I Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 4/2020 svarar Steinar Holden1 og Knut Røed på min kommentarartikkel om Cato Wadel og arbeidsomgrepet,2 som stod på trykk i første nummer same år. Det er gledeleg at Holden og Røed, på vegner av Sysselsettingsutvalet, tar del i denne viktige debatten – korleis me skal rigge inntektssikringsordningane her til lands, har store konsekvensar både for personar som treng hjelp frå velferdsstaten, og for statsbudsjetta. Men svaret til Holden og Røed er eigentleg berre ei repetisjon, nærast ord for ord,3 av ting dei har skrive før, blant anna i ein kronikk i Dagens Næringsliv (Holden mfl., 2019), og i Sysselsettingsutvalet sin første (NOU 2019: 7, sjå særleg kapittel 1) og andre rapport (NOU 2021: 2). Det kjem altså ikkje fram så mykje nytt her, men det er likevel eit par ting som bør kommenterast.

«[E]ndringer i økonomiske insentiver for arbeidstakere [er] en begrenset del av våre forslag», påstår Holden og Røed. Det er litt vanskeleg å tolke denne setninga i beste meining når «gode insentiver» er ein del av tittelen 4 på svaret deira. I Sysselsettingsutvalet sin første rapport vart ordet «insentiv» nytta 222 gonger. I andre rapport5 har utvalet moderert seg noko – insentiv vert nemnt berre 116 gonger. I andre rapport står det blant anna at «[d]ersom lønningene blir for lave i forhold til trygdeytelsene, kan det svekke insentivene til å ta lønnet arbeid» (NOU 2021: 2, s. 150). Det er, med andre ord, ingen som helst tvil om at Sysselsettingsutvalet tillegg insentiv stor vekt.

Insentiv inneber at ein har eit val – til dømes mellom det å skaffe seg ein jobb eller det å bli mottakar av ei eller anna inntektssikringsordning. Utgangspunktet vert dermed, noko forenkla, at nærast kven som helst kan få innvilga søknad om arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd, så sant personen har bestemt seg for – eller meir presist: valt – nettopp det. Dersom det er slik det heng saman, er det kanskje ikkje heilt utenkeleg at færre personar kjem til å «velje» ei helserelatert trygdeordning, dersom det er lite å hente på eit slikt val reint økonomisk. Men dette høyrest litt merkeleg ut. Mottak av helserelaterte trygdeordningar som arbeidsavklaringspengar og uføretrygd er sluttresultatet av ein lang søknadsprosess, med bakgrunn i helsefaglege vurderingar. Det er ikkje eit fritt handlingsrom der økonomiske insentiv kan spele ei viktig rolle for utfallet.

På liknande vis er det ikkje alle som er så heldige at dei fritt kan «velje» å tre inn på arbeidsmarknaden. Arbeidsgjevarar vegrar seg for å tilsetje personar med dårleg helse. Personar med ikkje-norskklingande namn vert diskriminerte. Eldre arbeidstakarar er svært lite attraktive for dei fleste bedrifter. Dette er berre tre døme på grupper som ofte slit med å få innpass ved å søke på den opne jobbmarknaden.

Det er svært sjeldan at ein person med dårleg helsetilstand kan velje mellom fleire jobbtilbod på den eine sida, og mottak av ei helserelatert trygdeyting på den andre. Men det er nettopp slik Sysselsettingsutvalet presenterer og drøftar problemstillinga. Korleis kan eit utval beståande av dyktige fagfolk ende opp med ei så verkelegheitsfjern framstilling? Arbeids- og sosialdepartementet må openbert ta sin del av skulda. Ved å sette ned ei ekspertgruppe6 der ingen av medlemmane har jobba med helse eller helseulikskap, er det kanskje ikkje så rart at utvalet kjem fram til unyanserte forslag7 der personar med til dømes nedsett funksjonsevne eller psykisk liding endar opp med å bli ramma negativt.

«Vi mener at NAV bør få mer ressurser, slik at de kan drive tettere oppfølging av sine brukergrupper», skriv Holden og Røed. Eit av dei konkrete forslaga er altså ei ytterlegare styrking av den økonomiske muskulaturen til NAV. Dette er kanskje heller ikkje er så rart sidan NAV har vore representert,8 ved Elisabeth Holen og Hilde Høynes, i begge fasar av utvalet sitt arbeid. Sysselsettingsutvalet meiner altså at NAV-systemet skal få meir midlar,9 men personar som har behov for NAV sine tenester, skal få mindre pengar å rutte med. Korleis var dette med bukken og havresekken, no igjen?

Eit potensielt insentiv som Sysselsettingsutvalet ikkje verkar særleg opptatt av, er arbeidslinja.10 Heile det norske trygdesystemet er rigga slik at det lønner seg å vere godt integrert på arbeidsmarknaden. Personar med stabil tilknyting til arbeidslivet og relativt høg inntekt får meir utbetalt i dagpengar og sjukepengar ved behov for midlertidig inntektssikring. Personar med stabil arbeidsmarknadstilknyting får også høgare uføretrygd og alderspensjon dersom han/ho må trekke seg permanent tilbake frå arbeidslivet. Det er mogleg å argumentere for at dette er ganske gode grunnar, eller insentiv, til å prøve å få ei fast tilknyting til den norske arbeidsmarknaden. Men Sysselsettingsutvalet meiner tydelegvis at økonomiske insentiv berre skal vektleggjast i samband med innstrammingar av trygdeytingar.11

Sysselsettingsutvalet legg stor vekt på empiriske studiar som nyttar såkalla kvasi-eksperimentelle metodar. Det betyr at ein, ved hjelp av statistisk modellering, berre nyttar variasjon i datamaterialet der det er usannsynleg at individa sjølve har valt eller påverka i særleg utstrekning. Meininga er, kort fortalt, å kvitte seg med alt det me ikkje kan måle, men som ein fryktar speler ei avgjerande rolle for dei statistiske samanhengane. Eit eksempel kan vere at ein trur det er motivasjon eller latskap som er den eigentlege forklaringa på den svake tilknytinga til arbeidslivet, og ikkje helseproblemet til trygdemottakaren. Kvasi-eksperimentelle studiar er normalt sett svært interessante, og kan i beste fall vere sosialpolitisk relevante. Men det vil ofte vere ganske stor usikkerheit hefta ved dei empiriske funna, blant anna fordi det er ein fare for at ein modellerer seg langt vekk frå verkelegheita. Når resultata dessutan vert tolka i eit «teoretisk rammeverk» der økonomiske insentiv vert tillagt betydeleg vekt, kan det skjere seg totalt.

Men heldigvis finst det også relevante empiriske funn frå ekte eksperiment. Ein fersk studie av kollegaer på NOVA viser at personar som sit i rullestol, blir diskriminerte på den norske arbeidsmarknaden: Arbeidsgjevarar i Noreg tar dobbelt så ofte kontakt med personar utan funksjonsnedsetting (Bjørnshagen & Ugreninov, 2021). I ein tøff arbeidsmarknad der personar med god helse kanskje må søke på 50 stillingar for å bli kalla inn til eit intervju, må ein like velkvalifisert person som sit i rullestol, søke på omtrent 100 stillingar.12 Dette er ein viktig grunn til at personar med dårleg helse får meir arbeidsløyse på CV-en. Det tar tid å få avslag på søknadane, for deretter å finne nye stillingar som ein kan søke på (og som ein igjen får avslag på). Funn frå eit anna felteksperiment har vist at «arr» på CV-en i form av arbeidsløyse er svært skadeleg for sjansar på arbeidsmarknaden (Birkelund mfl., 2017). Det teiknar seg derfor eit bilete av kumulative ulempeprosessar13 som kan forklare kvifor det er så vanskeleg for personar med helsetrøbbel å få fast tilknyting til arbeidslivet.

Koronapandemien har aktualisert viktigheita av inntektssikringsordningar, og det blei blant anna innført fleire midlertidige endringar i dagpengeregelverket. Endringane førte både til at fleire14 fekk krav på dagpengar, og at dagpengesatsane vart justerte opp (ASD, 2020a). Dagpengeperioden vart dessutan utvida for personar som nærma seg den maksimale grensa for mottak på to år (ASD, 2020b). Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte det følgjande i samband med regelverksendringane: «Usikkerheten i arbeidsmarkedet er stor, og de som allerede er i ferd med å gå ut maksperioden på dagpenger risikerer å møte unormalt høy ledighet og tøff konkurranse om jobbene» (ASD, 2020c).

Det er enkelt å seie seg einig i argumentasjonen til Røe Isaksen her. Det er urimeleg å nekte ein arbeidsledig person dagpengar15 når det er få eller ingen jobbmoglegheiter, slik som under koronapandemien. Dette er normalsituasjonen for mange personar med dårleg helse. Sidan arbeidsgjevarar vegrar seg for å satse på ein person med helsetrøbbel og smårufsete CV, er moglegheitene på arbeidsmarknaden vanlegvis svært avgrensa, uansett kor gode eller dårlege økonomiske tider det er. Med dette som bakteppe er det svært krevjande å sjå dei gode argumenta bak det å stramme inn trygdeytingane til unge personar med helseproblem.

Ifølgje Holden og Røed må det innstrammingar16 til fordi unge mottakarar av arbeidsavklaringspengar kan få «et misvisende positivt bilde av de økonomiske konsekvensene av å være trygdemottakere». Tja. Sysselsettingsutvalet har i alle fall eit misvisande bilete av kor viktig økonomiske insentiv er for «valet» mellom arbeid og trygd.

Referansar

ASD. (2019). Legger om AAP-reglene for unge under 25 år. Pressemelding nr. 27, Arbeids- og sosialdepartementet, 07.10.2019. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/legger-om-aap-reglene-for-unge-under-25-ar/id2671769/

ASD. (2020a). Slik blir endringene i permitterings- og dagpengeregelverket. Pressemelding nr. 7, Arbeids- og sosialdepartementet, 20.03.2020. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/slik-blir-endringene-i-permitterings--og-dagpengeregelverket/id2694346/

ASD. (2020b). Utvidet dagpengeperiode for personer som nærmer seg maksgrensen. Pressemelding nr. 11, Arbeids- og sosialdepartementet, 27.03.2020. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/utvidet-dagpengeperiode-for-personer-som-narmer-seg-maksgrensen/id2695474/

ASD. (2020c). Midlertidige ordninger forlenges. Pressemelding, Arbeids- og sosialdepartementet, 12.05.2020. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/midlertidige-ordninger-forlenges/id2702015/

Birkelund, G.E., Heggebø, K., & Rogstad, J. (2017). Additive or multiplicative disadvantage? The scarring effects of unemployment for ethnic minorities. European Sociological Review33(1), 17–29.

Bjørnshagen, V., & Ugreninov, E. (2021). Disability disadvantage: Experimental evidence of hiring discrimination against wheelchair users. European Sociological Review. Online first, 27.03.2021.

Heggebø, K. (2020, 25. juni). Eit ekspertpanel utan ekspertise. KAI-kronikk. Henta frå https://www.oslomet.no/om/kai/kai-kronikken/kai-kronikk-ekspertpanel-uten-ekspertise

Holden, S., Brochmann, G., Calmfors, L., Holen, E., Røed, K., og von Simson, K. (2019, 1. april). Tiltak for å øke sysselsettingen. Dagens Næringsliv. Henta frå https://www.dn.no/kronikk/arbeidsliv/sysselsetting/sykefravar/tiltak-for-a-oke-sysselsettingen/2-1-577652

NOU 2019: 7. (2019). Arbeid og inntektssikring – Tiltak for økt sysselsetting. Oslo: Arbeids- og sosialdepartementet. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2019-7/id2637967/

NOU 2021: 2. (2021). Kompetanse, aktivitet og inntektssikring – Tiltak for økt sysselsetting. Oslo: Arbeids- og sosialdepartementet. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2021-2/id2832582/?ch=1