Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Magiske augneblikk; erfaringar med kulturprosjekt for eldre

Magical moments: Experiences from a cultural project for the elderly
Sjukepleiar, professor, OsloMet – storbyuniversitetet og Høgskulen på Vestlandet
Sosiolog, førstelektor, Høgskulen på Vestlandet
Sjukepleiar, førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet

Frivillige samt private og offentlege aktørar står bak mange ulike aktivitetar der eldre menneske er målgruppa. Fleire av desse kulturprosjekta er støtta av offentlege midlar. Denne studien utforskar aktørane sine bidrag i eit kulturprosjekt for eldre. Korleis aktørane erfarer og forstår eldre si deltaking i prosjektet vert vektlagt. Studien har eit kvalitativt design der data er henta frå fokusgruppeintervju og oppfølgingssamtalar med aktørar i eit kulturprosjekt. Analysen er inspirert av systematisk tekstkondensering. Gjennom analysen kom det fram tre hovudkategoriar; den eldre opplever magiske augneblikk, den eldre opplever erindring og tilbakeblikk og den eldre bidreg med kunnskap og erfaring. Til saman syner funna kva dette tyder for eldre sin identitet og for eldre som integrert individ. Aktørane i kulturprosjektet erfarte at når kunnskap og erfaring igjen blir viktig, får den eldre bekrefta sin verdi og opplever å bli verdsett. Slike erfaringar var viktige for aktørane sin motivasjon til å fortsette dette arbeidet.

Nøkkelord: Helse, eldreomsorg, verdighet, verdighetsgarantien, aktivitet

Volunteers, private and public «actors» are responsible for many activities in which elderly people are the targeted group. Many of these cultural projects are funded by public grants. This study explores the actors’ contributions to the cultural project for elderly people. Additionally, we highlight the actors’ descriptions of how the elderly face participating in the cultural project. The study has a qualitative and descriptive design and eleven actors from a cultural project participated. Data were collected by focus group interviews, and follow-up conversations with four of the informants. Analyses of the data are inspired by systematic text condensation. Three main categories emerged: The elderly experience magical moments, the elderly experience reminiscences and the elderly contribute knowledge and skills. A synthesis of the findings reveals the concepts elderly identity and the elderly as an integrated individual. From the actors’ point of view, observation and communication with the elderly in the project reveal the elderly’s experience of being appreciated and acknowledged for their valuable experience and historical competence.

Keywords: Caring for elderly people, health, dignity, activities

Kva veit vi allereie om emnet?

  • Frivillige, private og offentlege aktørar står bak ulike aktivitetar retta mot eldre. Dette er eit politisk ønska samarbeid, som blir understøtta med økonomiske verkemiddel.

  • I dette samarbeidet finn vi aktørar med ulik målsetning og fagleg tilknytning.

Kva nytt tilfører denne studien?

  • Aktørane i kulturprosjektet (tilsette og frivillige) erfarte at eldre som deltok, møtte aktivitetar og eit sosialt miljø som stadfesta viktige sider ved identiteten og individet.

  • Dei tilsette og frivillige erfarte at dei eldre opplevde seg verdsette og anerkjente for eigen person.

  • Dei faglege aktørane erfarte at dei fekk del i viktig kunnskap frå dei eldre.

Introduksjon

Kultur er eit vidt og mangfaldig omgrep. Kultur kan vere både konkret og abstrakt, uttrykk for livsform og uttrykk for meiningsfellesskap (Dahl, 2013). Når vi i denne studien snakkar om kultur, meiner vi kultur som aktivitet og som arv og minner. Dette kan til dømes vere fritidsaktivitet og handtverk, litteratur og bilete. Kulturdeltaking og kulturoppleving kan bety å vere tilstades på kulturarrangement, men det kan òg bety at ein deltek i utøving og skapande aktivitet. Kulturdeltaking kan difor vere både aktiv og passiv. Lytting til ei opplest tekst eller eit musikkstykke blir oppfatta som passiv aktivitet, men dette kan òg vera ein aktiv prosess ettersom den kan utfordre psykologiske prosessar mot erkjenning og aksept av det livet ein har levd (Erikson, 1972). Arne Næss er inne på dette når han skriv om «aktivhet» som den reflekterande prosess ved passive inntrykk, medan «aktivitet» viser til ein meir fysisk retta aktivitet (Næss, 2000).

Dei fleste av oss har glede av å delta i kulturelle aktivitetar, som utøvar, brukar eller tilskodar, og ulike rammedokument inneheld sentrale føringar for arbeid med kultur og helse (Kulturdepartementet, 2003; 2011). Kva kultur betyr for den enkelte, varierer, men i det moderne samfunnet er personleg og sosial identitet sterkt knytt til slik deltaking. Offentlege dokument som Verdighetsgarantien (2011), Demensplan 2020 (Helse- og omsorgsdepartementet, 2015) og Kulturlova (2007) understrekar retten til ein sikker, trygg og meiningsfull alderdom, rett til sosial kontakt, fellesskap og aktivitet, rett til kulturell deltaking og ein verdig alderdom. Dei offentlege overføringane til kulturlivet og frivillig sektor er innretta med sikte på at alle skal kunne ta del i kulturell aktivitet, uavhengig av bustad, alder eller sosial tilknyting (Kulturdepartementet, 2017). Kulturell deltaking som ledd i ein verdig alderdom krev ofte initiativ og tilrettelegging frå andre, ettersom det å bli gammal betyr blant anna at rollene endrast og ein er lausare knytt til samfunnet (Rossow, 1985). Eit samarbeid på tvers av sektorar er ønskjeleg fordi det gir eit større spekter av erfaringar, kompetanse og verkemiddel (Halvorsen, Kårstein & Bergem, 2016). Dette er ei politisk ønska utvikling, som blir understøtta med økonomiske verkemiddel (Lorentzen, 2010; Helse- og omsorgsdepartementet, 2013). Ordninga med Partnerskap for folkehelse (Helse- og omsorgsdepartementet, 2003) er sentral for etablering og koordinering av denne type folkehelsearbeid. Partar innan offentleg og frivillig sektor, samt private medverkande, har her ei plattform for samarbeid.

Samarbeidspartar frå kultur og frivillig sektor, som til dømes bibliotekarar, museumsvertar og lesevertar, heretter kalla aktørar, møter ofte eldre som er målgruppe for slike prosjekt. Det kan vere viktig å utforske desse aktørane sitt perspektiv. Forskingslitteraturen viser at det er samanheng mellom kulturdeltaking, kulturoppleving og helse (Knudsen, Holmen & Hapnes, 2005). Effektmåling av førebyggjande og helsefremjande tiltak er metodisk vanskeleg, men vi har ein del studiar som tyder på at barn, unge og eldre kan ha helsegevinst av auka deltaking i kulturaktivitet. Opplevingar kan påverke sinnsstemning via nervebane og gjennom hormonproduksjon, som igjen påverkar immunsystemet (Cohen et al., 2006; Houston, McKee, Carroll & Marsh, 1998). Andre forskarar legg vekt på den sosiale ramma der kulturoppleving er nøkkel til kommunikasjon, fellesskap og velvære (Jaastad, 2011; Munkejord, Eggebø & Schönfelder, 2017).

Studiar viser at kultur-aktiviteten blir meir verdifull dersom den har ein viss funksjon. At andre behøver ein, blir viktig, t.d. som medlem i eit sangkor og som part i relasjonar (Berg et al., 2006; Fossøy & Hauge, 2012). Mange eldre i dag er opptekne av aktivitetar av skapande art; som strikking, tekstskriving og måling. Underhaldande aktivitetar som korsong og revy, samt oppleving av andre sin kreativitet gjennom til dømes opera, kunstutstillingar og teater er òg aktuelle (Veske, 2015). For å ha eit godt liv, treng eldre meiningsfulle aktivitetar og sosiale relasjonar i kvardagen (Munkejord et al., 2017).

Alminnelege kvardagsaktivitetar, organiserte eller ikkje, er i seg sjølv verdifulle (Skaar & Söderhamn, 2011; Tuomi, 2010). Å vere saman med andre, drikke kaffi saman, delta i baking og anna matlaging, gir viktige og verdifulle augneblikk. Dette er aktivitet og sosiale arena som gir identitet, og påverkar korleis ein blir sett og oppfatta.

Ein del av den eldre sin identitet er forankra i den personen ein har vore og det ein har utført, men ein må bli minna på det for å kunne halde fast på denne identiteten (Carlsson & Dahlberg, 2002; Nilsson, 2009; Skaar & Söderhamn, 2011). Gjenstandar, handarbeid, møblar, møte med venner og naboar, hjelper ein til å hugse dette (Carlsson & Dahlberg, 2002). Daglege sysler og tidsfordriv, er ei viktig kjelde for å halde seg oppdatert og dermed framleis vere ein relevant samtalepart for familie og nettverk (Nilsson, 2009).

Sosial isolasjon og einsemd er uheldig for både unge og eldre. Oppsummert forsking frå USA og Canada tyder på at heimebesøk og støttekontakt har liten effekt. Derimot ser ein at mentalt stimulerande og utfordrande aktivitet i grupper, demmer opp for isolasjon (Cattan, White, Bond & Learmouth, 2005).

Alle eldre har si eiga historie, eit liv med ulik grad av sosial aktivitet og engasjement. Sosialt og kulturelt aktive personar opplever at alderen etter kvart set grenser. Ein omfattande svensk studie viser at utbytte av fritidsaktivitet i eldre år heng saman med aktivitetsgraden 10 år tidlegare. Individ som har potensiale og kapasitet til å auke fritidsaktiviteten, opplever også stigande livskvalitet (Silverstein & Parker, 2002).

Å ha høve til å ivareta sine psykiske, sosiale og åndelege behov er ein del av det å leve eit verdig liv. På institusjon kan tidspress og nødvendige prioriteringar føre til at dei psykososiale behova, som nettopp ivaretek eit verdig tilvære, blir fortrengde (Abelsen, Gaski, Nødland & Stephansen, 2015).

Den svenske forskaren Lennart Nordenfelt identifiserer fire ulike dimensjonar ved verdigheit: meriterande, moralsk, som identitet og som grunnleggande menneskeverd. Desse fire sidene er viktig for å vere ein integrert person: oppleve å bli verdsett, oppleve meining med livet, eigenverdi, respekt samt verte anerkjend for den ein er (Nordenfelt, 2004).

Retten til eit verdig liv er nedfelt i Verdighetsgarantien (2011). Forskrifta skal sikre at eldreomsorga blir lagt til rette slik at den bidreg til ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom. Samarbeid mellom frivillig, privat og offentleg sektor er ei politisk ønska utvikling (Helse- og omsorgsdepartementet, 2003; Kulturdepartementet, 2011). Vi treng studiar som undersøkjer kva dette samarbeidet kan bidra med (Knudtsen et al., 2005).

Målet for forskinga vår var å skildre aktørane sine erfaringar og forståing av kulturprosjekt retta mot eldre. Med aktørar i denne samanheng meiner vi dei som organiserte og gjennomførte aktiviteten.

Bakgrunn for prosjektet

LEV-VEL; kultur og eldre er eit fleirårig prosjekt i ein norsk kystkommune (Sogn og Fjordane fylkeskommune, 2015). Målgruppa er både heimebuande eldre, eldre på institusjon og i heimetenesta. Prosjektet vektlegg tverrfagleg samarbeid mellom tenester, frivillige lag og organisasjonar. Det skal vere ein motivasjon og ei hjelp til å samordne eksisterande og nye tiltak samt samarbeid på tvers. Prosjektet har som mål å arbeide for ei heilskapstenking for betre helse, der ein mellom anna skal etablere sosiale møteplassar på tvers av generasjonar og hindre at nokon fell utanfor. Ein skal legge til rette for at eldre kan delta i frivillig arbeid. Kulturtilbodet i kommunen skal vera tilpassa eldre, bli framsnakka og tilgjengeleg for alle.

Prosjektet skal gi ei vifte av kulturtilbod. Av tiltak som er starta opp, er ordning med leseombod, der frivillige, ofte eldre, blir kursa som opplesarar til lesestunder på institusjon og i heimar. Det lokale museet har faste opplegg i sine lokale, inkludert aktivitet særleg tilpassa personar med demens. Eldre deltek i praktisk aktivitet, og museet lagar tilpassa utstillingar på omsorgsinstitusjonar. Generasjonssang og musikkterapi i grupper og individuelt samt konsertar på institusjon, er satt i gang. Ergo- og fysioterapiavdelinga har oppretta trimgrupper. I tillegg er det arrangert kurs og fagdagar for både tilsette og aktørar.

Kommunen står som eigar av prosjektet, og har fylkeskommune, utviklingssenter for sjukeheimar og heimeteneste, museum, vidaregåande skule samt høgskule som aktive samarbeidspartar. Ulike organisasjonar som til dømes Røde Kors og Turistforeningen, er engasjert i aktivitet.

Metode

Studien har eit kvalitativt, beskrivande design. For å få fram aktørane i kulturprosjektet sine perspektiv er data generert frå fokusgruppeintervju. Kvalitative metodar eignar seg for å få fatt i menneskelege eigenskapar som erfaringar, opplevingar, tankar og forventningar. Vi kan søke etter meiningar og dermed oppnå auka forståing av kvifor menneske handlar som dei gjer (Krueger & Casey, 2009; Malterud, 2012). I eit fokusgruppeintervju står samhandlinga mellom deltakarane sentralt. Ifølge Malterud (2012) er fokusgrupper eigna når vi vil utforske fenomen som gjeld felles erfaringar, haldningar eller synspunkt i eit miljø der mange menneske samhandlar. Fokusgruppeintervju eignar seg også godt til å innhente data som kan brukast til å utvikle praksis (Halkier & Gjerpe, 2010). Analyse og tolking av datamateriale er inspirert av hermeneutisk meiningsfortolking og systematisk tekstkondensering (Kvale & Brinkmann, 2015; Malterud, 2017).

Deltakarar

Informantane vart rekruttert som eit strategisk utval av aktørar frå prosjektet LEV-VEL; kultur og eldre. Rekrutteringa vart gjennomført av fylkeskommunen sin kontaktperson i prosjektet. Inklusjonskriterie for intervjuet var aktiv deltaking som aktør i prosjektet LEV-VEL; kultur og eldre i minst eit år.

Av 16 inviterte aktørar var det 11 som deltok i fokusgruppeintervjuet. Dei fem som ikkje deltok, oppga tidspress som årsak. I tillegg var det fleire mindre aktive aktørar i prosjektet. Desse vart ikkje spurt om å delta ettersom dei, etter kontaktpersonen sin vurdering, ikkje var aktive i same grad som dei 16 inviterte. Informantane representerte dei ulike samarbeidande sektorane; seks høyrer til fagtilsette og leiarar i offentleg pleie- og omsorgssektor, fire var fagtilsette og leiarar i privat eller offentleg kulturinstitusjon og ein representerte frivillig sektor. Når målet er å få fram ei djup forståing, kan eit utval med få informantar vere nok (Kvale & Brinkmann, 2015).

Tabell 1

Deltakarar i fokusgruppeintervju

SektorDeltakararTal
Pleie- og omsorg:
Dagsenter
Heimeteneste/ergo-fysioavdeling

Leiar/mellomleiarar
Tilsette fagstilling

4
2
Kultur, kommune og privat sektor: Museum,bibliotekDagleg leiar
Tilsette fagstilling
2
2
Frivillig sektor Leseombud1

Datainnsamling

Førsteforfattar og assistent gjennomførte datainnsamlinga. Førsteforfattar leia intervjuet, medan assistent bidrog med å legga til rette for ordveksling. Fokusgruppeintervjuet vart gjennomført på møterom i kommunen sine lokale og varte i 90 minutt.

Intervjuguiden fokuserte på aktørane sine erfaringar og forståing av aktiviteten: kva tiltak som vart gjennomført, korleis dei sjølve erfarte og opplevde denne aktiviteten, samt korleis dei forsto og opplevde at denne aktiviteten blei motteken og kva den betydde for målgruppa. Undervegs vart det spurt etter eksempel på opplevingar som ga grunnlag for korleis aktiviteten vart forstått.

For å sikre truverde gjennomførte vi oppfølgingssamtalar med fire deltakarar som hadde nær erfaring frå den praktiske delen av kulturprosjektet. Tema var utdjuping av spørsmåla i intervjuguiden. Dette vart gjort på telefon eller ved avtalte møter. I etter-samtalane diskuterte vi blant anna foreløpig analyse av datamaterialet (Cohen & Crabtree, 2006). Her var fokuset på om vår tolking var i samsvar med korleis aktørane forsto aktiviteten, kva element i tiltaka som ga meining og korleis dette vart oppfatta av aktørane.

Analyse

Fokusgruppentervjuet vart transkribert frå munnleg til skriftleg form, slik at alle utsegn vart like synlege og data vart eigna for analyse. Samla datamateriale utgjorde om lag 80 sider tekst. Analysen gjekk fram og tilbake, mellom ulike trinn, men hadde i hovudsak denne strukturen:

Først vart alt materialet naivt lest gjennom. Dette for å få eit heilskapleg inntrykk av materialet (Ricœur, Kemp & Kristensson, 1988). Deretter søkte vi etter meiningsberande einingar, og fant blant anna ord og uttrykk som snurpedans og magiske augneblikk. Setningar eller delar som inneheld meining med liknande innhald, vart markert og sortert etter foreløpige tema som dekka målet for studien. Alle einingane vart sortert i undertema og deretter i tre hovudtema: ... magiske augneblikk, ... erindring og tilbakeblikk, ... bidreg med kunnskap og erfaring. På dette steget jobba alle forfattarane saman, for å få fram flest muleg nyansar i materialet. Her handlar det om å samanfatte tema og lage ein analytisk tekst. Denne teksten fangar opp det vi har funne og skal vere lojal i høve til informantane sine stemmer (Malterud, 2017). Ei syntese av hovudkategoriane med underkategoriar vart kobla til Nordelfelt sin teori og perspektiv på verdighet knytt til eldre sin identitet. Dette utgjer eit overordna perspektiv på studien.

Etiske omsyn

Studien er meldt til og tilrådd frå Norsk senter for forskingsdata (prosjektnummer 44781, 2015) og er gjennomført i tråd med forskingsetiske retningslinjer (De nasjonale forskningsetiske komiteene, 2016). Alle deltakarane i studien fekk tilsendt informasjonsbrev med spørsmål om deltaking. Deltaking i studien var frivillig og dei som var med, hadde høve til å trekke seg utan å oppgi grunn. Alle deltakarane skreiv under på informert samtykke. Innsamla data er avidentifisert.

Resultat

Aktørane opplevde at dei eldre gjennom kulturprosjektet blei meir aktive kulturbrukarar og fekk tilgang til nye sosiale møteplassar. Tre hovudtema, med undertema, viser korleis aktørane skildra målgruppa og sine eigne erfaringar.

Den eldre opplever magiske augneblikk i møte med gamle minner

På museet studerte kvinner handarbeid av eldre årgang, andre deltok med potetdyrking i kjøkkenhagen. Syn av ein spesiell saum, lukt av sjø og jord var sansestimulering som kunne utvikle seg til verdifulle og magiske augneblikk. Også tekstar av ein lokal forfattar vekte minner og aktiverte «glømt» kunnskap. «Det blir barndomsskildringar, dikt, historiar om dyr fengar ganske bra… når vi las dikt av Jakob Sande, begynte nokre å synge.» Sansestimulering vart nøkkelen til gode opplevingar. Ein melodi, eller ein opplest tekst vart eit høgdepunkt når ein ikkje lenger klarte å lese sjølv eller høyre det andre automatisk fekk med seg.

«... du blir mentalt stimulert i ein kvardag der du blir passiv på grunn av fysiske plager, eller fordi du har redusert syn eller hørsel ... når du har ein lesevert som kan komme og lese for deg når du ikkje klarar å sjå lenger ... det at du har noko å sjå fram til og glede deg til ... at du føler rett og slett velvære og at du blir mentalt stimulert ... det er kjempeviktig ... desse små tinga som eigentleg er veldig store».

Å sjå igjen noko spesielt, oppleve varmen frå sola og vinden i håret var sanseinntrykk som kunne bli magiske, ifølge informantane. Dette utløyste eit behov for å vere heilt og fullt til stades i aktiviteten, det som skjedde vart altoppslukande. Den korte stunda fekk ein slags magi som gjorde at tida stoppa opp. «Vi var ute… plutseleg var det ho som dansa bortover på svaberget. Det er dei enkle tinga… dette er den dama vi låste dørene for fordi vi er redd ho skal stikke av. Og tenk; ho har ikkje glømt det, ho snakkar om det enno».

Ein kan ikkje forutsjå kva inntrykk aktiviteten gjer. Eit musikkstykke kan gi både gode og vonde assosiasjonar. Informantane vektla verdien av fleksibilitet, det å kunne fange opp uttrykte følelsar og verdsette desse, sjølv om den konkrete aktiviteten er gløymd.

«Ein dag hadde pasienten hatt ein så kjekk dag. Og så spør eg henne kva ho hadde halde på med? Nei det hadde ho glømt. Det er augneblikket som er kjempeviktig… vi må ikkje gå i den fella: er dette noe vits, dei gløymer jo».

Informantane var tydeleg på at aktiviteten måtte vere tilpassa og planlagd for å fungere godt. Alder og kognitiv kapasitet sette grenser for kva eldre kunne delta på, kor lenge aktiviteten kunne vare og kva innhald som eigna seg. «Det hjelper ikkje å lese ei heil bok, det må ikkje vere for langt», nemnde ein av informantane.

Ei oppsummering i fellesskap kunne bidra til at opplevinga varte lenger. Kva skjedde, kva var kjekt og kvifor lo vi? Dette kunne bli ei felles referanse som ga grunnlag for fellesskap i ettertid.

«Eg tenkjer… kva skjer om ein ikkje tar den samtalen i etterkant, om ein ikkje tar den erindringen… korleis var det? Har du høyrt dei visene før? Altså, då kan ein høyne det. Om ein ikkje får så mykje respons der og då, så trur eg at det set i gang mange gode samtalar mellom personalet og bebuarane etterpå… dei eldre treng gjerne litt tid til å fordøye det dei har vore med på, så kjem mange gode samtalar seinare».

Magiske augneblikk oppsto når sanseinntrykk vekte minner. Slike minner er som regel delar av ei lenger livshistorie.

Den eldre opplever erindring og tilbakeblikk

Ein identitet som har vore knytt til lokalsamfunnet samt arbeids- og familieliv, kan bli vanskeleg å halde fast i når omgivnadane er forandra. For å attskape ein del av dette, vart det laga erindringsstasjonar i fellesarealet på sjukeheimane. Dette var blant anna utstilling av gatebilete som viste eit kjent daglegliv. Detaljar som ein spark eller eit klesplagg hjelpte ein til å hugse og halde fast på si eiga historie og kva ein var ein del av. Ei utstilling av radioar hadde same funksjon; stimulerte til samtale og minner frå barndom og vaksenliv.

«Viktig å skifte fokus av og til, ligg masse helse i det, når du er på institusjon og ser mange sjuke folk rundt deg… når ein er kommen til institusjonen er det ikkje all verda som bygger opp, det er ikkje den plassen du blir løfta, og du løftar ikkje deg sjølv lenger heller… det blir viktig med dei små tinga, når ein slit litt, at ein kan få litt avkopling og glømme det litt… at ein tar litt tilbake den kulturelle biten av personen og fokuserer på det».

Gjensyn med gjenstandar som har vore viktig for identiteten, er som regel av det gode, men kan også by på utfordringar. Dilemma kan oppstå når den eldre er svekka og viser ei åtferd som krev ei ekstra forståing frå den tilsette eller frivillige.

«– Kvinna tviheld på duken, ville ikkje gi slepp. Eg prøvde å snakke med henne: – Har du ein slik ein kanskje? – Nei, for du tok den frå meg nettopp no, svara kvinna».

Religiøst arbeid har vore ein vesentleg del av livet til ein del av brukarane. Besøk til ein kjent arena som den lokale kyrkja eller misjonsheimen, gjorde at ein hugsar spesielle ting. Deltaking i song i desse lokala forsterkar dette.

«Vi går til Misjonsheimen eller til kyrkja med ei lita gruppe yngre som er demente. Vi syng nokre av desse gode gamle songane slik at dei eldre føler at dei kan ta del i gruppa, det er veldig positivt».

Den eldre bidreg med kunnskap og erfaring

I møte med handtverkarar blir kompetansen som enkelte eldre har, igjen aktuell og etterspurt. Museet har fått ei ny ressursgruppe som bidreg med kunnskap om arbeidsmetodar, korleis gjenstandar skal ordnast, utformast og vølast for å fungere.

«Ja det er nyttig for oss, ein slik ting som informasjon om korleis ting har vore brukt, det er verdifult. Vi på museet har lært eit nytt ord… snurpedans… det hadde vi aldri høyrt før. Ei dame som var hjå oss spurte: Kan vi ikkje rydde denne bua og ha snurpedans? Det viste seg at snurpedans var når snurparane (fiskeskøyter) kom i land. Då visste alle damene kva dette var, for alle damene hadde vore på snurpedans. Dette er verdifult for oss. Det hadde aldri vore skrive ned, men dette tar vi vare på».

I møta på museet kjem det fram forteljingar som seier noko om tradisjonar knytt til livet på kysten. Dette er kunnskap museet brukar vidare i sitt formidlingsarbeid til bl.a. elevar frå barneskulane.

Når pasientar frå institusjonen kjem i kontakt med andre som ikkje er ein del av aktørane rundt pasientrolla, kan det oppstå andre typar relasjonar.

«Det første samarbeidet var ei sjøbu som vi heldt på å restaurere, så avtalte vi at dei skulle komme eit par gonger og sjå om det var forandring… vi var kanskje litt ambisiøse, men berre det at dei kom og var med, gjekk rundt og tok på gjenstandar ... dei har fått møte stort sett alle som jobbar på museet no, i ein eller annan samanheng, vi ser at dei slår av ein prat med ein handverkar, enkelte har blitt kjent med ein bestemt av dei som jobbar her, det ligg noko verdifult i det. Det er ein verdi for oss som er tilsette. Handtverkarane våre var veldig i tvil første gangen, dei var stressa, dette var noe nytt ... no er det nesten sånn at dei lengtar til at dei eldre skal komme på besøk».

Når ein besøkande kan bidra med kunnskap, kan ein kjenne seg verdifull og i større grad likeverdig. Det same kan oppstå sjølv om møtet berre er ein prat og litt latter. Ein kan fungere greitt innanfor ein institusjon som sjukeheimen, men dette er ei avgrensa arena som ikkje reflekterer eit kvardagsliv utanfor. Ein samtale med ein aktør rundt vêr og vind kan vere nok til å bekrefte at ein framleis kan fungere saman som medborgar i eit uformelt fellesskap.

Drøfting

Denne studien søkjer å få fram erfaringar til aktørane i eit kulturprosjekt og kva aktørane erfarer dette betyr for målgruppa. Analysen viser tre hovudområder. Når ein konkret aktivitet treff blink, kan dette utvikle seg til magiske og viktige augneblikk. Desse augneblikka kan ikkje bestillast og planleggast, men kjem ofte spontant og må fangast for å kunne hentast fram igjen seinare. Den meir langsiktige aktiviteten er i større grad eigna for å ivareta ein del av ei livsforteljing (Fossland & Thorsen, 2010). Dette er aktivitet som krev samarbeid og planlegging. Å kunne bidra med kunnskap og erfaring, gjerne i form av praktiske gjeremål, er ein måte å få stadfesta at andre har bruk for deg og at ein har verdi, på tross av alder og funksjonsnivå. På bakgrunn av desse tre hovudfunna, drøftar vi aktørane sine bidrag i ei syntese med perspektiv på den eldre sin identitet og den eldre som integrert individ.

Den eldre sin identitet

Aktørane bidreg med arrangement, tilrettelagt aktivitet og opplevingar som treff den enkelte eldre sine preferansar. Funna viser at når rammer og aktiviteten tillét det, oppstår magiske augneblikk. Dette kan skje når situasjon aktiverer minner. Den danseglade kvinna på svaberget vart sett i ein annan samanheng og fekk dermed stadfesta identitet som danseglad. Stern (2007) fokuserer på no-augneblikka, og seier at desse augneblikka inneheld dei delane som ein treng for å bygge opp ei opplevd historie. Augneblikka inneheld kjensler som blir sett i gang, og kan vere vanskeleg å sette ord på. Det viktige blir då å kunne fange denne opplevinga, slik at andre kan knytte hendinga til personen og bekrefte identiteten i ettertid, slik som for kvinna som dansa på berget. Ein slik personleg identitet er avhengig av å bli stadfesta, gjerne fleire gonger kvar dag (Tuomi, 2010).

Som data viser, treng ikkje hendinga nødvendigvis å verbaliserast for å gi meining. Ein informant snakka om høve til å framheve ei oppleving i ettertid, men ei kjensle av å ha opplevd noko kjekt, kan også i seg sjølv vera nok. Fleire studiar støttar opp under dette: Ulike typar kulturopplevingar og sansestimulering gir positive fysiske utslag (Cohen et al., 2006; Halpern, 2001; Houston et al., 1998). Musikk brukt som terapiform overfor personar med demens, har vist seg å ha spesielt god effekt på ulike fenomen som aggresjon/krangel, depresjon og humør (Abel, 1990; Strøm, Ytrehus & Grov, 2016). Det å delta i ein samanheng med kulturutøving, som aktiv part eller som tilhøyrar i kyrkja eller på misjonsheimen, kan ha verdi utover den enkle stunda. Musikk som er tilpassa, kan dempe indre og ytre støy og er eit verkemiddel som gir avveksling frå monotone dagar. Musikalsk nivå spelar mindre rolle, men levande musikk fungerer betre enn musikk i opptak (Moore, Staum & Brotons, 1992; Whitcomb, 1994).

Funna våre viser at daglege kvardagsaktivitetar er meiningsfulle og kan vere svært verdifulle om ein utnyttar desse, noko som samsvarar med Munkejord et al. (2017) sine funn. Andre studiar viser at enkle ting som å dele eit måltid, vera nær, prata og skøye med kvarandre er dei mest verdifulle augneblikka (Tuomi, 2010). For personar utan dagleg kontakt med familie, blir fritidsaktivitetar i regi av kulturprosjekt ein spesielt viktig arena (Silverstein & Parker, 2002). Aktivitet som inneber erindring og tilbakeblikk; hagearbeid, garnbøting og besøk av ein lesevert, er viktige for stadfesting av sosial identitet. Men også enkle aktivitetar som å sjå på TV, kan vere verdifulle fordi det blir ein måte å halde seg oppdatert og dermed kunne vere ein relevant samtalepart for venner og familie (Nilsson, 2009). Dette er dei små tinga som gjer at ein kan gløyme eit til tider vanskeleg institusjonsliv, og ta tilbake litt av den sosiale og kulturelle identiteten.

Erindringsstasjonane med gjenstandar frå 30- og 40-talet minner ein om tida då dette var ein del av dagleglivet. Havlufta, fiskelukta, ein sangtekst eller ei opplest historie er med på å halde fast på desse minna, spesielt frå barndom og oppvekst. Slik sansestimulering kan styrke oppleving av eigen integritet og eigen verdi (Heap, 2012). Sansestimulering kan også sette i gang reaksjonar som ikkje berre er gode, spesielt dersom den eldre er forvirra i tid og stad. Når den eldre kvinna oppdagar at ho er på museum og at duken ikkje er hennar, kan det føre til fortviling for henne. Dette kan medverke til at ein misser sjølvrespekt, og situasjonen krev derfor både varsemd og merksemd frå aktørane rundt. Nordenfelt (2004) knyter det å vera verdig til identitet og sjølvrespekt. Å bli avslørt som forvirra kan vera audmjukande og skada den personlege identiteten. Kognitiv svikt, der ord og meining blir borte, er ekstra ille når ein i ettertid ser si eiga forvirring. Nordenfelt peikar på at eldre er spesielt sårbare for denne mekanismen. Verdigheit som er knytt til identiteten, ligg i stor grad nettopp i denne respekten for seg sjølv (Nordenfelt, 2004).

Verdighetsgarantien (2011) seier at tenestetilbodet skal innrettast i respekt for den enkelte sin rett til sjølv å bestemme, den enkelte sin eigenverdi og livsførsel. Slik Nordenfelt (2004) påpeikar, er ikkje dette noko vi kan ta frå eit menneske, men vi kan krenke den enkelte sin verdi. Å oppleve menneskeverd, og eigen identitet, er avhengig av relasjonar. Mennesket trer fram på ein annan måte når verdien blir bekrefta enn når det motsette skjer.

Den eldre som integrert individ

Ein enkel kvardagsleg prat om byggeskikkar, eller berre om veret, betyr ei stadfesting av at ein kan fungere i dagleglivet. Handtverkarar på museet slår av ein prat, enkelte eldre har blitt kjent med tilsette og bygd ein langvarig relasjon. For å oppretthalda sjølvbilete og sjølvrespekt er ein avhengig av samhandling med andre; dette treng ikkje vere planlagt og avansert (Nilsson, 2009; Tuomi, 2010). Når ein lever i eit avgrensa miljø, i institusjon eller er hjelpetrengande i eigen heim, skapar ein seg ofte ein identitet på bakgrunn av dette (Goffman, 1959). Det er grunn til å tru at hyppig kontakt med andre enn dei som høyrer til institusjonslivet, gir nødvendig stabilitet som kan styrke andre sider enn pasientidentiteten.

Kulturprosjektet har treningsgrupper. Her har deltakarane utvikla eit sosialt miljø som dei nødig vil gi slepp på. Dette kan fungere som ein kompensasjon for den lause tilknytinga til samfunnet som mange eldre opplever. Liknande situasjonar ser vi i oppsummert fritids-forsking frå Sverige. Her diskuterer ein korleis samvær med venner kan vege opp for opplevd utanforskap (Silverstein & Parker, 2002).

Å bety noko for andre, å framleis ha noko andre treng, gir ei kjensle av verdi. Kunnskap om byggeskikkar og tradisjon rundt fiske er viktig for museet. Dette betyr at relasjonen mellom aktørane i kulturprosjektet og dei eldre har større verdi når den er meir likeverdig (Berg et al., 2006; Carlsson & Dahlberg, 2002; Cattan et al., 2005; Fossøy & Hauge, 2012). Kunnskap knytt til tidlegare yrke og stand blir viktig, og kan stadfesta den delen av menneskeverdet som ifølge Nordenfelt er basert på eigen bragd og innsats (Nordenfelt, 2004). Dette kan også sjåast på som brukarmedverknad og fullmakt over eige liv (empowerment) som bidreg til ei aktiv pasient- og brukarrolle (Helse- og sosialdepartementet, 2003). Dialog og medverknad er nødvendig for at personar med hjelpebehov blir sett på som ein kompetent borgar.

Aldring fører med seg rolletap ettersom ein er svakare forankra i institusjonelle samanhengar (Rossow, 1985). Å kunne fortelje om byggeskikkar og om tradisjon med snurpedans, kan gi stunder med stadfesting av at ein framleis er verdig den respekt dei tidlegare rollene og posisjon ga. Ein regelmessig aktivitet saman med tilsette handtverkarar ved museum, eller ein aktivitet som lesevert ved bibliotek, kan skape rammer for å fungere som eit integrert individ.

Svake og sterke sider ved studien

Når vi vurderer truverde, må vi stille spørsmål om kunnskapen som er forska fram er gyldig. Kva er den gyldig i forhold til, og under kva slags vilkår (Malterud, 2017). Bak studien ligg ei undring rundt kva som er drivkrafta for aktørane sitt engasjement i prosjektet og kva dei erfarer at dei eldre sjølv opplever i kulturmøta. Det uttrykte målet for studien er å få fram aktørane sine perspektiv, og korleis desse forstår og lagar meining til kulturprosjektet. Utvalet i studien er sjølvselektert. Det kan difor vere dei spesielt interesserte, dei som meistrar samkvem og dialog, som er med i denne studien. Det kan òg vere ei fare for at deltakarane trekk fram det beste frå sine erfaringar, til dømes for at prosjektet skal bli framstilt positivt. Desse erfaringane er rette, men kan vere utvalde frå eit repertoar av både positive og negative opplevingar. Vanskar og utfordringar i gjennomføring av kulturaktivitetane kom fram. Dette tydar på at funna våre ikkje berre er ein hyllest til prosjektet, men viser nyansar i gjennomføringa av kulturprosjektet.

Det er ei ein fare for at eit gruppeintervju kan føre til like svar og gi inntrykk av at alle er einige. Forhold i gruppa kan av og til stenge for avvikande synspunkt eller hindre at viktige opplysningar kjem fram (Malterud, 2012). På den andre sida kan samspelet i gruppa òg gjere det lettare å uttrykkje synspunkt som vanlegvis ikkje er tilgjengelege i individuelle intervju (Kvale & Brinkman, 2009). Intervjuar og hennar assistent såg fare for såkalla gruppesvar og var medvitne desse utfordringane. Dette vart teke omsyn til undervegs ved at intervjuar og assistent sørga for å halda fokus og god samhandlingsflyt i gruppa. Konkrete historier vart følgde opp med spørsmål om dette var i samsvar med andre sine opplevingar, eller om andre hadde motsett erfaring, slik Malterud tilrår (Malterud, 2012). Intervjuar sørga for at kontroversielle tema ikkje vart individualiserte, men heller utdjupa, ved blant anna å anerkjenne den enkelte. På denne måten fekk vi også fram kritiske nyansar i erfaringar og forståing av desse. Individuelle intervju kunne gitt noko annleis svar fordi ein i individuelle intervju ikkje vert påverka av at andre informantar er til stades. Det kunne gitt oss eit anna bilete av aktørane sine erfaringar og forståingar, men samstundes hadde vi mista den ekstra informasjonen vi fekk ved å lytte til samtalen mellom deltakarane i gruppeintervjuet.

Konklusjon

Aktørane i kulturprosjektet erfarte at eldre som deltok i kulturprosjektet, møtte ein aktivitet og eit sosialt miljø som bekrefta ulike sider ved identiteten og personen. Stunder med magiske augneblikk, erindring og tilbakeblikk vart opplevingar som hadde ringverknader i kvardagen. Når den eldre bidrog med viktig kunnskap til museet, slo av ein prat eller deltok i religiøst arbeid, handlar det om å framstå som noko meir enn einsidig hjelpetrengande. Når kunnskap og erfaring igjen blir viktig, får ein stadfesta ulike sider ved det Nordenfelt (2004) kallar variasjonar av verdigheit. Slike kulturprosjekt krev ei forståing for og ei tilrettelegging som tek omsyn til korleis den eldre fungerer kognitivt.

Litteratur

Abel, S. M. (1990). The extra-auditory effects of noise and annoyance: an overview of research. The Journal of otolaryngology, 19, 1−13.

Abelsen, B., Gaski, M., Nødland, S. & Stephansen, A. (2015). Samhandlingsreformens konsekvenser for det kommunale pleie-og omsorgstilbudet (IRIS Rapport, 382(2014), 07.05). Stavanger: International Resarch Institute of Stavanger.

Berg, A. I., Hassing, L. B., McClearn, G. E. & Johansson, B. (2006). What matters for life satisfaction in the oldest-old? Aging and Mental Health, 10(3), 257−264. DOI: https://doi.org/10.1080/1360 7860500409435

Carlsson, L., & Dahlberg, K. (2002). Ha en bra dag! Att vara boende på servicehus. Nordic Journal of Nursing Research, 22(1), 20−24. DOI: http://journals.sagepub.com/doi/abs/10.1177/01074083 0202200104

Cattan, M., M. White, M., Bond, J. & Learmouth, A. (2005). Preventing social isolation and loneliness among older people: a systematic review of health promotion interventions. Ageing and society, 25(1), 41−67. DOI: https://doi.org/10.1017/S0144686X04002594

Cohen, D. & Crabtree, B. (2006). Qualitative Research Guidelines Project. Henta frå http://www. qualres.org/

Cohen, G. D., Peristein, S., Chapline, J., Kelly, J., Firth, K. M. & Simmens, S. (2006). The Impact of Professionally Conducted Cultural Programs on the Physical Health, Mental Health, and Social Functioning of Older Adults. Gerontologist, 46(6), 726−734. DOI: https://doi.org/10.1093/geront/46.6.726

Dahl, Ø. (2013). Møter mellom mennesker; innføring i interkulturell kommunikasjon. Oslo: Gyldendal akademisk.

De nasjonale forskningsetiske komiteene. (2016). Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap, humaniora, juss og teologi. Henta frå https://www.etikkom.no/globalassets/documents/publikasjoner-som-pdf/60125_fek_retningslinjer_nesh_digital.pdf

Erikson, E. H. (1972). Eight stages in man. I C.S. Lavatelli & F. Stendler (Red.), Readings in child behavior and child development. New York: Harcourt Brace Javanovich.

Fossland, T. M. & Thorsen, K. (2010). Livshistorier i teori og praksis. Bergen: Fagbokforlaget.

Fossøy, A. B. & Hauge, S. (2012). Seniorkor-helsefremjande aktivitet i stødig ramme. Geriatrisk sykepleie, 4(1), 29−33. Henta frå http://hdl.handle.net/11250/2438264

Goffman, E. (1959). The presentation of self in everyday life. New York: Bantam Doubleday Dell Publishing Group Inc.

Halkier, B. & Gjerpe, K. (2010). Fokusgrupper. Oslo: Gyldendal akademisk.

Halpern, A. R. (2001). Cerebral substrates of musical imagery. Annals of the New York Academy of Sciences, 930(1), 179−192. DOI: http:// onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/j.1749-6632. 2001.tb05733.x/abstract

Halvorsen, L. J., Kårstein, A. & Bergem, R. (2016). Fylkeskommunens ansvar og oppgaver i regionalt folkehelsearbeid (Rapport nr. 73/2016). Volda: Møreforsking Volda A/S. Henta frå https://www.fylkesmannen.no/Documents/Dokument%20FMOP/Rapport%20Vurdering% 20av%20fylkeskommunens%20ansvar%20og% 20oppgaver%20med%20å%20fremme%20folkehelsen.pdf

Heap, K. (2012). Samtalen i eldreomsorgen: Kommunikasjon, minner, kriser, sorg. Oslo: Kommuneforlaget.

Helse- og omsorgsdepartementet. (2015). Demensplan 2020: Et mer demensvennlig samfunn. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/ demensplan-2020/id2465117/

Helse- og omsorgsdepartementet. (2013). Morgendagens omsorg (Meld. St. 29. 2012−2013). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld-st-29-20122013/id723252/

Helse- og omsorgsdepartementet. (2003). Resept for et sunnere Norge. Folkehelsepolitikken (Meld. St. 16 2002−2003). Henta frå https:// www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-16-2002-2003-/id196640/sec1

Houston, D. M., McKee, K. J., Carroll, L. & Marsh, H. (1998). Using humour to promote psychological wellbeing in residential homes for older people. Aging & Mental Health, 2(4), 328−332. DOI: https://doi.org/10.1080/13607869856588

Jaastad, L. (2011). Kulturdeltakelse og helse: den kulturelle spaserstokken, arena for kulturell deltakelse for seniorer i Trondheim kommune (Vol. rapport 2011/1). Trondheim: Senter for helsefremmende forskning HiST/NTNU.

Knudtsen, M. S., Holmen, J. & Håpnes, O. (2005). Hva vet vi om kulturdeltakelse og helse? Tidsskrift for Den norske legeforening, 24, 3418−3420.

Krueger, R. A. & Casey, M. A. (2009). Focus groups. Los Angeles, California: Sage.

Kulturdepartementet. (2003). Kulturpolitikk fram mot 2014 (Meld. St. 48. 2002−2003). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-48-2002-2003-/id432632/

Kulturdepartementet. (2011). Kultur, inkludering og deltaking (Meld. St. 10 2011−2012). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld-st-10-20112012/id666017/

Kulturdepartementet. (2017). For budsjettåret 2018 (Prop. 1 S 2017–2018). Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-hod-20172018/id2574064/

Kulturlova. (2007). Lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd. Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2007-06-29-89

Kvale, S. & Brinkmann, S. (2015). Det kvalitative forskningsintervju. Oslo: Gyldendal akademisk.

Lorentzen, H. (2010). Statlig støtte til frivillig sektor. Oslo: Institutt for samfunnsforskning.

Malterud, K. (2012). Fokusgrupper som forskningsmetode for medisin og helsefag. Oslo: Universitetsforlaget.

Malterud, K. (2017). Kvalitative metoder i medisinsk forskning: en innføring. Oslo: Universitetsforlaget.

Moore, R. S., Staum, M. J. & Brotons, M. (1992). Music preferences of the elderly: Repertoire, vocal ranges, tempos, and accompaniments for singing. Journal of Music Therapy, 29(4), 236−252. DOI: https://doi.org/10.1093/jmt/29.4.236

Munkejord, M.C., Eggebø, H. & Scönfelder, W. (2017). Hvordan ivaretas den sosiale omsorgen? (Rapport 3). Bergen: Uni Research Rokkansenteret. Henta frå http://www.kun.no/uploads/7/2/2/3/72237499/nordlandsforskning_rapport_3-2017_munkejord_ eggeb%C3%B8_og_sch%C3%B6nfelder.pdf

Nilsson, I. (2009). Repetoaren av fritidsaktiviteter hos äldre: ålders- och könsskillnader. Socialmedicinsk tidskrift, 86(2), 167−173. Henta frå http://socialmedicinsktidskrift.se/smt/ index.php/smt/article/view/27/27

Nordenfelt, L. (2004). The varieties of dignity. Health care analysis, 12(2), 69−81.

Næss, A. (2000). Livsfilosofi: et personlig bidrag om følelser og fornuft. Oslo: Universitetsforlaget.

Ricœur, P., Kemp, P. & Kristensson, B. (1988). Från text till handling: en antologi om hermeneutik. Stockholm: Brutus Östlings bokförlag Symposion.

Rossow, I. (1985). Status and the role change through the life cycle. I R. H. Binstock & E. Shanas (Red.), Handbook of aging and the social sciences. New York: Van Nostrand Reinhold.

Silverstein, M. & Parker, M. G. (2002). Leisure Activities and Quality of Life among the Oldest Old in Sweden. Research on Aging, 24(5), 528−547. DOI: http://journals.sagepub.com/doi/abs/10. 1177/0164027502245003

Skaar, R. & Söderhamn, U. (2011). Deltakelse i tilpasset kulturaktivitet – En mulighet for velvære for pasienter med demenslidelse. Nordisk Sygeplejeforskning, 1(3), 192−205. Henta frå https://www.idunn.no/nsf/2011/03/art01

Stern, D. N. (2007). Her og nå: Øyeblikkets betydning i psykoterapi og hverdagsliv. Oslo: Abstrakt forlag.

Strøm, B. S., Ytrehus, S. & Grov, E. K. (2016). Sensory stimulation for persons with dementia: a review of the literature. Journal of clinical nursing, 25(13-14), 1805−1834. DOI: http://onlinelibrary. wiley.com/doi/10.1111/jocn.13169/abstract

Tuomi, M. (2010). Livskvalitet och meningsfull vardag för demensdrabbade på vård och omsorgsboenden; En studie av omsorgspersonalens upplevelser. Socialmedicinsk tidskrift, 87(3), 198−207. Henta frå http://www.socialmedicinsktidskrift.se/smt/index.php/smt/article/view/691

Verdighetsgarantien. (2011). Forskrift om en verdig eldreomsorg. Helse og omsorgsdepartementet (2010). Forskrift om verdig eldreomsorg. Henta frå www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/lover_ regler/forskrifter/2010/Forskrift-om-en-verdig-eldreomsorg-verdighetsgarantien.html?id=624655

Veske, M. (2015). Kreativitet i hverdagen: En kvalitativ studie av kreative aktiviteter i hverdagen til unge eldre. (Masteroppgave). Høgskolen i Oslo og Akershus. Henta frå https://oda.hioa.no/ nb/kreativitet-i-hverdagen-en-kvalitativ-studie- av-kreative-aktiviteter-i-hverdagen-til-unge-eldre/asset/dspace:8659/Veske.pdf

Whitcomb, J. B. (1994). «I Would Weave a Song for You» Therapeutic Music and Milieu for Dementia Residents. Activities, Adaptation & Aging, 18(2), 57−74. DOI: https://doi.org/10.1300/J016v1 8n02_05

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon