Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Mye penger lite kunnskap

  • Side: 34-35
  • Publisert på Idunn: 2015-03-25
  • Publisert: 2015-03-25

Danske politikarar er meir ivrige etter å gjennomføre reformer, enn å evaluere dei som alt er gjennomført. Det er brukt mye penger, men det har ikkje ført til større kunnskap.

 

– Ei regjering er ikkje nødvendigvis innovativ om den innfører mange reformer, det kan jo like gjerne vere utrykk for at ein er lite innovativ i det daglege, og derfor melder behovet for reformer seg. Det seier Ole Helby Petersen, lektor ved Roskilde Universitet.

Frå kontoret sitt i Roskilde, ein 25-minutts togtur frå København, forskar han på kva effektar konkurranseutsetjing har hatt på velferdstenestene i Danmark.

Kjenner ikkje effektene

– Me i Danmark har vore flinkare til å innføre nye reformer, enn å finna ut om dei faktisk fungerer i praksis. Dette gjeld både innan privatisering, konkurranseutsetting og OPS-samarbeid. Me har brukt mykje pengar på dette, men ikkje blitt mykje klokare, seier Helby Petersen.

I ei av studiane har han samla saman funn frå eksisterande forsking på feltet. Denne metareviewen konkluderer med at det har vore pengar å spara på å konkurranseutsetja tekniske oppgåver, medan det manglar forsking på effektane på velferdstenestene.1

– Me har veldig lite kunnskap om kva effektar konkurranseutsetjing har på velferdstenester. Det er verdt å leggje merke til, alt i 2003 vart prinsippet om fritt val innført i eldreomsorga. Over 10 år seinare veit me ikkje korleis dette har påverka prisen og kvaliteten på eldreomsorga.

Mangelen på kunnskap har fått Ole Helby Petersen til å setja i gang eit stort forskingsprosjekt, som er eit samarbeid mellom seks danske universitet og institutt. Prosjektet vil generera 10 rapportar, og kombinera kvalitativ og kvantitativ metode for å finna effektar av konkurranseutsetjing. Ole Helby Petersen merkar at feltet får meir merksemd.

– I stigande grad er det politisk interesse for disse studiane. Me er med på å skapa ein debatt der både politikarar, arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar har blitt involvert.

Kan gje auka ulikheit

I ei av studiane har Helby Petersen samanlikna ulike danske kommunar.2

– Me ser at kommunane er blitt ein «ideologisk kamplass» der slaget står om kven som skal tilby velferdstenester. På tekniske oppgåver så konkurranseutset dei danske kommunane like mykje uavhengig av politisk farge, men når det gjelder velferd så konkutsett dei borgarlege meir enn sosialdemokratane.

Helby Petersen meiner at konkurranseutsetjing i utgangspunktet ikkje skal føra til auka økonomisk ulikskap mellom borgarane. Betalinga til private aktørar går via det offentlege, ikkje privatpersonar si lommebok. Dermed ventar ein seg ikkje direkte effektar på økonomisk fordeling.

– Temaet blir likevel heitt debattert. Me har forsking i Danmark som peikar på at det er borgarar med ressursar som intelligens, utdanning eller rik familie som vel dei beste private leverandørane. Dermed kan dei mest ressurssterke enda opp med det beste velferdstilbodet. Samstundes kan ein sjå for seg at dei private aktørane vil skumma fløyten ved å sikra seg dei mest ressurssterke som kundar. Dei er mindre sjuke og lettare å kommunisera med, seier Helby Petersen.

Han frykter at ei slik utvikling på sikt vil kunne føra til ei todeling av helsevesenet. Det kan gje eit profitabelt privat helsevesen og eit dyrare offentleg helsevesen for dei ressurssvake.

– Me kan derfor sjå for oss at konkurranseutsetjing av velferdstenester kan føra til auka ulikskap, på ein indirekte måte, seier Helby Petersen.

Statsminister Helle Thorning Schmidt har fortsatt sin forgjengers privatisering av offentlig sektor. Foto: Mikkel Rønne/Flickr

Starta på 80-talet

Trenden med å konkurranseutsetje offentlege tenester har vara lenge, og har auka gradvis i styrke.

– I 1983 starta «Moderniseringprogrammet» – reforma som tok Danmark i retning meir privatisering og konkurranseutsetjing. Først såg me ein auka privatisering, der mykje statlig eigedom vart seld. Så har me fått gradvis meir konkurranseutsetjing av offentlege tenester. Dette er altså ein veldig lang utvikling som har gått over 30 år, seier Ole Helby Petersen.

På 90-tallet vart prinsippet om fritt val introdusert. I første omgang kunne borgarane velja mellom forskjellige offentlege leverandører av tenester. Utover 90-tallet kommer private inn som alternative leverandører. Ole Helby Petersen meiner at prinsippet om fritt val gradvis og over tid har marknadsgjort Danmark.

– Kommunane tek små skritt kvart einaste år, på sikt kan dette få store konsekvensar. Graden av konkurranseutsetjing blir aldri redusert. Me ser at konkurranseutsetjinga akselererer under borgarleg styre, så flatar det ut under sosialdemokratisk styre.

Kampen om ideologi står også i rikspolitikken. Ole Helby Petersen meiner fritt val-ordninga har vore ein av dei mest ideologiske prosjekta til tidlegare statsminister Anders Fogh Rasmussen.

– Under Fogh Rasmussen opplevde Danmark ei gradvis auke i dei private aktørane innan helse, eldreomsorg og barnehage. På alle store velferdsområde er fritt val-prinsippet blitt innført.

Han meiner retorikk kan gje eit positivt inntrykk av konkurranseutsetting.

– Berre høyr på orda «fritt val» – kva er det motsette til det? Det er ufrie val. «Fritt val» høyres intuitivt mykje betre ut.

Kan bli meir i framtida

I det store og hele har regjeringane til Helle Thorning-Schmidt fortsatt Fogh Ramsussens politikk, et unntak er at de har tatt vekk kravet om at kommunar må konkurranseutsette tenester.

– Sosialdemokratane brukar meir gulrot enn pisk, kommenterer Helby Petersen.

Ole Helby Petersen ser for seg at trenden med konkurranseutsetjing vil halda fram. Den danske produktivitetskommisjonen3 kom i mars i fjor med klare tilrådingar om å krympa byråkratiet og skapa meir konkurranse om offentlege oppgåver. Målet er å styrka produktiviteten, som flatar ut i Danmark.

– Råda dei gav, var omfattande. Dei meinte at nesten alt av kommunane sine oppgåver skulle konkurranseutsetjast. Me ser generelt at kommisjonar sine tilrådingar blir avvist på kort sikt, men likevel innført på langt sikt.

Litteraturliste

Houlberg, Kurt og Petersen, Ole Helby Indikatorer for kommunernes køb af eksterne ydelser i Danmark og Sverige, AKF 2012

Petersen, Ole Helby m.fl.; Effekter ved udlicitering af offentlige opgaver. En forskningsoversigt over danske og internationale studier fra 2011-2014, Roskilde Universitet 2014

Sørensen, Peter Birch m.fl. Det handler om velstand og velfærd : Overblik over slutrapport København: Produktivitetskommissionen, 2014

1Petersen, Hjelmar, Vrangbæk, og Thor Larsen (2014)
2Houlberg og Petersen (2012)
3Sørensen, Dalgaard, Gersing, Nikolaisen, Raaschou-Nielsen, Schröder, Rose Skaksen, Sloth, Sørensen (2014)

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon