Denne fagartikkelen er ein lett redigert versjon av prøveførelesing til oppgitt tema i samband med underteikna sin disputas for PhD-graden ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskap, NTNU, den 24. mai 2013. Tittelen på avhandlinga er «Mellom psykisk helse og barnevern. Ein studie av psykiske vanskar hos barn plasserte utanfor heimen; førekomst, variasjon og utvikling». Temaet for prøveførelesinga og artikkelen er relatert til avhandlinga gjennom sitt fokus på moglege skadeverknader av plassering utanfor heimen, på barnas psykiske helse.