I invitasjonen til å skriva innlegg til dette jubileumsnummeret vart ulike aktørar i strafferettspleia spurt: «Hvilke utviklingstrekk kan vi forvente i et 10 års perspektiv?» Det er noko passivt og observerande med denne problemstillinga. Det er som om framtida kjem til oss i bestemt form, og det beste vi kan gjera er å prøva å spå kva som vil koma. Men framtida er enno ubestemt, og vi har eit ansvar for og eit høve til å påverka utviklinga framover. Dette ansvaret kviler på kvar av aktørane i strafferettspleia, både lovgivar, domstolar, politi, påtalemakt, advokatstanden, fengselsstellet osv. Også strafferettsvitskapen har ei rolle å spela og eit ansvar å ta, og det er tema for denne vesle artikkelen.

Eg medgir lett at det er ein del generelle trekk i samfunnsutviklinga som ligg utanfor strafferettsvitskapen og strafferettspleia sin kontroll, og som samtidig er rimeleg lette å sjå. Globaliseringa grip om seg, folk frå stadig fjernare land søkjer lukka i Norge, landet blir meir fleirkulturelt, datateknologien utviklar seg osv. Dessverre er det også mykje som tyder på at stabiliteten i familielivet vil bli ytterlegare svekka og at narkotikavondet vil ta grep om mange unge også i åra som kjem. Men om dei gode økonomiske tidene vil halda fram eller vi vil gå på ei skikkeleg finanskrise også her i landet, er det vanskelegare å spå om.

Om tidene skifter har strafferettspleia uansett ein viktig samfunnsfunksjon. Gjennom strafferetten vert grunnleggjande normer for fellesskapet i heim og uteliv, yrkesliv og samfunnsliv trekte opp og handheva. Det betyr noko at grenser for godtakbar framferd vert markerte, sjølv om grensene blir brotne. Strafferettspleia kommuniserer desse normene løpande til resten av samfunnet, til rettleiing så vel som til åtvaring. Men den norm-stadfestande funksjonen føreset at dei ulike aktørane opptrer på ein måte som gjev tillit hjå breie lag av folket. Dette gjeld både når innhaldet i normene vert fastsett og tolka, og i den prosessen der tiltalte blir stilt til ansvar og offeret får oppleva at rettferda blir gjenoppretta.

Strafferettsvitskapen har også ein viktig plass i dette biletet, som den sektorspesifikke representanten for rettsvitskapen og den samfunnsoppgåva som denne er sett til å fylla. Kollega Jan Fridthjof Bernt har sagt det slik:1

Det er rettsvitenskapens oppgave å være den dynamiske kraft i den løpende kvalitetssikring og utvikling av retten som denne er avhengig av for å kunne oppfylle sine samfunnsmessige funksjoner på en adekvat måte etter hvert som de ytre livsbetingelser og borgernes verdier og rasjonalitetsoppfatninger endrer seg. Dette er nødvendig for at retten skal kunne opprettholde den legitimitet med hensyn til både teknisk og fornuftsmessig kvalitet og materielt innhold som er en forutsetning for at den skal ha ikke bare den funksjonalitet, men også den respekt og oppslutning blant borgerne som er nødvendig for at vi skal kunne ha en liberal demokratisk rettsstat.

Gjennom rettsdogmatiske analysar av gjeldande rett kommuniserer strafferettsvitskapen direkte med den praktiske rettsbruken i politi, domstolar osv. Men det er likevel ein skilnad. Aktørane i strafferettspleia har normalt konkrete rettsspørsmål å forholda seg til, til dømes om ei bestemt politiforklaring kan lesast opp i retten utan at eit bestemt vitne er til stades der. Strafferettsvitskapen vil derimot normalt reisa og drøfta slike rettsspørsmål meir generelt. Dette gir rom for å sjå enkeltspørsmål og enkeltreglar i samanheng med andre spørsmål og andre reglar, og slik tilføra sakskomplekset eit breiare argumentasjonsgrunnlag. Rettsvitskapen har dessutan langt større høve til fordjuping, til dømes i rettspraksis frå menneskerettsdomstolen, enn det tidspresset i ei enkeltsak tillet. Slik tilfører forskinga ei breiare forståing for reglane og dei relevante tolkingsmomenta, og fungerer som ein «ressursbank» for praksis. Den meir systematiske analysen av rettsstoffet medverkar dessutan til å halda oppe og skapa meining i eit rettsleg univers som elles lett kan oppfattast tilfeldig og fragmentarisk. Gjennom undervising og skriving av lærebøker er rettsvitskapen dessutan med på å formidla struktur og meining til morgondagens aktørar i strafferettspleia.

Rettsvitskapen har vidare ei forankring i dei allmenne vitskapsideala. I dette ligger både ei plikt til å følgja og forelda den særeigne rettsvitskaplege metoden, og ei meir generell plikt til å setja ord på og kritisk reflektera over eigne metodiske føresetnader. Det vitskaplege idealet om å søka etter sanninga gjennom kritisk refleksjon, fører dessutan med seg ei forventing også til strafferettsvitskapen om å opna opp for andre perspektiv enn dei rent rettsdogmatiske. Gjennom ei tverrvitskapeleg orientering, der strafferetten til dømes blir sett i samanheng med etiske problemstillingar, studiar av maktforhold i samfunnet, den teknologiske utviklinga eller samhandlinga i rettssalen, kan strafferettsvitskapen stimulera til større sjølvinnsikt og refleksjon hjå aktørane i strafferettspleia. Slike perspektiv er dessutan særlig relevante for dei som drøftar ny straffelovgiving, anten det er i lovutval, departement, politiske parti, Stortinget eller i den alminnelige offentlege debatten. Dette betyr at strafferettsvitskapen treng å romma – eller i det minste stå i dialog med – tverrvitskaplege forskingsområde som til dømes kriminologi, rettssosiologi, rettsfilosofi, bevisteori, rettspsykiatri og rettspsykologi.

Om eg skal forsøka å konkretisera enkelte utfordringar for strafferettsvitskapen i åra som kjem, vil eg først peika på behovet for ei kritisk og dagsaktuell forsking omkring dei generelle vitskaplege teoriane, verdiane og omgrepa som ligg til grunn for dagens strafferett.2 Det ideologiske fundamentet for dagens strafferettssystem kan førast tilbake til etableringa av den såkalla borgarlege rettsstaten i det 17. og 18. hundreåret, og til utviklinga av ei heilskapeleg norsk straffe- og prosesslovgiving i det 19. hundreåret. Dei siste generasjonane har norsk strafferettsvitskap vore sterkt fokusert på rettsdogmatiske studiar av dei til ei kvar tid gjeldande reglane. Men samfunnet har endra seg mykje dei seinare åra, og det har skjedd vesentlege endringar i den moralske og politiske tenkinga. Difor er det igjen behov for ei forsking som kombinerer strafferettsfilosofisk refleksjon med grundige og kritiske analysar av sentrale omgrep og normer både innafor den materielle strafferetten og straffeprosessen.

Ei anna utfordring for strafferettsvitskapen er å ha eit vake blikk for om det er samsvar mellom liv og lære, prinsipp og praksis i strafferettspleia. Det er til sist praksisen til politiet, påtalemakta, advokatar og domstolar som avgjer korleis strafferettssystemet oppfyller samfunnsoppdraget sitt, og korleis enkeltmenneske, både skuldige og uskuldige, opplever møtet med rettsapparatet. Straffeprosessen er sterkt prega av nokre grunnleggjande prinsipp, til dømes offentleg rettargang og kontradiksjon. Samtidig er det ei spenning mellom prinsippa og enkeltreglane, slik desse vert skildra i lovgiving og litteratur, og dei organisatoriske, tekniske og andre rammevilkåra som aktørane i strafferettspleia arbeider under. For å forstå dette, til dømes korleis kommunikasjonskontroll eller bruk av DNA-testar fungerer i praksis, må forskinga i større grad analysera konkrete saker og sakstypar.3

Ei stor utfordring for strafferettsvitskapen i våre dagar er sjølvsagt også den tiltakande internasjonaliseringa av strafferettspleia. Strafferettslege normer vert ikkje lenger berre utvikla på nasjonalt nivå, men i aukande grad også innafor folkeretten og EU-retten. Det dreier seg her dels om utvikling av strafferettslege system på internasjonalt nivå som i stor grad er frittståande frå statane sine rettssystem, til dømes framveksten internasjonale brotsverk og etableringa av internasjonale straffedomstolar. Eit anna døme er utviklinga av EU-samarbeidet på strafferettens område, med rammelovgiving og særeigne prosedyrar mellom europeiske land og med særskilte institusjonar på EU-nivå. Til dette kjem framveksten av multilaterale traktatar som pålegg statane å harmonisera strafferetten og etablera nye former og fora for mellomstatleg samarbeid i straffesaker. Norsk strafferettsvitskap er nøydd til å ta opp i seg desse utfordringane.4 Det inneber ikkje berre å sjå på forholdet mellom dei nasjonale og internasjonale normene. Vi må også ta del i den breiare internasjonale debatten om innhaldet i og utviklinga av dei internasjonale normene på strafferettens område.

Dei utfordringane som her er kort skisserte, viser behovet for eit breidt strafferettsvitskapleg miljø i Norge. Først og fremst er det behov for sterke fagmiljø ved fleire universitet og høgskular. Det er heilt avgjerande for forskinga sin legitimitet at den eine forskaren sitt bidrag kan bli diskutert av andre, uavhengige forskarar. Dessutan er det oppgåver nok til alle, og kvar institusjon må gjerne utforma sin eigen forskingsprofil.5 Ei utbygging av samarbeidet med forskarar og forskingsinstitusjonar i utlandet er også påkravd i denne globaliseringa sin tidsalder. Til dette kjem at strafferettsforskinga må halda fram den gode dialogen med personar og institusjonar som til dagleg handterer straffesakene i Norge. I dette perspektivet er det også behov for eit solid tidsskrift der teori og praksis kan møtast til meiningsfull dialog, slik som nettopp Tidsskrift for Strafferett.