen hevda framleis det same som han hadde gjort i innlegget i Det Norske Nationalblad i desember 1815 (sjå side 179), at forboda i §§ 1 til 14 i 1799-forordninga ikkje lenger var gyldige, men at straffene og ein del av dei formelle reglane framleis gjaldt. Hielm hadde derimot gått bort frå det standpunktet han hadde hevda i meiningsutvekslinga med Falsen i desember 1815–januar 1816. No stod han som eit ytterpunkt i meiningsspekteret og meinte at heile forordninga måtte vere å sjå på som oppheva ved grunnlovsvedtaket i 1814. Der stod ikkje mange saman med han.

På motsett plass i spekteret søkte Jørgen Herman Vogt å stille seg opp med innlegget sitt i Den Norske Rigstidende. Han meinte at det ikkje fanst grunnlag for å hevde at meininga med § 100 hadde vore å hevde rettsprinsipp som strei mot 1799-forordninga. Det interessante er at når han skulle konkretisere dette, snakka han berre om paragrafar i den formelle delen av forordninga, §§ 15 til 28. Ytringa hans ville ha hatt mykje større kraft om han hadde kunna peike på om så berre eitt forbod i §§ 1 til 14 som 1799-forordninga var åleine om, og som likevel måtte vere fullt ut gjeldande. Det tyder på at han ikkje var i stand til å gjere det, men at han kanskje ville halde denne utvegen open til framtidig bruk.

Den praktiske avstanden frå Vogt til Falsen og utsegna frå konstitusjonskomiteen vart da så liten at det er umuleg å sette fingeren på den. Som praktisk jus ved domstolane skilde altså ikkje rettsforståinga til Vogt seg nemneverdig frå den til Falsen.

Berre Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne gjekk med anken sin i Hielm-saka offensivt ut for det tredje synet i si framskotne rolle som aktor for Justitien.