Det var ein uvanleg lovsituasjon Norge kom opp i da stormaktene rykte landet ut av det lange samlivet med Danmark og inn i ein personalunion med Sverige. Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 greidde nok å vedta ei ny grunnlov som erstatta eineveldet med eit konstitusjonelt kongedømme og eit lovgivande og folkevalt storting. Men eit eige og tidsmessig lovverk for det nye landet bygd på den same grunnlova kunne ikkje dei to grunnlovgivande forsamlingane i 1814, riksforsamlinga om våren og det første overordentlege stortinget utpå hausten, makte å skrive. Grunnlovsfedrane meinte likevel at det ikkje skulle gå lang tid før nye lover var på plass; i Napoleons Frankrike hadde dei greidd å få ferdig fem lovbøker, les cinq codes, på få år. I § 94 i Grunnlova bestemte dei derfor at alt på neste storting, eller i verste fall på stortinget etter det att, skulle lovkomiteen som riksforsamlinga oppnemnte, legge fram forslag til ei «ny almindelig civil og criminal Lovbog» også i Norge.