«Den Mængde Presseforfølgelser, som fandt Sted i de første Frihedens Aar»,1 var Henrik Wergelands uttrykk for dei trykkefridomssakene regjeringa hadde sett i gang mot Hans Chrystie, Ole Wernsen Klungseth, Christen Grønnerup og Hans Abel Hielm. Dette uttrykket – denne «Mængde Presseforfølgelser» – har vorte gjentatt så ofte at det er nesten forbløffande å sjå at det handlar om fire aksjonar: mot to små lesarinnlegg i Christiania Intelligentssedler, mot eitt i Det Norske Nationalblad og mot eitt uttrykk i ein lengre artikkel i same blad; og juridisk stod regjeringa svakt i dei alle.

I 1816 kom det til å falle ei rekke dommar i dei fire sakene, og i alle tre rettsinstansar. Dels avklarte dei dei temaa sakene hadde reist så langt, dels reiste dei nye problemstillingar.

Chrystie: frifunnen, men idømt sakskostnader

Den første dommen dette året fall i saka mot kjøpmann i Moss Hans Chrystie, som regjeringa hadde tiltalt for å ha ærekrenkt Commissariats-Commissionen i eit innlegg i Christiania Intelligentssedler ved å hevde at dei ikkje hadde evna å gi soldatane dei forsyningane dei trong i den korte krigen mot svenskane. Bytingsdommen vart avsagt på rådstua i Moss 8. januar av byfut Gregers Winther Wulfsberg. I denne andre dommen etter 1814 om realiteten i ei offentleg reist trykkefridomssak var det regjeringa som tapte.

Eidsvollsmannen Wulfsberg innleidde dommen med ei betraktning som viste hans oppfatning av kva slags rettsprinsipp trykkefridomsparagrafen i Grunnlova hadde innført. Når Hans Chrystie hevda at Commissariats-Commissionen måtte forbetrast «ved at besættes med Mænd, som have Kundskab nok til at beklæde denne vigtige Post», så kunne ein ikkje med kommisjonen forstå dei personane som sat i den, men «selve Indretningen, der af Regjeringen var anordnet til Armeens Forsyning».2 Det var kommisjonen som ifølgje Chrystie ikkje var god nok, og denne påstanden kunne derfor synast å fornærme regjeringa, som hadde oppretta den. Med det sikta Wulfsberg til tankegangen frå eineveldets tid om at kritikk av ein offentleg institusjon var eit angrep på dei høge statsmaktene som stod bak institusjonen. Men, heldt han fram,

fra denne Synspunct kan Sagen ingenlunde betragtes, da Actionens Anlæg ingen saadan Fornærmelse har til Gjenstand, ligesaalidet som dertil kunde være Anledning [mi utheving] hverken efter Sagens Natur eller efter Grundlovens 100de §. og Forordningen af 27de Septbr. 1799, § 7, hvilke Lovsteder begge udtrykkelig tillade Undersaatten i trykte Skrifter at yttre sig frimodigen om Statsstyrelsen.3

Slik la han avstand til den gamle tankegangen som tidlegare hadde ført til ein heil del trykkefridomsaksjonar.

Når Wulfsberg òg viste til § 7 i 1799-forordninga, gjorde han det på ein annan måte enn aktor Morgenstierne i Hielm-saka. Morgenstierne hadde peika på formuleringar i paragrafen som innsnevra grensene for trykkefridommen, og påstått at § 100 var å forstå like eins. Wulfsberg gjorde det motsette og viste til § 7 i den grad den bekrefta retten til frimodige ytringar i Grunnlova, slik også Hans Chrystie hadde påberopt seg den i rettsforhøret 5. desember 1814. Slik heldt han seg til § 94 i Grunnlova, at dei lovreglane skulle gjelde som «ei stride imod denne Grundlov». Mens lovreglar i § 7 som ikkje strei mot Grunnlova, ikkje nødvendigvis var sette ut av kraft, var alle andre lovreglar der det.

Og det var andre lovreglar i § 7 som kunne ha gitt grunnlag for å dømme Chrystie. I domspremissane kritiserte Wulfsberg han for hans «uforsigtige Skrivemaade».4 Ifølgje § 7 skulle ein skribent «udtrykke sig med Beskedenhed, og ei tilsidesætte den Ærbødighed, han, som Borger og Undersaat, er Regieringen og Lovgiveren skyldig» eller bruke «utilbørlige og usømmelige Udtrykke». Straffa var «Fængsel paa Vand og Brød, fra 4 til 14 Dage». Tidlegare hadde dette forbodet ført til fellande dommar. Men Wulfsberg nemnte det ikkje i dommen og såg openbart ikkje på ein uforsiktig skrivemåte som noko lovbrot, slik det derimot framleis vart konsekvent praktisert i Danmark.5

I vurderinga av skyldspørsmålet etter tiltalen om ærekrenking av kommisjonsmedlemmene la Wulfsberg utelukkande § 100 til grunn, utan å gå vegen om 1799-forordninga. Hans Chrystie hadde ikkje, skreiv han, skulda dei for «Uredelighed enten i deres offentlige eller private Liv» og heller ikkje for nokon «directe Overtrædelse af deres Pligter, men allene tillagt dem Mangel af den fuldkomneste Kundskab i et vist enkelt Embedsfag». Derfor kunne «de af Tiltalte brugte og under nærværende Sag paatalte Udladelser ikke ansees for ærekrænkende og altsaa ikke, ifølge § 100 i Grundloven, blive strafbare».6

Av denne formuleringa går det ikkje eintydig fram kva for ein av dei tre analysemodellane våre denne dommen passar inn i, bortsett frå at det iallfall ikkje kan vere domsmodell A; 1799-forordninga har ingen sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag her.

Etter domsmodell B ville formuleringa bety at § 100 som overordna og avgrensande norm hindra at ei eksisterande straffelov kunne gi eit gyldig rettsgrunnlag for straff i dette tilfellet. Vi må likevel merke oss at skyldspørsmålet vart avgjort ut frå § 100 åleine, og at dommaren ikkje først tok opp ordlyden i den paragrafen i 1799-forordninga som etter domsmodell B skulle danne rettsgrunnlag, og drøfta den opp mot Grunnlovas avgrensande ordlyd, slik Morgenstierne hadde gjort. Dette kan peike mot domsmodell C, der ei slik avgrensande drøfting ikkje trongst, og der formuleringa i dommen ville bety at sjølve § 100 rett nok i dette tilfellet ikkje gav eit slikt rettsgrunnlag, men ville ha gjort det om dommaren hadde funne lova broten.

Ei streng språkleg tolking av formuleringa peikar sterkast mot domsmodell C, som i Klungseth-dommen i Nordre Hedemarken Tingret to månader før. Ei logisk omskriving dersom Chrystie hadde vore skyldig, måtte gå slik: «De paatalte Udladelser ansees for ærekrænkende og er altsaa ifølge § 100 i Grundloven strafbare.» Dette kan ikkje seiast innanfor domsmodell B, der berre ei alminneleg straffelov kan gjere ei handling straffbar.

Men for alt vi veit, ville Wulfsberg ha formulert seg annleis ved ein fellande dom. For eksempel kan vi forstå behandlinga hans av § 7 i forordninga som at han hadde målt den opp mot § 100 som overordna norm, som i domsmodell B. Problemet er at dommen ikkje i det heile tatt drøftar statusen til § 100 opp mot 1799-forordninga. Det speglar mest av alt at temaet ikkje var oppe under rettsforhandlingane (sjå side 152), og at det ikkje greip inn i nokon av dei vurderingane dommaren fann å måtte gjere.

Ein ting dommen ikkje kom inn på, var kva slags grunn dei nye medlemmene av kommisjonen kunne ha hatt for å kjenne seg fornærma når skuldinga var retta mot dei tidlegare medlemmene; det var da heller ikkje lenger eit moment som måtte drøftast når kritikken frå Chrystie ikkje kunne krenke æra deira.

Heller ikkje drøfta dommen aktor Lauritz Tranekjærs påstand om mulkt etter den milde Norske lov 6-21-4 om utilbørlege ord som ikkje kom «nogens Ære og Lempe for nær». Wulfsberg heldt seg strengt til § 100 og den terskelen for ærekrenking som var reist der: Når Chrystie ikkje hadde ærekrenkt nokon etter § 100, trong dommaren heller ikkje utmåle noka straff ved å gå inn på § 12 i forordninga av 27. september 1799 og dei ulike paragrafane under 6-21 i Norske lov forordninga da ville ha vist han vidare til.

Enda han var fullstendig frifunnen for tiltalen, fekk Hans Chrystie svi. Etter dommarens meining var det han sjølv som «ved sin uforsigtige Skrivemaade har foranlediget Actionen».7 Det private motsøksmålet mot kommisjonsmedlemmene om ei erstatning på 1000 riksbankdalar sølvverdi og 300 riksbankdalar i sakskostnader måtte derfor falle bort, og Chrystie måtte betale alle sakskostnadene til det offentlege, deriblant 150 riksbankdalar sølvverdi til aktor Tranekjær, enda det var Hans Chrystie som hadde vunne saka og tollprokurør Lauritz Tranekjær som hadde tapt. Dette er eit eksempel på det som gjorde folk så redde for rettsvesenet: Enda om Justitien utan god nok grunn drog nokon for retten, måtte dei tiltalte kanskje punge ut med store summar for kostnadene til den rettsprosessen som frifann dei.

At dette verkeleg kunne halde folk frå å ytre seg kritisk, har vi eit vitnemål om frå opposisjonsbladet Mimer i Kristiansand, som vart starta i mars 1816 (sjå side 169). Da ein del lesarar alt etter kort tid var misfornøgde med den forsiktige linja bladet hadde lagt seg på, forklarte utgivaren at han redigerte bladet slik for å unngå rettsprosessar og «omtrækkes igiennem alle Formalitetens og Exceptionernes Irgange, da han selv hverken er formuende eller lovkyndig, ei heller beslægtet med nogen saadan der kunde udlede ham af Labyrinthen».8 Sakene som pågjekk i rettsapparatet, hadde skremt han, og Mimer vart verande bleikt og tamt som opposisjonsblad i alle dei ni månadene det heldt seg i live. Slik kunne Justitien på eitt vis vinne fram sjølv med tapt sak.

Endeleg vart uttrykka Hans Chrystie hadde brukt i Christiania Intelligentssedler, mortifiserte: Dei skulle «døde og magtesløse være og ikke komme nogen af bemeldte Commissions Medlemmer til Fornærmelse og Skade paa Ære, gode Navn og Rygte eller i nogensomhelst Henseende».9 Dette kan sjå underleg ut, ettersom Chrystie var frikjent og uttrykka hans ikkje var ærekrenkande mot nokon. Forklaringa er at ein mortifikasjon ikkje nødvendigvis hang saman med skyldspørsmålet, men var eit sjølvstendig rettsmiddel til oppreising for den krenkte. Det retta «ingen straffebod mod injurianten»10 og kunne òg brukast der retten ikkje fann noka straffskyld. Nokon lovheimel for mortifikasjon fanst likevel ikkje. Praksisen var «skjønt udenfor Lovene, almindelig indført i Retterne».11 Mortifikasjon var ei ulovbestemt æresoppreising ved sedvane og vart verande det heilt fram til straffelova av 1902 endeleg lovfesta den som rettsmiddel.

Hans Chrystie vart både forundra og sint ved å sjå seg frifunnen og likevel dømt til å betale sakskostnadene. Uansett kor stor eller lita pengeutgift han vart påført ved ei offentleg sak, såg han på den som ei straff, «og at paalægges denne Straf, uden at have begaaet nogen Brøde, finder jeg unaturligt, ihvorvel jeg veed, at det er Justitiens gamle Sædvane».12

Han anka derfor den delen av dommen som gjaldt det private motsøksmålet, til overretten og håpa at «de høiere Retter formodentlig vil afgjøre, hvorvidt Grundloven skal staae ved Magt i Henseende Trykkefriheden, som man søger at bekjæmpe»,13 ei ankesak som med god hjelp frå Jonas Anton Hielm skulle komme til å framstå som ein av dei meir kuriøse episodane i norsk rettshistorie.

Grønnerup i Høgsterett: den ansvarlege forfattaren

Særleg interessant er ankesaka for Høgsterett i saka der kjøpmann i Holmestrand Christen Grønnerup var tiltalt for å ha fornærma så vel politi- og justisembetsmenn som regjeringa ved å skrive i Det Norske Nationalblad at politi- og justisvesenet låg i dvale og «slumrer».

Aktor Morgenstierne hadde stemna konstituert byfut Frederik Riis for Høgsterett for «Rettens Fornægtelse» for at han i dommen av 9. november 1815 hadde avvist å føre Grønnerup-saka for Christiania Bytingsret fordi den hørte heime ved Grønnerups verneting Holmestrand. Behandlinga av dette i Høgsterett kastar nytt lys over tidas syn på forfattaransvar og redaktøransvar ved brot på trykkefridomslovgivinga, og også over den sterke motstanden mot alle former for sensur, blant anna det dei kalla boktrykkarsensuren. Som forsvarar i ankesaka var Jonas Anton Hielm oppnemnt, fordi Grønnerups eigen forsvarar, den seinare høgsterettsadvokaten Andreas Bang, enno berre var underrettsprokurator.

Frederik Riis hadde påstått i dommen at ei handling som var eit misbruk av trykkefridommen, var utført idet og der teksten vart skriven, ikkje når og der teksten vart trykt og gjort offentleg tilgjengeleg. Skribenten var derfor einaste gjerningsmann, og verken boktrykkar, utgivar eller redaktør kunne reknast som medskyldige.

Dette stemte med ei utbreidd oppfatning i 1814: Folk meinte at trykkefridommen som Grunnlova innførte, gav ein skribent rett til å få på trykk eit innlegg han hadde skrive, og at redaktøren hadde plikt til å trykke det og dermed sjølv stod utan juridisk ansvar for innhaldet. For oss verkar dette rart; ein redaktør i dag skal stå ansvarleg for alt som kjem på trykk i ei avis eller eit blad. Men prinsippet om redaktøren som medansvarleg kom inn i lovverket først ved straffelova av 1902.14

Synet i tida etter 1814 gav utgivar Jonas Anton Hielm klart uttrykk for (anonymt) i abonnementsinnbydinga til Det Norske Nationalblad i juli 1815: Bladet «vil Intet indeholde, uden hvad dertil indleveres. […] Enhver kan være vis paa nogenlunde uden Ophold at faae bekjendtgjort, hvad han ønsker».15 Det einaste kravet Hielm stilte, var at skribentane måtte bruke eit anstendig språk «som sømmer sig for at optræde offentlig i dannede Kredse».

Da eit innlegg like etter oppstarten i 1815 vart avvist i Det Norske Nationalblad nettopp på grunn av upassande språkbruk, sette skribenten, Mathias Andreas Boye, det på trykk i Christiania Intelligentssedler så folk med eigne auge skulle få sjå kva som var underlagt sensur i Det Norske Nationalblad. Han erklærte at han ville vere takknemleg om «den sprogbedømmende Udgiver» kunne gi han eit skjema for eit språk som «kan bringe mig ind i hans dannede Cirkler; det er et Sprog, kan jeg troe, hvori man ikke ligefrem siger sin Mening, men ved høie poetiske Sving søger at skjule den saa meget som muligt».16

Ein annan innsendar reagerte sterkt på refusjonen og skreiv at det skribenten ønskte å få inn i «Nationens Blad», måtte bli tatt inn, elles vart det «et Censor-, et Despot-Blad, maaskee et Speculations-Blad». Utgivaren måtte gjere som utgivarane av Den Norske Rigstidende og erklære at han ikkje stod til ansvar for innlegg,

og lad saa Enhver sørge for sig, men vær taus til Lovene kalder. Vil De ikke dette og heller ikke modtage Noget, uden efter eget Bedøm, saa gjør De Dem selv til Censor, og det vil aldrig tilgives Dem, som Privat, efter Constitutionens §. 100.17

Like eins karakteriserte ein innsendar i Det Norske Nationalblad Nikolai Wergeland som ein «censurerende Udgiver»18 da Wergeland i 1816 gjorde kjent at han hadde planar om å starte eit nytt blad i Kristiansand, og i abonnementsinnbydinga erklærte at han sjølv ville ha ei fast hand om redigeringa, fordi «Udgiveren ønsker ei hans Blad den uheldige Bestemmelse, at være et Kloak, hvor igjennem ethvert ureent Hjertes Huus kan udfeie sit Skarn i Publicum».19 Bladet såg aldri dagens lys.

At Det Norske Nationalblad var «uberettiget til at nægte Indrykkelse» av innsendt stoff, presiserte bokhandlar og redaktør Hans Abel Hielm i 1818.20 Og da to forhånande artiklar i 1819 hadde ført det i konflikt med den norske hærleiinga, minte ein innsendar om at innhaldet i artiklane ikkje kunne leggast utgivaren til last, fordi han som kjent ikkje hadde meir del i «de Udsvævelser, som Bladet nu og da indeholder», enn at han gav dei plass, og måtte gi dei plass, «naar Censurfrihed skal være Bladets Caracter, uden hvilken det maatte i Virkeligheden gaae under som frit og utvunget Organ for hver fri Borger, som vil benytte det».21 Dette minner om korleis vi i internettalderen ser på det som sensur når publiseringsstader som YouTube, Instagram, Twitter og Facebook stenger ute ting dei ikkje liker.

Den same linja bekjente det opposisjonelle bladet Statsborgeren seg til seksten år seinare da redaktør Peder Soelvold i abonnementsinnbydinga kunngjorde at alle innsendte innlegg ville komme på trykk, med omtrent same atterhald som Det Norske Nationalblad i 1815.22 Da bladet i 1834 var komme i hardt vêr med søksmål mot seg og tap av kongens portomoderasjon, presiserte Soelvold at «Bladet har indeholdt Adskilligt der ikke har stemt overeens med mine Anskuelser»,23 fordi han aldri hadde «tænkt at opkaste mig til Censor, eller villet gjøre mig til Herre over Andres Ideer».24

Kristian Holen Nymark skriv i masteroppgåva si frå 2014 at Soelvold her var «en viderefører av arven fra avisredaktørene fra slutten av 1700-tallet, som primært så på redaktørens rolle som en mottaker og videreformidler av informasjon».25 Men denne rolla gjaldt under eineveldet avisredaktørar ved at dei ikkje hadde lov til å kommentere dei nyheitene avisa formidla. Avisene skulle ikkje innehalde sjølvstendige artiklar (sjå side 215). Statsborgeren var derimot eit periodisk blad, der redaktørane også på 1700-talet hadde hatt ei friare rolle; og etter 1814 gjaldt ikkje denne forskjellen på aviser og periodiske blad lenger.

Soelvold grunngav sjølv praksisen i Statsborgeren med at den for han syntest «meest overeensstemmende med Trykkefrihedens Hensigt og Natur, med Grundlovens Aand i dens § 100» og derfor med den tendensen eit liberalt blad burde ha til «saa lidet som muligt at lægge Nogen Hindringer iveien for at faae sine Meninger offentliggjorte».26

Denne haldninga finst det eit eksempel til på frå 1834, da redaktøren i Morgenbladet i eit svar til retten i samband med ei ærekrenkingssak skreiv at redaksjonen i Morgenbladet aldri hadde tatt på seg verken moralsk eller juridisk ansvar «for de Bekjendtgjørelser, som for Betaling indrykkes i Bladet», dvs. lesarinnlegga.27

Dommen i bytingsretten av 9. november 1815 følgde altså ei vanleg rettsoppfatning i tida. La oss så kikke i voteringsprotokollen i Høgsterett og sjå korleis dommarane tenkte om dette. Som prosessuell ankesak fell behandlinga i Høgsterett elles utanfor diskusjonen opp mot analysemodellen med dei tre domsmåtane A, B og C, som berre gjeld realitetsbehandlinga av ei sak der retten må ta stilling til skyldspørsmålet.Vi må òg hugse på at desse protokollane vart haldne nedlåste og hemmelege heilt fram til 1864 og ikkje verka særleg inn på den offentlege debatten, slik voteringane i Høgsterett gjer i dag.

Dette var den første trykkefridomssaka som nådde Høgsterett, og dommarane kunne for første gong kommentere statusen til 1799-forordninga. Førstvoterande Jørgen Mandix uttalte seg om den omtrent slik Christian Magnus Falsen og Jonas Anton Hielm hadde gjort, at forordninga «for en Deel ved Rigets Constitution kan være hævet».28 Ingen av dei andre dommarane innvendte noko mot dette.

Men det var ikkje ærendet til Mandix å utdjupe kva dette konkret kunne bety, han var ute etter å finne eit grunnlag for å kommentere det spørsmålet retten hadde oppe til doms, kva som var gjerningsstaden i trykkefridomssaker. Til det kunne han likevel bruke 1799-forordninga, ettersom den gjaldt «hvor den ej udtrykkelig strider mod dennes [Constitutionens] Aand og Grundsætninger».29 Denne regelen om «Aand og Grundsætninger» var ein kombinasjon av vilkåra i §§ 94 og 112 i Grunnlova; paragraf 94 sa at andre lover ikkje kunne «stride imod denne Grundlov», § 112 at grunnlovsendringar aldri måtte «modsige denne Grundlovs Principer» eller «forandre denne Constitutions Aand». I mangelen på ei tidssvarande straffelov kom regelen til å bli brukt som heimel i atskillege domstolsavgjerder i åra som følgde.

Ingen stader i forordninga stod det at «deslige Sager skulle behandles paa det Sted, hvor Skrifterne ere trykte og udgivne, og at Forfatteren saaledes skulle drages fra dennes Værneting», meinte Mandix. Tvert imot las han forordninga slik – utan å vise til nokon konkret paragraf – at den uttrykte «det modsatte, ligesom og dette saavidt mig bekiendt er fulgt i Praxis».30

Det må vere sakene mot Chrystie og Klungseth han tenkte på, og dessutan saker i Norge frå før 1814: straffesaker som dei i Trondhjems Bytingsret i 1809–1810 mot kjøpmann Johan Friderich Bennecke for ein artikkel i Tiden i Christiania, i Nordre Hedemark Tingret i 1810 mot storbonde Halvor Hoel for ein artikkel i Christiania Intelligentssedler og i Søndre Jarlsberg sorenbirkeskriveri i 1812 mot sokneprest i Sem Morten Smith Petersen von Fyren for ein artikkel i same avis, og dessutan private ærekrenkingssaker, som òg vart førte på heimstaden til injurianten. I ei sak i 1810–11 hadde faktisk Morgenstierne sjølv reist sak i Moss mot ytringar som var trykte i Christiania.31

Andrevoterande Peter Collett, den einaste av dommarane som dissenterte, viste òg til 1799-forordninga. Heller ikkje han hadde nokon konkret regel å vise til, men meinte at gjerningsstaden i Grønnerups tilfelle etter «vore Loves Beskaffenhed og Analogien af 1-2-16 samt § 25 i Frg 27 September 1799» måtte vere staden der Det Norske Nationalblad var trykt og spreidd, slik aktor Morgenstierne hadde påstått. Paragraf 25 handla ikkje om trykte ytringar, men om handskrivne:

Dersom nogen falholder eller paa andre Maader uddeler Haandskrifter, hvis Indhold, ifald de vare trykte, maatte ansees strafværdig, da skal saadant Paafund, til at undgaae Virkningen af denne Anordning, ikke fritage enten Forfatteren, eller dem, der sælge og uddele deslige Haandskrifter, fra Straf; men de Paagieldende skal ansees paa samme Maade, som om de havde kundgiort dem ved Trykken.

Christopher Frimann Omsen reagerte på ei slik arbitrær vending bort frå lovas bokstav og peika på at § 25 ikkje hadde «ringeste Bestæmmelse» om dette, og at «ethvert forum extraordinarum [eit anna ting enn vernetinget] ej bør formodes, men være grundet paa en udtrykkelig Lov».32 Det var ikkje tilfellet i denne saka.

Høgsterettsdommarane fann det altså gangbart å diskutere dette prosessuelle spørsmålet ut frå lovreglane i 1799-forordninga; berre den svært liberale justitiarius Johan Randulf Bull såg det som «meget betænkeligt» å påberope seg forordninga i denne saka,33 utan å utdjupe det nærare.

Ingen av dommarane tok eksplisitt opp § 19 i forordninga, sjølv om ein sentral premiss i dommen i Christiania Bytingsret, at utgivar og redaktør var utan ansvar for innhaldet i det som stod på trykk, fall bort dersom paragrafen framleis gjaldt. Ei forklaring kan vere at aktor Morgenstierne ikkje hadde brukt paragrafen i prosedyren sin,34 og at det var Morgenstiernes argumentasjon Peter Collett gjentok da han viste til Norske lov og § 25 i forordninga.

I staden slutta dei andre dommarane seg til den konkrete argumentasjonen til konstituert byfut Frederik Riis. Jørgen Mandix sa at «det Sted, hvor Forfatteren er, har fattet og yttret sine Tanker og derfra afsendt sit Skrift for at trykkes», måtte vere gjerningsstaden, «thi der har han unægtelig consumeret Forseelsen fra sin Side».35 Fredrik Motzfeldt slutta seg til dette og la til at vernetinget «er et beneficium, der ej bør betages undtagen i de Tilfælde Loven udtrykkelig har bestemt det».36 Og ifølgje justitiarius Bull måtte § 100 vere å forstå slik at «man kan trykke hvad man maa skrive. Følgelig maa [dvs. kan] man tiltales fordi man har skrevet og publiceret noget. Grønnerup har giort dette i sin Boepæl i Holmestrand, og maa altsaa tiltales for sit forum domicili [heimeting, dvs. verneting]».37 Slik plasserte Bull heimelen i § 100.

At dette synet på gjerningsstaden var i samsvar med ei vanleg oppfatning også blant juristar etter 1814, ser vi av det utkastet til ny trykkefridomslov generalauditør Cristopher Anker Bergh skreiv i 1817 som medlem av lovkomiteen av 1814:

Den Anke, som maatte tilsigtes paa Grund af et ved Trykken udgivet Skrifts Indhold, som formeentlig overskridende den ved Grundloven for Tankens Yttring satte Grændse, gjøres ved og til dens Værneting, imod hvem Anken efter § 8 bør skee.38

Det Bergh sikta imot med dette, var å styre unna den såkalla boktrykkarsensuren som hadde vorte så tydeleg i Sverige etter ei lovskjerping i 1780, og som i ulik grad hadde gjort seg gjeldande der fram til 1810.39 Fordi boktrykkarane hadde risikert å få rettsleg ansvar for det dei trykte, kunne dei nekte å trykke skrifter dei frykta å komme i eldlinja for. I Sverige gjaldt dette framleis utgivarar og redaktørar, som hadde rettsleg ansvar på linje med forfattaren.40 Paragrafane 15 til 19 i forordninga av 27. september 1799 hadde før 1814 òg motivert boktrykkarane i Danmark-Norge til å opptre slik.41 Dersom ansvaret derimot vart plassert på forfattaren åleine, unngjekk ein også denne forma for sensur, slik Christian Magnus Falsen hadde peika på i artikkelen sin i Det Norske Nationalblad i desember 1815 (sjå side 195). Det var derfor Bergh meinte at gjerningsstaden for eit trykkefridomsbrot ikkje måtte vere staden der eit skrift vart trykt og offentleggjort.

Korleis ein boktrykkar ved å opptre som sensor kunne vere eit hinder for trykkefridommen, har vi eit godt eksempel på frå Christiania sommaren 1815, da Det Norske Nationalblad begynte å komme ut. Etter § 15 i 1799-forordninga måtte ein boktrykkar ha kongeleg privilegium for å drive eit boktrykkeri, og i Christiania fanst det berre to, Christopher Grøndahl og Jacob Lehmann. Nationalbladet vart trykt hos Grøndahl.

Da dei to første nummera var komne ut, nekta boktrykkar Grøndahl å utlevere så vel neste nummer som restopplaget av dei to første før bokhandlar Hans Abel Hielm i ein «skrivtlig Tilstaaelse» innestod for alt som vart tatt inn i Det Norske Nationalblad, «paategnet af en i Christiania bosiddende Mand som Cautionist»,42 eit krav henta frå sensurregelen i § 18 i 1799-forordninga. Grøndahl kravde dette, skreiv han til Hielm, «for ganske at være uden Frygt i Henseende til Indholden af Bladet».

Etter slik å ha vore stansa nokre veker flytta bladet over til Jacob Lehmanns boktrykkeri. Den kjente diktaren og presten Jens Zetliz antyda i eit lesarinnlegg det folk tenkte, at kanskje var det regjeringa som gjennom boktrykkar Grøndahl hadde ønskt å «lægge Hindringer i Veien for Tankens frie Yttring».43

I den interne diskusjonen i lovkomiteen om Berghs lovutkast var dei to komitémedlemmene Niels Engelhart og Wilhelm Frimann Koren Christie einige med Bergh i at forfattaren måtte vere den hovudansvarlege, og at ei sak mot forfattaren skulle reisast ved hans eige verneting. Men i tilfelle der det måtte ha vore klart for alle at «Skrivtets Indhold er forbryderisk», som Christie formulerte det,44 måtte også alle andre som hadde vore med på å utgi og spreie eit skrift, «efter Criminal Rettens almindelige Principer» vere medskyldige i «den forøvede Overtrædelse af Trykkefrieheden» og følgjeleg bli idømte straff. Særleg gjaldt det når eit skrift «aabenbare raadet til Opstand eller Ulydighed mod de constitutionelle Magter»; da måtte alle som hadde hatt ei hand med i skriftet, frå boktrykkaren til bokhandlaren, «straffes lige med Forfatteren».45

Bergh var ueinig og blåheldt i sitt svar på at forfattaren måtte vere den rettsleg ansvarlege, slik at utgivar, boktrykkar osv. ikkje kunne bli straffa anna enn når dei hadde stelt seg så dumt at dei ikkje kunne peike ut forfattaren, og da som om dei var forfattaren: «Naar man ikke vil gjøre Udgivere, Forlæggere o.s.v. til Censorer kan man nok ikke paalægge dem andet Ansvar end det de selv paadrage sig ved at stille sig i Forfatterens Sted.»46 Og vidare: «Bogtrykkeren vil naturligvis helst trykke – det er jo hans Levebrød; man skylder ham derfor tydeligen at bestemme hvad han skal gjøre og ikke gjøre for med Sikkerhed i ethvert Tilfælde at kunne udøve sin Haantering uden at give sig til selv at være Censor.»47

Bergh meinte til og med at ein boktrykkar som med kontrakt hadde forplikta seg til å gi ut eit skrift, måtte kunne tvingast til å utgi det om han angra seg, dersom forfattaren berre oppfylte plikta si til å identifisere seg for han. Da Niels Engelhart spurde om boktrykkaren altså skulle kunne tvingast til «at trykke en Forfatters Oprørsskrift eller Injurier»,48 var Bergh heilt klar: «Det her fremsatte Spørgsmaal besvarer jeg bestemt med ja; thi jeg kan aldrig berettige Bogtr. til at opkaste sig til Censor.»49

Også den seinare lovkommisjonen av 1828, som endeleg makta å få på plass den etterlengta straffelova, meinte at forfattaren var den ansvarlege for innhaldet i eit trykt skrift. I grunngivinga si frå 1835 for forslaget til ny straffelov argumenterte kommisjonen langs dei same linjene som Bergh, at «Bogtrykkernes Ængstelighed kunde have til Følge, at Pressen […] ikke i behørig Grad blev benyttet».50

I den endelege straffelova av 1842 nådde synet til Christie og Engelhart heller ikkje fram. Etter mykje diskusjon i Stortinget i 1839 og 1842 fekk boktrykkar og utgivar likevel ein noko større del av det rettslege ansvaret enn i Berghs utkast frå 1817 og i lovkommisjonens lovforslag frå 1835,51 sjølv om lova heldt fast på at forfattaren var den ansvarlege.

Det kan vere denne vesle forskjellen som gjorde at den sentrale juristen Anton Martin Schweigaard i 1849 i verket Den Norske Proces skreiv at trykkefridomsbrot burde «paatales der, hvor Skriftet er trykt og udgivet, saasom det er Trykningen og Publicationen, ei Manuskriptets Forfattelse, der gjør Handlingen strafbar»,52 slik Morgenstierne hadde forfekta i retten, og slik det lenge hadde vore i Sverige53. I ein parentes la Schweigaard til at «Høiesteret har dog i et enkelt Tilfælde antaget, at man skulde blive ved Forfatterens Hjemthing». Det viser at han var ukjent med den konsekvente rettspraksisen i Norge både før og etter 1814; ingen trykkefridomssaker vart påtalte ved boktrykkarens heimeting når det var eit anna enn heimetinget til den tiltalte, slik tilfellet var i ei rekke saker. Det «enkelte tilfellet», altså Grønnerup-saka i 1816, var den einaste gongen spørsmålet vart ført inn for Høgsterett.

Derimot kjente nok Schweigaard til den tolkinga Anders Sandøe Ørsted hadde gjort av den gamle lovgivinga i merknadene til eit forslag til ny dansk trykkefridomsforordning i 1844, der han skreiv at «Misbrug af Trykkefriheden, hvad enten de paatales af privat Mand eller af det Offentlige, kunne forfølges ved det Værneting, hvorunder Bogtrykkeriet ligger».54 Dette er eitt av fleire eksempel på at rettsoppfatninga endra seg frå 1814-generasjonen av norske juristar til dei i generasjonen etter.

Høgsterettsdommen av 10. februar 1816 stadfesta bytingsdommen: «Den paaankede Kiendelse af 9 November 1815 bør ved Magt at stande.»55 Med det var den stadfesta in terminis, dvs. med formularet «bør ved Magt at stande» (sjå side 17). Dermed stilte dommarane seg uttrykkeleg bak også domspremissane i Christiania Bytingsret, også den at ein utgivar eller redaktør av eit periodisk blad kunne fri seg frå straffeansvar ved å namngi forfattaren, den såkalla substitusjonsregelen. Før 1814 hadde den vore ein etablert regel i dansk-norsk jus,56 med eitt unntak: nettopp periodiske blad. Men frå no av gjaldt substitusjonsregelen uavkorta i Norge. Regelen var ulovbestemt og vart verande det fram til straffelova av 1842 i § 25-1 lovfesta at dersom eit trykt skrift vart funne å ha eit forbrytersk innhald,

belægges dets Udgiver eller Forlægger, om han end ei er dets Forfatter, med saadan Straf som om han var Forfatter, saafremt denne ikke vides eller kan bevises at være det, eller han er under 18 Aar, eller han ikke har Bopæl i Riget eller der kan findes, og ei heller udenfor Riget i dets Tjeneste er ansat, eller Strafarbeide paa den Tid, Skriftet udkommer, paalaae ham.

Frederik Riis hadde i dommen sin ikkje nemnt § 19 i forordninga av 27. september 1799, som slo fast at redaktør og utgivar hadde medansvar. Men ein implisitt føresetnad for konklusjonen hans var at den – og forbodet der mot å skrive anonymt – var å sjå på som oppheva.

På tvers av den nye «Forfatnings Aand»

Etter dommen retta Jonas Anton Hielm likevel to anklagar mot høgsterettsdommarane i eit (som vanleg) anonymt innlegg i Det Norske Nationalblad.

For det første hadde ikkje Høgsterett gitt byfut Frederik Riis tilstrekkeleg æresoppreising for skuldinga om «Rettens Fornægtelse» som Morgenstierne hadde retta mot han, ei skulding som etter kapittel 5-1 i lovboka gjekk på æra laus, enda dommen hans i bytingsretten var stadfesta og skuldinga dermed avvist. I tilfellet Riis var ikkje ei frifinning åleine «tilstrækkelig Renselse for den Fornærmedes Ære», ei «offentlig Æreserklæring maae komme til».57 Hielm ville ha hatt ein uttrykkeleg mortifikasjon av den grove skuldinga.

Kravet hadde inga støtte hos høgsterettsdommarane, dels fordi dei såg på ein frifinningsdom som mortifikasjon god nok, dels fordi, som Omsen uttrykte det, ein uttrykkeleg mortifikasjon var «aldeles uden for Lovenes Bestemmelse, uagtet den hyppig finder Sted i Praxis».58 Mortifikasjonen som Commissariats-Commissionen fekk i Chrystie-saka, var da ut frå Omsens syn i strid med § 96 i Grunnlova.

For det andre vart ikkje Riis tilkjent erstatning for kost og tæring og Grønnerup ikkje for prosesskostnader, slik dei to hadde kravd. Dette var eit stort og prinsipielt spørsmål for Hielm: Grunnen til at dei ikkje hadde fått erstatta utgiftene sine, var «Sagens Anlæg i Justitiens Navn».59

Igjen var det rettsregimet under eineveldet Hielm ville legge avstand til: Under einevaldsstyret hadde dommarane, frå den høgaste til den lågaste, stått «i et Afhængigheds-Forhold til den executive Magt» som gjorde det nødvendig for dei å sjå gjennom fingrane med dei embetsmennene som var betrudde forvaltninga av justisvesenet, sjølv når dei misbrukte den myndigheita som var betrudd dei, til å heimsøke folk med ugrunna aksjonar og ærekrenkande siktingar. På denne måten hadde det utvikla seg ein praksis med å sette til side boda i lovene når dei kunne bli brukte mot Justitien sjølv. Dersom nokon reiste tvil om slikt kunne vere rett, trekte ein berre på skuldrene og påberopte seg at den som vart saksøkt utan grunn, jo ville bli frifunnen og fekk fri sakførsel av ein oppnemnt forsvarar (dvs. på sakførarens kostnad, som Hielm i ein parentes bittert presiserte), og at øvrigheita var i sin fulle rett så lenge den sjølv var overbevist om at ei rettsforfølging var på sin plass.60

Men, innvendte Hielm, Justitien kunne ikkje ha meir rett enn andre til å fornærme eller påføre folk kostnader utan grunn. Skjedde slikt i Justitiens namn, da var det misbruk, og verknadene burde falle på den skyldige, ikkje den uskyldige.61 Det som gjaldt under einevaldsmakta, da det var ei plikt å rekne sjølv det å få sin rett som ei nådesak, var ikkje gyldig lenger. «Den Tid er, Gud være lovet, kommet, da Lovene, ikke vilkaarlig Villie, skulle herske»62 – Hielm meir enn antyda at denne tida enno ikkje hadde trengt inn i regjeringskontora. Men også denne gongen valde han å sikre seg med å legge velmeinte ord i vektskåla: Sjølv om han ikkje kunne begripe korleis Høgsterett hadde kunna handle slik, ville «Indsenderen», som bladutgivaren kalla seg her, ikkje tru anna enn at «ingen Persons Anseelse deri er Skyld».

Saka måtte gi grunn til å erkjenne, meinte han, «hvor vanskeligt det er for os, at sætte os ud fra de os saa at sige medfødte absolut monarkiske Former, og trænge ind i den Forfatnings Aand, som vi skjenkede os», slik den som kunne den finaste teori, ofte snubla når han skulle sette teorien ut i praksis.63

Med det sette Hielm fingeren på eit viktig moment når vi no skal vurdere bakgrunnen for aksjonane regjeringa hadde sett i verk for «Misbrug af Trykkefriheden»: Kan det hende at dei ikkje var bygde på veikskapar ved § 100 i Grunnlova, men på den «medfødte» mentaliteten frå eineveldet som enno rådde i maktas sirklar, på tvers av den nye «Forfatnings Aand»? Er det ikkje eit slikt bilde vi begynner å øygne gjennom desse fire sakene?

Den einaste av høgsterettsdommarane som støtta kravet frå Hielm om kost og tæring, var Omsen, som fann Justitiens saksanlegg aldeles uberettiga. Men ved neste korsveg la dei andre dommarane seg på ein annan kurs.

Grønnerup på ny i Høgsterett: ordinært verneting

Den korsvegen kom alt 22. mai 1816, da Grønnerup-saka atter hamna hos dei og Høgsterett avsa den siste av dei to trykkefridomsdommane i den øvste rettsinstansen i året 1816, også den prinsipiell og viktig.

Justitien og Morgenstierne hadde ført saka inn for ein såkalla ekstrarett under jurisdiksjonen til Tønsberg by, som Holmestrand hørte inn under. Ekstraretten var ei prosessinnretning oppretta ved ei forordning av 19. august 1735 for at delinkventsaker ikkje skulle trenge å vente på dei faste tingsamlingane, med dei kostnadene til forpleiing og arrest som ventetida drog med seg. Da saka vart tatt opp på rådstua i Holmestrand 13. mars 1816, protesterte den stolte kjøpmann Christen Grønnerup mot at han var stemna for ein ekstrarett som ein annan delinkvent og ikkje for det ordinære vernetinget sitt, det regulære bytinget, som han meinte saka hans hørte inn under. Dommaren, byfut og riddar av Dannebrogordenen Olaus Christopher Hammer, gav han medhald og avviste saka for ekstraretten. På ny nekta Morgenstierne å finne seg i ei dommaravgjerd og drog også denne dommaren for Høgsterett for «Rettens Fornægtelse».

Denne gongen hadde han forrekna seg: I den nye aksjonsordren frå departementet stod det uttrykkeleg at Grønnerup skulle stemnast for heimetinget sitt. Det var den eine grunnen til at Høgsterett stadfesta avvisingsdommen til byfut Hammer. Den andre grunnen var at det ikkje fanst heimel i lovverket for å reise ei trykkefridomssak for ein ekstrarett. Som Omsen sa i sitt votum, stod det tvert imot i trykkefridomsreskriptet av 3. desember 1790 «at alle Sager om Trykkefriehedens Misbrug skal behandles ved de ordinære Retter».64 Omsen plasserte heimelen i domstolsregelen i 1790-reskriptet, som òg ifølgje Peter Collett «paa ingen Maade kan ansees ophævet»,65 ettersom 1799-forordninga refererte til forordninga som gjeldande både i innleiinga og i § 26 (sjå òg side 62). Det stod ingenting om domstolsregelen i 1799-forordninga; altså stod den etter lex posterior-prinsippet uendra også etter 1799, og etter rettens meining framleis i 1816. Grunnen var, som byfut Olaus Christopher Hammer skreiv i dommen i Tønsberg ekstrarett av 13. mars 1816, at den «i Henseende til Processens Form ikke ved nogen senere Lovgivning er forandret».66

Hammer presiserte altså at det var snakk om «Processens Form», til forskjell frå grensene for trykkefridommen, som jo var å finne i § 100 i Grunnlova. Slik slo han uttrykkeleg fast at eldre trykkefridomslovgiving framleis gjaldt i prosessuelle spørsmål. Grunnen til det var såre enkel: Andre prosessuelle lovreglar fanst ikkje, om ein skulle overhalde påbodet i § 96 i Grunnlova om å dømme etter lovas bokstav.

Høgsterettsdommarane såg annleis på bruken av ekstrarett enn Henrik Steenbuch, som i grunnlovskommentaren sin frå året før hadde meint at lite talte imot å føre trykkefridomssaker for ein ekstrarett, den var ikkje «mindre oplyst og upartisk» enn ein ordinær domstol.67 Det var kravet om å følgje lovas bokstav dei ville handheve i denne andre prosessuelle anken frå Justitien i saka mot Christen Grønnerup. Omsen peika på at etter § 25 i den sentrale rettsprosessforordninga av 3. juni 1796 skulle ekstrarett haldast «i grove Misgiærningssager, in specie naar Forbryderen er arresteret». Men Grønnerup var ikkje arrestert; «saa passer hverken bemeldte Lovgivningers Ord eller Aand paa ham».68 Dommen i Høgsterett vart at Hammers dom av 13. mars 1816 «bør ved Magt at stande».69 Dermed stilte dommarane seg også i dette tilfellet bak domspremissane til byfut Olaus Christopher Hammer. Denne dommen i Høgsterett om at det alminnelege vernetinget skulle brukast i trykkefridomssaker, vart ståande lenge som eit prejudikat i norsk rett.70

Morgenstierne hadde gått for langt, og høgsterettsdommarane dømte han til å betale kost og tæring, «til bemeldte Byfoged og Ridder Hammer 40 Rbd. rede Sølv, og til kjøbmand Christen Grønnerup ligeledes 40 Rbd. rede Sølv».71 Morgenstierne måtte finne seg i å ta saka vidare til Tønsbergs almindelige Bything, der dommen ikkje kom til å falle før 17. mars året etter.

Historia om denne høgsterettsdommen har ein liten epilog – i Stortinget. I rapporten som Committeen for Statsraadsprotocollernes Revision la fram for Stortinget 5. august 1818, finst ein bitte liten post, ein av dei minste komiteen påtalte:

Under 19de Juli 1816 indstiller den norske Regjering til Hs. Majestæt Kongen, at de 40 R.S., som Cancellieraad og Høiesterets-Advocat Morgenstjerne ved Høiesteretsdom af 12te [sic, skal vere 22de] Mai 1816 er tildømt at betale Kjøbmand Grønnerup i Kost og Tæring i den mod ham for Misbrug af Trykkefriheden anlagt Sag, maae af Statscassen udbetales med 6 Rbd N.V. pr. Rbd. r.S.; hvilket Hs. Majestæt under 5te Aug. s.A. naadigst approberede.72

Dei 40 riksbankdalarane skulle den velståande høgsterettsadvokat Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne etter regjeringas og kronprins Karl Johans meining sleppe å betale av eiga lomme til den skrivefrekke kjøpmann Christen Grønnerup av Holmestrand, i motsetning til dei 40 dalarane til byfut Hammer, eit forhold stortingskomiteen fann kritikkverdig nok til å bli rapportert. Det hører med at Høgsterett hadde avvist Justitiens påstand om at dommen skulle reservere Morgenstierne rett til å få utlegga sine dekte av staten.73

Komiteen skreiv at det ville vere opp til neste odelsting å avgjere om «disse og lignende Tilfælde stedfundne Udtællinger af Stats-Cassen» kunne godtakast.74 Men denne summen vart nok for liten til å nå opp i den politiske turbulensen som rådde under det neste stortinget i 1821.

Hielm-saka: den gjenvunne anonymitetsretten

Den 22. februar 1816,75 tolv dagar etter at den første anken i Grønnerup-saka var oppe for Høgsterett, fall ein prosessuell dom i Christiania Bytingsret i saka som var reist mot Hans Abel Hielm for uttrykket advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede» i ein artikkel i Det Norske Nationalblad om den provisoriske anordninga frå kongen av 9. juni 1815 om innretninga av Høgsterett.

Dommen gjaldt dei to avvisingspåstandane forsvarar Jonas Anton Hielm hadde sett fram i saka mot broren (sjå side 211–212). Dommaren, konstituert byfut Frederik Riis, hadde tolv dagar tidlegare stått anklaga for landets øvste domstol for «Rettens Fornægtelse», aktor var den som hadde dratt han inn for Høgsterett, og forsvarar den som hadde forsvart han til frifinning der. Dommen var prinsipiell og eit sterkt signal om kva slags rettsprinsipp som frå no av skulle gjelde i trykkefridomssaker, blant anna ved å gi ei viktig tolking av statusen til forordninga av 27. september 1799.

Ikkje overraskande avfeia Riis kontant den første avvisingspåstanden, at den norske regjeringa ikkje hadde kompetanse til å reise saka. Regjeringa var fullkomment «berettiget til at paatale formeentlige Forseelser og anlægge Action», ettersom statsrådet ikkje berre var rådgivarar for kongen, slik Hielm hadde framstilt det, men etter § 13 i Grunnlova skulle «føre Regjeringen i Kongens Navn og paa hans Vegne» når kongen ikkje sjølv var til stades. Derfor måtte ei avgjerd der «ansees for en høieste Resolution». Men Riis slo fast at aksjonsordren frå Justisdepartementet av 23. november 1815 «ikke anfører, som Grund til Actionen, at Hans Majestæt Kongen ved de paaankede Udtryk var fornærmet».76

Om dette første avvisingskravet ikkje fekk medhald, så hadde det utført sin misjon. Det var regjeringa og ikkje kongen personleg som var Hielms motpart.

Argumentasjonen til Riis rundt den andre påstanden frå Jonas Anton Hielm, at det ikkje fanst heimel for å dømme bokhandlar Hans Abel Hielm for innhaldet i ein artikkel han ikkje sjølv hadde skrive, gjekk rett inn til kjernen av trykkefridommen. Retten «er meget tilbøielig til at antage», skreiv Riis, at da Grunnlova hadde bestemt at «Trykkefrihed bør finde Sted, saa maae alle de Indskrænkninger i Trykkefriheden som indeholdes i Forordningen af 27de Septbr. 1799, nu ansees hævede; thi ellers blev Trykkefrihed blot en tom Lyd».77

Enda ein gong vart 1799-forordninga og § 100 i Grunnlova sette opp mot kvarandre som uforeinlege motsetningar: Dersom forordninga skulle gjelde som før, ville den utslette alt som stod i § 100, slik Christian Magnus Falsen hadde skrive i Det Norske Nationalblad to månader tidlegare. Av dei tre domsmodellane våre er det berre domsmodell C, med § 100 som einaste rettsgrunnlag for straff, som kan romme dette synet.

Det betydde ikkje «ubetinget», skreiv Riis vidare, «at ogsaa de Betingelser i samme, som ei stride imod Grundlovens Ord og Aand, ere hævede, tvertimod Bestemmelserne i Grundlovens §. 94». Slik nærma han seg spørsmålet om retten til å skrive anonymt, som ikkje var omtalt med reine ord i § 100. Korleis kunne da forbodet mot anonymitet i 1799-forordninga vere i strid med Grunnlova? Fordi, skreiv Riis, anonymiteten, som før var forboden, var «en af den gjenerhvervede Trykkefriheds fornemste Rettigheder». Den var «derfor nu uden Tvivl tilladt».78

Slik kan vi sjå at konstituert byfut Frederik Riis verkeleg meinte at § 19 i 1799-forordninga var sett ut av kraft, noko som låg implisitt i premissane da han avviste Grønnerup-saka for Christiania Bytingsret, premissar Høgsterett nettopp hadde slutta seg til. Om paragrafen ikkje var i strid med Grunnlovas bokstav, så var den i strid med Grunnlovas «Aand», som trass i påbodet i § 96 om å dømme etter lovas bokstav vart rekna som ei gyldig rettskjelde i samtida, slik førstvoterande Jørgen Mandix nettopp hadde demonstrert i Høgsterett ved voteringa i Grønnerup-saka 10. februar. Frederik Riis avviste på dette grunnlaget kategorisk aktor Morgenstiernes syn på § 19.

Dette er lex superior-prinsippet: Han kravde ikkje at § 100 måtte uttrykke seg bokstaveleg for å ha oppheva ein regel i 1799-forordninga, slik lex posterior-prinsippet vanlegvis var å forstå. Utan at han uttrykte det eksplisitt i denne prosessuelle avgjerda, antyda dette òg korleis han ville komme til å sjå på Morgenstiernes påstand om at §§ 2 og 7 i forordninga var fullt ut gjeldande lovbod jamsides Grunnlova i ein endeleg dom om realiteten i saka.

I vurderinga av rettsstillinga til Hans Abel Hielm gjekk ikkje Riis den vegen Morgenstierne peika i fall § 19 skulle vere oppheva, bakover til eldre lovreglar som ifølgje Morgenstierne da måtte begynne å gjelde på nytt. I dommen skreiv han at når det i eit anonymt skrift vart framført ytringar som ein måtte gå ut frå strei mot «den Ærbødighed, man skylder Lovene, eller paa anden Maade ikke stemmer overeens med Grundlovens 100de §», så måtte regjeringa eller den angripne ha rett til å dra den fornærmande fram for lyset, og i tilfelle forfattaren ikkje vart namngitt, å halde seg til utgivaren eller redaktøren «der i saadant Vægringsfald maa ansees, som Forfatteren, indtil det Modsatte bevises, hvilket endog synes at stemme overeens med almindelige Retsgrundsætninger».79

Det same hadde Christian Magnus Falsen hevda i artikkelen sin i Det Norske Nationalblad.80 Heimelen Riis fann for å kunne dømme Hans Abel Hielm, var «almindelige Retsgrundsætninger» – nokon heimel i positiv rett fann han ikkje.

Om kva ein dom mot Hans Abel Hielm i denne saka kunne føre med seg, skreiv Riis at dersom den avgjorde at dei påtalte uttrykka var utilbørlege, kunne forfattaren neppe straffast om han da oppgav den verkelege forfattaren.81 Da måtte det i staden bli rettssak mot den verkelege forfattaren, mens Hans Abel Hielm ville gå fri, tvert imot aktor Morgenstiernes påstand. Lovregelen i 1799-forordninga som gjorde redaktør og utgivar til medansvarlege, var sett ut av kraft. Grunnlovas ord om den som kunne dragast til ansvar for å ha «ladet trykke eller udgive» eit skrift, måtte altså sikte til forfattaren og ingen andre.

At spørsmålet om § 19 var uavklart i samtida, ser vi av overrettsdommen av 5. juni 1816 i ærekrenkingssaka Wincents Lassen Sebbelow hadde reist mot avisutgivar Lucine Bachrud (sjå side 183). Stiftsoverretten i Kristiansand hevda at § 19 var gjeldande.82 Saka i Kristiansand gjaldt eit innlegg i ei avis, der redaktøransvaret etter § 19 ikkje var så absolutt som i eit tidsskrift (sjå side 194). Stiftsoverretten følgde dermed gammal rettspraksis da den meinte at ein avisutgivar kunne fri seg for straffeansvar ved å oppgi namnet til den anonyme forfattaren – vel å merke dersom vedkommande forfattar ikkje greidde å dra seg unna rettsforfølging på annan måte. Lucine Bachrud oppgav likevel ikkje forfattaren av det påklaga innlegget og tok åleine på seg den uvanleg låge mulkta på 10 riksbankdalar sølvverdi.

Også denne andre avvisingspåstanden frå forsvarar Jonas Anton Hielm var forkasta av retten og dermed påstanden hans om at broren ikkje kunne bli dømt for ytringar Justitien erkjente at ein annan hadde skrive. Men det gjorde neppe Hielm nedslått. Den rettsoppfatninga konstituert byfut Frederik Riis hadde uttrykt, låg nær den han sjølv hadde hevda, og dommen hadde klargjort dei premissane saka ville bli pådømt etter: Sjølv om «Sagen nyder sin Fremme efter Stevningen»,83 hadde dommaren forkasta aktor Morgenstiernes argumentasjon om 1799-forordninga, om lovheimlar og om bokhandlar Hielms medskyld som redaktør av bladet.

Da rettsforhandlingane no gjekk over til realiteten i saka, greip Jonas Anton Hielm i det som vart hovudinnlegget hans, datert 4. april 1816, fatt i at anklagen mot Hans Abel Hielm ikkje var at kongen var fornærma, slik Morgenstierne hadde påstått, men at han hadde ytra ein «formeentlig Anke mod en provisorisk Anordning». Hielm raljerte over dette i beste Heiberg-stil: Noko anna ville ha vore «i høieste Grad ubeskedent og upassende». Alle visste at kongen ikkje kunne greie å lage ei slik lov åleine, men måtte «bygge paa sit Raads Indstilling», og dersom aksjonsordren frå Justisdepartementet hadde hatt dei orda Morgenstierne hadde sett inn i tiltalen, «Fornærmelse mod Hans Majestæt Kongen», kunne den statsråden som faktisk hadde formulert den kritiserte lovregelen, ha vorte mistenkt for å ha gripe til «Hans Majestæts Navn, for at hæve sin egen Villie, som ufeilbar, over alle Domme». Om nokon enkeltperson skulle føle seg krenkt av kritikken mot lova, måtte det vere denne statsråden og ikkje kongen.84

Når Morgenstierne så hadde endra ordlyden i anklagen, måtte grunnen vere at det ikkje fanst lovheimel for den slik den var formulert i aksjonsordren frå departementet. Fanst det i forboda i § 100 «endog paa det fjerneste antydet, ‘Anke mod Love’ eller, ‘Anordninger’, være sig peremtoriske eller ‘provisoriske’? Jeg svarer med det bestemteste: Nei!».85 Derimot var det uttrykkeleg tillate i § 100: i setninga «Trykkefrihed bør finde Sted», i at «Ingen kan straffes» utan i dei uttrykkelege tilfella lova nemnte, og i siste setning om frimodige ytringar om statsstyringa.

Ingen hadde grunn til å kjenne seg krenkt i dette tilfellet. Det var her Hielm la fram argumentasjonen om at «Lovene ere i intet Tilfælde gjorte til Gjenstand for Fornærmelse ved Pressen, uden naar Skribenten enten selv viser eller tilskynder Andre til Ulydighed mod dem» (sjå side 106–107). Skjedde det, da var grensene for trykkefridommen brotne. Men det var innlysande «at Yttringer om en Lovs Urætferdighed ingenlunde indeholder enten Ulydighed mod Loven selv […] ei heller Opfordring til Ulydighed mod den».86 Elles i innlegget argumenterte han i kjente banar, om den openbare meininga med orda som var brukte, om forfattarens forsett.

Og her kom katta ut av sekken, for forsettet kunne Jonas Anton Hielm snakke om med ein eigen autoritet: «Jeg kjender Forfatteren saa nøie, at jeg veed hans Mening.»87 Ikkje så rart; seinare i innlegget, der han ville bevise at påstanden om advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede» var sann, la han fram for retten eit dokument frå 21. desember 1814 som «indeholder de selvsamme Udtryk, hvoraf man nu har taget Anledning til Action». Dokumentet var ingenting anna enn ei tidlegare upublisert utgreiing bestilt av regjeringa om instruksen for den gamle dansk-norske høgsteretten ført i pennen av dei tre daverande høgsterettsadvokatane Christopher Frimann Omsen (i 1815 utnemnt til høgsterettsdommar), Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne og han sjølv, Jonas Anton Hielm, i fellesskap. Formuleringane var så like at dei til og med godt kunne vere lånte derfrå, erklærte Hielm frekt;88 aktor Morgenstierne hadde sjølv underskrive dei uttrykka «som han nu troer sig nødt til at udgive for et crimen majestatis».89

Det underlege er at Morgenstierne ikkje vendte seg harmdirrande mot Hielm, peika på han og sa det han og dommaren og alle andre visste: «Det er du som er forfattaren av innlegget saka handlar om!» Men Morgenstierne gjorde ikkje det, verken no eller nokon gong seinare. Og ingen skreiv offentleg det alle visste godt og sikkert snakka om seg imellom eller skreiv i private brev, at høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm stod i retten og forsvarte broren Hans Abel Hielm mot konsekvensane av nokre ord han sjølv hadde sett på trykk i det bladet folk visste at han var den anonyme utgivaren av. Maskespelet berre fortsette, som om ingen begreip noko. Kvifor?

Svaret må vere at anonymiteten no, da forordningsåket var kasta av, vart sett på som viktig, «en af den gjenerhvervede Trykkefriheds fornemste Rettigheder», som konstituert byfut Frederik Riis skreiv i dommen av 22. februar 1816. Det vart skrive anonymt overalt, i ei storslått feiring av ein nyvunnen fridom. Røpte du eit namn, gjorde du deg til tystar, til svikar, til eit sensurmenneske, ein tilhengar av despotiet.

Igjen ser vi korleis 1799-forordninga som fiendebilde verka bestemmande inn på rettsoppfatninga i tida. Anonymitetsretten vart i åra etter 1814 sett på som ein kostbar eigedom ein skribent rådde over og andre ikkje hadde rett til å ta ifrå han. Som Jonas Anton Hielm sjølv uttrykte det: Broren Hans Abel Hielm ville på ein lovstridig måte ha disponert over ein annans eigedom, «opført sig som uredelig Fuldmægtig», om han hadde handla i strid med dette.90 I utkastet sitt til ny trykkefridomslov frå 1815 gjorde høgsterettsdommar Jens Peter Debes det til og med straffbart å dra ein anonym skribent for retten utan god grunn og slik vere skyld i at «Forfatterens Navn er kommet for Lyset».91 Dette synet på anonymiteten som ein ukrenkeleg demokratisk rett skulle komme til å prege norsk presse i mange tiår.92

I svarinnlegget sitt, datert 2. mai 1816, erklærte Morgenstierne seg utilfreds med den prosessuelle dommen frå 22. februar, og at den ville bli med i ankegrunnlaget dersom saka skulle komme opp for ein høgare rett; det var tolkinga i dommen av forordninga av 27. september 1799 han meinte. Men når han no på ny omtalte lovgrunnlaget i saka og forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga, hadde han moderert seg:

Saavel Grundloven som Fr. af 27de Sept. 1799, §. 7, tillade vel frimodige Undersøgelser om Lovgivningen, men begge Love forudsætte, at de Udtrykke, hvori Undersøgelsen skeer, ikke ere fornærmelige, eller med andre Ord: at de ikke opvække Ringeagt for Lovgiveren.93

Borte var orda frå 1799-forordninga om å «lede til Misnøie med» regjeringa, som han i det første rettsinnlegget hadde påstått også dekte meininga i § 100. Det var Grunnlovas ord «Ringeagt», som ikkje fanst i forordninga, som gjaldt som grense for trykkefridommen.

Etter Morgenstiernes oppfatning var det nødvendigvis uttrykk for ringeakt når ein skribent erklærte at ei lov var urettferdig; «thi uretfærdige Love forudsætte Uretferdighed hos lovgiveren, og naar denne Mening antages af Folket, maa Lovgiveren tabe i Agtelse».94 Dette var Morgenstiernes mantra gjennom heile innlegget og poenget han no baserte sakførselen sin på. Og å anklage lovgivaren for å vere urettferdig var noko ganske anna enn å seie og meine at advokatane lei under ei altfor stor arbeidsbør, som også han, Morgenstierne, meinte og fleire gonger hadde gitt uttrykk for. Det var orda «høist uretfærdig» som var brotsverket, ikkje å ha peika på den store arbeidsbøra.

Morgenstierne avviste til sist bryskt at det var han som eigenmektig hadde endra tiltalen frå «Anke mod en provisorisk Anordning» til majestetsfornærming. Han hadde for å bevise det straffverdige berre anført at «denne Anke indeholder Daddel over een af Hans Majestæt Kongens Regjeringshandlinger».95 Han heldt derfor oppe den opphavlege påstanden frå aktoratet: enten landsforvising etter § 2 i 1799-forordninga eller fengsel på vatn og brød etter § 7.

Men ein tilleggspåstand hadde han:

at Tiltalte, for sit i Indlæg av 4de April sidsleden brugte, imod Regjeringen fornærmelige Udtryk: ‘At nærværende Action er oprørende for hver god Borger’, blive, ifølge Fr. af 23de Dec. 1735, §. 2, anseet med passende Bøder, til Fattigvæsenet og Justitscassen.96

Ifølgje Norske lov 1-12-1 kunne ikkje ein sakførar uttrykke seg som han lysta i ei rettssak. Han skulle «ære Kongens Ret, og med beskedne Ord, skikkelige Lader og Fagter baade imod Dommeren og Vederparten gaa i Rette». Forordninga av 23. desember 1735 som Morgenstierne påberopte seg, hadde innskjerpa dette: Den som hadde brukt så «lovstridig og selvraadig Adfærd eller anden utilbørlig Omgang i Sagen» at han etter lova kvalifiserte til å betale mulkt til fattigkassen, skulle ikkje berre mulkterast «skarpere og med mindre Forskaansel, end hidtil skeet er», men betale same mulkt også til justiskassen, dvs. betale dobbel bot.97

Morgenstierne hevda at uttrykket til Hielm var «høistfornærmelig for den Norske Regjering, som har befalet denne Sags Anlæg».98 Det same hevda han om Hielms påstand om at rettsprosessen var grunnlovsstridig. Det han dermed sette på prøve, var om advokatar no var beskytta av retten til frimodige ytringar i § 100 også i rettsinnlegga sine, eller om tidlegare lovreglar om ytringar i rettssalen hadde sjølvstendig rettskraft. Om dette rådde det ulike syn blant dommarane; høgsterettsadvokat Jonas Anton Hielm kom for sin del til å bli herostratisk berømt for å pådra seg slike mulkter i retten, der han så menn ikkje balanserte vektskåla med runde og velmeinte ord.

Klungseth dømt for ærekrenking i tingretten

For bonde Ole Wernsen Klungseth frå Nes på Hedemarken vart det i 1816 forkynt ei rekke dommar i Nordre Hedemarken Tingret og i Aggershuus Stiftsoverret. I tingretten hadde han vorte dømt for å ha vist ringeakt mot regjeringa ved å ha krenkt generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer (sjå side 187), ein dom både han og Justitien hadde anka, og dessutan hadde Meyer reist privat ærekrenkingssak mot han for å få gjenoppretta den krenkte æra si. Fleire av dommane i 1816 fekk fram i lyset viktige rettsprinsipp, særleg om forholdet mellom § 100 i Grunnlova og den gamle ærekrenkingslovgivinga i kapittel 6-21 i Norske lov.

Den første dommen vart avsagt 8. mars av sorenskrivar Erik Gløersen på vårtinget i Nes i den private ærekrenkingssaka, der generalmajor Knud Andreas Gyldenstierne Meyer kravde dom etter Norske lov 6-21-7 med æresstraff.

At skuldinga om nepotisme som Klungseth hadde komme med mot generalmajor Meyer, hadde ærekrenkande kraft, må ha vore opplagt. Derfor måtte saka etter § 100 stå og falle med om den var sann. Det meinte Klungseth sjølv at han godt nok hadde bevist at den var. Men alt i dommen i justissaka 2. november 1815 hadde sorenskrivar Gløersen sagt tydeleg ifrå om kva han meinte, og også no erklærte han «med Vished» at Jacob Hoel «ikke var qualifisered til at blive foreslaaed til det ridende Kompagnie i Regimentet», at regimentssjef Meyer ikkje hadde «giordt sig skyldig i en himmelraabende Uretferdighed», og at skuldinga frå Klungseth derfor måtte «være at ansee som aldeles ubeføiet».99

Denne gongen drøfta Gløersen moment som kunne ha rokka ved konklusjonen, som at regimentssjef Meyer hadde gitt avansement til fleire offiserar som mangla den eksamenen han meinte Hoel måtte ha for å vere kvalifisert til same sort avansement. Dette kunne ikkje komme det minste i betraktning, meinte Gløersen, «fordi man maae antage, at Regimentschefen har havt lovlige Grunde til at giøre og, ifølge deraf de høiere Autoriteter, til at bifalde Forslagene til Avansementerne». Kva slags grunnar det skulle vere, sa dommen ingenting om, og det hadde heller ikkje komme fram under rettssaka. Sorenskrivar Gløersen slo kort og godt fast at generalmajor Meyer var «en bekiendt ærekiær, nidkiær, og retskaffen Embedsmand».100

Han erklærte så atter, også det «med Vished», at Klungseth «af Eenfoldighed har ladet sig forlede til at foranstalte Avertissementet indrykket i et offentlig Blad». Av Jacob Hoel, må vi tru. Like fullt hadde Klungseth «giort sig skyldig til Straf efter Loven og Forordningen af 27de September 1799, som bestemmer Trykkefrihedens Grændser, og til at betale Prosessens Omkostninger».101

Dette var ei anna formulering enn i dommen i justissaka, der det heitte at Klungseth var å «straffe efter Grundlovens §. 100 og Forordningen af 27de September 1799». Kva betydde denne forskjellen?

Den betydde nok lite. Formuleringa i dommen i justissaka, å «straffe etter», omfatta to ledd: at § 100 var rettsgrunnlaget i skyldspørsmålet, og at forordninga var heimelen i straffeutmålinga (sjå side 190). Formuleringa i denne nye dommen, «giort sig skyldig til Straf efter», inneheldt dei same to ledda: «giort sig skyldig» fortalde at Klungseth faktisk hadde ærekrenkt generalmajor Meyer i Grunnlovas forstand. Det andre leddet, «til Straf efter», viste til dei to heimlane i straffeutmålinga. Gløersen gjorde rett i å peike på «Loven», dvs. kapittel 6-21 i Norske lov, som hovudheimel. Det var der straffene for ærekrenking var å finne. Desse straffene var så modifiserte og nærare bestemte og skjerpa til bruk i trykkefridomssaker i 1799-forordninga, slik at også den var nødvendig heimel i straffeutmålinga for ei ærekrenking (sjå side 91).

Dermed fell denne dommen innanfor domsmodell B eller C: § 100 som absolutt grense for straffskyld, med Norske lov 6-21-4 og 1799-forordninga som straffekjelde. I det sporet hadde òg rettsforhandlingane gått, innlegga i retten uttalte seg om skuldinga til Klungseth kunne vere forsettleg, openbar og sann. Det er vanskeleg å førestille seg at domsmodell A i det heile tatt kunne følgjast i ærekrenkingssaker etter 1814, dvs. at § 12 i forordninga hadde sjølvstendig autoritet slik at vilkåra i § 100 ikkje rådde uinnskrenka. Derimot kan vi ikkje seie sikkert om dommen passar best inn i modell B eller modell C, dvs. om ærekrenkingsforbodet i § 100 var ei avgrensande overordna norm eller rettsgrunnlaget for straff.

At Ole Wernsen Klungseth skulle få såkalla tremarksstraff etter Norske lov 6-21-7 og frådømmast æra, slik generalmajor Meyer kravde, ville ikkje sorenskrivar Erik Gløersen vere med på. Han meinte det fekk vere nok at Klungseth hadde fått utmålt straff éin gong for avertissementet sitt, i dommen i justissaka av 2. november 1815. Den pengemulkta var ei «passelig anseed» straff for den handlinga han hadde gjort seg skyld i,102 dvs. ein formildande arbitrær dom etter 6-21-4. I dette private søksmålet såg Gløersen seg ikkje kalla til å utmåle enda ei straff på toppen av den førre, men nøgde seg med å mortifisere påstandane til Klungseth og dømme han til å betale nye sakskostnader på 150 riksbankdalar sølvverdi, i seg sjølv ein betydeleg sum.

Det var ei pussig avgjerd. Gløersen må da ha vore einig med Klungseth i at ei ny straff ville straffe han dobbelt for ei og same handling. Men premissen for denne andre rettsprosessen mot Klungseth var at han hadde utført to brotsverk med avertissementet sitt: eitt mot regjeringa og eit anna mot generalmajor Meyer. No hadde Gløersen kjent han skyldig i begge brotsverka, men utmålt straff berre for det eine; straffa i justissaka skulle gjelde som straff også i det private søksmålet. No risikerte han at Klungseth ikkje fekk noka straff i det heile tatt dersom Aggershuus Stiftsoverret skulle finne på å frikjenne han for Justitiens tiltale for å ha fornærma regjeringa. Den ankesaka var alt i full gang da denne andre dommen i Nordre Hedemarken Tingret fall, med eit første rettsmøte 5. februar 1816, så la oss straks sjå korleis det gjekk Klungseth i overretten.

Klungseth frikjent i overretten, men idømt mulkt

I overrettssaka hadde høgsterettsadvokat Nils Aars (høgsterettsdommar frå 1830) tatt over som aktor. Han førte saka langs same spor som aktor Niels Peter Trosdahl i tingretten og la ingenting til. I rettsinnlegget sitt nemnte han ikkje 1799-forordninga og prosederte ikkje, som Morgenstierne i Hielm-saka, på at forbodsleddet i den aktuelle § 2 var gjeldande. Forordninga førte han til torgs først i straffepåstanden: «Landsforvisning i Overensstemmelse med Fr. af 27de Sept. 1799».103 Aars ser ut til å ha levd godt med den formelle domsmåten til Gløersen etter vår domsmodell C, med § 100 som rettsgrunnlag for straff (sjå side 190); denne sida av saka var ikkje omstridd under rettsforhandlingane.

Den nye forsvararen, prøveprokurator for Aggershuus Stiftsoverret Ole Arndtsen, gav til og med uttrykkeleg tilslutning til denne domsmåten i retten, utan å bli motsagt av høgsterettsadvokat Aars. Det gjorde han ved bestemt å erklære at § 100 «for Øjeblikket formeentligen er vores eeneste Trykkefriheds Lov».104 Både han og aktor Aars tenkte openbart etter prinsippa i domsmodell C, med § 100 som einaste rettsgrunnlag i skyldspørsmålet og 1799-forordninga som straffekjelde. I forsvarsinnlegget la Arndtsen all vekt på at «de Tilfælder, § 100 i Grundloven omtaler som strafværdige», langt frå kunne brukast på tiltalte, som i avisinnlegget «ej kan siges hverken direkte eller indirekte at have viist Ringeagt mod de constitutionelle Magter eller fremført falske Beskyldninger mod Nogen», og at «Trykkefriheds Forseelserne skal, naar de skal kunne paatales, være forsætligen og aabenbare, hvilke Betingelser i al Fald mangle in casu».105

Ole Wernsen Klungseth var som vanleg hissig og slo hardt tilbake i ein eigen tilleggspåstand: Sorenskrivar Erik Gløersen måtte mulkterast for å ha felt ein urettmessig dom, aktor i tingretten Niels Peter Trosdahl måtte like eins mulkterast, og generalmajor Meyer måtte betale alle sakskostnader «samt for Tort, Credit, og Tidsspilde, i det mindste med 2000 Rbd N.V. [namneverdi, sjå note 29 på side 152] og paastaaer jeg ham efter mit Skjønnende, for urigtig Embedsførelse, behandlet efter den Høje Rets Bestemmelse».106 Å kreve generalmajoren straffa skulle vise seg å vere eit overilt trekk av Klungseth.

Den 6. mai 1816 avsa Aggershuus Stiftsoverret den aller første overrettsdommen om realiteten i ei norsk trykkefridomssak reist av påtalemakta. Spørsmålet som var å avgjere, var dette eine: om Klungseth hadde vist ringeakt mot regjeringa. Og vel var det slik, heitte det i dommen, at skuldinga om urettferd i avisinnlegget kunne lesast som retta mot regjeringa, men den kunne like gjerne lesast som retta berre mot generalmajor Meyer:

Da nu Avertissementet kunde modtage begge Fortolkninger, og en Forfatter altid maa være berettiget til at erklære, hvilken af dem der indeholder den tilsigtede Mening, saa maa det antages at tiltalte Ole Wærnsen, efter sin Erklæring strax ved Sagens Begyndelse, aldrig ved denne Indrykkelse har tilsigtet nogen anden end General Major Meyer, og det af denne gjorte Forslag til den skeete Forfremmelse.107

Fullstendig tap for Justitien. Overretten snudde ryggen til rettsforståinga under forordningsregimet og konkretiserte kva «forsætligen og aabenbare» betydde, den vurderinga sorenskrivar Gløersen hadde hoppa bukk over i sin tingrettsdom av 2. november 1815. Dette lar seg gjere berre innanfor domsmodellane B og C.

Så skulle vi tru at Ole Wernsen Klungseth vart ståande ustraffa tilbake på grunn av den pussige dommen utan ny straff sorenskrivar Gløersen hadde avsagt i den private saka 8. mars. Men nei. No fekk Klungseth svi for tilleggspåstanden sin. Han hadde «paastaaet Frifindelse og Erstatning, af den Grund at General Major Meyer har fortjent den i Indrykkelsen fremførte Kritik»,108 og overretten meinte at for å kunne avgjere dette måtte den også avseie dom i spørsmålet om kritikken var sann. Og den var einig med sorenskrivar Gløersen i at når regjeringa våren 1815 hadde avgjort at Jacob Hoel ikkje var kvalifisert til rittmeisters ansiennitet, så måtte skuldingane til Klungseth «ansees ubeføiet». Da måtte dei, sa retten, «lige med utilbørlige Ord, efter 6-21-4, blive at afsone med en passende Mulct»,109 fastsett til 50 riksbankdalar sølvverdi, det halve av det Gløersen hadde dømt Klungseth til etter same paragraf.

Men her gjorde overretten ein feil: Dommen den avsa, gjaldt den private delen av saka, spørsmålet om generalmajor Meyer var ærekrenkt, eit forhold Gløersen naturlegvis ikkje hadde pådømt da justissaka med regjeringa som den krenkte var oppe til doms i tingretten. Den private delen verken var eller kunne vere med i Justitiens anke til overretten, og i ei ankesak kunne retten dømme berre i forhold som hadde vorte pådømte i første instans og så anka. Dommen inneheldt dermed ein alvorleg formell feil som dommarane i Høgsterett skulle komme til å slå ned på da saka med tid og stunder nådde fram dit. For Klungseth anka, forarga over å vere fullstendig frikjent for Justitiens tiltale om å ha krenkt regjeringa, men dømt til å betale ei mulkt og enda fleire sakskostnader.

At domstolen fann rettsgrunnlag for å kunne idømme han denne mulkta, har ei spesiell forklaring som kan vere vanskeleg å forstå i dag. Det var ein prinsipiell forskjell på måten Gløersen hadde brukt Norske lov 6-21-4 på i dommen i justissaka av 2. november 1815, og måten overretten no brukte paragrafen på i same sak. Gløersen hadde tydd til den arbitrært for å utmåle straff for ringeakt mot regjeringa etter § 100 i Grunnlova. Men overretten oppgav ikkje trykkefridomslovgivinga som rettsgrunnlag for mulkta. Dommarane såg ganske enkelt på Klungseths ytring som ein annan type lovbrot. Etter deira meining hadde han slett ikkje forsynda seg imot § 100, men imot 6-21-4.

Det vi kjem borti her, er den gamle æreskulturen der det å bli krenkt var ei alvorleg sak. Kapittel 6-21 i Norske lov opererte med eit spekter av straffbare krenkingar, frå dei grovaste ærekrenkingar til nokså uskyldige fornærmingar. Paragraf 6-21-4 låg i den mildaste enden av spekteret, med forbod mot utilbørlege ord, dvs. frekke eller uforskamma uttrykk som berre fornærma folk, ikkje ærekrenkte dei. Paragraf 100 i Grunnlova, med forbod mot ærekrenkande skuldingar, låg i den motsette enden av spekteret. Stiftsoverretten forstod dette slik at § 100 ikkje gav rettsgrunnlag for å straffe utilbørlege ord. Men slike ord måtte vere straffbare likevel, med 6-21-4 som rettsgrunnlag. Den forbaud allslags fornærmelege uttrykk i alle samanhengar, og når den gjorde det straffbart å la utilbørlege ord falle over ein snaps på ei kro, kunne det ikkje vere straffritt å skrive orda ned og sette dei på trykk.

For å forstå det fulle rettsgrunnlaget for dette må vi gå ein oppklarande strafferunde innom den historiske bakgrunnen for lovgivinga om ærekrenking og sjå grundigare på forholdet mellom Norske lov 6-21-4 og § 100 i Grunnlova. Da må vi òg sjå på om andre domstolar i åra etter 1814 fortolka uttrykket ærekrenkande skuldingar i § 100 like eins som Aggershuus Stiftsoverret gjorde i 1816, eller om dei forstod det annleis.