Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Det barnevernfaglege skjønnet og verdien av kollegiale drøftingar

Professor, Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. khe@hivolda.no

Førsteamanuensis, Institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet. Tone.Jorgensen@hvl.no

I denne artikkelen ønsker vi å diskutere korleis skjønnet i barnevernssaker kan styrkast, med spesielt fokus på potensialet som ligg i det barnevernfaglege kollegiet. Vi spør korleis drøftingar i kollegagruppa kan bidra som ein ressurs i skjønnsvurderingar, spesielt i handteringa av den kompleksiteten og uvissa som ofte kjenneteiknar barnevernssaker. Med utgangspunkt i Bernardo Zacka sine perspektiv på moralsk skjønn og typiske fallgruver i skjønnsutøving diskuterer vi korleis organisatoriske grep på arbeidsplassen kan bidra til at skjønnet vert gjort til gjenstand for kritisk refleksjon og diskusjon. Studien som denne artikkelen bygger på, illustrerer to ulike drøftingslogikkar i eit kollegafellesskap, som vi kallar stabiliserande og korrigerande drøftingspraksis. På bakgrunn av dette drøftar vi om og korleis kunnskapsmessig og moralsk heterogenitet i kollegafellesskapen kan bidra til auka kvalitet i vurderingane, og på denne måten styrke det faglege skjønnet.

Nøkkelord: barnevern, skjønn, kritisk refleksjon

In this article we discuss how professional discretion in child welfare cases can be strengthened, with special focus on the potential that lies in case discussions. We ask how case discussions in professional teams can increase the quality of discretionary assessments, especially when dealing with the complexities and uncertainties that often characterize child welfare cases. Based on Bernardo Zacka’s perspective on moral reasoning in the professional exercise of discretion, we discuss how peers can provide accountability when the organizational culture is characterized by heterogeneity. In the article, we illustrate two different types of discussion practices and argue for the importance of case discussions in child welfare cases in which peers with different knowledge backgrounds, skills and values take part.

Keywords: child welfare practice, professional discretion, critical reflection

Å ta avgjerder i barnevernssaker handlar om å gjere vurderingar i eit beslutningslandskap som er normativt, kunnskapsmessig og menneskelig komplekst (Christiansen & Kojan, 2016, s. 20). Ei kvar ny sak som barnevernet møter, er unik og meir eller mindre ulik alle tidlegare saker. Denne kompleksiteten gjer skjønn naudsynt, og barnevernstilsette må utvikle si praktiske dømmekraft for å finne gode løysingar i nett denne saka.

Forsking har vist at dette skjønnet er sårbart då det er fleire forhold som aukar faren for feilslutningar i barnevernets skjønnsvurderingar (sjå m.a. Backe-Hansen, 1999; Biesel, Masson, Parton & Pösö, 2020; Kirkebøen, 2013; Munro, 2019). I denne artikkelen ønsker vi å diskutere korleis det faglege skjønnet kan styrkast, med spesielt fokus på potensialet som ligg i det barnevernfaglege kollegiet. Vi spør korleis drøftingar i kollegagruppa kan bidra som ein ressurs i handteringa av den kompleksiteten og uvissa som kjenneteiknar arbeidet med ei barnevernssak. Kollegiale drøftingar kan på mange måtar reknast som barnevernets «backstage» (Goffman, 1971), der ei meir uformell ramme pregar dei barnevernfaglege diskusjonane. Det er ein type møteverksemd som representerer eit av barnevernets «usynlege forhandlingar» (Pithouse, 1998) i avgjerdsprosessen der barnevernsarbeidarane snakkar om klientar, og ikkje med dei (Nikander, 2003). Studiar har vist at kollegiale drøftingsaktivitetar bidreg til å utvikle og etablere faglege problemforståingar i ei sak, og dette får betydning for tiltaksbruken (Jørgensen, 2016; Vagli, 2009; Hall, Slembrouck & Sarangi, 2005; Riemann, 2005). Desse studiane får fram korleis bilete av barn og familiar blir materialisert og får meining gjennom snakket og kategoriane som er i bruk i dei faglege diskusjonane (Nikander, 2003). Slike diskusjonar skjer oftast utan offentleg innsyn og utan at skjønnet som er involvert her, blir synleg i skriftlege dokument.

Det å opne opp for innsyn og gjere denne drøftingsaktiviteten til gjenstand for utforsking kan skape eit grunnlag for refleksjon og diskusjon om kva som må til for å skape gode vilkår for barnevernets skjønn. Førsteforfattar av denne artikkelen har gjennom sitt doktorgradsarbeid observasjonsdata frå slike kollegiale drøftingar, og det er desse som dannar det empiriske utgangspunktet for våre analysar. Problemstillinga vi vil diskutere, er korleis slike kollegiale drøftingar kan medverke til å styrke, eventuelt svekke, det faglege skjønnet.

Teoretiske perspektiv på skjønn

Det finst ulike teoriar om skjønn, og val av teoretisk tilnærming får betydning for kva analysar av skjønnsbruk som blir gjort relevant. Grimen og Molander (2008) lagar i si drøfting av skjønn i profesjonelt arbeid eit nyttig skilje mellom to hovudtydingar av fenomenet. På den eine sida viser skjønn til ein praktisk resonneringsform som handlar om å ta avgjerder under uvisse omstende. Slike resonneringsformer krev tydelege normative og kunnskapsmessige haldepunkt som skjønnet blir utøvd overfor, og vi snakkar då om ein epistemisk forståing av skjønn. På den andre sida viser skjønn til eit handlingsrom som blir avgrensa av visse standardar og reglar sett av styresmaktene. Dette er ein strukturell forståing av skjønn (ibid, s. 181). I saker som barnevernet arbeider med, er handlingsrommet for skjønn ofte stort. Fokus i denne artikkelen er det epistemiske skjønnet.

Ein annan relevant teoretisk inngang til å forstå skjønnsvurderingar er teoriar om bakkebyråkratiet. Dette er ein teori som Lipsky (1980) utvikla på 70-talet, og som seinare har blitt brukt som utgangspunkt for fleire analysar av skjønn innan offentleg forvaltning. Eit hovudtrekk ved perspektivet er at det rettar merksemda mot dei dilemmaa som oppstår når generelle lover og reglar blir implementert i praksis og på enkeltsaker. Mellom anna må den kompleksiteten som kjenneteiknar saker i bakkebyråkratiet, reduserast for å kunne handterast innafor rammene av eit institusjonelt system. Dette er ei tilnærming som rettar merksemda mot dei epistemiske aspekta ved skjønn. Den har fokus på korleis bakkebyråkratar resonnerer praktisk kring skjønnet, og evna den enkelte har til å vurdere kva som er rett å gjere når slike dilemma oppstår. Dette gjer samstundes skjønnet sårbart.

I våre analysar har me valt å legge til grunn Bernardo Zacka (2017) sine perspektiv på skjønnsutøving i bakkebyråkratiet. Zacka er oppteken av dei moralske aspekta ved dei dilemmaa som oppstår i praktisk skjønnsutøving. Det å utøve skjønn gjer ifølgje Zacka bakkebyråkraten til ein moralsk aktør med eit ansvar for å gjere fornuftige vurderingar. Eit problem Zacka peikar på her, er at bakkebyråkratar over tid og med erfaring, kan bli moralsk disponert til å standardisere vurderingane som ligg til grunn for skjønnet, og at dette representerer ei fallgruve i arbeidet. Zacka definerer moralsk disposisjon som tendensen til å innta ein bestemt posisjon i vurdering av skjønnsbaserte spørsmål som påverkar korleis ein tolkar saker. Han illustrerer det med trekanten mellom «indifference», «care» og «enforcement», som idealtypiske posisjonar i bakkebyråkratiet (ibid, s. 66–110). Indifference er tendensen til raskt og rutinemessig å sortere ut saker og klientar som «typar» med klåre løysingar. Care orienterer seg mot meir skreddarsaum og vurdering av individuelle behov, medan enforcement er ei tydeleg regelorientering, der det er dei formelle kriteria for rett til hjelp som regulerer vurderingane. Desse tre posisjonane representerer typiske tolkingsrammer som formar korleis saker og personar blir oppfatta, og det vil også ha betydning for dei skjønnsmessige vurderingane av løysingar. Dersom ein av desse posisjonane blir dominerande i arbeidet utan å bli utfordra, kan den utvikle seg til ein meir rigid profesjonell identitet som orienterer arbeidet. Dette blir då til ein moralsk disposisjon som aukar faren for systematisk å redusere kompleksiteten i saka med uheldige konsekvensar for dei det gjeld. Hos Zacka er «disposisjon» elles eit relativt ope omgrep, frå meir spontane vurderingar i ei enkelt sak, til meir saksuavhengige og generelle måtar å vurdere saker på, som moralsk disposisjon (Zacka, 2017, s. 86–87). Han nyttar også omgrepet kasuistikk («casuistry») når handteringa av tidlegare kasus blir overført og brukt på ei ny sak (ibid, s. 168).

Zacka argumenterer for at det må førast diskusjonar i eit kollegium om kva disposisjonar som er involvert i vurderingane. Posisjonen som nokon tek i ei vurdering, kan vere forhasta eller for lite gjennomtenkt, og treng å bli utfordra og kritisk gjennomgått. Ved å diskutere saker kan kollegagruppa bidra til å utvikle den opphavlege vurderinga, og det skjer då ei utvikling innanfor det fiktive rommet av disposisjonar, trekanten, som Zacka skisserer.

Zacka hevdar vidare at det er sentralt å gjere organisatoriske grep på arbeidsplassen for å få fram slike diskusjonar. Det vil mellom anna vere viktig å legge til rette for eit fagleg mangfald i kollegafellesskapen for å ha eit best mogeleg utgangspunkt for å gjere gode skjønnsvurderingar. Han omtalar dette mangfaldet som «organisert heterogenitet» (Zacka, 2017, s. 154). Heterogenitet vil i større grad sikre at skjønnsutøving blir gjort til gjenstand for diskusjon fordi deltakarane i gruppa representerer eit mangfald av moralske disposisjonar, og fleire posisjonar kan då vere i spel i vurderingane.

Vår vurdering er at Zacka si vektlegging av moralske disposisjonar i skjønnsutøvinga er viktig, men at dei kunnskapsbaserte disposisjonane også må vektleggjast. Ei tilnærming som då er relevant i analysar av barnevernets skjønn, er Wenger-Trayner og Wenger-Trayner (2015, s. 13) sine idear om velinformerte læringslandskap («knowledgeability»). Dette er eit perspektiv som har fokus på fagkunnskapsdimensjonen i profesjonell praksis og er ei vidareutvikling av Wengers (1998) tidlegare idear om praksisfellesskap. Eit poeng som blir løfta fram her, er at kunnskapsgrunnlaget i eit praksisfellesskap ikkje berre ligg i sjølve yrkeskonteksten her og no. Viktig læring skjer også gjennom det læringslandskapet som den enkelte yrkesutøvar har gått gjennom over tid. Eit læringslandskap er erfaringar frå utdanning, praksisperiodar, tidlegare yrkeserfaring og anna livserfaring.

I dette perspektivet blir eit kollegafellesskap avhengig av tilsette som bringer med seg kunnskap og erfaring frå slike mangfaldige læringslandskap. Den erfarne i praksisfellesskapen sit ikkje på ekspertisen åleine. I høve til utøving av barnevernets faglege skjønn vil dette handle om at samansette læringslandskap bidreg til kunnskapsmessig heterogenitet i praksisfelleskapen, og slik skapar eit potensiale for auka grad av refleksjon i faglege drøftingar. I dette perspektivet er det tankevekkjande at studiar av det kommunale barnevernet viser at dei tilsette i hovudsak vender seg til dei erfarne ved eige kontor i arbeidet med ei sak (Iversen & Heggen, 2016; Heggen & Dahl, 2017). Kan det vere ein indikasjon på at erfaringar og kunnskapskjelder utanfor kontoret i mindre grad blir vektlagt?

Vi har med dette presentert eit samansett perspektiv på skjønn i barnevernet. Ein arbeider her med komplekse saker som krev vurderingar og avgjerder prega av godt fagleg skjønn. For å utøve det må barnevernskollegiet ha relevant kunnskap og kvalifikasjonar. Godt skjønn krev også vurdering av dei moralske sidene ved saka, som Zacka har sett fokus på. Perspektivet dannar det teoretiske grunnlaget for vårt empiriske spørsmål: Korleis kan kollegiet utnytte dei samla kunnskapsmessige og moralske ressursane for å utøve godt skjønn? Blir drøftingane for «smale», kan ein ende opp i forhasta konklusjonar. Spørsmålet har eit bakteppe i Grimen og Molander (2008, s. 195) si vurdering av «skjønnets byrder», ei utfordring som dei seier må forankrast i argumentasjonsfellesskap som kontinuerleg gjer skjønnets byrder til gjenstand for diskusjon.

Utforsking av drøftingspraksisar på kontoret kan gje kunnskap om korleis grad av heterogenitet i eit kollegafellesskap viser seg og korleis dette eventuelt hemmar eller fremjar dei faglege skjønnsvurderingane i barnevernssaker. Som nemnt innleiingsvis, krev skjønnets epistemiske sider former for praktisk resonnering der det blir tydeleg kva normer og kunnskap som legitimerer ei avgjerd. Eit arbeidskollegium kan i så måte vere ein fagleg ressurs der diskusjonar om det moralske og kunnskapsmessige grunnlaget for dei faglege vurderingane, kan drøftast og i neste runde brukast for å styrke fagleg skjønn. Utforsking av korleis slike diskusjonar faktisk blir gjort, kan vidare vere eit grunnlag for diskusjon av korleis slike drøftingsfellesskap kan organiserast for å skape best mogeleg vilkår for godt fagleg skjønn.

Metode

Studien byggjer på feltarbeid som er gjennomført av førsteforfattar i tre ulike barnevernstenester over ein periode på 12 månader (Jørgensen, 2016). Analysen i denne artikkelen er basert på observasjonar og transkribert materiale frå femten kollegiale drøftingsmøte i ei av dei tre tenestene. Kvart drøftingsmøte vara mellom to og tre timar, og alle dei tilsette i tenesta vart kalla inn til møtet. Før møta vart saker meldt inn til barnevernsleiar, og saman med nye bekymringsmeldingar vart desse drøfta i fellesskap.

Det brukte å vere mellom seks og åtte personar til stades på møta i tillegg til leiar. Det finst ikkje nøyaktige data om erfaringsbakgrunnen til alle deltakarane i gruppa. Gjennom feltsamtalar kom det fram at nokre få av dei hadde mellom ti og tjue års arbeidserfaring, og det var lenge sidan dei hadde teke grunnutdanninga. Andre hadde mindre arbeidserfaring, og det var kortare tid sidan avslutta utdanning. Dei aller fleste hadde sosialfagleg utdanning.

Tenesta som materialet er henta frå, jobba etter ein generalistmodell der dei tilsette hadde ansvar for ei sak gjennom alle fasane i arbeidsprosessen. Problemstillingane som vart drøfta, kunne difor knyte seg til heile avgjerdskjeda frå avklaring av bekymringsmelding til oppfølging av tiltak.

Ofte var det spesielt komplekse saker som vart drøfta her, gjerne saker som hadde vara over lang tid og nærast blitt til «føljetongar» i tenesta, og som alle difor vart involvert i. Det er barnevernssaker som illustrerer typiske dilemma i frontlinjearbeid (Lipsky, 1980; Zacka, 2017) og som får fram kompleksiteten ved problema som barnevernet må handtere. Tida det tok å drøfte ei sak i desse møta, kunne variere frå ti minutt til ein time, der kompleksiteten i saka påverka tidsaspektet.

Det er viktig å presisere at praksis for korleis barnevernstenester drøftar barnevernssaker, varierer. Nokre tenester har kanskje ikkje faste eller organiserte drøftingsfellesskap slik denne artikkelen viser døme på, og det er meir vanleg no å organisere arbeidet med barnevernssaker i arbeidsfaserelaterte team. Somme har også faste rutinar for korleis saker skal handterast og vurderast, for eksempel gjennom standardiserte framgangsmåtar. Dette kan også bidra til variasjonar i kva fagleg innramming skjønnsutøvinga får (Christiansen et al., 2019; Christiansen & Kojan, 2016). Drøftingspraksisane som er identifisert i denne studien, gir på denne måten ikkje eit representativt og generelt bilete av kollegadrøftingar. Det er heller ikkje føremålet å generalisere om korleis barnevernet faktisk driv fram sine drøftingar. Poenget har snarare vore å bruke dette materiale som kasus og som refleksjonsgrunnlag for ei drøfting av korleis organisatoriske og strukturelle forhold kan bidra til utøving av godt skjønn.

I analysen av materialet har vi orientert oss mot å utforske det vi omtalar som utvikling i kollegadrøftingane. Utvikling blir forstått i relasjon til Zacka (2017) sine perspektiv på moralske disposisjonar og organisert heterogenitet i kollegadrøftingar. Det vil seie at vi har utforska variasjonar i korleis dominante moralske disposisjonar i ei kollegadrøfting utviklar seg gjennom drøftingsaktiviteten, og kva som hemmar og fremmar denne utviklinga. Analysen blir seinare supplert med Wenger-Trayner og Wenger-Trayner (2015) sine idear om «velinformerte læringslandskap» (knowledagbility). Føremålet er å diskutere korleis grad av utvikling i moralske og kunnskapsmessige disposisjonar påverkar skjønnsvurderingane, og kva forståingar som då set seg i barnevernssakene som vert drøfta.

I det følgjande vil vi vise to ulike typar drøftingspraksisar som vi har identifisert i materialet, og som illustrerer korleis grad av heterogenitet i moralske og kunnskapsmessige disposisjonar kan bidra til å utvikle skjønnsvurderingar i ei barnevernssak. Dei to drøftingspraksisane omtalar vi som stabiliserande og korrigerande drøftingspraksisar. Vi vil først presentere kva som kjenneteiknar desse, og løfte fram ulike forhold som kan verke med til at drøftinga utviklar seg til den eine eller andre typen. Til slutt vil vi diskutere korleis barnevernstenester si organisering av kollegiale drøftingsfellesskap kan få implikasjonar for kvaliteten i skjønnsvurderingar.

Stabiliserande drøftingspraksisar

Vår forståing av stabiliserande drøftingspraksisar er at heile kollegagruppa nokså raskt inntek den same kunnskapsmessige og normative posisjonen i vurderinga av saker. Som Zacka peikar på, vil einsidig moralsk posisjonering vere ei fallgruve. Dersom ikkje denne blir utfordra, kan det bidra til å utvikle rigide tolkingsrammer i kollegafellesskapen som reduserer kompleksitet og systematisk stabiliserer ei forståing framfor andre. Stabiliserande drøftingspraksisar vil difor føre til lite utvikling i skjønnsvurderingane.

Eit døme som kan illustrere dette, er frå drøftinga av bekymringsmeldinga om ein gut på ni år som ikkje kjem seg på skulen. Meldinga har kome frå skulen der guten er elev, og ein lærar har skriftleg meldt frå om si uro. Skulen har forsøkt å rettleie mor til å motivere guten til å kome på skulen, utan hell. Saka er også meldt til pedagogisk-psykologisk teneste og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Barnevernleiaren (L) og tre andre barnevernarbeidarar (B1, B2 og B3) involverer seg i den korte meiningsutvekslinga.

B1: her må vere noko meir

L: her er det noko meir, dette åleine, altså ei melding med at…, dette er opplæringslova som regulerer at han skal på skulen, det er deira ansvar, men når ei mor seier at ein niåring blir liggande på sofaen og se på tv om morgonen så syner det meg manglande grensesetting

B2: ja, jøye meg. ni år, ja

L: ni år, og ho på sju kjem og då for seint, så her er det manglande grensesetting, sant

B2: er far der og, eller er ho åleinemor?

L: nei, både mor og far, og dei greier ikkje få ein niåring til å…

B3: til å gå på skulen for han ser på tv

L: då tenker eg at her er det…

B2: godt det kommer så tidleg og ikkje når han er seksten

B2: ja, dei kjem alltid då

Som vi ser, etablerer det seg raskt ei førestilling om at denne bekymringa knyter seg til mors manglande grensesetting av guten, og meiningsutvekslinga illustrerer korleis ei slik forståing av problemet blir stabilisert: Problemet «manglande grensesetting» blir i liten grad utfordra av andre i kollegiet. Den vert snarare halden ved like gjennom kommentarar frå tre andre barnevernsarbeidarar, og i løpet av nokre få minutt er problemforståinga rekna som gyldig i gruppa, og dei går vidare til neste sak. Drøftinga får eit rutinemesssig preg, der den knappe informasjonen som går fram av bekymringsmeldinga om barnets alder og problema med å kome seg på skulen, blir tolka som eit problem med grensesetting. Problemet kunne vore forstått på andre måtar, men her er det eit bestemt tolkingsfilter, ideen om eit typisk tilfelle av «manglande grensesetting», som orienterer informasjonsbearbeidinga. Kva som vert rekna som relevant, og korleis informasjonen blir sett saman til ein meiningsfull heilskap, blir påverka av dette tolkingsfilteret. Dette er ei tilnærming til arbeidet som liknar det Zacka (2017, s.101–103) omtalar som ein «indifferent» moralsk disposisjon. Barnevernsarbeidarane sitt tolkingsfilter, profesjonelle innstilling og normative orientering kring kva forhold som skal leggast vekt på i vurderinga, rettar seg mot å identifisere type sak og gå vidare, meir enn å for eksempel reflektere over kva forhold som kan ha bidrege til at situasjonen har blitt slik.

Noko anna som er verd å merke seg, er leiarens dominerande posisjon i drøftinga. Uttalen «så syner det meg», kan indikere at bekymringsmeldinga blir tolka i lys av andre saker som ho sjølv har erfaring med. Manglande grensesetting blir ein kasuistikk (Zacka, 2017, s. 168) som ho brukar til å gje meining til eit nytt tilfelle av same type. Andre erfaringar eller alternative forståingar av problema kjem ikkje fram. Det blir i staden etablert ei stillteiande semje i gruppa om problemet, og då bestemt kva som bør gjerast vidare. Det var ein tendes i materialet at leiarens tolkingsrammer i liten grad vart utfordra eller stilt kritiske spørsmål til.

Ei anna sak som illustrerer denne typen stabiliserande drøftingspraksis, er knytt til bekymringsmeldinga om Svein på 17 år som heller ikkje kjem seg på skulen. Skulen har hatt dialog med mor til guten over lengre tid utan at det har skjedd endringar.

B1: den får me jo i retur heile tida

L: og eg… sånn som eg les det utfrå dette syns ikkje eg dette er barnevern, men det er no meg

B2: me hadde jo sak i fjor og den henla me jo ganske kjapt etterpå

L: han er fødd i nittifem

B3: sytten år

B4: denne får ikkje me gjort noko med

B3: nei

L: og han ar nett fylt sytten år og han går på vidaregåande skule, og at ikkje han møter på vidaregåande... altså..

B3: men at det er noko der, om det står noko der, det står noko om at han bør forandra?

B1: han er jo sånn slappfisk han der Svein, han er ein sånn sløving som ikkje… tiltakslause

Vi ser her korleis bekymringa raskt blir kategorisert som ei bestemt type sak. Ein av barnevernsarbeidarane konstaterer at dette er ei sak som barnevernet «ikkje får gjort noko med», og etter ei kort drøfting blir gruppa samde om å legge saka vekk, utan å undersøke Svein sin situasjonen vidare. Det skjer ikkje mykje utvikling i problemforståinga, og det blir ikkje stilt motspørsmål som utfordrar forståingane gjennom denne drøftinga. Det er spesielt informasjon om Svein sin alder i kombinasjon med nokre forventningar til gutens personlegdom som blir trekt fram, og som legitimerer avgjerda om å legge saka vekk. Ei tilnærming der fokus på at guten nærmar seg 18 år, og då vil vere utanfor barnevernets ansvar, dominerer forståinga der normative forventningar til Svein om å ta ansvar for sin eigen situasjon, blir vektlagt. Utforsking av kva som er Svein sine behov, blir i mindre grad løfta fram, og illustrer slik eit døme på ein regelorientert disposisjon (Zacka, 2017, s. 106).

Også her er det leiaren og barnevernsarbeidarane med lang erfaring i tenesta sine stemmer som kjem til syne i drøftinga, og det er som i dømet over, tidlegare erfaringar med den same saka som utgjer kunnskapsgrunnlaget for avgjerda.

Barnevernssaka om Robert på fire år skal få illustrere det siste dømet på stabiliserande drøftingspraksis. Dette er ei sak som er i undersøkingsfasen. Drøftinga startar med at to barnevernsarbeidarar som har ansvar for saka, fortel frå eit nyleg heimebesøk. Forteljinga deira skildrar detaljert ein observasjon av mors handtering av Robert, som etter å ha spist ein is, går bort til fryseboksen for å få ein is til. Gjennom ei dramatisert gjenforteljing (Jørgensen, 2016, s. 89) av episoden, viser dei at Robert hentar seg ein ny is, sjølv om mor gjev han beskjed om at han ikkje får lov. I forteljinga blir det lagt vekt på at mor gjentek seg sjølv utan at ho gjer noko aktivt for å hindre at Robert får ein ny is. Situasjonsskildringa produserer personkarakteristikkar av mor som bidreg til å kategorisere både mor og saka som type. Gjennom forteljinga blir det synleg at dei har med ei mor å gjere som ikkje meistrar samspel med sonen på ein adekvat måte. Andre studiar har vist korleis dei profesjonelle sine forteljingar om personar og situasjonar, kan bidra til at profesjonelle problem blir skapt på liknande vis i barnevernets møtekontekstar (Hall et al., 2005). Forteljinga sitt «plot» skaper representasjonar av verkelegheita. Plottet skaper inntrykk av kva rolle dei involverte spelar og peikar ut årsakssamanhengar. Korleis ein person blir representert i ei forteljing, kva eigenskapar som blir trekt fram og korleis desse eigenskapane blir vurdert, kan skape inntrykk av skuld og ansvar. I kollegiale drøftingsmøte er ikkje den eller dei forteljinga handlar om, til stades og kan korrigere eller presentere alternative forteljingar og plot. Forteljinga om desse barnevernsarbeidarane sine observasjonar av samspelet skaper på denne måten ein tolkingskontekst som gjer at saka får ei bestemt meining (Jørgensen, 2016, s. 90).

Det som skjer i drøftinga av Robert si sak, er at problemforståinga som blir skapt på denne måten innleiingsvis, blir premissleverandør for den vidare diskusjonen i gruppa. Litt lenger ute i diskusjonen blir forteljinga fylt ut og supplert med utviklingspsykologisk kunnskap, og dette bidreg til å gje problemforståinga fagleg tyngde. For eksempel seier den eine barnevernsarbeidaren at «eg trur at denne guten er så understimulert, han har ikkje lært seg sånne koder, eg trur det er det som er problemet». Drøftinga av saka varer i om lag 15 minutt, men det skjer lite utvikling i oppfatninga om at problemet her handlar om mors ferdigheiter som forelder.

I denne drøftinga er det barnevernsarbeidarens førstehandserfaring med mor og Robert som gjev tolkinga kraft og gyldigheit i gruppa. Dei to barnevernsarbeidarane sine direkte observasjonar av «typen», bidreg til at gruppa går vidare med dette som utgangspunkt, utan å stille spørsmål ved om det kunne vore andre måtar å tolke observasjonen på. Ei alternativ tolking av episoden med Robert og mor kunne for eksempel vere at mors stress, eller redsel for barnevernet når barnevernsarbeidarane kjem på besøk, bidreg til hennar samspel med sonen. Dette vert ikkje nemnd som eit alternativ, og det blir skapt eit eintydig og lite nyansert bilete av ei mor som ikkje evnar å møte Roberts behov på ein god nok måte. Litt lenger ute i drøftinga blir det også trekt fram forteljingar om mors erfaringar i eigen oppvekst. Denne informasjonen blir brukt til å forklare kvifor det har blitt slik. Dette er opplysningar som supplerer forteljinga og bidreg til å støtte opp om og «stabilisere» den forståinga som vart med i drøftinga allereie innleiingsvis. Vi ser korleis drøftinga blir prega av at heile kollegagruppa tek den same moralske posisjonen. Tolkingsfilter, profesjonell innstilling og normative vurderingar orienterer seg mot ein bestemt type sak: problemet «samspel». Dette bidreg til at dei unike aspekta ved situasjonen til Robert og mora ikkje blir utforska. Det blir ikkje skapt utvikling og diskusjon fordi ingen av dei andre utfordrar forståinga av «typen» med motspørsmål.

Korrigerande drøftingspraksisar

Korrigerande drøftingspraksisar er ein drøftingspraksis som vi har identifisert og definert som ein kontrast til det stabiliserande. Denne er kjenneteikna av at nokon utfordrar ei problemforståing som er dominerande i kollegiet og at det med dette blir opna opp for å diskutere alternative kategoriseringar. Zacka (2017, s. 152) hevdar at denne typen diskusjonar, der kompleksiteten i ei sak inngår i dei profesjonelle skjønnsvurderingane, er viktige for å sikre legitimiteten i arbeidet. Å få fram slik kompleksitet krev vidare at eit mangfald av moralske posisjonar blir synleg i diskusjonane. Dette handlar om å organisere ein heterogenitet i kollegiet som kan hindre reduksjonistiske tendensar som stabiliserande drøftingspraksisar bidreg til.

Eit eksempel på ein korrigerande drøftingspraksis kan hentast frå drøftinga av barnevernssaka om Ida, fire år. Denne saka har vore drøfta fleire gonger tidlegare i kollegiet, og nærast blitt ein føljetong som dei fleste rundt bordet kjenner til. Når denne saka kjem opp i kollegagruppa, har Ida budd i fosterheim etter frivillig samtykke frå foreldra i nærare eit år. Mors rusproblem har vore ein viktig grunn til at Ida er plassert. Mor meiner no at ho har kontroll på rusproblema og krev ei tilbakeføring av Ida. Barnevernsarbeidaren med ansvar for oppfølginga av denne saka vurderer at dette er for risikofylt på noverande tidspunkt. Denne vurderinga blir grunngjeven med at mor til Ida er ein person utan innsikt i eigne problem. Ein episode nyleg der mor drakk alkohol, vert trekt fram som ein illustrasjon på at dette er ei rimeleg oppfatning. I dei første tjue minutta av drøftinga er det ei dominerande oppfatning i gruppa at omsorgsovertaking er løysinga dersom mor ikkje går med på framhald av fosterheimstiltaket ei stund til.

Stabiliteten i denne forståinga vert broten då ein i kollegiet (B1) stiller spørsmål til kvifor barnevernleiaren (L) og andre i kollegiet vurderer mor som ein person med dårleg sjølvinnsikt. Dette spørsmålet skaper ei utvikling i drøftinga.

B1: kvifor vurderer me at mor har dårleg sjølvinnsikt?

L: fordi at ho seier, i vertfall tenker eg utifrå det eg har, dei møta eg har vore med på…så..ho høyres ut som ho er annleis enn alle andre som har eit alkoholproblem, altså ho er så.. kva var det det var, det var ei som hadde sagt til ho at ho måtte rekna med at ho kom til å sprekke ho er så, kva var – åh det kom ikkje ho til å gjere liksom, og det har ho jo gjort

B2: men det er vel noko alle alkoholikarar gjer, så eg tenker at det har ikkje noko med sjølvinnsikt å gjere

B3: jammen det er andre ting og, var det ikkje det at ho kritiserer alle andre som har jenta, men ho ser ikkje sin eigen tilkortkommenhet på ein måte

B1: men når ho seier at eg ser at «eg kan ikkje klare hundre prosent pr i dag», sant, «eg ser at eg klarar ikkje». Ho har jo masse sjølvinnsikt

L: ja, på dei tinga, men på andre ting

B1: ja, men det er jo dei som er viktig, det i forhold til jenta, der sjølvinnsikt er viktig

L: ja, men i forhold til andre ting så seier ho at ho er så mykje betre enn fostermor for eksempel

Spørsmålet til B1 om grunngjevinga for å vurdere mor som ein person med dårleg sjølvinnsikt fører til at moralske posisjonar i skjønnsvurderingane vert gjort til gjenstand for diskusjon. Utdraget over kan indikere at det først og fremst er ei oppfatning av mors haldningar til bekymringar ho vert presentert for, som formar tolkingsfilteret til typen «mor med dårleg sjølvinnsikt». At mor ikkje ser problema på same måte som barnevernsarbeidaren, blir ein viktig del av grunnlaget for å kategorisere mor på denne måten. Zacka (2017, s. 164–165) viser at dei profesjonelle i hans studie har ein tendens til å skilje mellom klientar med ein problematisk livssituasjon og klientar med ein problematisk haldning. Zacka viser vidare korleis dei som vert vurdert å ha eit haldningsproblem, blir utsett for meir disiplinerande og straffeliknande reaksjonar enn andre. Også andre studiar innan barnevernsfeltet har vist at foreldre si innstilling til barnevernets problemforståing kan bli avgjerande for dei faglege vurderingane som vert gjort av foreldres omsorgsevne, og spesielt i barnevernssaker der omsorgsovertaking er eit tema (Christiansen et al., 2019; Christiansen & Anderssen, 2010). Poenget i denne samanhengen er å vise korleis det å gjere barnevernets etablerte idear om «type person» eller «type sak» til gjenstand for diskusjon kan bidra til auka refleksjon over kva moralske posisjonar som er involvert i vurderingane i barnevernssaka. B3 sitt motspørsmål hindrar moralsk spesialisering i skjønnsvurderingane.

Det er verdt å merke seg at barnevernsarbeidaren som set spørsmålsteikn ved dei andre si kategorisering av mor, brukar ideen om ein «typisk alkoholikar» i sine eigne resonnement. I utdraget over blir det vist til at mor er ein «alkoholikar», og at mor reagerer slik «alle alkoholikarar» gjer. Vi ser korleis dette representerer ein alternativ moralsk posisjon der situasjonen snarare enn mors personlegdom, er utgangspunktet for skjønnsvurderingane i saka.

Denne utviklinga i drøftinga fører til ei meir open vurdering av løysingar. Ein bestemt måte å «sjå» barnevernssaka på blir utfordra og hindrar difor at konklusjonar blir etablert for raskt. Det skjer ei utvikling i den opphavlege vurderinga, men det skjer samstundes ei utvikling i moralske disposisjonar som blir tilgjengelege for kollegiet.

Til forskjell frå stabiliserande drøftingspraksisar, slik som drøftinga av saka om Robert er eit døme på, inneheld korrigerande praksisar ei utvikling av skjønnsvurderingane. I saka om Robert blir mor med det same kategorisert som «type» utan motstand eller diskusjon. Forståinga blir heller supplert med utviklingspsykologiske perspektiv og omgrep, som bidreg til å legitimere det kunnskapsmessige grunnlaget for vurderingane. Det er ikkje sikkert at dette handlar om at omsorgssituasjonen til Robert er mindre kompleks enn Ida sin, men denne utviklinga i drøftinga fører til at tenkinga som ligg til grunn for kategorisering av mor som ein person med manglande sjølvinnsikt, vert gjort eksplisitt. Kollegadrøfting har på det viset potensiale som eit uformelt system for ansvarleggjering, eller det som Zacka (2017, s. 154) kallar for «an informal regime of accountability». Det vil seie ei organisering av skjønnsvurderinga i eit kollegafellesskap der faglege vurderingar og etablerte oppfatningar blir utfordra, må forklarast og rettferdiggjerast for kvarandre.

Diskusjon

Føremålet med denne artikkelen har vore å diskutere korleis drøftingar i kollegagruppa på barnevernskontoret kan bidra til å styrke det faglege skjønnet i vurdering av barnevernssaker. Vi har vist døme på to ulike drøftingspraksisar i eit barnevernskollegium, og illustrert korleis dei to praksisane i varierande grad fremjar utvikling i skjønnsvurderingane. Eit sentralt teoretisk premiss i artikkelen har vore å sjå skjønn som ei moralsk og kunnskapsmessig forankra resonneringsform som handlar om å ta avgjerder under uvisse omstende (Grimen & Molander, 2008). Vidare har vi i analysen retta merksemda mot typiske fallgruver i denne resonneringsprosessen som handlar om at dei normative og kunnskapsmessige haldepunkta i ei fagleg vurdering i for liten grad blir gjort til gjenstand for diskusjon og refleksjon.

Vi vil argumentere for at stabiliserande drøftingspraksisar i liten grad fremjar refleksjon og medvit om denne typen haldepunkt. Slike drøftingspraksisar ber preg av at kollegiet nærast tek for gitt kva desse er. Dette kan igjen føre til at komplekse problemstillingar blir redusert og eintydige forståingar av saka blir stabilisert utan utforsking av mogelege alternative tilnærmingar. Ein slik drøftingspraksis illustrerer korleis det i eit drøftingsfellesskap med lite utvikling kan danne seg det Bourdieu (1977) omtalar som ein «ortodoksi». Det vil seie rigide oppfatningar i kollegiet om kva forståingar som er gyldige, som kan bli til uformelle doktrinar i fagfellesskapen som låsar fast sjølvsagde oppfatningar av korleis noko er.

Drøftingspraksisar med meir utvikling er derimot prega av at dominerande og sjølvsagte oppfatningar om normative og kunnskapsmessige haldepunkt vert utfordra. Ein slik korrigerande drøftingspraksis blir som følgje av dette meir prega av utvikling i skjønnsvurderingane, og det opnar seg eit drøftingsrom der behovet for eksplisitt legitimering og forklaring på faglege forståingar tvingar seg fram. Med Zacka (2017) kan ein skildre dette som drøftingspraksisar der kollegagruppa saman forhandlar om kva kasuistikk eller generalisert kasus eit bestemt tilfelle illustrerer. Det kan til dømes handle om å gjere bestemte moralske disposisjonar til gjenstand for diskusjon. Men forhandlingane kan også knyte seg til å utfordre det kunnskapsmessige grunnlaget for dei faglege vurderingane i saka.

Eit neste spørsmål er då kva forhold som kan bidra til utvikling av korrigerande drøftingspraksisar, og korleis ein best kan legge til rette for kollegadrøftingar som styrkar godt skjønn i komplekse og dilemmaprega saker.

Her kan Wenger (1998) sine perspektiv på praksisfellesskapen si rolle som grunnlag for utvikling av ekspertise og god praksis vere fruktbar å bruke som utgangspunkt for ein slik diskusjon. I boka Communitites of practice forklarer Wenger (1998) korleis novisa i eit praksisfelt gradvis sjølv kan bli erfaren ved å lære av dei med mest erfaring. Dette er ein teori som er lest av mange av dei som har utdanna seg til velferdsarbeid. Men Wenger sitt eige forskar-team tek sjølv eit visst oppgjer med denne forståinga i eit nyare arbeid. Dei skriv at «This focus on communities of practice has been highly productive but, in our view, has led at times to too great a focus on single communities and the apprenticeship trajectory from periphery to heart of the community of practice» (Hutchinson et al., 2015, s. 1).

Dette betyr at det ikkje er den eine praksisfellesskapen som bør vere det sosiale grunnlaget for den kunnskapen som trengst. I staden bør det vere eit læringslandskap eller «knowledgeability» (Wenger-Trayner & Wenger Trayner, 2015, s. 13) som utviklar ekspertise og ny læring i praksisfellesskapen der kvar enkelt persons relasjonar til mangfaldige praksisar gjennom eit livsløp er utgangspunktet. Overført til barnevernskollegiet er det summen av læringserfaringane i gruppa som då skaper eit potensiale for utvikling av skjønnet. Vi tolkar dette som at Wenger-Trayner og Wenger Trayner her er med å utvide omgrepet praksisfellesskap. Det er ikkje lenger så klart retta mot dei mest erfarne og den etablerte praksisen, men no meir også mot dei erfaringane og kunnskapen som medarbeidarar bringer med seg utanfrå – frå utdanning og tidlegare praksis, og at denne gjennom diskusjon og refleksjon blir stimulert til å kome fram i vurderingane.

I materialet som denne artikkelen byggjer på, var det ein tendens til at det var dei same personane som kom med innspel og motspørsmål og som også bidrog til korrigerande drøftingspraksisar. Ofte var dette personar med lang erfaring, og som med autoritet snakka fram sine eigne forståingar av ei sak. Leiaren hadde også ei sterk stemme. Dei som var nyutdanna og hadde lite erfaring, tok ikkje ordet på denne måten, med mindre dei eksplisitt vart bedne om det. Av og til organiserte leiaren rundar der alle fekk seie si meining om ei sak, men det var lite systematisk bruk av denne måten å drøfte på. Gjennom slike rundar fekk alle kome til orde, men også i desse samanhengane ytte dei med lite erfaring ofte i liten grad motstand mot dei som var dominerande i gruppa. Ofte kom utsegn som «eg kjenner for lite til saka til å seie noko», eller «det er du som har jobba lengst med saka som veit best» eller «nei, eg syns dette er vanskelig». I drøftingsmøta som vart observert, var det oftast berre tre til fire av dei som var til stades og leiaren sjølv, som var aktive i diskusjonen. Ein kan stille spørsmål til om utgangspunktet for korrigerande praksisar er godt nok når det i realiteten er dei same som korrigerer og stabiliserer kvar gong. I slike tilfelle er det ein fare for at korrigerande diskusjon kan bidra til stabilisering, og på den måten avgrense utviklinga av skjønnet.

Zacka (2017) argumenterer for at godt skjønn involverer diskusjonar i eit kollegium om kva disposisjonar som er involvert i faglege vurderingar, og at det må gjerast organisatoriske grep på arbeidsplassen for å få fram slike diskusjonar. For leiarar i barnevernstenesta vil det difor vere viktig aktivt å legge til rette for eit fagleg mangfald i kollegafellesskapen for å ha eit best mogeleg utgangspunkt for å oppnå dette. Kollegafellesskap med «organisert heterogenitet» (Zacka, 2017, s. 154) vil i større grad sikre gode korrigerande drøftingspraksisar og bidra til at skjønnsutøving blir gjort til gjenstand for diskusjon. At det i eit barnevernkollegium jobbar tilsette med ulik utdannings-, erfarings- og kunnskapsmessig bakgrunn, er ein måte å sikre slik heterogenitet i gruppa på. Ein annan måte vil vere å utvikle drøftingskulturar i barnevernstenestene der det blir skapt medvit om kva læringslandskap som er representert i praksisfellesskapen. Dette kan skape ein heterogenitet i kollegafellesskapen som kan bidra til å betre vilkåra for korrigerande drøftingspraksisar i gruppa.

Avslutning og implikasjonar for praksis

Studien som dannar grunnlag for denne artikkelen, viser at det finst ulike praksisar for drøfting av barnevernssaker i barnevernet. Vi kan sjølvsagt ikkje påstå noko om kor utbreidde desse er. Vi kan heller ikkje konkludere med at stabiliserande drøftingspraksisar nødvendigvis fører til dårlege konklusjonar i saker. Vi vil likevel hevde at korrigerande drøftingspraksisar, som viser fram ein heterogenitet i moralske og kunnskapsmessige disposisjonar i kollegagruppa, kan styrke vilkåra for god skjønnsutøving i barnevernet. Slike drøftingspraksisar opnar for meir eksplisitt diskusjon av tolkingar i komplekse barnevernssaker, og kan dermed skape auka medvit om den uvissa som knyter seg til skjønn som resonneringsform, og det Grimen og Molander (2008, s. 192) omtalar som «skjønnets byrder». Ein implikasjon for praksis vil då vere å leggje til rette for at kollegagruppa i ei barnevernsteneste utviklar evne til kritisk refleksjon. Dette vil vere ei ordning som er forankra i eit argumentasjonsfellesskap som kontinuerleg gjer skjønnets byrder til gjenstand for diskusjon (ibid, s.195), og slik kan bidra til å styrke det faglege skjønnet.

Referansar

Backe-Hansen, E. (1999). Fallgruver i vurderingsprosessen. I E. Backe-Hansen & H. Øvreeide (Red.), Sakkyndig arbeid: fag og beslutninger om barn (s. 212–235). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Biesel, K., Masson, J., Parton N. & Pösö, T. (2020). Errors and Mistakes in Child Protection: International discourses, approaches and strategies. Bristol: Policy Press.

Bourdieu, P. (1977). Outline of a theory of practice. Cambridge: Cambridge University Press.

Christiansen, Ø. & Anderssen, N. (2010). From concerned to convinced: reaching decisions about out‐of‐home care in Norwegian Child Welfare Services. Child & Family Social Work, 15, 31–40. https://doi.org/10.1111/j.1365-2206.2009.00635.x 

Christiansen, Ø. & Kojan, B. (2016). Å fatte beslutninger i barnevernet. I Ø. Christiansen & B. Kojan (Red), Beslutninger i barnevernet (s. 19–33). Oslo: Universitetsforlaget.

Christiansen, Ø, Skaale Havnen, K.J., Iversen, A.C, Fylkesnes, M.K, Lauritzen, C, Nygård, R.H, Jarlby, F. & Vis, S.A (2019). Barnevernets undersøkelsesarbeid fra bekymring til beslutning. Delrapport 4. Når barnevernet undersøker. RKBU Nord.

Goffman, E. (1971). The presentation of self in everyday life (Pelican books). Harmondsworth: Penguin Books.

Grimen, H. & Molander, A. (2008). Profesjon og skjønn. I A. Molander & L.I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s.179–196). Oslo: Universitetsforlaget.

Hall, C., Slembrouck, S & Sarangi, S. (2005). Language practices in social work: categorisation and accountability in child welfare. London: Routledge.

Heggen, K. & Dahl, S. (2017). Barnevernets kunnskapsgrunnlag. Fontene Forskning, 1/2017, 70–83.

Hutchinson, S., Fenton-O’Creevy, M., Goodliff, G., Edwards, D., Hartnett, L., Holti, R., Mackay, E., McKeogh, S., Sansoyer, P. & Way, L. (2015). An Invitation to a conversation. I E. Wenger, S. Hutchinson & M. Fenton-O'Creevy (Red.), Learning in landscapes of practice: Boundaries, identity, and knowledgeability in practice-based learning (s. 1–10). London: Routledge.

Iversen, A. C. & Heggen, K. (2016). Child welfare workers use of knowledge in their daily work. European Journal of Social Work, 19(2), 187–203. https://doi.org/10.1080/13691457.2015.1030365 

Kirkebøen, G. (2013) Kan vi stole på fagfolks skjønn? I A. Molander & J.-C.Smeby (Red.), Profesjonsstudier II (s. 27–44). Oslo: Universitetsforlaget.

Jørgensen, T. (2016). Til Barnets Beste: Ein studie av avgjerdsprosessar og problemløysing i det kommunale barnevernet (Doktoravhandling). Bodø: Nord Universitet.

Lipsky, M. (1980). Street-Level Bureaucracy. Dilemmas of the Individual in Public Services. New York: Russel Sage Foundation.

Munro, E (2019) Decision-making under uncertainty in child protection: Creating a just and learning culture. Child and Family Social Work, 24(1), 123–130. https://doi.org/10.1111/cfs.12589 

Nikander, P. (2003). The Absent Client: Case Description and Decision Making in Interprofessional Meetings. I C. Hall, K. Juhila, N. Parton, & T. Pösö (Red.), Constructing Clienthood in Social Work and Human Services (s. 112–128). London: Jessica Kingsley Publishers.

Pithouse, A. (1998). Social Work. The Social Organisation of an Invisible Trade. Cardiff: Routledge.

Riemann, G. (2005). Trying to Make Sense of Cases: Features and Problems of Social Workers' Case Discussions. Qualitative Social Work, 4(4), 413–430. https://doi.org/10.1177/1473325005058644 

Vagli, Å (2009). Behind Closed Doors: Exploring the Institutional Logic of Child Protection Work (Doktoravhandling). Universitetet i Bergen.

Wenger, E. (1998). Communities of Practice. Learning, Meaning and Identity. Cambridge: The Press Syndicate of the University of Cambridge.

Wenger-Trayner, E. & Wenger-Trayner, B (2015). Learning in a Landscape of Practice. A Framework. I E. Wenger, S. Hutchinson & M. Fenton-O'Creevy (Red.), Learning in landscapes of practice: Boundaries, identity, and knowledgeability in practice-based learning (s. 13–29). London: Routledge.

Zacka, B. (2017). When the State meets the Street. Public Service and Moral Agency. Cambridge: The Belknap Press of Harvard University Press.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon