Mange brukar sosiale medium til å publisere bilete av og informasjon om eigne barn. Er det grenser for kva foreldre kan publisere om eigne barn? Den 5. november 2019 avsa Høgsterett ei viktig avgjerd som viser at det er grenser for kva foreldre kan utlevere om eigne barn. Denne artikkelen gjer greie for og analyserer dommen. Forfattarane konkluderer med at dommen klargjer grensene for publisering som inneber alvorlege inngrep i barnets privatliv, der det strafferettslege vernet av privatlivets fred er ein viktig skranke. Dommen seier ikkje noko om kvar grensa går for dei mindre alvorlege tilfella, men dette vert likevel drøfta i artikkelen. Forfattarane tek til orde for at foreldre må ha ei viss moglegheit til å fortelje om eige familieliv, inkludert livet med barna. Dei understrekar samstundes at retten må vere avgrensa, og at mange foreldre går lenger enn dei rammene forfattarane argumenterer for.

Nøkkelord: bildepublisering, foreldreansvar, privatlivets fred, ytringsfridom, foreldresamtykke, barns samtykke