Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Den danske reformasjonen

  • Side: 30-33
  • Publisert på Idunn: 2015-03-25
  • Publisert: 2015-03-25

Nabolandet vårt har modernisert offentleg sektor i eit forrykande tempo. Dansk professor ber Noreg følgje etter. Han skjønner ikkje den norske skepsisen.

 

– Kommunereforma er den største velferdsreforma me har hatt i Danmark dei siste 30 åra. Me har spara pengar som me kan bruka på meir velferd til borgarane.

Bjarne Pedersen smiler, han sit i sitt romslege kontor i rådhuset til nye Rudersdal kommune. Norske kommunepolitikarar og byråkratar har valfarta til dette rådhuset i den vesle forstaden Holte, nord for København.

I oktober i fjor reiste kommunalminister Jan Tore Sanner til København for å bli inspirert av den danske kommunereforma. Der møtte han mellom anna ordføraren i Rudersdal kommune, for kommunen er blitt eit utstillingsvindauge for den danske kommunereforma.

– Eg har fått med meg at venstresida i Noreg er skeptisk til kommunereform. Det skjønner eg verkeleg ikkje, for reforma gjev store innsparingar som igjen kan brukast på meir og betre velferd til borgarane, seier Bjarne Pedersen.

Frivillig samanslåing

Då den danske kommunereforma vart vedteken i 2005, byrja danske kommunar å sjå seg om etter nye partnarar. Rudersdal kommune, med rundt 55 000 innbyggarar, er eit resultat av eit initiativ frå dei dåverande kommunane Søllerød og Birkerød.

– Frå styresmaktene kom kravet om at nye kommunar skulle ha minst 20 000 innbyggarar. Både Søllerød og Birkerød kommune hadde eit innbyggartal som var høgare enn dette, så me trengte eigentleg ikkje slå oss saman. Me gjorde dette fordi me trur at færre kommunar er betre for borgarane, seier Pedersen.

Kommunernes Landsforening (KL), tilsvarande norske KS, hadde ei sentral rolle i gjennomføringa av kommunereforma. Thomas Nymann Nielsen, visekontorsjef i KL, meiner reforma i stor grad har hatt positive effektar.

– Reforma har gjort kommunane meir bærekraftige, både når det gjeld økonomi og fagleg kompetanse. Større kommunar gjer at me har nådd ein kritisk masse av innbyggarar, som igjen gjer at me kan tilsette fleire med spesialkompetanse. Dessutan løyser me fleire oppgåver lokalt, innan til dømes psykiatri og rehabilitering, seier Nymann Nilsen.

Kommunereforma har gjeve synlege resultat i at 271 kommunar er reduserte til 98. Samstundes er dette berre ein av dei mange danske reformene av offentleg sektor i løpet av dei siste 30 åra.

– Kva trur du er grunnen til den danske reformviljen?

– Eg er økonom, så eg trur det er økonomiske grunner til denne reformviljen. Eg pleier seia: «never waste a good crisis», smiler Thomas Nymann Nilsen.

Utan eit oljefond i ryggen vart Danmark hardt råka av finanskrisa. Krisa kosta landet minst 400 milliardar danske kroner, viser utrekningar gjort av eit dansk utval. Thomas Nymann Nilsen meiner finanskrisa har skapa ein krisebevisstheit blant danskane, som gjer det lettare for dei å akseptere reformer.

– I tillegg speler det nok inn at Danmark blir pressa av EU på grunn av våre offentlege budsjettunderskott, seier Thomas Nymann Nilsen.

Frå keynesianisme til konkurransestat

– Reformbølgja i Danmark er på ingen måte slutt, den har kanskje eigentleg berre starta no, seier professor Ove Kaj Pedersen. Vi treffer ham på kontoret på instituttet for business og politikk ved Københavns Handelshøgskule, eit institutt han sjølv har bygd opp. 65-åringen har blitt ein nestor innan debatten om velferdsstatens framtid.

Han har fått stor merksemd for boka Konkurransestaten der han hevdar at velferdsstaten vart revolusjonert på 90-talet. Frå å vera eit system basert på massemobilisering og universelle rettar er velferdsstaten si primære oppgåve blitt å styrka landa sin konkurranseevne i ein global økonomi. Målet med velferdsstaten har blitt omskapt til å aktivisera befolkninga, og halda dei i arbeidslivet så lenge som mogeleg.

Norge har importert fleire store reformer fra Danmark. Her er studerar Jan Tore Sanner danskenes løysning for å bestille pass. Foto: KMD

– Den danske reformviljen kom etter at Danmark var i ei økonomisk og samfunnsmessig krise på 70- og 80-talet. Velferdsstaten var i krise, landet sleit med høg arbeidsløyse og var i tillegg pressa av konkurransen som kom som følgje av auka globalisering. Det skapa ein vilje til å reformera velferdsstaten, seier Kaj Pedersen.

Desse tankane har fått solid fotfeste i det politiske Danmark. Hausten 2013 slo den sosialdemokratiske finansministeren Bjarne Corydon fast at «den såkalla konkurransestaten er komen for å bli».

– Heile velferdsststatens oppgåvestruktur er lagt om. Me har gått frå ein keynesiansk etterspurnadspolitikk, der målet var å styrke etterspurnaden i nedgangstider ved hjelp av fordeling gjennom skatt og trygd. No har me ein velferdsstat retta mot tilbodssida, der målet er å levera arbeidskraft til marknaden. Staten brukar ressursane til å holda folk i arbeidsmarknaden, seier Kaj Pedersen.

– Kva er dei mest substansielle reformene, etter ditt syn?

– Danmark har gått frå å ha ein 8-årig dagpengeperiode utan nokon form for kontroll, til å ha ein 2-årig dagpengeperiode med kontroll. Pengane blir no heller brukt til å omskolere tilsette. Me ser den same tilbodsside-tenkinga i helsesektoren, der målet er å gjere arbeidarane sunnare og dermed stå lenger i arbeidslivet. Dette gjer ein ved å arbeide for å redusera røyking og få folk til å ete sunn mat, seier Ove Kaj Pedersen.

Politisk semje om reformene

Dei borgarlege partia som styra Danmark gjennom store deler av 2000-talet sette sine spor på offentleg sektor gjennom mellom anna kommunereforma og kvalitetsreforma (sjå faktaboks). Etter regjeringsskiftet har dei to regjeringane til Helle Thorning-Schmidt vidareført reformarbeidet, spesielt innan velferdsytingar, utdanning og arbeidsliv.

Nokre reformer i Danmark

Kommunereforma (2007) førte til over halvert antal kommunar, kommunane er blitt større og har fått fleire oppgåver.

Kvalitetsreforma (2007) kom i samanheng med kommunereforma. Kvalitetsreforma introduserte nye nasjonale standardar for kvaliteten i dei offentlege velferdstenestene, slik at tilbydarar av slike tenester kunne bli målt opp mot kvarandre. Målet var betre service og mindre byråkrati.

Tillitsreforma (2011) er ein avtale mellom dei tre partane i arbeidslivet. Grunntanken er at alle partar på tvers i styringskjeda i offentleg sektor skal arbeide saman for å fornya og avbyråkratisera sektoren. Tillitsreformen baserer seg på sju prinsipp som skal utarbeidast i kvar kommune og på arbeidsplassane. Sentralt står tillit og respekt for fagleg kompetanse.

 

Reformene til sosialdemokratane dei siste tre åra har vore prega av kutt i offentlege ytingar. Kontanthjelpsreforma frå 2014 set høgare krav om arbeidsinnsats til trygdemottakarar. Fleksjobb og førpensjonsreforma frå 2012 set som prinsipp at unge skal ikkje ha førtidspensjon og målrettar lønstilskottordninga kalla fleksjobb mot dei som har størst behov. I tillegg kjem SU-reforma frå 2014 som kuttar i studiestøtta, med mål om å spara to milliardar danske kroner.

– Desse utdanningsreformene liknar på reformene av dagpengesystemet, der stønaden blir justert etter kor lenge ein er på stønad. Staten brukar incitament for å få studentar til å fullføra utdanninga på normert tid, det liknar ein politikk som sanksjonerer mot dei som ikkje kan eller vil arbeida, seier Ove Kaj Pedersen.

– I Noreg ser vi eit høgre-venstre-skilje i synet på reformer. For eksempel opnar dei borgarlege partia for bruk av tvang for å få til kommunesamanslåingar, medan venstresida går imot. Er det ei breiare politisk einigheit om reformer i Danmark?

– I Danmark er det eit marginalt høgre-venstreskilje i synet på reformer. Berre fløypartia Dansk Folkeparti og Enhetslisten er skeptiske til reformer. Det er vanleg ved eit regjeringsskifte at dei nye partia i posisjon overtek reformprogrammet til den førre regjeringa, og vidareførar reformene. Så regjeringar kan kome og gå, men reformprogrammet fortsetter, seier Ove Kaj Pedersen.

Det er påfallande for dansker at det ikkje er utført ein reform av kommunestrukturen i Noreg, meiner professor Ove Kaj Pedersen. Foto: Maria Lavik

Større ulikheit etter reformer

Men, reformene til sosialdemokratane har hatt sin pris. Folketingets finansutval har rekna på effekten av dei tre reformene av studiestøtte, førtidspensjon/fleks-jobb og kontanthjelp. Utvalet finn at reformene har auka gini-koeffisienten, ein indikator på økonomisk ulikskap, med 0,23 prosentpoeng.

– Må ein akseptere større skilnader mellom fattig og rik for å gjennomføre reformer av det offentlege?

– Eg som forskar skal ikkje svara på om ein må akseptera meir økonomisk ulikheit for å få gjennomført fleire reformer. Det er eit val politikarane må ta. Det er ulike teoriar om samanhengen mellom reformer og ulikheit. Eg vil understreka at skandinaviske land framleis har ekstremt låg grad av økonomisk ulikskap. Me må også hugsa på at velferdsstaten ikkje har blitt verdens største suksess. Ja, den førte til likare mogelegheiter for folk, men den har ikkje ført til faktisk likskap mellom folk, seier Ove Kaj Pedersen.

– Kven taper på reformene?

– Dei som ikkje klarer å tilpassa seg stadige endringar. Dette er ofte ei relativt liten gruppe av folk med låg tilpassingsdyktigheit og læringsevne.

Reformer for konkurranseevne

Ove Kaj Pedersen meiner reformene er nødvendige for å oppretthalda velferdsstaten.

– Me har ein pårekneleg situasjon der me konkurrerer med land som Kina og Russland, land som er svært annleis bygd opp enn skandinaviske velferdsstatar, seier Pedersen.

Han trur likevel at tida for dei største reformene er forbi.

– Me ser ein begynnande trøttheit hjå fagleg tilsette i offentleg sektor, dei har måtta bæra byrden av dei omfattande reformene, seier Pedersen.

– Kva er rådet ditt til Noreg?

– Eg jobbar med samanliknande politikk, men seier alltid til studentane mine at me ikkje kan samanlikna noko land med Noreg, de er alt for spesielle, seier Over Kaj Pedersen og ler.

– Samstundes byrjar no Noreg å innsjå at inntektene frå Nordsjøen ikkje vil vara evig. Spørsmålet er om folket og politikarane er villige til å godta reformer etter ein lang periode med høg levestandard. For oss danskar er det likevel påfallande at de ikkje har utført ein reform av kommunestrukturen i Noreg. Ein treng rett og slett større einingar for å få til ei ny oppgåvefordeling mellom stat og kommune, seier Kaj Pedersen.

Demokratisk underskott

Tilbake i Holte har rådmann Bjarne Pedersen teke ein rundtur i rådhuset til Rudersdal kommune. Sjølv om kommunen er ny, er rådhuset gamalt, det var tidlegare rådhus for Søllerød kommune. Bygget er kledd i norsk marmor og bygd under andre verdskrig, teikna av den kjende arkitekten Arne Jacobsen.

– Debatten rundt kommunesamanslåinga stod rundt to spørsmål: kor skal rådhuset liggja, og kva namn skal den nye kommunen få, fortel Pedersen.

– Det var lett å velja rådhuset i Søllerød som lokale for det nye rådhuset, dette bygget er freda og kan ikkje brukast til andre formål. Namnet på kommunen var ei større utfordring, me sette ned ei arbeidsgruppe på tre representantar frå kvar av kommunane, samt ein ekstern professor. Arbeidsgruppa fekk inn 1000 namneforslag, og enda opp med «Rudersdal», som er namnet på stallen som vart brukt som rasteplass langs den gamle kongevegen, fortel Bjarne Pedersen.

– Kva tilbakemeldingar har du fått frå innbyggjarane etter kommunesamanslåinga?

– Dei fleste har ikkje oppdaga noko. Den vanlege borgar bryr seg om idrettshallen, skulen og kvaliteten på heimehjelpa, for dei er kommunen berre eit administrativt fellesskap, seier Bjarne Pedersen.

Kommunereforma har også gjeve negative konsekvensar. Det danske instituttet KORA har undersøkt resultata av kommunalreforma, på plussida viser undersøkinga at reforma har betra den økonomiske styringskapasiteten til kommunane. På minussida kjem mindre lokaldemokrati, lågare grad av tillit til lokalpolitikarane, og tyngre arbeidsbyrde på politikarane, som det er blitt færre av.

Thomas Nymann Nielsen, visekontorsjef i KL meiner likevel ikkje at valet står mellom lokaldemokrati og styringsdyktigheit.

– Politikarane kan innretta administrasjonen for å handtere dei nye oppgåvene, dei må ikkje gjere alt åleine. Når det gjeld lokaldemokrati, så har me sett ei auke i valoppslutninga ved lokalvala, den steig med 6,1 prosentpoeng frå 2009 til 2013, seier Thomas Nymann Nielsen.

Unngå folkeavstemming

I Noreg går debatten om kommunesamanslåing bør bli avgjort av folkeavrøysting. For den nye Rudersdal kommune fekk folket si direkte stemme ingenting å seie. Det var ingen avrøysting i Søllerød kommune, medan Birkerød kommune arrangerte ei avrøysting som vart kjend ugyldig av regjeringa. Den gav eit knapt fleirtall for samanslåing.

– Bør ein ikkje ha folkeavstemming for å sikre folkeleg forankring?

– Nei, ei folkeavstemming skapar fleire konfliktar enn den løyser. I ei folkeavstemming fokuserer ein ofte på skilnadane mellom kommunane, der frykt og fordommar styrer. Folk veit ofte ikkje kva dei stemmer over. Det er jo lokalpolitikarane som er vald som er i stand til å ta avgjersler, me har trass alt eit representativt byråkrati. En alminnelig borger kan ikkje sette seg inn i alle dei ulike politiske sakene, seier rådmann Bjarne Pedersen.

– Kva er ditt tips til den norske kommunalministeren som vil kopiera den danske reforma?

– Ministeren må få i gang ein god prosess der friviljugheit står sentralt, men der han gjer det klart at om kommunane ikkje slår seg saman frivillig, så skal han gjøre det. I tillegg må han passa på at kommunane ikkje blir for små. Ein kan ikkje ha kommunar med under 1000 innbyggarar om dei skal kunne ta seg av oppgåvene sine.

– Nabokommunen min, Modalen kommune, har rundt 300 innbyggarar…

– Då er det ikkje ein ordentleg kommune, den kan jo ikkje gjera noko som helst. Då blir det jo berre kommune i namnet, det blir ein stad med eit forsamlingshus, ler Bjarne Pedersen.

Den norske kommunereforma

• Til våren kjem ei stortingsmelding om nye oppgåver til større og meir robuste kommunar.

• Regjeringa skal så legga fram forslag om ein heilskapleg kommunestruktur for Stortinget våren 2017.

• Kommunar kan slå seg saman før dette, og fleire kommunar diskuterer no å slå seg saman.

• Friviljugheit og økonomiske incentiv skal vere bærande for reforma, men samarbeidspartia Høgre, FrP, Venstre og KrF har opna for tvang i særskilde tilfelle.

• For kommunar som gjer vedtak om samanslåing i løpet av hausten 2015, vil regjeringa legge til rette for at samanslåing skal kunne vedtakast i løpet av våren 2016.

Den danske kommunereforma

• Vedteken i 2004, trådde i kraft i 2007.

• Kommunereforma førte både til redusert tal på kommunar og endra oppgåvefordeling mellom dei ulike forvaltingsnivåa.

• Tal på kommunar gjekk frå 271 til 98. I tillegg vart 14 amt erstatta av fem regionar.

• I hovudregelen skulle kommunar med mindre enn 20 000 innbyggarar enten slå seg saman med andre kommunar, eller inngå forpliktande samarbeid.

• Gjennomsnittleg folketal i kommunane auka frå 20 000 til 55 000.

• Kommunane har fått fleire nye oppgåver, mellom anna innan helse- og sosialsektoren planlegging, miljø og samferdsel.

 

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon