1 «Problemet om ejendomsrettens overgang må anses for at høre til de mest gådefulde problemer i retslivet.» 2

1 Introduksjon

1.1 Emne og arbeidsoppgåve

I den skandinaviske formuerettslege tradisjonen er det «substansielle» og det «funksjonelle» rettigheitsomgrepet kjende storleikar. Me er mest familiære med det sistnemnde, og variasjonar over iallfall følgjande tre synspunkt førekjem hyppig i rettslitteraturen: (1) Medan det substansielle omgrepet var noko ein bygde på tidlegare, er det funksjonelle omgrepet kva ein byggjer på i dag. (2) Medan det substansielle omgrepet er noko ein framleis tek som utgangspunkt til dømes i Tyskland, er det funksjonelle omgrepet noko som råder grunnen i Skandinavia. (3) Medan det substansielle omgrepet opnar for abstraksjon og konstruksjon, høver det funksjonelle omgrepet best til vår jordnære og pragmatiske holdning, i nær kontakt med reelle problem og skiftande interessemotsetnader.

Særleg i læra om eigedomsrettens overgang har det funksjonelle rettigheitsomgrepet vorte utvikla og konsolidert. Så lenge ein diskuterte eigedomsretten som ei eining, var det tankenødvendig å fiksera eit punkt der denne eininga vart omplassert frå avhendar til ervervar. Men då eigedomsretten vart redefinert til «ein sum av beføyelsar», endra dette seg: Ei mengd komponentar kan flyttast suksessivt til ervervaren. Følgjeleg kan ein lausriva slikt som risikoens overgang, kreditoranes beslagsrett eller vern mot godtruerverv frå «eigedomsretten» som idé, og heller knyta desse rettsfølgjene til varierande stadium i ein prosess. Eit spekter av omstende kan brukast som rettsvilkår – avtaleinngåing, betaling, overtaking, utskriving av skøyte, notifikasjon, registrering – alt etter kva som passar best med dei legislative omsyna bak den einskilde regelen.

Den nemnde utviklinga har leidd rettsdogmatikken vekk frå «eigedomsrettens overgang» som emne, og over til ein systematikk med kollisjon og konkurranse mellom rettar.3 Kjende stikkord er m.a. «omsetningsbeskyttelse», «kreditorvern», «godtruerverv»,«kreditorekstinksjon». Startpunktet er prinsippet om at ingen kan overføra større rett enn han har sjølv, og derfrå er resten modifikasjonar eller unntak.4 For dei som er fortrulege med systematikken, som deler omgrep, føresetnader, taus kunnskap og juridisk intuisjon, synest dette å fungera greitt – om enn dei mange retts-kollisjonane ikkje er dei enklaste å halda styr på.5

I våre dagar møter den skisserte tradisjonen ei utfordring frå felleseuropeisk arbeid som gjeld kartlegging og mogleg samordning eller harmonisering av europeisk privatrett. Slikt arbeid plasserer systematikk på dagsorden. Då er det ikkje opplagt kva den skandinaviske tradisjonen eigentleg har å tilby. Arbeidet med den store «Draft Common Frame of Reference» (DCFR) gav iallfall døme på at varene våre ikkje vart verdsette. Viggo Hagstrøm omtalar prosessen og resultatet slik:

«[Man] prøvde å proponere for den nordiske realistiske lære om eiendomsrettens overgang. På tross av iherdige forsøk ble resultatet mye i overenstemmelse med kontinentaleuropeisk rett. For den som fulgte debatten, var det interessant å merke seg at høyt skolerte akademikere hadde liten sans for arven fra den nordiske rettsrealismen. Det kunne nok få enkelte til å tvile på lærens fortreffelighet. Forklaringen på at det ikke var mulig å få gjennomslag for et realistisk syn, er nok allikevel først og fremst at den historiske arv her var så tung at det var vanskelig for nye tanker å vinne innpass.»6

I etterkant har Kåre Lilleholt notert at DCFR er kledd i tyske klede, og at skandinaviske juristar no «must open their minds to the conceptual thinking that was discarded in their legal systems about one hundred years ago».7 Tyder dette at me heretter bør arbeida for å nå igjen og hoppa på eit tog me steig av for hundre år sidan? Dette synest ikkje ideelt, og eg vil heller retta merksemda mot ei arbeidsoppgåve som kan vera meir nærliggjande.

For skandinavisk formuerettsdogmatikk finst truleg eit rikt høve til å tematisera og problematisera den funksjonelle tilnærminga. Lenge har me mimra over bragdene til teoretiske storleikar som Carl Torp, Fr. Vinding Kruse, Östen Undén og Alf Ross.8 Slik passiv repetisjon bør helst skiftast ut med aktiv refleksjon. I den større europeiske konteksten trengst ei levande, oppdatert og sjølvbevisst forståing.9 Ei slik forståing kan nok framleis visa ulikskapar mellom det funksjonelle og substansielle, men viktigare: gje blikk og forståing også for fellesskap og samanbindande element. Her er den skandinaviske tradisjonen diverre svak. Det funksjonelle rettigheitsomgrepet vart proklamert som ein motsetnad til det substansielle.10 Dette startpunktet leier til å sjå og søkja berre ulikskap, for det er jo ulike me er – per definisjon.11

Det er ei stor arbeidsoppgåve å tematisera den funksjonelle tilnærminga. Både for omfanget av denne artikkelen, og for at arbeidet skal vera handterleg, bør me finna ein mindre flik som innslagspunkt og første etappe. Eit allment program kan vera å konsentrera seg om dei tekstane som står mest sentralt for systematikken, og som me framleis tilskriv meir enn historisk interesse. Slik får me noko tilgjengeleg, handfast og overkommeleg å studera og diskutera. Konkretisert til norsk rettslitteratur vert Sjur Brækhus & Axel Hærem, Norsk tingsrett (1964) den klare kandidaten. Deira framstilling, vidareført av Sjur Brækhus, Omsetning og kreditt 3 og 4. Omsetningskollisjoner I og II (1998), er det skuledannande uttrykket for den funksjonelle tilnærminga i norsk dynamisk tingsrett.12

1.2 Oversikt over artikkelen

Oppgåva er altså å starta ein refleksjon over det funksjonelle rettigheitsomgrepet, særleg verksamt i læra om eigedomsrettens overgang, med den viktige framstillinga hos Brækhus & Hærem som innslagspunkt. Gangen i artikkelen er slik: Etter ein kort og deskriptiv omtale av den vanlege tankestrukturen i emnet «eigedomsrettens overgang» (avsnitt 2), søkjer eg å etablera ein mogleg metafor over emnet. Eg hevdar at Brækhus & Hærems tekst gjev grunnlag for å samanlikna eigedomsrettens overgang med at nokre klinkekuler – «beføyelser» – vert trilla over frå ein avhendar til ein ervervar (avsnitt 3). Ved nærare augesyn bryt likevel metaforen saman, noko som innbyr til revisjon av dei underliggjande omgrepa. Utfordringa møter eg ved å dra merksemda vekk frå Brækhus & Hærems beføyelsar, og heller identifisera og diskutera omgrepa «immunitet» og «kompetanse» (avsnitt 4). Det første av desse omgrepa er etablert i gjengs systematikk, men det siste har ei meir usikker og iallfall underkommunisert stilling. Eg utviklar synspunkt på forholdet mellom omgrepa, og endar med å definera eit implikasjonsforhold mellom immunitet og kompetanse (avsnitt 5). Deretter går eg tilbake til den tradisjonelle systematikken og fremjar tre kritiske argument (avsnitt 6). Endeleg avsluttar eg med nokre samla refleksjonar, og hevdar at det funksjonelle rettigheitsomgrepet parasitterer på det substansielle, og at me difor bør vedkjenna oss det sistnemnde på ein tydelegare måte (avsnitt 7).

2 Den vanlege strukturen

Brækhus & Hærem tek opp «overføring av rettigheter til tingene». Framstillinga gjeld rettigheiter allment, men eigedomsrett er det paradigmatiske dømet, både av praktiske og teoretiske grunnar.13 Elles i litteraturen finst heller ikkje noko skilje mellom «rettigheitsomgrep» og «eigedomsrettsomgrep» når ein diskuterer høvesvis funksjonell og substansiell tilnærming.

I arbeidet med eigedomsrettens overgang kjem tanken raskt inn i eit bestemt spor. Startpunktet er eit forhold mellom ein avhendar A og ein ervervar B. Det vanlege er at desse er partar i eit omsetningserverv, men også andre typar erverv kan tenkjast.14 Partane imellom skal det skje ei omplassering av eit emne. Noko skal gå over, flyttast, frå den eine parten til den andre.15 På eit innleiande tidspunkt er emnet innafor ein sfære me reknar til A, på eit seinare tidspunkt er emnet innafor ein sfære me reknar til B.16 Rettsverknader skiftar med korleis emnet plasserer seg i høve til sfærane.17 Følgjeleg vert interessa retta mot grensa mellom sfærane, og tidspunktet emnet kryssar grensa.

Kva tid noko passerer ei grense, er avhengig av kva me forstår med «noko». Er det ein person som passerer gjennom ei grind, eller ein flokk med sauer? Brækhus & Hærem er observante på problemet, og byrjar difor uttrykkeleg med å skissera sitt rettigheitsomgrep. Omgrepet inneber at rettshavaren har fridom til å utøva eit visst rådvelde over eit objekt (aktive beføyelsar), og at han er pålagd visse plikter vedrørande objektet (passive beføyelsar). Eigedomsrett definerast som «summen av de aktive og passive beføyelser som tilkommer eieren».18 Derfrå følgjer definisjonen av rettsovergangen: «Rettens overgang er en overgang av en rekke aktive og passive beføyelser … fra A til B.»19 Alternativt kan det omtalast som subjektskifte: «At retten overføres, betyr at de forskjellige aktive og passive eierbeføyelser skifter subjekt.»20

For den som ikkje er jurist, kan ordet «beføyelse» verka framand og kunstig. Ordet «funksjon» førekjem synonymt,21 men er vel ikkje mykje betre.22 Og når juristar brukar desse orda, kan det nokre gonger skje med låg intensjonsdjupne. Kva meinast med «beføyelse» og «funksjon»? Og kva er samanhengen mellom «eigedomsrett» og «beføyelse»?

For å svara på spørsmåla, vil eg undersøkja om Brækhus & Hærems tekst opnar for å danna ein metafor over emnet «eigedomsrettens overgang». Forfattarane er inne på ein mogleg metafor,23 og vonleg kan det vera grunnlag og rom for fleire. Håpet er at ein metafor kan hjelpa oss å sjå nye sider ved emnet.24 Dette kan gje eit bidrag til forståinga og diskusjonen av rettigheitsovergangen etter det funksjonelle rettigheitsomgrepet.

3 Ein mogleg metafor

3.1 Klinkekuler som metafor

Truleg kjem me nærast Brækhus & Hærems bilete av «beføyelsen» og «eigedomsretten» i det følgjande sitatet, der forfattarane kritiserer det substansielle rettigheitsomgrepet:

«[Noen] opererer med ‘eiendomsretten’ som noe annet og mer enn summen av de aktive og passive beføyelser. At dette er irrasjonelt, må være klart. Hvis eiendomsrettens innhold, de enkelte eierbeføyelser, tas vekk, blir det ikke noe tilbake. Beføyelsene går ikke over til den nye eier fordi eiendomsretten går over. Overgangen av beføyelsene er det eneste reelle; det er dette som betegnes som overgang av eiendomsretten.»25

Sitatet gjev iallfall fire peikepinnar i retning ein metafor over eigedomsrettens overgang: For det første er eigedomsretten «summen» av noko. Føresetnadsvis har eigedomsretten fleire komponentar.26 Me kan difor ikkje samanlikna eigedomsretten med ei udeleleg eining, til dømes ein ball eller ein legokloss.

For det andre er eigedomsretten ikkje «noe annet … enn summen». Dette skulle tyda at samanstillinga av komponentane ikkje konstituerer noko nytt omgrep. Me kan sjå eigedomsretten som ei rekkje togvogner. Me kan derimot ikkje tenkja inn eit lokomotiv som ein av beføyelsane i biletet, sidan dét ville gjeve omgrepet «tog».

For det tredje er eigedomsretten ikkje «noe … mer enn summen». Dette skulle tyda at samanstillinga av komponentane ikkje skapar nye kvalitetar, «synergieffektar» om ein vil. Difor kan me neppe førestilla oss eigedomsretten som alle delane i eit urverk; sette saman vil delane kunna tikka og visa tida.

For det fjerde vert det utan beføyelsane «ikke noe tilbake». Dette skulle tyda at komponentane ikkje er samla i nokon behaldar. Me kan neppe ha eit bilete av eigedomsretten som nokre klinkekuler samla i eit skrin, der skrinet vert gjeve frå A til B på eitt tidspunkt, og kulene trilla over, om det måtte vera før, samstundes eller etterpå.

Fjernar me derimot skrinet, synest biletet dekkande og lojalt mot Brækhus & Hærem. Eigedomsretten kan sjåast som ei samling klinkekuler. Rettsovergangen består i at desse vert trilla over frå avhendar A til ervervar B. Noko anna, større eller meir omfattande bilete finst ikkje. Me har ingen «indre substans», ikkje noko «naturleg lim» mellom kulene.27

Metaforen tek høgde for noko viktig i den innarbeidde systematikken. Eigarfunksjonane treng ikkje gå over frå avhendar A til ervervar B på eitt og same tidspunkt. Tvert om vil det, særleg i høve fast eigedom, «ofte være en overgangsperiode hvor en del av eiendomsfunksjonene er gått over til B, mens resten ennu er på A’s hånd».28 Her får me ei mogleg «dynamisk deling» av eigarbeføyelsane».29 Me tenkjer at ei og ei klinkekule trillast avgarde, slik at det må «undersøkes når de forskjellige funksjoner går over fra A til B».30

3.2 Utfordringar for metaforen

No kan metaforen setjast på ein prøve. For drøftinga tenkjer me at eigaren A har fire beføyelsar som hans eigedomsrett er summen av. Nærare bestemt er desse komponentane (1) rettsleg råderett, (2) faktisk råderett, (3) inntektsnyting, (4) ansvar for å betala skadebot dersom tingen gjer skade.31 Fleire komponentar kunne nok tenkjast, men trengst ikkje her. Så avhendar A dei skisserte beføyelsane til ervervaren B, og me tenkjer eit tidspunkt der to av fire beføyelsar har trilla over: ervervaren har fått den rettslege råderetten og inntektsnytinga til sin sfære; avhendaren har framleis faktisk råderett og skadebotansvar innafor sin sfære. På det nemnde tidspunktet, før overføringa er fullbyrda, melder seg ein annan aktør, og vil stoppa overføringa. Me skal leggja til grunn at denne tredjepersonens krav er rettkome. I situasjonen lærer Brækhus & Hærem følgjande:

«Det kan ikke godtas som almindelig løsning at overføringen av noen funksjoner er beskyttet og andre ikke, slik at rettens funksjoner kommer på forskjellige hender. Blir overgangen av rettens funksjoner fra A til B på grunn av andre pretendenters mellomkomst stoppet før den er fullbyrdet, beholder B som regel ikke noen av beføyelsene.»32

Sitatet uttrykkjer ei grunnsetning i den sedvanlege systematikken. I tvisten mellom ervervaren og den mellomkomande pretendenten får me eit klart «anten – eller».33 Prinsipielt kan likevel mellomløysingar tenkjast.34 Kvar av sidene kunne behalda sine beføyelsar, då slik at ervervaren tok dei som hadde trilla inn i hans sfære, og pretendenten tok resten. Eller dei to sidene kunne gått saman om ein type sameige i beføyelsane.

Sidan mellomløysingar kan tenkjast, og sidan ei løysing som einsidig tilgodeser den eine parten ikkje gjev seg sjølv, vert det skapt ei forventing om grunngjeving. Forventinga kan møtast ved å drøfta eit spørsmål formulert i metaforen sine termar: Kvifor skal klinkekulene samlast til slutt?

Når Brækhus & Hærem grunngjev den endelege samlinga, synest dei å spela på partanes hensikt. Sjølv om beføyelsane de facto går suksessivt over, «vil hensikten med overføringen være at alle funksjoner skal gå over og samles på én hånd».35 Men er dette meint å gje relevans til partane A og B’s hensikt, så er argumentet neppe akseptabelt. Formuerettsdogmatikken ser det som problematisk at partar i ein transaksjon kan innverka på tredjemanns rettsstilling.36 For å avskjera slik innverknad, vert rettsvernreglar gjennomgåande oppfatta som preseptoriske.37

For drøftinga si skuld kan me likevel forsøkja å godta relevansen av partshensikt. Då synest Brækhus & Hærems argument å vera at partane ønskjer beføyelsane samla prinsipalt hos ervervaren, subsidiært hos den tredjemann som måtte intervenera. Men iallfall av to grunnar verkar dette urealistisk: (1) Dersom partane i det heile hadde hensikt knytt til det subsidiære scenarioet, ville ervervaren truleg søkt å sikra seg betre. Verkemidlet ville typisk vera å knyta ei betalingsplikt til tredjemanns intervensjon.38 (2) Like gjerne kunne partane ønskt å splitta beføyelsane i det subsidiære scenarioet. Ervervaren ville teke beføyelsane han alt hadde fått, og så fekk heller heimelsmannen ta resten.

Neppe heller kan tredjemannens hensikt, den mellomkomande pretendentens interesser, grunngje regelen om endeleg samling. Var det isolert sett opp til tredjemann, ville han vel ønskt maksimal fridom til å ta kva han ville. Då kunne me risikera at han plukka beføyelsar fritt; tok dei fordelaktige (aktive) og lét det ufordelaktige (passive) liggja. Men ein slik fridom til å «reinsa» eigedomsretten verkar framand.

Me kjem altså ingen veg med «partshensikt». Eg skal ikkje vurdera ei alternativ og haldbar grunngjeving for samling av kulene, fordi poenget ligg lengre fram: Straks prinsippet om endeleg samling har gode lovgjevingspolitiske grunnar for seg, så må prinsippet reflekterast i omgrepa våre. Og her sviktar metaforen med klinekulene totalt. Nokre lause og potensielt spreidde klinkekuler – utan ein behaldar, utan indre samanheng – feilar å fortelja kva som skal skje til slutt; at og korleis kulene skal samlast.

Metaforen med klinkekulene held ikkje, og det må fastsetjast nye og/eller tydelegare definisjonar i det underliggjande omgrepsapparatet. Brækhus & Hærem har fleire utsegner relevante for ei slik arbeidsoppgåve. Ifølgje forfattarane er den dynamiske delinga av eigarfunksjonane «ikke noe formål i seg selv».39 Funksjonane skal «gå over og samles».40 For så vidt er eigedomsretten i relasjon til den einskilde pretendenten «å betrakte som en enhet».41 I dei neste avsnitta skal eg søkja å føra diskusjonen litt vidare mot denne bakgrunnen.

4 Nye omgrep, nye problem

4.1 Kompetanse og immunitet

Den funksjonelle tilnærminga i den dynamiske tingsretten har førekomsten av «rettigheitskollisjon» som nødvendig føresetnad.42 Ein slik kollisjon kan forståast som ein ubalanse mellom ein ervervar og ein tredjemann (anten ein såkalla heimelsmann eller ein annan suksessor) forårsaka av ein feil.43 I litteraturen finn me hyppige referansar til at noko har gått «gale», at nokon har handla på tvers av det «materielt underliggjande forholdet», at det føreligg eit «unormalt omstende», endåtil at nokon har oppført seg som ein «skurk».44 Måten å forholda seg til feilen er, litt enkelt sagt, anten å ikkje tilleggja den verknad («vindikasjon»), eller å tilleggja den verknad («ekstinksjon»).

Arbeidsoppgåva til den dynamiske tingsretten vert gjerne delt i sekvensar, noko eit døme kan forklara og illustrera: Peder Ås ervervar eigedomsretten til grunnstykket Blåmyra. Hans interesse er å oppnå samling av alle beføyelsane hos seg, på kostnad av ein mogleg heimelsmann eller ein mogleg konkurrerande ervervar (omsetningservervar, konkursbu, utleggstakar). Tenk vidare at Peder Ås sjølv kjem i rolla som heimelsmann, og vil hevda sine interesser vedrørande Blåmyra på kostnad av ein seinare ervervar (omsetningservervar, konkursbu, utleggstakar). Dette gjev følgjande figur, der Peder Ås sin posisjon er symbolisert ved sirkelen:

Figur 1

I figuren er det ein venstre sekvens, til og med «B» i sirkelen, og ein høgre sekvens, frå og med «H» i sirkelen. Kvar for seg er sekvensane velkjende.45 Det er identitet mellom posisjonane i sirkelen: I begge posisjonane er rettssubjektet Peder Ås, tingen Blåmyra, rettigheitstypen eigedomsrett.

Som Brækhus & Hærem uttalar, må Peder Ås som aktør i den venstre sekvensen «oppnå beskyttelse».46 Dette handlar om å galvanisera ervervet, slik at det kan «staa uanfegtet».47 Som aktør i den høgre sekvensen seier ein gjerne at Peder Ås må fremja «innsigelser» eller «motsegner». Dette handlar om å hevda sin posisjon eller å gjennomføra eit angrep.48

No kan me ta i bruk to omgrep frå den analytiske rettigheitsteorien, nemleg «immunitet» og «kompetanse».49 Enkelt sagt er immunitet å avvisa andres åtak; ikkje vera underkasta nokon andre; vera uavhengig andres nåde. Dette er Peder Ås i den venstre sekvensen. Kompetanse handlar derimot om noko aktivt; evne til å utøva rettsleg makt overfor andre; diktera og framtvinga eit resultat eller ein verknad. Dette er Peder Ås i den høgre sekvensen. Skilnaden mellom dei nemnde omgrepa vert diverre viska ut dersom den juridiske litteraturen berre avgrensar seg til å bruka, i begge retningar, upresise uttrykk som «vern» eller «skydd».50

Vidare gjer me ein syntese av omgrepa «immunitet» og «kompetanse» med beføyelsane (jf. avsnitt 2) og prinsippet om endeleg samling (jf. avsnitt 3.2). Dette gjev følgjande to omgrep, der B1, B2, B3 og B4 står for dei fire beføyelsane me tidlegare har operert med:

Immunitet(B1+B2+B3+B4)Kompetanse(B1+B2+B3+B4)

Notasjonen skal få fram to ting. For det første at omgrepa immunitet og kompetanse har beføyelsane som emne. For det andre at immunitet og kompetanse ikkje knyter seg til beføyelsane på individuelt grunnlag, men samla. Ved å knyta an til samlinga av beføyelsane, fjernar me grunnlaget for ytterlegare reduksjon. Dette kjem eg tilbake til nedafor i avsnitt 6.3.

4.2 Korleis får ervervaren kompetanse?

Me har sett at Brækhus & Hærem arbeider med beføyelsar på veg inn i B’s sfære.Forfattarane har dette som utgangspunkt både i den venstre sekvensen og i den høgre sekvensen i Figur 1. Heile tida har me B’s perspektiv,51 og spørsmålet gjeld immunitet: «Problemet blir å avgjøre på hvilket eller hvilke tidspunkter det oppstår beskyttelse for B i forhold til de andre pretendenter.»52

For ervervaren Peder Ås er det ikkje tilstrekkeleg med immunitet. Skulle konflikt oppstå i den høgre sekvensen, ønskjer han å hevda sin rett. Ein slik kompetanse til å hevda sin rett er klart nok inkludert i vår intuitive, sedvanlege forståing av rettigheitsomgrepet. Som Alf Ross seier, er rettigheiter «ikke blot en fordelagtig position for den berettigede der kan nydes passivt, men også en magt, et herredømme til at hævde … denne position».53

Spørsmålet vert no kvar denne kompetansen kjem frå. Brækhus & Hærems systematikk tek ikkje opp spørsmålet. Forfattarane skriv om beføyelsar som trillar suksessivt inn til Peder Ås, og som han må skaffa eit skjold for verja om. Men ingen ting om kva våpen Peder skal bruka, når han i neste runde ønskjer å gjera sin rett gjeldande.

Her noterer me ein risiko ved systematikken. Figur 1 har B som utgangspunkt i venstre sekvens, B2 i høgre sekvens. Føresetnadsvis gjer ikkje systematikken uttømande greie for rettsstillinga ramma inn av sirkelen. Tenk til dømes at Arne (A) sit med ein seglbåt til låns, og ved kjøpeavtale overdreg til Bjarne (B) eigedomsrett til båten. Overlevering og betaling skjer, men Bjarne er vondtruande og ekstinksjonsvilkåra difor ikkje oppfylte.54 Så kjem ein vilt framand person på banen – til dømes ein Liu Xen frå Kina – og påstår båten utlevert til seg. Det einaste argumentet den framande gjer gjeldande, er at ekstinksjonsvilkåra til Bjarnes fordel ikkje er oppfylte. Kvifor er ikkje dette argumentet tilstrekkeleg til å vinna fram? Jau, fordi saksøkjaren som grunnvilkår må visa til ein kompetanse på si hand. Berre slik vil spørsmålet om ekstinksjonsvilkåra til Bjarnes fordel i det heile verta relevante.55

Her tangerer me truleg grensa for kva den sedvanlege systematikken kan yta. Ein synsmåte frå Alf Ross utdjupar. Dømet med ervervet av seglbåten vert av Ross stilt slik: «I hvilket omfang maa der som undtagelse fra det almindelige prioritetsprincip indrømmes ekstinktion til fordel for B?»56 Forfattaren skriv vidare:

«Spørgsmaalet er altsaa i alle tilfælde: Løsning efter tidsprioriteten (til fordel for H), eller ekstinktion (til fordel for B). Prioritet og ekstinktion angiver de to modstaaende løsningsmuligheder af samme problem. … Det er samme ‘enten-eller’ set fra hver sin side.»57

Sitatet viser Ross si samankopling av ekstinksjon og vindikasjon til to sider av same sak. Som utfall i ei sak får me anten det eine eller det andre. Problemet er berre at konkrete tvistar byd minst eitt alternativ til: at den eine aktøren er malplassert og utenkjeleg som H. Spørsmålet er difor kva som kjenneteiknar dette alternativet. Eller litt annleis: Etter kva kriterium avgjer me om ein person i utgangspunktet er heimelsmann (H), altså om han i utgangspunktet har ein kompetanse å gjera gjeldande? Dette skal eg drøfta nedafor.

5 Heimelsmann og eigar

5.1 Kven kvalifiserer som heimelsmann?

Den juridiske litteraturen skriv gjennomgåande at den må vera eigar som skal kvalifisera som heimelsmann. Uttrykksmåtane som vert brukte er typisk «rette eigar», «den eigentlege rettshavaren», «eigar av tingen», den som «frå starten står som eigar», «den opphavlege, rette eigaren».58 Liknande formuleringar førekjem i lovverket. I høve lausøyre talar godtruervervslova §1 nr.3 om «eieren»; forarbeida fortel om vedkomande som «rette eier».59Også den svenske lova om godtruerverv av lausøyre brukar uttrykket «ägaren». Slutninga vert at ein person, for å kvalifisera som heimelsmann, må vera eigar av tingen. Og vedkomande er ikkje eigar fordi han er heimelsmann, men heimelsmann fordi han er eigar. Spørsmålet vert korleis me skal avgjera om ein konkret part – Liu Xen, Peder Ås, Anne Ask – er rette eigar.

Ein mogleg måte å avgjera spørsmålet om ein pretendent er eigar, er å halda vedkomande opp mot den naturlege forståinga av uttrykk som «eigar» og «tilhører». Då vert dagleg språkbruk og gjengs oppfatning viktig, iallfall som eit utgangspunkt. Som Falkanger & Falkanger skriv tilgrensande: «Det må spørres om debitor har en så sterk tilknytning til objektet at eierkarakteristikken er på sin plass.»60 Eller som Brækhus & Hærem skriv: «Hvis A sitter med en ting og bruker den, vil man i almindelighet gå ut fra at han også eier tingen.»61

Me noterer likevel raskt korleis Brækhus & Hærem – i sine såkalla «prinsipielle betraktninger» – er sterkt avvisande til å gje folkelege oppfatningar vekt. I ein skarp tone skriv forfattarane om «den ureflekterte tanke» som kan verta styrt av «metafysiske idéer om eiendomsretten som et umiddelbart herredømme over tingen». Forfattarane vil ikkje vita av slike «substansielle betraktninger».62 Og ein tilgrensande stad ironiserer Brækhus over odelsbonden som ikkje ville selja, men som gladeleg gav festerett på lange avtalar og nominell avgift. Her vil den resterande eigartittelen, ifølgje Brækhus, ikkje vera meir enn «emosjonelle assosiasjoner», uforholdsmessig utan forankring i «den realitet som eiertittelen står for».63 Sidan Brækhus & Hærem så tydeleg stengjer døra, skal eg ikkje utdjupa dette daglegspråkalternativet meir i denne omgang.64

Når me utelukkar daglegspråket som argumentkjelde, må eigartittelen i staden delast ut og plasserast riktig ved ei tilvising til eit erverv. I den skandinaviske litteraturen bed til dømes Henrik Hessler oss å følgja denne vegen. Hessler skriv om «det allmänna fallet av äganderätt» for heimelsmannen, og situasjonen er kjenneteikna av eit «negativt förhållande»:

«Det är fråga om egendom till vilken H från början står som ägare. Han har i vederbörlig ordning enligt den gällande rättens regler om äganderättsförvärv gjort ett laga fång till den. Och han har inte avhänt sig äganderätten genom att sälja egendomen, ge bort den etc.»65

Sitatet kvalifiserer som eigar den med (a) ervervsvilkår til sin fordel, og (b) utan opphøyrsvilkår til si ulempe.66 Følgjeleg må eigartittelen – posisjonen som heimelsmann, kompetansen – tilflyta rettssubjektet Peder Ås gjennom rettservervet. Dermed identifiserer me, tydlegare enn så langt, ein samanheng mellom den venstre og den høgre sekvensen i Figur 1. Dette skal eg no utdjupa.

5.2 Viss immunitet, så kompetanse

Eg utdjupar samanhengen mellom den venstre og høgre sekvensen i Figur 1 ved å fremja og grunngje den følgjande påstanden: Immunitet i den venstre sekvensen impliserer kompetanse i den høgre sekvensen. Eller litt omformulert: Sikringsakta i den venstre sekvensen har ei dobbel tyding, ved at den gjev immunitet for summen av beføyelsane, og dessutan kompetanse for summen av beføyelsane, til bruk i den høgre sekvensen.

Den presenterte påstanden er ikkje eit postulat, men kan grunngjevast. Grunngjevinga vil handla om å studera alternativet, altså situasjonen dersom det skisserte implikasjonsforholdet ikkje skulle vera tilfelle. Kan det systematisk sett vera mogleg at ervervaren Peder Ås har immunitet i den venstre sekvensen og samstundes ikkje kompetanse i den høgre sekvensen?

Dersom Peder Ås har immunitet i den venstre sekvensen, men ikkje kompetanse i den høgre, må det vera uttrykk for eitt av to: (1) Kompetansen ligg framleis hos nokon i den venstre sekvensen, eller (2) kompetansen føreligg i det heile ikkje. Eg trur ikkje nokon av desse situasjonane kan godtakast, og skal grunngje dette.

Ad (1). Formueretten har eit aksiom eller ein hovudregel gåande ut på at det som ein gong er utsletta (ekstingvert), ikkje vaknar til live ved seinare overdraging av formuesgodet.67 Aksiomet kan utrykkjast slik at ervervaren aldri får ein dårlegare posisjon enn overdragaren.68 Dette skulle tyda at nokon i den venstre sekvensen ikkje kan gjera krav gjeldande «over hovudet» på den som har oppnådd immunitet, og inn i den høgre sekvensen. Som Kåre Lilleholt skriv: «Her er det ikkje lenger tale om kollisjon mellom rettar.»69 Me kan kalla det immuniteten sin sanerande effekt.

Ad (2). Ifølgje det andre alternativet føreligg ingen kompetanse i den høgre sekvensen, noko som gjev eit underleg utgangspunkt: Då vil Peder Ås aldri kunna hevda sin posisjon på noko vis. Her vil modellen dessutan vera asymmetrisk ved at kompetanse føreligg innleiingvis i den venstre sekvensen (det er jo denne kompetansen ein skal sikra/verja seg imot i utgangspunktet), men ikkje tilsvarande i den høgre. Endeleg vil modellen møta eit grunngjevingsproblem: Kvar tok kompetansen frå venstre sekvens vegen?

Me noterer ein situasjon utan logisk samband mellom immunitet og kompetanse som (1) neppe førekomande i den sedvanlege systematikken, og dessutan (2) vanskeleg å akseptera. Me legg i staden til grunn: Dersom Peder Ås har immunitet i den venstre sekvensen, har han kompetanse i den høgre sekvensen. Klart nok utelukkar ingen ting av dette at kompetansen kan gå tapt, ved at det skjer ein ny feil i den høgre sekvensen. Men no veit me i det minste kven denne nye feilen potensielt vil gå ut over, og kven som er rette person til å hevda sin rett i høve den nye feilen.

Diverre risikerer den skandinaviske systematikken å enda opp med ein lakune på dette punktet. Eit døme frå Henrik Hessler kan illustrera. På den eine sida finn Hessler det klart at det «måste finnas någon omständighet, som medför den slutliga frikopplingen av förvärvaren från överlåtaren och tredje man på dennes sida».70 Enkelt sagt: Konfliktpotensialet knytt til eit erverv må på ein eller annan måte kunna uttømast. På den andre sida finn Hessler den situasjonen som då oppstår, høgst uinteressant. «En situation där något anspråk inte alls är involverat saknar alldeles intresse från sakrättslig synspunkt. En person äger t. ex. en bil i ett visst ögonblick. … Han bara ‘utövar‘ sin äganderätt genom att köra omkring i bilen och ha det gott.»71 Til dette må ein spørja om ikkje nettopp rettssubjektet i denne situasjonen, idet konfliktpotensialet er uttømt, er ankerfestet for eit kvart kollisjonstilfelle som kan koma til å oppstå i framtida.

Eit anna forhold gjeld mogleg relativitet mellom pretendentgrupper internt i den venstre sekvensen. Eg påstår ikkje at immunitet er noko ervervaren nødvendigvis oppnår overfor alle pretendentar i den venstre sekvensen i eitt slag. Men dette er ei anna problemstilling, og reiser neppe særlege problem. Poenget er at det iallfall ikkje kan vera utelukka å hevda at eigedomsretten har gått over på det punktet immunitet er oppnådd i alle relasjonar.72 På det punktet har ervervaren rolla som heimelsmann i alle framtidige relasjonar. Notér særleg at me her ikkje treng nokon som helst idé om kven som er motpart i den framtidige konflikten/relasjonen, eller kva konflikt det måtte vera. Me har eit fast og ikkje-relasjonelt startpunkt, kall det gjerne «substansielt».

Endeleg vil omgrepet om immunitet i høve dobbeltsuksesjon truleg vera nøytralt med omsyn til om ervervaren er den seinare eller den tidlegare, altså «B» eller «S» i den norske notasjonen. Her pleier ein skilja mellom sikringsakt (vilkår for ekstinksjon overfor den eldre) og rettsvernakt (vern om ein etablert posisjon mot den yngre).73 Felles for begge situasjonane er iallfall at den yngre må koma fri underkastinga som ligg i regelen om tidsprioritet, og den eldre må koma fri risikoen for å måtta underkasta seg den yngre.74

6 Utdjuping og kontrast

6.1 Kritikk av Brækhus & Hærem

Synsmåtane i avsnitt 3 til 5 voks fram gjennom refleksjon frå eit velkjend startpunkt, og kan representera ei mogleg, om enn skisseprega tolking av emnet «eigedomsrettens overgang». I retrospektiv kan me spørja om og eventuelt korleis synsmåtane skil seg frå den sedvanlege skandinaviske diskursen. Eg skal fremja nokre avgrensa synspunkt, og byrjar med ein konsentrert kritikk av Brækhus & Hærems posisjon og modell.

Me har konstatert at Brækhus & Hærem etter sine eigne ord arbeider med rettigheitsoverføring,75 og med rettigheitsoverføring som eit fenomen mellom dei partane systematikken plasserer i posisjon A og B.76 Forfattarane synest å føresetja at dei beføyelsane, klinkekulene, som finst å overføra, finst å overføra i forholdet mellom dei to partane.77 Samstundes arbeider dei også med ervervet som eit potensielt ekstinktivt erverv, altså eit erverv tynga med ein feil frå avhendarens side.78 I neste omgang noterer me at eit erverv av ekstinktiv type går ut på, iallfall ifølgje Brækhus & Hærem, at den erverva retten «utslukker en eldre rett uten at det skjer noen overføring».79 Dermed synest det å mangla forsvarleg samanheng hos forfattarane. Brækhus & Hærem arbeider med rettigheitsoverføring, men tek utgangspunkt i ein ervervstype der det ikkje skjer noka overføring.

Som me også har sett, byrjar Brækhus & Hærem med partane A og B. Derfrå vert modellen bygt ut i retning moglege tredjemenn som står utafor.80 Problemet er berre at me ikkje frå forfattaranes initiale inter partes-relasjon kan identifisera og avgjera kven som er tredjemann, og me manglar såleis evalueringsgrunnlag for kven som er «rette eigar». Sidan me likevel må fastleggja kven som er rette eigar (heimelsmann, tidlegare suksessor), og dette må skje uavhengig av inter partes-relasjonen, er det lite treffande å omgrepsfesta og forstå denne prosessen som eit «påbygg».

Når Brækhus & Hærem diskuterer det potensielt ekstinktive ervervet, er spørsmålet korleis ervervaren må kvalifisera sitt erverv for å galvanisera det mot ein feil som alt føreligg, typisk ved å sikra overlevering eller tinglysing. Men då risikerer systematikken å utelata perspektivet og interessa til den som har gjort eit «feilfritt» erverv, men som treng å kvalifisere det overfor moglege seinare feil. Direkte og uttrykkeleg får ikkje denne første ervervaren høyra meir enn at han er først i tid, og difor har best i rett.81 Denne halve sanninga er klart nok ein ufokusert og mangelfull bodskap å senda.82

Endeleg kan Brækhus & Hærem kritiserast for at dei ikkje appliserer eigne standardar på eigne synspunkt. Sterkt påverka av Alf Ross, stemplar forfattarane andre synsmåtar som «åpenbare logiske feil».83 Men kunne det ikkje med same (uhaldbare) rett hevdast å vera ein «logisk feil» at ervervaren får større rett enn avhendaren? Inkonsekvent parkerer Brækhus & Hærem logikken som målestokk på akkurat dette punktet.84

6.2 «Skydd samtidig som skydd»

Vidare kan me studera ei sentral utsegn i den skandinaviske litteraturen, nemleg utsegna eg her gjev to døme på:

«Eiendomsretten går ikke samtidig over i alle relasjoner. Om A har solgt en ting til B, er B i enkelte tilfelle beskyttet mot A’s kreditorer allerede fra avtalens inngåelse. Men hvis B blir insolvent, kan A likevel ha sin stansningsrett i behold.»85

«Köparen kan ha sakrättsligt skydd mot säljarens borgenärer genom registrering … samtidigt som säljaren kan ha skydd mot köparens borgenärer på grund av besittning eller stoppningsrätt.»86

Situasjonen i sitata kan illustrerast gjennom våre tilvande skjema, nærare bestemt ein kombinasjon av ein heimelsmanns- og ein dobbeltsuksesjonskonflikt:87

Figur 2

Argumentet i sitata er at kjøparen kan ha vern mot kreditor P (dobbeltsuksesjonskonflikt) samstundes som seljaren kan hevda sin rett overfor kreditor R (heimelsmannskonflikt). Ifølgje W.E. von Eyben var det ønsket om denne relativiseringa som leidde til at læra om eigedomsrettens overgang gjekk «sin sprængning i møde».88 Som resultat kan ein seia at eigedomsretten har gått over til kjøparen i relasjon til kreditor P’s beslagsrett, men ikkje gått over til kjøparen i relasjon til seljarens stansingsrett.89

Den nemnde relativiseringa møter særleg to utfordringar. For det første skal kjøparen vinna fram i konflikt med P «samtidig som» seljaren skal vinna fram i konflikt med kreditor R. Skal påstanden testast, må me lata seljaren og kjøparen gå konkurs på same tid. I ein slik situasjon får me ein konflikt som i utgangspunktet står utan (eintydig) løysing: Vinn kjøparen fram, så vert formuesgodet tilgjengeleg for kjøparens konkursbu. Vinn seljaren fram, så vert formuesgodet tilgjengeleg for seljarens konkursbu. Her får me kanskje ei samling av beføyelsane, men anar ikkje hos kven.90

For det andre veit me ikkje i figuren kven som okkuperer posisjonen som seljar (heimelsmann). Ein konkret person kan alltids agera som heimelsmann, men er han rette eigar? Sitata frå litteraturen har ikkje svar. Utvegen vert å postulera at seljaren er rette eigar, eller ignorera eit mogleg grunngjevingskrav knytt til denne posisjonen. Som det til dømes heiter hos Peter Mortensen: «I denne fremstilling blot forudsættes, at hjemmelsmanden oprindeligt havde en gyldig ret. Der ses bort fra, hvordan hjemmelsmanden har erhvervet sin ret.»91

Me ser at utsegnstypen frå litteraturen (1) openlyst har behov for tilleggspremissar for å skapa balanse og samanheng,92 og (2) ikkje kan grunngje kven eigedomsretten går over frå. Desse manglane er problematiske straks me skal kontrastera vår tilvande systematikk med andres. Kva om andre ønskjer ein systematikk med premissar som skapar balanse og samanheng? Eller ønskjer å grunngje der den skandinaviske systematikken postulerer? I samtalar om slike spørsmål risikerer den skandinaviske litteraturen å ha lite å tilby.

6.3 Eit naudsynt omgrep

To ulike forhold har det diverre med å flyta saman i den skandinaviske diskursen, men må haldast åtskilde: Det eine er definisjonen av eigedomsretten som ein «sum av beføyelsar». Det andre er relasjonsteorien overfor tredjemenn, gåande ut på at immunitet overfor ei pretendentgruppe ikkje impliserer immunitet overfor ei anna. Dei to forholda må skiljast fordi immuniteten, sjølv om den skulle vera relasjonell, gjeld samlinga av beføyelsane. Føresetnadsvis trengst eit omgrep om denne samlinga, og dette omgrepet kan ikkje vera reduserbart til komponentane i samlinga. Carl Torp er tydeleg nok inne på dette poenget:

«Ganske vist er f. ex. ejendomsretten kun en kollektiv benævnelse for en sum af beføjelser. Men naar denne totalitet av beføjelser helt eller delvist kan overføres til andre, trænges her til en betegnelse for denne, hvorved denne kjendsgjærning let og tydeligt kan udtrykkes. Begrepet ejendomsret er derfor en videnskabelig nødvendighed.»93

Truleg sporar me ei liknande oppfatning hos Alf Ross. Han definerer rettigheitsomgrepet iallfall i to steg:94 Først ein primærrett, «en virkelig beføjelse, der udtrykker subjektets statiske adfærdspreference». Deretter ein sekundærrett som ikkje vedrører eigedomsrettens innhald, men i staden går ut på «dynamiske kompetencer med hensyn til primærrettens overgang fra et subjekt til et andet». Her synest «beføyelse» og «immunitet» å hamna på ulike logiske nivå,95 der sistnemnde har førstnemnde som emne, men ikkje motsett.96

Diverre har ikkje den skandinaviske litteraturen nokon vedteken ord- eller omgrepsbruk her. Somme gonger brukast termen «beføyelse» om fenomen i begge nivåa.97 Dette reflekterer ein definisjon som iallfall namngjev dårleg.98 Andre gonger brukast termen med låg intensjonsdjupne, og for den som ikkje er oppseda i same tradisjon som avsendaren, vil det vera vanskeleg å vita kva som meinast. I den europeiske konteksten kan slik felles oppseding sjølvsagt ikkje føresetjast.

7 Avsluttande refleksjonar

Problemet med den funksjonelle tilnærminga i spørsmålet om eigedomsrettens overgang er kort og godt den sjølv. Kva er den felles og positive basen av avklara definisjonar og føresetnader som gjer ein «funksjonell» samtale mogleg og effektiv? Kor mykje av samtalen er avhengig av tause premissar og felles intuisjon mellom aktørane? Kor store delar av samtalen stoppar straks me krev større presisjon, intensjonsdjupne og samanheng? Slike spørsmål bør interessera skandinavisk formuerettsdogmatikk meir enn hittil.

Skal refleksjonen koma vidare, vil det vera nødvendig å gjennomskoda den påståtte motsetnaden mellom ei funksjonell og ei substansiell tilnærming. Helst bør me hevda at den funksjonelle tilnærminga i spørsmålet om eigedomsrettens overgang parasitterer på det substansielle rettigheitsomgrepet. Noka stor bragd er eit slikt tilvære sjølvsagt ikkje. Iallfall tre grunnar eller omstende kan underbyggja påstanden:

(a) Presentasjonen av emnet i den juridiske litteraturen: Ein tek typisk utgangspunkt i det substansielle rettigheitsomgrepet, med eit tillegg om korleis den funksjonelle angrepsmåten skil seg ut.99 Særmerket er ei oppløysing eller fragmentering.100 Spørsmål andre behandlar under eitt, vert i vår systematikk handsama separat. Her verkar det substansielle rettigheitsomgrepet som overomgrep for det funksjonelle; kort og godt som ein del av definisjonen.

(b) Problematiske forsøk på terminologiske endringar: Ifølgje nokre forfattarar kan og bør ein kvitta seg med ordet «eigedomsrett». Til dømes skriv Torgny Håstad at «ordet äganderätt skulle helt kunna undvaras i en lagstiftning om äganderätt».101 Her les me at ordet «eigedomsrett» ikkje er naudsynt når ein skal gje lover om emnet ‘eigedomsrett’. Kanskje er dette riktig, men er poenget teoretisk interessant? Heller ikkje Håstad kjem unna at fråværet av det bestemte ordet førekjem i «en lagstiftning om äganderätt». Eit blikk mot andres forsøk på å fjerna ordet «eigedomsrett», lovar heller ikkje godt. Det mest framståande forsøket er Alf Ross’ vidkjende artikkel «Tû-Tû». Dette forsøket, iallfall etter mitt syn, var eit fullstendig villskott.102

(c) Drøftinga ovafor i avsnitt 5.2: Me definerte eit implikasjonsforhold mellom immunitet og kompetanse. Tanken vart leidd til eit punkt der rettssubjektet har fullstendig immunitet og tilsvarande kompetanse. Potensialet for at dette kan vera tilfellet, har heller aldri vorte avvist i den skandinaviske litteraturen.103 I denne situasjonen er vel rettigheitsomgrepet «substansielt».

Fragmenteringa eg nemnde ovafor kan skje anten (1) ved ein hovudregel om eigedomsrettens overgang, utstyrt med unnatak,104 eller (2) ved ei total fragmentering. Valet mellom måtane representerer liten skilnad der fragmenta er kjende og kan reknast opp. Skilnaden viser seg først i høve nye og tidlegare ubearbeidde rettskonfliktar.105 Det systematiske spørsmålet er om ein då ønskjer ein regel å falla tilbake på, eller om ein heller vil teikna avgjerda på blankare ark. I det første tilfellet bør ein velja ein hovudregel med unnatak, i det andre tilfellet kan ein akseptera total fragmentering.

Det er lite kontroversielt å ønskja ein hovudregel å falla tilbake på.106 Deskriptivt må likevel noterast at ein del skandinaviske forfattarar synest å sjå mangelen på system og samling som det ideelle.107 Følgjer ein denne vegen til endes, mistar me reglar som fenomen ex ante, og endar opp med dommarens rimelegheitsskjøn ex post. Det vert ein rettsleg nihilisme med ei kostnadsside som ingen heilt synest å ha omgrep om.108

Uavhengig av kva ein meiner om valet mellom løysingane (1) og (2) nemnt ovafor, noterer me at kampen mellom ei «funksjonell» og «substansiell» tilnærming i læra om eigedomsrettens overgang synest å koka ned til eit sterkt avgrensa territorium, nemleg spørsmålet om korleis ein metodisk skal tilnærma seg tvistetypar som lov eller praksis så langt ikkje har uttala seg om. I møte med den europeiske konteksten bør skandinavisk rettsdogmatikk spørja kva aktuelle og rasjonelle grunnar – ikkje historiske og symbolske grunnar – som dreg i retning vedvarande forsvar av dette territoriet.

Ei vurdering av rasjonelle grunnar kan likevel, diverre, tenkjast å falla vanskeleg. Årsaka er at delar av den skandinaviske litteraturen i så fall må bryta med seg sjølv. Det er jo nettopp den funksjonelle tilnærminga som er «rasjonell»,109 så kva skal det vera å vurdera? Spørsmålet viser faren ved å forveksla sin eigen retoriske tradisjon med rasjonalitet.110

I det heile har retorikken i den skandinaviske diskursen nokre usunne trekk. Eg har vore inne på korleis Brækhus & Hærem skuldar andre for å vera både ulogiske og ureflekterte. I den svenske litteraturen brukast også rikt med nedsetjande ord for å etablera og oppretthalda kontrastar. Me høyrer om andres «begrepsjuridiske omskrivingar», «tåkelegging», «dogmatiske løysingar» og «fiksjonar»,111 og vert lærte å vaska oss reine for gammal innverknad.112 I eit europeisk kollokvium risikerer ei slik holdning å falla gjennom som fordomsfull og ureflektert. Det ville iallfall vera synd om den heimlege retorikken skulle stilla seg hindrande i vegen for ein eigentleg vitskapleg samtale.113 Eit arbeidsprogram for eigenrefleksjon synest difor rettkome, og eit døme på korleis ein slik prosess kan ta nokre første og vaklande steg, er gjeve i denne artikkelen.

Litteraturliste

Andenæs, Mads Henry: Konkurs (2. utgave, 1999).

Andersson, Håkan: «24 preludier utan fuga», i: Asp, Petter og Kimmo Nuotio (red.): Konsten att rättsvetenskapa (2004) s. 15-46.

Andreasson, Jens: «En funktionell syn på rättigheter och juridisk argumentation – utifrån exemplet upphovsrättshavarens ställning i konkurs», i: Svensk Juristtidning 2006 s. 437-52.

Arnholm, Carl Jacob: Privatrett I. Almindelig privatrett (1964).

Augdahl, Per: Den norske obligasjonsretts almindelige del (Femte utgave, 1978).

Austenå, Torgeir: Konsesjonsreglane for fast eigedom (1978).

Baldersheim, Erlend: «Ross og Erasmus: Mor Nille er “tû-tû”?», i: Retfærd 2011 s.65-84.

Bernitz, Ulf: «En europeisk civillag?», i: Juridisk Tidsskrift 2003-04 s. 503-21.

Brækhus, Sjur: Innledning til Omsetning og kreditt. Institutt for privatrett, Stensilserie A nr. 168 (6. utgave, ved Borgar Høgetveit Berg, 2005).

Brækhus, Sjur: Omsetning og kreditt 3 og 4. Omsetningskollisjoner I og II (1998).

Brækhus, Sjur: «Juridisk begrepsdannelse», i: Sjørett, voldgift og lovvalg. Artikler 1979-1998 (1998) s. 379-96.

Brækhus, Sjur: Materiell konkurs- og eksekusjonsrett (4. utgave, referat ved Hans Petter Lundgaard, 1971).

Brækhus, Sjur: «Factoring – Sikringscessionen i nytt perspektiv», i: Selmer, Knut S. (red.): Nordisk gjenklang. Festskrift til Carl Jacob Arnholm (1969) s. 331-57.

Brækhus, Sjur og Axel Hærem: Norsk tingsrett (1964).

Edlund, Hans Henrik (m.fl., red.): Dansk privatret. En lærebog (16. udgave, 2010).

Eng, Svein: Rettsfilosofi (2007).

von Eyben, W.E.: Formuerettigheder: Indhold. Beskyttelse. Overdragelse (Sjette udgave, 1979).

Faber, Wolfgang: «Scepticism about the Functional Approach from a Unitary Perspective», i: Faber, Wolfgang og Brigitta Lurger (red.): Rules for the Transfer of Movables. A Candidate for European Harmonisation or National Reforms? (European Legal Studies, Volume 6, 2008) s. 97-122.

Falkanger, Thor: Fast eiendoms rettsforhold (4. utgave, 2011).

Falkanger, Thor: «Kreditorekstinksjon og juridiske trosartikler», i: Christie, Nils (m.fl., red.): Den urett som ikke rammer deg selv. Festskrift til Anders Bratholm 70 år (1990) s. 485-92.

Falkanger, Thor og Aage Thor Falkanger: Tingsrett (6. utgave, 2007).

Falkanger, Aage Thor: «Bokmelding: Omsetningskollisjoner», i: Lov og Rett 2000 s. 56-64.

Fleischer, Carl August: «Eigedomsretten som omgrep i norsk tingsrett», i: Austenå, Torgeir (m.fl., red.): Jus og jord. Heidersskrift til Olav Lid (1978) s. 81-94.

Fleischer, Carl August: «Tinglysning», i: Jussens Venner 1968 s. 269-321.

Gjelsvik, Nikolaus: Norsk tingsrett. Forelesninger (Tredje utgave, ved Erik Solem, 1936).

Gretton, George L.: «Review: Rules for the Transfer of Movables. A Candidate for European Harmonisation or National Reforms?», i: 13 Edinburgh Law Review (2009) s. 169-70.

Göranson, Ulf: Traditionsprincipen. Skrifter från Juridiska fakulteten i Uppsala nr. 6 (1985).

Hagstrøm, Viggo: Obligasjonsrett (2. utgave, 2011).

Hagstrøm, Viggo: «Betraktninger omkring Draft Common Frame of Reference», i: Lambertz, Göran (m.fl., red.): Festskrift till Torgny Håstad (2010) s. 225-35.

Hessler, Henrik: Allmän sakrätt. Institutet för rättsvetenskaplig forskning LXIX (1973).

Hohfeld, Wesley Newcomb: «Some Fundamental Legal Conceptions as Applied in Judicial Reasoning», 23 Yale Law Journal (1913) s. 16-59.

Håstad, Torgny: «Vem är den verkliga ägaren till en bil köpt med äganderättsförbehåll?», i: Gernandt, Johan (m.fl., red.): Festskrift till Torkel Gregow (2010) s. 125-33.

Håstad, Torgny: «Äganderättens övergång i en gemensam europeisk rättsordning», i: Tidskrift utgiven av Juridiska Föreningen i Finland 2009 s. 327-42.

Håstad, Torgny: «Inför en europeisk sakrätt – några principfrågor», i: Juridisk Tidsskrift 2002-03 s.745-77.

Håstad, Torgny: «Nordiska önskemål vid en integration av säkerhetsrätten», i: Tuominen, Salla (red.): Civilrättens integration ur nordisk synsvinkel. Publikationer från Juridiska fakulteten vid Helsingfors universitet 2001 s. 49-73.

Håstad, Torgny: Sakrätt avseende lös egendom . Institutet för rättsvetenskaplig forskning CXIII (Sjätte, omarbetade upplagan, 1996).

Kaisto, Janne: «Kommentar til Torgny Håstads presentation», i: Tuominen, Salla (red.): Civilrättens integration ur nordisk synsvinkel. Publikationer från Juridiska fakulteten vid Helsingfors universitet 2001 s. 75-81.

Kaasen, Knut: «Bokmelding: Godtruerverv og kreditorvern», i: Lov og Rett 1995 s. 493-96.

Kinander, Morten: «Sondringen mellom tinglige og obligatoriske rettigheter», i: Tidsskrift for Rettsvitenskap 2003 s. 673-85.

Lid, Olav: «Ny bok i tingsrett», i: Lov og Rett 1965 s. 117-123.

Lid, Olav: Tomtefeste (1961).

Lilleholt, Kåre, «Ownership of Goods in the Draft Common Frame of Reference», i: Lambertz, Göran (m.fl., red.): Festskrift till Torgny Håstad (2010) s. 447-54.

Lilleholt, Kåre: «Alminnelig formuerett», i: Lilleholt, Kåre (red.): Knophs oversikt over Norges rett (13. utgave, 2009) s. 167-205.

Lilleholt, Kåre: Godtruerverv og kreditorvern (3. utgåve, 1999).

Lilleholt, Kåre: «Legitimasjon, publisitet og notoritet», i: Jussens Venner 1996 s. 69-97.

Lilleholt, Kåre: «Bokmelding: Pant og annen realkreditt», i: Tidsskrift for Rettsvitenskap 1996 s.719-21.

Martinson, Claes: «Funktionalism och bättre rätt till fast egendom», i: Svensk Juristtidning 2008 s. 669-87.

Martinson, Claes: «How Swedish Lawyers Think about ‘Ownership’ and ‘Transfer of Ownership’ – Are We Just Peculiar or Actually Ahead?», i: Faber, Wolfgang og Brigitta Lurger (red.): Rules for the Transfer of Movables. A Candidate for European Harmonisation or National Reforms? (European Legal Studies, Volume 6, 2008) s. 69-95.

Millqvist, Göran: Sakrättens grunder (Femte upplagan, 2009).

Mortensen, Peter: Indledning til tingsretten (2. udgave, 2010).

Mortensen, Peter: Digital tinglysning – rettigheder over fast ejendom (4. udgave, 2007).

Olivecrona, Karl: Om lagen och staten (1940).

Olsson, Curt: Om köpares borgenärsskydd vid köp av lös egendom. Skrifter utgivna av Svenska Handelshögskolan nr. 1 (1954).

Ramberg, Cristina: «Mot en gemensam europeisk civillagstiftning», i: Svensk Juristtidning 2004 s. 459-474.

Rodhe, Knut: Handbok i sakrätt. Institutet för rättsvetenskaplig forskning CXXIV (1985).

Ross, Alf: Om ret og retfærdighed. En indførelse i den analytiske retsfilosofi (1953).

Ross, Alf: Ejendomsret og Ejendomsovergang – med særligt Henblik paa dansk Retspraksis (1935).

Ross, Alf: Virkelighed og Gyldighed i Retslæren. En Kritik af den Teoretiske Retsvidenskabs Grundbegreber (1934).

Samuelsson, Joel: «Om harmoniseringen av den europeiska privaträtten och funktionalismens funktionalitet», i: Europarättslig tidskrift 2009 s. 63-86.

Samuelsson, Joel: Tolkning och utfyllning. Studier kring ett förmögenhetsrättsteoretiskt tema. Skrifter från Juridiska fakulteten i Uppsala nr. 112 (2008)

Schmidt, Folke: Om ägareförbehåll och avbetalningsköp (1938).

Strömholm, Stig: Rätt, rättskällor och rättstillämpning (Femte upplagan, 1996).

Torp, Carl: Hovedpunkter af Formuerettens almindelige Del (1890).

Torp, Carl: «Hvilke Grundsætninger bør være avgjørende for Spørgsmaalet om Ejendomsovergangen ved Køb og Salg af individuelt bestemte løsøregenstande?», i: Forhandlingerne på det tiende nordiske Juristmøde i Kjøbenhavn 1902, bilag VI (1902).

Undén, Östen: Svensk sakrätt. I. Lös egendom (1927).

Vinding Kruse, Frederik: «Om Overdragelse af Løsøre», i: Ugeskrift for Retsvæsen 1935 s. 113-44.

Vinding Kruse, Frederik: Ejendomsretten. Andet Bind (3. udgave, 1951).

van Vliet, Lars: «Acquisition and Loss of Ownership of Goods – Book VIII of the Draft Common Frame of Reference», i: Zeitschrift für Europäisches Privatrecht 2011 s. 292-334.

Zitting, Simo: «An Attempt to Analyse the Owner's Legal Position», i: Scandinavian Studies in Law 1959 s. 227-47.