Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Fokus på målet, ikkje målingane

  • Side: 46-47
  • Publisert på Idunn: 2015-03-25
  • Publisert: 2015-03-25

Kven: Hans Vik, politimester i Rogaland politidistrikt. Kva: Prosjekteigar av prosjektet «Responstid» som var ein del av politiets Endringsprogram. Dette programmet kom i kjølvatnet av 22. juli-kommisjonen, også kalla Gjørv-kommisjonen. Endringsprogrammet er no avslutta og det er venta at det vil føre til konkrete endringar i korleis politiet organiserer arbeidet sitt.

 

Foto:Rogaland politidistrikt, Unknown

Kvifor er dette prosjektet viktig?

– Dette prosjektet «Responstid» er ei oppfølging av Gjørv-rapporten som kom etter 22. juli. Spørsmålet me stilte i prosjektet var todelt: korleis måler me responstida til politiet, og bør me stille krav til responstida?

Etter terrorangrepa mot Noreg kom det eit klart politisk ønske om å måla responstida til politiet, og om å stilla krav til denne responstida. Politikarane ønska å vite kva politiet leverer på dette området Det er dessutan viktig for borgarane å vite kva responstid dei kan forventa av politiet. Eit krav om responstid vil dessutan kunne gje eit bilete av politiet sin beredskap og kunne bidra til diskusjonen om kva nivå på beredskapen samfunnet ønsker.

Resultatet av dette arbeidet er viktig for fleire partar. Politiet ønskjer å vita kva som skjer frå publikum slår 112 på telefonen til politiet er på staden. Ved hjelp av ein måler finn me ut kor lang tid det tar å få inn meldingar, me veit når informasjonen går ut til politieiningane, og me måler kor lang tid det tek før politiet er på staden. Det er veldig viktig for oss i politiet. Dette lettar arbeidet med planlegging, slik at me veit kor me bør plassera patruljane på ein hensiktsmessig måte.

Kvifor vil akkurat du gjera dette arbeidet?

Eg fekk ansvaret for delen av Endringsprogrammet som går på styring, leiing og kultur. Prosjektet «responstid» er ein del av denne delen. Det var dermed ikkje mitt aktive val å bli prosjekteigar, men det det var fint å bli vist tilliten og det har vore svært spanande å arbeide med dette prosjektet.

Kven vil merka konsekvensane av dette prosjektet og kva vil det bety for dei?

Det skal bli spanande å sjå om publikum vil merke noko endring. Politiet har nemleg ikkje kunne dokumentera si responstid på dei enkelte geografiske områda før. Måling av responstid i alle politidistrikt starta me med først i 2014. Nokre distrikt hadde målt tidlegare, men då helst på eige initiativ. Dermed kan det vere at politiet alt har hatt ei responstid som er innanfor dei krava som kan koma. Eller, det kan vere at folk vil merka at politiet kjem raskare til staden. Eg trur dei enkelte politipatruljer og operasjonssentralane vil kjenna på konsekvensane, dei vil nok kjenna eit aukande tidspress. Men, eg veit ikkje om responstida går ned, sjølv om eg sjølvsagt håpar at den gjer det.

Korleis takla du ansvaret?

Å vera prosjekteigar er ein stor jobb. Det viktigaste for meg har vore å finna dei flinke folka som kan vera med å jobba på dei ulike saksfelta. Eg brukte god tid på å finna dei rette folka og plassera dei i dei rette gruppene. Å finna dei rette folka var nok den mest fagleg krevjande jobben eg gjorde. Eg såg på geografien, og ville ha med både folk som bur i Finnmark der ein har store avstandar, og medarbeidarar frå meir sentrale strok. Medarbeidarane må vera på ulike nivå i hierarkiet i politiet, og me prøvde å få til ein god kjønnsbalanse. Berre slik kan ein få både breidde og djupne i denne gruppa. For å få hjelp sende eg ut e-post til politimestrar i aktuelle politidistrikt og bad dei om å koma med forslag. Eg fekk rundt fire forslag frå kvar, så kunne eg plukka frå desse og bygge ei gruppe basert på deira bakgrunn ut frå kjønn, geografi, rang og kompetanse. Det var i det heile ein svært inkluderande prosess, det er eg nøgd med. Det var dessutan viktig å få med ein flink prosjektleiar, all ros til han!

Kva trengde du for å få gjennomføre prosjektet?

Eg trengde handlingsrom, og det fekk eg. Endringsprogrammet var vedteke av politidirektøren, så eg hadde ingen problem med å få med meg folk til å vera med i dei ulike gruppene.

Kven var kritikarane, og kva sa dei?

Det har vore delte meiningar internt i politiet om me burde måla og setja krav til responstid. Eg har sjølv vore ein av kritkarane, for eg meiner at eit problem med all mål- og resultatstyring er at ein kan enda opp med å bli målt på ting som ikkje er dei viktigaste oppgåvene. Då kan ein ende opp med å gjera feil prioriteringar. Dette kan reknas saman av min skotske kollega som seier at målstyring kan føre til at ein «meet the target, but miss the point.» Om ein er for oppteken av måling, kan ein fort misse av syne det som er målet.

Kritikarane var redde for at om politiet vert for opptekne av målstyring og tall, så ville me fokusera innsatsen vår i dei store byane, men ikkje i områda med mindre folk. Eg kan koma med eit lokalt døme: sjå for deg at politiet i Rogaland får eit mål om å ha ei responstid på 15 minutt overalt. Då kan ein velja å plassera alle patruljer i sentrale område, slik at ein kan rykka ut på hendingar i sentrum i løpet av få minutt. Sidan det meste skjer i desse områda, vil me få ei god responstid. Så måtte me heller ha akseptert at det ville ta 50 minutt å rykka ut til hendingar på Bryne, for gjennomsnittet ville jo ha vore bra. Det trur eg alle forstår ikkje er ein rett måte å plassera politiressursar på.

Eg var som sagt ein av kritikarane, men eg endra meining undervegs i arbeidet med prosjektet. Eg såg kva fordeler som kan koma ut av å måla og setja krav til responstida i politiet. Ved å måla tid legg ein eit godt grunnlag for at kvart politidistrikt plasserer patruljane på mest hensiktsmessig måte.

Prosjektet konkluderte med at politiet bør måla responstida. Men, det blir berre stille krav til responstid ved dei mest alvorlege hendingane. På sakar som grove voldshendingar og væpna ran, då må politiet gjera alt dei kan for å koma først fram. Ein vil dermed ikkje stilla krav til repsonstid på alle oppdraga til politiet, det kunne kanskje føra til ein praksis der politiet prioriterer dei enkle småhendingane, for å få ein fin statistikk på responstid. Eg meiner me kom fram til ei god tilråding, som sameiner kravet om målstyring med å ha eit fleksibelt politi som klarar å prioritere mellom dei ulike oppgåvene. Eg pleier sitere Einstein, som skal ha sagt «ikkje alt som tel, kan teljast, og ikkje alt som kan teljast, tel».

Foto:Rogaland politidistrikt, 2341 701 303 306Politimester Hans Vik var kritisk til ideen bak responstid-prosjektet, men endra meining undervegs i arbeidet med prosjektet. Foto: Rogaland politidistrikt

Har du hatt nok ressursar i arbeidet med dette prosjektet?

Ja, det har ikkje vore noko problem. Det heng nok saman med det klare ønsket frå leiinga om å få gjennomført dette prosjektet.

Klarte de å nå måla i prosjektet?

Ja, rapporten vart levert på ein litt justert frist. Målet med prosjektet er at det skulle setja politidirektøren i stand til å kunna stilla krav om responstid i løpet av 2015. Det har me klara, kravet vart stilt 15. januar 2015.

Har ein prøvd andre måtar å gjere dette på som ikkje har fungert?

Ja, fleire politidistrikt i Noreg har gjort sine eigne små forsøk på å måla responstida. Ein utfordring har vore teknologi, ein annan er at desse lokale målingane har generert tal som er vanskelege å bruka om ein vil samanlikna ulike politidistrikt. No som me får nye dataløysingar i politiet blir me i stand til å setja standardar til å måla responstid. Målet er at me skal kunne ha «eit politi», slik at eit politidistrikt kan samanlikna sine eigne resultat med andre distrikt.

Endringsprogrogrammet

Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Politidirektoratet i oppdrag å etablere et bredt anlagt endringsprogram for politiet, men hensikt å følge opp 22. julikommisjonens anbefalinger.

Kommisjonen anser som sin viktigste anbefaling at ledere på alle nivåer i forvaltningen systematisk arbeider med å styrke sine egne og organisasjonens grunnleggende holdninger og kultur knyttet til risikoerkjennelse, gjennomføringsevne, samhandling, IKT-utnyttelse og resultatorientert lederskap. (Prop. 1 S. (2012–2013) Justis- og beredskapsdepartementet).

 

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon