På same tid som dommen mot Ole Wernsen Klungseth var fallen på tingstaden Stolpestad, kom dei to neste trykkefridomssakene, dei mot Christen Grønnerup og Hans Abel Hielm, opp til behandling i Christiania Bytingsret, under leiing av konstituert byfut politisekretær Frederik Riis. Grønnerup var tiltalt for ein artikkel i Det Norske Nationalblad der han hevda at politi- og justisvesenet låg i dvale og «slumrer», mens Hielm var tiltalt som utgivar i staden for den anonyme forfattaren av ein artikkel i same blad som inneheldt uttrykket advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede».

Aktor i begge sakene, den danskfødde juristen Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne, hadde gått ein krunglete veg fram dit han no stod som ein respektert norsk høgsterettsadvokat. Som ung var han i slutten av 1790-åra dommar ved Københavns Hof- og Stadsret (sjå side 50), med ein lysande karriere framfor seg, og vart i 1802 utnemnt til advokat i den dansk-norske høgsteretten. Men i avviklinga av sakene ved Hof- og Stadsretten viste han «saa stor forsømmelighet»1 at kanselliet sette han under offentleg tiltale, og han vart funnen skyldig i ei rekke regelbrot, blant anna å ha levert ein falsk attest for å skjule regelbrota; i ein dom av 12. april 1804 dømte Høgsterett han til å miste embeta som høgsterettsadvokat og dommar i Hof- og Stadsretten.2 Han reiste frå landet3 og farta med familien rundt om i Europa mens han tente til levebrødet med fiolinen, som han trakterte på ypparleg vis.

I 1806 kom han til Moss som huslærar og starta året etter ein privatskule for betrestilte gutar, som han i 1809 flytta til Christiania. Samtidig arbeidde Morgenstierne for å vinne tilbake Frederik 6.s gunst og få tatt opp igjen virket som jurist,4 og i 1810 vart han med visestatthaldar prins Frederik av Hessen som mellommann rehabilitert og utnemnt til overrettsprokurator, advokat ved den høgaste rettsinstansen i Norge inntil 1814.5 Året etter fekk han òg tittelen kanselliråd, ein honorær tittel av sjuande klasse i den finmaska rangordninga eineveldet heldt seg med.

Da så den norske høgsteretten var vedtatt oppretta i 1814, fekk Morgenstierne æra av å bli Norges første oppnemnte høgsterettsadvokat, og ved den høgtidelege opninga av Høgsterett 30. juni 1815 var han den første til å tale ved skranken, som det heitte. Andremann til å tale var Jonas Anton Hielm, også han tidlegare høgsterettsadvokat i København.

Dei to fekk nok å henge fingrane i. Norske ankesaker hadde hopa seg opp gjennom dei åra da ufreden stengte vegen til den dansk-norske høgsteretten i København, og no måtte dei bli pådømte i ein fart. Morgenstierne prosederte i 108 saker det første året Høgsterett var i funksjon, Hielm i 84,6 ikkje sjeldan som motpartar i retten, samtidig som begge dreiv ein omfattande advokatpraksis.

Det var midt i dette travle rennet at dei to advokatane møttest i Christiania Bytingsret.

Gjerningsstad: der eit skrift var forfatta

I det første rettsmøtet i saka mot Christen Grønnerup 2. november 1815, same dag som dommen mot Klungseth fall, møtte Jonas Anton Hielm på Grønnerups vegner. Det var ikkje som forsvarar han møtte. Oppdraget hans var å legge fram eit rettsinnlegg Grønnerup sjølv hadde skrive.7 Først seinare i prosessen søkte Grønnerup Jarlsberg Amt om ein offentleg forsvarar og fekk da oppnemnt prokurator og seinare høgsterettsadvokat Andreas Bang.8

I rettsinnlegget hevda han kort og godt at saka hans ikkje kunne førast i Christiania, slik Justitien og aktor Morgenstierne hadde lagt opp til. Grønnerup hadde bytingsretten i Holmestrand som verneting og la derfor ned påstand om at saka måtte avvisast for Christiania Bytingsret.

Det var eit sentralt spørsmål han reiste på denne måten; etter Norske lov 1-2-21 var det gjerningsstaden for eit lovbrot som avgjorde kvar ei sak skulle førast:

Hvor som nogen gribis paa fersk Fod, eller siden nogen andenstæds antreffis for nogen Misgierning, da gaais derom paa det Stæd, som Gierningen skeet er, og dømmis af den Ret, saa vit Loven medfører, enddog det ikke er den Paagrebnis Værneting.

Kvar hadde dette påståtte misbruket av trykkefridommen skjedd? I Christiania, der Det Norske Nationalblad vart trykt og utgitt? Eller i Holmestrand, der han hadde skrive avisinnlegget?

Spørsmålet hadde ikkje vore reist i sakene mot Hans Chrystie og Ole Wernsen Klungseth. Dei to hadde Justitien stemna inn for vernetinga deira, Moss og Nordre Hedemarken,9 enda begge avisinnlegga hadde stått på trykk i Christiania Intelligentssedler. Tungvektaren Morgenstierne, som nok var sett inn for å drive kreftene bak Det Norske Nationalblad i kne, meinte at dette var feil – om det da ikkje var travelheita som hadde fått han til å stemne Christen Grønnerup for bytingsretten i Christiania, slik at han eller fullmektigen hans vart spart for tidsøydande reiser til Holmestrand.

I tilsvaret sitt i rettsmøtet 9. november svarte han på Grønnerups avvisingspåstand: Gjerningsstaden for eit brot på trykkefridomslovgivinga måtte nødvendigvis vere staden der brotsverket vart offentleggjort, ettersom det ikkje kunne vere noko brot på desse lovene å skrive ned sjølv fornærmelege uttrykk når dei ikkje vart gjort kjent ved å bli trykte.10

Men den 26 år gamle konstituerte byfuten Frederik Riis, ein dyktig latinjurist11 som seinare òg vart brukt som ekstraordinær høgsterettsdommar, dømte i Grønnerups favør: Gjerningsstaden for eit trykkefridomsbrot måtte vere staden der eit skrift var forfatta, «endog uanset, om det ved Trykken bekjendtgjøres eller ei»;

thi Trykningen af et Skrift kan kun ansees som Middelet og Maaden, hvorpaa samme bliver bekjendt og Forbrydelsen imod Trykkefriheden consumeret, men den egentlige Misgjerning bestaaer i at forfatte samme, af hvilken Aarsag Lovene stedse drager Forfatteren selv, og ikke Bogtrykkeren eller Udgiveren af et saadant mod Trykkefriheden stridende Skrift, med mindre Forfatteren ei kan opdages – til Ansvar derfor.12

Det prinsippet Riis hevda her, at forfattaren var den einaste som skulle kunne dragast til rettsleg ansvar så sant det var praktisk muleg, var ikkje bestemt nokon stad i lovverket, men var likevel ein etablert regel i den dansk-norske jusen.13 Forordninga av 27. september 1799 inneheldt i § 19 likevel eitt viktig unntak: Redaktøren av periodiske blad av Den Norske Nationalblads type, dvs. tidsskrift, hadde «Ansvar, ligemed Forfatteren, for hvad der indføres i Journalen eller Bladet», også når forfattaren var kjent, som forordninga jo føresette. Redaktøren hadde med andre ord etter forordninga fullt medansvar og kunne så visst tiltalast og straffast.14

Denne regelen hadde frå 1799 av gjort tidsskriftredaktørar meir utsette for rettsleg forfølging enn redaktørar av «Aviser eller offentlige Tidender», to publiseringsformer § 19 skilde skarpt mellom. Ved første blikk på ordlyden der kan det kanskje sjå annleis ut: Det stod at redaktøren av ei avis skulle «være ansvarlig for Indholden, tilligemed Udgiveren»; forfattaren var ikkje nemnt. Det er da fort gjort å tru at det var redaktør og utgivar som sat med alt ansvar for innhaldet i ein avisartikkel, ikkje forfattaren. Men det som låg i denne formuleringa, var at redaktør og utgivar av ei avis delte utgivaransvaret. Derimot hadde dei ikkje, som i eit periodisk blad, fullt medansvar for straffverdig innhald i ein artikkel «ligemed Forfatteren». Etter både vanleg rettspraksis og juridisk teori var det forfattaren av avisartikkelen som skulle stillast til rettsleg ansvar, mens redaktør og utgivar som hovudregel gjekk fri.15

I alvorlege tilfelle risikerte dei likevel å bli tiltalte saman med forfattaren.16 Det følgde av utgivaransvaret deira; dersom det straffverdige var grovt nok, for eksempel ei opprørsk ytring, kunne dei bli dratt til rettsleg ansvar for å ha valt å sette innlegget på trykk. Det skjedde fleire gonger både i Danmark og i Norge, for eksempel med redaktøren av Christiania Intelligentssedler i 1812 i straffesaka mot sokneprest i Sem Morten Smith von Fyren, som hadde blanda seg opp i militære saker i ei ufredstid.17

Etter § 19 i 1799-forordninga kunne altså ein redaktør eller utgivar, enten av eit tidsskrift eller ei avis, godt dragast til ansvar for trykkefridomsbrot sjølv om forfattaren vart tiltalt.18 Riis må da ha meint at paragrafen ikkje lenger var ein gyldig lovheimel i Norge.

Det kunne vere fleire grunnar til å sjå det slik. Éin var at § 100 med «han» i uttrykket «noget Skrift […] som han har ladet trykke eller udgive», sikta til forfattaren av skriftet, ikkje til trykkaren, redaktøren eller utgivaren, og at § 100 med det hadde oppheva det som stod om straffeansvaret i § 19 i forordninga. Ein annan grunn var den Christian Magnus Falsen hevda i artikkelen i desember 1815 der han engasjerte seg i Grønnerup-saka. Dersom ein redaktør som oppgav forfattaren, ikkje vart fri for ansvar, kom redaktørane til å nekte å sette innlegg på trykk og dermed bedrive sensur, meinte han; og andre setning i § 100 forbaud all sensur. Om § 19 i 1799-forordninga framleis gjaldt, tente derfor ikkje § 100 til anna enn å innbille nasjonen at det var trykkefridom i landet.19

Også byfut Riis må ha meint at Grunnlova hadde endra rettsforholda: Berre når forfattaren «ei kan opdages», som han skreiv i dommen, kunne ein annan bli dratt til ansvar.20 Her kunne han ha vist til § 17 i 1799-forordninga som heimel; den sa at dersom forfattaren ikkje var å oppdrive, skulle forleggaren og trykkaren «staae i Forfatterens Sted, og dømmes til at lide den Straf, som vilde have rammet ham, ifald han havde været tilstede». Men Riis viste ikkje til den. Det kan tyde på at han var på linje med Jonas Anton Hielm, at alle paragrafar frå og med § 15 måtte vere sette ut av kraft av Grunnlova (sjå side 181).

Aktor Morgenstierne godtok ikkje denne belæringa i lovkunnskap frå ein 26 år gammal konstituert byfut. Han og regjeringa brukte § 19 i den provisoriske anordninga for Høgsterett av 9. juni 1815 – som enno for ei kort stund gjaldt (sjå side 184) – til ikkje berre å anke saka direkte inn for landets øvste domstol, men òg til å dra Riis for Høgsterett for å få han dømt for «Rettens Fornægtelse».21

Dette uttrykket skreiv seg frå Norske lov 1-5-9:

Saa fremt og nogen Dommere nogen Mand med Ophold, eller Udflugt Retten spilder, eller nægter […] og saadan hans Ulempe af Overdommeren befindis, da skal hand ikke alleneste forfriske den Forurettede Sagen paa sin egen Bekostning, […] men og, om hand ikke fældis paa sin Bestilling, have dog forbrut foruden Kost og Tæring, tresindstyve [seksti] Lod Sølv, hvilke Bøder, saa fremt hand ikke betaler inden sex Uger efter at Over-Dommerens Dom gangen er, da skal hand ikke efter den Dag besidde den Ret.

Riis hadde ifølgje Morgenstierne ved dom nekta ein part i ei rettssak ein juridisk rett lova gav han, ein alvorleg anklage mot ein dommar. Dommaren risikerte mulkt og ærestap og i verste fall å bli frådømt embetet.

Denne harde linja må ha uroa Jonas Anton Hielm; både Det Norske Nationalblad og hans eigen prestisje ville få ein knekk om Morgenstierne vann fram i Grønnerup-saka. Det var ikkje hans stil å sitte i ro, og han greip anledninga da Christian Magnus Falsen i den nyss nemnte artikkelen tillét seg å skrive at det var eit upassande uttrykk å seie om politi- og justisvesenet at det låg i dvale, og «forsaavidt Ringeagt derved yttres mod de constitutionelle Magter, saa kan det ikke lægges den executive Magt, som det paaligger at vaage over Lovenes Efterlevelse, til Last at den paataler samme».22

Hielm valde å forstå Falsen slik at han påstod at uttrykket var så upassande at det ville vere rett å dømme Grønnerup, openbart eit bevisst spel frå Hielms side. Saka var at her hadde han fått servert på eit fat sjansen til å konfrontere Morgenstierne i Det Norske Nationalblad under dekke av å tilbakevise ein urimeleg påstand frå amtmann Christian Magnus Falsen. Falsen oppklarte i eit seinare innlegg «misforståinga»: Han hadde berre meint at den utøvande makta kunne vere å unnskylde for å ha sett i verk aksjonen mot Grønnerup etter § 100 i Grunnlova dersom den trudde at ringeakt var vist.23 Som svar slo Hielm seg teatralsk for panna og erklærte at «heri maa jeg da være enig med ham; – thi errare humanum est» – det var menneskeleg å feile, også for den utøvande statsmakta.24

«Velmeente Ord saaledes paa Vægtskaalen»

Det var ei breiside Jonas Anton Hielm nytta anledninga til å fyre av i Det Norske Nationalblad: 24 sider gjennom tre nummer, til god nytte for prokurator Andreas Bang og sakførselen hans.

Hielm må ha vore seg bevisst at dette var første gong i det nye Norge at ein jurist sette på trykk ei omfattande framstilling av det lovgrunnlaget § 100 i Grunnlova gav for å kunne ytre seg slik Christen Grønnerup hadde gjort, ei ytring som etter lovgivinga to år tidlegare nokså sikkert ville ha vore lovstridig og straffverdig. Det han skreiv, må vi gå ut frå samsvarte med det jusstudentane ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania lærte under forelesingane hans. Så la oss følgje argumentasjonen hans på nært hald, gjennom typisk Hielmske stikk og krumspring.

Aller først gav han luft for ein djupfølt motvilje mot eineveldet og alt dets vesen. Ein slik motvilje hadde Hielm bore på lenge før brotet med Danmark i 1814. Han kom frå eit miljø i Kristiansand som gjennom trelasthandel og utdanning var vendt mot England, Frankrike og det nye Amerika, og der nye politiske tankar frå Amerika og Frankrike strømte inn og «fransk og engelsk litteratur var kjendt og studeret».25 15 år gammal hadde han reist til København som juridisk student og tok tre år etterpå, i 1800, øvste juridiske embetseksamen med beste karakter. Studietida hans fall i dei åra da så vel striden mellom Birckner og Schlegel som rettsprosessen mot Peter Andreas Heiberg pågjekk, og da forordninga av 27. september 1799 vart innført, og han vart sterkt påverka av fridomsideane i tida, som han heldt fast ved heile livet igjennom.26

Utsikta til eit fritt Norge i 1814 begeistra han, og i februar, like etter Kielfreden, var han med på å stifte Nordmandsforeningen i København, som snart vart forboden av kong Frederik 6. Vel tilbake i Norge skal Hielm ha drømt om å skape eit nasjonalliberalt parti etter engelsk mønster og samanlikna gjerne Det Norske Nationalblad med engelske Morning Chronicle.27 I abonnementsinnbydinga til bladet skreiv han patosfylt om «[d]et herlige England», der folket i «dertil egnede Tidender» uttalte «høit sin Villie, advarer, revser».28 Så kanskje var det med splitta sinn han i 1807 hadde deltatt i forsvaret mot engelskmennene under angrepet deira på København, der han skal ha fått hesten skoten bort under rumpa på seg av ei engelsk kule.29

Iallfall finst det ikkje tvil om kva Hielm meinte om einevaldsstaten i 1815. Han tok sikte ved å sirkle inn grunnlaget for at regjeringa hadde gått til sak mot Grønnerup: fornærmelege skuldingar mot politi- og justisvesenet. Evna til å la seg fornærme, skreiv han, var ein slags sjukdom «som er udbredt iblandt os, indtil det komiske».30 Sjukdomsårsaka var ei sjølvkjensle som ikkje tålte å bli rørt ved og alltid «avler Mistænkelighed, en smaalig Forfængelighed, der skal vise Vedkommendes Vigtighed»31 ved å gjere dei så juridisk heilage at ein ikkje skulle kunne snakke om dei utan å legge «velmeente Ord saaledes paa Vægtskaalen» at sjølv ikkje den verste hårkløyvar greidde å trekke ei fornærmeleg meining ut av dei. Ei medverkande årsak til sjukdommen var mangelen på «den Grad af Aandsdannelse» som gjorde ein i stand til å dømme sunt og rett.

Og så fyrte han av: «Den absolut monarkiske Form [eineveldet], hvorunder Forfængeligheden er Statslegemets Sjel, nærede og pleiede Sygdommen.»32

Dette var ikkje berre ei djuptfølt utblåsing, det var ei nøye uttenkt finte: «velmeente Ord saaledes paa Vægtskaalen» var ein eufemisme for den underdanige og regimelojale retorikken som eineveldet hadde kravd av den som ytra seg offentleg om forhold i den dansk-norske staten. Som historikar Øystein Lydik Idsø Viken peikar på, var denne underdanige retorikken pålagt undersåttane i Norske lov 1-1-1: at «alle Kongens Undersaatter, i hvad Stand og Højhed de og ere» skulle «holde og agte Kongen for det ypperste og højeste Hoved her paa Jorden over alle menniskelige Love […] og derfor være Kongen […] hørige, lydige, underdanige, hulde og tro».33

Denne plikta til å vere einevaldskongen lydig og underdanig strekte seg langt «paa Grund af den inderlige og nøie Forening han staaer i med Staten, i hvilken al Styrelse og al offentlig Magt har sin Grund og vender tilbage i ham», som juristen Ulrik Anton Motzfeldt formulerte det.34 Ein måtte derfor ytre seg like underdanig om dei forskjellige uttrykka regimet hans gav seg, som om han personleg, elles var det «Tilsidesættelse af hvad der er undersaatlig Pligt efter Lovens 1-1»,35 ifølgje aktor i ei rettssak i Københavns Hof- og Stadsret i 1795.

Det var blant anna denne plikta det vart lempa på under den mektige Andreas Peter Bernstorffs venger i åra mellom 1784 og 1793. Brått kunne skribentar upåtalt sette kritikk av staten på trykk, om ikkje grovt og uhøvla, så utan alskens underdanige knebøyingar og lojalitetserklæringar som i tidlegare tider, til stor irritasjon for dei som ønskte at lovas bokstav atter skulle rå.

Når Peter Andreas Heiberg var blant dei det til slutt vart slått hardt ned på, var det ikkje minst på grunn av den uærbødige måten han braut med den akseptable retorikken på. Heiberg krydra som mange andre skribentar framleis tekstane sine med kongelojale vendingar, men hans vendingar fekk ein satirisk snert som fort gav dei ei motsett meining av det orda bokstaveleg sa, som i Suum cuique frå 1798, der han skreiv om «hvad jeg efter Constitutionen maae troe: at Kongen ikke kan feile», og i ein note utdjupa det slik:

Kongen er den eeneste ufeilbare Mand i Landet. Selv Hans Kongelige Høihed Kronprindsen arver først denne Egenskab i det Øieblik, da hans Herr Fader døer. Enhver, der elsker Kronprindsen, kan vel ikke give ham større Beviis paa sin Kierlighed, end ved at ønske, at det maae vare længe, inden denne Arv tilfalder ham.36

Dette er satirisk skrivekunst av høg klasse og til å le seg i hel av for lesarane i samtida. Den einaste feilfrie mannen i landet var den sinnssjuke kong Christian 7., ein ravande galning som hadde stått for den eine offentlege skandalen etter den andre med ei sedlaus og støytande framferd. Denne mannen var det etter lovene forbode å peike på feil hos. Derimot erklærte Heiberg at han var i sin fulle rett til å påvise feil hos den faktiske regenten, kronprins Frederik, ettersom han ikkje var nemnt som ufeilbarleg i lovene. Ikkje rart at den einerådige og nærtakande kronprinsen vart rasande og forlangte Heiberg straffa.

Denne vesle satiren var eitt av tiltalepunkta under rettssaka mot Heiberg året etter. Men den vart ikkje med blant dei tekstane retten til slutt fann å kunne dømme han for. Formuleringane var for utkropne til at lovas bokstav makta å ramme dei – det var ikkje utan grunn at kronprinsen passa på å få med forbod mot vondsinna allegori og ironi i § 13 i forordninga av 27. september 1799.

Heiberg vart ikkje dømt for ei anna finurleg formulering han var tiltalt for heller, frå Politisk Dispache frå 1798: «[…] skulle Dannemark – hvilket jeg ingenlunde vover at benægte – endnu være een af de faa Stater, hvis Indbyggere have Grund til at elske sin Regiering […]».37 Til gjengjeld slo dommarane hardt ned på dette stykket frå En Draabe i det store Hav av Skrivter om Skrivefriheden frå 1797:

Ingen ønsker mindre, end jeg, at ryste Dannemarks Constitution, uagtet alle de Feil, jeg med Raynal og flere troer at finde deri; ingen skal mindre modsætte sig de offentlige Authoriteter, end jeg; og dette er vel noget nær alt, hvad man har Ret til at fordre af den, der, fra det Øieblik, da han greb Pennen for at fægte imod hvad han holder for Misbrug, ikke har vundet andet, end Regieringens uforskyldte Unaade, og dens blinde Anhængeres Had og ondskabsfulde Forfølgelse.38

Vel erklærte Heiberg seg lojal overfor konstitusjonen og staten, men med uttrykket «Regieringens uforskyldte Unaade» nulla han i rettens auge ut alle lojalitetserklæringar, braut gjeldande lover og sette seg ut over all akseptabel retorikk; det gjorde han til ein ulydig og uønskt undersått.

Det er instruktivt å sjå kor forskjellig uttrykksmåten var i denne teksten og i skriftene til Michael Gottlieb Birckner frå same tid. Også Birckner uttrykte lojalitet til konstitusjonen samtidig som han hevda å sjå feil i den. Også Birckner tillét seg å kritisere bestemte lover, ja, mot trykkefridomslovgivinga var kritikken hans til og med krass. Og også Birckner ønskte seg nok inst inne ei anna statsform.39 Men han retta aldri ein direkte anklage mot den dansk-norske staten, slik Heiberg gjorde. Det er påfallande korleis Birckner og Schlegel i den store diskusjonen om trykkefridommen i 1797–1798 behendig unngjekk å referere til samfunnsforholda i Danmark-Norge. Når dei nærma seg følsame spørsmål og tampen begynte å brenne, understreka dei at det ikkje var Danmark-Norge dei hadde i tankane. For eksempel erklærte Birckner at når han snakka om mishandla og undertrykte menneske, dårlege regentar osv., så meinte han ikkje «vor Regiering, som jeg selv ved mere end een Leilighed har ydet min uskrømtede Berømmelse».40

Dette er Jonas Anton Hielms «velmeente Ord saaledes paa Vægtskaalen» og grunnen til at Birckner, i motsetning til Heiberg, ikkje hamna i nokon rettsprosess for dei ytterleggåande synspunkta sine, noko mange i ettertida har lurt fælt på.41

Krava til denne retorikken vart kraftig innskjerpa ved § 7 i forordninga av 27. september 1799: Den som omtalte ting som «kunde være at forbedre eller rette i Landets Love, Anordninger og offentlige Indretninger», måtte «udtrykke sig med Beskedenhed, og ei tilsidesætte den Ærbødighed, han, som Borger og Undersaat, er Regieringen og Lovgiveren skyldig». I forordningskommentaren sin frå 1801, som han sannsynlegvis skreiv for å ta brodden av dei strengaste lovboda i forordninga og gjere det muleg framleis å ha ein fri offentleg debatt,42 gjorde Anders Sandøe Ørsted det fullkomment klart kva dette betydde for skribentar som ville sette på trykk kritikk, «Dadel», av offentlege forhold:

Dadelen maa, naar den skal være tilladelig, være saaledes beskaffen, at den kan forklares af den Hensigt, at oplyse Regjeringen om Manglerne og Feilene i de offentlige Indretninger; den Dadel, som ikke lader sig forklare af denne Hensigt, men allene af Hensigt til at opvække Folkets Misfornøielse og tilveiebringe Gjæring, er utilladelig og strafværdig.43

At det kunne finnast noka anna hensikt enn desse to, enten å opplyse regjeringa eller å skape gjæring i folket – for eksempel å opplyse folket – såg den forholdsvis liberale einevaldsforsvararen Ørsted bort frå; ein skreiv da ikkje den slags «for blot Spøgs Skyld».44 Under eineveldet var nemleg ikkje politikk noko borgarane skulle befatte seg med; politikk var, som historikar Håkon Evju uttrykker det, «en statshemmelighet, primært et anliggende for kongen og hans nærmeste krets av rådgivere ved hoffet».45

Ørsted understreka at dersom ei kritisk ytring ikkje var eigna verken til å overtyde og bevege regenten eller til å verke til opprør, så ville den såre regenten og hos enkelte borgarar bidra til å utrydde eller svekke kjærleiken til den staten dei levde i, og med det kanskje leie dei til å utføre brotsverk; for ikkje å snakke om at klagar som dei det her var snakk om, «aabenbar karakterisere den Klagende som uskikket til at være Borger i den Stat».46 Ei passande straff for ikkje å uttrykke seg lojalt og underdanig var under forordningsregimet landsforvising. Ei ny tid for underdanige bukk og knebøyingar var kommen.

Berre «personar» kan bli ærekrenkte

Det var dette Jonas Anton Hielm sikta til da han fyrte av salven mot «den absolut monarkiske Form». Det var ein giftig salve som hadde den norske regjeringa som mål, enda Hielm, som ein slags refleks frå eineveldets tid, sjølv la nokre velmeinte ord i vektskåla idet han innleidde tiraden sin slik: «Uden at ville have dette sagt om Justitsactions-Anlægget mod Kjøbmand Grønnerup […].»47

Naturlegvis var det saksanlegget mot kjøpmann Grønnerup han snakka om. Underteksten i Hielms ord er openbar: Regjeringa var enno ridd av denne sjukdommen frå eineveldets tid og meinte seg fornærma fordi Grønnerup ikkje hadde uttrykt seg som ein underdanig undersått slik 1799-forordninga kravde; men dette var eit tilbakelagt stadium i Norge, forordninga gjaldt ikkje her lenger. Som Ulrik Anton Motzfeldt formulerte det i ei forelesing i 1828, uttrykte ikkje lenger monarken åleine staten i alle sine ytre og indre forhold, «er ei al Styrelses, al Magts Centrum, Kilde og Ophav».48

Så gjekk Hielm laus på kjernen i saka, omgrepet «Ærefornærmelse», på juristens systematiske vis. Eit uttrykk kan ikkje, skreiv han, vere ærefornærmande med mindre det

a) angaaer en Person, som derved kan være fornærmet (Subject for Fornærmelse), b) kan bevirke Formindskelse i hans Agtelse, og c) er blottet for Beviis om dets Indholds Sandfærdighed.49

Ei fornærming er ei rettskrenking, forklarte han, og berre personar kunne ha rettar.50 Så kven var denne personen som Grønnerup skulle ha fornærma?

I departementsskrivet som sette saka i gang, var «Justits- og Politievæsenet» oppgitt som fornærma part. Var dette ein person? Nei, den alminnelege og naturlege betydninga av dette uttrykket var nettopp at det utelukka personar.51 Var det personalet ein sikta til, måtte ein bruke uttrykket «justis- og politivesenets personale» for i det heile tatt å bli forstått, og derfor var det klart at Grønnerup ikkje forsettleg og openbart hadde sikta til personalet, verken høge eller låge, men meininga hans hadde vore at grunnen låg i organisasjonen.52

Men omgrepet «person» betydde ikkje nødvendigvis enkeltmenneske. Det kunne sikte til ei organisert samling av fleire, ein såkalla moralsk person.53 Ei privat foreining eller interessentane i ein bank, samla om eit felles formål, utgjorde ein slik moralsk person, eller ein heil kjøpstad, som var ei politisk samanslutning med visse rettar og plikter, eller befolkninga i denne kjøpstaden. Også Stortinget og regjeringa gjaldt som moralske personar, også desse offentlege organa var ei organisert samling av enkeltpersonar med eit bestemt formål. Den slags offentlege organ var det muleg å fornærme, peika Hielm på, og amtmann i Aggershuus Amt Hans Falbe hadde oppgitt dei konstitusjonelle maktene som fornærma part da han gjorde tiltalen kjent.

Men Grønnerup hadde ikkje nemnt noka konstitusjonell makt i innlegget sitt, om da ikkje amtmannen skulle meine at desse maktene hørte inn under uttrykket «politi- og justisvesenet». I så fall var amtmannens påstand alt tilbakevist, ettersom Hielm nettopp hadde godtgjort at Grønnerup ikkje kunne ha sikta til verken «høie eller lave» personar i politi- og justisvesenet med orda sine. Til dei som måtte innvende at kritikken måtte ramme dei konstitusjonelle maktene, ettersom dei plikta å sørgje for at statens organ fungerte som dei skulle, svarte Hielm at Grønnerup i innlegget sitt uttrykkeleg forventa at desse maktene ville gripe inn og ordne opp; aller minst hadde han kunna tenke seg at nokon av dei brukte uttrykka var anvendelege på dei, eller at dei var i dvale,54 ein parallell til argumentasjonen i Klungseth-saka.

Ein siste muleg fornærma person fann Hielm: Departementet lét staten påtale dei påståtte skuldingane mot politi- og justisvesenet, og da måtte ein gå ut frå at departementet også hadde sett på staten som fornærma, under justis- og politivesenets namn. Og ettersom politi- og justisvesenet var ei innretning i staten, kunne det faktisk dreie seg om staten; staten var ein moralsk person, og for så vidt hadde dei no funne eit subjekt som kunne ha vorte fornærma.55

Det Hielm sikta imot med denne omstendelege tankerekka, var blant anna å vise forskjellen på det som gjaldt før, forordninga av 27. september 1799, og det som gjaldt no, § 100 i Grunnlova, dvs. forskjellen på «den absolut monarkiske Form» og det konstitusjonelle monarkiet. Det var derfor tankerekka enda opp med staten, ikkje kongen som ein siste og øvste muleg fornærma part. Det var den eineveldige kongen og kongens regjering Peter Andreas Heiberg ramma same kva han raljerte med, om det så var brannassuranseforordninga for København by. Men kongen var ikkje lenger den som stod bak alle innretningar. Norske lov 1-1-1 om kongens opphøgde stilling som siste iverksettar nest Gud hørte opplagt med blant dei lovene som i store delar måtte vere sette ut av kraft gjennom systemskiftet. Konstitusjonelt var ikkje kongen den fysiske personen Karl, han var den moralske personen «Karl», i ei eiga kongeleg betydning av «moralsk person», ein konstitusjonell abstraksjon som frå 1814 av vart tildelt fullmaktene sine gjennom ei grunnlov vedtatt av ei folkevald forsamling. Han var det utøvande statsorganet Kongen. Og også underdanigheitskulturen var lykkelegvis historie. Dette var underteksten i tankerekka til Hielm.

Kven var så denne moralske personen staten? Ikkje statsapparatet, ikkje kongen, ikkje regjeringa. Nei, den var alle dei enkeltpersonane som var gått saman om å organisere seg i ein stat, enten dei var seg det bevisst eller ikkje: forsamlinga av alle norske borgarar. Dette var ikkje Hielms påfunn, det var ei vanleg førestilling, sprungen ut av naturrettstenkinga frå hundreåra før. Som det står i eit samtidig leksikon: «Stat er den udvortes, fornuftmæssige Form, hvori Menneskeheden lever og bestaaer, thi det er den selskabelige Forbindelse av Mennesker, hvis Øiemeed er deres Kræfters frie, sikkrede Anvendelse»56– ei formulering som liknar svært på dei kjente opningsorda i ei bok av den sveitsiske naturrettstenkaren Emmerich de Vattel.57 Det var folkesuverenitetsprinsippet i motsetning til det monarkiske prinsippet Hielm hevda.

På kva slags måte kunne den norske staten som moralsk person fornærmast slik at det kunne «bevirke Formindskelse i hans Agtelse»? Universitetslærar Hielm hadde naturlegvis svaret på det òg:

Fornærmes kan den moralske Person kun, naar alle dens enkelte Dele fornærmes, det er ved Handlinger, som bryde Eenheden, eller naar nogen af dens Dele saaledes hindres, at deres Medvirkning til Maskinens ordentlige og regelmæssige Gang mere eller mindre standses. Den moralske Person kan altsaa kun fornærmes, naar enten alle eller visse af dens fysiske Dele som saadanne fornærmes; – det er, kun i alle eller enkelt Borgers Person lider Staten Fornærmelse.58

Det er så vi hører jusstudentane knirke hovudet opp frå diktatpapiret i påvente av ei forklaring – og juristane i regjeringsapparatet gispe, for dette var langt unna den mentaliteten som hang i veggene der; Hielm stilte konge og regjering på linje med alle andre borgarar – ved ikkje å nemne dei. Men det var eit gammalt rettsprinsipp frå romarretten latinjuristen Hielm refererte til: at samfunnet som heilskap blir krenkt når enten samfunnsformålet eller integriteten til enkeltindividet blir utsett for ei krenking. Med dette gjekk han lenger enn Anders Sandøe Ørsted i når ein moralsk person kunne reknast som fornærma. Ifølgje Ørsted kunne det skje berre når ei fornærming inneheldt noko som var vanærande for enkeltmenneske i samanslutninga, og det var aldri tilfellet når fornærmande uttrykk var brukte mot ei så stor mengd individ som ein heil nasjon.59

Det var innlysande, fortsette Hielm, at det i Grønnerups tilfelle ikkje kunne vere snakk om den første sorten fornærmingar mot staten, den som «sigter til alle Borgeres Fornærmelse, Samfundets Opløsning».60 Og at staten «i enkelte Borgeres Person» ikkje kunne vere fornærma, hadde han alt vist, ettersom ingen enkeltperson var meint. Altså kunne ikkje Grønnerup ha fornærma den moralske personen staten heller.

Mindre trykkefridom no?

Men sett at det no skulle dukke opp ein person som verkeleg kunne hevde å vere fornærma av Grønnerup, var så Grønnerups innlegg faktisk fornærmeleg? Også dette spørsmålet måtte Hielm i si sjølvutnemnte rolle som forsvarar belyse. Spørsmålet gjaldt det uttrykket Justitien hadde påklaga: «Det er vel neppe nogen ubekjendt, i hvilken Dvale Politie- og Justitsvæsenet i den senere Tid har – og endnu slumrer.»61

Han begynte forsiktig; uttrykket «dvale» kunne naturlegvis ikkje oppfattast bokstaveleg, berre figurleg, og som metafor hadde det fått hevd for ikkje å bety stort anna enn «en ringere Grad av Virksomhed og Kraft end man kunde ønske».62 Ofte vart det brukt slik om vår eigen nasjon, og i nasjonens yndlingssong heitte det til og med «Dog vaagne vi vel op engang», utan at nokon hadde funne noko fornærmeleg i det.

Det var «Skaal-Sang for Norge» den giftige spasmakaren Hielm siterte, betre kjent ved den første linja, «For Norge, Kiæmpers Fødeland». Songen var forfatta i København ved årsskiftet 1771–1772 av seinare biskop i Bergen Johan Nordahl Brun, vart sett på som opprørsk mot kongemakta etter Struensees fall i 1772 (altså så visst funnen fornærmeleg av nokon) og likevel flittig brukt som festsong i Norske Selskab i København, der dei song den «af fulde Hierter, med tindrende Øine, og jublende Stemmer».63 Gjennom resten av unionstida med Danmark gjaldt den som «i egentligste Forstand en rebelsk Vise», som rektor Laurids Smith ved katedralskulen i Trondheim skreiv i 1785, idet han siterte dei to første versa, «hvori egentlig Galskaben indeholdes». Den var da spreidd i byen i trykt form og hadde vorte ein ynda song i selskapslivet, noko autoritetane der sette ein brysk stoppar for.64 Men frå eit besøk i Trondheim i august/september 1799 kunne engelskmannen Edward Daniel Clarke fortelje at ein borgarklubb som heldt til i lokalet under romma han leigde, stadig istemte denne Norges nasjonalsong med glød, ettertrykk og følelse. Songen uttrykte ifølgje Clarke lengselen alle nordmenn følte etter å bli fri frå Danmark, og vart sungen med begeistring i alle samfunnslag frå landsende til landsende, ikkje minst oppelda av at kongen hadde forbode den.65 Etter 1814 var den ein populær og uoffisiell nasjonalsong66 og vart i mangt eit lystig lag framleis sungen av fullt hjerte, no med brodd mot ei samansmelting med Sverige, amalgamasjonen som mange meinte at Karl Johan trådde etter.

Så trekte Hielm på seg dosentmina att: Uttrykket «dvale» sikta ikkje til ein «saadan Grad af Uvirksomhed» at faktiske plikter var forsømte, og kunne derfor juridisk sett ikkje gjelde som ei skulding.67 Så enda om Grønnerup hadde sikta til embetsmennene i politivesenet i staden for til sjølve politivesenet, ja, om han så hadde sikta til dei aktuelle konstitusjonelle maktene, så kunne ikkje uttrykket ha vorte rekna som ei skulding mot dei. Kritikken frå Grønnerup antyda kan hende «et Slags Ufuldkommenhed» hos dei som organiserte politi- og justisvesenet, og den som er lytefri, blir jo høgare akta enn den som ikkje er det. «Men Fraværelse af Agtelsens høieste Grad er derfor vel ikke Ringeagt.»68 I så fall måtte alle menneske og alle menneskelege innretningar bli ringeaka, «thi alle ere de ufuldkomne». Eller var det ærekrenkande for statsstyrarane å få høre at dei kunne feile? Var retten til frimodige ytringar om statsstyringa berre ein rett til å gi ros?

Hielm hadde no slått fast at uttrykket Grønnerup var tiltalt for, ikkje «angaaer en Person, som derved kan være fornærmet (Subject for Fornærmelse)», og at det ikkje «kan bevirke Formindskelse i hans Agtelse». Pilaren i forsvarstalen hans var dei to sentrale uttrykka forsettleg og openbar og retten til frimodige ytringar, slik tilfellet var også i forsvaret for Hans Chrystie og Ole Wernsen Klungseth. Som forsvararane i dei to sakene trong heller ikkje Hielm å kvesse pennen mot ordlyden i nokon paragraf i forordninga av 27. september 1799. Og no flytta han fokuset til uttrykket falske skuldingar: Skulle det vere så gale at aktoratet trass i alt som hittil var sagt, kunne stille med ein person som var ramma på ærekrenkande vis av innlegget til Christen Grønnerup, så ville Grønnerup sjølv da gå fri for straff dersom påstanden hans om at politi- og justisvesenet låg i dvale, beviseleg var sann.

Dette gav Hielm seg i kast med å godtgjere ved å stille ei mengd spørsmål som «her nedskrives, som de falde mig nærmest ind»:69 Kvar fanst den allmenne politiordninga som lova føresette, og som fastsette ein bestemt og fyllestgjerande virkekrets og organisasjon for politiet? Dreiv ikkje lausgjengeri og «det fordærvelige Landsprang» sitt spel på altfor mange stader i landet? Var næringspolitiet70 organisert på den måten som stemte best med statens tarv? Var spele- og drikkehus, nattsvermeri og bordell ukjente ting eller i det minste haldne innanfor så strenge grenser som muleg? Herska «den muligste Sikkerhed» på landevegar, gater og offentlege stader? Var brannvesenet overalt i ei slik forfatning at ingenting stod tilbake å ønske? Kunne folk vere sikre på at farlege framande ikkje oppheldt seg blant dei? Var bruleggings- og gateopplysingsvesenet, offentleg reinhald og orden og bygningspolitiet slik innretta overalt, for eksempel i hovudstaden, som forholda på kvar stad kravde? Korleis hadde det seg med sunnheitspolitiet; for eksempel med tiltaka mot den sørgjelege veneriske sjuka og radesjuka? Eller kva hadde vorte gjort under «den frygtelige Vandskræk» som nyleg hadde spreidd seg i hovudstaden i Danmark, da det gjekk skip i dagleg fart derfrå til våre kystar og sjukdommen enda var så nær oss at ein angripen hund vart skoten om bord på eit skip som hadde nådd hamn her? Var forordninga av 5. april 1793 om fengsla oppfylt overalt i landet? Var det sjeldan hos oss at arrestantar, til og med dømte farlege forbrytarar, rømte? Vanka den arresterte forbrytaren aldri fritt omkring iblant oss, som om arresten ikkje fanst? Førte det offentlege sakene sine mot forbrytarane så raskt og så lite belastande for borgarane som det var muleg å få til utan at rettferda lei? Osv. osv. osv.

Og til sist det som nok låg Hielm aller mest på hjertet: «Misbrugte aldrig nogen Øvrighedsperson den ham betroede Myndighed til ubeføiede Actioner??»71 Så fekk han inn også det stikket mot dei som hadde sett i verk aksjonen mot Christen Grønnerup.

Mot slutten av artikkelen tok han opp att dette poenget, no i påstands form: Han kunne ikkje erkjenne denne aksjonen for lovmessig.72 På ny la han velmeinte ord i vektskåla: Han dømte ikkje motiva til dei som stod bak aksjonen, berre handlinga deira. Slik garderte han seg mot skuldingar for sjølv å ha ærekrenkt påtalemakta; ærekrenking var å skulde nokon for vond vilje, for bevisst å ha handla imot betre vitende, i dette tilfellet imot det faktum at Grunnlova garanterte Grønnerup retten til å skrive som han hadde gjort. Hielm erkjente i staden at påtalemakta ikkje hadde skjønt dette: «Selv den Bedste kan feile», sukka han og hadde dermed heller ikkje brukt grove ord om motstandaren. Men det låg nok i dei korta han alt hadde lagt, at dei mangla «den Grad af Aandsdannelse» som sette folk i stand til å dømme sunt og rett. For handlinga til påtalemakta var grov: Det kunne ikkje anna vere enn å krenke Grunnlova når aksjonar vart reiste for dei tilfella som Grunnlova erklærte straffri.73

Hielm spådde avslutningsvis aktor Morgenstierne små sjansar i saka. Aktor kunne ikkje vri seg unna å måtte oppgi nøyaktig kven han meinte den fornærma var. Dersom han da oppgav at det var embetsmennene i politi- og justisvesenet, var saka privatrettsleg og Justitien ikkje kompetent saksøkar. Da måtte embetsmennene sjølve reise sak og reinvaske seg, slik Hans Chrystie påstod for Mosse Bytingsret og generalmajor Meyer gjorde mot Ole Wernsen Klungseth. Ifølgje § 10 i forordninga av 27. september 1799 var det berre ved skuldingar for «Urettskaffenhed i Embedsførelsen», og da under særdeles graverande omstende, at statsmakta, dvs. kongen sjølv, kunne gå til justisaksjon.74

Hielm gjorde her same sort subsidiær drøfting av § 10 i trykkefridomsforordninga som Chrystie hadde gjort i det første rettslege avhøret på rådstua i Moss: «[…] om man end troede den anvendelig […]». Han hevda ikkje beint fram at paragrafen ikkje gjaldt lenger. Det var dei forboda i forordninga som innskrenka trykkefridommen, Hielm meinte Grunnlova hadde sett ut av kraft, ikkje straffene og prosedyrereglane der. Etter desse reglane kunne embetsmennene ved mindre graverande ærekrenkande skuldingar høgst få innvilga beneficium processus gratuiti, fri rettsførsel til å reinvaske seg.

Skulle aktor i staden meine at det var dei konstitusjonelle maktene som var fornærma, og Grønnerup så nekta for at det var dei han hadde meint, «da kan ved lovmæssig Dom Frifindelse ikke mangle»,75 ettersom noko anna ikkje openbart låg i orda hans. Uansett i kva retning aktor Morgenstierne kom til å peike, var han dømt til å tape. Dette var så opplagt for Hielm at han måtte unnskylde seg for å ha brukt så mange sider i bladet: «Seer man hen til, hvor lidet tvetydig Grundlovens § 100 er, saa har jeg vistnok været for udførlig i denne Undersøgelse.»76

Men ein sluttsalve hadde han plass til: Skulle saka mot alle solemerke bikke motsett veg, da måtte § 100 «agtes for intetbetydende», og ein hadde da mindre trykkefridom enn mens 1799-forordninga gjaldt. Kvart uskyldig ord kunne da gjerast til eit brotsverk mot statsmakta, ingen misbruk eller feil kunne påtalast gjennom pressa, og folk hadde da ingenting anna å gjere enn stillteiande å underkaste seg kva kvar enkelt av dei høgaste embetsmennene fann det for godt å gjere med dei.77

Og ein siste salutt til ære for kongen, eller helst kronprins Karl Johan, som heller ikkje vart mykje til kar om aktoratet vann fram: Sjølv kongen var mindre mektig enn desse embetsmennene, ettersom han berre kunne bestemme i statsrådet sitt gjennom ein protokoll som er gjenstand for gransking; «og han kunde ikke høre det trykkede Folks Røst; thi allene igjennem de selvsamme Embedsmænd gik dens Vei».78

Tiltalt for majestetsfornærming

Da dette stod på trykk, hadde Morgenstierne og Hielm alt møtst som aktor og forsvarar i trykkefridomssaka mot Hans Abel Hielm for artikkelen i Det Norske Nationalblad med uttrykket advokatanes «høist uretfærdig bebyrdede Embede». Den kom opp for Christiania Bytingsret same dag som konstituert byfut Frederik Riis avviste Grønnerup-saka for bytingsretten, 9. november 1815. Her opptredde altså dei to fremste advokatane i landet, så desse rettsforhandlingane burde vise oss den beste argumentasjonen samtida kjente for tiltale og forsvar i ei trykkefridomssak. Hielm-saka var dessutan prinsipielt viktig ved at den reiste spørsmålet om forholdet mellom § 100 i Grunnlova og forordninga av 27. september 1799 på ein meir tilspissa og tydeleg måte enn sakene mot Chrystie, Klungseth og Grønnerup.

Tiltalen vart lagt fram i det første rettsinnlegget til Morgenstierne 9. november: Artikkelen i Det Norske Nationalblad hadde fornærma Hans Majestet Kongen ved å skulde han for å ha utført ei i høg grad urettferdig handling da han innførte den provisoriske anordninga for Høgsterett av 9. juni 1815.79 Dette er tankegangen frå eineveldets tid; den som ytra seg ille om ei lov, krenkte statsmakta som hadde innført lova.

Lovgrunnlaget for tiltalen forklarte Morgenstierne slik:

Den norske Grundlovs 2den §. [sic, skal vere 5te] forbyder udtrykkeligen at laste Kongen, og bemeldte Grundlovs 100de §. forbyder at vise Ringeagt for de constitutionelle Magter. Endskjønt altsaa Grundloven tillader frimodige Yttringer om Statsstyrelsen, saa har den dog forbudet at fremsætte sine Meninger i saadan Form, at disse enten indeholdt Fornærmelser mod Kongen, eller lede til Misnøie med og Ringeagt for hans Regjering.80

Det ser her ut som om han uttrykte seg etter vår domsmodell C: Det var §§ 5 og 100 i Grunnlova som skulle utgjere rettsgrunnlaget i skyldspørsmålet. Vi ser at § 5 i Grunnlova naturleg nok måtte spele same rettslege rolle som § 100.

Men det var éin pussig ting der: Uttrykket «lede til Misnøie med» stod ikkje i Grunnlova – ordet «Misnøie» hadde Morgenstierne henta frå § 2 i 1799-forordninga. Vidare i rettsinnlegget hevda han nemleg at § 100 i Grunnlova og §§ 2 og 7 i forordninga uttrykte nøyaktig det same. Dei to forordningsparagrafane strei på ingen måte mot § 100. Begge måtte etter § 94 i Grunnlova derfor «ansees fuldkommende gjældende»,81 ikkje berre straffereglane, men kvart einaste ord i paragrafteksten.

Det Morgenstierne da påstod, var at det kortfatta forbodet mot «Ringeagt mod de constitutionelle Magter» i Grunnlova betydde nøyaktig det same som dei gamle – og hata – og mykje meir omfattande formuleringane både i § 2 i 1799-forordninga, «Dersom nogen, i et trykt Skrift, laster, forhaaner eller søger at udbrede Had og Misnøie imod disse Rigers Constitution, eller imod Kongens Regiering, enten i Almindelighed, eller i enkelte Handlinger […]», og i § 7, å «skumle med Bitterhed over Regieringen» eller «indklæde sine Anmærkninger over dens Foranstaltninger i utilbørlige og usømmelige Udtrykke, men dog ikke i den Grad, at han kunde ansees efter 2 §».

Kunne han verkeleg ha rett i at dei to uttrykka «Had og Misnøie» og «Ringeagt» betydde det same? Forfattaren av 1799-forordninga, generalprokurør Christian Colbjørnsen, meinte ikkje det. «At opvække had og misnøje er ikke at vise foragt», skreiv han i 1798 i kritikken sin av lovforslaget frå lovkommisjonen av 1797 (sjå side 48 og 116). «En hård og undertrykkende, men tillige fast og kraftfuld regering, foragtes ikke, men den frygtes og hades.» Ei lovgiving som berre forbaud ringeakt, gjekk derfor ikkje langt nok: «Jeg tror ikke, at man bør ustraffet kunne søge at udbrede had og misnøje imod konstitusjon og regering.»82 Det var denne strengare linja Colbjørnsen eigenhendig innførte i § 2 i 1799-forordninga, og som Morgenstierne no hevda betydde det same som ringeakt i § 100. Det han da gjorde, var å fylle Grunnlovas ord med betydning frå 1799-forordninga og sette heile den nye trykkefridommen i spel.

For Morgenstierne gjekk det såleis ut på eitt kva for nokre ord han brukte i tiltalen, dei frå forordninga eller dei frå § 100; dei ville uansett uttrykke også Grunnlovas meining. Dermed kunne han påstå 1799-forordninga som rettsgrunnlag i skyldspørsmålet: Det var etter desse to straffelovsparagrafane «Sagen maae blive at bedømme».83 Aktoratets tiltale låg med andre ord innanfor vår domsmodell B: Morgenstierne målte ordlyden i §§ 2 og 7 i forordninga opp mot § 100 i Grunnlova som overordna norm, meinte at paragrafane gjaldt fullt ut, og plasserte rettsgrunnlaget der.

Men det var terskelen for ringeakt i Grunnlova Morgenstierne uttrykkeleg påstod at Hans Abel Hielm hadde trødd over, og det var dei to grunnlovsparagrafane 5 og 100 dommar Frederik Riis måtte ta utgangspunkt i under skyldvurderinga, vel å merke ut frå si eiga tolking av dei, ikkje Morgenstiernes. Det kunne han gjere på ein av to måtar: enten ved som Morgenstierne å måle §§ 2 og 7 i forordninga opp mot § 100 som absolutt norm og slik avgjere i kor stor grad forboda der framleis gjaldt, eller ved å avvise ei slik samanlikning fordi § 100 hadde erstatta forordninga som rettsgrunnlag og uansett gjaldt åleine. Først utfallet av den vurderinga ville avgjere kva for ein domsmodell domstolen kom til å følgje, B eller C. Ingenting i saka så langt skulle tyde på at domsmodell A, at 1799-forordninga hadde sjølvstendig autoritet som rettsgrunnlag, var aktuell. Morgenstierne hadde elles sjølv brukt uttrykk som hører heime i domsmodell C: at Grunnlova i §§ 5 og 100 «forbyder», dvs. at dei to grunnlovsparagrafane inneheldt forbod, slik at også dei kunne vere rettsgrunnlag i skyldspørsmålet om eit lovbod i forordninga no skulle vise seg å vere heilt oppheva.

Først i straffepåstanden vendte Morgenstierne seg einsidig mot 1799-forordninga:

Paastand: At Tiltalte ansees ifølge Forordningen af 27de September 1799, §. 2, eller i al Fald, ifølge bemeldte Forordnings 7de §., samt tilpligtes at betale alle af Actionen lovlig flydende Omkostninger.84

Straffepåstanden var landsforvising etter § 2 som prinsipal påstand og «Fængsel paa Vand og Brød, fra 4 til 14 Dage» etter § 7 som subsidiær.

Etter § 2 i 1799-forordninga var landsforvising den einaste mulege straffa, og i motsetning til aktor Trosdahl i Klungseth-saka stritta Morgenstierne imot slike straffer frå ei forgangen tid; kanskje mintest han Heiberg-saka i 1799 og landsforvisingsdommen han som dommar den gongen eigentleg hadde vore imot.85 I rettsinnlegget antyda han så at han sjølv primært gjekk inn for det subsidiære: Som aktor var han nok pliktig til å nedlegge påstand etter § 2 i forordninga, fordi den stricto jure var anvendeleg, men in subsidium ville han innstille til retten om det påtalte forholdet ikkje heller kunne bedømmast frå eit mildare synspunkt og reknast til dei lovbrota som var omtalte i § 7.86

Det var påbodet i § 96 i Grunnlova om å dømme «efter Lov», utan skjønn, som låg bak den primære påstanden, og det må ha vore for å styrke den subsidiære at han i innlegget brukte ord som låg nær uttrykket «skumle med Bitterhed» i § 7: Ytringa til Hielm var «bitter Dadel [mi utheving] af den Regjeringshandling, Hans Majestæt Kongen har udøvet». Ved å uttrykke seg slik dempa han den alvorlege anklagen om at kongens person var fornærma i strid med § 5 i Grunnlova, og førte vekta over på at det var snakk om ei kritisk og ringeaktande ytring mot ei offisiell regjeringshandling i strid med § 100.

Det var nettopp anklagen om å ha fornærma kongen personleg forsvarar Jonas Anton Hielm sette inn ein støyt imot i det første forsvarsinnlegget sitt, datert 23. november 1815. Korleis kunne det vere muleg for kongen på dei få dagane som hadde gått frå artikkelen stod på trykk, til aksjonen mot forfattaren vart sett i verk, å først få nyss i saka og bli personleg fornærma, og så ta den opp i kongens statsråd i Stockholm og til sist sende ei erklæring tilbake til det norske statsrådet i Christiania? Det måtte vere det norske statsrådet sjølv som hadde tatt affære, utan at kongen visste det, og trass i at dei norske statsrådane ikkje hadde myndigheit til å erklære kongen personleg fornærma. Hielm kravde derfor saka avvist og påstod ein exceptio incompetentiæ, «at Sagsøgeren er uberettiget til at paatale Noget, som ham uvedkommende».87

Med det gav Hielm seg ut på den sporten som den tidas advokatar var så glade i, med Hielm sjølv som meisteren: «Sakerne blev meget hyppig indledet med en præliminær procedyre og votering om, hvorvidt avvisning skulde finde sted, de tidligere domme kjendes uefterrettelige eller lignende», enda dei formelle innvendingane ofte var svake og uskikka for formålet sitt.88

Men formålet med Hielms påstand var noko meir enn berre ei avvising. Han ville tvinge Morgenstierne til å legge korta på bordet: Var det kongen personleg eller det norske statsrådet Hielm hadde som motpart? Dette var vesentleg for korleis forsvaret måtte leggast opp.

§ 19 om ansvaret til redaktøren av periodiske blad

I det andre forsvarsinnlegget sitt, datert 30. november 1815, la Hielm fram enda ein avvisingspåstand, ein exceptio rei incompetentis, dvs. at «Sagsøgte paastaaer, at ikke han, men en anden er den rigtige Sagvolder, hvem derfor bør søges».89 Med det sette han press mot eit svakt punkt hos Morgenstierne: Aktoratet hadde ikkje oppgitt nokon lovheimel for at bokhandlar Hans Abel Hielm skulle kunne straffast for ytringar i eit innlegg partane var einige om at ein annan person hadde skrive. Det eigentlege formålet med denne andre avvisingspåstanden var å tvinge Morgenstierne til å peike ut heimelen sin for «at anvende Straf paa den erkjendt Uskyldige».90

Det var anonymitetsretten som vart sett på prøve. Det den tiltalte Hans Abel Hielm hadde gjort, var å nekte å bryte den anonymiteten artikkelforfattaren hadde beskytta seg bak. Hielm meinte, som Falsen (sjå side 175), at anonymitetsretten var «blandt Trykkefriheds naturlige og væsentlige Rettigheder»,91 og at ingen trykkefridom ville finnast dersom kven som helst når som helst kunne erklære seg fornærma og så forlange å få anonymiteten heva:

Ved Trykkefrihed forstaaes nemlig ikke Frihed til, at lade noget igjennem Pressen bekjendtgjøre, under hvilkesomhelst indskrænkende Betingelser. […] Trykkefrihed er kun til der, hvor Tankens Yttring igjennem Pressen er ligesaa fri, som dens mundtlige Yttring.92

Munnlege og skriftlege ytringar måtte bedømmast likt, og ettersom det aldri hadde vore ulovleg å framføre ein munnleg påstand som ikkje fornærma nokon, om talaren aldri så mykje nekta å seie kva han heitte, så var det å ytre ein slik påstand gjennom pressa «altsaa ikke heller ulovligt blandt os».93 Inntil noko anna var bevist i retten og avgjort ved dom, kunne påstanden i artikkelen i Det Norske Nationalblad ikkje betraktast som fornærmande mot nokon, og før ein slik dom var fallen, kunne ingen krevje anonymiteten heva.

Hielm bøygde seg likevel for det prinsippet Henrik Steenbuch hadde uttrykt i grunnlovskommentaren, at både staten og ein ærekrenkt part måtte vere sikra den anonyme «Forfatterens Person» når eit lovbrot beviseleg var skjedd. Men retten til «at beholde sit Navn for sig selv» kunne berre bli fråtatt nokon ved dom, og dommen måtte basere seg «ikke paa blotte Magtsprog eller Paastande, men paa gyldige Beviser om den Fordrendes Ret».94 Da kunne Justitien reise sak mot bokhandlar Hielm for å tvinge han til å oppgi den rette forfattaren. Dersom ein dom så slo fast at han hadde plikt til å oppgi namnet, og han framleis nekta, kunne han «straffes for Nægtelsen; men ikke for en foregiven Brøde, i hvilken man har erkjendt ham uskyldig».95

I svarinnlegget sitt, datert 11. januar 1816, tilbakeviste aktor Morgenstierne begge avvisingspåstandane til Hielm. Den første feia han unna med at Justisdepartementet i eit brev til han av 13. desember 1815 erklærte at aksjonen var beordra av «den Kongelige Norske Regjering, hvorved altsaa alt Spørgsmaal om Sagsøgerens Competence maa bortfalde».96 Den andre avvisingspåstanden fekk han større vanskar med; forsøket hans på å finne ein god lovheimel for at Hans Abel Hielm skulle kunne tiltalast og straffast, reiste spørsmålet om forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga i akutt form. Vel hadde det gått fram av det første innlegget hans i retten at også han – og regjeringa, må vi tru – meinte at delar av 1799-forordninga måtte vere sette ut av kraft av Grunnlova. Dette var uomstridd i retten. Men kva i forordninga som var sett ut av kraft, var ikkje uomstridd.

Morgenstierne greip til § 19 i forordninga av 27. september 1799, den paragrafen konstituert byfut Frederik Riis hadde valt å sjå bort frå i bytingsdommen i Grønnerup-saka som Morgenstierne hadde anka inn for Høgsterett. Paragrafen bestemte uttrykkeleg, sa Morgenstierne, at redaktøren av eit periodisk blad skulle stå til ansvar «ligemed Forfatteren» for det som vart tatt inn i bladet. Derfor var Hans Abel Hielm i alle tilfelle «den rette Sagvolder».97

Ettersom denne regelen var knytt til forbodet i same paragraf mot at skribentar i periodiske blad skreiv anonymt, måtte Morgenstierne meine at også anonymitetsforbodet framleis gjaldt. Det må ha kjenst som ein ustø påstand – i alle blad florerte anonyme artiklar utan at det vart reist tiltale mot dei – og han søkte solidare grunn ved å hevde at redaktørens ansvar for alt som stod på trykk i eit blad, òg var «grundet i almindelige Retsbegreber om de Personers Strafskyld, som bidrage til Iværksættelsen af en lovstridig Handling». Dette medverkaransvaret kunne ikkje vere oppheva ved § 100 i Grunnlova,

om endog denne – hvilket jeg dog ingenlunde ubetinget antager – kunde forklares saaledes, at de Lovbestemmelser i Fr. af 27de September 1799, som ere grundede i det Forbud mod Anonymitet, hvilket bemeldte Forordning indeholder, nu ikke længere vare gjeldende.98

Morgenstierne hevda prinsipalt at § 19 i forordninga av 27. september 1799 ikkje var sett ut av kraft, og plasserte heimelen der. Men i tilfelle «sidstnævnte Fortolkning af Grundlovens 100de §. var rigtig, og Anonymiteten altsaa tilladt»,99 måtte han òg søke ein stødig lovheimel: Da, sa han, måtte dei eldre lovene som gjaldt før 1799-forordninga forbaud anonymiteten, atter tre i kraft.

Det var lex posterior-prinsippet, at ei ny lov oppheva ei eldre, Morgenstierne brukte: Dersom 1799-forordninga ikkje lenger inneheldt eit gyldig forbod mot å skrive anonymt, oppheva den heller ikkje lenger tidlegare rettsreglar om dette, og anonymitetsretten måtte bli bestemt etter kronprins Frederiks trykkefridomsreskript av 3. desember 1790 og Struensees trykkefridomsreskript av 7. oktober 1771. Ifølgje dei skulle boktrykkaren stå til ansvar i staden for forfattaren når han ikkje kunne oppgi kven forfattaren var. Den same plikta, resonnerte Morgenstierne, måtte utvilsamt redaktøren av eit periodisk blad ha «naar han har ladet Noget trykke, hvortil han ei, efter Opfordring, kan opgive Forfatteren».100 Han erstatta for eiga rekning ordet boktrykkaren i lovteksten med redaktøren, utan omsyn til § 96 og påbodet om å dømme «efter Lov», etter den faktiske ordlyden.

Det Morgenstierne framfor alt prøvde seg på med dette, var å omdefinere Grunnlovas uttrykk «ladet trykke eller udgive», som gjaldt forfattaren, til å gjelde også boktrykkar og redaktør. På nytt prøvde han å fylle ei formulering i § 100 med meining frå den gamle rettsordenen og avslutta innlegget med at bokhandlar Hielm uansett ville vere den rette tiltalte i saka same kva han skulle finne på. Som redaktør av eit periodisk blad var han etter «de gjeldende Love» å sjå på som forfattar av det som stod i bladet, inntil han beviste det motsette; og skulle han no bevise det motsette og oppgi kven forfattaren var, måtte han like fullt «staae til Ansvar lige med Forfatteren» etter § 19 i 1799-forordninga.101

Statusen til denne paragrafen kunne komme til å bli avgjort av Høgsterett i Grønnerup-saka som var anka dit; Morgenstierne venta nok i spenning på avgjerda.

Kvifor hadde ikkje spørsmålet om § 19 framleis gjaldt, vore reist også i sakene regjeringa førte mot Hans Chrystie og Ole Wernsen Klungseth? Ein vesentleg forskjell var at anonymiteten ikkje kunne bli eit tema overfor dei. Dei hadde skrive i ei avis, Christiania Intelligentssedler, og 1799-forordninga forbaud ikkje anonymitet i aviser. Under eineveldet var det overflødig, ettersom avisene berre skulle formidle ukommenterte nyheiter og ikkje innehalde «selvstændige Afhandlinger».102 Regelen var innført ved eit reskript av 19. mars 1701,103 gjentatt i eit reskript av 15. oktober 1756,104 som forbaud utgivaren å trykke «raisonnements, eller andris discourser over det som passerer».105 Det førte til at dei trykte media i Danmark-Norge utvikla to skarpt skilde format: «avisene, med sine ukommenterte nyheter, på den ene siden, og de andre periodiske skriftene, med sin adgang til å blande ulikt stoff og synspunkter – raisonnements – på den annen».106 Det var dette skiljet som gjorde at § 19 i 1799-forordninga forbaud anonymitet i «alle Journaler og periodiske Blade», men ikkje i «Aviser eller offentlige Tidender».107 Det Norske Nationalblad var eit periodisk blad, Christiania Intelligentssedler ei avis. Men § 100 skilde ikkje mellom ulike publiseringsformer. Etter 1814 var avisene derfor snare med å ta inn allslags stoff,108 og påtalemakta opptredde som om § 19 ikkje gjaldt; berre forfattaren av eit straffverdig innlegg vart dratt til ansvar.

Dette peika Jonas Anton Hielm på i eit kortfatta svarinnlegg datert 1. februar 1816. Morgenstierne hadde bevega seg utanfor så vel aktoratets tiltale som aksjonsordren frå Justisdepartementet. Der stod det uttrykkeleg at «Boghandler Hielm bør i Forfatterens Sted [mi utheving] underkastes Tiltale for de paaankede Udtryk».109

Hielm bles òg av argumentasjonen til Morgenstierne om eldre lover, den var «Lovfortolknings-Philosophie af et nyt Slags». Paragraf 100 i Grunnlova gjekk ut på «uigjenkaldelig at sikkre Nationens Trykkefrihed, saaledes, som den der er bestemt, og uden alt Hensyn til hvad Trykkefrihed eller Trykketvang der i Lovgivningens foregaaende Perioder havde fundet Sted».110 Det var altså ikkje lex posterior-prinsippet, at 1799-forordninga kunne vere oppheva berre der § 100 bokstaveleg endra den, som gjaldt i forholdet mellom § 100 og 1799-forordninga, men lex superior-prinsippet, at § 100 var ei overordna lov som all anna trykkefridomslovgiving skulle vere avleidd av. Hielms formulering om at domstolane i det heile tatt ikkje skulle ta omsyn til den tidlegare lovgivinga, berre til ordlyden i § 100, uttrykker kjernen i vår domsmodell C.

Hielm gjekk no lenger enn han hadde gjort i meiningsutvekslinga med Christian Magnus Falsen i Det Norske Nationalblad i desember 1815; heile forordninga av 27. september 1799 var sett ut av kraft ved Grunnlova, og «§ 19 er altsaa ligesaa uanvendelig, som urettelig paaberaabt»,111 og han aksepterte ingen av dei lovheimlane Morgenstierne hadde knytt påstanden sin til. Elles konstaterte han fornøgd at «Actionen ikke kommer fra Hans Majestæt Kongen, saa at Benævnelsen ‘høieste’ er blot Feiltagelse».112

Det var grunnleggande prinsipp i diskusjonen om trykkefridommen dommar Frederik Riis hadde å fundere på i tida fram til dommen over dei to avvisingspåstandane frå forsvarar Jonas Anton Hielm måtte falle.

Ein nullitet av 27. september 1799

Desse innlegga, Morgenstiernes aksjonsinnlegg, Jonas Anton Hielms to forsvarsinnlegg, Morgenstiernes svarinnlegg og Hielms siste svar, nådde ut til eit stort publikum ved at Hielm-brørne offentleggjorde dei i Det Norske Nationalblad. Ingen i Norge hadde tidlegare trykt rettsakter mens ein prosess enno pågjekk. Men brørne kunngjorde freidig (og anonymt) at bladet ville fortsette å «meddele Actstykkerne i denne Sag, hvorved det troer at fyldestgjøre Publicums Ønsker, idet det følger en offentlig, og saavidt man har kunnet erfare, almindelig bifaldt Opfordring».113

Slik viste dei på enda ein måte at 1799-forordningas tid var forbi. Dersom heile forordninga hadde stått ved makt, kunne dei ikkje ha tillate seg noko slikt. Da skulle bladet for lengst ha vore stansa, etter § 18:

Dersom nogen er sat under Justitiens Tiltale, formedelst Misbrug af Trykkefriheden, maae ingen Bogtrykker antage et Skrift fra ham til Trykning, saalænge han staaer under offentlig Anklage, med mindre en bosiddende Borger giver sin skriftlige Erklæring, at ville indestaae for Skriftets Indhold.

Dessutan ville det etter lovgivinga frå før 1814 ha vore ulovleg å offentleggjere rettsinnlegga på den måten Hielm-brørne gjorde. Ein kongeleg resolusjon av 5. oktober 1799 hadde utdjupa ein del av dei nye reglane i 1799-forordninga, som svar på 12 spørsmål frå politimeisteren i København om korleis dei skulle praktiserast. Paragraf 3 i resolusjonen forbaud å sette på trykk rettsinnlegg som inneheldt mulege straffverdige ytringar, for eksempel ytringar som var under domstolsbehandling, for å gjere det lettare å forhindre at ytringane etter ein fellande dom framleis var offentleg tilgjengelege.114 I ein dom i Trondhjems Bytingsret av 25. januar 1810 hadde kjøpmann Johan Friderich Bennecke vorte dømt nettopp for brot på denne paragrafen i resolusjonen og dermed på 1799-forordninga.115 Det Norske Nationalblad trykte naturlegvis dei innlegga som gjengav orda Hans Abel Hielm var tiltalt for, men verken regjeringa, aktor Morgenstierne eller dommar Friis kravde nokon ny tiltale mot Hielm. Også resolusjonen av 5. oktober 1799 var med andre ord ute av kraft.

Det er liten tvil om at desse sensurreglane vart førte inn i 1799-forordninga for å stanse den satiriske pennen til Peter Andreas Heiberg under rettsprosessen mot han. Straks Heiberg hadde skjønt at han var sett under Justitiens tiltale, hadde han starta tidsskriftet Læsning for Publikum, som kom ut med heile 37 nummer frå mars til september 1799 og inneheldt alle aktors innlegg og Heibergs eigne til dels raljerande forsvarsinnlegg. Til opplysning for publikum trykte han opp att alle tekstane han var sett under tiltale for. Grunngivinga hans var ikkje ulik Hielm-brørnes kunngjering i 1815, at han hadde vore så lykkeleg å erfare at publikum «i denne Sag interesserer sig langt meere for mig, end jeg vovede at vente. Det er altsaa min Pligt, af flere Aarsager, at bekiendtgiøre hvad der passerer i Sagen».116

Tidsskriftet var stor underhaldning og på alles lepper mens Jonas Anton Hielm var ung student i København – og gjorde kronprins Frederik rasande og forbitra. Paragraf 18 i den brått vedtatte forordninga av 27. september 1799 tvinga straks Heiberg til å stanse utgivinga. Han gjorde likevel klar nye nummer av tidsskriftet, kanskje i påvente av ein frifinnande dom. Men saka enda annleis, og den siste fyldige delen nådde ikkje eit lesande publikum før i 1974, da den vart trykt i ei ny bok om Heiberg.

Ved no å begynne å offentleggjere prosessen mot Hans Abel Hielm gjorde Hielm-brørne meir enn berre freidig og stolt å knyte an til trykkefridomstradisjonen frå Heiberg og hans Læsning for Publikum. Dei viste for all verda at § 18 i 1799-forordninga, som stiftamtmannen brukte som heimel for kunngjeringa av kvar ny trykkefridomsaksjon, var ein nullitet, ein ikkje gjeldande lovparagraf.

Amtmann Christian Magnus Falsen hadde i innlegget sitt om Grønnerup-saka i Det Norske Nationalblad i desember 1815 peika på ei rekke slike opplagte nullitetar: Kom det ikkje nesten kvar veke ut anonyme skrifter uansett om dette uttrykkeleg var forbode i § 16 i forordninga? Kom det ikkje ut periodiske blad i Christiania, Trondheim og Bergen der verken forleggar eller forfattar vart nemnte, enda dette var påbode i § 19? Alle visste at Grønnerup og Hielm var sette under tiltale for nokre uttrykk i eit innlegg i Det Norske Nationalblad, men enno hadde ikkje Falsen sett noka oppfordring om å levere heile opplaget av det påtalte skriftet til politimeisteren på staden slik § 20 bestemte, noko som måtte bety at paragrafen vart sett på som oppheva. Heller ikkje trudde han at nokon boktrykkar oppfylte krava i §§ 26117 og 27, like lite som han hadde erfart at nokon politimeister eller stiftamtmann hadde vorte dratt til ansvar etter § 28 fordi dei ikkje hadde overhalde lovboda i dei to føregåande paragrafane.118

Alle desse seks paragrafane, i tillegg til § 18, var etter Falsens oppfatning oppheva fordi «vi ved Grundlovens 100de §. have faaet Trykkefriheden igjen». Poenget hans var ikkje berre at rettstilstanden var grunnleggande endra – men at alle visste det og oppførte seg deretter. Akkurat slik Hielm-brørne visste at ingen ville kunne hindre dei i å offentleggjere rettsprosessen mot yngste bror Hans Abel som stod tiltalt på vegner av den anonyme forfattaren av artikkelserien «Revision af Sorenskriver Weidemanns Forslag til Anordning og Reglement for Høiesteret».

Éin ting oppnådde iallfall denne anonyme forfattaren å ha felles med Peter Andreas Heiberg. Fordi § 18 i 1799-forordninga nekta Heiberg å ytre seg offentleg lenger, var avslutningsorda i nr. 37 av Læsning for Publikum dei aller siste han fekk på trykk i heimlandet Danmark: «(Fortsættelsen i næste No.)».119 Og den anonyme forfattaren stansa like brått sin artikkelserie i Det Norske Nationalblad slik: «(Fortsættes.)».120 Litt mindre heroisk enn Heiberg, kanskje; men det kan godt hende at han – eller utgivaren – med denne sjølvsensuren veik unna enda fleire regjeringsaksjonar mot artikkelserien.