Ambisjonen med boka er å sette søkelys på korleis konfliktar mellom ulike logikkar i omsorg endrar vilkåra for omsorg. Hanne Marlene Dahl er ein dansk samfunnsvitar (political science) som skriv ut frå ein poststrukturalistisk feministisk posisjon. Boka har seks kapittel og er på 179 sider. Den tek utgangspunkt i Dahl sitt eige casestudie i Danmark, men strekk seg ut i den nordiske velferdsstatskonteksten gjennom komparasjon og merksemd på transnasjonale diskursar.

I kapittel 1, Introduction, peikar Dahl på det ho kallar for intensivering av kampar (struggles) i og ikring eldreomsorg. Ho vektlegg korleis problem vert ramma inn på nytt (reframed) gjennom slike kampar og korleis desse endrar vilkåra for omsorg. Endrande vilkår vert identifisert ved å vise til sju sosiale og politiske prosessar som samverkar i omsorgsfeltet: varegjering, globalisering, profesjonalisering, kjønning og de-kjønning (de-gendering), byråkratisering, neoliberalisering og seinmodernitet. Når desse prosessane kryssast, medfører det konflikt mellom ulike logikkar. Kampar føregår både på det individuelle og kollektive nivået og kan ta mange former, som til dømes motstand i form av inaktivitet, dissens eller opprør. Dahl vil teikne opp eit kart av kampane for å svare på spørsmålet: What kind of struggles are we witnessing? Blant mange ulike typar kampar vel Dahl å fokusere på to typiske som ho meiner ofte vert forbigått i forskinga; 1) fight against silencing (‘kamp mot å bli gjort taust’) og 2) the regulation of care (‘regulering’). Kampar av typen ‘silencing’ er om synlegheit, medan kampar av typen ‘regulering’ handlar om korleis omsorg kan bli snakka om og handla etter i politikk og i det politiske. Dahl er her blant anna inspirert av Mouffe (2005) sitt analytiske skilje mellom politikk og det politiske, Bacchi (2009) om problematisering og Foucault (1978, 1979) om ‘governmentality’.

I kapittel 2, The changing landscape of elderly care and proliferation of struggles, lagar Dahl eit kart over sju prosessar som ho meiner samverkar i omsorgslandskapet. Varegjering er ein grunnleggande dynamikk i kapitalismen og handlar om å gjere noko til ei vare eller ein teneste. Omsorg er varegjort som arbeid og seld på omsorgsmarknaden, noko som også representerer ei marknadsgjering av intimitet. Viktige implikasjonar er blant anna at det endrar menneska si tilhøyrsle (relatedness), veiknar sosial reproduksjon fordi det skapar ‘omsorgskriser’, og endrar krav til omsorgsarbeidet ved å vektlegge ‘kjensle som arbeid’. Profesjonalisering handlar om å privilegere spesifikke former for kunnskap gjennom formalisering av velferdsutdanningar. Velferdsprofesjonar vert ein del av velferdsstatsapparatet ved å inngå i ‘the technologies of power’ (Foucault). Gjennom profesjonalisering kan det også oppstå konfliktar mellom ulike profesjonar som kan handle om det å kjempe om å ha hevd på dei mest attraktive delane av omsorg(s arbeidet), eller om ulike ideal om omsorg. Seinmoderniteten bring med seg endring i korleis individet, familien og det å eldast førestillast, noko som har implikasjonar for omsorgsregimer og omsorgsarbeid. Kjønning og de-kjønning refererar til prosessar der omsorg har blitt kopla og fråkopla kjønn i termar av å vere assosiert med det feminine og med kvinner sitt arbeid. I Norden har de-kjønning av omsorg vore sterkast, men likevel vert tradisjonell kjønna arbeidsdeling reprodusert i særs kjønnssegregerte arbeidsmarknader der eldreomsorg er dominert av kvinner.

Globalisering og migrasjon refererer til aukande flyt av idear, varer, tenester og menneske på tvers av kontinent og landegrenser og til den aukande feminiseringa av migrasjon skildra ved termen ‘global care chains’. Byråkratisering visar til den institusjonelle konteksten omsorg eksisterer i når den er varegjort, som i Norden i høg grad er velferdsstaten, men som i andre land er ‘den frie’ marknaden. Med byråkratisering føl institusjonelle logikkar, reglar, kodifisering og standardisering. Dahl hevdar at nyliberalisme og byråkratisering har forsterka kvarandre i Norden fordi ein effektiv stat har bruk for reguleringa til byråkratiet. Dahl forstår nyliberalisme som ein ideologi og ein type styringsmentalitet (governmentality, Foucault; Brown, 2015) som kjem med ein ‘tynn ide’ om omsorg, og ho hevdar at nyliberale logikkar er i konflikt med eksisterande logikkar i dei nordiske velferdsstatane.

Kapittel 3, Theorizing elderly care, handlar om ulike måtar omsorg har vore teoretisert på og korleis forskingsfeltet har teke form. Det dominerande spørsmålet har vore: ‘Kva er omsorg’? Dahl meiner dette er feil spørsmål fordi det hindrar ei utforsking av makt og kampar, og at svara risikerer å essensialisere, forenkle eller neglisjere vilkåra for omsorg. Forskingsfeltet om ‘omsorg’ har vakse fram som eit laust samansett tematisk og teoretisk felt. Dahl identifiserer fire hovudretningar som har bidrege med verdifulle innsikter, men som også til tider har vore ‘tvangstrøyer’ og gjeve makt for lite merksemd. Dei mest dominerande stemmene er frå ‘the ethics of care’, ein retning som fokuserer på kjensleerfaringar på det individuelle nivået, og som legg til grunn ei dyadisk forståing av omsorg (t.d. Gilligan). Vanskelege situasjonar vert her omgrepsfesta som ‘dilemma’, noko Dahl meiner bidreg til ei feil innramming (misframing) av kva som er på spel fordi det får problema til å handle om (individuelle) val mellom gjensidig utelukkande prinsipp. Tre andre skuleretningar er også viktige, men har hatt mindre påverknad. ‘Reproduktivt arbeid’ er basert på ei marxistisk forståing av utbytting (exploitation), og sentrale fokusområder er makt, globale omsorgskjeder og kjønn knytt til arbeid og i mindre grad (velferds)stat (t.d. Hochschild; Isaksen; Tronto). Retninga ‘social policy’ er ofte komparativ og makroorientert og fokuserer på den politiske økonomien av omsorg og endringar i velferdspolicy og ser i liten grad på omsorg som verdi eller praksis (t.d. Williams). Det ‘doble perspektivet’ utforskar både vilkåra for den profesjonelle omsorgsytar og tenestemottakar og staten si rolle i omsorg (t.d. Wærness).

I kapittel 4, Silences that matter, drøftar Dahl den eine typen kampar; det å gjere taust (silencing) og kampen om synlegheit. Ho nyttar Bacchi (2009) sitt kritisk diskurs-analytiske perspektiv og vektlegg at gjennom å namngje noko (t.d. i politikk) så skapast dette ‘noko’ som eit politisk objekt, medan det som ikkje nemnast, vert gjort taust. Dahl dømegir dette ved å vise til ein mykje brukt metafor i diskursar om omsorg: hender. I 2007 vart biletet ‘varme hender’ introdusert i dansk diskurs om omsorg gjennom å vektlegge at omsorgstenestene trengte fleire arbeidarar. Dette med varme hender handlar om å gjere omsorg på eit særskilt vis – som type nært kroppsarbeid – og metaforen er soleis også indikativ for det Dahl kallar for eit ‘kjenslemessig regime’ (‘emotional regime’). Bruken av metaforen gjer taust den kognitive delen av omsorg og omsorgsarbeid og kompetansen og ekspertisen som trengst i slikt arbeid. Eit anna døme frå Danmark er korleis einsemd har forsvunne frå diskusjonar om omsorg og ikkje lenger er eit legitimt innspel i debatten, og eit tredje døme er korleis den profesjonelle omsorgsarbeidar i aukande grad vert erstatta av ‘stab’, ‘hjelpar’, ‘arbeidar’ i omsorgsdiskursen etter år 2000. Dahl konkluderer med at ‘silence matters’. Det å studere ‘tausheitar’ er å søke å gjere synleg det som vert teken for gitt, og å undersøke det som er gløymd, gøymd, neglisjert eller oversett. Ei slik utforsking kan gjerast i politiske styringsdokumenter, men også i organisering og utføring av omsorg(s praksisar).

Kapittel 5, Regulating elderly care and struggles, tek for seg den andre typen kampar - knytt til regulering av omsorg og form og innhald av denne. For analysar innanfor velferdsstatar, som i dei nordiske landa, må søkelyset då dreiast mot staten. Dahl hevdar at regulering av omsorg er transformert gjennom politisering, og at regulering av omsorg i dag soleis er uunngåeleg. Her tek ho stilling til Wærness (1987) sitt argument om at den instrumentelle logikken i regulering av omsorg bryt fundamentalt med rasjonaliteten som eksisterer i omsorg. I kontekst av Danmark visar ho til byråkratisering og neoliberalisering som dei to mest typiske formene for regulering, og at me observerer ei auke i ‘viljen til å regulere’ eldreomsorg. Nokre kampar handlar om ‘korleis’ å styre omsorg (t.d. standardar versus autonomi), andre handlar om ‘kva omsorg er’, og ‘grensene’ for kva som er verdige omsorgsbehov, eller kven som er verdige omsorgsmottakarar. Det handlar altså om at ulike måtar å forstå problemet på fører til ulike forslag til løysingar for styring og regulering. På dei ulike nivåa av regulering av omsorg finn me også motstand, til dømes som kampar mellom stat og kommunar. I dette kapittelet er Dahl særskilt interessert i det ho kallar for ‘den kjønna reguleringa av omsorg’ og ‘gendering governance’. Med dette visar ho til korleis kjønna bias, og binære opposisjonar/dikotomiar som skapar hierarki, kan operere i reguleringa gjennom indirekte kjønning av t.d. arbeid versus ikkje-arbeid, offentleg ansvar versus privat ansvar, profesjonell versus ikkje-profesjonell (2017, s. 139). Dahl hevdar t.d. at kampen ikring profesjonalisering og de-profesjonalisering er ein kjønna kamp om kva det betyr å være omsorgsarbeider, og kva kunnskap som skal rangerast høgast. Vidare, og inspirert av Luce Irigaray, hevdar Dahl at kjønna regulering også ber med seg ei ‘silencing’ av relevansen av kjønn i omsorg gjennom naturalisering av omsorg som kvinneleg eigenskap.

I det siste og sjette kapittelet, Conclusion: a new analytics, oppsummerer Dahl reisverket til eit nytt teoretisk rammeverk som siktar mot å gripe korleis omsorg er politisert, regulert og kjempa om. I dette er ho i særskilt inspirert av Foucault og Fraser. Dahl vil erstatte ‘ethics’ med ‘logics’ (ways of thinking) for å vektlegge kompleksitet. Ho erstattar omgrepet ‘dilemma i omsorg’ med ‘logikkar’ for å unngå å individualisere komplekse problem og for å i større grad tenke kring omsorg som del av ulike kjensleregimer. Omsorg handlar om sårbarheit, og det å vere avhengig av (hjelp frå) andre – også av ‘framande’ (‘strangers’). I dag er omsorg i aukande grad fragmentert i ‘bitar av omsorg’, noko som skuldast kryssinga av prosessane profesjonalisering og nyliberal administrasjon med logikkar som trekk i ulike retningar. Profesjonalisering involverer kampar om kunnskap, medan nyliberal administrasjon kan seiast å redusere rolla kunnskap skal ha i eldreomsorg. Dahl hevdar vidare at me må gå bort frå ei dyadisk forståing av omsorg (som i relasjon mellom to menneske) ved å erstatte omgrepet ‘webs of care’ med ‘relatedness’. Inter-avhengigheit er ein av dei viktigaste karakteristikkane ved omsorg. For å skildre denne gjer Dahl bruk av Deleuze og Guattari sitt omgrep ‘assemblage’, som er «an unpredictable collection of connections» (2017, s. 161).

Dahl peikar vidare på at transnasjonale diskursar om eldreomsorg stadig får meir innverknad på innramminga av eldreomsorg på nasjonalt og lokalt nivå ved at moteorda og kjerneideane blir reprodusert i nasjonal politikk. Organisasjonar som WHO eller OECD overfører si forståing av eldreomsorg til mange land og tilbyr verktøykassar for løysing på problem. Rådande moteord ord i transnasjonale diskursar er ‘aktiv aldring’, ‘teknologi’, ‘kvardagsrehabilitering’ og ‘innovasjon’ – som me kjenner att i vår norske kontekst. Dahl fremjar her eit poeng iht. innovasjon som er verdt å reflektere over; ho seier at innovasjon er sjølvrefererande, noko som betyr at ein ikkje treng å forklare ‘kvifor’ om innovasjon fordi «Innovation is good, because innovation is good» (2017, s. 168). Mot slutten av kapittelet drøftar Dahl om hennar forslag til nytt analytisk rammeverket er relevant for å analysere andre former for omsorg enn eldreomsorg. Ho konkluderer med at det er høgst sannsynleg at dei sju prosessane skildra ovanfor også verkar i andre omsorgsfelt, men at det vert opp til andre forskarar å ta i bruk og vurdere hennar føreslåtte analytiske rammeverk. Dahl argumenterer godt gjennom boka og er analytisk og teoretisk klår. I eit par kapittel går ho litt fort fram og gjer (for) store sveip. Boka er interessant og nyttig lesing for forskarar og studentar i velferds-, helse- og omsorgsfeltet.

Referanser

Bacchi, C. (2009). Analysing policy. What’s the problem represented to be? Pearson.

Brown, W. (2015). Undoing the Demos. Neoliberalism’s Stealth Revolution. Zone Books.

Fraser, N. & Jaeggi, R. (2018). Capitalism. A conversation. Polity Press.

Foucault, M. (1978). The history of sexuality – An introduction. Penguin Books.

Foucault, M. (1979). Discipline and punish – The birth of the prison. Penguin Books.

Mouffe, C. (2005). On the political. Routledge.

Mouffe, C. (2013). Agonistics. Thinking the world politically. Verso.