Tap av livsutfalding er ein konsekvens som ein skadeliden lyt bere etter eit skadetilfelle. Erstatning for å setje den skadelidne i stand til å ta opp att si livsutfalding vil for dei fleste skadelidne vere viktig mellom anna for å oppretthalde ei god fysisk og psykisk helse. Ved dei typiske storskadane vil ofte denne erstatningsposten ikkje føre til store rettslege spørsmål då desse skadelidne ofte må ha bistand heile døgnet, og dette vert dekka gjennom erstatningsposten for pleie- og omsorgsutgifter. Vidare er meinerstatninga relativt standardisert, og desse skadane tilkjennast ofte maksimal erstatning i posten for meinerstatning grunna høg medisinsk invaliditet. Ved dei mellomstore skadane kjem derimot spørsmålet om erstatning for tap av livsutfalding meir på spissen, og dette er grunnlaget for artikkelen. Artikkelen tek føre seg det rettslege grunnlaget for erstatning knytt til tap av livsutfalding, og ser nærare på dette opp mot mellom anna mellomstore skader. I artikkelen introduserer eg samstundes bruk av standardiserte metodar for å kartlegge eit bistandsbehov. For artikkelen sitt tilfelle er IPLOS nytta som eit slikt verktøy, men det sentrale er å framheve at det finst fleire ulike medisinske verktøy som kan setje rettsnyttaren i stand til å vurdere meir presist kva som er eit bistandsbehov i eit skadetilfelle. Til slutt vil eg gjennom eit praktisk døme setje bruk av medisinske verktøy inn i ein kontekst og samstundes forsøke å kalkulere bistandsbehov og gjere ei vurdering av om ein faktisk får erstatning for å ta opp att si livsutfalding, i samsvar med lovgjevar sine intensjonar.

Nøkkelord: skadebot, sosialmedisinske utgifter, meinerstatning, moderat personskade, IPLOS