I Bokanmeldelse

Ståle Eskeland: Strafferett, Cappelen akademisk, 2. utg., Oslo 2006. 576 sider. ISBN 978-82-02-24604-4, ib., 82-02-24604-0, ib

Anmeldt av stipendiat Jørn R.T. Jacobsen

Norsk strafferettsteori er når det kjem til den alminnelege strafferetten prega av relativt mange lærebokframstillingar, i alle fall sett i forhold til den tilsvarande produksjonen når det gjeld monografiar, grunnlagsanalysar og liknande arbeid som kanskje kunne bidra til større breidde og forståing i relasjon til dei tilsvarande spørsmåla. Ståle Eskeland er ein av bidragsytarane til denne rikdomen av lærebokframstillingar av den alminnelege strafferetten, og har no kome med ei andre utgåve av Strafferett. At det er ei andre utgåve som her skal vurderast, gjev to alternativ: Eit alternativ er å vurdere verket som eit sjølvstendig verk, eit anna alternativ er berre å vurdere endringane frå første utgåva. Av desse to alternativa finn eg det første alternativet mest nærliggande for Strafferett sin del, mellom anna fordi mi vurdering av boka i første rekkje byggjer på nokre meir overordna sider ved verket.

Strafferett er bygd opp omkring fem hovuddelar: Første del har tittelen Innføring i strafferettslige problemstillinger (s. 31–178), andre del Betingelser for straffbarhet (s. 179–366), tredje del Straff og andre reaksjoner (s. 367–467), fjerde del Fullbyrdelse av straff og andre reaksjoner (s. 469–484) og femte del Strafferettslig forståelse (s. 485–528). Eg skal kome noko attende til innhaldet i dei enkelte delane ut over i denne bokmeldinga, men kan alt her avsløre at eg finn Strafferett å vere eit noko ujamt verk. Eg skal i det vidare forklare kvifor eg kjem til denne konklusjonen. Dette gjer eg ved først å forklare kva svake sider eg finn ved framstillinga, noko som vil utgjere hovuddelen av denne bokmeldinga. Men for ikkje å gje eit skeivt og urettvist bilete av boka vil eg avslutningsvis halde fram sterkare sider ved Strafferett.

Eit innleiande problem med å vurdere Eskeland si framstilling, er at det for meg – i alle fall om eg skal vere vanskeleg – er noko uklart kva som er tema for boka. Boka har tittelen Strafferett og tittelen gjev såleis indikasjonar på at temaet for framstillinga spring noko vidare enn tilfellet er til dømes for Johs. Andenæs sin Alminnelig strafferett eller Henry John Mæland sin Innføring i alminnelig strafferett.1 På s. 33 skriv derimot forfattaren at «[i] boken tar jeg opp de spørsmål som tradisjonelt har vært behandlet i den alminnelige strafferett» (mi utheving). Her kan det kanskje seiast å vere ein viss ambivalens, ein ambivalens som avspeglar seg òg i innhaldet i boka: Fleire stader bruker forfattaren spalteplass på spørsmål som etter mitt syn ikkje naturleg let seg føre inn under nemninga «alminneleg strafferett», slik det er vanleg å forstå dette uttrykket. (Påstanden om at det finst ei slik vanleg forståing kan kanskje diskuterast. Det er ikkje så ofte at kategorien alminneleg strafferett sitt innhald vert eksplisitt diskutert i norsk strafferettsvitskap.2 Men eg dristar meg likevel til å hevde at teorien opererer med ein slik kategori, og då ein snevrare kategori enn den Eskeland opererer med.) Som døme på at Eskeland trår ut over den vanlege oppfatninga nemner eg deler av framstillinga av den internasjonale strafferetten, med dei to sidene om strafferettslege sider ved masseøydeleggingsvåpen som det mest eklatante dømet (s. 176–177). Ein finn òg ein del reint straffeprosessuelt stoff, som til dømes kapittel V om gangen i ein straffesak, der ein òg finn ein tosiders oversikt over ulike reglar som gjev plikt til å melde brotsverk til politiet (s. 156–158). Eit anna av fleire døme i same gate er (i alle fall) sider ved Eskeland si framstilling av beviskravet i straffesaker og prinsippet om at ingen uskuldige skal dømmast til straff. Her vert mellom anna årsaker til justismord relativt inngåande drøfta over fem sider (s. 515–519). Her får vi òg vite at det etter forfattaren si meining er «klart» at Fasting Torgersen-saka vil bli teken opp att i løpet av 2006 (s. 515).

Det kan gjerne hevdast at dette er sider av strafferetten som det er viktig for studentar å få ein innsikt i, men eg vil likevel hevde at forfattaren synest å vere noko uheldig fanga i denne ambivalensen som avspeglar seg i relasjonen mellom tittelen og temaet alminneleg strafferett: Rammene for den alminnelege strafferetten vert sprengt, men om forfattaren først ser grunn til å forlate dei tradisjonelle rammene for den alminnelege strafferetten for å gje eit breiare bilete av strafferetten (i tråd med tittelen på boka), så synest desse meir vidtgåande utspringa i strafferetten å vere noko selektive og ufullstendige i sitt utval. Dessutan ville eg om eg var i forfattaren sine sko, i mindre grad fokusert på drøftinga av meir spesifikke og snevrare regelproblem (til dømes «[h]vorvidt det er mulig å true med eller bruke atomvåpen uten å bryte folkeretten» (s. 176) som vert drøfta over godt og vel ei side med utgangspunkt i Haagdomstolen – ICJ – si uttaling frå 1996) om eg skulle utvide perspektivet til studentane slik.

Dersom hovudføremålet derimot er den alminnelege strafferetten, så vil eg tru at framstillinga ville vore betre tent med at den spalteplassen som er brukt på spørsmål som det er gjeve døme på ovanfor, hadde vore brukt nettopp på hovudproblema i den alminnelege strafferetten. Det siste gjeld særleg ettersom eg ikkje finn framstillingane av desse hovudproblema i seg sjølv overtydande, i tillegg til at aktuelle spørsmål innanfor den alminnelege strafferetten, som til dømes jurisdiksjonsproblematikken, er svært forenkla og kortfatta drøfta. Dette viktige og aktuelle spørsmålet som er gjenstand for diskusjon i nordisk og internasjonal strafferettsteori,3 er i Strafferett berre omtala over knapt tre sider (s. 74–77).

Ettersom eg oppfattar forfattaren slik at han først og fremst har den alminnelege strafferetten for auge, så vurderer eg i det vidare boka med tanke på i kva grad Eskeland gjev ei lukka framstilling av denne tematikken. Som sagt innleiingsvis er her fleire framstillingar av den alminnelege strafferetten å finne i norsk strafferettsvitskap. Det er på den bakgrunn naturleg å stille som eit innleiande spørsmål om Strafferett på noko sett har ein sjølvstendig profil ved sidan av desse andre framstillingane.

Til dette spørsmålet er det etter mitt syn naturleg å ta til med at Eskeland har eit sjølvstendig og i mine auger prisverdig siktemål med prosjektet: Framstillinga synest først og fremst vere retta mot studentar (sjå mellom anna s. 7 flg.) og då med det mål for auge å auke studentane si forståing av strafferetten. Forfattaren skriv i føreordet mellom anna at «[i] juridiske fagbøker er gjerne en ren beskrivelse av gjeldende rett skjøvet i forgrunnen på bekostning av de resonnementene som ligger bak påstander om gjeldende rett. I denne boken er prioriteringen av stoffet nærmest omvendt: Hovedvekten er lagt på å beskrive og forklare problemstillinger og resonnementer som brukes, eller bør brukes, når man skal ta stilling til hva som er gjeldende strafferett. Begrunnelsen er enkel: Den som behersker metoden, kan ta stilling til de fleste strafferettslige problemer. Den som bare har lært seg hva reglene på et begrenset område går ut på, er ofte hjelpesløs når nye problemstillinger dukker opp. Og det gjør de til stadighet – i rettslivet og til eksamen.» (s. 7). Òg ikkje berre metode står sentralt i Eskeland si framstilling; framstillinga er openbart skriven med det faglege engasjementet som Eskeland utviser i andre samanhengar. Ei lærebok i alminneleg strafferett som i større grad enn dei eksisterande tek sikte på å gje studentane forståing for strafferetten som aktuell samfunns- og rettsinstitusjon, er ein positiv tilvekst til dei andre framstillingane i alminnelig strafferett, som i denne samanheng – i alle fall om vi set det litt på spissen – kan tendere mot å vere i overkant regelorienterte i ein slags pragmatisk rettspositivistisk eller rettsrealistisk tradisjon. Eskeland si framstilling er til dømes positivt særprega av den i seg sjølv sterke vektlegginga hjå Eskeland av forholdet mellom strafferett, kultur og verdiar (sjå til dømes s. 52–53): Eg deler Eskeland sitt syn på at det er i desse elementa, og i mindre grad (enn det ofte vert hevda) i kunnskapsmessig forankra argument om effektiv styring vi må ta utgangspunkt om vi både skal forstå og kunne diskutere strafferetten og korleis den både er og bør utformast. Å freiste å gje rom i analysen for slike spørsmål, er etter mitt syn eit sympatisk trekk, ettersom det bør sjåast som eit naturleg ledd i opplæringa av studentar til å ta del i og oppretthalde ein slik offentleg maktinstitusjon som i slik grad er særprega av eit sett av moralske spørsmål og dilemma. Dette aspektet ved Eskeland si framstilling er noko som kan vere med på å rettferdiggjere at den tek plass i bokhylla ved sidan av andre framstillingar av alminneleg norsk strafferett.

Men i mine auger lukkast dessverre ikkje forfattaren med sitt i seg sjølv prisverdige prosjekt. Forsøket på å auke forståinga for strafferetten ved å sette strafferetten i nærare samanheng med den meir alminnelege rettskjeldelæra, er i og for seg nyttig – sjølv om framstillinga truleg kunne vore gjort noko kortare utan at vesentlege element ville gått tapt: Er det til dømes naudsynt å spandere eit eige punkt på Høgsterett si samansetning i ei framstilling av den alminnelege strafferetten, slik Eskeland gjer på s. 129? Her kan det òg peikast på at Eskeland sjølv avsluttar gjennomgangen av rettskjeldelæra med at:

«[r]ettskildesituasjonen på strafferettens område skiller seg etter min mening ikke vesentlig fra rettskildesituasjonen på andre lovregulerte områder» (s. 152).

Men det eg særleg saknar i desse innleiande øvingane om strafferetten som fag, er ei betre forståing og forklaring av strafferetten sitt innhald og funksjon som samfunnsinstitusjon, og dei vurderingane som såleis ligg til grunn for strafferetten. Visse delar av framstillinga er riktig nok innretta mot å framheve kva som særpregar strafferetten, men generelt vert desse delane for lite opplysande i mine auger. At denne delen av framstillinga ikkje lukkast, har mykje med å gjere at forfattaren si sterke framheving av strafferetten som ei avveging av omsyna til «straffverdighet» og «prevensjon» (sjå mellom anna s. 131) ikkje er heilt vellukka i mine auger. Slik Eskeland framstiller desse omsyna, så får han ikkje så godt fram det som vel må vere hovudpoenget og det generelle utgangspunktet: At strafferetten sitt meir generelle føremål er allmennprevensjon, men at den nærare vurderinga av kva handlingar som strafferetten som sosialpolitisk verkemiddel skal settast inn mot, i all hovudsak er ei nærare vurdering av kva handlingar som er rekna som så negative eller klanderverdige at samfunnet kan rettferdiggjere det å sette inn sitt under normale omstende mest alvorlege verkemiddel for å motverke dei (det er først på s. 526 i framstillinga at Eskeland i mine auge kjem nær ei adekvat forklaring av dette poenget). Slik sett er ikkje omsynet til prevensjon i mine auger, i motsetning til det forfattaren ofte synest å hevde, i utgangspunktet i seg sjølv noko relevant omsyn i avveginga ved fastlegginga av kva rekkevidde strafferettslege reglar skal ha – med mindre ein nyttar omsynet til ei effektiv handheving av eit straffebod som eit argument i seg sjølv. Eskeland nyttar derimot gjennomgåande «prevensjonshensynet» ved sidan av straffverdighetsvurderinga i ein langt meir utstrakt grad enn som så, og i ein slik utstrakt grad at eg har vanskar med å følgje resonnementet hans. I tillegg synest eg at Eskeland enkelte stader er overoptimistisk med tanke på kva vi kan nytte prevensjonsomsynet til å argumentere for: Til dømes at «hensynet til prevensjon taler for at det … i rettslige sammenhenger blir vurdert konkret om en person er tilregnelig» (s. 326), er ein påstand som kviler på faktiske premissar som er høgt diskutable – mi vurdering er at det mest truleg har ingen eller i beste fall svært liten effekt på strafferetten sin preventive verknad om rettstilstanden er slik at det blir konkret vurdert om ein person er tilregnelig eller om ein gjer som i norsk rett at det i seg sjølv er tilstrekkeleg at ein er under den strafferettslege lågalderen, psykotisk etc.

Heller ikkje fastlegginga og bruken av «straffverdighet» er særleg vellukka i mine auger. Ikkje berre får omgrepsbruken hjå Eskeland til tider eit noko «ontologisk» preg (sjå til dømes s. 214: «Det er utvilsomt straffverdig å anskaffe våpen for å drepe, men det er sikkert alminnelig enighet om at det ikke er så straffverdig at vi vil dømme A for forsøk på drap …» (første utheving gjort av meg, sjå òg andre døme på s. 141 og s. 212)), men ofte kan det rettast same innvending mot forfattaren sin bruk av «straffverdighet» som Morten Kinander har retta mot bruken av «reelle hensyn»: Omgrepet blir ståande berre som ein tom kategori utan nærare forklaring og som argumentasjonspremiss mindre verdifullt.4 Det som saknast hjå Eskeland er ein nærare forklaring av kva type interessekrenkingar som strafferetten paradigmatisk rettar seg mot og ikkje minst av kva omsyn som talar for å sette grenser for strafferetten (det siste rører Eskeland riktig nok delvis ved under «Kulturelle verdier» og «Rettssikkerhetshensyn» (s. 53 flg. og s. 135–136), men denne diskusjonen er i beste fall fragmentarisk og burde etter mitt syn i tillegg vore omtala under «Straffverdighet» – kva som er straffverdig kan vanskeleg sjåast uavhengig av kva omsyn som talar for å la samfunnsdeltakarane handle på eit bestemt sett utan strafferettsleg kontroll av handlinga). Utan ei adekvat slik underliggande forklaring, opplever eg at uttrykk som «straffverdighet» og liknande gjev lite. Til forfattaren sitt forsvar freistar han rett nok å gje ei forklaring på s. 131 flg., men mi vurdering er altså at forfattaren ikkje lukkast med denne.

Eskeland nyttar mykje spalteplass på arbeidet med å gje lesaren forståing for strafferetten. Dette vert gjort ved at det i del 1 vert nytta 60 sider på problematikken, i tillegg til at store delar av den siste delen (del 5) òg omhandlar stoff spesifikt innretta på strafferettsleg forståing. Mykje av forsøka på å gje ei strafferettsleg forståing vert såleis trekt ut av den delen av framstillinga som representerer den meir tradisjonelle framstillinga av den alminnelege strafferetten og tema der. Særleg når det gjeld det som vert drøfta på s. 488 flg. («Betydningen av reelle hensyn for grensen mellom straffbarhet og straffrihet», som igjen er delt opp i mellom anna «Reelle hensyn og gjerningsbeskrivelsens rekkevidde», «Reelle hensyn og ansvar for medvirkning og unnlatelse», «Reelle hensyn og ansvar for forsøk» med meir), ville det i mine auger vore klart meir heldig å inkorporere stoffet i framstillinga av medverknad, forsøk, skuldkravet og så vidare når forfattaren først meiner at det han skriv her er av relevans for desse spørsmåla. Slik boka er disponert vert resultatet av desse forsøka på å gje strafferettsleg forståing lett ei tidleg landstranding gjennom meir eller mindre innhaldstomme referansar til vurderingar av «hensynet til prevensjon og straffverdighet».

Resultatet av Eskeland sitt opplegg er med andre ord at det vert brukt mykje spalteplass for seg på å gje ei strafferettsleg forståing, som ikkje heilt lukkast, og at spalteplassen på framstillinga av kjernespørsmåla i den alminnelege strafferetten vert relativt kort sett i samanheng med lengda på framstillinga. Når framstillinga av kjernespørsmåla i den alminnelege strafferetten i tillegg (og delvis av den grunn) gjennomgåande ikkje vert overtydande sett frå eit pedagogisk perspektiv, til dels ei heller frå eit materielt perspektiv – fleire av institutta under den alminnelege strafferetten vert i mine auger ganske enkelt ikkje godt forklart – så gjer dette samla sett at framstillinga som heilskap ikkje vert overtydande. Framstillinga av kjernespørsmåla kan kritiserast både i forhold til meir generelle framstillingar av deler av den alminnelege strafferetten og i forhold til meir konkrete problemstillingar og resonnement. Eg skal i det vidare ta opp enkelte av dei større og mindre innvendingane mot framstillinga av den alminnelege strafferetten sitt utprega materielle innhald som kan rettast mot Strafferett.

Som døme på det første, kan ein nemne drøftinga av årsaksproblematikken, der Eskeland tek utgangspunkt i «betingelseslæren» og strukturerer drøftinga etter denne. Denne læra er i mine auger verken særleg pedagogisk eller materielt sett adekvat, noko Erling Johannes Husabø har grunngjeve godt i både Rett til sjølvvald livsavslutning? og i Straffansvarets periferi, i mine auger så godt at «betingelseslæren» med hell kan overlatast til rettshistoria.5 Heller ikkje framstillinga av forsøket si nedre grense lukkast Eskeland heilt med i mine auger; mellom anna trur eg at det er både materielt og pedagogisk heldigare å nytte Husabø sin «personlege gjerningsplan» snarare enn å blande inn fullbyrdingsforsettet i denne drøftinga slik Eskeland gjer på s. 214 flg. (sjølv om her naturlegvis er nære koplingar mellom eit fullbyrdingsforsett og ein personleg gjerningsplan). I framstillinga av forsøkslæra finn ein i mine auger òg fleire andre svake drøftingar og argument. På eit meir overordna plan her, kan ein nemne Eskeland si formulering av det overordna vurderingstemaet for når ein har trådd over forsøket si nedre grense:

«Grensen for det straffbare forsøket er overskredet når vi – i betraktning av … momentene – anser gjerningspersonens handling for å være like straffverdig som en fullbyrdet handling som rammes av vedkommende straffebud.» (s. 222)

Eg er sterkt tvilande til om dette gjev eit meir adekvat vurderingstema enn til dømes dei meir etablerte vurderingstema som Hagerup og Andenæs har gjort bruk av, eg vil snarare seie tvert om. Som døme på andre meir konkrete materielt svake punkt i forsøkslæra er i mine auge Eskeland sin argumentasjon mot Andenæs si tolking om ansvar for forsøk på medverknad der hovudgjerningspersonen ikkje har kome forbi den straffrie førebuinga (s. 201–202), der eg har særs vanskeleg for å følgje Eskeland sitt resonnement. Let vi framstillinga av forsøkslæra bak oss, så kan eit anna meir konkret svakt punkt etter mitt syn finnast i argumentasjonen for eit krav om skuld frå leiinga si side som vilkår for føretaksstraff (s. 349 flg.)

Òg i framstillinga av skuldlæra har eg innvendingar mot Eskeland si framstilling. Generelt synest eg at Eskeland si framstilling av skuldlæra kan tendere mot ei slags «normativ» skuldlære, slik ein kan finne variantar av i tysk teori, men som ikkje fell saman med den skuldlæra som ein i norsk rett byggjer på. Denne tendensen kjem overordna til uttrykk i den innleiande skildringa av «skyldbegrepet»:

«Generelt kan man si at gjeldende rett går ut på at gjerningspersonen har utvist skyld hvis han i den konkrete situasjonen ikke burde handlet i strid med det aktuelle straffebudet» (s. 266).

Særleg når det gjeld forsettslæra, så synest eg denne innfallsvinkelen ikkje er heilt heldig, noko som òg avspeglar seg andre stader i teksten: Eg har til dømes problem med å følgje Eskeland når han trekk inn den tilletne risiko og vilkåret om at ein må vere komen inn på område for det straffbare (særleg forsøket si nedre grense) i skuldkravet: Eskeland tek til med å forklare vilkåra om at gjerningspersonen må vere tilrekneleg og at vedkommande må ha utvist skuld (s. 264–265). Under forklaringa av det siste vilkåret skriv Eskeland at tanken kan klandrast, men at den må vere kopla saman med handling for å rammast etter gjeldande rett, før han følgjer opp med at:

«[m]en selv om dette er tilfellet, vil skyld ikke alltid foreligge [mi kursivering]. Man kan i hvert fall skille ut to situasjoner der det ikke er (tilstrekkelig) grunnlag for bebreidelse, og dermed heller ikke for straffansvar: (1) Forårsakelse av straffbare følger er ikke straffbart når sannsynligheten for at de skal inntre er så liten at vi ikke regner med den i det daglige. … (2) For at straffansvar skal inntre, må handlingsforløpet ha kommet så langt at gjerningsbeskrivelsen er oppfylt eller – for så vidt gjelder forsettlige forbrytelser – den nedre grensen for det straffbare forsøket er overskredet, jf. strl. § 49. … Redegjørelsen for skyldbegrepet i dette kapitlet forutsetter at straffansvar ikke er utelukket fordi handlingen ligger innenfor den tillatte risiko eller fordi handlingsforløpet ikke er kommet så langt at handlingen er straffbar.»

Dette utgangspunktet har eg vanskar med å få til å henge i hop: Dei unntaka som Eskeland her skisserer har i mine auger mindre med å gjere om det er utvist skuld i den forstand at vi talar om det som eit såkalla «subjektivt straffbarhetsvilkår». (Eg set denne nemninga i hermeteikn fordi eg har lite til overs for nemningane «objektiv»/«subjektiv» i denne samanhengen. Men det er ei innvending mot ikkje berre Eskeland, men meir generelt mot den rådande systematikken i norsk strafferettsteori, og eg går derfor ikkje nærare inn på kritikken av denne omgrepsbruken her.) Det kan til dømes openbart vere utvist forsett i strafferettsleg forstand sjølv om straffansvar er utelukka fordi handlinga ligg innanfor det ein vanlegvis har omtala som den tilletne risikoen. «Unntaka» som gjer at «skyld ikke … foreligge[r]» i følgje Eskeland høyrer snarare i utgangspunktet heime saman med dei andre «objektive straffbarhetsvilkåra». Men då vert det vanskeleg å forstå kvifor Eskeland hentar desse ut, i motsetning til andre «objektive» vilkår og gjer dei til unntak som kan gjere at skuld ikkje føreligg. Det kan vanskeleg vere at det er skuld som skuldig Eskeland her talar om, for då gjev det ikkje meining å ta ut kravet om at gjerningspersonen må vere tilrekneleg og sette det ved sidan av skuldvilkåret (jf. ovanfor). Og forfattaren har langt tidlegare i boka (s. 70) åtvara oss at «[s]pørsmålet om vedkommende har utvist den skyld [mi kursivering] som straffebudet krever, må ikke forveksles med spørsmålet om tiltalte i en straffesak er skyldig – det som ofte blir omtalt som skyldspørsmålet. Med utsagnet at «tiltalte er skyldig» siktes det vanligvis til at de fire hovedvilkårene for straff foreligger.» Med tanke på det første – den tillatte risiko – er det rett nok slik at risikovurderingar gjer seg gjeldande òg i aktløysevurderinga som Eskeland kjem attende til. (Det kan i forhold til det siste leggast til at Eskeland si framstilling her i mine auger synleggjer at den vanlege systematiske inndelinga av vilkåra for straffansvar i norsk strafferettsteori kanskje ikkje er den mest heldige, ikkje minst med tanke på aktløyselovbrota.)

Av andre innvendingar som i større eller mindre grad har samband med skuldlæra, kan det òg peikast på at eg er tvilande til om eg gjev Eskeland rett i at den nye straffelova representerer ei innskrenking av gjeldande rett om dolus eventualis gjennom vilkåret «sikkert eller mest sannsynlig», fordi «[e]tter gjeldende rett vil det foreligge forsett i form av positiv innvilgelse også når gjerningspersonen har forutsatt en lavere sannsynlighetsgrad» (s. 277).6 Problematisk finn eg òg Eskeland si forståing av strl. § 257 – som han nyttar som hovuddøme på kva fullbyrding av gjerningsskildringa inneber (s. 187). Eskeland synest å gjere «ved tilegnelsen» til eit «objektivt» vilkår, men det er ikkje eit krav etter § 257 at gjerningspersonen ved borttakinga samstundes tileignar seg gjenstanden, berre at det er vedkommande sin hensikt at han eller ho skal oppnå ein uberettiga vinning «ved tilegnelsen».7 Eskeland sin gjenbruk og utdjupinga av § 257 som døme på s. 303 (sjå òg s. 308) hjelp ikkje vidare til å avklare denne feilen, snarare delvis til å forsterke den. (I forhold til dømet på s. 303 er det i og for seg rett at det ein omtalar som «subjektive overskudd» nokre gongar på grunn av gjerningsskildringa sin karakter må/bør førast inn under det «objektive»,8 men § 257 kan vanskeleg nyttast som eit døme på dette, og det er same kva lite truleg at Eskeland har dette i tankane i og med at han sjølv på s. 305 nyttar kategorien «subjektivt overskudd» og nyttar § 257 som eit døme på dette.) Feilen vert med andre ord særleg uheldig i og med at Eskeland nyttar § 257 som eit gjennomgåande døme i den alminnelege strafferetten. For framstillingar av den alminnelege strafferetten er det truleg òg eit tap at den som døme mykje brukte regelen om objektivt straffansvar i lov om ansvar for skade på bufe ved hund mv. av 9. juli 1926 § 1 tredje punktum, som òg Eskeland nyttar som døme (s. 307 – note), vart oppheva ved lov av 4. juli 2003 nr. 3 om hundehold (hundeloven), i kraft 1. januar 2004.

Under framstillinga av skuldlæra finn ein òg etter mitt syn eit døme på at Eskeland sine påstått meir «realistiske» framstillingar av regelverket ikkje utan vidare er av det gode. Meir konkret gjeld døme spørsmålet om den umedvitne aktløysa. Utgangspunktet til Eskeland er her vanskeleg å seie seg usamd i som ein adekvat skildring av gjeldande rett:

«Den ubevisste uaktsomheten har ingen flytende grense oppad mot forsettet. Ved ubevisst uaktsomhet spiller det ingen rolle hvor stor sannsynligheten er for at følgen vil inntre. Selv om sannsynligheten objektivt sett langt overstiger 50 %, ja, selv om den er 100 %, vil det aldri foreligge forsett når gjerningspersonen ikke har tenkt på følgen av handlingen.»

Problematisk er derimot påfølgjande passus:

«Men dette er en teoretisk konstruksjon som har liten praktisk betydning. Hva gjerningspersonen har tenkt, vil nemlig nesten alltid måtte avgjøres på grunnlag av slutninger fra de konkrete omstendighetene i saken (herunder gjerningspersonens egen forklaring i ettertid). I praksis vil man foreta en vurdering av hvor stor sannsynligheten for følgen er. Anser man den for å være over 50 %, vil man – om det ikke skulle foreligge særlige holdepunkter for å anta noe annet – legge til grunn at det har også gjerningspersonen forstått. Den som råkjører i en folkemengde og dreper noen, vil selvsagt ikke bli hørt med at han ikke tenkte på hvor farlig det kunne være. Hvis noen blir drept, vil han derfor bli dømt for forsettelig drap, og ikke bare uaktsomt drap. Etter min oppfatning er det derfor mest realistisk å si at også ubevisst uaktsomhet forutsetter at den objektive sannsynligheten for at gjerningsbeskrivelsen er oppfylt, er mindre enn 50 %.» (s. 284, mine uthevingar).

For det første er eg ikkje samd i at det først siterte utgangspunktet adekvat kan reduserast til ein teoretisk konstruksjon, det er vel til dømes ikkje upraktisk at ein kan ha merksemda si fullstendig ein annan stad òg innanfor ein stor risiko. Men hovudproblemet mitt her ligg i den siste delen av passusen, der eg er usikker på kvar Eskeland vil med sin «realistiske» skildring; er det eit meir (men for meg i så fall, mindre) adekvat uttrykk for «gjeldande rett» eller snarare ei slags skildring av bevissituasjonen for domstolen. I tilfelle det siste, er avsnittet etter mitt syn ikkje heilt heldig formulert: Det er viktig i eit rettstryggleiksperspektiv ikkje å tilsløre gjeldande reglar og prinsipielle utgangspunkt, med kva former for vurderingar som er mest praktisk og så vidare. Ein bør sjå det som viktig i strafferettsundervisinga å lære studentane å gjere presise vurderingar av dei individuelle sakene med utgangspunkt i reglane, ikkje minst i dei tilfella der verda samsvarar med det teoretiske og ikkje med det praktiske (det skjer jo òg), og ikkje samanblande denne vurderinga med kva som er mest «realistisk» og «praktisk» med utgangspunkt i kva som skjer som oftast av konkrete vurderingar særleg i bevissituasjonen. Eit anna døme på at det kan førast ei slik innvending mot Eskeland si framstilling under skuldlæra finn ein under drøftinga av sannsynsforsettet (sjå s. 271).

Generelt kan eg kanskje seie det slik at Eskeland si framstilling av den alminnelege strafferetten er i mine auger eit av fleire uttrykk for at norsk strafferettsteori hadde hatt godt av ei meir teoretisk gjennomarbeiding med tanke på omgrepsbruk, systematisering og liknande. Som eit døme på eit problem på eit slikt djupare teoretisk plan kan ein nytte den forståinga av handlingskonseptet som Eskeland nyttar i framstillinga. Denne forståinga kan det stillast spørsmål ved, omgrepsbruken kan i alle fall frå eit noko rigid perspektiv synest å vere noko inkonsekvent: Enkelte stader (sjå til dømes s. 185) skil Eskeland skarpt mellom handling og følgje, men andre stader i framstillinga (sjå under konkurrens s. 222) synest Eskeland å gå ut frå ei forståing av handlingskonseptet som meir svarar til den særleg Nils Jareborg har argumentert for.9

Men sidan denne bokmeldinga har vore negativ i sitt innhald så langt, kan det kanskje vere grunn til å legge til at sjølv om eg ikkje ville tilrådd boka som læreverk ved studiet, så ville eg klart kunne tilrådd deler av framstillinga som supplerande litteratur på visse områder. Til dømes er analysen av straffutmålingsspørsmålet verdifull. Dette gjeld til dømes framstillinga av dei relevante omsyna (s. 424 flg.), sjølv om eg her for min eigen del nok ville systematisert denne materien noko annleis, gjerne med større vekt på proporsjonalitetsprinsippet. I tillegg finn eg skiljet mellom «[h]andlingens objektive grovhet» og «[m]åten handlingen er utført på» (s. 430–431) noko uklart, tilsvarande kan det kanskje stillast spørsmål ved om det er naturleg å klassifisere skadeverknader for den fornærma på sikt under kategorien «[e]tterfølgende forhold» saman med til dømes domfelte sin etterfølgjande åtferd (s. 443). Òg det at forfattaren signaliserer noko om straffenivået for ulike brotsverk (s. 453 flg) trur eg er eit verdifullt grep for studentane og såleis eit positivt trekk ved framstillinga. Gjennomgangen av hovudtrekka ved fullbyrding av fengselsstraff i Del 4 gjev ei adekvat og oversikteleg innføring, men samstundes kunne ein kanskje ønske seg at det òg vart sagt noko om gjennomføringa av andre reaksjonar som til dømes samfunnsstraff. Til sist skal på plussida nemnast Eskeland si avsluttande kritiske analyse av fengselsstraff og den institusjonen sin plass i vår tenking om strafferett (s. 52–525), som i mine auger er god og verdifull.

Før eg skal oppsumere denne bokmeldinga, kan det i avdelinga for dei meir formelle aspekta ved Strafferett, nemnast at boka har ein grundig og omfangsrik innhaldsoversikt, samt gode kjelde- og stikkordsregister. Ei innvending tekstmessig er at ein finn enkelte tilfelle av gjentaking, til dels nesten ordrette sådanne (sml. til dømes s. 373 og s. 451), ei innvending som må sjåast i lys av at boka i alle fall generelt ikkje er for kortfatta. Språkleg er her få språklege manglar, men det som truleg er klipp og lim-varianten frå Lovdata fører òg til tider til at Høgsterett sine tilvisingar til eigne avgjerder hjå Eskeland vert sitert til dømes som «Rt-1998-445» (sjå døme på s. 440). Men slik står det ikkje i Rt. 2004 side 750 som døme er henta frå (men som av Eskeland samstundes er uriktig gjengjeve som Rt. 2004 s. 704); korrekt gjengjeving av Høgsterett er i vårt utvalde døme «Rt. 1998 side 445».

Resultatet vert, på same måte som Peter Garde oppsummerte sitt inntrykk av første utgåva med, at boka er ujamn.10 Eg sympatiserer som sagt med forfattaren sitt prosjekt og boka inviterer i alle fall studentane i noko større grad til å stille ein type spørsmål som ein ikkje finn så mykje av i andre læreverk. Men eg synest som sagt ikkje at forfattaren lukkast med sitt prosjekt i slik grad at eg i valet mellom denne og andre framstillingar av den alminnelege strafferetten ville vald Strafferett som læreverk. Slik boka er i dag, er her andre framstillingar som betre drøftar dei materielle spørsmåla som den alminnelege strafferetten reiser og som framleis må stå i sentrum for framstillingar av faget.

II Oversikt over noen utenlandske publikasjoner

  • Felaktigt dömda, Rapport från JK:s rättssäkerhetsprojekt, Justitiekanslern, Stockholm 2006, 497 s. ISBN 91-85-333-13-1

  • Festskrift til Rune Lavin, Marianne Eliason, Göran Regner, Hans-Heinrich Vogel (red.), Juristforlaget i Lund 2006, 358 s. ISBN 91-544-0354-5. Festskriftet inneholder følgende artikler om straffe-/sanksjonsrettslige og -prosessuelle emner:

    • Michael Bogdan, Hotar EU:s nya internationella privat- och processrätt den svenska tryck- och yttrandefriheten?

    • Claes Eklundh, JO och de utomstraffrättsliga ansvarssystemen

    • Lars-Göran Malmberg, Lagen (1985: 206) om vite – En liten lag som ofta ger upphov til spännande rättsfall

    • Göran Regner, Lagprövning och blankettstraffstadganden – Några HD-fall

    • Hans-Heinrich Vogel, Om disciplinansvarsreglerna i 1993 års högskoleförordning

  • Ferdinandusse, Ward N., Direct application of international criminal law in national courts, T.M.C. Asser Press, The Hague 2006, 322 s. ISBN 978-90-6704-207-9, ib., 90-6704-207-2, ib.

  • Maffei, Stefano, The European right to confrontation in criminal proceedings: absent, anonymous and vulnerable witnesses, Europa Law Publishing, Groningen 2006. 276 s. ISBN 978-90-76 871-64-6 (ib.), 90-76 871-64-7 (ib.)

  • Sangero, Boas, Self-defence in criminal law, Hart Publishing, Oxford and Portland, Oregon 2006. 376 s. ISBN 13: 978-1-84 113-607-3, 10: 1-84 113-607-7