Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Den gode heimstaden – kva kjenneteikn har den? Stadskvalitetar i den norske heimstadsmentaliteten

harald.baldersheim@stv.uio.no

BALDERSHEIM, HARALD. Ph.d. i «Government», London School of Economics and Political Science 1977. Professor ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo, sidan 1995.

  • Side: 54-76
  • Publisert på Idunn: 2014-02-26
  • Publisert: 2014-02-26

Kvifor likar eller mislikar folk den staden der dei bur – heimstaden? Er den norske heimstadsmentaliteten i endring i retning av ei større verdsetting av urbane stadskvalitetar? Ei slik endring ville vere i takt med internasjonale trendar og kan seiast å avspegle framveksten av ein global kunnskapsøkonomi driven fram av «den kreative klassen». Denne artikkelen undersøkjer kor (ny-)urbane norske bustadspreferanser er blitt og drøftar kva konsekvensar slike endringar kan ha for regionalpolitikken. Eit sentralt funn er at bustadspreferansane er dominert av naturkvalitetar og i mindre grad av spenningsrelaterte faktorar som er typiske for eit hektisk byliv. Nærleik til slekt og vener og tilgang til godt arbeid, er også viktige stadskvalitetar. Når det gjeld flytting, er «røter» ei viktig drivkraft, dvs. ønske om å bu nær familien. Det avteiknar seg to policyimplikasjonar av desse funna. Sjølv om nordmenn flest set stor pris på tilgang til natur og turgåing, vil ikkje dette føre til flytting til utkantane sidan slike stadskvalitetar også finst i byane. Den form for byplanlegging som vil gje dei stadskvalitetane bybuarane ønskjer seg, må leggje til rette for tilgang til natur og friluftsliv.

Nøkkelord: stadskvalitet, regionalpolitikk, ny-urbanisme, heimstadsmentalitet, bustadspreferanse

Place qualities – Norwegian preferences

In recent years, increasing importance has been attached to quality of place in urban and regional policy. It is claimed that preferences of the Norwegian population are changing in favour of qualities typical of urban locations. This article investigates the extent to which the population’s preferences reflect yearning for an urban way of life as opposed to rural localities with more immediate access to outdoor life and a scenic environment. Overall, preferences favour ‘sport and nature’ over an exciting urban life – the former a quality of place that Norwegians find wherever they live, even in urban locations. Furthermore, the primary motive for moving away from one’s present location is ‘roots’, i.e. proximity to family and friends. The policy implications of these findings are twofold: First, Norwegians are unlikely to be lured away from urban to rural locations by promises of better access to nature, since this is a quality already found in cities. Second, the best policy by which to enhance quality of life also for urban Norwegians, is to secure access to outdoor recreational facilities and an unspoilt environment.

Keywords: place qualities, regional policy, new urbanism, residential preferences, mobility, creative class

Kva kjenneteiknar den norske heimstadsmentaliteten? Dvs. kva verdset folk ved staden der dei bur? Kva støyter dei eventuelt vekk frå staden? Kor krevjande er forventningane til den gode heimstad som utgjer rammene rundt folks liv? I denne artikkelen søkjer eg svar på to spørsmål: Kva ser folk flest som kjenneteikn ved den gode heimstaden? Og kva har stadstilknytte eigenskapar å seie for folks livskvalitet og flytteplanar? På bakgrunn av vedvarande flyttestraumar frå land til by og frå perifere til sentrale strøk (SSB 2010) er det i dei seinare åra skapt eit bilde av eit nytt forventningspress med omsyn til kva stadskvalitetar som innbyggjarane i norske kommunar søkjer. Ideen om «det gode livet på landet» er gått av moten. I staden søkjer folk mot stimulerande bymiljø med kulturtilbod og møteplassar (St.meld. nr. 31 (2002–2003)).

I teoretiseringa omkring ei (påstått) akselererande globalisering på 1990-tallet kom igjen stadskvalitetar i framgrunnen (Clarke & Gaile 1998; Sassen 2001, 2006; Hambleton & Gross 2007). Nasjonen fekk mindre å seie som ramme for utvikling av næringslivet i stort og folks livssjansar i smått (Castells 1996; Delmaide 1994). Den digitale informasjonsrevolusjonen på 1990-tallet forsterka globaliseringa og innebar på same tid ei radikal utviding av livsverda gjennom kommunikasjon uavhengig av tid og stad. Sosiologar og samfunnsgeografar framheva staden i den nye informasjonsøkonomien gjennom omgrep som glokalisering (Robertson 1995), lærende regionar (Lundvall 1992; Boekema et al. 2000) og Triple Helix (Etzkowitz 2008). Statsvitskapleg forsking har vist at variasjonar i sosial kapital (dvs. mellommenneskeleg tillit) frå stad til stad kan føre til store skilnader med omsyn til politisk utvikling. Analysane til Robert Putnam av skilnader mellom sør- og norditalienske regionar var skilsetjande i så måte (Putnam 1993). I sum i desse teoriane blir skilnader i stadskvalitetar framheva som forklaring på skilnader i lokale og regionale utviklingsbanar.

Desse omgrepa har kome overraskande snøgt til uttrykk i praktisk regionalpolitikk (Baldersheim 2011). Den nye regionalpolitikken byggjer m.a. på at stadskvalitetar (i alle fall i ei viss grad) kan formast, og at dei er viktige faktorar i folks flyttemotiv og lokaliseringskalkylar for verksemder.1 Her skal det undersøkjast nærmare kva slag stadskvalitetar som innbyggjarane legg vekt på i ulike kommunar, og kva dei har å seie som lokale ankerfeste og trivselsfaktorar. Kva er det som bind folk til lokalsamfunnet dei bur i? Spelar i det heile tatt lokale kvalitetar eller tilknytingar noka rolle for om folk vil bli eller flytte på seg? Eller for kor tilfreds folk er med sine livsprosjekt? Kan kommunane gjere noko særleg frå eller til for å halde på eller trekkje til seg innbyggjarar? De fleste kommunale leiarar vil seie at dei har som mål å byggje det gode lokalsamfunn for sine innbyggjarar. Mange kommunar har formulert slagord som demonstrerer dette tydeleg. Nokre døme: Larvik – «Her leves det gode liv». Asker – «Mulighetenes kommune» osv. Stadsutvikling – place branding eller place marketing – er blitt ein vekstbransje (Rainisto 2003).

Kommunane konkurrerer med andre ord om å trekkje til seg innbyggjarar og investeringar. Men dei dagane er forbi då det var tilstrekkeleg å leggje til rette industritomter for å skape arbeidsplassar. Industrien er flytta til f. eks. Latvia eller Kina. Korleis kan det gode lokalsamfunn i så fall skapast i kunnskapssamfunnet? Ein av dei mest siterte teoriane om stadsfortrinn i kunnskapssamfunnet spring ut av tesen om «den kreative klassen» (Florida 2002, 2005). Denne klassen utgjer avantgarden av kunnskapsarbeidarane (forskarar, kunstnarar, mediafolk, arkitektar, ingeniørar m.v.). Den kreative klassen er oppteken av sjølvrealisering og livsstilsgode og søkjer seg til stader som legg til rette for det (gjennom tilgang til t.d. kunst, kultur og kaffibarar). Denne teorien har fått eit raskt gjennomslag i praktisk planlegging og stadsutvikling. Kommunane (særleg byane) kappast om å byggje kulturhus, galleri og fotgjengarvennlege bykjernar. Teorien framhevar at investeringar og arbeidsplassar følgjer etter bustadspreferansane til den nye klassen, og ikkje omvendt, slik klassisk lokaliseringsteori postulerer (Clark 2004a).

Denne teorien er svært byfokusert. Den nye klassen har utprega urbane bustadspreferansar, med vekt på kulturkonsum, eit mangfaldig bybilde og avslappa møtestader på kvart gatehjørne, eller som tittelen på ein artikkel om temaet av Terry Clark spør: «Urban amenities: lakes, opera, and juice bars. Do they drive development?» (Clark 2004b). Forfattaren meiner så avgjort at svaret på spørsmålet i undertittelen er «ja». Dette standpunktet kan kallast tesen om «ny-urbanismen» som er prega av ei samansmelting av kunnskaps- og opplevingsøkonomi og gjer byen til møteplass for berarar av den nye tids produksjonskrefter og opplevingstrong.2

Men kva med utkanten? Utkantkommunane har gjerne satsa på å marknadsføre seg som stader med fin natur, friluftsliv og nære og trygge sosiale band. Tilgang til rimelege tomter og dermed ein god bustad blir også framheva. Kva appell har slike kvalitetar i det post-industrielle samfunnet? Appell til kven? Ligger det noka framtid for utkantkommunar med slike kvalitetar? Har ein distriktspolitikk med mål om at det skal være «ljos i alle glas» noko for seg? Mange hevdar at sansen for natur og friluftsliv – arven etter Nansen (Nansen 1916) – har prega den norske sjølvforståinga og synet på det gode liv gjennom fleire generasjonar (Wærp 1993; Witoszek 1998). Det er kanskje rimeleg å vente at slike verdiar ennå pregar bustadspreferansane? Jo lettare tilgang til rein natur og friluftsliv, jo høgare elska er heimstaden? Er dette kvalitetar som særleg finst i bygdene, så skulle jo det love godt for «ljos i mange glas».

Men den nye urbanismen står fjernt frå det som er kalla «det norske totem» – bygdelivet som sosialt ideal – som sosialantropologar på 1980-tallet framheva som karakteristisk for Noreg, også for bybuarane (Sørhaug 1984). «Bygdedyret» er eit uttrykk som har dukka opp att i seinare år for retteleg å understreke at utkanten manglar attraktivitet og utviklingsdynamikk. Uttrykket er meint å karakterisere haldningar som motarbeider initiativ og nyskaping og som held potensielle entreprenørar tilbake gjennom misunning og baksnakking.3 Toleranse og vidsyn er eigenskapar som kjenneteiknar miljøet der «den kreative klassen» trivest, mens «bygdedyret» truleg vil støyte denne gruppa vekk. Ikkje akkurat så oppløftande voner for utkanten.

Den raudgrøne koalisjonsregjeringa som tok over etter valet i 2005, sette derimot si lit til at bustadspreferansane var meir differensierte og siterte Bulystrådet,4 som

meiner det er ei særleg utfordring for kommunar å kommunisere med unge på ein måte som treffer dei og som fangar opp dei nyutdanna eller familiar i etableringsfasen. Rådet syner til at livsstiltrendane taler like mykje for busetjing på mindre stader som i større byar, og at unge i større grad enn før er individualistar som vil setje i scene liva sine. Unge ønskjer gjerne kombinasjonen av urbane og rurale tilbod, som til dømes å gå på konsert etter å ha vore på fjelltur (St.meld. nr. 25 (2008–2009), avsn. 3.1.1).

Her er det kanskje tilbod som bygdebyar som Vinstra, Volda eller Voss kan gi, som Bulystuvalet har i tankane – ein framveksande «rurbanisme» som kombinerer rurale og urbane kvalitetar? Men kor mange stader i den eigentlege utkanten kan by på slikt?

Nyare flytteforsking understrekar meir prosaisk at det først og fremst er tilgang (eller mangel) på arbeidsplassar som driv flyttestraumane (Sørlie 2010:464).5 Arbeidsplassar driv flytting, og ikkje omvendt, slik Clark og Florida hevdar (sjå ovanfor). Då skulle ein òg vente at folk ville verdsetje at bustaden byr på eit mangfaldig arbeidsliv og gode jobbar. Men flyttesosiologien finn også at sosiale røter er ei sterk drivkraft for flyttestraumane. Mange oppgir at dei flytter (tilbake) for å vere nær slekt og vener (Sørlie 2010). Dei nære band kan dermed bli ein stadskvalitet i seg sjølv både i bygd og by.

Nordmenn er generelt tett knytt til heimstaden. Den lokale identiteten er sterk, og sterkare enn i dei fleste andre europeiske land (Rose & Ståhlberg 2000). Då verdset ein kanskje dei kvalitetane som finst på den staden der ein bur, same kva kvalitetar det er? «Der hjarta er fest med dei finaste, finaste band» (Blix 1902), der finst den verdsette heimstaden ?

Teoriar og forskingsfunn gir altså rom for ulike «tesar» om bustadspreferansar:

  • Ny-urbanismetesen: Ny-urbane stadskvalitetar er sterkt etterspurde, og aller mest i grupper som har kjenneteikn typisk for «den kreative klassen»: Yngre, velutdanna, velståande og busette i større byar og tettstader. Kvinner meir enn menn dregst mot det urbane.

  • Naturtesen: Friluftsliv og bygdekvalitetar står ennå høgt i kurs hos nordmenn, og særleg mellom menn, eldre, folk med lågare inntekter og i utkantstrøk.

  • Identitetstesen: Lokale røter er høgt verdsett eller etterspurt i dei fleste grupper («alle har eit syskenbarn på Gjøvik» eller ein annan stad).

  • Arbeidslina: Arbeidstilbodet er eit avgjerande eksistensgrunnlag: Jo meir variert arbeidstilbod, jo meir tilfreds er folk med staden der dei bur. Og omvendt, jo snevrare arbeidstilbod, jo mindre tilfreds. Dette skulle føre til at bybuarane, med tilgang til eit meir variert arbeidsliv, kan ventast å vere meir tilfreds med bustaden enn utkantbuarane. Ein skulle dermed også vente at folk alt i alt vil vere nokså delte i opplevinga av arbeidstilbodet som ein stadskvalitet, avhengig av breidda i tilbodet på heimstaden.

Framgangsmåte og funn

Gjennom ei spørjeundersøking (2008–2009) som ligg til grunn for prosjektet «Den krevjande borgaren»,6 blei eit representativt utval norske veljarar spurde om deira preferansar når det gjeld heimstadskvalitetar. Følgjande spørsmål blei stilt: «Kva er det du set pris på ved staden der du bur nå, og kva er det du saknar?» Respondentane fikk ei liste av moglege kvalitetar (sjå tabell 1) og blei bedne om å krysse av for kva dei sette pris på eller sakna, og kva kvalitetar på lista som eventuelt var uvesentlege for dei. Lista over stadskvalitetar er dels inspirert av tidlegare norske flyttemotivundersøkingar (Sørlie 2006; SSB 2008) og dels av studiane av Clark og Florida nemnde ovanfor.

Stadskvalitetar som blir verdsette eller sakna

Tabell 1 viser det samla svarmønsteret med omsyn til kva respondentane set pris på eller saknar eller eventuelt ikkje bryr seg så mykje om når det gjeld staden der dei bur. Svarmønsteret viser at klassiske utkantkvalitetar som fin natur og frisk luft kjem høgt opp på lista over stadskvalitetar. Det same gjer god bolig, som også er lettare å realisere i utkanten enn i sentrale strøk. Kommunal service kjem nokså langt ned på lista (på tiande plass), mens dei «spennande» storbykvalitetane som utelivstilbod, høve til å møte nye menneske eller variert kulturtilbod kjem nederst på lista. Tilsynelatande er det slik at utkantkvalitetar blir verdsett av fleire enn storbykvalitetane blir. Det er altså berre en liten del av respondentane som har eit svarmønster som harmonerer med teorien til Florida. Men det må understrekast at denne teorien gjeld preferansane til ein liten elite – den kreative klassen. Preferansane i denne klassen druknar kanskje i det store bildet av massepreferansar. Dette spørsmålet vender eg tilbake til.

TABELL 1. Verdsetting av kvalitetar ved eigen heimstad. Prosent. Minimum N = 1691*

Stadskvalitetar

Set pris på

Saknar

Ikkje vesentleg

Total

Gode natur- og friluftstilbod

93

4

4

101

God bolig

92

6

2

100

Rein luft, vatn osv.

89

9

1

99

Gode vener

88

10

2

100

Godt, interessant arbeid

78

13

10

101

Kan dyrke hobbyar, fritidsinteresser

72

18

11

101

Nærleik til familie, slekt

71

25

5

101

Det sosiale miljøet, lokalkulturen

68

20

13

101

Kort veg til jobb

63

18

19

100

God kommunal service

62

31

7

100

Det er her eg høyrer til – lokale røter

62

19

19

100

Høve til å treffe nye menneske

57

20

24

101

Godt kulturtilbod

55

27

18

100

Godt utdanningstilbod

53

27

20

100

Gode offentlege kommunikasjonar

49

41

10

100

Spennande uteliv (kafear, restaurantar, klubbar o.l.)

35

34

31

100

* Ordlyd i spørsmålet: «Kva er det du set pris på ved staden der du bur nå, og kva er det du saknar?» Fordelinga er basert på vekta data.

Alt i alt peikar svarmønsteret på høg verdsetting av kvalitetar som finnes i særleg rikt mon på bygdene og i utkantstrøk. Men dette mønsteret tyder ikkje nødvendigvis at utkanten dermed har eit potensial til å halde på innbyggjarane og til å trekkje til seg nye. For dei som set pris på natur og friluft, rein luft og reint vatn og god bolig osv. er så mange (opp mot 90 prosent) at det tyder på at dette er stadskvalitetar som nordmenn flest har tilgang til nesten overalt der dei bur, og dermed også i byane.

For å få et utfyllande bilde har vi også, som nemnt, stilt spørsmål om kva folk saknar ved den staden der dei bur. Svara på dette spørsmålet går fram også av tabell 1. I dette svarmønsteret kjem det fram ein monaleg meir urban profil. Mellom kvalitetar som er sakna, ligg dei urbane stadskvalitetane mellom dei mest etterspurde (spennande uteliv, godt utdannings- og kulturtilbod og høve til å treffe nye menneske). I den grad dette er kvalitetar som blir etterspurde av folk som faktisk bur i meir utkantprega strøk, viser mønsteret eit visst flyttepotensial frå utkant mot sentrum.

Men samtidig må det understrekast at dei meir bygdeprega kvalitetane har vesentleg fleire tilhengjarar enn dei meir urbane. Dette kjem fram både når vi ser på rangeringa av stadseigenskapar som er verdsette og når vi ser på andelen som framhevar (byprega) eigenskaper som er sakna. Når det gjeld den siste typen av eigenskapar er respondentane også mykje meir delte i sine syn, dvs. at dei deler seg i tre nesten like store grupper – dei som verdset slike eigenskapar, dei som saknar dei, og dei som er likegyldige. Det må også nemnast at dei tre stadseigenskapane som er sakna aller mest – gode offentlege kommunikasjonar, god kommunal service og nærleik til familie – er det vanskeleg å knyte eintydig til by eller land.

Alt i alt samsvarar vurderingane av stadskvalitetar mest med «naturtesen». Nordmenn set pris på ein heimstad med tilgang til naturen og rein luft og friskt vann. Arven etter Nansen lever ennå. Det som blir rekna som typiske trekk ved bylivet – spenning og sosial og kulturell variasjon – appellerer ikkje i same grad som heimstadskvalitetar. Men det må understrekast at rangeringa av kvalitetar på lista over ikkje er eintydig ut frå dei «tesane» som blei sett fram ovanfor. Verdsetting av arbeidstilbodet t.d. kom noko høgare opp enn venta, mens familie og andre lokale røter kom noko lengre ned.

Men er det eigentleg skilnader mellom utkant og sentrale strøk når det gjeld preferansar for stadskvalitet? Dette blir undersøkt i tabell 2. Analysen fokuserer på kva kvalitetar folk saknar på dei stadene der dei bur. Er det tydelege skilje mellom folk i sentrum og utkant i så måte? Er det ein sterk (ny-)urban lengt i utkanten som eventuelt kan disponere for flytting til sentrum, dvs. til større byar? Eller som representerer ein etterspørsel etter bygdebyar med dei kombinerte kvalitetane som Bulystutvalet peika på? I tabell 2 er stadskvalitetane analysert for periferi (kolonne 1) og sentrum (kolonne 2) og dessutan for seks sentrale universitetsbyar særskilt (kolonne 3). Desse seks større byane i utvalet er stader som ein kan tenkje seg har særskilt stort innslag av innbyggjarar med kjenneteikn og preferansar typiske for «den kreative klassen». Tabellen viser gjennomsnittsverdiar for dei tre gruppene av kommunar når dei gjeld dei ulike stadskvalitetane.

TABELL 2. Sakna stadskvalitetar i perifere og sentrale kommunar og stor-/universitetsbyar. Gjennomsnittsverdiara (0=saknar ikkje, 1=saknar)

 

Periferi

Sentrum

Storby/u-by

Total

Gode offentlege kommunikasjonar

,51

,36

,25

,38

Spennande uteliv (kafear mv.)

,44

,29

,16

,32

Godt utdanningstilbod

,42

,21

,10

,24

Høve til å treffe nye menneske

,29

,16

,08

,18

Godt kulturtilbod

,29

,23

,22

,24

God kommunal service

,28

,28

,35

,28

Nær familie, slekt

,20

,24

,33

,23

Kan dyrke hobby, fritidsinteresser

,17

,16

,18

,16

Det sosiale miljøet, lokalkulturen

,17

,18

,21

,18

Godt, interessant arbeid

,15

,10

,05

,11

Kort veg til jobb

,12

,17

,19

,16

Det er her eg høyrer til, lokale røter

,10

,19

,29

,17

Gode vener

,08

,09

,09

,09

God bolig

,03

,06

,10

,05

Natur- og friluftstilbod

,01

,03

,04

,03

Rein luft, vatn

,001

,10

,19

,09

N

332

1500

601

1832

Sentrum = landsdelssentra og middels sentrale kommunar; periferi = mindre sentrale og usentrale kommunar. Basert på SSB indeks med fire verdiar.Storby/-u-by = Seks universitetsbyar: Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø.

Stadskvalitetane er rangert med utgangspunkt i kolonna for periferikommunar. Ser vi først dei to første kolonnane (periferi versus meir sentrale kommunar samla), finn vi slåande kontrastar og parallellar mellom dei to kolonnane. Både for sentrum og periferi kjem sakn av gode offentlege kommunikasjonar på topp, men dette saknet er sterkast i utkanten. Betre offentleg transport er altså ein nøkkelfaktor for å gjere livet betre både i utkant og sentrum, men aller mest i utkanten. På andre plass kjem i begge tilfelle sakn av spennande uteliv! Igjen er saknet sterkare i utkanten, men heller ikkje i sentrale strøk er alle like nøgde med utelivet.

Deretter melder det seg nokre kontrastar på lista. Godt utdanningstilbod er mykje meir etterlyst i utkanten enn i sentrum; det same gjeld høve til å treffe nye menneske. Saknet av god kommunal service er omtrent likt i sentrums- og utkantkommunar, men kontakten med familie og slekt er meir sakna i sentrale strøk enn i utkanten. Mangel på interessant arbeid er ikkje noko påfallande trekk nokon stader (det kan vere eit utslag av den gode arbeidsmarknaden overalt i Noreg for tida), men er litt meir av eit problem i utkanten. Natur- og friluftstilbod og rein luft og vatn er ikkje noko sakn verken i sentrale kommunar eller i utkanten. Dette bildet følgjer sjølvsagt av mønsteret som kom fram i førre tabell, at dette var dei mest allment verdsette stadskvalitetane i heile materialet. Det er dermed ikkje grunn til å vente særleg variasjon på tvers av kommunetypar.

Alt i alt ser det ut til at det finst ein viss etterspørsel etter urbane kvalitetar i utkanten (utdanningstilbod, spennande uteliv) slik at ein (ny-)urban distriktspolitikk vil samsvare med preferansane til visse grupper, men i det store bildet, slik det kjem fram i tabell 1, er desse små eller gir ikkje uttrykk for svært sterke preferansar i denne retninga.

Når vi granskar den tredje kolonna, for storbyane/universitetsbyane, er det god kommunal service som er aller mest sakna. Dette klagemålet høver godt med det som også er funne i andre undersøkingar: At ein i storbyane er mindre nøgd med dei kommunale tenestene enn i mindre kommunar (Difi 2010:58; Baldersheim et al. 2011:45). I dette funnet kan det liggje eit potensial for andre kommunar som gjerne vil trekkje til seg innbyggjarar frå dei store byane. På andre- og tredjeplass for sakna kvalitetar i storbymiljøet kjem slektningar og lokale røter. Truleg er dette innflyttarar som har forlate heimkommunen for å finne arbeid eller utdanning i storbyen. Her ligg det tydeleg eit potensial for tilbakeflytting. Mangel på god offentleg transport er eit klagemål nokså høgt opp på lista også i storbyane. Dette klagemålet samsvarar godt med at det å ha kort veg til jobben er sterkare sakna i storbyane enn i dei to andre kommunegruppene. Det er også interessant å leggje merke til at natur- og friluftstilbod ikkje er noko vesentleg større sakn i storbyane enn i dei andre kommunegruppene. I rangeringa over manglande stadskvalitetar er dette ein mangel som kjem nederst. Dette mønsteret er sjølvsagt ein logisk konsekvens av at denne kvaliteten er så høgt vurdert gjennomgåande i materialet, og då gjeld rangeringa også for storbyane. I kolonne tre blir dette tydeleg slått fast.

Typar av stadskvalitetar – faktoranalyse

Fell vurderingane av stadskvalitetar i nokre meir generelle kategoriar som kan være grunnlag for vidare analysar? Det kan vere av særleg interesse å undersøkje om kombinerte preferansar av den type som Bylystuvalet framheva er vanlege, dvs. kombinasjonar av urbane og rurale kvalitetar. Dette er undersøkt gjennom faktoranalysar. Faktoranalysen av svarmønsteret for stadskvalitetar som blir verdsette, gir fire faktorar (sjå tabell A1 i vedlegget):

  • Omgivnader – natur, frisk luft, bolig, det sosiale miljøet, kommunal service

  • Spenning – uteliv, kultur, utdanning

  • Røter – familie, vener, tilknyting

  • Arbeid – godt arbeid, kort veg til jobb.

Faktoranalysen av kvalitetar som er sakna, gir nesten dei same faktorane (sjå tabell A2 i vedlegget): Spenning, røter, natur, bolig samt miljø og arbeid. I sistnemnte analyse dukkar det altså opp fem faktorar, dvs. at av dei variablane som til saman utgjorde «omgivnader» i forrige analyse (natur, bolig og miljø), skil det seg ut to faktorar i den siste analysen. Men alt i alt må det seiast at fellesskapet mellom dei to analysane er slåande: Både når det blir spurt etter verdsette forhold og når det blir spurt etter forhold som saknast, kjem omtrent dei same hovudfaktorane opp: Omgivnader (med natur/friluftsliv som sentral komponent), røter, spenning og arbeid. Resultata av faktoranalysane indikerer at det finnest fire til fem ulike klynger av kvalitetar som blir etterspurt. Men ingen av faktorane kan seiast å representere ein tydeleg kombinasjon av utprega rurale og utprega urbane kvalitetar. Bulystutvalet bomma nok der.

Kven ønskjer kva type stadskvalitetar? Regresjonsanalyse

Kven verdset dei ulike kvalitetane, og kvar held dei til? Er det, som nemnt ovanfor, dei unge, velutdanna og velsituerte som søkjer spenninga knytt til det nye bylivet, slik det er grunn til å vente ut frå teorien om «den kreative klassen»? Dei som har pengar og kulturell kapital til å boltre seg i bykulturen? Og sidan unge kvinner nå er meir velutdanna enn unge menn, er kanskje kvinnene overrepresentert i draget mot bykulturen? Mens dei som verdset arven etter Nansen – ski, jakt og fiske – er dei trauste menn med låg inntekt i periferien? Og når det gjeld å setje pris på eller lengte etter «dei finaste band» – røtene som Blix syng om – er det noko som er jamnt fordelt, slik den sterke norske stadsidentiteten kan gi inntrykk av? Eller finst det strøk av landet som kan tenkjast å tene meir enn andre stader på sterke røter? Og arbeidstilbodet, er det særleg i sentrale støk og storbyar at dette er ein attraksjon når det blir tatt høgde for andre faktorar som kan tenkjast å verke inn på bustadspreferansar?

Desse spørsmåla blir analysert gjennom regresjonsanalysane i tabell 3. I regresjonsanalysane er stadskvalitetane (i form av faktorskorar) avhengige variable. «Kven» og «kvar» kjem fram gjennom følgjande uavhengige variable:

  • Personkjenneteikn: kjønn, alder, utdanning, inntekt

  • Lokale ankerfeste: slekt i kommunen, butid i kommunen, omsorgsansvar (personar i hushaldet; personar over 67 år, under 6 år i hushaldet),7 lever i parforhold

  • Kommunetypar: kommunestorleik, sentralitet og busettingsstruktur (tett/spreidbygd bustadsmønster).

TABELL 3. Kven set pris på eller saknar stadskvalitetar? Regresjonsanalyse med faktorscorar som avhengige variable. Standardiserte koeffisientar.a Minimum N = 1771

Uavhengig variabel

Spenning

Omgivnad

Røter

Arbeid

 

Set pris på

Saknar

Set pris på

Saknar

Set pris på

Saknar

Set pris på

Saknar

Kjønn (M=0, K=1)

,03

,04

–,04

,01

–,03

,09***

–,01

–,01

Alder

–,06

–,20***

,27***

–,39***

,10***

–,16***

–,18***

,00

Samla inntekt husstand

,03

,01

,01

–,04

,00

,01

,05

–,01

Høgste fullførte utdanning

–,11***

,11***

,19***

–,06*

–,11***

,09***

,00

,03

Slektningar i same kommune (tal)

–,05

,08**

,01

–,08**

,39***

–,33***

–,07**

,01

Butid i kommunen (i pst. av levealder)

,01

–,02

–,08

,22***

,19***

–,16***

,04

–,13***

Tal personar i hushaldet

–,04

,04

,03

–,13***

,08***

–,13***

,04

,05

Tal personar over 67

,04

–,05

–,03

,10***

–,05*

,06**

–,10***

–,03

Tal barn under 6 år

,06

–,12***

,06*

–,02

,05*

–,04

–,07**

,03

Lever i parforhold (Ja=1)

,04

,01

,05

,17***

–,12***

,08***

,05

,01

Kommunestorleik (innb.tal log.)

,39***

–,32***

–,15***

–,02

–,08**

,16***

,14***

–,18***

Stadstype (spreidd=0, tettbygd=1)

,04

–,04

–,05

,03

,00

–,00

–,03

–,03

Sentralitet (utkant – landsdelsenter, 4 kat.)

–,04

–,03

–,00

,01

,06*

–,04

–,12***

,05

Justert R2

.15

.16

.12

.07

.34

.30

.07

.05

*Sig.nivå .05; **Sign.nivå .01; ***Sig.nivå .001 a) Dei uavhengige variable er testa for multikolinearitet, med tilfredsstillande resultat.

Boks 1 er ei oppsummering av tendensane i tabell 3 og viser kva kjenneteikn ved respondentane som verkar inn på verdsetting eller sakn av dei ulike typane av stadskvalitetar.

BOKS 1.Hovudtendensar i tabell 2 (statistisk signifikante samanhengar)

Verdset spenning

Busett i større kommunar, utan høgare utdanning

Saknar spenning

Busett i mindre kommunar, yngre, utan småbarn, med høgare utdanning

Verdset omgivnader

Eldre, med høgare utdanning, i mindre kommunar, med små barn

Saknar omgivnader

Yngre, har budd (relativt) lenge på staden, lever i parforhold, lite hushald

Verdset røter

Har fleire slektningar i same kommune, lang butid, ikkje parforhold, lågare utdanning

Saknar røter

Manglar slekt i kommunen, kvinne, bur i stor kommune, har kort butid i kommunen, lite hushald, har høg utdanning, i parforhold

Verdset arbeid

Yngre, i store, mellom-sentrale kommunar, i lite hushald

Saknar arbeid

Nyinnflytta, i mindre kommunar

Dei spenningsrelaterte stadskvalitetane blir verdsette først og fremst av innbyggjarar som er busett i dei større kommunane. Mønsteret blir endå tydelegare når vi analyserer kven det er som saknar slike kvalitetar: Det er yngre menneske, busett i mindre kommunar, utan småbarn og med høgare utdanning. Gruppa som etterspør urbane kvalitetar samsvarar stort sett med det som er å vente ut frå tesen om ny-urbanismen. Gruppa ligg nær opp til den klassiske framstillinga av cosmopolitans (Merton 1949/1968), med unntak av utdanningsnivået, sidan det ser ut til at dei som verdset heimstader med ny-urbane kvalitetar ikkje har så høg utdanning. Derimot passar det godt inn at dei som saknar slike kvalitetar finst i små kommunar og har høgare utdanning. Truleg er folk i denne gruppa budde på å flytte til meir urbane område for å finne det dei søkjer.

Dei som særleg verdset dei ytre omgivnadene på heimstaden høyrer til dei noko eldre, har høgare utdanning, bur i mindre kommunar og har små barn. Truleg er desse lite innstilt på flytting. Dei som saknar gode ytre omgivnader har til dels dei motsette kjenneteikna. Interessant nok er det vanskelig å knytte denne gruppa til dei bustadskjenneteikna som inngår i tabellen – dei er altså spreidde på alle kommunetypar, noko som også var venta på bakgrunn av analysane i tabell 2.

Analysemodellen fungerer aller best for stadskvaliteten «røter», og særleg når det gjeld å forklare kven det er som verdset røter. Alt i alt er det folk med godt lokalt ankerfeste som set pris på slike kvalitetar, dvs. det er folk med slekt og butid i kommunen og som bur i større hushald i mindre, men ikkje nødvendigvis usentrale kommunar. Dei som saknar røter er langt på veg eit omvendt spegelbilde av dei som verdset kommunen for det lokale nettverket dei finn der.

Samla sett fungerer ikkje modellen så godt for arbeidsfaktoren. Men mønsteret er likevel til dels som venta: At ein set meir pris på heimstaden pga. arbeidstilbodet når ein bur i ein større kommune, men det er likevel ikkje i dei aller mest sentrale kommunane at ein er mest tilfreds. Men det passar inn i det forventa bildet at det er i dei mindre kommunane at ein er minst tilfreds med tilboda i arbeidslivet. At det er dei som har budd kort tid i ein kommune som er utilfreds, kan kanskje forklarast med at dette dreiar seg om vandrarar, personar som er på stadig flyttefot etter betre arbeid og som dermed ikkje blir verande så lenge på ein stad.

Kva har stadskvalitetar å seie for flytteplanar og trivsel?

Har stadskvalitetar, slik folk opplever dei, vidare konsekvensar, for eksempel for flytteplanar og kor allment tilfreds ein er med ege liv? Dersom stadskvalitetar har slike konsekvensar, er det ein viktig grunn til å ta høgde for slike i offentleg politikk og planlegging. Kva kvalitetar er det i så fall som har konsekvensar?

Desse spørsmåla blir analysert i tabell 4. Respondentane er spurt om dei har vurdert å flytte frå kommunen dei bur i, og vidare om dei er tilfreds med sitt liv slik det artar seg for dei akkurat nå. Omtrent ein fjerdedel av de spurde seier dei trur dei kjem til å flytte i løpet av dei nærmaste tre–fire åra. Vidare seier mindre enn ein prosent seg sterkt misnøgde med det livet dei lever i augneblinken, mens heile 37 prosent er svært nøgde med tilværet (sjå tabell A3 og tabell A4 i vedlegget). Fordelinga er altså utprega skeiv i retning av positiv oppleving av eigen situasjon, noko som også er i samsvar med nordiske undersøkingar om «lykke» (Holmberg & Weibull 2005:30; Hellevik 2008:28–29). Når det gjeld spørsmålet om flytting, må det understrekast at dette ikkje er ein studie av faktiske flyttemotiv.8 Spørsmålet er meint som ein indikator på kor fast forankra IP er på staden og dermed som eit grunnlag for ein oppfølgjande analyse av kva faktorar som skapar sterke eller lausare band til heimstaden.

I begge tilfella blir svarmønstra analysert med grunnlag i stadskvalitetar som respondentane saknar. Spørsmålet er altså om det å sakne visse stadskvalitetar påverkar forankring og trivsel. Analysane er utført i to steg. I første steg blir eit sett kontrollvariable tatt inn som uavhengige variable. Desse er kjenneteikn ved individ, hushald og kommunetypar og er dei same som er nytta i tabell 3. Her fungerer dei som kontrollvariable som det er grunn til å tru vil påverke forankring til og trivsel på heimstaden. Hovudspørsmålet i analysen er knytt til steg to: Har (sakn av) stadskvalitetar nokon innverknad på flytteplanar og trivsel ut over verknaden som kontrollvariablane har?

Mønsteret i tabell 4 viser tydeleg at både flytteplanar og trivsel blir påverka av stadskvalitetar. Når stadskvalitetar blir tatt inn i analysen (modell B), stig forklart varians (justert r2) monaleg. Når det gjeld flytteplanar, er det særleg sakn av «røter» som skapar flyttetrong, men lengt etter betre omgivnader slår også signifikant ut. Derimot får ikkje misnøye med arbeidstilbodet folk til å ønskje å flytte på seg. Særleg slåande er det at heller ikkje folk som i og for seg saknar ny-urbane spenningsmoment på heimstaden, vurderer å flytte. Vi såg av tabell 2 at slikt sakn var størst på perifere stader. Men saknet skapar altså ikkje flyttelyst. Å prøve å flytte byen til bygda, slik Bulystutvalet ser framtida, har dermed heller ikkje så mykje for seg med tanke på å påverke flyttestraumane. Det kan sjølvsagt vere andre grunnar til å ønskje seg ei slik utvikling – meir om det nedanfor. (Kontrollvariablane fungerer stort sett som venta i forhold til flytteplanar: Dei flyttetilbøyelege er yngre, kvinner, har låg inntekt, har få slektningar i kommunen, har kort butid, har ikkje småbarn og lever ikkje i parforhold; men det er kanskje overraskande at det ikkje er samanheng med kommunekjenneteikn som storleik, busettingstype eller sentralitet).

TABELL 4. Kva har stadskvalitetar å seie for flytteplanar og trivsel? Standardiserte regresjonskoeffisientar. Minimum N = 1771

Uavhengig variabel

Planar om å flytte (nei, kanskje, ja)

Trivsel (skala 1–4)

 

A

B

A

B

Kjønn (M=0, K=1)

–,03

–,06**

,09***

,10***

Alder

–,47***

–,37**

,04

–,08*

Samla inntekt husstand

–,07**

–,06**

,11***

,12***

Høgste fullførte utdanning

,05

,03

–,03

–,01

Slektningar i same kommune (tal)

–,09***

–,00

,02

,00

Butid i kommunen (i pst av levealder)

–,11***

–,10**

,06

,06

Tal personar i hushaldet

–,00

,04

,07**

,06

Tal personar over 67

,17***

,15***

,04

,04

Tal barn under 6 år

–,17***

–,15***

,00

–,02

Lever i parforhold (ja=1))

–,17***

–,21***

,13***

,17***

Kommunestorleik (innb.tal log.)

,02

–,00

–,03

–,12***

Stadstype (spreid=0, tettbygd=1)

,01

,01

,04

,03

Sentralitet (utkant – landsdelsenter, 4 kat.)

–,01

,00

,04

,04

Saknar på staden §

 

 

 

 

Omgivnader

 

,12***

 

–,19***

Spenning

 

,04

 

–,18***

Røter

 

,25***

 

–,04

Arbeid

 

,00

 

–,21***

Justert R2

.28

.34

.05

.15

*Sig.nivå .05; **Sign.nivå .01; ***Sig.nivå .001§ Faktorscorar

Dei fire typane av stadskvalitetar har alle noko å seie for om folk trivest i livet eller ikkje. Sakn av godt arbeidstilbod, urbane spennings-moment og gode omgivnader er faktorar som i omtrent like stor grad medverkar til mistrivsel. Sakn av røter har ikkje så mykje å seie til eller frå for trivsel (ikkje signifikant koeffisient, men forteiknet tyder på negativ effekt på trivsel). Det som særleg kan framhevast på bakgrunn av denne analysen, er at (sakn av) ny-urbane moment spelar ei rolle for livslyst, men er ikkje så dominerande som tesen om ny-urbanismen skulle tilseie. (Det kan leggjast til at analysen av verdsette faktorar, som ikkje er tatt med her, alle viser positiv effekt på trivsel.)

Konklusjonar

Forventningane til mønster i materialet blei utmynta i nokre tesar om kva stadskvalitetar folk kunne tenkjast å verdsette eller sakne. Det kjem tydeleg fram at nordmenn er eit naturelskande folk – det er naturomgivnader som i særleg grad knyter folk til heimstaden.

Tilsynelatande får ikkje ny-urbanismetesen støtte: Kvalitetar knytt til eit hektisk byliv kjem ikkje høgt opp på lista over verdsette stadskvalitetar. Det er likevel ikkje slik at typisk urbane kvalitetar ikkje er etterspurde. Ein tredjedel av dei spurde verdset eller saknar slike stadskvalitetar som er knytt til «spennande uteliv», og godt over halvparten verdset heimstaden sin på bakgrunn av godt kulturtilbod eller høve til å treffe nye menneske.

Når omkring 90 prosent av dei spurde framhevar natur- og friluftstilbod og rein luft og vatn som eigenskapar dei verdset ved staden der dei bur , må det bety at dette er kvalitetar som er tilgjengeleg dei fleste stader i Noreg, også for dei som bur i større byar. I den norske geografien har også dei som bur i storbyar, relativt lett tilgang til slike gode. Spørsmålet skil difor truleg ikkje så godt mellom eigenskapar ved stader i Noreg. Det avslører likevel kva som er dominerande verdiar i den norske heimstadsmentaliteten.

Det sterkaste motivet for flytteplanar er saknet av røter, dvs. nærleik til familie, vener og lokal tilknyting. Det inngår altså ein sterk emosjonell dimensjon i dei heimstadbyggjande kreftene. Til ein viss grad spelar også omgivnader og bustad inn på flytteplanar, mens urbane kvalitetar (oppsummert i «spenningsfaktoren») har lite å seie i så måte. Det siste er kanskje godt nytt for utkantkommunar som ikkje kan by på slike kvalitetar. Derimot er det kanskje ikkje så godt nytt for desse kommunane at sjølv om gode naturomgivnader er viktig for nordmenn flest, så gir ikkje dette noko konkurransefortrinn for utkantkommunar sidan dette er kvalitetar som dei fleste synest at dei finn på den staden der dei bur, nesten same kor det er.

Til ei viss grad er folks vurderingar av stadskvalitetar tilpassingsprega. Det inneber at folk set pris på kvalitetane ved den staden der dei faktisk bur. I små kommunar er til dømes omgivnadsfaktorane meir verdsett enn i store, og omvendt: I store kommunar er spenning meir verdsett enn i små kommunar. Litt av denne tilpassinga skjer truleg gjennom flytting: Folk flytter til stader som har dei eigenskapane som dei set pris på eller saknar. Men vel så viktig er tilpassing gjennom sosialisering: Den gradvise framveksten av «dei finaste, finaste band». Men kvifor territoriell sosialisering ser ut til vere sterkare i Noreg enn i andre land det er naturleg å samanlikne med, er eit ennå ikkje klarlagt spørsmål (Rose & Ståhlberg 2000).

Men det er i alle fall slik at oppleving av stadskvalitetar har mykje å seie for om den einskilde er nøgd med livet sitt slik det artar seg på staden der ho bur. Dei som er nøgde med stadskvalitetane, dei trivest; dei som er misnøgde, dei mistrivest. Aller mest å seie har omgivnadsfaktoren og tilgang på godt arbeid, men også tilgang til eit spennande miljø med urbane kvalitetar verker trivselsskapande for dei med slike preferansar, og omvendt: Dei som saknar slike kvalitetar på heimstaden, dei mistrivest med livet sitt. For kommunar som ønskjer at innbyggjarane skal trivast på staden, er det ikkje nok å skape arbeidsplassar. For mellom en tredjedel og halvparten av innbyggjarane er urbane kvalitetar også avgjerande for å leve det gode liv.

Men paradoksalt nok er det tilgang til natur og gode omgivnader som er hovudnøkkelen til lykke og trivsel også i byane. Her er bodskapen til byplanleggjarane klar: Innbyggjarane vil ha god tilgang til friluftsliv og natur; å rydde stadig meir plass til fortauskafeane er ikkje så viktig for det gode liv.

Om artikkelen

Denne artikkelen byggjer på medverknad til en rapport frå prosjektet «Den krevende borger» finansiert gjennom DEMOSREG-programmet i Norges forskningsråd. Ein dokumentasjonsrapport med tittelen «Den krevende borger: Utfordringer for demokrati og tjenesteyting i kommunene» (november 2011) er skriven saman med Lawrence E. Rose og Per Arnt Pettersen. Deltakarar på XX Nordiske kommuneforskningskonferanse, Göteborgs universitet 24.–26. november 2011, blir takka for kommentarar.

Vedlegg – Operasjonalisering m.m.

TABELL A1.Faktoranalyse av kva folk set pris på ved staden der dei bur. Roterte faktorskårer*

Kvalitetar

Component

 

1

2

3

4

 

«Om-givnader»

«Spenning»

«Røter»

«Arbeid»

Nærleik til familie, slekt

.126

–.001

.834

–.042

Gode vener

.264

.056

.571

.386

God bolig

.672

–.045

.151

.176

Godt, interessant arbeid

.177

.188

–.017

.741

Gode natur- og friluftsmuligheter

.637

.022

.145

.245

Det sosiale miljøet, lokalkulturen

.628

.307

.050

–.041

Rein luft, vatn osv.

.674

–.172

.290

.017

God kommunal service

.517

.290

.151

–.220

Godt kulturtilbod

.397

.626

–.025

–.118

Spennande uteliv (kafear, restaurantar, klubbar, o.l.)

–.132

.758

–.042

.119

Godt utdanningstilbod

.008

.699

.050

.228

Kort veg til jobb

.017

.146

.058

.776

Muligheter for å dyrke hobbyar, fritidsinteresser

.483

.322

.048

.234

Det er her eg høyrer til – lokale røter

.204

.019

.782

–.022

Muligheter for å treffe nye menneske

.136

.583

.238

.160

Gode offentlege kommunikasjonar

.104

.564

–.089

.049

* Metode: Prinsipal komponentanalyse.   Rotasjonsmetode: Varimax.

TABELL A2. Faktoranalyse av kva folk saknar ved staden der dei bur. Roterte årsaksfaktorer*

Kvalitetar

Component

 

1

2

3

4

5

 

«Spenning»

«Røter»

«Natur»

«Bolig, miljø»

«Arbeid»

Nærleik til familie, slekt

–.037

.812

.136

–.005

.025

Gode vener

–.122

.369

.464

–.027

.466

God bolig

–.065

.136

–.021

.747

–.083

Godt, interessant arbeid

.135

–.038

.014

–.017

.553

Gode natur- og friluftsmuligheter

.003

.101

.818

–.074

–.129

Det sosiale miljøet, lokalkulturen

.164

.053

.107

.714

.184

Rein luft, vatn osv.

–.080

.422

.421

.353

–.225

God kommunal service

.444

.369

.178

.251

–.214

Godt kulturtilbod

.657

.140

–.092

.336

–.027

Spennande uteliv (kafear, restaurantar, klubbar, o.l.)

.784

–.043

.035

–.053

.104

Godt utdanningstilbod

.742

.034

–.032

–.086

.171

Kort veg til jobb

.079

.169

–.136

.021

.688

Muligheter for å dyrke hobbyar, fritidsinteresser

.480

–.147

.141

.019

.276

Det er her eg høyrer til – lokale røter

.258

–.120

.591

.294

.225

Muligheter for å treffe nye menneske

.073

.766

–.091

.184

.165

Gode offentlege kommunikasjonar

.383

–.064

.199

.250

.463

* Metode: Prinsipal komponentanalyse.

   Rotasjonsmetode: Varimax.

TABELL A3. Om vedkommande har planar om å flytte ut av kommunen dei nærmaste 3–4 åra? Prosentfordeling

Nei, har ingen flytteplanar

74.2

Ja, har vurdert det lausleg

19.3

Ja, kjem ganske sikkert til å flytte

6.5

Total

100.0

TABELL A4. Alt i alt, kor nøgd er du med det livet du lever? Prosentfordeling

Ikkje nøgd i det heile tatt

.5

Ikkje heilt nøgd

8.4

Ganske nøgd

54.6

Svært nøgd

36.6

Total

100.0

Referansar

Baldersheim, H. (2011). Knowledge, Brokerage and Institutional Retooling: Policy Preferences for Regional Development in a Competitive World. I H. Baldersheim, A. V. Haug og M. Øgård (red.), The Rise of the Networking Region:The Challenges of Regional Collaboration in a Globalized World (23–33). Farnham, Surrey: Ashgate.

Baldersheim, H., P. A. Pettersen & L. E. Rose (2011). Den krevende borger. Utfordringer for demokrati og tjenesteyting. Dokumentasjonsrapport. Oslo: Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo.

Blix, E. (1902). Å, eg veit meg eit land. I N. Rolfsen & B. Støylen (red.), Læsestykker paa landsmaal. Kristiania: Dybwad.

Boekema, F., K. Morgan, S. Bakkers & R. Ruttenred (2000). Knowledge, Innovation and Economic Growth. Cheltenham: Edward Elgar.

Castells, M. (1996). The Rise of the Network Society. The Information Age: Economy, Society and Culture, vol. 1. Oxford: Blackwell.

Clark, T. N. (2004a). Introduction: Taking Entertainment Seriously. I T. N. Clark (red.), The City as an Entertainment Machine (1–13). Oxford: Elsevier.

Clark, T. N. (2004b). Urban Amenities: Lakes, Opera, and Juice Bars. Do they Drive Development? I T. N. Clark (red.), The City as an Entertainment Machine (103–140). Oxford: Elsevier.

Clarke, S. & G. L. Gaile (1998). The Work of Cities. Minneapolis: University of Minneapolis Press.

Delmaide, D. (1994). The New Superregions of Europe. New York: Dutton.

Difi (2010). Innbyggerundersøkelsen del 2. Difi-rapport 2010:14. Oslo: Direktoratet for forvaltning og IKT.

Etzkowitz, H. (2008). The Triple Helix: University – Industry – Government Innovation in Action. New York: Routledge.

Florida, R. (2002). The Rise of the Creative Class and How it’s Transforming Work, Leisure, Community and Everyday Life. New York: Basic Books.

Florida, R. (2005). The Flight of the Creative Class: The New Global Competition for Talent. New York: HarperBusiness.

Glaeser, E. L. (2005). Review of Richard Florida's The Rise of the Creative ClassRegional Science & Urban Economies35:593–596.

Hambleton, R. & J. S. Gross (red.) (2007). Governing Cities in a Global Era: Urban Innovation, Competition, and Democratic Reform. New York: Palgrave.

Hellevik, O. (2002). Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap. 7. utg. Oslo: Universitetsforlaget.

Hellevik, O. (2008). Jakten på den norske lykken. Oslo: Universitetsforlaget.

Holmberg, S. & L. Weibull (2005). Lyckan kommer, lyckan går. I S. Holmberg & L. Weibull (red.), Lyckan kommer, lyckan går (9–36). Göteborg: SOM-instituttet, Göteborgs universitet.

Kolloen, I. S. (2000). Tor Jonsson: Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller. Prosa i utvalg. Oslo: Det Norske Samlaget.

Lundvall, B.-Å. (1992). National Systems of Innovation: Towards a Theory of Innovation and Interactive Learning. London: Pinter.

Merton, R. (1949). Patterns of Influence: A Study of Interpersonal Influence and Communication Behavior in a Local Community. I P. Lazarsfeld & F. Stanton (red.), Communications in Research (180–219). New York: Harper & Brothers. Nyutgitt under tittelen Patterns of Influence: Local and Cosmopolitan Influentials, i R. Merton (1968), Social Theory and Social Structure. New York: Free Press.

Montgomery, J. (2005). Beware ‘the Creative Class’: Creativity and Wealth Creation Revisited. Local Economy, 20(4):337–343.

Nansen, F. (1916). Frilufts-liv. Blade av dagboken. Kristiania: Jacob Dybwads Forlag.

Putnam, R. D. (1993). Making Democracy Work: Civic Traditions in Modern Italy. Princeton: Princeton University Press.

Rainisto, S. K. (2003). Success Factors of Place Marketing: A Study of Place Marketing Practices in Northern Europe and the United States. Doctoral Dissertations 2003/04. Espoo: Helsinki University of Technology, Institute of Strategy and International Business.

Robertson, R. (1995). Glocalization: Time-Space and Homogenity-Heterogeneity. I M. Featherson, S. Lash & R. Robertson (red.), Global Modernities (25–45). London: Sage.

Rose, L. E. & K. Ståhlberg (2000).Municipal Identification and Democratic Citizenship: A Finnish-Norwegian Comparison. I L. Karvonen & K. Ståhlberg (red.), Festschrift for Dag Anckar (259–294). Åbo: Åbo Akademis Förlag.

Sassen, S. (2001). The Global City: New York, London, Tokyo. 2. utg. Princeton: Princeton University Press.

Sassen, S. (2006). Cities in a World Economy. Thousand Oaks, CA: Pine Forge Press.

Statistisk sentralbyrå (2008). Mindre jobbflytting. Henta frå http://www.ssb.no/vis/magasinet/slik_lever_vi/art-2008-12-18-01.html. Lest 08.11.11.

Statistisk sentralbyrå (2010). Tettstedsveksten fortsetter. Henta frå http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/. Lest 26.8.11.

St.meld. nr. 31 (2002–2003). Storbymeldingen. Oslo: Kommunal- og regionaldepartementet.

St.meld. nr. 25 (2008–2009). Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts- og regionalpolitikken. Oslo: Kommunal- og regionaldepartementet.

Sørhaug, H. C. (1984). Totemisme på norsk – betraktninger om den norske sosialdemokratismes vesen. I A. M. Klausen (red.), Den norske væremåten: Antropologisk søkelys på norsk kultur (61–87). Oslo: Cappelen.

Sørlie, K. (2006). Flyttehistoriske hovedtrekk for 20 årskull. Sammendrag for fem soner etter sentralitet. Regionale trender 1. Oslo: NIBR.

Sørlie, K. (2010). Bosetting, flytting og regional utvikling. I I. Frønes & L. Kjølsrød (red.), Det norske samfunn (457–478). 6. utg. Oslo: Gyldendal.

Sørlie, K., M. Aure & B. Langset (2012). Hvorfor flytte? Hvorfor bli boende? Bo- og flyttemotiver de første årene på 2000-tallet. NIBR-rapport 2012:22. Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning

Witoszek, N. (1998). Norske naturmytologier. Fra Edda til økofilosofi. Overs. Toril Hansen. Oslo: Pax.

Wærp, H. H. (1993). Min natur og din natur. Natur og landskap i norsk, dansk og nederlandsk skjønnlitteratur. TijdSchrift voor Skandinavistiek 14(1):119–145.

1Regjeringa har skipa eit ege utval for stadskvalitetar med ein eigen nettportal: http://www.regjeringen.no/nb/sub/stadsutvikling.html?id=520595 (lest 15.11.11.).
2Teorien er kritisert frå ulike hald, m.a. for at omgrepet «kreativ klasse» er uklart eller for vidt definert, og for at samanhengen mellom lokal økonomisk vekst og kreative klasse er vanskeleg å påvise statistisk. I denne artikkelen er det ikkje meininga å teste hovudhypotesen i teorien, men å ettergå premisset om at ein spennande og mangfoldig bykultur har fått auka attraksjonskraft og kanskje er i ferd med å bli dominerande, i alle fall blant unge.
3Omgrepet er skapt av forfattaren Tor Jonsson (jf. Kolloen 2000). Eit søk i A-tekst viser at uttrykket nesten ikkje er brukt i pressa før år 2000, men tiltar i bruk utover på 2000-talet, med ein topp i 2010 (kjelde: Eiga undersøking).
4Bulystrådet vart oppretta våren 2006 av Kommunal- og regionaldepartementet. Rådet vart invitert av kommunal- og regionalministeren «til å gje råd om kva som er viktig for å få til ei utvikling i distrikta som gjer det attraktivt for unge å busetje seg der i framtida. Bulystrådet var sett saman av 14 unge menneske med variert bakgrunn. Det var representantar for ungdomsorganisasjonar, unge folkevalde og unge ressurspersonar, eldsjeler og personar som har merkt seg ut på ulike felt. Rådet avslutta arbeidet i 2007» (St.meld. nr. 25 (2008–2009)).
5Men rapportar frå Statistisk sentralbyrå seier at arbeidsrelatert flytting er avtakande (SSB 2008).
6Innanfor ramma av 64 tilfeldig utvalde kommunar fordelt på åtte storleiksgrupper blei det gjort eit tilfeldig utval av innbyggjarar. Denne utvalsprosedyren blei vald for å få eit tilstrekkeleg tal respondentar i alle kommunetypar, og særleg i dei minste og mest perifere. Utvalsprosedyren er ei form for tostegs klyngeutvelging (jf. Hellevik 2002:121). I første steget blei alle norske kommunar inndelt i åtte storleiksgrupper; deretter blei det gjort eit tilfeldig utval på åtte kommunar innanfor kvar gruppe. I det andre steget blei det trekt eit tilfeldig utval av innbyggjarar mellom 16 og 85 år med bustad i kvar av dei utvalde kommunane. Siktemålet var å innhente opplysningar frå om lag 30 personer i kvar av kommunane, noko som gav eit nettoutval på ca. 2000 personar. Datainnsamling blei utført av SSB i to rundar, først telefonintervju og så oppfølgjande postalskjema. Bruttoutvalet av respondentar var på 4502. 2523 telefonintervju blei gjennomført, dvs. 56,1 prosent av bruttoutvalet. Det oppfølgjande postalskjemaet blei returnert av 72,3 prosent. Sjå prosjektrapporten Den krevende borger: Utfordringer for demokrati og tjenesteyting i kommunene (november 2011) for nærmare detaljar om utvalsprosedyre med meir. http://www.sv.uio.no/isv/forskning/publikasjoner/boker/krevende-burger-baldersheim-rose.html
7Tanken her er at omsorgsansvar påverkar vurderingar av stadskvalitetar. Omsorgsansvar kan vere knytt både til ansvar for eldre menneske i hushaldet og for barn. Diverre er det ikkje meir nyanserte alderskategoriar i datamaterialet på dette punktet, så eventuelle (manglande) samanhengar må vurderast med atterhald.
8Jf. t.d.Sørlie et al. 2012 for ei norsk flyttemotivundersøking.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon