For Ole Wernsen Klungseth stod anken av tingrettsdommen av 8. mars i den private tvisten med generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer for tur; som tilfellet hadde vore i justissaka regjeringa førte mot han for den same krenkinga av Meyer, skulle forholdet mellom § 100 og Norske lov 6-21-4 bli eit tema. Den 11. mai leverte prøveprokurator Ole Arndtsen stemninga til Aggershuus Stiftsoverret, den same retten som i dommen i justissaka fem dagar tidlegare hadde dømt Klungseth til mulkt for dei same fornærmande påstandane mot Meyer som den nye anken gjaldt.

Klungseth-saka: «Bondesnak» og klassejustis

Prokuratoren kunne knapt ha hatt håp om å vinne fram dersom realiteten i saka kom opp til doms, og den primære påstanden hans i det første rettsmøtet 17. juni 1816 var at saka var urettmessig reist fordi den var sak nummer to om éi og same handling, og at både tingrettsdommen av 8. mars 1816 og søksmålet frå Meyer måtte kjennast uetterrettelege og opphevast. Sekundært påstod han full frifinning – og i begge tilfella ein sviande sum av generalmajor Meyer for kost, tæring og sakskostnader, 400 riksbankdalar sølvverdi, eit merkbart innhogg i økonomien også for ein generalmajor.1

I eit eige partsinnlegg for retten forlangte ein offensiv Klungseth for eiga rekning at generalmajoren sjølv måtte settast på tiltalebenken og bli «dømt for urigtig Embedsførelse, efter denne høie og ærede Rets bedste Skjønnende».2 I innlegget sparte han ikkje på nytt ærekrenkande krut mot Meyer: «Denne Mand troer jeg den Dag i Dag ikke har oppfyldt de ham paaliggende Pligter som Regiments Chef og dermed givet Grund til Formodning at han ikke er voxen saa høi Post», og la til at når han i tillegg hadde bevist at generalen hadde handla urett, så begreip han ikkje kvifor han skulle mulkterast; «den ukyndige burde dermed muligens troe at det er fordi han er Genneral og jeg Bonde».3 Klungseth såg klassejustis i mulkta han hadde fått.

Høgsterettsadvokat Nils Aars, sakførar for motparten også i denne saka, svarte på tiltale med eit solid stykke klassejustis: Spottande kalla han dei nye påstandane «uforskammet Bondesnak og Noncens som man til Dato ei er uvant med at høre især fra Næs Sogn»,4 og «noget usammenhængende Galemathias» som måtte føre til skjerpa straff for Klungseth.

Aars minte så om at Aggershuus Stiftsoverret i dommen av 6. mai hadde erklært «de mod Generalen fremførte Beskyldninger […] for ugrundede». Da var det ikkje rett å gå til Norske lov 6-21-4, slik stiftsoverretten hadde gjort, for

disse Udtrykke af ham kunde formentlig ei blive at ansee blot som utilbørlige Ord. 6-21-7, Forbrydelse mod Forordningen af 27 Septbr 1799 vil her blive at anvende; thi Beskyldningerne ere forsætlige og aabenbare.5

Aars viste med desse orda at han var fullt innforstått med at overrettsdommen av 6. mai etter 6-21-4 ikkje var fallen med heimel i § 100 eller forordninga av 27. september 1799, men i 6-21-4 som sjølvstendig, allmenn borgarleg lov. Også for han stod det klart at dette var den einaste måten å straffe utilbørlege ord på, fordi uttrykket «ærekrænkende Beskyldninger» i § 100 ikkje omfatta slike ord.

Orda til Klungseth var etter hans og klientens syn ikkje utilbørlege: «Beskyldningerne ere forsætlige og aabenbare», dvs. ærekrenkingar i Grunnlovas forstand, og måtte derfor straffast etter «6-21-7, Forbrydelse mod Forordningen af 27 Septbr 1799», som han ordla seg, dvs. etter kapittel 6-21 slik 1799-forordninga bestemte, ikkje etter kapittel 6-21 som allmenn borgarleg lov. Klungseth-saka var ei trykkefridomssak, og i straffeutmålinga måtte domstolen da gå til § 12 i forordninga, som rekna opp dei ulike gradane av ærekrenking, og alvorsgraden ville i dette tilfellet nødvendigvis sende retten vidare til Norske lov 6-21-7 og æresstraff. Det låg innebygd i denne logikken at alt som var ærekrenking etter ordlyden i § 100, kvalifiserte til æresstraff.

I uttrykksmåten til Aars låg det òg at han såg bort frå at overrettsdommen av 6. mai kunne ha vore meint arbitrært formildande. Han ordla seg annleis enn overretten; «at ansee blot som utilbørlige Ord» var noko anna enn å sone «lige med utilbørlige Ord», som i overrettsdommen. Det første var å følgje lovas bokstav, det andre å dømme arbitrært. Her ser vi ein eksplisitt ordstrid i retten om to domsmåtar etter Norske lov 6-21-4, ein bokstaveleg og ein arbitrær. Den djupt krenkte generalmajor Meyer ville ha ein dom etter lovas strengaste bokstav, og påstanden til Aars var at Ole Wernsen Klungseth måtte bøte sine 3 mark og 3 gonger 40 lodd sølv – ei formulering ordrett henta frå Norske lov 6-21-7 – «samt idømmes Tugthusarbeide paa 2 Aar efter Forordningen af 27 Septbr 1799 § 12»,6 den strengaste tilleggsstraffa § 12 anviste «naar Beskyldningen er i høieste Grad ærekrænkende, og dertil ei er givet mindste Anledning fra den Fornærmedes Side».

Høgsterettsadvokat Aars nekta bestemt for Klungseths påstand om at han no risikerte å bli straffa to gonger for eitt og same brotsverk, forsvarets fremste argument for at saka måtte bli avvist og oppheva. Påstanden stemte ikkje, for ettersom han både hadde fornærma regjeringa og var dømt for dette, og han i tillegg hadde fornærma generalmajor Meyer, var han òg skyldig i fleire lovbrot.7 Han risikerte derfor ikkje meir enn éi straff pr. lovbrot.

Prøveprokurator Ole Arndtsen svarte med å peike på kor feilslått det alt hadde vist seg å vere å føre to skilde rettsprosessar for den eine handlinga til Klungseth. Skulle det ha gått bra, måtte dommaren i justissaka ha halde seg strengt til om Klungseth hadde vist ringeakt mot regjeringa, og berre dommaren i den private saka kunne ha tillate seg å røre ved den påståtte ærekrenkinga av generalmajor Meyer. Men både sorenskrivar Erik Gløersen og dommarane i overretten hadde brote dette prinsippet i justissaka, Gløersen ved å erklære at «disse formeentlige Fornærmelser maatte ansees strafskyldig»,8 overrettsdommarane ved å idømme Klungseth ei mulkt for forholdet til Meyer.

Når Gløersen i dommen i justissaka vitterleg hadde dømt Klungseth «efter den 12 § i Fr 27 Septb. 1799, samt efter Lovens 6-21-4, hvilke Lovstæder ej kan anvendes paa Trykkefriheds Forseelser mot Regiæringen, men kuns mod Private eller Embedsmænd», var både tingrettsdommen og overrettsdommen «alleene […] hensigtet paa General M. Mejer som formeentlig Fornærmet».9 Altså var Ole Wernsen Klungseth alt i to rettsinstansar i realiteten «dømt for det Factum, som nærværende Sag gaaer ud paa».10 Overretten hadde ikkje i dommen i justissaka 6. mai dømt Klungseth for ringeakt mot regjeringa, men frikjent han for så å dømme han for å ha fornærma generalmajoren. Dersom overretten no i den private saka reist av Meyer dømte han på nytt for same fornærming, ville han iallfall bli dømt to gonger for eitt og same brotsverk. Den doble prosessen hadde vist seg umuleg å gjennomføre og burde ikkje få fortsette.

Innlegga i retten viste òg kor vanskeleg det var å få belyst om dei påklaga uttrykka kunne vere sanne, slik § 100 kravde. Prøveprokurator Arndtsen minte om at kravet om eksamen frå kavaleriskulen langt frå kom i betraktning «ved Forslage til Avancement i Almindelighed».11 Men dei gode grunnane generalmajor Meyer ifølgje sorenskrivar Gløersen skulle ha hatt for å gi offiserar utan kavalerieksamen avansement, kom aldri på bordet. Høgsterettsadvokat Aars forsvarte det med at generalmajor Meyer som embetsmann ikkje var pliktig til å «underkaste sig Inqvisition over sine Embeds Handlinger, af en Bonde fra Næs Sogn», og at Meyer heller ikkje såg seg forplikta til å stå til rekneskap for avansementet til desse andre offiserane overfor «en Ole Wærnsen eller Konsorter, hvis denne af gode Venner er opmuntret til hiint Skriverie».12 Ein bonde frå Nes var ikkje verdig å kikke «en bekiendt ærekiær, nidkiær, og retskaffen Embedsmand», som Gløersen hadde kalla han, i korta.

Fanst det i det heile tatt nokon «specielle Grunde, der ei finde Sted for Hr Hoels Vedkommende», slik høgsterettsadvokat Aars påstod? Det gav ikkje rettssaka svar på. Det er påfallande – og kanskje tidstypisk – at domstolen lét ein så openbar klassejustis passere.

Mens ankesaka på denne måten gjekk sin gang for stiftsoverretten utover sommaren og hausten 1816, skjedde det noko som gjorde at det gjekk alvorleg betennelse i Klungseth-saka.

Klungseth-saka i fabelens drakt

Den 19. juli 1816 kom eit infamt anonymt angrep på sorenskrivar Erik Gløersen på trykk i Christiania Intelligentssedler. Innlegget med den uskyldige overskrifta «En Fabel» slo an ein satirisk og beisk tone:

Der var engang en gammel Gedebuk, stoer og føer af Lemmer, samt grim af Udseende, der var bleven sat til Dommer over et lidet District, eller sluttelig som det nu heder: Sorenskriverie, over en heel Hjord af Geder.13

Fabelen var krydra med vondskapsfulle karakteristikkar og skuldingar, som denne:

Denne grimme Buk blev Tid efter anden saa forhadt, fordi mange af Hjorden vare komne til Kundskab om, at han lod sig bestikke ved en Portion Havre, eller, da han blev mere kræsen, med Rug.

Ein påstand om korrupsjon, altså.

Vidare fortalde den at også sauene hadde gitt seg inn under geitebukkens domsmakt; etter å ha vorte skamklipte av han så blodet rann, prøvde dei å appellere til høgare instansar. Men der møtte dei ei kald skulder: «Hvad min Buk gjør er velgjort!» ropte dei høgare maktene nedover til dei. Derfor såg ikkje sauene anna råd enn å sette seg til motverje, «og Bukken stangede begge Hornene af sig, saa at han for sin øvrige Tid maatte bruge Calot». Sjølv den tregaste lesar på Hedemarken skjønte no kven fabelen sikta til. Men for riktig å strø salt i såret og gni det inn avslutta forfattaren fabelen med dette håpet for geitebukkens framtid, og med nesten, men berre nesten å sette rett namn på den:

Bukkens Skjebne blev da endelig tilsidst saaledes: Efter 3de erholdte pro meliore fulgte Degradation, og Souve [sauer] med samt Geder frydede sig i Haab om Bukkens hastige Befordring til Evigheden. Bukkens Stilling var derfor for det meste, som han stod på Gløer.

Når skribenten så signerte med «–sen», vart namnet på offeret for fabelen openbart. Sorenskrivar Erik Gløersen sat fanga i den nye offentlege gapestokken.

Det fabelen insinuerte, var at sorenskrivaren hadde gjort seg skyldig i fleire brot på Norske lov 1-5-3, alle sorenskrivarars og underdommarars skrekk. Ein dommar som dømte feil, hadde heilt sidan Christian IVs norske lov frå 1604 risikert å måtte stå til rette for dommen for ein høgare domstol og bli idømt ei mulkt. Dette vart ført vidare i Christian 5.s norske lov frå 1687. Fordi klagestrømmen om urette dommar berre auka på, vart lova skjerpa gjennom ei forordning av 23. desember 1735. Den bestemte i § 4 at «enhver Dommer, hvis Dom for sin Overdommer enten henvises til lovligere Behandling, eller og som ugrundet, ulovskikket, uretviis eller med deslige Characterer aldeles frafaldes»,14 skal pro meliori informatione betale ei mulkt til justiskassen. Praksisen vart på ny innskjerpa ved § 35 i den sentrale rettsprosessforordninga om «Rettens vedbørlige og hurtige Pleie» av 3. juni 1796.

«Pro meliori informatione» – «for betre opplysning» – var eit domsformular det stod respekt av. For å bli ramma av det var det ikkje nok at ein underrettsdom vart overprøvd og underkjent, dommaren måtte ha dømt så feil at han var villfaren, av kunnskapsløyse eller av tankeløyse, eller «blendet ved Parternes Kunstgreb, som han burde have indseet».15

Dommarane hadde all grunn til å frykte denne lova; den vart brukt flittig iallfall fram til 1850-åra. Gjennom historia finst ein ulykkeleg skare av «sorenskrivere og byfogder som dømmes fra embetet, ansees med mulkt ‘pro meliori informatione’, ilegges omkostninger eller pålegges å oppfriske saken på egen bekostning», fordi «ukyndighet og misligheter forekommer i stor utstrekning».16 Som sorenskrivar Gløersen innrømte i 1817 (sjå side 186), hadde han da i ei to–tre års tid fått ei og anna mulkt for sakene sine. Problemet var at etter «3de erholdte pro meliore», som fabeldiktaren ønskte seg for geitebukkens del, skulle ein dommar etter lova bli frådømt embetet.

Å vere korrupt, som denne diktaren òg skulda Gløersen for, var enda mykje verre. Det var eit brot på det alvorlege andre leddet i Norske lov 1-5-3 som handla om dommarar som tok imot gåver eller stikkpengar, eller som dømte urett med forsett eller fordi dei var partiske. Lova gav berre ei straff: Syndaren skulle frådømmast embetet og fullt ut gjere opp for all skade dommen hadde gjort. Det var denne lovregelen professor Schlegel viste til når han argumenterte imot Birckners påstand om at dommarar i trykkefridomssaker lett kunne vere partiske. Korleis kunne dei våge det når dei risikerte ein slik vanskjebne?

Det måtte vere § 100 i Grunnlova som hadde gitt den anonyme forfattaren mot til å gå til avisa med ein slik fabel. Under forordninga av 27. september 1799 ville ingen ha våga å sette den slags infamitetar mot ein embetsmann på trykk. Forordninga forbaud i § 13 «Allegorie eller Ironie, hvoraf dog Meningen og den onde Hensigt er umiskiendelig», og da skulle «Forfatteren dømmes skyldig til samme Straf, som om han havde udtrykket sig ligefrem og uden Forstillelse». Denne paragrafen hadde vorte til nettopp for å stanse den populære praksisen med å pakke frekke eller kritiske ytringar inn i fablar og allegoriar som vanskeleg lét seg fange med dei gamle lovene (sjå side 83).

Kanskje var forfattaren oppelda av at Aggershuus Stiftsoverret 6. mai hadde komme til eit anna resultat enn Gløersen i justissaka mot Klungseth. Men Gløersens dom vart ikkje underkjent og heimsendt i det tilfellet, og det var ikkje snakk om noka mulkt «pro meliori informatione».

Uansett kva det var som låg bak den famøse fabelen, vart Erik Gløersen mektig vreid, og i eit innlegg i avisa ville han gjere den «dumdristige og ondskabsfulde Person» som nokre månader tidlegare i ei avis hadde trua landsmennene med å forlate fedrelandet på grunn av misnøye med regjeringa og øvrigheita, oppmerksam på at han «muligen har qvalificeret sig til at blive straffet med Landsforviisning, saa at han paa den Maade kunne blive nødt til, imot sin Villie, at forlade Fædrenelandet».

Deretter kravde han at «Løgneren og Æreskjenderen» som hadde rykt inn den såkalla fabelen i avisa, måtte trekkast fram for dagens klare lys; han varsla at han ville søke om beneficium processus gratuiti «for at sagsøge til vedbørlig Straf denne Nationen i høi Grad vanærende Person», og oppfordra avisutgivaren om å oppgi forfattarens fulle namn, stand og opphaldsstad.17

Kva meinte han med dei truande orda om landsforvising? Og var denne «ondskabsfulde Person» og «denne Nationen i høi Grad vanærende Person» ein og same mann, forfattaren av fabelen?

At folk på Hedemarken oppfatta det slik, går fram av dei anonyme innlegga som begynte å strømme inn til avisa. Éin spurde: Enn om herr sorenskrivar Gløersen tok feil av forfattaren av fabelen han vart så forskrekkeleg vreid over! Ein annan skreiv i same nummer at «ifald Forfatteren af Gedebukk-Fabelen i No. 58 er den jeg mener, da rømmer han sandelig ikke udaf Landet for nogensomhelst Trudsel».18

Og når Gløersen ville bruke den retten § 10 i 1799-forordninga gav ein embetsmann til å søke kongen om fri sakførsel, og slik tilbakevise ærekrenkande skuldingar i ein fabel, måtte han meine at forbodet i § 13 i forordninga mot allegori eller ironi framleis gjaldt – om han da ikkje meinte at skuldingane i fabelen var så openbare og hadde ei så eintydig adresse at dei måtte gjelde som forsettlege, openbare og usanne ærekrenkingar etter Grunnlova. Men i begge tilfella måtte han finne strafferamma i § 12 i 1799-forordninga, den same som han hadde dømt Ole Wernsen Klungseth etter, og der var maksimumsstraffa for grovaste sort ærekrenking æresstraff og to års tukthus.

Engasjementet greip om seg i avisspaltene, folk nord på Hedemarken brukte trykkefridommen – og anonymiteten – til å ta att mot embetsmannsveldet. Éin innsendar skreiv at om sorenskrivaren ergra seg over den slags fablar, ville dei «falde en stor Deel af Publicum til Fornøielse», og han gav til beste ein ny fabel, denne gongen om ein sint «Fæhund» som aldri estimerte dei dyra som i styrke ikkje kunne måle seg med han, men var nedrig nok til å krype for dei han ikkje torde å angripe.19

Fleire innsendarar meinte å vite kven Gløersen hadde i siktet, men nemnte ikkje namnet dei alle hadde på tunga: «Ifald Hr. Sorenskriver Gløersen med sine stærke Udtrykke har meent en vis Mand her i Nærheden, da troer jeg, og visselig de Fleste med mig, at Hr. Sorenskriveren er den eneste, som fører slikt Sprog om ham.» I same nummer uttrykte ein annan seg enda tydelegare og meinte å hugse berre ein mann som i ei avis nokre månader tidlegare hadde meldt at han ville flytte frå landet, og han håpa at sorenskrivaren ikkje sikta til han. «Denne Mand er bekjendt for sin Redelighed og Godhed mod sine Mennesker, og har virket til Landets Bedste mere end Nogen troer; om ham kan den fermeste Skumler ei med Sandhed sige et eneste ondt Ord.»20

Dette er enda eit eksempel på den respekten for anonymiteten som rådde etter 1814, «en af den gjenerhvervede Trykkefriheds fornemste Rettigheder», som bytingsdommar Frederik Riis hadde formulert det (sjå side 238). Å uttrykke seg anonymt var ein stor og nyvunnen fridom. Ingen ville vere den uslingen som braut seglet, enda alle oppegåande folk no visste kven det var snakk om: proprietær Jacob Hoel på Hovinsholm gard.

Ved sida av å vere politikar og «von» i eigenskap av stillinga som premierløytnant i Søndenfjeldske Dragonregiment, rett nok utanfor aktiv teneste, à la suite, var Hoel kjent som ein forkjempar for nye og moderne dyrkingsmåtar i landbruket. I ein artikkel han skreiv i Den Norske Rigstidende i januar 1816 om kor lønnsamt det var å dyrke turnips, og om kor godt poteten eigna seg til brennevinsbrenning, hadde han lagt til at også ein heil del andre ting «Landoekonomie betræffende, skal jeg, førend min mulige Bortflyttelse fra Fædrenelandet [mi utheving], tage mig den Frihed at offentliggjøre», slik han da òg skulle ha den fornøyelse å forklare årsaka til denne reisa, «samt behagentligen nævne de Personer, som have bidraget hertil».21

I Christiania Intelligentssedler bad to innsendarar Hoel tenke seg godt om før han emigrerte. «Saadan god Borger og Patriot bør virke i sit Fædreland!»22 «Vi Landmænd have virkelig meget at takke Hr. Lieutenantens utrættelige Iver og Møie, der så skjønt giver et lærerigt Exempel for de Øvrige at følge hans Fodspor.»23 Og dei lurte begge på om det kunne vere forbigåinga i den militære avansementssaka som gjorde at løytnanten tenkte på å reise frå landet.

Jacob Hoel stadfesta dette i eit svarinnlegg:

Hvad min Tilsidesættelse i Militair-Etaten anbelanger, da kan jeg fra dette Øieblik intet sige derom, da Beviserne for min Ret, som er indblandet i Ole Werntsens Trykkefriheds-Sag, nu staaer under Behandling ved Stiftsoverretten, ligesom jeg ogsaa har sendt Acter af denne Sag til Committeen, som av Storthinget er nedsat for at undersøge uretfærdige Embedsmænds Handlemaade, som Enhver muligens kunde have at klage over. Resultatet heraf bestemmer min Skjæbne! [mi utheving] Gid det kun maatte skee hastig! Allerede er et langt Aar henrunden i tvivlsom Uvished.24

Det er liten tvil om at det var Jacob Hoel sorenskrivar Gløersen sikta til som forfattar av fabelen som ærekrenkte han så grovt. Men kunne han meine at nokon kunne bli landsforvist for å ha ærekrenkt ein alminneleg sorenskrivar i ein fabel?

Svaret når oss i form av enda ein fabel i Christiania Intelligentssedler, like infam som den første. Denne fabelen var skriven om ikkje av Gløersen sjølv, så av ein våpendragar. Og no får Klungseth-saka utfalde seg framfor oss i full breidd, kledd i fabelens drakt (her omsett til dagens norsk):

I den tida dyra kunne tale og hadde ordentleg statsinnretning, hendte det seg at ein moldvarp, svartsmuska og undersetsig, hadde vorte så høgmodig at den absolutt ville ha rang. Ettersom løva som herska i landet, tykte spesielt om krigarar av offisersstanden, som ein på den tida henta så vel blant grashopper og harar som blant ulvar og bjørnar, gav vår moldvarp seg inn i denne standen, enda han hadde mykje større lyst og talent til å rote i jorda enn til å møte fienden i ærleg feide.25

Da løvas rike vart trua av krig, fekk moldvarpen straks ein heftig brystbetennelse som dreiv han til å søke avskjed: «Da han var rik og berre hadde 50 å kommandere, men gjerne ønskte ein viktigare post, fråbad han sig pensjon, når han berre à la suite kunne avansere og tre inn att i etaten når han hadde vorte frisk.» Fleire år gjekk. På ny kom krig til riket; moldvarpen heldt seg framleis i ro i jordhola si.

Så kom grovskytset:

Omsider vart det fred, og da landet var komme i ei anna stilling og faren for krig syntest fjern, ønskte von Moldvarp atter å tre inn i standen, men lét vere å informere bjørnen som var regimentssjef. Det var gitt ei lov: at ingen måtte kommandere 100 ryttarar utan først sjølv å ha lært å ri. I bjørnens regiment vart så ei stilling over 100 ryttarar ledig, og bjørnen foreslo ein ung leopard, som var av hans eige svogerskap, forstod sin ridekunst og aldri hadde vorte sjuk når fare meldte seg. Bjørnen foreslo denne leoparden til den ledige stillinga, enda leoparden den gongen von Muldvarp stod i tenesta, hadde stått der i kortare tid enn han. Den løva som da regjerte, fann det for godt å følgje forslaget til bjørnen. Det gjorde von Moldvarp harm, og han fekk ein stakkars tåpeleg sauebukk til å sette namnet sitt under nokre ærekrenkande skuldingar von Moldvarp hadde forfatta, og sidan slo han oppsatsen opp på offentlege stader. Det vart anlagt ei justissak mot sauebukken, som var tåpeleg nok til å halde det for ei ære å vere reiskap og syndebukk for von Moldvarp og derfor påstod at han sjølv hadde skrive det heile. Den stakkars bukken vart mulktert, og fordi han hadde fornærma både bjørnen og løvas råd, måtte han tåle irettesettingar i underretten i begge saker; von Moldvarp vart så forskrekkeleg harm at han trua løva og heile landet med at dei snart ville måtte unnvere hans svartsmuska person. Han rådførte seg så med ei skjor som skjønte seg på å forvandle jus til kraftige supper, og gav henne god betaling, og skjora lova å føre saka hans for ein annan rett. Det gjorde von Moldvarp så glad at han fekk lånt ein trompet som han kraup inn i for i skjul å kviskre ut skammelege løgner om den rettskafne geitebukken som i mange år med ære hadde vore dommar og aldri bøygde retten etter gunst og gåve.

Også denne fabelen vart avslutta med eit fromt ønske for framtida, eller kanskje var det ein trussel: «[…] men da von Muldvarp i tillegg var så vondskapsfull at han nemnte geitebukkens eigedomsnamn, unngjekk han ikkje æreskjendarars lønn.»

Ingen på Hedemarken kunne vere i tvil om kven dyra i denne fabelen var. Moldvarpen, von Moldvarp, er naturlegvis løytnant Jacob von Hoel; bjørnen er generalmajor von Meyer; leoparden steson hans, løytnant Johan Fredrik von Næser; løva den svensk-norske kronprinsen; og den stakkars sauebukken bonde Ole Wernsen Klungseth frå Nes. Fabelen påstod at det var Jacob Hoel som sjølv hadde skrive innlegget om generalmajor Meyer i Christiania Intelligentssedler i februar 1815, at Hoel for å unndra seg ein rettsprosess hadde fått Klungseth til å ta på seg skylda, og at det også var Hoel som hadde skrive den første famøse og ærekrenkande fabelen.

Dersom påstanden om forfattarskapet var sann, hadde Hoel verkeleg grunn til å finne seg ein syndebukk: Om det var vågalt for ein allmugemann offentleg å skulde ein kongens offiser for nepotisme, var det dobbelt vågalt for ein som sjølv var kongens offiser. Da ville nok ikkje sorenskrivar Erik Gløersen ha vike unna ein landsforvisingsdom etter § 2 i forordninga av 27. september 1799 – reint bortsett frå at han ikkje ville ha fått saka til doms, premierløytnant Hoel ville ha vorte tiltalt for å ha ærekrenkt ein overordna offiser og i tillegg regjeringa og kongen, og da var det ikkje tingretten i Nordre Hedemarken som hadde venta han, men ein hard dom i krigsretten, ikkje etter § 100 i Grunnlova, men etter militærlovgivinga (sjå drøftinga av dette på side 120–124); eit djupt fall for den kondisjonerte Jacob Hoel. Så vart han da òg ein av dei mange offiserane som ved den nye hærordninga i 1818 måtte finne seg i å bli overtalige og få avskjed i nåde – kanskje ikkje så rart, den krenkte generalmajor Meyer sat godt plassert som høgaste militære medlem av Armee-Reorganisations-Commissionen.

Det Gløersen må ha meint med første avsnitt i det rasande svaret på den fornærmelege geitebukkfabelen, var dette: Eg veit at det er du som er skribenten i Klungseth-saka, og det står i mi makt å få deg stilt for krigsrett og landsforvist. Sorenskrivaren hadde nok heile tida meint at det var Hoel sjølv som hadde skrive avisinnlegget, og derfor dømt Klungseth mildt for hans «Enfoldighed» og «Uvidenhed». No hadde begeret runne over for han, og han kunngjorde for alle lesarar av Christiania Intelligentssedler kva han meinte å vite. Men som ein ny anonym innsendar var raskt ute med å peike på, framleis utan å nemne Hoel ved namn, måtte det vere eit lovbrot av ein embetsmann om han visste om ein slik forbrytar og ikkje ville trekke han framfor dagens klare lys, men komme med han i tussmørket.26

Det var ikkje berre Jacob Hoel som var i faresona, også sorenskrivar Gløersen stod utsett til. Det spørst om ikkje denne siste fabelen var – eller iallfall vart – eit signal: Det er best for oss begge to om vi sluttar å skulde kvarandre for dette og hint. Etter nokre få spede, anonyme innlegg til vart det iallfall stilt i saka – mens rettsprosessen for Ole Wernsen Klungseths del gjekk sin gang, med Klungseth som einaste tiltalte.

Eitt innlegg til kom på trykk to månader etterpå med eit anstrøk av triumf: «Længe har man nu ventet, at Hr. Sorenskriver Gløersen skulle opfylde sit løfte med at forkynde os hvem det er, som har gjort sig fortjent til Landsforvisning.»27 Med avslutningsordet «(Fortsættes)» vart Gløersen varsla om at saka ikkje kom til å bli glømt. Og i nummeret etter stod eit aller siste anonymt innlegg i avisa der visse om ikkje ærekrenkande, så iallfall æreminkande påstandar som von Moldvarp nok ikkje ville ha sittande på seg, vart korrigerte: Det var ikkje i krigens tid at vedkommande utgjekk som à la suite; snakket om sjukdom var løgn, for han var beviseleg i aktiv teneste da ny krig braut ut; og i ridekunsten var leoparden slett ikkje moldvarpen overlegen, han hadde tvert imot i si tid fått rideundervisninga si av «Vedkommende».28 Og anonymiteten overlevde også denne bitre feiden.

Sorenskrivar Erik Gløersen hadde nok rett i mistanken sin til Jacob Hoel. I eit brev heim til kona Anne Marie frå Stortinget i juni 1818 kalla Hoel det private søksmålet «[m]in Sag mod Meyer»,29 og han dekte kostnadene for Klungseth; i brevet beklaga han seg over alt bryderiet og alle kostnadene dei hadde med alle desse sakene, «og just derfor skrev jeg dig til i Vaar at jeg for min Deel ønskede Forlig».30

Klungseth-saka heimvist

Ikkje lenge etter at skriveria i Christiania Intelligentssedler var stilna, 21. oktober 1816, fall dommen i den private ankesaka Klungseth hadde reist mot generalmajor Meyer for Aggershuus Stiftsoverret. Den vart ein ny vond smell for sorenskrivar Erik Gløersen, men likevel eit antiklimaks: Tingrettsdommen av 8. mars 1816 vart kjent uetterretteleg, men ikkje av dei grunnane Klungseth og prøveprokurator Arndtsen hadde ført i marka.

Det var den i «høi Grad svækkede Hukommelse» som spelte den aldrande sorenskrivaren eit puss: Han hadde glømt ein vesentleg ting da han avsa dommen sin. I saker som gjaldt ære eller liv, bestemte Norske lov 1-7-1 og 1-5-20 at dommaren i første instans skulle dømme saman med meddomsmenn. Dette var ei slik sak, for generalmajor Meyer hadde i tingretten kravd Klungseth frådømt æra etter Norske lov 6-21-7. Gløersen hadde dømt åleine, om enn utan å gi æresstraff. Men 1-5-20 sa uttrykkeleg at sjølv i tilfelle der den tiltalte kunne bli frifunnen, skulle det vere meddomsmenn, ettersom det først ved den faktiske dommen vart avgjort om den sikta burde idømmast æresstraff eller ikkje. Derfor måtte dommen bli å sjå på som ein nullitet og «Sagen hiemvises paa Sorenskriver Gløersens Bekostning til ny og endelig Paakiendelse af Sorenskriveren og Meddomsmænd».31

Så hadde Gløersen forsømt enda ein formalitet, ein som kosta han ei mulkt på 16 spesidalar til fattigkassen i Nes prestegjeld – men ikkje den alvorlege pro meliori informatione som fabeldiktaren ønskte han. Etter § 35 i rettsprosessforordninga av 3. juni 1796 var han på det strengaste pålagt å attestere i dommen at sakførselen til partane hadde vore forsvarleg. Det hadde han glømt å gjere i domsprotokollen. Her ser vi eit eksempel på kor nøye lovverket frå eineveldet regulerte embetsførselen til dommarane for å sikre ein rettferdig rettargang.

To ankesaker for Chrystie – med kuriøst aktorat

Våren og sommaren 1816 gjekk også Hans Chrysties ankesak mot den no for lengst nedlagte Commissariats-Commissionen for Aggershuus Stiftsoverret. I bytingsretten hadde han vorte frikjent for tiltalen om å ha fornærma kommisjonen med ytringa si om dei sviktanda forsyningane til dei norske soldatane i krigen mot svenskane, men hadde vorte idømt sakskostnadene og dessutan tapt motsøksmålet mot kommisjonsmedlemmene for urettmessig å ha dratt han for retten (sjå side 223).

Det var i denne saka forholdet mellom § 100 i Grunnlova og Norske lov 6-21-4 kom til å bli sett på prøve og utdjupa av overretten. Det skjedde som ei følgje av aktors prosedyre, som òg fekk overretten til å komme med ei vidtgåande og nokså overraskande tolking av straffereglane i forordninga av 27. september 1799.

Som sakførar hadde Chrystie engasjert høgsterettsadvokat Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne. Chrystie hadde engasjert han året før òg, i ankesaka for overretten om vitneføringa som byfut Wulfsberg hadde nekta han å gjere i Mosse Bytingsret. Det var eit naturleg val for kjøpmannen frå Moss; Hans Chrystie hadde vore elev av Morgenstierne på privatskulen for betrestilte gutar som den da avskilta juristen hadde starta i Moss i 1807. Der gav Morgenstierne i to år undervisning i så vel latin som dansk, tysk og fransk, historie, geografi og rekning,32 midt i blinken for det internasjonalt orienterte handelsborgarskapet i byen; og sikkert i fiolinspel, rekna som ei smukk ferdigheit blant betrestilte.

Chrystie hadde anka berre det private motsøksmålet mot Commissariats-Commissionen der han kravde erstatning av kommisjonsmedlemmene for urettmessig å ha påført han ubehaget og kostnadene ved prosessen. Dette søksmålet hadde han tapt i bytingsretten i Moss fordi han ifølgje dommen av 8. januar 1816 sjølv «ved sin uforsigtige Skrivemaade har foranlediget Actionen» (sjå side 223), ein dom som opprørte Chrystie. Justissaka, som han hadde vunne, anka han ikkje.

Det var derfor Morgenstierne i stemninga for stiftsoverretten 8. februar 1816 påkalla som hovudmotpart og «Sagvolder» Commissariats-Commissionen, eller på kommisjonens vegner formannen oberstløytnant Haffner, ikkje Justitien. Men så la han til: «Denne Stævning forkyndes for den Actor, som Justitien numere maatte finde forgodt at udnævne.»33 Ei pussig formulering ved eit privat søksmål; der opptredde ingen aktor, partane stilte med kvar sin engasjerte sakførar, om da ikkje den eine parten hadde fått beneficium processus gratuiti og fri sakførsel av kongen, men denne frie sakføraren var jo heller ikkje ein aktor.

Det Morgenstierne rekna med, var at Justitien kunne komme til å anke si tapte justissak mot Chrystie. Nettopp det skjedde, og da stiftsoverretten skulle oppnemne forsvarar for Chrystie i denne straffesaka, valde den å vende seg til den same Morgenstierne. Som han forklarte i avslutningsinnlegget sitt 17. juli, aksepterte han oppnemninga utelukkande for å unngå kollisjon i fall Justitien «havde ført sin Sag i Rette førend den private Stævning kunde falde i Retten».34 Dersom Justitien hadde levert si rettsstemning først, var det påtalemakta som var førstepart og førte ordet i opningsinnlegget. Med ein annan forsvarar på banen frykta Morgenstierne for to kolliderande forsvarsstrategiar i retten, éin i justissaka, som da var den primære, og deretter ein annan i den private.

At han i juli hadde fått eit spesielt behov for å forklare dette for retten, er lett å forstå: Den 28. mars 1816, mens saka pågjekk, hadde Morgenstierne vorte utnemnt til regjeringsadvokat,35 eit embete oppretta ved ein kongeleg resolusjon same dag – det var landets første regjeringsadvokat som no førte ei trykkefridomssak for Aggershuus Stiftsoverret på vegner av den tiltalte, med regjeringa som motpart.

Da stiftsoverretten så skulle oppnemne Justitiens aktor, fall valet på høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm. Den kjente trykkefridomsforkjemparen og opposisjonsmannen skulle altså representere den regjeringa han i artikkelen om Grønnerup-saka hadde meir enn antyda mangla «den Grad af Aandsdannelse» som sette folk i stand til å dømme sunt og rett, ein karakteristikk som hadde stått på trykk i Det Norske Nationalblad i januar, og som medlemmene av stiftsoverretten må ha kjent til.

I trykkefridomssaka mot Hans Abel Hielm som pågjekk samtidig, opptredde Morgenstierne og Hielm i motsette roller og var stadig i tottane på kvarandre, Hielm som hudflettar av regjeringa, Morgenstierne som forsvarar av den. Den slags rollebyte var sant nok vanlege framfor skranken, ein advokat måtte ofte i éi sak forsvare ein påstand han før hadde gjort sitt beste for å tilbakevise. Men no gjaldt det ei sak Jonas Anton Hielm var djupt personleg engasjert i, trykkefridommen, ei samvitssak og ei æressak for han.

Det var den private rettsstemninga som nådde stiftsoverretten først, og i hovudinnlegget sitt argumenterte Morgenstierne som Hans Chrystie hadde gjort i bytingsretten i Moss 24. oktober 1814 – det kan godt hende at Chrystie den gongen hadde gått til sin gamle lærar og fått juridiske råd. Den primære påstanden var at saka frå det offentlege urettmessig var reist som justissak, fordi kommisjonen, «som ikke har umiddelbart Referat til Kongen», ikkje hørte med blant dei høge embetsmennene som § 10 i forordninga av 27. september 1799 nemnte, og fordi dei påanka ytringane hadde ikkje eit innhald som § 10 i forordninga føresette som vilkår for offentleg aksjon.36 Dommen måtte kjennast uetterretteleg og justissaka bli fullstendig avvist, og Commissariats-Commissionen, som var skyld i det heile, måtte betale Chrystie kost og tæring og alle sakskostnader.

Subsidiært hevda Morgenstierne at bytingsdommen måtte kjennast uetterretteleg fordi dommar Wulfsberg uttrykkeleg hadde sett bort frå vitneføringa han ved dom i overretten av 26. juni 1815 vart pålagt å la Chrystie gjennomføre. Saka måtte heimvisast til ny og lovleg dom av byfuten, som måtte få ei «Mulct for sit urigtige Forhold».37 Og skulle ingen av desse to påstandane vinne fram i retten, måtte i alle fall Commissariats-Commissionen yte erstatning for tort og tap og sakskostnadene i begge rettane.

Den 20. mai 1816 stilte så Jonas Anton Hielm i overretten med eit rettsinnlegg på vegner av Justitien. Det likna ikkje på nokon annan aktors prosedyre.

Hielm innleidde med å belære retten om kva omgrepet Justitien betydde: Justitien var «Retfærdigheden personifiseret». Justitien, eller Justitiens sakførar, måtte derfor aldri gå inn for noko anna enn det som var rett, utan omsyn til om det talte for eller imot den personen som øvrigheita, som skulle vere sjølve den personifiserte Justitia, hadde bestemt å føre prosess imot i Justitiens namn. Like uanstendig som det var for ein rettskaffen mann, like utillateleg var det for sakføraren «i Retferdighedens Navn paa nogensomhelst Maade at skjule eller søge at indhylle Sandheden for dommeren. […] Den offentlige Anstændighed kan selv være Part, men aldrig som private Parter være partisk». Hielm følte seg overbevist «om denne Erkjendelse af den ærede Ret, derved at den har udnævnt just mig til Actor i denne Sag, som aldeles strider imod de af mig offentlig bekjendte Grundsætninger om Folkets Ret til ved Pressen at yttre sine Tanker».38

Så fyrte han av ein salve mot sjølve statsrådet, som han skulle representere. Aldri hadde han sett «et lignende Miskmask af Retsbehandling», og som Morgenstierne kunne han ikkje i lovene finne noko kall for Justitien til å blande seg inn i saka som part.39 Når medlemmene i Commissariats-Commissionen følte seg krenkte, hadde dei nok vore i sin fulle rett da dei bad statsrådet sørgje for at forfattaren av avisinnlegget måtte bli dratt til ansvar «paa lovlig Maade». Hielm hadde sjølv den ære å kjenne fleire av dei, og han akta dei høgt og visste at Chrysties dom over dei var forfeila, regjeringa kunne knapt ha valt betre folk.

Kva anna kunne Hielm seie? Han hadde forsvart generalløytnant Frederik Gottschalk von Haxthausen, den tidlegare formannen i kommisjonen, til frifinning i ei riksrettssak 23. mars 1816 og var oppnemnt forsvarar for han etter at ein annan frifinnande dom av 15. mars i ein såkalla dømmande overkrigskommisjon vart anka til Høgsterett. I den saka var eitt av momenta nettopp forsyningane til soldatane i 1814.

Men statsrådet «bevilgede mere end hvad søkt var», hevda Hielm; «lovleg måte» kunne ikkje bety anna enn beneficium processus gratuiti, garanti for fri sakførsel i eit privat søksmål mot Hans Chrystie. Og ikkje nok med at statsrådet urettmessig gav Justitien ordre om å reise straffesak; det befalte det som elles hørte inn under domstolens avgjerd: kva for ei lov forfattaren skulle dømmast etter, «nemlig den ved Grundloven af 17de May 1814 § 100 […] ophævede Frdn. af 27de Septbr 1799».40

Som i Hielm-saka i bytingsretten 1. februar 1816 hevda han altså at ikkje berre forboda i 1799-forordninga var oppheva av § 100, slik han hadde skrive i artikkelen i Det Norske Nationalblad i desember 1815, men heile forordninga. Det var straffeutmålinga han sikta til no; den påberopte § 12 i forordninga var ein straffeutmålingsparagraf som spesifiserte og skjerpa straffene for ærekrenking i Norske lov 6-21, der forboda frå før 1814 var formulerte. Etter den nye oppfatninga til Jonas Anton Hielm var også straffene i forordninga oppheva. Han heldt seg her som alltid konsekvent til vår domsmodell C, med § 100 som einaste rettsgrunnlag for straff.

Det er rettshistorie, dette: Den norske regjeringa fekk strykkarakter av Justitiens aktor i Aggershuus Stiftsoverret. Det same fekk aktor i bytingsretten tollprokurør Lauritz Tranekjær. Sakførselen hans hadde etter Hielms meining vore utan konsekvens, da han snart hadde betrakta saka som offentleg, snart som privat: Først dreiv han gjennom at saka skulle førast som ei straffesak med Chrystie og Justitien som partar, så påstod han at vitneføringa til Chrystie måtte avvisast fordi Commissariats-Commissionen som part ikkje hadde vorte stemna.41 Og da overretten ved dom hadde kravd vitneføringa gjennomført, reserverte han på vegner av kommisjonen rett til å anke dommen, noko berre ein part i saka kunne gjere. Han opptredde i det eine augeblikket som aktor, i det neste som kommisjonens sakførar, ein lapsus Hielm sjølv absolutt ikkje ville gjere seg skyld i. Han avstod derfor frå å prosedere i det private søksmålet som var anka, han var «som Actor Justitiæ incompetent til at indlade mig paa samme».42 Hans einaste mandat som aktor var å representere Justitien i ei straffesak. Commissariats-Commissionen var dermed ikkje representert i ankesaka for Aggershuus Stiftsoverret.

Og no fall det i Hielms lodd som aktor for Justitien, «Retfærdigheden personifiseret», å måtte fortelje sanninga: at Hans Chrystie ikkje hadde gjort noko straffverdig. Hielm fann ikkje noko anna i det påanka uttrykket enn ei frimodig ytring som var tillaten etter § 100. Artikkelen inneheldt kanskje krenkande og formastelege, «men ikke ærekrænkende udladelser, hvilken sidste altsaa Grundlovens § 100 straffer».43 Igjen omtalte han § 100 som om den var ei straffelov og einaste rettsgrunnlag i skyldspørsmålet, og han meinte at krenkande og formastelege ord, dvs. det Norske lov 6-21-4 kalla «utilbørlige Ord», ikkje var straffverdige etter Grunnlova, men kom inn under uttrykket «frimodige Yttringer». Hielm måtte da vere blant dei i 1816 som meinte at også 6-21-4 var aldeles oppheva av § 100 i Grunnlova.

Ettersom Chrystie ikkje hadde gjort noko gale, sette aktor Hielm ikkje fram nokon påstand for retten. I staden overlét han «til den ærede Rets Bedømmelse» om underrettens dom og rettsbehandling burde kjennast uetterretteleg og saka heimvisast til ny behandling og dom etter at ein forsvarar for den tiltalte var oppnemnt.44

Den alvorlegaste uretten mot Hans Chrystie i prosessen så langt var at han hadde mista det beneficium å få saka avvist, noko som neppe ville ha vore tilfellet om han hadde møtt med enten ein privat sakførar eller ein som var offentleg oppnemnt, «som havde vidst at iagttage det fornødne ved at reservere Anke paa Kjendelsen, hvorved Sagen tillagtes Fremme som Justitssag, førind Tiltalte indlod sig i det videre». Da Chrystie endeleg hadde fått engasjert ein forsvarar, var det nemleg for seint å rette opp den ugjenkallelege feilen. Men den verkelege feilen låg hos justismakta, som imot lov og forordning ikkje hadde oppnemnt den forsvararen ein tiltalt i ei justissak hadde rett på. Hielm meinte at overretten måtte ha same oppfatning, «da den ikke har undladt at beskikke Canc. Morgenstjerne til Defensor for denne Ret».45

Om Morgenstiernes primære påstand om å få justissaka avvist gjorde Hielm oppmerksam på at Hans Chrystie sjølv hadde forspelt sjansen til å få saka avvist på dette grunnlaget. Det hadde skjedd da han i rettsmøtet 24. oktober 1814 hadde latt vere å reservere seg rett til anke da dommar og byfut i Moss Gregers Winther Wulfsberg hadde avgjort at saka skulle gå vidare som justissak. På den andre sida var det «Domstolenes Sag i Justitiens Sager at paastaae ex officio [på eige initiativ] at Uret ikke skeer den Sigtede selv», enda Hielm tvilte på at overretten ville ty til eit slikt grep i dette tilfellet.46 Med det hadde aktor Jonas Anton Hielm sagt sitt.

I eit kort avslutningsinnlegg 17. juli måtte Morgenstierne seie seg einig med Hielm i dette siste, at Chrystie sjølv hadde forspelt sjansen til å få saka avvist som justissak. Men han leit på at stiftsoverretten ville bruke den makta den hadde til ex officio å avvise saka, enda det var eit uvanleg steg, «efterdi det ikke engang stod i Appellantens Magt ved sit Samtykke at gjøre Noget til Justitssag som ikke efter Lovene var det».47 Han heldt derfor oppe den primære påstanden. Om rolla si i retten presiserte så Morgenstierne at han ikkje lenger kunne betraktast som appellantens offentleg oppnemnte forsvarar, men berre som engasjert sakførar,48 fordi det var hans rettsstemning og ikkje Justitiens som låg til grunn for overrettens behandling av denne «efter sin Form, aldeles private Sag».49

Overretten var nok ikkje einig og uttalte seg i dommen utvitydig om dette: «Forinden denne [Morgenstiernes] Stævning blev anhængiggiort i Retten, er Appel af fornævnte Underretsdom ogsaa erklæret af Justitien, og efter sammes Foranstaltning, og paa Grund af Tiltaltes Forlangende tillige Defensor beskikket til Sagens Førelse ved Overretten.»50 Men resultatet etter prosedyrane var kuriøst: Den saksøkte i den private ankesaka stod utan sakførar; den tiltalte i justissaka utan forsvarar; aktoratet nekta å legge ned nokon påstand; og aktor Jonas Anton Hielm hudfletta statsrådet og Justitien og bad overretten vurdere å underkjenne bytingsdommen på grunn av ei rettsforsømming av justismakta.

Chrystie i overretten: Grunnlovas ånd

Med dette sære utgangspunktet felte Aggershuus Stiftsoverret 26. august 1816 ein spennande og innhaldsrik dom. Nils Rune Langelands karakteristikk i Siste ord, at dommarane «greip tilbake til den eineveldige tenkjemåten»,51 er altfor bastant, men kan kanskje passe på den grunnen dei oppgav for å avvise at saka urettmessig var reist som justissak.

Saka måtte reknast som rettmessig, meinte dei, ikkje fordi Chrystie sjølv de facto hadde akseptert Justitien som motpart, slik Hielm og Morgenstierne var einige om, men fordi det var statsrådet, «med Kongelig Myndighed», som hadde reist den: Kongen hadde «forbeholdt sig i visse Tilfælde» å reise tiltale mot trykte fornærmande skuldingar mot «hans Collegier, Retter, eller vigtigste Embedsmænd», og da måtte ein gå ut frå at han sjølv òg ville avgjere «naar saadanne Tilfælde ere forhaanden».52

Da betydde det ikkje noko kva som elles stod i forordninga av 27. september 1799, for forskrifta der om trykkefridom kunne slett ikkje verke inn på dei reglane om påtale som bestemte korleis kongen sjølv ville handheve verdigheita til embetsmennene sine eller tvinge dei til å påtale ved domstolane fornærmelege skuldingar som var sette fram mot dei, «eller over hoved foreskrive Regler, som ej egentlig vedkomme Trykkefrihedens Grændser».53

Her gav dommarane kongen, ved statsrådet, retten til å gi og sjølv tolke prosessuelle lovreglar. Dei var einige med aktoratet i underretten i Chrystie- og Klungseth-sakene, domstolen hadde ikkje kompetanse til å overprøve statsrådets vilje i slike spørsmål.

Men resten av dommen kan ikkje kallast tankegods frå eineveldets tid.

Først avviste overretten kort dei andre avvisingspåstandane; Morgenstiernes om vitneføringa fordi dommar Wulfsberg hadde vurdert den, men til å vere utan beviskraft; Hielms om oppnemnt forsvarar fordi tiltalte ikkje hadde sett fram noko krav om det, men tvert imot sjølv hadde møtt med engasjert forsvarar ved det dommen kalla «Sagens Begyndelse, den 23dje Januar 1815».54

Direkte oppsiktsvekkande vart dommen da den deretter prinsipielt drøfta forholdet mellom § 100 og forordninga av 27. september 1799. Den gjekk lenger enn nokon hadde gjort tidlegare, ved å erklære lovreglane i 1799-forordninga for oppheva: «Grundloven siger i den 100. §. at Trykkefrihed skal finde Sted. Saafremt denne, som almindelig fremstillede Regel skal have nogen Betydning, maae Udtrykket: Trykkefrihed forstaaes absolut.»55 Da måtte ikkje berre «de vilkaarlige Baand, som hidtil paalaae Trykkefriheden», dvs. grensene for trykkefridommen i 1799-forordninga, vere løyste, men dommarane var einige med Hielm, «de Straffe, der vare paabudne for Overtrædelse af den indskrænkede Frihed, som til den Tid havde bestaaet», måtte vere å sjå på som oppheva,

thi de Straffe, som vare foreskrevne for Forseelse i mod den Lov, der tilstædede mindre Frihed, kunde ej være passende, naar der er Spørgsmaal om Forseelse mod en tilstaaet større Frihed. Jo større Tvangen er, jo sterkere Bevæg Grunde maatte og Lovgivningen i Almindelighed fremstille til at afskrække fra de givne Forbuds Overtrædelse.56

Dommen konkluderte med at «Forordningen 27de Septbr. 1799 saaledes, forsaavidt den bestemmer Straf for Trykkefrihedens Misbrug, ligesaalidt, som naar den foreskriver vilkaarlige Indskrænkninger i Frihedens Brug, kan antages at være giældende».57

Overretten la heile trykkefridomsfeltet opent for arbitrære straffer, slik Henrik Steenbuch definerte dette uttrykket, kanskje var det hans grunnlovskommentar som begynte å gjere seg gjeldande. Argumentasjonen var logisk og den same som låg bak alle formildande arbitrære dommar: Ein tiltalt skulle ikkje dømmast strengare enn alvorsgraden i lovbrotet tilsa. Dommarane i overretten kan da ikkje ha bygd på ei strengt bokstaveleg tolking av kva det måtte bety at ei lov strei mot Grunnlova; det stod naturleg nok ingenting uttrykkeleg i § 100 om straffer eller straffenivå. Det var Grunnlovas ånd dei bygde på. Det einaste som etter ein slik tankegang framleis kunne stå ved makt i 1799-forordninga, var prosessreglar og ein del formelle reglar i den grad dei ikkje strei mot Grunnlovas ånd. Dette er domsmodell C i rein form, med § 100 som einaste gjeldande rettsgrunnlag.

At Grunnlovas ånd kunne bli brukt som rettskjelde også i skyldspørsmålet, er neste punkt i denne dommen eit instruktivt eksempel på. Det var etter overrettens meining klart at uttrykka Hans Chrystie hadde brukt i innlegget i Christiania Intelligentssedler, ikkje var ærekrenkande etter ordlyden i § 100 og derfor heller ikkje straffbare etter trykkefridomslovgivinga. Men dei var utan tvil fornærmande – eller krenkande og formastelege, som Hielm hadde kalla dei i rettsinnlegget sitt, det Norske lov 6-21-4 kalla utilbørlege ord – og da måtte det «være overeensstemmende med den Ansvarlighed, som Grundloven byder [mi utheving], at fornærmelige skiøndt ej Ærerørige Ord og Beskyldninger kunne med Virkning paatales. Borgerens gode Navn og Rygte kan ej paa anden Maade sikkres».58

Det var ikkje risikofritt å søke støtte i lovas ånd. Som 1700-talsjuristen Cesare Beccaria skreiv i boka Om forbrytelse og straff frå 1764, betydde «lovas ånd» ikkje stort anna enn ein «dommers gode eller dårlige logikk» eller «hans lette eller besværlige fordøjelse».59 Faren for at to dommarar ville oppfatte lovas ånd ulikt, var stor; det var den slags § 96 skulle gjere slutt på. Men så anviste Grunnlova i § 112 sjølv «denne Constitutions Aand» som ei rettskjelde, og i dette tilfellet trongst den for å kunne finne ein heimel i lovboka for å straffe ytringar som dei Chrystie hadde brukt. All tvil om at dei var straffbare, måtte falle bort når ein la merke til at Norske lov 6-21-4

i Almindelighed straffer Ord, der ansees af Dommeren at være endog blot utilbørlige, saameget mere maae da deslige Udladelser medføre Straf, naar de fremføres paa en Maade, der efter Sagens Natur tilkiendegiver det fuldkomneste Overlæg, og tillige ere mere end almindelig krænkende for Paagieldende.60

Mens Hielm hadde gått ut frå at trykte ytringar som ikkje var straffbare etter ordlyden i § 100, heller ikkje kunne straffast, dvs. at Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord måtte vere fullstendig oppheva av § 100, meinte overretten det motsette og støtta seg på Grunnlovas ånd. På dette grunnlaget dømte den Hans Chrystie etter 6-21-4 til ei mulkt på 50 spesidalar til Moss fattigkasse og til å betale alle sakskostnader, blant anna til aktor i bytingsretten «Sallarium og Erstatning for hans Udgifter 28 1/8 Speciedaler».61

Likevel hadde overretten frikjent Chrystie for Justitiens tiltale, misbruk av trykkefridommen. Dommen sa uttrykkeleg at han ikkje hadde brote grensene i § 100 i Grunnlova og heller ikkje vart straffa etter forordninga av 27. september 1799; dommen fall med heimel i 6-21-4 om utilbørlege ord som ei allmenn borgarleg lov utanfor trykkefridomslovgivinga (sjå drøftinga av dette på side 259–261). Dommen er historisk i dette, at den erklærte 6-21-4 som ei fullt ut gjeldande lov også for trykte ytringar, trass i at paragrafen hadde ein lågare terskel for krenking enn § 100. Dommarane uttrykte ikkje eingong tvil om dette. Ein slik tanke hadde tydelegvis ikkje slått dommar Wulfsberg i Moss, enda også han med uttrykket «sin uforsigtige Skrivemaade» kan ha meint at Chrystie hadde brukt utilbørlege ord. I så fall må han ha vore einig med Hielm i at 6-21-4 var fullstendig oppheva av § 100.

Dommen var ikkje ein formildande arbitrær dom etter 6-21-4, som overrettsdommen i justissaka mot Ole Wernsen Klungseth av 6. mai 1816. Orda til Chrystie skulle ikkje sonast «lige med utilbørlige Ord», retten gav tvert imot til kjenne at det var 6-21-4 Chrystie hadde forbrote seg imot; dommen var avsagt «efter Lov», i samsvar med § 96 i Grunnlova. Aggershuus Stiftsoverret gjorde heller ikkje den formelle feilen den hadde gjort da den dømte Klungseth etter 6-21-4 for eit forhold som ikkje var pådømt i første instans. Chrystie vart av overretten dømt for ei handling som var pådømt i Mosse Bytingsret, om enn til full frifinning. Chrystie vart med dette ståande som tapande part også i det private søksmålet mot Commissariats-Commissionen, påfallande nok utan at overretten oppgav nokon grunn til at dei medlemmene av kommisjonen som hadde reist saka, kunne vere krenkte av uttrykk som var retta mot ein kommisjon som bestod av heilt andre personar.

Hans Chrystie meinte seg utsett for ei ny krenking og anka dommen inn for Høgsterett. Vi skulle tru at anken måtte bli avvist der; mulkta på 50 spesidalar var berre det halve av ankegrensa etter Norske lov 1-6-16 på to hundre lodd sølv. Men kravet om 500 spesidalar i erstatning frå Commissariats-Commissionen i det tapte motsøksmålet berga ankesaka for Chrystie, og han sette sin lit til Høgsterett, «hvis Dom vil om kort Tid, haaber jeg, sikkre Borgeren, der troer sig tryg under Lovenes Hellighed og især Grundlovens Uforkrænkelighed, for saadanne Fornærmelser for Fremtiden».62

Bytingsdom for Hielm: frimodige ytringar

Den 7. november 1816, to veker etter Chrystie-dommen, fall til sist dom i saka mot Hans Abel Hielm i Christiania Bytingsret for artikkelen i Det Norske Nationalblad om advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede». Det vart eit nytt nederlag for aktoratet: «Tiltalte Boghandler Hielm bør for Actors Tiltale i denne Sag aldeles fri at være.»63

Dommar Frederik Riis, som no var ordentleg byfut og ikkje lenger konstituert,64 heldt seg i skyldspørsmålet til «Grundlovens §. 100, efter hvilken, og ikke efter Forordningen af 27de Septbr. 1799, Sagen rettelig maae bedømmes».65 Slik erklærte Riis med reine ord at han ikkje ville måle §§ 2 og 7 i forordninga opp mot § 100 som absolutt norm som i vår domsmodell B, men dømme etter domsmodell C, med § 100 som einaste rettsgrunnlag.

Han rørte ikkje ved ordlyden i §§ 2 og 7 i 1799-forordninga som aktor Morgenstierne i påstanden sin nemnte som paragrafar Hielm burde få straff etter. I staden heldt han seg til orda forsettleg og openbar i § 100. Det gjekk ikkje openbart fram av artikkelen i Det Norske Nationalblad at årsaka til advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede» var den provisoriske anordninga for Høgsterett av 9. juni 1815. Og om så var, så hadde ikkje forfattaren av artikkelen forsettleg eller openbart «viist eller tilskyndet til Ulydighed mod den omhandlede Anordning, eller Ringeagt eller Modstand mod dens Bud eller paa anden Maade, forbrudt sig imod Bestemmelsen i Grundloven».66

Dommen minte om at «frimodige Yttringer over Statsstyrelsen eller hvilkensomhelst Gjenstand er enhver tilladt». Skulle denne lovregelen ha noka som helst betydning, måtte alle borgarar ha lov til å gi uttrykk for om ei samfunnsinnretning eller ei lov var i samsvar med konstitusjonen eller ikkje, rett eller galen, rettferdig eller urettferdig, og ei slik ytring kunne ikkje oppfattast som det minste fornærmande mot nokon. Dommar Riis tillét seg for eiga rekning å skrive i dommen at det til og med var høgst berettiga å klage over dei byrdene som var pålagt høgsterettsadvokatane.

Interessant var òg avgjerda hans i spørsmålet om forsvarar Jonas Anton Hielm burde mulkterast for å ha hevda i retten at «nærværende Action er oprørende for hver god Borger», som aktor Morgenstierne hevda fornærma statsrådet, blant anna fordi statsrådane ikkje sjølve var opprørte og da for Hielm ikkje kunne gjelde som gode borgarar. Det var ikkje grensene for trykkefridommen Morgenstierne påstod at Hielm hadde brote, enda han hadde sett dei same orda på trykk i Det Norske Nationalblad, men Norske lov 1-12-1, som beskytta rettens verdigheit. Hielm hadde med orda sine i retten fornærma motparten i saka, og det forbaud lova ein sakførar å gjere. Men dommar Riis såg enda ein gong til § 100 og dømte også dette uttrykket til å vere ei frimodig ytring som var beskytta av Grunnlova, utan å drøfte om rettens verdigheit burde ha eit vern strengare enn § 100. Også i dag anerkjenner vi at folk må finne seg i å måtte uttrykke seg «med beskedne Ord, skikkelige Lader og Fagter»67 i visse formelle samanhengar, for eksempel frå Stortingets talarstol.

Når så Riis dømte det offentlege til å dekke alle sakskostnader, var saka akkurat så fullkomment tapt for Justitien som den kunne bli. Statsrådet anka; anken omfatta også dommar Riis’ klage for eiga rekning over byrdene til høgsterettsadvokatane. Ankesaka i Aggershuus Stiftsoverret starta etter kort tid, i januar 1817, og mens den pågjekk, fall dommen også i saka mot Christen Grønnerup for påstanden hans i Det Norske Nationalblad om at politi- og justisvesenet låg i dvale og «slumrer».

Bytingsdom for Grønnerup: å fortolke sine eigne ord

Dommen i Grønnerup-saka 17. mars 1817 var like knusande for Justitien:

Grundloven – den Lov hvorefter Tiltalte maa blive at dømme – tillader enhver ved Trykken at bekjendtgiøre frimodige yttringer om Statsstyrelsen og hvilken som helst anden Gjenstand, og da man nu i den paaankede Indrykkelse ikke kan finde de fornærmelige Beskyldninger Stævningen indeholder, maae Tiltalte formeentlig aldeles blive at friekjendes for Actors Tiltale i denne Sag.68

Også denne dommaren, byfut Olaus Christopher Hammer, viste med formuleringa si – «den Lov hvorefter Tiltalte maa blive at dømme» – at domsmåten var som i vår domsmodell C, med § 100 som rettsgrunnlag i skyldspørsmålet. At dommaren slo dette fast så eksplisitt, tyder på at Morgenstierne har gjort som i Hielm-saka og påstått ein dom etter prinsippa i domsmodell B, med § 100 som avgrensande overordna norm og 1799-forordninga som rettsgrunnlag.69 Morgenstiernes påstand vart i så fall avvist av bytingsretten, og han nådde ikkje fram med domsmodell B her heller. Morgenstiernes innlegg i retten er ikkje bevart, men at temaet er unemnt både i innlegget til forsvarar Andreas Bang og i tingboka frå dei tre rettsmøta 16. desember 1816 og 17. februar og 3. mars 1817, tyder på at det ikkje var eit sentralt tema under rettsforhandlingane.70

Dommaren kasta for sin del ikkje så mykje som eit blikk på ordlyden i dei paragrafane aktor påstod straff etter: «enten ifølge Forordningen af 27de September 1799 § 6 med korporlig Straf [dvs. fengsel], eller og ifølge bemeldte Forordnings 12 §, med anseelige Bøder». Han trong ikkje å drøfte om § 6 og forbodet der mot spreie «løgnagtige Beretninger om nogen vigtig Deel af Statens Tilstand, eller om Regieringens Beslutninger og Foranstaltninger» framleis gjaldt, men slo fast at § 100 i Grunnlova utan tvil gav ein skribent rett til å «fortolke sine egne Ord, naar samme ikke strider mot antaget Sprogbrug og beviiste Omstændigheder». Han la da – som dommar Riis i Hielm-saka – vekt på orda forsettleg og openbar og på retten til frimodige ytringar om «Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand».71

Også her vart det offentlege dømt til å dekke alle sakskostnader. Statsrådet ville ikkje bøye seg no heller og anka også denne fullstendig tapte saka inn for Aggershuus Stiftsoverret.

Oppsummering pr. mars 1817

Det var no komme dommar i alle rettsprosessane regjeringa hadde sett i verk mot skribentar for «formeentlig Misbrug af Trykkefriheden», og status kan gjerast opp for dei fire straffesakene pr. mars 1817.

Vi kan slå fast at vi ikkje i ei einaste av sakene finn spor av oppslutning om prinsippa i vår domsmodell A, at 1799-forordninga hadde sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag for straff, verken hos partane eller hos dommarane. Éin aktør la uttrykkeleg opp til domsmodell B og hevda § 100 som avgrensande overordna norm: høgsterettsadvokat og no regjeringsadvokat Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne som aktor i Hielm-saka og truleg òg i Grønnerup-saka. Men dommarane avviste dette og følgde eksplisitt prinsippet i domsmodell C, at § 100 åleine var rettsgrunnlag for straff. Det gjorde òg underrettsdommaren i Klungseth-saka og overrettsdommarane i Chrystie-saka.

I bytingsdommen i Chrystie-saka og overrettsdommen i Klungseth-saka var det ikkje uttrykkelege domsformuleringar som gjer at vi kan skilje mellom domsmodellane B og C. Rettsforhandlingane tyder likevel på at det var prinsippa i domsmodell C som gjaldt også der. Ikkje i noka sak målte dommarane beviseleg ordlyden i dei aktuelle forordningsparagrafane opp mot § 100 som avgrensande overordna norm etter domsmodell B. Handlingane som var påtalte, vart berre målte opp mot andre og tredje setning i § 100. Først i straffeutmålinga, som straffekjelde, kom 1799-forordninga uttrykkeleg på tale som rettsgrunnlag.

Heller ikkje syntest nokon av dommarane at ordlyden i § 100 var uklar eller vanskeleg å tolke i dei sakene som hadde vore oppe til doms. Tvert imot erklærte fleire av dei uttrykkeleg at paragrafen hadde innført nye og tydelege – og rimelege – rettsprinsipp, og at den med det nødvendigvis hadde oppheva dei sentrale delane av 1799-forordninga; elles vart trykkefridommen «blot en tom Lyd», som dommar Frederik Riis uttrykte det.

Det var denne situasjonen Frederik Stang forelas for jusstudentane ved universitetet og etterpå beskreiv i læreboka si i forfatningsrett frå 1833: Alle delar av lovgivinga frå før grunnlova av 1814, skreiv han, som «var i Strid med nogen Forskrift i Grl., og som man kunde lade uanvendt, uden at først nye Bestemmelser for den omhandlede Gjenstand udkrævedes, maatte efter Forskriften i Grls. § 94 umiddelbart tabe Gyldighed», og eit talande eksempel var nettopp forboda i forordninga av 27. september 1799.72

Ein sentral tankegang frå eineveldets tid, at kritikk av ei lov eller ei anna samfunnsinnretning var å «udbrede Had og Misnøie»73 mot kongen og statsrådet hans, var uttrykkeleg avvist – så nær som av gamle sorenskrivar Erik Gløersen på Nordre Hedemarken, som snart måtte sjå dommen sin bli tilsidesett av overretten. Eineveldets justis, som professor Schlegel hadde forsvart så iherdig imot Birckner, vart ikkje lenger handheva i Norge.

Justitien låg nede for teljing; paragraf 100 hadde bestått sin første prøve og levd opp til dei optimistiske forventningane i samtida. Men fleire rundar stod att. Enda to ankesaker for Aggershuus Stiftsoverret venta, og Høgsterett hadde enno ikkje sagt sitt om realiteten i ei trykkefridomssak.