Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

«Øvst ved bordet?»

Ein analyse av symbolske kapitalhierarki ved Noregs Banks årsmiddag
A place at what table? An analysis of symbolic capital hierarchies at the Norwegian Central Bank’s annual dinner



Professor, Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen




Professor, Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen

Konsekrasjons- eller signingsarenaer er særskilt viktige i høve til det Pierre Bourdieu omgrepsfesta som eit ‘maktfelt’. Ein slik arena for både konsekrasjon og også rekonsekrasjon er offisielle middagar. Denne artikkelen drøftar dei symbolske kapitalhierarkia ved Noregs Banks årsmiddag. På grunnlag av prosopografiske data om middagsgjestane i 2012, spør vi kor mange kapitaldimensjonar ein kan finne i dette «konsekrasjonsrommet», om det rår ein samanheng mellom bordhierarkiet og kapitalstrukturane i konsekrasjonsrommet, om ein finn homologiar mellom kapitalstrukturane i dette rommet og strukturane i det større norske maktfeltet og kor mange undergrupper ein kan finne blant gjestane. Ein multippel korrespondanseanalyse av 32 kapitalindikatorar avdekkjer tre aksar i det konsekrasjons- og rekonsekrasjonsrommet som årsmiddagen utgjer: ein økonomisk kapitalakse, som også skil mellom økonomisk og akademisk kapital, ein akse som skil mellom «synlege» og «usynlege» gjester, og ein mobilitets- og senioritetsakse. Saman med ein tripolar opposisjon mellom posisjonar i næringslivet, i politikken og i akademia/embetsverk, stadfestar borda sine posisjonar i dette rommet funna frå tidlegare analysar av strukturane i det norske maktfeltet. Resultatet gjev støtte til homologi-tesen om at det rår ein strukturell korrespondanse mellom strukturane i maktfeltet og i dette særeigne delfeltet. Resultata frå hierarkisk klyngeanalyse validerer funnet ytterlegare gjennom å identifisere sju grupper av inviterte: «The Haves», «The Have Nots», «The Have Yachts», «Arv-takarar», «Anonyme insiderar», «Politiske insiderar» and «Leiarar og direktørar».

Nøkkelord: Elitar, Noregs Banks årsmiddag, symbolske kapitalhierarki, maktfelt, multippel korrespondanseanalyse

The concept of the field of power has a central position in Pierre Bourdieu’s theory of the social space. Being recognized as a «worthy» field participant is particularly significant for agents, and official dinners are important arenas of consecration and re-consecration of field status. Based on prosopographic data collected from about 275 individuals, we analyse table seating at the Norwegian Central Bank’s annual dinner as one indicator of a person’s location in the symbolic capital hierarchy in the Norwegian field of power. A multiple correspondence analysis reveals three dimensions in the «dinner space»: an economic capital axis, separating economic and academic capital; a «high visibility» vs. «low visibility» axis; and a social mobility/field seniority axis. Previous studies have revealed a tripolar opposition between positions in the business field, in politics, in academia and in the higher civil service – opposition that is also found in the «dinner space» and in its hierarchy of tables as measured by position within this space. The results yield support for the homology thesis, i.e. there is a structural correspondence between the structures in the field of power and this particular subfield. And, within this «dinner space», seven clusters of attendees are identified by ascending hierarchical cluster analysis: «The Haves», «The Have Nots», «The Have Yachts», «Inheritors», «Anonymous Insiders», «Political Insiders» and «Managers». The positions of the clusters in the space further validate the structure of, and the oppositions in, this arena of consecration and re-consecration.

Keywords: Elites, The Norwegian Central Bank’s Annual Dinner, symbolic capital hierarchies, field of power, multiple correspondence analysis

Innledning

Då dåverande statsminister Jens Stoltenberg melde avbod til Noregs Banks årsmiddag i 2007 for i staden å følgje Rally Viking, vakte det til dels sterke reaksjonar. Ein av dei opposisjonspolitikarane som reagerte, var Høgre-leiar Erna Solberg: «Han har det sikkert gøy, men jeg synes han burde vært her».1 Sidan starten i 1924 skal dette elles berre ha skjedd då Trygve Bratteli melde avbod i 1972 – og då Solberg i 2014 sjølv i staden prioriterte å vere med på opninga av vinter-OL i Sotsji. Uavhengig av om Solberg møtte eller ikkje møtte seg sjølv i døra, får episoden i 2007 fram eit sentralt poeng: offisielle middagar vil ofte ha ein rituell status som ein skal vere varsam med å utfordre.

Offisielle middagar er til vanleg også formelle i si organisering. Reglane, skrivne som uskrivne, er strenge, og både den formelle og den subjektivt oppfatta statusen til dei ulike gjestane, kan i mange høve lesast ut av bordplasseringa. Nokre bord og bordplasseringar er meir prestisjefylte enn andre. Jo nærare ein er plassert heidersgjesten eller vertskapet, jo høgare er sannsynlegvis plassen ein sjølv har i statushierarkiet. Forsøk på å få endra bordplassering, t.d. ved å flytte på bordkorta, vil vere jamgodt med å lage skandale. Rykte om at ein person faktisk har gjort dette, vil uvilkårleg merkje vedkomande som ikjøtinga av jåleskap.

Tilstellingar som dette kan også ordnast hierarkisk. Nokre av dei, som Noregs Banks årsmiddag eller Dronningens gallamiddag i Danmark, vert heilt klart oppfatta som meir eksklusive og prestisjefylte enn andre. Dei er arenaer der elitane møtest, og derfor også arenaer der sosial kapital kan akkumulerast (Bourdieu 1980, 1991). Å ikkje møte opp, kan bli oppfatta som jamgodt med å fornærme vertskapet. Andre gonger stiller det seg annleis. Skulle (den mannlege) statsministeren til dømes melde avbod til (frimuraren) Thorstein Selvik sin lokale bergenske «herremiddag», arrangert kvart år sidan 2001, vil det truleg vere eit langt større problem for vertskapet enn for ministeren. Kjem det ut, er det organisatoren som lir eit prestisjenederlag fordi ein ikkje vert oppfatta som viktig nok.

Endeleg kan offisielle middagar vere det ein kan kalle konsekrasjons- eller signingsarenaer: arenaer der allereie eksisterande sosial ulikskapar vert gjeven ei offisiell, symbolsk stadfesting, og bidreg til at eksisterande ulikskapar vert legitimert (Bourdieu 2015:123). Første gong ein vert invitert, kan det ha preg av ein «rite de passage». Der ein før måtte stå på utsida, vert ein no beden inn i flokken av mektige og prominente – som står på gjestelista nettopp fordi dei er mektige og prominente. Å få setje seg til bords vil slik sett også kunne bety at ein er akseptert av eins eigne, av andre som også har status som mektige og prominente. Men kva bord ein er plassert på, eller kven ein er plassert saman med, kan også vere eit uttrykk for kor prominent eller mektig ein sjølv er, og i kva sirklar. Interne forskjellar med omsyn til makt, status og prestisje får slik eit synleg uttrykk, både for ein sjølv og for andre (Bourdieu 1991:117–126, 2015:121–125).

Men gjestelister er sjeldan eller aldri hogde i stein. Sagt med ei omskriving av Pareto (1901), vil ein også i denne eliten finne sirkulasjon rundt ein meir stabil kjerne. Offisielle middagar kan derfor også oppfattast som arenaer for rekonsekrasjon. Medan den «indre kjernen» vert inviterte tilbake år etter år, og får ei symbolsk stadfesting av at dei utgjer nettopp det, vil meir perifere, mindre sentrale gjester sine plassar ved bordet vere midlertidige. Sentralitet kan slik få eit symbolsk uttrykk i form av ansiennitet. Vert ein uteleten frå gjestelista, kan det tolkast som eit uttrykk for at ein ikkje er «først blant likemenn», har mista ein formell posisjon, har falle i status eller i verste fall har vorte ein «persona non grata».

Konsekrasjons- eller signingsarenaer er særskilt viktige i høve til det Pierre Bourdieu (1930–2002) omgrepsfesta som eit ‘maktfelt’ (Bourdieu 1996). Den relative makta til agentane i dette feltet er ikkje berre avhengig av posisjonen dei innehar og deira kapitalvolum og -komposisjon, men også av at dei vert anerkjente og kjente att som heimehøyrande blant dei mektige og prominente; at den statusen ein innehar som ein viktig aktør vert meir eller mindre teken for gjeven av andre viktige aktørar. Og denne forma for verdsetjing vil dels vere avhengig av at ein deltek og er synleg på arenaer der eins status som viktig og mektig kan verte stadfesta. Gjennom slike former for legitimering får den kapitalen ein innehar også karakter av å vere symbolsk kapital (Bourdieu 1991).

Medan samansetjinga og rekrutteringa til eliteposisjonar, elitane sine haldningar til ulike politiske spørsmål og politisk deltaking, elitane sin tillit til sentrale institusjonar, og i kva grad eller på kva måte elitane kan seiast å utgjere ein føresetnad for eit velfungerande demokrati har vorte grundig analysert (sjå t.d. Gulbrandsen, Engelstad, Klausen, Skjeie, Teigen & Østerud 2002), har det i norsk samfunnsvitskap så langt vi kjenner til vore gjort få eller ingen strukturelle analysar av slike rituelle arenaer for elitelegitimering. Og der ein i den internasjonale elitesosiologien finn rikhaldige studiar av eliteutdanningsvegar, av samanhengar mellom elite- og klassestrukturar og av sentraliteten til administrative elitar, og der perspektivmangfaldet er stort (sjå Hartmann 2007 og Genieys 2011 for ei oversikt), har det vore langt færre analysar av den symbolske stadfestinga av maktelitane sin eksistens. Sett på spissen rår det derfor eit tomrom både i det norske og i det internasjonale forskingsfeltet.

Som vi skal utdjupe nedanfor, er det gode grunnar til å tru at Noregs Banks årsmiddag er ein legitimerings- og konsekrasjonsarena for den norske makteliten. Med utgangspunkt i eit bourdieusk rammeverk skal vi i denne artikkelen ta føre oss det ein kan analysere som eit kapitalhierarki ved Noregs Banks årsmiddag. Kan bordplasseringane tolkast som ei symbolsk stadfesting av dei kapitalhierarkiske skiljelinene ein finn mellom gjestane? Som uttrykk for eit symbolsk kapitalhierarki?

På grunnlag av prosopografiske data om middagsgjestane i 2012, tek vi opp fire problemstillingar:

  • Kor mange kapitaldimensjonar kan ein finne i dette «konsekrasjonsrommet», og korleis kan dei tolkast?

  • På kva måtar kan bordhierarkiet utgjere eit kapitalhierarki? Sagt litt annleis: kva er samanhengen mellom bordhierarkiet og kapitalstrukturane i konsekrasjonsrommet?

  • I kva grad kan ein finne homologiar,2 eller strukturelle likskapstrekk, mellom opposisjonane og kapitalstrukturane i dette «middagsrommet» og opposisjonane og kapitalstrukturane i det større norske maktfeltet?

  • Endeleg: kor mange undergrupper finn ein i dette spesielle rommet, og korleis kan dei tolkast?

Årsmiddagen som konsekrasjonsarena

Det er fleire grunnar til at årsmiddagen er av særleg interesse for ein analyse av norske elitar. Sjølv om Noregs Bank formelt sett er uavhengig av politiske styresmakter, vert den gjerne rekna som ein av dei minst uavhengige bankane i den vestlege verda. Historisk har banken vore ein del av det ein gjerne kallar «Jarntriangelen» – beståande av Finansdepartementet, Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå – med Finansdepartementet som den mektigaste institusjonen av desse tre. Dei institusjonelle relasjonane er derfor tette.

Sentralbanksjefen sin årstale og den etterfølgjande middagen si historie går tilbake til 1922. Frå og med 1924 har også eksterne gjestar vorte inviterte til denne årvisse hendinga, og frå 1949 og framover vart gjestelista gradvis utvida. Medan middagen tidlegare fann stad i Noregs Banks eigne lokaler, og ein vart servert vin frå banken sin eigen rikhaldige vinkjellar, finn den i dag stad i Speilsalen på Grand Hotel i Oslo. Sjølv om talet på gjestar har auka over tid, er det å verte invitert til årsmiddagen framleis einstydande med at ein på den tredje torsdagen i februar får «rub shoulders» med ein heilt sentral del av den norske makteliten; alt frå stats- og finansminister til preses i bispekollegiet kan stå på gjestelista, slik også leiinga av Folketrygdfondet, eigarar og direktørar i større industri- og finanskonsern, sentrale professorar, redaktørar og embetsmenn oftast vil gjere det.

Samstundes er ikkje denne middagen ein stad der det til vanleg vert fatta avgjerder, sjølv om sentralbanksjefens årstale kan omtalast som ein økonomisk «state of the union»-tale. Det er framfor alt ein symbolsk arena, og alle som står på gjestelista treng ikkje å vere inviterte fordi dei er mellom dei aller mektigaste i sine respektive delfelt. Kriteria for å bli invitert ser ut til å variere, og er i varierande grad eksplisitte. Trass i gjentekne førespurnader til Noregs Bank om å få innsyn i desse, fekk vi ikkje svar frå dei som har eit meir overordna ansvar for middagen. Nokre gjester synest likevel å verte inviterte fordi dei sit i formelle posisjonar, anten i politikk, i embetsverk eller i Noregs Banks hovudstyre. Mange andre av dei drygt 270 gjestane gjer likevel ikkje det.

Men gjeve den anerkjente statusen som Noregs Bank har som ein sentral institusjon i «Jarntriangelen» i den politiske makta, kan ein gå ut frå at gjestane vert inviterte fordi dei på ein eller annan måte har makt, evne og innflytelse til å bidra til Noregs Banks klart definerte mål og oppgåve: å sikre økonomisk stabilitet, vekst og ei ansvarleg forvaltning av statsformuen. Frå ein slik synsvinkel vert gjestane sannsynlegvis ikkje berre inviterte ut frå posisjonskriterier, og ikkje nødvendigvis i kraft av personlege eigenskapar, men fordi dei er «samfunnets støtter», for å parafrasere Ibsen. Symbolsk kan middagen derfor sjåast på som eit sosial ritual som er knytt til ei spesiell form for verdsetjing. Som invitert får ein ei institusjonalisert, offentleg stadfesting av at ein innehar ein viktig samfunnsposisjon, og ved å stå på gjestelista vert dette både gjort kjent og anerkjent (sjå elles Bourdieu 1991:117–126).

Samstundes er det slik, som i maktfeltet og andre felt elles, at ein finn viktige og klare forskjellar mellom dei inviterte, både når det gjeld deira kapitalprofilar og deira posisjonar. I media får bordplasseringa også stor merksemd. Borda med lågast bordnummer vert rekna for å vere dei mest prestisjetunge borda, også av representantar for Noregs Bank. Som tidlegare informasjonsdirektør Poul Henrik Poulsson sa det i 2004: «Vi ser på rang. Bordene nummer en til seks skiller seg ut. Det er hovedbordene. Der finner du de fremste næringer og ledere.» Om den dåverande informasjonsdirektøren har rett, tek deretter hierarkiet og systematikken slutt, slik at bordplasseringa vert langt meir tilfeldig straks ein rører seg nedover i statusstigen: «De andre er det ikke så mye tenkning bak. Jeg sitter jo selv på bord nummer 17, ler informasjonsdirektør Poul Henrik Poulsson i Norges Bank».3

Like fullt må heile lista få godkjenning frå høgaste hald,4 og ein finn både gjestar med makt, status og posisjon som allereie er konsekrert – dvs. personar som får stadfesta ein allereie anerkjent status i maktfeltet gjennom si deltaking (som statsministeren, finans-ministeren etc.), medan andre får stadfesta at deira feltposisjonar er viktige (t.d. i det journalistiske feltet, det akademiske feltet etc.). Atter andre får eit høve til å bli kjente att som sentrale på sine felt, eller får ei påskjøning for tidlegare innsats for landets økonomi, sjølv om dei ikkje lenger treng å ha større makt i sine delfelt.

Ein kan difor sjå på den konsekrasjonsarenaen som årsmiddagen representerer, som eit sosialt rom med sine særeigne interne strukturar og relasjonar. Å synleggjere desse strukturane gir grunnlag for å analysere korleis middagen kan fungere som konsekrasjonsarena for makt og status for dei ulike deltakarane, og også å analysere relasjonen mellom dette særeigne rommet og det norske maktfeltet. Men ein uttømmande analyse av det historiske samspelet mellom denne typen konsekrasjonsarenaer og det norske maktfeltet ville krevje eit langt større datatilfang enn det vi har til rådvelde.

Strukturane i maktfeltet

Analysar av data frå Makt- og demokratiundersøkinga (1998–2003) si leiarundersøking har avdekka ein tripolar feltstruktur med tre latente hovudopposisjonar i det norske maktfeltet, eller arenaen der agentar i dominerande posisjonar vert engasjerte i stridar om distribusjonen og verdsetjinga av spesifikke kapitaltypar, om endring eller vidareføring av maktrelasjonar internt i felt og om styrkeforholda mellom felta (Hjellbrekke & Korsnes 2005). Den første opposisjonen, akse 1, skilde mellom høge og låge volum økonomisk kapital, og mellom det å ha vs. det å ikkje ha sosial kapital-relasjonar, forstått som eigne og foreldra sine styreverv, knytt til næringslivssektoren. Akse 2 skildra ein opposisjon mellom høge og låge volum arva kulturelle og arva sosial kapital, og mellom høge volum politisk kapital og høge volum kulturell kapital målt ved eigen og partners utdanning. Aksen kunne derfor tolkast som ein feltansiennitetsakse som skildra ein strukturell motsetnad mellom «the established» og «the newcomers» (Hjellbrekke, Le Roux, Korsnes, Lebaron, Rosenlund & Rouanet 2007). Opposisjonen mellom «nykomarar» og «arvingar» er også ein sentral motsetnad i så å seie samtlege av maktfeltet sine delfelt. Sjølv om opposisjonen får sine spesifikke uttrykk i dei ulike delfelta, etablerer den ein homologi mellom opposisjonane i maktfeltet og i dei ulike delfelta (Hjellbrekke & Korsnes 2014). Endeleg skildrar den tredje aksen ein opposisjon mellom røynsle frå politikk, organisasjonar og kultursektoren, og røynsle frå politi- og justisvesen.

Projiserer ein dei ulike feltposisjonane inn i denne strukturen, finn vi dette tripolare mønsteret i faktorplan 1–2. Som det går fram av figur 1, finn vi ein politikk-pol, ein økonomisk pol og ein akademisk/religiøs/kulturell pol:

Figur 1

Maktfeltet, faktorplan 1–2

Desse posisjonane vil også vere dominante posisjonar i det norske maktfeltet og dei posisjonane som mange av dei som står på gjestelista også vil inneha. Å sitje i ein av desse posisjonane vil derfor auke sannsynet for at ein også får invitasjon til årsmiddagen. Men dette betyr likevel ikkje at opposisjonane i det konsekrasjonsrommet middagen utgjer automatisk vil spegle strukturane i maktfeltet. Sagt litt annleis: årsmiddagen kan analyserast som eit maktfelt eller ein møtestad for dei aller mektigaste i dei ulike delfelta i det norske sosiale rommet. Men kan den også analyserast som eit «maktfelt i maktfeltet»? Kan ein finne klare homologiar mellom strukturane i konsekrasjonsrommet og strukturane i maktfeltet? Ein slik analyse krev data om middagsgjestane sine kapitalprofilar.

Data

Personane på gjestelista til Noregs Banks årsmiddag er ikkje mellom dei som er lettast å nå fram til gjennom konvensjonelle datainnsamlingsmetodar, som til dømes ei spørjeundersøking. Viljen til å svare på eit utsendt spørjeskjema er truleg heller ikkje den sterkaste. Å få tilgang til post- og e-postadresser vil også utgjere eit problem. Vi har derfor nytta ein prosopografisk strategi i innhentinga av data: etablering av ein database på grunnlag av det som finnast av biografisk informasjon om ei gjeven gruppering av personar i ymse kjelder og arkiv, for så å kunne avdekke strukturar og relasjonar på bakgrunn av denne. Metoden har av opplagde grunnar vore langt meir utbreidd blant historikarar enn blant sosiologar (sjå t.d. Russell & Cohn 2012), men har vorte nytta i fleire av Bourdieu sine feltanalysar (t.d. Bourdieu 1996, 1999).

I vårt tilfelle har vi nytta offentlege register, offentleg tilgjengelege cv-ar, digitale avisarkiv, offisielle heimesider til verksemder, parti, organisasjonar og institusjonar, og skatte-, inntekts- og formuelister til å etablere ein database om gjestane. Gjennom det som måtte finnast av offentleg tilgjengeleg informasjon, har vi oppretta ein kapitalprofil for kvar einskild gjest. Bordplasseringa er henta frå Noregs Banks eigne oversikter, slik også talet år ein har vore invitert på middagen er det.

Sjølv om ein slik prosopografisk strategi for alle andre enn Noregs Bank truleg vil vere den einaste moglege framgangsmåten for innhenting av data, medfører den spesifikke problem. For det første vil omfanget av informasjon om ein gjeven gjest variere alt etter kor synleg vedkomande måtte vere i maktfeltet. Jo mindre synleg eit individ er, jo mindre informasjon vil det finnast «ute i det fri». Metoden vil derfor gje forrang til dei mest synlege gjestane – eller dei «mest offentlege blant dei offentlege». For det andre medfører dette eit innslag av det vi med den franske vitskapshistorikaren Gaston Bachelard (1927) kan omtale som ein førehandskonstruksjon av forskingsobjektet. Når ein må nytte offentlege, dvs. statleg etablerte opne kjelder og arkiv til å etablere databasen, vil det for dei mindre synlege individa vere langt lettare å innhente denne statleg bestemte informasjonen enn det er å innhente andre og kanskje meir relevante data. Men samstundes vil nettopp det å vere eit synleg medlem av maktfeltet i delar av elitesosiologien verte nytta som eit kriterium for å avgjere kven som er eller ikkje er ein del av eliten. Frå ein slik synsvinkel kan ein spørje om gjestelista også er eit døme på ein anvendt elitesosiologi.

Gjestelista: ein anvendt elitesosiologi?

I den klassiske elitesosiologien er både det som går under nemninga posisjonsmetoden og reputasjonsmetoden to veletablerte, men samstundes kritiserte framgangsmåtar for å identifisere elitane i eit gjeve samfunn (Mills 1956; Hernes 1978; Hartmann 2006). Likevel har begge desse tilnærmingane relevans for samansetjinga av det utvalet vi analyserer.

Posisjonsmetoden tek utgangspunkt i hierarkisk ordna formelle posisjonar; leiande stillingar innan ulike typar organisasjonar, i byråkrati, næringsliv, politiske parti, militærvesen o.l. vert rekna som heimehøyrande i eliten. For å seie det med C. Wright Mills (1956): «… they are in positions to make decisions having major consequences». Metoden, som er mykje nytta i elitestudiar, (sjå t.d. Gulbrandsen et al. 2002; Christiansen, Munk, Møller & Togeby 2001; SOU 1990:44; Bürklin & Hilke 1997), byggjer på fleire føresetnader. Ein må mellom anna ha ei grunngjeven oppfatning av kva samfunnssektorar som høyrer med og ikkje høyrer med, og også av kor langt ned i posisjonshierarkiet ein må gå internt i kvar sektor for å fange opp dei som høyrer med i elitane. Kvar ein set grensa, kan verte litt vilkårleg.

Som Putnam (1976:16) har påpeika, har framgangsmåten ytterlegare to klare manglar. For det første kan ein komme til å inkludere personar som er lite anna enn «sandpåstrøarar» for avgjerder som er fatta av andre. For det andre vil «bakspelarar» og «grå eminensar» (som sjeldan sit i formelle posisjonar) falle utanfor, sjølv om ein føreset at deira maktutøving i stor grad skjer gjennom påverknad av dei personane som faktisk sit i slike posisjonar. I tillegg fell personar utanfor som kan ha stor innverknad på sitt felt, utan at dei treng vere grå eminensar, til dømes kunstnarar, forfattarar og leiande forskarar, så sant dei ikkje også sit i formelle posisjonar. I verste fall risikerer ein derfor å sitje att med eit utval av den formelle eliten, medan sentrale personar i den reelle eliten ikkje vert inkluderte.

Tek ein utgangspunkt i reputasjonsmetoden, ser ein derimot bort frå dei formelle maktstrukturane. I staden spør ein eit utval personar om kven dei meiner har makt eller høyrer til eliten i eit gjeve samfunn. Framgangsmåten kan også kombinerast med posisjonsmetoden ved at ein rettar spørsmålet til personar i leiande posisjonar. Slik kan ein avdekke ein «elite innanfor eliten». Også denne metoden byggjer på klare føresetnader. Respondentane må t.d. ha ei klar oppfatning av kven som sit og ikkje sit med makt. Vidare bør dei ha relativt likearta oppfatningar av omgrep som makt og elite. Som Gulbrandsen (Gulbrandsen et al. 2002) har påpeika, er framgangsmåten veleigna til å avdekkje elitenettverk, opinionsleiarar og uformelle former for leiarskap. Men samstundes heftar det fleire problem ved tilnærminga. For det første vert resultata heilt avhengige av kven ein har og ikkje har spurt. For det andre kan ein ikkje vente at alle respondentar har like god oversikt over kven som er og ikkje er sentrale innanfor ulike sektorar. For det tredje kan dei forstå ulike ting med «makt» og «elite». Og for det fjerde: Eit rykte om at ein person har makt, treng ikkje bety at vedkommande faktisk har makt.

Uansett vil vi anta at ikkje så reint få av årsmiddagsgjestane vert inviterte på grunnlag av desse to framgangsmåtane, og frå ein slik synsvinkel kan gjestelista oppfattast som eit stykke anvendt elitesosiologi. Statsministeren, finansministeren, leiar av finanskomitéen, høgsterettsjustitiarius og medlemene i Noregs Banks hovudstyre vil i utgangspunktet verte inviterte i kraft av den posisjonen dei innehar. Det same gjeld leiaren i Folketrygdfondet, og fleire av dei tilsette i Noregs Bank. Samstundes er det slik at talet på bordplassar er avgrensa. Derfor er det også grenser for kor langt ein kan komme med å sitje i ein gjeven posisjon. Tilleggskriterier gjer seg gjeldande, og det å kunne «bryte inn» i denne «higher circle» vil også vere avhengig av at eins posisjon vert anerkjent. Sagt litt annleis: posisjon må i mange tilfelle også kombinerast med reputasjon. Det er til dømes neppe nok å vere professor i økonomi. Ein må helst vere professor med ein tilstrekkeleg standing blant eigne fagfeller, vere relevant for Noregs Bank, for Finansdepartementet og/eller for økonomisk planlegging. I seg sjølv er det heller neppe nok å vere ein framståande jurist. Ein bør gjerne også vere seniorpartner i eit advokatfirma som er anerkjent for å bistå eller verte nytta i saker med stor politisk og/eller økonomisk betydning. Det same gjeld for administrerande direktørar, der ein finn ei blanding av «gamle» og «nye» pengar; nokre av dei meir diskret enn andre i si framferd.

På gjestelista for årsmiddagen finn ein derfor ein kombinasjon av synlege og «usynlege» elitar; av «celebritetar», men også av «grå eminensar» som ein nærast må vere ein «insider» for å kjenne eller kjenne til. Sagt med C. Wright Mills:

The celebrities are The Names that need no further identification. Those who know them so far exceed those of whom they know as to require no exact computation. Wherever the celebrities go, they are recognized, and moreover, recognized with some excitement and awe (Mills 1956:72).

Og som den franske sosiologen Natalie Heinich har påpeika, vil det å vere synleg og å bli attkjent på slike arenaer også kunne ha status som kapital ved at ein vert tilskriven ein status som ein viktig person (Heinich 2012:kap. 2).

Men for ei gruppering av gjester er det i utgangspunktet ein føresetnad at ein ikkje skal vere synleg, men tvert imot diskret. Høgare funksjonærar og embetsmenn i Finansdepartementet og i Noregs Bank, personar som i røynda legg sterke føringar på kva som kan iverksetjast i den økonomiske politikken, skal som tenestemenn stå i bakgrunnen for dei politiske beslutningstakarane. Når ein gjennom å stå på gjestelista like fullt vert løfta fram i det offentlege rommet, og slik nesten årvisst inntek same arenaen som celebritetane, vert ein gjerne diskret plassert ved eit av dei meir «anonyme» borda. Men trass i ei heller beskjeden bordplassering følgjer det like fullt ein potensiell tilleggsgevinst med invitasjonen, ved at ein vert attkjent og anerkjent som grå eminense, både av «insiders» og av dei som vert tilskriven celebritetsstatus.

Endeleg vil ein kjerne av desse elitane, om vi følgjer Mills, gjerne frekventere dei same «higher circles» – sosiale sirklar som ofte er kjenneteikna av endogami, og med det også av reproduksjon av sosial ulikskap. For sjølv om den sosiale mobiliteten inn i desse sirklane er reell, er forekomsten av ein kjerne «arvtakarar», med høge volum av arva sosial, kulturell og økonomisk kapital, det same.

Kort oppsummert: med ei slik gjesteliste og ein slik logikk vert «middagsrommet» ein arena for potensiell akkumulering, konsentrasjon, reproduksjon, anerkjenning og konsekrasjon av ulike former for kapital. Også av den grunn er årsmiddagen eit godt case ikkje berre for å kunne analysere konverteringa av ulike former for kapital til symbolsk kapital (Bourdieu 1997), men også for å analysere fleirdimensjonaliteten til den symbolske kapitalen. For å avdekke strukturane i rommet av kapitaltypar, har vi nytta ein spesifikk multippel korrespondanseanalyse, heretter MCA (sjå Hjellbrekke & Korsnes 2005; Le Roux & Rouanet 2010).

Rommet av kapitaltypar

Å identifisere ein gjest sin posisjon i årsmiddagen sine kapitalstrukturar krev at ein først konstruerer eit rom av kapitaltypar. Gjesten sin posisjon i dette rommet vert fastlagd av vedkomande sine verdiar på tvers av eit sett kapitalindikatorar. Som oftast søkjer ein å inkludere indikatorar på fleire typar kapital, til dømes økonomisk kapital, kulturell kapital, sosial kapital og arva kapital.

Tabell 1 syner kva aktive variablar og kapitaltypar som inngår i våre analysar:

Tabell 1

Aktive variablar (Q) og antal kategoriar (K), organisert i fem grupper. Q=32, K=93

Felt-ansiennitet: Q=3, K=13
Antal år på middagen – 6 kategoriar
Alder – 5 kategoriar
Hvem er hvem? – Ja/Nei
Økonomisk kapital: Q=4, K=16
Inntekt – 4 kategoriar (––, –, +, ++)
Formue – 5 kategoriar (––, –, +/–, +, ++)
Betalt skatt – 5 kategoriar (––, –, +/–, +, ++)
Hegnars 500-liste – Ja/Nei
Kulturell/utdanningskapital:
Q=15, K 30. Ja/Nei

Lågare grad
Høgare grad
CandRealDrSci
SivØk
MBA
Dr.Oecon
Cand Oecon.
Cand. Jur.
BI
UiO
NHH
INSEAD/Lausanne
Ivy League
Europa – anna institusjon
USA – anna institusjon
Sosial kapital: Q=6, K=18

Offentleg styre – Ja/Nei
Styre, Helseforetak – Ja/Nei
Styre, Ideell organisasjon – Ja/Nei
Styre, Forskingsinstitusjon/UnivHøgskule – Ja/Nei
Privat styre – antal: 5 kategoriar
Styrescore: 5 kategoriar (++, +, +/–, –, ––)

Arva kapital: Q=4, K=16

Fars yrke – 7 kategoriar
Mors yrke – 4 kategoriar
Fars utdanning – 3 kategoriar
Fars utdanning, Øk/SivØk – Ja/Nei

Som indikatorar på økonomisk kapitalvolum har vi inkludert variablar om inntekt, formue, betalt skatt, og om ein er eller ikkje er på Hegnar si liste over dei 500 rikaste i landet.

Utdanningsvariablane tolkar vi som indikatorar på institusjonalisert kulturell kapital eller utdanningskapital (Bourdieu 1986).

Indikatorane på sosial kapital er valt med utgangspunkt i den nettverksorienterte tilnærminga til sosial kapital som ein finn i arbeida til bl.a. Lin (2001), (Burt 2005) og dels også Bourdieu (1980) (sjå elles Denord, Hjellbrekke, Korsnes, Lebaron & Le Roux 2011). Variablane omhandlar ulike styreverv og også kor sentrale desse verva er, slik dette kan målast ved Purehelp.no sin styrescore.

Foreldre sine yrke og utdanningar vert tolka som indikatorar på gjestane sine arva kapitalvolum, då desse indirekte seier noko om kapitalvolumet i oppvekstfamilien.

Endeleg har vi inkludert ei variabelblokk vi kallar feltansiennitet for å måle graden av stabilitet og endring i denne eliten: kor mange gonger ein har vore invitert på middagen i perioden 2009–2014, gjesten sin alder (eller fartstid), og om gjesten er så synleg i det offentlege rommet at vedkomande er inkludert i «Hvem er hvem?»

Variabelen om bordplassering er projisert inn i dette rommet som ein supplementær variabel; dei supplementære kategoriane vert lokaliserte i rommet ut ifrå dei samanhengane dei utviser med dei aktive variablane (sjå Hjellbrekke 1999).

Geometrisk dataanalyse. Statistiske grunnprinsipp og dataanalytisk filosofi

MCA er ein av fleire geometriske analyseteknikkar. Kort sagt søkjer den å summere opp den vesentlege informasjonen i ein tabell eller matrise på ein enklare måte enn det ein kan lese direkte ut av tabellen/matrisen og gje eit geometrisk uttrykk for denne informasjonen, for med det å forenkle tolkinga av dei sentrale opposisjonane i den analyserte datamengda. Ut frå denne målsetjinga avdekkjer MCA underliggande strukturar eller aksar gjennom å maksimere opposisjonen mellom variabelkategoriar. I motsetnad til i andre dimensjonsanalytiske teknikkar, til dømes prinsipal komponentanalyse (PCA) eller klassisk faktoranalyse, er det ikkje ein føresetnad at variablane skal vere metriske, multivariat normalfordelte, og at samanhengane skal vere lineære. Teknikken eignar seg derfor særleg godt for å analysere ikkje-lineære samanhengar mellom kategoriske variablar.

Kvar akse eller dimensjon er eit uttrykk for ein samanheng mellom rekkjer og kolonnar i ein større tabell eller matrise. Kor eintydig aksane let seg tolke, er avhengig av samanhengane i datamaterialet. Resultata kan framstillast geometrisk som to punktskyer: ein kategorisky og ein individsky. Dersom to individ står nær kvarandre i rommet, vil dei også utvise klare likskapstrekk i sine kapitalprofilar; svara eller verdiane deira på tvers av dei aktive variablane vil ha klare likskapstrekk. Motsett vil to individ som står langt frå kvarandre i det same rommet ha ulike svarprofilar. Kort sagt: jo likare, desto nærare – jo meir ulike, desto fjernare.5

Kor mange dimensjonar ein bør tolke, er avhengig av kor sterke hovudopposisjonane i rommet og med det også samanhengen mellom variablane er. Er samanhengane sterke, summerer dei første aksane opp relativt mykje av variansen i materialet. Dersom dei er svake, summerer dei første aksane opp mindre av spreiinga i materialet. Som i normert PCA, vil dei første aksane sine eigenverdiar då vere nær den gjennomsnittlege eigenverdien (sjå elles Durand 1998; Le Roux & Rouanet 2004). I tolkinga treng ein også informasjon om bidraga frå dei aktive variablane og kategoriane til dei aksane ein har valt å tolke. Kategoriar med høge bidrag til aksane må vektleggast sterkare enn kategoriar med låge bidrag. Bidraga summerer seg til 1.0 for kvar akse, og bidrag > gjennomsnittsbidraget må vektleggast i tolkinga av den gjevne aksen. Dette kan gjerast både for aktive variablar og for aktive kategoriar.

I analysar av binære indikatormatrisar er det vanleg å rekne ut Benzecris modifiserte eigenverdi (sjå Le Roux & Rouanet 2004:200–201), då denne gjev eit meir korrekt bilete av den relative betydningen ein gjeven akse har i analysen. Prosentane forklart varians for dei modifiserte eigenverdiane summerer seg til 100 for alle aksar med opprinneleg eigenverdi >1/Q, dvs. >den gjennomsnittlege eigenverdien i analysen. (Sjå Hjellbrekke & Korsnes 2005 i dette tidsskriftet for ei meir omfattande innføring i MCA.)

Den dataanalytiske filosofien i MCA er ein noko annan enn den ein finn i den regresjonsbaserte tradisjonen Abbott (2004) omtaler som «Standard Causal Analysis» (SCA). Der ein i SCA søkjer å isolere effektane som kvar av dei «uavhengige» variablane er antekne å ha på den «avhengige» variabelen, vil ein i geometrisk dataanalyse, eller GDA, i staden fokusere på relasjonar mellom variablar og mellom kategoriar. Og i motsetnad i til dømes loglineær modellering (sjå von Eye & Mun 2013), der ein analyserer samanhengar mellom eit avgrensa tal kategoriske variablar på grunnlag av fordelingane i ein bi- eller multivariat krysstabell, vil ein i MCA også vektlegge å analysere og visualisere individ og grupper sin konsentrasjon og spreiing rundt gjennomsnitta. Dette gjer ein mellom anna ved å studere korleis kategoriane og individa fordeler seg i dei faktorplana ein får når ein kryssar to aksar mot kvarandre, til dømes akse 1 og 2, 1 og 3 eller 2 og 3. Slik sett står ein i GDA nærare prinsippa i O. D. Duncan si galtonianske tilnærming til statistikk som ein vitskap om variasjon – variasjon mellom gjennomsnitt og variasjon rundt gjennomsnitt – enn til den gaussianske, frekventistiske tradisjonen (Xie 2007).

Det har vore vanleg å omtale MCA som ein «eksplorerande teknikk», men som Le Roux & Rouanet (2004) påpeikar, er det å omtale statistiske analyseteknikkar som eksplorerande, kausale eller stadfestande («confirmatory»), misvisande. At ein i SCA-tradisjonen implisitt eller eksplisitt ofte har fortolka regresjonskoeffisientar kausalt, har lenge også vorte sterkt kritisert av fleire leiande statistikarar (sjå t.d. Holland 1986; Freedman 1991, 2005). For medan regresjonskoeffisientar er deskriptive mål på samanhengar mellom eit avgrensa sett variablar i eit lukka system, er ulike mål og koeffisientar i MCA informasjonsberarar og deskriptive uttrykk for kvaliteten til ulike sider ved den geometriske løysinga ein har kome fram til. Som i ein kvar kvantitativ analyse må forklaringane søkjast utanfor den statistiske modellen. I modelleringa av statistiske samanhengar står ein ofte andsynes eit dilemma. Samstundes som det er eit ideal at modellar skal vere så enkle som mogleg, bør analysen også vere mest mogleg uttømmande for det området den omhandlar. Desse to grunnprinsippa let seg ikkje alltid sameine, og i GDA har det siste gjerne forrang over det første. I analysen som følgjer har vi derfor inkludert 32 variablar i det aktive settet. Dette gjev oss ein gjennomsnittleg eigenverdi på 0.03125 (dvs. 1/32).

Resultat

Analysen gjev i første omgang fem aksar å tolke. Etter at dei modifiserte eigenverdiane er rekna ut, fangar desse opp 78,5 % av variansen – som i GDA også vert kalla inertia – i skya:

Tabell 2

Eigenverdiar, Benzécris modifiserte eigenverdi og modifiserte prosentar

AkseEigenverdiProsentBenzécris modifiserte eigenverdiModifisert prosentKumulativ -modifisert prosent
Akse 10.1538.00.016847.847.8
Akse 20.0914.70.004312.159.9
Akse 30.0784.10.00277.767.6
Akse 40.0713.70.00195.673.2
Akse 50.0693.60.00185.378.5

Som det går fram av tabell 2, er akse 1 heilt klart den sterkaste av aksane i datamaterialet, med 47,5 prosent av den modifiserte inertiaen. For akse 2 og akse 3 fell denne verdien sterkt, til 12,1 prosent og 7,7 prosent Ved nærare inspeksjon viser det seg at akse 4 og akse 5 dannar eit eige, sekundært faktorplan, og dei er også klare andreordensaksar; nokre få kategoriar har svært høge bidrag til desse aksane. Derfor utelet vi dei frå ei meir detaljert tolking. Dei første tre aksane summerer opp 67,6 prosent av den modifiserte inertiaen.

Med 32 variablar vert terskelverdien for variablar 3,1 % (>1/32) og 1,1 prosent for kategoriar (>1/93). Tabell 3 viser dei ulike variabelgruppene sine bidrag til dei første fire aksane:

Tabell 3

Bidrag frå variabelblokker til aksane 1–4

Bidrag til total variansBidrag til akse 1Bidrag til akse 2Bidrag til akse 3Bidrag til akse 4
Senioritet/feltansiennitet16.31.88.09.611.8
Akademisk kapital24.618.812.720.419.7
Økonomisk kapital19.744.943.628.822.5
Arva kapital19.67.424.225.135.6
Sosial kapital19.827.111.516.110.4
Total100100100100100

Frå tabell 3 ser ein at bidraget til den samla variansen frå dei fem variabelblokkene er godt balansert. I utgangspunktet er det ikkje gjeve forrang til ein bestemt kapitaltype i konstruksjonen av dette rommet. Like fullt framstår både akse 1 og akse 2 primært som økonomiske kapitalaksar. Bidraget frå denne variabelblokka er >40 prosent til både akse 1 og akse 2, det vil seie meir enn det dobbelte av blokka sitt bidrag til den samla variansen.

Men der akse 1 også mottek høge bidrag frå variablane om sosial kapital, mottek akse 2 høge bidrag frå variablane som indikerer sosial reproduksjon. Trass fellestrekka er det derfor grunn til å anta at aksane ikkje skildrar dei eksakt same opposisjonane. Der akse 1 skildrar ein opposisjon i høve til personleg sosial kapital, vil akse 2 kunne skildre ein opposisjon i høve til arv.

Akse 3 framstår som den best balanserte av dei fire første aksane, ettersom ingen blokker er sterkt dominerande. Dette kan indikere at aksen skildrar ein meir generell kapitalopposisjon.

Akse 4 er tydeleg dominert av bidraga frå den arva kapitalen, men med høge bidrag frå nokre få kategoriar, er aksen er ein andreordensakse som skildrar nokre få særtrekk i materialet.

For å få eit meir presist inntrykk av kva opposisjonar dei ulike aksane skildrar, må bidraga frå dei einskilde kategoriane studerast nærare. For å lette tolkinga av kva aksen gjev uttrykk for, er det vanleg å vise dette i eit faktorplan. Figur 2 viser alle kategoriar med bidrag over terskelverdien på 1,1 % til akse 1 i faktorplan 1–2:

Figur 2

Kategoriar med bidrag >1/93 til akse 1. Storleiken på symbola er proporsjonal med storleiken på bidraga

Som ein kan sjå av figuren, står høge volum av økonomisk kapital i opposisjon til låge volum økonomisk kapital. Akse 1 er derfor først og fremst ein økonomisk kapitalakse som skildrar det økonomiske kapitalhierarkiet på årsmiddagen. Kategoriar som indikerer låge volum økonomisk kapital er systematisk plasserte til venstre i kartet, og kategoriar som indikerer høge volum til høgre, der ein også finn indikatorane på høge volum arva økonomisk kapital («Far adm. dir.» og «Far ØkIng»).

Men dette er berre ein del av historia, for aksen skildrar også ein tydeleg opposisjon mellom gjestar med utdanningane sine frå Universitetet i Oslo, og då gjerne cand.oecon-utdanningar, og dei av gjestane som har siv.ing.-, siviløkonom- og/eller MBA-utdanningar, og utdanningar frå utlandet, til dømes frå Handelshøgskulen i Lausanne eller INSEAD i Paris. Ved årsmiddagen står sosialøkonomar frå UiO, dvs. i Frisch-Haavelmo-skulen, slik i strukturell kontrast til siviløkonomar med kortare utdanningar frå utanlandske utdanningsinstitusjonar. Akse 1 skildrar derfor også ein opposisjon mellom plattformar for utøving av akademisk og/eller profesjonsmakt og plattformar for utøving av økonomisk makt. Sjølv om hovudopposisjonen omhandlar ulikskap med omsyn til økonomisk kapital, det vil seie den mest dominerande kapitaltypen i dette spesielle delfeltet av maktfeltet, kan den også tolkast som ein feltspesifikk struktur-akse, der akademisk kapital står i opposisjon til økonomisk kapital. I tillegg skil aksen mellom posisjonar i privat og i offentleg sektor.

Figur 3 viser kategoriane med høgast bidrag til akse 2, i faktorplan 1-2:

Figur 3

Kategoriar med høgast bidrag til akse 2. Storleiken på symbola er proporsjonal med storleiken på bidraga

Akse 2 kan i første omgang verke mindre eintydig. Fleire av kategoriane med høge bidrag til akse 1 har også høge bidrag til akse 2, og då særleg ekstremverdiane for økonomiske kapitalindikatorar. Ved nærare ettersyn skildrar aksen også ein opposisjon i høve til det å vere synleg eller lite synleg i det offentlege rommet, saman med ein opposisjon mellom høge og låge volum arva kapital. Kategoriar som indikerer open tilgjengeleg informasjon om gjesten er plasserte i dei to øvre kvadrantane,6 medan kategoriar typiske for dei «grå eminensane» er plasserte i dei nedre kvadrantane. Sjølv om ein kanskje kan hevda at aksen slik sett, om enn indirekte, stadfestar relevansen av reputasjonsmetoden i elitestudiar, vil den dels, men berre dels, også vere ein artefakt av datainnsamlingsmetoden vi har måtte nytte. Ved å inspisere individskyen (sjå figur A, appendiks 1) finn ein også ein tendens til ein Guttman- eller hesteskoeffekt, dvs. eit innslag av kurvilinearitet. Kategoriar som indikerer midlare volum av økonomisk kapital, står i opposisjon til ekstremkategoriane. Sjølv om dette er eit resultat i seg sjølv og indikerer at akse 1 og 2 samla skildrar eit hierarki frå høge til låge kapitalvolum, har vi valt å utelate akse 2 i den etterfølgjande tolkinga. Akse 1 lukkast godt i å skildre det hierarkiet faktorplan 1–2 gjev uttrykk for.

Kategoriane med dei høgaste bidraga til akse 3 er viste i figur 4, som viser faktorplan 1–3:

Figur 4

Kategoriar med høgaste bidrag til akse 3. Storleiken på symbola er proporsjonal med storleiken på bidraga

Akse 3 framstår primært som ein mobilitets- og senioritetsakse. Høge volum arva kulturell kapital vert kontrasterte til låge volum arva kulturell kapital, og «folkelege» sosiale bakgrunnar (nedre kvadrantar) til sosiale bakgrunnar som indikerer ein oppvekst i ein «møblert heim» (øvre kvadrant). Aksen skildrar slik ein opposisjon mellom «nykomarar» og «arvtakarar». I det norske maktfeltet er dette ein generell strukturell opposisjon som har kome til syne i delfelt etter delfelt, og som såleis utgjer ein strukturell homologi (Hjellbrekke & Korsnes 2014). Denne homologien gjer seg altså også gjeldande i dette «årsmiddagsrommet». Så langt har analysen avdekka to hovudopposisjonar: ein økonomisk kapitaldimensjon, skildra av faktorplan 1–2, som samstundes kan tolkast som ein feltstruktur-akse, der høge volum akademisk kapital står i opposisjon til høge volum økonomisk kapital, og ein mobilitets- og senioritetsakse, der «nykomarar» står i opposisjon til «arvtakarar». Særleg den siste aksen indikerer at det rår ein homologi mellom «årsmiddagsrommet» og det større maktfeltet. Men i kva grad maktar desse dimensjonane også skildre eit bordhierarki? Er bordhierarkiet også eit fleirdimensjonalt kapitalhierarki?

Eit fleirdimensjonalt bordhierarki?

Som framheva ovanfor, kan det å bli invitert til Noregs Banks årsmiddag oppfattast som ein generell konsekrasjon. To bord, bord 3 og 4, er dei mest prestisjefylte, og er reserverte for dei mest prominente og mektige gjestane. I pressa si dekning av middagen er det også desse to borda som får mest merksemd. Sit ein til bords ved eit av desse, er ein etter alt sannsyn å finne i eller på toppen av maktpyramiden, og får sitje med statsministeren, sentralbanksjefen eller finansministeren. For akkurat desse borda framstår den hierarkiske posisjonen som svært klar. Posisjonen ein gjest innehar vil langt på veg avgjere om ein har utsikter til å stige til topps på akkurat denne himmelkvelven. For å seie det med tidlegare statsråd Gudmund Hernes:

Ved alle hoff er bordplass det ytre tegn på den dype maktstruktur. Årsmiddagen forteller det meste om hvem som har makt i Norge: hvem som er inne og hvem som er ute. […] Det gildeste er å sitte med statsminister og sentralbanksjef, dernest med finansministeren. […] I 2014 nådde styrelederen i Telenor, Svein Aaser, ikke dit – han ble satt sammen med kulturminister Thorild Widvey. I fjor ble han så opphøyet til finansminister Siv Jensens bord (Hernes 2015:64).

Skal vi tru Hernes, kan ein person si bane på makthimmelkvelven altså skildrast ut ifrå endringar i bordplasseringa. Men let forskjellane mellom dei øvrige borda seg skildre som uttrykk for tydelege kapitalhierarki, eller er gjestane plasserte meir eller mindre tilfeldig? Dersom eit tydeleg kapitalhierarki let seg avdekke, kan kvar ein sit, og med kven, oppfattast som ein spesifikk konsekrasjon, og som ein indikasjon på at parallelle konsekrasjonsprosessar er verksame i og mellom ulike undergrupperingar. Gjennom det å bli invitert får ein «rub shoulders» med medlemene i makteliten; ei generell form for konsekrasjon. Men gjennom bordplasseringa vert ein plassert med «sine eigne»; ein spesifikk konsekrasjon som finn stad i dei delane av «the higher circles» som den inviterte vert oppfatta å høyre til i. Og dersom dette er tilfellet, skal den strukturelle homologien vi har avdekka ovanfor også komme til syne i form av eit fleirdimensjonalt bordhierarki.

Den reint fysiske bordplasseringa i Speilsalen på Grand Hotel, Oslo, der middagen vert halden, seier i utgangspunktet lite om dei sosiale hierarkia som måtte råde mellom borda. Sidan 2013, då bord 19 vart fjerna, har borda vore organiserte slik:

Figur 5

Fysisk bordplassering sidan 2013, Speilsalen, Grand Hotel, Oslo

Av figur 5 ser vi at den fysiske distansen frå t.d. bord 7 og 25 til dei fremste maktborda, bord 3 og 4, er lang, og omtrent den same. Bord nr. 2, 5, 20 og 21 er derimot alle plasserte nær maktsentrumet.

Når ein vurderer styrken på samanhengen mellom aktive og supplementære variablar, bør avstandar >0.5, (dvs. 0.5 standardavvik mellom to eller fleire supplementære kategoriar sine plasseringar i individskyen),7 vektleggast i tolkinga. Avstandar >1.0 må omtalast som betydelege (sjå Le Roux & Rouanet 2010:599. Projiserer ein variabelen om bordplassering inn som ein supplementær variabel i dei kapitalstrukturane vi har avdekka ovanfor, kjem eit klart hierarki til syne. For som vi ser av figur 6, er avstanden mellom mange av borda >1.0 langs akse 1. Samanhengen mellom kvar ein sit til bords og kva posisjon ein har på dei aksane vi har avdekka, er til dels altså tydeleg:

Figur 6

Borda sine posisjonar i faktorplan 1–2

Akse 1 framstår for det første som ein generell maktakse. Borda 1–5 er alle plasserte til høgre på aksen. Sit ein først ved desse borda, er sannsynet større for at ein høyrer til dei økonomisk kapitalsterke snarare enn dei økonomisk kapitalsvake gjestane. At bord 21 inntek ein posisjon så langt til høgre på aksen, vitnar om at det økonomiske kapitalhierarkiet blant gjestane vert avspegla gjennom plasseringa ein er tildelt i Speilsalen.

For 16–20 og 24–25 stiller det seg motsett. Ved desse borda er sannsynet høgare for at den akademiske kapitalen dominerer over den økonomiske kapitalen. Av figur 6 ser vi også at borda langs to av veggane i Speilsalen, veggen til høgre for og veggen nærast inngangen, også er lokaliserte i tilbørleg kapitalstrukturell avstand til maktborda.

Langs akse 2 finn vi ein tydeleg opposisjon mellom bord 8, 14–15 og 22 (alle med negative faktorkoordinatar) og bord nr. 1, 10 og nok ein gong 21. Som vi allereie har framheva, er ikkje akse 2 den sosiologisk mest interessante, men faktorplan 1–2 maktar likevel å skildre opposisjonen mellom akademisk og økonomisk kapital på ein tydeleg måte.

Går vi vidare til akse 3, mobilitets- og senioritetsaksen, får også den fram nokre klare forskjellar mellom borda.

Figur 7

Borda sine posisjonar i faktorplan 1–3

Til venstre i kartet, ved det akse 1 skil ut som den akademiske kapitalpolen, finn vi ein avstand >.80 mellom bord 20 og 24 langs akse 3. Til høgre, der volumet akkumulert økonomisk kapital er på det høgaste, er avstanden mellom borda 1 og 15 på den eine sida og bord 21 på andre sida >1.0. Men aksen skildrar også eit internt økonomisk kapitalhierarki – rangert frå bord 15 til 14 til 21. Sett på spissen, skil aksen slik mellom «gamle» og «nye» pengar: jo eldre pengane er, desto større er sjansen for ein i 2012 vert plassert på bord 21, rett ved bord 3. Motsett vil ein med «nye pengar» ha større sannsyn for å hamne på bord 15; reint fysisk ikkje så langt unna dei to fremste maktborda. Men i Speilsalen sit ein likevel litt i skuggen, delvis skjult bak ei av fire søyler.

Vi finn altså ein samanheng mellom bordhierarkiet og kapitalstrukturane i konsekrasjonsrommet. Men i kva grad kan desse resultata også tolkast som støtte for ein homologi-tese; at strukturane og opposisjonane i maktfeltet også «set seg gjennom» i dette delfeltet for gjenkjenning, godtaking og konsekrasjon?

I figur 8 er variabelen om sektor og posisjon projisert inn i den same romkonstruksjonen som ovanfor. Likskapen med resultata i figur 1 må seiast å vere påfallande. Nok ein gong kjem ein tripolar struktur til syne:

Figur 8

Sektor og posisjonstilknytning, faktorplan 1–3

Langs akse 1 står næringslivs- og økonomiposisjonane i opposisjon til alle dei andre posisjonane. Plattformar for utøvinga av økonomisk makt vert slik ikkje berre systematisk kontrasterte til andre plattformar for maktutøving. På årsmiddagen vert dei gjennomgåande også plasserte ved ulike bord.

Men som i det større maktfeltet finn vi også her ein intern opposisjon mellom næringslivsposisjonane. Avstanden mellom bedriftsleiarar i privat og i offentleg sektor er langs akse 1 >.5, og må derfor vektleggast. Aksen skildrar derfor også ein opposisjon mellom posisjonar i offentleg og i privat sektor. Denne forskjellen, som også har kome til syne i Hjellbrekke & Korsnes (2005) og i arbeida til Bourdieu og de Saint Martin (1978), har i ein norsk samanheng ofte vorte knytt til relasjonar bedriftsleiarar i offentleg sektor har til det politiske systemet og til deira høgare utdanningsnivå og -type. Medan private bedriftsleiarar oftare vil ha arva sine posisjonar, eller eventuelt vere «selfmade men», har bedriftsleiarstillingane i offentleg kontrollerte selskap i større grad vore avhengig av utdanningsnivå, -type og karrierevegar. Og uansett har det å ha ein grad frå NHH, og gjerne som del av 1983-kullet, vist seg å vere lett konvertibel kapital, og då særleg for dette kullet sine menn.8 I 2012 hadde minst tre av dei funne vegen til årsmiddagen: Helge Lund, Yngve Slyngstad og Svein Støle. Dei to første leia offentleg eigde eller kontrollerte selskap eller institusjonar, medan Støle var (og er) eigar av Pareto Securities.

Langs den vertikale aksen, akse 3, finn vi ein i norsk samanheng velkjend opposisjon mellom akademisk og politisk kapital. Nok ein gong ser vi at «politikk som kall» står i opposisjon til «vitskap som kall» (Weber 1922), og den makta over økonomien som er tufta på politisk kapital, står i kontrast til den makta som er tufta på akademisk kapital. Dei strukturane vi tidlegare har avdekka i maktfeltet (Hjellbrekke og Korsnes, ibid.), finn ein derfor også att i årsmiddagsrommet.

Ut ifrå desse resultata er det nærliggande å omtale strukturane i årsmiddagsrommet som ei spegling av strukturane i det meir generelle maktfeltet; som eit mikrokosmos vevd inn i eit større makrokosmos. Sjølv om det ikkje er, og ikkje kan forventast å vere ein eksakt strukturell replikasjon frå det eine til det andre rommet, støttar resultata like fullt opp under homologi-tesen. I den grad våre data tillèt ei samanlikning over tid, verkar den strukturelle stabiliteten også å vere meir openberr enn den strukturelle endringa.

Spørsmålet er så: kor godt skildrar det rommet vi har funne dei ulike grupperingane av middagsgjester? Kva spesifikke delgrupperingar let seg avdekke i årsmiddagsrommet, utan at desse er definerte a priori? Kor mange undergrupper finn vi, kva er kapitalprofilane deira og kor store er dei? Og på kva måtar modifiserer mønsteret i desse gruppene eventuelt dei resultata vi har funne ovanfor?

Middagsklynger

For å identifisere undergrupper i dette eliterommet, har vi nytta ein hierarkisk klyngeanalyse etter Wards metode (Romesburg 2004). Kvar dimensjon i det fulldimensjonale rommet er lagra som ein variabel, og til grunn for klyngene ligg individa sine faktorkoordinatar på alle dei 69 aksane frå den multiple korrespondanseanalysen. Tolkinga av resultata er tufta på prinsippa vi har formulert i Denord et al. (2011): kategoriar med ein over- eller underrepresentasjon på 5 prosentpoeng i klynga, samanlikna med det ein finn i det samla utvalet og som får p-verdiar <.05, skal vektleggast. For kategoriar med relative frekvensar <5 prosent må førekomsten i klynga vere meir enn det doble av det i utvalet og p-verdien <.05. Klyngetypiske individ let seg også identifisere ut frå avstanden dei står i til den gjevne klynga sin posisjon i det fleirdimensjonale rommet. Jo nærare klynga eit individ er plassert, desto betre representant er også dette individet for det klynga uttrykkjer.

Vi har valt ei 7-klyngeløysing som den som best skildrar både homogenitet og heterogenitet i dette utvalet. Internt skal klyngene vere så homogene som mogleg. Individ med relativt like faktorkoordinatar vert derfor grupperte saman. Mellom klyngene søkjer ein der-imot å maksimere forskjellane. Eller sagt med statistisk terminologi: ein søkjer å minimere intraklassevariansen og å maksimere interklassevariansen.

Klynge #1, med 10 prosent av dei inviterte (n=28), er ei klynge av private bedriftsleiarar med høge volum økonomisk kapital. Volumet sosial kapital, slik dette kan målast ved styreskåre, er også høgt. Siviløkonom-, siv.ing.- og MBA-utdanningar er også overrepresenterte. Vi kan i første omgang omtale denne gruppa som «the haves». Tre typiske representantar er dagleg leiar Morten P. Smørdal, konsernsjef Tommy Korneliussen og konsernsjef Martin Mæland.

Klynge #2, med 22 prosent av gjestane (n=59), er ei klynge av leiarar og direktørar, med mellomhøge volum økonomisk kapital, låge volum sosial kapital og liten grad av synlegheit i feltet. To av tre direktørar av offentleg kontrollerte selskap er også å finne i denne klynga, saman med sentrale aktørar i det velkjende trepartssamarbeidet. Klyngetypiske representantar er ansvarleg redaktør John Arne Markussen, adm. dir. Vibeke Hammer Madsen, adminstrerande direktør Pål Strand, LO-leiar Roar Flaathen og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas.

Klynge #3, som berre rommar 4 prosent av gjestelista (n=11), er ei klynge av arvtakarar. Personar med fedrar med høgare utdanningar, som er eller var bedriftsleiar, leiar i det offentlege og/eller har eller hadde ein grad i økonomi eller ingeniørutdanning, er alle overrepresenterte. Tre typiske representantar er dåverande statsråd Trond Giske, konsernsjef Geir Mork og ekspedisjonssjef Pål Longva.

Klynge #4, med 5 prosent av deltakarane (n=13), er ei klynge av politiske insiderar. Personar med mødrer i lågare funksjonæryrker og mellomlange utdanningar er overrepresenterte. Det same er personar som sjølv har lågare og mellomlange utdanningar, og personar med artikkel i «Hvem er hvem». Endeleg er det ein overrepresentasjon av personar med fedrar i manuelle yrke. Tre typiske representantar er dåverande statsråd Karl-Erik Schjøtt Pedersen, dåverande stortingsrepresentant Erna Solberg og stortingsrepresentant Trine Skei Grande.

Klynge #5, med 9 prosent av individa (n=26), skildrar ei undergruppe av «have nots». Individa i klynga har gjennomgåande låge volum av samtlege kapitaltypar og er lite synlege i det offentlege rommet, sjølv om personar med røynsle frå politikken er noko overrepresenterte. Tre typiske representantar er Stortingets første visepresident Øyvind Korsberg (FrP), komitésekretær i finanskomiteen Unni Feiring og administrasjonsmedarbeidar i Noregs Bank, Solveig H. Østbøll.

Klynge #6, med heile 42 prosent av gjestane (n=114), er den klart største klynga. Låge (relative) inntekts-, skatte- og formuesnivå, yrkesposisjonar i offentleg sektor og i Noregs Bank, utdanningar frå Universitetet i Oslo, professorar og politikarar er overrepresenterte. Gjeve det eliteutvalet middagsgjestane utgjer, kan vi omtale denne klynga som ei generell eliteklynge, eller som ei gruppering av «anonyme insiderar». Tre typiske representantar er direktør Mats Pedersen, direktør Amund Holmsen og assisterande direktør Henrik Berntsen.

Klynge #7, også med 9 prosent av dei inviterte (n=23), er ei klynge bedriftsleiarar med svært høge volum økonomisk kapital. Også dette er ei klynge av arvtakarar. Gjestar med fedrar som er/var bedriftsleiarar er overrepresenterte. Det same gjeld personar med utdanningar frå prestisjetunge utanlandske institusjonar som INSEAD eller handelshøgskulen i Lausanne, som er med på Hegnars 500-liste og som har dei høgaste voluma sosial kapital. Dersom medlemene i klynge #1 er «the haves», kan klynge #7 omtalast som «the have yachts». Nokre typiske representantar er Petter Stordalen,9 direktør Une Amundsen, colonialmajor Odd Reitan, direktør Svein Støle, adm. dir. i Simon Møkster Shipping, Anne Jorun Møkster, og skipsreiar Stig Remøy.

Projiserer vi desse klyngene inn i faktorplan 1–3, finn vi at overlappinga mellom dei største klyngene (n>20) gjennomgåande er liten. Faktorplanet, og med det den multiple korrespondanseanalysen, skil med andre ord godt mellom dei litt større undergruppene av middagsgjestar:

Figur 9

Middagsklynger i faktorplan 1–3

For det første finn vi ein tydeleg forskjell mellom klynge 2 og 7, leiarar og direktørar mot «the have yachts». Mellom desse finn vi klynge 1, «the haves». Akse 1 skildrar derfor eit bedriftsleiarhierarki som går mellom offentleg og privat sektor. Aksen kan derfor også tolkast som ein meir generell økonomisk makt-akse: den skil dei mektigaste bedriftsleiarane, arvtakarane og politikarane ut frå dei øvrige inviterte.

For det andre skildrar akse 3, mobilitetsaksen, ein intern opposisjon både i klynge 5, «the have nots», og i klynge 6, dei anonyme insiderane, som vi tidlegare har funne i andre undergrupper i maktfeltet og ovanfor omtalt som uttrykk for ein strukturell homologi.

For det tredje stadfestar klyngeanalysen den tripolare strukturen i dette rommet, der klynge 4 og 5, som begge har ein overrepresentasjon av politikarar, klynge 6, der professorane er overrepresenterte, og klynge 7, den økonomiske eliten, utgjer ytterpunkta. I sentrum finn vi klynge 1 og 2, to klynger som i større grad er direkte avhengige av staten og det politiske systemet, som utgjer «formidlande» klynger mellom ytterpunkta i rommet.

Endeleg, og samanlikna med strukturane i maktfeltet, er nokre former for kulturell kapital heilt klart overrepresenterte, og då særleg (og ikkje uventa) dei formene som er knytte til samfunns- og/eller siviløkonomutdanningar. Klyngeanalysen avdekker ein opposisjon mellom desse to, gjennom den avstanden vi finn mellom klynge 6 på den eine sida og klynge 1 og 7 på den andre. I tillegg finn vi ein forskjell mellom det å ha MBA og/eller siviløkonomutdanningar frå norske institusjonar (klynge 1) og frå utanlandske institusjonar (klynge 7).

Avslutning

Tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes (2015) har samanlikna det å ikkje lenger bli invitert til Noregs Banks årsmiddag med å bli styrta frå Den tarpeiske klippe. Dette er sjølvsagt ei spissformulering, men dersom ein først har vorte innlemma i det gode selskap, kan det opplevast som eit tap av makt, ære og prestisje å ikkje lenger stå på gjestelista. Samstundes synest dei som framleis får vere ein del av selskapet i høgste grad å vere medvitne om dei interne hierarkia på middagen. Skal vi tru medieoppslaga er faktisk «[b]ordplasseringen under Norges Banks årsmiddag […] så viktig at enkelte personer har ringt sentralbanken fordi de har sunket på rangstigen.»10

Den store merksemda som denne middagen har i det offentlege rommet, finn altså, og kanskje ikkje uventa, eit motstykke i gjestane si merksemd om eigen plassering i denne snevre eliten. Kven er ute og kven er inne? Kven sit kvar – og med kven? For skal ein vere mellom dei mektige, må ein helst også anerkjennast av dei mektige. Nettopp av den grunn tydar mykje på at Årsmiddagen utgjer ein heilt sentral konsekrasjonsarena i Noreg, der maktresiprositeten vert stadfesta.

Men analysane ovanfor har avdekka at hierarkiet som gjer seg gjeldande på middagen er fleirdimensjonalt. Kapital- og bordhierarkiet kan ikkje reduserast til ein dimensjon eller til ein kapitaltype aleine. Den symbolske kapitalen, i form av den prestisjen, reputasjonen og berømmelsen som er knytt til middagen, framstår følgjeleg også som fleirdimensjonal, der dei ulike kapitaltypane kan tilskrivast ulik verdi.

Den statistiske analysen har stadfesta at ein finn ein klar homologi mellom kapitalhierarkia på årsmiddagen, kapitalstrukturane i maktfeltet og rommet av feltposisjonar. Bordhierarkiet framstår som organisert etter mykje dei same prinsippa som dei ein finn i maktfeltet, og vert med det eit symbolsk uttrykk for den statusen ein gjeven gjest er tilskriven i det same maktfeltet. Slik kan årsmiddagen også verke til å legitimere strukturane i maktfeltet gjennom å bidra til å konsekrere og legitimere maktstatusen/-posisjonen til dette feltet sine «insiderar». Samstundes vil kva som gjev makt og anerkjenning kunne variere, alt etter delfelt og undergruppering, og på årsmiddagen i 2012 fann ein sju ulike undergrupper: «the haves», offentlege leiarar og bedriftsleiarar, arvtakarar, politiske insiderar, «have nots», anonyme insiderar og «the have yachts».

Endeleg er årsmiddagen eit viktig årvisst ritual for den norske makteliten. Og som framheva av Bourdieu, tener sosiale ritar til å «… consecrate or legitimate an arbitrary boundary, by fostering a misrecognition of the arbitrary nature of the limit and encouraging a recognition of it as legitimate ...» (Bourdieu [1982] 1991:118). Deira symbolske effektivitet som institueringsriter, eller «… the power they possess to act on reality by acting on its representation» (ibid.:119), vil vere avhengig av i kva grad dei kviler på, eller kan utnytte allereie eksisterande forskjellar. Som eit ritual kan årsmiddagen også seiast å gjere nettopp det, både i form av ei symbolsk anerkjenning av grensa mellom «insiders» og «outsiders», mellom «samfunnets støtter» og dei øvrige, og av den hierarkiske ordninga av dei ulike samfunnsstøttene. Årsmiddagen kan såleis bidra til å konsekrere og å legitimere desse personane sin status som «insiders» i det norske maktfeltet.

Men slik som det ofte er tilfellet, er «some animals […] more equal than others» (Orwell 1945) også på denne arenaen. Å bli flytta frå eitt av borda med låge nummer til eitt av borda med høge nummer, vil kunne oppfattast som eit uttrykk for at ein har hamna på feil side av ei grense, og at ein ikkje lenger høyrer til blant dei aller «fremste av likemenn». Eit slikt tap av status og rang kan også bli oppfatta som eit tap av offentleg prestisje. For som kjent: Grenser og grensedragningar kan kanskje vere tilfeldige – men dei er sjeldan eller aldri uskuldige.

Om artikkelen

Ideen om å analysere bordhierarkiet på Noregs Banks årsmiddag vart først unnfanga i samarbeid mellom Johs. Hjellbrekke og dåverande doktorgradsstipendiat Bård Liabø tilbake i 1996. Forfattarane vil takke Liabø, som ikkje er ansvarleg for dei analysane og tolkingane som følgjer, TfS-redaksjonen og TfS sine konsulentar for deira kommentarar og innvendingar, og ikkje minst Vegard Jarness for hans gode og viktige innspel.

Appendiks

Figur A

Individsky, faktorplan 1–2

Figur B

Individsky, faktorplan 1–3

Tabell A

Bidrag til akse 1. Kategoriar med bidrag >1/93. Prosent

Negative faktorkoordinatar, akse 1Positive faktorkoordinatar, akse 1
Formue ++
Hegnar 500 – Ja
Inntekt ++
Skatt ++
Styrescore ++
Privat styre ++
Far, direktør
Privat styre +
Skatt +
INSEAD – Lausanne
Styrescore +
Siv.Øk – Ja
UiO – Nei
Privat styre +/–
Siv.Ing._MsSci_Dr.Ing mv. Ja
9,5
6,5
6,4
5,9
5,7
4,8
3,9
3,6
3,4
3,1
3,0
1,4
1,4
1,3
1,1
Skatt –: 3.9
Privat styre ––: 3,9
Styrescore ––: 3.9
Inntekt –: 3.2
UiO – Ja: 2.2
Cand. Oecon – Ja: 1,5
Formue ––: 1,4
3,9
3,9
3,9
3,2
2,2
1,5
1,4
Sum61Sum20
Tabell B

Bidrag til akse 2. Kategoriar med bidrag >1/93. Prosent

Inntekt +
Skatt +/–
Formue +
Privat styre +/–
Fars yrke, ukjent
Formue ++
Alder ++
Siv.øk – Ja
NHH – Ja
Fars utdanning, ukjent
Mor yrke, ukjent
7,2
7,1
6,1
4,8
4,2
4,0
2,2
1,9
1,5
1,1
1,1
Hegnar – Ja
Privat styre ++
Far, Manuelt yrke
Lågare grads utdanning – ja
Far ingen høgare utd
Inntekt ––
Skatt ++
Mor Husmor
Skatt –
Far, Økonom/Ingeniør – Ja
Inntekt –
Far, Direktør
Far høgare utd – ja
Hvem er hvem – ja
Mor Lågare funksjonær
Alder –
Skatt –
4,8
4,3
4,2
4,0
3,8
3,5
3,3
3,0
2,5
2,3
2,2
2,0
1,9
1,4
1,4
1,3
1,2
Sum41,2Sum47,1
Tabell C

Bidrag til akse 3. Kategoriar med bidrag >1/93. Prosent

Far, høgare utdanning
Jus-utdanning, ja
Dr. Oecon – ja
Skatt –
Inntekt –
Far, Jurist
Alder +
Antal år – 6
UiO – ja
Formue +/–
Styrescore –
Far, ForskningUndervisning
Privat styre – Ja
Lågare grad, nei
Hvem er hvem – ja
4,2
2,7
2,4
2,4
2,2
1,7
1,7
1,6
1,5
1,5
1,4
1,4
1,3
1,3
1,3
Inntekt ––
Far, manuelt yrke
Skatt ––
Lågare grad, ja
Styrescore –
Mor, lågare funksjonær
Mor, Husmor
Alder –
Far, ingen høg utd.
Skatt +/–
Styre, helseforetak, ja
Privat styre +/–
BI – ja
Styre, forskningsinstitusjon – ja
Privat styre –
Styrescore +/– 1.3
Formue – 1.1
Offentleg styre – ja: 1.1
7,7
7,0
6,9
5,9
3,8
3,4
2,4
2,2
2,1
1,8
1,7
1,6
1,5
1,5
1,4
1,3
1,1
1,1
Sum28,5Sum54,4

Referanser

Abbott, A. (2004). Methods of Discovery. Heuristics for the Social Sciences. New York: W.W. Norton & Company.

Bachelard, G. (1927). La philosophie du non. Paris: Presses universitaires de France.

Bourdieu, P. (1980). Le capital social. Actes de la Recherche en Sciences Sociales, 31, 2–3.

Bourdieu, P. (1991). Language and Symbolic Power. Cambridge: Polity Press. (Original work published 1982)

Bourdieu, P. (1986). The Forms of Capital, i J. G. Richardson (red.), Handbook of Theory and Research for the Sociology of Education (s. 241–258). New York, Westport, London: Greenwood Press.

Bourdieu, P. (1996). The State Nobility. Cambridge: Polity Press.

Bourdieu, P. (1997). Médiations pascaliennes. Paris: Le Seuil.

Bourdieu, P. (1999). Une revolution conservatrice dans l’édition. Actes de la Recherche en Sciences Sociales, 126-127(1), 3–28. 10.3406/arss.1999.3278

Bourdieu, P. (2015). Sociologie générale. Volume 1. Cours au Collège de France 1981–1983. Paris: Raisons d’agir/Seuil.

Bourdieu, P., & de Saint-Martin, M. (1978). Le patronat. Actes de la Recherche en Sciences Sociales, 20/21(1), 3–83. 10.3406/arss.1978.2592

Bürklin, W. & Rebenstorf, H. (red.) 1997. Eliten in Deutschland. Opladen: Leske Budrich.

Burt, R. S. (2005). Brokerage and Closure. An Introduction to Social Capital. Oxford: Oxford University Press.

Bøhn, H. (2012). Norges Bank 1990–2010. Governance and Structural Reforms. Working Paper no. 16 2012. Norges Bank’s bicentenary project. Oslo: Norges Bank.

Christiansen, P. M., Møller, B., & Togeby, L. (2001). Den danske elite. København: Hans Reitzels Forlag.

Cukierman, A. (1992). Central Bank Strategy, Credibility and Independence. Cambridge, Mass.: MIT Press.

Durand, J.-L. (1998). Taux de dispersion des valeurs propres en ACP, AC et ACM. Mathematiques et Sciences Humaines, 144, 15–28. 10.4000/msh.2783

Eye, A. von & Mun Eun-Young (2013). Log-Linear Modelling. Concepts, Interpretation and Application. Hoboken, N.J.: John Wiley & Sons.

Denord, F., Hjellbrekke, J., Korsnes, O., Lebaron, F., & Le Roux, B. (2011). Social capital in the field of power: The case of Norway. The Sociological Review, 59(1), 86–108. 10.1111/j.1467-954x.2010.01994.x

Freedman, D. A. (1991). Statistical models and shoe leather. Sociological Methodology, 21, 291–313. 10.2307/270939

Freedman, D. (2005). Statistical Models and Causal Inference. A Dialogue with the Social Sciences. Cambridge: Cambridge University Press.

Genieys, W. (2011). Sociologie politique des élites. Paris: Armand Colin. 10.3917/arco.genie.2011.01

Gulbrandsen, T., Engelstad, F., Klausen, T. B., Skjeie, H., Teigen, M., & Østerud, Ø. (2002). Norske makteliter. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Hartmann, M. (2007). The Sociology of Elites. London: Routledge.

Heinich, N. (2012). De la visibilité. Excellence et singularité en régime médiatique. Paris: Gallimard.

Hernes, G. (red.) (1978). Forhandlingsøkonomi og blandingsadminstrasjon. Bergen: Universitetsforlaget.

Hernes, G. (2015, 18.–23. desember). Telenors vekst og fall er velegnet som tema for en såpeopera. Morgenbladet.

Hjellbrekke, J. (1999). Innføring i korrespondanseanalyse. Bergen: Fagbokforlaget.

Hjellbrekke, J., & Korsnes, O. (2005). Sosial kapital-strukturar i norske elitar. Tidsskrift for Samfunnsforskning, 4(46), 467–502.

Hjellbrekke, J., Le Roux, B., Korsnes, O., Lebaron, F., Rosenlund, L., & Rouanet, H. (2007). The Norwegian field of power anno 2000. European Societies, 2(9), 245–273. 10.1080/14616690601002749

Hjellbrekke, J. & Korsnes, O. (2014). Geometrien i det sosiale rommet. I O. Korsnes, M. Hansen & J. Hjellbrekke (red.), Elite og klasse i et egalitært samfunn (s. 77–92). Oslo: Universitetsforlaget.

Holland, P. W. (1986). Statistics and causal inference. Journal of the American Statistical Association, 81(396), 945–960. 10.1080/01621459.1986.10478354

Le Roux, B., & Rouanet, H. (2004). Geometric Data Analysis. From Correspondence Analysis to Structured Data Analysis. Dordrecht: Kluwer.

Le Roux, B. & Rouanet, H. (2010). Multiple Correspondence Analysis. Vol. 163 in series Quantitative Applications in the Social Sciences. Thousand Oaks: Sage Publications. 10.4135/9781412993906

Lin, N. (2001). Social Capital. A Theory of Social Structure and Action. Cambridge: Cambridge University Press. 10.1017/CBO9780511815447

Mills, C. W. (1956). The Power Elite. Oxford: Oxford University Press.

Orwell, G. (1945). Animal Farm. A Fairy Story. London: Penguin Books.

Pareto, V. (2003). The Rise and Fall of Elites. New Brunswick: Transaction Publishers. (Original work published 1901)

Putnam, R. D. (1976). The Comparative Study of Political Elites. Englewood Cliffs, N.J.: Prentice-Hall.

Romesburg, H. C. (2004). Cluster Analysis for Researchers. North Carolina: LULU Press.

Russell, J., & Cohn, R. (2012). Prosopography. Edinburgh: Bookvika Publishing.

SOU 1990:44 Demokrati och makt i Sverige. Maktutredningens Huvudrapport. Stockholm: Liber.

Venneslan, C., Trøite, R., Kleivset, C. & Klunde, B. (2011). Independence within Government. A Comparative Perspective on Central Banking in Norway 1945–1970. Working Paper no. 20 2011, Norges Bank’s bicentenary project. Oslo: Norges Bank.

Weber, M. (1978). Economy and Society. Berkeley: University of California Press. (Original work published 1922)

Xie, Yu. (2007). Otis Dudley Duncan’s Legacy: The Demographic Approach to Quantitative Reasoning in Social Science. Research in Social Stratification and Mobility, 25(2), 141–156. 10.1016/j.rssm.2007.05.006

1VG, 15.02.2007, https://web.retriever-info.com/services/archive/search. Lese den 4.12.2015.
2Homologi viser til strukturelle likskapar, korresponderande strukturar, mellom felt som kan førast attende til dei same grunnleggande relasjonelle forklaringsprinsippa. Sjå elles Bourdieu 2015:458–473 for ei meir omfattande drøfting av homologi-omgrepet.
3http://www.vg.no/nyheter/mektig-bordplassering/a/215612/ Lese den 4.12.2015.
4«Sentralbanksjefen eller visesentralbanksjefen godkjenner bordplasseringen ved de 25 bordene» Sitert frå VG på Nett 20.02.2004. Lese den 4.12.2015
5Sjå figur A og B i appendiks for ei fullstendig individsky.
6Dvs. informasjon som er henta inn frå opne kjelder. Manglande verdiar betyr at informasjonen ikkje er tilgjengeleg.
7Kvart bord si plassering uttrykkjer den gjennomsnittlege posisjonen til alle dei individa som er plasserte ved det gjevne bordet.
8Sjå oversikt i Dagens Næringsliv, nr. 111, 16./17. mai 2009.
9Petter Stordalen hadde i 2012 sjølv ein 44 fot lang Riva Riavarama, jf. http://www.vg.no/forbruker/bil-baat-og-motor/baat/sjekk-stordalens-klassiker-skute/a/10060772/. Lese den 24.06.2016.
10http://www.vg.no/nyheter/mektig-bordplassering/a/215612/. Lese den 4.12.2015.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon