Velkommen til ein ny årgang med Tidsskrift for kjønnsforsking.

Vi startar året med eit ope nummer. Arnfinn Andersen skriv om dei endra vilkåra for intimitet i dagens samfunn og kva teoretiske reiskap ein kan bruke for å analysere desse. Han kombinerer innsiktene frå to ulike fagfelt, kjønns- og familieforskinga og queer- og homoforskinga, i forsøket på å finne nye teoriar for å kunne gripe endringane i organiseringa av nærleik, lyst og seksualitet. Dei to neste artiklane heng saman gjennom fokuseringa på plass og rom og inspirasjonen frå den geografiske fagtradisjonen. Halldis Valestrand grip fatt i bruken av geografiske omgrep innan feministisk forsking. Ho ser særleg på omgrepet kartografi, nøstar opp historia til omgrepet, kva tydingar det har fått i ulike samanhengar, og tilrår forskarar å vere merksame på om dei nyttar omgrepet som metafor eller analytisk reiskap. Siri Gerrard har følgd fiskarsamfunnet Skarsvåg frå 1970-talet fram til i dag. Ho bruker denne staden som utgangspunkt for ein analyse av mobile praksisar og kjønnskontraktar

Gerrard har også skrive eit debattinnlegg om kjønnsforskinga etter poststrukturalismen, der ho skildrar korleis ho har vore inspirert av ulike teoretiske retningar i den empirisk forankra forskinga si.

Barneomsorg får ikkje alltid tilbørleg merksemd i sosiologiske samfunnsanalysar. Tone Schou Wetlesen ber oss derfor merke oss bidraga frå Göran Esping-Andersen, The Incomplete Revolution, og frå Penelope Leach, Childcare Today, i eit bokessay. Monica Aarseth har meldt antologien Likestilte norskheter. Om kjønn og etnisitet, redigert av Anne-Jorunn Berg, Anne Britt Flemmen og Berit Gullikstad. Nina Berven har meldt Beatrice Halsaa og Anne Hellums Rettferdighet, mens Kyrre Linné Kausrud har meldt Født sånn eller blitt sånn av Harald Eia og Ole-Martin Ihle.

Kjønnsforskinga var gjennom eit stritt år i 2010, eit mediemessig «Annus horribilis». Verknadene av dei mange åtaka i media har vi ikkje oversikt over enno, men kjønnsforskarane er uansett ikkje slegne. Fagleg sett er kjønnsforskinga inne i ei fruktbar tid. Vi kjenner til at mange kjønnsforskarar skal gi ut bøker både på utanlandske og norske forlag dette året. Vi som jobbar med tidsskriftet, opplever eit vitalt felt, med forskarar som interesserer seg for å utvikle eit vidt spekter av kunnskap og refleksjon, med vilje til kritisk sjølvgransking og til å gå inn i både gamle og nye aktuelle tema.

Hilde Danielsen, på vegne av redaksjonen.