Ein grei test er difor å sjå om ein kan byte ut «i forhold til» med «samanlikna med». Dersom ein ikkje kan det, er nok ikkje «i forhold til» det mest presise uttrykket ein kan bruke. Er det negativt at «i forhold til» endrar tyding? Nokon vil meine det. Til dømes meiner Per Egil Hegge det. Foto: Schibsted Forlag.

Språkinteressa i Noreg har vore stor i mange år, og det er ikkje måte på populærvitskaplege bøker om språk som har blitt gitt ut. Per Egil Hegge si språkspalte er svært populær, og det er stor iver i folket etter å finne ut kva som er rett og gale.

Korleis skal ord skrivast? Kan ein bruke «henrettelse» om å døy, eller skal det berre brukast dersom det har blitt vedtatt at nokon skal miste livet? I det siste har vi også sett dette tydeleg i debatten om bruken av «i forhold til», kor fleire har tatt på seg rolla som politi.

Når det gjeld «i forhold til», ville det ikkje overraske meg om kampen er tapt. Dette er eit konkret og levande døme på språk i endring. Vi kan like det eller ikkje like det, men på mange måtar liknar det på «skjøttkaker» og «sjærlighet». Desse orda blir av mange unge uttalt slik, sjølv om vi skriv «kjøttkaker» og «kjærlighet». Det er vanskeleg å seie kvar denne endringa står akkurat i dag, men det vil nok framleis vere mange unge som seier desse orda på denne måten.

Det som skjer med «i forhold til» er at tydinga blir «bleika». Det vil seie at tydinga blir meir generell slik at «i forhold til» ikkje berre blir bruka for å samanlikne noko. «Jens spiser mye i forhold til Per» er altså eit typisk døme på korleis «i forhold til» tradisjonelt blir brukt. Men i dag vil mange til dømes seie «boka er aktuell i forhold til språksituasjonen», eller «Det å ta grep i forhold til saken er viktig». Begge desse bryt med dei tradisjonelle reglane, fordi det ikkje dreier seg om noka samanlikning. Ein grei test er difor å sjå om ein kan byte ut «i forhold til» med «samanlikna med». Dersom ein ikkje kan det, er nok ikkje «i forhold til» det mest presise uttrykket ein kan bruke.

Er det negativt at «i forhold til» endrar tyding? Nokon vil meine det. Til dømes meiner Per Egil Hegge det. Vi språkforskarar er tvert om meir interessert i å studere desse endringane. Språk har til alle tider endra seg, og dette er ikkje verken negativt eller positivt. Det viser tvert om at språk er levande og kreativt. At ord endrar både skrivemåte og tyding, er ein del av ei slik utvikling.

Det er interessant at nordmenn flest er opptatt av slike normative reglar. Språkteigen er full av innsende spørsmål om det same, nemleg kva som eigentleg er rett. Dette står på ein måte i kontrast til den språklege toleransen Noreg er kjent for i utlandet, nemleg toleransen vår for dialekter.

I Noreg er det tillate å bruke dialekta si i nær sagt alle høve, også på TV og i radio. Ein språkbrukar blir sett på som ekte dersom han eller ho nyttar dialekta si. Det gjeld rett nok i mindre grad om ein dessverre har ei dialekt som har negative stereotypiar knytt til seg, som til dømes Fredrikstad-dialekta eller Toten-dialekta. Då skygger nok stereotypien litt over det at desse språkbrukarane nyttar dialektene sine.

Det var ein del debatt rundt bruken av dialekt i samband med serien «Halvbroren» på NRK. Mange meinte at fleire av skodespelarane ikkje var gode nok representantar for dei talemåla dei skulle bruke. Dette synes noko interessant, nemleg at toleransen ikkje er like stor når folk endrar på dialekta si. «Knot» kallar vi ofte slikt. Men dialekter endrar seg også, og det gjer at unge i dag ofte ikkje har heilt same dialekt som foreldra eller besteforeldra.

Ein kan lure på om problemet har med endring meir generelt å gjere. Vi er tolerante, men kanskje ikkje så mykje for endringar?