Haugli-utvalet, oppnemnt 28. november 2014, har etter mandatet fått i oppgåve å gå igjennom barnet sine partsrettar etter barnevernlova § 6-3 andre ledd. Ved skildring av barnet si prosessuelle stilling i barnevernsaker, er det nytta ulike ord og uttrykk, som tidvis gjer meiningsinnhaldet og dei rettslege følgjene uklare. Spørsmåla i artikkelen er om og på kva vilkår barn har partsstilling og prosessevne i barnevernsaker. Artikkelen søker å systematisere partsomgrepet i barnevernsaker ved ei inndeling i tre element: partsevne, partsstilling og prosessevne. Inndelinga nyttast vidare i vurderinga av innhaldet av barnevernlova § 6-3 andre ledd.

Oppslagsord: barn, barnevernsak, partsstilling, prosessevne