Striden om private eller offentlege skolar i Noreg har eksistert i fire hundre år. Konflikten har særleg stått om skolane på elementærnivået, sidan dette var skolar for alle barn. Den har hatt fleire sider, men kjernen i striden har vore om, og eventuelt i kva grad, privatskolane har vore til skade eller gagn for den offentlege skolen. Da styresmaktene la ned forbod mot private skolar i byane i 1607, var det av omsyn til den offentlege skolen. Grunngjevinga var den same da den raudgrøne regjeringa kom med sitt «frysvedtak» fire hundre år seinare. I andre epokar mellom disse ytterpunkta i kronologien har det vore omvendt. Dei private skolane har blitt sett på som inspirasjonskjelder og forbilde for den offentlege skolen, og dei har fått utdanningspolitisk innverknad på reformutviklinga.

Privatskolespørsmålet har aldri funne sitt endelege svar i utdanningspolitikken. Det har stadig vore ei sak som har tent skarpe og iltre debattar. At private skolar er til skade for den offentlege skolen, har utvikla seg til å bli ei allmenn sanning på sosialistisk hald. Vice versa har den borgarlege fløya lyfta fram privatskolane ikkje berre som eit framifrå liberalistisk fridomsgode i seg sjølv, men også som eit godt verkemiddel for ei kvalitativ utvikling av den offentlege skolen.

I denne artikkelen skal vi sjå korleis strida om privatskolane har utvikla seg gjennom ulike epokar frå 1600-talet og fram til i dag. Vi rettar då søkjelyset både mot privatskolanes plass og omfang i forhold til den offentlege skolen på grunn- og vidaregåande nivå og mot den utdanningspolitiske debatten rundt privatskolespørsmålet. Reformasjonen utgjer ein første epoke og eit bakteppe for dei seinare epokane som følgjer etter moderniseringa av det norske utdanningssystemet på 1800-talet. Gjennom fire epokar med ulike politiske ideologiar – frå 1800-talets embetsmannsstat via venstrestaten til arbeidarpartistaten i etterkrigstida og dei seinare skifta mellom borgarlege og sosialistiske/raudgrøne regjeringar – følgjer vi utviklinga til privatskolane (jf. Slagstad 1998).

Reformasjonen: privatskoleforbod – striden startar

Den dansk-norske kyrkjeordinansen i 1539 fastsette «Børnelærdommen at være i alle Huse». I 1607 fekk Noreg sin eigen kyrkjeordinans, som kom med påbod til kjøpstadene om offentlege skolar «for Drenge og Piger og andre der ikke due til at læse La-tine», men forbod om private skolar «som her og der holdes». Bakgrunnen for både påbodet og forbodet var klart: omsynet til fattige barn. I Noreg var det sju kjøpstader i 1607, og ingen av desse hadde offentlege allmugeskolar, men derimot ganske mange private, truleg om lag 20, altså i snitt tre skolar per kjøpstad. Men korkje påbodet eller forbodet hadde nokon verknad: Det kom ingen allmugeskolar finansiert av kjøpstadene på over to hundre år, og talet på private skolar auka i takt med tilveksten av kjøpstader.

Skoleutviklinga i kjøpstadene på 1600- og 1700-talet leid under konflikten mellom sentrale og lokale styresmakter. Regjeringa ville ha slutt på privatskolane for å få betalingsdyktige elevar over i offentlege skolar, slik at fattige elevar kunne få gratis undervisning. Da påbodet og forbodet i 1607 ikkje blei etterlevd av ein einaste kjøpstad, kom eit nytt påbod i 1631 om «gode Danske Skoler» og eit nytt forbod i Norsk Lov 1687 om at alle privatskolane «skulle aldeles være afskaffede». Men regjeringa kom ingen veg: Dei få offentlege skolane som kom før 1700, var det kyrkja som stod bak. Også midt på 1700-talet kom regjeringa med forbod mot private skolar (Tveit 2005:27f), men utan verknad. Eit godt døme på maktesløysa til regjeringa er skoleforordninga i 1739 som kjøpstadene nekta å akseptere.

For kjøpstadene var det heilt utaktuelt å finansiere allmugeskolen før dei blei tvungne til det etter unionsoppløysinga i 1814. Haldninga var at elementærundervisninga i første rekkje var foreldra sitt ansvar, enten ved at dei betalte skolepengar eller fekk barna undervist på annan måte. Dernest blei kyrkja tillagt eit ansvar, fordi undervisninga så einsidig var retta inn mot konfirmasjonen. Endeleg, som siste utveg når fattigdommen var stor, skulle fattigvesenet trå til.

Frå det første påbodet i 1607 gjekk det 130 år før alle kjøpstadene hadde minst éin offentleg allmugeskole. I 1739 bestemte regjeringa at alle dei mindre latinskolane skulle leggast ned, og i Noreg blei seks latinskolar gjort om til allmugeskolar. Dermed hadde alle kjøpstadene fått innført offentleg allmugeskole, men både i 1745 og i 1775 hadde halvparten av kjøpstadene berre éin skole. Dei offentlege skolane hadde derfor berre plass til eit mindretal av elevane. Topografisk litteratur tyder på at kjøpstadene på 1700-talet hadde omlag dobbelt så mange private som offentlege allmugeskolar, men sikre tal finst først ved folketeljinga i 1801. Da var det 80 private lærarar mot 55 offentlege.

I over to hundre år hadde dei private allmugeskolane fire viktige funksjonar. Dei gav foreldra rett til å velje skole, dei dekte kvantitative behov, dei opna vegen for kvinnene inn i arbeidslivet og for jentene inn i skolen. Men dei hadde også ein svært uheldig konsekvens: Dei blei soveputer for kjøpstadene når det galdt etablering og utvikling av offentlege allmugeskolar. Det måtte ei ny regjering til for å endre på dette.

1814–1880: Omsynet til skolanes utvikling – fri konkurranse

For embetsmannsstaten etter 1814 var det ikkje noko problem at kjøpstadene hadde både private og offentlege skolar, det gjaldt både allmugeskolar og vidaregåande skolar. Folketalet auka raskt, og hovudutfordringa i kjøpstadene var å få skolar nok til alle barn. Regjeringa aksepterte privatskolane. Dei kunne eit stykke på veg avlaste dei offentlege allmugeskolane for det presset dei var utsette for. På vidaregåande nivå skulle privatskolane få ein langt større betyding som alternative og reformutviklande skolar. Som på andre samfunnsområdar hegna statsmakten også i utdanningspolitikken om «fridomen». Liberalismens klassiske idé om det sjølvstendige, suverene menneske som moralsk ideal blei eit grunnelement for statsmakta sitt virke, særleg viktig blei det i tiåra mellom 1830 og 1880 (Seip 1974:98ff). Politikken skulle allment leggje til rette for «fri bevegelighet» som vilkår for nasjonal vekst, kultur og samkvem. Med Seip: Fridomen var instrumental.

Dei private allmugeskolane: lovlege – men utkonkurrerte

Allereie i 1816 vedtok Stortinget ein skolelov utan forbod mot private allmugeskolar. Lova påla samstundes kjøpstadene å dekkje underskotta i skolebudsjetta til dei offentlege skolane (§ 3). Skulle ein lukkast med å gi alle barn eit skoletilbod, var offentleg utbygging einaste utvegen. For sjølv om 60 prosent av lærarane i kjøpstadene i 1830-åra var private, underviste dei ifølgje skolestatistikken i 1837 berre femtedelen av elevane. Ein annan veikskap med privatskolane var kompetansen til lærarane, for dei færraste kjøpstadene brydde seg om pålegget frå regjeringa om å berre bruke autoriserte privatskolar. Bergen, som på den tida var Noregs største by og privatskolebyen framfor nokon, hadde 35 skolar utan autorisasjon i 1823, og så seint som i 1840 hadde 28 av 52 ingen autorisasjon (Tveit 2008b:80; Tveit 2005:27f).

Dei fleste kjøpstadene var svært lite glade for det ansvaret dei no fekk for allmugeskolane. I 1820- og 30-åra måtte regjeringa bruke direkte tvang i mange byar (Tveit 2008b:68, 71; Tveit 2005:18; Tveit 2008a:201). Men regjeringa blei etter kvart for sterk for kjøpstadene, og etter allmugeskolelova for byane i 1848 fekk dei langt på veg ein kommunefinansiert allmugeskole, open for alle foreldre som ønskte å sende barna sine dit. Dette skjedde utan at styresmaktene la hindringar i vegen for dei private allmugeskolane. Dei tapte i den frie konkurransen med dei offentlege skolane.

Det er usikkert når dei offentlege allmugeskolane i kjøpstadene fekk fleire elevar enn dei private, men truleg skjedde det like etter unionsoppløysinga i 1814. Allmugeskolelova i 1848 oppheva også dei tidlegare forboda mot private skolar, ved å slå fast at det ikkje var skoleplikt i Noreg (§ 15). Dei private allmugeskolane fekk såleis full fridom så lenge dei tilfredsstilte faglege krav, noko mange av dei ikkje gjorde. Men i den frie konkurransen blei privatskolane dei store taparane. Allereie midt i 1830-åra gjekk berre 20 prosent av elevane i kjøpstadene i privatskole, og tjue år seinare berre 10 prosent. Ved slutten av 1800-talet var prosenten nede i 3–4, og i det meste av 1900-talet berre eit par prosent (Tveit 2008a:197).

Dei private vidaregåande skolane: ekspansjon og reformiver

Rundt 1800 fanst det to typar vidaregåande skolar i kjøpstadene: latinskolane frå mellomalderen og borgar- og realskolane. Dei offentlege skolane er allment kjende, men kva med dei private? Dei første landsomfattande opplysningane er frå 1803 og 1815 (Tveit 2005). Av private latinskolar fanst det truleg berre éin på 1700-talet (Camstrups Skole i Bergen), og berre éin rundt 1800 (Gads Lærde- og Borger-Skole i Drøbak). Av borgar- og realskolar var det åtte private og ti offentlege i 1802, og 21 private og 17 offentlege i 1815. Det fanst altså om lag like mange private skolar som offentlege rundt 1814, men dei private hadde færre lærarar og ganske sikkert også færre elevar enn dei offentlege. Det var først eit par tiår seinare at privatskolane også tok over majoriteten av elevane, ein majoritet som dei hadde resten av 1800-talet (69 % av elevane i 1837, 62 % i 1875 og 58 % i 1900) (Tveit 2008a:197).

Dei private skolane hadde ikkje berre fleire elevar enn dei offentlege på 1800-talet, men dei gjennomførte også den mest radikale reformeringa av dei offentlege skolane i norsk skolehistorie. Derfor er dei i utdanningshistoria i ettertid blitt kalla for reformskolar. Det var ikkje eit omgrep privatskolane brukte om seg sjølv i samtida, og heller ikkje styresmaktane, men tanken om at ein av deira oppgåver var å verke reformerande overfor den offentlege skolen var klårt uttrykt mellom andre av skolereformatoren, filologen Hartvig Nissen (1815– 1874): «Der mangler neppe i noget Land Exempler paa, at denne Eiendommelighed ved de kommunale og især ved de private Skoler har sat dem i stand til at optage Forbedringer og gjøre Frem-skridt, som derfra ere overførte til den offentlige Skole» (Nissen 1876:258). For Nissen var det ingen motsetnad mellom engasjement for offentlege og private skolar. Idealet hans var eit samspel mellom dei. I 1849 hevda han at dei fleste store reformer i skolevesenet hadde gått ut frå private undervisningsinstitusjonar, der nye idear lett kunne prøvast ut «og saaledes faa Erfaringens Vidnesbyrd». Men på den andre sida var dei private skolane, etter hans meining, heilt avhengige av dei offentlege (s.st.:542).

Det var ein påfallande konsentrasjon av private høgre skolar i Kristiania. Stadig fleire gutar ønskte å ta examen artium frå 1820-åra. I Kristiania blei det derfor oppretta fleire private latinskolar som mest var for artiumskurs å rekne. Dei mest kjende var «Møllers Institut» (1822), den toårige og etter kvart treårige «Heltberg Studentfabrik» (1846) og Schreiner/Gjertsens Latinskole for Voksne (1855). I tillegg til artiumskursa blei det frå 1840-åra oppretta seks private skolar i Kristiania som på ulike vis skulle reformere den offentlege skolen radikalt. Så seint som i 1913 kom 85 prosent av alle oppmelde artiumskandidatar i denne byen frå private skolar (Jøranlid 1969: 13). Men under og like etter første verdskrig blei dei private høgre skolane enten nedlagde eller overtekne av kommunen.

Dei private skolane i andre halvdel av 1800-talet hadde to hovudfunksjonar: Dei fylte kvantitative behov, og dei initierte og gjennomførte pedagogiske reformer som dei etter kvart fekk innført i den offentlege skolen. Dei to viktigaste reformene galdt radikale endringar av struktur og innhald i den høgre skolen, og integreringa av jentene i dette skoleslaget. Reformskolane var alle inspirert og påverka av Hartvig Nissens kombinerte latin- og realskole frå 1843, ein skole som skulle bli mønsteret for alle dei andre privatskolane i byen. La oss kort sjå på kva Nissens Latin- og Realskole sto for som reformskole.

Nissen hadde eit skoleprogram som han brann for, og privatskolen hans skulle bli det store førebilete for dei kommande privatskolane i Kristiania. Skolen hadde på sitt meste 672 elevar. Nissens skole var revolusjonerande på mange måtar. For det første var kombinasjonen av latinskole og realskole noko heilt nytt (realskolen skulle førebu for det praktiske liv og fagskolar). For det andre var fellesundervisning for alle elevane til dei var 12 år gamle nytt, og dermed måtte rekkjefølgja i språkundervisninga endrast. I dei lærde skolane var latin første språk, men i Nissens skole begynte undervisninga med morsmål, så tysk, så fransk og deretter latin. Også på den fireårige reallina og den seksårige latinlina etter 12. året var det mange fellesfag. Nissen var i det heile kritisk til latin som undervisningsspråk. (NBL X 1959:142–145; Høigård 1942: 313, 325, 365; Anderssen 1914:23).

Den første store sigeren til Nissen kom i 1848, da Stortinget vedtok at dei byane som ville ha statsstøtte måtte organisere den lærde skolen etter mønster av Nissens private skole, dvs. at desse skolane måtte ha ei realavdeling. Alle dei lærde skolane innførte ordninga, med unntak av katedralskolane i Kristiania, Bergen og Trondheim. Ein viktig konsekvens av vedtaket i 1848 var embetseksamen for reallærarar i 1851. Ein endå større siger vann Nissen med lova i 1869, da realavdelinga blei utvida til eit realgymnas, ei ordning som også katedralskolane måtte innrette seg etter.

Styrarane ved dei andre private reformskolane i Kristiania hadde gjerne tidlegare vore lærarar ved Nissens skole. Alle reformskolane var kombinerte latin- og realskolar. Fire av dei fremste skolane som tok mønster av Nissens skole var Qvams Latin- og Realskole/Mariboegadens Latin- og Realskole, Aars og Voss Latin- og Realskole, Otto Anderssens Skole og Ragna Nielsens Latin- og Realskole. Ved Qvams skole tok den første kvinna i Noreg middelskoleeksamen i 1875. I 1884 gjekk skolen over til fellesundervisning av gutar og jenter, noko som til da hadde vore ukjent i den høgre skolen (NBL XI 1952:253f; OBL 2000:348). Skolen til Jacob J. Aars og Peter C. Voss blei oppretta i 1863 og utvikla seg etter kort tid til å bli stor og anerkjent, ei tid var han den største i Norden. Her la ein mellom anna vekt på pedagogiske idear som fremma fagleg konsentrasjon, tverrfagleg samarbeid og elevaktivitet (NBL I 1923:36f; XVIII:236–238; Bjørndal 1959:13–15, 24f, 33, 50; Anderssen 1914:37). Otto Anderssens skole, oppretta i 1880, hadde etter noen år både latinlinje og reallinje og ga jenter adgang til begge linjene. Her innførte ein også nye fag som gymnastikk, sløyd, musikk og song, og skolen arrangerte også foreldremøter og skolereiser for elevane (NBL I 1923:149f); OBL 2000:336). Kvinnesaksforkjemparen Ragna Nielsen starta sin eigen private latin- og realskole i 1885, og var den første kvinnelege gymnasstyrar i Noreg. Skolen hadde fellesundervisning av gutar og jenter, og kvinner blant lærarane i gymnaset (Hagemann 1992:73; Helland 1885/1917:241).

Dei vidaregåande privatskolane på 1800-talet blei særleg viktig for jentenes skolemuligheiter. For dei fleste av dei var privatskolane den einaste utvegen til skolegang etter allmugeskolen. I 1853 hadde dei offentlege vidaregåande skolane 9 prosent jenter, dei private 56 prosent. Den mest omfattande undersøkinga av offentlege og private vidaregåande gute- og jenteskolar på 1800-talet blei gjort av Kristian Koren for skoleåret 1884/1885 (Koren 1885). Innslaget av jenter i dei offentlege skolane var da aukande i forhold til tidlegare, men det var i dei private skolane at jentene var i fleirtal (53 %). Det fanst jamvel nokre jenter i privatskolar som førte fram til examen artium (2 %), og i middelskolane var prosenten jenter på over 40. Privatskolane opna også vegen for kvinner inn i arbeidslivet, både som lærarar og styrarar (85 % av jenteskolane blei styrt av kvinner).

Den store reformatoren var også her Hartvig Nissen, som med sin «Pigeskole» la grunnlaget for ein ny epoke i jenteskolane. Han såg ingen vesentlege skilnader i danninga av kvinner og menn. Da han døydde i 1874 blei latin- og realskolen lagt ned, men jenteskolen heldt fram. Fire år seinare søkte skolen om rett til å halde middelskoleeksamen for jenter, og departementet godkjende søknaden same år (Anderssen 1914:39). Lov om middelskoleeksamen for jenter kom same år. I løpet av seks år fekk fem private jenteskolar rett til å halde slik eksamen (Koren 1885). Ved gymnaslova i 1896 blei eksamen lik for gutar og jenter.

Samla sett står tida mellom 1814 og 1880-åra fram som den mest framgangsrike og ekspansive epoken i privatskolane si historie, særlig galdt det for åra etter 1850. Samstundes fekk dei private skolane på vidaregåande nivå stor innverknad på dei offentlege høgre skolane. Den klassisk dominerte embetsmannsskolen blei no omgjort til ein moderne høgre allmenndannande skole. Morsmål, moderne framandspråk og realfag blei dei dominerande faga, og dei klassiske språka blei nærmast utrydda. Det tredelte standsskolesystemet med parallelle allmugeskolar, borgar- og realskolar og lærde skolar blei erstatta av eit einskapsskolesystem med folkeskole, middelskole og gymnas bygd oppå kvarandre. Ikkje noko anna land kunne vise til ei tilsvarande utvikling. Privatskolane hadde avgjerande innverknad på desse reformane ved at dei blei utprøvde der og deretter innførde i den offentlege skolen. Dei private høgre skolane skal likevel ikkje ha all æra av reformene. Grundtvigianarane og dei private folkehøgskolane spela også ei viktig rolle, men det er ei anna historie. Folkehøgskolane blei verna på 1900-talet, mens dei private reformskolane derimot blei utrydda under og like etter første verdskrig.

1880–1965: Omsynet til einskapsskolen – innstramming

I 1860- og 1870-åra hadde privatskolane sterk støtte frå den politiske venstresida, både av reformpedagogisk og demokratiske grunnar. Dei offentlege lærde skolane var statsstyrde og lite reformvenlege. I ein stortingsdebatt i 1863 åtvara Johan Sverdrup mot at staten oppretta så mange offentlege skolar at dei ville «monopolisere Undervisningen» til skade for dei private skolane, som hadde «større Elasticitet til at bøie sig for Livets og Virkelighedens Krav» (Klem 1931:7). Skolemannen Johannes Steen meinte at «det laa i Tingenes Natur, at Statsskolen som saadan ikke kunde gaa i Spidsen for Reformer, men at den private Skole maatte gjøre det» (St.tid. 1869:629). I 1871 kom eit nytt kraftig åtak på statsskolane. Søren Jaabæk m.fl. la da fram forslag til lov om nedlegging av dei lærde skolane «som offentlige Indretninger», både for å spare pengar og fordi dei private skolane «vilde blive bedre, friere og mere svare til Livets Krav» (Klem 1931:5–7).

Utover i 1880-åra minka den politiske interessa for dei private skolane. Skifte frå ein klassisk liberalistisk styringsideologi under embetsmannsstaten til ein sosialliberal ideologi under venstrestaten førde generelt med seg strammare vilkår for dei private tiltaka til fordel for eit utvida offentleg samfunnsansvar. Ikkje minst fekk dette innverknad på dei sosial- og utdanningspolitiske områda. Innanfor utdanningssektoren blei no motsetnadsforholdet mellom stat og kommune gradvis borte. Etter innføringa av parlamentarismen hadde også forholdet mellom regjeringa og Stortinget blitt eit anna. Dette førde med seg at det ikkje lenger var tale om statlege skolar mot kommunale og private, men heller statlege og kommunale skolar mot private. -Johan Sverdrup uttrykte seg kritisk til private høgre skolar i 1889, og skolekommisjonen av 1890 meinte at desse skolane skulle ligge under «statens direkte omsorg» (Klem 1931:24, 35).

Gymnaslova i 1896 likestilte offentlege og private skolar, men av stortingsdebatten gjekk det fram at privatskolane blei sett på som unntak. Venstre kom meir på linje med Høgre, som alltid hadde forsvara den offentlege skolen. Venstres fremste talsmann, Victor Holst, meinte t.d. at privatskolane framfor alt var «en forretning», noko mange privatskolestyrarar fann krenkande (Klem 1931:34–38). Det var femti års epokegjerande reformarbeid i dei private skolane som låg bak den radikale skolelova i 1896, men dei fekk lite løn for strevet blant dei borgarlege partia som no satt med makta. Tvert om skulle privatskolane heretter vere unntak, og dette til tross for at dei hadde fleirtalet av elevar. Seinare skulle dei borgarlege partia med Høgre i spissen innta eit ganske anna og motsett standpunkt, skal vi sidan sjå.

Eit halvt hundreår med full harmoni mellom offentlege og private skolar hadde gjort Noreg til eit pedagogisk pionerland, ikkje berre i Norden, men i heile Europa. Noreg var t.d. først ute med å innføre middelskolen (1869), ei avgjerande reform for etablering av einskapsskolen (1896), og begge reformene var initiert av privatskolane. Det same galdt eit realgymnas utan latin (1869). Slik kom privatskolane til å spele ei viktig rolle i utviklinga av einskapsskolen. Men harmonien blei knust i mellomkrigstida. No var etableringa av einskapsskolen den skolepolitiske hovudsaka. Privatskole både på folkeskolenivå og vidaregåande nivå skulle nedkjempast.

I 1917 vedtok Arbeidarpartiet å forby private folkeskolar og påleggje alle foreldre å sende barna i offentlege skolar (Høigård & Ruge 1963:207–209). Sjølv om vedtaket aldri blei sett ut i livet, prega den negative haldninga til private skolar Arbeidarpartiet også etter kløyvinga av partiet i 1921. Den parlamentariske skolekommisjonen i 1927 vedtok nemleg samrøystes at alle som ville ta over ein privatskole «har derom å gjøre anmeldelse til kjøpstadens (herredets) skole-styre» (DPS, III:16). Folkeskolelovene i 1936 bestemte det same (§ 56, § 59). I stortingsdebatten om desse lovene var privatskolane totalt fråverande. Dette var kanskje ikkje så underleg sidan dei private folkeskolane berre hadde om lag 1 prosent av elevane i byane og praktisk talt ingen på bygdene (jf Tveit 2008a: 197).

I framlegg til lov om den høgre skolen uttrykte rett nok Den parlamentariske skolekommisjonen i 1927 litt velvilje til private skolar: «Ved siden av statsskoler og kommunale skoler vil der være plass for private skoler». Grunnen til velviljen var truleg at dei private reformskolane enten var nedlagde eller overtekne av Oslo kommune. Fleirtalet i kommisjonen gjekk inn for at private skolar skulle få eksamensrett (DPS, V:158f, 224), og dette blei stadfesta ved lov i 1935. Samordningsnemnda av 1947 derimot, var sterkt kritisk til private skolar. I tilrådinga om den høgre skolen meinte nemnda at kvaliteten til privatskolane var «høyst varierende», og at undervisninga som oftast blei «drevet ensidig med eksamen for øye» (SON:31, 38f). På 1800-talet fanst det som nemnt også privatskolar som dreiv eksamenskurs, men i tillegg skolar som dreiv med reformarbeid. Skolepolitikken i mellomkrigstida hadde fullstendig fjerna dei sistnemnde. Det var skolen som politisk og sosial institusjon som prega debatten i 1920- og 1930-åra.

Utgangspunktet etter andre verdskrig var at alle skoleslag kunne drivast av private, enten det var lovregulerte skolar eller ikkje. Den rådande administrasjonsregelen var at privatskolane kunne søkje enkeltvis om statsstøtte, og at Stortinget i slike tilfelle tok standpunkt til kvar enkelt søknad i samband med den årlige budsjettbehandlinga. Frå sosialdemokratisk hald blei privatskolane sett på som staten uvedkommande. Men på den borgarlege sida snudde no gradvis haldninga. Ein begynte igjen å sjå på privatskolane som eit nødvendig tilskott til det offentlege skolesystemet, dels fordi dei dekte opp for manglar i det offentlege utdanningssystemet og dels fordi dei kunne representere alternativ for foreldre som ønskte ei anna undervisning enn den offentlege for barna sine. Motsetninga som no bygde seg opp mellom Arbeidarpartiet og dei borgarlege partia, førde likevel ikkje til nokon stor debatt før ut på 1960-talet.

Samla sett står epoken mellom 1880 og 1965 fram som ei motgangstid for privatskolesaka. Rett nok blei det aldri uttrykt noko politisk ønske om å forby privatskolane, men dei fekk ingen plass i lovverket og hadde ingen sikkerheit for offentleg økonomisk støtte. Privatskolesystemet blei gjennom epoken knekt av ideologisk motvilje frå sosialistane og like-sæle frå dei borgarlege partia.

1965–1990: Omsynet til foreldreretten –  lovregulering

Då Arbeidarpartiet kom til makta etter krigen, skulle alt forsøksarbeid i skolen skje i offentleg regi. Ifølgje lov om forsøk i skolen av 1954 kunne Forsøksrådet gjere avvik frå gjeldande lover dersom forsøka var pedagogisk vel underbygde og av interesse for skolen. Resultata av dei frie forsøka blei ein fullstendig ny grunnskole. Ein skole der alle forsøk og alternativ skulle prøvast ut i offentleg regi, kunne ikkje dei borgarlege partia slå seg til ro med. Privatskolesaka vart snart den saka som skarpast trekte opp frontlinene mellom ein borgarleg og ein sosialistisk skolepolitikk. Slik er det framleis, like til dei seinaste utdanningspolitiske ordskifta i våre dagar.

Då dei borgarlege partia tok over regjeringsmakta i 1965, blei privatskole-saka straks sett på sakskartet. I regjeringserklæringa heitte det at det skulle «utarbeides retningslinjer for ordinær statsstøtte til private skoler» (St.forh. (1965–66) S.tid. 7a:54). Fem år seinare blei landets første privatskolelov vedteken: Lov om tilskudd til private skoler av 1970. Ei skolepolitisk hjartesak for dei borgarlege partia, ikkje minst for kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik (KrF), var dermed kommen i hamn. Men det skjedde ikkje utan politisk kamp. For den borgarlege fløya stod privatskolane for «ei vidareføring av en demokratisk tanke», der hovudprinsippet var at «foreldra står over staten, -ikkje omvendt» (St.forh. (1969–70), 8, Tid. O. og L.:81). Arbeidarpartiet stod for eit motsett syn. Alle unnataka frå hovudprinsippet om ein felles offentleg skole var for dei eit «skritt i gal retning» (s. st.:119). Trygve Bratteli uttrykte seg slik: «På meg virker det som en uhyggelig selvoppsigelse når ledende borgerlige skolepolitikere i fullt alvor hevder at private skoler kan være nyttige og nødvendige av hensyn til forsøk, eksperimenter, pedagogiske nyvinninger osv.» (s. st.:108 og109).

Budsjettinnstillinga i 1965, etter overgangen til borgarleg regjering (Borten), omhandla søknader frå åtte privatskolar, og fem av desse var skolar for funksjonshemma (St.forh. (1965–66) S. nr. 269). Dei tre andre var livssynsskolar: Kristelig Gymnasium, Tyrifjord høgre skole og Sand realskole. Det var brei semje i Stortinget om å gje støtte til skolane for funksjonshemma, fordi desse skolane dekte ein kvantitativ mangel i den offentlege skolen. For dei tre andre søkjarane derimot, stilte det seg annleis, for dette var skolar som hadde parallellar i den offentlege skolen. Debatten førte til oppretting av det såkalla Privatskoleutvalget (1966) som fekk som mandat å greie ut ei tilskottsordning for private folkeskolar og vidaregåande skolar. Elevtalet i dei private folkeskolane og vidaregåande skolane utgjorde til saman 5600 eller 0,8 prosent av det totale elevtalet i tilsvarande offentlege skolar i 1965 (SSB 1995:tab. 5.1.). Av private folkeskolar var 34 i Noreg og seks i utlandet, og to av skolane i Noreg var Steinerskolar (Oslo og Bergen). Av private høgre skolar var det tre realskolar og to gymnas: to realskolar var for funksjonshemma elevar og dei tre andre var livssynsskolar (KUD 1967: I:17, 81; IV:12f). Dei første Steinerskolane i Noreg kom i andre halvdel av 1920-åra og hadde altså eksistert i 40 år, og representerte såleis ikkje nokon ny pedagogikk i folkeskolane. Og i den høgre skolen fanst det ingen private reformskolar av det slaget ein såg i siste halvdel av 1800-tallet.

Sjølv om privatskoleelevane utgjorde ein minoritet i skole-Noreg, meinte departementet at det var eit klart organisatorisk behov for ei lovregulering av feltet. Ein la da til grunn at privatskolane ikkje viste teikn til stagnasjon, tvert om var søkinga til skolane som regel større enn kapasiteten. Staten måtte derfor ha tryggleik for at statsstøtta blei bruka på ein god måte, og at støtta ikkje oversteig støtta til tilsvarande offentlege skolar. Privatskolane på si side hadde behov for ei tilskottsordning som var forankra i eit juridisk bindande regelverk, og som la eit grunnlag for planlegging og likebehandling. Hovudgrunngjevinga var likevel av ein meir grunnleggjande politisk-ideologisk karakter, basert på prinsippet om foreldreretten: Foreldras rett til å la barna deira få ei anna undervisning enn den som var ved dei offentlege skolane. Individ og korporasjonar skulle på si side ha rett til å etablere private skolar. Staten skulle gje fridom til dei som ønskte å gå ein annan veg i oppsedings- og undervisningsspørsmål enn det den offentlege skolen stod for (Ot.prp. nr. 61 (1968–69):7f).

Slik Bondevik opphavleg hadde formulert lovforslaget, låg det inga avgrensing i kva for type privatskolar som kunne etab-lerast. Spørsmålet dreide seg ikkje om å skape konkurranse i forhold til den offentlege skolen. Tvert imot blei folkeskolen lyfta fram frå borgarleg side som ein god og tradisjonsrik skole som i seg sjølv ikkje var i behov av noko alternativ. Reformforslaget bygde ikkje på ein kritikk av den offentlege skolen, men om det var staten eller foreldra som skulle avgjere kva for undervisning det enkelte barnet skulle få. I grunngjevinga for reforma kunne den borgarlege fløya ha vist til den rolla dei private skolane hadde hatt gjennom historia for utviklinga av den offentlege skolen. Men det poenget blei ikkje nytta i særleg grad. Arbeidarpartiet meinte at foreldreretten faktisk var til stades da det ikkje var innført -forbod mot privat skoleetablering. Men -dette var ikkje tilstrekkeleg for den borgarlege regjeringa. Etableringsretten representerte ikkje ein «reell frihet» om det ikkje blei tilført offentlege midlar til dei private skolane.

Stortingsfleirtalet ville det likevel annleis. Den endelege lovea fekk eit tillegg i § 1, ei setning den borgarlege regjeringa opphavleg ikkje hadde hatt med: «For at en skole skal kunne få offentlig tilskott må skolen ha til formål å drive forsøk, eller være oppretta av religiøse og/eller etiske grunner, eller fylle et kvantitativt undervisningsbehov». Bak dette tillegget sto venstrerepresentanten og saksordføraren Olaf Kortner. Saman med Gunnar Garbo sat han «på vippen» mellom den borgarlege og sosialistiske fløya i Stor-tinget, og det gav makt og tyngde (jf. Tuas-tad 2008:160). Venstre var ueinige i den eintydige tolkinga av foreldreretten som regjeringa la til grunn. Foreldrerettsprinsippet skulle gjelde, men det gav for vide rammer dersom tilskota til privatskolane ikkje blei gitt «på klare premisser og med klare begrensninger» (St.forh. (1969–70), 8, Tid. O:49).

Kortner fekk det som han ville. Lova blei vedteken med lagtingspresidentens dobbelstemme. I forhold til regjeringas opphavlege forslag fekk lova ei innskrenka tilskottsordning: Ho skulle berre gjelde for skolar som a) dreiv forsøk eller b) var oppretta av religiøse og/eller etiske grunnar eller c) fylte eit kvantitativt undervisningstilbod. Dei private skolane kunne få dekt opp til 85 prosent av driftsutgiftene. Dei tre vilkåra la klare avgrensingar på utviklinga av privatskolesystemet i Noreg. Som Svein Tuastad har peika på, kan dei ha medverka til at det sidan aldri blei noko stor vekst i privatskolesektoren (Tuastad 2008:160).

I 1985 fekk vi ei ny privatskolelov. Året før blei Forsøksrådet lagt ned. Forsøksarbeidet skulle heretter desentraliserast til fylke og kommunar, men reformforsøk i private skolar blei det ikkje åpna for. Politisk sett kom heller ikkje 1985-lova med mykje nytt. Det politisk interessante låg i den konsensus som nå kom til uttrykk i privatskolespørsmålet (jf. Tuastad 2006:342; Harbo 1995:152f). Den borgarlege og den sosialistiske fløya hadde heilt klart nærma seg kvarandre, eller rettare sagt: Arbeidarpartiet hadde slege seg til ro med privatskolelova og såg ingen grunn til å reise ein ny ideologisk debatt (St.forh. 1984–85, 8, nr. 52. O:739). Nytt var det at Arbeidarpartiet nå erkjente at enkelte privatskolar, særleg Steinerskolane, kunne verke heldig inn på den fagleg-pedagogiske utviklinga i den offentlege skolen.

I debatten rundt lova av 1985 sto likevel Arbeidarpartiet på same ideologiske grunn som tidlegare: Den offentlege skolen og einskapsskolens idé skulle forsvarast. Og omfanget av privatskolar roa partiet. Berre 0,7 prosent av elevane i grunnskolen og rundt 3 prosent i den vidaregåande skolen gjekk i private skolar (Ot.prp. nr. 58 (1983–84):5). Den sosialistiske fløya kunne slå seg til ro med at privatskolane faktisk ikkje representerte ein trugsel mot den offentlege skolen. Spørsmålet var kva for grenser og retningslinjer ein skulle ha for privatskolane.

1990–2013: Skiftande frontar – liberaliseringas grenser

Dei første teikna til ny politisk kamp kom tidleg på 1990-talet. Spørsmålet dreia seg nå om skolepengar: Kor skulle grensa for prisfastsetjing av private skoleplassar setjast? Og kven skulle bestemme storleiken på skolepengane: styret for den enkelte privatskolen eller departementet? Skulle eigarane ha høve til å sik-re seg økonomisk gevinst av verksemda si? Skulle dei kunne løne lærarane sine høgare enn i den offentlege skolen? Skulle dei kunne innføre bonusordningar for skoleleiarar som viste gode resultat? I debatten låg ein frykt for at privatskolane ved hjelp av marknadskreftene skulle få høve til å utvikle seg til å bli eliteskolar for rikmannsbarn.

Spørsmålet om kommersialisering splitta den borgarlege fløya. Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet slutta seg til Arbeidarpartiets forslag til endring av -lova. Høgre og Framstegspartiet gjekk imot. Endringsforslaget frå statsråd Gudmund Hernes var først og fremst grunngjeven med elevekskludering (Ot. prp. nr. 89 (1991–92):1f). Den fridomen til å velje som offentleg støtte gjorde reell, ville bli innskrenka eller heilt borte om foreldrebetalinga blei sett for høgt. Dernest kom at staten ved ei slik ordning ville leggje til rette for at dei private skolane kunne leggje seg på eit høgare materielt nivå enn dei offentlege skolane. -Like-eins ville staten gje privatskolane subsidier til å kjøpe ut personale frå den offentlege skolen, og slik direkte svekkje fellesskolen. Endeleg kom at eigarane av privatskolar kunne byggje opp ein eigenkapital med hjelp av offentleg støtte.

Den sosialistiske fløya argumenterte ut frå omsynet til den offentlege skolen. For Kristeleg Folkeparti var det omvendt. Dei slutta seg primært til endringsforslaget ut frå omsynet til privatskoletanken (St.forh. (1992–93), 8, Tid. O.:27). Høgre og Framstegspartiet såg på si side ingen grunn til å innskrenke den fridomen som privatskolestyra hadde til å ta avgjerder om skolanes drift og økonomi. Resultatet blei ei lovendring (§ 27) som sa at skolepengane ikkje kunne setjast høgare enn det som trongst for saman med statstilskotet å dekkje utgiftene tilsvarande utgiftsnivået i samanliknbare offentlege skolar. Striden i 1992 splitta den tradisjonelle borgarlege alliansen mellom Høgre og Kristeleg Folkeparti. Splittinga kan tolkast som uttrykk for ei meir marknadsliberalistisk haldning frå Høgre si side, mens Kristeleg Folkeparti på verdikonservativt grunnlag ville verne om foreldrerettsprinsippet.

Med overgangen til regjeringa Bondevik II og Kristin Clemet som utdanningsminister, var det duka for ny strid (Thuen 2008:242f). I 2003 handla det om ei ny, tredje privatskolelov eller friskolelov: Lov om frittståande skoler. Clemets lovforslag kunne minne om Kjell Bondeviks og Kristelig Folkepartis opphavleg vilkårsfrie lovforslag i 1970 (nedstemt i Lagtinget).

I løpet av dei siste tjue åra hadde det prosentvise talet på private grunnskolar blitt dobla og elevtalet hadde stigi til 1,7 prosent (SSB 2001). Dei fleste hadde blitt oppretta på eit kristen-pedagogisk grunnlag, ei utvikling som Arbeidar-partiet mislika sterkt. Samanlikna med -andre land var privatskoleprosenten i Noreg likevel svært liten. I Sverige utgjorde den 5–6 prosent, i Danmark 12 prosent og i Nederland ca. 70 prosent.

Regjeringa ønsket å opne for eit større tilfang av privatskolar ved å fjerne dei to tradisjonelle vilkåra for tilskott: skolar oppretta for alternativ pedagogikk og på religiøst grunnlag. Krav om kvalitet skulle erstatte krav om formål. Den nye friskolelova opna dermed for godkjenning av alle grunnskolar som oppfylte fastsette krav til innhald og kvalitet. Det kunne til dømes vere ein skole med idrettsprofil, med ballettklasser, med språkprofil eller realfagsprofil. Statsråd Clemet hadde fire grunnar for ein revisjon av privatskolelova (Odelstinget, 27. mai 2003: 15ff). For det første var omgrepet «alternativ pedagogikk» vanskeleg å definere, og for det andre ville «alle foreldre bli likestilt» dersom dei tre kriteria for økonomisk støtte blei fjerna. Den tredje grunnen dreidde seg om gjere valfridomen mest mogleg lik for alle og ikkje la det bli «en frihet på andres bekostning». Av dette følgde at det ikkje skulle tillatast skoleeigarane å ta ut nokon form for utbytte av skoledrifta, og skolane skulle ikkje fritt kunne velje kva for elevar dei tok inn. Den fjerde grunnen var vekt på kvalitet: friskolane var eitt av verkemidla som kunne «virke befordrende på kvalitetsarbeidet i alle skoler».

Samla sett utgjorde desse fire grunnane – rettsstatens styringsprinsipp, foreldreretten, valfridomen og konkurransen om kvalitet – grunnlaget for ein liberalistisk utdanningspolitikk etter Clemets modell. Samanlikna med dei tidlegare privatskolelovene, som i første rekke var grunngitt i foreldreretten, var 2003-lova forankra i eit vidare liberalt rettsprinsipp. Tidlegare hadde den borgarlege fløya i liten grad argumentert ut frå kvalitets- og konkurranseomsynet, men nå blei det sterkare lyfta fram at den offentlege skolen ville tene på å ha frittståande skolar som den kunne konkurrere og samanlikne seg med. Elevane, den offentlege skolen og privatskolane ville alle tene på at det blei konkurranse om kvalitet.

I 2005 overtok dei raudgrøne regjeringsmakta, og Jens Stoltenberg danna si andre regjering med Øystein Djupedal (SV) som utdanningsminister. Djupedal ville «endre politikken på sentrale områder» (Djupedal 2005:1). Kor mykje han faktisk endra, kan diskuterast, men ei sak greip han straks tak i: Friskolelova av 2003 skulle strammast inn. Den endelege lovendringa kom i 2007. Nå skulle det igjen heite privatskolar og ikkje frittståande skolar. Ifølgje departementet hadde 2003-lova ført til at ei rekkje private skolar som ikkje oppfylte dei tidligare vilkåra om religiøse skolar eller fagleg-pedagogisk alternativ, hadde blitt godkjende (Ot.prp. nr. 37 (2006–2007):8). Dei tidlegare tre vilkåra for oppretting av privatskolar som kom med 1970-lova, skulle innførast på ny. Men omgrepet «faglig-pedagogisk alternativ» frå lova i 1985 blei i lova av 2007 erstatta av omgrepet «anerkjent pedagogisk retning». I det nye omgrepet låg mellom anna at pedagogikken skulle vere utprøvd, utførleg beskriven i litteraturen, velrenommert og relativt utbreidd.

I 1966 fanst det i alt førti private folkeskolar, og to av desse var Steinerskolar. I dag finst det 168 private grunnskolar, og dei fleste skolane (71) praktiserer ein alternativ pedagogikk (58 % Montessoriskolar og 42 % Steinerskolar). På det vidaregåande trinnet var det ingen skolar med alternativ pedagogikk i 1966, men i dag er det 14 (av 89), og alle er Steinerskolar (KUD 1967: IV:12f.; Utdanningsdirektoratet 2010). Lova i 2007 førte til ei klar innstramming av tidlegare vilkår for støtte, for nå er det berre veletablerte pedagogiske retningar som Steinerskolar og Montessoriskolar som blir godkjende.

Avslutning

Handteringa av privatskolespørsmålet speglar allmenne politisk-ideologiske skifte i utdanningshistoria. Meir enn andre spørsmål har det i dei seinare åra kryssa motsetningane mellom venstresida og høgresida i utdanningspolitikken. Glansperioden i privatskolane si historie fell naturleg nok saman med epoken for embetsmannsstaten og det liberalistiske fridomsidealet på 1800-talet. Privatskolane fekk nå full fridom, og på vidaregåande nivå blei dei forbilde for den offentlege skolen. Siden den tida, i løpet av dei siste 150 åra, har det skjedd drastiske endringar med dei private skolane både når det gjeld omfang og innhald. Åra mellom 1880 og 1965 avtegnar seg som ein epoke prega av generell motvilje og likesæle mot privatskolane. Sosialistane såg eintydig på privatskolane som eit trugsmål for einskapsskolen. Talsmenn både frå Høgre og Venstre meinte også lenge at privatskolane kunne være til skade for den offentlege skolen. Først på 1960-talet spissa det seg til mellom dei politiske fløyane, då dei borgarlege partia stilte krav om ein eigen privatskolelov som skulle sikre foreldra sin rett til val av alternative skolar for borna sine. Sidan den tida har privatskolespørsmålet stadig stått på dagsordenen når det har vore maktskifte mellom borgarlege og sosialistiske/raudgrøne regjeringar, så også i 2013. Sosialistane har jamleg søkt å stramme inn privatskolelova, mens ein på borgarleg side har ønskt utvida fridom ut frå ulike omsyn og liberalistiske grunngjevingar.

Frå midten av 1800-talet og hundre år framover var privatskolane mest utan unntak byskolar, men etter den tid er det mest relevant å sjå heile landet under eitt. Midt på 1800-talet gjekk 10 prosent av elevane på folkeskolenivå i private skolar, rundt 1900 3,5 prosent og i 1950 berre 1,5 prosent. I dag (2012) går om lag 3 prosent av elevane i heile landet i private grunnskolar, og dei private grunnskolane utgjør 6 prosent av alle grunnskolane i landet. På det vidare-gåande nivået var elevprosentane langt høgare – i andre halvdel av 1800-talet gjekk fleirtalet av elevar i private skolar – men på dette nivået har også nedgangen vore mest drastisk – for i 1950 var det berre 5 prosent igjen. I dei siste 60 åra har det vore ein svak auke, til 7,7 prosent.

Også når det gjeld innhaldet i privatskolane har det skjedd endringar, men berre på vidaregåande nivå. For ingen av dei tidlegare private allmugeskolane -utmerka seg som pedagogiske reformskolar. Det gjorde heller ikkje dei private folkeskolane (berre to av 40 var Steiner-skolar i 1966). I dag praktiserer fleirtalet av dei private grunnskolane ein alternativ, men veletablert pedagogikk. På det vidaregåande trinnet derimot, har det skjedd store endringar dei siste hundre åra: Ingen av skolane har lenger karakter av å vere reformskolar, slik dei var på 1800-tallet. I 1960-åra var det ikkje ein gong skolar med ein alternativ pedagogikk, mot 16 prosent i dag (alle desse er veletablerte Steinerskolar). Privatskole-lova i 1970 opna for «forsøk», men lova i 1985 endra «forsøk» til «faglig-pedagogisk alternativ», og i den seinaste lova frå 2007 er formuleringa nok ein gong endra, no heiter det «anerkjent pedagogisk retning». Den første privatskolelova opna for forsøk, men dei seinare lovene har stengt for all forsøksverksemd, slik at det no er berre er skolar med veletablert alternativ pedagogikk, i praksis Steinarskolane og Montessoriskolane, som får økonomisk støtte.

Gjennom historia har det blitt argumentert for privatskolane ut frå tre hoved-motiv: foreldreretten, reformutviklinga allment i skolen og kvaliteten på undervisninga (Thuen 2012). Det første, foreldreretten, har vore overordna og utgjort eit grunnprinsipp. Då den første privatskolelova blei innført av regjeringa i 1970, blei det uttrykt slik: «Foreldra står over staten, ikkje omvendt». Prinsippet spring ut av liberalismens idé om den borgarlege fridomen – i skolen konkretisert til foreldras valfriheit og den frie etableringsretten til skoleeigarane. Dette motivet løftar fram privatskolane som eit gode i seg sjøl, utan å sjå det i høve til den offentlege skolen.

Dei to neste motiva gjer likevel det. Her agumenterer ein for privatskolane ut frå den gevinsten den offentlege skolen vil ha av privatskolene. Det første av dei to peiker mot reformutviklingen i skolen generelt. Skulle den offentlege skolen utvikle seg, måtte han hente inspirasjon og idear frå forsøk blant dei private skolane. På 1800-tallet stod dette motivet særleg sterkt, og det bidro til ei omfattande omlegging av den høgre skolen samt at jentene fekk adgang til skolen. Ein kan undre seg over at dei borgarlege partia i seinare tid ikkje har nytta seg av dette argumentet i særleg grad. Det tredje motivet, kvaliteten på undervisninga, har dreidd seg om å løfte kvaliteten i den enkelt skole ved hjelp av marknadsinstrumentet: fri konkurranse mellom alle skolar, offentleg som private. Dette hører nyare historie til og stod særleg sentralt under arbeidet med friskolelova av 2003. Eit hovedpoenget var å fjerne den innskrenkninga som låg i dei tidlegare privatskolelovane, der staten berre ga støtte til tre bestemte kategoriar av skolar.

Dei politiske partia har hatt ulik haldning til dei tre motiva. Frå sosialistisk hald har alle kontant blitt avvist, men på den borgarlege sida ser vi nyansar i argumentasjonen til partia. Om dei kjem til makta, kan det få innverknad på kva type privatskolar vi vil få. Eit hovedspørsmål her er om omsynet til foreldreretten let seg kombinere med det frie spelet til marknadskreftene. Slepp ein marknadskreftene til utan restriksjonar, til dømes i forhold til elevane si eigenbetaling og eigarane sitt utbytte av skoledrifta, vil privatskolane fort kunne bli eit val berre for dei få som har økonomi til det. Slik undergrev ein hovedmotivet, foreldreretten.

Referansar

Anderssen, O. (1914). Norges høiere skolevæsen 1814–1914: en oversigt. Kristiania: Stenersen.

Bjørndal, B. (1959). P. Voss og hans samtid: pedagogiske brytningar 1869–1896. Oslo: Universitetsforlaget.

Djupedal, Ø. (2005). En politikk for Kunnskaps-Norge. Tale/artikkel, 28.10.2005. Hentet fra http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/aktuelt/taler_artikler/kunnskapsministerens-taler-og-artikler/oystein_djupedal/2005/en-politikk-for-kunnskaps-norge.html?id=113142

DPS. Den Parlamentariske skolekommisjon (1926–1927). Den parlamentariske skolekommisjon, I–IV. Oslo.

Hagemann, G. (1992). Skolefolk: lærernes historie i Norge. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Harbo, T. (1995). Den norske privatskoledebatten 1970–1995. I D. Rian, V. L. Haanes & B. T. A. R. D. Oftestad (red.), Kirkens skole – statens kirke: festskrift til professor dr.philos. Brynjar Haraldsø på 70-årsdagen 29. september 1995 (s. 147–162). Trondheim: Tapir.

Helland, A. (1885). Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Kristiania. I Norges land og folk, III, Anden del (s. 1–406). Kristiania: Aschehoug.

Høigård, E. (1942). Oslo katedralskoles historie. Oslo: Grøndahl.

Høigård, E. & H. Ruge (1963). Den nors-ke skoles historie: en oversikt. Oslo: Cappelen.

Jøranlid, T. (red.) (1969). Vestheim skole 1893–1969: trekk av skolens historie. Oslo: Vestheim skole.

Klem, G. (1931). Politiske forutsetninger for skoleloven av 1896. Oslo: Grøndahl.

Koren, K. (1885). Fortegnelse over Filologer, Realister og Mineraloger fra Norges Universitet 1813–1884: samt Kalender for de høiere norske Skoler. Kristiania: Mallings Boghandels Forlag.

KUD (1967). Innstilling om støtte til private skoler I–IV fra Privatskoleutvalget. Oslo: Kirke- og undervisningsdepartementet.

NBL (1923–1983). Norsk biografisk leksikon. Oslo: Aschehoug.

Nissen, H. (1876). Afhandlinger vedrørende det höiere og lavere Skolevæsen. Christiania: Alb. Cammermeyer.

OBL (2000). Oslo byleksikon (4. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget.

Ot.prp. nr. 37 (2006–2007). Om lov om endringar i friskolelova. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Ot.prp. nr. 58 (1983–84). Lov om tilskudd til private grunnskoler og private skoler som gir videregående opplæring (privatskoleloven). Oslo: Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Ot.prp. nr. 61 (1968–69). Om lov om tilskudd til private skoler. Oslo: Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Ot.prp. nr. 89 (1991–92). Om lov om endring i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring. Oslo: Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Seip, J. A. (1974). Utsikt over Norges historie. Oslo: Gyldendal.

Slagstad, R. (1998). De nasjonale strateger. Oslo: Pax.

SON. Samordningsnemnda for skoleverket (1950). Tilråding om den høgre skolen XIII. Oslo: Kirke- og undervisningsdepartementet.

SSB (1995). Historisk statistikk 1994. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

SSB (2001). Melding 31.8.2001. Oslo: -Statistisk sentralbyrå.

St.forh. (1965–66). S.tid, 7a.

St.forh. (1965–66). Budsjettinnst. S. nr. 269

St.forh. (1969–70). Tid. O, 8.

St.forh. (1984–85). Tid. O, 8.

St.forh. (1992–93). Tid. O, 8.

St.tid. 1869.

Thuen, H. (2008). Om barnet. Oppdragelse, opplæring og omsorg gjennom historien. Oslo: Abstrakt forlag.

Thuen, H. (2012). Privatskolemotivet. Bedre skole, 4:66–69.

Tuastad, S. (2006). Skulen og statsmaktsspørsmålet: stortingsdebattar 1945–2005 om religion i skulen og om private skular i lys av normativ teori. Avhandling (dr.polit.). Bergen: Universitetet i Bergen.

Tuastad, S. (2008). Liberal modernisering: Den normative dimensjonen i norsk politikk – sett gjennom skuleporten. Tidsskrift for samfunnsforskning, 49(2):149–178.

Tveit, K. (2005). Frå privat til offentleg ansvar: skole og opplæring i Bergen 1660–1850. I Skolen 2005: Årbok for norsk utdanningshistorie (s. 15–48). Notodden: Stiftelsen Skolen – årbok for norsk utdanningshistorie.

Tveit, K. (2008a). Privatskolane – til skade eller gagn for den offentlege skolen. I S. E. Vestre & C. W. Beck (red.), Skolen i aftenlandet?Artikkelsamling med ukorrekte innfallsvinkler (s. 195–224). Oslo: Didakta.

Tveit, K. (2008b). 200 års skoleutvikling i dei norske byane fram til midten av 1800-talet. I Årbok for norsk utdanningshistorie. Jubileumsbok 2008 (s. 60–87). Bergen: Stiftelsen Skolen – årbok for norsk utdanningshistorie.

Utdanningsdirektoratet. (2010). Statistikkar over privatskolane per 1. oktober 2010. Oslo: Direktoratet.