Ordlyden i Norske lov 6-21-4 og § 100 skulle tyde på at dei to paragrafane gjaldt vesensforskjellige forhold; 6-21-4 forbaud utilbørlege ord som «Ære og Lempe ikke vedkomme, og ved hvilke ingen sigtis paa ærlig Navn og Røgte», mens § 100 forbaud «ærekrænkende Beskyldninger». Som historikaren Arnved Nedkvitne skriv, hadde Norske lov av 1687 med 6-21-4 trekt «et skille mellom ærekrenkende ord og ‘utilbørlige’ ord».1 Dersom § 100 skulle rå uinnskrenka frå 1814 av, måtte ikkje 6‑21‑4 da vike som gjeldande lovgiving og vere heilt oppheva?

Så enkelt skulle det vise seg å ikkje vere. Éin grunn er at det i både gammal og ny tid har vore ulike syn på kva ei ærekrenking er. Den er utvilsamt «en krenkelse av et rettsgode som tilhører den angrepne – hans ære».2 Men kor vidt famnar denne æra? Det har det funnest ulike oppfatningar om.

Ein moderne definisjon av ærekrenking er «en ytring (evt. handling) som viser utilbørlig mangel på aktelse overfor en annens moralske og sosiale personlighetskvaliteteter»,3 eit svært vidt omgrep som omfattar også utilbørlege ord. Ein litt annleis definisjon kom inn i norsk lov i 1889 under ein revisjon av straffelova av 1842: Ei ærekrenking er ei ytring «som bevirker eller søger at bevirke, at Noget finder Tiltro, som er egnet til at skade en Andens gode Navn og Rygte eller til at udsætte ham for Had, Ringeagt eller Tab af den for hans Stilling eller Næring fornødne Tillid».4 Også denne definisjonen omfatta utilbørlege ord. Eitt av formåla med den var å legge avstand til ei oppfatning i lova frå 1842, tydeleg inspirert av den bayerske straffelova av 1813, om at alle usanne skuldingar om ei eller anna straffbar handling, stor eller lita, var ærekrenkande.

Alt i § 17-8 i straffelova av 1842 var utilbørlege ord uttrykkeleg gjort straffverdige. I 1842 må dei altså ha meint at ordet «ærekrænkende» i § 100 også omfatta utilbørlege ord, og at det ikkje var nokon konflikt mellom dei to uttrykka. Men forstod dei det same i 1814 med Grunnlovas formulering «ærekrænkende Beskyldninger mod Nogen»? Spørsmålet trenger seg på fordi dette var første gong ordet ærekrenkande vart brukt i ein lovtekst,5 bortsett frå éin gong i ein forklarande passus i § 12 i 1799-forordninga.

Jon Skeie nemner så vidt spørsmålet i si klassiske avhandling Om ærekrænkelser efter norsk ret frå 1910, men nøyer seg med å kalle ordet «ærekrænkelse» i den nye juridiske terminologien etter 1814 misvisande, fordi det «betegner en virkning, som retten dengang ikke krævede»,6 altså at æra ikkje nødvendigvis måtte vere krenkt. Skeie meiner da at omgrepet alt i utgangspunktet omfatta utilbørlege ord. Spørsmålet her er om observasjonen hans i staden kan forklarast med at det hadde skjedd ei forskyving i betydninga av ordet i perioden mellom 1814 og 1842, slik Klungseth-dommen kan tyde på.

«Ærerørige ord» i streng og mindre streng forstand

Det uttrykket som var brukt i lovgivinga før 1814, og som skilde paragrafane i kapittel 6-21 med æresstraff frå 6-21-4 om utilbørlege ord, var ærerørige Ord, ord som rørte ved æra, kom Ære og Lempe for nær. I strengaste forstand sikta uttrykket til skuldingar om at nokon hadde begått eit lovbrot som etter lovboka òg vart straffa med ærestap. Logikken i dette var prinsippet om ære for ære, tann for tann: Var påstanden sann, var det den angripne som mista æra; var den usann, måtte injurianten finne seg i å vere den som vart dømt ærelaus. Så risikabelt skulle det vere å påstå om andre at dei hadde handla ærelaust, i ei tid da æra var blant dei kostelegaste skattane å eige.

Mange ulike lovbrot kunne føre til æresstraff: svik og bedrageri ved assuranse av skip (4-6-6), arvesvik (5-2-79, 87, 89), ulovleg pantsetting (5-3-26), uredeleg forhold ved leige og lån (5-8-3, 15), å stele småvilt av annan manns felle (5-10-7), å lyge hor på nokon (6-13-6, 7), å ha samleie med «fornemme Mands Enke, eller Datter» (6-13-10), falsk påstand om farskap (6-13-27), alle former for ran (6-15-1), å pløye om ein åker ein annan mann hadde sådd (6-15-14), å bygge på annan manns jord (6-15-18, 19), å ikkje sverje si uskyld ved ei resultatlaus husransaking etter tjuvgods (6-17-14), å stele trevirke i annan manns skog (6-17-28), å ri annan manns hest meir enn «en halv Fierding Rejs» og nekte å levere den tilbake i same stand og form (6-17-41), sette eld på annan manns mark, gjerde, fiskegard eller uthus (6-19-4), og naturlegvis ulike former for opprør (6-4-4 og 5), å forfalske «Kongens Breve, Haand og Segl» (6-4-10) og å overfalle «sin af Kongen forordnet Øvrighed i deris Embede» (6-4-16). I tillegg må brennemerking, kakstryking og liknande fysiske straffer reknast som æresstraffer, for eksempel brennemerking for grove eller andre og tredje gongs tjuveri (6-17-34–38), den slags straffer som i Norge vart oppheva i 1815 av hastelova mot lemlestingsstraffer.

At det var æresstraff for desse lovbrota, kom av det same prinsippet om ære for ære; lovbrota vart rekna som ærekrenkande for offeret. Fysiske brotsverk og verbale injuriar var etter naturretten, som stod så sterkt på 1600- og 1700-talet, to typar injuriar, fornærmingar av offeret.7 Også i dag kallar vi offeret ved eit ran «den fornærma», men i gammal tid oppfatta dei dette heilt konkret, som ein injurie «som skee paa Legemet»,8 og forbrytaren måtte bli frådømt æra for at den fornærma skulle få si oppreising. (Kva ærestap innebar for den dømte: Sjå side 153–154.)

Skulle ei skulding gjelde som «ærerørige Ord» i strengaste forstand, måtte den vere ein påstand om at den angripne hadde begått eit bestemt lovbrot som gav æresstraff. Påstanden måtte vere spesifikk. Da var den angripne skulda for uærlig Sag. «Ærleg» handla ikkje da om å vere oppriktig eller sannferdig, men var avleidd av «ære» og ville seie å ha æra si i behald.9 Ein «uærleg mann» var ein som hadde lidd ærestap, kanskje fordi han hadde skulda nokon for «uærlig Sag» utan å greie å bevise at skuldinga var sann, og derfor sjølv hadde vorte dømt til «at bøde sine tre Mark» og «at være en Løgner» (6-21-2). «Løgner» var da ikkje berre eit skjellsord, men eit juridisk uttrykk med omtrent same meining som «uærlig Mand»: ein som ikkje lenger var til å lite på. Å skulde nokon for å vere «Løgner» var derfor spesifikt nok til å vere ein ærerørig påstand. Norske lov 6-21-2 nemnte allmenne skjellsord som «Tyv» og «Skelm» som ærerørige: «[…] og skielder hannem for Løgner, Skelm, Tyv, eller saadant, som den andens Ære og Lempe egentlig angaar […]». Ordet skjelm kjenner vi i dag i betydninga ‘spasmakar’; men frå ei grunnbetydning ‘åtsel, kadaver’ utvikla det seg til å bety ‘skurk, slyngel’.

Det sentrale omgrepet i æressaker under det dansk-norske eineveldet, som i naturretten, var «den borgerlige Agtelse». Den kunne juristane dele inn i to slags: «den simple og qvalificerte Agtelse».10 Mens den kvalifiserte aktelsen var ei spesiell ære regenten tildelte ein person eller ein familie, for eksempel gjennom ein æres- eller adelstittel, var den simple aktelsen, eller den allmenne, som vi kan kalle den i dag, noko kvar borgar i staten kunne gjere krav på så lenge han eller ho «lever udvortes ustraffelig, eller ikke foretager sig saadanne Handlinger, med hvilke Statens Love have sammenføiet Ærens Berøvelse eller Forringelse som Straf».11 Ein slik «Ærens Berøvelse eller Forringelse» vart kalla «borgerlig Vanære eller Infamie (infamia juris)». For å komme i vanære, infami, bli ærelaus, måtte altså ein borgar «have begaaet, eller med Grund være mistænkt for at have giort sig skyldig i, en borgerlig Forbrydelse».12

Men kva om det fanst handlingar som i alle borgarars auge var skammelege eller ærelause, men etter lovboka ikkje vart straffa med tap av den allmenne borgarlege aktelsen? Måtte ikkje også skuldingar om slike handlingar komme inn under uttrykket «ærerørige Ord» i Norske lov 6-21? Dette stod det strid om blant juristane. Blant dei som meinte at dei måtte gjere det, var den tonegivande Anders Sandøe Ørsted. I ein artikkel i tidsskriftet Juridisk Arkiv i 1806 argumenterte han for at uttrykka om «Ære og Lempe» som vart brukte om ærerørige skuldingar, «ere aabenbar Passende paa adskillige Beskyldninger, der ikke gaae ud paa borgerligvis infamerende Gjerninger».13

Dette gjaldt ei rekke grove brotsverk, det kunne vere tjuveri, bedrageri og enda verre ting. Eller uskyldigare ting. Lova føresette berre at injurianten «har paaløyet sin Medborger en Egenskab, hvis Besiddelse, eller en Handling hvis Foretagelse, efter den almindelige Menneskeforstands Dom, vilde gjøre ham aldeles foragtelig i sine Medborgeres Øyne, og altsaa paadrage ham infamia facti».14 Infamia facti var ei faktisk vanære i andre borgarars auge på grunn av handlingar som strei mot naturretten, ikkje nødvendigvis mot dei positive lovene. Ørsted rekna her med ikkje berre skammelege handlingar, men òg påstandar om vonde karaktereigenskapar hos den angripne. Dette er da «ærerørige Ord» i ein mindre streng forstand; denne oppfatninga kom snart til å bli den rådande.15

Rettstradisjon og praksis i Norge

Før 1687 hadde den norske injurielovgivinga, i motsetning til den danske,16 hatt forbod berre mot ærerørige ord, så det var ei ny lovgiving som vart innført her i landet med 6-21-4. Resultatet var, slik lovkommentatoren høgsterettsadvokat Christian Bagger Brorson skreiv, at «ethvert Udtryk, ved hvilket nogen vil fornærme en anden, er strafværdigt».17 Brorson forklarte ikkje uttrykket «utilbørlige Ord» meir inngåande enn at dei sikta til «en ikke ligefrem ærerørig Beskyldning, som vel er grundet, men dog af Dommeren ansees at være i Injuriantens Mund utilbørlig».18 Ørsted forklarte dei nøyare med at dei bestod «enten i ubestemte Foragtyttringer, eller dog i saadanne Paasagn, hvis Rigtighed ikke vilde udelukke den Fornærmede fra sine Medborgeres Agtelse».19 Ørsted følgde her ei godt innarbeidd oppfatning, slik den første norske jusprofessoren ved universitetet i København, Jens Bing Dons, forklarte den ein generasjon tidlegare:

Disse utilbørlige eller Ubeqvems Ord, ere saadanne Skieldsord eller Talemaader, som vel ikke har nogen bestemt Meening eller noget Significativ i sig, men dog vise en Slags Foragt, eller medføre og indeholde noget Uanstændigt i Almindelighed.20

Dette etterlèt ingen tvil om at «ærerørige Ord» og «utilbørlige Ord» i kapittel 6-21 i Norske lov var to skilde ting.

Kva betydde så «ærekrænkende Beskyldninger» i § 100 i den norske 1814-grunnlova? Ut frå betydninga av orda er det mest naturleg å tenke seg at «ærekrænkende» og «ærerørig» var eitt og det same. Henrik Steenbuch ser ut til å ha gått ut frå det i grunnlovskommentaren sin frå 1815, idet han utdjupa betydninga av uttrykket i § 100 med denne eine setninga: «Sande, skjønt ærerørende, Beskyldninger, maa altsaa forsætligen og aabenbare kunne fremføres mod Enhver.»21

At orda vart brukte som synonym i den samtidige juridiske litteraturen, er det heller ingen tvil om. Eit talande eksempel er denne innføringa i registerbindet til tidsskriftet Juridisk Arkiv: «Beskyldning om uredelig Retspleie er ærekrænkende»;22 går vi til det aktuelle nummeret av tidsskriftet, er ordlyden der «Beskyldning om uredelig Retspleie er ærerørig».23 Og i § 12 i forordninga av 27. september 1799 var uttrykket «i høieste Grad ærekrænkende» knytt til forbodet mot ærerørige skuldingar, mens uttrykket som vart brukt om skuldingar etter 6-21-4, var «i Forhold af Fornærmelsens Grad».

Problemet er naturlegvis at vi ikkje veit kva eidsvollsmennene tenkte. Men dei hadde gode forbilde for å kunne velje eit uttrykk som sjalta ut utilbørlege ord som straffverdige, og med det gjeninnføre grensa i lovgivinga frå før 1687. Trykkefridomsparagrafen i den franske grunnlova av 1791, hovudmodellen for § 100, hadde forbod berre mot falske skuldingar om vond vilje og urettskaffen embetsførsel hos embetsmenn, og dessutan mot krenking av privatlivet. Den svenske trykkefridomsforordninga av 1812 nøgde seg med å forby angrep «emot enskild man, hwilka å ära gå, eller för dess borgerliga namn och rygte förklenliga äro» (§ 3-11), ved sida av det sedvanlege forbodet mot krenkande uttrykk om «Rikets Embets- och Tjenstemän i och för Embetet» (§ 3-8). Og den ferske bayerske straffelova frå 1813, som Europas juristar var opptatt av, forbaud i artikkel 284 berre usanne skuldingar om handlingar som var forbodne etter den same straffelova, eller som formuleringa var: forsettleg og usant å pådikte ein annan eit lovbrot.24 Ingen av desse lovene hadde noko lovbod som likna på Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord.

Kva hadde juristane i konstitusjonskomiteen på Eidsvoll lært om dette under professor Schlegels kateter i København? I læreboka hans om naturretten frå 1798 heitte det at den som «viser Foragt mod en anden, eller søger at berøve ham sine Medmenneskers Agtelse, giør sig skyldig i en Injurie (injuria sensu strictiori) og kaldes Injuriant»;25 annleis da med den som «bebreide en anden physiske (Legems eller Siels) Ufuldkommenheder, eller ved andre Midler søge at giøre ham latterlig», det Ørsted omtalte som «ubestemte Foragtyttringer». «Saadanne Bebreidelser kunne dog ikke kaldes Injurier i strengeste Forstand.»26

I diskusjonen i 1797 med Birckner, som gjekk hardt imot å straffe slikt, hevda Schlegel at også dette så visst måtte rammast av lovgivinga, men da som utilbørlege ord, «til Forskiel fra de egentlige Injurier, hvormed man directe angriber Ens Ære».27 I naturrettsboka si presiserte han året etter at slikt burde «straffes i Staten som Politie-Forseelser»,28 dvs. som ordensforstyrringar som kunne bøteleggast av politimeisteren og låg under politiretten, ikkje dei ordinære domstolane. 6-21-4 var etter hans syn ein misforstått og misbrukt paragraf, ettersom den eigentleg ikkje var laga for å ilegge offentleg straff i det heile tatt, men var «at forstaae [s]om et privat til Skadeserstatning sigtende Søgsmaal (actio æstimatoria), der tillægges den Fornærmede imod Injurianten».29

Det som framfor alt gjorde den gamle injurielovgivinga så problematisk, var at den «upassende» æresstraffa, som Schlegel kalla den,30 skulle idømmast for alle ærerørige skuldingar. Denne straffemåten stamma frå «en raae Tidsalder» og passa ikkje inn i «vore Tiders Oplysning». Lovkommisjonen av 1797, som utpå nyåret 1798 la fram forslag om ei mildare trykkefridomslovgiving (sjå side 47), gjekk i tråd med tidsånda inn for å fjerne æresstraffa heilt og møtte stor forståing i kanselliet. Dette sette den mektige generalprokuratoren Christian Colbjørnsen seg kraftig imot,31 og han sørgde for at æresstraffa i staden vart innskjerpa i den upopulære forordninga av 27. september 1799, som han førte i pennen på ordre frå kronprins Frederik. Men berre få år etterpå var også han i ei kommisjonstilling med på å anbefale å oppheve æresstraffa, utan at det vart følgt opp.32

Det kan ha vore vegringa for denne monstrøse straffa som låg bak når mange juristar først ikkje ville gå inn på Ørsteds syn på kor breitt «ærerørige Ord» skulle famne. Dess trongare uttrykket var å forstå, dess fleire grunnar kunne dommaren finne for å skyte ei sak inn under 6-21-4 om utilbørlege ord og felle ein formildande dom.

Her i landet stod faktisk ikkje æresstraffa høgt i kurs på 1600-tallet heller, da den vart brukt stadig sjeldnare og berre i svært graverande tilfelle.33 Æresstraff hadde djupare røter i dansk rettstradisjon enn i norsk; sannsynlegvis såg mange nordmenn på den som upassande alt da Norske lov kom i 1687. Om praksisen ved norske domstolar skriv Jon Skeie at i perioden 1687–1797 vart den infamerande tremarksbota for injuriar overmåte sjeldan ilagt; berre tre gonger dømte den norske overhoffretten nokon til æresstraff.34 Dommarane veik tilbake for det, og i ei mengd tilfelle finn Skeie at anna straff vart brukt, «uagtet beskyldningerne ligefrem betegnes som ærerørige, eller man af de anførte ytringer kan se, at det gjælder ‘uærlig sag’ i lovens forstand».35 Dommarane var ikkje lovlydige; dei brukte arbitrære bøter – ikkje infamerande tremarksstraff – også på ord som var «ære og lempe for nær».36 I ei tid med stor uorden i lovverket vart 6-21-4 på denne måten ein slags lynavleiar og nyttig for domstolane. Det førte til at når ei sak vart pådømt etter den, sa det pent lite om kva slags krenking det strengt tatt var snakk om, og lovas «utilbørlige Ord» stod fram som ein diffus sekkepost.

Dette gir tilstrekkeleg grunnlag for å seie at at grunnlovsforfattarane ved å velje ordet «ærekrenkende» kan ha tatt sikte på å forby berre «ærerørige Ord» og la «utilbørlige Ord» fare, òg tatt i betraktning kor sterkt synspunkta til Birckner stod blant sentrale medlemmer av konstitusjonskomiteen på Eidsvoll, som formannen Christian Magnus Falsen. Også § 26 i det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet ville beskytte berre «hver Stats-Borgers Ære»,37 og i grunnprinsippa for arbeidet med den nye norske lovboka som lovkomitéformann Christian Krohg i 1814 utarbeidde saman med komitémedlem Niels Treschow, gjekk grensa for ærekrenking ved om «Udtrykket, Paasagnet, eller Beskyldningen, efter almindelig Folkemening, kunde ansees som ærerørigt [mi utheving] eller ikke».38

Dessutan var eidsvollsmennene sikre på at den nye lovboka snart ville vere klar, der æresstraffa ikkje trong å ha den same plassen som i Norske lov 6-21. For eksempel tok ikkje høgsterettsdommar Jens Peter Debes den med i sitt utkast til ny trykkefridomslov frå 1815,39 og i forslaget til ny straffelov som den respekterte overrettsprokuratoren Hans Møller publiserte i 1820, skulle usanne ærerørige skuldingar straffast «enten med Tugthuusarbejde fra 1–3 Maaneder eller med at miste Æren»;40 dommaren kunne da vike unna æresstraffa og samtidig dømme «efter Lov».

Da så den nye norske straffelova ikkje kom så raskt som eidsvollsmennene hadde rekna med, kva kunne dei norske dommarane gjere i tida etter 1814 anna enn å halde på den gamle domspraksisen? Eit eksempel på det er ei av dei første private ærekrenkingssakene reiste etter § 100 som kom opp til doms. Det skjedde ved Christiania Bytingsret 29. juni 1815, og den ærekrenkte var konstituert byfut i Christiania Frederik Riis, dommaren i saka mot Hans Abel Hielm. I eit avisinnlegg hadde reipslagarmeister Carl Torgersen skulda han for «Skjødesløshed og lovstridige Forhold» som dommar i ei sak Torgersen hadde hatt gåande for bytingsretten i over tretten månader.41 Dette var ein type skuldingar som kunne få alvorlege følgjer for ein dommar om dei var sanne.

Latinjuristen Riis hadde nok visst å studere dommen i ei sak i Hof- og Stadsretten i København frå 1808, trykt i det førande juridiske tidsskriftet Juridisk Arkiv som Anders Sandøe Ørsted redigerte, der ein dansk byfut hadde gått til sak nettopp på grunn av skuldingar om «uredelig Retspleie».42 Dommen slo fast at «Beskyldninger herfor ingenlunde kan henregnes til de simple utilbørlige Ords Klasse, der, som 6-21-4 udtrykker sig, Ære og Lempe ikke vedkomme». Til grunn for dette la dommen blant anna at § 1-5-4 uttrykkeleg erklærte «at Sigtelse for uredelig Retspleie er Dommerens Lempe for nær, ligesom og Forordningen 10 Julii 1795 § 24 benævner det i 1-5-2 og 3-4-4 omhandlede Slags Beskyldninger, hvortil den fornævnte unægtelig hører, som ærerørende».43

Som krenkt embetsmann forlangte Riis dom etter lovas bokstav, slik den ferske § 96 i Grunnlova påbaud, og la ned påstand om æresstraff etter 6-21-2 (for ytringar i retten) og 6-21-7 (for ytringar i avisa). Men settedommaren valde å sjå på påstanden hans som «aldeles upassende og ubeføiet», fordi skuldingane, som også han fann usanne, ikkje var «af det Slags der Ære og Lempe egentlig angaaer»,44 og han idømte ei arbitrær bot på 100 riksbankdalar etter 6-21-4.

Ein dom i Bergen Bytingsrett av 14. mai 1816 viser kor sterk denne viljen i domstolane til å søke straff etter 6-21-4 var. Dommaren der viste til ei forordning av 20. februar 1789 som løfta grensa for kva slags tjuverisaker som måtte gi æresstraff, og meinte at ein etter analogi av denne forordninga kunne slutte at grensa var løfta også for ærekrenkingar sin del. Dermed måtte fleire ytringar enn før gjelde som utilbørlege ord etter 6-21-4, ein temmeleg oppfinnsam argumentasjon.45

Høgsterett søkte òg aktivt mot 6-21-4 i den einaste trykkefridomssaka i dei første tjue åra etter 1814 der æresstraffa faktisk var tatt i bruk. Det skjedde i ei privat ærekrenkingssak reist av dei to sorenskrivarane Laurentius Borchsenius og Knud Carl Krogh mot tidlegare jernverksforvaltar Johan Hjort på Eidsvoll, ein mann berykta som både vinkelskrivar og notorisk kverulant og innblanda i mange rettsprosessar.46 Hjort hadde forfatta eit klageskrift mot dei to som han fekk stortingsrepresentant pastor Søren Abel til å lese opp for Stortinget 2. april 1818, der begge dei to krenkte var valde representantar, og som han etterpå offentleggjorde i Christiania Intelligentssedler.

Det var ein kanonade av alvorlege skuldingar Hjort fyrte av mot dei to sorenskrivarane; at han var offer for deira «tyranniske og voldsomme Adfærd» i ei tidlegare rettssak, der dei som dommar og prokurator hadde handla «barbarisk og umenneskelig»; at «ingen Borger i Staten kan være sikker på Liv, Ære eller Velfærd» med ei slik behandling; at Krogh var medskyldig i ran; at Borchsenius som skifteforvaltar for dødsbuet etter kona til Hjort hadde opptredd lovstridig; og at begge i det heile tatt hadde handla ulovmessig.47 Både underretten og overretten kom fram til at Hjort for desse usanne skuldingane ikkje kunne unngå den strengaste straffa lova føreskreiv, og bli frådømt æra.

Høgsterett oppheva i sin dom av 7. juli 1821 æresstraffa, enda dommarane var einige med under- og overretten i at dei fleste skuldingane var både usanne og ærekrenkande. Men høgsterettsdommarane var generelt ikkje begeistra for æresstraffa og unngjekk den gjerne også for andre slags brotsverk der ein lågare rettsinstans hadde følgt lovboka strengt, for overfall og røveri,48 for ran49 og for hor og løgn i farskapssaker50. Da var det berre logisk at dei unngjekk den også i trykkefridomssaker. Jusprofessor Lorentz Lange uttrykte dette i sitt votum idet han meinte at Hjort måtte sleppe å bli pålagt sakskostnadene fordi han hadde vore nøydd til å gå til Høgsterett for å bli fri tremarksstraffa.51 Resultatet var ei mulkt på 50 spesidalar etter 6-21-4.

Høgsterett valde i dommen bevisst, etter forslag frå sistvoterande høgsterettsjustitiarius Johan Randulf Bull, å ikkje kalle skuldingane ærekrenkande, men Hjorts «overdrevne Udtrykke og upassende Skrivemaade og udviste utilbørlige Forhold»,52 openbart for å få dommen til å passe med ordlyden i 6-21-4. Dermed er det klart at Norske lov 6-21-4 ikkje var oppheva i trykkefridomssaker av § 100 i Grunnlova, enda forboda i dei to paragrafane ser ut til å ha vore motstridande.

Året etter var det Namdalen tingrett som avsa ein æresdom som aldri vart rettskraftig. Den fall 10. oktober 1822 mot bondepolitikar Hans Barlien for harde skuldingar på tinget mot ein prokurator; dette var altså ikkje ei trykkefridomssak. Framfor alt var den ein politisk aksjon; dei lokale styresmaktene såg på Barlien som ein oppviglar av allmugen og overvakte og forfølgde han systematisk, og saka gjorde at Barlien ikkje vart godkjent som stortingsmann. Da hjelpte det lite at Trondhjems Stiftsoverret i ein dom av 19. januar 1824 på vanleg vis omgjorde æresdommen til ei bot på 40 spesidalar etter 6-21-4.53

Frå «ærerørige» til «ærerørige og utilbørlige» ord

At juristar kunne sjå på § 100 og 6-21-4 som motstridande i dei første åra etter 1814, blir klart uttrykt i overrettsdommen i saka mot Hans Chrystie i august same år (hovudbehandlinga av den kjem seinare i dette kapittelet): Dommarane i overretten gjekk ut frå at «ærekrænkende Beskyldninger» i § 100 måtte vere å forstå som berre «dem, der gaae Ære og Lempe for nær».54

Det meinte òg Torkel Halvorsen Aschehoug 69 år seinare, i 1885. Grunnlova opna etter hans oppfatning likevel for å straffe også utilbørlege ord, «idet en saadan Forseelse kan henføres under et andet i Grl.s § 100 forekommende Udtryk, nemlig at vise ‘Ulydighed mod Lovene’».55 Når det i straffelovene fanst eit eige forbod mot utilbørlege ord, gav dette uttrykket i § 100 domstolane heimel til å dømme etter det lovbodet. Jusprofessorane Bredo Morgenstierne og Frede Castberg kom til å meine det same.56

I Chrystie-saka i 1816 landa også Aggershuus Stiftsoverret på at 6-21-4 faktisk kunne brukast trass i betydninga av ordet «ærekrænkende» – men med ei heilt anna grunngiving enn Aschehoug si. I motsetning til i Klungseth-saka uttrykte retten no dette eksplisitt: Enda det slett ikkje følgde av Grunnlovas ord, kunne «fornærmelige skiøndt ej Ærerørige Ord og Beskyldninger» påtalast, fordi det ikkje strei mot Grunnlovas ånd, eller som overretten formulerte det: Det måtte vere «overeensstemmende med den Ansvarlighed som Grundloven byder […]. Borgerens gode Navn og Rygte kan ej paa anden Maade sikkres».57

Det som gjorde overretten sikker i si sak, var at «Lovens 6-21-4. Artcl. i Almindelighed [mi utheving] straffer Ord, der ansees af Dommeren at være endog blot utilbørlige». Det retten uttrykte med «i Almindelighed», var at paragrafen var ei alminneleg straffelov som gjaldt i alle samanhengar, for allslags ytringar, og at den da særleg måtte ramme ytringar som «fremføres paa en Maade, der efter Sagens Natur tilkiendegiver det fuldkomneste Overlæg, og tillige ere mere end almindelig krænkende for Paagieldende». Den tilhørte altså ikkje den spesifikke trykkefridomslovgivinga.

Ei rimeleg utlegging av dommen er denne: Paragraf 12 i 1799-forordninga hadde nok peika ut 6-21-4 som ein straffelovsparagraf dommarane kunne gå til når dei skulle utmåle straff for misbruk av trykkefridommen i ærekrenkingssaker. Men slik kunne det ikkje vere lenger, ettersom § 100 ikkje omfatta eit forbod mot utilbørlege ord. Denne straffeanvisinga i § 12 i 1799-forordninga måtte vere å sjå på som oppheva. Frå no av var 6-21-4 åleine den paragrafen i lovverket som forvalta forbodet mot utilbørlege ord, og § 100 hadde ikkje makt til å oppheve den – dvs. kunne ikkje tre inn i den funksjonen den hadde – fordi 6-21-4 gjaldt også andre forhold enn trykte ord. Som lovkommentator Brorson hadde peika på i eit tilfelle da spørsmålet hadde vore aktuelt under eineveldet: «Skulde den, som straffes, naar han mundtlig og uden Overlæg, i en snever Kreds fornærmer andre, undgaae Lovenes Revselse, fordi han med modnere Overlæg i et trykt Skrift begaaer samme Handling?»58 Ei slik logisk slutning kunne berre bygge på forbodet i 6-21-4, som dermed var einaste rettsgrunnlag for straff for utilbørlege ord.

Dette var bakgrunnen for at overretten kunne hente heimel for dommen mot Klungseth for utilbørlege ord direkte frå Norske lov 6-21-4. Det fall ikkje overretten inn at «Ulydighed mod Lovene» kunne ha noko med saka å gjere, slik Aschehoug meinte 69 år seinare, eit innlysande grep å ty til dersom dommarane hadde hatt den fjernaste idé om ei tolking av uttrykket i retning av den Frederik Stang la fram i 1833 (sjå drøftinga av dette på side 92–132). Tankegangen til overretten var den same som i det prinsippet Jonas Anton Hielm gav uttrykk for på same tid, at § 100 ikkje kunne gjere det lovleg å trykke ytringar som var straffbare dersom dei vart sette fram på ein annan måte (sjå side 115): Utilbørlege ord låg utanfor trykkefridomsparagrafens virkeområde, hørte ikkje til trykkefridommens vesen. Paragraf 100 skulle regulere det Schlegel kalla injuriar i strengaste forstand. Trykte utilbørlege ytringar var handlingar av ein annan type og dermed ikkje trykkefridomsbrot, men regulerte av det generelle forbodet i 6-21-4 mot utilbørlege ord. Ein krunglete argumentasjon for oss, men nødvendig for overretten i 1816.

Eit anna spørsmål er om overretten verkeleg kunne meine at så grove uttrykk som dei Klungseth hadde brukt – at generalmajor Meyer hadde favorisert sin eigen steson framfor betre kandidatar til ei rittmeisterstilling og dermed praktisert nepotisme i tenesta som høgare offiser – ikkje var ærekrenkande i ordets strengaste forstand. Meir sannsynleg er det at Klungseth etter overrettens syn kvalifiserte til å bli dømt for ærekrenking etter 6-21-7, slik generalmajoren sjølv påstod i det private søksmålet. Men fordi det strei mot tidas rettsoppfatning å frådømme folk æra, dømte retten – som Gløersen i første instans – arbitrært formildande. Overretten brukte da òg uttrykket «lige med utilbørlige Ord», ei parallell formulering til formelen ved arbitrære dommar, «etter analogi av». Overrettens dom fall da ikkje strengt «efter Lov».

Saka var at med dei utrangerte straffene i injurielovgivinga trongst 6-21-4 framleis som lynavleiar, elles ville alle reelle ærekrenkarar heretter måtte bli frådømt æra «efter Lov», i så fall eit mykje strengare strafferegime enn før 1814, da arbitrært formildande dommar var det vanlege; kort sagt ein uakseptabel situasjon. Og naturlegvis måtte ein paragraf som skulle kunne brukast arbitrært, vere ein gjeldande paragraf; «af en ophævet Lov synes man ubeføiet til at drage nogen Analogie»,59 som Henrik Steenbuch slo fast i ein annan samanheng. Og fordi 6‑21-4 elles kolliderte med § 100, kunne den berre vere gyldig som ei lov utanfor trykkefridomslovgivinga.

Når ordet ærekrenkande i perioden etter 1814 så på få år glei over til å bety «ærerørige og utilbørlige Ord», kom det av at mange dommarar ikkje reflekterte over ordlyden i Grunnlova og ikkje såg at den kolliderte med 6-21-4, slik dommarane i Aggershuus Stiftsoverret gjorde i sakene mot Klungseth og Chrystie i 1816. Dei trong paragrafen, og dommarane i Riis-saka i 1815 og dei fleste ærekrenkingssaker etterpå idømte arbitrær straff etter 6-21-4 slik dei alltid hadde gjort, no med heimel i både § 100 og 1799-forordninga. (Gode eksempel på denne utviklinga finst i kapittelet «Basketak på Hedemarken» som avsluttar del 2.)

Enkelte dommarar som dømte slik, hadde likevel reflektert over tankar som dei stiftsoverretten gjorde seg i Chrystie-saka, men forkasta dei. Eitt eksempel på det er dommen i Nordre Hedemarken Tingret av 3. juni 1819 i ei sak mot bonde Ole Nashoug frå Vang, ei spesiell sak fordi Nashoug fekk eit privat søksmål for ærekrenking på nakken etter at han i juli 1818 hadde skrive ein beisk kritikk i Christiania Intelligentssedler av to offentlege institusjonar, amtssjukehuset og Vang arresthus. Dei to ansvarlege for institusjonane, landsfysikus Christian Lintrup og amtmann Lauritz Weidemann, erklærte seg personleg krenkte, og med beneficium processus gratuiti i handa kravde dei Nashoug dømt til ei avskrekkande mulkt etter § 12 i 1799-forordninga. Dommaren, prokurator Jacob Timmermann i ei kortvarig rolle som konstituert sorenskrivar i Nordre Hedemarken sorenskriveri, sa seg einig med amtmannen, sin statleg overordna, og kalla Nashoug en «ondskabsfuld Person»60 som måtte idømmast straff etter 1799-forordninga og 6-21-4. Hans subsidiære drøfting av statusen til 6-21-4 gjekk slik:

Vil man endog antage at Grundlovens § 100 har forandret Bestemmelserne i bemeldte Fr., hvilket dog ej er denne Rets Mening, […] saa maae dog enhver Forfatter der udspræder løgnagtige og usandfærdige Beskyldninger være sig enten imod Regjeringen, Øvrigheden, Embedsmænd eller andre, Trykkefriheden uforkrænked [mi utheving], være Straf undergiven, i Følge selve Lovgivningen [mi utheving], naar han uforskyldt setter sine Medborgere i et ufordelagtig Omdømme og derved søger at opvække Misnøje med dem og de offentlige Foranstaltninger samt disses Bestyrelse.61

Tydelegvis hadde Nashougs sakførar prosedert på at § 100 heilt hadde oppheva forbodet mot utilbørlege ord. Dommar Timmermann avviste dette med det same resonnementet som Aggershuus Stiftsoverret hadde brukt i Chrystie-saka: Dersom § 100 hadde endra 1799-forordninga på dette punktet, var utilbørlege ord likevel forbodne etter Norske lov sjølv når trykkefridommen ikkje var krenkt. Men etter hans oppfatning hadde ikkje § 100 ført med seg ei slik endring, og han dømte som om 6-21-4 var ein del av trykkefridomslovgivinga. Saka vart ikkje anka.

Denne domspraksisen i saker som gjaldt utilbørlege ord, var på dette tidspunktet dominerande, og det var den Høgsterett følgde i dommen i Hjort-saka i 1821. Betydningsforskyvinga var dermed fullført også forfatningsrettsleg: Det fanst no eit prejudikat frå den øvste domstolen som sa at utilbørlege ord var eit misbruk av trykkefridommen, dvs. at siste ledd i § 12 i 1799-forordninga om fornærmingar «af det Slags, der findes anført i bemeldte Capitels [6-21] 4 Artikel», ikkje var oppheva av § 100.

Hjort-saka var første gong høgsterettsdommarane hadde hatt sjansen til å vise si haldning til 6-21-4, ettersom den var den første private ærekrenkingssaka reist på grunnlag av § 100 som nådde så langt. Grunnen til at ingen slike saker hadde gjort det tidlegare, var at nesten alle idømte eller påståtte mulkter låg under ankegrensa til Høgsterett på 100 spesidalar, mens æresstraff, som Johan Hjort hadde vorte idømt, alltid kvalifiserte til anke. Under voteringa i Høgsterett diskuterte ikkje dommarane eksplisitt statusen til utilbørlege ord; men ein ny sjanse til det meldte seg da neste private ærekrenkingssak kom opp til votering 15. november 1821, ei sak reist mot krigsråd og opposisjonsmann Peter Flor.

Flor hadde i eit innlegg i Det Norske Nationalblad i august 1819 skulda amtmann i Buskeruds Amt og riddar av Nordstjerneordenen Johan Collett for å ha kjøpt såkorn til dei lokale bøndene på vegner av kongen i strid med privilegia for handelsborgarane i Drammen. Blant mykje anna hevda Flor at Collett dermed hadde «fornærmet den hele Nation ved at suspendere Lovenes Virkning»,62 ei stygg skulding mot ein statens embetsmann. Collett søkte og fekk beneficium processus gratuiti og reiste sak for bytingsretten i Drammen. Der la sakføraren hans, Andreas Bang, som no hadde klatra eitt trinn opp på den juridiske rangstigen og var overrettsprokurator, ned påstand om mortifikasjon av Flors «Uqvemsord samt ærerørige Ord og Udladelser», mens han overlét til retten, ex officio, dvs. på eige initiativ, å ta stilling til om Flor burde idømmast mulkt «formedelst hans ærerørige og ubeføjede Beskyldninger».63

Flor hevda imot dette at ordet «ærerørige» kolliderte med både beneficiumet frå kongen, aksjonsordren frå Buskeruds Amt og Bangs eiga rettsstemning, som alle brukte uttrykket «formeentlig fornærmelige [mi utheving] Udladelser».64 Aggershuus Stiftsoverret støtta han i det da saka seinare kom dit, fordi «dette Udtryk, hvor omfattende det end maatte være, ikke antages at strække sig til Sigtelser, der tillige røre den Tiltaltes Ære og Lempe».65 Flor meinte derfor at Bang ikkje kunne påstå dom for «ærerørige Ord», berre for fornærmelege, dvs. utilbørlege: «Dem og intet andet er han berettiget til at paatale.»66 Opposisjonsmannen og trykkefridomsforkjemparen Flor måtte da meine at forsettlege, openbare og usanne utilbørlege ord godt kunne påtalast og straffast som misbruk av trykkefridommen.

Dette vart ståande uimotsagt både i bytingsretten i Drammen, som dømte imot han og mortifiserte skuldingane hans, og i Aggershuus Stiftsoverret, der han vann saka. I Høgsterett stadfesta eit fleirtal på fire av sju dommarar den fellande dommen i bytingsretten og gav samtidig klart uttrykk for at dei ville ha mulktert Flor for fornærmelege ytringar om dei berre hadde kunna. Men dei kunne ikkje; alle tre rettsinstansar slo fast at straff ikkje kunne idømmast ex officio i ei privat sak når den krenkte parten ikkje hadde lagt ned ein bestemt påstand om det. Flor hadde den ubestemte påstanden til overrettsprokurator Andreas Bang å takke for at han slapp straffri frå affæren.

Justitiarius Johan Randulf Bull sette punktum for voteringa i Høgsterett med denne vurderinga av kva som kvalifiserte for straff etter trykkefridomslovgivinga: «Enhver Fornærmelse ved Trykken anseer jeg for qualificeret med Hensyn dens større Publicitet; og Flor kunde gjerne have sagt det samme, men ei i saadanne fornærmende Udtryk.»67

Problemstillinga vart tatt opp i klartekst i ein dom i Christiania Bytingsret i 1835. Bokhandlar Johan Fjeldsted Dahl hadde reist injuriesak mot skribenten Sylvester Sivertson for krenkande uttrykk i Morgenbladet i desember året før, og forsvarar Jonas Anton Hielm hevda at Sivertsons uttrykk ikkje var straffbare, fordi berre ærekrenking i streng forstand var forbode etter § 100. Dette gjekk dommaren, byfut Niels Thrap, imot, fordi det ved høgsterettsprejudikat var avgjort at ikkje berre slike uttrykk, men òg «de saakaldte utilbørlige Ord […] indbefattes under de i bemeldte Grundlovs § omhandlede ærekrænkende Beskyldninger». Grunnen var, heitte det i dommen, at det ikkje kunne utleiast av § 100 at Grunnlova ville ta frå borgarane retten til å påtale fornærmingar. Å kalle nokon «lapsete», slik Sivertson hadde gjort, måtte vere straffbart fordi det openbart inneheldt ei foraktytring, og fordi uttrykket «utilbørlige Ord» ikkje føresette at skuldingar rørte ved den moralske karakteren til den fornærma.68

I denne utvida betydninga var det at «ærekrænkende» vart med inn i straffelova av 1842,69 enda den altså med Jon Skeies ord «betegner en virkning, som retten dengang ikke krævede». Termen «ærekrænkende» var dermed ikkje lenger synonym med «ærerørig». Ein annan indikasjon på denne utviklinga er at mens Jens Peter Debes i sitt lovutkast frå 1815 nøgde seg med uttrykket «ærerørige Beskyldninger»,70 tok Hans Møller i sitt lovforslag frå 1820 òg med «utilbørlige Ord».71 Ein freistande kontrafaktisk tanke er at det kunne ha enda annleis dersom ei ny norsk straffelov hadde komme like raskt som riksforsamlinga la opp til.

Ei medverkande årsak til at det kunne ende slik, er at det ikkje var denne sida ved trykkefridommen borgarskap og embetsstand var mest opptatt av, men den politiske fridommen, retten til fritt å kunne seie meininga si offentleg. Da denne politiske fridommen var vunnen, slo ein skrekk ned i borgarar og embetsmenn for at allmugens simple og udanna grovheiter skulle blande seg inn på den nye offentlege arenaen (dette kjem det straks eit eksempel på i Klungseth-saka) Det var denne skrekken Jonas Anton Hielm ville parere da han i 1815 kunngjorde at for å få noko på trykk i Det Norske Nationalblad måtte «en saadan Anstændighed i Sprog og Udtryk iagttages, som sømmer sig for at optræde offentlig i dannede Kredse» (sjå side 172). Det var ikkje dei betrestilte i samfunnet imot å slå ned på fornærmande ytringar med lova i hand sjølv der dei ikkje hadde ærekrenkande kraft; «Borgerens gode Navn og Rygte kan ej paa anden Maade sikkres», som overretten uttrykte det i 1816.

Æresstraff mot allmugens upolerte stemme

Norske lov 6-21-4 kom til å fungere godt som lynavleiar for æresstraffa ved domstolane. I 1832 kunne høgsterettsadvokat Guldbrand Thesen, oppnemnt sakførar for Henrik Wergeland i den bitre og øydeleggande ærekrenkingsprosessen hans mot prokurator Jens Obel Praëm, oppsummere situasjonen slik: Æresstraffene i Norske lov 6-21 var «i den Grad befundne uovereensstemmende med Tidsalderens Fordringer, at han [Praëm] neppe, endog fra en lang Række af Aar, skal være istand til at paavise et eneste Exempel paa, at de ved Domstolene ere tagne til Følge endog der, hvor casus legis [forhold oppgitt i lova] har været tilstede».72 Da hadde Praëm påstått æresstraff for Wergeland etter 6-21-7 for blant mykje anna å ha kalla han «denne Forbryder mod Stat og Menneskehed» i eit innlegg i Morgenbladet 15. april 1831.73

Interessant nok var Praëms sakførar i prosessen mot Wergeland, prokurator Erik Hauge, einig med Thesen i «Tremarksstraffens Uforenelighed med Tidsaanden, og at en human Lovgivningspolitik fordrer dens Afskaffelse».74 Så la han til: «Jeg er derfor ogsaa fuldkommen overbeviist om at den, efterat være af Retten, som aldrig maae ophøre at tænke sig som Lovens lydige Tjener, anvendt in casu [i dette tilfellet] ved Kongl: Benaadning vil bortfalde.» Han forlangte dom etter kravet i § 96 i Grunnlova om å dømme «efter Lov», fordi han kjente seg sikker på at kongen ikkje ville la ei slik rå straff frå ei forgangen tid bli ståande.

Det er ein historias ironi at dei to advokatane uttalte dette like før æresstraffa med eitt vart brukt i eit omfang som saknar sidestykke i norsk historie, berre få år før den vart avskaffa med straffelova av 1842,75 slik den også var fjerna i eit (ikkje vedtatt) forslag til ny trykkefridomsforordning Anders Sandøe Ørsted utarbeidde i Danmark to år seinare.76

I heile sju trykkefridomssaker i åra 1833–1836 fall det æresdom: éin i Aggershuus Stiftsoverret, fem i Christiania Bytingsret og éin i Trondhjems Bytingsret. Det set ein ekstra spiss på ironien at høgsterettsadvokat Guldbrand Thesen som konstituert byfut i Christiania sjølv avsa ein av dommane, 16. desember 1834, mot prokurator Torkild Torkildsen, for usedvanleg grove ærekrenkande uttrykk i Christiania Intelligentssedler og i innlegg i retten; og han ville ha idømt Torkildsen ærestap også i ei anna sak 5. mars 1835 om ikkje æra alt var tapt.77 Den eine dommen i Trondheim 15. desember 1836 gjaldt preliminarist og opposisjonell skribent Ola Hanssen for ærekrenkande skuldingar i Flyvebladet nr. 5 1834 mot sokneprest i Kvikne Peder Bjørnson, far til Bjørnstjerne Bjørnson, den same Ola Hanssen som i 1829 hadde vore tiltalt, men frikjent for å ha vist og tilskynda til ulydnad mot kongen (sjå side 111).

Dei fem andre dommane fall mot skribentar i det opposisjonelle bladet Statsborgeren; ein overrettsdom av 24. juni 1833 mot privatlærar Hans Martin Reinertsen og fire bytingsdommar: 1. august 1833 mot den same Reinertsen, 9. april 1835 mot jurist og bonde Jens Johan Vangensten og 15. og 22. oktober 1835 mot redaktøren, Peder Soelvold. I tillegg vart det avsagt dom etter 6-21-4 i fem andre rettssaker mot det formastelege bladet, som vart utsett for eit reint bombardement av søksmål.

Grunnen til både bombardementet og dei strenge dommane var nok at med bladet Statsborgeren skjedde det som borgarskap og embetsstand hadde frykta: Allmugens upolerte stemme lydde i den offentlege debatten og yppa seg mot det beståande, ved den udanna og uredde husmannssonen Peder Soelvold frå Holla i Telemark. Soelvold ville prøve ut grensene for trykkefridommen og «gavne Fædrenelandet ved uafladelig at efterspore grundlovstridige og egenmægtige Foretagender […] med Sandhedens og Frimodighedens djærve Sprog».78

Soelvold forskrekka samtidas privilegerte, og dei reagerte med å forakte og forfølgje han. Typisk i så måte er eit innlegg i Morgenbladet: Soelvold var ein falsk profet som «liig en med Tryllekraft begavet Klapper-Slange snige sig om mellem os», slik at «vor Frihed» kunne «udarte til en Raahed og et Pøbelregimente».79 Spesielt ille var det at han med agitasjonen sin var skyld i at stortingsvalet i 1832 gav landet eit «Pøbelstorthing» der allmugen hadde heile 45 representantar mot embetsmennenes 33, «en Invasion af Barbarer», ein «Uvidenhedens Triumph».80 Frontane var harde, situasjonen tilspissa, og æresstraffa – saman med tap av portomoderasjonen frå kongen – gjorde jobben og knekte både Soelvold og bladet hans. Den kongelege nåden som prokurator Erik Hauge hadde stolt slik på i Wergelands tilfelle, merka han naturlegvis ingenting til.

At det var eit sterkt element av klassejustis i dette, kan det knapt vere tvil om; dei skuldingane Wergeland lét hagle over Praëm, var minst like grove, men vart av tingretten i Eidsvoll og Aggershuus Stiftsoverret på sedvanleg vis behandla som utilbørlege ord.81 Vel vart Soelvold frikjent ved to overrettsdommar av 3. april 1837 og 2. mars 1840, men da hadde stempelet som ærelaus alt knekt han som opposisjonell stemme, og han døydde sjuk, forarma og forakta i 1847 og vart lagt i ei namnlaus grav på gamle Akers kyrkjegard.82 Også kjøpmannssonen Ola Hanssen i Trondheim døydde lutfattig og forakta, alt i 1840, 34 år gammal,83 og før ankesaka hans for Trondhjems Stiftsoverret var avslutta.84