Allmenningsrett for eit bygdelag blir etablert ved bruk i alders tid i samsvar med lov eller sedvane som gir heimel for dette. Lovgivinga på stiftingstidspunktet, som kan ligge fleire hundre år tilbake i tid, er avgjerande. Artikkelen går gjennom rettsgrunnlaga for allmenningsrett til jakt og fiske frå Gulatingslova og Frostatingslova og til i dag. Standpunktet er at reglane for jakt og fiske har vore så godt som uendra i heile denne tida, og at bruken for folk i allmenningsbygda heile tida har skjedd med heimel i allmenningsretten. Artikkelen gjer greie for høgsterettspraksis frå 1895 og fram til i dag. Den går gjennom konsekvensane for retten til jakt og fiske i statsallmenningane av jaktlova 1899 § 6, som sa at jakta i statsallmenningane var fri for alle, og av dei to fjellovene frå høvesvis 1920 og 1975. Forholdet til allemannsretten blir drøfta. Også erstatningsspørsmål ved inngrep i bruksretten i allmenning blir drøfta, med konklusjon om at retten til å krevje erstatning i dei fleste tilfella ikkje ligg til den enkelte, men er ein kollektiv rett som må handhevast av fjellstyret.

Nøkkelord: statsallmenning, allmenning, allmenningsrett, bruksrett, allemannsrett, fiskerett, jaktrett