Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
Lederartikkel
(side 83-85)
av Carl Aasland Jerstad
Saksbehandlingstiden for klager på enkeltvedtak fattet av Norsk pasientskadeerstatning (NPE) til Pasientskadenemnda er nå – april 2017 – så lang at den klart er i strid med reglene i forvaltningsloven § 11 a om at ...
Artikler
Vitenskapelig publikasjon
(side 86-121)
av Richard André Våge
Tap av livsutfalding er ein konsekvens som ein skadeliden lyt bere etter eit skadetilfelle. Erstatning for å setje den skadelidne i stand til å ta opp att si livsutfalding vil ...
Sammendrag

Tap av livsutfalding er ein konsekvens som ein skadeliden lyt bere etter eit skadetilfelle. Erstatning for å setje den skadelidne i stand til å ta opp att si livsutfalding vil for dei fleste skadelidne vere viktig mellom anna for å oppretthalde ei god fysisk og psykisk helse. Ved dei typiske storskadane vil ofte denne erstatningsposten ikkje føre til store rettslege spørsmål då desse skadelidne ofte må ha bistand heile døgnet, og dette vert dekka gjennom erstatningsposten for pleie- og omsorgsutgifter. Vidare er meinerstatninga relativt standardisert, og desse skadane tilkjennast ofte maksimal erstatning i posten for meinerstatning grunna høg medisinsk invaliditet. Ved dei mellomstore skadane kjem derimot spørsmålet om erstatning for tap av livsutfalding meir på spissen, og dette er grunnlaget for artikkelen. Artikkelen tek føre seg det rettslege grunnlaget for erstatning knytt til tap av livsutfalding, og ser nærare på dette opp mot mellom anna mellomstore skader. I artikkelen introduserer eg samstundes bruk av standardiserte metodar for å kartlegge eit bistandsbehov. For artikkelen sitt tilfelle er IPLOS nytta som eit slikt verktøy, men det sentrale er å framheve at det finst fleire ulike medisinske verktøy som kan setje rettsnyttaren i stand til å vurdere meir presist kva som er eit bistandsbehov i eit skadetilfelle. Til slutt vil eg gjennom eit praktisk døme setje bruk av medisinske verktøy inn i ein kontekst og samstundes forsøke å kalkulere bistandsbehov og gjere ei vurdering av om ein faktisk får erstatning for å ta opp att si livsutfalding, i samsvar med lovgjevar sine intensjonar.

Vitenskapelig publikasjon
(side 122-148)
av Eirik Wigenstad
Artikkelen omhandler situasjonen hvor skadevolder påstår seg frifunnet fra et erstatningskrav ved å vise til at skaden ville ha skjedd uansett. Artikkelen fokuserer på en særskilt underkategori av denne situasjonen ...
Sammendrag

Artikkelen omhandler situasjonen hvor skadevolder påstår seg frifunnet fra et erstatningskrav ved å vise til at skaden ville ha skjedd uansett. Artikkelen fokuserer på en særskilt underkategori av denne situasjonen hvor det ikke er noen annen, selvstendig virkende årsaksfaktor inne i bildet. Problemstillingen er om den påståtte skadevolderen skal pådra seg erstatningsansvar hvis skaden også ville ha skjedd dersom vedkommende hadde handlet aktsomt. Denne problemstillingen er i liten grad tematisert i norsk juridisk teori. Forfatteren gjennomgår ulike innfallsvinkler til problemstillingen, og drøfter blant annet forholdet til Nils Nygaard sin teori om hindringssammenheng som minstekrav for skyldansvar. Forfatteren hevder at problemstillingen bør løses gjennom særskilte regler om bevisbyrde og beviskrav.

Vitenskapelig publikasjon
(side 149-162)
av Torjus Lundevall
Artikkelen er ein gjennomgang av EU-domstolens dom i sak C-430/15 UK v. Tolley, der domstolen uttalte seg om grensene for kva som skal reknast som sjukdoms- eller uføreytingar etter ...
Sammendrag

Artikkelen er ein gjennomgang av EU-domstolens dom i sak C-430/15 UK v. Tolley, der domstolen uttalte seg om grensene for kva som skal reknast som sjukdoms- eller uføreytingar etter EØS-regelverket, kva nasjons trygdelovverk som skal nyttast i einskildstilfelle, og kva rett borgarane har til eksport av sjukdomsytingar til andre medlemsland. Artikkelforfattaren drøftar tilhøvet til den norske folketrygda, og konkluderer med at dommen medfører at eksportvernet for ytingar som grunnstønad, hjelpestønad og pleiepengar er styrka.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon